Prop. 1 S (2011–2012)

FOR BUDSJETTÅRET 2012 — Utgiftskapitler: 1800–1870, 2440, 2442 og 2490 Inntektskapitler: 4800–4833, 5440, 5490, 5680 og 5685

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Andre saker

4 Prosjekt under utbygging

I dette kapitlet er det gitt ei samla utgreiing om kostnads- og lønsemdutviklinga for dei prosjekta der plan for utbygging og drift (PUD) eller plan for anlegg og drift (PAD) er godkjend av styresmaktene, og der prosjekta framleis er under utbygging eller har komme i produksjon etter 1. august 2010. Som bakgrunn for utgreiinga har departementet innhenta opplysningar frå operatørselskapet for dei ulike prosjekta.

Tabellen under viser eit oversyn over differansen mellom operatørane sine investeringsoverslag på PUD/PAD-tidspunktet og overslaga deira per juli 2011.

I tillegg til investeringsaktiviteten knytt til prosjekt under utbygging (jf. tabell 4.1) vil det kunne vere stor investeringsaktivitet knytt til felt i drift. Slike prosjekt krev vanlegvis ikkje PUD eller PAD, men vil like fullt ha ei behandling i Olje- og energidepartementet (OED) og andre styresmakter – tilpassa forholda ved det einskilde prosjektet.

Tabell 4.1 Investeringsanslag, prosjekt under utbygging

(i mill. 2011-kroner)

PUD/PAD- godkjent

PUD/PAD- estimat

Nye anslag

Endring

Endring i pst.

Gjøa inkl. Gjøa gassrøyr

2007

30 937

33 445

2 508

8,1

Skarv

2007

34 552

38 501

3 949

11,4

Valhall vidareutvikling

2007

24 401

42 989

18 588

76,2

Vega og Vega Sør

2007

6 631

10 063

3 432

51,8

Yme

2007

4 775

9 583

4 808

100,7

KEP 2010

2008

6 675

6 041

-634

-9,5

Troll P-12

2008

3 690

1 743

-1 947

-52,8

Troll B gassinjeksjon

2008

2 267

1 552

-715

-31,5

Goliat

2009

30 187

30 187

0

0,0

Oselvar

2009

4 907

4 675

-232

-4,7

Gaupe

2010

2 811

2 811

0

0,0

Gudrun

2010

20 347

19 676

-671

-3,3

Marulk

2010

4 104

3 705

-399

-9,7

Trym

2010

2 753

3 048

295

10,7

Ekofisk Sør

2011

27 300

27 300

0

0,0

Eldfisk II

2011

36 600

36 600

0

0,0

Hyme

2011

4 500

4 500

0

0,0

Knarr

2011

11 200

11 200

0

0,0

Stjerne20115 3005 30000,0

Valemon

2011

19 600

19 600

0

0,0

Vigdis nordøst20114 2004 20000,0

Visund Sør

2011

5 600

5 600

0

0,0

Sum

293 337

322 319

28 982

9,9

Fram mot finanskrisa hausten 2008 var utviklinga i kostnadsnivået for feltutbyggingar prega av kraftig vekst. Berekningar utført at IHS/CERA viser at utbyggingskostnadene knytte til petroleumsprosjekt internasjonalt meir enn dobla seg i perioden 2004-2008. I 2009 fall kostnadene som følgje av låg oljepris og redusert investeringsaktivitet. Auka etterspørsel etter olje, i hovudsak frå framveksande økonomiar, medførte sterk auke i oljeprisen gjennom 2010. Investeringsaktiviteten tok seg opp og kostnadene internasjonalt auka i følgje IHS/CERA med over 8 pst. frå 1. kvartal 2010 til 1. kvartal 2011.

Utviklinga i prisane på varer og tenester som blir nytta i samband med utbyggingar på norsk sokkel er i stor grad påverka av internasjonale forhold. I likskap med utviklinga internasjonalt har også kostnadsnivået på norsk sokkel vore prega av sterk vekst dei siste åra. Lista over utbyggingsprosjekta viser likevel ein meir moderat kostnadsutvikling på norsk sokkel dei siste månadene. Investeringsanslaget for fleire av dei nyare prosjekta har hatt ein nedgang sidan PUD.

Auka investeringsnivå sidan PUD på felt under utbygging er ikkje det same som kostnadsoverskridingar, og treng ikkje å vere negativt for lønsemda i eit prosjekt. I den grad det høgare investeringsnivået resulterer i auka kommersiell utnytting, vil det medverke til høgare verdiskaping frå prosjekta.

Samla investeringar knytte til prosjekt under utbygging på norsk sokkel er berekna til om lag 313 mrd. kroner. Dette utgjer ein auke på om lag 29 mrd. 2011-kroner i forhold til PUD/PAD-tidspunktet, jf. tabell 4.1. Vidareutviklingsprosjektet på Valhall og utbygginga av Yme står for om lag 80 pst. av den totale auken.

Det er god lønnsemd i prosjekta som i dag er under utbygging. Samla noverdi av dei omtalte prosjekta er utrekna til om lag 170 mrd. 2011-kroner.

Kostnadsendringar på enkeltprosjekt

Investeringane knytte til vidareutviklingsprosjektet på Valhall var ved PUD-tidspunktet berekna til 15,4 mrd. 2011-kroner. Desse berekningane var berre knytte til den nye innretninga på feltet. Kostnadene knytte til denne innretninga er i dag estimerte til 22,2 mrd. 2011-kroner. I tillegg var ei rekkje andre investeringar ein føresetnad for utbygginga. Desse investeringane omfatta boring og seinare oppgraderingar. Det totale investeringsnivået var ved PUD anslått til om lag 24,4 mrd. 2011-kroner. Det oppdaterte investeringsoverslaget for Valhall vidareutvikling viser ein auke på om lag 18,6 mrd. kroner samanlikna med PUD. Endringa skuldast til dels ein auke i anslag for boring, både som følgje av fleire forventa brønnboringar, og ein auke i kostnadene for boring av kvar brønn. Vidare har utbygging av nye fasilitetar vist seg å vere dyrare enn ein trudde ved PUD, som følgje av endringar i utforming og kostnadsvekst. I tillegg har avgjerd om å installere havbotnseismikk og behov for ekstra flotell medverka til kostnadsauken.

Det oppdaterte investeringsoverslaget for Yme viser ein auke på om lag 4,8 mrd. kroner. Auken skuldast til dels høgare borekostnader enn venta som følgje av høgare riggratar og boring av ekstra brønnar. I tillegg kjem ekstrakostnader knytte til forlenga prosjektvarigheit og venting på vêr for installasjon. Kostnadsauken og forseinka produksjonsstart påverkar noverdien i prosjektet, men lønnsemda er god.

Skarv har ein auke i investeringsoverslaget på om lag 3,9 mrd. kroner samanlikna med PUD. Auken skuldast at kontraktane for levering av produksjonsskip og undervassanlegg vart inngått til høgare prisar enn venta. I tillegg var arbeidsomfanget noko underestimert. Investeringsanslaget er oppjustert sidan førre omtale, men lønnsemda i prosjektet er framleis god. Vidare auke i investeringsoverslaget er venta i neste kostnadsrevisjon på grunn av forseinka ferdigstilling av produksjonsskipet på verftet, utan at dette vil påverke lønnsemda mykje.

Produksjonen frå Vega og Vega sør starta i desember 2010. Det oppdaterte investeringsanslaget viser ein auke på om lag 3,4 mrd. kroner samanlikna med PUD. Auken kjem som følgje av høgare prisar på undervassutstyr, kombinert med auka borekostnader som følgje av endra brønndesign. Totalanslaget er oppjustert sidan tilsvarande rapportering i fjor. Det er framleis god lønnsemd i prosjektet.

Produksjonen frå Gjøa tok til i november 2010. Det oppdaterte investeringsoverslaget for prosjektet viser ein auke på om lag 2,5 mrd. kroner sammenlikna med PUD. Omkring halvparten av auken kan knytast til plattform og brønnramme og skuldast eit høgare kostnadsnivå, designendringar og generelle utbetringar. Resten av auken skuldast forventningar om fleire boredøgn enn tidlegare anteke og modifikasjonar på røyr. Investeringsanslaget for Gjøa er noko nedjustert sidan førre omtale. Til trass for eit høgare investeringsanslag er lønnsemda i prosjektet framleis god.

For KEP2010 er overslaget om lag 0,6 mrd. kroner lågare enn tidlegare rapportert. Grunna lågare investeringar i prosjektet enn venta, er prosjektreservane no tekne ut.

Prosjekta på Troll har fått justert ned investeringsanslaga med 2,7 mrd. kroner. For Troll P-12 skuldast dette at den delen av prosjektet som gjeld Kollsnes no er teken ut. Endringa på Troll B gassinjeksjon kjem som følgje av lågare borekostnader enn venta, og lågare forbruk knytt til anlegg.

For Gudrun er investeringsoverslaget redusert med 0,7 mrd. kroner sammenlikna med PUD. Endringa skuldast blant anna eit noko redusert omfang.

Det oppdaterte investeringsoverslaget for Marulk er om lag 0,4 mrd. kroner lågare enn venta sammenlikna med PUD, som følgje av ein gunstig marknadssituasjon ved kontraktsinngåingane.

Investeringane knytte til utbygginga av Trym er anslått til å bli om lag 0,3 mrd. kroner høgare enn berekna ved PUD. Auken kjem som følgje av høgare kompletteringskostnader i samband med boring av brønnar.

For Gaupe, Goliat og Oselvar er endringane marginale. Prosjekta Ekofisk sør, Eldfisk II, Hyme, Knarr, Stjerne, Valemon, Vigdis nordøst og Visund sør er alle godkjende i 2011 og for desse utbyggingane er det framleis investeringsanslaga frå PUD som gjeld.

5 Olje- og energidepartementets beredskapsarbeid

Forsyningstryggleik for gass

Norsk petroleumsverksemd er svært viktig for ei påliteleg energiforsyning til Europa og departementet er ansvarleg for å utforme eit ressursforvaltningssystem (rammeverk) som blant anna skal syte for leveransetryggleiken. Leveransetryggleik er først og fremst knytt til gass.

