Ot.prp. nr. 60 (1997-98)

Om lov om endringer i lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen m.m.

Til innholdsfortegnelse

Forslag til lov om endringer i lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen m.m.

I.

I lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen blir det gjort følgende endringer:

Ny § 42 d skal lyde:

Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1.-4. klassetrinn.

Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå barna. Skolefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.

Skolefritidsordninga skal ha vedtekter om:

a.eigarforhold

b.kven som er opptaksmyndigheit

c.opptakskriterium

d.opptaksperiode og oppseiing av skolefritidsplassen

e.foreldrebetaling

f.leike- og opphaldsareal

g.dagleg opphaldstid og årleg opningstid

h.bemanning og leiing.

Når skolefritidsordninga er knytt til skolar, skal rektor til vanleg vere administrativ og fagleg leiar. Statens utdanningskontor gjer unntak frå kravet.

Tilbodet skal finansierast gjennom statleg og kommunalt tilskott og eigenbetaling frå foreldra.

Statens utdanningskontor fører tilsyn med skolefritidsordninga. Regelen i § 34 nr. 1 gjeld tilsvarande.

Kommunen godkjenner og fører tilsyn med private skolefritidsordningar som får statstilskott.

Departementet gir nærmare forskrifter om skolefritidsordninga.

II.

I opplæringslova blir det gjort følgende endringer:

Ny § 13-7 skal lyde:

§ 13-7 Skolefritidsordninga

Kommunen skal ha eit tilbod om skolefritidsordning før og etter skoletid for 1.-4. klassetrinn.

Skolefritidsordninga skal leggje til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå barna. Skolefritidsordninga skal gi barna omsorg og tilsyn. Funksjonshemma barn skal givast gode utviklingsvilkår. Areala, både ute og inne, skal vere eigna for formålet.

Skolefritidsordninga skal ha vedtekter om:

a.eigarforhold

b.kven som er opptaksmyndigheit

c.opptakskriterium

d.opptaksperiode og oppseiing av skolefritidsplassen

e.foreldrebetaling

f.leike- og opphaldsareal

g.dagleg opphaldstid og årleg opningstid

h.bemanning og leiing.

Når skolefritidsordninga er knytt til skolar, skal rektor til vanleg vere administrativ og fagleg leiar. Departementet gjer unntak frå kravet.

Tilbodet skal finansierast gjennom statleg og kommunalt tilskott og eigenbetaling frå foreldra.

Regelen i § 10-9 første ledd og tredje ledd gjeld for tilsetjing i skolefritidsordninga.

Kommunen godkjenner og fører tilsyn med private skolefritidsordningar som får statstilskott.

Departementet gir nærmare forskrifter om skolefritidsordninga.

Noverande § 13-7 blir ny § 13-8.

Noverande § 13-8 blir ny § 13-9.

III.

Denne lova trer i kraft frå den tid Kongen fastset. Kongen kan fastsetje at dei ulike delane av lova trer i kraft til ulik tid.