Del 2
Budsjettforslag
6 Arbeids- og inkluderingsdepartementets budsjettforslag for 2026
Desse måla er fastsette for ansvarsområdet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet:
-
Ein velfungerande arbeidsmarknad med god utnytting av arbeidskrafta
-
Eit sikkert og seriøst arbeidsliv
-
Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet
-
God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden
-
Fleire unge skal få moglegheiter til å delta i arbeidslivet
-
God integrering av innvandrarar i arbeid og samfunn
-
Inntektssikringsordningar som gir økonomisk tryggleik og samtidig stimulerer til arbeid
-
Gode og føreseielege pensjonar for dagens og framtidige generasjonar
-
Inkludering i samfunnet og gode levekår for dei mest vanskelegstilte
Høg sysselsetting er avgjerande for å sikre eit berekraftig velferdssamfunn. Ein stor arbeidsstyrke med relevant kompetanse er den viktigaste ressursen vi har, og vi må forvalte han godt. Faste heile stillingar skal vere hovudregelen i norsk arbeidsliv. Det gir god utnytting av arbeidskrafta og gjer arbeidslivet tryggare og meir føreseieleg for kvar enkelt. Samtidig er det viktig å legge til rette for fleksibilitet i arbeidslivet og gi tilpassingar til dei som treng det, bl.a. gjennom deltidsstillingar for personar med nedsett arbeidsevne.
Eit sikkert og seriøst arbeidsliv med arbeidsplassar der gode arbeidsforhold er ivaretatt, kan bidra til auka inkludering og redusert sjukefråvær og motverke for tidleg fråfall frå arbeidslivet. Høgt sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet har betydelege konsekvensar både for kvar enkelt og for samfunnet. God oppfølging av sjukmelde, særleg ved lengre sjukefråvær, er òg viktig for å motverke varig fråfall frå arbeidslivet og fleire på uføretrygd. Noreg treng fleire i jobb i åra som kjem. I Meld. St. 31 (2023–2024) Perspektivmeldingen 2024 har regjeringa sett eit mål om at sysselsettingandelen skal vere på 82 pst. av befolkninga i aldersgruppa 20–64 år innan 2030. Innan 2035 skal sysselsettinga auke til 83 pst. for same aldersgruppe.
Ei av hovudproriteringane til regjeringa er å styrke innsatsen retta mot unge. Regjeringa har derfor lansert ungdomsløftet, som inneber at regjeringa, partane i arbeidslivet, fleire store verksemder og brukarorganisasjonar har signert ein avtale som forpliktar dei til å samarbeide om å få fleire unge i jobb. Målet er å gi unge betre moglegheiter i arbeidslivet og styrke tilgangen på arbeidskraft for arbeidsgivarar.
Mange av dei som står utanfor arbeidslivet, har behov for samordna bistand og oppfølging frå arbeids- og velferdsforvaltninga og helsetenestene. Dei treng òg tilgang til eit tilpassa opplæringstilbod for å skaffe seg den kompetansen som arbeidsmarknaden etterspør. Hjelpemiddel frå folketrygda, saman med andre tilretteleggingsfunksjonar i skole, arbeidsliv og kvardagsliv, skal bidra til at personar med nedsett funksjonsevne kan delta i arbeidsliv og samfunn på lik linje med andre. Arbeidsmarknadstiltak skal styrke moglegheitene for at fleire kjem i jobb.
Mange innvandrarar har ikkje tilstrekkelege norskferdigheiter til å kunne delta i arbeid, utdanning og samfunnet elles. God integrering, bl.a. gjennom eit målretta og fleksibelt opplæringstilbod, og at nykomne flyktningar blir busette i kommunar med relevante tilbod om kvalifisering, utdanning og arbeid, vil bidra til at fleire innvandrarar får stabil tilknyting til arbeidslivet.
Inntektssikringsordningar gir økonomisk tryggleik til personar som midlertidig eller varig ikkje kan delta i arbeidslivet, og bidrar til utjamning av inntekt og levekår. Denne tryggleiken legg til rette for at personar kan delta i samfunnet sjølv om dei ikkje er i stand til å delta i arbeidslivet. Inntektssikringsordningane, og særleg dagpengeordninga, dempar dei konjunkturelle svingingane i økonomien ved at dei som blir arbeidsledige eller midlertidig står utanfor arbeidslivet, held ved lag mykje av kjøpekrafta si gjennom auka statlege overføringar. Tilsvarande blir dei statlege overføringane reduserte når fleire kjem i arbeid. Dette blir gjerne omtalt som automatiske stabilisatorar i den økonomiske politikken. Samtidig må ordningane støtte opp om arbeidslinja ved at det skal lønne seg å jobbe. Det er avgjerande for høg sysselsetting. Inntektssikring gjennom folketrygda er òg viktig for evna og viljen til å ta risiko og støttar opp om omstillingsevna i arbeidslivet.
Pensjonsreforma skal bidra til at dagens og framtidige generasjonar får gode og føreseielege pensjonar. Etter kvart som andelen eldre i befolkninga aukar, blir yrkesaktiviteten blant eldre stadig viktigare. Fleksibilitet og betre insentiv i pensjonssystemet skal stimulere eldre til å stå lenger i arbeid og gjer at vi kan forvente meir tilgjengeleg arbeidskraft frå eldre arbeidstakarar i tida framover.
Trass i universelle velferdsordningar og ein godt utbygd velferdsstat kan enkeltpersonar og familiar oppleve fattigdom og låginntekt. Det største skiljet i levekår går mellom dei som er i arbeid, og dei som står utanfor. Å delta i arbeidslivet er viktig for sosial tilhøyrsel og fellesskap i tillegg til at det gir kvar enkelt eit sjølvstendig økonomisk livsgrunnlag. Det sosiale sikkerheitsnettet skal bidra til at alle kan delta på ulike samfunnsarenaer, og motverke at personar fell utanfor sosiale fellesskap på grunn av låg inntekt og dårlege levekår.
6.1 Ein velfungerande arbeidsmarknad med god utnytting av arbeidskrafta
Høg yrkesdeltaking og ein velfungerande arbeidsmarknad er ein føresetnad for høg verdiskaping og for å sikre eit berekraftig velferdssamfunn. For at vi skal kunne løyse oppgåvene som ligg framfor oss og trygge velferda, er det avgjerande at flest mogleg deltar i arbeidslivet.
Regjeringa sine ambisjonar for arbeidsmarknadspolitikken går fram av Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje. Regjeringa vil føre ein aktiv politikk for å få fleire i arbeid og færre på trygd. Arbeidsmarknadspolitikken skal gi høg deltaking i arbeidslivet og legge til rette for at verksemder får tak i den arbeidskrafta dei treng. Han skal motverke uønskt avgang frå arbeidslivet og støtte opp om at folk blir verande i jobb. Regjeringa vil mobilisere, motivere og kvalifisere fleire av dei som i dag står utan arbeid og styrke moglegheitene deira til å komme i jobb. Å redusere hinder og barrierar for arbeidsgivarar som treng folk til verksemda si, og støtte opp om moglegheitene deira til å inkludere og kvalifisere personar med den arbeidsevna dei har, er viktig for regjeringa.
Omtalen av dette målet må òg sjåast i samanheng med punkt 6.4 God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden og 6.5 Fleire unge skal få moglegheiter til å delta i arbeidslivet.
6.1.1 Formidling og arbeidsmarknadstiltak
Ein velfungerande arbeidsmarknad krev at arbeidsgivarar som har behov for arbeidskraft, og arbeidssøkarar som har relevant kompetanse, kan finne kvarandre raskt. Det føreset informasjon om både jobbmoglegheiter og aktuelle søkarar og effektive møteplassar. Arbeids- og velferdsetaten har ei viktig rolle i å gi mest mogleg fullstendig informasjon om stillingsmarknaden. Etaten har òg ei viktig rolle i å tilby individuelt tilpassa formidlingsbistand til dei som ikkje kjem i jobb på eiga hand, og rekrutteringsbistand til arbeidsgivarar som ønsker å tilsette personar med bistandsbehov.
Rekruttering og formidling av arbeidskraft frå og til EØS-området skjer bl.a. gjennom samarbeidet mellom arbeidsmarknadsmyndigheitene i EØS-landa og Sveits i EURES-nettverket (European Employment Services), sjå òg punkt 6.1.3 Arbeidsinnvandring.
Arbeidsmarknadstiltaka er sentrale for å få fleire i arbeid. Tiltaka skal betre arbeidsevna til kvar enkelt og styrke moglegheitene i arbeidsmarknaden for personar som står utanfor. Tiltaka skal òg senke terskelen for å komme inn i arbeidslivet og legge til rette for at arbeidsgivarane kan inkludere fleire i verksemda. Målet er å forhindre at personar fell ut av arbeidslivet og blir ståande varig utanfor.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til arbeidsmarknadstiltak, inkludert personellressursar i etaten, med 135 mill. kroner i 2026. Det kan bidra til at fleire som står utanfor får tilbod om kvalifisering og bistand til å komme i jobb.
Arbeids- og velferdsetaten skal nytte tiltaksløyvinga best mogleg ut frå situasjonen i arbeidsmarknaden og behova til kvar enkelt. I Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje varsla regjeringa at løyvinga til arbeidsmarknadstiltak skal variere mindre med konjunkturane enn tidlegare. Forsking tyder på at arbeidsmarknadstiltaka har betre effekt når etterspørselen etter arbeidskraft er høg.1 Fire av fem deltakarar i arbeidsmarknadstiltak har nedsett arbeidsevne, og talet på personar i denne gruppa varierer mindre gjennom konjunkturane enn talet på registrerte ledige. Det er potensial for at fleire kan komme i arbeid, men mange treng arbeidsretta bistand for å komme dit.
Når løyvinga varierer mindre med konjunkturane vil det gi meir føreseielege rammar for Arbeids- og velferdsetaten når tiltaka skal gjennomførast. Det legg til rette for meir målretta og stabil bruk av arbeidsmarknadstiltak, noko som er eit sentralt mål i Meld. St. 33 (2023–2024). Det er samtidig ein føresetnad at Arbeids- og velferdsetaten har god oversikt over tiltaksbruken.
Nokre grupper kan vere særleg utsette i arbeidsmarknaden, som unge, langtidsledig, og innvandrarar frå land utanfor EØS-området. Unge som har falle utanfor arbeid og utdanning, er særleg viktig å fange opp tidleg, slik at dei får nødvendig bistand til å fullføre utdanning og komme i jobb. Unge kan ha eit langt arbeidsliv framfor seg. Å stå lenge utanfor arbeidslivet kan redusere sjansen for å komme tilbake i jobb. Motivasjonen for å søke jobb kan bli svekt, i tillegg til at den enkelte ikkje held ved like ferdigheiter og går glipp av kompetansehevinga som skjer gjennom arbeid.
Sjå omtale av arbeidet regjeringa gjer for unge under punkt 6.5 Fleire unge skal få moglegheiter til å delta i arbeidslivet.
6.1.2 Dagpengeordninga
Dagpengeregelverket skal saman med permitteringsordninga støtte opp under arbeidslinja og omstillingar.
Dagpengeordninga skal sikre delvis kompensasjon for bortfall av arbeidsinntekt ved arbeidsløyse i ein avgrensa periode. Dagpengane blir berekna på grunnlag av tidlegare arbeidsinntekt. Det gir insentiv til å opparbeide seg rettar til dagpengar gjennom arbeid. Samtidig er ordninga utforma med sikte på å motivere til aktiv jobbsøking, bl.a. gjennom aktivitetskrav, mobilitetskrav og sanksjonar. Det skal bidra til rask overgang til arbeid og god tilgang på arbeidskraft for verksemder som treng det. Derfor må dagpengemottakarar vere villige til å flytte for å få arbeid eller til å skifte yrke. Mobilitetskrava i regelverket understrekar at dei som får dagpengar, skal vere reelle arbeidssøkarar.
Sjå programkategori 33.30 Arbeidsliv for nærmare omtale av dagpengeordninga og permitteringsregelverket.
6.1.3 Arbeidsinnvandring
Når etterspørselen etter arbeidskraft ikkje kan dekkast innanlands, kan arbeidsgivarar rekruttere frå utlandet. Noreg har vore del av ein felles nordisk arbeidsmarknad sidan 1954, og gjennom EØS-avtalen og EFTA-konvensjonen er Noreg med i den felles europeiske arbeidsmarknaden. I tillegg er det mogleg å rekruttere arbeidskraft frå land utanfor EØS-området.
Arbeids- og velferdsetaten samarbeider med andre arbeidsmarknadsmyndigheiter i EØS-landa og Sveits gjennom EURES-nettverket (European Employment Services) for å hjelpe arbeidsgivarar som har behov for å rekruttere arbeidskraft frå EØS-området, og for å hjelpe personar som ønsker å søke jobb i andre EØS-land. EURES-samarbeidet er vidareført i Det europeiske arbeidsmarknadsbyrået (European Labour Authority, ELA).
Rekruttering av arbeidskraft frå land utanfor EØS omfattar i hovudsak faglærte arbeidstakarar, utsende tenesteytarar og sesongarbeidarar. Desse må ha opphaldsløyve for å kunne arbeide i Noreg. Faglærte må oppfylle ei rekke vilkår for å få eit slikt løyve. For å sikre rask rekruttering av fagkompetanse kan Utlendingsdirektoratet (UDI) innvilge opphaldsløyve etter ein forenkla prosedyre, utan krav til vurdering av om stillinga kan fyllast av arbeidskraft i Noreg eller frå EØS. Ein kvote for faglærte blei innført i 2002 og har fungert som eit tak for kor mange løyve som kan innvilgast årleg etter ein forenkla prosedyre. Når kvoten er fylt, kan opphaldsløyve berre innvilgast etter ei individuell arbeidsmarknadsvurdering som viser at den aktuelle stillinga ikkje kan fyllast av innanlandsk arbeidskraft. Faglærtkvoten blei auka frå 5 000 til 6 000 løyve i 2022 på grunn av større rekruttering frå tredjeland, bl.a. som følge av at britiske borgarar no fell inn under tredjelandsregelverket. Søknader om opphaldsløyve på grunn av arbeid er prioriterte i saksbehandlinga hos UDI.
Arbeidstakarar som ikkje oppfyller vilkåra for opphaldsløyve som faglært, kan få midlertidig opphaldsløyve for arbeid innanfor sesongbasert verksemd. Sesongløyvet kan gjelde for inntil seks månader. For sesongbasert verksemd i jordbruk og skogbruk har det vore ein fastsett årleg kvote på 3 000 fram til inneverande år. I 2025 auka Arbeids- og velferdsetaten kvoten til 3 500. Dersom kvoten er fylt eller søknaden gjeld arbeid innanfor andre sesongbaserte verksemder, kan søkaren få løyve dersom stillinga ikkje kan fyllast av arbeidskraft frå Noreg eller EØS-/EFTA-området.
Tal frå UDI viser at det blei innvilga nesten 3 900 opphaldsløyve til faglærte i 2024. Det var en betydeleg nedgang frå året før og godt under den fastsette kvoten. Fram til juli i år har UDI innvilga 2 300 opphaldsløyve, om lag like mange som i same perioden i fjor. Kvoten for sesongbasert verksemd i jordbruk og skogbruk blei fylt i 2024, og det er gitt 3 100 sesongløyve fram til juli i år.
Ein stor andel av arbeidsinnvandrarane har integreringsutfordringar. Trass i høg deltaking i arbeidslivet har mange arbeidsinnvandrarar mangelfulle norskferdigheiter, dei deltar lite i frivilligheit og politikk og dei føler liten tilhøyrsel til det norske samfunnet. Sjå nærmare omtale under punkt 6.5.2 Innvandrarar kjem i jobb og får ei stabil tilknyting til arbeidslivet.
6.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv
Den norske arbeidslivsmodellen bygger på høg organisasjonsgrad for arbeidstakarar og arbeidsgivarar, partssamarbeid, medverknad og medråderett på arbeidsplassane. Regjeringa vil jobbe i nært samarbeid med partane for å sikre eit seriøst og organisert arbeidsliv med høg grad av tariffdekning.
Arbeidsforholda i Noreg er i hovudsak bra, men på fleire område er det framleis utfordringar. Det seriøse arbeidslivet blir bl.a. utfordra av låg organisasjonsgrad, useriøse aktørar, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet i delar av fleire utsette bransjar. Det finnast også høve på at aukinga av arbeidarar innafor plattformselskap i nokre tilfelle bidreg til denne utviklinga. I Hurdalsplattforma viser regjeringa til behovet for å styrke rettane til arbeidstakarane bl.a. gjennom å sikre faste, heile stillingar med norske lønns- og arbeidsvilkår og at hovudregelen er fast tilsetting direkte i den verksemda der arbeidet blir utført. Innsatsen for eit seriøst arbeidsliv er også styrkt bl.a. gjennom handlingsplanar og påfølgande tiltak mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Regjeringa la fram ein ny handlingsplan i august 2025.
Eit sikkert og seriøst arbeidsliv er viktig for å verne arbeidstakarar mot helseskade og utnytting. Tydelege rammevilkår for arbeidslivet, med vekt på sikre og seriøse arbeidsforhold, legg også forholda betre til rette for dei seriøse verksemdene. Kvar verksemd må ta ansvar for seriøse arbeidsforhold og førebyggande arbeidsmiljøarbeid på dei lokale arbeidsplassane, og myndigheitene vil legge til rette gjennom nødvendige regelverksendringar, tilsyn og rettleiing.
Arbeidsplassar der gode arbeidsforhold er sikra, bidrar i tillegg til auka inkludering og redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet. Ei satsing på førebyggande arbeidsmiljøarbeid er derfor ein viktig del av IA-avtalen. Sjå nærmare omtale under punkt 6.3 Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.
Regjeringa styrker innsatsen retta mot utsette bransjar, useriøsitet, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet ytterlegare gjennom å auke løyvinga til Arbeidstilsynet med 10 mill. kroner. I tillegg foreslår regjeringa å auke tilskotet til Fair Play Bygg Norge slik at det totalt blir på 6 mill. kroner i 2026.
Sentrale utviklingstrekk på området er nærmare omtalte i del I, punkt 3.4 Arbeidsmiljøtilstanden og punkt 3.2 Situasjonen i arbeidsmarknaden.
6.2.1 Trygge rammer og eit organisert arbeidsliv
Tilknytingsformer
Regjeringa legg vekt på at heile og faste stillingar direkte i den verksemda der arbeidet blir utført, skal vere hovudregelen i norsk arbeidsliv. Faste tilsettingar og eit organisert arbeidsliv er viktige element i den norske arbeidslivsmodellen.
I førre stortingsperiode blei det gjennomført fleire endringar i regelverket for å styrke hovudregelen om faste og direkte tilsettingar og motverke usikre arbeidsforhold. Det generelle høvet til midlertidig tilsetting er fjerna. Arbeidstakaromgrepet i arbeidsmiljølova er gjort tydelegare, slik at grensa mot sjølvstendige oppdragstakarar blir klarare. Ansvaret for enkelte arbeidsgivarfunksjonar er no gjort gjeldande for alle føretak som er ein del av eit konsern. Dette gir arbeidstakarane fleire rettar og betre vern ved omstruktureringar av verksemda. Reglane om samarbeid i verksemdene og medverknad for arbeidstakarar er styrkte gjennom krav om at fleire verksemder må ha verneombod og arbeidsmiljøutval. Lovendringar har presisert arbeidstakarane sin rett til tydelege og føreseielege arbeidsvilkår, bl.a. ved fleire og styrkte krav i arbeidsmiljølova til informasjon i den skriftlege arbeidsavtalen og kortare fristar for å utarbeide avtale og ta inn endringar. Regelverket for innleige frå bemanningsføretak er stramma inn, og retten for fagforeiningar til å gå til søksmål ved ulovleg innleige er innført igjen. Innleige skal ikkje nyttast på ein måte som gjer at det fortrenger faste stillingar i verksemdene. Det er framleis høve til innleige frå bemanningsføretak til vikariat og på visse vilkår kan det gjerast avtale med tillitsvalde om tidsavgrensa innleige. Dessutan kan verksemdene leige arbeidskraft seg imellom.
Utviklinga i bruken av innleige og andre alternative tilknytingsformer blir følgd gjennom fleire kartleggingsprosjekt og utvida statistikk. Departementet samarbeider med partane i arbeidslivet om gjennomføringa av desse tiltaka. Den første delrapporten frå følgeevalueringa viser at det etter regelendringane har vore ein auke i talet på personar som har gått frå jobb i bemanningsføretak til faste stillingar i verksemder i byggenæringa, der bruken av innleige tidlegare var særleg omfattande.
Ved innføringa av det nye regelverket blei det gjort enkelte unntak, bl.a. eit avgrensa unntak for innleige av helsepersonell. Dette unntaket er grunngitt i ansvaret staten og kommunane har for å sikre lovpålagde plikter om forsvarleg drift av tenestene. Også i helse- og omsorgstenestene er målet å legge til rette for mest mogleg bruk av faste og direkte tilsettingar. Det blir sett inn ei rekke tiltak for å organisere tenestene meir effektivt og redusere deltidsarbeid og sjukefråvær i sektoren, noko som er med på å redusere behovet for å bruke innleige av helsepersonell. Bruken av innleige har også gått noko ned det siste året. Departementet har saman med Helse- og omsorgsdepartementet vurdert at omsynet til forsvarleg drift gjer det nødvendig å vidareføre det gjeldande unntaket, samtidig som innsatsen for å redusere bruken av innleige i sektoren blir forsterka.
Regjeringa vil styrke rettigheitene for dei som utførar arbeid som formidlast gjennom digitale plattformar, eller som på anna vis har ein arbeidskvardag som styrast gjennom bruk av algoritmar. Arbeidsgivarar skal ikkje kunne organisere seg bort frå sitt ansvar, og rettigheiter for arbeidstakarar skal ikkje kunne definerast bort ved å rekne dei som sjølvstendige oppdragstakarar.
For å imøtekome innspel frå frivillig sektor har Arbeidstilsynet oppdatert informasjonen på nettsidene sine for å tydeleggjere skiljet mellom arbeidstakar og oppdragstakar, og for å få fram kva vurderingsmoment som er avgjerande.
For nærmare omtale av utfordringane knytte til ulike tilknytingsformer viser vi til del I, punkt 3.2 Situasjonen i arbeidsmarknaden.
Heiltid/deltid
Faste og heile stillingar skal vere hovudregelen i norsk arbeidsliv. Heiltid er viktig både i eit likestillingsperspektiv og i eit samfunnsøkonomisk perspektiv, for å utnytte arbeidskraftpotensialet best mogleg. I tillegg er det viktig for den enkelte arbeidstakaren.
Det trengst meir kunnskap som kan bidra til å redusere bruken av deltid og til å auke heiltidsandelen. For å endre dagens praksis bør kunnskapen omfatte konkrete forsøk som verksemdene sjølve ønsker, og som partane trur vil verke. Heiltidspotten er ei treårig satsing for perioden 2023–2025. 22 verksemder innanfor både privat og offentleg sektor har fått midlar til å gjennomføre forsøk for å redusere bruken av deltid og auke bruken av heiltid. Det gjennomførast følgeforsking av Heiltidspotten og ein sluttrapport er venta i 2026.
Organisert arbeidsliv
Høg organisasjonsgrad og tariffavtaledekning og sterke fagorganisasjonar er kjernen i den norske arbeidslivsmodellen og bidrar til å redusere risikoen for eit todelt arbeidsliv. Organisasjonsgraden for arbeidstakarar har lege stabilt på om lag 50 pst. dei siste åra, men gjekk opp frå 50,5 pst. i 2023 til 52 pst. i 2024. Det er høgt i internasjonal samanheng. Organisasjonsgraden er høgast i offentleg sektor, med om lag 80 pst., og under 40 pst. i privat sektor. Samtidig er det utviklingstrekk som kan gjere det utfordrande å halde ved lag og styrke organisasjonsgradane i arbeidslivet.
Andelen lønnstakarar som jobbar i ei verksemd som er medlem av ei arbeidsgivarforeining, har auka dei siste ti åra. Med utgangspunkt i registertal og opplysningar om AFP-tilknyting er det anslått at om lag 47 pst. av lønnstakarane i privat sektor er tilsette i ei verksemd med tariffavtale. Andre berekningar ligg noko høgare.2 I offentleg sektor har alle verksemder tariffavtale.
Regjeringa vil føre ein politikk som stimulerer til høgare organisasjonsgrad blant både arbeidstakarar og arbeidsgivarar. Bl.a. vil det bidra til å styrke betydninga til organisasjonane at verksemder som er bundne av ein landsomfattande tariffavtale med ei fagforeining med innstillingsrett, kan inngå avtalar om bl.a. arbeidstidsordningar og bruk av innleige. Regjeringa vil i samarbeid med organisasjonane i arbeidslivet jobbe for å styrke informasjonen om rolla til fagforeiningane og trepartssamarbeidet. Departementet har sidan 2022 arrangert eit årleg seminar om korleis organisasjonsgradane i arbeidslivet kan styrkast. I tillegg blir det gjennomført forskingsprosjekt som skal gi oppdatert kunnskap om det organiserte arbeidslivet.
Organisasjonsgradane aukar
|
Organisasjonsgraden blant arbeidstakarar |
Organisasjonsgraden blant arbeidsgivarar |
|
|---|---|---|
|
2005 |
51,0 |
56 |
|
2010 |
50,5 |
55 |
|
2015 |
49,9 |
61 |
|
2020 |
51,1 |
68 |
|
2021 |
50,1 |
73 |
|
2022 |
49,9 |
70 |
|
2023 |
50,5 |
72 |
|
2024 |
52,1 |
75 |
6.2.2 Førebyggande arbeidsmiljøarbeid
Eit arbeidsmiljø som førebygger skade og sjukdom og fremmar jobbmotivasjon og trivsel, er avgjerande både for at den enkelte skal ha eit godt liv, og for at arbeidslivet skal vere produktivt og inkluderande.
Dei fleste i Noreg har gode og forsvarlege arbeidsforhold, men i fleire yrker og næringar er det framleis utfordringar. Det er også godt dokumentert at det er årsakssamanhengar mellom arbeidsmiljøeksponeringar og redusert helse, redusert jobbengasjement og sjukefråvær hos arbeidstakarar. Arbeidsplassar med gode arbeidsforhold, kan bl.a. bidra til betre arbeidshelse, høgare sikkerheit for arbeidstakarane, betre inkludering og redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.
Nasjonale overvakingsdata og forsking viser at det framleis finst eit betydeleg potensial for å redusere førekomsten av helsebelastningar blant yrkesbefolkninga gjennom å sette i verk tiltak på arbeidsplassen. Sjå nærmare om utfordringsbildet i del I, punkt 3.4 Arbeidsmiljøtilstanden.
Verksemdene er ansvarlege for at arbeidsmiljøet er fullt forsvarleg, og for at førebyggande arbeidsmiljøarbeid blir gjennomført. For å redusere negative arbeidsmiljøforhold og utvikle trygge og helsefremmande arbeidsplassar må verksemdene kartlegge risikoar og sette i verk tiltak ut frå risikoforholda. Det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet må vidare gjennomførast med omfattande arbeidstakarmedverknad og inngå i drifta til verksemda.
Arbeidstilsynet gjennomførte i 2023 ei undersøking av systematisk HMS-arbeid i norske verksemder. Resultata viser at verksemdene, ved å jobbe med risikovurdering og risikoreduserande tiltak, har eit betydeleg potensial for å førebygge arbeidsrelaterte skadar, sjukdommar og plager betre.
Myndigheitene legg til rette ved å gi rammer i lovverk og sørge for at det blir drive eit kunnskapsbasert arbeid med tilsyn og rettleiing, og dessutan at det kontinuerleg blir bygd opp ny kunnskap. Regjeringa vektlegg samarbeid med partane i arbeidslivet som ein vesentleg suksessfaktor.
Det førebyggande arbeidsmiljøarbeidet er heilt sentralt i innsatsen for å redusere sjukefråvær og førebygge fråfall frå arbeidslivet og er derfor eit av innsatsområda i Avtale om redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet (IA-avtalen) 2025–2028. Gjennom eit av verkemidla i IA-avtalen, Arbeidsmiljøsatsinga, bidrar Arbeidstilsynet, STAMI, Arbeids- og velferdsetaten og Havindustritilsynet til å utvikle kunnskap, kompetanse og verktøy om førebyggande arbeidsmiljøarbeid til verksemdene. Det finst også bransjeprogram i ulike bransjar som hovudorganisasjonane i arbeidslivet leier. Talet på bransjar er utvida frå sju til elleve i 2025. Sjå nærmare omtale av IA-avtalen under punkt 6.3 Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.
Utval om kvinners arbeidshelse
Regjeringa fekk rapporten frå Kvinnearbeidshelseutvalget, NOU 2025: 5 Kvinners arbeidshelse – Kunnskap og tiltak, den 1. april 2025. Rapporten viser at det høgaste sjukefråværet i Noreg finst blant kvinner i kvinnedominerte næringar og yrke. Kvinner rapporterer også meir arbeidsrelatert fråvær enn menn. Muskel- og skjelettdiagnosar og psykiske diagnosar er dei klart mest brukte diagnosane i sjukemeldingane til kvinner. Fråfallet frå arbeidslivet med uføretrygd er òg høgare enn gjennomsnittet i fleire kvinnedominerte næringar.
Figur 6.1 viser korleis arbeidsrelaterte helseplager samla sett er meir utbreidde blant kvinner enn menn, og korleis forskjellen er mellom kjønna for dei ulike helseplagene.
Figur 6.1 Prosentdel kvinner og menn som oppgir arbeidsrelaterte helseplager, sjukefråvær og arbeidskader, og relativ forskjell mellom kjønna
Kjelde: Faktabok om arbeidsmiljø og -helse (2024). STAMI-rapport, årgang 25, nr.7, Oslo: Statens arbeidsmiljøinstitutt (SSB/LKU-A)
Utvalet peiker på at det største potensialet for å auke kvinners deltaking og tilknyting til arbeidslivet ligg i å styrkje og målrette det systematiske og kunnskapsbaserte førebyggjande arbeidsmiljøarbeidet i næringar der sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet er høgt, og der talet på sysselsette kvinner er høgt. Samtidig peika utvalet på behovet for meir kunnskap om kvinners arbeidshelse. Regjeringa har sendt rapporten på brei høyring med høyringsfrist 1. oktober 2025.
Tydelegare krav til det psykososiale arbeidsmiljøet
Stortinget har etter forslag frå regjeringa vedtatt endringar i reglane i arbeidsmiljølova om krav til det psykososiale arbeidsmiljøet. Det å fremme eit godt psykososialt arbeidsmiljø er ein viktig del av arbeidet med å førebygge sjukdom og skape trivsel og produktivitet i alle næringar. Norske arbeidstakarar skårar høgt på positive aspekt ved det psykososiale arbeidsmiljøet, som moglegheita til å påverke eige arbeid, anerkjenning og utviklingsmoglegheiter. I levekårsundersøkingane rapporterer samtidig ein betydeleg andel arbeidstakarar om eit belastande psykososialt arbeidsmiljø, kjenneteikna av f.eks. tidspress og stor arbeidsmengde, uklare krav og forventningar, og høge emosjonelle krav og belastningar i arbeid med menneske. Andelen er spesielt stor i enkelte næringsgrupper, bl.a. innan helse- og omsorg.
Med endringane vil lovføresegna for det første vise tydeleg at det generelle kravet om full forsvarlegheit omfattar alle psykososiale faktorar, og knyte dette kravet til korleis sjølve arbeidet blir organisert og gjennomført. For det andre blir sentrale faktorar som vi veit har betydning for helse, og som er relevante for heile eller store delar av arbeidslivet, løfta fram, f.eks. emosjonelle belastningar, tidspress og forventningar som står i motsetnad til kvarandre.
Endringane presiserer og utdjupar kravet lova har til eit fullt forsvarleg psykososialt arbeidsmiljø slik at ho vert eit betre verktøy for å gi rettleiing og skape medvit om kva verksemdene må arbeide med for å skape eit godt psykososialt arbeidsmiljø. For regjeringa er det også eit viktig poeng at lova bør spegle og ta på alvor dei utfordringane arbeidsfolk, særleg i tradisjonelle kvinnedominerte bransjar, faktisk står overfor i dagens arbeidsliv. Slike belastningar kan ikkje fjernast, men dei må takast opp og handterast. Endringane trer i kraft 1. januar 2026.
Sekretariatet for Diskrimineringsnemnda
I 2021 ble det etablert eit lågterskeltilbud for behandling av saker om brot på gjengjeldingsforbudet ved varsling. Dette blei gjort ved å gi Diskrimineringsnemnda myndigheit til å avgjere denne typen tvister. Det har vore ei stor auke i antall saker om gjengjelding, noko som har vært vanskeleg å handtere innanfor ramma av dei ressursane Diskrimineringsnemnda disponerer per i dag. Regjeringa foreslår derfor ei overføring frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til Sekretariatet for Diskrimineringsnemnda med 3 mill. kroner.
6.2.3 Seriøse og anstendige arbeidsvilkår, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet
Trygge arbeidstakarar i heile og faste stillingar i eit organisert arbeidsliv gir det beste vernet mot sosial dumping og useriøse arbeidsforhold, bl.a. ved at terskelen for å ta opp problem på arbeidsplassen blir lågare. Etter forslag frå regjeringa er det innført regelverksendringar som styrker rettane til arbeidstakarane og legg til rette for å auke bruken av faste tilsettingar. Det organiserte arbeidslivet utgjer førstelinjeforsvaret for å sikre seriøse og anstendige arbeidsvilkår for alle. Regjeringa har dobla skattefrådraget for fagforeiningskontingent og arbeider saman med partane i arbeidslivet om tiltak for meir organisering og utbreiing av tariffavtalar.
Det trengst ein samordna innsats frå ei rekke offentlege myndigheiter for å førebygge og få bukt med arbeidslivskriminalitet. Dette er handlingar som inneber systematiske brot på lover og reglar som gjeld ei rekke ulike område. Kriminaliteten blir utført både i organisert form og av enkeltaktørar. Oppfølginga av slike saker krev eit breitt samarbeid mellom myndigheiter, både om kunnskapsbygging og bruk av ulike verkemiddel og sanksjonar.
Å handheve regelverket er viktig for å unngå at verksemder prøver å organisere seg bort frå arbeidsgivaransvaret, som det bl.a. finnes eksempel på i sakar som omhandlar plattformselskap, eller at seriøse verksemder taper oppdrag og kundar til useriøse aktørar. Arbeidstilsynet har viktige oppgåver når det gjeld å førebygge og avdekke sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, og regjeringa held fram med å styrke Arbeidstilsynet slik at dei kan vere meir synlege og tydeleg til stades i arbeidslivet. Når det blir avdekt alvorlege brot på reglane i arbeidslivet, skal Arbeidstilsynet gi strenge reaksjonar som bidrar til auka etterleving frå verksemdene. Eit døme på dette er den auka øvre grensa for lovbrotsgebyr frå 15 G til 50 G.
Regjeringa foreslår å styrke Arbeidstilsynet med 10 mill. kroner i 2026 for å bidra til at tilsynet kan auke kapasiteten på tilsyn, og til å ta i bruk dei nye heimlane som vart vedteke i 2025 (sjå omtalen nedanfor).
Nye heimlar for Arbeidstilsynet
Det er viktig at handhevingsheimlane til Arbeidstilsynet er tenlege og tilstrekkelege. Som grunnlag for ei vidare styrking av Arbeidstilsynet har regjeringa fremma fleire lovforslag som skal styrke Arbeidstilsynets tilgang til informasjon og sanksjonsheimlane deira, spesielt i dei mest utfordrande sakane mot dei mest useriøse aktørane. Lovforslaga er blitt einstemmig vedtatt på Stortinget. Det er bl.a. vedtatt at Arbeidstilsynet i visse tilfelle skal kunne innhente opplysningar frå andre verksemder enn den dei fører tilsyn med, og at Arbeidstilsynet skal kunne sikre bevis. Det er også vedtatt at Arbeidstilsynet kan ilegga lovbrotsgebyr dersom verksemda ikkje gir tilsynsmyndigheita tilgang til lokala sine. Av andre endringar kan det trekkast fram at Arbeidstilsynet får høve til å gi lovbrotsgebyr til enkeltpersonar, og ikkje berre til verksemder, slik lova var tidlegare. Det er også innført ei uttrykkeleg bistandsplikt for politiet i arbeidsmiljølova, noko som betyr at politiet får eit sikkert heimelsgrunnlag for å gi bistand til Arbeidstilsynet ved handheving av f.eks. eit vedtak om stans. Lovendringane blei sett i kraft 1. juli 2025
Ny handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet
Regjeringa har lagt fram ein ny handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, som bygger vidare på handlingsplanen som blei lagt fram hausten 2022.
Utviklinga og rapportar frå politiet og kontrolletatane tyder på at kriminelle aktørar blir meir profesjonelle, noko som gjer kriminaliteten meir kompleks og vanskelegare å avdekke. Dei kriminelle aktørane som opererer i arbeidslivet finn stadig nye smotthol og omgår regelverket som er meint å hindre ulovleg verksemd. Dette påfører samfunnet store kostnader – ikkje berre økonomisk, men også i form av alvorlege følgjer for dei enkelte som blir ramma av kriminaliteten. Dette gjer at regjeringa meiner det er nødvendig med ein forsterka innsats mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Denne innsatsen må bygge på sterke organisasjonar i arbeidslivet og eit oppdatert regelverk med oppfølgjande kontroll og tilsyn. I tillegg er det viktig at oppdragsgivarar og forbrukarar har den informasjonen dei treng for å kunne velje seriøse verksemder.
Handlingsplanen inneheld ei rekke tiltak for å fremme eit organisert arbeidsliv, styrke rettane til arbeidstakarar og hindre at arbeidstakarar blir utnytta, mobilisere forbrukar- og innkjøpsmakt og styrke det tverretatlege samarbeidet om kontroll og oppfølging. Dessutan inneheld planen tiltak for å auke kunnskapen om sosial dumping og arbeidslivskriminalitet og tiltak for styrkt internasjonalt samarbeid. Handlingsplanen er utforma etter dialog med partane i arbeidslivet og andre organisasjonar. Regjeringa vil halde fram med å utarbeide årlege rapportar om korleis tiltaka i handlingsplanen blir følgde opp, og drøfte utfordringar og vidare innsats med partane i arbeidslivet. Sosial dumping og arbeidslivskriminalitet heng saman med økonomisk kriminalitet. Innsatsen må derfor sjåast i samanheng med oppfølging av tiltaka i Meld. St. 15 (2023–2024) om økonomisk kriminalitet.
Utnytting av arbeidstakarar, med laus tilknyting til arbeidslivet, hender ofte i saker om sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Utanlandske arbeidstakarar, med avgrensa språkkunnskapar og manglande kunnskap om rettar og plikter i det norske arbeidslivet, er særleg utsette for å få dårlege lønns- og arbeidsvilkår, og dei kan også oppleve å bli utnytta av useriøse og kriminelle verksemder og aktørar til svart og ulovleg arbeid. Ikkje minst gjeld dette dei som nyleg har komme til landet og dei som har kortare opphaldstid her. Regjeringa vil styrke bistanden til arbeidstakarar som blir utnytta, og er offer for tvangsarbeid eller menneskehandel. Regjeringa har lagt fram ein nasjonal strategi mot menneskehandel for å gjennomføre ein koordinert innsats, der det offentlege og ideelle organisasjonar arbeider saman for å redusere handlingsrommet for slik utnytting.
For å førebygge sosial dumping og at arbeidstakarar blir utnytta, er det viktig å sette alle som arbeider i Noreg i stand til å vareta rettane og pliktene sine. Gjennom Servicesentera for utanlandske arbeidstakarar (SUA) samarbeider Arbeidstilsynet, Skatteetaten, politiet og Utlendingsdirektoratet om å gi informasjon og rettleiing om norsk arbeidsliv til utanlandske arbeidstakarar og arbeidsgivarane deira. Etatane arbeider med å styrke og vidareutvikle desse sentera, og på andre måtar styrke informasjonen om arbeidsforhold i Noreg, bl.a. gjennom digitale kanalar.
Forbrukarar, private verksemder og offentlege innkjøparar skal bli sett i stand til å ta informerte val av seriøse leverandørar. Derfor trengst det løysingar som gir enkel tilgang til opplysningar. Regjeringa vil greie ut korleis digitale lommebøker og datadeling kan gjere dette mogleg. Som innkjøpar har det offentlege eit særleg ansvar for å sikre seriøse og anstendige lønns- og arbeidsvilkår hos leverandørane sine. Regjeringa følger opp gjennom Noregsmodellen, som blir utarbeidd gradvis og nyttar eit breitt spekter av verkemiddel.
Arbeidstilsynet har ei sentral rolle i å føre tilsyn med at verksemdene etterlever krava til seriøse og anstendige arbeidsvilkår. Dette gjeld bl.a. oppfølging overfor offentlege oppdragsgivarar når det gjeld krava til lønns- og arbeidsvilkår i kontraktane. Arbeidstilsynet legg også vekt på rettleiing, både gjennom tilsyn og ved eigne tiltak for å formidle kunnskap til verksemdene. Arbeidstilsynet er blitt styrkt for å føre tilsyn med oppfølginga av det nye regelverket om innleige av arbeidskraft og godkjenningsordninga for bemanningsføretak. Denne innsatsen vil bli vidareført.
Allmenngjering av tariffavtalar er eit viktig verkemiddel for å sikre utanlandske arbeidstakarar lønns- og arbeidsvilkår som er likeverdige med dei vilkåra norske arbeidstakarar har, og for å hindre konkurransevriding til ulempe for den norske arbeidsmarknaden. Det er no allmenngjorde forskrifter i ni bransjar. Med verknad frå juni 2025 er allmenngjeringa for godstransport på veg utvida til også å gjelde varebilar over 2,5 tonn. Arbeidstilsynet fører tilsyn med at forskriftene blir etterlevde. Som eitt av tiltaka i handlingsplanen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet vil regjeringa styrkje allmenngjeringsordninga og foreslå endringar i allmenngjeringslova som kan effektivisere saksbehandlinga i Tariffnemnda ved vidareføring av allmenngjeringsvedtak. Det er også sett i gang eit arbeid for å innhente meir kunnskap om korleis ordningane med solidaransvar, informasjons- og sjå-tilplikt i allmenngjeringsordninga fungerer. Partane i arbeidslivet vil bli involvert i vidare arbeid med å vurdere eventuelle endringar i regelverket.
Boks 6.1 Handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet
Handlingsplanen omfattar bl.a. tiltak innanfor desse hovudområda:
Organisert arbeidsliv og et styrkt trepartssamarbeid. Regjeringa skal auke skattefrådraget for fagforeiningskontingent og støtte tiltak som fremmar høgare organisasjonsgrad og fleire tariffavtalar. Samarbeidet mot svart økonomi (SMSØ) skal styrkast, og Fair Play Bygg Noreg får auka støtte. I tillegg blir det etablert eit nytt treparts bransjeprogram for jordbruk- og gartnarnæringa, samtidig som eksisterande bransjeprogram blir vidareførte for å sikre gode arbeidsvilkår i utsette bransjar.
Styrke arbeidstakarrettar og hindre utnytting. Regjeringa skal foreslå endringar i regelverket for arbeidsinnvandring for å gi utanlandske arbeidstakarar betre vern. Lovreglane om lønnstjuveri skal evaluerast for å sjå om dei fungerer etter intensjonen. Regjeringa vil styrke rettane for dei som utfører arbeid som blir formidla gjennom digitale plattformer, eller som på andre måtar opplever digital styring av arbeidskvardagen. Det skal òg innførast HMS-kort for varebiltransport. Myndigheitene skal bruke sentrale møteplassar som Skatteetaten sin ID-kontroll og Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar til å formidle viktig informasjon om rettar og plikter i norsk arbeidsliv.
Mobilisere forbrukar- og innkjøpsmakt. Det skal bli enklare å finne fram til seriøse leverandørar, bl.a. gjennom betre deling av informasjon og utvikling av digitale verktøy. Noregsmodellen for offentlege innkjøp skal vidareutviklast, og offentlege byggherrar skal samarbeide tettare for å sikre at innkjøp skjer frå seriøse leverandørar. Informasjonen til forbrukarar skal styrkast. Arbeidstilsynet skal publisere tilsynsrapportane sine og vedtaka om stans, og på den måten gjere informasjonen lettare tilgjengeleg for både innkjøparar og forbrukarar.
Auke kunnskapen om sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Regjeringa skal styrke kunnskapsgrunnlaget, bl.a. gjennom eigne forskingsprosjekt i departementa og i dialog med Forskingsrådet. Det skal også gjerast endringar i reguleringa slik at Nasjonalt tverretatleg analyse- og etterretningssenter (NTAES) kan dele meir informasjon med etatane som samarbeider om innsats mot arbeidslivskriminalitet.
Tverretatleg samarbeid
Det er organisert eit tverretatleg samarbeid mellom Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, Skatteetaten og politiet som har mål om å førebygge og motverke arbeidslivskriminalitet og oppnå resultat som etatane elles ikkje ville oppnådd kvar for seg. Samarbeidet er organisert på både nasjonalt og lokalt nivå. Det er etablert a-krimsenter i Oslo, Tønsberg, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim, Bodø og Alta. Utover dei samlokaliserte a-krimsentera har etatane etablert lokale a-krimsamarbeid i Møre og Romsdal, Innlandet, Romerike, Follo og Østfold.
Arbeidslivskriminalitet er ei særleg kompleks kriminalitetsutfordring som går på tvers av bransjar og næringar. I etatane sin felles årsrapport for 2024 står det at samarbeidet har resultert i ei rekke reaksjonar og sanksjonar mot aktørar som bryt regelverket. Totalt blei 94 saker melde til politiet dette året. Erfaringa er at det stort sett er same typen lovbrot som går igjen: svart utbetaling av lønn, bruk av fiktive fakturaer og fiktive arbeidsforhold, manglande oppgåve for omsetjing, underbetaling, lønnstjuveri, bedrageri mot Arbeids- og velferdsetaten og brot på arbeidsmiljøregelverket.
Etatane har fått felles oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Finansdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet om å utvikle samarbeidet vidare, med mål om ein meir effektiv, kunnskapsstyrt og risikostyrt felles innsats. Etatane er i gang med ulike tiltak som bidrar til dette, og rapporterer om utviklingsarbeidet bl.a. i samanheng med årsrapporteringa.
Dei har bl.a. utarbeidd felles styringsdokument for alle a-krimsentera, som skal definere tydelegare kva som skal vere fokusområda og dei prioriterte oppgåvene deira. Målet er at a-kriminnsatsen skal bli meir felles og slagkraftig. Dette krev ein kontinuerleg og langsiktig innsats.
Over tid er det blitt lagt auka vekt på kunnskapsutvikling og etterretning i det tverretatlege samarbeidet. Politiet si rolle i samarbeidet er no særleg knytt til dette. Det har vore ein reduksjon i gjennomføringa av felles kontrollar i regi av a-krimsentra og det lokale a-krimsamarbeidet.
Regjeringa har som mål at den tverretatlege innsatsen mot arbeidslivskriminalitet skal styrkast og vidareutviklast. Eit sentralt mål er å sikre god balanse mellom operativ kontrollinnsats og arbeidet med etterretning og kunnskapsbygging. Tema som det er aktuelt å sjå på framover er korleis styringa av samarbeidet kan forbetrast, og korleis forholdet skal vere mellom den tverretatlege innsatsen mot arbeidslivskriminalitet og andre samarbeidsflater mot økonomisk kriminalitet. I det vidare utviklingsarbeidet skal det leggast vekt på å tydeleggjere kva som er den enkelte etat si rolle i samarbeidet, og kva rolle- og arbeidsfordeling det skal vere mellom det etatane skal utføre i fellesskap og det som skal løysast i linja i dei respektive etatane. Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Finansdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet vil sette i gang eit arbeid for å følgje opp dette.
Som oppfølging av stortingsmeldinga om økonomisk kriminalitet (Meld. St. 15 (2023–2024)) er det sett i gang eit arbeid med å utgreie og vurdere spørsmål knytta til heimelsgrunnlaget for informasjonsdeling og behandling av personopplysningar i arbeidet mot økonomisk og organisert kriminalitet. Dette omfattar også vurderingar av erfaringane med a-kriminformasjonsforskrifta, som tok til å gjelde i 2022. Føremålet er å styrke høvet til effektiv datadeling og samhandling i det tverretatlege samarbeidet mot kriminalitet. For at etatane i a-krimsamarbeidet skal kunne gjere seg nytte av dette, er det nødvendig å gjennomføre tiltak for å styrke systemstøtta gjennom felles IKT-løysingar for samarbeidet.
Treparts bransjeprogram
I tråd med regjeringa sitt mål om eit forsterka trepartssamarbeid i arbeidslivet kan treparts bransjeprogram vere ei eigna arbeidsform der arbeidsgivarar, arbeidstakarar og myndigheiter i fellesskap kan ta fatt i utfordringar i enkelte utsette bransjar. I dag finst det bransjeprogram i reinhalds-, transport-, utelivs- og bilbransjen. Arbeidstilsynet har leiar- og sekretariatsfunksjonen i bransjeprogramma i tillegg til å vere den sentrale representanten for myndigheitene i samarbeidet med partane.
I jordbruks- og gartnarnæringa er det tilsett mange utanlandske sesongarbeidarar, og dei kjem i aukande grad frå land utanfor EØS-området. Desse er sårbare arbeidstakarar, som ofte har lite kjennskap til rettane sine som arbeidstakarar i Noreg. Regjeringa har etablert eit treparts bransjeprogram for jordbruks- og gartnarnæringa. Dette skal sikre ein formell samarbeidsarena med særleg fokus på å motverke sosial dumping og arbeidslivskriminalitet for organisasjonane som representerer arbeidstakarar og arbeidsgjevarar i næringa, organisasjonane i grøntsektoren og styresmaktene.
Den internasjonale arbeidstakarorganisasjonen (ILO)
ILO er ein viktig internasjonal arena for å fremme grunnleggande rettar i arbeidslivet og trepartssamarbeidet. Myndigheitene og partane i arbeidslivet samarbeider om norsk oppfølging av ILO gjennom arbeidet i Den norske ILO-komiteen. Nordiske myndigheiter samarbeider tett om arbeidet i ILO gjennom Nordisk ILO Samrådsgruppe.
I desember 2023 sende ILO eit fortolkingsspørsmål til FN-domstolen i Haag (ICJ). Spørsmålet var om streikeretten er verna av ILO-konvensjon 87 frå 1948. Noreg har i eit skriftleg innlegg til domstolen argumentert rettsleg for at retten til å streike er ein menneskerett som er verna av konvensjon 87 om foreiningsfridom og beskyttelse av organisasjonsretten. Dette er eit prinsipielt spørsmål som det har vore stor ueinigheit om i ILO over lang tid. Det er viktig å få ei rettsleg avklaring med bindande verknad. Noregs innspel bygger på eit ønske frå regjeringa om å legge vekt på arbeidstakarrettar i arbeidet med å fremme menneskerettar internasjonalt. Det er også ei solidarisk handling med arbeidstakarar i alle verdas land. Domstolen gjennomfører ei munnleg høyring som starta 6. oktober 2025, og Noreg planlegg i den samanheng å halde eit innlegg.
ILO gjennomførte den årlege generalforsamlinga si – den 113. internasjonale arbeidskonferansen – i Genève i juni 2025. Her møtest representantar frå regjeringane og arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane i dei 187 medlemslanda i ILO for å drøfte ulike tema knytte til det globale arbeidslivet. Om lag 5 500 delegatar og rådgivarar deltok. Generaldirektøren sin rapport til konferansen handla i år om «Jobs, Rights, Growth», og blei drøfta over fleire dagar.
Konferansen hadde ei andregongsdrøfting av nye instrument om vern mot biologiske risikoforhold i arbeidslivet. Ein ny internasjonal konvensjon supplert med ei tilråding som skal bidra til å verne arbeidstakarar mot biologiske farar i arbeidsmiljøet blei vedtatt (sjå del III). Generalforsamlinga hadde vidare ei førstegongsdrøfting av anstendig arbeid i plattformøkonomien. Det blei vedtatt at arbeidet skal munne ut i ein konvensjon og ei tilråding på Arbeidskonferansen i 2026.
Ein komité hadde ei generell drøfting av behovet for å sikre ein overgang frå uformell til formell økonomi. Konferansen drøfta også korleis ILO og medlemslanda kan fremme etterleving av ILO- konvensjonane, med ei erkjenning av at behovet for grunnleggande globale rettar er større enn nokon gong.
European Labour Authority
ELA-forordninga3 blei vedtatt i EU 20. juni 2019 for å opprette ei europeisk arbeidsmarknadsmyndigheit, European Labour Authority (ELA). Forordninga blei tatt inn i EØS-avtalen 8. desember 2023. ELA har som formål å bidra til å sikre rettferdig arbeidsmobilitet og å hjelpe medlemsstatane og Kommisjonen med å koordinere trygdeordningar i den indre marknaden. Arbeids- og inkluderingsdepartementet hadde på høyring eit lovforslag om gjennomføring av ELA-forordninga i norsk rett med frist 1. juli 2024. Ein lov- og samtykkeproposisjon blei levert til Stortinget i november 2024. Ny lov om ELA og samtykke til å innlemme ELA-forordninga i EØS-avtalen blei vedtatt av Stortinget 8. april 2025. ELA-lova tok til å gjelde 1. juni 2025, og frå same tid blei Noreg medlem i ELA på lik linje med EU-statane (med unntak av stemmerett).
Mandatet til ELA omfattar fleire EU-rettsakter som er tatt inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett. Det gjeld bl.a. utsending av arbeidstakarar i forbindelse med tenesteyting, visse reglar innanfor vegtransport, fri bevegelse av arbeidskraft og trygdekoordineringsreglane.
Noreg (og dei andre EØS/EFTA-statane) har deltatt frå oppstarten som observatør i styret i ELA. Sidan Stortinget no har samtykt til å ta forordninga inn i EØS-avtalen, kan EØS/EFTA-statane også delta fullt ut i det operative arbeidet til ELA, bl.a. gjennom ein eigen nasjonal kontaktperson («National Liaison Officer»).
Samarbeidet innanfor ELA inngår som eit av tiltaka i den nye handlingsplanen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Full deltaking i aktivitetane til ELA kan bidra til ein meir samordna og effektiv innsats mot grenseoverskridande arbeidslivskriminalitet. Noreg kan dessutan nyttiggjere seg felles kunnskap, betre informasjonsflyt og bistand frå ELA ved tilsyn som blir gjennomførte saman med andre statar. ELA skal også bidra til meir effektiv og rettferdig arbeidsmobilitet i den indre marknaden, bl.a. gjennom EURES.
6.2.4 Kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerer
Regjeringa foreslår å etablere ei kompensasjonsordning for oljepionerar, som i hovudsak baserer seg på anbefalingane og berekningane frå oljepionerkommisjonens rapport NOU 2022: 19 Oljepionerene – en kompensasjonsordning.
Det skal opprettast ei uavhengig nemnd og eit sekretariat med nødvendig IKT-støtte m.m. I revidert nasjonalbudsjett 2025 løyvde Stortinget 14 mill. kroner til å starte dei praktiske førebuingane med ordninga. Mottak av søknader skal komme i gang så tidleg som mogleg i 2026. Sjå også omtalen av kap. 647.
Følgande gjeld for ordninga:
-
Ho er avgrensa til konkrete aktivitetsområde og arbeidstakargrupper innanfor boring og brønn og produksjon og vedlikehald.
-
Det stillast krav om dokumentert varig sjukdom eller skade som har mogleg samanheng med kjemisk eksponering for boreslam, hydrokarbonar og/eller benzen i arbeidet offshore.
-
Kompensasjon skal også kunne givast til etterlatne, og tidlegare arbeidsgivarfinansierte erstatningsutbetalingar skal trekkast frå.
-
Både vilkåra for kompensasjon og andre vilkår skal vere heimla i ei eiga lov.
Ordninga blir opna for søknader så tidleg som mogleg i 2026, og søknadar vil kunne sendast inn i to år frå lova trer i kraft. Ho vil gjelde for søkarar som fyller vilkåra, og som arbeidde offshore i perioden 1966–1990.
Regjeringa foreslår at kompensasjonen til oljepionerane blir sett til 8 G, som per juni 2025 utgjer 1 041 280 kroner.
6.3 Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet
Eit godt velferdssystem skal gi tryggleik både i kvardagen og når ein møter utfordringar. Sjukepengar sikrar tryggleik for den enkelte ved inntektstap som følge av sjukdom. Samtidig har høgt sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet store konsekvensar både for dei det gjeld, for verksemdene og for samfunnet. Særleg langtidssjukefråvær aukar risikoen for varig fråfall og uføretrygd, noko som kan føre til lågare inntekt for den sjuke og betydelege samfunnsøkonomiske tap. Dei som fell frå eit arbeidsforhold, er ei sårbar gruppe. Sjukdom og helseproblem er den største årsaka til varig fråfall frå arbeidslivet, og tidleg innsats som bidrar til at folk blir i jobb, er derfor viktig. Under dette målet omtaler vi utviklinga i sjukefråværet og innsatsen for å redusere fråværet.
Det er fleire faktorar som påverkar om folk blir ståande i arbeid over tid. For å lykkast med å redusere fråfall er det ikkje nok å berre følge opp sjukefråvær. Førebyggande arbeidsmiljøarbeid, innsatsen for å skape eit arbeidsliv der alle kan delta, måten pensjonssystemet er innretta på, og innsatsen retta mot arbeidsledige er òg avgjerande. Desse tema er nærmare drøfta under punkt 6.1 Ein velfungerande arbeidsmarknad med god utnytting av arbeidskrafta, punkt 6.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv, punkt 6.4 God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden og punkt 6.8 Gode og føreseielege pensjonar for dagens og framtidige generasjonar.
Utviklinga i sjukefråvær og fråfall
Sjukefråværet i Noreg har i mange år vore høgt samanlikna med fråværet i andre land. Det auka ytterlegare i samanheng med koronapandemien, og har halde seg høgt i åra etterpå. Korleis sjukefråværet og mottaket av sjukepengar utviklar seg, har svært mykje å seie for kor mange nye mottakarar det blir av dei andre helserelaterte ytingane. Når det blir færre som bruker opp sjukepengerettane, blir det òg færre som går over til meir langvarige helserelaterte ytingar. Sjå og omtalen under del I, punkt 3.6 Utviklinga i helserelaterte ytingar.
Sjukefråværet justert for sesongvariasjonar var på 6,7 pst. i 1. kvartal og 6,6 pst. i 2. kvartal 2025, sjå figur 6.2. Det er dermed framleis betydeleg høgare enn før pandemien. I perioden frå 2. kvartal 2024 til 2. kvartal 2025 gjekk sjukefråværet noko ned. Det er særleg det legemelde sjukefråværet i diagnosegruppa «psykiske lidingar» som er på et høgare nivå enn før pandemien. Sjå også del I, punkt 3.6 Utviklinga i helserelaterte ytingar for omtale av utviklinga i sjukefråværet etter pandemien.
Figur 6.2 Sjukefråværsprosenten. Sesongjustert og sesong- og influensajustert. 1. kvartal 2001–2. kvartal 2025
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Det er til dels store forskjellar i sjukefråværet mellom ulike grupper. Kvinner har eit vedvarande høgare sjukefråvær enn menn. Det er òg betydeleg forskjell mellom ulike næringar, og kvinnedominerte yrke har ofte eit høgt sjukefråvær. Eldre har og eit høgare sjukefråvær enn yngre. Dei vanlegaste årsakene til legemeldt sjukefråvær er muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar. Sjukefråvær med psykiske symptom og plagar, som stress og utbrentheit, har auka - særleg blant dei yngre. Samtidig har det vore ein nedgang i muskel- og skjelettlidingar.
6.3.1 Redusere sjukefråværet
Utviklinga i sjukefråværet dei seinare åra, og i mottaket av dei andre helserelaterte ytingane, viser at det trengst ein forsterka innsats for å redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet. Dette ligg som eit bakteppe for den nye avtalen om redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet (IA-avtalen) 2025–2028, som regjeringa underteikna i februar og der det er varsla ei rekke tiltak innanfor ulike innsatsområde, sjå nærmare omtale i boks 6.2. Det ligg òg til grunn for områdegjennomgangen som nyleg er gjort av dei helserelaterte ytingane i folketrygda, sjå nærmare omtale under punkt 6.7 Inntektssikringsordningar som gir økonomisk tryggleik og samtidig stimulerer til arbeid. Der òg er det anbefalt ei rekke tiltak som skal bidra til redusert sjukefråvær.
I ein forsterka innsats for å redusere sjukefråværet må alle aktørane i sjukefråværsløpet bidra, noko som er understreka både i IA-avtalen og områdegjennomgangen. Fastlegane treng betre verktøy og støtte i rolla som portvakter og for å auke bruken av gradert sjukmelding, redusere lengda på sjukmeldingane, og i større grad vurdere alternativ til sjukmelding. Arbeidsgivarane må betre si oppfølging og tilrettelegging av arbeidet for sjukmelde arbeidstakarar, og arbeidstakarane må i større grad bidra til retur til jobb og oppfylle medverknads- og aktivitetsplikta i sjukefråværet for å kunne få sjukepengar. Oppfølginga frå Arbeids- og velferdsetaten må utviklast samtidig som etaten utøver god kontroll og handheving. Dessutan må det bli betre dialog mellom aktørane i sjukefråværsoppfølginga. Regjeringa har derfor sett i gang arbeid med ei rekke tiltak. Tiltaka følger bl.a. opp anbefalingane frå ei arbeidsgruppe mellom Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Arbeids- og velferdsdirektoratet som har vurdert korleis sjukefråværsoppfølginga kan utviklast for å bidra til at sjukmelde kjem så raskt som mogleg tilbake til jobb, og gjennom det hindre fråfall frå arbeidslivet og overgang til meir varige helserelaterte ytingar.4 I sin rapport peiker arbeidsgruppa på at det trengst lovendringar og andre tiltak knytte til alle aktørane i sjukefråværsoppfølginga. Partane i arbeidslivet har sagt seg einige i hovudtrekka, og oppfølging av fleire av forslaga i rapporten er nedfelt i Avtale om redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet (IA-avtalen) 2025–2028.
Betre sjukefråværsoppfølging
Eit effektivt og tenleg system for oppfølging av sjukmelde står sentralt i arbeidet med å redusere sjukefråværet. I dag finst det eit omfattande lovregulert system for rollene dei ulike aktørane har i oppfølginga av sjukefråvær, fastsett i både arbeidsmiljølova og folketrygdlova. Arbeidsgivaren har hovudansvaret for å legge arbeidet til rette og for å følge opp arbeidstakarar som er sjukmelde, mens sjukmelde har plikt til å medverke, vere i arbeidsrelatert aktivitet og samarbeide om å finne løysingar. Sjukmeldaren og Arbeids- og velferdsetaten har òg klart definerte roller i oppfølgingsarbeidet, og etaten har i tillegg eit særleg ansvar for å følge opp sjukmelde utan arbeidsgivar. Det er fastsett «stoppunkt» med konkrete krav til oppfølging innan gitte tidsfristar, bl.a. dialogmøte 2, som i utgangspunktet skal gjennomførast for alle sjukmelde seinast innan 26 vekers sjukefråvær. Her skal aktørane sjå på moglegheiter og avgrensingar som kan påverke lengda på sjukefråværet og legge planar for det vidare oppfølgingsarbeidet. Godt førebyggande arbeidsmiljøarbeid i verksemdene gir eit godt grunnlag for å førebygge og redusere sjukefråværet i verksemdene. Tidleg innsats, tett oppfølging, tilrettelegging, oppfølging av aktivitetskrav og utprøving av arbeidsevne er sentrale element som skal bidra til å redusere sjukefråværet – og som dermed òg er viktige for å redusere meir langvarig fråvær og fråfall frå arbeidslivet.
Eit viktig verkemiddel for å redusere sjukefråværet er gradert (delvis) sjukmelding, sidan det kan gi auka yrkesdeltaking og kortare sjukefråvær, og regjeringa er opptatt av å legge til rette for auka bruk av gradert sjukmelding. Gradert sjukmelding skal vere hovudalternativet ved sjukmelding, og det blir derfor stilt krav om at den sjukmelde så tidleg som mogleg, og seinast innan åtte veker, skal vere i arbeidsrelatert aktivitet.5 Konsekvent handheving av aktivitetskravet kan bidra til å redusere sjukefråværet.6
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har sett i gang to lovarbeid med utgangspunkt i den nemnde arbeidsgrupperapporten og IA-avtalen. I det første arbeidet skal departementet foreslå endringar som kan presisere medverknads- og aktivitetsplikta til den sjukmelde og vurdere å forsterke desse pliktene. Endringane vil bidra til å tydeleggjere ansvaret den sjukmelde har for å delta aktivt og ta initiativ i oppfølgingsarbeidet. Det kan gjere arbeidsgjevaren sitt oppfølgingsarbeid på arbeidsplassen enklare, og forenkle Arbeids- og velferdsetatens oppfølgings- og rettleiingsarbeid. Departementet tar sikte på å sende forslag på høyring i løpet av 2025. Departementet vurderer samtidig korleis tilretteleggingsplikta til arbeidsgivar kan tydeleggjerast og eventuelt forsterkast.
Det andre lovarbeidet er sett i verk for å regulere ei meir behovstilpassa sjukefråværsoppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten. Ho vil kunne endre eller erstatte delar av dagens system for sykefraværsoppfølging. Etaten skal prioritere sjukmelde etter behov, og tidleg dialog mellom aktørane, individuell rettleiing og bruk av arbeidsmarknadstiltak vil vere sentralt. Målet er at fleire skal komme raskare tilbake i arbeid og at ressursane til etaten blir brukte meir effektivt. Å utvikle eit system for identifisering av sjukmelde med behov for oppfølging er òg ein sentral del av arbeidet, og sjukmeldaren si rolle i dette arbeidet skal vurderast, jf. Avtale om redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet (IA-avtalen) 2025–2028. Også områdegjennomgangen av helserelaterte ytingar anbefaler å utvikle sjukefråværsoppfølginga frå Arbeids- og veldferdsetaten i ei meir behovsretta retning.
Eit nytt tiltak som òg vil kunne støtte oppunder arbeidet med meir behovsretta sjukefråværsoppfølging, er forsøk med forsterka oppfølging av sjukmelde med uklare jobbutsikter. Dette er myndigheitene og partane i arbeidslivet einige om å starte opp som ein del av avtalen om redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet (IA-avtalen) 2025–2028. Det er løyvd midlar til oppstart av forsøket i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2025. Forsøket er retta mot sjukmelde arbeidstakarar med låge og uklare jobbforventningar7 som treng ei tettare og meir føreseieleg oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten enn dei får i dag. Forsøket inneber å utvikle og prøve ut oppfølgingsmetodikk som er tilpassa målgruppa. Kartlegging og karriererettleiing er sentrale element. Formålet er å redusere omfanget av gjentakande sjukefråvær ved hjelp av ei meir føreseieleg og systematisk oppfølging og meir aktiv bruk av arbeidsretta tiltak og andre verkemiddel. Prosjektperioden går frå 2025 til 2028. 2025 er eit oppstartsår med førebuingar knytte til utvikling av metodikk og kursopplegg, og i tillegg skal rettleiarar på lokale Nav-kontor få opplæring i metodikken. Forsøket blir sett i verk i seks fylke frå 2026, og skal følgeevaluerast. Sjå nærmare omtale under kap. 605, post 01 og kap. 634, post 76.
