Ot.prp. nr. 69 (2002-2003)

Om lov om endringar i forskjellige lover som følgje av integrering av fylkeslegeembeta i fylkesmannsembeta

Til innholdsfortegnelse

3 Nærmare om konsekvensane for regelverket av integreringa av fylkeslegeembeta i fylkesmannsembeta

3.1 Innleiing

Det er i hovudsak fire ulike typar av endringar som må gjerast i føresegnene i lover og forskrifter for at fordelinga av mynde mellom fylkeslegen som direkte underlagd Statens helsetilsyn og fylkeslegen som underlagd fylkesmannen skal framstå på korrekt vis.

Den eine typen er der mynde i lover og forskrifter i dag er lagt til «fylkeslegen», og der mynde for framtida skal liggje til fylkesmannen. I desse tilfella må «fylkeslegen» endrast til «fylkesmannen».

Den andre typen er der mynde etter lover og forskrifter i dag er lagt til «fylkeslegen», og der mynde framleis skal liggje til den delen av fylkeslegen sitt myndeområde som skal vere direkte underlagt Statens helsetilsyn. I lover og forskrifter skal ikkje «fylkeslegen» lenger nyttast som nemning på utøvaren av mynde. Det er berre der nemninga «fylkeslegen» viser til embetspersonen, at denne nemninga skal nyttast. I lover og forskrifter som nyttar «fylkeslegen» som nemning for kvar myndet er plassert, må derfor «fylkeslegen» erstattast med ei anna nemning som viser at det er Statens helsetilsyn sin forlengde arm i regional stat som er tillagd mynde. I desse tilfella blir det foreslått å endre «fylkeslegen» til «Helsetilsynet i fylket».

Den tredje typen endring som må gjerast, er der det i lover og forskrifter er vist til «tilsynsmyndighet» eller «tilsynsmyndigheten». Med den nye organiseringa vil ikkje ei slik nemning gjere det klart om det her er meint Statens helsetilsyn, regional tilsynsmynde direkte underlagt Statens helsetilsyn eller fylkesmannen som tilsynsmynde. Det må derfor i lover og forskrifter gå klart fram kven som er tillagd mynde etter den konkrete føresegna. I dei aktuelle føresegnene må derfor «tilsynsmyndighet» eller «tilsynsmyndigheten» endrast til anten éi eller fleire av nemningane «fylkesmannen», «Statens helsetilsyn» eller «Helsetilsynet i fylket».

Den siste typen endring som blir foreslått, er å oppheve nokre føresegner eller delar av føresegner. Forslaga gjeld føresegner der det er vedteke at fylkeslegen skal melde frå, gi informasjon eller liknande til fylkesmannen. Etter integreringa er slike føresegner unødvendige.

I tillegg til desse endringstypane blir det foreslått å oppheve kommunehelsetenestelova § 6-3 første ledd andre punktum. Statens helsetilsyn er i denne føresegna pålagt eit ansvar for å sjå til at lover og forskrifter blir kjende og etterlevde i samband med det faglege tilsynet med at kommunane fremjar formålet til helsetenesta på forsvarleg og tenleg måte. Dette er ei overflødig regulering etter integreringa. Ansvaret ligg no hos fylkesmannsembetet, medrekna dei nye avdelingane hos fylkesmennene.

Det er i tillegg til desse endringane føreslått nokre små justeringar av meir språkleg karakter, som til dømes i psykisk helsevernlova § 1-7, der det blir foreslått å nytte bestemt og ikkje ubestemt form i tilvisinga til kontrollkommisjonen og fylkesmannen.

3.2 Særskilt om endringar i lov om statlig tilsyn med helsetjenesten

I tilsynslova § 1 tredje ledd blir det foreslått eit tillegg som synleggjer at fylkeslegen, som regional tilsynsmynde underlagt Statens helsetilsyn, heretter blir kalla «Helsetilsynet i fylket» samt at fylkeslegen ellers er underlagt fylkesmannen.

