Ot.prp. nr. 9 (2003-2004)

Om lov om endringar i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna og lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn

Til innhaldsliste

1 Innhald i proposisjonen

Kultur- og kyrkjedepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov 13. juni 1969 nr. 25 om trudomssamfunn og ymist anna og i lov 12. juni 1981 nr. 64 om tilskott til livssynssamfunn. Lovframlegget inneber at trudoms- og livssynssamfunn må sende inn oversikter over fødselsnummer for alle medlemmer dei søkjer om statleg eller kommunalt tilskot for.