Tiltak for å styrke fastlegen si rolle i sjukmeldingsarbeidet
Over tid har det komme på plass fleire verkemiddel for å støtte opp om sjukmeldarrolla i sjukefråværsoppfølginga. Områdegjennomgangen av helserelaterte ytingar peiker på behovet for å gi sjukmeldar betre insentiv og betre moglegheit for å drive effektiv sjukefråværsoppfølging og å gjennomføre dialog med arbeidsgivar og Arbeids- og velferdsetaten.
Det er etablert eit avgjerdsstøttesystem som skal gi fagleg støtte til sjukmeldarar og bidra til meir føreseielege vilkår og meir likebehandling i sjukmeldingsprosessen. Vidare er det etablert obligatorisk opplæring i sjukmeldingsarbeid for å sikre at legar har tilstrekkeleg kunnskap til å vurdere arbeidsevna til pasientane og moglegheita deira til å vere heilt eller delvis i arbeid. Departementet vil gi Arbeids- og velferdsdirektoratet eit oppdrag knytt til vidareutvikling av rettleiings- og støtteverktøya for sjukmeldar. I samanheng med dette arbeidet skal det gjerast ei vurdering av anbefalinga frå områdegjennomgangen om å innføre normerte sjukmeldingar. Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet vil bli involvert i arbeidet.
Partane i avtalen om redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet (IA-avtalen) 2025–2028 er einige om å iverksette prosjektet Berekraftig sjukmelding. Det er løyvd midlar til oppstart av prosjektet i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2025. Prosjektet skal styrke rolla til fastlegen i sjukefråværsarbeidet og auke helsekompetansen i befolkninga. Prosjektet omfattar både bevisstgjering og opplæring av fastlegane om deira sjukmeldingspraksis og tiltak for å gjere pasientane meir bevisste på når sjukmelding er tenlig og når det ikkje er det. Målet er at dialogen mellom lege og pasient om sjukmelding skal bli betre, og på den måten bidra til færre, kortare sjukmeldingar, og dessutan auke bruken av gradert sjukmelding. Den norske legeforening vil ha ansvar for å gjennomføre prosjektet, i nært samarbeid med partane i arbeidslivet. Prosjektet er planlagt gjennomført i perioden 2025–2028 og skal følgeevaluerast. Sjå nærmare omtale under kap. 601, post 75.
Helsedirektoratet har fått i oppdrag å gjennomføre ein heilskapleg gjennomgang og foreslå endringar i takstane i stønadsforskrifta og vedlegg 1 til folketrygdlova § 21-4: Honorartakstar for legeerklæringer m.m. (L-takster), slik at takstane i større grad støttar opp under måla om å gi betre insentiv til å førebygge og redusera sjukefråvær og hindre fråfall frå arbeidslivet. Helsedirektoratet skal gjennomføre oppdraget i samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet. Også områdegjennomgangen av helserelaterte ytingar anbefaler tilpassingar i takstsystemet.
For å få rett til sjukepengar må ein som hovudregel og utgangpunkt møte opp personleg hos sjukmeldaren for at sjukmeldaren skal kunne vurdere om vilkåra er oppfylte. På visse vilkår kan legen òg gi sjukmelding ved e-konsultasjon. I samsvar med Stortingets vedtak nr. 627 (2022–2023) skal retten til å sjukmelde etter e-konsultasjon evaluerast. Departementet har inngått avtale med Nasjonalt senter for e-helseforsking om denne evalueringa, og frist for endeleg rapport er desember 2026.
Ekspertutvalet for gjennomgang av allmennlegetenesta foreslo å utvide innbyggarane sin rett til eigenmelding for å redusere arbeidsbelastninga til fastlegane. Det trengst meir kunnskap om kor stort potensial det er i å auke bruken av eigenmelding for å redusere tida fastlegane bruker på dokumentasjon av arbeidsuførleik, og kva konsekvensar dette kan ha for sjukefråværet. Helse- og omsorgsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet har derfor gitt Folkehelseinstituttet (FHI) i oppdrag å gjennomføre ein registerbasert studie av helsetenestebruk blant arbeidstakarar i tidlegare IA-bedrifter. Formålet med oppdraget er å belyse i kva grad utvida eigenmeldingsrett har bidratt til endring i bruk av fastlegekonsultasjonar for tilsette i verksemder der det ligg føre utvida rett til å bruke eigenmelding – og særleg om utvida eigenmeldingsrett bidrar til å frigjere fastlegekapasitet. Studien skal òg belyse konsekvensane ein slik rett har hatt for det samla sjukefråværet.
Arbeidsgivaren kan gi arbeidstakarar rett til å bruke eigenmelding i heile arbeidsgivarperioden. Det følger av folketrygdlova § 8-24 fjerde ledd. I mai 2024 gav Arbeids- og inkluderingsdepartementet Proba samfunnsanalyse i oppdrag å kartlegge bruken av utvida eigenmeldingsrett innanfor dagens regelverk, og effektar av det på sjukefråværet. Proba leverte rapport frå kartlegginga i november 2024. Rapporten viser at omtrent halvparten av verksemdene og to tredelar av arbeidstakarane i Noreg har utvida eigenmeldingsrett. Samtidig kjenner om lag éin av fem arbeidstakarar ikkje til kva slags eigenmeldingsordning dei har, og mange av dei som har utvida rett, nyttar han ikkje. Rapporten konkluderer med at sjukefråværet er høgare blant arbeidstakarar og verksemder med utvida rett – også når det blir kontrollert for ei rekkje bakgrunnseigenskapar. Samtidig blir det presisert i rapporten bl.a. at data som er brukte, er basert på at verksemdene sjølv vel kva eigenmeldingsordning dei ønsker å bruke.
Betre dialog mellom aktørane i eit sjukefråvær
Mangel på relevant informasjon til rett tid er ei av fleire utfordringar knytte til oppfølginga av sjukmelde. Det er derfor sett i verk og planlagt ulike tiltak for å betre samhandlinga og informasjonsutvekslinga mellom aktørane. Også områdegjennomgangen av helserelaterte ytingar peiker på utfordringar når det gjeld deling av informasjon mellom aktørane i sjukefråværsløpet, og anbefaler å vidareutvikle løysingar for informasjonsdeling.
Arbeids- og velferdsetaten utviklar digitale løysingar for å bidra til betre oppfølging og betre brukarmøte for sjukmelde. Det er satt i gang ei omfattande digitalisering av arbeidet etaten gjer når det gjeld sjukefråvær, ikkje berre for å støtte arbeidet til Nav-rettleiarane, men òg for å forbetre tenester retta mot dei sjukmelde, arbeidsgivarar og sjukmeldarar. Det er utvikla digitale løysingar der sjukmelde og arbeidsgivarar kan be om dialogmøte med Arbeids- og velferdsetaten, og digitale løysingar for innkalling til slike møte. Det er også utvikla ei teneste der den sjukmelde kan gi informasjon om sin situasjon og sitt oppfølgingsbehov etter å ha vore sjukmeld i 39 veker. Nav-rettleiarane har fått betre verktøy for å gjere vurderingar av aktivitetskrav og medvirkningsplikt. Digital sjukmelding er i bruk hos alle fastlegar. Også helseføretaka bruker no digital sjukmelding i større grad. I tilknyting til arbeidet med å forbetre informasjonsutvekslinga mellom Arbeids- og velferdsetaten og helsetenesta (omtalt nedanfor) har etaten gjennomført eit tenestedesignprosjekt på sjukmeldingsløpet, og arbeider med utvikling av ny sjukmelding. Etaten har utvikla ein ny oppfølgingsplan som kan bli integrert i lønns- og personalsystemet til arbeidsgivarar og arbeider no med å utvikle ein ny og forenkla oppfølgingsplan som vil bli tilgjengeleg via nav.no.
På bakgrunn av tidlegare utgreiingar ga Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet eit felles oppdrag til Arbeids- og velferdsdirektoratet, Direktoratet for e-helse og Helsedirektoratet om forbetra informasjonsutveksling mellom Arbeids- og velferdsetaten og helsetenesta. Hausten 2023 leverte direktorata rapporten Nå snakker vi, der dei anbefalte korleis ein bør gå fram for å forbetre informasjonsutvekslinga. På oppdrag frå departementa arbeider direktorata no med å følge opp sin eigen gjennomføringsstrategi, som departementa stiller seg bak. Arbeidet med å følge opp anbefalingane i rapporten og gjennomføring av strategien vil strekke seg over fleire år.
Sysselsettingsutvalget peikte på behovet for å utvikle betre digital samhandling mellom alle aktørane i sjukefråværsoppfølginga.8 Som del av oppfølging av den nye avtalen om redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet (IA-avtalen) 2025–2028, har Arbeids- og velferdsdirektoratet fått i oppdrag å gjennomføre eit forprosjekt i 2025 knytt til eit digitalt samhandlingsrom for enklare og betre deling av informasjon mellom aktørane i sjukefråværsoppfølginga. Departementet vil, saman med partane i arbeidslivet, vurdere korleis anbefalingane frå forprosjektet skal følgast opp.
Andre tiltak for å redusere sjukefråværet
I tillegg til å drive god oppfølging av sjukmelde, har Arbeids- og velferdsetaten ansvar for kontroll og handheving av regelverket for rett til sjukepengar, sjå òg omtalen over av handheving av aktivitetskravet. Områdegjennomgangen av helserelaterte ytingar anbefaler å styrke dette arbeidet. Departementet vil vurdere korleis anbefalinga kan følgast opp.
Områdegjennomgangen foreslår òg enkelte endringar i finansieringsansvaret for sjukefråvær, bl.a. å auke arbeidsgivarfinansieringa for langtidsfråvær, noko også Sysselsettingsutvalget foreslo. Vidare foreslår utgreiar å redusere kompensasjonsgraden for sjukmelde. Desse forslaga frå områdegjennomgangen vil bli vurderte som ein del av arbeidet med kunnskapsinnhentinga i IA-avtalen i 2025 og 2026, og den påfølgande oppfølginga av denne i 2027 og 2028, sjå nærmare omtale av dette arbeidet i boks 6.2.
Boks 6.2 Avtale om redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet (IA-avtalen) 2025–2028
I avtalen signert 12. februar 2025 er myndigheitene og partane i arbeidslivet einige om ein kraftigare innsats frå alle partar for å få ned sjukefråværet. Innsatsen omfattar:
-
å forsterke den førebyggjande arbeidsmiljøinnsatsen
-
å gjere sjukefråværsoppfølginga betre
-
å forsterke innsatsen på kvar enkelt arbeidsplass
-
å auke kunnskapen om sjukefråvær, fråfall og verknadsfulle tiltak for få ned fråværet
Avtalepartane er einige om at alle aktørane i sjukefråværsoppfølginga må følge opp pliktene sine betre, og at det trengst nye tiltak for å auke innsatsen til alle aktørane. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har iverksett arbeid for å foreslå lovendringar som kan presisere, og ev. forsterke, medverknads- og aktivitetsplikta til den sjukmelde. Departementet vurderer samtidig korleis tilretteleggingsplikta til arbeidsgivar kan tydeleggjerast og eventuelt forsterkast. Departementet har også sett i gang eit arbeid for å regulere ei meir behovstilpassa sjukefråværsoppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten. Sjå omtalen under Betre sjukefråværsoppfølging.
Det er òg einigheit om å iverksette prosjektet Berekraftig sjukmelding og å starte opp et nytt forsøk med forsterka oppfølging av sjukmelde med uklare jobbutsikter. Sjå omtalen under Tiltak for å styrke fastlegen si rolle i sjukmeldingsarbeidet.
Partane i IA-avtalen er einige om å gjennomføre ei brei kunnskapsinnhenting i 2025 og 2026 i tillegg til å føre vidare satsinga på kunnskapsutvikling frå førre avtale (IA-FoU-programmet og statistikkforum). Kunnskapsinnhentinga omfatter både å hente inn kunnskap om årsaker til utviklinga i sjukefråværet og å vurdera behovet for nye tiltak. Partane skal bruke 2027 og 2028 til å vurdere justeringar i tiltaka i IA-avtalen og behovet for nye tiltak basert på denne kunnskapen. Kunnskapsinnhentinga er forankra i Arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd.
I tillegg er dessa verkemidla vidareført frå IA-avtalen 2019 – 2024:
Arbeidsmiljøsatsinga, i regi av Arbeidstilsynet, STAMI, Arbeids- og velferdsetaten og Havindustritilsynet, som bidrar til å støtte opp under partane sitt ansvar for førebyggande arbeidsmiljøarbeid i verksemdene, er vidareført. Per september 2025 er det utvikla verktøy for 29 ulike bransjar, tilgjengelege på Arbeidsmiljøportalen. Arbeidet for å få fleire verksemder til å ta verktøya i bruk held fram, bl.a. ved at partane i arbeidslivet har forplikta seg til å formidle kunnskap frå satsinga til medlemmene sine.
For å målrette innsatsen mot bransjar med stort potensial for å redusere sjukefråvær og fråfall er det etablert bransjeprogram i utvalde bransjar. Bransjeprogramma skal formidle aktivitetar, tiltak og verktøy for betre arbeidsmiljø og lågare sjukefråvær i si bransje. Sidan 2019 har det vore bransjeprogram i sju bransjar: sjukehus, sjukeheimar, barnehagar, leverandørindustrien innanfor olje og gass, næringsmiddelindustrien, rutebuss og persontrafikk og bygg og anlegg. For å forsterke den førebyggande arbeidsmiljøinnsatsen, skal det frå 2025 starte opp bransjeprogram i fire nye bransjar: heimetenesta, butikkhandel, barnevern og undervisning.
Opplæring i arbeidsmiljøarbeid er vidareført som verkemiddel i avtalen. Verkemiddelet inneber at partane i arbeidslivet aktivt skal formidle informasjon og kunnskap til medlemmene sine om betydninga av førebyggande arbeidsmiljøarbeid, riktig og aktiv sjukefråværsoppfølging og lokalt partssamarbeid.
Den samla innsatsen til Arbeids- og velferdsetaten overfor verksemdene inkludert frå Nav Arbeidslivssenter, skal sikre heilskaplege og koordinerte tenester til arbeidsgivarar, både gjennom sjølvbetente digitale tenester og tenester med prosesstøtte til prioriterte verksemder. Arbeids- og velferdsetatens innsats overfor verksemdene er retta mot å støtte opp under arbeidet deira med å utvikle arbeidsmiljøet og forbetre sjukefråværsoppfølginga.
HelseIArbeid, ein modell for tenestesamhandling om helsefremmande og førebyggande tiltak retta mot arbeidslivet, og Tilskot til ekspertbistand til bruk i enkeltsaker med lange og/eller hyppig gjentakande sjukefråvær, er vidareført i den nye avtalen. Sjå omtale under høvesvis punkt 6.4 God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden og kap. 2650, post 76.
6.4 God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden
Regjeringa legg vekt på at alle som kan og vil jobbe, skal få moglegheit til det. Det er for mange i yrkesaktiv alder som ikkje deltar i arbeidsmarknaden, og talet på personar med nedsett arbeidsevne har auka sidan 2019. Fleire har vore utan arbeid lenge, har omfattande bistandsbehov og treng arbeidsretta oppfølging for å komme i jobb. Personar med låg formell kompetanse, personar med helseproblem og nokre innvandrargrupper er overrepresenterte blant dei som har utfordringar med å komme i arbeid. I tillegg strever mange unge med å få innpass i arbeidslivet. Sjå omtale av regjeringa si innsats overfor unge under punkt 6.5 Fleire unge skal få moglegheiter til å delta i arbeidslivet.
Personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta i arbeid på linje med andre. Hjelpemiddel og tilrettelegging er sentrale verkemiddel for å støtte denne gruppa inn i arbeidslivet og til å bli verande i jobb.
Mange av dei som står utanfor arbeidslivet, opplever fleire utfordringar samtidig. Det dreier seg ofte om manglande kompetanse og psykiske og/eller fysiske helseproblem. Samarbeidet mellom ulike offentlege tenester er viktig, og verkemidla innanfor arbeids- og velferdspolitikken og på utdannings- og helsefeltet må sjåast i samanheng for at personar med samansette utfordringar skal få god hjelp. Arbeids- og velferdsetaten samarbeider derfor med andre tenester for å få på plass fleire tilrettelagde tilbod, bl.a. knytt til utdanning og helse.
6.4.1 Kompetanse for inkludering og omstilling
Personar som står utanfor arbeidslivet pga. låge kvalifikasjonar utgjer ein arbeidskraftreserve som må bli mobilisert og kvalifisert i større grad, slik at fleire kjem i arbeid. Regjeringa følger opp Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje. I meldinga blei det varsla fleire tiltak for å styrke kvalifikasjonane til personar som står utanfor arbeidsmarknaden. Dette inkluderte bl.a. betre tilpassing av opplæringstiltaka i Arbeids- og velferdsetaten for at fleire deltakarar kan få formell kompetanse.
For at fleire med nedsett arbeidsevne kan ta høgare utdanning som opplæringstiltak er varigheita på opplæringstiltaket utvida for dei som treng studiespesialisering før dei kan starte på høgare utdanning. Nokre treng norskopplæring eller opplæring på grunnskolenivå for å kunne fullføre eit opplæringsløp. Det gjeld særleg innvandrarar med svake norskferdigheiter og lite formell kompetanse. For å gi eit meir heilskapleg tilbod til målgruppa, er det no mogleg å innvilge førebuande opplæring for vaksne som opplæringstiltak i Arbeids- og velferdsetaten. Varigheita på opplæringstiltaket for personar som gjennomfører førebuande opplæring i forkant av eller i kombinasjon med fag- og yrkesopplæring er også utvida. I tillegg er det lagt til rette for at fleire innvandrarar som treng det, skal kunne få tilbod om norskopplæring som arbeidsmarknadstiltak. Desse endringane i forskrift om arbeidsmarknadstiltak trådde i kraft frå 1. juli 2025.
Arbeidsmarknadspolitikken og utdanningspolitikken må verke godt saman, og endringane i opplæringstiltaka i Arbeids- og velferdsetaten følger òg opp den nye opplæringslova som tredde i kraft 1. august 2024. Opplæringslova gir elevar fleire rettar, bl.a. rett til å gå på vidaregåande opplæring til dei har fullført, rett til å byte utdanningsprogram undervegs, og rett til å ta fleire fagbrev. Grunnskole for vaksne er erstatta med førebuande opplæring, som gir eit meir heilskapleg tilbod innanfor grunnleggande ferdigheiter, norsk for minoritetsspråklege og grunnskolefag. Innføringa av modulstrukturert opplæring som hovudmodell for all opplæring for vaksne vil bidra til meir fleksible og tilpassa opplæringsløp. Det gir òg nye moglegheiter for brukarane til arbeids- og velferdsforvaltninga.
Innanfor opplæringstiltaket er det opna for at Arbeids- og velferdsetaten kan tilby ungdom mellom 16 og 19 år tilrettelagd fag- og yrkesopplæring i samarbeid med fylkeskommunen. Tidlegare var aldersgrensa 19 år. Målgruppa for ordninga er unge arbeidssøkarar som har samansette bistandsbehov og derfor treng eit alternativt og tilrettelagt tilbod om fag- og yrkesopplæring med individuelt tilpassa oppfølging. Vidare er det gjort endringar i mentortiltaket som opnar for at unge under 30 år som gjennomfører tilrettelagd fag- og yrkesopplæring, kan få støtte og oppfølging frå ein mentor i inntil tre år. Endringane legg til rette for at arbeidsgivarar som tilset lærlingar eller lærarkandidatar som deltar i eit opplæringstiltak via Arbeids- og velferdsetaten, kan få økonomisk tilskot til å følge opp deltakarane gjennom skoleløpet. Endringane tredde i kraft 1. august 2025.
Samla vil endringane i opplæringslova og opplæringstiltaka i Arbeids- og velferdsetaten lette samhandlinga mellom utdanningssektoren og arbeids- og velferdsforvaltninga.
For å stimulere til utvikling og utprøving av modellar for tilpassa opplærings- og utdanningstiltak er det etablert fleire forsøk og tilskotsordningar, sjå f.eks. forsøk med tilrettelagd opplæring under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad. Erfaringar frå forsøka og tilskotsordningane blir viktige innspel til vidareutvikling av tilbod om tilrettelagd fag- og yrkesopplæring. Regjeringa vil føre vidare og forsterke samarbeidet mellom utdanningssektoren og arbeids- og velferdsforvaltninga, og legge til rette for at verkemiddel og system støttar betre opp om kvarandre
Eit av formåla med endringane i integreringslova som blei vedtatt av Stortinget 10. juni 2025, er å styrke den formelle opplæringa i introduksjonsprogrammet, bl.a. ved å utvide programtida for deltakarar som skal gjennomføre vidaregåande opplæring eller fag- og yrkesopplæring som ein del av programmet. For omtale av relevante tiltak på integreringsfeltet viser vi til punkt 6.6 God integrering av innvandrarar i arbeid og samfunn. Sjå også omtale av opplæringstiltak og andre arbeidsmarknadstiltak frå Arbeids- og velferdsetaten under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad. Regjeringa sin politikk på området til Arbeids- og inkluderingsdepartementet heng òg saman med politikken på området til Kunnskapsdepartementet. Sjå Prop. 1 S (2025–2026) for Kunnskapsdepartementet for nærmare omtale.
6.4.2 Arbeid og helse
Mange med ulike helseproblem står utanfor arbeidslivet, og har behov for samtidig bistand frå både arbeids- og velferdsforvaltninga og helse- og omsorgstenestene for å komme i arbeid og få betre helse. Helse- og omsorgstenestene og arbeids- og velferdsforvaltninga må derfor samarbeide for å kunne møte behovet brukarane har for tenester.
Helse- og omsorgsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet vil i 2026 føre vidare samarbeidet med mål om å betre tenestetilbodet til personar som treng samtidige helsetenester og arbeidsretta tenester for å bli verande i eller komme i arbeid. Helsedirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet fører også vidare samarbeidet om å utvikle arbeids- og helseområdet som fagfelt. Nasjonalt fagråd for arbeid og helse, som er oppnemnt på nytt for perioden 2024–2026, skal gi faglege råd for å styrke kunnskapsgrunnlaget og samhandlinga på fagfeltet. Direktorata har i 2025 publisert felles nasjonale faglege råd innan fagområdet. Råda er utarbeidde for dei to etablerte modellane Individuell jobbstøtte (IPS) og HelseIArbeid.
Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet har fått i oppdrag å utvikle og prøve ut to ulike modellar for systematisk tenestesamhandling mellom Arbeids- og velferdsetaten og kommunehelsetenesta. Modellane er retta mot personar med milde til moderate psykiske lidingar og/eller rusproblem, eventuelt også muskel- og skjelettplager. Mange av desse vil ha behov for å kombinere arbeidsretta tenester og behandling. Målet med modellutviklinga er at pasientar/brukarar skal oppleve eit heilskapleg og godt koordinert tenestetilbod. Det skal igjen bidra til forbetra helsetilstand og meistringsevne, raskare retur til arbeid og redusert overgang til arbeidsavklaringspengar og uføretrygd. Satsinga blir samfinansiert av Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.
Den eine modellen inneber eit samarbeid mellom Arbeids- og velferdsetaten og Rask psykisk helsehjelp (RPH), der Nav-rettleiaren og kognitiv terapeuten frå RPH jobbar saman om oppfølginga av felles brukarar. Denne modellen blir prøvd ut i fem kommunar.
Den andre modellen inneber at Nav-rettleiaren, arbeidsretta kognitiv terapeuten i kommunen og fastlege samarbeider om oppfølginga av felles brukarar, og blir prøvd ut i fire kommunar.
Det går føre seg følgeforsking av pilotane. Piloteringa vil halde fram i 2026. Bl.a. på bakgrunn av anbefalingar frå følgeforskarane og identifisering av relevante element for systematisk samhandling, vil innretninga av pilotane bli justert. Ein skal også vurdere moglegheita for å skalere opp samarbeidsmodellane.
Individuell jobbstøtte (IPS) skal bidra til at personar med moderate til alvorlege psykiske lidingar og/eller rusmiddelproblem kjem over i lønt arbeid. Tett og samtidig oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten og helse- og omsorgstenesta set den enkelte deltakaren i betre stand til å få og behalde arbeid. IPS kan tilbydast brukarar som er under behandling i psykisk helsevern eller tverrfagleg spesialisert rusbehandling i spesialisthelsetenesta eller får oppfølging frå psykisk helse- og rustenester i kommunen. Forsøket med IPS ung skal bidra til at fleire i målgruppa som er under 30 år, kan gjennomføre utdanning og komme i ordinært lønt arbeid.
Regjeringa har som mål å få på plass eit landsdekkande tilbod om IPS. I dag blir IPS tilbydd i alle fylke, men det er store variasjonar i tilbodet innanfor fylka. Regjeringa vil bygge ut IPS-tilbodet og foreslår å auke løyvinga til arbeidsmarknadstiltak, sjå nærmare omtale under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad. Satsinga følger opp bl.a. Meld. St. 23 (2022–2023) Opptrappingsplan for psykisk helse (2023–2033) og Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje.
HelseIArbeid er ein modell for tenestesamhandling om helsefremmande og førebyggande tiltak retta mot arbeidslivet. Modellen siktar seg inn mot grupper som står i fare for å bli sjukmelde eller falle ut av arbeidslivet pga. muskel- og skjelettplager og/eller psykiske plager. HelseIArbeid består av både eit bedrifts- og eit individtiltak. Gjennom individtiltaket tilbyr helsetenesta saman med Arbeids- og velferdsetaten rask tverrfagleg utgreiing. I tråd med avtalen om redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet (IA-avtalen) 2025–2028 har Arbeids- og velferdsdirektoratet sett i gang eit arbeid med å utvikle eit alternativ til bedriftstiltaket som krev mindre ressursar frå helsesektoren. Tiltaket er òg omtalt under punkt 6.3 Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.
Bedriftstiltaket blei evaluert i 2024.9 Ein hovudkonklusjon i evalueringsrapporten er at kunnskapsformidling på arbeidsplassen om alminnelege muskel- og skjelettplager, psykiske helseplager og arbeidsmiljø har potensial til å redusere sjukefråværet og auke bruken av tilrettelegging på arbeidsplassen. Nordlandssjukehuset er òg i gang med fleire evalueringar som undersøker effekten av individtiltaket og forskjellige komponentar ved dette helsetilbodet. Det første resultata om effekten av HelseIArbeid på tilbakevending til arbeid er venta mot slutten av 2026.
Dei regionale helseføretaka, Arbeids- og velferdsdirektoratet og Helsedirektoratet fekk i 2025 eit felles oppdrag om å etablere eit interregionalt kompetansenettverk for arbeid og helse. Oppdraget må sjåast i samanheng med ei tidlegare utgreiing om å samordne og styrke kompetanse og kvalitet innanfor arbeid og helse, som direktorata leverte hausten 2024. Som del av oppdraget vil det bli utarbeidd eit mandat for nettverket.
Sjå også omtale av arbeid og helse i Prop. 1 S (2025–2026) for Helse- og omsorgsdepartementet.
6.4.3 Varig tilrettelagt arbeid
Varig tilrettelagt arbeid (VTA) er eit tiltak for personar som får eller i nær framtid er venta å få innvilga uføretrygd, og som har behov for spesiell tilrettelegging og tett oppfølging. VTA er eit viktig arbeidsmarknadstiltak for personar med utviklingshemming og gruppa er prioritert ved inntak til tiltaket. Vidare deltar mange personar med psykiske lidingar i tiltaket, og til saman utgjer desse to gruppene om lag tre firedelar av deltakarane.
Om lag 70 pst. av VTA-deltakarane jobbar i ei førehandsgodkjend verksemd, dvs. ei verksemd som har som hovudformål å drive attføring og tilrettelagt arbeid. I tillegg kan Arbeids- og velferdsetaten gjere avtale med ordinære verksemder om å vere arrangør for tiltaket. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har sendt på høyring eit forslag om å skilje ut varig tilrettelagt arbeid i ordinære verksemder som eit eige tiltak i forskrifta. Forslaget legg òg til rette for forsterka og varig oppfølging av deltakarane. Høyringsfristen er 20. oktober 2025. Forslaget følger opp Stortingets oppmodingsvedtak nr. 604 av 18. april 2023.
I statsbudsjettet for 2024 la regjeringa opp til ei langsiktig opptrapping av VTA-plassar med sikte på å auke talet på plassar med om lag 2 000 innan utgangen av 2027. Planen følger opp oppmodingsvedtak nr. 605 av 18. april 2023. Regjeringa følger opp opptrappingsplanen, og foreslår ein auke i løyvinga til VTA i 2026 som svarer til om lag 500 plassar.
Sjå programkategori 09.30 Arbeidsmarknad for nærmare omtale av arbeidsmarknadstiltak og del I i proposisjonen for nærmare omtale av oppmodingsvedtak.
6.5 Fleire unge skal få moglegheiter til å delta i arbeidslivet
Over 100 000 unge under 30 år er verken i arbeid eller utdanning. Å få fleire unge i arbeid er ei av hovudprioriteringane til regjeringa. Arbeidslivet etterspør arbeidskraft, men mange unge som står utanfor arbeid og utdanning manglar relevant kompetanse. Fleire har aldri vore i jobb og har samansette utfordringar som psykiske helseplager, svake norskferdigheiter og manglande vidaregåande opplæring.
Ungdomsløftet
For å hjelpe fleire unge i arbeid og auke tilgangen på arbeidskraft, har regjeringa lansert ungdomsløftet. Regjeringa vil garantere unge under 30 år som står utanfor arbeidslivet tilbod om arbeidserfaring, opplæring eller oppfølging. Ungdomsløftet samlar alle arbeidsretta innsatsar som enten er sette i gang eller som regjeringa planlegg å gjennomføre. Som ein del av ungdomsløftet har regjeringa inngått ein intensjonsavtale med partane i arbeidslivet, store verksemder og brukarorganisasjonar for personer med funksjonsnedsetting, som forpliktar partane til å arbeide saman om å skape jobbopningar og mestringsarenaer for unge. Avtalen blei inngått i august 2025 og gjeld til og med 2030. Informasjon om ungdomsløftet er samla på ei eiga nettside, under regjeringen.no.10 Boks 6.3 gir oversikt over innsatsane i ungdomsløftet.
Boks 6.3 Arbeidsretta innsatsar i ungdomsløftet
Ungdomsløftet samlar alle arbeidsretta innsatsar som regjeringa har sett i gang eller planlegg å gjennomføre. Ungdomsløftet inneheld bl.a.:
-
ungdomsgaranti i Arbeids- og velferdsetaten
-
forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram
-
forsøk med Eit enklare Nav – aktivitetspengar for unge
-
forsøk med fireårig lønnstilskot for unge, med planlagd oppstart sommaren 2026
-
meir fleksibelt opplæringstiltak
-
moglegheit for opplæringstiltak for 16–19 åringar som har behov for tilrettelagd fag- og yrkesopplæring
-
nytt rekrutteringsprogram i helse- og omsorgssektoren der føremålet er å rekruttere fleire unge arbeidssøkarar til ein sektor med stort behov for arbeidskraft
-
arbeidsmarknadstiltak og andre verkemiddel i Arbeids- og velferdsetaten
-
betre lågterskeltilbod og meir tilpassa tenester for unge med samansette behov
-
styrke marknadsarbeid i Arbeids- og velferdsetaten
-
styrke individuell jobbstøtte – IPS/IPS ung
-
kontakte unge uføre med informasjon om moglegheiter for arbeidsretta oppfølging
Ved utgangen av 2024 var det registrert 60 000 unge i alderen 16–29 år som trong arbeidsretta bistand frå Arbeids- og velferdsetaten , noko som er 9 pst. fleire enn i 2023. For å forsterke innsatsen for unge blei ungdomsgarantien i Arbeids- og velferdsetaten innført i 2023. Ungdomsgarantien skal sikre at unge får tidleg, tilpassa og tett oppfølging heilt fram til arbeid. Målgruppa for ungdomsgarantien er personar under 30 år som har behov for arbeidsretta bistand for å komme i arbeid.
Fleire av innsatsane i ungdomsløftet blei varsla i Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje. Frå 2026 vil unge mottakarar av uføretrygd som har vore uføre i minst to år få ei melding frå Arbeids- og velferdsetaten med ei forklaring på regelverket om korleis ein kan kombinere arbeid og trygd, og informasjon om moglegheiter for arbeidsretta oppfølging. Sjå nærmare omtale under punkt 6.7 Inntektsikringsordningar som gir økonomisk tryggleik og samtidig stimulerer til arbeid.
Det er sett i gang eit arbeid i Arbeids- og velferdsdirektoratet for å utvikle betre lågterskeltilbod og meir tilpassa tenester for ungdom med samansette problem. Utviklingsarbeidet omfattar tre innsatsområde:
-
Utarbeide og prøve ut lokale arbeidsretta lågterskeltilbod i utvalde kommunar.
-
Utvikle modellar for kvalifisering og inkludering på arbeidsplassen for unge som ikkje klarer å gjennomføre ordinære opplæringsløp.
-
Samarbeid med relevante aktørar lokalt om å førebygge fråfall i skolen, og om å tilbakeføre ungdom som har falle ut av vidaregåande opplæring.
Utviklingsarbeidet skal samla bidra til å styrke arbeids- og velferdsforvaltninga sitt tenestetilbod for unge og til å systematisere kunnskap om tilbod som blir vurderte som lovande eller som gir gode resultat. Målet er å førebygge fråfall frå utdanning og inkludere fleire unge som står utanfor arbeid og utdanning. Vi viser også til omtale under programkategori 09.20 Tiltak for betra levekår m.m., kap. 621, post 63.
Samordning mellom arbeidsmarknads-, utdannings- og helsesektoren er ofte nødvendig for at unge skal komme i ordinært lønt arbeid. På oppdrag frå departementet har Proba samfunnsanalyse fått tildelt eit prosjekt for å kartlegge og evaluere det tverrsektorielle samarbeidet mellom arbeidsmarknads-, utdannings- og helsesektoren. Formålet er å få betre innsikt i korleis tverretatlig samarbeid kan bidra til at fleire unge kjem i jobb. Sluttrapporten blir levert i 2026. For nærmare omtale av arbeidsmarknadsmyndigheitene sitt samarbeid med utdannings- og helsesektoren, sjå omtale under punkt 6.4 God inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden.
Regjeringa foreslår å styrke innsatsen for unge i budsjettet for 2026. Sjå nærmare omtale nedanfor om forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram, rekrutteringsprogram til helse- og omsorgssektoren, Eit enklare Nav – aktivitetspengar for unge og tettare samarbeid mellom marknadskontaktar i Arbeids- og velferdsetaten og arbeidsgivarar for få unge raskare i jobb.
Innsatsen for utsette unge må sjåast i samanheng med oppfølginga av FNs berekraftsmål, delmål 8.6, om å vesentleg redusere andelen unge som verken er i arbeid, under utdanning eller i opplæring. Oppfølginga av berekraftsmåla er omtalte samla i del III.
Forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram
Frå august 2025 er det sett i gang eit forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram med ei ny ungdomsyting ved sju Nav-kontor, i Arendal, Kristiansand, Sandefjord, Skien, Porsgrunn og Bergen. Forsøket skal undersøke om eit fulltidsprogram med strenge aktivitetskrav og ei alternativ inntektssikring, utan medisinske inngangsvilkår, vil bidra til at fleire unge oppnår ei stabil tilknyting til arbeidslivet.
Målgruppa for forsøket er personar med nedsett arbeidsevne som blir vurderte å kunne komme over i arbeid eller utdanning i løpet av eitt år, og andre registrerte ledige som treng betydeleg bistand for å komme i arbeid. Inntak til programmet skjer etter ei individuell vurdering og maksimal varigheit for deltaking er som hovudregel eitt år.
Ungdomsprogrammet gir Nav-kontoret eit nytt verktøy retta mot unge med utfordringar. Programmet er på fulltid og stiller høge krav til arbeidsretta aktivitet. Det inneber krav om å delta i arbeidsmarknadstiltak eller annan arbeidsretta aktivitet som er tilpassa behova til den enkelte. Sidan eit vesentleg formål med forsøket er å etablere eit alternativ til arbeidsavklaringspengar, svarar ytinga til minstesatsane for arbeidsavklaringspengar. For å få ytinga må den enkelte gjennomføre dei avtalte aktivitetane.
Forsøket skal evaluerast, og basert på evalueringa skal regjeringa seinast innan fire år avgjere om programmet skal vidareførast. I 2026 vil forsøket gå føre seg heile året, og regjeringa foreslår å løyve 172 mill. kroner til ungdomsprogrammet. Sjå nærmare omtale under kap. 634, post 70.
Rekrutteringsprogram til helse- og omsorgssektoren
Dei kommunale helse- og omsorgstenestene står overfor store personellutfordringar, samtidig som mange unge står utanfor arbeid og utdanning. Ein nasjonal intensjonsavtale om rekruttering gjennom inkludering til kommunale helse- og omsorgstenester mellom staten ved Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, KS og arbeidstakarorganisasjonane for perioden 2025–2030 blei inngått i august 2025.
I samarbeid mellom Helse- og omsorgsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet skal det frå 2026 etablerast eit program for å rekruttere primært unge utanfor arbeid og utdanning til arbeid i den kommunale helse- og omsorgssektoren. Formålet med programmet er å inkludere fleire i arbeid og samtidig møte det aukande behovet for arbeidskraft i sektoren.
Unge som treng bistand for å komme i arbeid og som er motiverte for å prøve seg i kommunal helse- og omsorgsteneste, kan delta i programmet. Dette skjer i samarbeid med Arbeids- og velferdsetaten, som bistår med rekruttering, jobbmatching og oppfølging gjennom jobbspesialistar. Den kommunale helse- og omsorgstenesta bidrar med arbeidsplass, praksis og fagleg opplæring og oppfølging. Det skal leggast til rette for at flest mogleg deltakarar går vidare til fag- og yrkesopplæring med sikte på fagbrev. Kor lenge dei deltar programmet, blir tilpassa ut frå behova og føresetnadene til kvar enkelt.
Vi viser til omtale under kap. 634, post 01 og kap. 760 Helse- og omsorgsdepartementet.
Eit enklare Nav – aktivitetspengar for unge
Arbeids- og inkluderingsdepartementet fekk i 2024 ein søknad frå Arbeids- og velferdsdirektoratet om å etablere eit forsøk med Eit enklare Nav. Prosjektet er eit resultat av tillitsreforma og eit samarbeid mellom Nav Falkenborg, Nav Lerkendal, Trondheim kommune, Statsforvaltaren i Trøndelag, Nav Trøndelag og Arbeids- og velferdsdirektoratet. Forsøket skal prøve ut éin stønad til unge under 30 år med tett og individuelt tilpassa oppfølging og aktivitet.
Regjeringa vil starte opp eit forsøk i 2026. Innretning, varigheit av stønaden og avgrensing av målgruppa vil bli vurdert før forsøket startar opp. Departementet vil sende ei forskrift for ytinga kalla «Aktivitetspenger for unge» på høyring, og regjeringa vil etter planen komme tilbake i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett med ei oppdatert vurdering av budsjettkonsekvensane.
Målet med Eit enklare Nav – aktivitetspengar for unge og forsøket med arbeidsretta ungdomsprogram er i stor grad samanfallande. Begge forsøka skal bidra til at unge kjem raskare i gang med arbeidsretta oppfølging, bl.a. ved at dei får tilgang til inntektssikring utan eit helserelatert inngangsvilkår. Likevel er forsøka ulikt innretta. Ytinga i Eit enklare Nav – aktivitetspengar for unge er meint å kunne erstatte andre ordningar som arbeidsavklaringspengar, kvalifiseringsprogrammet, tiltakspengar, dagpengar og delvis økonomisk sosialhjelp for unge i aldersgruppa 18–29 år som treng bistand frå arbeids- og velferdsforvaltninga for å komme i arbeid, også for dei med meir omfattande bistandsbehov. Målet er at éin stønad, utan krav om diagnose, skal gi raskare saksbehandling – og redusere kompleksiteten og byråkratiet slik at det frigjer ressursar til at arbeidsretta oppfølging kan starte nærmast umiddelbart. Det vil vere tydelege aktivitetskrav til den enkelte for å motta ytinga.
For å få eit truverdig kunnskapsgrunnlag arbeider departementet med eit forskingsdesign for forsøket som inneber randomisering. Det vil vere nødvendig med ei gradvis og kontrollert opptrapping. Regjeringa tar sikte på å starte forsøket hausten 2026, og foreslår å løyve 17 mill. kroner til forsøket. Sjå løyvingsforslag under kap. 605, post 01 og kap. 2652, post 70.
Tettare samarbeid mellom marknadskontaktar og arbeidsgivarar
Regjeringa vil styrke Arbeids- og velferdsetaten sitt samarbeid med arbeidsgivarar, for at fleire unge skal komme raskare i jobb. Fleire marknadskontaktar i etaten kan bidra til å identifisere fleire jobbmoglegheiter, legge til rette for meir effektive møteplassar og vere faste kontaktpunkt for unge som treng jobb og arbeidsgivarar som treng arbeidskraft. Regjeringa foreslår derfor å styrke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten med 15 mill. kroner, sjå omtale under kap. 605, post 01.
Rekrutteringsmodellen WorkOp er eit eksempel på godt marknadsarbeid i Nav-kontora og noko auken i driftsløyvinga gir rom for å styrke. WorkOp, som er utvikla av Nav Ullensaker, har vist lovande resultat, og fleire Nav-kontor ønsker å ta det i bruk. Ordninga, som har som formål å få fleire unge i arbeid, blir gjennomført i tett samarbeid mellom den unge sjølv, marknadskontaktar, fast kontaktperson i ungdomsgarantien og arbeidsgivarar.
6.6 God integrering av innvandrarar i arbeid og samfunn
Vi skal stille dei same krava til dei som kjem til Noreg, som til dei som allereie bur her. Regjeringa sin integreringspolitikk handlar om å få innvandrarar ut i arbeid eller utdanning, og at dei deltar i samfunnet elles. Arbeid betyr økonomisk sjølvstende, meistring og tilhøyrsel. Dei fleste som kjem til Noreg har behov for noko kvalifisering og norskopplæring. Regjeringa har derfor gjort fleire endringar i introduksjonsprogrammet med mål om at fleire skal komme raskare ut i arbeid og få ei varig tilknyting til det seriøse arbeidslivet.
Innvandrarar skal ha dei same moglegheitene som andre innbyggarar og skal ikkje falle utanfor på grunn av sosiale forskjellar, negativ sosial kontroll, rasisme, diskriminering eller framandfrykt.
I 2026 vil regjeringa utarbeide ein integreringsstrategi som skal gjere Noreg betre i stand til å møte særlege utfordringar på integreringsfeltet. Strategien skal synleggjere nokre av dei mest alvorlege utfordringane og barrierane for deltaking blant innvandrarbefolkninga. Den skal bygge vidare på eksisterande handlingsplanar, strategiar og tiltak. Integreringsstrategien skal gjere det lettare å sjå utfordringar og innsats i samanheng, og stake ut kursen framover. Låg arbeidsdeltaking, kulturelle barrierar for deltaking, negativ sosial kontroll, levekårsutfordringar og segregering blir sentrale tema. Strategien vil òg gå inn på korleis innvandrarar kan møte barrierar i storsamfunnet og blant majoritetsbefolkninga gjennom manglande inkludering, manglande reelle moglegheiter, negative haldningar og diskriminering.
Over éin million innbyggarar i Noreg er enten innvandrarar sjølve eller fødde i Noreg av to foreldre som har innvandra. Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre utgjer 21,4 pst. av befolkninga og har bakgrunn frå over 200 land. Det er ulike årsaker til at dei har komme til landet, bl.a. arbeidsinnvandring, flukt og familieinnvandring. Ved inngangen til 2025 var det flest frå Polen, Ukraina, Litauen, Syria, Somalia, Pakistan, Sverige, Irak, Eritrea og Tyskland. Sidan februar 2022 har det komme særleg mange fordrivne frå Ukraina.
Russlands fullskalainvasjon av Ukraina har sett systema for mottak og integrering på prøve. Rekordmange har komme til Noreg, og rekordmange er blitt busette i kommunar over heile landet. Dette hadde ikkje vore mogleg utan den store innsatsen frå kommunane og evna deira til å omstille seg og finne gode løysingar. Regjeringa er innstilt på å halde fram med å bidra, men talet på flyktningar og fordrivne som kjem til Noreg, må vere berekraftig over tid.
Regjeringa har innført ei rekke tiltak for å få dei fordrivne raskt ut i jobb. I juli 2025 var 41 pst. av dei fordrivne i arbeidsfør alder sysselsett. Sysselsettingsandelen har auka mykje sidan 2024; på same tidspunkt i fjor var 27 pst. sysselsette. Regjeringa har tidlegare innført fleire tiltak for å få innkomstane av fordrivne til Noreg nærmare nivået i nabolanda våre, og har òg avgrensa ordninga med midlertidig kollektivt vern mot trygge område i Ukraina. Mykje tyder på at tiltaka har hatt effekt, og i andre kvartal 2025 hadde Noreg dei lågaste innkomsttala i Norden. Reduserte innreisetal bidrar til å dempe presset på kommunane og busettingsbehovet har falle i 2025. Kor mange som vil søke vern frå krigen i tida som kjem, er svært usikkert, men situasjonen i Ukraina vil krevje mykje av fellesskapet i 2026 òg.
Noreg tar imot overføringsflyktningar innanfor ein årleg kvote. Kvoten i 2025 er 500 plassar, medrekna 100 plassar til evakuerte pasientar og deira pårørande frå Gaza. I tillegg har Noreg ei kvote på 550 pasientar frå Ukraina. Dei medisinske evakueringane blir handtert gjennom EU-ordninga for sivil beredskap.
I Meld. St. 17 (2023–2024) Om integreringspolitikken: Stille krav og stille opp stakar regjeringa ut kursen for ein effektiv, heilskapleg og målretta integreringspolitikk for Noreg. Målet for integreringspolitikken er god integrering av innvandrarar i arbeid og samfunn. Integreringsarbeidet skal få fleire i jobb, bygge sterke fellesskap og gode fellesarenaer, fremme likestilling og inkludering, og motverke negativ sosial kontroll, æresmotivert vald, rasisme og diskriminering. Eit sentralt mål er at innvandrarar skal komme raskt i arbeid, og forsørge seg og familien sin. Frivillige organisasjonar speler ei viktig rolle i arbeidet med integrering og inkludering. Integreringspolitiske verkemiddel rettar seg i størst grad mot innvandrarar, men i nokon grad òg mot norskfødde med innvandrarforeldre.
Samtidig som innvandringa har mange positive sider, er det òg utfordringar. Sjølv om fleirtalet av innvandrarar er i arbeid, er det for mange som ikkje kjem i jobb og fell utanfor arbeidslivet. Låg utdanning, svake norskkunnskapar og diskriminering er sentrale barrierar for deltaking i arbeidslivet. Innvandrarar er meir utsette for vedvarande låginntekt enn befolkninga elles. Særleg gjeld dette dei med flyktningbakgrunn. Fleire lever i ein familie med dårlege buforhold, høg arbeidsløyse og ulike levekårsproblem. Barn og ungdommar i låginntektsfamiliar deltar mindre i organiserte fritidsaktivitetar, og dei har òg større utfordringar på skolen. Det å bu i eit nabolag med levekårsutfordringar, streve på skolen og å ha konfliktfylte heimeforhold er risikofaktorar for manglande inkludering og kriminalitet. Personar med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte i kriminalitetsstatistikken. Negativ sosial kontroll og æresmotivert vald i enkelte familiar og miljø er barrierar for samfunnsdeltaking og fri livsutfolding. Mange innvandrarar opplever rasisme og diskriminering som kan skape ein følelse av manglande inkludering og hindre tilhøyrsel og deltaking.
Arbeidsinnvandrarar har vore den største innvandrargruppa i Noreg sidan 2004. Til tross for høg deltaking i arbeidslivet, har mange arbeidsinnvandrarar mangelfulle norskferdigheiter, låg deltaking i frivilligheit og politikk og lita kjensle av tilhøyrsle i det norske samfunnet.
Regjeringa har hausten 2025 sendt på høyring eit forslag til ei integreringserklæring som nykomne flyktningar og deira familiemedlemmar skal signere. Erklæringa gjer det tydeleg kva norske myndigheiter forventar av ein deltakar i introduksjonsprogrammet, og plikten deltakaren har til å ta del i arbeids- og samfunnsliv og være sjølvforsørga.
Nykomne flyktningar og deira familiemedlemmar skal i tillegg anerkjenne at menn og kvinner har like rettar til utdanning, arbeid og deltaking i demokratiske prosessar. Dei skal òg anerkjenne at alle har rett til å leve i fridom og tryggleik, og at fridommen til å bestemme over eige liv er ein grunnleggjande rett for alle menneske.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for integreringspolitikken til regjeringa og har ei pådrivarrolle og eit ansvar for samordning på tvers av ulike sektorar. Ansvaret omfattar politikken for busetting av flyktningar, kvalifisering av innvandrarar, tolking i offentleg sektor, statsborgarskap, førebygging av negativ sosial kontroll og æresmotivert vald, og oppmoding til mangfald i arbeidslivet. Som del av pådrivarrolla har departementet òg ansvar for å fremme likeverdige offentlege tenester og førebygge diskriminering. Samtidig har alle sektorar eit sjølvstendig ansvar for å sikre at politikken og tiltaka deira inkluderer og treff heile befolkninga, også innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre. God integrering krev innsats på tvers av sektorar, og det krev bl.a. godt samarbeid mellom kommunane, fylkeskommunane, statsforvaltarane, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Arbeids- og velferdsetaten, arbeidsgivararane og sivilsamfunnet.
6.6.1 Flyktningar blir busette raskt og treffsikkert over heile landet
Flyktningar og fordrivne blir som hovudregel busette med offentleg hjelp etter avtale mellom staten og ein kommune. Busettinga er ei frivillig oppgåve for kommunane. Kvart år oppmodar staten kommunar om å busette flyktningar, og kommunane gjer så vedtak om kor mange dei kan ta imot. Den enkelte kommune avgjer sjølv kvar i kommunen flyktningane skal busettast.
Busettinga skal skje styrt, spreidd, raskt og treffsikkert. Styrt og spreidd busetting inneber at nykomne flyktningar og fordrivne skal busettast i alle landsdelane og i kommunar av ulik størrelse. Rask busetting inneber at nykomne flyktningar skal busettast så raskt som mogleg etter at dei har fått opphaldsløyve. Treffsikker busetting inneber bl.a. at dei skal busettast i kommunar med eit relevant tilbod om kvalifisering, utdanning, arbeid og andre tenester. Einslege mindreårige flyktningar og barnefamiliar er prioriterte i busettingsarbeidet.
Svingingar i busettingsbehovet
Sidan februar 2022 har det store antalet fordrivne som har komme frå Ukraina, ført til at rekordmange flyktningar er blitt busette i norske kommunar. Etter fleire år med svært høg busetting, er busettingsbehovet no redusert. Det er venta at talet på busette vil bli halvert frå 2024 til 2025 og talet på busette vil halde fram med å gå nedover i 2026. Sjølv med eit redusert busettingsbehov, er det likevel venta at kommunane skal busette dobbelt så mange flyktningar i 2026 som dei gjorde i tida før Russlands fullskalainvasjon av Ukraina.
Fallet i busettingsbehovet inneber at kommunane står overfor ei ny omstilling. Etter fleire år med oppbygging av busettingskapasiteten må dei no bygge han ned igjen. Sjølv om behovet er forventa redusert, arbeider kommunane stadig med å integrere dei rekordmange flyktningane som allereie er busette. Omstillinga kommunane står overfor, kombinert med dei historisk mange flyktningane dei skal følge opp, gjer at presset på tilbod og tenester i kommunane vil halde fram. Regjeringa har sidan 2023 sett inn fleire tiltak for å redusere innreisetala og dempe presset på kommunane. Tiltaka ser ut til å ha effekt. Antalet som kjem til Noreg har blitt redusert, og det har den siste tida komme færre til Noreg enn til våre naboland. I andre kvartal 2025 var det fleire ukrainarar som utvandra frå Noreg enn det var som innvandra til Noreg, ifølge tal frå SSB. Det er svært usikkert korleis situasjonen i Ukraina og innreisetala utviklar seg i tida framover. Prognosane for busettingsbehovet i 2025 og 2026 er usikre, og dei kan endre seg betydeleg på kort tid. Denne uvissa er ei utfordring i arbeidet med busetting. Samtidig viser erfaringane at dagens busettingsordning er godt rusta til å møte store og raske svingingar i busettingsbehovet.
Styrt, spreidd, rask og treffsikker busetting
Regjeringa vil at busettinga av flyktningar skal vere styrt, spreidd, rask og treffsikker. Regjeringa vil unngå at flyktningar blir busette i område med store levekårsutfordringar og ein høg andel innbyggarar med innvandrarbakgrunn. Arbeidet blir bl.a. følgt opp gjennom oppmodingskriteria for busetting, som blir fastsette av departementet kvart år. Kva for kriterium som blir vektlagde, og kor mange kommunar som blir oppmoda om å busette flyktningar, varierer med det samla busettingsbehovet.
Historisk sett har det vore lagt vekt på at flyktningar ikkje skal busettast i kommunar med høg innvandrarandel og med levekårsutfordringar, og at det skal leggast størst vekt på arbeidsmarknaden i regionen. Etter dei mange innkomstar frå Ukraina, forenkla departementet oppmodingskriteria i 2022–2025 for å få fleire kommunar til å busette flyktningar. Sidan busettingsbehovet er venta å gå ned, har departementet beslutta at fleire av dei opphavlege oppmodningskriteria vil bli tatt i bruk igjen frå 2026. Det skal takast omsyn til innvandrarandel og levekårsutfordringar i kommunen. Det skal også leggast stor vekt på arbeidsmarknaden i regionen og visast merksemd til kommunar med mykje sekundærflytting. Meir detaljerte kriterium samtidig som det er venta nedgang i antall fordrivne frå Ukraina, vil samla sett føre til at færre kommunar blir oppmoda om å busette flyktningar i 2026.
Basert på oppmodingskriteria, oppmodar Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) i samråd med KS (Kommunesektorens organisasjon) kommunane om å busette eit bestemt antal personar kvart år. Fylkeskommunane skal anbefale kor mange flyktningar som bør busettast i kvar kommune. Busetting krev samordning og koordinering mellom mange etatar, bl.a. IMDi, Utlendingsdirektoratet (UDI), Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Helsedirektoratet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), Husbanken, statsforvaltarar, KS, kommunar og fylkeskommunar.
Det er eit klart mål å ha så kort ventetid som mogleg frå ein flyktning får vedtak om opphald, til busetting i ein kommune. Den gjennomsnittlege ventetida har vore historisk kort dei siste åra. Samtidig er det framleis krevjande å busette flyktningar med særskilde behov, slik som dei med store helsebehov eller einslege mindreårige. Ventetida for desse gruppene har auka.
Å kartlegge flyktningar før busetting er viktig for at busettinga skal bli så treffsikker som mogleg. IMDi nyttar slik kartlegging for å finne ein eigna busettingskommune, og kommunen nyttar kartlegginga for å legge til rette for busettinga. Kartlegginga omfattar bl.a. opplysningar om tilknyting til ein kommune, relasjonar i Noreg, eventuelle behov for tilrettelegging og annan informasjon som det er nødvendig for IMDi og kommunen å kjenne til. I tillegg har flyktningar rett og plikt til å gjennomføre kompetansekartlegging før dei blir busette. Det skal bidra at dei blir busette i ein kommune med eit relevant tilbod om arbeid eller utdanning, og at dei får eit introduksjonsprogram som er tilpassa behova den enkelte har.
Personar med kollektivt vern har først rett til kompetansekartlegging etter at dei er busette. Det blir likevel innhenta informasjon om utdanning, yrke, språkferdigheiter og førarkort gjennom ei forenkla kartlegging på førehand. Etter busettinga har personar med kollektivt vern rett til kompetansekartlegging, og dei som deltar i introduksjonsprogrammet har òg plikt til å gjennomføre denne kartlegginga.
To av tre flyktningar bur framleis i kommunen dei blei busette i sju år etter busetting. Dei som flyttar, er hovudsakleg unge menn som bur åleine, og dei flyttar gjerne for å studere, arbeide eller for å bu nærmare ein kjærast, familie eller venner. Kommunane dei flyttar frå er som regel mindre, mens kommunane dei flytter til er som regel større og meir sentrale. Flyttemønsteret kan føre til konsentrasjon av enkelte grupper av flyktningar på nokre stader.
6.6.2 Innvandrarar kjem i jobb og får ei stabil tilknyting til arbeidslivet
Regjeringa har som mål at fleire innvandrarar skal delta i jobb og få ei stabil tilknyting til arbeidslivet. Vaksne som får opphald i Noreg, skal så raskt som mogleg bli ein del av samfunnet og bidra på lik linje med alle andre.
Innvandrarar er ei samansett gruppe, og deltakinga i arbeidslivet varierer. Flyktningar og familiane deira har ofte lite eller inga utdanning og manglar relevant arbeidserfaring. Dei treng tid til å kvalifisere seg til den norske arbeidsmarknaden og deltar i gjennomsnitt langt mindre i arbeidslivet enn andre grupper gjer. Arbeidsinnvandrarar derimot, er sysselsett på nivå med resten av befolkninga. Regjeringa sitt tydelege mål er likevel at innvandrarar som kan jobbe, skal jobbe. For å bidra til at innvandrarar kjem i arbeid eller utdanning er det utvikla ei rekke kvalifiseringstiltak. Dei skal bidra til å fylle gapet mellom kompetansen den enkelte nykomne har, og det arbeidsmarknaden krev. Det er mange aktørar på kvalifiseringsfeltet, og kvalifisering av nykomne innvandrarar skjer i vaksenopplæring, vidaregåande opplæring, arbeidsmarknadstiltak og tilbod og aktivitetar i frivillig sektor, for de fleste gjennom introduksjonsprogrammet. Kommunane og fylkeskommunane er hovudansvarlege for tiltaka. Departementet, i samarbeid med relevante direktorat, har ei sentral rolle som tilretteleggar, pådrivar og samordnar overfor kommunane, fylkeskommunane, sektormyndigheitene og andre samarbeidspartnarar.
Dei sentrale ordningane for nykomne innvandrarar er lovregulerte, slik som introduksjonsprogram og norskopplæring. Det er viktig med god etterleving av integreringslova. Statsforvaltaren har ei viktig rolle som tilsynsmyndigheit og rettleiar av kommunane.
Forutan dei lovregulerte ordningane for nykomne innvandrarar er det òg utvikla særskilde ordningar retta mot ei større målgruppe. IMDi, i samarbeid med HK-dir og Arbeids- og velferdsdirektoratet, arbeider bl.a. for å auke bruken av tilrettelagd fag- og yrkesopplæring for vaksne innvandrarar (bl.a. gjennom særskilde tilskot til fylkeskommunen). Det blir òg gjort ein særleg innsats for å få fleire kvinner i arbeid eller utdanning, bl.a. gjennom Jobbsjansen. Sjå nærmare omtale under programkategori 09.70 Integrering og mangfald.
Kommunane og NAV-kontora samarbeider tett om kvalifisering av nykomne flyktningar, både mens flyktningane deltar i introduksjonsprogrammet, og etter at dei har fullført det. Inkludering av innvandrarar i arbeidslivet skjer både gjennom dei generelle arbeidsretta tiltaka Arbeids- og velferdsetaten har ansvaret for, og gjennom innsatsen til kommunane og frivillige organisasjonar. Arbeids- og velferdsdirektoratet har fått i oppdrag å innhente meir kunnskap om korleis overgangen mellom introduksjonsprogrammet og den arbeidsretta oppfølginga i Nav-kontoret fungerer, og kva som er barriererane og moglegheitene for å få til ein smidig overgang for deltakarar som ikkje når sluttmålet sitt i introduksjonsprogrammet.
Ein stor andel av dei som deltar på arbeidsmarknadstiltak i regi av Arbeids- og velferdsetaten har innvandrarbakgrunn. Arbeidsmarknadstiltak blir tildelte etter ei individuell vurdering av behovet for bistand. Tiltaka skal sette den enkelte i betre stand til å få eller behalde arbeid. Det kan skje bl.a gjennom arbeidstrening, lønnstilskot eller opplæringstiltak. Opplæringstiltak blir ofte nytta overfor innvandrarar, noko som heng saman med at mange treng kompetanseheving for å komme i arbeid. I Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje varsla regjeringa fleire tilpassingar i opplæringstiltaket for at fleire kan få opplæring og utdanning som gir formell kompetanse. Fleire av forslaga er følgde opp, bl.a er det opna for å innvilge førebuande opplæring for vaksne som opplæringstiltak i Arbeids- og velferdsetaten. I tillegg er varigheita for opplæringstiltaket utvida for personar som gjennomfører førebuande opplæring i forkant av eller i kombinasjon med fag- og yrkesopplæring. Endringane vil bidra til eit meir integrert tilbod for innvandrarar som treng norskopplæring for språklege minoritetar, grunnleggande ferdigheiter og andre grunnskolefag.
Sjå nærmare under mål 4 God inkludering av utsette grupper.
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap
Målgruppa for rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter integreringslova er asylsøkarar, nykomne flyktningar og familiesameinte med desse, i tillegg til familiesameinte til norske og nordiske borgarar. Det er viktig at denne opplæringa har god kvalitet. For å bidra til det er det sett inn tiltak for å utvikle kompetanse, metodar og læringsressursar for den obligatoriske opplæringa i norsk og gitt midlar til etter- og vidareutdanning for lærarar. Satsinga på vidareutdanning har gjort at det no er fleire lærarar som oppfyller kompetansekravet i norsk som andrespråk etter integreringslova. I 2023 var det 66 pst. av lærarane som tilfredsstilte kompetansekravet. I 2024 førte fleire utlysingar og studietilbod og meir marknadsføring av stipend- og vikarordninga som HK-dir forvaltar, til at langt fleire lærarar tok vidareutdanning i norsk som andrespråk.
Mange kommunar slit med å tilby opplæring i samfunnskunnskap innan fristen som er sett i integreringslova. Dei største utfordringane er mangel på lærarar som kan undervise på deltakarane sitt eige språk, og at det er kostbart å arrangere undervisning for små grupper. HK-dir og IMDi har derfor fått i oppdrag å greie ut moglegheita for å innføre eit digitalt tilbod i samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Målet er å gjere det enklare for kommunane å tilby opplæring på eit språk deltakarane forstår. Departementet vil vurdere iverksetting av eit digitalt tilbod i 2026. HK-dir har laga ei informasjonsside for samfunnskunnskap som gir praktisk informasjon til kommunar om korleis dei kan legge til rette for kurs i samfunnskunnskap innanfor rammene av integreringslova. Her finn dei bl.a. informasjon om ulike former for organisering, formål og innhald i opplæringa og moglegheiter for etterutdanning av lærarar. Det blir òg satsa på etterutdanning av fleirspråklege lærarar i samfunnskunnskap.
Norskprøveresultata for 2024 låg på same nivå og hadde same varierande måloppnåing som i 2023. På den munnlege prøven var det framleis ein klar framgang frå 2022, mens resultata på den skriftlege prøven var noko svakare. Fordrivne frå Ukraina, som har rett, men ikkje plikt til opplæring, bidrog til at talet på deltakarar i opplæringa auka betydeleg i 2022, 2023 og 2024. I 2024 var 79 pst. av prøveresultata i samfunnskunnskap bestått (mot 78 pst. i 2023). Totalt blei det avlagt 12 500 prøvar.
Arbeidsinnvandrarar frå land utanfor EØS og familiesameinte til desse har plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, mens dei frå EØS verken har rett eller plikt. Svake norskferdigheiter er ei utfordring for arbeidsinnvandrarar, som ikkje har krav på gratis norskopplæring. Samtidig har arbeidsinnvandrarar òg eit sjølvstendig ansvar for å lære norsk. For arbeidsinnvandrarar, familiemedlemmane deira og andre nykomne til Noreg som ikkje er omfatta av introduksjonsprogrammet, er det viktig med god og tilgjengeleg informasjon. Som ei oppfølging av Arbeidsinnvandrerutvalget si utgreiing, NOU 2022: 18 Mellom mobilitet og migrasjon, skal fylkeskommunane bidra til å koordinere etableringa av kommunale, interkommunale eller regionale velkomsttilbod. IMDi publiserte i desember 2024 ein nasjonal rettleiar for å etablere slike tilbod.
Fordrivne frå Ukraina med midlertidig kollektivt vern har rett til opplæring i norsk i inntil eitt år, jf. midlertidige lovendringar i integreringslova i samanheng med at eit stort antal fordrivne frå Ukraina har søkt om vern i Noreg. I juli var det 150 kommunar som brukte det nasjonale digitale tilbodet om norskopplæring. Det gav opplæring til ca. 2 600 deltakarar til saman. Sidan starten i mars 2024 har omtrent 40 pst. av kommunane kjøpt kurs gjennom det nasjonale tilbodet – til totalt 7 879 deltakarar. Tala viser at det nasjonale digitale tilbodet har potensial for vidare oppskalering. Statusrapportar frå følgeevalueringa til Proba samfunnsanalyse viser at kommunane kjøper det digitale tilbodet først og fremst fordi dei meiner det er fleksibelt og lett å kombinere med eventuell jobb eller praksis.
Tilskot til norskopplæringsordninga er eit supplement til det kommunale norsktilbodet. Gjennom ordninga kan godkjende tilbydarar av opplæring i norsk for vaksne innvandrarar søke om tilskot til å gi eit avgrensa antal timar gratis norskopplæring. Dette skal bidra til at deltakarane på sikt når nivå B1 eller høgare. Formålet med norskopplæringsordninga er å gi eit målretta og fleksibelt tilbod til innvandrarar som ikkje har lovbasert rett til norskopplæring, men som har behov for å styrke norskferdigheitene sine, uavhengig av innvandringsårsak og butid. For 2024 rapporterer tilbydarane om gode resultat av opplæringa og gode erfaringar med gjennomføring. Stadig fleire dokumenterer god progresjon for deltakarane, og mange når målet om nivå B1 eller høgare.
