Prop. 33 S (2012–2013)

Endringar i statsbudsjettet 2012 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

5 Mål for energieffektivisering i bygningar

5.1 Innleiing

Ved behandlinga av Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk, fatta Stortinget følgjande vedtak:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med et mål for energieffektivisering i bygg i løpet av 2012»

Energibruken til drift av bustader og yrkesbygningar, det vil seie lys, varme og elektrisk utstyr i bygningar utgjer 37 pst. av energibruken innanlands. Energibruken i bustader og fritidshus er åleine rekna til 20 pst. Regjeringa legg med dette fram eit langsiktig mål for bustader og yrkesbygningar og talfester effekten av dei viktigaste tiltaka for å betre energieffektiviteten i bygningar fram til utgangen av 2020.

5.2 Mål for energieffektivisering

Energieffektivitet er eit mål på kor mykje ein energiinnsats gir av komfort eller produksjon. Det blir til dømes meir effektiv energibruk når ein bygning blir etterisolert. Ein stor del av arbeidet med energieffektivisering i bygningar er knytt til oppvarming. Energieffektivisering er eit viktig bidrag til ei sikker energiforsyning og medverkar til å redusere behovet for naturinngrep. Energibruken i bygningar står for ein stor del av den samla energibruken i Noreg, jf. boks 5.1.

Det er mange faktorar som verkar inn på utviklinga i energibruken og dei trekkjer i ulik retning. Dei viktigaste drivkreftene som gir auka energibruk er den demografiske og økonomiske utviklinga. Tilhøve som trekkjer i retning av lågare energibruk og betre energieffektivitet, er den teknologiske utviklinga som gjer at det blir vanleg å ta i bruk meir energieffektive løysingar ved utbetringar og drift av bygningar. Om urbaniseringa held fram, og det blir meir vanlig å bu i fleirbustadhus, vil energibruken bli redusert målt per kvadratmeter. Prisen på energi og avgifter verkar òg inn på utviklinga. Over tid vil energiprisane truleg vere avgjerande for utviklinga i energibruk og energieffektivitet. Energieffektivisering i bygningar trekkjer i retning av å avgrense energibruken.

Regjeringa vil at bygg i framtida skal vere utforma etter beste praksis når det gjeld design, konstruksjon og drift. Regjeringa sitt overordna og langsiktige mål er at nye bygg skal vere berekraftige med eit lågt avtrykk på miljø i heile byggets levetid. Fram mot 2040 vil regjeringa leggje til grunn ei tenking for bygg der materialar, forbruk av energi og vatn, innemiljø, forureining, transport og avfall vert sett i ein heilskapleg samanheng. Regjeringa sin ambisjon er at energibruken i bygg per kvadratmeter skal vere vesentleg lågare i 2040 enn i dag. Det finst fleire ulike studiar som identifiserer eit potensial for energieffektivisering i eit slikt langsiktig perspektiv. Det er likevel knytt stor uvisse til desse. Regjeringa legg til grunn at frå 2010 til 2020 vil dei iverksette verkemidla gje ein effekt på 15 TWh energieffektivisering i bygg. I klimameldinga og i byggemeldinga har regjeringa gjort greie for tiltak som vil gjere dette mogleg. Fleire av desse verkemidla vil ha klart større effekt etter 2020. Dette gjeld mellom anna dei byggtekniske krava.

Boks 5.1 Energibruken i bustader og bygningar

Energibruken til drift av bustader og yrkesbygningar, det vil seie lys, varme og elektrisk utstyr i bygningar, var 83 TWh i 2009. Dette svarar til 37 pst. av energibruken innanlands. Energibruken fordelte seg slik:

  • 46 TWh til bustader og fritidshus

  • 29 TWh til yrkesbygningar innanfor tenesteytande næringar

  • 4 TWh til industribygningar

  • 4 TWh til yrkesbygningar innanfor primærnæringane og anleggssektoren

Tala er noko usikre når det gjeld eksakt kor stort forbruket er.

Av energibruken i bygningar kjem 70 til 80 pst. frå elektrisitet. Grovt rekna kjem resten av energien frå olje (7 pst.), bioenergi (7 pst.) og fjernvarme (4 pst.), i tillegg til varme frå omgivnadene og gass i mindre omfang.

I 2009 stod bustader og fritidshus for om lag 55 pst. av den totale energibruken i bygningar. Energibruken per bustadeining har gått litt ned dei siste åra. Samtidig er det blitt fleire bustader, slik at den totale energibruken i bustader har vore relativt stabil dei siste åra.