Det er oljeselskapa og Gassco som har det operative ansvaret for leveransetryggleik for gass. Oljeselskapa si evne til å yte leveransetryggleik knyter seg både til enkeltfelt på sokkelen, den samla feltporteføljen til selskapa og evna deira til å sikre seg nedstraums ved kommersielle arrangement, gasslager med meir.

Gassco er operatør for transport- og behandlingsanlegga for gass. Gassco er ansvarleg for kvaliteten på transportnettet og utfører inspeksjonar og vedlikehald.

Ved ei hending med konsekvensar for helse, miljø eller tryggleik (HMS) rapporterer operatøren til Petroleumstilsynet. Petroleumstilsynet rapporterer vidare til blant anna Oljedirektoratet (OD). Ved hendingar utan HMS-innslag rapporterer operatøren direkte til OD. I alle tilfelle er det OD som varslar og orienterer Olje- og energidepartementet (OED) fortløpande om hendingar som inntreff.

Forsyningstryggleik for drivstoff

I situasjonar med større fysisk underskot på drivstoff innanlands har OED ansvar for drivstoffberedskapen. Ved eventuell svikt i tilførslene til OECD-området blir det ytt bidrag til eventuelle IEA-initierte krisehandteringsplanar for å dempe skadeverknadene av underskotet. Aktuelt tiltak for krisehandtering på nedstraumsida er trekk i beredskapslager av petroleumsprodukt. Oljeselskap som produserer (raffinerer) eller importerer petroleumsprodukt er lovpålagte å halde beredskapslager tilsvarande 20 dagars normalforbruk. Ved behov, det vil seie ved ein svikt i leveransane til den norske marknaden eller på verdsmarknaden, kan styresmaktene påleggje selskapa å selje frå desse lagra.

Olje- og energidepartementet

OED har det overordna ansvaret for kraftforsyninga, forvaltninga av vassressursane og for olje- og gassaktivitetane på kontinentalsokkelen og på land. OED har òg ansvar og oppgåver knytte til å førebyggje skade som følgje av dambrot, flaum og skred.

OED har følgjande overordna mål for departementets beredskapsarbeid:

  • Effektiv handtering av kriser.

  • God organisering av departementets tryggleiks-, beredskaps- og krisehandteringsapparat.

Forsyningstryggleik for elektrisitet

Stabil og effektiv kraftforsyning er rekna som ein sentral del av Noregs kritiske infrastruktur. Tilgang på elektrisk kraft blir stadig viktigare for å kunne halde ved lag normal aktivitet i samfunnet. Stabil og sikker elektrisitetsforsyning er òg av stor verdi for å sikre kritiske samfunnsfunksjonar i krisesituasjonar, og for å halde ved lag landet si forsvarsevne under beredskap og i krig.

Det operative ansvaret for kraftforsyningsberedskapen er delegert til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som er beredskapsstyresmakt etter energilova kapittel 9. NVE leier Kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO), der alle einingane i kraftforsyninga deltek.

Ved problem over kortare tid med å balansere forbruk og tilgjengeleg forsyning (effektmangel) har Statnett som systemansvarleg fullmakt til å treffe nødvendige tiltak.

Statnett har vidare ansvaret for å utgreie og utvikle nødvendige verkemiddel for å sikre momentan balanse gjennom ein svært vanskeleg kraftsituasjon (SAKS) i nær kontakt med energistyresmaktene. Forslag til tiltak skal leggjast fram for NVE for godkjenning. Statnetts tiltak er mobile gasskraftverk og energiopsjonar. Tiltaka skal berre brukast i svært vanskelege kraftsituasjonar der faren for rasjonering er stor.

Ved langvarig mangel på evne til å dekkje behovet for elektrisk kraft kan styresmaktene innføre rasjonering, det vil seie å tvangsutkople forbruk og rekvirere produksjon. Rasjonering blir eventuelt vedteke av OED etter råd frå NVE.

Skred og vassdrag

Det operative ansvaret og gjennomføringa av statlege oppgåver knytt til å førebyggje skade som følgje av dambrot, flaum og skred, er delegert til NVE.

NVE har ansvar for å sjå til at tiltakshavarar planlegg, byggjer og driv vassdragsanlegg slik at tryggleiken for menneske, miljø og eigedom blir teken vare på, og at det blir utarbeidd beredskapsplanar for å handtere større hendingar. NVE kan gi pålegg til eigar av vassdragsanlegg om å gjennomføre tiltak for å avgrense skadar. NVE kan også sjølv setje i verk tiltak når det er særskilt fare for alvorleg skade.

NVE gir hjelp og rettleier kommunane med å førebyggje skadar frå flaum, erosjon og skred. Oppgåvene inneber å kartleggje og informere om fareområde, gi faglege råd og retningslinjer for kommunal arealplanlegging, gi kommunar fagleg og økonomisk hjelp til planlegging og gjennomføring av sikringstiltak, overvake og varsle flaum og skredfare. I tillegg gir NVE fagleg hjelp under beredskaps- og krisesituasjonar til kommunar, politi og andre beredskapsstyresmakter.

Olje- og energidepartementet

OEDs planverk for krisehandtering dekkjer dei ulike typane kriser som OED kan bli involvert i. Planverket viser organisering og rutinar for den interne krisehandteringa og for kontakt med andre departement og underliggjande etatar.

Tilsette i OED deltek i beredskapsgruppa til regjeringas krisestøtteeining.

Det er retta spesiell merksemd mot koordinering og informasjonsflyt. OEDs Kriseinfoplan har teke omsyn til dette. OED har gjennomført og delteke i relevante beredskapsøvingar i 2011 og vil føre vidare dette i 2012.

6 Petroleum, energi og miljø

Omsynet til miljøet og berekraftig utvikling er og har alltid vore ein integrert del av den norske petroleums- og energiverksemda. Det har gjennom fleire år blitt gjennomført omfattande tiltak, men sektorane vil også i framtida ha verknader på miljøet.

6.1 Miljøutfordringar

  • Utslepp til luft frå petroleumssektoren medverkar mellom anna til utslepp av klimagassar.

  • Utslepp til sjø ved leiting og utvinning av olje og gass kan påverke det marine miljøet.

  • Utbygging av fornybar energiproduksjon og infrastruktur, for eksempel i form av demningar, vegar og kraftlinjer, påverkar natur- og kulturmiljøet lokalt.

Utslepp til luft

Stasjonær forbrenning, inklusive olje- og gassutvinning, står for ein monaleg del av dei norske utsleppa til luft av karbondioksid (CO2), nitrogenoksid (NOx), flyktige organiske sambindingar utan metan (nmVOC), partiklar (PM) og polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH).

Noreg skil seg frå andre land ved at nesten heile det innanlandske elektrisitetsforbruket er dekt av vasskraft. Noregs evne til å produsere elektrisitet med vasskraft medverkar til låge luftutslepp frå den innanlandske energibruken. Dette inneber at Noreg har eit snevrare grunnlag for å redusere utsleppa frå elektrisitetsproduksjon enn andre land. Produksjon og forbruk av elektrisk kraft kan variere monaleg frå år til år som følgje av variasjonar i tilsig og temperaturforhold. I år med lågt tilsig og relativt høge prisar på elektrisk kraft vil normalt bruken av alternative energiberarar, deriblant brensle som fyringsolje, gass og biomasse, auke. Dette er ei viktig årsak til at utsleppa frå innanlands stasjonær energibruk varierer frå år til år.

Utsleppa frå stasjonær forbrenning, eksklusiv olje- og gassutvinning, kjem frå fleire ulike energikjelder. I industrien blir det nytta tungolje, fyringsolje, naturgass, kol og koks, mens mellom anna treforedling nyttar mykje treavfall og avlut i verksemda si. Det blir nytta søppel, fyringsolje, biomasse og gass i fjernvarmeanlegg. Til oppvarming av bygningar og bustader blir det òg nytta noko fyringsolje og fyringsparafin, i tillegg til trevirke. Samla svarer utsleppa frå stasjonær forbrenning, eksklusiv olje- og gassutvinning, til 7,7 mill. tonn CO2, om lag 18 pst. av dei totale utsleppa i 2009.

Utsleppa frå petroleumssektoren til luft er stort sett avgassar frå forbrenning av gass i turbinar, fakling av gass og forbrenning av diesel. Desse avgassane inneheld mellom anna CO2 og NOx. Andre miljøskadelege stoff som blir sleppte ut er nmVOC, metan (CH4) og svoveldioksid (SO2).

I 2010 sleppte petroleumsverksemda ut om lag 13,8 mill. tonn CO2-ekvivalentar, inkludert utslepp knytt til forbrenning og prosess frå offshore- og landanlegg. Metoden for utrekning av utsleppsprognosar har blitt revidert i 2011, og difor er utsleppsprognosane noko endra samanlikna med kva utsleppsprognosane basert på gammal metode viste.

Kraftgenereringa i turbinane, fakling av gass og dieselforbruk på innretningane på kontinentalsokkelen er sentrale utsleppskjelder for NOx. Mengda av utslepp er avhengig både av forbrenningsteknologien og kor mykje drivstoff som blir brukt. Til dømes gir forbrenning i gassturbinar lågare utslepp av NOx enn forbrenning i dieselmotorar. Petroleumsverksemda sto i 2010 for om lag 27 pst. av dei totale NOx-utsleppa i Noreg.

Petroleumssektoren er hovudkjelda til utslepp av nmVOC i Noreg, med 27 pst. av dei totale utsleppa i 2010. Sidan 2001 er utslepp av nmVOC frå olje- og gassverksemda redusert med meir enn 80 pst. Dei betydelege utsleppsreduksjonane er oppnådde som følgje av installering av anlegg for fjerning og gjenvinning av oljedamp på lagerskip og skytteltankarar. Dei gjennomførte tiltaka offshore har ført til at nasjonale utslepp av nmVOC no er lågare enn forpliktinga Noreg har i 2010 i Gøteborg-protokollen.

