Ot.prp. nr. 50 (1997-98)

Om lov om endringar i lov av 3. juni 1977 nr. 50 om arbeidstiden på skip og lov av 12. juni 1987 nr. 48 om norsk internasjonalt skipsregister

Til innholdsfortegnelse

4 Merknader til lova

I tillegg til den viktige nyskapningen i § 12 om kviletid er det gjort somme mindre endringar i §§ 1, 2, 3, 13, 16 og 18.

Til § 1

Det er særleg viktig at førar og maskinsjef på skip òg vil bli omfatta av kviletidsreglane dersom dei inngår i bru- eller maskinvakt, slik det går fram av § 1 nr. 2.1 og nr. 2.3. For desse set dei noverande lovføresegnene få grenser med omsyn til samanhengande arbeidstid. Av omsyn til dei nødvendige endringane i § 13 om registrering av arbeids- og kviletid, må tilvisingar til «registreringsskjema» takast inn i § 1 nr. 3 og nr. 4. Vidare vert tilvisingane til «overtidsjournal og overtidsbøker» i nr. 3, nr. 4 og nr. 5 fjerna, då tilvisinga er til forelda registreringsmåtar som no vil bli omfatta av registreringsskjemaet i § 13.

Til § 2

§ 2 i lova tek inn ein ny definisjon av «tariffavtale», som tilsvarar definisjonen i arbeidstvistlova.

Til § 3

I føresegna i § 3 vert dispensasjonsregelen i nr. 4 omgjord til ein fast unntaksregel i § 3 nr. 1, grunngitt ved at om lag 90 prosent av søknadene i dag vert innvilga og at dette er ei unødig belastning for Sjøfartsdirektoratet. Næringa har vist stor forståing for denne rasjonaliseringa. Hovudregelen i § 3 nr. 1 er at den allmenne arbeidstida skal vera 8 timar i døgnet. Då det er ønskjeleg å få slutt på ein praksis som har utvikla seg slik at over 90 prosent av skipa som vert omfatta av § 3 nr. 4, søkjer om og får innvilga dispensasjon, gjer ein framlegg om at nr. 4 vert fjerna som dispensasjons-/fråviksføresegn og teke inn som nytt andre ledd i nr. 1, som ei «fast» unntaksføresegn. Etter ønske frå Sjømannsforbundet vert det i ny § 3 nr. 1.2 kravt avgitt ei skriftleg, bindande erklæring om at føresegner i tariffavtalar vert følgde for besetninga, men søknad om dispensasjon er ikkje lenger nødvendig. Det er heilt uhaldbart med ein dispensasjonsregel som i realiteten er blitt ein hovudregel på grunn av at eit stort fleirtal av søknadene vert innvilga. Dei dispensasjonane som til no har vore aktuelle etter § 3 nr. 4, har vore gitt i samband med tovaktsystem, skiftordning og dagordning (jf § 3 nr. 2). For § 3 nr. 2 vert det gjort framlegg om å fjerna tilvisinga til «en av departementet godkjent skiftordning», då tilvisinga må reknast som unødvendig i ei føresegn som berre fastset tidsrammene for dagordning.

Til § 12

Den viktige nyvinninga i lovendringa er innføringa av ei ny føresegn, § 12, med krav til kviletid for tilsette som inngår i bru- eller maskinvakt. For å oppnå størst mogleg samsvar mellom lova og STCW-koden har Nærings- og handelsdepartementet valt å omsetja regelen i avsnitt A-VIII/1 mest mogleg direkte og ta denne inn som ny § 12. Dette gjeld ikke punkt 5 i avsnittet, som høyrer meir heime i forskriftene til lova, som òg vil bli endra som følgje av STCW-endringane.

Koden bruker uttrykket «24 timer» og ikkje «døgn», som til no har vore brukt i arbeidstidslova for skip. Bruk av «døgn» i § 12 slik omgrepet no er brukt i lova, ville i yttarste konsekvens innebera at ein kunne tillata 28 timars arbeid i eitt strekk (14 t. + 14 t. i to etterfølgjande døgn utan kvile), noko dei noverande lovføresegnene ikkje eksplisitt forbyr. For å hindra uønskt forvirring ved den noverande bruken av omgrepet «døgn» er det likevel nødvendig på norsk å seia høvesvis 48 og 168 timar, med ein parentes som forklarer at 168 timar utgjer 7 dagar/døgn. Når det gjeld § 12 nr. 3 «andre overordnede forhold» vil dette til dømes kunne vera tilhøve som følgjer av § 7 og § 9 pkt. 2.2. flg.

