Prop. 1 S (2013–2014)

FOR BUDSJETTÅRET 2014 — Utgiftskapitler: 1000–1070, 2415 og 2540 Inntektskapitler: 4000–4070, 5575 og 5610

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Andre saker

7 Sektorovergripande miljøpolitikk

7.1 Innleiing

Miljøarbeidet i dei einskilde departementa skal skje med utgangspunkt i sektorovergripande miljømål. Desse er utarbeidde av Miljøverndepartementet og ligg innanfor dei miljøpolitiske resultatområda til regjeringa; bevare mangfaldet i natur og friluftsliv, eit stabilt klima og rein luft, reint hav og vatn, rein mat, eit giftfritt samfunn og bevaring og bruk av kulturminne. I dette kapitlet presenterer Fiskeri- og kystdepartementet sitt samla arbeid med å innpasse miljøpolitikken i eige ansvarsområde.

Reint og rikt hav er sjølve grunnlaget for fiskeri- og havbruksnæringa. For å sikre ei berekraftig hausting av dei viltlevande marine ressursane er det naudsynt med ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning. Det trengst eit godt kunnskapsgrunnlag for å sikre ei vellukka fiskeri- og havbruksforvaltning, og den marine forskinga bidrar stadig med ny kunnskap. Fiskeri- og kystdepartementet bruker difor mykje ressursar på å kartleggje, overvake og forske på det marine miljøet.

Miljøomsyn skal vere ein grunnleggjande premiss for vidare utvikling og vekst i havbruksnæringa. Styresmaktene skal sikre at havbruksnæringa driv berekraftig og miljøtilpassa. Forskinga skal leggje stor vekt på problemstillingar i havbruksnæringa som kan utgjere ein fare for irreversible skader på miljøet. Dette femner om verknader av havbruksaktivitetane på miljøet ikring, slik som rømming, utslepp av næringssalt og miljøskadelege stoff og smittespreiing, inkludert lakselus.

Sjøtransport er i stor grad ei miljøvenleg og sikker transportform med mellom anna lågare utslepp av klimagassar enn vegtransport i høve til mengde frakta gods. Sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining er viktig i regjeringa sitt arbeid for å leggje til rette for sjøtransport som ei moderne, miljøvenleg og effektiv transportform. Det same gjeld arbeidet med å redusere risiko for forureining frå sjøtransporten.

Noreg er ein stor havnasjon, og har viktige interesser i, og ansvar for, forvaltning av havet i internasjonal samanheng. Det er difor viktig å utvikle ein samordna politikk for det marine og maritime området, og å målbere politikken effektivt i internasjonale fora og prosessar som er viktige for utviklinga av kyst- og havpolitikken på globalt og regionalt nivå, inkludert matproduksjon frå havet.

Ein god og stabil miljøtilstand er ein føresetnad for ein god næringspolitikk, og ei vellukka miljøforvaltning er eit sentralt mål for Fiskeri- og kystdepartementet. Mål, resultat og prioriteringar er omtalt under dei respektive programkategoriane i proposisjonen.

7.2 Bevare mangfaldet i naturen

Kunnskap om tilstanden i økosystemet er ein føresetnad for å setje i verk effektive tiltak for å bevare naturmangfaldet. Trugsmål kan til dømes vere overhausting, innføring av framande artar og uønska øydelegging av habitat frå fiskeri og industriell aktivitet som petroleumsutvinning og gruveverksemd. Det er fleire tiltak som blir sette i verk for å sjå til at artsmangfaldet ikkje går tapt. Forbod mot å kaste ut fisk, utvikle selektive fiskereiskapar og kartlegge og verne viktige oppvekstområde er nokre av dei tiltaka som blir nytta. Innanfor havbruk er innsats mot rømming av oppdrettsfisk og tiltak mot spreiing av lakselus prioritert. Framande artar kan vere ei utfordring også i det marine miljøet. Nye artar er venta i våre farvatn som følgje av klimaendringar.

Fiskeri

Mål og prioriteringar

Havressurslova set krav om at viltlevande marine ressursar skal forvaltast i tråd med føre-var-prinsippet, og med ei økosystembasert tilnærming som tek omsyn både til leveområde og biologisk mangfald. Dette er i tråd med internasjonale avtalar og retningslinjer, som inkluderer FN sin Havrettskonvensjon (UNCLOS), FN sin Avtale om fiske på det opne hav (UNFSA) og Retningslinjer for ansvarleg fiske (Code of Conduct for responsible fisheries) utarbeidd av FNs matvareorganisasjon (FAO). I tillegg kjem prinsipp og mål utvikla under miljø- og utviklingsmøta i Rio de Janeiro 1992, i Johannesburg 2002 og seinast i Rio de Janeiro i 2012.

Hausting skal vere berekraftig og basert på best tilgjengelege informasjon. Forvaltningsprinsippet i havressurslova forpliktar styresmaktene til, med jamne mellomrom, å vurdere alle bestandar som det blir hausta av. På grunnlag av dette skal styresmaktene vurdere kva type forvaltningstiltak som er naudsynt for å sikre ei berekraftig forvaltning. Dei lange tidsseriane til Havforskingsinstituttet utgjer ein solid kunnskapsbase for å overvake dei marine økosystema, medan dei lange tidsseriane til NIFES utgjer viktig kunnskap om førekomst av forureining i mat frå havet.

Fiskeri- og kystdepartementet arbeider for eit meir miljøvenleg fiske. Det gjeld både tiltak for å unngå skade på botnhabitat og for å få til eit fiske med mindre energiforbruk. Arbeidet med å utvikle meir miljøvenlege reiskapar og metodar er prioritert. Dette er sentralt for å kunne bruke fiskemetodar som reduserer utkast av fisk og gjer mindre skade på botnhabitat. Opprydding av tapte garn er også eit prioritert tiltak.

Rett kvotefastsetting er naudsynt for å hindre overhausting. Fiskeriforvaltninga sin innsats mot det ulovlege, urapporterte og uregulerte fisket (UUU-fisket) er også viktig i denne samanhengen. Fiskeri- og kystdepartementet arbeider breitt nasjonalt og i samarbeid med andre land og regionale organisasjonar for å få slutt på denne type kriminalitet. Fiskeriforvaltningas analysenettverk (FFA) vart etablert i 2009, og skal leggje til rette for eit godt samarbeid mellom ulike statlege etatar i kampen mot lovbrot i fiskerinæringa. Fiskeridirektoratet, Kystverket, Kystvakta, Skattedirektoratet, Toll- og avgiftsdirektoratet, Økokrim og Politidirektoratet deltek i samarbeidet.

Kystverket og Fiskeridirektoratet har starta eit pilotprosjekt for å rydde opp i blåskjelanlegg utan eigarar i Rogaland og Hordaland. Anlegga er vurdert å utgjere ein risiko for skipstrafikk, fiskeri og miljø. Etter at pilotprosjektet er avslutta vil arbeidet med opprydding i resten av landet halde fram basert på evaluering og erfaring frå Rogaland og Hordaland.

