Prop. 21 S (2009-2010)

Om auka låneramme i Husbanken

Til innholdsfortegnelse

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Det blir gjort framlegg om at låneramma til Husbanken blir auka med 2 mrd. kr i 2009, frå 14 mrd. kr til 16 mrd. kr, jf. framlegg til romartalsvedtak.

Sidan auken i låneramma vil skje mot slutten av 2009, vil berre ein mindre del av låna kome til utbetaling i år. I utrekninga er det lagt til grunn at 1/24 av auken i låneramma kjem til utbetaling i 2009. Det er på bakgrunn av det behov for å auke løyvinga på kapittel 2412, post 90 Lån til Husbanken med 83 mill. kr i 2009, jf. framlegg i kapittel 5. Auka låneramme i 2009 gir inga endring på kapittel 5312 post 90 Avdrag og kapittel 5615 post 80 Renter i 2009. Det kjem av at sjølv om det blir gitt tilsegn om lån i 2009, vil berre ein mindre del av låna kome til utbetaling i 2009. Det vil derfor ikkje samle seg opp renter og avdrag før i 2010 og seinare år.

I 2010 vil framlegget derimot gjere det naudsynt med auka løyvingar både på kapittel 2412 post 90, kapittel 5312 post 90 og kapittel 5615 post 80. Auken i låneramma vil òg kunne føre til ein auke i tapa i åra framover. Regjeringa vil på ein eigna måte kome tilbake til Stortinget med framlegg om endringar i statsbudsjettet for 2010.

Det blir ingen administrative konsekvensar av auken.

Til forsiden