Ot.prp. nr. 78 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Justisdepartementet gjer med dette framlegg om einskilde endringar i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste. Framlegga har i det vesentlege eit utgangspunkt i Regjeringa si politiske plattform, framforhandla på Soria Moria 26. september til 13. oktober 2005, jf. punktet om tomtefeste på side 71. Departementet gjer også framlegg om ein angrerett for ein festar som har kravd innløysing, etter at innløysingssummen er endeleg fastsett. I tillegg til materielle lovspørsmål som har verknad for rettsstillinga til partane i avtaler om feste av tomt til bustad- og fritidshus, tar departementet opp ein­skilde reint prosessuelle spørsmål.

Proposisjonen inneheld framlegg om ei endring som gjeld tidspunktet for når festaren av tomt til bustadhus skal kunne krevje innløysing. Det blir gjort framlegg om at festaren når det er gått 30 år av festetida, skal kunne krevje innløysing kvar gong det er gått to nye år, i motsetnad til kvart tiande år etter gjeldande lov om tomtefeste § 32 første ledd. For feste av tomt til fritidshus blir det ikkje foreslått å endre den gjeldande regelen som gir rett til innløysing kvart tiande år.

Unntaket frå innløysingsretten for bygdeallmenningar i lov om tomtefeste § 34 andre ledd blir foreslått å gjelde også for tomt til fritidshus i statsallmenningar. Dette var regelen fram til unntaket for statsallmenningar blei tatt ut av lova ved lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringer i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv., men slik at unntaket før dette gjaldt både for tomt til fritidshus og tomt til bustadhus. På Finnmarkseigedomens grunn i Finnmark foreslår departementet eit tilsvarande unntak for fritidstomter som i statsallmenningar.

Med heimel i lov om tomtefeste § 34 tredje ledd og forskrift 8. juni 2001 nr. 570 om tomtefeste m.m. § 4 gjeld det på nærare vilkår unntak frå retten til innløysing av tomt festa bort til fritidshus som høyrer til ein landbrukseigedom. I proposisjonen blir det gjort framlegg om at forskriftsheimelen i lova § 34 tredje ledd blir endra, for å leggje til rette for ei forskriftsendring som fører med seg at landbruksunntaket for fritidshus vil gjelde for nokre fleire tilhøve enn i dag. Eit av forskriftsvilkåra for at bortfestaren skal kunne pårope unntaket er at inntekta frå festetomtene etter tenkt lovleg regulering på innløysingstida til saman utgjer ein tidel eller meir i høve til det gjennomsnittlege årlege driftsresultatet ved drift av landbrukseigedomen som jord-, skog- eller hagebruk dei tre siste rekneskapsåra. Ei lovendring vil leggje til rette for at vilkåret om at festeinntektene må vere 10 % eller meir i høve til driftsresultatet, kan endrast til eit krav om 5 % eller meir i høve til driftsresultatet.

Departementet gjer også framlegg om ein­skilde endringar i tvisteløysingsordninga ved regulering av festeavgift og innløysing av festetomt til bustad- og fritidshus. Det er viktig for både festarar og bortfestarar at ein har ei best mogleg tvisteløysingsordning når partane ikkje sjølve blir samde om regulering av festeavgift og om innløysing av festetomta. Under høyringa har det vore nær samstemt tilslutning til dei prosessuelle endringane knytt til tvisteløysing som departementet gjer framlegg om, mellom anna frå interesserepresentantane til både festarane og til bortfestarane.

Framlegget om ein angrerett for festaren knytter seg til tvisteløysingsspørsmåla, men er eit framlegg som har materielle verknader mellom partane. Forslaget går ut på at ein festar som har kravd innløysing, kan gå frå kravet innan fire veker etter at innløysingssummen er blitt endeleg fastsett ved skjønn, voldgift eller rettsleg avgjerd. Festaren må då dekkje bortfestaren sine kostnader med saka.

I proposisjonen blir det også gjort framlegg om å rette opp eit par feil i lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs (konkursloven), som kom inn ved lov 27. januar 2006 nr. 4 om endringar i lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs og andre lover (elektronisk kommunikasjon mv.). Proposisjonen foreslår også å rette opp ein inkurie ved utforminga av lov om tomtefeste § 15 andre ledd, som oppsto ved endringa av føresegna ved lov 2. juli 2004 nr. 63 om endringer i lov 20. desember 1996 nr. 106 om tomtefeste mv.

Til forsida