Resultat 2012–2013

Fiskeridirektoratet tok i 2012 opp vel 900 tapte garn av ulik alder, og dei inneheldt vekslande mengder fisk og krabbe. Vel 7500 meter tau, 39 000 meter line og 3250 meter med trålvaier og kjetting vart også teke opp saman med 11 kongekrabbeteiner, 2 reketrålar, 30 blåser og 24 dreggar/anker. Oppreinskinga i 2012 vart gjennomført på strekninga frå Ålesund til Vardø.

Frå 2011 har det vore elektronisk rapportering av posisjon og fart for fiskefartøy ned til 15 meter største lengd. Den elektroniske rapporteringa går til Fiskeridirektoratet sitt døgnbemanna fiskeriovervakingssenter (FMC). Det har i 2012 vore arbeidd både med å gjennomføre dei nye reglane i flåten og med å utvikle bruken av informasjonen som kjem inn. Status for dei viktigaste norske fiskebestandane er omtalt i kap. 4. Eit målretta arbeid er starta for dei bestandane som har eit særleg behov for nye forvaltningstiltak og/eller større kunnskap. Dette er bestandar med risiko for overutnytting, men der det ikkje er etablert effektive forvaltningstiltak som regulerer hausting og reduserer risikoen. Enkelte bestandar med særleg behov for oppfølging vil bli prioriterte. For nærare omtale sjå tabell 6.14 og 6.15.

Det er ikkje registrert noko ulovleg overfiske av torsk eller hyse i Barentshavet sidan 2009.

I 2006 starta NIFES basisundersøkingar for å kartleggje uønskte stoff i dei viktigaste fiskeartane våre. Undersøkingane kartlegg systematisk uønskte stoff i ein bestand der fisket føregår og dei omhandlar også årstidsvariasjonar. Det er sidan den gongen gjennomført grunnleggjande basisundersøkingar for artane norsk vårgytande sild ,blåkveite, makrell, sei, torsk og nordsjøsild.

Havbruk

Mål og prioriteringar

I regjeringa sin strategi for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring frå 2009 er det lagt vekt på fem hovudområde der havbruk påverkar det omkringliggjande miljøet. Strategien skisserer utfordringar, mål og tiltak som skal sikre at vidare vekst i havbruksnæringa skjer på ein miljømessig berekraftig måte utan uakseptable miljøverknader. Arbeidet knytt til denne strategien vil ha høg prioritet hos fiskeristyresmaktene og underliggjande etatar i 2014.

Måla for dei fem hovudområda er:

  • Genetisk påverknad og rømming: Havbruk skal ikkje føre til varige endringar i dei genetiske eigenskapane til villfiskbestandane.

  • Forureining og utslepp: Alle oppdrettslokalitetar som er i bruk held seg innanfor ein akseptabel miljøtilstand, og har ikkje større utslepp av næringssalt og organisk materiale enn det resipienten toler.

  • Sjukdom, medrekna parasittar: Sjukdom i oppdrett har ikkje bestandsregulerande verknad på villfisk, og mest mogleg av oppdrettsfisken veks opp til slakting med minimal medisinbruk.

  • Arealbruk: Havbruksnæringa har ein lokalitetsstruktur og arealbruk som reduserer miljøpåverknad og smitterisiko.

  • Fôrressursar: Havbruksnæringa sitt behov for fôrråstoff blir dekt utan overutnytting av dei viltlevande marine ressursane, og med berekraftige alternative råvarar.

Til kvart av måla er det knytt ei rekkje tiltak som skal sikre at oppdrett blir drive utan uakseptable miljøverknader. Tiltaka er både på kort og lang sikt, og inneber både styrking og betring av regelverket, forvaltningsverktøy, tekniske standardar, tilsyn og styrking av den forvaltningsretta forskinga.

I oppfølginga av denne strategien blir det særleg lagt vekt på å utvikle konkrete og presise måltal for ei miljømessig berekraftig havbruksnæring og utvikle og setje i verk effektive og rasjonelle måleprogram for å overvake verknadene av tiltaka.

Resultat 2012–2013

Arbeidet med å gjere berekraftstrategien operativ har vore høgt prioritert. Målemetodar og grenser for kva miljøpåverknad som kan godtakast når det gjeld genetisk interaksjon og lakselus vart presentert i sjømatmeldinga.

Mattilsynet har dei siste åra styrkt tilsynet innanfor fiskehelseområdet. Etter at Mattilsynet uttrykte uro over lakselussituasjonen hausten 2009, er regelverket knytt til lusenedkjemping vorte kraftig skjerpa. Mattilsynet har ei rekkje verktøy til å handtere situasjonen og har fullmakt til å påleggje samordna drift, brakklegging og utslakting om det er naudsynt. Dei kan i tillegg fastsetje forskrifter om eigne soner med strengare krav i område der dei generelle tiltaka i nasjonal luseforskrift ikkje har hatt god nok effekt. Mattilsynet fastsette i 2010 soneforskrifter i Sunnhordland og delar av Nord-Trøndelag med skjerpa krav til samordning av utsett og brakklegging. Mattilsynet meiner slike soner er eit godt verktøy for kontroll, sjølv om dei ikkje har verka lenge nok til at det kan trekkjast endelege konklusjonar.

I 2013 vart regelverket knytt til lusenedkjemping skjerpa ytterlegare.

Sjukdommar hos viltlevande akvatiske artar

Mål og prioriteringar

Fiskeri- og kystdepartementet har også ansvar for sjukdom hos vill fisk og andre viltlevande akvatiske artar. Sjukdommar som kan vere truande for arten blir prioriterte. Dei mest aktuelle sjukdommane for ville ferskvassartar er infeksjon på laks med Gyrodactylus salaris og krepsepest som angrip edelkreps. Planlegging og gjennomføring av overvaking og tiltak mot desse sjukdommane må gjerast i nært samarbeid med miljøstyresmaktene, som har sektoransvar for forvaltning av akvatiske ferskvassartar. I tillegg kjem parasittsjukdommar som kan truge den europeiske flatøstersen.

Resultat 2012–2013

Krepsepest er ein svært smittsam sjukdom som kjem frå eggsporesoppen Aphanomyces astaci. Infeksjonen fører til akutt sjukdom hos edelkreps, og kan føre til total utrydding av krepsen i eit vassdrag. Signalkreps, som er ein framand art her i landet, kan vere smitta utan å bli sjuk. Ulovleg utsetjing av signalkreps eller transport av båtar og utstyr som har vore brukt i smitta vassdrag, er risikabelt med omsyn til smittespreiing. Det er ikkje meldt om nye utbrot av krepsepest sidan det vart påvist krepsepest på ulovleg utsett signalkreps i Skittenholvatnet i Hemne kommune i 2011.