Utslepp til sjø

Norsk petroleumsverksemd står for om lag 3 pst. av dei nasjonale utsleppa av miljøfarlege stoff til sjø. Hovudtilførselen kjem frå landbasert industri. Utsleppa til sjø frå olje- og gassverksemda stammar i hovudsak frå den regulære drifta. Produsert vatn følgjer med oljen opp frå reservoaret og inneheld naturleg førekommande stoff frå reservoaret, og restar av tilsette stoff. Det produserte vatnet blir reinjisert i reservoaret eller reinsa før utslepp til sjø. Etter reinsing vil vatnet innehalde små mengder olje, mindre mengder andre organiske sambindingar, nokre tungmetall og restar av tilsette stoff. Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følgje av utslepp av produsert vatn på norsk sokkel. Ein forskar likevel vidare på moglege langtidseffektar av eksponering av låge konsentrasjonar av miljøfarlege stoff i produsert vatn. Oljehaldig borekaks og borevæske som tidlegare stod for ein vesentleg del av oljeutsleppa frå aktiviteten, vert no injiserte i eigna reservoar, eller teke til land for vidare behandling. Ein sideeffekt av å injisere produsert vatn og oljehalding borekaks/-væske er auka energibruk og dermed utslepp til luft frå sektoren.

Dei siste åra har petroleumsverksemda gjennomført omfattande tiltak for å redusere utsleppa av produsert vatn til sjø, innhaldet av dispergert olje, andre organiske sambindingar og tungmetall. Petroleumsindustrien har investert milliardar og har gjennomført tiltak som har redusert utsleppa betydeleg. Utslepp av tilsette miljøfarlege kjemikaliar frå norsk sokkel er redusert med over 99 pst. dei siste ti åra. Nullutsleppsmålet vert rekna som oppnådd for tilsette kjemikaliar. Det vert framleis arbeidd aktivt for å få bytt ut dei resterande miljøfarlege stoffa.

Det er venta at voluma av produsert vatn vil auke i åra fram mot 2015. Dette fordi dei store felta på norsk sokkel produserer meir vatn når dei blir eldre. Tiltaka for å redusere utslepp av olje pr. eining produsert vatn har klart å stabilisere utsleppa på det nivået som er i dag. Industrien implementerer heile tida nye tiltak for å redusere utslepp av produsert vatn.

I samband med oppdatering av forvaltingsplanen for det marine miljøet i Barentshavet og havområda utanfor Lofoten blei reglane for utslepp til sjø for desse havområda endra. No skal utslepp til sjø frå petroleumsverksemda i forvaltingsplanområdet bli regulert på same måten som petroleumsverksemda på resten av norsk kontinentalsokkel.

Akutte utslepp til sjø

Olje- og gassverksemda har, i dei 40 åra med verksemd på norsk sokkel, ikkje vore årsak til store akutte utslepp av olje som har nådd land, og talet på utslepp på over 1 kubikkmeter (m3) er avgrensa.

Totale akutte utslepp av olje til sjø i 2010 var på 111 m3 der sju utslepp var over ein 1 m3. Styresmaktene har pålagt industrien å utføre risikoanalysar og å gjennomføre aktivitetane slik at risikoen for akutte utslepp er så låg som mogleg.

Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følgje av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda på norsk sokkel.

Inngrep

Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar, som til dømes nettutbyggingar, medfører inngrep i natur- og kulturmiljø. Rundt ein tredel av vassdraga i Noreg er påverka av inngrep med kraftproduksjon som formål. Dei siste åra har ein større del av auken i produksjonen av fornybar energi komme frå små vasskraftverk (opp til 10 MW). I tida framover vil ein òg sjå ein auke i bygging av vindkraftverk.

Ved utnytting av fornybare energikjelder, og ved bygging av kraftleidningar, står ein overfor viktige avvegingar med omsyn til miljøet. Vegar, kraftleidningar og andre installasjonar i tilknyting til vind- og vasskraftverk vil påverke økosystem, naturverdiar og naturopplevingar. Utfordringa ved utbygging av ny produksjon og kraftoverføring er å finne dei beste løysingane ut frå ei heilskapleg avveging av miljø- og samfunnsomsyn.

6.2 Regjeringas miljøpolitikk på petroleums- og energiområdet

Noreg er ein energinasjon. Vi har stor vasskraftproduksjon, og er blant verdas største eksportørar av olje og gass. Regjeringas visjon er at Noreg skal vere ein miljøvennleg energinasjon og leiande innanfor utviklinga av miljøvennleg energi.

Satsing på energiomleggingstiltak er sentralt i regjeringas miljøpolitikk på energiområdet. Det er mogleg å auke den miljøvenlege energiproduksjonen vesentleg, og energien kan brukast meir effektivt. For å styrkje utviklinga av miljøvennleg produksjon og bruk av energi er det grunnleggjande å ha langsiktige og stabile rammevilkår.

Regjeringa vil fremje effektiv og miljømessig akseptabel energiproduksjon, og samtidig sikre ei berekraftig forvalting av kyst- og vassdragsnaturen. Det er eit viktig mål å syte for at den auka utbygginga av fornybar kraft skjer utan at naturmangfald eller store landskapsverdiar går tapt.

Forsking og utvikling på fornybar energi er viktig for å nå miljømåla. Kunnskap og kompetanse i petroleums- og energisektoren må bli brukt til å utvikle teknologi og finne løysingar som reduserer utsleppa av klimagassar. I tillegg til vasskraft har Noreg eit stort potensial for energiproduksjon frå vindkraft til lands og til havs, bioenergi, solenergi og bølgjekraft. I tillegg kan termisk energi frå luft, vatn og grunn nyttast.

Vi skal foreine vår rolle som petroleumsprodusent med ambisjonen om å vere leiande i miljø- og klimapolitikken. Olje- og gasspolitikken skal byggje på ei kunnskapsbasert og langsiktig forvaltning av petroleumsressursane. Dei heilskaplege rammene for petroleumsverksemda blir fastlagde i forvaltningsplanane for kvart enkelt havområde.

Eit sentralt mål i regjeringa politikk for å redusere klimagassutslepp er å bidra til utvikling av løysingar for fangst og lagring av CO2. Gjennom mellom anna arbeidet med fullskala reinsing på Mongstad, teknologisenteret på Mongstad og forsking og utvikling støtta av CLIMIT-programmet, vil regjeringa medverke til å utvikle framtidsretta og effektive teknologiar for CO2-handtering. Regjeringa vil òg medverke til at den erfaringa og teknologien som blir utvikla gjennom dei norske prosjekta kan resultere i monalege reduksjonar av CO2-utslepp også utanfor Noreg.

6.3 Departementets arbeid med miljø og klima

6.3.1 Fangst og lagring av CO2

Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å utvikle teknologiar og løysingar som kan medverke til å redusere klimagassutsleppa, og har investert betydelege midlar for å utvikle norske prosjekt for fangst og lagring av CO2.

Regjeringa la 4. mars 2011 fram Meld. St. 9 (2010-2011) Fullskala CO2-håndtering. Meldinga beskriv regjeringas politikk og tiltak for CO2-handtering.

Teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad (TCM) står sentralt i regjeringa satsing på å få fram teknologiar som kan redusere utslepp av CO2, jf. St.prp. nr. 38 (2008-2009). Målet med teknologisenteret er å skape ein arena for målretta utvikling, testing og kvalifisering av teknologi for CO2-fangst. I tillegg er det eit mål å bidra til spreiing av kunnskap og erfaringar internasjonalt slik at kostnader og risiko for fullskala CO2-fangst kan reduserast. Etter planen skal testing starte i 2012.

Grunna behovet for meir kunnskap om moglege effektar på helse og miljø ved bruk av aminteknologi, valde regjeringa å opne for alternative teknologiar i det vidare planleggingsarbeidet med fullskala CO2-handtering på Mongstad. Statoil og staten ved Gassnova signerte 5. april 2011 ei avtale, Steg 2 utviklingsavtala, som definerer nødvendig arbeid vidare mot ei investeringsavgjerd. Mellom anna vil teknologikvalifisering og teknologival vere viktig, ein prosess som er rekna å vare i tre år. Dersom ein fangstteknologi skulle bli tilstrekkeleg utvikla og kvalifisert tidlegare enn dette, skal spørsmålet om teknologival takast opp straks. Dette vil kunne bidra til raskare framdrift i prosjektet.

Vidare har Gassnova, i samarbeid med Gassco, arbeidd med planlegging og førebuing av transport- og lagringsløysingar for CO2 frå Mongstad.

I Meld. St. 9 (2010-2011) vart det varsla at Gassnova skulle utføre ei brei og oppdatert kartlegging av høva til CO2-handteringsprosjekt utover Mongstad.

Olje- og energidepartementet har sidan 2008 leia oppfølginga av handlingsplanen for å fremje utvikling og bruk av CO2-handtering internasjonalt. Dette arbeidet har òg i 2010 vore høgt prioritert frå departementet si side. Målsetjinga for arbeidet med den internasjonale handlingsplanen er å få aksept for fangst og lagring av CO2 som eit klimatiltak og etablere ei brei forståing for reduksjonspotensialet som følgjer av teknologien, og medverke til at teknologien blir teken i bruk utanfor Noreg. Noreg har med Sleipner- og Snøhvitprosjekta viktig erfaring med lagring av CO2.

Det er oppretta ei rekkje regionale og internasjonale samarbeid der Noreg ved Olje- og energidepartementet deltek. Mellom anna deltek departementet i North Sea Basin Task Force, Carbon Sequestration Leadership Forum, The 4-Kingdom Initiative, og Global Carbon Capture and Storage Institute. Vidare samarbeider Noreg tett med EU og deltek i ei rekkje av EUs organ og fora, retta mot mellom anna utvikling av rammer og regelverk for sikker fangst og lagring av CO2, i tillegg til generelt å fremje CO2-handtering som eit nødvendig klimapolitisk verkemiddel. For ytterlegare omtale, sjå kap. 1833, post 22 og post 73.

6.3.2 Energi og vassdrag

Energiomlegging

Energiomlegging medverkar til ei meir variert energiforsyning og betre forsyningstryggleik ved at den gjer oss mindre avhengige av vasskraft og fører til redusert energibruk. Ulike miljøomsyn, medrekna utslepp av klimagassar og miljøkonsekvensar frå utbygging av fornybar elproduksjon, og nye transportsystem, set grenser for kva slag energiløysingar som er akseptable å ta i bruk. Energiomlegging vil kunne gi eit bidrag til å redusere klimagassutslepp, i tillegg til å ha positiv effekt på kraftbalanse og forsyningstryggleik.

