Forsida

Prop. 44 S (2010–2011)

Samtykke til å setje i kraft ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Republikken Marshalløyene om opplysningar i skattesaker underskriven i Singapore 28. september 2010

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Den 28. september 2010 blei ein overeinskomst mellom Kongeriket Noreg og Republikken Marshalløyene om opplysningar i skattesaker underskriven i Singapore. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg resolusjon av 3. september 2010. Overenskomsten ble på vegne av Noreg underskriven av ambassadør Janne Julsrud og på vegne av Republikken Marshalløyene avfinansminister Jack Ading. Overeinskomsten vil tre i kraft 30 dager etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Avtala får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter 1. januar i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala trer i kraft.