Ot.prp. nr. 15 (1996-97)

Om lov om oppheving av lov av 28. april 1972 nr. 22 om Statens Fiskarbank (Integrering av Statens Fiskarbank i Statens nærings- og distriktsutviklingsfond)

Til innholdsfortegnelse

2 Organisering

2.1 Fiskarbanken si organisering og verksemd

Statens Fiskarbank vart skipa i 1921, og er i dag regulert ved lov av 28. april 1972 nr. 22 om Statens Fiskarbank. Føremålet for banken skal vere å hjelpe fram norsk fiskerinæring, og banken er ansvarleg for forvaltninga av alle offentlege verkemiddel retta mot fiskeflåten. I tillegg har banken også ansvaret for ein del lån til foredlings- og oppdrettsanlegg som var innvilga før Industribanken overtok dette forvaltingsområdet i 1988.

Lån til fiskefartøy utgjer den klart største delen av banken sine lån. Fartøya famnar alle kategoriar og storleikar i den norske flåten. Engasjementet i kvart einskild fartøy varierer frå eit avgrensa lån til fullfinansiering. Det siste har blitt tilfelle for stadig fleire fartøy i dei nordlegaste fylka dei seinare åra.

Organisasjon

Banken er delt inn i eit hovudkontor og fire avdelingskontor. Alle avdelingskontora har dei same verkemidla og fullmaktene. Banken si fremste myndigheit er hovudstyret, til kvart avdelingskontor høyrer det også eit eige styre som får delegert fullmakt frå hovudstyret.

Hovudkontoret, som ligg i Bergen, er også avdelingskontor for fylka frå Sogn og Fjordane til svenskegrensa. Dei andre avdelingane er Ålesund, som dekkjer Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag, Bodø som dekkjer Nord-Trøndelag og Nordland og Tromsø som dekkjer Troms og Finnmark.

Banken har totalt 40 tilsette fordelt på 13 i Bergen, 9 i Tromsø, 10 i Bodø og 8 i Ålesund. Kvart avdelingsstyre er sett saman av 5 medlem med lokal tilknyting, mens hovudstyret har 7 medlemmar. Fiskarbanken har såleis ein særs desentralisert organisasjon, og nært på all sakshandsaming og oppfølging skjer lokalt.

Fullmaktsgrenser

Hovudstyret er ansvarleg for at banken blir drive i tråd med lov og føresegner, og delegerer som nemnt fullmakter og oppgåver til avdelingsstyra og avdelingsdirektørane. Hovudstyret sjølv handsamar berre saker av prinsipiell karakter, m.a. prosjekt der banken tek tap, søknader om nybygg over 30 meter og andre søknader av særleg storleik. For alle andre søknader har avdelingsstyra fullmakt til å gi lån og tilskott etter retningsliner gitt frå Fiskeridepartementet og hovudstyret.

Også for dei søknadene som skal handsamast av hovudstyret skal avdelingsstyra gi innstilling og forslag til vedtak forut for handsaminga i hovudstyret. Søknader om tilskott frå særskilde tiltak blir avgjort av hovudstyret eller av hovudadministrasjonen etter fullmakt frå hovudstyret. Likevel skal det også for desse søknader vere ei førebuande sakshandsaming i avdelingane.

Saksgang og saksopplegg

Søknadene blir fremja gjennom dei lokale fiskerinemndene som gjer si vurdering før søknadene blir handsama i banken. I tillegg til den interne kompetansen nyttar banken i stor utstrekning den eksterne kompetansen som ligg i rettleiingstenesta. Banken innhentar derfor i mange tilfelle utsegner og informasjon frå fiskerirettleiarane i den kommunen søkjar er heimehøyrande. Gjennom dette får banken styrkt lokalkjennskapen til kundane, samstundes som banken har god regional og nasjonal oversikt over flåten.

Styret sitt vedtak i ordinære lånesaker er endeleg og kan ikkje påklagast, medan vedtaka om kontraheringstilskott kan påklagast til Fiskeridepartementet. For andre særskilde ordningar som banken administrerer kan det vere etablert andre søknadsprosedyrar i forskriftene for ordninga, t.d. er fiskerisjefane inne i enkelte saker. Vedtak i desse sakene kan også påklagast til Fiskeridepartementet.

Kompetanse

Banken er inne som finansieringskjelde for ein stor del av den heilårsdrivne flåten, med særkilt tyngde innan dei mindre og mellomstore fartøya. Engasjementa i den havgåande flåten har vorte noko redusert dei seinare åra.

Kompetansen i banken er bygd ytterlegare opp dei siste åra, mellom anna gjennom utvikling av ein felles database med opplysningar om økonomi, struktur og flåtekapasitet i tillegg til alle opplysningar om reiarlag og eigarar. Rutinene for sakshandsaming, internkontroll, kvalitetskontroll etc. er standardisert for alle avdelingar og blir utvikla fortløpande.

