Ot.prp. nr. 69 (2002-2003)

Om lov om endringar i forskjellige lover som følgje av integrering av fylkeslegeembeta i fylkesmannsembeta

Til innholdsfortegnelse

2 Høyring

Det forslaget til lovendringar som ligg føre her, har ikkje vore ute på vanleg høyring, ettersom dette må reknast som openbert unødvendig, jf. Utgreiingsinstruksen 5.4. Forslaga er berre av teknisk karakter og byggjer på dei ovanfor nemnde vedtaka i Stortinget.

Forslaget er utarbeidd i nært samarbeid med Arbeids- og administrasjonsdepartementet, Statens helsetilsyn og Sosial- og helsedirektoratet. I tillegg er alle fylkesmannsembeta blitt oppmoda om å gi tilbakemelding når det gjeld oversikta over forslag til fordeling av mynde, som blei send ut som vedlegg til brev av 13. januar 2003 frå Helsedepartementet til alle fylkesmennene i landet, Sosial- og helsedirektoratet og Statens helsetilsyn. Brevet var utarbeidd i samarbeid med Arbeids- og administrasjonsdepartementet og gav nærmare informasjon om korleis fylkeslegane, som tilsynsmynde under Statens helsetilsyn, skulle innrette seg reint praktisk i tida frå 1. januar 2003 og fram til dei nødvendige endringane var gjorde i lover og forskrifter.

Det kom svært få innspel til den fordelinga av mynde som blei føreslått. Innspela har ikkje ført til endringar i forslaget til fordelinga av mynde av 13. januar 2003.