5.3 Fram mot 2020

Det blir målt og ført statistikk over den samla energibruken i bygningar. Men det er krevjande å isolere dei ulike årsakene til ei bestemt utvikling, og å måle komfortnivå. Det er derfor krevjande å isolere effekten av energieffektivisering. Det er ei utfordring når ein skal talfeste effekten av energieffektivisering, og seinare kunne vurdere om berekningane stemmer. Ein må nytte ulike indikatorar for å talfeste effekten av energieffektivisering i bygningar og for å etterprøve berekningane.

Det vil vere stor uvisse knytt til talet for energieffektivisering. Det gjeld uavhengig av kva metode ein nyttar.

Regjeringa har ein offensiv politikk for energieffektivisering. Energibruken i bygningar er for ein stor del pålagt avgifter som gjer at prisen på energivarene til sluttbrukarane blir høgare enn produsentprisen. Grunngivinga for dei forskjellige avgiftene er ulik, men verknaden er uansett at lønsemda ved energieffektiviseringstiltak blir betre. I tillegg har regjeringa innført fleire reguleringar og støtteordningar for å oppnå energieffektivisering:

  • Byggteknisk forskrift (TEK) vart skjerpa i 2007 og 2010, og set ambisiøse krav til energieffektivitet i bygningar.

  • Enova og Husbanken er styrkt monaleg, og stimulerer til tiltak utover krava i TEK.

  • Det er sett krav til energieffektivitet for produkt.

Med bakgrunn i desse tiltaka meiner regjeringa det er realistisk å nå 15 TWh energieffektivisering. Verknaden av utviklinga i prisar og avgifter er halden utanom reknestykka som ligg til grunn for målet i 2020.

I tillegg blir det gjort mange energieffektiviseringstiltak som ikkje blir utløyste av standardar og støtteordningar, men som kjem i samband med mindre vedlikehalds- og oppussingsarbeid. Slike energieffektiviseringstiltak kan vere påverka av prisane og avgiftene, informasjon og rådgiving, eller at byggjeskikken og dei tekniske løysingane endrar seg. Regjeringa legg stor vekt på bruk av skattar og avgifter, og informasjon og rådgiving i miljø- og klimapolitikken. NVE har, på usikkert grunnlag, anslått energieffektiviseringa som kjem frå mindre vedlikehalds- og oppussingsarbeid til å vere om lag 3 TWh i perioden 2010-2020.

Det er nytta forskjellige metodar for å vurdere om regjeringa har ein politikk som gjer at 15 TWh energieffektivisering i 2020 er realistisk. Til dømes har departementet fått gjort vurderingar av effekten av byggteknisk forskrift ved å framskrive areal, og effektane av energieffektive produkt er framskrivne ved hjelp av talet produkt og hushald. 15 TWh energieffektivisering i bygningar i 2020 er etter regjeringa si vurdering ambisiøst, men realistisk.

5.3.1 Nærare om byggteknisk forskrift

Fram til 1. juli 2011 kunne tiltakshavar byggje etter føresegnene i byggteknisk forskrift frå 1997 (TEK 97). I 2007 sette regjeringa nye krav til bygg (TEK 07) slik at kravet til energibehov blei skjerpa med lag 25 pst. I 2010 blei det gjort ytterlegare nokre endringar i krav til energieffektivitet (TEK 10). Forbetringane i kvar TEK blir uttrykte som forbetring i intensitet (kWh/m2). For å vurdere den samla effekten av tilstramminga i TEK, har ein brukt ratar for nybygg, riving og rehabilitering. Ratane er i hovudsak henta frå Byggjemeldinga, jf. tabell 5.1.

Tabell 5.1 Ratar for arealframskriving

Bustader

Yrkesbygningar

 

Kjelde

Nybygg

1,3 pst.

1,9 pst.

Bygningsmeldinga

Rehabilitering

1,5 pst.

1,5 pst. (gj.snitt)

Arnstadgruppa, Multiconsult POBY

Riving

0,4 pst.

0,6 pst.

Bygningsmeldinga, bearbeidd

For å finne effektiviseringsvinstane blir det først rekna ut energibruk i bygga i 2020 som om alle nybygga og rehabiliteringane følgde TEK 97. Deretter er det berekna energibruk i 2020 gitt at alle bygga blir bygde etter dei nye forskriftene. Differansen mellom desse to berekningane utgjer energieffektiviseringa. Det er teke omsyn til overgangsvilkår og byggjetid.