Verkemiddel

Fiskarbanken sine verkemiddel er landsdekkjande og omfattar tilskott og lån til investeringsføremål i fiskeflåten. Verkemidla kan delast inn i to hovudkategoriar; Finansiering av nybygging og større ombyggingar, og finansiering av andre investeringsføremål i flåten.

Etter at verftsstøtte frå årsskiftet 1994/95 vart ein del av EØS-avtala, vart støtta til innanlandske kontraheringar av fiskefartøy flytta over på Fiskeridepartementet sitt budsjett for å klargjere at det ikkje er ei støtteordning retta inn mot skipsverfta, men ei generell strukturpolitisk støtteordning retta spesielt mot fiskeflåten. Statens Fiskarbank administrerer ordninga, der det i dag kan gis inntil 9 % i tilskott til nybygg, og inntil 4,5% i tilskott til vesentlege ombyggingar.

Fiskarbanken kan innanfor ei fast låneramme gje 1. prioritetslån til nybygg og vesentlege ombyggingar dersom det kan stillast fullgod sikring i låneobjektet. Vidare kan det gis

1. prioritetslån til andre føremål, som omfattar kjøp av brukt fartøy, mindre ombyggingar, kjøp av utstyr og reiskap, refinansiering og lån til serviceforetak med nær tilknyting til fiskeflåten. Til nokre av formåla kan det også gis 2. prioritetslån.

I tillegg til desse generelle ordningane forvaltar Fiskarbanken særskilde ordningar etter behov. I tidlegare tider utgjorde dette ei vesentleg del av banken si verksemd, og la beslag på ein god del av banken sine ressursar. Til dømes administrerte banken i 1992 19 ulike ordningar på vegne av Fiskeridepartementet. Midla til desse særskilde ordningane vart for ein stor del stilt til rådvelde gjennom dei årlege støtteavtalane mellom Staten og Norges Fiskarlag.

Støtteavtala er no sterkt redusert, og omfattar stort sett avsettingar til sosiale ordningar og føringstilskott for å sikre mottak i sesongfiskeria. Fiskarbanken sine oppgåver som forvaltningsinstans for ekstraordinære ordningar er derfor sterkt redusert, og i inneverande periode dreier det seg berre om den særskilde ordninga med investeringsstøtte til omstruktureringar i kystfiskeflåten i Finnmark.

2.2 Om SND si organisering og verksemd

SND vart etablert ved årsskiftet 1992-93, gjennom ei samanslåing av Distriktenes Utbyggingsfond, Industribanken, Industrifondet og Småbedriftsfondet. Distriktenes Utbyggingsfond, Industrifondet og Småbedriftsfondet avslutta si verksemd 31. desember 1992, medan Industribanken kom med i SND frå og med 1. mars 1993.

Lov om SND, Føremål og overordna mål

Stortinget har gjennom lov om SND av 3. juli 1992 nr. 97 m.a. lagt fast føremål, verkemiddel og dei organisatoriske rammene for SND si verksemd. Foretaksmøte har sidan vedteke vedtekter med heimel i SND-lova sin § 4. SND ligg administrativt under Nærings- og energidepartementet.

SND sin føremålsparagraf lyder som følgjer:

«Statens nærings- og distriktutviklingsfond har til formål å fremme en bedrifts- og samfunnsøkonomisk lønnsom næringsutvikling både i distriktene og i landet forøvrig ved å:

  1. medvirke til utbygging, modernisering og omstilling av , samt produktutvikling og nyetablering i norsk næringsliv i hele landet og

  2. fremme tiltak som vil gi varig og lønnsom sysselsetting i distrikter med særlige sysselsettingsvansker eller svakt utbygd næringsgrunnlag.»

Med rot i føremålsparagrafen og dei utfordringar norsk økonomi, nærings- og arbeidsliv står ovanfor har SND utforma følgjande overordna mål for verksemda si:

«SND skal bidra til økt verdiskaping i norsk næringsliv gjennom tilførsel av kapital og iverksetting av andre tiltak som fører til

  • bedre konkurranseevne og lønnsomhet

  • økt nyskaping og bedre utnyttelse av landets ressurser»

Foretaksmøte

Nærings- og energiministeren representerer Staten i SND sitt fremste organ, foretaksmøtet. Kva styring som kan gjerast gjennom foretaksmøtet er lagt fast i SND-lova.

Utanom foretaksmøtet har SND stor grad av sjølvstende i høve til Nærings- og energidepartementet og Kommunal og arbeidsdepartementet. Det er t.d. ingen klage eller ankehøve på vedtak fatta av SND, og departementa har inga instruksjonsmynde i enkeltsaker.

