Ot.prp. nr. 15 (1996-97)

Om lov om oppheving av lov av 28. april 1972 nr. 22 om Statens Fiskarbank (Integrering av Statens Fiskarbank i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond)

Til innholdsfortegnelse

1 Bakgrunn

Spørsmåla kring organiseringa av det offentlege verkemiddelapparatet retta mot fiskeflåten har vore til vurdering sidan det offentlege utvalet som utgreidde staten si rolle i finansieringa av fiskefartøy la fram si tilråding i januar 1992. I 1995 la også Statsbankutvalet fram si utgreiing om rolla til statlege bankar i tida framover. Begge desse utvala konkluderte med at Statens Fiskarbank burde integrerast med Statens nærings- og distriktsutviklingsfond for å sikra eit heilskapleg verkemiddelapparat med ansvar for alle ledd også innan fiskerinæringa.

Sjølv om tilrådinga frå begge utval var eintydige, blei det også peikt på at særskilde forhold fører til at fiskeflåten i enkelte høve må behandlast forskjellig frå anna næringsverksemd. Dette heng sjølvsagt saman med at flåten er første ledd i haustinga av fornybare, men avgrensa ressursar, og at kapasiteten i flåten derfor må sjåast i samanheng med og avpassast etter utviklinga i naturressursane. Overkapasitet i flåten vil ikkje berre skapa økonomiske problem i næringa, det vil også vere med på å auke presset på ressursane. Det er derfor naudsynt med nasjonal styring av kapasiteten i flåten, noko som naturleg nok legg ein del føringar på både utforming og organisering av verkemiddelapparatet.

1.1 Om NOU 1992 nr. 7 «Statens rolle i finansieringen av fiskefartøy»

Utvalet sine hovudkonklusjonar

Utvalet vart oppnemnt i oktober 1990, og fekk eit mandat som gjekk ut på at dei skulle gå gjennom verksemda i Statens Fiskarbank for å sjå om gjeldande verkemiddel og praksis bidreg til å ta i vare dei fiskeri- og distriktspolitiske målsetjingane. Utvalet skulle sjå særskilt på om verkemidla burde få ein klårare distriktsretta profil og vurdere behovet for vidare statleg engasjement i finansieringa av fiskefartøy. Vidare skulle utvalet vurdere kva form eventuelle framtidige verkemiddel retta mot flåten skulle ha, og kome med forslag om naudsynte endringar i lov og regelverk og i banken sin administrasjon og oppbygging som følgje av dei forslaga utvalet fremja.

Eit samla utval står bak hovudkonklusjonane, men tilslutninga er gitt på ulike premissar.

Utvalet meiner at den foreslege toppfinansieringa i form av risikolån og tilskott, bør kunne gjerast gjeldande for fiskeflåten under nærare vilkår, og med visse avgrensingar. Eit samla utval meiner at offentleg subsidiert finansiering hovudsakleg må grunngis med distriktspolitiske omsyn. Mindretalet viser til at det også vil vere fiskeripolitiske grunnar for offentleg fiskebåtfinansiering, og meiner at desse i seg sjølv kan grunngje bruk av økonomiske verkemiddel.

Det geografiske verkeområdet som gjeld for SND/fylkeskommunane sine verkemiddel, bør etter utvalet si oppfatning også gjelde for fiskerinæringa, men med reduserte satsar. Utvalet peikar likevel på behovet for overordna nasjonal fiskeripolitisk styring av verkemiddelbruken, og ser det som ei mogeleg fare at ei ytterlegare regionalisering av verkemiddelapparatet vil kunne gje ein ukontrollert regional konkurranse om flåtekapasitet og kvoterettar.

Mindretalet, beståande av representantane frå Norges Fiskarlag og Statens Fiskarbank, meiner at fiskeflåten i utgangspunktet må bli tilbydd dei same vilkår som andre næringar, med næringsnøytralitet som det bærande prinsipp. Dersom fiskeflåten skal handsamast annleis, må dette etter mindretalet si meining bli eit prioriteringsspørsmål som må overlatast til dei lokale beslutningstakarane.

