Prop. 151 S (2012–2013)

Pensjonar frå statskassa

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I samsvar med Grunnlova § 75 bokstav i, legg departementet med dette fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.

I 2012 blei det løyvd kr 19.100.000 på kapittel 611 Pensjoner av statskassen. Det ligg ikkje føre eksakte tal for dei samla utgiftene til pensjon frå statskassa i 2012. Det skuldast at delar av utgiftene er knytte til tillegg i tenestetida til ein ordinær tenestepensjon frå Statens pensjonskasse. Desse utgiftene blir gjennom året mellombels bokførte på kapittel 612 Tilskudd til Statens pensjonskasse. På slutten av året skjer det ei ompostering frå kapittel 612 til kapittel 611 i sakene som gjeld pensjon av statskassa. Statens pensjonskasse har førebels ikkje fått på plass ei tilfredsstillande løysing for slik ompostering i dei nye IKT-systema, men dette vil skje i løpet av året. Ei førebels og forenkla ompostering tilseier at utgiftene til pensjon frå statskassa i 2012 er om lag kr 18.200.000. Departementet vil legge fram nøyaktig tal for dei samla utgiftene til pensjon frå statskassa i 2012 i proposisjonen for 2014.

I statsbudsjettet for 2013 er det løyvt kr 18.800.000 på kapittel 611, post 01, Pensjoner av statskassen.

Til forsida