Ot.prp. nr. 50 (1997-98)

Om lov om endringar i lov av 3. juni 1977 nr. 50 om arbeidstiden på skip og lov av 12. juni 1987 nr. 48 om norsk internasjonalt skipsregister

Til innholdsfortegnelse

2 Allment

Etter regel VIII/1 i STCW-konvensjonen skal det for vaktgåande personell etablerast kvileperiodar og eit system som mellom anna skal syta for at den som har første vakt ved avgang og seinare vakter, er tilstrekkeleg utkvild. I avsnitt A-VIII/1 i STCW-koden kjem krav om kviletid til uttrykk ved at den som går vakter i ein 24-timarsperiode, skal ha minst 10 timars kvile.

Kviletida kan delast i to periodar, der ein periode skal utgjera minst 6 samanhengande timar. I ein 48-timarsperiode kan total kviletid reduserast til 6 timar per døgn, men då slik at kviletida i ein 168-timarsperiode (7 dagar/døgn) skal vera minst 70 timar. Del B av STCW-koden, som ikkje er obligatorisk, presiserer at ei kviletid på 10 timar per døgn ikkje dermed inneber at all resterande tid av døgnet skal vera arbeidstid.