SND sin organisasjon

SND skal leiast av eit styre og ein administrerande direktør. I følgje lov om SND skal styret bestå av minst 6 personar og det er styret som tilset administrerande direktør, som så står for den daglege leiinga av fondet.

SND sitt hovudkontor ligg i Oslo, og er i dag organisert i fire divisjonar:

Industridivisjonen har som oppgåve å bidra til realiseringa av lønsame prosjekt og verksemder som bidreg til betring av konkurranseevnene i bedriftene gjennom å tilby finansieringsløysingar og fagleg vegleiing tilpassa behovet i verksemdene. Divisjonen forvaltar både landsdekkjande og distriktsretta ordningar.

Eigenkapitaldivisjonen har til oppgåve å drive investeringsverksemd på forretningsmessig grunnlag, for gjennom tilføring av eigenkapital/risikokapital og utøving av aktivt eigarskap å bidra til å styrke lønsemd og konkurranseevne i norsk næringsliv. Divisjonen forvaltar SND si eigenkapitalordning.

Divisjonen «Invest in Norway» har til oppgåve å bidra til auka verdiskaping i norsk næringsliv gjennom å fremje utanlandske investeringar i Noreg.

Distriktsutviklingsdivisjonen har til oppgåve å bidra til nyskaping, utvikling og omstilling i verksemder, bransjar og regionar. Dette omfattar program og særskilde tilskottsordningar til oppstart og finansiering av fleirverksemds- bransje- og utviklingsprosjekt.

SND har fem regionkontor, som ligg direkte inn under hovudkontoret. Desse er lokalisert i Bodø, Trondheim, Ålesund, Bergen og Kristiansand. I tillegg har Nord-Trøndelag fylkeskommune og SND inngått avtale om etablering av eit SND-kontor for Nord-Trøndelag. Dette kontoret kom i drift 1. mai 1996.

SND er organisert med klåre fullmakts- og ansvarsliner, heilt frå styret og ned til dei enkelte sakshandsamarane på regionkontora. Dette gir SND sitt styre og leiing råvelde til å setje i verk tiltak dersom fullmaktene vert overskridne eller kvaliteten på arbeidet ikkje er tilfredsstillande.

Fylkeskommunane si rolle

I SND-lova heiter det i § 11 at fylkeskommunane skal medverke ved førebuing og gjennomføring av låne-, garanti- og tilskottsordningar som høyrer inn under SND. Vidare heiter det at Kongen skal gje nærare reglar om fylkeskommunane si medverking, under dette også om kor vidt fylkeskommunane skal ha vedtaksmynde. 15 fylkeskommunar ligg heilt eller delvis innafor det distriktspolitiske verkeområdet. Desse fylkeskommunane forvaltar dermed dei bedriftsretta distriktspolitiske verkemiddel. Oslo, Akershus, Østfold og Vestfold fell heilt utanfor verkeområdet.

Det er presisert at fylkeskommunane må stå heilt fritt til å peike ut kva organ i fylkeskommunane som skal handsama fondssaker. Dette har ført til variasjonar i korleis næringsavdelingane er organisert, og skilnad på kven som sit i dei lokale styra.

Forvaltninga av landsdekkjande ordningar

Dei landsdekkjande ordningane blir forvalta av SND, og blir handsama av SND sentralt og på regionkontora. Ved søknader om grunnfinansieringslån vil det i hovudsak vere slik at sakshandsaminga skjer på regionkontora, utan omsyn til kvar det endelege vedtaket blir fatta. For dei andre verkemidla der regionkontora her fullmakter, er det i utgangspunktet slik at sakshandsaminga følgjer fullmaktsgrensene, men det kan gjerest avtalar om at enkeltsaker skal handsamast lokalt sjølv om vedtaket skal skje sentralt.

Forvaltninga av distriktsretta ordningar

Dei distriktsretta ordningane blir forvalta av fylkeskommunane og SND i samarbeid. SND sine regionkontor er likevel ikkje inne i forvaltninga av distriktsretta ordningar. Fylkeskommunane kan fatte endeleg vedtak i enkeltsaker innanfor gitte fullmaktsgrenser. saker over fullmaktsgrensene blir handsama og avgjort av SND sentralt.

Ettersom forvaltninga av dei distriktsretta ordningane er delt mellom to nivå; SND sentralt og fylkeskommunane, og fylkeskommunane har eit sjølvstendig ansvar i høve til SND, har det vore naudsynt med klåre retningsliner for praktiseringa av fullmaktsgrenser, sakshandsaming og oppfølging av engasjement. Desse retningslinene er gitt i form av føresegner og rundskriv for dei bedriftsretta distriktspolitiske verkemidlane.