Frivillige organisasjonar kan, gjennom tilskotsordninga for integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar, søke om tilskot til å tilby norsktrening. Ei evaluering viser at norsktreningstilboda jamt over har høg måloppnåing og bidrar positivt til deltakarane sine norskferdigheiter.
Introduksjonsprogram
Flyktningar og familiesameinte til desse som er mellom 18 og 60 år og busette i ein kommune etter avtale med IMDi, har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet. Målgruppa har blitt oppjustert frå 55 til 60 år i forbindelse med endringane i integreringslova som blei vedtatt 10. juni 2025, men iverksettingstidspunktet vil bli vurdert ut frå utviklinga i innkomstar og kapasiteten i kommunane. Personar som har same opphaldsstatus, men er mellom 60 og 67 år, kan få tilbod om introduksjonsprogram, men har ikkje rett og plikt til å delta. Introduksjonsprogrammet skal gi deltakarane grunnleggande ferdigheiter i norsk, grunnleggande innsikt i norsk samfunnsliv og førebu dei til arbeid eller utdanning. Deltakarar i målgruppa for introduksjonsprogrammet har rett og plikt til å gjennomføre kompetansekartlegging og karriererettleiing. Dette skal bidra til at introduksjonsprogrammet blir tilpassa etter dei behova den enkelte har. IMDi skal kartlegge kompetansen til overføringsflyktningar og kommunen skal sørge for kompetansekartlegging av mottaksbebuarar og dei som har blitt kartlagde før busetting. Fylkeskommunen skal sørge for karriererettleiing.
Personar med midlertidig kollektivt vern etter utlendingslova § 34 er omfatta av ordningane i integreringslova om introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Stortinget vedtok 7. juni 2022 eit midlertidig kap, 6A i integreringslova. Formålet med dei midlertidige endringane var bl.a. å forenkle kvalifiseringsordningane for personar med kollektivt vern, lempe på lovpålagde plikter for kommunane og støtte opp under målet om at flest mogleg skal komme raskt ut i arbeid eller annan aktivitet. Etter kap. 6A i integreringslova, har fordrivne frå Ukraina rett, men ikkje plikt, til introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap.
I februar 2024 blei krava til arbeidsretting i introduksjonsprogrammet etter dei midlertidige reglane skjerpte ved at det kom krav til arbeidsretta innhald etter tre månader. Det blei òg innført strengare krav til arbeid eller arbeidspraksis for å få forlengt programmet. Den 14. juni 2024 blei det vedtatt å vidareføre dei midlertidige endringane i integreringslova til 1. juli 2026, med enkelte tilpassingar.
Målet er at introduksjonsprogrammet skal bidra til stabil tilknyting til arbeid. Av deltakarane som avslutta programmet i 2022, var 65 pst. i arbeid eller utdanning året etter. Sysselsettinga blant innvandrarar er høgare jo høgare utdanning dei har11. Fleire skal derfor få formell kvalifisering gjennom introduksjonsprogrammet. Fag- og yrkesopplæring blir særleg vektlagd. Trass dette, viser forsking at minst halvparten av deltakarane manglar grunnskole eller vidaregåande opplæring når dei avsluttar programmet. Eit mindretal av dei fullfører desse nivåa etter dei har avslutta. No som det har blitt mange deltakarar frå Ukraina, har situasjonen rett nok endra seg, for omtrent ni av ti fordrivne frå Ukraina har minst gjennomført vidaregåande skole tidlegare og får såleis tilbod om korte introduksjonsprogram. Utfordringa for andre deltakargrupper gjeld likevel framleis. Blant desse var det berre om lag ein av ti som var registrert med eit sluttmål som innebar kort programtid i 2024.
Endringar i integreringslova
Som del av oppfølginga av Meld. St. 17 (2023–2024) Om integreringspolitikken: Stille krav og stille opp og basert på erfaringar frå følgeevalueringar og handteringa av dei høge innkomstane av fordrivne frå Ukraina, fremma regjeringa forslag til endringar i integreringslova for Stortinget 4. april 2025, jf. Prop. 81 L (2024–2025). Forslaga blei vedtatt av Stortinget 10. juni 2025, og dei fleste av endringane tar til å gjelde 1. januar 2026.
Formålet med endringane er bl.a. å styrke arbeidsrettinga og den formelle opplæringa i introduksjonsprogrammet. Bl.a. er det innført minstekrav til arbeidsretta element i programmet, basert på positive erfaringar med dei midlertidige reglane for personar med kollektivt vern, som har ført til tidlegare og meir konsekvent innføring av arbeidsretta tiltak. I tillegg har programtida for deltakarar som skal gjennomføre heile eller delar av vidaregåande opplæring blitt utvida for å møte utfordringar knytt til lang ventetid før oppstart i vidaregåande opplæring, mangel på tilrettelagde tilbod for deltakarar med svake norskferdigheiter og behov for føreseieleg livsopphald. For dei som skal fullføre fag- og yrkesopplæring kan programmet settast til inntil fem år frå start.
Jobbsjansen
For mange kvinner med innvandrarbakgrunn står langt unna arbeidsmarknaden og treng grunnleggande kvalifisering for å komme i arbeid. Dette er ei utfordring for økonomien og sjølvstendet til kvar enkelt kvinne, men òg for familien sin økonomi, for barn som veks opp i låginntekt, for velferdssamfunnet og for likestillinga. Det er eit særskilt mål å auke sysselsettinga blant kvinner med innvandrarbakgrunn. Tilskotsordninga Jobbsjansen er eit viktig verkemiddel for ein målretta innsats overfor innvandrarkvinner som står langt frå arbeidsmarknaden, og som har behov for grunnleggande kvalifisering for å komme i jobb eller ordinær utdanning. Jobbsjansen er eit individuelt tilpassa program som skal gi styrkte kvalifikasjonar for varig tilknyting til arbeidslivet og økonomisk sjølvstende. Ordninga har i ei årrekke vist gode resultat når det gjeld overgang til arbeid og utdanning. Av deltakarane som avslutta ordninga i 2024, gjekk 74 pst. direkte over i arbeid eller utdanning.
I 2023 etablerte IMDi, på oppdrag frå departementet, eit eige Jobbsjansenregister. Det skal bidra til meir treffsikre opplysingar om måloppnåinga. Registeret skal òg danne grunnlag for kunnskapsutvikling sentral og lokalt, og for analysar og statistikk til bruk i forsking og utvikling av ordninga.
I perioden 2022–2025 har det blitt gjennomført eit forsøk med per capita-finansiering av Jobbsjansen. Ideas2evidence har følgeevaluerert forsøket. På bakgrunn av evalueringa, og i samråd med IMDi, vil regjeringa frå 2026 legge om finansieringsmodellen for Jobbsjansen til ein modell som er tett opp til den som har blitt pilotert dei siste tre åra. Heretter vil kommunane få tilskot basert på ein fast sats per månad for kvar plass som vert nytta til å tilby ein deltakar eit Jobbsjansen-program. Det vil gjere tilskotsprosessen meir føreseieleg for kommunane og redusere dei administrative kostnadene for både kommunane og IMDi. Det er berre finansieringa, herunder søknads- og tildelingsprosessen, som vert justert. Prosjektmetodikken vil vere som tidlegare, slik at suksessfaktorar som tett oppfølging og arbeidsretta og individuelt tilpassa kvalifiseringsløp vert ivareteke.
Mangfald i arbeidslivet
Det er eit mål at kompetansen og ressursane til innvandrarar blir nytta på ein god måte i det norske arbeidslivet. I eit integreringsperspektiv handlar mangfald i arbeidslivet om innsatsen retta mot arbeidsgivarar for å gjere dei meir bevisste på etnisk mangfald som ein ressurs, å auke rekrutteringa av innvandrarar til arbeidslivet og å bidra til at innvandrarar får brukt kompetansen sin i arbeidslivet. Det handlar òg om at arbeidsgivarar, i både offentleg og privat sektor, har eit ansvar for å jobbe strategisk med etnisk mangfald. Dette inneber bl.a. å sjå potensialet i eit mangfald av tilsette og å systematisk utvikle ein organisasjonskultur der forskjellane utløyser auka effektivitet og trivsel.
Arbeidet for etnisk mangfald i arbeidslivet omfattar alle innvandrargrupper. Dei statlege verkemidla for å styrke det etniske mangfaldet i arbeidslivet består bl.a. av ei tilskotsordning for verksemder, ei rettleiingsteneste for arbeidsgivarar i regi av IMDi, med bl.a. nettsida mika.no, utvikling av kunnskap om mangfald i arbeidslivet og utdeling av Mangfaldsprisen. Arbeidet blir òg sett i samanheng med arbeid mot diskriminering i arbeidslivet. Formålet med mangfaldstiltaka til IMDi er at arbeidsgivarar skal kunne finne kunnskap og råd om korleis dei kan lykkast med å skape eit etnisk mangfald på arbeidsplassen og få ut meirverdien av mangfaldet. Samarbeidet med partane i arbeidslivet er viktig for å få til brei rekruttering og forhindre diskriminering. Alle mangfaldstiltaka IMDi forvaltar, er utarbeidde i samarbeid med partane i arbeidslivet.
6.6.3 Fleire innvandrarar deltar i samfunnslivet
Det er eit mål for integreringspolitikken at innvandrarar skal delta i det norske samfunnslivet på lik linje med andre innbyggarar, gjennom sterke fellesskap og gode fellesarenaer. For å legga til rette for eit godt og rettferdig samfunn for alle, må innvandrarar og barna deira kunne delta på alle samfunnsarenaer. Barn skal ha ein trygg og god oppvekst og like moglegheiter. Dei skal få delta i barnehage, gå på skole og vere med i fritidsaktivitetar der dei kan oppleve inkludering, fellesskap og vennskap, og der dei kan lære og utvikle seg. Integreringspolitikken skal bidra til at innvandrarar får innsikt i, og sluttar opp om, dei grunnleggande verdiane i det norske samfunnet. Frivillige organisasjonar skaper viktige arenaer for integrering og deltaking i samfunnet. Integreringspolitikken er viktig for å redusere barrierar mot deltaking i både arbeids- og samfunnsliv.
Barnehagen speler ei avgjerande rolle i barna sine første leveår. Regjeringa har prioritert å innføre billigare makspris slik at alle barn får tilgang til barnehagar med høg kvalitet. Sidan innføringa har deltakinga blant minoritetsspråklege barn auka frå 86,2 pst. i 2022 til 89,5 pst. i 2024. Auken var størst blant eittåringar, frå 59,4 pst. i 2022 til 65,8 pst. i 2024. Se nærmare omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Kunnskapsdepartementet.
Rasisme og diskriminering
Rasisme og diskriminering kjem til uttrykk når nokon meiner at andre er mindre verde på grunn av hudfargen sin, kva dei heiter, kva dei trur på, eller kvar dei har røtene sine. Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre opplever diskriminering på fleire samfunnsområde. Det kan gå ut over levekår og helse, deltaking i arbeidslivet og utbytte av skolegang. Regjeringa vil førebygge og kjempe mot rasisme og diskriminering i det norske samfunnet. Handlingsplan mot rasisme og diskriminering – ny innsats 2024–2027 inneheld 50 tiltak som saman skal bidra til å førebygge rasisme og diskriminering i arbeidsliv, på ungdomsarenaer og i lokalsamfunn. Regjeringa gjer i tillegg ein særskild innsats mot hets og diskriminering av bestemte minoritetar. I 2024 la regjeringa fram to nye handlingsplanar, éin mot antisemittisme og éin mot muslimfiendskap. Desse to handlingsplanane blir følgde opp av Kultur- og likestillingsdepartementet, som har koordineringsansvaret på politikkområda likestilling og diskriminering. I 2025 kom Handlingsplan mot hets og diskriminering av samar (2025–2040), lagt fram av Kommunalt- og distriktsdepartementet, som har ansvaret for politikk overfor samar og nasjonale minoritetar.
Frivillige organisasjonar og rolla deira i det lokale og nasjonale integreringsarbeidet
Frivillig arbeid og frivillige organisasjonar speler ei viktig rolle i integreringsprosessar og i arbeidet med å skape felles møteplassar og samfunnsdeltaking for alle. Dei frivillige organisasjonane har bl.a. spelt ei viktig rolle under koronapandemien og i samanheng med handteringa av fordrivne frå Ukraina.
Frivillige organisasjonar jobbar både i asylmottak og i lokalsamfunn med å tilby språktrening, møteplassar, kurs og fritidsaktivitetar innan kultur, idrett og friluftsliv.
Regjeringa vil foreslå endringar i regelverket for tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar. Dagens forskrift vil bli erstatta med ei ny. Tilskot til nasjonale ressurssenter på integreringsfeltet blir frå 2026 ei søkbar ordning og blir regulert i same forskrift. Tilskot til frivillige organisasjonar til tiltak retta mot å skape sosiale møteplassar for gutar og unge menn, for å førebygge kriminalitet og å hindre rekruttering til kriminelle miljø, blei oppretta i 2025 og blir foreslått vidareført. Tilskotet skal gå til prosjekt som har som mål å førebyggje kriminalitet og rekruttering til kriminelle miljø i utsette område.
Negativ sosial kontroll og æresmotivert vald
Alle i Noreg har rett til å leve eit trygt og fritt liv. Derfor er det eit av hovudmåla til regjeringa å kjempe mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald, medrekna tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Regjeringa meiner det er behov for innsats på fleire områder, og har derfor betra førebygginga og foreslått lovendringar for at fleire kan ta frie val og bestemme over eigen framtid. Våren 2025 lanserte regjeringa handlingsplanen Sjef i eget liv – styrket innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vold 2025–2028. Handlingsplanen vektlegg innsats for eit styrkt rettsvern for utsette personar, betre førebygging, styrkt kompetanse i tenesteapparatet og førebygging av ufrivillige opphald i utlandet. Tiltak mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald inngår også i Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) Trygghet for alle.
I juni 2025 la regjeringa fram ein proposisjon med forslag om utreiseforbod for barn som står i fare for å bli utsette for eit skadeleg opphald i utlandet. Regjeringa foreslår ein ny lovregel i barnevernslova om vedtak om utreiseforbod for barn som risikerer å bli utsett for skadeleg opphald i utlandet, ei særleg plikt for barnevernstenesta til å varsle politiet og utlendingsmyndigheitene, at brot på utreiseforbodet skal vere straffbart, og at det ikkje skal utferdast pass eller ID-kort med reiserett til barn som har eit utreiseforbod. Forslaga skal bidra til å førebygge negativ sosial kontroll og æresmotivert vald, og proposisjonen følgjer opp forslag frå NOU 2024: 13 Lov og frihet.
Det er etablert fleire særskilde tenester med spisskompetanse på negativ sosial kontroll, æresmotivert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Det nasjonale tverretatlege kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, som regjeringa har styrka ved fleire høve, er ei viktig teneste. Kompetanseteamet rettleier og gir råd til tilsette i dei ordinære tenestene om korleis dei kan følge opp utsette. Teamet rettleier òg enkeltpersonar som sjølve er utsette og tar kontakt for å få hjelp. I tillegg bidrar teamet med kompetanseheving for dei tilsette i tenestene gjennom å halde foredrag og seminar om tematikken.
Det er utplassert 69 mangfaldsrådgivarar på utvalde skolar og vaksenopplæringssenter i alle fylka i landet. Ordninga blei styrkt med fire nye stillingar i 2025. Mangfaldsrådgivarane blir tilsette av IMDi og er eit viktig lågterskeltilbod for utsette personar. Dei kan komme tidleg inn med rådgiving og førebyggande tiltak. Mangfaldsrådgivarane skal òg styrke kompetansen på tematikken blant skoletilsette og i det offentlege tenesteapparatet.
IMDis fagteam for førebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vald driv kompetanseheving for tilsette på skolar som ikkje har mangfaldsrådgivar, flyktningtenester, Nav-kontor, vaksenopplæringsinstitusjonar og andre hjelpetenester.
Det er òg fire spesialutsendingar for integreringssaker på utanriksstasjonane i Kenya, Jordan, Pakistan og Tyrkia. Dei gir konsulær bistand til personar som er utsette for negativ sosial kontroll, æresmotivert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting i utlandet, og bidrar til å spreie kunnskap om tematikken i Noreg.
Det nasjonale bu- og støttetilbodet for personar som er utsette for negativ sosial kontroll og æresmotivert vald, gir utsette over 18 år ein trygg stad å bu og støtte til å etablere seg på nytt. Det er totalt 26 plassar i butilbodet, fordelte på fem kommunar. I 2024 blei det sett i gang ein pilot med butilbod for personar over 18 år som har blitt utsette for ufrivillige opphald i utlandet. Piloten omfattar personar som har returnert til Noreg etter eit ufrivillig utanlandsopphald og har store hjelpebehov, men som ikkje oppfyller kriteria for å få ein plass i det eksisterande bu- og støttetilbodet. Det kan vere fordi dei ikkje er trusselutsette, eller fordi dei har ein tilleggsproblematikk som ikkje er foreinleg med eit opphald i det eksisterande bu- og støttetilbodet, av omsyn til sikkerheita for dei sjølve eller andre.
Eit lovutval har gjort ei heilskapleg juridisk utgreiing av problemstillingar i saker som omhandlar negativ sosial kontroll, æresmotivert vald, tvangsekteskap, kjønnslemlesting, psykisk vald og ufrivillig utanlandsopphald. Utgreiingsrapporten blei levert 24. juni 2024 og har vore på høyring. Lovutvalet fekk i mandat å særleg vurdere om personar som er utsette for slike handlingar, har eit godt nok rettsvern, eller om det er behov for endringar i lovgivinga. Utvalet har bl.a. foreslått viktige avklaringar av sentrale omgrep som negativ sosial kontroll, æresmotivert vald og ufrivillig og skadeleg utanlandsopphald. Vidare foreslår utvalet meir enn 60 endringar i regelverket, bl.a. endringar i straffelova og barnevernslova. Regjeringa la i juni fram for Stortinget forslag om utreiseforbod for barn som står i fare for å blir utsette for skadeleg utanlandsopphald og enkelte tilgrensande forslag. Dette er sentrale forslag i det lovutvalet har omtalt som ei «tiltakspakke mot ufrivillig og skadeleg utanlandsopphald».
Oppfølginga av utgreiingsrapporten inngår òg som sentrale tiltak i handlingsplanen mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald. Regjeringa vil i løpet av planperioden (2025–2028) vurdere dei andre forslaga frå utvalet og høyringsinnspela grundig, og komme tilbake med eventuelle forslag til lovendringar.
Tolking i offentleg sektor
For å sikre forsvarleg hjelp og rettssikkerheit, for å oppnå likeverdige offentlege tenester for alle innbyggarar og for at nye borgarar skal få god informasjon om plikter og rettar i det norske samfunnet, er det viktig å bruke kvalifiserte tolkar og tilpassa kommunikasjon. Tilrettelagd informasjon frå offentleg sektor kan auke deltakinga i samfunnet og tilliten til det offentlege. For 2024 er det anslått at det blei gjennomført meir enn 1,3 millionar tolkeoppdrag i offentleg sektor. Bruken av kvalifiserte tolkar er for låg, sjølv om andelen oppdrag gjennomført med kvalifisert tolk har auka frå 48 pst. i 2020 til 70 pst. i 2024.
Ei viktig årsak til denne auken er at tolkelova tok til å gjelde 1. januar 2022. IMDi, som er nasjonal fagmyndigheit for tolking i offentleg sektor, rettleier offentlege verksemder om lova og om bruk og bestilling av tolk. IMDi skal òg bidra til å sikre at det blir kvalifisert nok tolkar i aktuelle språk, i samarbeid med relevante utdanningsinstitusjonar. I tillegg har IMDi ansvar for å drifte Nasjonalt tolkeregister og for kunnskapsutvikling på feltet.
Tolkelova regulerer bl.a. eit krav om å bruke kvalifisert tolk dersom det er nødvendig for å ivareta omsynet til rettssikkerheita eller for å yte forsvarleg hjelp og forsvarlege tenester. Det er dispensasjon frå dette kravet fram til 31. desember 2026. For å styrke rettssikkerheita under tolkeoppdrag, skal IMDi i 2025 utarbeide ein rettleiar til tolkelova. Departementet har òg sett i gang arbeid med ein revisjon av forskrifta til tolkelova.
Tolkelova er sektorovergripande og regulerer tolking mellom norsk og andre språk og teiknspråktolking. Kvar enkelt sektormyndigheit har ansvar for tilstrekkeleg og forsvarleg bruk av tolk innanfor sitt ansvarsområde og for å ha gode organisatoriske løysingar for bestilling og bruk av tolk. Som integreringsmyndigheit har IMDi primært ansvar for rettleiing og andre oppgåver knytte til tolking på språk som flyktningar og innvandrarar bruker. Arbeids- og velferdsdirektoratet har ansvar for tolking for døve, personar med nedsett høyrsel og døvblinde. Retten til å bruke samiske språk er regulert i samelova.
Områdesatsingar
I fleire byområde med opphoping av dårlege levekår er personar med innvandrarbakgrunn i fleirtal. Desse områda er ofte prega av dårlege bumiljø, utfordringar med manglande inkludering og kriminalitet, familiar som bur trongt, høg arbeidsløyse, ein høg andel barn i familiar med låginntekt og ein høg del med lite utdanning. Utfordringane i levekårsutsette område kan bli forsterka av at innvandrarar i ein vanskeleg sosioøkonomisk situasjon flyttar dit frå den opphavlege busettingskommunen sin (sekundærflytting). Det å bu i eit nabolag med dårlege levekår, leve i fattigdom, streve på skolen og ikkje ha ein jobb å gå til, kan føre til at ein blir ståande på utsida eller søker seg mot fellesskap i randsona av storsamfunnet.
Staten og aktuelle kommunar har eit avtalebasert, langsiktig samarbeid om felles satsingar i visse område med store levekårsutfordringar. Desse områdesatsingane er viktige for å skape gode, trygge bustad- og nærmiljø og gode offentlege tenestetilbod og for å førebygge kriminalitet. Det er i dag avtalar mellom staten og 14 kommunar om slike satsingar. Fleire departement er involverte og Kommunal- og distriktsdepartementet koordinerer avtalane frå staten si side. Arbeids- og inkluderingsdepartementet bidrar med om lag 60 mill. kroner i nokre bydelar i Oslo og Drammen. Frå 2026 foreslår regjeringa ein styrking av områdesatsingane i Fredrikstad, Sarpsborg, Østfold fylkeskommune og i Oslo. Sjå nærmare omtale under kap. 671, post 62, og kap. 621, post 63.
Menon Economics har evaluert områdesatsingane som statleg verkemiddel på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet. Evalueringa viser at områdesatsingar er eit viktig verkemiddel for å utløyse lokal eksperimentering på tvers av sektorgrenser og forvaltningsnivå. Dei langsiktige gevinstane kjem an på om eksperimenteringa fører til nye løysingar og tenester, og om desse i så fall kan overførast til ordinær drift i kommunane og vidareførast ut over områdesatsingane.
Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S for Kommunal- og distriktsdepartementet, Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn og Meld. St. 28 (2022–2023) Gode bysamfunn med små skilnader.
Statsborgarskap
Norsk statsborgarskap har ein viktig symbolsk verdi ved at det markerer ein tilhøyrsel til det norske samfunnet og dei grunnleggande verdiane i det. Statsborgarskapet gir tilgang til sentrale rettar, som stemmerett ved stortingsval, norsk pass og vern mot utvisning, og er ein føresetnad for visse stillingar i staten. Det er derfor legitimt å stille krav til søkjarar, men krava må vere rettferdige og moglege å oppfylle. Statsborgarskap skal vere noko ein kan oppnå gjennom innsats og deltaking. Norsk statsborgarskap er viktig som ei ramme for fellesskap og skal bidra til integrering.
Dei siste åra er det gjort endringar i statsborgarlova som har vore grunngitt med integreringsomsyn. I 2022 blei kravet om opphaldstid skjerpt til åtte års opphald i løpet av dei siste elleve åra som hovudregel. For personar som har hatt tilstrekkeleg inntekt det siste året, er kravet seks år. Ei grunngiving for endringa var å fremme integrering og auke sysselsettinga blant innvandrarar. Kravet om ferdigheiter i norsk munnleg blei òg skjerpt frå nivå A2 til B1, for å bidra til at fleire får gode ferdigheiter i norsk. Personar på B1-nivå er sjølvstendige brukarar av språket og kan delta uførebudde i samtalar i dei fleste situasjonar dei møter i dagleglivet.
Prosjektet IMPECT (Linguistic Integration of Adult Migrants with Poor Education and the Consequences of Migration Tests) ved Høgskulen på Vestlandet, finansiert av Noregs forskingsråd i perioden 2021–2025, har undersøkt kva grupper som har størst utfordringar med å oppfylle krava til norskferdigheiter. Sluttrapporten frå prosjektet konkluderer med at dagens språkkrav for statsborgarskap er alt for høgt for mange innvandrarar med låg utdanning, fluktbakgrunn og helseutfordringar. Berre 13 pst. av denne gruppa oppnår nivå B1, trass i lang butid og motivasjon for å lære norsk. Med bakgrunn i rapporten meiner departementet at ei ytterlegare skjerping av kravet til ferdigheiter i norsk munnleg ikkje vil styrke integreringa. Eit krav om nivå B2, som inneber avansert språkbruk og er tilpassa høgare utdanning, vil stille vesentleg høgare krav til språkleg presisjon og forståing. Dette kan føre til at personar med ulike føresetnader fell utanfor, sjølv om dei har motivasjon og vilje til å lære. Slik departementet vurderer det, gir dagens krav om nivå B1 eit godt grunnlag for deltaking i samfunns- og arbeidsliv, og det bør difor stå fast.
Eit nytt regelverk for å kalle tilbake statsborgarskap tok til å gjelde 15. januar 2020. Bl.a. blei det lovfesta at eit norsk statsborgarskap ikkje skal kallast tilbake dersom det – i lys av kor alvorleg forholdet er, og kva slags tilknyting statsborgaren har til Noreg – vil vere eit uforholdsmessig inngrep overfor vedkommande sjølv eller dei nærmaste familiemedlemmene. Oslo Economics har evaluert kva effekt endringane i statsborgarlova §§ 26 og 27 har hatt på praksisen for tilbakekalling av statsborgarskap, under dette bortleggingar. Evalueringa har omfatta gjennomgang av vedtak frå tilbakekallingsporteføljen til Utlendingsdirektoratet (UDI) og Utlendingsnemnda (UNE) i perioden januar 2020–desember 2023, og dessutan gjennomgang av relevante rettsavgjerder i same periode. Overordna viser evalueringa at lovendringane i statsborgarlova frå 2019 har hatt fleire ønskte effektar, og at praksisen i forvaltninga i hovudsak er i tråd med intensjonane bak lovendringane.
Etter at prinsippet om eitt statsborgarskap blei oppheva i 2020, har det komme mange søknader om norsk statsborgarskap, og restansane i statsborgarskapssaker var på eit historisk høgt nivå ved utgangen av 2022. Gjennom 2024 har restansane blitt bygde ned frå om lag 24 000 til om lag 20 000 saker, men framleis må mange vente lenge på å få saka si behandla. Median ventetida for dei ubehandla sakene har auka frå 405 til 421 dagar i 2024. UDI jobbar med å få til raskare saksbehandling. Allereie no blir svært mange søknader om statsborgarskap behandla automatisk. I 2024 var automatiseringsgraden 39 pst. Regjeringa greier ut endringar i statsborgarlova og statsborgarforskrifta for å få til eit meir digitaliseringsvennleg regelverk som kan gi meir automatisering og kortare ventetid.
6.7 Inntektssikringsordningar som gir økonomisk tryggleik og samtidig stimulerer til arbeid
Det norske velferdssamfunnet har gode ordningar for inntektssikring ved inntektstap og eit godt offentleg tilbod av tenester, samtidig som arbeidslinja står sentralt i velferdspolitikken. Inntektssikringsordningane skal gi økonomisk tryggleik til personar som midlertidig eller varig ikkje kan delta i arbeidslivet, og gjennom det bidra til utjamning av inntekt og levekår og støtte sosial inkludering. Ordningane skal sikre inntekt og kompensere for særlege utgifter i samanheng med sjukdom, arbeidsløyse, sjukdom hos barn, midlertidig svikt i arbeids- og inntektsevna, uførleik og alderdom. Ordningane skal likevel utformast slik at dei i tilstrekkeleg grad tar omsyn til målet om høg sysselsetting og eit omstillingsdyktig arbeidsliv, ved å gjere det lønnsamt for kvar og ein å utnytte arbeidsevna si og ved å gi ein økonomisk tryggleik som støttar viljen og evna til å ta risiko. Utover omsyna til insentiv og fordeling bidreg inntektssikringsordningane, og særleg dagpengeordninga, til å stabilisere den økonomiske utviklinga.
Folketrygdsystemet er utforma slik at ein i hovudsak opparbeider seg rettar gjennom arbeid. Nivået på ytingane er stort sett knytt til tidlegare inntekt, og for fleire ytingar er tidlegare arbeidsinntekt òg ein føresetnad for å komme inn under ordninga. Det sikrar at ordningane har eit betydeleg innslag av forsikring. Det gir òg insentiv til å opparbeide seg rettar til ytingar gjennom arbeid. Kompensasjonsgraden, eller kor stor andel av den tapte inntekta som blir erstatta, er noko ulik i dei forskjellige ordningane. For sjukepengar, pleiepengar, omsorgspengar og opplæringspengar blir det som hovudregel gitt full inntektskompensasjon opp til seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Dei andre ordningane har ein lågare kompensasjonsgrad. Dei fleste vil dermed få høgare inntekt frå arbeid enn frå trygd, noko som stimulerer til å delta i arbeidslivet. Samtidig gir moglegheit for minsteytingar i enkelte ordningar eit sikkerheitsnett for alle.
Omsyna om at inntektssikringsordningane både skal støtte opp om arbeidslinja ved at det skal lønne seg å jobbe, og samtidig gi gode nok ytingar til at dei gir økonomisk tryggleik for dei som ikkje kan jobbe, kan stå i motstrid og må balanserast i utforminga av ordningane. For å sikre føreseielege vilkår og berekraft må hovudprinsippa i ordningane ligge fast over tid. Samtidig må dei tilpassast behova dei skal møte. For å finne ein god balanse mellom desse omsyna er det viktig å nytte erfaringar og stadig ny kunnskap i arbeidet med å vidareutvikle gode inntektssikringsordningar.
Bruk av forsøksordningar for å teste ut om justeringar fungerer etter intensjonen, kan òg bidra i arbeidet med å vidareutvikle gode ordningar for inntektssikring. Departementet har sett i gang eit forsøk med eit arbeidsretta ungdomsprogram med ei ungdomsyting, der nedsett helsetilstand ikkje er eit inngangsvilkår. Målet med ungdomsprogrammet er å auke overgangen til jobb og utdanning, og førebygge og avgrense tilstrøyminga til helserelaterte ytingar. I 2024 fekk departementet òg ein søknad frå Arbeids- og velferdsdirektoratet om å etablere eit forsøk med Eit enklare Nav. Forsøket skal prøve ut ei ordning der unge under 30 år får éi samla yting, kalla aktivitetspengar for unge, og tett, individuelt tilpassa oppfølging og aktivitet. Regjeringa vil sende ei forskrift for forsøket og ytinga på høyring, og tar sikte på å starte forsøket hausten 2026.
Begge desse forsøka skal bidra til at unge kjem raskare i gang med arbeidsretta oppfølging, bl.a. ved at dei får tilgang til inntektssikring utan eit helserelatert inngangsvilkår. Ungdomsprogrammet og Eit enklare Nav – aktivitetspengar for unge er nærmare omtalte under punkt 6.5 Fleire unge skal få moglegheiter til å delta i arbeidslivet.
Frå 1. juli 2026 foreslår regjeringa endringar som vil gjere det enklare å kombinere uføretrygd med arbeid. Ved at ein kjem seg inn i litt arbeid, er det også ønskeleg at det over tid skal føre til at ein arbeider meir. Det blir også foreslått å harmonisere minstenivået for gifte/sambuande i uføretrygda, ved at den særskilde satsen for dei som fekk uføretrygda omrekna frå uførepensjon i 2015 blir oppheva. Departementet tar sikte på at eit forslag om å leggje om barnetillegget til uføretrygd blir sendt på høyring i løpet av hausten 2025, med sikte på innfasing frå 2027.
Regelverket for inntektssikringsordningane i folketrygda er nærmare omtalt under programkategoriomtalane. Sjå òg punkt 6.1 Ein velfungerande arbeidsmarknad med god utnytting av arbeidskrafta for ein nærmare omtale av dagpengeordninga for arbeidsledige og punkt 6.8 Gode og føreseielege pensjonar for dagens og framtidige generasjonar for ein omtale av ordninga med alderspensjon.
Dei sosiale tenestene i arbeids- og velferdsforvaltninga er det nedre økonomiske og sosiale sikkerheitsnettet. Sjå nærmare omtale av desse tenestene under punkt 6.9 Inkludering i samfunnet og gode levekår for dei mest vanskelegstilte.
6.7.1 Områdegjennomgang av dei helserelaterte ytingane i folketrygda
Regjeringa er bekymra for det høge nivået på og utviklinga i bruken av dei helserelaterte ytingane dei siste åra, jf. omtale under del I, punkt 3.6 Utviklinga i helserelaterte ytingar. I juni 2024 blei det derfor sett i gang ein områdegjennomgang av dei helserelaterte ytingane i folketrygda. Områdegjennomgangen har to formål. Det eine er å tydeleggjere drivarane bak bruken av helserelaterte ytingar, og å sjå breitt på årsakene til at personar får helserelaterte ytingar. Det andre er å foreslå tiltak som kan redusere tilgangen til helserelaterte ytingar og auke overgangen frå helserelaterte ytingar til arbeid. Målet er auka sysselsetting ved at fleire kjem heilt eller delvis i arbeid. Tiltaka skal over tid føre til redusert vekst i utgiftene til folketrygda. Områdegjennomgangen blei utført av Oslo Economics, i samarbeid med Frischsenteret og OsloMet. Rapportar frå arbeidet blei leverte i juni 2025 og er publiserte på regjeringa.no.
Utgreiarane har kartlagt bruken av helserelaterte ytingar og drivarar bak utviklinga gjennom ein systematisk litteraturgjennomgang supplert med analyse av intervju og statistikk. Basert på ei samla vurdering av dette kunnskapsgrunnlaget, har utgreiarane framheva ti barrierar for arbeidsdeltaking blant mottakarar av helserelaterte ytingar som ifølge utgreiarane bidrar til at bruken av helserelaterte ytingar er høgare enn nødvendig. I sluttrapporten har utgreiarane med utgangspunkt i dette kunnskapsgrunnlaget anbefalt ei rekke tiltak innanfor fire tiltaksområde for å auke sysselsettinga.
Med områdegjennomgangen har regjeringa fått eit grunnlag for vidare arbeid med tiltak for auka sysselsetting og redusert bruk av helserelaterte ytingar. Samtidig er anslaga for kva effektar dei ulike tiltaka vil ha på sysselsettinga usikre, og dei fleste tiltaka må greiast ut nærmare før dei ev. kan settast i verk. Tiltaka femnar breitt, og arbeidet med oppfølging og implementering vil derfor følge ulike løp. Anbefalingane må òg sjåast i samanheng med anna igangverande og planlagt arbeid knytt til dei helserelaterte ytingane.
Tiltaksområde 1: Støtte til kvalifisering og inntektssikring utan helserelaterte inngangsvilkår
I områdegjennomgangen blir det peikt på at ytings- og tenestetilbodet er for lite tilpassa personar med samansette utfordringar, der helseutfordringar ikkje nødvendigvis er einaste årsak til fråvær frå arbeid. Utgreiarane meiner at måten ytingssystemet er innretta på, kan bidra til medikalisering, f.eks. ved at dei medisinske inngangsvilkåra for arbeidsavklaringspengar kan bidra til at sjukdom får for mykje merksemd i oppfølginga av brukarane. Dei understrekar samtidig at det er usikkert kor stor utfordringa er og kva grupper som særleg blir ramma. For å få meir kunnskap om utfordringane og korleis dei kan løysast, foreslår utgreiarane å gjennomføre fleire ulike forsøk med alternative støtteordningar for kvalifisering mot arbeid, utan helserelaterte inngangsvilkår.
Regjeringa deler utgreiarane si vurdering av utfordringane på området og har allereie sett i gang tiltak i tråd med anbefalingane i områdegjennomgangen. Eit forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram, som er eit av tiltaka utgreiarane foreslår, er allereie sett i gang, og denne satsinga blir følgt ytterlegare opp i budsjettforslaget for 2026. Sjå nærmare omtale under punkt 6.5 Fleire unge skal få moglegheiter til å delta i arbeidslivet. Regjeringa er òg positiv til å følge opp forslaget om eit forsøk med Eit enklare Nav, og vil starte opp eit slikt forsøk i 2026, jf. nærmare omtale under punkt 6.5. Sjølv om regjeringa ikkje vil starte opp arbeid med eit forsøk med statleggjering av kvalifiseringsprogrammet, slik utgreiarane foreslår, er det grunn til å vurdere ulike sider av ordninga, noko departementet allereie er i gang med. For nærmare omtale av kvalifiseringsprogrammet og arbeid knytt til dette, sjå omtale under punkt 6.9 Inkludering i samfunnet og gode levekår.
Tiltaksområde 2: Stimulere arbeidsdeltaking blant personar med varig nedsett arbeidsevne
I områdegjennomgangen blir det peikt på at personar med nedsett arbeidsevne ofte har utfordringar med å skaffe seg arbeid som passar med helsa deira. Sjukdom eller helseplager avgrensar moglegheitene deira til å gjennomføre bestemte arbeidsoppgåver eller gjer at arbeidsevna deira varierar og er lite føreseieleg over tid. Manglande etterspørsel etter arbeidskrafta deira gjer at restarbeidsevna ikkje blir utnytta. Utgreiarane peiker på at ein del av dei dette gjeld, er unge og utan arbeidserfaring, som aldri har fått fotfeste i det ordinære arbeidslivet. For å utnytte gjenverande arbeidsevne hos denne gruppa, og med det òg legge til rette for å bevare eller auke arbeidsevna deira over tid, foreslår utgreiarane bl.a. å gjennomføre eit forsøk med arbeidsorientert uføretrygd for unge under 30 år. Utgreiarane foreslår samtidig at ein skal gjere tilgjengeleg stillingar i offentleg sektor for personar med nedsett arbeidsevne.
Regjeringa deler utgreiarane sine vurderingar på dette området og er i utgangspunktet positiv til dei anbefalte tiltaka. Saman med partane i arbeidslivet er det tidlegare gjort eit omfattande forarbeid med sikte på å sette i gang eit forsøk med arbeidsorientert uføretrygd for unge under 30 år, som oppfølging av eit tilsvarande forslag frå Sysselsettingsutvalget. Dette arbeidet blei lagt til side etter budsjetteinigheita med SV om statsbudsjettet for 2024. Erfaringane frå forarbeidet til forsøket med arbeidsorientert uføretrygd viser også at det er ein del utfordringar som må handterast før eit forsøk eventuelt kan gjennomførast. Sidan den gongen er det iverksett og planlagt andre tiltak som heilt eller delvis når same målgruppa, ikkje minst tiltak varsla i Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje. Dette omfattar bl.a. å legge til rette for auka bruk av varig lønnstilskot og eit nytt tiltak med langvarig lønnstilskot for unge. I tillegg blir det arbeidd for å gi målretta informasjon om moglegheiter for arbeid til unge uføretrygda, sjå nærmare omtale under punkt 6.7.2 Kombinere uføretrygd og arbeid. Vidare meiner departementet at auka grad av oppgåvedeling, noko utgreiarane foreslår for å gjere stillingar tilgjengeleg, kan bidra til at personar med varig nedsett arbeidsevne kjem i arbeid. Det vil bli etablert eit rekrutteringsprogram for unge utanfor arbeid og utdanning til helse- og omsorgstenestene, der oppgåvedeling vil vere eit sentralt element, sjå nærmare omtale under punkt 6.5 Fleire unge skal få moglegheiter til å delta i arbeidslivet. Dette arbeidet vil kunne gi verdifull erfaring til arbeid med oppgåvedeling også på andre område.
Tiltaksområde 3: Felles innsats for å redusere sjukefråværet
I områdegjennomgangen blir det foreslått ei rekke tiltak både for å bidra til at færre blir sjukmelde og for å bidra til raskare retur til arbeid for dei som blir sjukmelde, enten heilt eller delvis. Ifølge utgreiarane er det særleg behov for tiltak retta mot personar med samansette utfordringar tidleg i sjukefråværsløpet. Både fastlegar og Arbeids- og velferdsetaten har ifølge utgreiarane utfordringar med å balansere behandlar- og støttefunksjonen sin opp mot portvaktrolla, særleg ved medisinsk uforklarte plager og lidingar. Vidare peiker utgreiarane på manglande økonomiske insentiv og manglande informasjonsdeling mellom sjukmelde, arbeidsgivarar, fastlegar og Arbeids- og velferdsetaten som betydelege barrierar for effektiv oppfølging av sjukmelde. Dei anbefaler ei rekke tiltak knytte til oppfølging av sjukmelde, bl.a. anna lovendringar for å betre dialogen mellom arbeidsgivaren og den sjukmelde, fleire tiltak for å støtte fastlegen i sjukmeldingsarbeidet, auka kontroll og handheving av regelverket for rett til sjukepengar og meir målretta oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten, og vidareutvikling av løysingar for informasjonsdeling mellom aktørane. Utgreiarane foreslår òg endringar i sjukepengeordninga både for arbeidsgivar og arbeidstakar.
Regjeringa deler utgreiarane si bekymring for det høge sjukefråværet og dei konsekvensane det kan ha for meir varig fråfall frå arbeidslivet. Det er derfor allereie sett i verk ei rekke tiltak for å redusere sjukefråværet, der fleire er i tråd med anbefalingane frå områdegjennomgangen. Mange av desse er knytte til avtalen om redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet (IA-avtalen) 2025–2028, som blei inngått med partane i februar 2025. Som både IA-avtalen og områdegjennomgangen legg til grunn, meiner regjeringa at det trengst forsterka innsats frå alle dei fire aktørane i sjukefråværsløpet – den sjukmelde sjølv, arbeidsgivaren, sjukmeldaren og Arbeids- og velferdsetaten – og at dialogen mellom desse må bli betre. Ambisjonar og tiltak for redusert sjukefråvær er nærmare omtalte under punkt 6.3.1 Redusere sjukefråværet.
Tiltaksområde 4: Ei meir arbeidsretta og målretta oppfølging av mottakarar av arbeidsavklaringspengar
Mottakarar av arbeidsavklaringspengar skal få individuell arbeidsretta oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten. Områdegjennomgangen peiker på at Arbeids- og velferdsetaten gir mykje god oppfølging av mottakarar av arbeidsavklaringspengar, men at det likevel ser ut til å vere utfordringar med oppfølginga, særleg for personar med samansette utfordringar eller med psykiske helseplager. Ifølge utgreiarane fører utfordringane til tilfelle av ineffektiv ressursbruk, passive og unødvendig lange forløp og at mottakarar som kunne ha komme i arbeid eller utdanning, ikkje gjer det. Det er ikkje klarlagt kor mange som blir ramma av desse utfordringane, men utgreiarane foreslår fleire tiltak som på ulikt vis er meint å styrke Arbeids- og velferdsetatens oppfølging av mottakarar av arbeidsavklaringspengar.
Utgreiarane foreslår ein heilskapleg gjennomgang av regelverket for å kartlegge om det er ulike sider ved regelverket som rettleiarane opplever som unødig kompliserte og tidkrevjande, og som tar tid frå oppfølgingsarbeidet. I samanheng med dette foreslår dei òg å vurdere reglane for å kunne arbeide samtidig som ein får arbeidsavklaringspengar, med mål om å gjere det enklare og meir lønnsamt for mottakarar av arbeidsavklaringspengar å arbeide. Departementet vil sjå nærmare på desse spørsmåla.
Utgreiarane foreslår at for mottakarar som har ein arbeidsgivar, bør arbeidsgivar i større grad enn i dag kunne involverast i Arbeids- og velferdsetatens arbeid med avklaring og oppfølging. Departementet vil vurdere nærmare korleis ein vil gå vidare med dette. Utgreiarane peiker òg på ulike andre sider ved oppfølgingsarbeidet til Arbeids- og velferdsetaten der det er potensial for forbetring. Dei støttar opp om det arbeidet som allereie blir gjort i etaten på dette omådet, og foreslår ikkje konkrete tiltak utover dette arbeidet.
Utgreiarane peiker på at det i oppfølginga av unge på arbeidsavklaringspengar kan vere ei utfordring at det er stor forskjell mellom minsteytingane for arbeidsavklaringspengar og uføretrygd, særleg minsteytingane for dei som er mellom 20 og 25 år. Dei peiker på at dette kan bidra til at unge kan ønske overgang til uføretrygd, og at dei derfor har mindre fokus på og utbytte av oppfølginga mens dei mottek arbeidsavklaringspengar. Utgreiarane foreslår ulike modellar for å harmonisere ytingsnivået for arbeidsavklaringspengar og uføretrygd som dei meiner kan balansere ulike omsyn. Departementet vil vurdere forslaga nærmare.
6.7.2 Kombinere uføretrygd og arbeid
Formålet med uføretrygd er å erstatte arbeidsinntekt som fell bort på grunn av sjukdom, skade eller lyte. Uføretrygda bidrar dermed til tryggleik for kvar enkelt, ved at ein framleis er sikra ei inntekt dersom ein får helseproblem.
Noreg har ein høg andel mottakarar av uføretrygd og andre helserelaterte ytingar, jf. omtale i del I, punkt 3.6 Utviklinga i helserelaterte ytingar. Det viktigaste for å hindre at nokon hamnar utanfor arbeidslivet på grunn av helseutfordringar, er gode tiltak og tett oppfølging før uføretrygd blir aktuelt, særleg for personar med samansette utfordringar. Godt samarbeid mellom Nav, helsetenesta, utdanningssektoren og arbeidsgivarane er ein føresetnad for å lykkast. Regjeringa vil styrke innsatsen gjennom meir målretta og effektive arbeidsmarknadstiltak, med vekt på betre samhandling mellom dei ulike sektorane, og med særleg vekt på unge. Ungdomsløftet omfattar alle arbeidsretta innsatsar for unge som enten er sette i gang eller som regjeringa planlegg å gjennomføre. Sjå nærmare omtale av ungdomsløftet under kap. 6.5 Fleire unge skal få moglegheiter til å delta i arbeidslivet. Varig lønnstilskot kan vere eit alternativ til heil uføretrygd for personar med varig og vesentleg nedsett arbeidsevne, og regjeringa foreslår å styrke denne ordninga, sjå nærmare omtale under programkategori 09.30, kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak.
Om lag 20 pst. av dei uføretrygda kombinerer trygda med arbeid. Dersom ein har arbeidsinntekt, har ikkje all arbeidsinntekt falle bort, og det tilseier prinsipielt sett at uføretrygda bør reduserast. Samtidig er det eit mål at det skal løne seg å arbeide, både i staden for å motta uføretrygd og ved sida av uføretrygda. Derfor ønsker regjeringa å gjere det lettare å kombinere trygd og arbeid. Om ein først kjem noko inn i arbeid, kan det også vere lettare å komme meir i arbeid over tid.
Med verknad frå inntektsåret 2024 (etteroppgjer i 2025) er det innførte meir fleksible reglar for uføre som er på veg mot full jobb. Dei nye reglane utvidar unntaket frå tilbakekreving av uføretrygd når årsinntekta overstig 80 pst. av tidlegare inntekt ved såkalla arbeidsforsøk.
Som varsla i Prop. 1 S (2024–2025) har departementet vurdert endringar i uførereglane som kan gjere det enklare å kombinere uføretrygd med arbeid. Nokre grupper uføretrygda får i dag ein særleg høg reduksjon i uføretrygda om dei har arbeidsinntekt utover fribeløpet, og dei tener såleis lite på å arbeide. Departementet foreslår å sette eit tak på denne reduksjonsprosenten på 70 pst. I tillegg foreslår departementet å auke minste inntekt før uførleik for gifte og sambuande frå 3,3 til 3,5 G, slik at nivået blir det same som for einslege. Det gjer at uføregraden blir uavhengig av sivilstand, men òg at gifte og sambuande som hadde låg inntekt før dei blei uføre, får noko lågare reduksjonsprosent når dei arbeider ved sida av uføretrygda. Sjå nærmare omtale under programkategori 29.50, kap. 2655 Uførleik.
Samfunnsgevinsten av å få fleire uføre i arbeid er stor, og det er behov for informasjonstiltak retta mot mottakarar av uføretrygd. 40 pst. av spørsmåla om uføretrygd som Nav Kontaktsenter svarte på i 2023, handla om å kombinere arbeid og uføretrygd, noko som kan vere eit teikn på at fleire er usikre på kva reglar som gjeld. Alle som henvender seg til etaten, og som ønsker eller treng bistand for å komme i arbeid, har rett til å få vurdert behovet sitt for bistand. Brukarar som har behov for ei meir omfattande vurdering har rett til å få ei arbeidsevnevurdering.
Det er viktig at mottakarar av uføretrygd er godt kjende med at dei kan få vurdert behovet for bistand til å komme i arbeid, og kva reglar som gjeld for å kombinere uføretrygd og arbeid. Departementet vil be Arbeids- og velferdsdirektoratet om å sørge for at vedtaksbreva til nye uføretrygda opp til 60 år skal gi betre informasjon om dette, og om at dei kan vente seg ei melding eller eit brev etter to år med informasjon om korleis Nav-kontoret kan bistå dei som ønsker å prøve seg i arbeid.
Arbeids- og velferdsdirektoratet har allereie fått i oppdrag å ta kontakt frå 2026 med uføretrygda mellom 18 og 30 år som har vore uføre i minst to år. God informasjon og støtte er særleg viktig for dei som blir uføretrygda i ung alder, og derfor har lita erfaring frå arbeidslivet. Unge uføre kan ha mange år igjen i arbeidslivet, og det er særleg viktig at unge som vil prøve å komme i arbeid føler seg trygge på at dei kan få hjelp til det. Dette følger opp eitt av tiltaka i Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje, som gjekk ut på å vurdere om unge mottakarar av uføretrygd bør få målretta informasjon frå Arbeids- og velferdsetaten om korleis ein kombinerer arbeid og trygd og om moglegheitene for arbeidsretta oppfølging. Regjeringa meiner det er riktig å utvide tiltaket til å omfatte personer opp til 60 år, fordi behovet for informasjon og støtte ikkje berre gjeld dei unge.
I samråd med departementet skal direktoratet vurdere korleis ein sikrar at det blir tydeleg at det er frivillig å ta kontakt med Nav-kontoret, og at ein ikkje risikerer å miste rettar. Ein må òg vurdere om alle skal få informasjon, eller om det skal gjerast unntak for enkelte grupper.
6.7.3 Gjennomgang av pleiestønader for barn
Familiar med pleietrengande barn kan motta både dei statlege ytingane pleiepengar og hjelpestønad og den kommunale ytinga kommunal omsorgsstønad. Departementet vil innhente kunnskap om bruk og sambruk av dei tre ordningane for å sikre eit meir treffsikkert system som hindrar at same pleiebehov blir dekt av dei ulike ordningane på same tid. Vidare ønsker vi å utgreie alternative innretningar av ordningane knytte til pleietrengande barn, som kan bidra til å redusere veksten i bruken av desse stønadene. Arbeids- og inkluderingsdepartementet skal i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet lyse ut eit eksternt utgreiingsoppdrag.
6.7.4 Sosiale ordningar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar
Som varsla i Prop. 1 S (2024–2025) har departementet, til dels i samarbeid med Kultur- og likestillingsdepartementet og Barne- og familiedepartementet, greidd ut utvalde problemstillingar knytte til dei sosiale rettane sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar har. Arbeidet må sjåast i samanheng med oppfølging av oppmodingsvedtaka 456 (2021–2022) og 56 (2023–2024) om same temaet, (sjå omtale under del I, punkt 4 Oppmodingsvedtak), og oppfølginga av Meld. St. 22 (2022–2023) Kunstnarkår.
Slik departementet vurderer det, er rettane til sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar gode, særleg sett i samanheng med dei samla skatte- og avgiftsinnbetalingane dei har. Ein analyse frå 2016 om skattereglar og velferdsordningar for sjølvstendig næringsdrivande12, viser at fordelane for sjølvstendig næringsdrivande gjennom lågare skattlegging av næringsinntekt meir enn veg opp for lågare inntektskompensasjon enn arbeidstakarar ved sjukdom og manglande rettar ved bortfall av inntektsgivande arbeid. Seinare er sjukepengedekninga auka frå 65 pst. til 80 pst. utan at trygdeavgifta er tilsvarande justert. Dersom sjølvstendig næringsdrivande ønsker lågare risiko, kan dei velje å organisere verksemda si som eit aksjeselskap og sjølv bli tilsett. Da får dei dei same rettane som arbeidstakarar når inntekta blir tatt ut som løn, og same plikter (bl.a. arbeidsgivaravgift). Dei kan også redusere risikoen ved å forsikre seg gjennom dei frivillige forsikringsordningane for tilleggssjukepengar i folketrygda.
Departementet viser til at det nyleg er gjennomført fleire endringar for å styrke foreldrepengeordninga, som også vil vere viktige for frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande. Dette gjeld forlenging av foreldrepengeperioden ved 80 pst. dekning og styrking av den sjølvstendige retten til uttak av foreldrepengar for fedrar og medmødrer.
Ein del bransjar har problem med at nokre yrkesaktive feilaktig blir kategoriserte som sjølvstendig næringsdrivande når dei eigentleg bør sjåast på som arbeidstakarar. Frå 1. januar 2024 er arbeidstakaromgrepet i arbeidsmiljølova presisert, og det er innført ein regel om at arbeidstakarstatus skal leggjast til grunn med mindre oppdragsgivaren kan bevise noko anna. Dette gjer det lettare for folk i gråsoner å få avklart si rettslege stilling, også med omsyn til dei sosiale ordningane.
På bakgrunn av dette meiner departementet at det ikkje er grunn til å endre innretningane på dei sosiale ordningane for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar. Departementet ser samtidig at det er nokre utfordringar for desse gruppene, og har gjennomført fleire utgreiingsløp og tiltak knytt til utvalde problemstillingar. Det gjeld særleg informasjon, rettleiing og forvaltning av dei rettane som finst, forsikringsordningane for tilleggssjukepengar, berekningsreglar for frilansarar og inntektsgrunnlag for særskilde yrkesgrupper.
Arbeids- og velferdsdirektoratet har gjennomført og sett i verk fleire tiltak for å betre informasjonen, rettleiinga og fagkompetansen om dei ulike ytingane, bl.a. på bakgrunn av eit oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet13, men også på bakgrunn av ein heilskapleg gjennomgang av klage- og ankeprosessen i Arbeids- og velferdsetaten og Trygderetten14, og ein rapport frå Fafo om rettssikkerheit for personar med kombinasjonsinntekter15. Direktoratet har bl.a. forbedra informasjonen på eigne nettsider for ulike yrkeskategoriar, utvikla eit nytt rundskrivskonsept, auka samarbeidet på tvers i organisasjonen og etablert fagnettverk og læringsarenaer for å auke kvaliteten i saksbehandlinga. Direktoratet har vidare utvikla tre standardar som skal styrke utgreiings- og framleggingsplikta som ligg til etaten, betre digitale søknader på tvers av ytingar og krav til gode brev og vedtak. Desse tiltaka gjeld for alle ytingsområde, men er særleg viktig for saker knytt til sjølvstendig næringsdrivande, frilansarar og dei med kombinasjonsinntekter. I forlenging av dette vil departementet, i samråd med andre relevante departement, vurdere om informasjon om sosiale rettar for sjølvstendig næringsdrivande, frilansarar og personar med kombinasjonsinntekter i større grad kan knytast til og rettast mot dei digitale brukarflater desse gruppene føretrekker.
Kultur- og likestillingsdepartementet har vurdert at gratisarbeid og underbetaling er ein utfordring for mange kunstnarar, og da særleg for sjølvstendig næringsdrivande16. For nokon er derfor hovudproblemet at innteninga er for liten, noko som også bekreftast av ein nyleg publisert artikkel frå SSB17. Kulturdirektoratet er gitt i oppdrag å utarbeide rettleiande verdiprinsipp for rimeleg betaling for kunstnarisk arbeid, og ein oppfølgande strategi som skal gjelde for statleg finansierte kunst- og kulturinstitusjonar og tilskotsordningar. Partane i kultursektoren bidrar inn i dette arbeidet. Om fleire kunstnarar får rimeleg betaling for arbeide deira, vil det kunne gi auka inntening som òg vil gi betre opptening til sosiale ordningar.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har greia ut om ein bør gjere enkelte endringar i reglane for forsikringsordningane for tilleggssjukepengar til sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar, bl.a. på bakgrunn av anbefalingar i ein rapport frå Vista Analyse18. Departementet vurderer nokre endringar som hensiktsmessige, men det ble undervegs i arbeidet klart at det ikkje er anbefalt å gjennomføre desse i noverande systemløysingar for sjølvstendige og frilansarar hos Arbeids- og velferdsetaten, som skal fasast ut. Arbeidet vil kunne bli tatt opp igjen på eit seinare tidspunkt når nye systemløysingar for gruppene er på plass.
Departementet har vurdert om grensa for når sjukepengegrunnlaget for frilansarar skal bli fastsett ved skjønn er hensiktsmessig. Ein kan ikkje utelukka at ei justering av grensa vil kunne gi eit meir reelt berekningsgrunnlag for enkelte, samtidig vil det kunne slå ut negativ for andre. Det vil alltid vil vere utfordrande å utforme berekningsreglar som dekker inntektstapet til den enkelte fullt ut i alle situasjonar. Eit slikt regelverk vil òg bli svært komplekst og auke den manuelle saksmengda i etaten, noko som vil gi auka administrative kostnader og lengre saksbehandlingstider. Etter ei samla vurdering meiner departementet at det ikkje er hensiktsmessig å endre dagens grense for når frilanssaker skal bli fastsett ved skjønn.
6.7.5 Tidskonto ved gradert sjukmelding
Det går fram av Hurdalsplattforma at regjeringa vil prøve ut ei ordning der sjukepengeperioden blir gjord om til ein tidskonto ved gradert sjukmelding.
Sjukepengar er ei tidsavgrensa yting i folketrygda som skal erstatte bortfall av arbeidsinntekt for yrkesaktive personar. Når arbeidstakarar, sjølvstendig næringsdrivande eller frilansarar har fått sjukepengar frå folketrygda i til saman 248 dagar dei siste tre åra, opphøyrer retten til sjukepengar frå folketrygda. Det inneber at sjukmelde kan få sjukepengar i inntil tolv månader frå arbeidsgivar og trygda samla sett, men berre dersom personen fyller vilkåra for rett til sjukepengar heile tida.
Ved delvis arbeidsuførleik skal det ytast graderte sjukepengar. Etter dagens regelverk teller kvar dag med delvis sjukmelding som éin dag i stønadsperioden. I ei ordning med tidskonto vil den sjukmelde derimot ha rett på sjukepengar i eit visst antal «fulltidsdagar», og lengda på maksimal sjukepengeperiode blir bestemt av sjukmeldingsgraden. Ei sjukmelding som ikkje er gradert vil bli telt som ein heil dag, mens ei sjukmelding som er gradert vil bli telt som ein del av ein dag. Den maksimale sjukepengeperioden vil dermed bli lengre ved gradert sjukmelding enn ved full sjukmelding. Sjukepengar kan graderast ned til 20 pst. Ei tidskontoordning vil dermed i teorien kunne forlenge sjukepengeperioden maksimalt i fem år.
Ein tidskontoordning vil kunne gi insentiv til at fleire sjukmelde vil ønske å forsøke seg i delvis arbeid, noko som kan trekke i retning av at det vil gi eit lågare sjukefråvær. Forsking viser at økonomiske insentiv har betydning for omfanget av sjukefråvær. Samtidig er det slik at friskmeldingsraten i dag aukar fram mot maksgrensa for sjukepengar på eit år. Det er nærliggande å anta at dette tidspunktet vil bli forskuva, og at ein del sjukmelde vil komme seinare tilbake i arbeid med ei tidskontoordning enn med dagens ordning. Det vil isolert sett bidra til å auke sjukefråværet. Kva for effekt som er sterkast, er usikkert.
Ei tidskontoordning vil gi lengre sjukepengerett i dei tilfella der den sjukmelde jobbar gradert, altså til dei som er friske nok til å være noko i jobb. For denne gruppa kan ei slik ordning gjere at ein ikkje treng å gå over på arbeidsavklaringspengar etter eit år som sjukmeld. Samtidig vil ei tidskontoordning ikkje gi lengre sjukepengerett til dei som er så sjuke at dei ikkje klarer å jobbe noko, eller til dei som jobbar ein stad der det ikkje er mogleg å jobbe med gradert sjukmelding. Ein slik forskjellsbehandling mellom heilt og graderte sjukmelde, eller mellom tilsette i ulike yrke, kan vere uheldig ut frå et reint fordelingsperspektiv. Det kan òg opplevast urimeleg at dei hardast ramma sjukmelde ikkje får forlenga sjukepengeperiode og må over på arbeidsavklaringspengar tidlegare enn dei som er mildare ramma.
Ei tidskontoordning vil ytterlegare komplisere regelverket for sjukepengar. Det vil også utvide sjukepengeordninga og potensielt auke utgiftene til sjukepengar på statsbudsjettet betydeleg.
Etter ei samla vurdering har departementet bestemt å ikkje prøve ut ei ordning kor sjukepengeperioden gjerast om til ein tidskonto ved gradert sjukmelding. Dagens sjukepengeordning er ei av dei mest generøse samanlikna med andre land. Merksemda må rettast mot tiltak som kan bidra til å redusere sjukefråværet, ikkje tiltak som potensielt kan auke sjukefråværet. Departementet ønsker heller ikkje å gjere sjukepengeordninga enda meir komplisert å forvalte og vanskelegare å forstå for alle partar i sjukefråværsarbeidet, utan at ein er sikker på at tiltaket vil gi meirverdi i form av redusert sjukefråvær. Ingen har rett til meir sjukepengar enn dei har helsemessig behov for. Det å vere delvis i jobb under ei sjukmelding betyr ikkje at ein avstår frå sjukepengar ein eigentleg har rett på. Departementet vil samtidig peike på at Noreg har eit godt sikkerheitsnett også etter at sjukepengerettane er brukte opp, gjennom arbeidsavklaringspengar og uføretrygd.
6.8 Gode og føreseielege pensjonar for dagens og framtidige generasjonar
6.8.1 Mål for pensjonspolitikken
Pensjonspolitikken har som mål at pensjonssystemet skal vere økonomisk og sosialt berekraftig, og at det skal sikre føreseielege og gode pensjonar for både dagens og kommande generasjonar. Pensjonssystemet må derfor gi gode insentiv til arbeid, samtidig som det er fleksibelt, slik at alle kan velje sjølv når dei vil ta ut pensjon, og kor stor del dei skal ta ut. Det må vidare ha ein god likestillings- og fordelingsprofil, opplevast som rettferdig, vere mest mogleg oversiktleg og føreseieleg og ha god oppslutning i befolkninga.
Det er frå 2011 gjennomført ei omfattande reform av pensjonssystemet som trygger pensjonane i framtida og bidrar til å styrke den økonomiske berekrafta. Reforma stimulerer til auka yrkesdeltaking, noko som igjen aukar dei offentlege inntektene. Yrkesaktiviteten blant eldre har gått opp etter 2010, jf. målet om redusert fråfall frå arbeidslivet (punkt 6.3) og omtalen av utviklinga i sysselsetting blant eldre (del I, punkt 3.2). Samtidig gjer reforma det mogleg med ein fleksibel overgang mellom arbeid og pensjon. Utgiftene til alderspensjon blir på lang sikt lågare enn om reforma ikkje hadde blitt gjennomført, men sjølv med pensjonsreforma vil utgiftene halde fram med å auke sterkt i åra framover fordi det blir fleire eldre.
På lang sikt er det særleg levealdersjusteringa som bidrar til innsparingar. Nye årskull med alderspensjonistar må ved aukande levealder utsette uttaket av pensjon for å få like høg pensjon som dei eldre årskulla får. I forlika som leidde opp til pensjonsreforma, var det brei einigheit om at alderspensjon under utbetaling skal regulerast svakare enn lønnsveksten. Dette gjeld for alle alderspensjonistar og dempar utgiftsveksten på kortare sikt òg. Det er rimeleg at også dagens eldre bidrar til å sikre eit berekraftig pensjonssystem, slik at ikkje neste generasjon får heile rekninga.
Våren 2022 vedtok Stortinget nye reglar for regulering av alderspensjon under utbetaling. Dei gamle reglane, som blei innførte med pensjonsreforma, skulle bidra til at pensjonane over tid hadde ei utvikling som svarte til gjennomsnittet av lønns- og prisveksten. Dei gamle reglane innebar at pensjonane blei regulerte med lønnsveksten, og deretter blei det trekt frå ein fast faktor på 0,75 pst. Frå og med 2022 blir alderspensjon under utbetaling regulert med gjennomsnittet av den faktiske lønns- og prisveksten. Det gjeld òg for regulering av minste pensjonsnivå og garantipensjon. Avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor blir regulert i tråd med dei gamle reglane.
Regjeringa vil styrke den sosiale berekrafta i pensjonssystemet, samtidig som dette må vektast mot den økonomiske berekrafta. Regjeringa la fram Meld. St. 6 (2023–2024) Et forbedret pensjonssystem med en styrket sosial profil 15. desember 2023. I meldinga foreslår regjeringa ei rekke tiltak for å styrke den sosiale berekrafta: ein gradvis auke av aldersgrensene, ei betre regulering av minsteytingane og ei styrking av alderspensjonen til uføre. Da Stortinget behandla meldinga, inngjekk dei daverande regjeringspartia (Arbeidarpartiet og Senterpartiet) og partia Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne ein avtale om justeringar i regelverket for pensjon. Sjå vidare omtale under punkt 6.8.3 Igangverande prosessar på pensjonsområdet.
6.8.2 Det samla pensjonssystemet
Det samla pensjonssystemet blir ofte omtalt som tredelt, med alderspensjonen frå folketrygda, tenestepensjonar (pensjonar opptente i arbeidsforhold) inkludert AFP og dessutan individuell pensjonssparing.
-
Alderspensjonen i folketrygda er berebjelken i pensjonssystemet og utgjer for dei fleste den klart største delen av den samla alderspensjonen deira. Dei samla utbetalingane av alderspensjon frå folketrygda i 2025 er anslått til 334 mrd. kroner, og noverdien av dei opptente rettane til alderspensjon i folketrygda er anslått til om lag 11 500 mrd. kroner ved inngangen til 2025.