Infeksjon med lakseparasitten Gyrodactylus salaris kan føre til at heile bestandar av villaks i smitta elver går tapt.Det er fram til i dag påvist G. salaris i 15 regionar i Noreg. Per 1. januar 2013 er 20 vassdrag friskmelde, det vil seie at Mattilsynet meiner at G. salaris er borte frå vassdraget. Ytterlegare 14 vassdrag er behandla, men framleis ikkje friskmelde, medan 14 vassdrag er infiserte. Alle fiskeanlegg er smittefrie. I nedkjemping av G. salaris er det ei ansvarsdeling mellom Mattilsynet og Direktoratet for naturforvaltning. Mattilsynet har ansvaret for å førebyggje og avgrense smittespreiing, medan Direktoratet for naturforvaltning vel nedkjempingsmåte og prioriterer dei vassdraga som skal behandlast.

Bonamiose og marteiliose er to smittsame skjelsjukdomar som kjem frå parasittane Bonamia ostreae og Marteilia refringens. Infeksjonen fører til sjukdom hos flatøsters (Ostrea edulis) og har forårsaka stor daudsrate i flatøstersbestandar langs kysten i mange europeiske land.Marteiliose er også påvist hos blåskjel. Bonamia ostrea vart påvist for første gong i flatøsters i Noreg i 2008 i Arendals-området utan at det vart funne auka daudsrate i østerskoloniane. Så langt har det ikkje vore påvist noko utbrot av marteiliose i Noreg, men parasitten er påvist på blåskjel i Sverige. Det vart ikkje funne Marteilia sp eller Bonamia sp i prøver tekne i samband med dei nasjonale overvakingsprogramma i 2012. Alle dei omtalte parasittane er ufarlege for menneske.

Mikroorganismar i skjel som kan framkalle sjukdom hos menneske, blir kontinuerleg overvaka, og styresmaktene ved Mattilsynet legg ut denne informasjonen slik at alle skal kunne sanke trygg mat frå våre farvatn. Denne informasjonen er også tilgjengeleg via ein eigen blåskjelapp for mobiltelefonar.

Beskytta område

Mål og prioriteringar

For å ta vare på særlege naturverdiar kan det i somme høve vere naudsynt å leggje restriksjonar på fiskeri og anna verksemd. Det er til dømes lagt restriksjonar på fiske med tunge botnreiskapar i fleire område for å beskytte korallar. I arbeid med marine verneområde er fiskeriforvaltninga sitt utgangspunkt at ressursar skal kunne utnyttast i verneområdet dersom det ikkje strir mot verneformålet.

Resultat 2012–2013

Fiskeri- og kystforvaltninga har delteke i arbeidet med Marin verneplan. Departementet fastsette i 2011 ei heilt ny botnfiskeforskrift som forbyr alt fiske på større djup enn 1000 meter med reiskapar som rører ved botnen. Dette er nye område som i det store og heile har vore upåverka fram til no, og som med dette blir varig beskytta. I 2012 har det vore arbeidd med å etablere eit system for å handtere informasjon som blir samla inn, mellom anna gjennom forskrifta fastsett i 2011.

Framande artar

Mål og prioriteringar

Fiskeri- og kystdepartementet sin innsats mot framande marine artar er primært retta mot overvaking gjennom Havforskingsinstituttet sine program for hav- og kystovervaking. Å utrydde framande marine artar er ikkje realistisk, men det er eit mål å halde kontroll med utviklinga slik at dei ikkje øydelegg viktige habitat eller endrar økosystemfunksjonar i negativ retning.

Kongekrabben har si naturlege utbreiing i Beringhavet og dei nordlege delane av Stillehavet, men vart sett ut i Murmanskfjorden av sovjetiske havforskarar på 1960-talet. I løpet av 1990-talet vart det registrert ein vesentleg bestandsauke på norsk side, og i 2002 vart det opna for kommersiell fangst av kongekrabbe. Dagens forvalting av kongekrabbe er basert på St.meld. nr. 40 (2006–2007) Forvaltning av kongekrabbe. Det er eit todelt forvaltningsregime for denne arten. Innanfor eit kvoteregulert område aust for 26 grader aust, der kongekrabben allereie er veletablert, skal bestanden forvaltast på ein måte som legg til rette for næringsaktivitet og sysselsetting. Samstundes er det eit overordna mål å avgrense ytterlegare spreiing av bestanden. Utanfor det kvoteregulerte området er det fri fangst og utkastforbod. Det er starta undersøkingar av innhaldet av framandstoff i kongekrabbe.

Snøkrabben vart første gong observert i Barentshavet i 1996, og er førebels truleg mest utbreidd på russisk side. Det er fri fangst av snøkrabbe i norske farvatn og kommersiell interesse for arten. Det er så langt ikkje dokumentert om arten er introdusert eller om han har vandra inn, men mest truleg har arten vandra inn sjølv.

Resultat 2012–2013

I 2012 vart det gjennomført eit målretta utrydningsfiske etter kongekrabbe vest for 26 grader aust, mellom anna subsidiert med tilskot frå Fiskeri- og kystdepartementet. Auka fangstinnsats vest for Nordkapp har redusert mengda av kongekrabbe i dette området, også som følgje av ei betre tilpassa grense for det regulerte området aust for 26 grader aust. Næringa har dessutan lukkast i å utnytte små kongekrabbar kommersielt i langt større grad enn tidlegare, mellom anna som følgje av målretta bruk av statlege verkemiddel for å oppnå dette.

Havforskingsinstituttet gjennomførte i juni 2012 eit tokt for å kartleggje utbreiinga av kongekrabbe i Vest-Finnmark, og konkluderte med at det ikkje er vesentlege endringar med omsyn til spreiing jamført med 2011. Det ser ut som at situasjonen har stabilisert seg, og det tyder på at tiltaka har hatt ein positiv verknad for å bremse spreiinga av bestanden.

Kartlegging av marine naturtypar

Mål og prioriteringar

Systematisk kartlegging av havbotnen vart sett i gang i 2005 gjennom MAREANO-programmet (Marin arealdatabase for norske kyst- og havområde). Føremålet med MAREANO-programmet er å kartleggje og gjennomføre grunnleggjande studium av det fysiske, biologiske og kjemiske miljøet på havbotnen, og systematisere og rapportere informasjonen i arealdatabasen www.mareano.no. MAREANO skal fremme kunnskap for forvaltninga gjennom å kartleggje topografi og botntypar, artsmangfald og sårbare naturtypar, forureiningsnivå i sedimenta og verknader av fiskeri på havbotnen.

Det pågår også ei systematisk kartlegging av marine naturtypar i kystsona i samarbeid mellom fiskeri- og miljøstyresmaktene, fylkeskommunar og kommunar langs kysten.

Resultat 2012–2013

I 2012 vart 21 055 km2 kartlagt med omsyn til geologi, biologi og kjemi. 17 455 km2 av dette var i Norskehavet og dei resterande var prøvestasjonar som mangla i Nordland VI. Djupnedata vart samla inn for eit areal på 28 370 km2 ved bruk av multistråleekkolodd, 13 064 km2 i Norskehavet og 15 306 km2 i det tidlegare omstridde området i Barentshavet (TOO).

