Rundskriv A-1/2025 Statlege rettleiande retningslinjer for økonomisk stønad for 2026
Rundskriv | Dato: 19.12.2025 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Mottakar:
- Kommunane i landet
- Statsforvaltarane
Nr:
A-1/2025
Vår referanse:
11/5713-
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gir rettleiande retningslinjer om nivået på stønad til livsopphald etter sosialtenestelova § 18 fjerde ledd.
Økonomisk stønad etter sosialtenestelova er ei yting som blir fastsett ut frå skjøn, jf. lova § 18 første ledd. Dei kommunale sosiale tenestene i Nav-kontoret har både rett og plikt til å utøve skjøn når dei vurderer om det skal ytast stønad, og ved utmåling av stønaden. Barn sine særlege rettar må òg varetakast. Dei rettleiande retningslinjene må derfor reknast som
eit rettleiande utgangspunkt for det skjønet som skal utøvast, og dei kan ikkje erstatte individuelle vurderingar. Dersom stønadsbeløpet til arbeidsfør mottakar er på nivå med, eller over, kva mottakaren kan forventast å få gjennom arbeid, må det også gjerast ei særskild vurdering av nivået og krav til aktivitet. Det blir vist til rundskriv, Hovednummer 35 – 2012 punkt 4.18.1.5 om forholdet mellom individuell behovsprøving, kommunale normer og statlege rettleiande retningslinjer.
Dei rettleiande retningslinjene for økonomisk stønad til livsopphold er justert minst årleg sidan 2006.
Satsane i dei rettleiande retningslinjene blir justerte med 2,2 pst. frå 1. januar 2026 i tråd med anslaget for vekst i konsumprisane i Nasjonalbudsjettet for 2026. Dei rettleiande retningslinjene er fastsette med følgjande satsar per månad frå 1. januar 2026 (satsar gjeldande frå 1. januar 2025 i parentes):
| Einslege | kr 8 300 | (kr 8 100) |
| Ektepar/sambuarar | kr 13 800 | (kr 13 500) |
| Person i bufellesskap | kr 6 950 | (kr 6 800) |
| Barn 0-5 år | kr 4 050 | (kr 3 950) |
| Barn 6-10 år | kr 4 150 | (kr 4 050) |
| Barn 11-17 år | kr 5 400 | (kr 5 300) |
Dei rettleiande retningslinjene omfattar utgifter til det løpande, daglege livsopphaldet som mat, klede, medier og kommunikasjon, samt hushalds- og hygieneartiklar og tek vidare omsyn til andre sider av dagleglivet, som fritid og sosiale behov. Utgifter til anna som er nødvendig, som bustad, straum og oppvarming, internett og breiband, bustad- og innbuforsikring, innbu og utstyr, transport og utgifter til organiserte fritidsaktivitetar for barn, inngår i livsopphaldet, men er ikkje inkludert i grunnlaget for dei
rettleiande retningslinjene, ettersom dette er utgifter som varierer mykje.
Avhengig av den konkrete situasjonen kan også andre utgifter vere del av livsopphaldet. Slike utgifter er heller ikkje inkludert i grunnlaget for dei rettleiande retningslinjene.
Sjå rundskriv frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, Hovednummer 35 – 2012 punkt 4.18 om økonomisk stønad til livsopphald. Arbeids- og velferdsdirektoratet har utarbeidd ein rettleiar om økonomisk stønad etter sosialtenestelova. Den blei publisert 16. desember 2022 og kan lesast her: Veileder om økonomisk stønad etter sosialtjenesteloven. Arbeids- og velferdsdirektoratet har òg utarbeidd rettleiaren Barnets beste En veileder for deg som jobber i NAV: Barnets beste - veileder 20032024.pdf.
Med helsing
Ulf Pedersen (e.f.)
ekspedisjonssjef
Vibeke Trålim
avdelingsdirektør