-
Retten til tenestepensjon blir gradvis bygd opp gjennom tilsetting og finst i ulike ordningar med varierande utforming og ytingsnivå. Innskotspensjon har over tid blitt det tenestepensjonsproduktet som langt dei fleste arbeidstakarane i privat sektor blir dekte av. Innskotspensjon er kjenneteikna av at eit årleg innskot til pensjon, normalt som ein prosentdel av lønna til den enkelte, er definert i pensjonsavtalen. Det årlege innskotet skal frå 1. januar 2022 minst utgjere 2 pst. av lønna opp til tolv gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). I offentleg sektor er tenestepensjonsordninga for årskull fødde før 1963 ei bruttoordning som garanterer eit gitt samla nivå på den årlege pensjonen frå folketrygda og tenestepensjonsordninga. Årskull fødde frå og med 1963 tener frå og med 2020 opp offentleg tenestepensjon i ei påslagsordning som blir berekna uavhengig av folketrygda. Ifølge Statistisk sentralbyrå utgjorde pensjonsforpliktingane i tenestepensjonsordningane, eksklusiv AFP, nær 2 900 mrd. kroner ved inngangen til 2025. Av dette beløpet utgjorde forpliktingane til offentleg sektor om lag 58 pst.
-
AFP i privat sektor gir eit livsvarig påslag til alderspensjon frå folketrygda. AFP i offentleg sektor er lagd om etter mønster av AFP-ordninga i privat sektor for tilsette fødde i 1963 eller seinare, mens AFP framleis er ei tidlegpensjonsordning i alderen 62–66 år for tilsette fødde til og med 1962 og for medlemmar av Pensjonsordninga for apotekverksemd. Alle tilsette i offentleg sektor er omfatta av AFP-ordninga, mens om lag halvparten av dei tilsette i privat sektor arbeider i ei verksemd som er tilslutta AFP-ordninga.
-
Individuelle pensjonar, inkludert individuell pensjonssparing (IPS), utgjer ein avgrensa del av pensjonssystemet. Pensjonsforpliktingane i desse ordningane utgjorde drygt 77 mrd. kroner ved inngangen til 2025.
Kor stor årleg samla pensjonen kvar og ein får, vil særleg avhenge av kva pensjonsordningar dei har rett til, inntekta i og lengda på oppteningsperioden, når dei er fødde og når dei tar ut pensjonen. Alderspensjonen frå folketrygda er berebjelken i pensjonssystemet, og dei andre pensjonsordningane er tilpassa denne. Innføringa av fleksibelt uttak av alderspensjon i folketrygda og levealdersjustering frå 2011 har gjort det nødvendig å justere ei rekke tilgrensande ordningar, både i og utanfor folketrygda. Mykje av dette arbeidet er ferdig, men det er enno i gang arbeid på pensjonsområdet. Dette er omtalt nærmare nedanfor.
6.8.3 Igangverande prosessar på pensjonsområdet
Pensjonsforliket
Pensjonsutvalget, leidd av Kristin Skogen Lund, hadde som mandat å vurdere behov for justeringar som bidrar til å sikre den økonomiske og sosiale berekrafta i pensjonssystemet. Utvalet leverte rapporten sin, NOU 2022: 7 Et forbedret pensjonssystem, til Arbeids- og inkluderingsdepartementet 16. juni 2022. Eit samla utval viste til at pensjonsreforma var nødvendig for å avgrense veksten i utgiftene til alderspensjon frå folketrygda og betre berekrafta i offentlege finansar. Vidare vurderte utvalet at reforma ser ut til å verke etter hensikta, og at hovudelementa i reforma må ligge fast. Utvalet peikte samtidig på behov for justeringar for å styrke den sosiale berekrafta i pensjonssystemet, irekna ein gradvis auke i aldersgrensene i pensjonssystemet, ei betre regulering av minstenivåa og ein høgare alderspensjon til uføre.
Regjeringa la fram Meld. St. 6 (2023–2024) Et forbedret pensjonssystem med en styrket sosial profil 15. desember 2023. I meldinga foreslår regjeringa ei rekke tiltak for å styrke den sosiale berekrafta i pensjonssystemet. Tre sentrale forslag er
-
ein gradvis auke av aldersgrensene i pensjonssystemet og tilgrensande ordningar (helserelaterte ytingar, dagpengar m.m.) for personar fødde i 1964 og seinare, i takt med auken i forventa levealder
-
lønnsregulering av minstesatsane i alderspensjon, kombinert med at løpande pensjonar blir regulerte med gjennomsnittet av pris- og lønnsveksten
-
auka pensjon til uføre i yngre årskull gjennom auka alder for opptening og overgang til alderspensjon for personar som får uføretrygd
Arbeids- og sosialkomiteen leverte Innst. 233 S (2023–2024) 14. mars 2024. Med innstillinga følgde ein avtale mellom dei daverande regjeringspartia (Arbeidarpartiet og Senterpartiet) og partia Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne. Avtalepartane stiller seg bak forslaga frå regjeringa om ein gradvis auke av aldersgrensene, ei betre regulering av minsteytingane i pensjonssystemet og ei styrking av alderspensjonen til uføre. Vidare har avtalepartane blitt einige om å opprette ei slitarordning i folketrygda samtidig med dei andre endringane i pensjonssystemet, å ikkje innføre plikta til å fråtre ved særaldersgrensa igjen, å auke den alminnelege aldersgrensa for statstilsette og dessutan å utarbeide ein heilskapleg strategi for informasjon på pensjonsområdet. Avtalen seier vidare at skjermingstillegget i alderspensjon til tidlegare mottakarar av uføretrygd skal utvidast til å omfatte årskulla 1954–1962. Uføre alderspensjonistar i dei aktuelle årskulla skal få eit tillegg i alderspensjon opptent etter gammal oppteningsmodell med same sats som årskullet 1953. Utvidinga av skjermingstillegget blei vedtatt av Stortinget våren 2024, jf. Prop. 5 L (2024–2025), Innst. 89 L (2024–2025) og Lovvedtak 30 (2024–2025).
Endringane som følger av regjeringa sitt forslag og pensjonsforliket krev eit omfattande lovarbeid, og har tatt noko meir tid enn venta. Departementet arbeider framleis med eit høyringsnotat om auka aldersgrenser i pensjonssystemet og tilgrensande ordningar.
Som ein del av pensjonsforliket i Stortinget 29. februar 2024 blei det avtalt at den alminnelege aldersgrensa for statstilsette og andre medlemmer i Statens pensjonskasse blir heva frå 70 til 72 år. Dermed blir aldersgrensa harmonisert med den generelle aldersgrensa i arbeidsmiljølova på 72 år for tilsette i privat sektor. Det blei òg avtalt at reglane om bedriftsinterne aldersgrenser i arbeidsmiljølova skal vurderast. Stortinget vedtok våren 2025 å heve aldersgrensa i staten og avvikle moglegheita for å ha bedriftsinterne aldersgrenser ned til 70 år. Endringane trer i kraft 1. januar 2026.
Offentleg tenestepensjon
Partane i offentleg sektor blei einige om ein ny pensjonsløysing for offentleg sektor 3. mars 2018. Avtalen omfattar både alderspensjon og avtalefesta pensjon (AFP). Departementet følgde opp avtalen med lovforslag i dei lovfesta offentlege tenestepensjonsordningane, som blei vedtatt av Stortinget 5. juni 2019, jf., Prop. 87 L (2018–2019), Innst. 314 L (2018–2019), Lovvedtak 72 (2018–2019) og lov 21. juni 2019 nr. 26.
Ny AFP i offentleg sektor er utforma etter mønster av AFP i privat sektor, i tråd med pensjonsavtalen frå 2018. Lovforslag om ny AFP for medlemmer av Statens pensjonskasse blei vedtatt av Stortinget 21. mars 2024, jf. Prop. 35 L (2023–2024), Innst. 231 L (2023–2024), Lovvedtak 51 (2023–2024) og lov 12. april 2024 nr. 14.
Dei nye tenestepensjonsordningane gjeld frå 2020 og omfattar årskull fødde frå og med 1963. Tenestepensjonsleverandørane har frå 2025 starta utbetaling av ny fleksibel tenestepensjon til dei som er fødde i 1963. Ny AFP i offentleg sektor omfattar dei same årskulla og gjeld òg frå 2025. Dei nye ordningane gir betre utteljing for å stå lenger i arbeid, bygger ned mobilitetshindringar mellom offentleg og privat sektor og er tilpassa pensjonsreforma. Analysar frå Frisch-senteret viser at omlegginga alt har ført til auka arbeidsdeltaking blant dei som så langt er omfatta av reforma.
I pensjonsavtalen frå 3. mars 2018 går det fram at regelverket for personar med særaldersgrense, som er fødde i 1963 eller seinare, må tilpassast påslagsmodellen. Regjeringa og partane i offentleg sektor blei einige om nye pensjonsreglar for denne gruppa 25. august 2023. Dei nye reglane inneber at personar med særaldersgrense får eit særalderspåslag som er eit påslag til livsvarig pensjon på toppen av ordinær pensjon. Særalderspåslaget er 5,8 pst. for dei som har aldersgrense 65 år, 6,5 pst. for dei som har aldersgrense 63 år, og 7,7 pst. for dei som har aldersgrense 60 år. Avtalen inneber vidare at tidlegpensjonsordninga blir avvikla frå og med 1965-kullet for dei som har aldersgrense 65 år, og dessutan at 85-årsregelen blir fasa ut for dei som har aldersgrense 60 og 63 år. Dei nye reglane inneber òg at særaldersgrensene og utbetalingsperioden for tidlegpensjon blir flytta oppover i takt med hevinga av aldersgrensene i folketrygda.
Etter vedtak i Stortinget i juni 2021, har det frå 1. juli 2021 ikkje lenger vore noka plikt til å fråtre ei stilling ved aldersgrensa for personar med særaldersgrense 60, 63 eller 65 år, jf. Prop. 138 L (2020–2021), Innst. 519 L (2020–2021) og Lovvedtak 160 (2020–2021).
Dette har likevel ikkje gjeldt militært tilsette, som framleis har hatt ei plikt til å fråtre ved særaldersgrensa. I avtalen frå 25. august 2023 erkjenner avtalepartane at dei som pliktar å fråtre ved aldersgrensa, står i ei særstilling. Partane avtalte at ein eigen prosess skal avklare særreglane for denne gruppa. I avtalen går det fram at denne prosessen skal avsluttast innan 1. juli 2024, men fristen blei seinare utsett, først til 1. oktober 2024 og seinare til januar 2025. Den 13. januar 2025 blei regjeringa og partane i offentleg sektor einige om ei løysing som svarer ut behovet for særreglar for dei som har plikt til å fråtre i Forsvaret. Avtalen inneber at plikta til å fråtre i Forsvaret skal opphevast. Avtalen inneber vidare at fribeløpet for avkorting av ny tidlegpensjon skal aukast frå 1 G til 2,7 G. Auka fribeløp skal gjelde for alle som skal ha ny tidlegpensjon, dvs. årskull fødde frå og med 1970 med aldersgrense 60 år og årskull fødde frå og med 1967 med aldersgrense 63 år.
Den 10. april 2025 la regjeringa fram Prop. 108 L (2024–2025), som følgde opp avtalane med partane om nye pensjonsreglar for personar som har ei særaldersgrense. Dei foreslåtte lovendringane i Prop. 108 L (2024–2025) blei vedtatt i Stortinget 10. juni 2025, jf. Innst. 348 L (2024–2025), Lovvedtak 76 (2024–2025) og trer i kraft 1. januar 2026. Punktet i avtalen frå 13. januar 2025 om å oppheve plikta til å fråtre ved 60 år i Forsvaret blei følgt opp gjennom Prop. 102 L (2024–2025), som regjeringa la fram 4. april 2025. Lovendringane som blei foreslått her blei vedtatt 2. juni 2025, jf. Innst. 509 L (2024–2025) og Lovvedtak 89 (2024–2025), og tredde i kraft 1. juli 2025.
Regjeringa og partane i offentleg sektor er innforstått med at det no blir sett i gang eit arbeid for å vurdere det framtidige omfanget av særaldersgrenser. Arbeidet har som siktemål at offentleg sektor i større grad får gjort nytte av kompetansen til personar som i dag har særaldersgrenser.
Regjeringa la 26. mai 2023 fram ein lovproposisjon om å oppheve minstegrensa på 20 pst. stilling for rett til medlemskap i dei lovfesta offentlege tenestepensjonsordningane i lov om Statens pensjonskasse, apotekarpensjonslova og sjukepleiarpensjonslova. Stortinget har vedtatt lovendringa, jf. Prop. 120 L (2022–2023), Innst. 37 L (2023–2024) og Lovvedtak 1 (2023–2024). Lovendringa tredde i kraft 1. januar 2025. Opphevinga av minstegrensa inneber at alle offentleg tilsette vil få pensjonsopptening frå første krone og første dag. I samanheng med stortingsbehandlinga blei regjeringa beden om å legge til rette for at pensjonerte sjukepleiarar har gode insentiv til å arbeide i mindre stillingar i det offentlege, under dette å vurdere unntak for innmelding i pensjonsordninga for sjukepleiarar. Regjeringa blei våren 2024 einig med partane om ei løysing som gjer det mogleg for sjukepleiarar fødde før 1965 å jobbe ved sida av pensjonen utan at pensjonen blir avkorta. Stortinget slutta seg til denne løysinga, jf. Prop. 5 L (2024–2025), Innst. 89 L (2024–2025) og Lovvedtak 30 (2024–2025).
AFP i privat sektor
LO og NHO evaluerte i 2017 AFP-ordninga i privat sektor, som blei lagd om som ein del av pensjonsreforma i 2011, og konkluderte med at ordninga etter omlegginga i hovudsak har fungert som føresett, men at det er enkelte forhold ved den noverande ordninga som bør greiast ut vidare.
LO og NHO blei i tariffoppgjeret i 2018 einige om å greie ut alternativ til den gjeldande AFP-ordninga, jf. protokollen til tariffpartane 8. april 2018. Av protokollen går det fram at eit felles mål for ei framtidig ordning er at det skal vere betre samsvar mellom kor lenge ein har vore i ei AFP-bedrift, og kva ein får utbetalt i pensjon. Det daverande Arbeids- og sosialdepartementet og Finansdepartementet hjelpte partane i utgreiingsarbeidet.
Utgreiingsarbeidet identifiserte eit mogleg handlingsrom og etablerte nokre rammer for løysingar som kan balansere ulike omsyn. Arbeidet er dokumentert i rapporten Utredning av en mulig reformert AFP-ordning i privat sektor, som blei publisert 12. mai 2021. AFP i privat sektor er partane si ordning. Regjeringa er innstilt på å gå i forhandlingar med partane med sikte på ei omlegging dersom partane ønsker å gå vidare med ei omlegging av ordninga.
Pensjonstrygda for fiskarar
Fiskarar som heilt eller delvis har inntekt i form av lott, blir i dag i skatte- og trygderettsleg samanheng rekna som sjølvstendig næringsdrivande. Til liks med andre sjølvstendig næringsdrivande er fiskarane ikkje omfatta av obligatorisk tenestepensjon, men dei har i motsetting til andre sjølvstendig næringsdrivande likevel ei pliktig pensjonsordning gjennom pensjonstrygda for fiskarar. Pensjonstrygda er ei lovbestemt, pliktig tidlegpensjonsordning (avtrappingspensjon) frå 60 til 67 år for personar som har eller har hatt fiske som hovudnæring.
Pensjonstrygda for fiskarar er utlikningsfinansiert. Det vil seie at ordninga ikkje er fondert, men at pensjonsutgiftene for året blir dekte av årets inntekter frå medlemspremie og ei omsettingsavgift på salet av fisk. Utgiftene ordninga har til pensjonar, har over fleire år vore høgare enn inntektene til ordninga, og det har derfor vore nødvendig med til dels betydelege bidrag frå likviditetsfondet for ordninga, som i si tid blei bygd opp av den tidlegare utførselsavgifta som blei avvikla i 1993. I 2020 var likviditetsfondet brukt opp, og sidan ordninga er garantert av staten, har det blitt gitt tilskot frå staten over statsbudsjettet i perioden 2020–2023.
For å sikre ein betre balanse mellom inntektene og utgiftene til ordninga har ein auka både medlemspremien og omsettingsavgifta i fleire omgangar. Medlemspremien og omsettingsavgifta utgjorde i 2025 hvv. 17 960 kroner og 0,4 pst.
Regjeringa Solberg sendte 16. september 2021 på høyring eit forslag om å lukke ordninga for nye medlemmer, slik at ho på sikt blir avvikla. Bakgrunnen var at ordninga var underfinansiert og i tillegg hadde ei rekke svakheiter. Sidan ei lukking ville redusere inntektene til pensjonstrygda, uttalte departementet i høyringsnotatet at regjeringa var innstilt på å dekke delar av underdekninga, med eit beløp som motsvarte det beløpet ein gjekk ut frå at staten måtte utbetale i statsgaranti dersom ordninga blei vidareført. Endeleg uttalte departementet i høyringsnotatet at det blei føresett at næringa sjølv ville finansiere kostnadene ved ei raskare lukking eller ei vidareføring av dagens ordning.
I høyringsrunden retta enkelte instansar kritikk mot prosessen. Som følge av det blei det hausten 2022 sett ned ei partssamansett arbeidsgruppe til å greie ut om det var behov for ei eiga pensjonstrygd for fiskarar, og korleis denne i så fall burde vere utforma. Arbeidsgruppa blei ferdig med arbeidet 20. desember 2024, og konkluderte med at pensjonstrygda for fiskarar bør lukkast og på sikt avviklast. Hovudtilrådingane frå arbeidsgruppa var dei same som blei foreslått i høyringsnotatet hausten 2021. Regjeringa følgde opp arbeidsgrupperapporten med å legge fram Prop. 133 L (2024–2025) 10. april 2025 med forslag om at ordninga blir lukka for nye medlemmer, slik at ho på sikt blir avvikla. Lovforslaget er til behandling i arbeids- og sosialkomiteen.
Innspel frå pensjonistorganisasjonane til utforminga av eldrepolitikken
Regjeringa meiner at pensjonistane skal kunne komme med innspel til utforminga av eldrepolitikken og politikken på andre område som vedkjem dei. I Hurdalsplattforma har regjeringa derfor slått fast at ho vil gi pensjonistorganisasjonar forhandlingsrett på andre område enn reguleringa av pensjonar for å gi dei moglegheita til å drøfte viktige spørsmål i eldrepolitikken. På denne bakgrunnen inngjekk regjeringa 20. juni 2022 ein avtale med organisasjonane til pensjonistane og arbeidstakarane om fire årlege møte om statsbudsjetta, for at regjeringa gjennom desse årlege møta kan nyttiggjere seg kompetansen til organisasjonane og innsikta dei har på eit viktig politikkområde. Regjeringa sin politikk på område som vedkjem eldre, vil på denne måten vere betre forankra i ønska og behova til pensjonistane, og verkemidla i politikken for dei eldre kan slik innrettast til det beste for levekåra og livssituasjonen deira. Sjå òg omtale i Prop. 41 L (2021–2022) Endringer i folketrygdloven, lov om Statens pensjonskasse og enkelte andre lover (endret regulering av alderspensjon under utbetaling), kap. 10.
Pensjonist- og arbeidstakarorganisasjonane har til budsjettet for 2026 fremma krav på områda til fleire departement. Regjeringa viser til ønska frå organisasjonane om høgare minstepensjon, betre alderspensjon til uføre og sjukepengerettar etter fylte 67 år. Dette er område som òg er behandla i Meld. St. 6 (2023–2024) Et forbedret pensjonssystem med styrket sosial profil, Innst. 233 S (2023–2024) frå Arbeids- og sosialkomiteen og i pensjonsavtalen mellom dei daverande regjeringspartia (Arbeidarpartiet og Senterpartiet) og partia Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne.
Regjeringa har i 2025 lagt fram Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning, der eit av tiltaka er å bygge ut kapasiteten i fagskulane i samsvar med kompetansebehova i heile landet. Behova for helsepersonell er stort i kommunane, og regjeringa har ein samarbeidsavtale med KS for å auke kapasiteten og kvaliteten i praksisplassar i kommunane for helse- og sosialfagstudentar. Regjeringa vil også føre vidare satsinga på bu- og reisestønad til studentane og andre tiltak som støttar opp under kvalitet og kapasitet i praksis i kommunar langt frå campus. Vidare vil regjeringa auke kapasiteten i sentrale helseutdanningar, slik som sjukepleie, audiografi og psykologi. Det kjem i tillegg til den styrkte kapasiteten i medisin, fysioterapi, vernepleie og sjukepleie dei siste åra. Vi viser til nærmare omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Kunnskapsdepartementet.
God kvalitet i helse- og omsorgstenestene krev bemanning, tid, tillit, relasjonar og tydelege prioriteringar. Pensjonistorganisasjonane har fremma krav om ein auke i heildøgns omsorgsplassar, ei satsing på tenester og fellesskapstilbod til heimebuande, som dagsenter og eldresenter samt alderstilpassa bustader. Vidare har dei etterspurt ei satsing på styrkt grunnbemanning i dei kommunale helse- og omsorgstenestene, ei satsing på heiltid og faste stillingar, tilstrekkeleg helsepersonell med riktig kompetanse, fleire studieplassar innan helse og fleire praksisplassar. Dei er opptatt av og etterlyser meir kontroll av kvaliteten i tenestene.
Organisasjonane har i krava sine løfta fram eldre si psykiske helse, einsemd blant eldre, behovet for satsing på habilitering og rehabilitering, ulike dagtilbod til eldre som blir fylte med kulturelt og sosialt innhald. Dei krev òg styrking av tilbodet til demente og dei løftar fram ulike problemstillingar knytt til pårørande. Vidare har dei etterspurt ei betre opplæring i digitale verktøy for eldre.
I tillegg krev dei at det blir satsa på fastlegeordninga, at tannhelse blir ein del av eigenandelsordninga og at det blir satsa på spesialisthelsetenester gjennom auka løyvingar i sjukehusramma. Dei peikar òg på innføringa av Helseplattforma i Helse Midt-Noreg og auka behov for særskilde tilskot til investeringar.
Regjeringa har gjort mykje, men det er likevel eit behov for å auke innsatsen ytterlegare.
I 2025 la regjeringa fram en stortingsmelding om framtidige allmennlegetenester og akuttmedisinske tjenester utanfor sykehus; Meld. St. 23 (2024–2025) Fornye, forsterke, forbedre. Eldre skal møte ei tilgjengeleg, god og brukarvennleg allmennlegeteneste i heile landet, oppleve gode og samanhengande tenester, få hjelp til å ta kloke val for eiga helse, til å førebygge sjukdomsutvikling og -forverring og til å meistre helse- og livsutfordringar. Regjeringa prøver òg ut ei ordning med kommunal nettlege for å gjere dei offentlege allmennlegetenestene meir tidsriktige og tilgjengelege for befolkninga, gi innbyggarane eit meir fleksibelt allmennlegetilbod i kommunane og bidra til å jamne ut uønskte sosiale ulikskapar i tilgangen til tenester. I forslaget til ny fastlegeforskrift, som nyleg har vore på høyring, foreslår regjeringa vidare at aldersgrensa til å kunne inngå tidsavgrensa avtale med kommunen om å drive fastlegeverksemd blir heva frå 75 år til 80 år.
I Meld. St. 24 (2022–2023) Fellesskap og meistring – Bu trygt heime la regjeringa fram tiltak som skal bidra til at eldre kan bu trygt heime, og bidra til å utsette etterspørselen etter helse- og omsorgstenester. Det skal skje gjennom betre planlegging, styrkt førebygging og meir målretta tenester.
Regjeringa vil bidra med eit eldreløft med fem innsatsområde: Bustad, bemanning, kvalitet og kompetanse, aktivitet og høyrsel. Regjeringa foreslår å styrke investeringstilskotet for heildøgns omsorgsplassar, å innføre eit nytt tilskot til privatpersonar til oppgradering av eigen bustad og følger opp Eldrebustadprogrammet òg å innføre ein ny Eldreboligallianse.
Regjeringa vil i løpet av 2026 legge fram ein helsepersonellplan som går fram til 2040, for å rekruttere og halde på fagkompetansen i helse- og omsorgstenestene, der ein òg skal ivareta pårørande. Partane vil bli involverte i arbeidet. Planen skal bl.a. omfatte tiltak innan følgande innsatsområde: i) arbeidsmiljø og arbeidsvilkår, ii) ansvar- og oppgåvedeling og formålstenleg organisering av arbeidsprosessar, iii) teknologi og utstyr og iv) rekruttering til helse- og omsorgstenestene.
Regjeringa vil jobbe for høgare kvalitet, mindre forskjellar i kvaliteten mellom kommunane, og følge med på kvaliteten i eldreomsorga, bl.a. gjennom Eldrebarometeret. For å bidra til aktivitet vil regjeringa, i samarbeid med frivillige organisasjonar, legge til rette for gode aktivitetstilbod til eldre i heile landet. Regjeringa foreslår å opprette ei tilskotsordning for å fremme fysisk og sosial aktivitet. Gjennom ordninga skal fleire eldre få moglegheit til å delta og bidra i lokalsamfunnet.
Regjeringa vil føre vidare satsinga på å bygge og fornye heildøgns omsorgsplassar som sjukeheimar og omsorgsbustader. I tillegg vil regjeringa etablere ei tilskotsordning gjennom Husbanken som gir dei eldre betre moglegheit til å tilpasse eigen bustad. Ordninga skal stimulere til at fleire oppgraderer bustaden sin, og auke andelen eigna bustader i marknaden. Vi viser til kap. 760 Prop. 1 S (2025–2026) for i Helse- og omsorgsdepartementet for nærmare omtale av ordninga. Husbanken følger opp Eldrebustadprogrammet, med mål om å bidra til at alle har tilgang til ein eigna bustad i eit aldersvennleg bumiljø.
Som ein del av Eldreboligprogrammet, har regjeringa tatt initiativ til ein eldrebustadallianse for å få fart på bygginga av nye og aldersvennlege eldrebustader og betre tilpassing av eksisterande bustader. Alliansen hadde det første møtet sitt 28. august. Ei hurtigarbeidande arbeidsgruppe under alliansen skal etter planen levere ein rapport med ei bruttoliste av tiltak og verkemidlar som kan mobilisere til at fleire kan bu heime lenger 1. oktober. Arbeidsgruppa er eit samarbeid mellom byggenæring, kommunesektoren og Husbanken.
Regjeringa har arbeidd systematisk med tiltak som skal støtte opp om ei berekraftig utvikling i den kommunale helse- og omsorgstenesta når det gjeld tilstrekkeleg personell og kompetanse, bl.a. gjennom Opptrappingsplan for heltid og god bemanning i omsorgstjenesten, som blir følgd opp gjennom Kompetanseløft 2025. Opptrappingsplan for heltid og god bemanning har som mål å bidra til tilstrekkeleg med årsverk med relevant utdanning i omsorgstenesta, og inneheld tiltak knytte til tenesteutvikling, rekruttering og kvalifisering av tilsette og til leiing og planlegging.
Tida er inne for å tenke nytt om korleis vi kan rekruttere i helse- og omsorgssektoren. Sektoren har eit stort behov for arbeidskraft framover. Berre innanfor dei kommunale omsorgstenestene trengst 55 000 nye årsverk innan 2035. Samtidig er det ei utfordring at fleire unge står utanfor arbeid og utdanning. Regjeringa etablerer no eit rekrutteringsprogram, med oppstart i 2026, der innsatsen blir retta mot å inkludere personar som er utanfor arbeidslivet og inkludere til arbeid i ein sektor som har stort behov for arbeidskraft framover. Rekrutteringa vil bidra til fleire tilsette og legge grunnlaget for ei meir formålstenleg oppgåvedeling og kompetanseheving blant dei tilsette i tenestene, noko som vil bøte på eit stadig aukande behov for kompetanse. Det er løyvd 87 mill. kroner på Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett til programmet i 2026. På budsjettet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet er det løyva 38 mill. kroner, sjå omtale under kap. 634 post 01 og kap. 605 post 01.
Regjeringa foreslår òg midlar til fleire studieplassar innanfor psykologi og desentraliserte medisin-, og audiografutdanningar.
Regjeringa lanserte sommaren 2025 første versjon av «Eldrebarometeret». Eldrebarometeret er ei nettside som skal gi eit bilde av kvaliteten i helse- og omsorgstenestene for eldre, bidra til meir openheit og tillit, og vere ein viktig kunnskapsressurs for kvalitetsforbetring, tenesteutvikling og politikkutforming, både lokalt og nasjonalt. Den første versjonen skal utviklast vidare. Skal bildet av kvaliteten bli heilskapleg, må alle dimensjonar av kvalitet vere belyste. Det krev fleire nøkkeltal innanfor enkelte område. I dag manglar vi gode nøkkeltal bl.a. når det gjeld korleis dei eldre sjølve opplever kvaliteten på tenestene, og korleis tenestene arbeider med pasienttryggleik og kvalitetsforbetring. Det er løyvd 5 mill. kroner til vidareutvikling av eldrebarometeret i 2026.
Regjeringa legg stor vekt på at eldre skal kunne leve eit aktivt og meiningsfullt liv i fellesskap med andre. Dette kan fremmast gjennom ulike tiltak, som dagsenter eller eldresenter og andre lokale tilbod. For å styrke arbeidet med slike tiltak har regjeringa gitt Helsedirektoratet i oppdrag å greie ut korleis ei nasjonal aktivitetsgaranti kan utformast og innførast i planperioden for Bu trygt heime-reforma. Som eit første steg vil regjeringa opprette eit aktivitetstilskot til eldre, med mål om å stimulere til fysisk og sosial aktivitet. Tilskotet på 60 mill. kroner skal òg legge til rette for innføringa av aktivitetsgarantien. Vi viser til nærmare omtale av tilskotet i Prop. 1 S (2025–2026) for Helse- og omsorgsdepartementet.
Høyreapparat er ofte viktig for å halde oppe arbeid og sosial aktivitet og unngå psykiske plager og demens. I fleire helseføretak er det lang ventetid for å få tilpassa høyreapparat. Regjeringa vil innføre ein høyreapparatgaranti, som sikrar at eldre som treng det skal få tilgang til høyreapparat innan fire månader. Det vil krevje fleire fagfolk, betre oppgåvedeling, meir fleksible prosessar og endringar i eit rigid regelverk. Regjeringa vil ta initiativ til ein gjennomgang av pasientforløp og regelverk for tildeling av høyreapparat. For å oppnå betre tilgang på personell, vil regjeringa, i tillegg til å auka talet på studieplassar ved audiografutdanninga ved NTNU, gi i oppdrag til dei regionale helseføretaka å sette i verk kompetansehevande tiltak for personell innan høyrselsomsorga (28 mill. kroner).
Regjeringa har lagt fram Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga – Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar som omtaler den samla innsatsen til regjeringa for å fremme betre folkehelse og god livskvalitet i befolkninga, Meld. St. 23 (2022–2023) Opptrappingsplan for psykisk helse (2023–2033), som viser innsatsen for alle aldersgrupper på heile det psykiske helsefeltet, og Meld. St. 24 (2022–2023) Fellesskap og meistring – Bu trygt heime. Folkehelseinstituttet har i 2025 hatt i oppdrag å kartlegge den psykiske helsa og livskvaliteten blant eldre. Regjeringa foreslår å løyve 140 mill. kroner til oppfølging av opptrappingsplanen i 2026, bl.a. for å styrke lågterskeltilbod i kommunane gjennom frivilligheita.
Å ta vare på og støtte pårørande er viktig for å sikre berekrafta i velferdsstaten. Regjeringa har eit mål om å legge til rette for at pårørande kan vere ein ressurs, men samtidig leve eit godt liv og ta vare på si eiga helse. Hausten 2024 lanserte regjeringa pårørandeavtalar som skal bidra til eit betre samarbeid mellom pårørande og tenestene. I det vidare arbeidet vil regjeringa arbeide for at pårørande sitt perspektiv og medverknad bli integrerte i alle planer og strategiar i helse- og omsorgspolitikken. Vi viser til nærmare omtale under kap. 760 i Prop. 1 S (2025–2026) for Helse- og omsorgsdepartementet.
I 2025 fekk Senter for eit aldersvennleg Noreg i oppdrag å kartlegge kunnskapen om digital inkludering blant eldre og om utfordringane på området, og å utvikle pilotar for betre opplæring. Kartlegginga har vist at dagens tilbod er fragmentert og manglar ei heilskapleg tilnærming. Det finst heller ikkje standardar for rettleiarar. I 2026 vil senteret, i samarbeid med bl.a. Digitaliseringsdirektoratet, HK-Noreg, frivillige organisasjonar og enkelte kommunar gjennomføre pilotar for å få fram betre kursmodellar. Senteret bidrar òg til å synleggjere behova til eldre digitale brukarar sine behov i relevante tiltak, bl.a. i Digitaliseringsdirektoratet sitt arbeid med ein nasjonal hjelpetelefon. Sjå kap. 714 post 21 i Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet.
Regjeringa har vedtatt at dagens demensplan skal følgast opp med ein ny – Demensplan 2030. Den nye planen vil legge vekt på førebygging, tidleg diagnostisering og behandling, persontilpassa medisin og tenester, og dessutan auka bruk av teknologi. Planen skal òg ta omsyn til dei særskilde utfordringane distriktskommunane står overfor. Bu- og avlastingstilbod, og tilbod om dagaktivitet, må tilpassast og skalerast i takt med behova til pasientgruppa og dei pårørande. Målet er å legge fram Demensplan 2030 i løpet av første halvår 2026. Demensplan 2025 gjeld fram til den nye planen er på plass.
Tannhelsetenestene er styrkte gjennom ei varig auke i rammetilskotet til fylkeskommunane med 300 mill. kroner i 2024, som bl.a. skal legge til rette for pasientgruppa 85 år og eldre. Regjeringa har sett ned eit tannhelseutval, som leverte den første utgreiinga si hausten 2024. Utgreiinga har vore på offentleg høyring, og er no til oppfølging i departementet.
Det tekniske berekningsutvalet for økonomien i spesialisthelsetenesta er eit uavhengig utval som bl.a. har vurdert realveksten i løyvingane til spesialisthelsetenesta. Realveksten viser endringane i det økonomiske handlingsrommet i ein tidsperiode. Utvalet anslår at det frå 2022 til 2025 var ein realvekst i løyvingane, ut over det som har vore nødvendig for å kompensere for endringar i meirkostnadane til demografi, på om lag 3,8 mrd. 2025-kroner. Regjeringa vil legge fram forslag til budsjett for sjukehusa for 2026 i Prop. 1 S (2025–2026) for Helse- og omsorgsdepartementet.
Pensjonistorganisasjonane har i møta med regjeringa fremma krav om styrkt kommuneøkonomi. Kommuneøkonomi er eit prioritert område for regjeringa, og i 2026 foreslår regjeringa ein realvekst i dei frie inntektene til kommunesektoren på 4,2 mrd. kroner, samanlikna med Revidert nasjonalbudsjett 2025. Sjå nærmare omtale Prop. 1 S (2025–2026) for Kommunal- og distriktsdepartementet.
Organisasjonane meiner òg at bustøtta bør styrkast. Regjeringa meiner det er viktig med ei god bustøtteordning som gjer det enklare for husstandar med låge inntekter å behalde ein eigna bustad. I budsjettet for 2025 blei bustøtta betra ved at det kom på plass ei kompensasjonsordning for mottakarar med inntekt frå arbeidsavklaringspengar eller dagpengar, slik at dei ikkje lenger mistar bustøtte to gonger i året fordi dei får utbetalt tre meldekortsperioder i same kalendermånad. Tiltak som blei vedtatt midlertidig i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett i 2024, bl.a. auka buutgiftstak og forenkla utrekning av eigenandelen, blei dessutan gjorde varige.
Organisasjonane har fremma krav om styrking av Husbanken og auka bustadbygging. Noreg treng fleire bustader, og regjeringa har som mål at det blir tillate å sette i gang bygging av 130 000 bustader innan 2030. Regjeringa gjer ei rekke grep for å få fart på bustadbygginga, sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Kommunal- og distriktsdepartementet. I 2024 starta regjeringa opp eit eldrebustadprogram, jf. Meld. St. 24 (2022–2023) Fellesskap og meistring – Bu trygt heime. Programmet skal bidra til at alle har tilgang til ein eigna bustad i eit aldersvennleg bumiljø. I 2025 har regjeringa etablert ein eldrebustadallianse, som bl.a. skal levere konkrete forslag til regjeringa for å få fart på bustadbygginga og tilpassinga av eksisterande bustader, jf. tidlegare omtale.
Organisasjonane ønsker ei satsing på digital kompetanse for eldre. I juni 2023 la regjeringa fram Handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn. Planen gjeld frå 2023 til 2026. Målet med handlingsplanen er å sikre at alle innbyggarar skal få likeverdige offentlege tenester, uavhengig av bakgrunn, språkkunnskapar eller alder. Handlingsplanen rettar seg primært mot dei gruppene som opplever digitale barrierar og digitalt utanforskap. Det skal bl.a. etablerast eit betre samarbeid mellom offentlege verksemder, frivillige organisasjonar og næringslivet for å koordinere innsatsen for å hindre digitalt utanforskap. Regjeringa vil òg sørge for at offentleg sektor tilbyr rettleiing i bruk av digitale løysingar til brukarar som manglar eller har svake digitale ferdigheiter. Offentleg sektor har eit ansvar for å levere offentlege tenester til alle, inkludert dei som ikkje er digitale. Regjeringa foreslår å løyve 5 mill. kroner til Senteret for eit aldersvennleg Noreg for å styrkje digital inkludering og utvikla opplæringstilbod for eldre, i samarbeid med bl.a. organisasjonane til pensjonistane, IKT-Noreg, KS og Frivillighet Norge, jf. omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Helse- og omsorgsdepartementet. Regjeringa foreslår å vidareføre 2 mill. kroner til ei tilskotsordning for å bidra til aldersvennleg frivilligheit og utvikling av lågterskel-møteplassar for eldre i 2026. Satsinga må sjåast i samanheng med Bu trygt heime-reforma. Ordninga er administrert av Norges Frivilligsentraler. Rådet for eit aldersvenleg Noreg har digital inkludering som satsingsområde, og vil bidra til meir bevisstheit og forslag til tiltak saman med IKT-Norge, dei frivillige organisasjonane og kommunane.
For 2026 foreslår regjeringa å løyve 8 mill. kroner til ei tilskotsordning for hjelpe- og rettleiingstilbod til innbyggarar med manglande eller låg digital kompetanse. Formålet med ordninga er å bidra til at alle innbyggarar skal settast i stand til å bruke digitale verktøy og tenester frå offentlege og private aktørar. Digitaliseringsdirektoratet forvaltar ordninga. Regjeringa foreslår òg eit driftstilskot på 5 mill. kroner til Seniornett Norge for 2026. Målet med driftstilskotet er å styrke aktivitetar retta mot målgruppa svake eller ikkje-brukarar av internett over 65 år over heile landet.
Regjeringa arbeider med tillitsreforma, og i den samanhengen blir òg pensjonistorganisasjonane sine synspunkt om reforma vurderte.
6.9 Inkludering i samfunnet og gode levekår for dei mest vanskelegstilte
Det sosiale sikkerheitsnettet skal gi tryggleik til alle og bidra til at dei som har behov for det, får nødvendig hjelp til å delta i arbeidslivet og på andre arenaer i samfunnet.
Trass i høg sysselsetting og ein godt utbygd velferdsstat med universelle velferdsordningar og velferdstenester, blir enkeltpersonar og familiar ramma av fattigdom og låginntekt. Å vekse opp i fattigdom aukar risikoen for å stå utanfor arbeidslivet og ha låginntekt som vaksen. Fattigdom skal reduserast, særleg fattigdom som rammar barnefamiliar.
Dei sosiale tenestene i arbeids- og velferdsforvaltninga er det nedre sikkerheitsnettet i velferdsordningane. Tenestene skal bidra til økonomisk og sosial tryggleik og fremme overgang til arbeid, sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.
Frivillige organisasjonar og sosiale entreprenørar bidrar på ulike måtar i arbeidet med å gi fleire ein sjanse til å komme i arbeid og aktivitet, og er eit viktig supplement til det offentlege velferdstilbodet.
Det er eit mål for regjeringa at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta i arbeidslivet og samfunnet på lik linje med andre. Hjelpemiddel og tilrettelegging er viktige verkemiddel for å bidra til dette. Hjelpemiddel frå folketrygda er støttefunksjonar, og verkar saman med andre tilretteleggingsfunksjonar i skolen, arbeidslivet og dagleglivet for å tette gapet mellom isolasjon og deltaking.
6.9.1 Dei sosiale tenestene i Nav-kontoret og førebyggande sosialt arbeid
Kommunane har, gjennom ansvaret for dei sosiale tenestene i Nav-kontoret, ei sentral rolle i å fremme sosial og økonomisk tryggleik. Ansvaret omfattar både førebyggande sosialt arbeid og dei individuelle tenestene opplysning, råd og rettleiing, økonomisk stønad, midlertidig butilbod, individuell plan og kvalifiseringsprogram.
Arbeids- og velferdsdirektoratet er fagdirektoratet for dei kommunale sosiale tenestene og skal gjennom ulike tilretteleggande tiltak bidra til at kommunane varetar ansvaret for desse tenestene på ein god måte. Blant viktige verkemiddel i arbeidet til direktoratet er kompetansehevande tiltak og tilskotsmidlar til å utvikle dei sosiale tenestene. Statsforvaltarane er her ein viktig samarbeidspartnar.
Førebyggande sosialt arbeid
Sosiale tenester og sosialfagleg arbeid er viktig i eit heilskapleg tenestetilbod til personar som opplever sosiale problem, men òg i arbeidet kommunane gjer for å førebygge at slike problem oppstår. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har gitt Arbeids- og velferdsdirektoratet i oppdrag å gjennomføre eit program for førebyggande sosialt arbeid og heilskapleg førebyggande innsats lokalt. Eit overordna mål for programmet er å førebygge at folk fell utanfor og får sosiale problem, slik at færre blir ståande permanent utanfor arbeids- og samfunnslivet. Programmet skal bidra til meir merksemd rundt førebyggingsansvaret, og til at kommunar og Nav-kontor varetar dette ansvaret på ein betre måte. Arbeids- og velferdsdirektoratet har utarbeidd ein overordna plan som omfattar desse elementa: kompetansehevande tiltak, arenaer for å utveksle erfaringar, tilskotsmidlar til forsøks- og utviklingsarbeid, tilrettelegging av statistikk og styringsdata, og nasjonale (samordna) forventningar om førebygging.
Direktoratet har i 2025 bl.a. gitt tilskotsmidlar til tolv Nav-kontor til utvikling av samarbeid med frivillige organisasjonar og sosiale entreprenørar for å førebygge utanforskap og sosial ekskludering. I samarbeid med fire statsforvaltarembeterhar direktoratet organisert læringsnettverk for prosjekta som får tilskot.
Kvalifiseringsprogrammet
Kvalifiseringsprogrammet med tilhøyrande kvalifiseringsstønad har sidan 2010 vore ei lovpålagd oppgåve for kommunane og ein rett for dei som oppfyller vilkåra i lova. Programmet er retta mot personar mellom 18 og 67 år som har vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne, og ingen eller svært avgrensa ytingar til livsopphald etter folketrygdlova eller arbeidsmarknadslova. Formålet med programmet er å bidra til at fleire i målgruppa kjem i arbeid.
Ved utgangen av 2024 var det om lag 7 200 deltakarar i kvalifiseringsprogrammet, ein nedgang frå om lag 7 400 ved utgangen av 2023. 68 pst. av deltakarane var født i utlandet.
Erfaringane med kvalifiseringsprogrammet har i stor grad vore positive, men det har samtidig vore nokre vedvarande utfordringar. Bl.a. har talet på deltakarar minka til eit nivå som er lågare enn forventa, og det har vekt bekymring for om kommunane vurderer deltaking for alle i målgruppa og tildeler program til dei som oppfyller vilkåra i lova. Departementet har på denne bakgrunnen gått nærmare gjennom erfaringane med programmet og sett dei i samanheng med dei samla verkemidla i Nav-kontoret.
Slik departementet vurderer det, bør kvalifiseringsprogrammet førast vidare som ei kommunal ordning i Nav-kontoret retta mot personar som står i fare for å bli avhengige av økonomisk sosialhjelp i ein lengre periode. Programmet er eit viktig verkemiddel i arbeidet for å redusere mottak av økonomisk sosialhjelp over lengre tid. Deltakarane i programmet er personar som har fleire barrierar mot arbeid, og som derfor kan ha nytte av eit heilskapleg program med tett oppfølging.
Dei seinare åra er det tatt initiativ til innsatsar og forsøk spesielt retta mot ungdom, blant desse forsøk med eit nytt ungdomsprogram og forsøk med Eit enklare Nav – aktivitetspengar for unge. Dersom evalueringar frå desse viser gode resultat, vil det på eit framtidig tidspunkt vere aktuelt å vurdere plassen til kvalifiseringsprogrammet blant dei samla verkemidla i Nav-kontoret på nytt.
Moglege årsaker til at kvalifiseringsprogrammet ikkje blir brukt meir enn det gjer, er finansieringsforma og at programmet er ressurskrevjande og tungvint å administrere.
For å støtte arbeidet til kommunen og Nav-kontora, vil departementet vurdere korleis ein kan stimulere til forsterka innsats i Nav-kontoret sitt arbeid med programmet. Det varierer mykje korleis Nav-kontora arbeider med programmet, og i kva grad dei opplever utfordringar i dette arbeidet. Arbeids- og velferdsdirektoratet har saman med statsforvaltarane sett i verk ei rekke tiltak med kompetanseheving og anna tilrettelegging overfor kommunane dei siste åra. Dette arbeidet skal framleis ha høg prioritet. Departementet vil òg vurdere mogelege endringar i regelverket og fag- og støttesystem som kan gjere programmet enklare å forvalte.
Økonomisk sosialhjelp
Kommunane har ei plikt til å stille vilkår om aktivitet til sosialhjelpsmottakarar under 30 år. Det inneber òg å stille vilkår om norskopplæring dersom manglande norskkunnskap er årsaka til at mottakarane ikkje er sjølvhjelpne.
I ei evaluering av aktivitetsplikta blir det trekt fram at ho bidrar til betre opplæring av brukargruppa, men ein generell og betydeleg mangel er at få Nav-kontor evnar å gi meiningsfull og veleigna aktivitet til heile breidda av denne samansette gruppa.19
Oslo Economics har på oppdrag frå Arbeids- og velferdsdirektoratet kartlagt kva slags tiltak og aktivitetar kommunane tilbyr sosialhjelpsmottakarane.20 Kartlegginga viser at det varierer mykje mellom kommunane. Funna tyder òg på at dei ofte bruker statlege arbeidsmarknadstiltak framfor kommunale tiltak.
Ifølge kartlegginga framstår aktivitetsplikta for mottakarar under 30 år som eit nyttig verkemiddel for Nav-kontora i tilfella der dei har god kunnskap om føresetnadene og behova til brukaren. Men det er fleire tilfelle der brukarar får sosialhjelp i mange år og deltar på ei rekke tiltak og aktivitetar utan at det ser ut til å bidra til overgang til arbeid eller avklaring til andre ytingar. I slike tilfelle kan tiltak og aktivitetar likevel ha positive effektar; dei kan bidra til fellesskapsfølelse, struktur i kvardagen og meistring.
For å heve kvaliteten i tilbodet til unge med samansette problem, har regjeringa sette i gang eit arbeid med å utvikle betre lågterskeltilbod og meir tilpassa tenester. Målet er å førebyggje fråfall frå utdanning og inkludere fleire unge som står utanfor arbeid og utdanning. Sjå nærmare omtale under punkt 6.5 Fleire unge skal få moglegheiter til å delta i arbeidslivet.
Eit av innsatsområda i dette utviklingsarbeidet er å utarbeide og prøve ut lokale arbeidsretta lågerskeltilbod i utvalde kommunar. Elleve kommunar har i 2025 motteke tilskot til å delta i dette arbeidet. Sjå nærmare omtale under kap. 621, post 63.
Talet på mottakarar av økonomisk sosialhjelp har auka betydeleg dei seinare åra. Auken har i stor grad vore driven av dei store innkomstane av fordrivne frå Ukraina. Utgiftene til sosialhjelp i 2026 vil bli påverka av kor mange fordrivne som blir busette i kommunane, kor raskt dei kjem i gang med introduksjonsprogram, og i kva grad dei kan forsørge seg sjølve etter å ha avslutta introduksjonsprogrammet. Kor mange fordrivne frå Ukraina som kjem til Noreg, vil òg kunne påverke ressursbruken til kommunane ved at fleire treng opplysning, råd og rettleiing. Dette er ei kommunal teneste alle fordrivne frå Ukraina har rett til etter sosialtenestelova.
Utmåling av økonomisk stønad – forslag om endring i sosialtenestelova og auke av dei rettleiande satsane
Bakgrunn
Økonomisk stønad (sosialhjelp) etter sosialtenestelova § 18 skal sikre eit forsvarleg livsopphald for personar som ikkje kan dekke levekostnadane sine gjennom arbeid, eigne midlar eller gjennom økonomiske rettar, f.eks. trygdeytingar. Stønaden er i utgangspunktet ei midlertidig inntektssikring og bør ta sikte på at personane skal bli sjølvhjelpne. Stønaden blir fastsett ut frå skjønn. Dei kommunale sosiale tenestene i Nav-kontoret har både rett og plikt til å utøve skjønn når dei vurderer om det skal ytast økonomisk stønad, og ved utmåling av stønaden. Stønaden er sterkt behovsprøvd; i utgangspunktet skal alle inntekter personen har, reknast med ved vurderinga av retten til og størrelsen på stønaden. Lova har inga føresegn om sjølve stønadsnivået, men gir departementet heimel til å gi retningslinjer om stønadsnivået.
Departementet fastset statlege rettleiande satsar for utmåling av sosialhjelp. Dei blir justerte årleg i tråd med anslaget for vekst i konsumprisane i nasjonalbudsjettet. Formålet med dei rettleiande satsane er å bidra til ein meir einsarta praksis ved utmåling av økonomisk stønad på landsbasis, å skape eit felles utgangspunkt for saksbehandlinga i kommunane og å bidra til at utmålt stønad blir likare for like stønadstilfelle, uavhengig av bustadkommune.
Dei rettleiande satsane inkluderer utgifter til heilt grunnleggande behov, som mat, klede, kommunikasjon, hushaldsartiklar og hygiene med meir, og tar òg omsyn til andre sider av dagleglivet, som fritid og sosiale behov. Utgifter til andre nødvendige ting, som bustad, straum og oppvarming, bustad- og innbuforsikring og innbu og utstyr inngår i livsopphaldet, men er ikkje inkludert ved fastsetting av dei rettleiande satsane ettersom dette er utgifter som varierer mykje. Satsane må reknast som eit rettleiande utgangspunkt for det skjønnet kommunane skal utøve, og kan ikkje erstatte individuelle vurderingar.
Dei rettleiande satsane blei første gong fastsette i 2001, og det er mange år sidan grunnlaget for satsane blei utarbeidd. Forbruksforskingsinstituttet (SIFO) hjelpte departementet med å beløpsfeste dei ulike utgiftskomponentane den gongen. SIFO har i fleire omgangar sidan 2001 oppdatert dei ulike forbruksområda i SIFO sitt referansebudsjett for forbruksutgifter. Det skjer også ei kontinuerleg samfunnsutvikling som kan ha betydning for kva for utgifter som bør sjåast på som ein del av eit nødvendig og forsvarleg livsopphald. Over tid har det komme innspel frå ulike hald både om satsane er tilstrekkelege til å dekke eit forsvarleg livsopphald og om korleis og kor ofte dei bør justerast. Departementet har derfor sett behov for å vurdere grunnlaget for dei rettleiande satsane på nytt.
På oppdrag frå departementet har SIFO gjennomført ei oppdatert utgreiing av det faglege grunnlaget for dei rettleiande satsane for økonomisk stønad. Dei har vurdert kva for behov og tilhøyrande forbruk ulike personar/hushald vil måtte ha for å kunne ha eit forsvarleg livsopphald etter føresegna i sosialtenestelova og rundskrivet til lova, og korleis dette bør speglast i dei rettleiande satsane. SIFO tilrår å auke alle satsane, å endre kategoriane slik at satsen for dei eldste barna aukar meir enn for dei andre barnegruppene og at nokre utgiftskomponentar heilt eksplisitt ikkje lenger inngår i de rettleiande satsane (internett, transport og organiserte fritidsaktivitetar for barn).21
Det blei varsla i Prop. 1 S for 2025 at departementet ville komme til Stortinget i Prop. 1 S for 2026 med ei vurdering av om nivået på dei statlege rettleiande satsane, eller måten dei er innretta på, bør endrast. Rapporten frå SIFO skulle vurderast i ein breiare samanheng, bl.a. korleis nivået på satsane kan påverke overgang til arbeid, og forholdet til andre ytingar.
Departementet har òg vurdert regelen i sosialtenestelova om at barnetrygda ikkje skal inngå i inntektsgrunnlaget ved vurderingar av rett til økonomisk stønad. Denne regelen blei innført i 2022. Det blei varsla i lovproposisjonen frå 2022 at departementet ville vurdere denne lovregelen i lys av eventuelle andre tiltak retta mot barn i låginntektsfamiliar. Departementet meiner at utviklinga i barnetrygda og andre tiltak retta mot den økonomiske situasjonen til barnefamiliar etter 2022 tilseier at denne regelen bør vurderast på nytt no.
Departementets vurderingar og forslag
Grunnlaget for dei rettleiande satsane for økonomisk stønad er over 20 år gammalt. Departementet meiner at det kan vere formålstenleg å justere satsane i lys av det oppdaterte kunnskapsgrunnlaget. Dette vil medføre at satsane i større grad bygger på eit oppdatert fagleg grunnlag der SIFO har vurdert kva for behov og tilhøyrande forbruk ulike personar/hushald vil måtte ha for å kunne ha eit forsvarleg livsopphold. Ein slik justering vil innebere at dei rettleiande satsane blir auka. Departementet meiner det særleg bør gjelde satsane for barn, og meiner dei kan aukast til det nivået SIFO i rapporten sin har vurdert som nødvendig for å sikre eit forsvarleg livsopphald. Departementet meiner at lovføresegna om at barnetrygd skal haldast utanfor ved utrekning av sosialhjelp må fjernast som føresetnad for ei slik auke i satsane.
SIFO har vurdert kva som er nødvendige utgifter for eit forsvarleg livsopphold. Det låg ikkje i oppdraget å vurdere eventuelle endringar i korleis ein skal handtere mottakarane sine eventuelle inntekter eller eigne middel som ein del av inndekkinga av nødvendige utgifter. For at ei justering av satsane for barn til det nivået SIFO har føreslått skal samsvare med SIFO sine vurderingar av behov og forsvarleg livsopphald, meiner departementet at alle inntekter må reknast med ved behovsvurderinga og utmålinga av økonomisk stønad.
Med forslaget frå departementet vil midlane framleis vere retta mot dei same brukargruppene. Barnetrygda kan reknast med i vurderinga av retten til økonomisk stønad, men dei høgare rettleiande satsane vil kunne danne grunnlag for utmåling av ein høgare stønad enn satsane som gjeld i dag.
Fjerning av lovregel om barnetrygd
Som omtalt ovanfor er økonomisk stønad subsidiær. For at ein person skal få rett til økonomisk stønad, må personen ha utnytta fullt ut alle reelle moglegheiter til å forsørge seg sjølv ved arbeid, eigne midlar eller ved å gjere gjeldande trygderettar eller andre økonomiske rettar. Sosialtenestelova § 18 tredje ledd gjer to unntak frå dette: For det første skal inntekt som barn får av arbeid i fritid og skoleferie, ikkje takast med i vurderinga av søknader om økonomisk stønad til barnefamiliar. Barn og unge som veks opp i ein familie som får økonomisk stønad, skal kunne disponere eigne inntekter frå arbeid på fritida og i skoleferiar på lik linje med andre barn. For det andre skal også barnetrygda haldast utanfor ved utmåling av økonomisk stønad. Unntaket for barnetrygda blei innført 1. september 2022 som eit resultat av eit forlik mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti om 2022-budsjettet, sjå Prop. 87 L (2021–2022) Endringer i sosialtjenesteloven og arbeidsmiljøloven (statsforvalterens tilsynsvirksomhet, økonomisk stønad, forskriftshjemmel, m.m.), punkt 3.
I proposisjonen viste departementet bl.a. til at personar som er fødde inn i ein låginntektsfamilie, har auka fare for å bli hengande etter på fleire levekårsområde, og peikte på at det er viktig med tiltak som sikrar at barn i slike familiar blir varetatt økonomisk. Departementet heldt òg fram at barnetrygda står i ei særstilling som ei universell ordning alle får, uavhengig av inntekt, og at ho kan vere viktig for å betre økonomien til familiane. Samtidig peikte departementet på at det er utfordringar ved ei lovendring som inneber at ei særskild inntekt skal haldast utanfor ved vurderinga av søknader om økonomisk stønad. Stønadsnivået skal fastsettast skjønnsmessig og ikkje som faste beløp. Departementet meinte derfor det kunne vere vanskeleg å sikre at ei lovendring om å halde ei særskilt inntekt utanfor utmålinga, faktisk ville føre til at stønaden blei tilsvarande høgare. Arbeids- og velferdsdirektoratet har undersøkt verknadene av lovendringa på utbetalingane av sosialhjelp til barnefamiliar.22 Dei konkluderer med at barnefamiliar har fått ein auke i sosialhjelpsutbetalingane, men at det kan vere fleire forklaringar på denne auken.
I Prop. 87 L (2021–2022) Endringer i sosialtjenesteloven og arbeidsmiljøloven (statsforvalterens tilsynsvirksomhet, økonomisk stønad, forskriftshjemmel, m.m.) punkt 3.3 heiter det dessutan:
«Videre peker departementet på at situasjonen for barn i lavinntektsfamilier i tiden fremover vil kunne påvirkes av hvilke øvrige tiltak som blir iverksatt. Det kan ikke utelukkes at det fremtidige behovet for å se bort fra barnetrygden i vurderingen av søknader om økonomisk sosialhjelp kan endre seg i lys av slike tiltak. Departementet legger også til grunn at behovet på sikt for å se bort fra barnetrygden vil måtte vurderes i lys av kommunenes erfaringer med å praktisere en slik regel. Dette bør vurderes i lys av utviklingen knyttet til tilgjengeliggjøring av andre velferdsytelser som SFO og barnehage, og hvilke kostnader som er knyttet til disse. I forbindelse med lovendringens ikrafttredelse vil departementet også vurdere innretningen av de statlige veiledende retningslinjene for økonomisk stønad, herunder de veiledende satsene for sosialhjelpsmottakere med barn i ulike alderskategorier.»
Økonomisk stønad er det siste sikkerheitsnettet i samfunnet og ei subsidiær og behovsprøvd ordning. Folk må som utgangspunkt bruke eigne midlar som dei rår over, til eige livsopphald. Alle inntekter er derfor relevante når kommunen vurderer retten til slik stønad. Det kan dermed vere utfordrande at ein stønad som barnetrygd blir halden utanfor ved vurderinga. Denne utfordringa er blitt sterkare sidan lovføresegna kom i 2022, ettersom barnetrygda har auka vesentleg dei seinare åra. I 2022 var den månadlege satsen for barnetrygd 1 676 kroner for barn under seks år og 1 054 kroner for barn over seks år. Frå og med 1. mai 2025 er satsen 1 968 kroner per barn per månad. I 2022 var utvida barnetrygd for einslege forsørgarar 1 054 kroner i månaden. I 2025 er denne stønaden på 2 516 kroner. Maksprisen for foreldrebetaling for barn i barnehage er òg redusert frå over 3 000 kroner per månad i 2022 til 1 200 kroner i månaden frå august 2025. Ei lovendring som gjer at barnetrygd igjen kan reknast som inntekt ved utmåling av økonomisk stønad vil innebere at nivået for barnefamiliar framstår meir rimeleg samanlikna med minsteytingane i folketrygda og låge lønningar.
Departementet understrekar at kommunen har både rett og plikt til å gjere individuelle og skjønnsmessige vurderingar av hjelpebehova til den som søker. Har søkaren barn, skal dei ta særleg omsyn til barna sine behov i dei individuelle vurderingane. Å kartlegge og vareta behova til barna er det aller viktigaste ved vurderingar av søknader om økonomisk stønad.
Departementet foreslår å fjerne regelen i sosialtenestelova § 18 om at barnetrygd ikkje skal takst med ved vurderinga av søknader om økonomisk stønad til familiar.
Det er anslått at kommunane kan spare om lag 650 mill. kroner i 2026 om lova blir endra slik at dei ikkje lenger er forplikta til å halde barnetrygda utanfor ved utmåling av økonomisk stønad. Forslaget reverserer regelendringa frå 2022, og anslaget på innsparing for kommunane svarer til det beløpet kommunane fekk i økonomisk kompensasjon gjennom rammetilskotet då regelen kom.
Departementet foreslår å bruke denne innsparinga til å auke dei rettleiande satsane for økonomisk stønad, i hovudsak til familiar med barn. Dermed vil midlane framleis vere retta mot dei same brukargruppene. Dei høgare rettleiande satsane kan danne grunnlag for utmåling av ein høgare stønad enn dagens satsar. Korleis kvar enkelt familie kjem ut samanlikna med i dag, kjem bl.a. an på kor gamle barna er, og kva behov barna og dei vaksne i familien har. Framover vil altså barnetrygda inngå som ein del av den individuelle vurderinga kommunen må gjere i kvar sak.
Også før regelen om barnetrygda kom inn i sosialtenestelova i 2022, var det ein del kommunar som valde å ikkje rekne med barnetrygda som inntekt. Sjølv om Stortinget sluttar seg til forslaget om å fjerne regelen, opnar det lokalpolitiske handlingsrommet for at kommunane, dersom dei ønsker det, kan halde barnetrygda heilt eller delvis utanfor ved vurdering av søknader om økonomisk stønad til barnefamiliar.
Departementet vil legge fram forslag til dei lovendringane som er nødvendige for å gjennomføre forslaget.
Auking av dei rettleiande satsane for økonomisk stønad
Departementet foreslår å nytte den anslåtte innsparinga for kommunane ved å fjerne føresegna om barnetrygd, til å auke dei rettleiande satsane for økonomisk stønad. Departementet meiner at ei slik auke i første rekke bør gjelde satsane for barn, slik at desse satsane aukast til det nivået SIFO i rapporten sin har vurdert som nødvendig for å sikre eit forsvarleg livsopphald. I tråd med tilrådingane frå SIFO foreslår departementet å opprette ei ny brukargruppe for barn mellom 15 og 17 år. Dette vil gi nye rettleiande satsar for barn som ligg mellom 7 og 38 pst. over dagens nivå, med størst auke for den nye gruppa mellom 15 og 17 år. Satsane for vaksne kan aukast med mellom 2 og 4 pst. samanlikna med dei gjeldande rettleiande satsane, noko som er lågare enn det SIFO foreslår.
SIFO foreslår i rapporten å tydeleggjere og oppdatere kva for komponentar som skal inngå i dei rettleiande satsane. Samanlikna med det som ligg til grunn for dei gjeldande rettleiande satsane, foreslår SIFO presiseringar i kva for utgiftskomponentar som bør inngå, ved at utgifter til transport og fritidsaktivitetar for barn heilt eksplisitt ikkje skal omfattast av dei rettleiande satsane. Dei peikar òg på at utgifter til internett og breiband bør vurderast individuelt. Dette blir grunngitt med at desse utgiftene er vanskelege å normere. Departementet vil følge opp forslaga frå SIFO, og foreslår at internett, transport og organiserte fritidsaktivitetar for barn ikkje skal inngå i dei rettleiande satsane, og at dette skal kome tydeleg fram i det årlege rundskrivet om dei rettleiande satsane.
Barn, unge og familiar
Barn er spesielt sårbare i vanskelege livssituasjonar, og det er viktig at behova deira blir varetatt i familien sitt møte med Nav-kontoret. Det gjeld i forbindelse med både dei kommunale sosiale tenestene og statlege tenester og ytingar. Arbeids- og velferdsdirektoratet har sett i verk tiltak for å vareta og styrke barne- og familieperspektivet i arbeids- og velferdsforvaltninga. Direktoratet har utarbeidd ein rettleiar om barnets beste for tilsette i arbeids- og velferdsforvaltninga. Rettleiaren omfattar både dei kommunale sosiale tenestene og den statlege forvaltninga. Rettleiaren blir innarbeidd i heile arbeids- og velferdsforvaltninga. Dette inneber bl.a. oppdateringar av rundskriv og fagleg opplæringsmateriell. Statsforvaltarane gjennomfører ulike opplæringsaktivitetar for å gjere rettleiaren kjend blant tilsette ved Nav-kontora. Direktoratet utviklar òg kompetansemateriell til bruk i Nav-kontora.
I 2022 og 2023 gjennomførte statsforvaltarane eit landsomfattande tilsyn med Nav-kontora og ansvaret deira for å vareta behova til barna når familiar søker økonomisk sosialhjelp. Oppsummeringsrapporten frå Statens helsetilsyn er eit viktig bidrag i arbeidet med å sikre og styrke barneperspektivet i arbeids- og velferdsforvaltninga.
Mange barnefamiliar som er i kontakt med Nav-kontoret, har samansette utfordringar og behov for oppfølging frå ulike delar av arbeids- og velferdsforvaltninga og andre tenester i kommunen. Som ei oppfølging av Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn vil regjeringa prøve ut ulike modellar for ei familiekoordinatorrolle i Nav-kontora, sjå omtale under kap. 621, post 63. Sjå òg omtale av meldinga under punkt 6.9.3 og i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet.
Departementa etablerte i 2021 ei kjernegruppe for utsette barn og unge (KUBU). Formålet er å samordne politikkutviklinga og tenestene til utsette barn og unge betre. Barne- og familiedepartementet leier kjernegruppa, der også Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet deltar. I 2024 og 2025 har gruppa særleg arbeidd med å koordinere innsatsen departementa gjer for å førebygge barne- og ungdomskriminalitet. Det er òg utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag om kommunane sitt arbeid med førebygging for å fremme gode oppvekstvilkår.
6.9.2 Samarbeid med frivillig sektor og sosiale entreprenørar
Frivillige organisasjonar og sosiale entreprenørar yter viktige bidrag i arbeidet med å utvikle og ta i bruk nye løysingar på sosiale og samfunnsmessige problem og supplerer dermed det offentlege tilbodet.
Det blir lagt til rette for samarbeid mellom Nav-kontor og frivillig sektor på ulike måtar. Arbeids- og velferdsdirektoratet utarbeider rettleiingsmateriell for Nav-kontora om samarbeid med frivillige organisasjonar og sosiale entreprenørar og gir tilskot til forsøk med ulike modellar for innovasjon i dei sosiale tenestene. Sjå nærmare omtale under kap. 621, post 63.
