Prop. 21 S (2009-2010)

Om auka låneramme i Husbanken

Til innholdsfortegnelse

2 Bakgrunn

Låneramma i Husbanken er på 14 mrd. kr i 2009, etter ein auke på 2 mrd. kr i tiltakspakka som regjeringa la fram 26. januar 2009, jf. St.prp. nr. 37 (2008-2009) Om endringer i statsbudsjettet 2009 med tiltak for arbeid. Husbanken har ei viktig rolle i å halde aktiviteten i byggjenæringa oppe. Dette er fleire gonger understreka av byggjenæringa i samband med regjeringa sitt arbeid med tiltakspakka. Husbanken gir lån til barnehagar, startlån til vanskelegstilte på bustadmarknaden, samt grunnlån til oppføring av nye eller utbetring av brukte bustader. Bustader som får grunnlån må ha miljøkvalitetar og/eller vere universelt utforma, vere til sosiale føremål eller sikre bustadbygging i distrikta. Låna i Husbanken er derfor viktige for å sikre ei god bustadfordeling i heile landet og for å fremje kvalitetar som miljø og universell utforming.

I samband med den finanspolitiske tiltakspakka, jf. St.prp. nr. 37 (2008-2009), blei låneramma til Husbanken auka med 2 mrd. kr, frå 12 mrd. kr til 14 mrd. kr. Det var venta ein auke i etterspurnaden etter alle husbanklån i starten av året, då problema i finansmarknaden var størst. Det vart lagt til grunn at denne auken etter kvart ville minke, når dei andre bankane fungerte betre. Låneramma vart derfor ikkje auka i Revidert budsjett 2009. I samband med handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett bad fleirtalet i finanskomiteen regjeringa følgje utviklinga og kome tilbake til Stortinget om naudsynt, jf. Innst. S. nr. 355 (2008-2009).

Til forsiden