Satsing på energieffektivisering og på varme og elektrisitet frå fornybare energikjelder, er sentrale element i regjeringa si miljøpolitikk på energiområdet. Enova er gitt ei sentral oppgåve gjennom forvaltinga av Energifondet. Andre verkemiddel som merkeordningar og energikrav byggjer opp under satsinga.

Enova og Energifondet er departementet sine viktigaste verktøy for å stimulere til ei målretta energiomlegging. Varmeprogramma til Enova medverkar til mindre bruk av elektrisitet, fyringsolje og parafin til oppvarming. Dette gir viktige bidrag til ei meir robust og miljøvennleg energiforsyning på lang sikt.

I løpet av 2010 har Enova inngått avtaler som gir eit venta (kontraktfesta) energiresultat på om lag 2,8 TWh/år. Gjennom avtalar med industri vart det i 2010 kontraktfesta resultat på til saman 665 GWh/år. For bygningar, bustad og anleggssektorane var det kontraktfesta resultatet på 255 GWh/år. Det vart inngått avtaler om fornybar varmeproduksjon på til saman 926 GWh/år i 2010 og vindkraftproduksjon på 491 GWh/år. På området ny teknologi vart det oppnådd eit resultat på 47 GWh/år. I løpet av 2010 vart det kansellert gamle prosjekt for til saman 628 GWh/år.

I statsbudsjettet for 2011 la OED fram ei evaluering av Enova. I Prop. 101 L (2010-2011) Lov om elsertifikat, er det gitt ei utgreiing om regjeringas vidare satsing gjennom Enova og Energifondet.

Ot.prp. nr. 24 (2008-2009) om endring i energilova knytt til innføring av energimerking av bygningar og regelmessig energivurdering av kjelar og klimaanlegg, vart vedteken 13. mars 2009, jf. Innst. O. nr. 52 (2008-2009). Noregs vassdrags- og energidirektorat vedtok energimerkeforskrifta 18. desember 2009. Forskrifta tredde i kraft 1. januar 2010, med unntak av plikta til å energimerke bygningar som tredde i kraft 1. juli 2010.

Lovendringa skal hjelpe til med å gjennomføre EUs bygningsenergidirektiv, og inneber at det blir innført krav om energimerke i samband med sal og utleige av bygningar, og ei energivurdering av tekniske installasjonar i yrkesbygningar. I tillegg skal yrkesbygningar over 1 000 m2 ha ein gyldig og synleg energiattest til ei kvar tid. Energimerket skal bestå av ein energiattest der dei mest sentrale faktorane som påverkar energibruken blir oppstilte.

Det er tett samspel mellom utvikling i forbruk, produksjon og nett. Auka utbygging av fornybar kraftproduksjon føreset ei tilsvarande utbygging og utvikling av overføringsnettet. Det er derfor viktig å leggje til rette for god koordinering av forbruksutvikling, investeringar i nett og i ny produksjon. Etter energilova pliktar derfor nettselskapet å utgreie, søkje om og eventuelt byggje nett utan ugrunna opphald, dersom eit produksjonsprosjekt som er rasjonelt sett ut frå samfunnsomsyn krev nettinvesteringar. I dei tilfella nettselskapet ikkje meiner det er rasjonelt ut frå samfunnsomsyn, må selskapet søkje konsesjonsstyresmakta om fritak.

Det er store investeringsplanar i overføringsnettet i åra framover. Mellom anna har Statnett i nettutviklingsplanen sin planlagt investeringar med ein samla kostnad på om lag 40 mrd. kroner for dei neste ti åra. Regjeringa vil i løpet av 2011 leggje fram ei stortingsmelding om nettspørsmål som skal gi dei overordna føringar for utviklinga av det sentrale overføringsnettet. Meldinga vil òg vurdere forhold rundt avgjerder i utbyggingssaker. Regjeringa søkjer å leggje til rette for at desse blir raskare og meir effektive, og at folk skal ha tillit til behandlinga av store utbyggingssaker.

Fornybardirektivet er eit viktig direktiv for å sikre ei langsiktig samhandling med EU-landa om fornybar energi og energieffektivisering. EFTA-landa har sendt over til EU utkast til EØS-vedtak om fornybardirektivet. I utkastet legg Noreg til grunn eit norsk mål på 67,5 pst. fornybar energi i 2020. Det er ein auke på 9,5 prosentpoeng frå 2005. Noreg legg òg til grunn eit mål om 10 pst. fornybar energi i transportsektoren i 2020. Eit hovudelement i politikken frå norsk side for å nå målet i 2020 er etableringa av ein felles marknad for elsertifikat med Sverige.

Sverige og Noreg la den 8. desember 2010 fram ein protokoll om arbeidet med etablering av ein felles marknad for elsertifikat. Prop. 101 L (2010-2011) Lov om elsertifikater vart lagt fram 15. april 2011 og vedteken 31. mai 2011, jf. Innst. 379 L (2010-2011) og Lovvedtak 61 (2010-2011). Det er teke sikte på å etablere ein felles marknad frå 1. januar 2012.

Miljøomsyn knytte til vassdrags- og energiverksemd

Miljøomsyn i samband med vassdrags- og energiverksemda er tekne vare på gjennom sektorlovgivinga, plan- og bygningslova, forureiningslova og naturmangfaldlova.

Det har vore stor interesse for og aktivitet innan vindkraft, vasskraft og kraftleidningar dei siste åra. Kapasiteten i konsesjonsbehandlinga i NVE er dobla sidan 2005. Ein stor auke i talet på søknader gjer det viktig å sjå prosjekta i samanheng for å finne dei totalt sett beste løysingane. Det blir derfor i saksbehandlinga søkt å få til ei mest mogleg samordna behandling av prosjekt i same område.

NVEs miljøtilsyn kontrollerer at miljøkrav fastsette i konsesjonar blir etterlevde, både i anleggs- og driftsfasen. Miljøtilsynet har i 2010 til saman gjennomført 150 stadlege inspeksjonar av konsesjonsgitte anlegg. I tillegg er 44 kraftverk som er fritekne for konsesjonsbehandling inspiserte. Miljøoppfølginga av vindkraft, nettanlegg og hydrologiske pålegg vart styrkt i 2010.

Verneplan for vassdrag er viktig for å sikre eit representativt utval av vassdragsnaturen i landet. Vernet gjeld først og fremst mot kraftutbygging, men verneverdiane skal òg takast omsyn til ved andre inngrep. Ved den avsluttande suppleringa av Verneplanen, jf. St.prp. nr. 53 (2008-2009), vart det som ledd i vern av Vefsna fastsett at det skulle etablerast eit planprosjekt i vassdraget. Prosjektet som no er i gang skal leggje til rette for mindre, skånsam kraftproduksjon i sidevassdrag, der dette ikkje er i strid med verneverdiane. OED og MD har støtta prosjektet som har ei planlagt tidsramme på tre år.

Kunnskap og systematisk oversikt over viktige område for truga arter og naturtypar er ein føresetnad for å stanse tapet av norsk naturmangfald. OED og NVE medverka i arbeidet med Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og Artsdatabanken. Formålet med programmet er å tette kunnskapshol og medverke til at data over naturmangfald blir samla i nasjonale databasar.

Gjennomføringa av EUs vassdirektiv med tilhøyrande forvaltingsplanar på nedbørfeltnivå er eit viktig tiltak for å fremje ei heilskapleg forvaltning av vassressursane, og OED vil saman med NVE medverke aktivt til dette. I 2010 vart eit omfattande arbeid lagt ned i innføringa av direktivet. Mellom anna vart dei første regionale forvaltningsplanane godkjende av Kongen i statsråd. I samband med dette vart fastsetjing av miljømål i regulerte vassdrag avklart. NVE har delteke med kunnskap om vassdraga, relevante miljøtiltak, hydrologisk overvaking og oversikt over konsesjonsvilkår. Departementet har i 2010 medverka til forsking innan miljøkonsekvensar og miljøtiltak i regulerte vassdrag, mellom anna gjennom NVE sitt FoU-program om miljøbasert vassføring.

I den kommande stortingsmeldinga om nettspørsmål vil det mellom anna bli drøfta korleis utbygginga av kraftleidningar kan skje på ein samfunnsøkonomisk og miljøvis forsvarleg måte. I arbeidet med meldinga vil tiltaka i strategien for auka omsyn til miljø, estetikk og lokalsamfunn ved planlegging av forsterkningar i kraftnettet som vart lagt fram i Ot.prp. nr. 62 (2008-2009) Om lov om endringar i energiloven, bli gjennomgått.

Havvind

Stortinget vedtok i 2010 lov om fornybar energiproduksjon til havs. Fornybar energiproduksjon kan etablerast etter at staten har opna bestemte område for søknader om konsesjon. Opning av areal skal baserast på konsekvensutgreiingar for å sikre at alle relevante tilhøve blir vurderte i ein tidleg fase. Hausten 2010 fekk OED overlevert rapporten Havvind – forslag til utredningsområder, som er ei grovsiling av areal utført av NVE, Direktorat for naturforvaltning, Oljedirektoratet, Kystverket og Fiskeridirektoratet. Våren 2011 fastsette OED program for strategiske konsekvensutgreiingar, og NVE har fått i oppdrag å gjennomføre utgreiingane. Regjeringa har etablert stønadsordningar i Forskingsrådet, og ei tematisk satsing på marin fornybar energiproduksjon til havs under Enova.

6.3.3 Petroleumsverksemda

Utslepp frå petroleumsverksemda blir ofte delt opp i driftsutslepp til sjø, driftsutslepp til luft og akutte utslepp. Akutte utslepp er utslepp som ikkje er planlagde og er ikkje tillatne etter forureiningslova. Driftsutslepp til sjø er hovudsakeleg produsert vatn og utbora steinmasse (borekaks) med vedheng av kjemikaliar. Utsleppa til luft er stor grad eksos frå energiproduksjon som trengst for å drive innretningane. I tillegg kjem forbrenning av gass over fakkel av tryggleiksårsaker og avdamping av lette oljekomponentar ved lagring og lasting av råolje.

