Ot.prp. nr. 50 (1997-98)

Om lov om endringar i lov av 3. juni 1977 nr. 50 om arbeidstiden på skip og lov av 12. juni 1987 nr. 48 om norsk internasjonalt skipsregister

Til innholdsfortegnelse

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Dei føreslegne lovendringane vil ikkje påføra norske myndigheiter utgifter eller ha nemnande administrative konsekvensar.

Når det gjeld økonomiske konsekvensar av endringane for næringa, reknar ein ikkje med at det vil bli nemnande konsekvensar for passasjerskip. Kravet til kvile for desse er alt innført og det skal famleis vera høve til avvik for dei ferjene som ikkje allereie har retta seg etter dette kravet. For lasteskip må ein derimot rekna med at det vil kunna bli nokre økonomiske konsekvensar for næringa, men det er store avvik i næringa sine oppfatningar om kor store konsekvensane vert for dei ulike delane av lasteskipsflåten. Det må likevel seiast at for ein avgrensa del av flåten vil ein sannsynleg konsekvens av å etterleva dei nye føresegnene om kviletid vera ein auke i bemanninga. På den andre sida vil ein kunna rekna med noko innsparing for næringa ved omgjering av dispensasjonsregelen til fast unntaksregel.

Det er meininga å endra forskriftene til lova samstundes med at dei føreslegne lovendringane tek til å gjelda.

Lovavdelinga i Justisdepartementet har gått gjennom dei lovtekniske sidene ved lovutkastet.