Ny § 12 får overskrifta «Hviletid for tilsatte som inngår i bro- eller maskinvakt» og vil lyda:

  1. «Alle personer som skal ha tjeneste som vakthavende offiser eller som mannskap som inngår i bro- eller maskinvakt, skal ha minst 10 timers hviletid i løpet av et hvilket som helst tidsrom på 24 timer.

  2. Hviletiden kan deles inn i ikke mer enn to perioder, der en av periodene skal ha en lengde på minst 6 timer.

  3. Kravene til hviletid som er fastsatt i nr. 1 og nr. 2, trenger ikke overholdes i tilfelle av en nødsituasjon eller en øvelse eller under andre overordnede driftsforhold.

  4. Uten hensyn til bestemmelsene i nr. 1 og nr. 2 kan minimumsperioden på 10 timer reduseres til minst 6 sammenhengende timer under forutsetning av at enhver slik reduksjon ikke skal strekke seg over mer enn 48 timer og at hviletiden er på minst 70 timer for hvert tidsrom på 168 timer (7 dager/døgn).

  5. Bestemmelsene i nr. 1-4 kan fravikes på skip med passasjersertifikat i innenriks rutefart med skiftordning som departementet har godkjent.»

Til § 13

Etter føresegna i avsnitt B-VIII/1 i STCW-koden kan styresmaktene avgjera om arbeids- eller kviletid skal registreras og om slik registrering skal kontrollerast. For å unngå mogelege misforståingar i framtida om at både arbeids- og kviletid skal kunne registrerast, samstundes som tilvisinga til «overtidsjournal og overtidsbøker» ikkje lenger er relevant, vert overskrifta i § 13 endra til «Registreringsskjema». Det same gjeld for § 13 nr. 5. Det har lenge vore behov for ei opprydding i den noko misvisande bruken av omgrep på dette området, ettersom registrering av arbeidstid òg omfattar overtid samstundes med at det no kan fastsetjast krav om registrering av kviletid. Elles er det gjort somme mindre, språklege forenklingar i føresegna. Sjøfartsdirektoratet legg opp til å kontrollera etterlevinga av kravet til kviletid gjennom regelen i § 13 med tilhøyrande forskrifter.

Til § 16

Den gamle teksten i § 12 og 16 vert samla under overskrifta «Lovens ufravikelighet» i § 16. Ein viser i denne samanhengen til at det er gjort framlegg om at dispensasjonsføresegna i § 3 nr. 4 vert gjord til fast unntaksføresegn i § 3 nr. 1 nytt andre ledd. Den gamle teksten i § 12 vert ny nr. 1 i § 16, med tillegg av setninga «Bestemmelsen i § 12 kan ikke fravikes». For å fjerna ei kjelde til mange mistydingar vert ordet «det» i siste del av nr. 1 endra til at «fraviket» skal vera godkjent av departementet.

Som ei følgje av praksisen som utvikla seg i det tidlegare Bemanningsrådet med at berre prinsipielle saker, og ikkje saker det er skapt presedens for, vart tekne opp i rådet, er det nødvendig å endra den nye nr. 4. Etter innføringa av den nye rådsstrukturen i Sjøfartsdirektoratet med fire fartøysråd er slike reglar allereie innarbeidde i dei respektive reglementa, og dei er dermed alt godkjende av organisasjonane.

Til § 18

§ 18 nr. 2, som viser til § 13 nr. 4, er endra for å sikra samsvar med forslaget til ny tekst i den sistnemnde føresegna.

Som ei følgje av § 12 i utkastet og at denne i samsvar med vedtak i IMO skal vera preseptorisk, gjer vi òg framlegg om nødvendige endringar i NIS-lova § 7 første og fjerde ledd.