Miljøreguleringar skjer på alle stadium av verksemda; frå vurdering av om eit område skal opnast for petroleumsverksemd, ved leiting, ved vurdering av korleis eit felt skal byggjast ut, ved spesifikke løyve knytte til drifta av feltet, ved årlege endringar av desse og fram til avslutting av produksjon og disponering av innretningane. Dette sikrar eit omfattande system der alle relevante styresmakter er involverte.

Oppdateringar av forvaltingsplanar og nye konsekvensutgreiingar med oppdatert kunnskap, skal bidra til at ei avgjerd kan treffast på eit best mogleg faktagrunnlag. Høyringsrundar gir alle relevante aktørar høve til å bli høyrde, mens NOx- og CO2-avgifta, i tillegg til miljøavtala mellom Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane om reduksjon av NOx-utsleppa og kvoteplikt for CO2-utslepp, gir selskapa økonomiske insentiv til å ivareta miljøomsyn i den daglege drifta. I tillegg har styresmaktene høve til å treffe enkeltvedtak ved til dømes godkjenning av utbyggingsplanar.

Energiforsyningsløysinga til ein petroleumsinstallasjon blir behandla i samband med styresmaktene si godkjenning av ei utbygging. Dette skjer både i prosessen med konsekvensutgreiing og i den påfølgjande behandlinga av utbyggingsplanen. For å avklare i kva grad kraft frå land til felt på kontinentalsokkelen er ei mogleg løysing som kraftsystem, trengst ei konkret vurdering av kvart tilfelle.

I løpet av 2010 og 2011 vart det godkjent ei rekkje utbyggingsplanar. I 2010 vart utbyggingsplanane for Trym, Gudrun, Gaupe og Marulk behandla, og i 2011 er planane for Ekofisk sør, Eldfisk II, Knarr, Valemon og ei rekkje andre mindre felt allereie behandla. Klima- og miljøløysingar er eit viktig kriterium ved behandling av desse planane. I samband med dei nye plattformene på Ekofisk og Eldfisk legg til dømes operatøren til rette for kraftsamkøyring mellom dei to felta ved å leggje ein kabel for kraftutveksling mellom plattformene.

Regjeringa la 26. juni 2011 fram Meld. St. 28 (2010-2011) En næring for framtida – om petroleumsvirksomheten. Denne meldinga går gjennom status og viktige utviklingstrekk på miljøområdet for petroleumsverksemda. I tillegg er forvaltingsplanen for Lofoten og Barentshavet oppdatert i 2011. Fram til no har det vore strengare krav til utslepp til sjø i desse havområda. No skal utslepp til sjø frå petroleumsverksemda i forvaltningsplanområdet bli regulert på same måten som petroleumsverksemda på resten av norsk kontinentalsokkel.

6.3.4 Forsking og utvikling

Forsking og utvikling er viktig for å førebyggje og løyse miljø- og ressursproblem. Med bakgrunn i klimaforliket vart løyvingane til forsking og utvikling på fornybare energikjelder og CO2-handtering auka med 600 mill. kroner samla i 2009 og 2010. Satsinga styrkte dei mest relevante FoU-programma i Noregs forskingsråd knytte til fornybar energi og fangst og lagring av CO2, inklusive Forskingssentra for miljøvennleg energi (FME). Midlane vart løyvde over fleire departement sine budsjett, av dette totalt om lag 350 mill. kroner over OEDs budsjett. Satsinga vil resultere i høg aktivitet innanfor desse områda dei næraste åra.

Energi21 vart etablert i 2008 og er styresmaktene og energibransjen sin FoU-strategi for forsking og teknologiutvikling i energisektoren. Energi21-strategien står sentralt i satsinga på forsking og utvikling av teknologiar for fornybar energi, energieffektivisering og CO2-handtering. Eit styre beståande av representantar for energiselskap, industri, forskings- og utdanningsinstitusjonar og styresmakter overleverte i juni 2011 ein revidert Energi21-strategi til olje- og energiministeren. Den er meir konkret og operativ enn strategien frå 2008 og vil vere styrande for innrettinga av departementet sin FoU-innsats framover. Strategiske føresetnader er justert i høve til utviklinga i energisektoren nasjonalt og internasjonalt. I tillegg er det skildra forskingsområde og tiltak for realisering av mål. Den reviderte strategien presenterer seks prioriterte satsingsområde og eit sett med anbefalingar knytte til implementeringa av satsingsforslaga. Dei seks satsingsområda er:

  • Solceller – styrkt næringsutvikling

  • Offshore vind – næringsutvikling og ressursutnytting

  • Balansekraft – auka ressursutnytting

  • CCS – verdiskaping og verdisikring

  • Fleksible energisystem – SmartGrids

  • Energiutnytting – konvertering av lågtemperatur varme til el

Den nasjonale teknologistrategien for olje- og gassverksemda i Noreg, OG21, vart etablert i 2001. Med basis i kravet i klimaforliket er det lagt opp til å rette betydeleg oppmerksemd mot klima i den offentleg finansierte petroleumsforskinga er det etablert ei forståing med OG21 om å sikre eit best mogleg fokus på miljø i den nasjonale petroleumsforskinga innen OG21-strategien. Det er lagt vekt på ein tydelegare miljøprofil i petroleumsprogramma. Satsinga på energieffektivisering i petroleumssektoren som var starta i forskingsprogrammet PETROMAKS i 2010 står sentralt i denne samanhengen.

Forskingsrådet sitt RENERGI-program (Framtidas reine energisystem) støttar mellom anna forsking og utvikling på effektive og fornybare energiteknologiar og effektive energisystem. RENERGI har òg ei viktig rolle innanfor satsinga på nye teknologiar i pilot-/prototypfasen, slik at ny teknologi kan bli testa ut i mindre skala. Budsjettauka i 2009 og 2010 som ei følgje av regjeringa sitt klimaforlik har ført til ei stor opptrapping av RENERGI sine aktivitetar. Dette har ført til ein stor auke i prosjektporteføljen for 2010, då 54 nye prosjekt vart støtta. Mellom anna vart det løyvd midlar til 14 pilot-/demoprosjekt innanfor fornybar energi. Til saman 209 FoU-prosjekt vart støtta gjennom RENERGI-programmet i 2010.

Gassnova SF vil i samarbeid med Noregs forskingsråd føre vidare aktivitetane i det offentlege støtteprogrammet for utvikling av miljøvennlege teknologiar for fangst og lagring av CO2 frå fossilt basert kraftproduksjon og industri (CLIMIT). På kort sikt er verksemda retta mot å kvalifisere og få ned kostnader knytte til CO2-fangst og etablere metodar og byggje tillit til sikker geologisk lagring av CO2. På sikt vil det vere viktig å kunne betre eller utvikle teknologiar med potensial for høgare verknadsgrad og lønsemd. OED finansierte i 2010 forsking, utvikling og demonstrasjon av miljøvennlege teknologiar for kraftproduksjon med CO2-handtering gjennom CLIMIT-programmet. CLIMIT har i 2010 støtta 42 prosjekt som byggjer opp under programmet sine to hovudmål; teknologiutvikling slik at kostnadene ved å fange CO2 vert reduserte, og oppbygging av kunnskap slik at lagring av CO2 kan skje på ein sikker og akseptert måte. I 2010 vart CLIMIT sitt mandat utvida til òg å gjelde CO2-utslepp frå industriprosessar.

Dei åtte Forskingssentra for miljøvennleg energi (FME) som vart etablerte i 2009 har høg aktivitet og var alle i drift i 2010. Målet med forskingssentra er å samle dei beste forskingsmiljøa i landet om ei felles satsing på utvalde tema på energiområdet. Sentra skal vare i åtte år og er ei oppfølging av Energi21-strategien og klimaforliket. Senter er etablerte innanfor fangst og lagring av CO2 (to senter), vindturbinar til havs (to senter), energieffektivisering i bygningar, solceller, bioenergi og innfasing av ny fornybar energi i vasskraftsystemet. Det vart i 2010 utlyst midlar til oppstart av tre nye FME innanfor samfunnsvitskapleg energi- og klimaforsking, og i februar 2011 vart dei nye sentra offentleggjort. To av dei er støtta av Olje- og energidepartementet og eitt av Kunnskapsdepartementet.

  • CREE skal bidra til innsamling og utvikling av kunnskap om korleis rammevilkåra påverkar både energimarknaden og teknologisk utvikling

  • CICEP har hovudfokus på forsking om internasjonal klima- og energipolitikk

  • CenSES skal bidra med eit faktabasert kunnskapsgrunnlag for strategiske vedtak i forvaltning og næringsliv

Hydrogenrådet heldt fram sitt arbeid i 2010. Rådet består av representantar frå næringslivet, forskingsinstitusjonar, interesseorganisasjonar og styresmakter.

OED løyvde også i 2010 midlar til forskingsprogrammet PROOFNY, som er organisert under programmet «Havet og kysten». PROOFNY ser på langtidsverknader av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda.

I 2010 har OED, Miljøverndepartementet og Oljebedriftenes landsforeining (OLF) finansiert sjøfuglprogrammet SEAPOP. Programmet skaffar fram grunnleggjande kunnskap om norsk sjøfugl og skal kartleggje og overvake sjøfuglbestandar langs norskekysten, Svalbard og i havområde som høyrer til.

6.4 Klimagassbudsjett

Under følgjer ei oversikt over viktige tiltak med betydning for utslepp av klimagassar på OEDs område.

Forsking og utvikling (FoU)

Satsinga på forsking og utvikling innanfor petroleumssektoren, energisektoren og CO2-fangst og -lagring vil på kort sikt ikkje ha direkte effekt på utslepp av klimagassar. Ei satsing på FoU vil:

  • byggje opp kunnskap og kompetanse av samfunnsfagleg karakter, eksempelvis om effektar av klimaendringar på energiområdet (auka nedbør, vassføring, flaum, snø og bresmelting, vindstyrkar, redusert oppvarmingsbehov etc.) og konsekvensar av utslepp på energi- og petroleumsområdet (CO2-utslepp, klimagassutslepp etc.).

  • byggje opp kunnskap og kompetanse om nye, meir miljøvennlege teknologiar på energi- og petroleumsområdet.