Marine naturtypar i Rogaland og Nordland er kartlagde i regi av prosjektet ”Kartlegging av marine naturtypar i kystsona”.

7.3 Eit stabilt klima og rein luft

Marint miljø, fiskeri, havbruk og kystinfrastruktur blir påverka av klimaendringane. Både i program finansiert av Noregs forskingsråd og ved Havforskingsinstituttet er det ein omfattande forskingsinnsats for å få meir kunnskap om den rolla havet har i klimasystemet og konsekvensar av klimaendringar for marine økosystem og ressursar. Prosjekta syner at ei rekkje ulike klimafaktorar vil påverke marine organismar både på individ- og bestandsnivå.

Klimaendringar reiser forvaltningsmessige utfordringar for Fiskeri- og kystdepartementet:

  • Det trengst meir kunnskap om kva for verknader klimaendringar og havforsuring vil få for livet i havet.

  • Vi må tilpasse oss klimaendringar og konsekvensar som er venta innan ansvarsområdet til departementet.

  • Innan fiskeri- og kystrelatert aktivitet må det arbeidast for å redusere utslepp av klimagassar.

Fiskeri- og kystdepartementet arbeider med ein klimastrategi for eigne ansvarsområde. Målet med strategien er å gjere fiskeri- og kystforvaltninga best mogleg rusta til å møte utfordringane som kan kome som følgje av klimaendringar, og til å bidra til å redusere klimautslepp frå eigen sektor.

Utsleppsreduksjonar

Regjeringa la 25. april 2012 fram Meld. St. 21 (2011–2012) Norsk klimapolitikk. Dei siste åra har auka medvit om klimaendringar forsterka behovet for ytterlegare teknologisk utvikling som tek sikte på å redusere utslepp av klimagassar og partiklar. Samstundes har det forsterka behovet for ei berekraftig utnytting av marine ressursar. Dette har ført til ein debatt om utviklinga av meir energieffektive teknologiske løysingar for drift av fiskefartøy, medrekna også eit friare reiskapsval. Dagens reiskapsreglar kan vere eit hinder for bruk av energieffektive fangstmetodar. Det er uheldig og lite framtidsretta. Departementet har starta eit arbeid for å gjere reiskapsreglane meir fleksible. Dette er god miljøpolitikk, og det gir høve til betre lønnsemd for flåten. Fiskeflåten må også i framtida vere basert på ei berekraftig utnytting av råvarer frå havet. Miljødimensjonen ved eit berekraftig fiskeri inneber å utnytte marine ressursar ut frå eit langsiktig perspektiv med tanke på framtidige generasjonar.

Sjøtransport er ei miljøvennleg og sikker transportform, og har mellom anna lågare utslepp av klimagassar enn vegtransport i høve til mengde frakta gods. Kystverket ferdigstilte i 2010 ein metode for å rekne ut klimagassutslepp ved hjelp av data frå automatisk identifikasjon av skip (AIS). Innsamlinga av utsleppsdata er starta og skal skje automatisk, slik at tiltak kan setjast inn der det er naudsynt og effektivt for å få ned utsleppa.

Forsking og klimatilpassing

Eit vesentleg tiltak for å tilpasse seg klimaendringar er å halde fram med gode overvakingsseriar. Om vi følgjer med på faktorar som temperatur, forsuring og utviklinga av bestandar med meir, kan vi betre setje inn tiltak. Havforskingsinstituttet står for hovudtyngda av klimaovervaking i våre havområde.

Auka CO2 i atmosfæren fører til auka opptak av CO2 i sjøvatn. Auka mengder oppløyst CO2 i havet fører til at pH i sjøvatnet blir lågare. Dette blir kalla forsuring av havet. Forsuring av havet kan ha store konsekvensar for dei marine økosystema. Fordi kaldt vatn løyser opp meir CO2 enn varmt vatn vil polare farvatn først merke endringa. Måling i norske farvatn syner auka opptak av CO2 og dermed redusert pH.

Resultat 2012–2013

I 2012 vart det gjennomført ein omfattande aktivitet knytt til overvaking og forståing av klimaendringar og korleis dei kan endre marine økosystem. Resultata viser at det har vore ei betydeleg oppvarming av norske havområde det siste tiåret, og det har ført til ei forskyving nordover av artar og endringar i artssamansetjinga.

Havforskingsinstituttet starta samarbeid med Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) om overvaking av havforsuring i 2010. Rapporten frå overvakinga i 2011 viser at overflatevatn i norske havområde inneheld meir CO2 enn det som er målt tidlegare. Rapporten viser også at surleiksgraden (pH) og konsentrasjonen av oppløyst CO2 varierer med sesongen. Desse naturlege variasjonane kjem av høgre biologisk produksjon i sommarhalvåret.

Det er også starta ei rekkje prosjekt som skal undersøkje verknaden av havforsuring på nøkkelartar i næringskjeda som raudåte, krill, hummar, makrell, torsk og kamskjel. Dei første resultata frå nokre av desse forsøka kom i 2011-2012 og viser negative verknader på mellom anna krill, hummar og kamskjel.

7.4 Reint hav og vatn og eit giftfritt samfunn

Trygg sjømat

Eit reint hav er ein føresetnad for trygg sjømat. Kunnskap om framandstoff i havet er avgjerande for å kunne dokumentere at sjømaten som blir omsett er trygg. Langtransportert forureining er ei hovudutfordring for det marine miljøet, men også lokal forureining kan påverke mattryggleiken. Forureininga blir overvaka årleg i norske havområde. Denne overvakinga er no betre koordinert og integrert gjennom forvaltningsplanarbeidet for norske havområde, og spesielt gjennom arbeidet i overvakingsgruppa.

I perioden 2007 til 2012 har Mattilsynet, fiskerinæringa og NIFES arbeidd med ei grunnleggjande kartlegging av framandstoff for fleire av dei viktige kommersielle villfiskartane gjennom basisundersøkingar. Kunnskapen er ein viktig del av det vitskaplege grunnlaget for arbeid med risikovurderingar og tilpassing av regelverk på sjømatområdet i Noreg og EU. Det er ei prioritert oppgåve å sikre kunnskapen gjennom vidareføring av basisundersøkingar og årlege oppfølgingsprøver.

Noreg har ein gunstig situasjon samanlikna med andre land når det gjeld smittestoff og framandstoff i sjømat. Med få unntak til no, ligg funna i norsk sjømat lågare enn grenseverdiane som er fastsette i internasjonalt regelverk for handel med mat. Unntaka gjeld innhaldet av dioksin og dioksinliknande PCB i torskelever frå kystnære farvatn og blåkveite i to mindre område utanfor Nordland, dessutan kvikksølv i brosmefilet frå Hardangerfjorden og kadmium i taskekrabbe.