Utvalet går inn for at offentleg finansiering av fiskefartøy på visse vilkår skal leggjast inn under og takast i vare av SND, og meiner at dette må vurderast nærare når fondet si organisatoriske form og verkemiddel er endeleg avklåra.

Med utgangspunkt i prinsippet om næringsnøytralitet og at SND si verksemd ikkje skal bidra til nasjonal overkapasitet, meiner utvalet at det normalt ikkje vil vere naudsynt å operere med eigne rammer for fiskefartøyfinansiering innanfor SND si totale verksemd. I fall ei justering av støttesatsar og avgrensing av geografiske verkeområde er ønskjeleg for fiskerinæringa i forhold til det som gjeld innafor SND, meiner utvalet at dette vil kunne takast i vare gjennom årlege retningsliner frå fiskeristyresmaktene.

Merknader frå høyringsinstansane

Nokre allmenne merknader går igjen i dei fleste merknadene:

  • Overordna nasjonal styring med flåtekapasitet og struktur må sikrast.

  • Næringsnøytralitet må også gjelda i forhold til fiskeflåten.

  • Statens Fiskarbank bør innlemmast i SND - fiskeflåten gis tilgang på heile bredda i DU/SND sitt verkemiddelapparat.

  • Kompetansen i Statens Fiskarbank må takast i vare.

Under følgjer ei kort oppsummering av nokre av høyringsuttalelsane;

Fylkeskommunane

Det er eit gjennomgåande trekk i fylkeskommunane sine høyringsmerknader at offentleg finansieringsbistand må oppretthaldast og at Fiskarbanken bør leggjast inn under SND.

Dei fire nordlegaste fylka meiner at fylkeskommunen bør bli det sentrale forvaltningsorgan med ansvar for utforming av mål og verkemidlar i eige fylke. Vidare meiner dei at fiskebåtfinansieringa bør leggjast om frå grunn- til toppfinansiering. Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune er ueinig i utvalet si tilråding om bruk av DU/SND sitt geografiske verkeområde. Telemark og Møre og Romsdal fylkeskommune er ueinig i utvalet si vurdering om at bruk av offentleg støtte aukar konkurransen ved omlokalisering av fartøy.

Fagorganisasjonane

Landsstyret i Norges Fiskarlag meiner at det må vere ei fortløpande vurdering av den økonomiske verkemiddelbruken ut frå internasjonale avtalar og regelverk. Overordna fiskeripolitiske mål må liggje fast. Fiskeflåten må få tilgang på alle verkemidla som skal setjast i verk innafor SND på same vilkår som andre næringar, og framhevar samstundes behovet for å halde fast ved den kompetansen som finnast i Fiskarbanken også etter ein integrasjon. Fiskarlaget er ueinig med fleirtalet i tilrådinga om kva særskilde vilkår og avgrensingar som skal setjast for fiskefartøy i forhold til anna næringsliv.

Det blir foreslått at Fiskarbanken står for grunnfinansiering i framtida og at ein vurderer ei tilknyting til SND si toppfinansiering på line med det som i dag blir nytta ved tildeling av investeringstilskott til Finnmark og Nord-Troms. Fiskarlaget meiner også at ei støtteordning for omlokalisering av fiskefartøy må vurderast nærare før den eventuelt blir sett i verk.

Fiskebåtredernes Forbund deler ikkje utvalet si frykt for at tilgangen på subsidiert kapital vil forsterke kapasitetsproblema i flåten, og peiker på at dei fleste fiskeria er regulert gjennom konsesjonar. Dei viser også til at regionale vedtak utan at det blir tatt nasjonale omsyn, vil kunne ha dramatiske konsekvensar for næringa totalt sett.

LOser det som viktig å behalde ei statleg finansieringsordning for fiskeflåten og at kompetansen i det noverande systemet blir tatt vel i vare.

