Ot.prp. nr. 21 (1996-97)

Om lov om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m m (bustadoppføringslova)

Til innholdsfortegnelse

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Proposisjonen inneheld framlegg til lov om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad, med bustadoppføringslova som lovas korttittel.

Proposisjonen byggjer på Forbrukarentrepriseutvalets utgreiingar NOU 1992: 9 Forbrukarentrepriselov og NOU 1993: 20 Kjøp av ny bustad.

Føremålet med lovframlegget er å klårgjere rettsstoda og styrke forbrukaren si stilling på eit viktig område som til no ikkje har vore lovregulert. Ein må sjå lovframlegget som ei vidareføring av det arbeidet for å styrkje forbrukarvernet som tidlegare er gjort gjennom nyare lover som kjøpslova (lausøyrekjøp), handverkartenestelova og lova om avhending av fast eigedom. Ein avtale om oppføring av ny bustad er overlag viktig for forbrukaren. Avtalen gjeld ivaretaking av grunnleggjande behov og inneber ei investering som dei fleste gjer berre ein eller nokre få gonger livet. Avtalen har òg vesentlege konsekvensar ved at den skaper eit varig eigedomsgode og omfattar økonomiske verdiar som er særs store sett i høve til ein vanleg privat økonomi.

I proposisjonen avsnitt 2 er det gjort nærare greie for bakgrunnen for lovframlegget. Avsnitt 3 innheld departementets allmenne merknader til lovframlegget med drøfting av einskilde hovudspørsmål. I avsnitt 4 vert det gjort greie for dei administrative og økonomiske konsekvensane av lovframlegget. Avsnitt 5 inneheld særskilte merknader til kvar einskild paragraf i framlegget. Deretter kjem sjølve lovframlegget.

Lovutkastet kapittel I regulerer lovas verkeområde m m. Lova skal etter framlegget gjelde for avtalar mellom ein yrkesutøvar (entreprenøren) og ein forbrukar om oppføring av ny eigarbustad. Det omfattar for det første avtalar om oppføring av bygning med bustadføremål på forbrukarens grunn. Alt arbeid som vert utført som ledd i slik oppføring skal vere omfatta, utan omsyn til arbeidets omfang. Oppføring av ny eigarbustad skal dessutan omfatte avtale om rett til fast eigedom når avtalen omfattar ny eigarbustad, dersom arbeidet som entreprenøren står for, ikkje er fullført på avtaletida. Dette er såkalla samansette avtalar der entreprenøren yting eigentleg er todelt. Avtalane gjeld dels avhending av fast eigedom, tomta, og dels arbeidet med oppføring av bustaden. Slike avtalar er i dag delvis omfatta av avhendingslova.

Lova skal etter framlegget vere ufråvikeleg på det viset at det ikkje kan avtalast eller gjerast gjeldande vilkår som er dårlegare for forbrukaren enn det som følgjer av føresegnene i lova.

Kapittel II inneheld føresegner om ytinga frå entreprenøren. Entreprenøren skal generelt utføre arbeidet på fagleg godt vis og elles vareta forbrukarens interesser og omsynet til miljøet med tilbørleg omsut. Entreprenøren skal samrå seg med og rettleie forbrukaren så langt tilhøva gjev grunn til det. Kapitlet gjev dessutan reglar om at forbrukaren kan krevje endringar og tilleggsarbeid, og om tida for utføring av entreprenørens arbeid. Overtaking skal som hovudregel skje ved ei såkalla overtakingsforretning. Kapitlet har med føresegner om gjennomføring av overtakingsforretninga og om verknadene av overtaking.

Kapittel III har føresegner om forbrukarens krav dersom entreprenørens yting er forseinka. Forbrukaren kan for det første krevje dagmulkt for kvar dag forseinkinga varer. Det er nærare føresegner om dagmulktkravet, mellom anna om lågaste dagmulktsats og om tilhøvet mellom dagmulkta og krav på skadebot. Dersom forseinkinga inneber eit vesentleg avtalebrot, kan forbrukaren dessuten heve avtalen og krevje skadebot for økonomisk tap.