Dei fleste miljøgiftene i oppdrettsfisken kjem gjennom fôret. Innhaldet av miljøgifter i fôret er regulert ved grenseverdiar på miljøgifter både i fôrråvarene og i ferdig fôr. Nye fôringrediensar kan endre framandstoffinnhaldet og påverke fordøyinga av komponentar i fôr. Forvaltninga treng kunnskap om korleis belastninga av næringssalt og/eller framandstoff på miljøet rundt eit oppdrettsanlegg blir påverka av dette. Utfordringar knytt til nye fôrråvarer er eit prioritert forskingsområde.

Påverknad frå petroleumsverksemd

Verknader av forureining frå oljeindustri er eit prioritert forskingsfelt, dette gjeld både akutte utslepp og verknader av operasjonelle utslepp frå boring av brønnar og kontinuerleg store utslepp av produsert vatn. Petroleumsindustrien opplyser at det i 2012 vart slept ut 130,9 millionar kubikkmeter produsert vatn på norsk sokkel. Produsert vatn inneheld ei lang rekkje oppløyste kjemiske komponentar frå reservoara, og vi har grunn til å tru at desse kontinuerlege utsleppa kan ha ein verknad på det marine miljøet og organismane som finst der.

Noregs forskingsråd har i ein rapport frå februar 2012 summert opp resultata frå ti års forsking på langtidsverknader av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda. Rapporten konkluderer mellom anna med at risikoen for langsiktig miljøskade av utsleppa blir vurdert som moderat, men det blir også understreka at det framleis er usikkert kva innverknad utsleppa har på enkeltindivid i nærområda. Når det gjeld eventuelle verknader på populasjonar og marine samfunn over større område understrekar rapporten frå Forskingsrådet at det framleis er kunnskapsmanglar. Forsking omkring miljøverknader og langsiktig overvaking av forureiningssituasjonen er difor framleis særs viktig. I tillegg til slik overvaking medverkar Havforskingsinstituttet aktivt i miljøovervaking etter akutte utslepp, både kystnært og på sokkelen. På dette området bør mattryggleik inkluderast i større grad i framtida.

Støy er også eit miljøproblem. Diskusjonen har hittil i hovudsak dreia seg om seismiske undersøkingar på jakt etter olje og gass under havbotnen, men støy frå vindmøller i havet kan også bli eit aktuelt problemfelt framover. Støy frå dei seismiske undersøkingane skremmer fisken, og det gir negativt resultat for fiskeria i nærleiken av slike undersøkingar.

Påverknad frå mineralnæringa

Deponering av store mengder avfall frå gruvedrift i fjordane våre kan skape konfliktar med fiskeri og havbruk. Våren 2013 la regjeringa fram ein strategi for mineralnæringa, der også bruk av fjordane som deponiområde er omtalt. Strategien legg opp til at det skal utarbeidast klare retningslinjer for prosessane som skal liggje til grunn når ein fjord skal vurderast som deponiområde. I dette arbeidet skal også fiskeriforvaltninga og næringa trekkjast med. Problemstillingar knytt til mattryggleik vil vere aktuelle avhengig kva slags stoff som blir sleppte ut.

Sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining

Mål og prioriteringar

Arbeidet som Fiskeri- og kystdepartementet og Kystverket gjer innan førebyggjande sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining skal mellom anna vere med å hindre forureining av kyst- og havområda. Sjøtryggleik og beredskap mot akutt forureining står sentralt i regjeringa sitt arbeid med å leggje til rette for sjøtransport som ei moderne, miljøvennleg og effektiv transportform. Fiskeri- og kystdepartementet prioriterer å styrkje tryggleiken til sjøs for å hindre tap av menneskeliv og skade og redusere risikoen for miljøforureining frå sjøtransporten. Det er difor viktig å sørgje for maritim infrastruktur og maritime tenester som reduserer risikoen for ulukker, og ein god beredskap mot akutt forureining. Beredskapen skal sikrast mellom anna gjennom å vedlikehalde og oppgradere statleg beredskapsmateriell, gjennomføre kurs og øvingar og ved å sørgje for at det blir sett i verk beredskapstiltak ved akutt forureining, eller fare for akutte utslepp.

Fiskeri- og kystdepartementet og Kystverket tek del i arbeidet innan FN sin sjøfartsorganisasjon IMO. Eit viktig felt er arbeidet med Polarkoden – eit internasjonalt bindande regelverk med krav til skip som skal operere i polare strøk. Noreg har ei sentral rolle i dette arbeidet. I EU-samanheng er arbeidet i det europeiske sjøtryggleiksbyrået EMSA viktig. Fiskeri- og kystdepartementet og Kystverket tek og del i arbeidet i Arktisk råd. Her blir tiltak for å auke tryggleiken for skipstrafikken i Arktis og tiltak for å hindre ulukker og styrkje beredskapen mot akutt forureining drøfta.

Resultat 2012–2013

I 2012 vart det innført ei statleg losteneste på Svalbard, på same måte som på fastlandet. Det er gjort enkelte tilpassingar, og losplikta blir innført stegvis for ulike fartøygrupper. Å innføre statleg losteneste er eit viktig tiltak for å redusere risikoen for ulukker og for å verne om den sårbare arktiske naturen.

Kystverket har saman med Sysselmannen på Svalbard, Direktoratet for naturforvaltning og Norsk Polarinstitutt laga eit miljøsårbarheitskart for heile Svalbard med tanke på akutt oljeforureining. Det er utvikla ein ny modell i høve til miljøsårbarheitskarta (MOB) på fastlandet. Dette fordi Svalbard har andre utfordringar, andre artar og andre klimatiske tilhøve enn fastlandet.

Det er etablert eit felles norsk–russisk rapporteringssystem for sjøtransporten i Barentshavet og langs norskekysten (Barents SRS). FN sin sjøfartsorganisasjon IMO har godkjent systemet, som tredde i kraft 1. juni 2013. Systemet vil varsle tidlegare om trafikk som ein skal vere særleg merksam på. Det gjeld til dømes fartøy med petroleumslast, fartøy med radioaktiv last og fartøy med slep. Ei slik tidleg varsling legg til rette for å sikre miljøet på ein god måte.

Kystverket driv regelmessig overvaking av norsk økonomisk sone ved hjelp av fly og satellitt for å oppdage forureining. Eit nytt fly med betre overvakningskapasitet er sett inn i tenesta i 2012.

I 2011 gjorde Kystverket ferdig ein ny miljørisikoanalyse og gjennomførte ein beredskapsanalyse knytt til akutt forureining frå skipsfarten. Beredskapsanalysen har tilrådingar om nivået på beredskapen og legg eit viktig grunnlag for avgjerder om dimensjonering av staten sin beredskap dei neste åra. Som oppfølging av tilrådingane i miljørisiko- og beredskapsanalysane frå 2011, har Kystverket i 2012 arbeidd for å styrkje kommunane sin kapasitet til å assistere under statlege aksjonar mot akutt forureining.

Ein folkerettsleg bindande avtale om beredskap og respons ved marin oljeforureining i Arktis vart underteikna på ministermøtet i Arktisk råd 15. mai 2013. Avtalen etablerer gode rammer for samarbeid og koordinert ressursinnsats ved marin forureining i Arktis.

