Prop. 33 S (2012–2013)

Endringar i statsbudsjettet 2012 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

1 Innleiing

I denne proposisjonen kjem Olje- og energidepartementet (OED) med framlegg til endringar i statsbudsjettet for 2012 i samsvar med kapittel 2. Departementet gjer greie for bruk av fullmakt under petroleumsverksemda i kapittel 3. Kapittel 4 omhandlar SDØE-deltaking i utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel som tidlegare er behandla av Stortinget. I kapittel 5 er omtalt oppmodingsvedtak om mål for energieffektivisering av bygningar.