Ot.prp. nr. 69 (1997-98)

Om lov om endringar i lov 4. februar 1960 nr 2 om borettslag m.m.

Til innholdsfortegnelse

5 Merknader til dei enkelte paragrafane

Til I: Lov 4. februar 1960 nr 1 om boligbyggelag (boligbyggelagsloven)

Til § 10 fjerde ledd:

Av nytt tredje punktum følgjer det at vedtektene ikkje kan stengje staten, fylkeskommunar og kommunar ute, i tillegg til selskap som har til føremål å skaffe bustader og som er styrt og kontrollert av ein av desse instansane, og stiftingar som har til føremål å skaffe bustader og som er oppretta av staten, fylkeskommunar eller kommunar, frå å vere parteigarar, jf tilvisinga til burettslagslova § 13 femte ledd. Om den nærare avgrensinga av dei nemnde selskapa blir det vist til omtalen under punkt 3.1.2.1. Desse juridiske personane har alltid rett til å overta partar; denne retten kan ein ikkje innsnevre i vedtektene.

Til II: Lov 4. februar 1960 nr 2 om borettslag (borettslagsloven)

Til § 13:

Det følgjer av nytt femte ledd fyrste punktum at dei nærare nemnde juridiske personane kan overta partar i laget, sjølv om vedtektene ikkje opnar for slik overtaking eller vedtektene berre gjev rett til å eige ein mindre eigardel enn det som følgjer av føresegna her, jf tilvisinga til føresenga i fyrste ledd. Av tilvisinga til fyrste ledd følgjer det også at eventuelle vilkår for å vere eller bli parteigar i det aktuelle laget heller ikkje gjeld for overtaking i medhald av denne føresegna. Det er staten, fylkeskommunar og kommunar, i tillegg til selskap som har til føremål å skaffe bustader, og som er styrte og kontrollerte av ein av desse instansane, som har rett til å overta partar. Omfatta er også stiftingar som har til føremål å skaffe bustader og som er oppretta av stat, fylkeskommunar eller kommunar. Om den nærare avgrensinga av desse selskapa, blir det vist til omtalen under punkt 3.1.2.1.

Dei nemnde personane kan til saman overta inntil 10 prosent, men minimum ein part i burettslag som har fem eller fleire partar. Dette fører til at dei juridiske personane kan overta ein part i lag som har fem til og med nitten partar. Deretter kan dei overta ytterlegare ein part per tiande part i laget. Dersom nokon av dei aktuelle juridiske personane alt eig partar i laget, reduserer dette tilsvarande den tilgangen andre med særleg rett har til å overta partar. Eig staten til dømes to partar i eit lag, som totalt har 25 partar, har kommunen ikkje tilgang til å overta noko. Ei slik overtaking ville føre til at dei som har rett, vil få større eigarposisjon i laget enn det lova opnar for. Ved vurderinga av kor mange partar dei med særleg rett kan overta, skal det ikkje takast omsyn til eigardeler som andre juridiske personar eig, som ikkje har rett til å overta partar etter denne føresegna. Dette kan til dømes vere eit aksjeselskap som framleiger bustader til sine tilsette. Vedtektene i laget kan også opne for at juridiske personar kan eige større eigardeler enn det som følgjer av denne føresegna. I så fall vil føresegna i vedtekta også gje heimel for tilsvarande større eigardeler til dei med særleg rett etter denne føresegna.

Det følgjer av nytt femte ledd andre punktum at viss eit burettslag har fleire fråskilde bygningar skal tilgangen til å overta til saman 10 prosent, men minst ein part, berre gjelde og reknast ut frå dei bygningar som har fem eller fleire bustader.

I nytt femte ledd tredje punktum går fram at føresegna ikkje er til hinder for at andre kan eige partar etter vedtektsføresegnene etter fjerde ledd i lova.

Til § 22 femte ledd nytt punkt 7

Det følgjer av føresegna at forkjøpsrett ikkje kan gjerast gjeldande ved overføring av part frå person som nemnt i § 13 femte ledd til leigar i den bustaden som parten er knytt til.

