Ot.prp. nr. 69 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 2. juli 1999 nr. 61 om spesialisthelsetjenesten m.m. (sjuketransport m.m.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Helsedepartementet legg med dette fram forslag til lov om endringar i lov 2. juli 1999 nr. 61 om spesialisthelsetjenesten m.m. (sjuketransport m.m.). Departementet foreslår endringar i spesialisthelsetenestelova § 2-1a på grunn av feil som skjedde ved behandlinga av rusreform II. Føresegnene i spesialisthelsetenestelova § 2-1a første ledd nr. 5 og nr. 6 om ansvaret til dei regionale helseføretaka for å sørgje for sjuketransport og transport av behandlingspersonell blei ved ein feil oppheva ved Vedtak O. nr. 5 (2003-2004), då det blei vedteke eit nytt punkt nr. 5 i spesialisthelsetenestelova § 2-1a første ledd om ansvaret til dei regionale helseføretaka for å sørgje for tverrfagleg spesialisert behandling for rusmiddelmisbruk.