Det blir vidare foreslått å slå saman første og andre ledd i § 2 i lova, slik at det går klarare fram av tilsynslova at dette er ei lov som regulerer tilsyns- og tilsynsrelaterte oppgåver lagde til Statens helsetilsyn og Helsetilsynet i fylka. Det følgjer av tilsynsoppgåva at Statens helsetilsyn og Helsetilsynet i fylket skal følgje med på korleis helsetenesta og helsepersonell utøver verksemda si, og gripe inn overfor verksemder som utøver tenester i strid med helselovgivinga.

Tredje ledd i § 2 om at fylkeslegen skal medverke til at lover, forskrifter og retningslinjer som gjeld for helsetenesta, blir gjorde kjende og etterlevde, blir foreslått oppheva. Dette er oppgåver som høyrer inn under fylkesmannsembetet sitt ansvarsområde, medrekna dei nye avdelingane hos fylkesmennene, og det er derfor etter integreringa overflødig å regulere dette særskilt i tilsynslova.

Tilsynslova § 4 blir foreslått oppheva, ettersom også denne føresegna er overflødig etter den nye organiseringa av regional stat. Denne paragrafen seier at fylkeslegen skal vere rådgivar for fylkesmannen og dei andre statlege styresmaktene i fylket, og at fylkeslegen skal møte i fylkestinget når vedkomande styresmakt ber om det. Dette vil no vere oppgåver som reint forvaltningsmessig ligg innanfor ansvarsområdet til fylkesmannen, jf. også den generelle rettleiingsplikta i forvaltningslova § 11.

3.3 Forskrifter endra ved forskrift 19. desember 2002

Som nemnt under punkt 1, blei det vedteke ei forskrift om endringar i ymse forskrifter (forskrift av 19. desember 2002 nr. 1714) som ei første tilpassing av regelverket til den nye organiseringa av regional stat.

3.4 Forskrifter som må endrast etter at heimelslovene er endra

Ca. 50 forskrifter kunne ikkje endrast i den første tilpassingsrunden, ettersom endringar i desse forskriftene ville ført til at det ikkje ville vore samsvar mellom fordelinga av mynde (mellom fylkeslegen som tilsynsmynde direkte underlagt Statens helsetilsyn og fylkeslegen som leiar for den nye helseavdelinga hos fylkesmannen) i forskriftene og i dei respektive heimelslovene. Desse forskriftene må derfor endrast så snart ein har vedteke å endre dei respektive lovene.

Førebuingane til endringar i forskriftene går parallelt med lovendringsarbeidet, slik at endringane i dei aktuelle forskriftene kan vedtakast så snart lovendringane er vedtekne.

3.5 Forslag til endringar i forskjellige lover

Desse 14 lovene må justerast som ein konsekvens av integreringa:

  1. Lov 30. mars 1984 nr. 15 om statlig tilsyn med helsetjenesten

  2. Lov 18. juni 1965 nr. 4 - vegtrafikklov

  3. Lov 9. februar 1973 nr. 6 om transplantasjon, sykehusobduksjon og avgivelse av lik m.m.

  4. Lov 13. juni 1975 nr. 50 om svangerskapsavbrudd

  5. Lov 3. juni 1977 nr. 57 om sterilisering

  6. Lov 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene

  7. Lov 3. juni 1983 nr. 54 om tannhelsetjenesten

  8. Lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer

  9. Lov 2. juli 1999 nr. 61 om spesialisthelsetjenesten m.m.

  10. Lov 2. juli 1999 nr. 62 om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern

  11. Lov 2. juli 1999 nr. 63 om pasientrettigheter

  12. Lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.

  13. Lov 12. mai 2000 nr. 36 om strålevern og bruk av stråling

  14. Lov 18. mai 2001 nr. 24 om helseregistre og behandling av helseopplysninger