Prop. 25 L (2010–2011)

Endringar i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (heving av inntektsgrensa for rett til fullt bidragsforskott mv.)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i og bakgrunnen for proposisjonen

I proposisjonen her gjer Arbeidsdepartementet framlegg om endringar i ordninga med bidragsforskott med sikte på ei betre ordning for mottakarane med dei lågaste inntektene. Departementet foreslår å heve inntektsgrensa for å ha rett til fullt bidragsforskott, slik at grensa vert den same som grensa for når bidragspliktige vert friteken for å betale bidrag. Dette gir ei heving frå kr. 170 900 til kr. 217 200. Det vert òg gjort framlegg om å oppheve unnataket frå inntektsprøving for barn utan oppgitt far og einslege adoptantar med vidare. Endringa gjer at alle forskottsmottakarar vert inntektsprøvde etter dei same reglane.

Det er i samband med budsjettet for 2011 utarbeidd ei endringspakke med utgangspunktet i evalueringa av bidragsreforma av 2003 i St.meld. nr. 19 (2006–2007). Fleirtalet i Stortinget slutta seg til forslaga frå departementet, jf. Innst. S. nr 185 (2006–2007). Ein del av framlegga, som galdt endringar i barnelova, vart fylgt opp av Barne- og likestillingsdepartementet i Ot.prp. nr. 69 (2007–2008). Endringane tok til å gjelde 1. januar 2009 og inkluderte mellom anna ein auke av samværsfrådraga og oppheving av regelen om tilleggsbidrag når bidragspliktige har svært høg inntekt. Desse endringane var i alt vesentleg til gunst for bidragspliktige.

Endringsforslaga i proposisjonen her gjeld forslaga i stortingsmeldinga til føremon for dei som har den daglege omsorga for barnet, dvs. endringane i ordninga med forskottering av bidrag, som rettar seg direkte mot mottakarane med dei lågaste inntektene og sikrar ei meir rettvis inntektsprøving enn i dag. Ein foreslår at hevinga av grensa for å få maksimalt forskott og gjennomføringa av vanleg inntektsprøving for barn utan oppgitt far mv. tek til å gjelde 1. mai 2011.

Departementet foreslår òg ei heving av inntektsgrensa for fritak for gebyr ved fastsetjing og endring av barnebidrag til det same nivået som grensa for å få maksimalt forskott. Denne endringa vert gjennomført ved endring i forskrift 11. april 2001 nr 1250 om gebyr for offentlig fastsettelse av barnebidrag.