  • utvikle miljøvennlege produkt, tenester og prosessar som på sikt kan bli tekne i bruk innanfor energi- og petroleumssektoren, blant anna fornybare energiteknologiar, energieffektivisering, CO2-handteringsteknologiar, og teknologiar for meir energieffektiv petroleumsproduksjon.

Ut over dei meir generelle og overordna, kvalitative resultata av FoU-satsinga, blir det frå år til år rapportert på programnivå meir kvantifiserbare resultat som mellom anna:

  • tal på støtta prosjekt

  • tal på avlagte doktorgrader og støtta doktorgradsstipendiatar

  • tal på deltakande bedrifter

  • tal på nye produkt og prosessar og tal på patent.

Fangst og lagring av CO2

Arbeidet med fullskala fangst, transport og lagring av CO2 på Mongstad held fram. Eit slikt fangstanlegg vil kunne føre til ein reduksjon i CO2-utsleppa på om lag 1,3 mill. tonn pr. år i forhold til om kraftverka hadde produsert på full kapasitet utan fangst og lagring av CO2-utsleppa frå denne produksjonen. Dagens informasjon tilseier at eit samla investeringsgrunnlag for fullskala fangst, transport og lagring av CO2 frå Mongstad kan leggjast fram for Stortinget seinast i 2016.

Teknologisenteret på Mongstad vil kunne representere eit vesentleg norsk bidrag til internasjonal teknologiutvikling innan CO2-fangst. Føremålet med teknologisenteret er å identifisere, teste og kvalifisere mogelege teknologiske løysingar for fangst av CO2, som på sikt vil kunne medverke til betydelege utsleppsreduksjonar. I tillegg er det eit mål å bidra til spreiing av kunnskap og erfaringar internasjonalt slik at kostnader og risiko for fullskala CO2-fangst kan reduserast.

Stasjonær energiforsyning

Sluttforbruket av energi i stasjonær energiforsyning (utanom fiske) var 159 TWh i 2010, ein oppgang på om lag 7 pst. frå året før. Auken skuldast mellom anna at 2010 var eit kaldt år. Utslepp av klimagassar i stasjonær energiforsyning er knytte til bruk av fyringsolje og gass til energiformål i industri, gasskraft, fjernvarme og oppvarming av bygningar.

Naturgass har i stor grad erstatta oljeprodukt. Det samla sluttforbruket av naturgass i stasjonær energiforsyning var 304 mill. Sm3 i 2010, ein nedgang på 3,2 pst frå året før, Utsleppet av CO2 var 0,7 mill. tonn. Utsleppet av CO2 frå forbrenning av naturgass er om lag 20-30 pst. lågare per kilo brensel enn ved forbrenning av fyringsolje (avhengig av bruksområde). Forbruket av olje i stasjonær energiforsyning kan variere betydeleg frå år til år avhengig av forholdet mellom pris på elektrisitet og olje. Det kan derfor ikkje leggjast for stor vekt på endringar i forbruket frå år til år når ein vurderer effekten av politikken. Dei viktigaste elementa i politikken for å avgrense bruken av olje i stasjonær energiforsyning generelt, og for å redusere utslepp av CO2 spesielt er:

  • CO2-avgifter på olje og naturgass

Andre verkemiddel som har innverknad på bruken av olje er:

  • Grunnavgift og svovelavgift på fyringsolje.

  • NOx-avgift

  • Klimakvotar

  • Støtteordningar til investering i fornybar energi og energieffektivisering

  • Administrative verkemiddel gjennom plan- og bygningslova

Enova støttar utbygging av fjernvarme og lokale energisentralar, som både erstattar eksisterande oppvarmingsbehov og dekkjer nytt behov som oppstår ved nybygg. I nokre tilfelle kan varmen erstatte oppvarming frå olje, i andre tilfelle frå elektrisitet og andre energiberarar. Enova anslår at om lag halvparten av energiresultatet på varmeområdet erstattar eksisterande oljeforbruk. Enovas program for energibruk i industri, bygningar, bustad og anlegg rettar seg både mot forbruk av energi til oppvarming og forbruk av energi til elspesifikke formål. Reduksjonen av oljeforbruk vil derfor ofte vere mindre per kWh enn for fjernvarme og lokale energisentralar. Enova anslår at 30-40 pst. av energiresultatet på industriområdet, og drygt 10 pst. innan bustad, bygningar og anlegg, er redusert oljefyring. Samla sett anslår Enova at dei i 2010 støtta prosjekt for fornybar varme og energibruk som er venta å medverke til eit redusert oljeforbruk på 90 000 tonn per år når prosjekta er gjennomførde. Dette svarer til reduserte utslepp på om lag 290 000 tonn CO2 per år. Det er stor uvisse knytt til anslaget.

Petroleumsverksemda

Petroleumsverksemda stod for om lag 27 pst. av dei totale utsleppa av klimagassar i Noreg i 2010. I 2010-2011 har departementet godkjent fleire utbyggingsplanar. Ved utarbeiding av planane skal oljeselskapa finne utbyggingsløysingar som gir lite utslepp av CO2 samtidig som omsynet til kostnadseffektivitet må takast vare på. Tabellen under gir ei oversikt over felta med godkjent plan for utbygging og drift som vil bli sette i produksjon dei næraste åra. Tala er baserte på selskapa sine overslag ved innlevering av plan for utbygging og drift.

Tabell 6.1 Felt med godkjent plan for utbygging og drift

Produksjonsperiode

Tentativt oppstartsår

Tonn CO2 utslepp per år

Oselvar

20 år

2011

25 000 – 60 000

Gaupe

9 år

2011

15 600

Marulk

10 år

2012

100 000

Visund Sør

14 år

2012

2 000 – 25 000

Goliat

15 år

2013

125 000 – 156 000

Gudrun

14 (9) år

2013

100 000 – 210 000

Hyme

7 år

2013

2 000 – 24 000

Ekofisk/Eldfisk

35-40 år

2013

70 000

Knarr

6 år

2014

170 000

Valemon

11 år

2014

15 000 – 59 000

7 Olje- og energidepartementets utgreiing om likestilling og oppfølging av IA-avtala

7.1 Likestilling

Likestillingslova pålegg offentlege styresmakter skjerpa aktivitetsplikt for å fremje likestilling mellom kjønna på alle samfunnsområde. Olje- og energidepartementet (OED) har tidlegare gjennomgått alle budsjettområda i departementet, og utført ei likestillingsvurdering innanfor departementet sine budsjettområde. Departementet har ikkje funne løyvingar som eignar seg for spesielle kjønns- og likestillingsanalysar.

Olje- og energidepartementet

I OEDs tilpassingsavtale er det nedfelt at departementet skal leggje vekt på å stimulere likestillingsarbeidet på dei områda der departementet er involvert som arbeidsgivar, blant anna:

  • Avdelingsleiarane har eit særleg ansvar for at likestillingsarbeidet blir følgt opp i eiga avdeling. Den enkelte leiaren skal medverke til at kvinner og menn får likeverdige arbeidsoppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling i departementet.

  • Kompetansegivande oppgåver og tiltak skal fordelast slik at det medverkar til likestilling mellom kvinner og menn i OED. Verksemda vil ved samansetjing av interne arbeidsgrupper arbeide for så jamn kjønnssamansetjing som mogleg.

  • Verksemda skal ha ein lønnspolitikk som medverkar til å fjerne eventuelle kjønnsrelaterte lønnsforskjellar på alle nivå. Før dei lokale forhandlingane skal det utarbeidast ei oversikt over lønnsendringar i verksemda siste år, fordelt på kjønn. Oversikta skal gjerast tilgjengeleg for partane ved forhandlingane.

  • Omsynet til likestilling skal vere eitt av kriteria som blir lagt til grunn ved rekruttering til ledige stillingar.

  • OEDs årlege personalstatistikk skal gi oversikt over aktuelle likestillingsrelaterte spørsmål i departementet.

Noregs vassdrags- og energidirektorat

Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVE) arbeid med likestilling og mangfald er forankra i dei personalpolitiske retningslinjene og i tilpassingsavtala til Hovudavtala. Det er NVEs mål å ha eit arbeidsmiljø som sikrar at NVE held på dei beste tilsette uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering eller alder.

NVE har tiltak for å sikre likestilling og hindre diskriminering; ved rekruttering, ved tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne, ved tilrettelegging ved graviditet, foreldrefråvær og andre omsorgsoppgåver, ved seniorpolitikk og ved lønnsforhold.

Leiarar får opplæring av HR-eininga i arbeidet for likestilling og mot diskriminering. Tiltak og retningslinjer blir jamleg reviderte og følgde opp av HR-eininga, som bl.a. utfører kontrollar og målingar, i nært samarbeid med tenestemannsorganisasjonane.

Oljedirektoratet

Likestillingsperspektivet blir frå Oljedirektoratets (OD) side jamleg fokusert i personalpolitikk, lønnspolitikk og tilpassingsavtale. Arbeidet for likestilling er ein integrert del av verksemda.

I ODs tilpassingsavtale går det fram at:

  • partane er samde om at det er ønskjeleg med mangfald blant dei tilsette i verksemda i forhold til kjønn, alder, etnisitet og funksjonsevne. Dette skal speglast i alle stillingsutlysingar.

  • den enkelte leiaren skal vere særleg merksam på å leggje forholda til rette for at kvinnelege tilsette får kvalifiserande arbeidsoppgåver på lik linje med menn, særleg med tanke på leiingsoppgåver. Dette kan òg innebere tilrettelegging for kompetansegivande kurs/utdanning på lik linje med menn.

  • partane er samde om at talet på kvinnelege leiarar bør spegle kjønnsfordelinga i verksemda.

I vurderinga av behov for nye medarbeidarar inngår ein analyse av alders- og kjønnssamansetjing i forhold til aktuelt fagområde.

7.2 Status i departementet og underliggjande etatar

Det er i tabellane nedanfor presentert ein kjønnsdelt statistikk på sentrale personalområde.

Tabell 7.1 Registreringsskjema for tilstandsrapportering (kjønn) i Olje- og energidepartementet per 1.10.2010

Kjønnsbalanse

Månadslønn

Menn

Pst.

Kvinner

Pst.

