Ot.prp. nr. 66 (1997-98)

Om lov om endringar i straffelova m m (gjennomføring og samtykke til ratifikasjon av OECD-konvensjonen 21 november 1997 om motarbeiding av bestikking av utanlandske offentlege tenestemenn i internasjonale forretningshøve)

Til innholdsfortegnelse

3 Nærare om innhaldet i OECD-konvensjonen

3.1 Generelt

Hovudformålet med konvensjonen er at partane skal forplikte seg til å setje straff for bestikking av utanlandske offentlege tenestemenn. Konvensjonen femner berre om den som bestikker (aktiv korrupsjon). Den som tek imot bestikking (passiv korrupsjon), fell utanfor rekkjevidda til konvensjonen.

3.2 Verkeområdet for konvensjonen

Artikkel 1 regulerer det materielle verkeområdet for konvensjonen, nærare bestemt kva bestikking er og kva for handlingar konvensjonen rammar. Artikkel 1 nr 1 lyder i norsk omsetjing:

«Kvar av partane skal treffe dei tiltak som er nødvendige for å kunne konstatere at det etter deira lovverk er straffbart for ein kvar forsettleg å tilby, love eller gje ein urettkomen økonomisk eller ikkje-økonomisk føremon, for å få ein utanlandsk offentleg tenestemann til å føreta eller unnlate å føreta handlingar i tenesta slik at ein kan få eller ta vare på oppdrag eller anna utilbørleg føremon i tilknyting til internasjonale forretningshøve. Dette skal både gjelde direkte ytingar, og ytingar som vert gjeve via ein mellommann og omfattar både ytingar til tenestemannen sjølv og til en tredjepart.»

Artikkel 1 nr 2 fastset at medverknad til bestikking skal vere straffbart. Forsøk på bestikking skal vere straffbart i same mon som slikt forsøk overfor ein nasjonal offentleg tenestemann er straffbart.

Med offentlege tenestemenn siktar ein til personar som faktisk utøver offentleg styresmakt for eit anna land, jf artikkel 1 nr 4 bokstav a. Inn under denne gruppa reknast òg tenestemenn i mellomstatlege organisasjonar. Jamvel tilsette i private føretak kan - etter ei konkret vurdering - vere offentlege tenestemenn dersom dei er blitt tildelte offentleg styresmakt. Omgrepet offentleg tenestemann er nærare drøfta under punkt 5.3.

3.3 Andre sentrale reglar i konvensjonen

Konvensjonen har reglar om mellom anna straff for føretak (artikkel 2), sanksjonar (artikkel 3), jurisdiksjon (artikkel 4), handheving (artikkel 5), forelding (artikkel 6), kvitvasking av pengar (artikkel 7), revisjon (artikkel 8), gjensidig rettshjelp (artikkel 9), utvising (artikkel 10) og mekanismar for oppfølging (artikkel 12).

Personar som er skuldige i bestikking av ein utanlandsk offentleg tenestemann, skal kunne straffast med «proporsjonale og avskrekkande» reaksjonar, sjå artikkel 3. Etter artikkel 2 skal jamvel føretak kunne gjerast ansvarlege for aktiv korrupsjon. Partane er likevel ikkje forplikta til å innføre eit straffeansvar for juridiske personar. Sivilrettsleg ansvar - til dømes skadebot - vil vere nok for å fylle krava i konvensjonen. Alle partane skal vurdere å innføre sanksjonar av administrativ art. Slike sanksjonar kan vere tap av stønad eller retten til å vere med i offentlege anbod.

Artikkel 4 viser kva for krav konvensjonen stiller til tilknyting mellom korrupsjonshandlinga og lovbrytaren for at ein part skal ha jurisdiksjon. Hovudregelen er territorialprinsippet, dvs at ein part har jurisdiksjon når korrupsjonshandlinga har skjedd på statens eige territorium. Dette spørsmåla er nærare drøfta under punkt 5.5

Artikkel 5 seier at dei nasjonale reglane og prinsippa om etterforsking og påtale skal gjelde. Til dømes vil påtalemakta etter opportunitetsprinsippet framleis kunne vurdere om påtale bør reisast. Artikkel 5 set likevel visse grensar for kva for omsyn som kan ha vekt i denne vurderinga. Til dømes kan ein ikkje leggje vekt på omsynet til nasjonale økonomiske interesser, mogeleg verknad på samkvemmet med annan stat eller identiteten til dei involverte fysiske eller juridiske personar.

Dei sakene som konvensjonen regulerer, vil ofte være komplekse. Dei involverer ofte etterforsking over landegrensene. Etter artikkel 6 skal ikkje nasjonale fristar for forelding være for korte til at påtalemakta kan etterforske og påtale lovbrota. Desse spørsmåla er nærare drøfta under punkt 5.4.

Etter artikkel 7 skal det vere straffbart å kvitvaske pengane som vert ytt ved bestikking.

Reglane i artikkel 8 inneheld krav til føring av rekneskap som skal hindre at bestikking vert dekt over i rekneskapane.

Artikkel 9 pålegg partane å yte gjensidig rettshjelp innanfor rammene av dei nasjonale lovene. Nasjonale reglar avgrensar såleis omfanget av informasjonsutvekslinga. Etter same artikkel nr 3 skal ikkje teieplikta til bankane vere til hinder for å gi informasjon i kriminelle høve. Regelen er ikkje til hinder for at denne teieplikta etter nasjonale reglar berre kan verte oppheva ved rettsleg avgjerd.

Artikkel 10 nr 1 slår fast at bestikking av utanlandske offentlege tenestemenn skal vere eit lovbrot som opnar opp for utlevering i samsvar med nasjonalt lovverk og eksisterande utleveringsavtaler. Etter artikkel 10 nr 2 kan ein part som stiller som vilkår for utlevering at det ligg føre ei utleveringsavtale, rekne konvensjonen som eit avtalegrunnlag for utlevering. Mange statar utleverer ikkje sine eigne statsborgarar, og dette er det teke omsyn til i artikkel 10 nr 3. Dersom ein stat avviser eit krav om utlevering berre på eit slikt grunnlag, har staten etter konvensjonen ei plikt til sjølv å vurdere straffeforfølging.

Artikkel 12 seier korleis overvaking og oppfølging av konvensjonen skal skje, nasjonalt og sentralt i OECD.