Over kap. 621, post 70 blir det løyvd tilskot til frivillige organisasjonar og sosiale entreprenørar som utfører arbeid for sosialt og økonomisk vanskelegstilte. Tilskot til aktivisering og arbeidstrening og tilskot til sosialt entreprenørskap er blitt evaluerte eksternt. Eit forslag til ny forskrift om tilskot til lågterskel arbeidsretta aktivitetar i regi av frivillige organisasjonar har vore på høyring. Det blir teke sikte på at forskrifta trer i kraft i 2026. Når det gjeld tilskotet til sosialt entreprenørskap, vil departementet saman med Arbeids- og velferdsdirektoratet vurdere nærmare korleis det bør innrettast. Tilskot til humanitære tiltak retta mot EØS-borgarar foreslår departementet å avvikle. Sjå nærmare omtale under kap. 621, post 70.
Over kap. 621, post 70, blir det òg løyvd tilskot til Samarbeidsforum mot fattigdom. Representantar frå forumet deltar på møte i Kontaktutvalet mellom regjeringa og representantar for sosialt og økonomisk vanskelegstilte. Sjå nærmare omtale under kap. 621, post 70.
6.9.3 Tiltak mot fattigdom
2030-agendaen med berekraftsmåla er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, motverke ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Regjeringa la i juni 2025 fram Meld. St. 35 (2024–2025) Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre. Berekraftsmål 1 om å utrydde fattigdom blir følgt opp nasjonalt gjennom innsatsen for å redusere fattigdom og jamne ut økonomiske og sosiale forskjellar. Den samla og tverrsektorielle innsatsen mot fattigdom og oppfølginga av berekraftsmål 1 er nærmare omtalt i del III i denne proposisjonen.
Regjeringa ønsker eit samfunn med små forskjellar, og vil redusere sosiale og geografiske forskjellar og motverke fattigdom. Dei viktigaste grepa for å jamne ut forskjellar og redusere fattigdom er å inkludere fleire i arbeid, gode velferdsordningar og meir rettferdig og omfordelande skatt.
For personar i yrkesaktiv alder er det ein nær samanheng mellom det å stå utanfor arbeidslivet over fleire år og låg inntekt. Det viktigaste tiltaket mot fattigdom er å få fleire i jobb. Regjeringa vil legge til rette for at alle som kan og vil arbeide, får moglegheitene og tryggleiken som ein jobb gir. Å vere i jobb gir ikkje berre inntekt og sjølvstende i eige liv, men òg sosial tilhøyrsel og fellesskap. Fleire i jobb er òg nødvendig for å sikra velferda og berekrafta i samfunnet. Innsatsen regjeringa gjer for ein velfungerande arbeidsmarknad (punkt 6.1), for eit sikkert og seriøst arbeidsliv (punkt 6.2) og for inkludering av utsette grupper i arbeidsmarknaden (punkt 6.4 og 6.5) er avgjerande. Arbeids- og velferdsetaten forvaltar arbeidsmarknadstiltak og ei rekke andre verkemiddel som skal hjelpe dei som står utanfor arbeidslivet til å komme i jobb. I Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje la regjeringa fram ei rekke tiltak for å fremme arbeidslinja. I meldinga blei det varsla ei rekkje nye tiltak for å få fleire unge i arbeid, og regjeringa vil styrke innsatsen for å få fleire unge i arbeid og utdanning gjennom eit ungdomsløft. Sjå omtale under punkt 6.5 Fleire unge skal få moglegheiter til å delta i arbeidslivet.
Det er høg førekomst av låginntekt blant innvandrarar med flyktningbakgrunn. Mange nykomne flyktningar har ei svak tilknyting til arbeidsmarknaden. Nokre innvandrargrupper har låg inntekt også etter å ha budd lenge i Noreg. Integreringslova av 1. januar 2021 legg til rette for at fleire nykomne flyktningar kan ta formell utdanning innanfor ramma av introduksjonsprogrammet, og lova stiller tydelegare krav til norskkunnskapar. Kvalifisering, utdanning og arbeid er viktige innsatsområde. Auka sysselsetting og deltaking på andre samfunnsarenaer vil betre levekåra og redusere utanforskap blant innvandrarar. Regjeringa la våren 2024 fram Meld. St. 17 (2023–2024) Om integreringspolitikken: Stille krav og stille opp. Målet er at fleire innvandrarar skal få ei stabil tilknyting til det seriøse arbeidslivet og at fleire skal delta i små og store fellesskap. Regjeringa satsar vidare på tilskotsordninga Jobbsjansen slik at fleire kvinner med innvandrarbakgrunn kan få kvalifisering for å komme ut i arbeid. Sjå også punkt 6.6 God integrering av innvandrarar i arbeid og samfunn.
Skattesystemet bidrar til omfordeling gjennom å finansiere offentlege tenester og overføringar. Regjeringa har dei siste åra redusert inntektsskatten for dei som tener under 750 000 kroner. Skatten er redusert mest for dei med dei lågaste inntektene.
Offentlege og universelle velferdsordningar som barnehage, skole og helse- og omsorgstenester bidrar til like moglegheiter og til å redusere forskjellar i levekår. Velferdstenestene skal bidra til at alle får nødvendig hjelp, slik at dei kan delta i arbeidslivet og på andre arenaer i samfunnet. Stønadsordningane frå folketrygda gir inntekt ved sjukdom, arbeidsløyse, uførleik, tap av forsørgar og høg alder. Sjå omtale under punkt 6.7 Inntektssikringsordningar som gir økonomisk tryggleik og samtidig stimulerer til arbeid.
Dei fleste barn i Noreg veks opp i ein familie med gode økonomiske kår. Samtidig er det barn og familiar som fell utanfor sosiale fellesskap på grunn av låg inntekt og dårlege levekår. I treårsperioden 2021–2023 høyrde 9,9 pst. av alle barn til i eit hushald med vedvarande låginntekt. Sjå nærmare omtale i del I, punkt 3.5 Utviklinga for låginntektsgrupper.
Barn og unge som har foreldre med kort skolegang og låg inntekt, har oftare svakare skoleprestasjonar enn andre, og det er mindre sannsynleg at dei gjennomfører eit utdanningløp. Dei har òg auka risiko for låg inntekt og for å bli ståande utanfor arbeidslivet som vaksne. Regjeringa la 6. juni 2025 fram Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn. Meldinga har ein brei førebyggande og sektorovergripande inngang til politikken for å jamne ut sosiale forskjellar og legge til rette for like moglegheiter gjennom oppveksten. Regjeringa har sett i verk ei rekke tiltak for å styrke det universelle tenestetilbodet for barn og unge og trygge økonomien til familiane, som rimelegare barnehage, gratis kjernetid i SFO til og med 3. trinn, auka barnetrygd og auka bustøtte. Meld. St. 28 (2024–2025) peiker ut den vidare retninga for å redusere sosiale forskjellar og bidra til like moglegheiter for barn og unge. Hovudmåla i meldinga er at alle barn og unge får ein god start på livet og gode oppvekstvilkår, og at dei får utvikle seg, lære, meistre og skape seg et godt liv, uavhengig av sosial bakgrunn. Meldinga løftar fram fem innsatsområde: arbeid og økonomisk tryggleik, ein god start på livet, like moglegheiter gjennom utdanningsløpet, på fritidsarenaer og inn i arbeidslivet, laget rundt barn og unge, og meir kunnskap og samarbeid. Meldinga er eit samarbeid mellom Barne- og familiedepartementet, Kunnskapsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, og Kultur- og likestillingsdepartementet. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet.
Regjeringa vil opprette ei tverrsektoriell tilskotsordning for kommunar til førebyggande tiltak for barn og unge. Målet er å gi barn og unge gode oppvekstvilkår og førebygge at dei fell utanfor, ved å støtte kommunane i det heilskaplege og førebyggande arbeidet dei gjer overfor barn og unge på tvers av sektorar og tenesteområde. Barne- og familiedepartementet får hovudansvaret for tilskotsordninga, i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Ordninga inneber ei gradvis omlegging frå eksisterande øyremerkte tilskot frå fleire sektorar retta mot barn og unge til ei felles tverrsektoriell tilskotsordning med fleirårig finansiering. Frå 2026 vil det inngå midlar frå tilskot under Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet og dessutan eit sektorbidrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet på 4 mill. kroner. Frå 2027 tar regjeringa sikte på at det i tillegg vil inngå midlar frå tilskot under Barne- og familiedepartementet, og å auke sektorbidraget frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. På sikt kan det bli aktuelt å omdisponere midlar frå fleire tilskotsordningar. Tilskotsordninga blir forvalta av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet i samarbeid med Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet, kap. 846 Familie- og oppveksttiltak, post 63 Tverrsektorielt tilskot til førebyggande tiltak for barn og unge.
Meld. St. 28 (2024–2025) omtaler òg innsatsen for å førebygge barne- og ungdomskriminalitet. Sjå nærmare omtale av regjeringa sitt arbeid for å førebygge barne- og ungdomskriminalitet i del III, og under programkategori 11.10 Familie og oppvekst i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet.
Regjeringa har òg lansert eit samfunnsoppdrag som går ut på å inkludere fleire barn og unge i utdanning og arbeids- og samfunnsliv. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet.
Regjeringa har lagt fram Handlingsplan for like moglegheiter til å delta i kultur-, idretts- og friluftslivsaktivitetar 2024–2026, Alle inkludert! Planen inneheld 43 tiltak for å få fleire barn og unge med i aktivitetar innanfor kultur, idrett og friluftsliv.
Regjeringa har òg lagt fram Meld. St. 28 (2022–2023) Gode bysamfunn med små skilnader. I enkelte byar og område med store levekårsutfordringar har staten og kommunane eit avtalebasert samarbeid om ein felles ekstra innsats. Områdesatsingane er eit verkemiddel for å bidra til inkludering og likeverdige levekår i utsette byområde. I 2026 foreslår regjeringa å styrke områdesatsinga i Oslo med 5 mill. kroner over kap. 621, post 63, i 2026, og områdesatsingane i Østfold med 9 mill. kroner over kap. 671, post 62. Sjå nærmare omtale under kap. 621, post 63, og kap. 671, post 62.
Kommunane har gjennom ansvaret for barnehagar, skole og grunnleggande velferdstenester ei sentral rolle i å førebygge fattigdom. Frivillige organisasjonar og sosiale entreprenørar yter òg viktige bidrag for å skape eit inkluderande samfunn.
6.9.4 Hjelpemiddel
Hjelpemiddel bidrar til at folk i størst mogleg grad blir sette i stand til å klare seg sjølve. Det gjer at menneske med funksjonsnedsettingar kan leve eit godt liv der dei kan meistre, delta og vere aktive i arbeids- og samfunnsliv. Yrkesdeltakinga er relativt låg blant personar med nedsett funksjonsevne. Den demografiske utviklinga tilseier at det framover kjem til å bli stadig færre i yrkesaktiv alder. Desto viktigare blir det med hjelpemiddel, tilpassingar og tiltak som bidrar til at flest mogleg personar med nedsett funksjonsevne kan gjennomføre utdanning og delta i arbeid. Vi viser til Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje, som regjeringa la fram i september 2024, og omtale under punkt 5.3 om tilrettelegging i arbeidslivet. For å legge til rette for at også personar som får uføretrygd, i større grad kan ta arbeid, vil regjeringa framover vurdere å utvide retten til hjelpemiddel i arbeidslivet for uføretrygda. Sjå nærmare omtale i Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje - flere i jobb og færre på trygd.
Høyreapparat er ofte viktig for oppretthalde arbeid og sosial aktivitet og unngå psykiske plager og demens. Regjeringa vil innføre ein høyreapparatgaranti som sikrar at eldre som treng det skal få tilgang til høyreapparat innan fire månader. Regjeringa vil bl.a. ta initiativ til ein gjennomgang av regelverket for tildeling av høyreapparat. Sjå nærmare omtale i budsjettproposisjonen for Helse- og omsorgsdepartementet.
Styrking av ordninga med aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år
Fysisk aktivitet gir store helsegevinstar. Å ha moglegheit til å delta i slik aktivitet kan vere viktig for både arbeidsevna og det sosiale livet til personar med funksjonsnedsettingar. Ordninga med aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år legger til rette for at personar med nedsett funksjonsevne, til liks med resten av befolkninga, kan drive fysisk aktivitet. Regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga til aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år med 15 mill. kroner. Sjå òg omtale under programkategori 29.60, kap. 2661.
Statsautorisasjonsprøve i teiknspråktolking
Folketrygda dekker utgifter til tolkehjelp til medlemmer med høyrselshemming dersom det er nødvendig og hensiktsmessig for at dei skal fungere i høveleg arbeid og i dagleglivet. Tolkelova (lov om offentlege organ sitt ansvar for bruk av tolk mv.) omfattar tolking for døve og dei med nedsett høyrsel. Tolkar i teiknspråk har hittil ikkje hatt moglegheit til å kvalifisere seg til dei øvste kategoriane i Nasjonalt tolkeregister.
Regjeringa foreslår å løyve 1 mill. kroner til å finansiere ein ny statsautorisasjonsprøve i teiknspråktolking, slik at teiknspråktolkar kan kvalifisere seg til, og bli oppførte i, desse kategoriane, på same vis som andre tolkar.
Sjå nærmare omtale under kap. 671, post 72.
Vurdering av bookingløysing for bestilling av tolk til døve, høyrselshemma og døvblinde
I mars 2024 behandla Stortinget Innst. 192 S (2023–2024) frå arbeids- og sosialkomiteen om representantforslag om å styrke tolketenesta (Dok. 8:61 S (2023–2024)) frå Grunde Almeland, Abid Raja, Ingvild Wetrhus Thorsvik, Freddy André Øvstegård, Grete Wold og Kathy Lie. Stortinget slutta seg til tilrådinga frå komitémedlemmene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet om ikkje å vedta forslaga i representantforslaget.
I innstillinga frå arbeids- og sosialkomiteen uttalar samtidig eit fleirtal beståande av medlemmer frå Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet følgande:
«Flertallet mener at bookingløsningen for tolk bør bli enda mer brukervennlig. For eksempel kan man på nett tilgjengeliggjøre en oversikt over når tolk er tilgjengelig, slik at brukere får bedre oversikt før de legger inn sin bookingforespørsel. Et slikt grep kan gjøre hverdagen enklere og mer forutsigbar.»
For å følge opp denne merknaden bad Arbeids- og inkluderingsdepartementet Arbeids- og velferdsdirektoratet vurdere om det er mogleg og formålstenleg å opprette ei tolkebestillingsløysing på nett der bestillarane kan sjå kva tolkar som er ledige. Slik direktoratet vurderer det, er det verken formålstenleg eller gjennomførleg å legge til rette for ei slik løysing. Dei viser òg til at dette heller ikkje er ein funksjon brukarrepresentantane sjølve etterspør.
I 2022 blei det utvikla ein eigen app for brukarar og andre bestillarar av tolketenester. Her kan brukarar følge statusen for bestillingane sine, slette bestillingar og legge til endringar. Gjennom appen kan dei òg ha dialog med formidlaren om forhold rundt tolkeoppdraga. Det er òg mogleg med dialog mellom brukar og tolk. Direktoratet informerer om at dei har fått svært gode tilbakemeldingar på appen. Det er mogleg å logge inn via nettsider for dei som ikkje ønsker å bruke ein app.
Brukarar og bestillarar kan i dag legge inn namn på tolken dei ønsker til konkrete oppdrag. Dei kan likevel ikkje sjå kva tolkar som er ledige.
Direktoratet meiner at det ikkje er formålstenleg å innføre ei løysing der bestillarane kan sjå kva tolkar som er ledige, og bestille desse. Direktoratet grunngir dette først og fremst med behovet for prioritering av oppdrag.
I dag blir det meldt inn fleire oppdrag enn det Nav tolketeneste klarer å dekke. I 2023 var det 13 000 udekte tolkeoppdrag. Ettersom tolkar (uavhengig av om dei er faste eller frilans) er ein avgrensa ressurs, må tolketenesta prioritere oppdrag.
Ei oversikt over kva tolkar som er ledige på eitt konkret tidspunkt, er derfor i praksis ingen garanti for at dei framleis vil vere ledige på det tidspunktet brukaren har bestilt tolk til. Dersom Arbeids- og velferdsetaten skal utarbeide eit system som forpliktar etaten til å stille opp i tråd med ei slik bestilling, vil det i stor grad redusere fleksibiliteten i systemet og i praksis avgrense moglegheitene etaten har til å omfordele tolkar til høgare prioriterte oppdrag eller rykke ut på akuttoppdrag. Ei slik løysing vil gå ut over brukarane med dei største behova.
Hausten 2024 drøfta direktoratet tematikken med dei fire brukarorganisasjonane Foreningen Norges Døvblinde (FNDB), Hørselshemmedes Landsforbund (HLF), Landsforeningen for kombinert syns- og hørselshemming (LSHDB) og Norges Døveforbund (NDF). Direktoratet oppfatta brukarorganisasjonane slik at dei ikkje ønsker ei «førstemann til mølla»-løysing som dei fryktar at ei bookingløysing vil bli. Dei viser ifølge direktoratet forståing for at høgare prioriterte oppdrag må komme først, slik at ein tolk som tilsynelatande er ledig på eitt tidspunkt ikkje nødvendigvis er det på eit seinare tidspunkt.
På bakgrunn av direktoratet sine vurderingar og synspunkta til brukarorganisasjonane foreslår departementet derfor ikkje å innføre ei digital bookingløysing der bestillarane kan sjå kva tolkar som er ledige.
Programkategori 09.00 Administrasjon
Utgifter under programkategori 09.00 fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
600 |
Arbeids- og inkluderingsdepartementet |
287 909 |
300 898 |
315 202 |
4,8 |
|
601 |
Utgreiingsverksemd, forsking m.m. |
465 458 |
475 529 |
511 051 |
7,5 |
|
Sum kategori 09.00 |
753 367 |
776 427 |
826 253 |
6,4 |
Utgifter under programkategori 09.00 fordelte på postgrupper
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Post-gr. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
01–29 |
Statens eigne driftsutgifter |
452 584 |
441 768 |
454 507 |
2,9 |
|
50–89 |
Overføringar til andre |
300 783 |
334 659 |
371 746 |
11,1 |
|
Sum kategori 09.00 |
753 367 |
776 427 |
826 253 |
6,4 |
Kap. 600 Arbeids- og inkluderingsdepartementet
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Driftsutgifter |
287 909 |
300 898 |
315 202 |
|
Sum kap. 600 |
287 909 |
300 898 |
315 202 |
-
Overført frå 2024 til 2025:
-
Post 01: 9 958 000 kroner (5 776 000 kroner gjeld lønnsoppgjeret 2024, som først blei utbetalt i 2025)
Oppgåvene og prioriteringane til Arbeids- og inkluderingsdepartementet følger av politikken som blir utforma, og måla som er fastsette for arbeids-, velferds- og integreringspolitikken.
Hovudoppgåva til administrasjonen er å legge til rette for ein kunnskapsbasert, samordna og heilskapleg politikk på ansvarsområda til departementet. Departementet skal vere eit utviklingsorientert og effektivt fagleg sekretariat for den politiske leiinga. Det skal vere ein tydeleg og føreseieleg etatsstyrar og forvaltar av gjeldande lover og anna regelverk.
Rapport 2024
Per 31. desember 2024 var det 228 tilsette. Kvinneandelen var på 71,9 pst. Vi viser til omtale av kjønnsfordelinga for dei ulike stillingskategoriene i del III, punkt 9 Likestilling og mangfald.
Rekneskapen for 2024 under kap. 600, post 01 viste eit forbruk på 287,9 mill. kroner. Midlane er nytta til å dekke dei ordinære driftsutgiftene til departementet. Av den totale rekneskapen blei 240,2 mill. kroner nytta til å dekke lønn og sosiale kostnader og 47,7 mill. kroner til å dekke andre driftskostnader.
Budsjettforslag 2026
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker dei ordinære driftsutgiftene som er nødvendige for at departementet skal kunne vareta oppgåvene sine. Dei største driftsutgiftene er knytte til lønn, husleige og tenesteavtalar med Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa.
Løyvinga er foreslått auka med 3 mill. kroner. Departementet vil starte eit arbeid for å sikre at regelverket i folketrygda er tilpassa behova for digitalisering og forenkling. Arbeidet vil ta tid og krevje ressursar og medfører derfor behov for å auke løyvinga. Auken er ei vidareføring frå revidert nasjonalbudsjett for 2025.
Løyvinga er foreslått auka med 1 mill. kroner for å dekke meirutgifter i arbeidet med ei særskild kompensasjonsordning for oljepionerane. Sjå omtale under punkt 6.2.4.
Tenestereiser for den politiske leiinga blir dekte over statsrådskapittelet etter fullmakt frå Statsministerens kontor (SMK). Frå 2026 er det foreslått at desse utgiftene blir dekte over driftsutgiftene til departementa. Pendlar- og besøksreiser skal framleis dekkast over kap. 21. Løyvinga er foreslått auka med kr 720 000 og redusert tilsvarande under kap. 21 Statsrådet, post 01 Driftsutgifter.
Utgiftene til drift og forvaltning av ein ny EØS- og Schengen-notatbase er anslått til 8,4 mill. kroner. Finansieringa skal fordelast mellom departementa gjennom rammeoverføring basert på departementa sine driftsutgifter. Løyvinga er foreslått redusert med kr 247 000 og auka tilsvarande under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementets kap. 1515 Digitaliseringsorganisasjonen til departementa, post 01 Driftsutgifter.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 315,2 mill. kroner.
Kap. 601 Utgreiingsverksemd, forsking m.m.
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
21 |
Spesielle driftsutgifter, kan overførast |
127 249 |
96 045 |
101 403 |
|
22 |
Kunnskapsutvikling i IA-avtalen m.m., kan overførast |
21 732 |
29 165 |
37 902 |
|
23 |
Tiltak for redusert deltid og auka heiltidsandel |
15 694 |
15 660 |
|
|
50 |
Noregs forskingsråd |
165 150 |
||
|
70 |
Tilskot |
50 389 |
65 125 |
67 498 |
|
71 |
Tilskot til bransjeprogram under IA-avtalen m.m., kan overførast |
62 368 |
71 850 |
89 850 |
|
72 |
Tilskot til Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv |
18 830 |
19 545 |
20 249 |
|
73 |
Tilskot til trygderettsleg/EØS-rettsleg forsking og kompetanseutvikling |
4 046 |
5 839 |
6 049 |
|
74 |
Tilskot til Noregs forskingsråd, kan overførast |
172 300 |
172 100 |
|
|
75 |
Tilskot til berekraftig sjukmelding, kan overførast |
16 000 |
||
|
Sum kap. 601 |
465 458 |
475 529 |
511 051 |
-
Overført frå 2024 til 2025:
-
Post 21: 12 220 000 kroner
-
Post 22: 29 807 000 kroner
-
Post 23: 755 000 kroner
Allmenn omtale
Dei overordna måla regjeringa har for norsk forsking og høgare utdanning går fram av Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032. Departementet følger opp dei tematiske prioriteringane i langtidsplanen som gjeld sektoransvaret til departementet, og samarbeider med andre departement om sektorovergripande forsking. Dette er i hovudsak omtalt under prioriteringane Tillit og fellesskap og Helse i langtidsplanen. Langtidsplanen er nærmare omtalt i del III, kap. 5, i Prop. 1 S (2025–2026) for Kunnskapsdepartementet.
Sektorprinsippet i norsk forskingspolitikk inneber at departementet har eit overordna ansvar for forsking innanfor sine ansvarsområde. Ansvaret inneber å bidra til forsking og kompetansebygging for sektoren og å sørge for forsking for politikkutvikling og forvaltning. Myndigheitene og forvaltninga utgjer ein stor del av eigen sektor og er viktige brukarar av forskingsresultata.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har eit samordnings- og pådrivaransvar for integreringspolitikken i Noreg. Det inneber at departementet skal bidra til å skaffe fram eit godt kunnskapsgrunnlag både i eigen sektor og på tvers av sektorar og departement.
Strategien til departementet er å utvikle eit godt kunnskapsgrunnlag for heile breidda i ansvarsområda sine og samtidig vareta prioriterte kunnskapsbehov med utgangspunkt i fastsette mål for arbeids-, integrerings- og velferdspolitikken. Kunnskapsutviklinga skal bidra til god forståing av korleis samfunnet, arbeidsmarknaden, arbeidslivet og integreringa utviklar seg, til ein opplyst offentleg debatt og dessutan til treffsikker politikk og utvikling av gode og effektive tenester og tiltak i møte med store samfunnsutfordringar. For Arbeids- og inkluderingsdepartementet er utfordringsbildet særleg knytt til berekrafta i velferdsstaten, strukturelle endringar i arbeidsmarknaden, utviklingstrekk som vil forme arbeidsliv og kompetansebehov i framtida, pensjonsspørsmål og yrkesdeltaking blant eldre, god integrering av innvandrarbefolkninga, tiltak for å inkludere utsette grupper i arbeidsmarknaden, og helserelatert fråfall frå arbeidslivet.
Departementet og dei ulike sektorane treng eit variert kunnskapsgrunnlag med god kvalitet for at det skal fungere som grunnlag for avgjerder og vegval. Nokre område er avhengige av føreseieleg og løpande statistikkproduksjon og årlege monitorar som analyserer utviklinga over tid. Andre område, f.eks. arbeidsmarknadstiltak, integreringstiltak og reguleringar i arbeidslivet, må evaluerast og vurderast jamleg med tanke på måloppnåing og effekt. Større samfunnsutfordringar og utviklingstrekk må møtast med langsiktig forsking basert på omfattande datagrunnlag og empiri.
Departementet varetar sektoransvaret for forsking hovudsakleg gjennom fem verkemiddel/aktørar:
-
Noregs forskingsråd
-
Anskaffingar departementet gjer sjølv
-
Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI)
-
Arbeids- og velferdsdirektoratet
-
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi)
Tildelinga frå departementet til Noregs forskingsråd skal hovudsakleg bidra til langsiktig og målretta kompetanse- og kunnskapsoppbygging for sektoren. Vi viser til omtale av Noregs forskingsråd under kap. 601, post 74.
Forsking og utgreiingar som departementet anskaffar sjølv, skal gi departementet eit godt kunnskapsgrunnlag for politikkutvikling og forvaltning på kort og mellomlang sikt. Anskaffingane er ofte knytte til igangverande eller kommande utviklingsprosessar og til dagsaktuelle problemstillingar som krev relativt presise beskrivingar av kunnskapsbehov frå departementet si side. Vi viser til omtale under kap. 601, post 21.
Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) er det nasjonale forskingsinstituttet for arbeidsmiljø og arbeidshelse i Noreg. STAMI skal bl.a. utvikle og formidle kunnskap om samanhengen mellom arbeid og helse, og leverer kvalitetssikra fagkunnskap til bl.a. departementet, Arbeidstilsynet, Havindustritilsynet, bedriftshelsetenesta og partane i arbeidslivet. Vi viser til omtale av STAMI under kap. 643.
Midlar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet til forsking og utgreiing er omtalte under kap. 605, post 22. Arbeids- og velferdsdirektoratet skal gjennom rolla si som rådgivar og fagleg premissleverandør for departementet arbeide for at eiga verksemd er kunnskapsbasert. Direktoratet skal som hovudregel ha ansvar for kunnskapsinnhenting knytt til verkemiddel, tenester og tiltak på områda til arbeids- og velferdsforvaltninga. Dette inneber både kjøp av forsking i marknaden og bruk av den utgreiings- og analysekompetansen direktoratet har sjølv.
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er fagdirektorat med ansvar for å sette i verk integreringspolitikken og for kunnskapsutvikling på feltet saman med departementet. IMDi har som fagdirektorat særleg ansvar for å skaffe fram og formidle forskings- og utviklingsprosjekt, evalueringar og kunnskapsoppsummeringar om integrering og mangfald, som kan danne grunnlag for kunnskapsbasert politikkutvikling. Dette inneber både å kjøpe forsking i marknaden og å bruke den utgreiings- og analysekompetansen direktoratet har sjølv. Vi viser til omtale under kap. 670, post 21.
Departementet har sett inn verkemiddel for å styrke trygderettsleg/EØS-rettsleg forsking og kompetanseutvikling. Dette blir gjort både gjennom innsatsen i Noregs forskingsråd og gjennom ein samarbeidsavtale med dei juridiske fakulteta ved Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og Universitetet i Tromsø. Det er etablert ei tilskotsordning øyremerkt desse fakulteta, sjå omtale under kap. 601, post 73 Tilskot til trygderettsleg/EØS-rettsleg forsking og kompetanseutvikling.
Deltaking i internasjonale organisasjonar er òg ei kjelde til kunnskap for departementet. Departementet gir tilskot til internasjonale organisasjonar under kap. 601, post 70.
Departementet yter tilskot til Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv, og av dette går ein andel til forskings- og utviklingsarbeid. Vi viser til omtale under kap. 601, post 72.
Utgifter til arbeid med kunnskapsutvikling i avtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen), og dessutan tilskot til bransjeprogram og enkelte administrative utgifter knytte til oppfølging av avtalen, blir finansierte under kap. 601. Vi viser til omtale under postane 22 og 71.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Allmenn omtale
Posten finansierer anskaffingar av forsking og utgreiingsverksemd som departementet gjer sjølv. Hovudformålet med anskaffingane er å gi departementet eit godt kunnskapsgrunnlag for politikkutvikling og praksis. Posten dekker breidda av fagområdet til departementet. Samtidig varierer det faglege fokuset over tid avhengig av kva kunnskapsbehov departementet har, og kommande utviklingsprosessar. Posten finansierer hovudsakleg forsking og utviklingsprosjekt, evalueringar, kunnskapsoppsummeringar, statistikk og analysar, i tillegg til informasjon, rettleiing og formidling av kunnskap. Utvalsarbeidet til departementet blir òg finansiert over posten. Årleg finansierer posten dessutan internasjonalt samarbeid om utvikling og utveksling av kunnskap. Det omfattar bl.a. samarbeid i regi av OECD, ILO og EU-kommisjonen.
Rapport
Nedanfor følger nokre eksempel på oppdrag og utvalsarbeid som blei ferdige i 2024–2025:
-
Effekter av arbeidsmarkedstiltak (Oslo Economics og Frischsenteret, OE-rapport 2024-26)
-
Følgeevaluering av midlertidige lovendringer som følge av høye ankomster fra Ukraina – Sluttrapport (Proba-rapport 2024:7)
-
Tilbakekall av statsborgerskap på grunn av uriktige opplysninger mv. – endringer i statsborgerloven §§ 26 og 27 (Oslo Economics – rapport 2025-27)
-
Områdegjennomgang av helserelaterte ytelser i folketrygden: Delrapport 1 – Kartlegging og oppsummering av kunnskap og Delrapport 2 – Tiltak (Oslo Economics mfl., OE-rapport 2025-42 og 2025-43)
-
Plattformmediert arbeid i Norge – Omfang, utvikling og kjennetegn (Fafo-rapport 2025:12)
-
Sysselsetting blant eldre før, under og etter pandemien (Frischsenterets rapportserie 3/2024)
-
Felles innsats mot ekstremisme: Bedre vilkår for det forebyggende arbeidet (NOU 2024: 3)
-
Lavlønn i Norge (NOU 2024: 11)
-
Lov og frihet. Negativ sosial kontroll, æresmotivert vold, tvangsekteskap, kjønnslemlestelse, psykisk vold og ufrivillig utenlandsopphold – juridiske problemstillinger og forslag til regelverksendringer (NOU 2024: 13)
-
Natt- og alenearbeid i varehandelen – Rapport fra utvalg oppnevnt av Arbeids- og inkluderingsdepartementet
-
Kvinners arbeidshelse – Kunnskap og tiltak (NOU 2025: 5)
Budsjettforslag 2026
Delar av midlane på posten blir sette av til å finansiere inngåtte avtalar og aktivitet som blir ført vidare i 2026. Ny aktivitet som skal finansierast over posten i 2026, blir planlagd hausten 2025.
Aktivitet som blir ført vidare, omfattar bl.a. innhenting av statistikk og analysar for å belyse status, utviklingstrekk og utfordringar på ansvarsområda til departementet, igangverande evalueringar, forskingsavtalar, ramme- og samarbeidsavtalar, internasjonalt samarbeid om utvikling og utveksling av kunnskap og pågåande utvalsarbeid.
Departementet har strategiske satsingar som skal bidra til systematisk oppbygging og vedlikehald av kompetanse og kunnskap i forskingsmiljøa og i departementet. Dette omfattar langsiktige forskingsavtalar som òg opnar for forskarinitierte problemstillingar og vinklingar. Det er inngått avtalar som handlar om det kollektive arbeidslivet, utviklinga av ulike tilknytingsformer i arbeidslivet, sivilsamfunnet sitt bidrag på integreringsfeltet, pensjonssystemet og yrkesaktiviteten blant eldre. Departementet satsar òg systematisk på kunnskapsinnhenting som skal styrke det faglege grunnlaget for arbeidsmarknadspolitikken og utforminga av arbeidsmarknadstiltak. SSB gjennomfører ei ny levekårsundersøking blant personar med innvandrarbakgrunn.
Departementet fører vidare fleire avtalar med SSB, irekna delfinansiering av forløpsdatabasen FD-Trygd og MOSART-modellen. FD-Trygd er ei viktig kjelde til data om arbeidsmarknadstilpassinga til målgrupper for arbeidsmarknadspolitikken og for trygdeforskinga. Departementet hentar inn kunnskap gjennom bruk og utvikling av MOSART-modellen bl.a. for å kunne vurdere langsiktige effektar av pensjonsreforma.
Det blir foreslått ein auke på 1,9 mill. kroner, med ein tilsvarande reduksjon på kap. 601, post 70, i samanheng med at Noreg framover kan delta fullt ut i det operative arbeidet til European Labour Authority (ELA). Sjå omtalen under kap. 601, post 70.
Det blir foreslått ein auke på 2 mill. kroner, med ein tilsvarande reduksjon under kap. 2650, post 76. Midlane skal nyttast til oppfølging av kunnskapsinnhenting i avtalen om redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet (IA-avtalen) 2025–2028. Sjå òg omtale under kap. 601, post 22.
Det blir foreslått ein reduksjon på 1,3 mill. kroner, med ein tilsvarande auke på kap. 765, post 75, på budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet. Midlane skal gå til Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) og arbeidet deira på området kjønnslemlesting.
Det blir foreslått ein reduksjon på 0,7 mill. kroner, med ein tilsvarande auke på kap. 285, post 21, på budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Midlane bidrar til finansieringa av ei innsatsgruppe i det målretta samfunnsoppdraget for inkludering av barn og unge.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 101,4 mill. kroner.
Post 22 Kunnskapsutvikling i IA-avtalen m.m., kan overførast
Allmenn omtale
Løyvinga på posten dekker utgifter til kunnskapsutvikling i IA-avtalen og dessutan enkelte andre utgifter knytte til oppfølging av avtalen. For nærmare informasjon om sjølve avtalen viser vi til omtale under punkt 6.3 Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.
I Avtale om redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet (IA-avtalen) 2025–2028 er det einigheit om å føra vidare satsinga på kunnskapsutvikling frå førre avtale (IA-FoU-programmet og statistikkforum), samtidig som det i 2025 og 2026 skal gjennomførast ei brei kunnskapsinnhenting om årsaker til utviklinga i sjukefråværet og behovet for nye tiltak. Sjå omtale under punkt 6.3 Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet. Utgiftene til kunnskapsinnhentinga blir i all hovudsak finansierte over løyvinga på denne posten, men også over kap. 601, post 21. Midlar til kunnskapsinnhentinga omfattar både å gjennomføra FoU-prosjekt og andre kunnskapsaktivitetar og kostnader til organiseringa av arbeidet med kunnskapsinnhentinga.
Vidare kan det bli behov for å nytte delar av midlane på posten til å setje i gang enkelte utviklingsarbeid i 2026, under dette systemutvikling, for å støtta opp under tiltaka i avtalen.
Som ein del av IA-avtalen er det etablert bransjeprogram i 11 bransjar. Tilskotsmidlar under ordninga blir løyvde under ein eigen post, kap. 601, post 71, mens midlar til å dekke utgifter til forvaltning av tilskotsordninga, kunnskapsutvikling og evaluering av bransjeprogramma blir løyvde under post 22.
Oppfølging av IA-avtalen inneber eit omfattande arbeid for både partane og myndigheitene. Delar av dei administrative utgiftene knytt til dette blir finansierte over løyvinga på denne posten, irekna utgifter til koordineringsgruppa for IA-avtalen og utgifter til utvikling av informasjonstiltak.
Rapport
Arbeids- og velferdsdirektoratet har eit sentralt ansvar for utvikling av FoU og statistikk innan områda for IA-avtalen. Arbeids- og velferdsdirektoratet har i 2025 fått tildelt 4 mill. kroner til drift av FoU-program og statistikkforum innan IA-avtalen.
Det er i sum gjennom IA-perioden 2019–2024 løyvd 75 mill. kroner til prosjekt i IA-FoU-programmet. IA-FoU-programmet skal bygge målretta, koordinert og heilskapleg kunnskapsgrunnlag for IA-avtalen. Dei prioriterte temaområda for programmet er førebyggande arbeidsmiljøarbeid og innsats mot lange og/eller hyppige gjentakande sjukefråvær. For nærmare informasjon om programmet og iverksette prosjekt viser vi til omtale av IA-FoU-programmet på nettsidene til Arbeids- og velferdsetaten.23
Statistikkforum er etablert for å bidra til samarbeid og koordinering mellom statistikkprodusentane Arbeids- og velferdsdirektoratet, STAMI og Statistisk sentralbyrå på område knytte til IA-avtalen.
Arbeidstilsynet har forvaltningsansvar for oppfølging av tilskotsordninga for bransjeprogramma og fekk i 2025 tildelt 0,5 mill. kroner.
Arbeidet med kunnskapsutvikling under IA-avtalen, irekna arbeid med FoU-program, blir gjennomført i samarbeid mellom Arbeids- og velferdsetaten og STAMI. Det er også dialog med partane i arbeidslivet.
Partane i IA-avtalen har vurdert at det er behov for å utvikle heilskapleg informasjon og rettleiing om satsingane og verkemidla i IA-avtalen. Informasjon skal samlast inn og gjerast tilgjengeleg og kjend gjennom Idébanken. Arbeids- og velferdsdirektoratet har i 2025 fått tildelt 3,6 mill. kroner til dette formålet.
Budsjettforslag 2026
Midlane på posten i 2026 skal nyttast til satsinga i IA-avtalen på å skaffe fram eit betre data- og kunnskapsgrunnlag og for å kunne gjennomføre den breie kunnskapsinnhentinga i den nye IA-avtalen. I tillegg skal midlane nyttes til å finansiere utviklingsarbeid i 2026, under dette systemutvikling, for å støtta opp under tiltaka i avtalen. Midlane på posten nyttes også til administrative utgifter knytt til oppfølging av avtalen, irekna utgifter til koordineringsgruppa for IA-avtalen og utgifter til utvikling av informasjonstiltak. Det blir foreslått ein auke på posten med 7,7 mill. kroner, med ein tilsvarande reduksjon under kap. 2650, post 76.
I oppfølginga av IA-avtalen og i dialog med partane er det vidare lagt til grunn at det skal løyvast midlar over denne posten til felles kunnskapsutvikling og evaluering av bransjeprogramma og til forvaltning av tilskotsordninga. Løyvinga til tilskotsordninga for bransjeprogramma er omtalt under kap. 601, post 71.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 37,9 mill. kroner.
Post 23 Tiltak for redusert deltid og auka heiltidsandel
Rapport
Det er viktig at verksemder legg til rette for heiltidsstillingar for tilsette som ønsker det. Heiltidspotten er ei treårig satsing for perioden 2023–2025 og er ei ordning med midlar som verksemder kan søke på for å gjennomføre forsøksprosjekt for redusert bruk av deltid og auka bruk av heiltid. Arbeids- og velferdsdirektoratet administrerer ordninga.
Det skal gjennomførast følgeforsking på forsøka og ein sluttrapport er venta i 2026. Det er ikkje foreslått løyving på denne posten for 2026.
Post 70 Tilskot
Løyvinga dekker tilskot til institusjonar og organisasjonar på politikkområda til departementet og forpliktingane departementet har knytt til internasjonale avtalar. Store delar av løyvinga er bundne opp av internasjonale avtalar og driftstilskot til ulike organisasjonar.
Rapport
Av ei løyving på 51 mill. kroner er det utgiftsført 50,4 mill. kroner i 2024.
Om lag 89 pst. av den totale rekneskapen på posten knyter seg til dei internasjonale forpliktingane til departementet. Av desse gjeld dei to største deltaking i ESF+/EaSI-programmet og Det europeiske arbeidsmiljøinstituttet i Bilbao.
Institusjonar og organisasjonar som fekk tildelt midlar i 2024, var:
|
Mottakar/formål |
Beløp |
Rapportering |
|---|---|---|
|
Sum internasjonale forpliktingar |
44 494 000 |
Midlane er nytta til å dekke utgifter til EU-kontingentar, driftsstøtte til internasjonale organisasjonar mv. |
|
Mental helse – drift av arbeidslivstelefonen |
1 800 000 |
Tilskotet går til drift av arbeidslivstelefonen. Arbeidslivstelefonen er eit lågterskeltilbod med hovudvekt på svarteneste og rettleiing innanfor psykososiale problemstillingar og mellommenneskeleg rådgiving for enkeltpersonar som har utfordringar i arbeidslivet. Førespurnader kjem primært via telefon, men med ei dreiing over tid til meir bruk av e-post og chat. Frå 2023 til 2024 gjekk talet på førespurnader ned med 3,3 pst. |
|
Norsk Arbeidslivsforum |
95 000 |
Norsk Arbeidslivsforum skal fremme tverrfagleg utveksling av kunnskap, informasjon og forsking om arbeidslivsspørsmål. Tilskotet blir nytta til å styrke aktivitetane i forumet. |
|
Fair Play Bygg Norge |
4 000 000 |
Formålet med tilskotet er å styrke innsatsen mot useriøsitet og sosial dumping i bygg- og anleggsnæringa sjølv. Fair Play Bygg Norge er ein ideell organisasjon med eit styre sett saman av partane på arbeidstakar- og arbeidsgivarsida. Organisasjonen har gjennom fleire år bidratt med informasjonsverksemd, tips til myndigheitene om useriøse aktørar og rettleiing til utsette grupper. |
|
Totalt rekneskapsført |
50 389 000 |
Budsjettforslag 2026
Store delar av løyvinga blir nytta til å følge opp dei internasjonale forpliktingane departementet har. I norske kroner vil størrelsen på kontingenten til internasjonale forpliktingar variere noko frå år til år gjennom perioden, avhengig av aktiviteten og endringar i proporsjonalitetsfaktor og valutakurs.
Det blir gitt tilskot til Det europeiske arbeidsmiljøinstituttet i Bilbao, EU-OSHA, som leverer fagleg, vitskapleg og økonomisk informasjon til EØS-land, Kommisjonen og andre avgjerdstakarar for å fremme betre arbeidsmiljø, helse og sikkerheit på arbeidsplassane.
I perioden 2021–2027 deltar Noreg i ein del av EU-programmet Det europeiske sosialfondet pluss (European Social Fund Plus ESF+). Den norske deltakinga er knytt til programmet fondet har om sysselsetting og sosial innovasjon (ESF+/EaSI). Denne delen av fondet dekker samarbeid på heile arbeids- og sosialområdet og bidrar til fleire møteplassar og samarbeidsarenaer der EU-politikk blir diskutert og utforma. Programmet gir tilgang til erfaringsutveksling og kunnskapsutvikling som kan bidra til utvikling av nasjonal politikk på arbeids- og sosialfeltet. God tilgang til informasjon om og god forståing av politikken til EU og dei enkelte medlemslanda er nødvendig for å kunne ha ein aktiv europapolitikk, særleg knytt til å forme ut og gjennomføre EØS-relevante rettsakter. Deltaking i programmet bidrar i tillegg til aktivitetar for dei europeiske paraplyorganisasjonane, særleg på det sosialpolitiske området, der norske frivillige organisasjonar er medlemmer. Deltakinga opnar òg moglegheiter for prosjektmidlar innanfor forsking og utprøving av nye metodar.
Det er etablert eit europeisk arbeidsmarknadsbyrå, European Labour Authority (ELA), i EU, og kontingenten for norsk deltaking blir dekt under denne posten. ELA skal bidra til meir informasjon om arbeidsmarknaden for arbeidstakarar og verksemder, og styrke myndigheitssamarbeidet om grensekryssande arbeid. Det er ein viktig faktor i arbeidet med å få bukt med sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Noreg, Island og Liechtenstein har deltatt frå oppstarten av ELA som observatørar i styret. Sidan forordninga no er tatt inn i EØS-avtalen, og med samtykket frå Stortinget gitt 10. april 2025, vil Noreg kunne delta fullt ut i det operative arbeidet til ELA. Det inneberer at ein del av utgiftene, 1,9 mill. kroner, som hittil har vore ført på kap. 601 Utgreiingsverksemd, forsking mv., post 70 Tilskot, bør overførast til kap. 601 Utgreiingsverksemd, forsking mv., post 21 Spesielle driftsutgifter, ettersom det dreier seg om utgifter av meir driftsmessig karakter.
Fleire europeiske samarbeidsarenaer der Noreg bidrar aktivt, ligg no under ELA. Det gjeld bl.a. plattforma mot svart arbeid og samarbeidet mellom dei europeiske arbeidsformidlingane (EURES) og samarbeidsarenaer for trygdekoordinering.
Andre tilskotsmottakarar knytte til internasjonale forpliktingar er:
-
EUROFOUND (kontingent)
-
Nordiska expertgruppen för kriteriedokument om kjemiska hälsorisker (driftsstøtte)
-
Grensetenesta i Morokulien (informasjonsteneste mellom Noreg og Sverige)
-
FN-sambandet (informasjonsverksemd om International Labour Organisation)
-
Nordens välfärdscenter (landkontingent)
-
OECD-kontingent PIAAC (program for internasjonal vurdering av kompetansen til vaksne)
Løyvinga går òg til å støtte ulike institusjonar og organisasjonar, og for 2026 blir det foreslått å gi tilskot til desse:
-
Mental helse (tilskot til drift av telefon for arbeidslivet)
-
Norsk arbeidslivsforum (driftstilskot)
-
Fair Play Bygg Norge
For 2026 er det foreslått ei løyving på 67,5 mill. kroner.
Post 71 Tilskot til bransjeprogram under IA-avtalen m.m., kan overførast
Under IA-avtalen er det etablert bransjeprogram som skal støtte opp under måla om å redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet. Antalet bransjar med bransjeprogram blei utvida frå sju til elleve i 2025.
Løyvinga på posten dekker tilskot til bransjeprogramma. Dei etablerte programma har hatt delvis ubrukte tilskot dei siste åra. I neste tilskotsperiode vil programma med ubrukte tilskot få redusert si tildeling, slik at løyvinga kan dekke tilskot til fleire program. I tillegg er løyvinga auka. Bransjetiltaka skal vere målretta og kunnskapsbaserte med formål om å redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet. Tilskotet blir forvalta gjennom ei eiga ordning som Arbeidstilsynet administrerer.
Rapport
I tråd med den nye IA-avtalen er bransjeprogramma vidareførte ut 2028.
Deloitte har evaluert bransjeprogram som verkemiddel i IA-avtalen, og leverte sluttrapport frå evalueringa i desember 2023. Evalueringa legg vekt på at bransjeprogram er eit eigna verkemiddel for å bidra til å oppnå måla og ambisjonane i IA-avtalen, at bransjeprogramma bidrar til betre partssamarbeid på både lokalt og sentralt nivå, og at bransjeretting gjer at kunnskap, aktivitetar og tiltak i større grad blir retta inn mot spesifikke utfordringar i bransjen og opplevde som relevante for verksemdene.
Bransjeprogramma leverer halvårs- og årsrapport til Arbeidstilsynet der dei beskriv måloppnåinga og aktiviteten i tilskotsåret.
Budsjettforslag 2026
Det er lagt til grunn at løyvinga skal nyttast til tilskot knytte til gjennomføring av bransjeprogramma under IA-avtalen etter nærmare vilkår fastsette i forskrift. Det blir foreslått ein auke på 15,4 mill. kroner, med ein tilsvarande reduksjon under kap. 2650, post 76. Dette for å kunne iverksette 4 nye bransjeprogram.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 89,9 mill. kroner.
Post 72 Tilskot til Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv
Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv, som fram til sommaren 2024 heitte Senter for seniorpolitikk, er eit nasjonalt kompetansesenter som skal stimulere og bidra til å utvikle god seniorpolitikk i private og offentlege verksemder og til at fleire seniorar held fram i arbeid. Ein hovudstrategi er å synleggjere dei ressursane seniorane representerer i arbeidslivet. Verksemda til Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv skal vere basert på fakta og relevant kunnskap.
Målgruppene for arbeidet til deiraer verksemder i norsk arbeidsliv, seniorane sjølve, politiske myndigheiter, arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar, arbeids- og velferdsforvaltninga og organisasjonslivet elles.
Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv har eit styre der arbeidslivsorganisasjonar er representerte. I alt er 28 organisasjonar tilslutta senteret i 2025. Tilskotet går til dagleg drift av senteret, irekna informasjon og rådgiving, utvikling og formidling av kunnskap og haldningsskapande arbeid.
Rapport
Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv har eit høgt aktivitetsnivå, og deltok på 120 arrangement hos verksemder og organisasjonar i 2024. Senteret jobbar kontinuerleg med å utvikle området for rådgiving og rettleiing, frå innlegg og foredrag til meir opplæring og prosessrettleiing i verksemder, kommunar og etatar. Dei ulike publikasjonane og arrangementa til Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv bidrar til merksemd om seniorar i arbeidslivet og har fått dekning i ei rekke riksmedium, i ulike radio- og TV-program og på sosiale medium.
FoU er eit viktig grunnlag for arbeidet Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv gjer med å gi norsk arbeids- og samfunnsliv meir kunnskap om kva som motverkar utstøyting, og kva som fremmar auka yrkesdeltaking blant seniorar. Det har vore høg aktivitet på FoU-området i heile 2024 og inn i 2025. Aktiviteten omfattar bl.a. fleire kartleggingsprosjekt om situasjonen for seniorane i ulike bransjar og yrke, der formålet er å bidra til ein betre seniorpolitikk. Eit prosjekt om fleksibilitet som personalpolitisk verkemiddel for at fleire skal stå lenger i arbeid, har henta kunnskap frå ulike verksemder om kva former for fleksibilitet som kan vere aktuelle, og korleis dette kan nyttast på arbeidsplassen for å sikre fleire gode seinkarrierar. Kunnskapssenteret har òg vore ein aktiv samarbeidspartner i forskingsrådsprosjekt og anna forskings- og utgreiingsarbeid.
Den årlege undersøkinga Norsk seniorpolitisk barometer, som måler oppfatningar av og haldningar til seniorar og seniorpolitiske spørsmål i arbeidslivet, er gjennomført i regi av Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv sidan 2003. Barometeret for 2024 var konsentrert om å fange opp eventuelle endringar i haldningar til og oppfatningar av seniorpolitiske spørsmål blant yrkesaktive i private verksemder og offentleg sektor. Resultata frå undersøkinga og andre nye forskingsresultat blei presenterte på den årlege forskingskonferansen i november 2024.
Budsjettforslag 2026
Kunnskapssenter for lengre arbeidsliv har i sin strategiplan mål om å vere ein kunnskapsleverandør og arbeidslivets føretrekte samarbeidspartner for formidling av kunnskap om kva som skal til for at fleire vil halde frami arbeid. Arbeidet skal vere kunnskapsbasert og forankra i trepartssamarbeidet i arbeidslivet. Senteret skal stimulere verksemder til å sette aldring og arbeid på dagsordenen, og dessutan utvikle strategiar for å auke yrkesdeltakinga blant dei eldste. Desse satsingsområda er prioriterte:
-
forskings- og utviklingsarbeid (FoU)
-
opplæring, rettleiing og samarbeid
-
kommunikasjon og samfunnspåverknad
I 2026 vil senteret føre vidareinnsatsen for å synleggjere kva ressursar seniorane utgjer, og kva utviklingsmoglegheiter dei har i arbeidslivet, bidra til å utvikle eit inkluderande arbeidsliv og arbeide for eit utvida samarbeid om seniorpolitikk mellom arbeidslivsorganisasjonane og mellom organisasjonane og myndigheitene. Eit sentralt mål for senteret i 2026 er å etablere nye samarbeidsprosjekt og å styrke formidlings- og kommunikasjonsarbeidet ytterlegare. I tillegg vil FoU framleis vere eit viktig grunnlag for arbeidet med å gi norsk arbeids- og samfunnsliv meir kunnskap om seniorane i arbeidslivet.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 20,2 mill. kroner.
Post 73 Tilskot til trygderettsleg/EØS-rettsleg forsking og kompetanseutvikling
Posten omfattar tilskot til dei juridiske fakulteta ved Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Bergen (UiB) og Universitetet i Tromsø (UiT). Formålet med tilskotet er å bidra til satsingane deira på å styrke forskinga og utviklinga av kompetanse om norsk trygderett og om kva EØS-retten betyr på dette rettsområdet.
Rapport
Tilskotet blei oppretta i samanheng med revidert nasjonalbudsjett for 2021, jf. Prop. 195 S (2020–2021) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2020 og Innst. 600 S (2020–2021). Tilskotsmottakarane leverte skriftleg rapport i mars 2025. Det er oppretta eit samarbeid mellom institusjonane om å tilby rettleiingsressursar for vitskaplege rekrutteringsstillingar. Vidare er det tilsett i stipendiatstillingar ved alle institusjonane og tildelt mastergradsstipend. Det er òg oppretta eller vidareutvikla spesialemne i undervisninga som behandlar relevante problemstillingar innanfor trygderett og EØS-rett. Fakulteta arrangerer i samarbeid ein årleg konferanse for akademia og forvaltninga for å formidle og diskutere utviklinga innanfor trygderett og EØS-rett. Ved UiO og UiB er det med finansiering frå Forskingsrådet oppretta to forskingssenter som bl.a. skal utvikle kunnskap om integrering av EØS-rett i norsk rett. Dette gir god synergi med tilskotet.
Budsjettforslag 2026
For 2026 er det foreslått ei løyving på 6 mill. kroner.
Post 74 Tilskot til Noregs forskingsråd, kan overførast
Noregs forskingsråd (Forskingsrådet) er eit forvaltningsorgan som er underlagt Kunnskapsdepartementet. Forskingsrådet har fem mål:
-
auka vitskapleg kvalitet
-
auka verdiskaping i næringslivet
-
å møte store samfunnsutfordringar
-
eit velfungerande forskingssystem
-
god rådgiving
Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å samordne styringssignala frå departementa, og har i samarbeid med departementa og Forskingsrådet utarbeidd systemet for departementa si styring av Forskingsrådet. Den samla måloppnåinga for verksemda er omtalt i budsjettproposisjonen for Kunnskapsdepartementet.
Forskingsrådet er eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Vi viser til Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032. Forskingsrådet har eit ansvar for å følge opp dei tematiske prioriteringane i langtidsplanen som gjeld sektoransvaret til departementet. Desse er i hovudsak omtalte under prioriteringane Tillit og fellesskap og Helse.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet er ansvarleg for styringa av eigne midlar som blir kanaliserte gjennom Forskingsrådet. Tilsegnsramma for posten definerer kor mykje ny aktivitet som kan settast i gang i budsjettåret. Nye tilsegner skal over tid resultere i forsking som reflekterer breidda i sektoransvaret for forsking, det vil seie forsking relatert til arbeidsmarknad, arbeidsmiljø, arbeidshelse og sikkerheit, integrering, økonomisk og sosial tryggleik, arbeids- og velferdstenestene og pensjon.
Innsatsen gjennom Forskingsrådet skal hovudsakleg bidra til langsiktig og målretta kompetanse- og kunnskapsoppbygging for sektoren, inkludert forsking til nytte for politikk- og tenesteutvikling og oppgåveløysinga til forvaltninga. Forskinga skal halde høg vitskapleg kvalitet og samtidig vere relevant for utfordringane og måla i sektoren, irekna samfunnsutfordringar og problemstillingar som bør belysast gjennom sektorovergripande forsking.
Ny budsjettmodell i Noregs forskingsråd
Forskingsrådet er frå og med 2025 ei bruttobudsjettert verksemd med tilsegnsfullmakter. Regjeringa vil i dei årlege budsjetta fremme forslag om to beløp, eitt beløp for løyving og eitt for tilsegnsfullmakt.
Løyvinga viser eit samla beløp for forventa kontante utbetalingar i det aktuelle året. Løyvinga vil bestå av anslåtte kontante utbetalingar av tidlegare gitte tilsegner og eventuelle utbetalingar frå nye tilsegner som blir gitt i det gjeldande budsjettåret. Tilskotspostane vil derfor vere anslagsstyrte. Sidan forskingsprosjekta er fleirårige, vil hovuddelen av løyvinga i det gjeldande budsjettåret følge av forpliktingane som er inngått i tidlegare budsjettår.
Forskingsrådet finansierer fleirårige forskingsprosjekt og treng fullmakt frå Stortinget for å kunne forplikte staten utover gjeldande budsjettår. Tilsegnsfullmakta refererer til det samla fullmaktsbeløpet som Stortinget vedtar, og svarer til summen av moglege forpliktingar som Forskingsrådet kan inngå med forfall etter det aktuelle budsjettåret. Her dreier det seg dels om nye forpliktingar som er inngått i løpet av budsjettåret, dels om forpliktingar som er inngått i tidlegare år.
Det er tilsegnsramma som definerer kor mykje ny aktivitet som kan settast i gang i budsjettåret, ikkje løyvinga. Tilsegnsramma er summen av nye forpliktingar som Forskingsrådet kan pådra staten i det aktuelle budsjettåret. Hovuddelen av tilsegnsramma blir forplikta for framtidige år og inngår i tilsegnsfullmakta. Ein mindre del vil bli forplikta og utbetalt i det aktuelle budsjettåret og inngår derfor i løyvinga.
Ein meir detaljert omtale av bakgrunnen for og hovudtrekka i den nye budsjettmodellen blei gitt i Prop. 1 S (2024–2025) frå Kunnskapsdepartementet.
Rapport
Den generelle vurderinga til departementet er at Forskingsrådet innrettar innsatsen sin i tråd med dei forventningane og sektorpolitiske prioriteringane departementet har. Dette kjem særleg til uttrykk gjennom den sterke vektlegginga av prosjekt som omhandlar arbeid eller inkluderer spørsmål om arbeid. Innsatsen gjennom Forskingsrådet er òg viktig for å bygge forskingskapasitet på område som er strategisk viktige for departementet og sektoren, og der det er ønskeleg å få fram fleire og betre søknader.
Forskingsrådet rapporterer om gjennomgåande høg kvalitet og relevans i prosjekt som har fått midlar innanfor sektorområdet til departementet. I 2024 er det bl.a. investert i prosjekt som bidrar til kompetanse og forsking om arbeidsliv, samfunnskonsekvensar av kunstig intelligens, og migrasjon og integrering.
Arbeids- og velferdssektoren er svært aktiv som samarbeidspartnar i ulike typar prosjekt. Dette er positivt og i tråd med departementet sine forventingar om at Forskingsrådet skal bidra til brukarmedverknad der dette kan gi betre kvalitet og relevans i forskinga.
Budsjettforslag 2026
For 2026 er det foreslått ei løyving på 172,1 mill. kroner på posten. Om lag 5 mill. kroner av løyvinga går til nye tilsegner som kjem til utbetaling i 2026, og 167,1 mill. kroner til å dekke tilsegner som er gitt tidlegare år, men som kjem til utbetaling i 2026.
For 2026 er det foreslått ei tilsegnsfullmakt på 588,4 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til romartalsvedtak.
Forslaget til løyving og tilsegnsfullmakt gir ei tilsegnsramme for posten på 272,4 mill. kroner i 2026.
I tråd med den nye bruttomodellen skal midlar som Stortinget har løyvd til Forskingsrådet i tidlegare år, òg stillast til disposisjon for Forskingsrådet, jf. orienteringa som blei gitt til Stortinget i kap. 10 i Prop. 1 S (2024–2025) frå Kunnskapsdepartementet og omtalen i Prop. 36 S (2024–2025). Om lag 73,4 mill. kroner av tilsegnsramma for 2026 er ubrukte midlar frå tilsegnsfullmakta i 2025. Dette vil medføre auka løyving samanlikna med nullvekst i ein periode framover.
Post 75 Tilskot til berekraftig sjukmelding, kan overførast
Løyvinga på posten skal dekke utgifter til tilskot til prosjektet «Berekraftig sjukmelding».
I Avtale om redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet (IA-avtalen) 2025–2028 er det einigheit om å etablere eit samarbeidsprosjekt med Den norske legeforening om berekraftig sjukmelding.
Prosjektet skal styrke fastlegen si rolle i sjukefråværsarbeidet og auke helsekompetansen i befolkninga. Prosjektet omfattar både bevisstgjering og opplæring av fastlegane om deira sjukmeldingspraksis, og tiltak for å gjere pasientane meir bevisste på når sjukmelding er tenleg og når det ikkje er det. Målet er at dialogen mellom lege og pasient om sjukmelding skal bli betre, og på den måten bidra til færre, kortare og meir graderte sjukmeldingar.
Budsjettforslag 2026
Midlane til prosjektet vil bli gitt som tilskot til Den norske legeforening. I tillegg til å dekke kostnader til utvikling av kommunikasjon, undervisning og informasjonsmateriell, skal midlane også nyttast til opplysningskampanjar, praksiskompensasjon for deltakande fastlegar og administrativ oppfølging av prosjektet. Prosjektet vil bli evaluert, og det vil bli utvikla kriterium for korleis resultata av prosjektet skal målast. Det blir foreslått ein auke på 16 mill. kroner, med ein tilsvarande reduksjon under kap. 2650, post 76.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 16 mill. kroner.
Programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken
Utgifter under programkategori 09.10 fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
604 |
Utviklingstiltak i arbeids- og velferdsforvaltninga |
271 729 |
444 900 |
214 000 |
-51,9 |
|
605 |
Arbeids- og velferdsetaten |
14 332 941 |
15 132 870 |
15 675 468 |
3,6 |
|
606 |
Trygderetten |
118 223 |
120 760 |
124 638 |
3,2 |
|
Sum kategori 09.10 |
14 722 893 |
15 698 530 |
16 014 106 |
2,0 |
Utgifter under programkategori 09.10 fordelte på postgrupper
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Post-gr. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
01–29 |
Statens eigne driftsutgifter |
14 263 485 |
15 402 315 |
15 877 106 |
3,1 |
|
30–49 |
Nybygg, anlegg o.a. |
459 408 |
296 215 |
137 000 |
-53,7 |
|
Sum kategori 09.10 |
14 722 893 |
15 698 530 |
16 014 106 |
2,0 |
Kap. 604 Utviklingstiltak i arbeids- og velferdsforvaltninga
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
21 |
Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 45 |
144 498 |
148 685 |
77 000 |
|
45 |
Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 21 |
127 231 |
296 215 |
137 000 |
|
Sum kap. 604 |
271 729 |
444 900 |
214 000 |
-
Overført frå 2024 til 2025:
-
Post 21: 23 936 000 kroner
-
Post 45: 5 523 000 kroner
Allmenn omtale
Løyvinga dekker utgifter til særskilde utviklingstiltak i arbeids- og velferdsforvaltninga. For 2026 dekker løyvinga utgifter til IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten.
Modernisering av IKT-systema til etaten har vore, og er framleis, nødvendig for å skifte ut svært gamle system som ikkje tilfredsstiller krav til sikkerheit og brukarvennlege tenester. Systema fører òg til unødvendig mykje manuell behandling i ytingsforvaltninga, og komplekse og gamle løysingar gjer det vanskeleg å implementere politiske reformer. Formålet med moderniseringa er å bidra til betre tenester for brukarane, ei einskapleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning og betre tenester overfor offentlege og private samarbeidspartnarar.
Moderniseringa gir bl.a. auka automatisering av vedtaksbehandlinga, nye sjølvbeteningsløysingar for brukarane, digital samhandling med samarbeidspartnarar og betre integrasjon med viktige fellesløysingar i offentleg sektor. Dette vil bidra til betre kvalitet i ytingsforvaltninga og for dei arbeidsretta tenestene, raskare saksbehandling og redusert risiko for feilutbetalingar. Brukarane vil i stadig høgare grad oppleve at dei ikkje treng å gi opplysningar til forvaltninga meir enn éin gong. I moderniserte løysingar er nødvendig informasjonssikkerheit definert som eit absolutt krav.
Prosjekt 4 blei starta opp i 2021, jf. Stortingets vedtak om å sette i gang prosjektet i samanheng med behandlinga av Prop. 195 S (2020–2021). Prosjektet er opphavleg planlagt gjennomført i perioden 2021–2025 og skal legge til rette for å ta kritisk funksjonalitet ut av Arena og fase ut Abetal. Desse systema handterer i dag bl.a. vesentlege ytingsområde som dagpengar og arbeidsavklaringspengar. I prosjektet moderniserer etaten òg tenesteytinga og forvaltninga av arbeidsmarknadstiltaka.
I Prosjekt 4 er det lansert nye søknads- og innsynsløysingar for dagpengar, arbeidsavklaringspengar, tiltakspengar, ei løysing for digital utveksling av informasjon med tiltaksarrangørar og lansert ny saksbehandlingsløysing for tilleggsstønadene tilsyn barn, læremiddel, buutgifter og dagleg reise. Det er lansert eit nytt arbeidssøkarregister, og på tiltaksområdet er det lansert nye saksbehandlingsløysingar for dei aller fleste tiltakstypane. På ytingsområdet er det lansert nye saksbehandlingsløysingar for ytingane dagpengar, arbeidsavklaringspengar og tiltakspengar. Det er òg lansert ei nasjonal løysing for arbeidslivsenterane, slik at desse betre kan støtte verksemder som får tenester frå senterane. Det er òg lansert ei løysing som samlar kvalitetssikra informasjon om arbeidsmarknadstiltak på éin stad. Utbetalingsløysinga Abetal blei, som planlagt, fasa ut tidleg i 2023.
Det går fram av tidlegare budsjettproposisjonar til Stortinget at Prosjekt 4 er eit stort og komplekst prosjekt med tydeleg risiko i gjennomføringa. Dette gjeld ikkje minst med omsyn til å automatisere eit komplisert regelverk. Særleg gjeld det kompleksiteten i det å lage nye vedtaksløysingar for dei arbeidsretta ytingane, samtidig som desse skal flyttast ut av Arena. Av Prop. 1 S (2024–2025) gjekk det fram at Prosjekt 4 vil halde fram i 2026. Fleire av dei gjenståande leveransane i Prosjekt 4 er i rute. Utviklinga av kritisk funksjonalitet for saksbehandlingsløysingane vil i hovudsak vere ferdig i 2025. Oppgåvene med å migrere gamle saker frå Arena til ny løysing blir forskyvd til 2026 og 2027.
