Ot.prp. nr. 24 (2001-2002)

Om lov om endringar i rettergangslovgjevinga m.m. (namn på fyrsteinstansdomstolane m.m.)

Til innholdsfortegnelse

3 Merknader til dei einskilde føresegnene:

Til endringane i I:

Lovendringane omfattar endring frå omgrepet herads- og byrett til tingrett. Alle føresegner som som inneheld omgrepa herads- eller byrett skal endrast. Omgrepet herads- og byrett finst i lovgjevinga i mange ulike former; bokmål, nynorsk, eintal, fleirtal, bunden og ubunden form, nominativ, genitiv og så bortetter. Alle desse må byttast ut med den tilsvarande språklege forma av omgrepet tingrett. Der det til dømes i lov 25. mars 1994 nr. 7 om sikring mot og erstatning for naturskader (naturskadeloven) § 7 fyrste leddet fyrste punktumet står «by- eller herredsretten», skal det byttast ut med «tingretten». I lov 13. august 1915 nr. 5 om domstolene (domstolloven) § 1 nr. 4 skal til dømes «herreds- og byrettene» byttast ut med «tingrettene».

I lovar der det berre er vist til heradsrett, skal omgrepet òg byttast ut med tingrett, jf. til dømes lov 1. juni 1917 nr. 1 om skjønn og ekspropriasjonssaker § 24 andre leddet. Dette gjeld òg i føresegn der det berre er vist til byrett. I lov 13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål (tvistemålsloven) § 472 fyrste leddet andre punktumet, skal til dømes «Oslo byrett» byttast ut med «Oslo tingrett». Når det gjeld Oslo byfogdembete og Oslo skifterett og byskriverembete, er dei ikkje omfatta av framlegget, sjå St.meld. nr. 23 (2000-2001) side 73 og Innst. S. nr. 242 (2000-2001) side 10. Oslo byrett skal heite Oslo tingrett. Då unngår ein at byrettar og tingrettar eksisterer side om side.

Spesialdomstolane Bergen byfogdembete, Stavanger byfogdembete og Trondheim byfogdembete skal seinare slåast saman med byrettane i dei respektive byane, sjå St.meld. nr. 23 (2000-2001) og Innst. S. nr. 242 (2000-2001). Tingrettane i desse byane vil førebels ikkje vere fullfaglege domstolar. Departementet meiner at byrettane i desse byane alt no bør skifte namn til tingrett, sjølv om samanslåingane ikkje er gjennomførde enno. I til dømes lov 21. november 1952 nr. 2 om betaling og innkreving av skatt § 48 nr. 3 femte punktumet skal difor «byrett» byttast ut med «tingrett».

I føresegn der omgrepet herads- og byrett blir nemnt fleire gonger i same punktumet, til dømes i lov 13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål (tvistemålsloven) § 222 fyrste leddet andre punktumet, skal omgrepet endrast alle stadar.

Til endringane i II:

Lovendringane omfattar endring frå omgrepet herads- og byrettsdommar til tingrettsdommar og er ei følgje av endringa av namn på fyrsteinstansdomstolane. Dei ulike språklege formene av omgrepet herads- og byrettsdommar skal òg i desse tilfella byttast ut med den tilsvarande språklege forma av omgrepet tingrettsdommar. I lover på bokmål skal omgrepet byttast ut med den tilsvarande bokmålsforma av omgrepet tingrettsdommar. I til dømes lov 7. juni 1935 nr. 2 om tinglysing (tinglysingsloven) § 1 fyrste leddet fyrste punktumet, skal «herreds- og bydommeren» byttast ut med «tingrettsdommeren».

Til endringane i III:

I vanlege fyrsteinstansdomstolar med berre ei dommarstilling, er denne eine dommaren sorenskrivar. Nemninga justitiarius skal ikkje lenger nyttast på leiaren av dei vanlege fyrsteinstansdomstolane.

Til endringane i IV:

Domstolloven § 19 fyrste leddet er skrive om, men det blir ikkje gjort endringar i realiteten i føresegna. I domstolar med berre ein dommar, er denne sorenskrivar. Nemninga justitiarius skal ikkje nyttast på leiaren av dei vanlege fyrsteinstansdomstolane lenger.

I § 71 fyrste leddet fyrste punktumet vert omgrepet «herreds- og byrettssaker» endra til «tingrettssaker» som følgje av endringane i namn på fyrsteinstansdomstolane.

Til endringane i V:

Omgrepet «herreds- og byrettssaker» vert endra til «tingrettssaker» som følgje av endringane i namna på fyrsteinstansdomstolane.

Til endringane i VI, VII og VIII:

Endringane gjeld føresegn som ikkje er teke til å gjelde enno. Omgrepet herads- og byrett skal byttast ut med omgrepet tingrett, jamfør merknadene til endringane i I.

Til IX:

Departementet tek sikte på at loven skal ta til å gjelde så snart som mogeleg.