Regjeringa har varsla at det vil komme nye tiltak for meir effektive bygningar framover, jf. behandlingsplanen for energieffektivisering i klimameldinga (Meld. St. 21 (2011-2012)):

«Regjeringa vil:
  • Skjerpe energikravene i byggteknisk forskrift til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020. Regjeringen vil senere fastsette bestemmelser som definerer passivhusnivå og nesten nullenerginivå. Beslutning om kravnivå gjøres på bakgrunn av utredninger av samfunnsøkonomiske og helsemessige konsekvenser og kompetansen i byggenæringen.

  • Innføre komponentkrav for eksisterende bygg og klargjøre for hvilke byggearbeider og komponenter disse kravene skal gjelde, blant annet ut fra en vurdering av energieffekter og kostnader.(…)»

På lang sikt vil dei nye krava ha vesentleg verknad på energibruken per kvadratmeter i bygg. Berre ein liten del av bygningsmassen blir skifta ut eller rehabilitert kvart år. Innføring av nye krav i 2015 vil derfor ha liten effekt i sparte TWh i 2020. Innan 2040 vil derimot ein vesentleg del av bygga vere ført opp eller rehabilitert etter passivhus eller nesten nullenerginivå.

Det ligg til grunn i utrekningane over at nye bygg som står ferdige eller er omfattande rehabilitert etter 2012 følgjer TEK 10. Regjeringa vil berekne effekten av dei nye krava etter at dei er fastsett.

5.3.2 Nærare om krav til produkt

Energikrava til produkt er sett i EUs direktiv 2009/125/EC, Økodesigndirektivet. Det er eit rammedirektiv, og EU kjem med særskilte forordningar for kvart produkt. Regjeringa har gjennomført Økodesigndirektivet. Fram til no er det krav til kjøleskap, fryseskap, fryseboks, kombiskap, komfyr, vaskemaskin, tørketrommel, oppvaskmaskin, TV, belysning, pc, spillkonsollar, standby og diverse småelektriske apparat.

I berekningane er det teke utgangspunkt i energibruk i produkt i 2010 og venta energibruk i produkt i 2020, med og utan effektivisering av produkta. Effektiviseringa svarer til differansen mellom dei to utrekningane for 2020. For næringsbygningar er det berre talgrunnlag for å berekne energieffektivisering frå krav til lys.

5.3.3 Nærare om Enova SF og Husbanken

I 2007 oppretta regjeringa Grunnfondet for fornybar energi og energieffektivisering. Fondet har i dag ein samla kapital på 25 mrd. kroner, noko som gir ein avkastning til Energifondet på om lag 996 mill. kroner per år. Regjeringa har no endra namnet på fondet til Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging, slik det vart lagt opp til i Klimameldinga. Det er lagt opp til å styrkje fondet med 25 mrd. kroner fram mot 2016. Samstundes er det frigjort midlar frå Energifondet etter at Enova avvikla støtteordninga til vindkrafta i samband med innføringa av elsertifikatordninga. I juni 2012 underteikna departementet og Enova ei ny avtale som inneber at satsinga på mellom anna energieffektivisering i bygningar blir stor i åra framover. Enova har ei rekkje program som skal medverke til energieffektivisering i bygningar. Programma er retta mot nye og eksisterande yrkesbygningar og bustader. Størstedelen av tilskota er retta mot eksisterande bygningar.

Husbanken tilbyr lån mellom anna for å medverke til å fremje viktige bustadkvalitetar innanfor energi og miljø. Ved tildeling av grunnlån til oppføring og utbetring av bustader blir det sett energikrav som er strengare enn vilkåra i byggteknisk forskrift.

Resultata for energieffektiviseringa frå støtteordningane og grunnlåna er berekna som differansen mellom det energibehovet bygningane ville ha fått om dei hadde følgt vilkåra i TEK 10 og energibehovet etter den høgare standarden som blir kravd for å få støtte eller grunnlån.

5.4 Kostnadseffektiviteten i verkemidla

Om ein nyttar eit kostnadseffektivt verkemiddel, oppnår ein eit gitt formål til lågast mogleg kostnader for samfunnet. Regjeringa ser på energieffektivisering som eit element i arbeidet med energiomlegging, der både val av oppvarmingsløysingar og effektiv energibruk er viktige element.

Om ein skal rangere dei ulike verkemidla innbyrdes, vil avgiftene vere dei mest kostnadseffektive. Støtteordningar og standardar gir avgrensa rom for individuelle tilpassingar og blir rekna for å vere mindre kostnadseffektive verkemiddel.