Total

(N)

Menn

Kroner

Kvinner

Kroner

Totalt i OED

2010

49

51

157

49 413

41 902

2009

50

50

158

Leiing

2010

80

20

5

Avdelingsdirektør

2010

77,3

22,7

22

64 905

62 108

Seniorrådgivar

2010

54,8

45,2

31

45 468

44 980

Underdirektør

2010

50

50

24

53 312

53 132

Rådgivar

2010

35,6

64,4

59

37 848

36 594

Førstekonsulent

2010

37,5

62,5

16

32 226

31 555

Deltid

2010

6,5

12,5

Midlertidig tilsetjing

2010

3,2

6,4

Sjukefråværsstatistikk

2010

2,2

5,9

4,0

2009

2,2

5,6

3,8

Kilde: Statens sentrale tenestemannsregister, bemanningsoversikt per 1. oktober 2010. Berre tal for 2010. Tal frå 2009 er ikkje samanliknbare og er difor ikkje med. Neste år vil samanliknbare tal bli teke med i rapporteringa. Kategoriar med berre ein tilsett er ikkje med i oversikta.

Tabell 7.2 Registreringsskjema for tilstandsrapportering (kjønn) i Oljedirektoratet per 1.10.2010

Kjønnsbalanse

Månadslønn

Menn

Pst.

Kvinner

Pst.

Total

(N)

Menn

Kroner

Kvinner

Kroner

Totalt i OD

2010

59

41

204

56 164

48 301

2009

57

43

210

53 708

46 971

Toppleiing

2010

67

33

9

81 708

81 708

Seniorrådgivar

2010

33

66

3

Sjefingeniør

2010

68

32

125

61 046

57 221

Rådgivar

2010

0

100

9

38 495

Overingeniør

2010

50

50

32

39 484

38 077

Avdelingsingeniør

2010

40

60

5

34 100

34 064

Førstekonsulent

2010

35

65

17

34 545

34 800

Konsulent

2010

100

0

3

29 434

Deltid

2010

6

20

Midlertidig tilsetting

2010

2,5

1

Sjukefråværsstatistikk

2010

2,5

6

4,7

2009

3,3

Kilde:  Statens sentrale tenestemannsregister, bemanningsoversikt per 1. oktober 2010. Berre tal for 2010. Tal frå 2009 er ikkje samanliknbare og er difor ikkje med. Neste år vil samanliknbare tal bli tekne med i rapporteringa. Kategoriar med berre ein tilsett er ikkje med i oversikta.

Tabell 7.3 Registreringsskjema for tilstandsrapportering (kjønn) i Noregs vassdrags- og energidirektorat per 1.10.2010

Kjønnsbalanse

Månadslønn

Menn

Pst.

Kvinner

Pst.

Total

(N)

Menn

Kroner

Kvinner

Kroner

Totalt i NVE

2010

64,2

35,8

525

44 195

39 427

2009

64

36

508

Avdelingsdirektør

2010

62,5

37,5

8

70 630

78 103

Seksjonssjef

2010

84,3

15,7

32

59 435

56 705

Sjefingeniør

2010

92,5

7,5

27

53 357

60 317

Forskar

2010

60

40

15

47 703

47 871

Senioringeniør

2010

85,7

14,3

112

45 131

44 723

Seniorrådgivar

2010

62,0

38,0

63

50 238

46 865

Overingeniør

2010

58,9

41,1

56

38 703

38 317

Rådgivar

2010

50

50

54

39 065

38 849

Førstekonsulent

2010

40,5

59,5

42

33 797

33 202

Avdelingsingeniør

2010

52,1

47,9

48

34 178

33 707

Seniorkonsulent

2010

7,7

92,3

13

34 883

34 836

Spesialbibliotekar

2010

50

50

2

38 017

42 020

Konsulent (1065)

2010

6,3

93,7

16

29 475

29 818

Konsulent (1064)

2010

0

100

2

0

29 475

Formann

2010

100

0

11

32 605

-

Fagarbeidar m/fagbrev

2010

100

0

15

30 546

-

Lærling

2010

100

0

2

23 851

-

Prosjektleiar

2010

50

50

2

75 482

41 708

Deltid

2010

4,7

11,1

Midlertidig tilsetting

2010

6,2

10,6

Sjukefråværsstatistikk

2010

4,56

6,70

4,36

2009

3,79

5,53

4,47

Kilde: Statens sentrale tenestemannsregister, bemanningsoversikt per 1. oktober 2010. Berre tal for 2010. Tal frå 2009 er ikkje samanliknbare og er difor ikkje med. Neste år vil samanliknbare tal bli tekne med i rapporteringa. Kategoriar med berre ein tilsett er ikkje med i oversikta.

7.3 Vurdering og utgreiing av likestillingstiltak på grunnlag av kjønn, etnisitet, religion og nedsett funksjonsevne

Departementet og etatane har vurdert om det er forhold på arbeidsplassane som kan fungere som barrierar mot likestilling, både for arbeidstakarar og arbeidssøkjarar. På bakgrunn av desse vurderingane er det sett i gang eller planlagt ulike tiltak for å sikre likestilling. Det er blant anna sett på rekruttering, lønns- og arbeidsforhold, forfremjingar, høve til utvikling mv. Nedanfor følgjer oversikt over tiltak som er sette i gang eller planlagde.

Tabell 7.4 Tiltak og rapportering av tiltak i Olje- og energidepartementet

Tiltak

Status

Bakgrunn

Målsetjing

Målgruppe

Forankring

Ansvarleg for gjennomføring

Beskriving – resultat

Rekruttering

Kontinuerleg

OED annonserer ledige stillingar i departementa sine fellesannonsar der mangfaldserklæringa går fram av utlysingsteksten. Ved utveljing av kandidatar til intervju blir kjønn, etnisitet og nedsett funksjonsevne teke omsyn til.

Oppretthalde kjønnsbalanse. Rekruttere fleire kvalifiserte kandidatar med ikkje-vestlig bakgrunn og fleire med nedsett funksjonsevne.

Søkjarar til stillingar i OED.

Leiinga

Leiarar, innstillingsråd og Personalseksjonen.

Departementet opprettheld ein god kjønnsbalanse. Opplever at vi får for få fagleg kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne. Etablere tettare samarbeid med NAV om praksisplassar for funksjonshemma, jf. ny IA-avtale.

Løns- og arbeidsvilkår

Årleg

Lønsstatistikken syner at menn har høgare snittløn enn kvinner. Årsakene er samansette, men alderssamansetjing og ansiennitet er noko av forklaringa.

Det er eit overordna mål å sikre ei kjønnsnøytral lønn, og lik lønn for same arbeid eller arbeid av lik verdi.

Alle tilsette

Leiinga

Leiinga

Tiltak for å sikre likeløn er nedfelte i OEDs personalpolitikk, lønnspolitikk og OEDs tilpassingsavtale. Det blir gjort likelønnsvurderingar før dei årlege lokale lønnsforhandlingane baserte på kjønnsdelt lønnsstatistikk.

Forfremjing

Kontinuerleg

Personalstatistikken syner at OED har få kvinner som avdelingsdirektørar, mens vi har ein god balanse for underdirektørar.

Det er eit overordna mål å få ei kjønnsfordeling på leiarnivå i tråd med kjønnsfordelinga i departementet.

Leiarar

Leiinga

Leiinga

OED har som retningslinje å bruke positiv særbehandling ved tilsetjing i alle embets- og tenestemannstillingar. Likestillingstillitsvalt, valt av tenestemannsorganisasjonane i OED, skal sjå til at føresegnene og intensjonane i Tilpassingsavtala, Likestillingslova og Hovudavtala blir følgde opp. Likestillingstillitsvalt får høve til å uttale seg i alle tilsetjingssaker og i den årlege personalstatistikken om situasjonen i departementet når det gjeld likestillingsspørsmål.

Høve til utvikling

Kontinuerleg

Ifølge OEDs lønnspolitikk skal personalpolitiske verkemiddel nyttast for å rekruttere, utvikle og halde på kvalifiserte og motiverte medarbeidarar.

Det er eit overordna mål å sikre ei god utvikling for alle tilsette.

Alle tilsette

Leiinga

Leiarar

Den enkelte leiaren i OED har hovudansvaret for at tilsette får nødvendig kompetanse for å utføre arbeidsoppgåver på ein tilfredsstillande måte. Den årlege medarbeidarsamtala er ein viktig arena for drøfting av kompetansehevande tiltak.

Leiarar på alle nivå har eit særleg ansvar for å fremje medarbeidarane si faglege og personlege utvikling. Den faglege og personlege kompetansen til kvar enkelt medarbeidar skal vere best mogleg tilpassa departement sine mål og oppgåver. Kompetansebehovet innan kvar seksjon skal årleg kartleggjast og på dette grunnlaget skal det utarbeidast planar for kompetanseutvikling.

Vern mot trakassering

Kontinuerleg

Arbeidsmiljøundersøkingar i 2007 og 2009 synte at tilsette opplever eit godt arbeidsmiljø. Dette vil OED vidareføre.

Det er eit overordna mål å sikre alle tilsette rettferdig og lik behandling.

Alle tilsette

Leiinga

Alle tilsette

I OED blir det jamleg gjennomført arbeidsmiljøundersøkingar og medarbeidarsamtaler. OED har eigne varslingsrutinar i medhald av Arbeidsmiljølova, og følgjer lov- og avtaleverk knytt til verneombod, helseteneste mv.

Tabell 7.5 Tiltak og rapportering av tiltak i Oljedirektoratet

Tiltak

Status

Bakgrunn

Målsetjing

Målgruppe

Forankring

Ansvarleg for gjennomføring

Beskriving – resultat

Vi skal i tilsetjings-prosessar ha fokus på å halde ved lag ei jamn fordeling mellom kvinner og menn ved rekruttering til OD.

Kandidatar med annan etnisk bakgrunn og kandidatar med nedsett funksjonsevne skal få særleg fokus.

Jamleg

Det er ingen funn hos oss når det gjeld likestilling som tilseier spesielle tiltak knytt til rekruttering.

Det er i 2011 rekruttert inn kompetanse med annan etnisk bakgrunn slik at denne delen har auka.

Motverke at det oppstår eller blir ført vidare utilsikta mønster ved rekrutterings-prosesser.