Prosjekt 4 følger prinsipp for smidig utvikling, og framdrifta og budsjettbehovet har utvikla seg dynamisk undervegs. Arbeids- og velferdsdirektoratet har i 2025, med bistand frå konsulentselskapet Promis, gjennomført ein uvisseanalyse av dei gjenståande oppgåvene. Analysen viser at det framleis er risiko ved ferdigstilling av gjenståande omfang. Promis sin anbefaling inneber at det er behov for å nytte uvisseavsettinga på 119 mill. kroner i departementet i sin heilskap. Uvisseavsettinga vil bli nytta i 2026 og 2027 i tråd med beskrivinga av dei gjenståande leveransane.
For 2025 er løyvinga (inkludert overført beløp frå 2024) 474,4 mill. kroner til Prosjekt 4. Løyvinga for 2025 inkluderer uvisseavsettinga på 119 mill. kroner, og 2025 var i utgangspunktet det siste året med løyving til prosjektet. Det at uvisseavsettinga først blir nytta i 2026 og 2027, inneber at tidlegare løyvde midlar til prosjektet blir periodiserte på ein annan måte enn opphavleg planlagt. 100 mill. kroner av uvisseavsettinga blir foreslått løyvd i 2026, og resterande 19 mill. kroner vil bli løyvd i 2027. Løyvinga for 2025 vil bli foreslått redusert med 119 mill. kroner i nysalderinga for 2025.
Utviklinga av moderne systemløysingar under kap. 604 held fram. Systemløysinga for pensjon og uføretrygd blei utvikla gjennom Pensjonsprogrammet mellom 2006 og 2011. Pensjonssystemet i Arbeids- og velferdsetaten er bygd på tekniske plattformer som ikkje er eigna til å bli drifta og forvalta framover i tid. Saksbehandling på pensjonsområdet er ei samfunnskritisk oppgåve for bl.a. å sikre livsopphald. Dei sentrale komponentane i den noverande løysinga blei sette i produksjon i 2008. Behovet for vidare modernisering av pensjonsløysinga dei neste åra er som forventa og heilt i samsvar med føresetnadene som låg til grunn da pensjonsløysinga blei etablert. I den samfunnsøkonomiske analysen den gongen blei det lagt til grunn ei økonomisk levetid for løysinga fram til 2020. I tillegg har endringar i regelverket på pensjons- og uføreområdet over tid auka krava til funksjonaliteten i pensjonsløysinga og utfordra den eksisterande strukturen.
Ettersom teknologien er gammal, er det risiko for manglande eksterne støttefunksjonar og usikker tilgang på kompetanse. Det er risiko for betydelege driftsutfordringar på eit kritisk område for mottakarar av pensjon, om ikkje eksisterande system blir videreutvikla.
Regjeringa foreslår derfor å starte arbeidet med eit femte prosjekt (Prosjekt 5) i IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten. Prosjektet er greidd ut etter statens prosjektmodell med ekstern kvalitetssikring av konsept (KS1) og plangrunnlag (KS2). Den eksterne kvalitetssikraren (Oslo Economics, Promis og Systra Norge) anbefaler i KS2-rapporten at prosjektet startar opp i 2026. Det blir i rapporten lagt til grunn ei kostnadsramme på 332 mill. kroner (2025-kroner) for prosjektet. Prosjekt 5 er planlagt gjennomført i perioden 2026–2028.
I Prosjekt 5 skal det gjennomførast nødvendig systemutvikling på pensjons- og uføreområdet i Arbeids- og velferdsetaten, for å forlenge levetida til systemløysinga og redusere risikoen for at etaten ikkje kan behandle og utbetale ytingar til pensjonistar og uføretrygda. Det inneber ei teknisk oppgradering og utfasing av rammeverk og utgåtte applikasjonar som er vurderte til å ha uakseptabel teknisk risiko og endringsevne (må-krav). I tillegg vil strukturtekniske endringar gjennomførast så langt det er mogleg innanfor den økonomiske ramma for prosjektet (bør-krav).
Arbeids- og velferdsdirektoratet vil i den vidare planlegginga av arbeidet søke å legge til rette for ei mogleg framtidig videreutvikling av systemløysingane (utover Prosjekt 5), for å møte framtidige krav til eit modernisert pensjonssystem.
Den eksterne kvalitetssikraren anbefaler å auke talet på saksbehandlarar for å kunne handtere den demografiske utviklinga. For å redusere behovet for ein slik auke, vil ein i prosjektet vurdere om det er mogleg å gjennomføre kostnadseffektive tiltak innanfor den økonomiske ramma for prosjektet.
Den eksterne kvalitetssikraren meiner at prosjektet er samfunnsøkonomisk lønnsamt. Prosjektet har ingen prissette nytteverknader, men dei ikkje-prissette nytteverknadene veg opp for dei prissette kostnadene. Dei ikkje-prissette nytteverknadene er først og fremst auka digital sikkerheit og beredskap, som er vurderte til å ha stor positiv nytteverknad. I tillegg vil seinare tiltak legge til rette for effektivitets- og brukarforbetringar med middels positiv nytteverknad. Sidan nytteverknadene ikkje er prissatte, er det heller ikkje utarbeidd nokon gevinstrealiseringsplan for prosjektet.
Regjeringa foreslår at Prosjekt 5 startar opp i 2026 med ei kostnadsramme på 344 mill. kroner (2026-kroner), jf. forslag til romertallsvedtak. I samanheng med det er løyvinga foreslått auka med 114 mill. kroner for 2026.
Prosjekt 4 og Prosjekt 5 er komplekse prosjekt med tydeleg risiko i gjennomføringa. Arbeids- og inkluderingsdepartementet følger prosjekta tett med omsyn til gjennomføring, risiko og nødvendige tiltak undervegs for å nå formålet med moderniseringsarbeidet.
Budsjettforslag 2026
For 2026 foreslår regjeringa å løyve 214 mill. kroner til Prosjekt 4 og Prosjekt 5 i IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 45
For 2026 er det foreslått ei løyving på 77 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 21
For 2026 er det foreslått ei løyving på 137 mill. kroner.
Kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Driftsutgifter |
13 942 813 |
15 061 160 |
15 599 676 |
|
22 |
Forskings- og utgreiingsaktivitetar, kan overførast |
57 951 |
71 710 |
75 792 |
|
45 |
Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast |
332 177 |
||
|
Sum kap. 605 |
14 332 941 |
15 132 870 |
15 675 468 |
-
Overført frå 2024 til 2025:
-
Post 01: 423 673 000 kroner (260 337 000 kroner gjeld lønnsoppgjeret 2024, som først blei utbetalt i 2025)
-
Post 22: 19 765 000 kroner
Allmenn omtale
Arbeids- og velferdsforvaltninga består av den statlege Arbeids- og velferdsetaten og dei delane av kommunetenestene som inngår i Nav-kontoret. Det statleg-kommunale samarbeidet i Nav-kontoret, partnarskapet, gir brukarane både statlege og kommunale arbeids- og velferdstenester. Arbeids- og velferdsforvaltninga skal fremme overgang til arbeid, sikre inntekt og kompensere for særlege utgifter og bidra til sosial inkludering og aktiv deltaking i samfunnet.
Arbeids- og velferdsetaten har ansvaret for å gjennomføre den statlege delen av arbeids- og velferdspolitikken og forvaltar arbeidsmarknadslova, folketrygdlova (med unntak av kapittel 5) og andre lover der oppgåver er lagde til etaten. Etaten skal sikre rett yting og teneste til kvar enkelt og følge opp og kontrollere tenester, ytingar og utbetalingar. Sentrale brukargrupper omfattar arbeidssøkarar, mottakarar av helserelaterte ytingar og familieytingar, pensjonistar og brukarar av hjelpemiddel. Etaten yter òg tenester til arbeidsgivarar og samhandlar med aktørar i ulike sektorar.
Arbeids- og velferdsdirektoratet leier Arbeids- og velferdsetaten og er fagdirektorat for etaten og for dei kommunale sosiale tenestene. I dei fleste tilfella er det dei lokale Nav-kontora som følger opp brukarar og tilbyr tenester. Per første tertial 2025 var det 14 155 statlege årsverk og om lag 6 900 kommunalt tilsette i arbeids- og velferdsforvaltninga.
I 2024 blei det utbetalt om lag 696 mrd. kroner i statlege ytingar. Utgifter til kommunale stønader som Nav-kontora forvaltar, og ytingar på vegner av Statens pensjonskasse kjem i tillegg. I 2024 fekk om lag 2,9 millionar brukarar ei utbetaling frå Arbeids- og velferdsetaten.
Rapportering, strategiar og tiltak for 2026
Arbeids- og velferdsforvaltninga har ei viktig rolle i å bidra til bl.a. arbeid til alle i eit inkluderande arbeidsliv, gode velferdstenester og mindre ulikskap i levekår. Vi viser til nærmare omtale av hovudprioriteringar og mål under del I.
Regjeringa styrkte i 2022 ramma til Arbeids- og velferdsetaten varig med 225 mill. kroner. I 2025 sørgde regjeringa for ei ytterlegare varig styrking av ramma til etaten med 100 mill. kroner for å møte utfordringa med lange saksbehandlingstider og betre kvaliteten i saksbehandlinga.
Regjeringa legg gjennom tillitsreforma vekt på å gi Nav-kontora og tilsette i førstelinja større handlingsrom til å nyttiggjere seg av den faglege kompetansen sin i arbeidet. Formålet er at folk skal få betre tenester som er tilpassa ulike behov og livssituasjonar. Det betyr bl.a. å utnytte det statleg-kommunale samarbeidet i Nav-kontora betre for å gi fagleg gode og lokalt tilpassa tenester og at dei tilsette reelt skal vere med på å bestemme.
Av Prop. 1 S (2024–2025) gjekk det fram at Arbeids- og velferdsetaten har sett i gang tiltak og forsøk med formål om at samarbeidet mellom leiinga, medarbeidarane, dei tillitsvalde, vernetenesta og brukarutval i etaten skal vere tett og tillitsfullt. Dette arbeidet skjer i hovudsak lokalt. Arbeidet med tillitsreforma i etaten går etter planen. F.eks. vil etaten, saman med Trondheim kommune, i 2026 starte opp eit forsøk med éi yting til unge under 30 år, med individuell oppfølging og eit fokus på ressursar og moglegheiter framfor avgrensingar – Eit enklare Nav – aktivitetspengar for unge. Sjå nærmare omtale av forsøket under del II, punkt 6.5 Fleire unge skal få moglegheiter til å delta i arbeidslivet.
Mange av fagsystema i Arbeids- og velferdsetaten er gamle og utdaterte, og det tar tid å endre dei. Etaten ønsker å utvikle nye løysingar som tar omsyn til personvern i alle utviklingsfasar og fase ut gamle IKT-system som ikkje varetar dagens krav. Dette arbeidet skjer gjennom både det kontinuerlege vedlikehaldet og fornyinga som etaten gjer med midlar frå ordinær driftsramme (kap. 605, post 01) og konkrete prosjekt som det er løyvd særskilde midlar til. Det går fram av tidlegare budsjettproposisjonar til Stortinget at moderniseringa av fagsystema er nødvendig for bl.a. å etterleve alle krav til regelverk og intern kontroll. Det gjekk bl.a. fram av Prop. 1 S (2012–2013) at arbeidet med å betre den interne kontrollen i Arbeids- og velferdsetaten er eit langsiktig arbeid, og at eit fullverdig regime for intern kontroll kan tidlegast vere klart når den planlagde moderniseringa av etatens IKT-system er gjennomført. Moderniseringa av Arbeids- og velferdsetaten sine system har vore, og er framleis, nødvendig av omsyn til krav til bl.a. sikkerheit og personvern på ein best mogleg måte, men òg for å gi betre tenester, jf. omtale av IKT-moderniseringa i etaten under kap. 604 og forslag om eit nytt Prosjekt 5 i moderniseringa.
Arbeids- og velferdsdirektoratet arbeider med å utvikle eit heilskapleg kvalitetssystem som vil vere eit viktig element for å bidra til god kvalitet i vedtak og tenester i etaten, og dermed òg eit viktig bidrag for å bedre internkontrollen. Krava til internkontroll i etaten er nærmare spesifisert i Instruks om virksomhets- og økonomistyring for Arbeids- og velferdsdirektoratet. Departementet sett òg krav til internkontroll i tildelingsbrevet til direktoratet.
Hausten 2019 blei det avdekt at Arbeids- og velferdsetaten hadde feilpraktisert opphaldskrava i folketrygdlova for rett til sjukepengar, pleiepengar og arbeidsavklaringspengar ved opphald i andre EØS-land. Fleire særtiltak for å ta vare på personar som var ramma, blei sette iverk. Det blei oppretta eit eige innsatsteam i Arbeids- og velferdsdirektoratet, det daverande Arbeids- og sosialdepartementet oppnemnde ei uavhengig klagenemnd for klager i erstatningssaker, og Justis- og beredskapsdepartementet etablerte eit særskilt rettshjelpstiltak.
Innsatsteamet i Arbeids- og velferdsdirektoratet tar framleis imot nokre førespurnader frå brukarar som meiner dei kan vere ramma, men få av dei har vist seg å vere det. Fordi det gradvis er færre førespurnader og saker, vil regjeringa avvikle særtiltaka. Eventuelle nye førespurnader og saker kan varetakast av den ordinære linjeorganisasjonen i Arbeids- og velferdsetaten. Medlemmene i klagenemnda er blitt oppnemnde til juni 2026, slik at dei siste, få sakene kan bli ferdigbehandla etter den gjeldande ordninga. Det er få personar som no får innvilga fritt rettsråd etter det særskilde rettshjelptiltaket, men tiltaket er regulert i rundskriv og vil framleis gjelde.
Arbeidsretta tenester
Dei arbeidsretta tenestene frå Arbeids- og velferdsetaten skal bidra til at fleire kjem i arbeid, og til at verksemdene får dekt behovet sitt for arbeidskraft. Etaten har såleis ei viktig rolle i å støtte personar som treng hjelp til å komme i arbeid, både ordinære arbeidssøkarar og dei som står lenger unna arbeidsmarknaden og har behov for meir omfattande oppfølging.
Arbeidsgivarar som treng bistand i samanheng med opp- og nedbemanningar og ved permitteringar, kan bl.a. få formidlings- og rekrutteringsbistand.
Over tid har etaten auka samarbeidet med arbeidsgivarar for å inkludere fleire personar frå utsette grupper i arbeid. Det er lagt vekt på at marknadsarbeidet og rekrutterings- og formidlingstenestene til etaten skal sjåast i samanheng med inkluderingsarbeidet etaten gjer, og på å støtte opp under dette.
Arbeids- og velferdsetaten har òg ei sentral rolle i sjukefråværsarbeidet og har bl.a. ansvar for å halde dialogmøte 2 for sjukmelde.
Vi viser til nærmare omtale av arbeidet etaten gjer for å auke inkluderinga og følge opp IA-avtalen, under punkt 6.3 Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet. Vidare viser vi til omtale av arbeidsmarknadstiltak under programkategori 09.30 Arbeidsmarknad.
For å sikre ei kunnskapsbasert utvikling av arbeids- og velferdsforvaltninga er det viktig å utvikle god informasjon om resultata av innsatsen Arbeids- og velferdsetaten legg ned for å få fleire i arbeid. I 2025 tar Arbeids- og velferdsdirektoratet i bruk den nye indikatoren for overgang til arbeid. Den nye indikatoren, som er utvikla saman med Oslo Economics og Frischsenteret24, gir eit betre bilde av korleis innsatsen til forvaltninga påverkar vegen mot arbeid for brukarane, enn det rein statistikk over overgang til arbeid gjer. Den nye indikatoren skal bidra til læring, utvikling og betre avgjerder i Nav-kontora. For ein nærmare omtale av indikatorprosjektet sjå Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje. Arbeidet med nye indikatorar må sjåast i samanheng med evalueringar, jf. omtalen nedanfor om Kunnskapsbaserte tenester.
Ytingsforvaltninga
Eit sentralt mål for ytingsforvaltninga er at brukarane skal få utbetalt rett yting til rett tid. Vidare skal forvaltninga av ytingane sørge for høg kvalitet i vedtaka og at brukarane får varetatt rettane sine på ein god måte. Arbeids- og velferdsetaten må sørge for ein tenleg balanse mellom god kvalitet, kontroll og produktivitet i saksbehandlinga.
For 2025 blei ramma til etaten varig styrkt med 100 mill. kroner for å møte utfordringa med lange saksbehandlingstider og betre kvaliteten i saksbehandlinga.
Saksbehandlingstida for fleire ytingar blei betre i 1. tertial 2025, og det er behandla fleire saker enn tidlegare som følge av auka ressursinnsats. Likevel er det framleis utfordringar med restansar og lang saksbehandlingstid på fleire område.
I oppfølginga av NOU 2023: 11 Raskt og riktig har Arbeids- og velferdsdirektoratet gjennomført ei rekke tiltak, jf. bl.a. omtale i Prop. 1 S (2024–2025). Arbeids- og inkluderingsdepartementet har i tildelingsbrev til Arbeids- og velferdsdirektoratet for 2025 uttrykt at effektivitet i ytingsforvaltninga stiller krav til både kvalitet og produktivitet i saksbehandlinga. Samtidig må etaten sørge for at personar ikkje blir ståande utan yting til livsopphald som ein konsekvens av lang saksbehandlingstid. Gitt situasjonen i ytingsforvaltninga forventar departementet på sikt ei betring i kvaliteten, og når det gjeld saksbehandlingstidene. På lengre sikt vil Arbeids- og velferdsetaten stå overfor demografiske endringar som vil sette ytterlegare press på saksbehandlingskapasiteten i etaten.
Som ledd i kontrollarbeidet til Arbeids- og velferdsetaten deltar etaten i det tverretatlege samarbeidet mot arbeidslivskriminalitet. Grov trygdesvindel er ofte mogleg gjennom, eller kombinert med, annan arbeidslivskriminalitet eller andre former for økonomisk kriminalitet. Arbeids- og velferdsetaten er derfor ein viktig deltakar i a-krimsamarbeidet. Vi viser til nærmare omtale av det tverretatlege samarbeidet under punkt 6.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv og programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og sikkerheit, kap. 640 Arbeidstilsynet.
Justis- og beredskapsdepartementet har sett ned ei interdepartemental samordningsgruppe som skal følge opp tiltak frå Meld. St. 15 (2023–2024) Felles verdier – felles ansvar – Styrket innsats for forebygging og bekjempelse av økonomisk kriminalitet. Fleire tiltak i meldinga gjeld Arbeids- og velferdsetatens innsats mot trygdesvindel og krev bidrag frå etaten.
Saman med Skatteetaten, politiet, Digitaliseringsdirektoratet og Utlendingsdirektoratet deltar Arbeids- og velferdsetaten i Koordineringsgruppa for ID-forvaltninga (KoID). Hovudformålet med samarbeidet er å bidra til ei styrkt identitetsforvaltning i Noreg slik at innsatsen på området blir meir heilskapleg og koordinert. KoID har ein felles, overordna visjon som partane arbeider målretta etter. Gruppa vil òg samarbeide med andre sentrale aktørar som Finans Norge, Nasjonalt ID-senter og Brønnøysundregistera. I 2025 blei det òg oppretta ei koordineringsgruppe for ID-forvaltning mellom Finansdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Koordineringsgruppa skal bidra til at departementa arbeider meir målretta og heilskapleg med å styrke ID-forvaltninga.
Hjelpemiddelforvaltninga
Hjelpemiddel frå folketrygda skal kompensere for utgifter til å betre arbeidsevna eller funksjonsevna i dagleglivet for personar som har varig sjukdom, skade eller lyte. I samarbeid med kommunar, fylkeskommunar og den statlege spesialisthelsetenesta skal hjelpemiddelsentralane bidra til å halde ved lag tilgjengelege og samanhengande tenester av høg kvalitet.
Hjelpemiddelforvaltninga står overfor ulike utfordringar, særleg knytte til ei auka saksmengd, som i hovudsak skriv seg frå den demografiske utviklinga med ein aukande andel eldre i befolkninga. Det er også utfordringar knytte til korleis hjelpemiddelforvaltninga skal møte endra forventningar blant brukarane.
Hjelpemiddelsentralane
Saksbehandlingstidene for saker behandla på hjelpemiddelsentralane har vore god trass auka saksmengde, særleg forsærleg hjelpemiddel til dagleglivet.
Det blir satsa på digitale løysingar for å effektivisere og forenkle handteringa av hjelpemiddel for å ta hand om den auka saksmengda.
Hjelpemiddelsaker i Nav Arbeid og ytingar
Nav Arbeid og ytingar behandlar også enkelte hjelpemiddelsaker, slik som høyreapparat og ortopediske hjelpemidlar. Dei fleste sakene gjeld refusjonar til firma som leverer hjelpemiddel til brukarar. Dei siste åra har det vore lang saksbehandlingstid på hjelpemiddelsaker i Nav Arbeid og ytingar. Når det gjeld høyreapparat, viser vi til nærmare omtale i budsjettproposisjonen for Helse- og omsorgsdepartementet. Sjå òg omtale under punkta 6.8.3 Igangverande prosessar på pensjonsområdet og 6.9.4 Hjelpemiddel.
Vi viser til nærmare omtale av hjelpemidlar under punkt 6.9 Inkludering i samfunnet og gode levekår for dei mest vanskelegstilte og programkategori 29.60.
Betre brukarmøte
Arbeids- og velferdsetaten arbeider for å legge til rette for betre brukarmøte. Arbeids- og velferdsdirektoratet hentar inn informasjon om erfaringane personbrukarane og arbeidsgivarane har med etaten og vurderingane deira av tenestene frå etaten gjennom årlege brukarundersøkingar. Brukarundersøkingane for 2025 er venta å vere klare i månadsskiftet oktober/november 2025.
Nav.no blir mykje brukt. I 2024 hadde nav.no om lag éin million brukarar som logga seg inn kvar månad. Digitaliseringa av tenestene endrar måten arbeids- og velferdsforvaltninga tilbyr tenestene sine på, noko som blei forsterka i samanheng med koronapandemien. Det generelle arbeidet med å utvikle digitale tenester tar utgangspunkt i behova og føresetnadene til innbyggarane. Det har over år blitt lansert fleire nye digitale løysingar for både brukarar, arbeidsgivarar og saksbehandlarar.
Digitale tenester gir i mange tilfelle grunnlag for å erstatte og supplere besøk på Nav-kontoret. Kombinasjonen av digitale tenester og dialog, telefoni og fysiske møte gjer brukarmøtet meir fleksibelt og tilgjengeleg. For nærmare omtale av digital utvikling, sjå overskrifta Effektivisering gjennom digitalisering og kap. 604. For brukarar som har behov for å oppsøke Nav-kontoret, f.eks. ved individuelle vurderingar av stønad til livsopphald og arbeidsretta oppfølging, vil det vere tenleg med ein timeavtale slik at både brukaren og rettleiaren kan vere førebudde og ha moglegheit til å sette av tilstrekkeleg tid. Nav-kontoret skal samtidig sørge for nødvendig bistand til brukarar som ikkje er på digitale plattformer, er i ein nødssituasjon, har lese- og skrivevanskar, språkproblem, eller som av andre årsaker har vanskeleg for å bruke sjølvbeteningsløysingar og telefoni. Arbeids- og velferdsetaten har sidan 2024 hatt eit eige tilbod om telefonrettleiing til brukarar på samisk.
Kunnskapsbaserte tenester
Brukarane til Arbeids- og velferdsforvaltninga skal bli møtt av kunnskapsorienterte rettleiarar og saksbehandlarar med høg kompetanse.
Arbeids- og velferdsdirektoratet har sidan 2016 styrkt samarbeidet med universitets- og høgskolesektoren for å auke kvaliteten og relevansen i forskinga, utdanningane og kunnskapsutviklinga på tenesteområda til forvaltninga. Direktoratet har per hausten 2025 samarbeidsavtalar med OsloMet – Storbyuniversitetet, Universitetet i Innlandet (iNN), Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), Juridisk fakultet ved Universitetet i Oslo (UiO) og Universitetet i Agder (UiA).
Kunnskapstilfanget på arbeids- og velferdsfeltet er betydeleg, både gjennom forskingsprogram, evalueringar, kunnskapsoversikter og ei rekke FoU-prosjekt og analysar i regi av Arbeids- og velferdsetaten.
Arbeids- og velferdsetaten nyttar ordninga offentleg sektor-ph.d. Til saman har seks kandidatar disputerte sida ordninga blei oppretta, og Arbeids- og velferdsdirektoratet finansierer per hausten 2025 fem stipendiatar i ordninga. Direktoratet er partnar i fleire forskningssøknader og forskarskuler i regi av Forskingsrådet, og er partnar i KI-sentret The Norwegian Centre for Trustworthy AI (TRUST) som vart innvilga støtte i 2025. Ei satsing på forskingstøtta digitalisering av arbeids- og velferdstenestene vart starta i direktoratet i 2025.
Direktoratet har i 2025 inngått nye rammeavtalar for FoU-oppdrag med ei rekke forskingsmiljø på områda evalueringar, kartlegging og analyse, effektstudiar og kunnskapsoppsummeringar. Undersøkingar av effektar av tiltak og tenester forvaltninga administrerer og set i verk, blir supplerte med systematiske kartleggingar av erfaringar frå tenesteytarar og brukarar. Kunnskapen blir brukt inn i tenesteutviklinga til forbetring av praksis, og som grunnlag for råd og avgjerder.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet samarbeider med Arbeids- og velferdsdirektoratet om kunnskapsbehov i arbeids- og velferdssektoren, og direktoratet har ein FoU-plan for arbeids- og velferdsforvaltninga for perioden 2021–2025. FoU-planen stadfestar prinsippa for FoU-arbeidet i arbeids- og velferdsforvaltninga. Planen presenterer verkemiddel for FoU-arbeidet, beskriv korleis FoU-arbeid kan bidra til kunnskapsbasert praksis- og utviklingsarbeid i forvaltninga og til å forsterke rolla som fagdirektorat gjennom å forbetre grunnlaget for avgjerder, råd og anbefalingar. Det er i planperioden lagt særleg vekt på kunnskapsoppbygging innan fire tematiske satsingsområde – «samhandling med brukarane», «arbeidsretta tiltak og verkemiddel», «påliteleg forvaltning» og «sosiale tenester i Nav». Direktoratet har årleg hatt opne utlysingar av forskingsmidlar til satsingsområda, der forskingsmiljøa kan søkje om støtte til prosjekt frå ein pott på inntil 30 mill. kroner. Hausten 2024 blei 26 mill. kroner lyst ut innan satsingsområdet «samhandling med brukarane», og fire nye forskingsprosjekt fekk støtte i 2025. FoU-planen 2021–2025 vart oppdatert i 2023 for å harmonisere med den nye verksemdsstrategien for etaten. Hausten 2025 starta direktoratet revidering av FoU-planen for ein ny periode.
Rolla Arbeids- og velferdsdirektoratet har som fagdirektorat for etaten og dei kommunale sosiale tenestene skal framleis vidareutviklast, og FoU-planen bygger opp under dette. Det inneber både å legge til rette for kunnskapsutviklinga på feltet, og bygge opp under ein lærande organisasjon der kunnskap kan bli formidla og tatt i bruk i forvaltninga på tenlege måtar lokalt, regionalt og sentralt. Den kunnskapsfunksjonen og rolla direktoratet har som fagleg rådgivar for departementet, og som kompetanseorgan ut mot sektoren, andre offentlege organ og allmenta, skal også vidareutviklast.
Effektivisering gjennom digitalisering
Gode, digitale løysingar for brukarane og organisatoriske tilpassingar for auka kvalitet og effektivitet i saksbehandlinga og tenesteproduksjonen er viktige for å kunne gi betre oppfølging av dei brukarane som treng bistand for å komme i arbeid. Etaten har over tid dreidd frå manuell saksbehandling til digitale løysingar og er i gang med fleire viktige tiltak for tenesteutvikling og digitalisering som kvar for seg vil kunne gi positive verknader for brukarane og for effektiviseringa av forvaltninga.
Ei grunnleggande modernisering av IKT-systema i Arbeids- og velferdsetaten er nødvendig for å skifte ut svært gamle system som ikkje tilfredsstiller krav til sikkerheit og brukarvennlege tenester. IKT-moderniseringa i etaten har så langt bestått av fleire prosjekt der etaten no gjennomfører Prosjekt 4, og det blir foreslått eit nytt Prosjekt 5 i moderniseringa, jf. nærmare omtale under kap. 604.
For å vareta krav til grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF) og forpliktingar etaten har gjennom relevant lovverk som sikkerheitslova og verksemdforskrifta, blir det i 2025 gjennomført risikoreduserande tiltak på utbetalingsområdet. Samtidig pågår det forberedande arbeid for ei grunnleggande modernisering av området fram i tid. Arbeidet blir greidd ut etter statens prosjektmodell med ekstern kvalitetssikring.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet arbeider saman med underliggande verksemder og forvaltninga elles for å tilpasse regelverket slik at det legg til rette for digital utvikling, forenkling og ei effektiv forvaltning. Mindre manuell saksbehandling og fleire digitale løysingar medfører at ein større andel av driftsutgiftene blir nytta til digital produksjon og utvikling og til vedlikehald av digitale løysingar. Det vil bl.a. hindre at nye digitale løysingar raskt blir utdaterte og forelda.
Partnarskapet
Det var 253 Nav-kontor ved utgangen av 2024. Som følge av kommunesamanslåingar og vertskommunesamarbeid har det gjennom åra vore endringar i dei lokale partnarskapa. Det var 62 vertskommunesamarbeid med til saman 189 kommunar i 2024.
Partnarskapet mellom stat og kommune i Nav-kontora blir utøvd lokalt. Tenesteinnhaldet i Nav-kontora vil variere, avhengig av samarbeidsavtalen som er inngått mellom etaten og den enkelte kommunen. For å styrke partnarskapet og bidra til vidareutvikling av Nav-kontora har KS og Arbeids- og inkluderingsdepartementet ein samarbeidsavtale om partnarskapet i Nav-kontora. Samarbeidsavtalen er en del av konsultasjonsordninga mellom regjeringa og KS. Fokusområda for avtalen er tilgjengelege, heilskaplege tenester og førebyggande arbeid, arenaer og prosessar for å styrke partnarskapet, og digitalisering i Nav-kontora. I tråd med avtalen har KS og departementet samarbeidd om ein felles strategi for digitalisering i Nav-kontora og har etablert ein felles samarbeidsarena for digitalisering i Nav-kontora. Dette støttar opp under digitaliseringspolitikken, med formål om auka samhandling og samordning mellom statleg og kommunal sektor for å sikre samanhengande tenester, auka deling av data og auka bruk av felles IKT-løysingar.
Prosjektet Digisos har gitt betre tenester for dei som søker om stønad til livsopphald etter sosialtenestelova hos kommunane. Både digital søknad om økonomisk sosialhjelp og digitalt innsyn i eiga sak er tilgjengelege for alle.
Budsjettforslag 2026
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga under posten skal dekke lønns- og driftsutgifter i Arbeids- og velferdsetaten.
For 2026 blir det foreslått ei løyving på 15 599,7 mill. kroner, som samla sett inneber ein auke med 538,5 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2025. Dette inkluderer lønns- og prisjustering. Nedanfor er dei fleste forslaga til løyvingsendringar på posten samanfatta.
Som følge av forslaget om å auke løyvinga til varig lønnstilskot og arbeidsmarknadstiltak i 2026, foreslår regjeringa å auke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten med 18 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2025, sjå nærmare omtale under kap. 634, postana 75 og 76.
Det blir òg foreslått å auke løyvinga under kap. 605, post 01, med 21,5 mill. kroner til å gjennomføre 500 nye VTA-plassar i 2026, jf. omtale under kap. 634, post 77.
Vidare foreslår regjeringa fleire marknadskontakter i etaten for å styrke samarbeidet med arbeidsgivarar slik at unge kan komme raskare i jobb. Driftsløyvinga blir foreslått auka med 15 mill. kroner, sjå nærmare omtale under punkt 6.5 Fleire unge skal få moglegheiter til å delta i arbeidslivet.
Regjeringa foreslår òg å auke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten i 2026 med 35,5 mill. kroner til rettleiarressursar og administrative kostnader til ungdomsprogrammet. Sjå omtale under kap. 634. I 2025 blei driftsløyvinga midlertidig auka med 30 mill. kroner til ei ny saksbehandlingsløysing for den nye ytinga i ungdomsprogrammet. Desse midlane blir ikkje førte vidare i 2026.
Regjeringa foreslår å auke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten med 10 mill. kroner i 2026 til ei ny saksbehandlingsløysing for forsøket Eit enklare Nav – aktivitetspengar for unge. Sjå omtale av forsøket under punkt 6.5 Fleire unge skal få moglegheiter til å delta i arbeidslivet.
Arbeids- og velferdsetaten deltar i programmet for framtidas innkrevjing i regi av Skatteetaten. Programmet går føre seg i fleire steg. Samla foreslår regjeringa å auke kap. 605, post 01 med 31,6 mill. kroner i 2026 knytte til dette programmet.
Regjeringa foreslår å auke driftsløyvinga med 30 mill. kroner i 2026 slik at Arbeids- og velferdsetaten kan utvikle systema sine til å foreta automatiske trekk av fagforeiningskontingent. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med forslag om lovendringar i samanheng med dette.
I 2025 blei det løyvd 3 mill. kroner under denne posten til å utvikle betre lågterskeltilbod og meir tilpassa tenester for unge med samansette problem. Regjeringa foreslår å auke driftsløyvinga i samanheng med utviklingsarbeidet med 13 mill. kroner i 2026. Sjå òg omtale under punkt 6.5 Fleire unge skal få moglegheiter til å delta i arbeidslivet, punkt 6.9 Inkludering i samfunnet og gode levekår for dei mest vanskelegstilte og kap. 621, post 63.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga med 12,5 mill. kroner i 2026 for å gjennomføre forslag til endringar i uføreregelverket frå 1. juli. Dette gjeld innføring av eit tak på reduksjonssatsen når uføretrygd blir kombinert med arbeid, auke minste inntekt før uførleik for gifte og sambuande og harmonisere minstenivåa for gifte og sambuande. Sjå nærmare omtale under kap. 2655. Frå 2027 er meirutgifta knytte til tiltaka rekna til 1 mill. kroner.
I 2025 blei driftsløyvinga auka med 49 mill. kroner som følge av pensjonsforliket. Arbeids- og velferdsetaten vil ha både investeringskostnader og varige driftskostnader til dette i 2026. Regjeringa foreslår å auke kap. 605, post 01 med 2 mill. kroner i 2026. Sjå nærmare omtale av pensjonsforliket under del I, punkt 2.2.9 Pensjonsreforma.
Regjeringa foreslår å starte opp eit rekrutteringsprogram til helse- og omsorgssektoren, særleg for unge som står utanfor arbeid og utdanning. Arbeids- og velferdsdirektoratet vil ha utgifter til administrasjon av programmet, og regjeringa foreslår derfor å auke løyvinga med 3,6 mill. kroner, jf. nærmare omtale under kap. 634 og punkt 6.5 Fleire unge skal få moglegheiter til å delta i arbeidslivet.
Regjeringa foreslår å auke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten med 2 mill. kroner til driftskostnader som følge av forslaget om å fase ut stønad til einsleg mor eller far frå 1. juli 2026 for hovudgruppa av mottakarar. Sjå nærmare omtale under kap. 2620.
Regjeringa foreslår å overføre 1 mill. kroner frå Kultur- og likestillingsdepartementet sitt kap. 351, post 21 til kap. 605, post 01 i samanheng med oppfølginga av Meld. St. 13 (2024–2025) Forebygging av ekstremisme. Dette er ei vidareføring av overføringa i Revidert nasjonalbudsjett 2025.
Dei vedtatte endringane i etterlatneytingane i folketrygdlova inneber store endringar i saksbehandlingssystemet til Arbeids- og velferdsetaten. For å implementere reforma har det tidlegare år blitt løyvd midlar til formålet. Det ligg føre eit redusert løyvingsbehov for gjennomføring av reforma i 2026. Løyvinga blir foreslått redusert med 27,6 mill. kroner i 2026.
Løyvinga under kap. 605, post 01 blei auka med 17,1 mill. kroner i 2025 for å dekke eingongsutgiftene knytte til å legge om bilstønadsordninga slik at Arbeids- og velferdsetaten kan førehandsbestille bilar. Arbeids- og velferdsetaten vil ha varige driftskostnader som følge av omlegginga på 4 mill. kroner årleg. Regjeringa foreslår å redusere løyvinga under kap. 605, post 01 med 13,1 mill. kroner.
Forsøk med kompetansetiltak for sjukmelde blei avvikla 1. januar 2025. Midlar til den administrative oppfølginga av forsøket har blitt løyvde over driftsbudsjettet til Arbeids- og velferdsetaten. Driftsløyvinga blir derfor foreslått redusert med 26,5 mill. kroner. Som ein del av Avtalen om redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet (IA-avtalen) 2025–2028 er det einigheit om å iverksette eit nytt tiltak med forsterka oppfølging av sjukmelde med uklare jobbutsikter, jf. nærmare omtale under punkt 6.3 Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet. Driftsløyvinga blir derfor foreslått auka med 27,6 mill. kroner. Løyvinga blir vidare foreslått auka med 3,7 mill. kroner til styrking av arbeid med utvikling av heilskapleg informasjon i regi av Idébanken. Som følge av desse omprioriteringane blir driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten samla foreslått auka med 4,8 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon under kap. 2650, post 76.
Driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten blir foreslått redusert med 10 mill. kroner som følge av gevinstuttak frå Prosjekt 4 i IKT-moderniseringa. Dette svarer til 50 pst. av dei årlege netto innsparingane.
Regjeringa foreslår å overføre 2 mill. kroner frå kap. 605, post 01 til Helse- og omsorgsdepartementet sitt kap. 701, post 21 for etablering av tenesta «enklare tilgang til informasjon» i samanheng med livshendinga «alvorleg sjukt barn».
Regjeringa foreslår å overføre 1,6 mill. kroner frå kap. 605, post 01 til Finansdepartementet sitt kap. 1605, post 01 for delfinansiering av styrkinga av Statens innkjøpssenter.
Driftsløyvinga blir foreslått redusert med 3,7 mill. kroner som følge av lågare inntekter under kap. 3605, post 01.
I 2025-budsjettet lå det inne midlar til eingongsutgifter eller midlar som av ulike årsaker ikkje skal førast vidare. Desse utgiftene blir tatt ut av 2026-budsjettet og utgjer samla ein reduksjon på 85 mill. kroner. Dette gjeld bl.a. risikoreduserande tiltak på pensjons- og utbetalingsområda som den største utgifta.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 15 599,7 mill. kroner.
Post 22 Forskings- og utgreiingsaktivitetar, kan overførast
FoU-midlane til Arbeids- og velferdsdirektoratet er i hovudsak samla under post 22. Løyvinga blir bl.a. nytta til kunnskapsinnhenting knytt til verkemiddel på områda til arbeids- og velferdsforvaltninga. Arbeids- og velferdsdirektoratet lyser ut FoU-midlar både som enkeltoppdrag og i form av opne utlysingar av prosjektmidlar innanfor tematiske satsingsområde. Vi viser til nærmare omtale ovanfor om kunnskapsbaserte tenester.
Som følge av evalueringa av forsøk med ungdomsprogram foreslår regjeringa å auke løyvinga under kap. 605, post 22 med 1,5 mill. kroner i 2026. Sjå nærmare omtale under kap. 634, post 70.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 75,8 mill. kroner.
Kap. 3605 Arbeids- og velferdsetaten
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Administrasjonsvederlag |
9 303 |
11 481 |
7 761 |
|
04 |
Tolketenester |
3 216 |
4 887 |
5 063 |
|
05 |
Oppdragsinntekter m.m. |
23 736 |
21 544 |
22 320 |
|
Sum kap. 3605 |
36 255 |
37 912 |
35 144 |
Post 01 Administrasjonsvederlag
Inntektene under post 01 består av vederlag for administrasjonen etaten gjer av enkelte andre ytingar enn dei ytingane som er frå folketrygda.
Kjeldene til administrasjonsvederlag er
-
kommunale tilleggsytingar
-
Statens pensjonskasse
Arbeids- og velferdsetaten kan overskride løyvinga under kap. 605, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til romartalsvedtak II.
Anslag viser ein venta reduksjon i inntektene på posten med 3,7 mill. kroner.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 7,8 mill. kroner.
Post 04 Tolketenester
Under post 04 blir det rekneskapsført inntekter frå tolketenester som andre instansar enn Arbeids- og velferdsetaten skal dekke. Arbeids- og velferdsetaten kan overskride løyvinga under kap. 605, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til romartalsvedtak II.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 5,1 mill. kroner.
Post 05 Oppdragsinntekter m.m.
Under post 05 blir det inntektsført bl.a. driftsrelaterte inntekter. Arbeids- og velferdsetaten kan overskride løyvinga under kap. 605, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til romartalsvedtak II.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 22,3 mill. kroner.
Kap. 606 Trygderetten
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Driftsutgifter |
118 223 |
120 760 |
124 638 |
|
Sum kap. 606 |
118 223 |
120 760 |
124 638 |
-
Overført frå 2024 til 2025:
-
Post 01: 6 102 000 kroner (2 380 000 kroner gjeld lønnsoppgjeret 2024, som først blei utbetalt i 2025)
Allmenn omtale
Trygderetten er eit domstolsliknande forvaltningsorgan som skal avgjere om enkeltpersonar har rett til trygd og pensjon. Trygderetten behandlar saker frå Arbeids- og velferdsetaten, Nasjonalt klageorgan for helsetenesta og offentlege pensjonskasser der det er ueinigheit om retten til trygde- og pensjonsytingar.
Trygderetten er styrkt dei seinare åra og disponerte om lag 66 årsverk i 2024.
Rapportering, strategiar og tiltak for 2026
Nøkkeltal saksbehandling 2020–2024
|
År |
2020 |
2021 |
2022 |
2023 |
2024 |
|---|---|---|---|---|---|
|
Innkomne saker |
4 151 |
4 663 |
3 934 |
3 108 |
3 861 |
|
Behandla saker (produksjon) |
3 304 |
3 415 |
4 114 |
5 149 |
4 918 |
|
Gjennomsnittleg saksbehandlingstid (dagar) |
246 |
359 |
414 |
398 |
211 |
|
Saker med saksbehandlingstid på meir enn 12 månader |
624 |
2 245 |
3 254 |
3 413 |
465 |
|
Restansar ved utgangen av året |
3 752 |
4 826 |
4 646 |
2 505 |
1 448 |
Tabellen viser utviklinga i vesentlege indikatorar for ankebehandlinga i Trygderetten.
Saksinngangen til Trygderetten har svinga. I 2022 og 2023 var saksinngangen lågare enn dei tidlegare åra. I 2024 har det igjen vore ein auke, og per første kvartal 2025 er saksinngangen i 2025 omtrent lik som i 2024. Likevel har den gjennomsnittlege saksbehandlingstida, talet på saker med meir enn tolv månaders saksbehandlingstid og restansane gått betydeleg ned frå 2023 til 2024, jf. tabellen ovanfor. Arbeids- og velferdsetaten er ankemotpart i over 90 pst. av ankesakene. Saksinngangen til Trygderetten blir dermed påverka av bl.a. talet på vedtak om pensjons- og trygdeytingar i Arbeids- og velferdsetaten. Arbeids- og velferdsdirektoratet og Trygderetten samarbeider for å lage betre prognosar for ankeinngang til Trygderetten.
Trygderetten har dei seinare åra sett i gang fleire utviklings- og forbetringstiltak som har bidratt til å effektivisere saksavviklinga og drifta elles. Som del av oppfølginga av NOU 2023: 11 Raskt og riktig sette Trygderetten hausten 2023 i gang eit tidsavgrensa restanseprosjekt for å bygge ned restansar og gjennomføre andre tiltak som utvalet foreslo. Med kraftig auka produksjon sidan 2023 og lågare saksinngang i 2023, har saksbehaldninga i Trygderetten blitt betydeleg redusert dei seinaste åra. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i første kvartal 2025 var kortare enn seks månader.
Der det er venta at ei avgjerd får betydning for praksisen på eit saksområde, kan det settast utvida rett, jf. trygderettslova § 7 andre ledd bokstav d. Utvida rett er viktig for rettsavklaring og einsarta praksis. I 2024 blei det avsagt ni prinsipielle avgjerder med fem medlemmer og sju prinsipielle avgjerder med tre medlemmer. Gjennom fleire prosjekt, bl.a. saman med Nav klageinstans, jobbar Trygderetten med kontinuerleg forbetring av kvaliteten i vedtaka.
Prop. 53 L (2023–2024) Endringer i trygderettsloven (rettens sammensetning, aktiv saksstyring og krav til kjennelser) blei vedtatt våren 2024 og tredde i kraft 1. juli 2024. Det at retten som hovudregel kan settast med eit juridisk medlem og at retten i enkelte tilfelle kan avseie forenkla avgjerder har bidratt til å auke effektiviteten i saksbehandlinga.
I juni 2025 behandla Stortinget Prop. 135 L (2024–2025) Endringer i trygderettsloven mv. (ankeerklæring til Trygderetten, avgjørelse innen seks måneder mv.). Fleire av desse lovendringane følger opp NOU 2023: 11 Raskt og riktig og skal bidra til betre og meir effektiv saksbehandling. Innføring av ankeerklæring til Trygderetten vil tre i kraft 1. januar 2027.
Budsjettforslag 2026
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga under post 01 skal dekke lønns- og driftsutgifter i Trygderetten.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 124,6 mill. kroner.
Programkategori 09.20 Tiltak for betra levekår m.m.
Utgifter under programkategori 09.20 fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
621 |
Tilskot til sosiale tenester og sosial inkludering |
436 299 |
425 880 |
443 507 |
4,1 |
|
Sum kategori 09.20 |
436 299 |
425 880 |
443 507 |
4,1 |
Utgifter under programkategori 09.20 fordelte på postgrupper
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Post-gr. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
01–29 |
Statens eigne driftsutgifter |
101 709 |
107 440 |
111 308 |
3,6 |
|
50–89 |
Overføringar til andre |
334 590 |
318 440 |
332 199 |
4,3 |
|
Sum kategori 09.20 |
436 299 |
425 880 |
443 507 |
4,1 |
Kap. 621 Tilskot til sosiale tenester og sosial inkludering
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
21 |
Spesielle driftsutgifter |
101 709 |
107 440 |
111 308 |
|
63 |
Sosiale tenester og tiltak for vanskelegstilte, kan overførast |
207 663 |
184 605 |
207 546 |
|
70 |
Frivillig arbeid, kan overførast |
111 042 |
117 345 |
107 569 |
|
74 |
Tilskot til pensjonistorganisasjonar m.m. |
15 885 |
16 490 |
17 084 |
|
Sum kap. 621 |
436 299 |
425 880 |
443 507 |
-
Overført frå 2024 til 2025:
-
Post 21: 5 175 000 kroner
-
Post 63: 5 809 000 kroner
-
Post 70: 1 827 000 kroner
Kap. 621 omfattar løyvingar til kompetanse- og kvalitetsutvikling av dei sosiale tenestene i kommunane og tilskot til frivillig arbeid for sosialt og økonomisk vanskelegstilte. Løyvingane blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, som varetar oppgåver på sosial- og levekårsområdet.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Løyvinga går til tiltak for å legge til rette for kompetanse- og kvalitetsutvikling i dei sosiale tenestene i kommunane. Størsteparten av midlane går til å dekke drift av Arbeids- og velferdsdirektoratets og Statsforvaltarens kompetanse- og kvalitetsutviklingstiltak retta mot kommunar og Nav-kontor, jf. kap. 621, post 63.
Arbeids- og velferdsdirektoratet er fagdirektoratet for kommunale sosiale tenester. Direktoratet skal gjennom kompetansehevande og tilretteleggande tiltak bidra til at kommunane varetar ansvaret sitt for dei sosiale tenestene på ein god måte.
Direktoratet samarbeider med statsforvaltarane om kompetanseutviklingstiltak for dei sosiale tenestene i Nav-kontora. Viktige innsatsområde i 2026 er tiltak som støttar opp under krava i lova om individuelle vurderingar, barne- og familieperspektivet, og at tenestene er godt tilgjengelege.
Direktoratet har ansvaret for å gjennomføre eit nytt program for å styrke og vidareutvikle førebyggande sosialt arbeid og heilskapleg førebyggande innsats lokalt, Program førebygging. Sjå omtale under punkt 6.9 Inkludering i samfunnet og gode levekår for dei mest vanskelegstilte. Statsforvaltarane bidrar i gjennomføringa av programmet.
Direktoratet skal i samarbeid med statsforvaltarane halde fram arbeidet med å auke kvaliteten og kompetansen i den økonomiske rådgivinga i Nav-kontora. Det blir bl.a. halde kurs, samlingar og faglege forum for økonomiske rådgivarar. Navs økonomi- og gjeldsrettleiingstelefon er eit landsdekkande lågterskeltilbod. Telefonen er drifta av Nav Kontaktsenter Nordland. Sjå òg omtale under kap. 621, post 63.
Direktoratet skal i samarbeid med statsforvaltarane gjennomføre tiltak for å auke kunnskapen om kvalifiseringsprogrammet og bidra til at alle som oppfyller vilkåra for å delta, får tilbod om program. Sjå omtale under punkt 6.9 Inkludering i samfunnet og gode levekår for dei mest vanskelegstilte. Nav fylke er ein viktig samarbeidspartnar i dette arbeidet.
Statsforvaltarane skal òg bidra til individuell tilpassing av tiltak i aktivitetsplikta for sosialhjelpsmottakarar under 30 år.
Arbeids- og velferdsdirektoratet deltar i samarbeidet om ei rekke tverrsektorielle strategiar og satsingar. Parallelt med kjernegruppa departementa har for å koordinere samarbeidet om utsette barn og unge, er det ein struktur på direktoratsnivå der 13 underliggande etatar inngår (etatssamarbeidet). Arbeids- og velferdsdirektoratet deltar i arbeidet. Statsforvaltaren skal vere ein pådrivar for samarbeid på tvers av sektorane og samordning av tenestene i kommunane, slik at utsette barn og unge og familiane deira får eit samordna tenestetilbod.
Budsjettforslag 2026
For 2026 er det foreslått ei løyving på 111,3 mill. kroner.
Post 63 Sosiale tenester og tiltak for vanskelegstilte, kan overførast
Løyvinga går til tilskot til kommunane for å utvikle dei sosiale tenestene i Nav-kontoret og prosjekt retta mot sosialt og økonomisk vanskelegstilte. Kommunane har gjennom sosialtenestelova ansvar for viktige fellesoppgåver for å sikre alle innbyggarar gode levekår.
Formålet med tilskotsordninga er å stimulere til utvikling av dei sosiale tenestene og tiltak i kommunane etter sosialtenestelova. Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer skal innbyggarane i kommunen oppleve høgare kvalitet i tenestene og ei betring i levekåra. Det overordna målet er å skape eit heilskapleg og samordna tenestetilbod tilpassa behovet til brukarane. Målgruppa er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, og andre som står i fare for å komme i ein vanskeleg livssituasjon. Tiltaka skal ta utgangspunkt i lokale utfordringar, sett i samanheng med måla for ordninga. I tråd med måla for ordninga kan det òg givast tilskot til lokale tiltak som inngår i nasjonale forsøk og satsingar.
Statsforvaltarane har sidan 2021 hatt vedtaksmyndigheit for tilskot til lokalt initierte tiltak innanfor tilskotsordninga. Tilskot til slike tiltak blir fordelte etter kunngjering og søknad, og søknadane blir skjønnsmessig vurderte og prioriterte ut frå måla for tilskotsordninga. Statsforvaltarane følger opp tiltak og tilbyr opplæring i prosjektleiing og fagnettverk. Det er i 2025 fordelt 136,5 mill. kroner til 173 lokale utviklingstiltak. Målgruppene for tiltaka er bl.a. unge med svak tilknyting til arbeidslivet, unge med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar, familiar med låginntekts- og levekårsproblem, flyktningar og innvandrarar i tillegg til langtidsmottakarar av sosialhjelp.
Arbeids- og velferdsdirektoratet har over tid jobba med kunnskapsbasert tenesteutvikling forankra i tilskotsforvaltninga. Målet er å heve kvaliteten i den lokale tenesteutviklinga og opparbeide eit systematisk nasjonalt kunnskapsgrunnlag. Direktoratet jobbar med å identifisere lovande tiltak og overføre desse til andre Nav-kontor samtidig som det blir gjennomført prosessevaluering. Rettleiarar, videoar og malar for innovasjonsstøtte til Nav-kontor er utvikla. Desse verktøya er inspirerte av tenestedesignmetodikk og praksisnær læring. Innovasjonsstøtta blir skreddersydd til behova Nav-kontora har i søknadsfasen, og til fasane etter at dei har fått tilskot.
Satsinga heng saman med andre kompetansetiltak i regi av Arbeids- og velferdsdirektoratet og statsforvaltarane.
Økonomi- og gjeldsrådgiving
Økonomisk rådgiving, irekna gjeldsrådgiving, er ein del av rettleiingsplikta som Nav-kontora har etter sosialtenestelova. Formålet med økonomisk rådgiving er å bidra til at enkeltpersonar og familiar med økonomiske problem og gjeldsbyrder får kontroll og styring over eigen økonomi. Tenesta har i utgangspunktet alle innbyggarane i kommunen som målgruppe, men er òg eit verkemiddel for å redusere behovet for økonomisk stønad.
Det er over fleire år sett iverk tiltak for å heve kvalitet og kompetanse og gjere tilbodet om økonomisk rådgiving meir tilgjengeleg for personar med økonomi- og gjeldsproblem. På oppdrag frå Arbeids- og velferdsdirektoratet har Oxford Research gjennomført ei undersøking av den økonomiske rådgivinga i Nav-kontora (rapport 2024/11). Sjå omtale i del I av oppfølginga av oppmodingsvedtak 794 frå 15. juni 2022. Rapporten dannar eit godt grunnlag for å vidareutvikle tenesta. Statsforvaltarane og Statens helsetilsyn gjennomfører i 2024 og 2025 eit landsomfattande tilsyn med korleis Nav-kontora forvaltar ansvaret for den økonomiske rådgivinga til personar i ein vanskeleg økonomisk situasjon.
Økonomisk rådgiving krev god og i enkelte tilfelle spesialisert kompetanse. Statsforvaltarane driv opplæring og kompetanseheving gjennom kurs, samlingar og faglege forum for tilsette i Nav-kontora som jobbar med økonomisk rådgiving. Fagleg materiell for dei tilsette og til bruk i undervisning blir jamleg oppdatert. Vidare er det oppretta ei rådgivings- og rettleiingsteneste der Nav-rettleiarar kan få støtte frå eit kompetansesenter for økonomi- og gjeldsrådgiving. Det finst òg tilbod om vidareutdanning i økonomisk rådgiving. Enkelte stader finst det interkommunale kompetansesenter som hjelper kommunane i økonomirådgivings- og gjeldssaker.
Det er sett i verk tiltak for å gjere den økonomiske rådgivinga meir tilgjengeleg. Navs økonomi- og gjeldsrettleiingstelefon har som formål å yte hjelp til sjølvhjelp. Telefonen er eit lågterskeltilbod og supplement til den personlege rådgivinga i Nav-kontora. Det er òg utvikla ein digital vegvisar for økonomisk rådgiving på nav.no.
Nærmare om nasjonale forsøk og satsingar
Midlar over denne posten blir òg nytta til oppfølging av ei rekke nasjonale forsøk og satsingar.
Staten bidrar med ein særskild innsats i enkelte område i storbyane med store levekårsutfordringar. Desse områda er ofte prega av dårlege bumiljø, av at folk bur trongt, av høg arbeidsløyse, ein relativt høg andel barn i familiar med låginntekt, ein høg andel med låg utdanning, stor innvandrarbefolkning, kriminalitet m.m. Mange står utanfor skole, arbeids- og samfunnsliv. Områdesatsingane skal forbetre tenester og nærmiljøkvalitetar der behova er størst, slik at fleire blir økonomisk sjølvstendige og aktivt deltakande i lokalsamfunn og storsamfunn. Det er sett av 5 mill. kroner til Groruddalssatsinga over denne posten og 4 mill. kroner til områdesatsinga i Oslo indre aust. Midlane går til kvalifisering til arbeid. Det er òg sett av 1 mill. kroner til områdesatsinga i Oslo sør. Desse midlane blir førte vidare i 2026. I tillegg blir områdesatsinga i Oslo styrkt med 5 mill. kroner i 2026. Midlane skal rettast mot aktivitetar som skal bidra til å kvalifisere vaksne arbeidssøkarar til faglærte stillingar.
Staten og Stavanger kommune inngjekk i 2017 eit langsiktig samarbeid om områderetta innsats i dei nordaustlege delane av Storhaug bydel. Eitt av satsingsområda er sosialt entreprenørskap for å skape nye vegar til velferd og arbeid. Kvart år sidan 2017 har det vore sett av 3 mill. kroner til dette formålet. 2024 var siste året. Sjå nærmare omtale av områdesatsingane i Prop. 1 S (2025–2026) for Kommunal- og distriktsdepartementet.
Arbeids- og velferdsdirektoratet har sette i gang eit arbeid med å utvikle betre lågterskeltilbod og meir tilpassa tenester for unge med samansette utfordringar. Utviklingsarbeidet skal bidra til at utsette unge er betre førebudd til arbeidslivet. Det består i å utarbeide og prøve ut lokale arbeidsretta lågterskeltilbod i utvalde kommunar, utvikle modellar for kvalifisering og inkludering på arbeidsplassen, og å utvikle samarbeid om å førebygge fråfall frå vidaregåande opplæring. Utviklingsarbeidet vil bli følgt opp gjennom ei følgjeevaluering.
Elleve Nav-kontor er i 2025 invitert til å utvikle og prøve ut eit arbeidsretta lågterskeltilbod i kommunal regi. Kommunane har søkt om og motteke tilskotsmidlar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet til dette tilbodet. Dei fleste lokale tilboda har lagt planar for oppstart i løpet av andre halvår 2025, mens to har lagt planar for oppstart 1. januar 2026. Det er oppretta eit nettverk for læring, hvor målet er utveksling av erfaringar og læring mellom Nav-kontora og mellom Arbeids- og velferdsdirektoratet og kontora. Utviklingsarbeidet vidareføras i 2026. Det er i 2026 sett av 33 mill. kroner til dette formålet.
Det er i 2026 også over denne posten sett av 4,5 mill. kroner til eit av dei andre innsatsområda; samarbeid med relevante aktørar lokalt om å førebygge fråfall i skulen, og om å tilbakeføre ungdom som har falle ut av vidaregåande opplæring.
Arbeids- og velferdsdirektoratet og Kriminalomsorgsdirektoratet har samarbeidd om å gjennomføre eit pilotprosjekt med mål om å teste ut velferdsobligasjonar som modell for å utvikle og finansiere nye tiltak for å førebygge tilbakefall til kriminalitet. Velferdsobligasjonar, eller effektkontraktar, som det òg blir kalla, er resultatbaserte avtalar mellom fleire partar, inkludert offentlege myndigheiter, investorar eller stiftingar og private eller ideelle tenesteleverandørar. Målet med modellen er å løyse sosiale problem på ein ny måte.
Det er gitt tilsegn om tilskot til å dekke delar av sluttoppgjeret for lokale prosjekt, eitt samarbeidsprosjekt mellom fire kommunar i Vestfold og Telemark og eitt prosjekt i Trøndelag. Prosjektet i Trøndelag blei avslutta i 2024, prosjektet i Vestfold og Telemark blir etter planen avslutta i 2025. Arbeids- og velferdsdirektoratet og Kriminalomsorgsdirektoratet utbetalte høsten 2024 midlar til dekning av deler av sluttoppgjeret for det lokale prosjektet til Trondheim kommune.
I 2022 fekk kommunane i Nav-kontora moglegheit til å søke om tilskot til lokale forsøk med effektkontraktar eller liknande modellar. Formålet er å prøve ut nye løysingar på sosiale problem og stimulere til meir samarbeid mellom kommunar/Nav-kontor og sosiale entreprenørar. Det er òg eit mål å få meir erfaring med bruk av effektkontraktar og liknande modellar for å finansiere og utvikle nye løysingar på sosiale problem. Forsøka blir utforma i tråd med lokale prioriteringar, og resultatkrava blir sette lokalt. Midlane skal nyttast til å dekke kostnader kommunen har til å greie ut og inngå avtalar og til å koordinere og følge opp forsøket. I tillegg er det mogleg å søke om eigne midlar til å koordinere erfaringsdeling mellom forsøka som får midlar. Det blir ikkje gitt tilskot til å dekke sluttoppgjer.
I 2022 blei det tildelt tilskot til fire Nav-kontor og oppretta eit læringsnettverk som bydel St. Hanshaugen leier, og som i tillegg består av Nav-kontora og KS. Tilskot blir primært gitt for eitt år frå oppstartdatoen, men det same forsøket kan få tilskot i inntil tre år. I 2024 har to Nav-kontor avslutta forsøket sitt. Midlane er førte videre i 2025, som er det siste året for utviklingsarbeidet.
Som del av Program for førebyggande sosialt arbeid og heilskapleg førebyggande innsats lokalt har tolv Nav-kontor søkt om tilskot til utvikling eller vidareutvikling av samarbeidet med frivillige organisajonar og sosiale entreprenørar for å førebygge utanforskap og sosial ekskludering i 2025. Det er tildelt totalt 23,7 mill. kroner til tolv Nav-kontor.
Som ei oppfølging av Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn vil regjeringa prøve ut ulike modellar for ei familiekoordinatorrolle i Nav-kontora. Det finst per i dag ingen spesifikk modell for ei slik koordinatorrolle. Det er behov for breiare innsikt i og kunnskap om bruken av og innhaldet i ei familiekoordinatorrolle i Nav-kontora. Sidan 2019 er det gitt tilskot til prosjekt som gjeld familiekoordinator. I tillegg er det gitt tilskotsmidlar til prosjekt som omhandlar oppfølging av barnefamiliar i arbeids- og velferdsforvaltninga. Arbeids- og velferdsdirektoratet vil i 2026 kartlegge innhaldet i og organiseringa av arbeidet i desse prosjekta og praksisen ved andre Nav-kontor. Tidlegare erfaringar med arbeidsmodellar som heilskapleg oppfølging av låginntektsfamiliar (HOLF) vil, saman med igangverande arbeid og eksisterande kunnskap, danne grunnlag for å vurdere eit framtidig heilskapleg rammeverk for oppfølging av barnefamiliar i Nav-kontora.
Som ledd i oppfølginga av handlingsplanen mot radikalisering og valdeleg ekstremisme kan midlar over denne posten gå til kompetanse- og utviklingstiltak og til prosjekt knytte til dei sosiale tenestene retta mot radikalisering og valdeleg ekstremisme.
Budsjettforslag 2026
For 2026 er det foreslått ei løyving på 207,5 mill. kroner.
Post 70 Frivillig arbeid, kan overførast
Løyvinga går til frivillige organisasjonar og private stiftingar som arbeider for vanskelegstilte. Desse fungerer som talerøyr for sosialt og økonomisk vanskelegstilte og utfører likemanns- og sjølvhjelpsarbeid. Enkelte organisasjonar tilbyr tenester og tiltak til målgruppa.
Over denne posten blir det gitt tilskot til Stiftelsen Kirkens Bymisjon, 2,73 mill. kroner til drift av Samarbeidsforum mot fattigdom og 11,4 mill. kroner til drift av Batteriet Oslo, Batteriet Sør, Batteriet Vest-Norge og Batteriet Midt-Norge. Det gis også 2,31 mill. kroner i tilskot til Stiftelsen Kirkens Bymisjon Nordland til drift av Batteriet Nord-Norge. I tillegg blir det gitt tilskot til Foreningen for sosialt arbeid over posten. Dette tilskotet utgjer 170 000 kroner.
Samarbeidsforum mot fattigdom består av ti landsdekkande brukar- og pårørandeorganisasjonar. Representantar frå samarbeidsforumet deltar på møte i Kontaktutvalet mellom regjeringa og representantar for sosialt og økonomisk vanskelegstilte. Det blei halde tre møte i Kontaktutvalet i 2024 og to møte i første halvår 2025.
Batteria er ressurssenter for frivillige organisasjonar og grupper som arbeider mot fattigdom og sosial ekskludering. Batteria skal legge til rette for at desse kan drive med interessepolitisk arbeid, bidra til auka brukarmedverknad og styrke moglegheitene for organisering, likepersonsarbeid, sjølvhjelp og politisk påverknadsarbeid. Batteriet Oslo er sekretariat for Samarbeidsforum mot fattigdom. Batteria er i kontakt med eit stort nettverk av organisasjonar lokalt.
Tilskot til brukarstyrte organisasjonar som arbeider mot fattigdom
Over denne posten blir det gitt tilskot til brukarstyrte organisasjonar som arbeider mot fattigdom. Målet med tilskotsordninga er å fremme eigenorganisering, sette organisasjonane i betre stand til å drive interessepolitisk arbeid og bidra til meir brukarmedverknad.
Tilskotsordninga er eksternt evaluert (Ideas2evidence Rapport 2:2019), og det blei fastsett eit nytt regelverk for ordninga i forskrift i 2021. Ifølge evalueringa bidrar tilskotet til meir robuste brukarorganisasjonar, til meir samarbeid mellom organisasjonane på feltet, og til eit mangfald i arbeidsmåtar og målgrupper. Det bidrar òg til aktivitetar innanfor eigenorganisering, sjølvhjelp, påverknad og inkluderingsarbeid som målgruppa opplever som meiningsfylt.
Tilskot blir fordelte etter kunngjering og søknad, og tilskotsbeløpa blir fastsette ut frå ei skjønnsmessig vurdering med utgangspunkt i verksemda og dei planlagde aktivitetane til organisasjonane. I 2025 er det gitt tilskot til 13 organisasjonar. Det er Arbeids- og velferdsdirektoratet som forvaltar tilskotsordninga. Tilskotet blir ført vidare i 2026.
Tilskot til humanitære tiltak retta mot EØS-borgarar
Over posten blir det òg gitt tilskot til frivillige organisasjonar og kommunar som tilbyr overnatting, sanitære tiltak og matutdeling til EØS-borgarar som kjem til Noreg for å tigge i kortare eller lengre periodar. Tilskotsordninga blei oppretta sommaren 2013, da talet på EØS-borgarar som kom til Noreg for å tigge, auka kraftig. Formålet med ordninga har vore å betre dei humanitære forholda for EØS-borgarar som kjem til Noreg utan eigne midlar og utan rett til offentlege ytingar. Frivillige og andre ideelle organisasjonar, kommunar og fylkeskommunar kan søke om tilskot. Det blir gitt tilskot til overnattingstilbod og sanitære tiltak, rådgivingstiltak m.m.