Til § 34 a andre ledd:

Det følgjer av føresegna at det at styret berre skal kunne nekte framleige dersom forhold ved framleigar gjev sakleg grunnlag for ei nekting, også skal gjelde for framleige som skjer ut frå den nye føresegna i lova § 13 femte ledd. Departementet har lagt til grunn at føresegna om godkjenning av framleige bør gjelde likt i alle høve der ein juridisk person eig part i burettslag og skal framleige bustaden.

Til andre endringar i burettslagslova:

Endringane fører ikkje til at realiteten blir endra. Det er ein konsekvens av at det er kome til eit nytt femte ledd i § 13 og at etterfølgjande ledd då blir endra.

Til III: Lov 23. mai 1997 nr 31 om eierseksjoner (eierseksjonsloven)

Til § 11 fyrste ledd fyrste punktum:

Det følgjer av fyrste ledd nytt fyrste punktum at kommunens vedtak om løyve til seksjonering fyrst skal sendast til tinglysing når klagefristen er gått ut for dei leigarane som har fått gjenpart etter lova § 9 tredje ledd, og eventuelle klager som er mottekne innan denne fristen, er avgjort, jf § 10. Kommunen må følgjeleg vente med å oversende kravsmålet om seksjonering m.m. til tinglysing så lenge leigarane av bustader i eigedommen har høve til å klage, og deretter inntil eventuelle klage - som er sett fram innan dette tidspunktet - er avgjord. Det er ikkje berre klage frå leigar som er omfatta. Dersom det kjem klage frå andre med rettsleg klageinteresse før fristen som gjeld for leigebuer er gått ut, må kommunen vente med oversending til klagen er avgjord. Dersom ikkje alle leigarane får melding om løyve til å seksjonere samstundes, må kommunen vente med oversending til klagefristen er gått ut for den leigaren som sist fekk melding om vedtaket.

Til § 22 fjerde ledd:

I fjerde ledd fyrste punktum er det teke inn at retten til å overta også skal omfatte stiftingar som er oppretta av staten, fylkeskommunar eller kommunar med det føremål å skaffe bustader. Føresegna er nærare omtalt under pkt. 3.1.2.1. Føresegna i fyrste punktum er elles omformulert i tråd med framlegget i burettslagslova, men utan realitetsendring i høve til gjeldande eigarseksjonslov.

I andre punktumer det presisert at viss eit eigarseksjonssameige har fleire fråskilde bygningar, skal adgangen til å overta til saman inntil 10 prosent, men minst ein seksjon, berre gjelde og reknast ut frå dei bygningane som har fem eller fleire seksjonar. Det blir vist til den nærare omtalen under pkt. 3.1.2.2.

Til § 47 tredje ledd:

Nytt tredje punktum gjev heimel for at eigarseksjonssameige som blir omfatta av lova her, men som er seksjonert før lova tok til å gjelde 1. januar 1998, kan registrerast i Føretaksregisteret. Kva slags sameige som blir omfatta av lova, er regulert i § 1. I kva grad eit eigarseksjonssameige som er etablert etter at lova tok til å gjelde, skal, eller kan bli, registrert i Føretaksregisteret, er regulert i § 11 tredje ledd.

Til IV: Når lova skal ta til å gjelde, og overgangsføresegner.

Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

Føresegna i eigarseksjonslova § 11 fyrste ledd fyrste punktum gjeld ikkje for det løyvet som kommunen har gjeve til seksjonering før lova har teke til å gjelde. Det fører til at kommunen ikkje kan vente med oversendinga av vedtak om løyve til seksjonering m.m. frå tida før lova tek til å gjelde, slik den nye føresegna gjev tilvising på. Desse løyva må følgje regelen i lov av 23. mai 1997 nr 31 § 11 fyrste ledd. Lova er ikkje til hinder for at det også for slike vedtak kan bli gjort vedtak om utsett iverksetjing, men det vil betinge eit særskilt vedtak etter forvaltningslova § 42.