1.2 Om NOU 1995 nr. 11 «Statsbankene under endrede rammevilkår»

Utvalet som vart oppnemnt i oktober 1994 fekk følgjande mandat:

«Utvalget skal på prinsipielt grunnlag vurdere statsbankenes rolle og funksjon. Postbanken regnes i denne sammenhengen ikke som statsbank.»

Kva Statens Fiskarbank gjeld, meiner utvalet at statleg kreditt til fiskeria bør gis innafor SND sitt verkemiddelapparat, som inneheld eit langt breiare tilbod enn det Fiskarbanken i dag rår over. SND kan etter utvalet si meining også ta over dei tilskottsordningane som Fiskarbanken i dag forvaltar på vegne av Fiskeridepartementet, men framheldt at det ved ei overføring til SND, må søkje å ta vare på den kompetansen Fiskarbanken har i dag. Dette kan i følgje utvalet sikrast gjennom opprettinga av ei mindre fiskeriavdeling i SND. Ein føreset då at avdelingskontora i Fiskarbanken blir samordna med SND sitt lokale apparat.

Merknader frå høyringsinstansane

Høyringsinstansane sluttar seg i stor grad til vurderingane i innstillinga og meiner at Fiskarbanken kan innlemmast i SND. Fleire av høyringsinstansane understrekar likevel at ein må oppfylle enkelte viktige føresetnader før ein eventuelt slår Fiskarbanken og SND saman.

Hovudstyret i Statens Fiskarbank har ingen prinsipielle motførestellingar mot å samle den statlege næringsfinansieringa i SND. Hovudstyret samanfattar tilrådinga si om framtidig offentleg medverknad i finansieringa av fiskefartøy slik:

«Fiskeflåten må få adgang til offentlig finansiering på lik linje med andre næringer. Virkemidlene rette mot fiskeflåten må være generelle og omfatte hele flåten. Det vil fortsatt være nødvendig å tilby grunnfinansiering til fiskeflåten. Statens Fiskarbank inkorporeres i SND på en måte som kan ivareta og videreutvikle den kompetansen som finnes i Statens Fiskarbank, f.eks ved at det opprettes en egen fiskeriavdeling. Alternativt må Statens Fiskarbank videreføres med endrede rammebetingelser. Fiskebåtfinansiering må organiseres på en måte som sikrer en sentral styring av flåtekapasiteten.»

SND seier m.a.:

«Sett fra SNDs side framstår en slik samkjøring av virkemidlene i en organisasjon som riktig. Det vil gi grunnlag for mer effektiv bruk av ressurser, bedre utnyttelse av samlet kompetanse, og vil dessuten gjøre det lettere å vurdere investeringer og fornyelse av fiskeflåten i sammenheng med utviklingen i fiskerinæringen og i markedene i allminnelighet. De organisatoriske problemene forbundet med en slik samkjøring, herunder samordning av det ytre apparat, vil være små.»

LO meiner at forslaget om at SND skal vere hovudbank for næringskreditt kan styrkje kompetansen til SND og syte for ei meir likeverdig og heilskapleg vurdering av distrikts- og næringspolitikken. LO uttaler:

«Det er viktig at myndighetenes styringsmuligheter i fiskeripolitikken videreføres, både med hensyn til ressursene og den regionale fordelingen. Kunnskapen som i dag finnes i Fiskarbanken må videreføres, og det bør opprettes en egen fiskeridivisjon innen industriavdelingen i SND som gir støtte til fiskeflåten, fiskeindustrien og oppdrettsnæringen.»

Norges Fiskarlag meiner derimot at dei spesielle føresetnadene og karaktertrekka til næringa talar for å vidareføra Statens Fiskarbank som ei eiga eining sjølv om ein elles legg om statsbankapparatet. Norges Fiskarlag seier vidare:

«Dersom myndighetene likevel legg opp til at Statens Fiskarbank skal integreres i SND, er det en forutsetning for Fiskarlaget at det blir etablert en egen fiskeriavdeling som bygger på dagens Fiskarbank. For å ivareta viktig lokalkunnskap må også det som i dag er bankens lokalavdelinger opprettholdes.»