Havbruk

Havforskingsinstituttet har arbeidd med å standardisere metodikk for registrering av miljøpåverknad frå havbruk, og instituttet har intensivert studia av korleis tilførsel av organisk materiale påverkar villfisk og botndyr. Hardangerfjorden som område for oppdrett har særskilde utfordringar. Det er viktig for Fiskeri- og kystdepartementet å sikre ei vidare berekraftig utvikling i fjorden. Forskingsaktiviteten i fjorden om forholdet mellom havbruk og fjordøkologi har vorte styrkt dei siste åra.

Miljøovervakinga til Fiskeridirektoratet av botnen under havbruksanlegga (MOM- granskingar) viser at i 2012 hadde 93 pst. av anlegga ”god” eller ”veldig god” miljøtilstand under anlegga.

Forvaltning av vatn

Fiskeridirektoratet, Kystverket, Havforskingsinstituttet og Mattilsynet er med i den sentrale styringsgruppa som arbeider med implementering av vassforskrifta. Arbeidet inkluderer regionale forvaltningsplanar og tiltaksprogram. Målet med dette arbeidet er å betre miljøtilstanden i vatnet langs kysten.

7.5 Bevaring og bruk av kulturminne, friluftsliv

Mål og prioriteringar

Det er eit overordna mål at kulturarven skal vere grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Freda og verneverdige kulturminne skal sikrast ordinært vedlikehaldsnivå. Vidare skal statlege fyreigedomar vere tilgjengeleg for allmenta der dette er mogleg, og nyttast i lokal og regional utvikling, samstundes som omsynet til kulturminnevernet blir teke vare på.

Utkast til Landsverneplan for maritim infrastruktur vart oversend Riksantikvaren i 2009. Riksantikvaren er i gang med handsaminga av landsverneplanen. Kystverket skal følgje opp landsverneplanen med planar for forvaltning av dei einskilde verneverdige objekta.

Mange av kulturminna til Kystverket er heilt eller delvis framleis i bruk, anten av Kystverket sjølv eller av leigetakarar. Kystverket arbeider med å leggje til rette for alternativ forvaltning av fyreiegedomane som staten eig og å gjere dei tilgjengelege. Kystverket samarbeider vidare med Kystverkmusea og andre aktørar, offentlege som private, i arbeidet med å ta vare på, utvikle og formidle kystkulturen.

Prioriteringar 2014:

  • Kystverket skal følgje opp Landsverneplan for maritim infrastruktur med planar for forvaltning av dei einskilde verneverdige objekta.

  • Kystverket skal utarbeide ein strategi for handtering av vedlikehaldsetterslepet på fyreigedomar.

  • Det skal arbeidast vidare med å utvikle fyreigedomar i samarbeid med fylkeskommunar, kommunar, frivillige organisasjonar og næringsaktørar.

Resultat 2012–2013

Kystverket har utarbeidd planar for forvaltning av nærare 20 av dei 68 freda fyreigedomane som etaten har ansvar for. I tillegg til ordinært vedlikehald, har det vore arbeidd med ein meir overordna plan for korleis vedlikehaldsetterslepet på fyreigedomane kan bli mindre.

Det er inga vesentleg endring i talet utleigde fyreigedomar. Kystverket leiger ut nærare 70 av 114 fyreigedomar. Mange av fyreigedomane er lite aktuelle for utleige fordi eigedomane ligg slik til at det er vanskeleg og tidkrevjande å kome seg til dei.

Kystverket og Kystverkmusea har i samarbeid utvikla ein felles standard for formidlingstiltak på dei freda fyreigedomane. I 2012 og 2013 er det etablert skilting på nærare 15 fyreigedomar.

Fiskeri- og kystforvaltninga vil leggje til rette for eit berekraftig fritids- og turistfiske, der det blir teke omsyn både til at kystsona kan brukast til rekreasjonsføremål og at det biologiske mangfaldet må takast vare på. Ei arbeidsgruppe la fram ein rapport i juni 2011 med forslag til reguleringar for næringsverksemd som legg til rette for turistfiske. Grunnlaget for arbeidet som vart gjort i gruppa byggjer på at alle som haustar på fiskeressursar har eit medansvar for å bidra til eit berekraftig ressursuttak. Desse forslaga er eit viktig steg for å få ei betre oversikt over slik næringsverksemd.

Forskingsprogrammet BIONÆR i Noregs forskingsråd har ansvaret for FoU-innsats innafor tema bruk og vern og arealplanlegging i kystsona. Kystsona står overfor utfordringar når det gjeld utnytting av areal og ressursar. Det er behov for forsking om bruksutfordringar og korleis ein kan skape grunnlag for betre koordinering mellom etablerte og nye næringar og samfunns- og fritidsinteresser.

Kysten skal vere trygg og tilgjengeleg for fritidsflåten. Kystverket samarbeider med Kongelig Norske Båtforbund (KNBF) om utplassering av bøyer for fortøying. Dette vil bidra til å lette tilgang til rekreasjonsområda. Mykje av merkinga i farleiene som Kystverket gjer er også til stor glede for fritidsbåtane.

7.6 Oversikt over den samla miljøpolitiske satsinga under Fiskeri- og kystdepartementet

Tabell 7.1 gir ein oversikt over utgifter som fullt ut blir brukte til miljøforbetringar, eller der omsynet til miljøet er avgjerande for at tiltaket blir gjennomført.

Tabell 7.1 Utgifter til miljøforbetringar

Programkategori

Saldert budsjett 2013

Forslag 2014

16.10 Administrasjon

10,3

10,5

16.20 Forsking, innovasjon og regional utvikling

538,1

558,2

16.30 Fiskeri- og havbruksforvaltning

229,6

233,5

16.60 Kystforvaltning

752,5

731,8

Sum programområde 16

1530,5

1534,0

8 Likestilling

8.1 Likestilling i marin sektor

Det er eit mål at dei marine næringane, organisasjonane deira, salslaga og forvaltninga skal utnytte heile potensialet i arbeidsstyrken og framstå som ein attraktiv arbeidsplass for begge kjønn. Forvaltninga og næringa har sidan 2007 arbeidd med å følgje opp ein felles handlingsplan for større kvinnedel i marin sektor.

Alle offentlege styre, råd og utval under Fiskeri- og kystdepartementet sitt ansvarsområde oppfyller no kravet i likestillingslova.

Ved utgangen av 2012 hadde Fiskeri- og kystdepartementet 30 pst. kvinner i leiinga. Fiskeridirektoratet hadde 26 pst. kvinner i leiinga, Havforskingsinstituttet og Kystverket begge 20 pst, og Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking hadde 60 pst. kvinner i leiinga.

Fiskeri- og kystdepartementet har gått gjennom regelverket og gjort endringar i forskrift om føring av fiskarmanntalet for å leggje til rette for generasjonsskifte, noko som kan gjere det lettare for kvinner å kome inn i næringa.

