Ot.prp. nr. 66 (1997-98)

Om lov om endringar i straffelova m m (gjennomføring og samtykke til ratifikasjon av OECD-konvensjonen 21 november 1997 om motarbeiding av bestikking av utanlandske offentlege tenestemenn i internasjonale forretningshøve)

Til innholdsfortegnelse

2 Bakgrunnen for lovframlegget

2.1 OECD-konvensjonen

Hovudformålet med OECD-konvensjonen er at partane skal forplikte seg til å setje straff for bestikking av utanlandske offentlege tenestemenn. Konvensjonen er eit instrument som gjer det mogeleg for partane å utvikle eins nasjonal lovgjeving på dette området.

OECD-landa er sentrale land i verda når det gjeld internasjonal handel og investeringar. Korrupsjon vert rekna som eit stort problem i slike internasjonale tilhøve. Difor var det naturleg for partane å nytte OECD som ei ramme for motarbeiding av korrupsjon.

Arbeidet innan OECD mot korrupsjon tok til allereie for ni år sidan. Sjølve konvensjonen vart forhandla fram i 1997, og arbeidet blei avslutta i november 1997. Avtalen ble underteikna i desember same året. I tillegg til medlemslanda i OECD, har Argentina, Brasil, Bulgaria, Chile og Slovakia teke del i desse forhandlingane som observatørar.

Konvensjonen i engelsk originaltekst og i norsk omsetjing er vedlagd proposisjonen her.

2.2 Anna internasjonalt arbeid mot korrupsjon

Også innan Europarådet vert det for tida arbeidd særs aktivt med sikte på tiltak mot korrupsjon. Bakgrunnen for dette internasjonale engasjementet er ei erkjenning av dei problema som følgjer med korrupsjon, anten det skjer innan eit einskilt land eller over landegrensene. Mellom anna kan slike handlingar vere med å undergrave eit godt styresett og verke konkurransevridande. Denne forma for kriminalitet er ofte vanskeleg å etterforske. Fleire land manglar dessutan i dag lovheimel for å straffe slike handlingar.

Innan Europarådet arbeider ein no med å utforme ein generell strafferettsleg konvensjon mot korrupsjon. Ein tek sikte på at ein slik konvensjon kan verte vedteken hausten 1998. Dette vil vere ein konvensjon med eit monaleg vidare verkeområde enn OECD-konvensjonen, som berre gjeld korrupsjon i høve til utanlandske offentlege tenestemenn.

2.3 Gjeldande rett

Etter straffelova § 128 fyrste ledd er det straffbart å true eller å gje føremoner til ein offentleg tenestemann for å freiste påverke tenestehandlinga hans. Føresegna rammar berre handlingar retta mot norske tenestemenn, medrekna norske offentlege tenestemenn i utlandet, sjå Straffelovskommisionens Udkast til Almindelig borgerlig Straffelov for Kongeriget Norge, II. Motiver 1888 (SKM) s 153.

Paragraf 128 andre ledd viser til § 127 fjerde ledd. I § 127 fjerde ledd vert det opna for at Kongen «i Tilfælde af Gjensidighed» kan fastsetje at regelen òg skal gjelde for brot «mod andet Lands offentlige myndighed». Kravet om gjensidig verknad inneber at forbodet berre kan gjelde i høve til offentlege tenestemenn i andre statar som er med i OECD-konvensjonen. Etter konvensjonen gjeld det derimot eit generelt forbod mot bestikking, dvs jamvel overfor offentlege tenestemenn i andre land enn dei som er partar til konvensjonen. Heimelen i § 127 fjerde ledd er difor ikkje fullgod til å gjennomføre OECD-konvensjonen i norsk rett.

Å ta i mot stikkpengar eller andre former for føremoner kan òg vere utroskap etter straffelova §§ 275-276. Den som bestikker, kan då verte dømd for medverking til utroskap. Til skilnad frå § 128 gjeld §§ 275-276 sjølv om mottakaren er ein utanlandsk offentleg tenestemann. Vansken med å nytte reglane om utroskap er at ein berre kan straffe medverkaren dersom det ligg føre eit pliktbrot frå hovudmannen (aksessorisk medverking).