Kapittel IV inneheld føresegner om forbrukarens krav når det ligg føre manglar ved entreprenørens yting. Mangel ligg føre dersom resultatet ikkje er i samsvar med dei krava som følgjer av avtalen eller av lova. Manglande eller urette opplysningar frå entreprenøren kan òg gje grunnlag for mangelskrav. Ligg det føre ein mangel, kan forbrukaren på nærare vilkår halde attende vederlaget, krevje mangelen retta, krevje prisavslag, heve avtalen og dessutan krevje skadebot for økonomisk tap. For å gjere mangelskrav gjeldande, må forbrukaren gje melding til entreprenøren innan rimeleg tid etter at mangel blei oppdaga eller burde ha blitt oppdaga og seinast innan ti år etter overtakinga. Kapitlet inneheld òg føresegner om forbrukaren sin rett til å gjere krav gjeldande mot tidlegare avtalepartar.

Kapittel V gjeld ytinga frå forbrukaren. Forbrukaren har i første rekkje plikt til å betale rett vederlag til rett tid. Kapitlet inneheld såleis føresegner om fastsetjinga av vederlaget og om tida for betaling. Utgangspunktet er at forbrukaren skal betale det vederlaget som følgjer av avtalen på den tida som er avtalt. Kapitlet har også føresegner om forbrukarens medverknad, til dømes når forbrukaren etter avtalen skal skaffe materialar.

Kapittel VI gjeld forbrukaren sin rett til å avbestille ytinga frå entreprenøren. Utgangspunktet er at forbrukaren har rett til å avbestille mot å betale vederlag for det arbeidet som er utført og elles betale skadebot slik at entreprenøren blir halden skadeslaus. Departementet gjer framlegg om at det skal vere høve til å avtale eit avbestillingsgebyr som skal kome i staden for skadebot etter føresegnene i lova.

Kapittel VII regulerer verknadene av at forbrukaren ikkje betaler eller ikkje yter medverknad til dei tider entreprenøren kan krevje. Ut frå omstenda kan entreprenøren stanse arbeidet og krevje tilleggsvederlag, heve avtalen og krevje skadebot og dessuten krevje rente og skadebot for rentetap.

Kapittel VIII gjev kvar av partane ein rett til å seie seg løyst frå avtalen på grunn av langvarig avbrot som ikkje kjem av mishald frå nokon av partane. Slike avbrot vil som utgangspunkt gje rett til å krevje tilleggsfrist og vil såleis til dømes ikkje gje grunnlag for krav om heving. Dersom eit avbrot varer så lenge at føresetnaden for avtalen blir vesentleg endra, bør partane likevel ha høve til å seie seg løyst frå avtalen.

Kapittel IX inneheld avgrensa føresegner om skadebotansvar for konsulent. Slike konsulentavtalar er ikkje omfatta av dei andra kapitla i lovutkastet. Kapitlet IX inneber at konsulenten ikkje kan fråskrive seg skadebotansvar etter allmenne reglar og at det gjeld reklamasjonsfristar for forbrukarens krav som avtalen ikkje kan fråvike.

Kapittel X gjeld tvisteløysing. Etter lovutkastet er det ikkje høve til å avtale på førehand at tvistar skal løysast ved skilsdom (voldgift). Utkastet opnar for at det etter avtale mellom Forbrukarrådet og bransjeorganisasjonar kan skipast nemnder for tvisteløysing og har med nokre føresegner om krav som er til førehaving i ei slik nemnd.

Kapittel XI gjeld ikraftsetjing og endringar i andre lover. Departementet gjer framlegg om at lova skal gjelde frå den tid Kongen fastset. Det blir gjort framlegg om endring i avhendingslova som presiserer at den lova ikkje skal gjelde for avtalar som er omfatta av lova her. Det blir vidare gjort framlegg om visse nye føresegner i avhendingslova som skal gjelde ved sal av nyoppførte eigarbustader.

Til forsiden