Prop. 21 S (2009-2010)

Om auka låneramme i Husbanken

Til innholdsfortegnelse

3 Låneverksemda i Husbanken i 2009

Etterspurnaden etter alle husbanklån var som venta stor tidleg i 2009. Det har i løpet av sommaren vist seg at den høge aktiviteten ikkje har minka, og at det framleis er stor etterspurnad etter husbankfinansiering. Kommunane vidareformidlar òg meir startlån enn i tidlegare år.

Kommunane har i 2009 lånt nær 4,1 mrd. kr i startlån av Husbanken, ein auke på om lag 680 mill. kr jamført med 2008. Fleire utbyggjarar enn før har tilpassa seg krava til grunnlån, og har prosjekt med kvalitetar som miljø og universell utforming. I løpet av dei åtte første månadene har Husbanken motteke søknader om grunnlån til oppføring av til saman 6700 bustader, ein auke på 3300 bustader jamført med same periode i 2008. Mange som flytta inn i sjølveigde bustader takka tidlegare nei til husbanklånet som det var gitt tilsegn om, og valde i staden finansiering i ein annan bank. No velgjer langt fleire husbankfinansiering.

Per 15. september 2009 er 87 pst. av låneramma brukt opp. For at Husbanken skal kunne halde aktiviteten oppe på om lag same nivå som hittil i 2009, og ikkje gå tom for utlånsmidlar, gjer regjeringa framlegg om å auke låneramma i Husbanken med 2 mrd. kr i 2009.

Til forsiden