Ot.prp. nr. 62 (2004-2005)

Om lov om endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (dagpengar under arbeidsløyse m.m.)

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn for forslaga

I denne proposisjonen fremjar Regjeringa nokre mindre endringar i dagpengekapittelet i folketrygdloven. Forslaga har dels bakgrunn i ønske om endringar som følgje av endringar på andre områder, som det er naturleg at dagpengeregelverket tar omsyn til. Dels er forslaga følgje av ønske om endringar for å fremje ein meir effektiv arbeidsmarknadspolitikk. Enkelte forslag er av teknisk karakter og skal mellom anna sikre ein klar heimel for gjeldande praksis i Aetat. Til den førstnemnde kategorien høyrer forslaget om å ta fleire økonomiske ytingar med i berekninga av dagpengane og forslaget om å gjere det mogleg for kvinner som har vore sjuke i samband med svangerskap, å ta opp att ein dagpengeperiode sjølv om avbrotet har vart i meir enn eitt år.

Meir systematisk oppfølging av arbeidssøkjarane har avdekka at reaksjonen eller sanksjonen ved manglande oppmøte etter innkalling til Aetat vurderast som for streng. Sanksjoner som ikkje verkar rettvise, endar ofte med klager og seinare omgjering, t.d. av Trygderetten. Ein mildare reaksjon kan gjere det lettare å bruke dei sanksjonane Aetat rår over i fleire tilfelle. Det vil fremje ein meir effektiv oppfølging av arbeidssøkjarane.

Forslaga her gjeld både materielle endringar, lovfesting av gjeldande praksis og mindre, tekniske endringar i lovteksten. Til dels vil endringane medverke til å betre likestilling mellom kjønna.

Kapittel 4 i folketrygdloven (dagpengekapittelet) og sysselsetjingsloven blei endra 28. juni 1996. Endringane tok til å gjelde 1. januar 1997. Ny lov om folketrygd blei sett i kraft 1. mai 1997. Då den nye folketrygdloven tok til å gjelde, blei den tidlegare folketrygdloven av 17. juni 1966 oppheva, med unntak av kap. 4. Frå dette tidspunktet eksisterte det derfor to «folketrygdlovar». På bakgrunn av dette blei det 7. mai 1998 vedtatt endringar i folketrygdloven som medførte at kap. 4 blei inkorporert i den nye loven, samstundes som folketrygdloven av 17. juni 1966 blei oppheva. Det blei og gjort enkelte avklaringar mellom reglane om dagpengar og reglane i dei andre kapitla i folketrygdloven, mens reglar som utilsikta hadde falt ut ved lovrevisjonen i 1996, blei tekne inn att. Endringane tok til å gjelde 1. oktober 1998.

Hovudformålet med lovendringa i 1998 var å inkorporere kap. 4 i resten av folketrygdloven. På bakgrunn av dette var det i liten grad rom for materielle endringar eller tekniske endringar av ein annan karakter enn det som var heilt naudsynt ut ifrå hovudformålet. Både under arbeidet med dei nemnde lovendringane og ut frå erfaringar som er gjort ved praktiseringa av regelverket, har det vist seg å vere behov for endringar i folketrygdloven kap. 4 på fleire punkt.

I tillegg foreslår departementet enkelte endringar når det gjeld dagpengar til delvis sysselsette, mellom anna som følgje av dei endringane som blei gjort hausten 2002.

Til forsida