Tilskot blir fordelte etter kunngjering og søknad. I 2025 er det fordelt tilskot til 16 tiltak. Arbeids- og velferdsdirektoratet har forvalta tilskotsordninga sidan 2019.
Ifølge ei evaluering av tilskotsordninga i 2018 (NOVA Notat 2/2018) låg talet på tiggarar stabilt eller gjekk litt ned frå 2013 fram til tidspunktet for evalueringa. Tilskotsordninga blei etablert for å handtera ein plutseleg auke i talet på EØS-borgarar som kom til Noreg for å tigge. No har situasjonen i fleire år vore meir stabil og føreseieleg. Kommunane har betre føresetnader for å vurdere situasjonen lokalt når det gjeld behovet for overnatting og sanitære tiltak. Regjeringa foreslår derfor å avvikle tilskotet. For at kommunane og dei frivillige organisasjonane skal få tid til å tilpasse seg, blir tilskotet trappa ned over to år. Posten foreslås redusert med 10 mill. kroner i 2026.
Tilskot til aktivisering og arbeidstrening
Det blir over posten gitt tilskot til aktivisering og arbeidstrening for personar utan eller med lita tilknyting til arbeidsmarknaden. Formålet med tilskotsordninga er å gi sosialt og økonomisk vanskelegstilte eit tilbod om aktivisering og arbeidstrening som eit ledd i innsatsen for å gi alle moglegheit til å komme i arbeid og betre levekåra for dei vanskelegast stilte. Frivillige organisasjonar, foreiningar og stiftingar som arbeider for vanskelegstilte, kan søke om tilskot. Målgruppa er personar som står langt frå arbeidsmarknaden, og som i mange samanhengar er sosialt ekskluderte.
Tilskot blir fordelte etter kunngjering og søknad, og søknadene blir skjønnsmessig vurderte og prioriterte ut frå måla for tilskotsordninga. Arbeids- og velferdsdirektoratet forvaltar tilskotsordninga. I 2025 er det tildelt tilskot til totalt 88 prosjekt, irekna 23 nye prosjekt og 65 prosjekt som er sette i gang tidlegare år. Det blir gitt tilskot til eit breitt spekter av tiltak, frå sosial trening og kvardagsmeistring til arbeidsretta tiltak. Tilskotet blir ført vidare i 2026.
Tilskotsordninga er evaluert eksternt (Proba-rapport nr. 2021-12). Ifølge evalueringa bidrar tiltaka til inkludering av målgruppene gjennom fleksible løysingar som er tilpassa deltakarane. Mange av organisasjonane har utvikla ein eigen arbeidsmåte basert på erfaringar frå arbeid med målgruppa, framfor å følge ein formell metodikk. Tilbodet i regi av dei frivillige organisasjonane bidrar til eit mangfald i tilbodet til målgruppene, og i enkelte tilfelle til å dekke hol i det offentlege tenestetilbodet.
Departementet legg opp til enkelte endringar i tilskotsordninga, og at ordninga blir forskriftsfesta. Forslag til ny forskrift om tilskot til lågterskel arbeidsretta aktivitetar i regi av frivillige organisasjonar har vore på høyring. For å betre føresetnadene for vidare drift etter tilskotsperioden vil departementet forsterke kravet til samarbeid med kommunen og/eller Nav-kontoret. Forvaltninga av tilskotsordninga blir lagd til Arbeids- og velferdsetaten. Forskrifta vil føre vidare hovudinnhaldet i dagens regelverk når det gjeld mål, målgrupper, og kven og kva typar tiltak det blir gitt tilskot til. Det blir teke sikte på at forskrifta trer i kraft i 2026.
Tilskot til sosialt entreprenørskap
Det blir over posten gitt tilskot som skal stimulere til utvikling av sosialt entreprenørskap, og tilskot til sosiale entreprenørar som rettar verksemda si mot å motverke fattigdom og sosial ekskludering. Formålet med tilskotsordninga er òg å bidra til at eigenorganiserte som har erfart fattigdom og sosial ekskludering, blir stimulerte til å utvikle sosialt entreprenørskap. Verksemder som oppfyller dei formelle krava fastsett i regelverket, og som jobbar i tråd med formålet for ordninga, kan søke om tilskot. Målgruppa er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som enten opplever eller står i fare for å oppleve fattigdom og sosial ekskludering. Det er òg mogleg å søke om utviklingstilskot innanfor ordninga. Utviklingstilskotet skal stimulere til at søkarar som er eller vil bli sosiale entreprenørar på fattigdomsfeltet, utviklar gode idear og forretningsmodellar.
Tilskot blir fordelte etter kunngjering og søknad, og søknadene blir skjønnsmessig vurderte og prioriterte ut frå måla for tilskotsordninga. Arbeids- og velferdsdirektoratet forvaltar tilskotsordninga. I 2025 har tolv aktørar fått tilskot gjennom ordninga. Personar med rusproblem, tidlegare innsette og personar med innvandrar- eller flyktningbakgrunn er i målgruppa for fleire av aktørane. Tilskotet blir ført vidare i 2026. Departementet vil saman med Arbeids- og velferdsdirektoratet vurdere nærmare korleis tilskotet bør innrettast framover.
Budsjettforslag 2026
Regjeringa foreslår å redusere posten med 10 mill. kroner i 2026 som følge av forslaget om å avvikle tilskotet til humanitære tiltak retta mot EØS-borgarar.
Regjeringa vil opprette ei tverrsektoriell tilskotsordning til kommunar for førebyggande tiltak for barn og unge. Til dette formålet blir det foreslått å overføre 4 mill. kroner frå kap. 621, post 70 til kap. 846, post 63. Sjå nærmare omtale under punkt 6.9 Inkludering i samfunnet og gode levekår for dei mest utsette, og i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 107,6 mill. kroner.
Post 74 Tilskot til pensjonistorganisasjonar m.m.
Tilskotsordninga skal gi økonomiske bidrag til drifta av pensjonistorganisasjonar og til det eldrepolitiske arbeidet deira. Ordninga er regulert i ei eiga forskrift. Målgruppa for tilskotsordninga er landsdekkande pensjonistorganisasjonar som har som formål å fremme eldrepolitiske interesser, irekna dei sosiale, økonomiske, helsemessige og kulturelle interessene til pensjonistar.
Pensjonistorganisasjonar uttrykker store ambisjonar om å vere ein aktør som tar ansvar for korleis samfunnet skal utvikle seg slik at alder ikkje står i vegen for gode, aktive og verdige liv. Regjeringa ønsker eit meir aldersvennleg samfunn og aktive eldre. Det er viktig at regjeringa nyttiggjer seg kompetansen organisasjonane har når det gjeld behova til eldrebefolkninga, og at verkemidla kan innrettast best mogleg. Derfor stod det i Hurdalsplattforma at regjeringa vil gi pensjonistorganisasjonar forhandlingsrett på andre område enn reguleringa av pensjonane og dermed gjere det mogleg for dei å drøfte viktige spørsmål i eldrepolitikken. Som ei oppfølging av dette er det inngått ein avtale med pensjonist- og arbeidstakarorganisasjonar om at det skal haldast fire årlege møte mellom representantar frå regjeringa og organisasjonane om dei årlege statsbudsjetta, leidde av arbeids- og inkluderingsministeren. Sjå nærmare omtale under punkt 6.8 Gode og føreseielege pensjonar for dagens og framtidige generasjonar.
Tilskotet til pensjonistorganisasjonar m.m. er sentral for at desse organisasjonane bl.a. skal kunne vere i stand til å gi innspel til eldrepolitikken. Det er innvilga tilskot til ni organisasjonar i 2025, fordelt forholdsmessig etter talet på medlemmer.
Arbeids- og velferdsdirektoratet forvaltar tilskotsordninga.
Budsjettforslag 2026
For 2026 er det foreslått ei løyving på 17,1 mill. kroner.
Programkategori 09.30 Arbeidsmarknad
Utgifter under programkategori 09.30 fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
634 |
Arbeidsmarknadstiltak |
11 207 737 |
11 618 590 |
12 545 715 |
8,0 |
|
635 |
Ventelønn |
687 |
100 |
-100,0 |
|
|
Sum kategori 09.30 |
11 208 424 |
11 618 690 |
12 545 715 |
8,0 |
Utgifter under programkategori 09.30 fordelte på postgrupper
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Post-gr. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
01–29 |
Statens eigne driftsutgifter |
610 646 |
755 815 |
836 845 |
10,7 |
|
50–89 |
Overføringar til andre |
10 597 778 |
10 862 875 |
11 708 870 |
7,8 |
|
Sum kategori 09.30 |
11 208 424 |
11 618 690 |
12 545 715 |
8,0 |
Kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Driftsutgifter |
575 555 |
703 815 |
783 077 |
|
21 |
Forsøk med tilrettelagd vidaregåande opplæring, kan overførast |
34 404 |
51 900 |
53 768 |
|
70 |
Forsøk med ungdomsprogramytelse, kan overførast |
209 000 |
||
|
75 |
Varig lønnstilskot, kan overførast |
1 048 000 |
||
|
76 |
Tiltak for arbeidssøkarar, kan overførast |
8 311 577 |
8 384 615 |
7 768 541 |
|
77 |
Varig tilrettelagt arbeid, kan overførast |
2 053 053 |
2 222 085 |
2 388 174 |
|
78 |
Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser |
108 508 |
114 170 |
138 280 |
|
79 |
Funksjonsassistanse i arbeidslivet, kan overførast |
124 640 |
142 005 |
156 875 |
|
Sum kap. 634 |
11 207 737 |
11 618 590 |
12 545 715 |
-
Overført frå 2024 til 2025:
-
Post 01: 12 473 000 (gjeld lønnsoppgjeret 2024, som først blei utbetalt i 2025)
-
Post 21: 12 000 000 kroner
Allmenn omtale
Arbeids- og velferdsetaten rettleier og følger opp jobbsøkarar, kartlegg kva behov den enkelte har for bistand, og gir informasjon om arbeidsmarknaden, jf. nærmare omtale av den arbeidsretta innsatsen til etaten under kap. 605. Dersom det er behov for meir omfattande bistand, kan Arbeids- og velferdsetaten tilby arbeidsmarknadstiltak.
Målet med dei fleste arbeidsmarknadstiltaka er å sette tiltaksdeltakarane i betre stand til å skaffe seg eller behalde arbeid. Tiltaka kan òg nyttast for å avklare arbeidsevne eller gi eit meiningsfullt arbeid til personar som har vanskar med å få arbeid på ordinære lønns- og arbeidsvilkår. Personar som ikkje har rett til andre ytingar frå arbeids- og velferdsforvaltninga, kan få tiltakspengar når dei deltar i arbeidsmarknadstiltak.
Boks 6.4 Arbeidsmarknadstiltak
Avklaring – Formålet med tiltaket er å kartlegge og vurdere arbeidsevna til ein person og kva spesifikke behov personen eventuelt har for hjelp til å komme i eller behalde arbeid når behovsvurderinga som Arbeids- og velferdsetaten gjer, ikkje er tilstrekkeleg.
Oppfølging – Tiltaket skal styrke moglegheitene deltakarane har for å få eller behalde arbeid. Oppfølginga kan gjennomførast av eksterne leverandørar og i Arbeids- og velferdsetatens eigenregi. Arbeids- og velferdsetatens oppfølgingstiltak i eigenregi består av arbeid med støtte, individuell jobbstøtte (IPS) og ungdomsgaranti.
Mentor – Tiltaket skal gi deltakarane nødvendig hjelp til å kunne gjennomføre arbeidsmarknadstiltak eller få eller behalde lønt arbeid i ei ordinær verksemd. Mentoren kan gi praktisk bistand, rettleiing og opplæring i arbeidsrelaterte ferdigheiter tilpassa behova til kvar enkelt deltakar.
Arbeidstrening – Tiltaket skal prøve ut kva moglegheiter ein person har på arbeidsmarknaden, gi relevant arbeidserfaring og bidra til å styrke moglegheitene til å få arbeid. Tiltaksdeltakaren får tilrettelagd arbeidstrening i ordinært arbeidsliv. Personar med nedsett arbeidsevne som har behov for arbeidstrening i eit tilrettelagt arbeidsmiljø før arbeidstrening eller opplæring i ordinært arbeidsliv, kan få tilbod om arbeidsførebuande trening.
Opplæring – Tiltaket skal bidra til at arbeidssøkarar blir kvalifiserte til ledige jobbar. Opplæringa kan dei få på kortvarige kurs som vanlegvis skal gi dokumentert kompetanse i form av offentlege prøvebevis, sertifikat e.l. Opplæringa kan òg bli gitt som norskopplæring, kurs i grunnleggande ferdigheiter og førebuande opplæring for vaksne. Vidare kan tiltaket bestå av fag frå utdanningsprogrammet studiespesialisering, fag- og yrkesopplæring på vidaregåande nivå, høgare yrkesfagleg utdanning eller høgare utdanning.
Arbeidsretta rehabilitering – Tiltaket skal bidra til meistring av helserelaterte og sosiale problem som kan vere til hinder for deltaking i arbeidslivet.
Inkluderingstilskot – Tilskotet skal kompensere for tilleggskostnader arbeidsgivarar har i forbindelse med tilrettelegging av arbeidsplassen for personar med behov for arbeidsretta bistand frå Arbeids- og velferdsetaten.
Tilskot til sommarjobb – Tilskotet kan givast til arbeidsgivarar som tilbyr sommarjobb til personar under 30 år med behov for arbeidsretta bistand frå Arbeids- og velferdsetaten.
Midlertidig lønnstilskot – Tilskotet kan givast til arbeidsgivarar for å bidra til at personar kan bli fast tilsette i ordinære verksemder, og for å hindre utstøyting av personar som står i fare for å falle ut av arbeidslivet.
Varig lønnstilskot – Tiltaket skal bidra til at personar med varig og vesentleg nedsett arbeidsevne kan skaffe seg eller behalde ordinært arbeid, og bidra til å motverke overgang til uføretrygd.
Arbeids- og utdanningsreiser – Tiltaket – ei pengestøtte til transportutgifter – skal bidra til at personar som har vanskar med å flytte på seg på grunn av nedsett funksjonsevne, kan vere i ordinært arbeid eller gjennomføre arbeidsretta utdanning.
Funksjonsassistanse i arbeidslivet – Tiltaket er retta mot yrkesaktive personar som har omfattande fysiske funksjonsnedsettingar, og til blinde og sterkt svaksynte. Ordninga inneber at dei får ein lønt assistent som hjelper til med praktiske formål i arbeidssituasjonen.
Varig tilrettelagt arbeid – Tiltaket blir arrangert i førehandsgodkjente verksemder eller ordinære verksemder for personar som får, eller i nær framtid er venta å få, innvilga uføretrygd, og som har behov for spesiell tilrettelegging og tett oppfølging. Tiltaket er utan tidsavgrensing.
Arbeidsmarknadstiltak skal tildelast etter ei individuell vurdering av kva slags arbeidsretta bistand den enkelte treng. Dei fleste som blir arbeidsledige, kjem raskt i arbeid igjen utan annan bistand frå Arbeids- og velferdsetaten enn bruk av sjølvbetente løysingar. For ledige blir derfor arbeidsmarknadstiltak vanlegvis først vurderte etter ei tid med jobbsøking i kombinasjon med oppfølging frå ein Nav-rettleiar. Sjølv om talet på ledige som treng bistand er lågare i periodar med låg arbeidsløyse, vil andelen av dei ledige med eit slikt behov typisk vere høgare. I 2024 hadde om lag åtte av ti deltakarar i arbeidsmarknadstiltak nedsett arbeidsevne. Dei er vurderte til å ha eit meir omfattande behov for bistand for å komme i arbeid enn arbeidsledige har. Arbeidsmarknadstiltak er derfor eit viktig verkemiddel for å auke arbeidsstyrken på tvers av konjunkturane.
Arbeidsmarknadstiltaka arbeidsretta rehabilitering, avklaring og oppfølging blir kjøpte etter regelverket for offentlege anskaffingar. Oppfølging kan òg skje i Arbeids- og velferdsetatens eigenregi. I oppfølgingstiltaket individuell jobbstøtte (IPS) samarbeider etaten med helse- og omsorgstenesta. Opplæring blir gjennomført i det ordinære utdanningssystemet eller kjøpt etter regelverket for offentlege anskaffingar. Vidare blir det for fleire arbeidsmarknadstiltak gitt direkte tilskot til arbeidsgivarar og leverandørar av tenester til enkeltpersonar. Dei direkte tilskota til arbeidsgivarar for tiltaka varig lønnstilskot, inkluderingstilskot og mentor blir utforma og tildelte på individuelt grunnlag som kompensasjon for nedsett produktivitet eller tilretteleggingskostnader. For tiltaket midlertidig lønnstilskot er det faste satsar. For tiltaka varig tilrettelagt arbeid (VTA) og arbeidsførebuande trening (AFT) er tilskota standardiserte per tiltaksplass, og tiltaksarrangørane er førehandsgodkjent av Arbeids- og velferdsetaten.
Etter arbeidsmarknadslova skal arbeidsmarknadstiltak som hovudregel gjennomførast i Noreg. Det er gjort eit forsøk med avklaring og arbeidsutprøving på skip frå 2021 til 2025. På bakgrunn av dei gode erfaringane frå forsøket blei moglegheita til å gjennomføre arbeidsmarknadstiltak på norskregistrerte skip og fartøy utanfor landegrensene tatt inn i tiltaksforskrifta frå januar 2025. Det opnar for at arbeidsmarknadstiltak òg kan gjennomførast på andre norskregistrerte transportmiddel som jamleg kryssar landegrensene.
Arbeidsmarknadstiltaka er rammefinansierte, og utgiftene fordeler seg på ulike postar under kap. 634 Arbeidsmarknadstiltak. Post 01 Driftsutgifter inneheld utgifter til Arbeids- og velferdsetatens oppfølgingstenester i eigenregi, med unntak av rettleiarar til ungdomsgarantien som er finansierte over kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten, post 01 Driftsutgifter. Post 21 Spesielle driftsutgifter inneheld ei finansieringsordning for å støtte opp under tilrettelagd vidaregåande opplæring. Hovudvekta av arbeidsmarknadstiltaka, og utgifter til tiltakspengar, blir budsjetterte under post 76 Tiltak for arbeidssøkarar. Tiltaket varig tilrettelagt arbeid blir budsjettert under post 77 Varig tilrettelagt arbeid. Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser blir budsjetterte under post 78. Post 79 inneheld utgifter til funksjonsassistanse i arbeidslivet.
I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2025 blei det oppretta ein ny post under kap. 634, post 70 Forsøk med ungdomsprogramyting, for å starte opp forsøket med arbeidsretta ungdoms-program. Regjeringa foreslår at posten blir vidareført i 2026. I tillegg foreslår regjeringa å opprette ein eigen budsjettpost for varig lønnstilskot, sjå nærmare omtale under kap. 634, post 75.
Rapport og utvikling
Gjennomføring av arbeidsmarknadstiltak
Tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at det blei gjennomført om lag 65 000 tiltaksplassar per månad i gjennomsnitt i 2024 under kap. 634, post 01 Driftsutgifter og post 76 Tiltak for arbeidssøkarar. Samanlikna med 2023 er det ein oppgang på om lag 8 100 plassar i gjennomsnitt per månad. Det samla talet på plassar i 2024 fordelte seg med om lag 15 100 plassar retta mot ledige og 49 900 plassar til personar med nedsett arbeidsevne. I tillegg kjem tiltaksplassar i varig tilrettelagt arbeid, som er omtalte i eit eige avsnitt nedanfor.
I 2024 var det eit meirforbruk på post 76 Tiltak for arbeidssøkarar på 315 mill. kroner. Årsaka til meiforbruket var eit for høgt aktivitetsnivå i siste halvdel av 2024 og at meir av aktiviteten blei betalt i 2024 og ikkje i 2025, enn opphavleg lagt til grunn. Det sistnemnde kjem av at Arbeids- og velferdsetaten hadde innført ei ny refusjonsløysing for lønnstilskot, som innebar at tilskotet blei utbetalt raskare til arbeidsgivarar enn tidlegare. Det blei justert for dette ifm. Revidert nasjonalbudsjett 2025.
Det har vore høgt aktivitetsnivå på arbeidsmarknadstiltak i første halvår 2025. I gjennomsnitt har det blitt gjennomført i underkant av 62 900 tiltaksplassar per månad for tiltak finansiert under post 76. Det er om lag 6 000 fleire plassar samanlikna med same periode i 2024. For at Arbeids- og velferdsetaten skal halde seg innanfor vedteken budsjettramme, må etaten redusere aktivitetsnivået frå første til andre halvår i 2025.
Under kap. 634, post 01 Driftsutgifter og post 76 Tiltak for arbeidssøkarar har det til saman blitt gjennomført i underkant av 72 400 plassar i gjennomsnitt per månad i første halvår 2025. Av desse var om lag 18 900 plassar for ledige og om lag 53 500 plassar for personar med nedsett arbeidsevne. I første halvår 2025 deltok i gjennomsnitt 6 900 ukrainere i eit arbeidsmarknadstiltak per månad. Det er omtrent 2 200 fleire enn årsgjennomsnittet for 2024.
Dei to mest brukte arbeidsmarknadstiltaka i 2024 under post 76 var oppfølging og arbeidsførebuande trening. Desse utgjorde til saman om lag 25 pst. av tiltaksplassane. Dei to tiltaka som utgjorde størst andel av utgiftene i kroner under post 76 i 2024, var arbeidsførebuande trening og midlertidig lønnstilskot, med andelar på rundt 23 og 21 pst. kvar av totale kostnadar.
Samanlikna med 2023 var det ein auke i bruken av midlertidig lønnstilskot på om lag 2 300 plassar i gjennomsnitt per månad i 2024. Andelen tiltaksplassar som gjekk til midlertidig lønnstilskot auka frå om lag 9 pst. til om lag 12 pst. i same periode. I første halvår 2025 var det i gjennomsnitt rundt 8 300 deltakarar på midlertidig lønnstilskot, rundt 1 100 fleire deltakarar enn i første halvår 2024.
Formell opplæring gjennom opplæringstiltaket har vore tydelegare vektlagt dei siste åra, særleg fag- og yrkesopplæring. I 2024 blei det gjennomført om lag 5 000 plassar innan fag- og yrkesopplæring på vidaregåande skole-nivå eller høgare yrkesfagleg utdanning mot 4 700 plassar i 2023.
Oppfølgingstiltaket individuell jobbstøtte (IPS) og forsøket med IPS ung er styrkt dei siste åra. Det inneber at fleire med moderate til alvorlege psykiske lidingar og/eller rusmiddelproblem får tilbod om samtidig helsemessig og arbeidsretta oppfølging. Totalt har deltakartalet i IPS og IPS ung auka frå om lag 350 deltakarar i gjennomsnitt i 2018 til nær 4 500 deltakarar i snitt per august 2025. Frå inngangen til 2025 til utgangen av juni månad har talet på deltakarar under 30 år falle noko, frå 2 400 til om lag 2 300.
Kvalifiseringsprogrammet rettar seg mot personar som har vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne, og som ikkje har ytingar frå folketrygda eller berre har svært avgrensa ytingar frå folketrygda. Arbeidsmarknadstiltak i statleg eller kommunal regi inngår som viktige element i programmet. Ved utgangen av 2024 deltok 56 pst. av deltakarane i kvalifiseringsprogrammet berre i statlege tiltak. 14 pst. av deltakarane deltok i både statlege og kommunale tiltak, mens 31 pst. deltok i berre kommunale tiltak.
Unge, langtidsledige og innvandrarar frå land utanfor EØS er særleg utsette i arbeidsmarknaden, og deltar oftare i arbeidsmarknadstiltak enn andre. Blant innvandrarar frå land utanfor EØS, arbeidssøkarar under 30 år og langtidsarbeidssøkarar25 deltok hhv. 23 pst., 18 pst. og 22 pst. på arbeidsmarknadstiltak i 2024, mot 15 pst. blant arbeidssøkarar sett under eitt. I gruppa personar med nedsett arbeidsevne var andelane på tiltak for innvandrarar utanfor EØS-området og unge under 30 år hhv. 23 pst. og 41 pst. i 2024, samanlikna med 28 pst. for personar med nedsett arbeidsevne samla sett.
Varig tilrettelagt arbeid
Det blei gjennomført om lag 13 500 plassar i gjennomsnitt per månad i varig tilrettelagt arbeid (VTA) i 2024, noko som er om lag 1 400 fleire plassar enn i 2021.
I første halvår 2025 blei det gjennomført om lag 14 000 plassar i gjennomsnitt per månad, av desse var om lag 9 900 plassar i førehandsgodkjente verksemder og om lag 4 100 plassar i ordinær verksemd.
I juni 2025 utgjorde plassar i ordinær verksemd 29,2 pst. av alle plassane i VTA, noko som er ein auke på 0,7 prosentpoeng samanlikna med andelen som gjennomsnitt for juni 2024.
Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser
I 2024 var det i gjennomsnitt om lag 940 personar som fekk tilskot til arbeids- og utdanningsreiser. Nivået har auka til i overkant av 1 000 i personar i gjennomsnitt per månad første halvår 2025. Arbeids- og utdanningsreiser kan givast til personar som er i ordinært lønt arbeid, irekna dei med varig eller midlertidig lønnstilskot, eller som er i arbeidsretta utdanning.
Funksjonsassistanse i arbeidslivet
I 2024 var det i gjennomsnitt om lag 380 personar som fekk tiltaket funksjonsassistanse i arbeidslivet. Gjennomsnittleg tal på mottakarar i første halvår 2025 er på om lag same nivå.
Utvikling, kvalitet, resultat
For å betre bruken av arbeidsmarknadstiltaka er det sentralt å vidareutvikle kunnskapen om kva som er god tiltaksbruk. Arbeids- og velferdsdirektoratet formidlar resultat frå evalueringar og analysar av arbeidsmarknadstiltak til rettleiarane i Nav-kontoret, slik at dei kan bruke denne kunnskapen når dei vel tiltak. Arbeids- og velferdsetaten stiller krav til kvalitet og resultat av arbeidsmarknadstiltaka og følger opp dette overfor tiltaksleverandørane.
Ved samanlikning av ulike evalueringar og analysar er det viktig å understreke at det blir nytta ulike utval, metodar og føresetnadar. Det er derfor viktig å søke eit breitt kunnskapsgrunnlag. Det er òg viktig å hugse på at alle som er registrerte hos Arbeids- og velferdsetaten er forskjellige individ med ulike behov. Det inneber at tiltak som er relativt lite lønnsame på gruppenivå, kan vere lønnsame og effektive for den enkelte brukaren.
Arbeidsmarknadstiltak kan ha mange ulike effektar både på individnivå og på arbeidsmarknaden. Tiltaka har heller ikkje berre direkte verknader for deltakarane, men kan òg påverke andre arbeidssøkarar og måten arbeidsmarknaden fungerer på meir generelt. Arbeids- og inkluderingsdepartementet jobbar saman med Arbeids- og velferdsdirektoratet om å utvikle denne kunnskapen.
Regjeringa ønsker ei raskare og meir stabil tilknyting til arbeidslivet for fleire gjennom meir effektiv og kunnskapsbasert bruk av arbeidsmarknadstiltak. Oslo Economics, Proba samfunnsanalyse og Frischsenteret gjennomførte ein områdegjennomgang av arbeidsmarknadstiltaka i 2023.26 Dei utarbeidde 16 tilrådingar for betre bruk av tiltak. Områdegjennomgangen gir kunnskap om effektar av arbeidsmarknadstiltak og korleis tiltaka blir brukte. Gjennomgangen peiker på kunnskapshol og barrierar for å ta kunnskap i bruk på Nav-kontora, og kjem med forslag til korleis arbeids- og velferdsforvaltninga kan forbetre ressursbruken på arbeidsmarknadstiltak. Tilrådingane blei grundig drøfta i arbeidsmarknadsmeldinga, sjå Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje. Fleire av tilrådingane er allereie følgde opp, mens andre krev meir tid og utvikling – særleg dei som handlar om større endringar i IKT-systema. Samla sett gav områdegjennomgangen eit godt grunnlag for den vidare utviklinga av arbeidsmarknadstiltaka.
Funn frå områdegjennomgangen av arbeidsmarknadstiltaka tilseier at fleire av arbeidsmarknadstiltaka framstår som samfunnsøkonomisk lønnsame.27 Midlertidig lønnstilskot og utdanning kjem best ut. På oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet leverte Oslo Economics og Frischsenteret ei overordna effektevaluering av arbeidsmarknadstiltaka våren 2024. Evalueringa finner at dei fleste arbeidsmarknadstiltaka har netto samfunnsøkonomisk nytte.28 Som for områdegjennomgangen er det likevel midlertidig lønnstilskot som skil seg ut som det mest samfunnsøkonomiske arbeidsmarknadstiltaket. Sjå nærmare omtale av effektevalueringa og områdegjennomgangen av arbeidsmarknadstiltaka i Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje.
I ein artikkel frå 2025 har Frischsenteret og Proba samfunnsanalyse evaluert effektar av arbeidsmarknadstiltak for personar med nedsett arbeidsevne.29 Forskarane finn at tiltaka verkar innelåsande mens dei er i gang, men at desse effektane blir meir enn kompensert av auka overgang til jobb etter at tiltaka er avslutta. Ifølge forskarane inneber resultata truleg at gevinstane i form av auka arbeidsinntekt for deltakarane langt overstig kostnadene ved å gjennomføre tiltaka, slik at tiltaka framstår som samfunnsøkonomisk lønnsame.
I løpet av dei siste åra er fleire enkelttiltak evaluerte. Desse vil danne grunnlag for vidareutvikling av arbeidsmarknadstiltaka.
I 2023 gjennomførte bl.a. Oslo Economics ei kvalitativ undersøking av arbeidsmarknadstiltaket arbeidstrening, mens dei gjennomførte ei effektevaluering av tiltaket i 2024.30 Evalueringa indikerer at arbeidstrening gir positive effektar på overgang til arbeid. Vidare har Proba samfunnsanalyse gjennomført ei evaluering av varig lønnstilskot i 2023.31 Eit hovudfunn frå denne evalueringa er at varig lønnstilskot framstår som klart samfunnsøkonomisk lønnsamt. Samtidig blir det peikt på behov for å betre kvaliteten på forvaltninga av tiltaket.
Eit anna tiltak som blei evaluert i 2023, er arbeidsførebuande trening.32 Frischsenteret og Proba samfunnsanalyse, som utførte evalueringa, konkluderer med at arbeidsførebuande trening har positiv effekt på overgang til arbeid og utdanning. Dei siste studiane av tiltaket viser likevel nokre forskjellige resultat og funn.33 I Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje blei det varsla moglege endringar som kan auke nytta av arbeidsførebuande trening. Regjeringa følger no opp endringsforslaga. Endringane inneber sterkare vektlegging på arbeidsutprøving i ordinært arbeidsliv, betre moglegheiter til å gjennomføre formell opplæring mens ein deltar i tiltaket og moglegheit til å gi oppfølging i arbeidsførebuande trening etter at deltakaren har fått lønt arbeid, og ved oppstart av opplæring i bedrift som lærling eller lærekandidat. I tillegg er tilskotsordninga endra slik at ho legg betre til rette for deltaking på deltid og i kombinasjon med andre tiltak. Forskriftsendringane vil tre i kraft 1. januar 2026.
I 2025 tar Arbeids- og velferdsdirektoratet i bruk den nye indikatoren for overgang til arbeid. Den nye indikatoren, som er utvikla saman med Oslo Economics og Frischsenteret34, gir eit betre bilde av korleis innsatsen til forvaltninga påverkar vegen mot arbeid for brukarane, enn det rein statistikk over overgang til arbeid gjer. Indikatoren skal bidra til læring, utvikling og betre avgjerder i Nav-kontora. Sjå nærmare omtale under programkategori 09.10 Administrasjon av arbeids- og velferdspolitikken.
I Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje varsla regjeringa to forsøk med lønnstilskot for å legge til rette for auka bruk av arbeidsmarknadstiltak i ordinært arbeidsliv. For unge som står langt frå arbeidsmarknaden kan det vere behov for eit arbeidsmarknadstiltak som gir føreseielege rammar både for dei unge og for arbeidsgivarane over ein lengre periode. Regjeringa vil sette i gang eit forsøk med fireårig lønnstilskot for unge som står i fare for å bli uføretrygda, eller som allereie er uføretrygda. Forslaget blei sendt på høyring 5. september 2025.
Ein nasjonal intensjonsavtale om rekruttering gjennom inkludering til kommunale helse- og omsorgstenester mellom staten ved Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, KS og arbeidstakarorganisasjonane for perioden 2025–2030 blei inngått i august 2025. I forbindelse med førebuingane av avtalen blei KS og Arbeids- og inkluderingsdepartementet einige om at det varsla forsøket med auka bruk av lønnstilskot i utvalde kommunar ikkje ville vere hensiktsmessig å gjennomføre samtidig med rekrutteringsprogrammet.
Budsjettforslag 2026
I 2024 stod om lag 630 000 personar i alderen 20–66 år utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak, ifølge tal frå SSB. Talet på personar registrert med nedsett arbeidsevne har auka sidan 2019, og utgjer i gjennomsnitt 239 000 personar per august 2025. Dette er personar som Arbeids- og velferdsetaten har konkludert med at har behov for betydeleg oppfølging og støtte for å skaffe eller behalde arbeid. Talet på registrerte med nedsett arbeidsevne har auka trass i at arbeidsløysa har vore låg dei siste åra. Deira moglegheiter til å komme i jobb blir i mindre grad påverka av dei økonomiske konjunkturane enn det som gjeld for andre arbeidssøkarar. Det er heller andre forhold som svake kvalifikasjonar, lågt utdanningsnivå eller helseproblem, som utgjer barrierane.
Regjeringa foreslår at løyvinga til arbeidsmarknadstiltak, inkludert personellressursar i etaten, blir styrkt med 135 mill. kroner i 2026 samanlikna med Saldert budsjett 2025.
Varig tilrettelagt arbeid, inkludert personellressursar i etaten, foreslår regjeringa å styrke med 77,3 mill. kroner samanlikna med Saldert budsjett 2025. Vidare foreslår regjeringa å auke løyvinga til funksjonsassistanse i arbeidslivet med 10 mill. kroner samanlikna med Saldert budsjett 2025.
Løyvinga til tilskot til arbeids- og utdanningsreiser blei auka med 16 mill. kroner i behandlinga av Revidert nasjonalbudsjett 2025. Regjeringa foreslår at løyvinga blir styrkt ytterlegare med 4 mill. kroner i 2026.
Regjeringa foreslår å bruke i alt 172 mill. kroner på forsøk med ungdomsprogram i 2026, medrekna innsparingar over andre ytingar. Det vil gi rom for om lag 1 100 deltakarar i forsøket i gjennomsnitt per månad.
Berekningsteknisk gir løyvinga under kap. 634, post 01 Driftsutgifter, post 75 Varig lønnstilskot og post 76 Tiltak for arbeidssøkarar, rom for å gjennomføre om lag 67 000 plassar i 2026. Det er 1 100 fleire tiltaksplassar enn berekna nivå for 2025.
Kva tiltakstypar som bør veljast, kjem an på kva som er mest hensiktsmessig for den enkelte. Prisane på tiltaka varierer. I tillegg kan samansettinga av arbeidssøkarane og behova deira vise seg å avvike frå det som er lagt til grunn for årets budsjett. Det realiserte tiltaksnivået vil derfor avvike frå det som berekningsteknisk er lagt til grunn for løyvinga.
Berekningsteknisk gir løyvinga under kap. 634, post 77 Varig tilrettelagt arbeid rom for å gjennomføre om lag 14 500 plassar i 2026.
Budsjettforslaget blir omtalt nærmare nedanfor under dei enkelte postane.
Post 01 Driftsutgifter
Oppfølgingstenester i Arbeids- og velferdsetatens eigenregi omfattar arbeid med støtte og individuell jobbstøtte (IPS) og er heimla i forskrift om oppfølgingstiltak i Arbeids- og velferdsetatens egenregi.
Ein jobbspesialist utfører oppfølginga. I forbindelse med individuell jobbstøtte samarbeider jobbspesialisten og helsetenesta for å hjelpe personar med moderate til alvorlege psykiske lidingar og/eller rusproblem ut i arbeid.
IPS ung er eit forsøk retta mot personar under 30 år med samansette psykiske problem og/eller rusutfordringar. Målet er at fleire i målgruppa får arbeidsretta oppfølging i kombinasjon med behandling frå helsetenesta, gjennomfører utdanning og kjem over i ordinært arbeid.
Innsatsen frå Arbeids- og velferdsetaten i form av arbeid med støtte og individuell jobbstøtte under kap. 634, post 01, inngår i det samla tiltaksnivået, jf. omtale ovanfor.
Regjeringa har som mål å få på plass eit landsdekkande tilbod om IPS. I 2026 foreslår regjeringa å styrke løyvinga til oppfølgingstenester i Arbeids- og velferdsetatens eigenregi med 20 mill. kroner for å auke innsatsen med individuell jobbstøtte (IPS)/IPS ung. Det skal bidra til at fleire med psykiske lidingar og/eller rusproblem får tilbod om oppfølging og kan delta i arbeidslivet.
Vidare foreslår regjeringa å sette i verk eit rekrutteringsprogram til helse- og omsorgssektoren, særleg for unge som står utanfor arbeid og utdanning. For å følge opp deltakarane i programmet er det behov for å auke løyvinga med 34,4 mill. kroner for å tilsette fleire jobbspesialistar i Arbeids- og velferdsetaten. Vi viser også til omtale under kap. 605, post 01 og kap. 760 i Prop. 1 S (2025–2026) Helse- og omsorgsdepartementet.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 783,1 mill. kroner.
For å sikre nødvendig fleksibilitet i gjennomføringa av arbeidsmarknadstiltaka foreslår regjeringa følgande omdisponeringsfullmakt:
Fullmakt til å omdisponere midlar frå kap. 634, post 01, til kap. 634, post 76
Regjeringa foreslår at Arbeids- og inkluderingsdepartementet får fullmakt til å omdisponere inntil 10 pst. av løyvinga under kap. 634, post 01 Driftsutgifter, til kap. 634, post 76 Tiltak for arbeidssøkarar, for å sikre fleksibilitet, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 21 Forsøk med tilrettelagd vidaregåande opplæring, kan overførast
Posten er knytt til forsøk med midlar som skal støtte opp under tilrettelagd fag- og yrkesopplæring for brukarane til Arbeids- og velferdsetaten. Forsøket starta opp i 2023 og har ei ramme på fem år.
Mange arbeidssøkarar som er i kontakt med Arbeids- og velferdsetaten har ikkje fullført vidaregåande opplæring. Dei har auka risiko for å bli ståande utanfor arbeidslivet. Formålet med forsøksmidlane er å stimulere til eit utvida, lokalt samarbeid mellom Arbeids- og velferdsetaten og fylkeskommunen om gjennomføring av fag- og yrkesopplæring som er betre tilpassa brukarane til Arbeids- og velferdsetaten, og som inkluderer verkemidla til både etaten og fylkeskommunen.
Midlane skal bidra til å dekke tenester som kjem i tillegg til det som vanlegvis inngår i ordinære skoleløp i vidaregåande opplæring, men som mange arbeidssøkarar treng for å kunne fullføre opplæringa. Forsøksmidlane skal vidare kunne dekke administrative kostnader ved tverrsektorielt samarbeid. Forsøket blir evaluert.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 53,8 mill. kroner.
Post 70 Forsøk med ungdomsprogramyting, kan overførast
Ved sju Nav-kontor er det sett i gang forsøk med eit arbeidsretta ungdomsprogram med ei ny ungdomsyting, der nedsett helsetilstand ikkje er eit inngangsvilkår. Forsøket starta opp i august 2025. I samanheng med dette blei det oppretta ein ny post under kap. 634, post 70 Forsøk med ungdomsprogramyting ifm. Revidert nasjonalbudsjett 2025. Stortinget har løyvd 20 mill. kroner til ungdomsprogramytinga i 2025.
Forsøket skal undersøke om eit fulltidsprogram med strenge aktivitetskrav og ei alternativ inntektssikring utan medisinske inngangsvilkår, vil bidra til at fleire unge oppnår ei stabil tilknyting til arbeidslivet.
Målgruppa for forsøket er personar med nedsett arbeidsevne som blir vurderte å kunne komme over i arbeid eller utdanning i løpet av eitt år, og andre registrerte ledige med behov for bistand for å komme i arbeid. Inntak til programmet skjer etter ei individuell vurdering og maksimal varigheit for deltaking er som hovudregel eitt år. Sidan eit vesentleg formål med forsøket er å etablere eit alternativ til arbeidsavklaringspengar, svarer ytinga til minstesatsane for arbeidsavklaringspengar. For å få ytinga må ein gjennomføre dei avtalte aktivitetane.
Forsøket skal evaluerast. Basert på evalueringa skal regjeringa seinast innan fire år ta stilling til om programmet skal vidareførast. Målet er å auke overgangen til jobb og utdanning, og å førebygge og avgrense tilstrøyminga til helserelaterte ytingar.
I 2026 vil forsøket gå føre seg heile året. Regjeringa foreslår derfor å løyve 209 mill. kroner til ungdomsprogramytinga i 2026. Løyvinga vil gi rom for å utbetale yting til om lag 1 100 deltakarar i programmet i gjennomsnitt per månad.
Vidare er det i lys av ungdomsprogrammet foreslått å auke løvinga til arbeidsmarknadstiltak med 8 mill. kroner, sjå omtale under kap. 634, post 76. Regjeringa foreslår òg å løyve 37 mill. kroner til veilederressurser i Arbeids- og velferdsetaten, administrative utgifter og evaluering av forsøket, sjå omtale under del II kap. 605, post 01 og 22. Utgiftene i programmet vil i nokon grad bli motverka av at mange deltakarar alternativt ville ha fått andre ytingar. Til saman er det anslått ei samla innsparing på 82 mill. kroner knytt til arbeidsavklaringspengar, dagpengar og tiltakspengar, sjå omtale under dei ulike budsjettpostane. Samla sett er det derfor anslått at nettoutgiftene til programmet vil utgjere 172 mill. kroner i 2026.
Post 75 Varig lønnstilskot, kan overførast
Varig lønnstilskot skal bidra til at personar med varig og vesentleg nedsett arbeidsevne kan skaffe seg eller behalde ordinært arbeid, og bidra til å motverke overgang til uføretrygd.
Regjeringa vil auke bruken av varig lønnstilskot og legge til rette for at varig lønnstilskot kan vere eit alternativ til uføretrygd eller brukast i kombinasjon med gradert uføretrygd. For å gjere det enklare å ta i bruk varig lønnstilskot og legge til rette for betre forvaltning av tiltaket, blir varig lønnstilskot overført frå kap. 634, post 76 til ny budsjettpost 75 frå 2026. Det gjer at Nav-kontoret slepp å prioritere mellom brukare med varige behov og dei med midlertidige behov sidan midlertidige tiltak og varige tiltak ikkje lenger blir budsjettert på same post.
For 2026 er det foreslått å overføre 1 008 mill. kroner frå post 76 til ny budsjettpost 75 for varig lønnstilskot. Regjeringa foreslår òg å styrke løyvinga til varig lønnstilskot med 40 mill. kroner i 2026. Som følge av fleire tiltaksdeltakarar i 2026 er det òg foreslått å auke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten. Sjå nærmare omtale under kap. 605, post 01.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 1 048 mill. kroner.
Post 76 Tiltak for arbeidssøkarar, kan overførast
Dei fleste tiltaka som er omtalte i boks 6.4, samt tiltakspengar, blir finansierte over kap. 634, post 76.
Arbeids- og velferdsetaten skal nytte tiltaksløyvinga best mogleg ut frå situasjonen i arbeidsmarknaden og behova til den enkelte. Nokre grupper kan vere særleg utsette i arbeidsmarknaden, som unge, personar som har vore lenge ledige, og innvandrarar frå land utanfor EØS-området.
Regjeringa foreslår å styrke tiltaksløyvinga med 65 mill. kroner i 2026, kor 8 mill. kroner kjem som følge av gjennomføringa av ungdomsprogrammet. Det foreslås òg å omdisponere 3,9 mill. kroner til post 76 mot en tilsvarande reduksjon under kap. 2650, post 76, som følge av forsøk med forsterka oppfølging av sjukmelde med uklare jobbutsikter, sjå omtale om IA-avtalen under punkt 6.3 Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet og kap. 605, post 01.
Auken i tiltaksløyvinga vil gi fleire moglegheit til å delta i arbeidsmarknadstiltak. Som følge av fleire tiltaksdeltakarar i 2026 foreslår regjeringa også å auke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten. Sjå nærmare omtale under kap. 605, post 01.
Det er anslått at innføringa av ungdomsprogrammet vil redusere utgiftene til tiltakspengar med 25 mill. kroner i 2026, ettersom fleire deltakarar i programmet vil motta ungdomsprogramytinga i staden for tiltakspenger. Sjå omtale under kap. 634, post 70.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 7 768,5 mill. kroner.
I tillegg til løyvinga i 2026 kjem behovet for tilsegnsfullmakter på 2 968,3 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak. Desse tilsegnsfullmaktene er knytte til tiltaksplassar som blir gjennomførte i 2026, men der utgiftene kjem til utbetaling i 2027, og til å halde ved lag tiltaksaktiviteten over årsskiftet 2026–2027.
For å sikre nødvendig fleksibilitet og god ressursutnytting i gjennomføringa av arbeidsmarknadstiltaka foreslår regjeringa følgande omdisponeringsfullmakter:
Fullmakt til å omdisponere midlar frå kap. 634, post 01, til kap. 634, post 76
Vi viser til omtale under kap. 634, post 01 Driftsutgifter.
Fullmakt til å omdisponere midlar frå kap. 634, post 76, til kap. 634, post 79
Vi viser til omtale under kap. 634, post 79 Funksjonsassistanse i arbeidslivet.
Fullmakt til å omdisponere midlar frå kap. 634, post 76, til kap. 634, post 78
Vi viser til omtale under kap. 634, post 78 Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser.
Post 77 Varig tilrettelagt arbeid, kan overførast
Varig tilrettelagt arbeid (VTA) er eit tiltak for personar som får, eller i nær framtid er venta å få innvilga uføretrygd, og som har behov for spesiell tilrettelegging og tett oppfølging. Tiltaket tilbyr tilrettelagde arbeidsplassar i førehandsgodkjente eller ordinære verksemder. Tiltaket blir finansiert gjennom tilskot etter faste satsar.
For 2026 foreslår regjeringa å styrke løyvinga med 55,8 mill. kroner. Forslaget gir rom for å opprette om lag 500 nye plassar i VTA i 2026. Styrkinga er i tråd med opptrappingsplanen for VTA (2024–2027) som regjeringa la fram i statsbudsjettet for 2024. Som følge av fleire tiltaksdeltakarar i 2026 foreslår regjeringa å auke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten. Sjå nærmare omtale under kap. 605, post 01.
Samla gir forslaget rom for å gjennomføre om lag 14 500 plassar i VTA i 2026.
Prisen per tiltaksplass varierer mellom VTA i førehandsgodkjente verksemder og VTA i ordinære verksemder. Fordelinga mellom VTA i førehandsgodkjente verksemder og ordinære verksemder skal reflektere behova til brukarene, og det gjennomførte tiltaksnivået kan derfor avvike frå det tiltaksnivået som berekningsteknisk ligg til grunn for løyvinga.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 2 388,2 mill. kroner.
I tillegg til løyvinga i 2026 kjem eit behov for tilsegnsfullmakter på 1 336,8 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak. Desse tilsegnsfullmaktene er knytte til tiltaksplassar som blir gjennomførte i 2026, men der utgiftene kjem til utbetaling i 2027, og til å halde ved lag tiltaksaktiviteten over årsskiftet 2026–2027.
Post 78 Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser
Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser skal bidra til at personar som har vanskar med å flytte på seg på grunn av nedsett funksjonsevne, kan vere i ordinært arbeid eller gjennomføre arbeidsretta utdanning. Tilskotet kan givast til personar som er i ordinært arbeid, eller som gjennomfører arbeidsretta utdanning for å skaffe seg eller behalde ordinært arbeid.
Løyvinga under post 78 blei auka med 16 mill. kroner ifm. Revidert nasjonalbudsjett 2025 for å gi rom for fleire mottakarar. Løyvinga blir foreslått auka med ytterlegare 4 mill. kroner i 2026. Dette gir ei samla styrking på 20 mill. kroner samanlikna med Saldert budsjett 2025. Styrkinga skal bidra til å integrere fleire med nedsett funksjonsevne i arbeidsmarknaden.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 138,3 mill. kroner.
For å sikre nødvendig fleksibilitet i gjennomføringa av ordninga med arbeids- og utdanningsreiser foreslår regjeringa følgande omdisponeringsfullmakt:
Fullmakt til å omdisponere midlar frå kap. 634, post 76, til kap. 634, post 78
Regjeringa foreslår at Arbeids- og inkluderingsdepartementet får fullmakt til å omdisponere eit beløp frå kap. 634, post 76 Tiltak for arbeidssøkarar, til kap. 634, post 78 Tilskot til arbeids- og utdanningsreiser, på inntil 10 pst. av løyvinga under kap. 634, post 78, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 79 Funksjonsassistanse i arbeidslivet, kan overførast
Funksjonsassistanse kan givast til yrkesaktive personar som har omfattande fysiske funksjonsnedsettingar, og til blinde og sterkt svaksynte. Funksjonsassistanse må vere nødvendig for at personane skal kunne vere i ordinært lønt arbeid. Ordninga inneber ein lønt assistent som hjelper den enkelte med praktiske formål i arbeidssituasjonen. Assistenten skal ikkje utføre dei ordinære arbeidsoppgåvene arbeidstakaren har.
Regjeringa foreslår å styrke løyvinga til funksjonsassistanse i arbeidslivet med 10 mill. kroner i 2026 for å gi rom for fleire mottakarar.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 156,9 mill. kroner.
I tillegg til denne løyvinga i 2026 kjem eit behov for tilsegnsfullmakter på 73,5 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak. Desse tilsegnsfullmaktene er knytte til funksjonsassistanse som blir gitt i 2026, men der utgiftene kjem til utbetaling i 2027, og til å halde ved lag aktiviteten over årsskiftet 2026–2027.
For å sikre nødvendig fleksibilitet i gjennomføringa av funksjonsassistanse i arbeidslivet foreslår regjeringa følgande omdisponeringsfullmakt:
Fullmakt til å omdisponere midlar frå kap. 634, post 76, til kap. 634, post 79
Regjeringa foreslår at Arbeids- og inkluderingsdepartementet får fullmakt til å omdisponere eit beløp frå kap. 634, post 76 Tiltak for arbeidssøkarar, til kap. 634, post 79 Funksjonsassistanse i arbeidslivet, på inntil 10 pst. av løyvinga under kap. 634, post 79, jf. forslag til romartalsvedtak.
Kap. 3634 Arbeidsmarknadstiltak
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
85 |
Innfordring av feilutbetaling, arbeidsmarknadstiltak |
5 000 |
||
|
Sum kap. 3634 |
5 000 |
Budsjettforslag 2026
Post 85 Innfordring av feilutbetalingar, arbeidsmarknadstiltak
Inntektene under post 85 har komme frå avrekningar frå andre ytingar til enkelte tiltaksdeltakarar. Frå 2024 har desse inntektene gått til å redusere utgifter under kap. 634, post 76.
Det er ikkje foreslått løyving på denne posten for 2026.
Kap. 635 Ventelønn
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Driftsutgifter, overslagsløyving |
687 |
100 |
|
|
Sum kap. 635 |
687 |
100 |
Hovudtrekk ved regelverket
Ventelønnsordninga gav tenestemenn som blei sagde opp utan eiga skyld, rett til ventelønn dersom bestemte vilkår var oppfylte. Verksemdene måtte sjølve dekke ventelønnskostnadene gjennom refusjonsplikt. Arbeids- og velferdsetaten bereknar og betaler ut ventelønna.
Ventelønnsordninga blir fasa ut med verknad frå 1. mars 2016. Personar som fått utløyst retten til ventelønn før dette tidspunktet, har framleis retten i samsvar med tidlegare regelverk.
Rapport
Dei siste åra har det blitt betydeleg færre mottakarar av ventelønn. Frå 2023 til 2024 gjekk utbetalingane ned frå om lag 1,8 mill. kroner til om lag 0,7 mill. kroner. Ved utgangen av første halvåret 2025 er det ingen mottakarar igjen på ventelønn.
Budsjettforslag 2026
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Det er ikkje foreslått løyving på denne posten for 2026.
Kap. 3635 Ventelønn m.m.
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Refusjon statleg verksemd m.m. |
714 |
100 |
|
|
Sum kap. 3635 |
714 |
100 |
Budsjettforslag 2026
Post 01 Refusjon statleg verksemd m.m.
Under posten blir det ført refusjonspliktige inntekter frå statlege arbeidsgivarar. Det blei innbetalt 0,7 mill. kroner i 2024. Ved utgangen av første halvår 2025 er det ingen mottakarar igjen på ventelønn.
Det er ikkje foreslått løyving på denne posten for 2026.
Programkategori 09.40 Arbeidsmiljø og sikkerheit
Utgifter under programkategori 09.40 fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
640 |
Arbeidstilsynet |
857 055 |
920 780 |
961 231 |
4,4 |
|
643 |
Statens arbeidsmiljøinstitutt |
173 450 |
180 040 |
186 521 |
3,6 |
|
646 |
Pionerdykkarar i Nordsjøen |
1 625 |
1 250 |
-100,0 |
|
|
647 |
Kompensasjonsordning for oljepionerane |
455 000 |
100,0 |
||
|
648 |
Arbeidsretten, Riksmeklaren m.m. |
36 944 |
30 200 |
31 120 |
3,0 |
|
Sum kategori 09.40 |
1 069 074 |
1 132 270 |
1 633 872 |
44,3 |
Utgifter under programkategori 09.40 fordelte på postgrupper
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Post-gr. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
01–29 |
Statens eigne driftsutgifter |
891 869 |
948 770 |
1 011 061 |
6,6 |
|
50–89 |
Overføringar til andre |
177 205 |
183 500 |
622 811 |
239,4 |
|
Sum kategori 09.40 |
1 069 074 |
1 132 270 |
1 633 872 |
44,3 |
Ansvarsområdet
Arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet omfattar arbeidsrett, arbeidsmiljø og sikkerheit i norsk landbasert arbeidsliv. Arbeidsmiljø- og sikkerheitsmyndigheitene har ansvaret for å forvalte arbeidsmiljølova, med tilhøyrande forskrifter, og arbeidstvistlovgivinga. Forvaltningsansvaret inkluderer i tillegg regelverk for medråderett i selskapslovgivinga, ferielova og lønnsnemndlova m.m. På arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet har departementet etatsstyringsansvar for Arbeidstilsynet (kap. 640) og Statens arbeidsmiljøinstitutt (kap. 643) og administrativt ansvar for Riksmeklaren (kap. 648) og Arbeidsretten (kap. 648).
Målbildet på arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet omfattar bl.a. tilknytingsformer, førebyggande arbeidsmiljøarbeid og innsatsen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, jf. også omtalen under punkt 6.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv.
Hovudstrategien til myndigheitene for å nå måla er å støtte opp under arbeidsgivaransvaret og bidra til at verksemdene driv systematisk og førebyggande helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid og sørger for lovlege arbeidsforhold. Dette er i samsvar med krava i arbeidsmiljølova om at det er arbeidsgivaren sjølv som skal sørge for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø.
Strategiske verkemiddel
Tilsyn, rettleiing, informasjon og myndigheitssamarbeid
Arbeidstilsynet prioriterer kva bransjar og verksemder innsatsen bør rettast mot, basert på kunnskap om risiko. Valet av verkemiddel tar utgangspunkt i forholda i den aktuelle bransjen, utfordringane til verksemdene og den kunnskapen tilsynet har om kva som vil bidra til mest effektiv påverknad.
Kunnskapsformidling gjennom rettleiing og informasjon er viktige verkemiddel for å bidra til at verksemdene har tilstrekkeleg kunnskap for å kunne arbeide førebyggande med helse, miljø og sikkerheit (HMS).
Samtidig er det viktig at myndigheitene følger opp brot på regelverket med tilsyn og kontroll. Ved tilsyn i enkeltverksemder kan Arbeidstilsynet bruke ulike reaksjonar dersom dei avdekkar regelverksbrot. Arbeidstilsynet er ein førebyggande etat, og pålegg om å rette opp i forhold, for på den måten å bidra til forbetringsarbeid i verksemdene, er sentralt. Regjeringa legg samtidig vekt på at det skal nyttast strenge reaksjonsmiddel som tvangsmulkt og gebyr for brot når det er behov for det, og at reaksjonane må stå i forhold til kor alvorlege og vesentlege brota er.
I kampen mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet blir innsatsen bl.a. retta mot aktuelle aktørar basert på kunnskap frå dei samarbeidande etatane, jf. punkt 6.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv.
Regelverksutvikling
Regelverket på arbeidsretts-, arbeidsmiljø- og sikkerheitsområdet skal bidra til god HMS-tilstand og gode arbeidsforhold i verksemdene, utan sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Regelverket skal vere brukarvennleg og tilgjengeleg, og det er også eit mål at det er stabilt og føreseieleg. Samtidig må regelverket handtere dei stadige endringane og utfordringane i arbeidslivet. I tråd med EØS-avtalen gjennomfører Noreg bl.a. EU-direktivet om arbeidsrett og arbeidsmiljø. Både rettspraksis og regelverksendringar i EU påverkar behovet for regelverksutvikling på feltet.
Kunnskapsutvikling
Det er store og samansette kunnskapsbehov knytte til områda arbeidsrett, arbeidsmiljø, arbeidshelse og sikkerheit. Oppdatert kunnskap om risikoforhold og årsakssamanhengar mellom arbeid og helse er avgjerande både for at verksemdene og partane i arbeidslivet skal kunne følge opp det ansvaret dei har for å førebygge helseskadar og ivareta arbeidstakarane, og for at myndigheitene skal kunne følge opp sitt ansvar og sine oppgåver.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet ivaretar det overordna sektoransvaret for forsking på arbeidsvilkår, arbeidsrett, arbeidsmiljø og sikkerheit gjennom tre sentrale strategiske verkemiddel: Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI, kap. 643), relevante porteføljar i Noregs forskingsråd (kap. 601), og målretta FoU-oppdrag knytte til den forskinga departementet har behov for i samanheng med politikkutforming og forvaltning (kap. 601). I tillegg driv Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo eit løpande fagleg utviklingsarbeid for å ivareta og utvikle brei fagleg kompetanse innanfor både nasjonal og internasjonal arbeidsrett (kap. 648).
Partssamarbeid
Den norske arbeidslivsmodellen, med bl.a. eit omfattande partssamarbeid, er ein av føresetnadene for dei gode resultata som er oppnådde med eit velfungerande arbeidsliv, eit godt arbeidsmiljø, låg arbeidsløyse samanlikna med andre europeiske land og høg yrkesdeltaking. Vidare er det organiserte arbeidslivet førstelinjeforsvaret mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.
Regjeringa vil legge til rette for eit organisert arbeidsliv med høg organisasjonsgrad og eit velfungerande trepartssamarbeid. Partssamarbeidet er eitt av fleire verkemiddel i kampen mot useriøsitet, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.
Kap. 640 Arbeidstilsynet
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Driftsutgifter |
839 500 |
901 670 |
941 433 |
|
21 |
Spesielle driftsutgifter, regionale verneombod |
17 555 |
19 110 |
19 798 |
|
Sum kap. 640 |
857 055 |
920 780 |
961 231 |
-
Overført frå 2024 til 2025:
-
Post 01: 45 389 000 kroner (16 038 000 kroner gjeld lønnsoppgjeret 2024, som først blei utbetalt i 2025)
Allmenn omtale
Arbeidstilsynet skal legge premissane for, og følge opp at verksemdene held eit høgt nivå med omsyn til helse, arbeidsmiljø og sikkerheit. På eit fagleg og sjølvstendig grunnlag skal tilsynet følge opp at verksemdene varetar ansvaret sitt etter arbeidsmiljølovgivinga, allmenngjeringslovgivinga og anna relevant regelverk som ligg til myndigheita Arbeidstilsynet har.
Tilsynsmyndigheita til Arbeidstilsynet omfattar meir enn 220 000 verksemder med om lag 2,8 millionar tilsette i det landbaserte arbeidslivet. Den utoverretta aktiviteten til etaten er kunnskaps- og risikobasert. Det inneber at Arbeidstilsynet rettar innsatsen mot næringane, yrka og verksemdene der det er størst risiko for arbeidsrelaterte helsebelastningar, useriøsitet og alvorlege brot på arbeidsmiljølova.
Arbeidstilsynet er også sekretariat for Rikslønnsnemnda, Tariffnemnda og Tvisteløysingsnemnda, som er eigne forvaltningsorgan.
Arbeidstilsynet består av eit direktorat og ein ytre etat som utgjer det lokale arbeidstilsynet. Arbeidstilsynet disponerte 715 årsverk i 2024, jf. også likestillingsomtalen i del III.
Rapportering, strategiar og tiltak for 2026
Innsatsen til Arbeidstilsynet bidrar både til at det førebyggande arbeidet i verksemdene blir betra, at verksemdene sørger for forsvarlege arbeidsforhold, og at fleire kriminelle aktørar blir avdekte og stansa eller får redusert handlingsrom. Dette kan bidra til målet om eit sikkert og seriøst arbeidsliv, medrekna å hindre fråfall og auke inkluderinga. Slik kan det også bidra til målet om å redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.
Det er viktig at Arbeidstilsynet er synlege og nærverande i arbeidslivet. Det viktigaste verkemiddelet deira er tilsyn, og den mest brukte reaksjonen deira er pålegg til verksemdene om å utbetre påpeikte forhold. I 2024 blei det gjennomført nesten 13 000 tilsyn, og det blei avdekt brot i 72 pst. av tilsyna. Ei kunnskapsoppsummering frå STAMI har vist at pålegg om å rette opp brot på regelverket fører til betre etterleving hos dei aller fleste kontrollerte verksemdene. Pålegg er såleis ein effektiv reaksjon i veldig mange tilfelle.
I tida framover skal Arbeidstilsynet gjennomføre fleire tilsyn og vere meir til stades og synlegare, og på den måten påverke fleire direkte. Fleire og meir treffsikre tilsyn kan også føre til meir bruk av strenge reaksjonar i dei mest alvorlege sakene. For å komme dit må Arbeidstilsynet effektivisere arbeidsprosessane sine og metodikken sin, f.eks. gjennom å bruke meir digitalisering i delar av prosessane.
Det er også viktig at Arbeidstilsynet har ei spesiell merksemd på utfordringar som kan komme av plattformarbeid, og at dei bidreg til myndigheitenes innsats for å sikre rettigheitene til arbeidstakarar som utførar arbeid gjennom digitale plattformar.
Arbeidstilsynet rår også over andre verkemiddel når dei følger opp verksemder, f.eks. rettleiing og kunnskapsformidling, regelverksutvikling, og godkjenningsordningar. Etaten skal nytte det verkemiddelet som har størst effekt basert på den kunnskapen dei har om forholda i arbeidslivet.
Arbeidstilsynet har også eit forpliktande strategisk og operativt samarbeid med andre myndigheiter, også internasjonalt, og dei samhandlar med partane i arbeidslivet og bransjeorganisasjonar.
Innsats for betre førebyggande arbeid i verksemdene
I delar av arbeidslivet er det verksemder som ikkje i tilstrekkeleg grad arbeider systematisk og førebyggande med kjende og til dels alvorlege arbeidsmiljøutfordringar. Primærnæringane, helse og sosial, bygg og anlegg, industri, transport og overnatting/servering er eksempel på næringar med høg førekomst av ulike arbeidsmiljøeksponeringar.35 Arbeidstilsynet erfarer at særleg små verksemder kan ha mangelfulle risikovurderingar, og utfordringane varierer både mellom yrke og bransjar og frå arbeidsplass til arbeidsplass. Arbeidstilsynet samarbeider tett med STAMI for å sikre oppdaterte og kunnskapsbaserte tilstandsvurderingar og risikobilde. Kva verkemiddel Arbeidstilsynet vel, avheng bl.a. av kva som er arbeidsmiljøutfordringane i den aktuelle verksemda, og kor omfattande, komplekse og alvorlege utfordringane er. I tillegg avheng det av kva kunnskap, motivasjon og ressursar verksemda har til å forbetre arbeidsmiljøet.
Arbeidsmiljø handlar om innhaldet i arbeidet og korleis verksemdene organiserer, planlegg og gjennomfører arbeidet på den enkelte arbeidsplassen. Førebygging er eit langsiktig og kontinuerleg arbeid, der bl.a. kunnskapen og samarbeidet til arbeidsgivarane og arbeidstakarane om systematisk førebyggande arbeid er viktige faktorar for å lykkast. Arbeidstilsynet vil arbeide vidare med arbeidsmiljøsatsinga i samarbeid med STAMI, Arbeids- og velferdsetaten og Havindustritilsynet. Vi viser til nærmare omtale av verkemidla under IA-avtalen under punkt 6.3 Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet.
Det er, med verknad frå 1. januar 2026, vedteke endringar i reglane i arbeidsmiljølova om krav til det psykososiale arbeidsmiljøet. Endringane presiserer og utdjupar kravet lova har til eit fullt forsvarleg psykososialt arbeidsmiljø slik at ho vert eit betre verktøy for å gi rettleiing og skape medvit om kva verksemdene må arbeide med for å skape eit godt psykososialt arbeidsmiljø.
Arbeidstilsynet gjennomførte over 7 500 tilsyn innanfor arbeidet med førebygging i verksemdene i 2024, noko som er fleire enn i åra før. Innsatsen har ført til at meir enn 4 800 verksemder har gjennomført eitt eller fleire forbetringstiltak. Pålegg med påfølgande retting frå verksemda er den mest brukte sanksjonen, men etaten nytta også lovbrotsgebyr, regelverksendringar og rettleiing som verkemiddel i 2024. Basert på Arbeidstilsynets innsats har i tillegg enkelte store arbeidsgivarar, som sjukehus og kommunar, sett i verk tiltak for å førebygge dei viktigaste risikofaktorane for arbeidsrelatert sjukefråvær.
Fleire studiar dei seinare åra har vist at sjukdom er ei klart større årsak til arbeidsrelaterte dødsfall og tap av livskvalitet enn arbeidsulykker. I tillegg er kostnadene knytte til arbeidsrelaterte sjukdommar betydeleg høgare enn kostnadene knytte til arbeidsulykker. Derfor rettar Arbeidstilsynet no meir av innsatsen mot sjukdomsførebygging, og det kjem dei til å halde fram med dei neste åra.