Kvinner er ei viktig målgruppe for rekrutteringsprosjektet ”Sett Sjøbein”, som vart etablert i 2008 og blir styrt av ei breitt samansett gruppe frå næringa. Ein av prioriteringane innafor Fiskeri- og kystdepartementet sitt tilskot til rekrutterings- og sjømattiltak (kap. 1023, post 70) er å bidra til jamnare kjønnsbalanse i sjømatnæringa.

Fiskeri- og kystdepartementet har bedt Noregs forskingsråd og Innovasjon Noreg om å fremje likestilling mellom kjønna gjennom deira forvaltning av midlar. Det er sett eigne mål om kvinnedel i relevante tilbod under Marint verdiskapingsprogram, forvalta av Innovasjon Noreg.

Likestilling og kvinnedel inngår som eit tema i selskapa sitt samfunnsansvar, og blir følgd opp i eigardialogen med selskapa under Fiskeri- og kystdepartementet sitt ansvarsområde.

Kvinnedel i fiskeri- og havbruksnæringa

I 2012 var 2,6 pst. av dei som hadde fiske som hovudyrke kvinner. Av dei som hadde fiske som attåtnæring, var 3,4 pst. kvinner. Av dei sysselsette i havbruksnæringa var 16 pst. kvinner i 2012. Kvinnedelen både i fiskeflåten og innafor havbruksnæringa har vore stabil dei siste åra.

I 2009 var 4,3 pst. av daglege leiarar i fiskeri- og fangstnæringa kvinner. Innafor havbruk og fiskeindustri var 8-9 pst. av dei daglege leiarane kvinner. Kvinnedelen i styra var i same år i underkant av 10 pst. i fiske- og fangstnæringa, og 12-13 pst. i havbruk og fiskeindustri.

Kvinnedelen innafor vidaregåande opplæring som er retta mot næringa speglar situasjonen i næringa, sjølv om det er noko større kvinnedel i utdanninga. Av dei som tek vidaregåande opplæring innan fiske og fangst, var 5 pst. kvinner våren 2012. Av dei som tek vidaregåande opplæring innan havbruk, var 20 pst. kvinner våren 2012. I høgare utdanning er kvinnedelen noko høgare, av dei som bachelor i marine fag var 33 pst. kvinner, og 38 pst. av dei som tok master i marine fag var kvinner.

8.2 Likestilling og mangfald i Fiskeri- og kystdepartementet

Tilstandsrapportering – kjønn og løn

Tabell 8.1 viser ei oversikt over kjønnsfordeling og løn i Fiskeri- og kystdepartementet fordelt på stillingskategoriar. Kjønnsfordelinga i departementet var 58,3 pst. kvinner og 41,7 pst. menn i 2012. Det er ei overvekt av kvinner i kontorstillingane, der alle tilsette er kvinner, og i rådgivarstillingane, der det er 68 pst. kvinner. Det er flest menn i toppleiinga, der fire av fem leiarar er menn. I seniorrådgivargruppa er det no fleire kvinner.

Den gjennomsnittlege løna til kvinner var i 2012 noko høgare enn snittet for menn i førstekonsulent- og rådgivargruppa, medan den var noko lågare enn snittet for menn i seniorrådgivargruppa. I mellomleiargruppa er snittløna for kvinner noko høgare enn for menn. Tala for verksemda totalt viser at kvinner i snitt har 86 pst. av løna til menn. Den store skilnaden skriv seg frå at det er flest menn i leiarstillingane. Skilnader innanfor ein stillingskategori skriv seg også frå andre forhold, som til dømes skilnader i ansiennitet.

Tabell 8.1 Oversikt over kjønnsfordeling og løn i Fiskeri- og kystdepartementet

Kjønnsbalanse

Kvinners løn i pst., av menns løn

Menn (%)

Kvinner (%)

Totalt (N)

Totalt i verksemda

2011

47 %

53 %

127

87 pst.

2012

42 %

58 %

127

86 pst.

Toppleiinga

2011

80 %

20 %

5

95 pst.

2012

80 %

20 %

5

95 pst.

Mellomleiing (t.d. avdelingsdirektørar)

2011

55 %

45 %

20

99 pst.

2012

67 %

33 %

22

103 pst.

Kategori 1 (t.d. seniorrådgivarar)

2011

52 %

48 %

46

96 pst.

2012

36 %

64 %

66

94 pst.

Kategori 2 (t.d. rådgivarar)

2011

36 %

64 %

33

106 pst.

2012

31 %

69 %

32

103 pst.

Kategori 3 (t.d. førstekonsulent)

2011

0 %

100 %

8

-

2012

8 %

92 %

12

104 pst.

Kategori 4 (t.d. konsulent)

2011

0 %

100 %

8

-

2012

0 %

100 %

0

-

Arbeidstid, sjukefråvær og foreldrepermisjon

I Fiskeri- og kystdepartementet var det 2012 åtte personar som hadde redusert arbeidstid, og sju var kvinner. Sjukefråværet i departementet har vore lågt i mange år. Det totale legemelde fråværet blant kvinner var på 87 pst av dei legemeldte. Ein del av sjukefråværet hos kvinner har å gjere med graviditet. Skilnaden mellom kvinner og menn er størst når det gjeld langtidssjukefråvær.

I 2012 var totalt 12 tilsette ute i foreldrepermisjonar. Av desse var det 58 pst. kvinner.

Tilsetjingsform og kjønn

Fiskeri- og kystdepartementet ønskjer å ha færrast mogleg mellombels tilsette. I 2012 var det fire som var tilsette mellombels, dvs. 3 pst. av dei tilsette.

Tiltak som er sette i verk

Kjønn og løn

Fiskeri- og kystdepartementet har personal- og lønspolitiske retningslinjer som seier kva krav og gode som er knytt til dei ulike fasane i livet. Dette er reglar som kjem i tillegg til dei som er avtalte sentralt.

Lønspolitikken i departementet skal sørgje for at dei tilsette som har foreldrepermisjon ikkje taper lønsmessig på permisjonen og omsorgsoppgåver. Ofte knyter det seg noko sjukefråvær til svangerskap. I samarbeid med bedriftshelsetenesta legg departementet til rette for at gravide kan halde fram i arbeid, gjennom å leggje til rette arbeidsplassen og arbeidstida. Tiltaket er godt motteke og fungerer slik det var tenkt. Det er også betalt ammepause inntil to timar og høve til fleksibel arbeidstid i småbarnperioden. I tillegg er det høve til å ha heimekontor dersom det er ønskjeleg.

Kjønn og rekruttering

Når departementet rekrutterer nye medarbeidarar blir alltid kjønnssamansetjinga i avdelinga og departementet vurdert. I innstillingane skal rekrutterande leiar gjere greie for kjønnsfordelinga i søkjarmassen.

Nedsett funksjonsevne – rekruttering

Fiskeri- og kystdepartementet følgjer opp dei tilsette med nedsett funksjonsevne ved å leggje til rette arbeidsplassen og arbeidstida og å tilby eventuelle andre hjelpemiddel og tilpassingar ved behov. Departementet har nært samarbeid med bedriftshelsetenesta om arbeidsplassvurdering, og alle tilsette kan bruke tenestene deira.