Alle som er involverte i rekrutterings-prosessar.

Leiarmøte

HR/HR-direktør

Blir evaluert årleg

Etatsleiar skal oppmode endå sterkare aktuelle kvinner til å melde si interesse for direktør-funksjonar.

Jamleg

Forfremjing kan her definerast som rotasjon til mellombelse leiings-funksjonar. Vurderingar knytte til ev. barrierar for forfremjing er, ut frå våre forhold, i hovudsak gjort i høve til kjønn.

Kvinner er under-representerte i direktørsjiktet i samband med kjønnsfordelinga i OD.

Få ei kjønnsfordeling i direktørsjiktet i tråd med kjønnsfordelinga i organisasjonen slik det også går fram av ODs gjeldande TPA.

Kvinner

Leiarmøte

Organisasjonane

HR/HR-direktør

Blir evaluert årleg

Kollektiv leiing skal ha endå sterkare fokus på den enkelte sin faglege utviklingsplan ved bemanning av lag. Kollektiv leiing skal i aktuelle tilfelle oppmode kandidatar til å melde si interesse for å gå inn i aktuelle lag i tråd med den faglege utviklingsplanen.

Kollektiv leiing og fagkoordinatorar skal fokusere likestillings-aspektet ved bruk av opplærings-midlar.

Kollektiv leiing har temaet likestilling som årleg fokus.

Jamleg

Behov for bemanning av lag blir lyst ledig på intranettet, og ressursstyringa blir konkludert i kollektiv leiing etter råd frå fagkoordinatorar. Den enkelte medarbeidaren sin faglege utviklingsplan inngår som element her. For å sikre ei god utvikling for den enkelte, skal vi i praksis fokusere ytterlegare på at den enkelte sin faglege utviklingsplan blir teken vare på ved bemanning av lag.

Ytterlegare sikre ei god utvikling for alle.

Alle

Leiarmøtet

Bemanning og kompetanse

HR/HR-direktør

Blir evaluert årleg

Kollektiv leing skal ha fokus på å finne årsaker til dokumenterte lønnsskilnader mellom kvinne/mann med tanke på å justere lønnsnivået der det finst grunnlag for å gjere det.

Spesielt fokus ved lønnsoppgjer 2010 og også i 2011

Talmaterialet i rapport for OD 2010 og 2011, viser høgare snittlønn for menn enn for kvinner (tilsvarande 14 prosentpoeng i rapportering 2011), og forskjellen auka siste år. Det kan vere mange forklaringar på dette, men vi kan ikkje sjå bort frå at nokre kvinner, over tid, er plasserte for lågt i høve til menn.

Ytterlegare sikre ei kjønnsnøytral lønn i OED.

Alle

Leiarmøte

HR/HR-direktør

Blir evaluert årleg

Arbeidsmiljø-undersøkingar og medarbeidarsamtaler (MAS).

Jamleg

Trakassering og beskyttelse

Det er ingen funn hos oss som tilseier ytterlegare tiltak internt.

Ytterlegare sikre alle eit godt arbeidsmiljø.

Alle

Leiarmøte

HR/HR-direktør

Arbeidsmiljø-undersøking anna kvart år, utført i 2011. MAS årleg

Tabell 7.6 Tiltak og rapportering av tiltak i Noregs vassdrags- og energidirektorat

Tiltak

Status

Bakgrunn

Målsetjing

Målgruppe

Forankring

Ansvarleg for gjennom-føring

Beskriving – resultat

Rekruttering

Kontinuerlig

Det er eit personalpolitisk mål å spegle samfunnets samansetjing i alder, kjønn og kulturell bakgrunn.

Tiltrekkje oss dei beste kandidatane, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn.

Søkjarar til stillingar i NVE

Leiing

Leiarar, NVEs tilsetjingsråd og HR-seksjonen.

Opplever at vi får få fagleg kvalifiserte søkjarar med innvandrar-bakgrunn eller nedsett funksjonsevne. Om det er kvalifiserte søkjarar med innvandrar-bakgrunn, har dei ofte mangelfulle norsk-kunnskapar (skriftleg), noko som er nødvendig for ein off. saksbehandlar.

Ny IA-avtale

Påbegynt

Pålagt å teikne ny IA-avtale pga. endringar i regelverket. Sentrale IA-mål treffer ikkje like godt for NVE.

NVE har fokus på å førebyggje og finne gode løysingar på ein konstruktiv og føremålstenleg måte.

Alle tilsette og søkjarar til stillingar i NVE

Avdelingsleiar

HR-seksjonen

NVE har veldig lågt sjukefråvær. Leiinga og TMO har eigne IA-møte 2 g/året. Ny IA-avtale og mål- og aktivitets-plan på plass i løpet av 2011.

Lokal seniorpolitikk – prøveordning for 2 år

Er i gang

NVE opplevde problem med å rekruttere og høg gjennomsnittsalder innan visse fagområde.

Behalde/overføre kompetanse, få tilsette med verdifull kompetanse til å bli lengre i arbeidslivet.

Tilsette i NVE over 62 år

Leiinga

HR-seksjonen

Skal evaluerast i løpet av 2011.

Lokal seniorpolitikk – prøveordning for 2 år

Er i gang

NVE opplevde problem med å rekruttere og høg gjennomsnittsalder innan visse fagområder.

Behalde/overføre kompetanse, få tilsette med verdifull kompetanse til å bli lengre i arbeidslivet.

Tilsette i NVE over 62 år

Leiinga

HR-seksjonen

Skal evaluerast i løpet av 2011.

Kartleggje likelønnssituasjonen

Kontinuerleg

NVE har i dag marginale eller ingen lønns-skilnader mellom kvinner og menn innan elles like vilkår – dette ønskjer vi skal halde fram.

Oppdage om det oppstår lønnsskilnader.

Kvinner

Seksjonsleiar, leiarane

HR-seksjonen, leiarane

Førebels ikkje avdekt utilsikta lønns-skilnader eller lønnsskilnader som ikkje kan forklarast mellom kvinner og menn under elles like vilkår.

Arbeidsmiljøundersøking

Undersøking nr. 2 av 3 gjennomført mai 2011.

Gjennom Arbeidsmiljølova er alle pålagte å kartleggje arbeidsmiljøet.

Ønske om å setje NVEs arbeidsmiljø på dagsordenen og bruke nye lokale som eit verkemiddel for å vidareutvikle organisasjonen.

Alle tilsette

Avdelingsleiar

HR-seksjonen

I hovudtrekk viser resultata same utviklingstrekk og tendensar som tilsvarande undersøking i 2009, sjølv om arbeidsstad og populasjon er endra.

Revisjon av NVEs interne avtaler

Er i gang

NVEs interne avtaleverk er modent for revisjon; Tilsetjingsreglement, Samarbeidsavtale, Personalpolitikk og Lønnspolitikk skal reviderast.

Utvikle føremålstenlege og gode interne avtaler i samarbeid med TMO og NVEs leiing.

Alle tilsette

Avdelingsleiar

HR-seksjonen

Er protokollert vår 2011.

Brukarundersøking

Gjennomført

Ønske om kontinuerleg forbetringsarbeid.

NVE vil bli ein endå betre samarbeidspartnar og få meir effektiv saksbehandling.

NVEs brukarar

Leiinga

Eksternt firma

Har fått peikt på høve til forbetring.

7.4 Oppfølging av IA-avtala

Olje- og energidepartementet

Olje- og energidepartementet og NAV Arbeidslivssenter inngjekk ny IA-avtale 1. april 2011 med varigheit fram til 31. desember 2013. OED har avtalt følgjande lokale delmål for avtaleperioden:

Delmål 1 Sjukefråvær

Status: Gjennomsnittleg sjukefråvær i åra 2006-2010 har vore på 4 pst.

Mål: Gjennomsnittleg sjukefråvær skal ikkje overstige 4 pst. i avtaleperioden.

Delmål 2: Rekruttere fleire med redusert funksjonsevne

Status: OED har delteke i sentraladministrasjonens traineeordningar for personar med redusert funksjonsevne og har oppretta traineestillingar både i 2007 og 2011.

Mål: I avtaleperioden skal OED ha som mål å rekruttere minst to kvalifiserte personar med redusert funksjonsevne. OED skal førebyggje fysiske plager og leggje til rette for eigne tilsette med redusert funksjonsevne.

Delmål 3: Motverke tidleg pensjonering

Status: Oversikt over talet på tilsette per februar 2011 som i avtaleperioden fyller vilkåra for å søkje om AFP eller ordinær pensjon:

59-60 år

61-62 år

63-64 år

65-66 år

67-68 år

11

4

3

2

2

Mål: Aktivt motivere arbeidstakarar til å bli lengre i jobben.

Oljedirektoratet

ODs IA-plan med delmål per 31. desember 2010:

  1. Framleis ha eit lågt sjukefråvær, ved god oppfølging av medarbeidarar ved sjukdom, enkle og kjente sjukefråværsrutinar og førebyggjade tiltak.

  2. Ha meiningsfulle oppgåver og leggje til rette best mogleg for medarbeidarar med spesielle utfordringar gjennom individuelle tiltak.

  3. Ta imot eksterne med nedsett funksjonsevne anten ved å tilsetje kandidatar med nedsett funksjonsevne eller opprette praksisplass.

  4. Ha ein tydeleg seniorpolitikk som tek vare på dei som ønskjer å arbeide til dei er 70 år og dei som ønskjer tidleg avgang frå 62 år.

Noregs vassdrags- og energidirektorat

Den sentrale IA-avtala har blitt forlenga og gjeld frå 1. januar 2010 til 31. desember 2013. Den første IA-avtala i NVE vart vedteken i 4. november 2002 og er no forlenga til 31. desember 2013. Ny IA-avtale og mål- og aktivitetsplan skal avtalast i løpet av 2011.

Det er i løpet av 2010 halde tre møte i IA-utvalet. Vanskelege personalsaker/IA-saker (totalt 15) har blitt behandla i Personalseksjonen i samråd med leiar, verneomboda på avdelingane, tillitsvalte og eksterne fagfolk hos bedriftshelsetenesta. Medlemmene av IA-utvalet har fortløpande blitt orienterte om sakene og har komme med eventuelle råd.

Til forsiden