Potensial for regionforstørring

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kommunal- og regionaldepartementet

TØI rapport 1208/2012

Transportøkonomisk institutt har rekna ut kor potensialet for utviding av arbeidsmarknader er størst. Rapporten syner at det er store potensial for at veginvesteringar kan skape større arbeidsmarknader mange stader i landet. Felles for desse områda er at oppgradering av vegnettet gir klare reisetidsreduksjonar på avstandar som er attraktive for pendling, og til tilstrekkeleg mange arbeidsplassar.

Auka investeringar i infrastrukturprosjekt som skaper større og meir robuste arbeidsmarknadsregionar var det sentrale forslaget til kompetansearbeidsplassutvalet (NOU 2011:3). Utvalet slo også fast at geografisk spreiing av verdiskapande aktivitet er ein føresetnad for full ressursutnytting og høgast mogeleg nasjonalinntekt. Transportøkonomisk institutt har rekna ut kor potensialet for utviding av arbeidsmarknader er størst. Rapporten syner at det er store potensial for at veginvesteringar kan skape større arbeidsmarknader mange stader i landet. Felles for desse områda er at oppgradering av vegnettet gir klare reisetidsreduksjonar på avstandar som er attraktive for pendling, og til tilstrekkeleg mange arbeidsplassar. Auka høve for pendling kan gje betre tilpassingar i arbeidsmarknaden, og opplevinga av ein større region med eit breiare tilbod kan og gje tilflytting og attraktivitet til eit område. Robuste arbeidsmarknader er derfor viktig for å sikre ein meir balansert regional utvikling i landet.

Potensial for regionforstørring TØI rapport 1208/2012 (pdf)