I innstillingane skal rekrutterande leiar fortelje kor mange kandidatar som seier frå om at dei har nedsett funksjonsevne og kor mange av desse som har vore inne til intervju. I rekrutteringsportalen er det laga avkryssingsboksar der kandidatane kan krysse av dersom dei har nedsett funksjonsevne og ønskjer å nytte seg av fortrinnsretten dette gir.

Etnisitet

Fiskeri- og kystdepartementet har få medarbeidarar med innvandrarbakgrunn. Det er også få kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn til stillingar i departementet. For å få fleire medarbeidarar med innvandrarbakgrunn har departementet sett i gang enkelte tiltak knytt til rekruttering.

I utlysingane blir alle oppmoda til å søkje uavhengig av etnisitet, og dersom vedkomande er kvalifisert blir kandidatar med innvandrarbakgrunn alltid innkalla til intervju.

Fiskeri- og kystdepartementet har i rekrutteringsportalen laga avkryssingsboksar der kandidatane kan krysse av dersom dei har innvandrarbakgrunn og ønskjer å nytte seg av fortrinnsretten dette gir. Målet med tiltaket er å ta inn fleire kvalifiserte kandidatar med innvandrarbakgrunn på intervju. Slik det er i dag, er det svært vanskeleg å skulle avgjere kven som har innvandrarbakgrunn med mindre dei sjølve skriv det i søknadsteksten.

Vern mot trakassering

Fiskeri- og kystdepartementet har nulltoleranse for mobbing og trakassering. Det er utarbeidd varslingsrutinar med retningslinjer, tilrettelegging og handtering av eventuelle varslingssituasjonar. Varsling er også eit tema i arbeidsmiljøundersøkinga som blir gjennomført kvart andre år.

Planlagde tiltak

Løns- og arbeidsvilkår

Lønspolitikken til departementet skal reviderast, og eit viktig mål for departementet vil framleis vere å bidra til reell likestilling mellom kjønna.

Karriereutvikling

Fiskeri- og kystdepartementet legg stor vekt på leiarutvikling og kompetanseutvikling. Det blir planlagt nye leiarutviklingstiltak for 2013-2014.

Rekruttering av etniske minoritetar

Fiskeri- og kystdepartementet vil i hovudsak halde fram med å nytte dei rekrutteringskanalane departementet allereie bruker. For å få søkjarar med minoritetsbakgrunn vil departementet søkje å betre rutinane for rekrutteringa, då dei tiltaka som er gjennomført tidlegare ikkje har hatt ønskt effekt.

Eit tiltak som skal vurderast nærare, er å bruke skriftlege prøver for dei mest aktuelle kandidatane under rekrutteringsprosessen. Slik får kandidatane vist dei faktiske skriftlege ferdigheitene, noko som kan vere til fordel for søkjarar med etnisk minoritetsbakgrunn.

Fleire tilsette med nedsett funksjonsevne

Som eit ledd i handlingsplanen knytt til avtalen om inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) har departementet eit mål om å få fleire tilsette med redusert funksjonsevne. Eitt av tiltaka er å gjennomføre ei kartlegging av korleis avdelingane og departementet kan leggje til rette for tilsette med redusert funksjonsevne.

Departementet ønskjer å delta i Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet sitt trainee-program for personar med redusert funksjonsevne. Neste opptak er planlagt hausten 2014. Det blir også vurdert å delta på tiltaket IA-plass i samarbeid med NAV.

Likestilling og mangfald i underliggjande etatar

Fiskeridirektoratet, Kystverket, Havforskingsinstituttet og Nasjonalt institutt for ernæring og sjømatforsking (NIFES) gjer greie for likestillingsarbeidet i årsrapportane.

9 Tryggleik og beredskap

Fiskeri- og kystdepartementet har beredskapsansvar som sektormyndigheit mellom anna knytt til trygg sjømat i primærproduksjonen, fiskehelse, rømming frå havbruksanlegg, hamnetryggleik, sikker sjøtransport og akutt forureining. I dette ansvaret ligg at departementet må gjennomføre beredskapstiltak ved hendingar og truslar på området. Departementet skal heile tida vurdere risiko og sårbarheit i sektoren, og ha eit system som sikrar at beredskapen er dimensjonert ut frå risiko og trusselbilete.

Dei underliggjande verksemdene til departementet er operative einingar som skal sikre at det blir gitt korrekt informasjon, at tiltak blir sette i verk både som ledd i eit langsiktig forbetringsarbeid og som hurtigtiltak ved akutte kriser. Det er også viktig at resultata av slike tiltak blir evaluerte. Dette gjeld alt frå miljøtruslar mot norsk sjømat til oljeverntiltak.

Departementet har eit særskilt ansvar for å få i gang og samordne beredskapen i dei underliggande etatane. I samband med dette er det viktig å få avklart kva system og funksjonar som er sammfunnskritiske, sektorkritiske og eller/etatskritiske slik at tiltaka kan setjast inn meir planmessig og strukturert.

Haldningsskapande arbeid og styrking av medvitet om beredskap er eit viktig, men vanskeleg og langsiktig arbeid. Fiskeri- og kystdepartementet vil samarbeide med dei andre beredskapsdepartementa, særleg Justis- og beredskapsdepartementet og Fornyings- og administrasjonsdepartementet, og følgje opp dette både i eige departement og som eit særleg viktig tema i etatsstyringsdialogen mellom departementet og underliggjande etatar. I tillegg til å tilpasse beredskapsplanane betre til dei aktuelle problema vi står overfor vil det også bli prioritert å ha øvingar slik at krise- og beredskapsmedvitet blir betre hos alle tilsette, og slik at gjennomføringsevna blir betre når det gjeld krisetiltak.

Førebyggjande informasjonstryggleik blir stadig viktigare for samfunnstryggleiken. I tråd med dei nasjonale retningslinjene for informasjonstryggleik av 17. desember 2012, har Fiskeri- og kystdepartementet starta eit arbeid med å implementere eit styringssystem for informasjonstryggleik i eige departement. Styringssystemet skal baserast på godkjente standardar. Det skal ha eit rammeverk som kan etterprøvast, for å styre og heile tida betre departementet sine prosessar for informasjonstryggleik. Fiskeri- og kystdepartementet har, med fagleg støtte frå eksterne konsulentar, undersøkt status for beredskapen i informasjonstryggleik i dei underliggjande etatane. Departementet ønskjer å styrkje informasjonstryggleiken i sektoren, og vil støtte etatane sitt arbeid ved å følgje opp undersøkinga i åra framover.

Departementet har eit særskilt ansvar for å peike ut skjermingsverdige objekt innan sitt ansvarsområde, og det vart i 2012 innmeldt objekt til Nasjonal sikkerheitsmyndigheit. Dei skjermingsverdige objekta vil bli særskilt følgde opp med vurderingar og iverksetjing av relevante tryggingstiltak.

Til forsiden