Tenestemenn i mellomstatlege organisasjonar fell utanfor området til § 128. I desse tilfella kan ein likevel nytte §§ 275-276, med dei same atterhalda som er nemnde ovanfor.

Straffelova § 12 fastset at norsk straffelov kan nyttast på ei rekkje lovbrot gjorde i utlandet. For §§ 128 og 276 gjeld dette utan omsyn til om dei ulovlege handlingane er gjorde av ein norsk statsborgar eller av ein utlending, jf § 12 fyrste ledd nr 3 og 4. Men det er ikkje straffbart etter norsk rett å krenkje § 275 dersom bestikkinga er gjort av ein utlending i utlandet.

2.4 Høyringsnotatet 30 januar 1998

Departementet sende 30 januar 1998 ut eit høyringsnotat om gjennomføring og ratifikasjon av OECD-konvensjonen. Justisdepartementet drøfta i høyringsnotatet mellom anna mogelege endringar i straffelova § 128. Høyringsfristen var 15 mars 1998.

Desse instansane var adressatar under høyringa:

Departementa

Høgsterett

Lagmannsrettane

Asker og Bærum heradsrett

Bergen byrett

Kristiansand byrett

Nedre Romerike heradsrett

Nord-Troms heradsrett

Oslo byrett

Stavanger byrett

Trondheim byrett

Riksadvokaten

Statsadvokatane

Politimeisteren i Asker og Bærum

Politimeisteren i Bergen

Politimeisteren i Kristiansand

Politimeisteren i Oslo

Politimeisteren i Romerike

Politimeisteren i Stavanger

Politimeisteren i Tromsø

Politimeisteren i Trondheim

Kriminalpolitisentralen

Økokrim

Garanti-Instituttet for Eksportkreditt

Kredittilsynet

Noregs eksportråd

Norsk utanrikspolitisk institutt

Stortingets ombodsmann for forvaltninga

Akademikerne

Akademikernes Fellesorganisasjon

Bergen forsvarerforening

Den Norske Advokatforening

Den norske Bankforening

Den norske Dommerforening

Forsvarergruppen av 1977

Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

Juridisk rådgivning for kvinner (JURK)

Juss-Buss

Jussformidlingen i Bergen

Juss Hjelpa i Nord-Norge

Kommunenes sentralforbund

Landsorganisasjonen i Norge

Norges Eksportråd

Norges Juristforbund

Norges Kristelige Juristforbund

Norges Politisjefforening

Norsk forening for kriminalreform (KROM)

Norsk Lensmannslag

Norske kvinnelige juristers forening

Næringslivets Hovedorganisasjon

Politiembetsmennenes Landsforening

Politiets Fellesforbund

Rettspolitisk forening

Sparebankforeningen i Norge

Departementet har fått svar frå følgjande instansar:

Arbeids- og administrasjonsdepartementet

Barne- og familiedepartementet

Finansdepartementet

Fiskeridepartementet

Forsvarsdepartementet

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet

Landbruksdepartementet

Olje- og energidepartementet

Samferdselsdepartementet

Utanriksdepartementet

Bergen byrett

Borgarting lagmannsrett

Høgsterett

Kriminalpolitisentralen

Politimeisteren i Oslo

Politimeisteren i Romerike

Politimeisteren i Stavanger

Økokrim

Garanti-Instituttet for Eksportkreditt

Kredittilsynet

Akademikerne

Den Norske Advokatforening

Den norske Bankforening

Den norske Dommerforening

Forsvarergruppen av 1977

Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon

Juridisk rådgivning for kvinner (JURK)

Kommunenes Sentralforbund

Landsorganisasjonen i Norge (LO)

Norges Politisjefforening

Norske kvinnelige juristers forening

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)

Sparebankforeningen i Norge

Akademikerne, Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Den norske Dommerforening, Fiskeridepartementet, Forsvarergruppen av 1977, Forsvarsdepartementet, Høgsterett, Juridisk rådgivning for kvinner (JURK), Kommunenes Sentralforbund, Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, Landbruksdepartementet, Olje- og energidepartementet og Samferdselsdepartementet seier at dei ikkje har merknader til realiteten i saka. Om høyringsfråsegnene elles viser departementet til drøftinga under punkt 4 og 5 nedanfor.