Innsats mot sosial dumping og useriøsitet
Arbeidstilsynet følger opp at verksemdene oppfyller krava frå arbeidstakarane til lønns- og arbeidsvilkår, innkvartering og sikkerheit, spesielt i næringar med ein høg andel utanlandske arbeidstakarar og i næringar med allmenngjord lønn. Arbeidstilsynet følger også opp at verksemdene ivaretar ansvaret sitt for å etterleve vilkåra for innleige.
Arbeidstilsynet nyttar ulike verkemiddel for å bidra til at verksemdene har seriøse og anstendige arbeidsvilkår. I dette inngår bl.a. tilsyn, rettleiing om rettar og plikter i arbeidsforhold, bl.a. gjennom Servicesentera for utanlandske arbeidstakarar (SUA), og dessutan målretta informasjonstiltak og kampanjar retta mot utanlandsk arbeidskraft.
I 2024 gjennomførte Arbeidstilsynet nesten 4 000 tilsyn mot sosial dumping og useriøsitet, noko som er omtrent på same nivå som året før. På bakgrunn av tilsyna, og annan innsats mot useriøsitet, sette nesten 2 200 verksemder i verk eitt eller fleire forbetringstiltak. I 2024 har etaten også følgt opp den nye godkjenningsordninga for bemanningsføretak som blei innført 1. januar 2024.
Arbeidstilsynet forvaltar fleire godkjenningsordningar og register som bidrar til større seriøsitet, bl.a. godkjenningsordning for reinhaldsverksemder, godkjenningsordning for verksemder som tilbyr tenester innanfor manuell bilpleie, hjulskift og hjullagring, og godkjenningsordning for bemanningsføretak. Desse skal bidra til at verksemder som tilbyr slike tenester, oppfyller krav til seriøse lønns- og arbeidsvilkår for arbeidstakarane sine, og at det blir enklare for tenestekjøparar og innleigarar å velje seriøse leverandørar.
Allmenngjeringsordninga bidrar til å hindre sosial dumping og konkurransevriding. Tilsyn og reaksjonar forsterkar denne effekten fordi dei gjer det meir sannsynleg at brot på regelverket blir oppdaga. Arbeidstilsynet fører tilsyn med informasjonsplikta og sjå-tilplikta til bestillarar og oppdragsgivarar, og følger opp om offentlege oppdragsgivarar etterlever krava til kontroll og oppfølging av lønns- og arbeidsvilkår ved anskaffingar.
I treparts bransjeprogram for transport, reinhald, uteliv og bil har Arbeidstilsynet, saman med partane i arbeidslivet, gjennomført fleire rettleiings- og informasjonstiltak for å auke kunnskapen om arbeidsmiljøutfordringar og førebygge useriøsitet i desse bransjane. I samarbeid med Landbruks- og matdepartementet er det etablert eit nytt treparts bransjeprogram for jordbruks- og gartnerinæringa. Treparts bransjeprogram er eit viktig tiltak i kampen mot useriøsitet, sjå også omtale under punkt 6.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv.
Regjeringa har fremma fleire lovforslag som skal styrke Arbeidstilsynets tilgang til informasjon og sanksjonsheimlane deira, spesielt i dei mest utfordrande sakane mot dei mest useriøse aktørane. Lovforslaga blei einstemmig vedtatt på Stortinget, og blei sette i kraft 1. juli 2025. Sjå nærmare omtale i kap. 6.2.
Innsats mot arbeidslivskriminalitet
Arbeidslivskriminalitet er framleis ei utfordring i delar av arbeidslivet, og innsatsen krev eit breitt samarbeid mellom ulike myndigheiter.
Arbeidstilsynet samarbeider med politiet, Skatteetaten og Arbeids- og velferdsetaten bl.a. i a-krimsentera. Samarbeidet er viktig for å bygge felles kunnskap som grunnlag for å prioritere innsatsen, avdekke kriminelle aktørar og nettverk, gjennomføre kontrollar, og for å kunne følge opp verksemder og aktørar med eit breitt sett av verkemiddel og sanksjonar. Det tverretatlege samarbeidet mellom etatane er også eit av dei sentrale tiltaka i regjeringa sin handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet.
I tillegg til samarbeidet i a-krimsentera er det etablert operativt samarbeid fleire andre stader i landet. Gjennom a-krimsamarbeidet er det også eit breitt samarbeid med andre aktuelle myndigheiter.
Som del av innsatsen mot arbeidslivskriminalitet gjennomførte etaten nesten 1 400 tilsyn i 2024 mot dette føremålet, noko som er litt mindre enn tidlegare år. 580 verksemder, med til saman 8 000 registrerte tilsette har sett i verk eitt eller fleire forbetringstiltak.
Arbeidstilsynet har samarbeidsavtalar med tilsynsmyndigheitene i Estland, Litauen, Latvia, Polen, Romania og Bulgaria. Formålet med avtalane er å samarbeide om både informasjons- og rettleiingstiltak, og kontrolltiltak f.eks. gjennom felles samordna kontrollar for å gjere det vanskelegare for utanlandske aktørar å utføre arbeidslivskriminalitet i Noreg. På same måte har Arbeidstilsynet eit tett samarbeid med European Labour Authority (ELA) knytt til kunnskapsdeling, koordinering av tilsyn på tvers av landegrenser, tilsynsverktøy og informasjonstiltak.
Fordrevne frå Ukraina som er i arbeid i Noreg, kan vere utsette for useriøsitet, sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Arbeidstilsynet har høg tilsynsaktivitet i dei delane av norsk arbeidsliv som har auka risiko for utnytting av sårbar arbeidskraft, irekna fordrevne frå Ukraina.
For meir informasjon om utfordringar, strategiar og tiltak knytte til innsatsen for eit sikkert og seriøst arbeidsliv viser vi til omtale under punkt 6.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv.
Budsjettforslag 2026
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga dekker lønns- og driftsutgifter til Arbeidstilsynet. Dette skal bl.a. finansiere tilsyn, rettleiing, kunnskapsutvikling og informasjon, behandling av søknader, dispensasjonar, regelverksarbeid og internasjonalt arbeid.
For 2026 foreslår regjeringa ei løyving på 941,4 mill. kroner, noko som samla sett inneber ei endring på 39,7 mill. kroner frå saldert budsjett for 2025, inkludert pris- og lønnsjusteringar.
Regjeringa foreslår å auke driftsløyvinga til Arbeidstilsynet med 10 mill. kroner til ei styrking av tilsynsaktiviteten bl.a. innanfor plattformselskap, og til å styrke etaten i å handtere dei nye heimlane som blei vedtatt i mai 2025.
I forbindelse med det nye treparts bransjeprogrammet i jordbruks- og gartnerinæringa foreslår regjeringa å auke driftsløyvinga til Arbeidstilsynet med 1,3 mill. kroner. Det nye bransjeprogrammet skal vera et samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet.
Regjeringa foreslår å redusere driftsløyvinga til Arbeidstilsynet med 0,7 mill. kroner som følge av gevinstrealisering knytt til reduserte leigekostnader for statlege verksemder.
Regjeringa foreslår ei overføring på 0,1 mill. kroner frå kap. 640, post 01 til kap. 1605, post 01 for delfinansiering av styrkinga av Statens innkjøpssenter.
Regjeringa foreslår at løyvinga under kap. 640, post 01, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3640, post 06 og post 07, jf. forslag til romartalsvedtak.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, regionale verneombod
Løyvinga dekker kostnader som Arbeidstilsynet har ved å administrere ordninga med regionale verneombod i overnattings- og serveringsverksemdene og reinhaldsbransjen.
Regjeringa foreslår at løyvinga kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3640, post 08, jf. forslag til romartalsvedtak.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 19,8 mill. kroner.
Kap. 3640 Arbeidstilsynet
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
04 |
Kjemikaliekontroll, gebyr |
5 580 |
5 781 |
|
|
06 |
Refusjonar |
4 485 |
3 902 |
4 042 |
|
07 |
Byggesaksbehandling, gebyr |
22 651 |
25 678 |
26 602 |
|
08 |
Refusjon av utgifter til regionale verneombod |
17 807 |
19 409 |
20 108 |
|
85 |
Tvangsmulkt |
15 712 |
7 175 |
7 175 |
|
86 |
Gebyr for brot |
72 189 |
29 450 |
29 450 |
|
Sum kap. 3640 |
132 844 |
91 194 |
93 158 |
Post 04 Kjemikaliekontroll, gebyr
Posten omfattar inntekter frå gebyr i forbindelse med kjemikaliekontroll.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 5,8 mill. kroner.
Post 06 Refusjonar
Posten omfattar bl.a. refusjonar for midlertidige utlegg og innbetaling av kursavgift der Arbeidstilsynet tar deltakaravgift.
Regjeringa foreslår at Arbeidstilsynet kan overskride løyvinga under kap. 640, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til romartalsvedtak.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 4 mill. kroner.
Post 07 Byggesaksbehandling, gebyr
Posten omfattar gebyrinntekter for tenester Arbeidstilsynet utfører for verksemdene ved byggesaksbehandling, etter arbeidsmiljølova § 18-9.
Regjeringa foreslår at Arbeidstilsynet kan overskride løyvinga under kap. 640, post 01, mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til romartalsvedtak.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 26,6 mill. kroner.
Post 08 Refusjon av utgifter til regionale verneombod
Inntektene under posten er refusjon for utgifter til drift av regionale verneombod som blir administrerte av Arbeidstilsynet. Utgiftene blir førte på kap. 640, post 21.
Regjeringa foreslår at Arbeidstilsynet kan overskride løyvinga under kap. 640, post 21, mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til romartalsvedtak.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 20,1 mill. kroner.
Post 85 Tvangsmulkt
Inntektene under posten omfattar innkravd tvangsmulkt som verksemder er blitt ilagde fordi dei ikkje har følgt pålegg frå Arbeidstilsynet.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 7,2 mill. kroner.
Post 86 Gebyr for brot
Posten omfattar inntekter frå gebyr som er blitt ilagde verksemder for brot på arbeidsmiljøregelverket.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 29,5 mill. kroner.
Kap. 643 Statens arbeidsmiljøinstitutt
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
50 |
Statstilskot |
173 450 |
180 040 |
186 521 |
|
Sum kap. 643 |
173 450 |
180 040 |
186 521 |
Allmenn omtale
Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) er det nasjonale forskingsinstituttet på arbeidsmiljø- og arbeidshelseområdet i Noreg. STAMI skal få fram og foredle kunnskap om arbeidsmiljø og arbeidshelse og formidle denne kunnskapen til heile breidda av norsk arbeidsliv.
STAMI bygger verksemda si på forsking og vitskapleg fagkompetanse, og fordeler ressursinnsatsen mellom forsking, arbeidsmiljøovervaking, arbeidslivsstøttande oppgåver, myndigheitsstøttande funksjonar, undervisning og kunnskapsformidling. STAMI skal bidra til den internasjonale forskingsfronten, hente heim kvalitetssikra kunnskap og omsette og formidle denne til det beste for norsk arbeidsliv. Gjennom dette skal STAMI bidra til kunnskapsbaserte tiltak og prioriteringar i norske verksemder og hos arbeidsmiljømyndigheitene og partane i arbeidslivet.
STAMI forskar på faktorar som kan bidra til å fremme god arbeidshelse, gode arbeidsmiljøforhold og førebygge arbeidsrelatert sjukdom, skade og fråfall frå arbeidslivet. Det faglege nedslagsfeltet til STAMI dekker alle forhold som speler inn på arbeidsmiljø og arbeidshelse. Instituttet skal, så langt det er mogleg, dekke det behovet arbeidslivet har for ny kunnskap om arbeidsmiljø- og arbeidsforhold, og har bl.a. ansvaret for å halde ved lag og vidareutvikle kompetanse på forsking om arbeidsrelaterte kjemikalieskader. Innsatsen til instituttet skal støtte opp under arbeidet med å vidareutvikle eit trygt og inkluderande arbeidsliv i Noreg.
Instituttet har eit fagråd med representasjon frå partane i arbeidslivet og arbeidsmiljømyndigheitene.
STAMI disponerte ved inngangen av 2025 om lag 144 årsverk.
Rapportering, tiltak og strategiar for 2026
STAMI bidrar til kvalitetssikra kunnskap om årsakssamanhengar mellom arbeid og helse og arbeidsevne. Sikker kunnskap er viktig for å drive god førebygging og forbetring, særleg i ei tid prega av høg endrings- og omstillingstakt. På arbeidsmiljøområdet er det spesielt viktig med ein uavhengig og partsnøytral premissleverandør av kunnskap med høg vitskapleg standard og tillit.
I 2024 omfatta den vitskaplege publiseringsaktiviteten ved STAMI 68 vitskaplege artiklar publiserte i fagfellevurderte tidsskrift. 1,6 vitskaplege artiklar per forskarårsverk i 2024 indikerer ein høg kunnskapsproduksjon. Instituttet hadde 74 løpande forskingsprosjekt i 2024 og sette i gang 23 nye – 11 av dei gjennom deltaking i EU-programmet Partnership for the Assessment of Risk from Chemicals. Forskingsporteføljen ved STAMI har dei siste åra vore prega av meir internasjonale og omfattande prosjekt enn tidlegare, og tematikken i prosjekta dekker breidda i kunnskapsbehova på arbeidsmiljøområdet i norsk arbeidsliv godt.
På grunnlag av nasjonale arbeidsmiljøovervakingsdata har STAMI i 2024 vore særleg opptatt av å formidle kunnskap om kva for arbeidsmiljøfaktorar som er blant dei viktigaste å arbeide med i Noreg. I tillegg har instituttet retta merksemd mot samanhengane mellom arbeidsmiljøet i verksemdene og kva kvalitet og resultat dei oppnår. Gjennom aktivitetane sine identifiserer STAMI førebyggingspotensialet på arbeidsmiljøområdet i Noreg.
STAMI har i tråd med strategien sin fordelt forskingsinnsatsen mellom tre hovudområde. Desse områda speglar utfordringar knytte til arbeidsrelatert sjukdom i norsk arbeidsliv:
-
psykososialt og organisatorisk arbeidsmiljø, irekna arbeidstid, fråfall, inkluderande arbeidsliv og nye organisasjons- og arbeidsformer
-
fysiske og mekaniske arbeidseksponeringar
-
kjemisk og biologisk arbeidsmiljø, irekna effektar av nanoteknologi og andre nye teknologiar
Eit av dei sentrale innsatsområda til STAMI er Nasjonal overvaking av arbeidsmiljø og -helse (NOA). NOA har som mål å utvikle eit felles kunnskapsgrunnlag om statusen og utviklinga på arbeidsmiljøområdet for aktørane i arbeidslivet. Dei viktigaste oppgåvene til NOA er å samle, analysere og formidle informasjon om arbeidsmiljø og arbeidshelse i Noreg og å legge dette materialet til rette for kunnskapsbaserte risikovurderingar og prioriteringar hos tilsynsetatane. NOA gjer data og informasjon tilgjengelege på noa.stami.no og gjennom ei eiga faktabok om arbeidsmiljø og -helse kvart tredje år. Den siste blei lansert i september 2024.
NOA bidrar også, i samarbeid med bl.a. Arbeidstilsynet, til at det ligg føre eit sams og heilskapleg bilde av arbeidsmiljøtilstanden og risikoforholda som grunnlag for å følge opp og sette i verk førebyggande tiltak i det landbaserte arbeidslivet.
STAMI har arbeidd vidare med arbeidsmiljøsatsinga i samarbeid med Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten og Havindustritilsynet. Vi viser til nærmare omtale av verkemidla under IA-avtalen under punkt 6.3 Redusere sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet. STAMI har ei sentral rolle i kunnskapsproduksjonen, og arbeid knytt til vidare oppbygging av arbeidsmiljøsatsinga har vore eit viktig satsingsområde for STAMI sidan oppstarten i 2019.
STAMI vidareutviklar kontinuerleg metodar og kanalar for kunnskapsutvikling og -formidling for å styrke tilbodet til alle målgrupper og dermed legge til rette for forskingsbasert førebyggande verksemd. STAMI har eit særskilt ansvar for å følge med på, kvalitetssikre og hente heim relevant kunnskap frå den internasjonale forskingsfronten og for å lage systematiske kunnskapsoppsummeringar på viktige fagområde for norsk arbeidsliv.
STAMI har deltatt i Forskingsrådets fagevaluering av medisin- og helsefag i Noreg. Evalueringa har vurdert instituttet som administrativ eining og kvaliteten på forskinga i perioden 2012–2022. Evalueringa trekker fram at instituttet lykkast med å foreine original, påliteleg og internasjonalt relevant forsking med eit breitt og tydeleg samfunnsoppdrag.
Budsjettforslag 2026
Post 50 Statstilskot
STAMI er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter, med løyving som netto tilskot til drift av instituttet. Inntektene instituttet får frå bidragsforskinga, har dei siste åra utgjort om lag 15 pst. av det totale budsjettet deira. Inntektskjeldene elles er i all hovudsak offentlege midlar frå andre finansieringskjelder, først og fremst Noregs forskingsråd, fond i EU/EØS og andre forskingsfond.
Løyvinga er endra som følge av pris- og lønnsjusteringar og gevinstrealiseringar m.m.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 186,5 mill. kroner.
Kap. 646 Pionerdykkarar i Nordsjøen
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
72 |
Tilskot, kan overførast |
1 625 |
1 250 |
|
|
Sum kap. 646 |
1 625 |
1 250 |
Allmenn omtale
Med bakgrunn i Stortingets behandling av St.meld. nr. 47 (2002–2003) og Innst. S. nr. 137 og 138 (2003–2004) blei stiftinga Kontakttelefonen for pionerdykkerne (Dykkerkontakten) oppretta, med bl.a. ei døgnopen telefonteneste for oppfølging av tidlegare nordsjødykkarar.
Rapport
Dykkerkontaktens operative drift blei avvikla ved årsskiftet 2024/2025. I tråd med avgjerda til Stortinget, jf. Meld. St. 12 (2017–2018), blei Dykkerkontakten gradvis avvikla, og endeleg sluttdato var 1. juli 2025. Eventuelle vidare oppfølgingsbehov blir etter dette ivaretatt av det ordinære helse- og velferdssystemet.
Budsjettforslag 2026
Post 72 Tilskot, kan overførast
Dykkerkontakten ble heilt avvikla 1. juli 2025. Det er derfor ikkje foreslått løyving på denne posten for 2026.
Kap. 647 Kompensasjonsordning for oljepionerane
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Driftsutgifter, kan overførast |
21 000 |
||
|
70 |
Kompensasjonsutbetalingar til oljepionerane, overslagsløyving |
434 000 |
||
|
Sum kap. 647 |
455 000 |
Allmenn omtale
Regjeringa foreslår å etablere ei kompensasjonsordning for kjemikalieskadde oljepionerar, som i hovudsak er i tråd med anbefalingane og berekningane frå rapporten frå oljepionerkommisjonen, NOU 2022: 19 Oljepionerene – en kompensasjonsordning. Ordninga er nærmare omtalt under punkt 6.2.4.
Budsjettforslag 2026
Post 01 Driftsutgifter, kan overførast
Posten omfattar utgifter til å drifte nemnd og sekretariat, og dessutan nødvendige kostnader til IKT-utvikling, arkivering, søknadsbehandling og utbetaling av kompensasjon.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 21 mill. kroner. Dei totale administrative kostnadene for ordninga er berekna til 31,5 mill. kroner i 2026. Differansen på 10,5 mill. kroner kjem av at det er foreslått å løyve 1 mill. kroner på kap. 600 Arbeids- og inkluderingsdepartementet, post 01 Driftsutgifter, og 9,5 mill. kroner på kap. 732 Regionale helseforetak, post 70 Særskilte tilskudd, kan overføres, kan nyttes under postene 72, 73, 74 og 75.
Post 70 Kompensasjonsutbetalingar til oljepionerane, overslagsløyving
Posten omfattar utbetalingar til kompensasjon til oljepionerar som fylle vilkåra i ordninga. Meir informasjon om ordninga finst i kap. 6.2.4. I berekningane har regjeringa lagt til grunn dei same kriteria som fleirtalet av oljepionerkommisjonen har brukt i sin rapport. Det inneber eit anslag på at ca. 650 personar fyller kriteria for å få kompensasjon. Det er også tatt høgd for at tidlegare arbeidsgivarfinansierte erstatningsutbetalingar skal komme til fråtrekk. Regjeringa foreslår å sette kompensasjonen til oljepionerane til 8 G, noko som per juni 2025 utgjer 1 041 280 kroner. Det er mogleg å søke på ordninga i to år frå loven trer i kraft, men det er antatt at den største delen av utbetalingane vil skje i 2026.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 434 mill. kroner.
Kap. 648 Arbeidsretten, Riksmeklaren m.m.
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Driftsutgifter |
34 814 |
27 400 |
28 219 |
|
21 |
Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 01 |
590 |
611 |
|
|
70 |
Tilskot til fagleg utvikling |
2 130 |
2 210 |
2 290 |
|
Sum kap. 648 |
36 944 |
30 200 |
31 120 |
-
Overført frå 2024 til 2025:
-
Post 01: 985 000 kroner (361 000 kroner gjeld lønnsoppgjeret 2024, som først blei utbetalt i 2025)
Allmenn omtale
Arbeidsretten er ein spesialdomstol som avgjer kollektivrettslege tvistar innanfor dei rammene for domsmyndigheitene som arbeidstvistlova og tenestetvistlova trekker opp. Arbeidsretten behandlar også tvistar om forståing, gyldigheit og eksistens av tariffavtalar og saker om brot på fredsplikta og om erstatningsansvar for tariffbrot og ulovleg arbeidskamp.
Kor omfattande den dømmande verksemda til retten er, kjem an på kor mange saker som blir bringa inn for retten. I tillegg til den dømmande verksemda skal Arbeidsretten drive utoverretta fagleg verksemd.
Riksmeklaren er ein uavhengig institusjon som meklar i tariffkonfliktar der det er brot mellom partane i forhandlingane om å opprette og/eller fornye tariffavtale. Samfunnsoppdraget til Riksmeklaren er å bidra til å bevare arbeidsfreden ved å hjelpe partane i arbeidslivet gjennom mekling og finne minnelege løysingar i interessetvistar.
Arbeidsretten og Riksmeklaren disponerte ved inngangen av 2025 hhv. fire og to tilsette, jf. også likestillingsomtalen i del III.
Rapport
Arbeidsretten fekk inn 21 nye saker i 2024, mot 28 i 2023. Retten avsa 19 dommar i 2024, mot 17 i 2023. Talet på dagar med hovudforhandlingar var 39 i 2024, mot 44 i 2023. Tida som gjekk frå ei stemning kom inn til Arbeidsretten, til det blei halde hovudforhandling, var i 2024 7 månader og 12 dagar, mot 9 månader og 10 dagar i 2023.
Saksmengda til Riksmeklaren kan variere mykje mellom år med hovudoppgjer og år med mellomoppgjer. I 2024 var det hovudoppgjer.
Det kom inn totalt 84 meklingssaker i 2024, mot 20 i 2023. Elleve saker enda i konflikt. Alle innkomne saker i 2024 er ferdig behandla. Det var noko færre rikssaker enn i førre hovudoppgjer, men talet ligg på normalt nivå. I 2022 var det 93 saker, og i 2020 var det 80.
Budsjettforslag 2026
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar driftsutgiftene til Arbeidsretten og Riksmeklaren m.m.
Løyvinga er endra som følge av pris- og lønnsjusteringar.
Regjeringa foreslår å redusere driftsløyvinga til Arbeidsretten og Riksmeklaren med 0,1 mill. kroner som følge av gevinstrealisering knytt til reduserte leigekostnader for statlege verksemder.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 28,2 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 01
Saksmengda og utgiftene til institusjonane på kapittelet varierer ut frå korleis lønnsoppgjera går, om det er hovud- eller mellomoppgjer, og om oppgjera er samordna eller forbundsvise. Posten skal dekke utgifter ved institusjonane på kapittelet og dessutan kompetanseoppbygging og utgreiingar innan feltet kollektiv arbeidsrett.
For å kunne handtere svingingane i budsjettbehova frå år til år har posten stikkorda «kan overførast» og «kan nyttast under post 01».
For 2026 er det foreslått ei løyving på 0,6 mill. kroner.
Post 70 Tilskot til fagleg utvikling
Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo driv eit løpande fagleg utviklingsarbeid innanfor arbeidsrett. Målet er å oppretthalde, styrke og vidareutvikle brei fagleg kompetanse på feltet, både i eit samfunnsperspektiv og for det praktiske retts- og arbeidsliv. Arbeidet omfattar både nasjonal og internasjonal arbeidsrett, med særleg vekt på EØS-rett, inkludert utviklinga i rettspraksis. Arbeidet er eit viktig og nødvendig bidrag til kunnskapsutviklinga innanfor arbeidsrett. Gjennom dette arbeidet bidrar fakultetet òg til å binde saman fagmiljøa innan arbeidsrett som finns på dei andre universiteta og lærestadene i landet. Arbeidet speler òg ei viktig rolle i eit samfunnsperspektiv, bl.a. ved å legge til rette for involvering av og samhandling med partane i arbeidslivet For inneverande periode (2018–2027) bidrar myndigheitene årleg med 50 pst. av kostnadene i prosjektet.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 2,3 mill. kroner.
Programkategori 09.50 Pensjonar m.m. under Statens pensjonskasse
Utgifter under programkategori 09.50 fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
611 |
Pensjonar frå statskassa |
17 748 |
18 800 |
18 000 |
-4,3 |
|
612 |
Tilskot til Statens pensjonskasse |
7 762 043 |
13 007 700 |
14 321 000 |
10,1 |
|
613 |
Arbeidsgivaravgift til folketrygda |
1 000 |
1 000 |
1 000 |
0,0 |
|
2470 |
Statens pensjonskasse |
202 756 |
158 960 |
160 369 |
0,9 |
|
Sum kategori 09.50 |
7 983 547 |
13 186 460 |
14 500 369 |
10,0 |
Utgifter under programkategori 09.50 fordelte på postgrupper
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Post- gr. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
01–29 |
Statens eigne driftsutgifter |
7 699 866 |
13 007 500 |
14 320 000 |
10,1 |
|
30–49 |
Nybygg, anlegg o.a. |
217 757 |
178 960 |
180 369 |
0,8 |
|
50–89 |
Overføringar til andre |
65 924 |
0,0 |
||
|
Sum kategori 09.50 |
7 983 547 |
13 186 460 |
14 500 369 |
10,0 |
Inntekter under programkategori 09.50 fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
5470 |
Statens pensjonskasse |
67 507 |
55 000 |
90 000 |
63,6 |
|
Sum kategori 09.50 |
67 507 |
55 000 |
90 000 |
63,6 |
Allmenn omtale
Programkategorien omfattar både ytingane som Statens pensjonskasse administrerer, og den administrative drifta av Statens pensjonskasse som forvaltningsbedrift. Statens pensjonskasse forvaltar den største tenestepensjonsordninga i Noreg. Ytingane frå Statens pensjonskasse omfattar
-
alderspensjon
-
uførepensjon
-
etterlatnepensjon (barnepensjonar og enke- og enkemannspensjonar)
Statens pensjonskasse administrerer òg pensjonsordningar for bl.a. statsrådar, stortingsrepresentantar, apotekverksemd, det kunstnariske personalet ved Den Norske Opera & Ballett og følgepersonar i utanrikstenesta. I tillegg administrerer Statens pensjonskasse
-
pensjonar av statskassa, jf. nærmare omtale under kap. 611
-
avtalefesta pensjon (AFP)
-
enkelte særordningar for forsvarspersonell (kompensasjon for psykisk belastningsskade etter tenestegjering i internasjonale operasjonar m.m.)
-
eingongserstatningsordning for vernepliktige m.m.
-
tariffbaserte personskadeerstatningar (særavtalar for reiser innanlands og utanlands, stasjonering i utlandet m.m.)
-
krav etter bilansvarslova for personskade forårsaka av bilane til staten
-
bustadlån for yrkesaktive medlemmer og pensjonistar i Statens pensjonskasse, jf. kap. 1565 under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
-
krav etter yrkesskadeforsikringslova for tilsette i staten, jf. kap. 1566 under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
-
gruppelivsordninga heimla i hovudtariffavtalen (HTA) § 23 (erstatning til etterlatne når medlemmer døyr), jf. kap. 1567 under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Medlemmer36
Staten har sidan 1917 hatt ei lovheimla tenestepensjonsordning for embets- og tenestemennene sine og for skoleverket. Statens pensjonskasse hadde ved utgangen av 2024 om lag 1 176 000 medlemmer. Av desse er det om lag 335 000 pensjonistar, 307 000 yrkesaktive medlemmer og så vidt over 12 000 som er delvis yrkesaktive i kombinasjon med pensjon. I tillegg har 522 000 medlemmer rett til oppsett pensjon. Desse medlemmene har opparbeidd seg pensjonsrettar i Statens pensjonskasse, men er for tida ikkje tilsette i ei medlemsverksemd.
Statstilsette (tilsette i staten som juridisk eining) og kommunalt og fylkeskommunalt tilsette lærarar har obligatorisk medlemskap i Statens pensjonskasse. Av dei yrkesaktive medlemmene høyrer i overkant av halvparten til i statsforvaltninga, om lag ein tredel høyrer til i skoleverket i kommunal og fylkeskommunal sektor, og om lag ein tidel høyrer til i andre verksemder.
Overføringsavtalen
Det er inngått ein overføringsavtale mellom Statens pensjonskasse og andre leverandørar av offentlege tenestepensjonsordningar (kommunale pensjonskasser, livsforsikringsselskap og lovfesta pensjonsordningar). Overføringsavtalen skal sikre at pensjonen til medlemmene ikkje blir påverka ved skifte av arbeidsgivar innanfor offentleg sektor. Statens pensjonskasse er koordinerande organ for overføringsavtalen og administrerer bl.a. regelverket for oppgjer (refusjon) mellom pensjonsordningane. Ein revidert refusjonsavtale innanfor overføringsavtalen tredde i kraft frå 1. juli 2024.
Kap. 611 Pensjonar frå statskassa
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Driftsutgifter, overslagsløyving |
17 748 |
18 800 |
18 000 |
|
Sum kap. 611 |
17 748 |
18 800 |
18 000 |
Allmenn omtale
Pensjon frå statskassa (rettferdspensjon) er ei særordning etablert gjennom praksis med heimel i Grunnlova § 75 bokstav i. Gjennom ordninga kan Stortinget, ut frå ei rimelegvurdering, gi pensjon til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar i Statens pensjonskasse på ordinær måte. Dei som får pensjon frå statskassa, er i hovudsak tidlegare lokalt tilsette arbeidstakarar ved norske utanriksstasjonar som ikkje er dekte av adekvate lokale trygde- og forsikringsordningar.
Pensjon frå statskassa blir berre gitt unntaksvis, men representerer ein viktig sikringsventil som har stor verdi for dei få det gjeld. Ordninga blir administrert i samarbeid med Utanriksdepartementet, og pensjonen blir utbetalt gjennom utanrikstenesta.
Rapport
Arbeids- og inkluderingsdepartementet gir midlertidig tilsegn om pensjonar frå statskassa etter søknad. Forslag til vedtak blir lagde fram for Stortinget i ein eigen årleg proposisjon. Departementet gav tilsegner om 12 nye pensjonar i 2024. I 2023 og 2022 blei det gitt tilsegner om hvv. 16 og 15 nye pensjonar.
Budsjettforslag 2026
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Utgiftsanslaget for 2026 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2025 og 2026.
Anslaget for 2026 er på 18 mill. kroner. Dette er 0,8 mill. kroner lågare enn anslaget i saldert budsjett for 2025. Anslaget for 2026 er basert på utbetalt beløp i 2024 og prognose for 2025.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 18 mill. kroner.
Kap. 612 Tilskot til Statens pensjonskasse
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Driftsutgifter, overslagsløyving |
7 696 119 |
12 825 700 |
14 507 000 |
|
22 |
Sluttoppgjer, overslagsløyving |
182 000 |
-186 000 |
|
|
70 |
For andre medlemmer av Statens pensjonskasse, overslagsløyving |
65 924 |
||
|
Sum kap. 612 |
7 762 043 |
13 007 700 |
14 321 000 |
Allmenn omtale
Den delen av netto pensjonsutgifter som ikkje blir finansiert av premieinnbetalingar, dekker staten ved tilskot. Ifølge § 16 i lov om Statens pensjonskasse skal alle medlemmer betale innskot med 2 pst. av pensjonsgrunnlaget. Ifølge § 18 skal alle medlemsverksemder betale arbeidsgivarandelen av pensjonspremien. Sjå nærmare omtale av pensjonspremie nedanfor under overskrifta Premiebetaling til Statens pensjonskasse og synleggjering av pensjonskostnadene til staten.
Inntektssida utgjer i første rekke pensjonspremie frå medlemsverksemdene. Dette er innskot for pensjonsrettar som skal utbetalast langt fram i tid, mens utbetalingane er til dei som tidlegare har vore yrkesaktive, eller etterlatne etter dei. Det er derfor ikkje nokon direkte samanheng mellom utgiftene og inntektene på kapittelet i kvart enkelt budsjettår. Utgiftssida utgjer i første rekke utbetalingar til alderspensjon, uførepensjon, etterlatnepensjon og avtalefesta pensjon (AFP). I tillegg blir det budsjettert avskrivingar, administrasjonsutgifter og renteutbetalingar. Det blir òg budsjettert utbetalingar til yrkesskadeforsikring før 1. januar 1996 som ikkje blir dekte av premieinnbetalingar.
Hovudtrekk ved regelverket og foreslåtte endringar
For dei som i dag får alderspensjon frå offentleg tenestepensjon, er heile eller det mest vesentlege av tenestepensjonsordninga ei bruttoordning, det vil seie at ho sikrar eit samla nivå på tenestepensjonen og folketrygda. Først blir det berekna ein brutto tenestepensjon, som ved full oppteningstid utgjer 66 pst. av pensjonsgrunnlaget (sluttlønn) opp til 12 G før levealdersjustering. Netto tenestepensjon blir berekna ved at det blir gjort frådrag for alderspensjon frå folketrygda etter bestemte samordningsreglar.
Stortinget har vedtatt ei ny tenestepensjonsordning for medlemmer av Statens pensjonskasse, jf. lovvedtak 72 (2018–2019), Innst. 314 L (2018–2019) og Prop. 87 L (2018–2019). Den nye ordninga gjeld for årskull fødde i 1963 eller seinare og blei sett i verk 1. januar 2020. Årskull fødde før 1963 skal behalde bruttoordninga. Den nye tenestepensjonen fekk verknad for utbetalt pensjon når 1963-kullet fyller 62 år, det vil seie frå 2025. Den nye tenestepensjonsordninga følger opp avtalen som blei inngått 3. mars 2018 mellom Arbeids- og sosialdepartementet, LO, Unio, YS, Akademikerne, KS og Spekter om tenestepensjon for tilsette i offentleg sektor. Avtalen omfattar både alderspensjon og AFP.
Som i bruttoordninga er dei nye reglane like for kvinner og menn, og dei sikrar ei livsvarig utbetaling av pensjon. Den nye ordninga gir betre insentiv til å stå lenger i jobb og gjer det lettare for offentleg tilsette å kompensere for effekten av levealdersjusteringa. Den nye alderspensjonen er utforma som ei påslagsordning der
-
alle år i jobb fram til 75 år gir pensjonsopptening
-
pensjonen blir berekna uavhengig av folketrygda
-
pensjonen kan takast ut fleksibelt frå 62 år, og kan kombinerast med arbeidsinntekt utan at pensjonen blir redusert
I tråd med avtalen frå 3. mars 2018 skal ny AFP i offentleg sektor utformast etter mønster av AFP i privat sektor. Forslag til lovvedtak om ny avtalefesta pensjon blei fremma 15. desember 2023 ved Prop. 35 L (2023–2024). Stortinget har vedtatt lovendringane, jf. behandlinga av Innst. 231 L (2023–2024) og lovvedtak 51 (2023–2024). Ny avtalefesta pensjon fekk verknad for utbetalt pensjon når 1963-kullet fyller 62 år, det vil seie frå 2025. Utfyllande reglar om AFP er fastsette i forskrift. Ved Prop. 5 L (2024–2025), vedtatt 13. desember 2024, ble det lovfesta at Statens pensjonskasse kan inngå avtale om å dele kostnadene til AFP med andre leverandørar av AFP. I Prop. 106 L (2024–2025) blei det fremma eit forslag om at kostnadsfordelingsavtalen mellom pensjonsleverandørane skulle vere ein føresetnad for å vere omfatta av den nye offentlege AFP-ordninga. Lovforslaget blei behandla av Stortinget i mai 2025.
Årskull fødde før 1963 skal behalde gammal AFP som er ei tidlegpensjonsordning. Toleransebeløpet for avkorting for medlemmer av Statens pensjonskasse fødde i 1962 eller tidlegare, er auka frå 15 000 kroner til 0,26 G per 1. januar kvart år, med verknad frå 1. januar 2025.
I pensjonsavtalen som blei inngått 3. mars 2018, går det fram at regelverket for personar med særaldersgrenser som er fødde i 1963 eller seinare, må tilpassast påslagsmodellen. I påvente av ein endeleg avtale om pensjon til personar med særaldersgrense har Stortinget vedtatt å føre vidare ei tidlegpensjonsordning for personar med særaldersgrense for åra fram til dei fyller 67 år, jf. Prop. 87 L (2018–2019), Innst. 314 L (2018–2019) og lovvedtak 72 (2018–2019).
Frå og med 1. juli 2021 er plikta til å fråtre ved nådd aldersgrense oppheva i aldersgrenselova og sjukepleiarordninga. Opphevinga inneber ingen endringar i rettane til pensjon for personar med særaldersgrense.
Regjeringa og partane i offentleg sektor blei 25. august 2023 einige om nye pensjonsreglar for personar som har særaldersgrense og er fødde i 1963 eller seinare. Dei nye reglane inneber at personar med særaldersgrense får eit særalderspåslag, som er eit påslag til livsvarig pensjon som kjem på toppen av ordinær pensjon. Særalderspåslaget er 5,8 pst. for dei som har aldersgrense 65 år, 6,5 pst. for dei som har aldersgrense 63 år, og 7,7 pst. for dei som har aldersgrense 60 år. Avtalen inneber vidare at tidlegpensjonsordninga blir avvikla frå og med 1965-kullet for dei som har aldersgrense 65 år, og dessutan at 85-årsregelen blir fasa ut for dei som har aldersgrense 60 og 63 år. Dei nye reglane inneber òg at særaldersgrensene og utbetalingsperioden for tidlegpensjon blir flytta oppover i takt med hevinga av aldersgrensene i folketrygda. Den 10. april 2025 fremma regjeringa Prop. 108 L (2024–2025) med forslag om lovendring som følgde opp avtalen inngått 25. august 2023, og samtidig lovendring i tråd med ein avtale inngått mellom dei same partane 13. januar 2025 om å auke fribeløpet for dei som skal ha ny tidlegpensjon.
Frå og med 2015 blei det innført ny uføretrygd i folketrygda, og skattereglane for uføreytingar blei endra. I den samanhengen blei det òg innført ei ny uføreordning i offentleg sektor. Den nye uførepensjonen frå offentlege tenestepensjonsordningar er ei nettoordning der ytinga blir berekna uavhengig av folketrygda. Reglane for avkorting av uførepensjon mot arbeidsinntekt er lagde tett opp til reglane som gjeld for den nye uføretrygda i folketrygda.
Bruttopensjonar, jf. omtalen ovanfor, skal i Statens pensjonskasse bereknast av pensjonsgrunnlaget medlemmene har når dei fråtrer stillinga si. Grunnlaget blir i utgangspunktet fastsett ut frå den faste arbeidsinntekta medlemmene har idet dei fråtrer. Dersom ein medlem har hatt eit høgare pensjonsgrunnlag på eit tidlegare tidspunkt, skal det høgare grunnlaget gjelde for tida før grunnlaget gjekk ned. Pensjonen for resten av tida blir rekna av grunnlaget på fråtredingstidspunktet. Statens pensjonskasse vurderer no, i samråd med departementet, praksis og eventuelle framtidige regelverksendringar knytte til vurderingar av om det har skjedd ein nedgang i pensjonsgrunnlaget eller ikkje. Arbeidet er starta opp, bl.a. på grunnlag av ein orskurd frå Trygderetten. Eit forslag til lov- og forskriftsendring blei sendt på høyring med høyringsfrist 19. mai 2024. Som følge av eit forslag i Prop. 5 L (2024–2025) blei det gitt heimel i lov om Statens pensjonskasse § 15 til å gi forskrift om delt pensjonsgrunnlag, jf. endringslov av 20. desember 2024 nr. 81.
Regjeringa la 26. mai 2023 fram ein lovproposisjon om å oppheve minstegrensa på 20 pst. stilling for rett til medlemskap i dei lovfesta offentlege tenestepensjonsordningane i lov om Statens pensjonskasse, apotekarpensjonslova og sjukepleiarpensjonslova. Stortinget vedtok lovendringa, men iverksettinga blei utsett, jf. Prop. 120 L (2022–2023), Innst. 37 L (2023–2024) og Lovvedtak 1 (2023–2024). I samanheng med stortingsbehandlinga blei regjeringa beden om å legge til rette for at pensjonerte sjukepleiarar har gode insentiv til å jobbe i mindre stillingar i det offentlege, under dette å vurdere unntak for innmelding i pensjonsordninga for sjukepleiarar. Regjeringa har blitt einig med partane om ei løysing som gjer det mogleg for sjukepleiarar som er fødde før 1965, å jobbe under 20 pst. stilling samtidig som dei får pensjon, utan at pensjonen blir avkorta. Dette blei følgt opp i lovproposisjonen som følgde opp forslaga i Prop. 1 S (2024–2025), og som blei lagd fram for Stortinget i Prop. 5 L (2024–2025). Reglane tredde i kraft 1. januar 2025. Å oppheve minstegrensa inneber at også offentleg tilsette vil få pensjonsopptening frå første krone og første dag.
Regjeringa la fram Meld. St. 6 (2023–2024) Et forbedret pensjonssystem med en styrket sosial profil 15. desember 2023. I meldinga foreslår regjeringa ei rekke tiltak for å styrke den sosiale berekrafta i pensjonssystemet. Tre sentrale forslag er
-
ei gradvis heving av aldersgrensene i pensjonssystemet og tilgrensande ordningar (helserelaterte ytingar, dagpengar m.m.) for personar fødde i 1964 og seinare, i takt med auken i forventa levealder
-
lønnsregulering av minstesatsane i alderspensjon, kombinert med at løpande pensjonar blir regulerte med gjennomsnittet av pris- og lønnsveksten
-
auka pensjon til uføre i yngre årskull gjennom auka alder for opptening og overgang til alderspensjon for personar som får uføretrygd.
Arbeids- og sosialkomiteen leverte si innstilling (Innst. 233 S (2023–2024)) 14. mars 2024. Med innstillinga følgde ein avtale mellom dei daverande regjeringspartia (Arbeidarpartiet og Senterpartiet) og partia Høgre, Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Kristeleg Folkeparti og Miljøpartiet Dei Grøne. Avtalepartane stiller seg bak forslaga frå regjeringa om å heve aldersgrensene gradvis, regulere minsteytingane i pensjonssystemet betre og styrke alderspensjonen til uføre. Vidare har avtalepartane blitt einige om å opprette ei slitarordning i folketrygda samtidig med dei andre endringane i pensjonssystemet, og at den alminnelege aldersgrensa for statstilsette og andre medlemmer i Statens pensjonskasse går opp frå 70 til 72 år. Regjeringa fremma Prop. 73 L (2024–2025) den 10. april 2025 med reglar for å auke aldersgrensa frå 70 til 72 år. Proposisjonen blei behandla i Stortinget i mai 2025.
Opptente pensjonsrettar
Verdien av opptente pensjonsrettar i Statens pensjonskasse (med unntak av pensjonsordninga for apotekverksemd) blei ved utgangen av 2024 estimert til 748 mrd. kroner. Av dette beløpet gjeld 86 pst. alderspensjon, påslagspensjon, AFP og særalderspensjon, 10 pst. gjeld etterlatnepensjon, mens 4 pst. gjeld uførepensjon.
Pensjonar frå Statens pensjonskasse – utviklingstrekk
Talet på pensjonistar i Statens pensjonskasse har auka kraftig frå 2010 og fram til i dag. I denne perioden har talet på alderspensjonistar gått frå 129 000 til 254 000. Talet på særalderspensjonistar (pensjonistar som går av ved særaldersgrense før dei fyller 67 år) har auka frå 8 600 til 12 000, mens talet på AFP-pensjonistar har minka frå 13 200 i 2010 til 10 600 i 2024.
I perioden 2025–2035 er det venta at talet på alders- og særalderspensjonistar held fram med å vekse. Deretter er det venta at veksten avtar. I tråd med avtalen av 3. mars 2018 og Stortingets vedtak i samanheng med behandlinga av Prop. 35 L (2023–2024) er dagens AFP, med verknad frå 2025, erstatta av ein ny AFP etter mønster av AFP i privat sektor. I 2029 vil dagens AFP vere utfasa. Når ny, livsvarig AFP erstattar dagens AFP, som er ei rein tidlegpensjonsordning, vil talet på AFP-mottakarar auke markant over tid.
Talet på uførepensjonistar har vist ein nedgåande tendens i fleire år. Frå 2019 har nedgangen flata noko ut.
Premiebetaling til Statens pensjonskasse og synleggjering av pensjonskostnadene til staten
Medlemsverksemdene i Statens pensjonskasse betaler ein arbeidsgivarandel i form av ein pensjonspremie. Betalinga av pensjonspremie for yrkesaktive medlemmer kan i dag delast inn etter verksemder som betaler pensjonspremie utan at det blir gjennomført eit forsikringsteknisk oppgjer (bl.a. statlege verksemder), og verksemder som betaler pensjonspremie med forsikringsteknisk oppgjer (i hovudsak fristilte statlege verksemder).
Det har over fleire år vore arbeidd med å modernisere premiesystemet i Statens pensjonskasse. I 2022 blei det innført ein ny, verksemdsspesifikk og hendingsbasert premiemodell for betaling av pensjonspremie for statlege verksemder. For medlemsverksemdene elles har Statens pensjonskasse innført ein hendingsbasert premiemodell gradvis over fleire år. Premiemodellen tar løpande omsyn til dei faktiske hendingane i medlemsbestanden, slik at premiereserven til kvar tid samsvarer med oppteninga til medlemmene. Dette skal bidra til å ansvarleggjere statlege verksemder meir for eigne pensjonskostnader. Vi viser til nærmare omtale i Prop. 1 S (2021–2022) for Arbeids- og sosialdepartementet.
Statens pensjonskasse vil forbetre arbeidet med hendingsbasert premiemodell ytterlegare. Dei arbeider bl.a. med tiltak for å gi medlemsverksemdene betre forståing av kva som påverkar pensjonspremien, og betre forståing av premie per termin, og dessutan med forbetringar i informasjonen til verksemdene.
Rapport
Utvikling i talet på pensjonar 2023–2024 og anslag for 2025–2026
|
Pensjonsart |
2023 |
2024 |
2025 |
2026 |
|---|---|---|---|---|
|
Alderspensjon |
246 000 |
254 000 |
262 000 |
271 000 |
|
Avtalefesta pensjon |
11 100 |
10 600 |
10 200 |
9 100 |
|
Særalderspensjonar |
11 900 |
12 000 |
12 000 |
12 100 |
|
Uførepensjon |
41 600 |
41 200 |
41 000 |
40 900 |
|
Ektefellepensjon (etterlatnepensjon) |
50 800 |
51 500 |
52 400 |
53 400 |
|
Barnepensjon (etterlatnepensjon) |
1 800 |
1 800 |
1 800 |
1 800 |
|
Nye ytingar frå 1.1.2025: |
||||
|
Alderspensjon tidleg uttak |
0 |
0 |
2 000 |
9 000 |
|
Avtalefesta pensjon livsvarig og betinget tjenestepensjon |
0 |
0 |
2 200 |
6 100 |
|
Alle pensjonsartar |
363 200 |
371 100 |
383 600 |
403 400 |
Det er anslått ein netto auke i alle pensjonsartar utanom dei nye ytingane frå 1. januar 2025 på 8 300 i 2025 og ytterlegare 8 900 i 2026.
Budsjettforslag 2026
For 2026 er det foreslått ei løyving på 14 321 mill. kroner, fordelt med 14 507 mill. kroner på post 01 og -186 mill. kroner på post 22. Dette er 1 313 mill. kroner høgare enn saldert budsjett for 2025 og 6 559 mill. kroner høgare enn rekneskapen for 2024.
Regulering av pensjonar under utbetaling
Utgiftsanslaget for 2026 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2025 og 2026. Stortinget har vedtatt at pensjonar under utbetaling skal regulerast med eit gjennomsnitt av pris- og lønnsveksten med verknad frå 2022. Anslaget for verknaden i 2026 av trygdeoppgjeret i 2025 og 2026 utgjer 1 267 mill. kroner under kap. 612.
Pensjonsutbetalingar
Utbetalingane for alderspensjonar, uførepensjonar og etterlatnepensjonar er samla venta å utgjere 37 426 mill. kroner i 2026. Det er ein auke på 4 283 mill. kroner samanlikna med rekneskapen for 2024 og ein auke på 1 337 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2025. Av auken utgjer anslaget for verknaden i 2026 av trygdeoppgjera i 2025 og 2026 totalt 1 155 mill. kroner. Vidare er det lagt til grunn ein netto vekst i talet på alderspensjonar, uførepensjonar og etterlatnepensjonar med totalt 17 000, frå 371 200 i 2025 til 388 200 i 2026. Anslaga for dei ulike pensjonsartane går fram av tabellen ovanfor.
Avtalefesta pensjon
Det er budsjettert med ei utbetaling på 3 714 mill. kroner til avtalefesta pensjonar i 2026. Det er ein reduksjon på 214 mill. kroner samanlikna med rekneskapen for 2024 og ein reduksjon på 376 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2025. Av dette utgjer anslaget for verknaden i 2026 av trygdeoppgjera i 2025 og 2026 ein auke på 112 mill. kroner.
Pensjonspremie
Anslaget for innbetaling av pensjonspremie er 26 245 mill. kroner. Det er 2 725 mill. kroner lågare enn i rekneskapen for 2024 og 566 mill. kroner lågare enn i saldert budsjett for 2025. Reduksjonen i anslaget samanlikna med 2025 skriv seg i hovudsak frå at statlege fristilte verksemder har gått frå å betale inn underskot i 2024 til å få redusert premie i 2025 som følge av overskot. Ved inngangen til 2026 vil dei fristilte verksemdene vere i balanse, men da vil datolønnsveksten og dei andre økonomiske føresetnadene trekke premien ned igjen samanlikna med 2025. Premien for lærarar i kommunar og fylkeskommunar har også hatt ein reduksjon samanlikna med 2024. Det kjem av at kommunane måtte betale for eit høgare lønsoppgjer enn estimert som prega premien i 2024. For 2026 er premiane litt lågare igjen som følge av lågare lønsvekst.
Inntekter og utgifter til Statens pensjonskasse – postane 01, 22 og 70 (i 1 000 kroner)
|
Rekneskapen 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
|---|---|---|---|
|
Sluttoppgjer |
0 |
182 000 |
-186 000 |
|
Alderspensjonar |
22 515 560 |
24 757 000 |
25 872 000 |
|
Særalder |
3 502 000 |
3 860 000 |
3 832 000 |
|
Uførepensjonar |
2 272 000 |
2 391 700 |
2 423 000 |
|
Etterlatnepensjonar |
4 853 000 |
5 080 000 |
5 299 000 |
|
AFP-pensjonar |
3 928 066 |
4 090 000 |
3 714 000 |
|
Refusjonspensjonar andre pensjonsordningar |
-939 316 |
-1 200 000 |
-1 107 000 |
|
Yrkesskadeforsikring |
366 |
4 000 |
4 000 |
|
Renter pensjonsutbetalingar |
8 305 |
8 000 |
8 000 |
|
Renter refusjonspensjonar |
87 |
2 000 |
2 000 |
|
Avskrivingar |
21 186 |
30 000 |
30 000 |
|
Administrasjonsutgifter |
574 683 |
620 000 |
681 000 |
|
Utgifter i alt |
36 735 937 |
39 824 700 |
40 572 000 |
|
Pensjonspremie inkl. AFP |
28 970 101 |
26 811 000 |
26 245 000 |
|
Refusjon yrkesskade |
366 |
4 000 |
4 000 |
|
Renteinntekter refusjonspensjonar andre ordningar |
3 427 |
2 000 |
2 000 |
|
Inntekter i alt |
28 973 894 |
26 817 000 |
26 251 000 |
|
Samla tilskot (utgifter – inntekter) |
7 762 043 |
13 007 700 |
14 321 000 |
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga på posten gjeld differansen mellom premieinntekter og pensjonar utbetalte for tidlegare opptente rettar for medlemmer i Statens pensjonskasse. Med verknad frå 2025 er løyvinga på kap. 612, post 70 overført til kap. 612, post 01, jf. omtale i Prop. 1 S for 2025.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 14 507 mill. kroner.
Post 22 Sluttoppgjer, overslagsløyving
Løyvinga på posten skal dekke sluttoppgjer for verksemder som melder seg ut av Statens pensjonskasse frå 1. januar 2026. Det er lagt til grunn netto innbetaling av sluttoppgjer og eingongsoppgjer på 186 mill. kroner i 2026. Anslaget inkluderer foreløpig berekna innbetaling av eingongsoppgjer for framtidig reguleringsansvar knytt til oppsette rettar og pensjonistar frå Flytoget AS på 186 mill. kroner. Vidare er det anslått eit foreløpig berekna sluttoppgjer for Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) og Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) på til saman 0 mill. kroner.
For 2026 er det foreslått ei løyving på -186 mill. kroner.
Post 70 For andre medlemmer av Statens pensjonskasse, overslagsløyving
Med verknad frå 2025 er løyvinga på kap. 612, post 70 overført til kap. 612, post 01, jf. omtale under kap. 612, post 01.
Kap. 613 Arbeidsgivaravgift til folketrygda
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Driftsutgifter, overslagsløyving |
1 000 |
1 000 |
1 000 |
|
Sum kap. 613 |
1 000 |
1 000 |
1 000 |
Allmenn omtale
Kapittelet omfattar arbeidsgivaravgift til folketrygda av berekna arbeidsgivarandel og medlemsandel for verksemder som ikkje er pålagde å betale arbeidsgivarandel, og medlemsandel direkte til Statens pensjonskasse. Kapittelet har utgjort ei teknisk berekning av arbeidsgivaravgifta.
Budsjettforslag 2026
Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving
Løyvinga på posten skal dekke berekna arbeidsgivaravgift for arbeidsgivarandelen og medlemsandelen av pensjonsinnskotet for verksemder som ikkje er pålagde å betale arbeidsgivarandel og medlemsandel direkte til Statens pensjonskasse. Arbeidsgivaravgifta i 2026 er berekna til 1 mill. kroner. Dette er same beløpet som i rekneskapen for 2024 og same beløpet som i saldert budsjett for 2025.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 1 mill. kroner.
Kap. 2470 Statens pensjonskasse
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
24 |
Driftsresultat |
-15 000 |
-20 000 |
-20 000 |
|
45 |
Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast |
217 757 |
178 960 |
180 369 |
|
Sum kap. 2470 |
202 757 |
158 960 |
160 369 |
Allmenn omtale
Statens pensjonskasse er ei forvaltningsbedrift, jf. § 7 i løyvingsreglementet. Det inneber at driftsbudsjettet til Statens pensjonskasse er nettobudsjettert. Statens pensjonskasse hadde i gjennomsnitt 461 avtalte årsverk i 2024. Ytingane frå Statens pensjonskasse er nærmare omtalte under innleiinga til programkategori 09.50.
Dei ordningane som Statens pensjonskasse forvaltar, skal sikre økonomisk tryggleik for medlemmene i alle fasane av livet. Ordningane skal forvaltast slik at dei bidrar til at staten blir oppfatta som ein attraktiv og profesjonell arbeidsgivar. Informasjon og rettleiing skal bidra til at medlemmene kan ta opplyste val ut frå sin livssituasjon. Forvaltninga og informasjon til medlemmer og medlemsverksemder skal bidra til målet for pensjonsreforma om at fleire jobbar lenger. Statens pensjonskasse skal sikre rettar gjennom god forvaltning, ha tilgjengelege tenester med god service og vere effektive og skape meirverdi for samfunnet. Styringsparametrar og resultatkrav blir fastsette i styringsdialogen mellom Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Statens pensjonskasse.
Rapportering, strategiar og tiltak for 2026
Utbetaling av ytingar og innkrevjing av premie
Statens pensjonskasse skal utbetale rett yting til rett tid og fastsette og krevje inn rett premie til rett tid. Tabellen nedanfor viser resultatkrava og resultata for 2024 knytte til desse måla:
|
Mål og resultatkrav 2024 |
Resultat 2024 |
|---|---|
|
Statens pensjonskasse skal utbetale rett yting til rett tid |
|
|
Av nye og endra pensjonar skal minst 96 pst. vere utan vesentlege feil ved hvv. første gongs utbetaling og endringstidspunktet. |
98,9 pst. |
|
Innan utgangen av andre tertial 2024 er målet at alle søknader om nye bustadlån og refinansiering blir behandla innan 14 dagar. |
<14 dager |
|
SPK skal legge til rette for rettidig utbetaling av samla pensjonsytingar uansett når dokumentasjon ligg føre, målt 12 månader glidande. Rettidigheita skal vere minimum 80 pst. |
84,9 pst. |
|
Statens pensjonskasse skal fastsette og krevje inn rett premie til rett tid |
|
|
SPK skal sikre føreseieleg pensjonspremie for medlemsverksemdene, slik at avvik mellom årleg premieprognose og fakturert premie for lærarane er mindre enn 15 pst. samla sett. |
2,3 pst. |
Administrative førebuingar til det nye pensjonsregelverket
Statens pensjonskasse vil halde fram arbeidet med dei administrative førebuingane i 2026, slik at dei kan forvalte det nye pensjonsregelverket (ny offentleg tenestepensjon, jf. omtale under kap. 612) effektivt og korrekt, og dermed sikre rettssikkerheit og tryggleik for medlemmer og medlemsverksemder i Statens pensjonskasse.
Stortinget vedtok ny tenestepensjon i offentleg sektor, jf. Prop. 87 L (2018–2019), Innst. 314 L (2018–2019) og Lovvedtak 72 (2018–2019). Den nye tenestepensjonen fikk verknad for utbetalt pensjon da 1963-kullet fylte 62 år, dvs. frå 2025.
I 2023 ble det gjennomført ei ekstern kvalitetssikring (KS2) av kostnadsrammer og usikkerheit for fase tre av pensjonsprogrammet til Statens pensjonskasse, Pro25. På bakgrunn av KS2-rapporten tilrådde regjeringa overfor Stortinget i Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2023 at Pro 25 fase tre starta opp i 2023, med ei kostnadsramme på 391 mill. 2023-kroner inkl. mva. På bakgrunn av Innst. 490 S (2022–2023) blei dette vedtatt av Stortinget, jf. romartalfullmakt XIV. Tredje fase Pro 25, er i rute, og Statens pensjonskasse har følgt opp alle merknader og anbefalingar frå kvalitetssikringa. Det valde konseptet vil sikre at pensjonsreglane blir godt varetatt i den nye løysinga, og samtidig gi eit godt grunnlag for at medlemmer av Statens pensjonskasse skal kunne ta opplyste pensjonsval.
SPK førebur no arbeidet med fase fire som omfattar nye pensjonsregler for personar med særaldersgrense, samt pensjonsavtalen på Stortinget frå 2024 om bl.a. innføring av normert pensjoneringsalder. Kvalitetssikring av kostnadsramme og finansieringsplan blir ivareteke.
Informasjon og kunnskapsformidling
Også i 2024 har mesteparten av informasjonsarbeidet til Statens pensjonskasse omhandla ny offentleg tenestepensjon.
Regelverket for offentleg tenestepensjon er komplisert. Kva reglar som gjeld, kjem an på når du er fødd, og det finst fleire overgangsreglar for ulike årskull. For å kunne ta opplyste val om pensjon, treng medlemmene relevant informasjon tilpassa sin situasjon.
Brukarundersøkingar viser at medlemmene generelt er nøgde med Statens pensjonskasse. I 2024 var det samla resultatet av undersøkingane 84 av 100 poeng, opp frå 83 poeng i 2023. Statens pensjonskasse har arbeidd systematisk med klarspråk i lang tid. I 2023 blei Statens pensjonskasse revidert av Riksrevisjonen på etterlevinga av språklova i vedtaksbrev. Riksrevisjonen konkluderte med at Statens pensjonskasse i hovudsak nyttar klarspråk. Gjennom 2024 har brukarundersøkingane vist at medlemmene blir meir og meir nøgde med informasjonen frå Statens pensjonskasse. På spørsmål om informasjonen frå SPK var enkel å forstå, var resultatet 82 poeng, opp heile 12 poeng frå 2023.
I 2024 heldt Statens pensjonskasse over 330 kurs for 12 200 medlemmer. Talet på kurs auka med 10 pst. frå 2023. Statens pensjonskasse utarbeidde nesten 6 300 pensjonsprognosar for kursdeltakarane. Kundesenteret har svart på 144 000 førespurnader på e-post, telefon og chat. Dette er 8 pst. færre førespurnadar enn i 2023.
Statens pensjonskasse ser at medlemsverksemdene òg har større behov for tilpassa informasjon. Verksemdene er svært ulike. I 2024 har Statens pensjonskasse derfor vidareutvikla informasjonsarbeidet overfor verksemdene for å kunne tilby skreddarsydd informasjon til ulike målgrupper.
Medlemsverksemdene er òg nøgde med Statens pensjonskasse. I 2024 var det samla resultatet 75 av 100 poeng. Det er ein svak nedgang frå 2023. I 2024 har Statens pensjonskasse skaffa innsikt i kva behov HR-funksjonen i medlemsverksemdene har. Målet er at HR-funksjonane opplever at dei har den informasjonen dei treng for å støtte tilsette i pensjonsval.
Sjølvbetening
Ambisjonen til Statens pensjonskasse er at flest mogleg skal kunne betene seg sjølve og finne informasjonen dei treng på spk.no. I sjølvbeteningsløysinga «Min side» kan medlemmene bl.a. rekne ut framtidig pensjon, søke om pensjon og lån, og sjå kommande pensjonsutbetalingar.
I oktober 2024 behandla Statens pensjonskasse dei første digitale søknadene om ny offentleg tenestepensjon som medlemmene sende inn via Min side. Brukarane har vore svært nøgde, med ei gjennomsnittleg vurdering på 4,2 av 5. Pensjon er ei av dei viktigaste økonomiske avgjerdene i livet. Eit sentralt mål med den digitale søknadsprosessen er å hjelpe medlemmene til å ta gode og opplyste val om pensjon. Medlemmene bruker kalkulatoren aktivt for å forstå vala sine, og gjer i snitt fire utrekningar kvar.
I 2024 hadde spk.no omlag 2,5 millionar besøk, ein auke på om lag 100 000 frå 2023. For første gong blei det registrert over éin million innloggingar på Min side. Talet på innloggingar har dobla seg i løpet av fire år.
For å informere om pensjonsopptening og få fleire til å logge inn på Min side har Statens pensjonskasse kvart år sidan 2022 sendt e-post til medlemmer som er fødde i 1963 og seinare. I 2024 fekk 220 000 mottakarar e-post.
«Min virksomhet» er sjølvbeteningsløysinga for medlemsverksemdene. Dei aller fleste arbeidsgivarane loggar seg inn ein gong i månaden for å rapportere lønns- og stillingsdata. SPK har planlagt fleire forbetringar dei neste åra basert på nye behov hos verksemdene. I 2024 sluttførte Statens pensjonskasse arbeidet med å sikre universell utforming og implementere same design på Min virksomhet som på resten av nettstaden spk.no.
Statens pensjonskasse er i gang med å forbetre rapporteringsløysinga, og etablere ei meldingsløysing for dialog med medlemsverksemdene.
Post 24 Driftsresultat
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Underpost |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
24.1 |
Driftsinntekter, overslagsløyving |
-759 824 |
-790 000 |
-850 000 |
|
24.2 |
Driftsutgifter, overslagsløyving |
564 622 |
637 000 |
641 000 |
|
24.3 |
Avskrivingar |
84 046 |
100 000 |
115 000 |
|
24.4 |
Renter av statens kapital |
-5 168 |
3 000 |
4 000 |
|
24.5 |
Til investeringsformål |
67 507 |
55 000 |
90 000 |
|
24.6 |
Til reguleringsfond |
33 816 |
-25 000 |
-20 000 |
|
Sum post 24 |
-15 000 |
-20 000 |
-20 000 |
Det er foreslått ei løyving på –20 mill. kroner på post 24 Driftsresultat for 2026.
Underpost 24.1 Driftsinntekter, overslagsløyving
Inntektene til Statens pensjonskasse er knytte til betaling for dei administrative tenestene som blir utførte i pensjons-, låne- og personskadeordningane og andre ordningar som Statens pensjonskasse tilbyr. Vel 80 pst. av inntektene kjem frå administrasjon av dei ulike pensjonsordningane, der administrasjonspremie knytt til den statlege pensjonsordninga etter lov om Statens pensjonskasse utgjer det aller meste. Inntektene aukar med 60 mill. kroner frå saldert budsjett for 2025. Auken kjem av høgare pensjonsgrunnlag i ordningane under Lov om Statens pensjonskasse og større volum i andre ordningar.
Underpost 24.2 Driftsutgifter, overslagsløyving
Lønnskostnader utgjer om lag halvparten av driftsutgiftene til Statens pensjonskasse. Det blir foreslått å auke driftsutgiftene med 4 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2025. Auken skriv seg i hovudsak frå auka lønns- og prisvekst. Auka er beskjeden, men må sjåast i samanheng med prioritering av ressursar til investeringsprogramma (post 24.5/45), etter reduksjon av øyremerkte satsingsmidlar og oppstart av arbeidet med særaldersgrenser.
Underpost 24.3 Avskrivingar
Avskrivingane er foreslått auka med 15 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2025. Auken skriv seg frå nye systemløysingar som er utvikla og skaffa gjennom dei siste åra, spesielt i samanheng med nytt pensjonsregelverk og nytt lånesystem.
Underpost 24.4 Renter av statens kapital
I samsvar med reglane for forvaltningsbedrifter skal det bereknast rente for den kapitalen som er investert i bedrifta. Det er budsjettert med 4 mill. kroner i renter i 2026. Det er ein auke på 1 mill. kroner frå saldert budsjett for 2025.
Underpost 24.5 Til investeringsformål
Posten omfattar avsetting til eigenfinansierte investeringar, jf. kap. 5470, post 30. Det er budsjettert med ei eigenfinansiering på 90 mill. kroner i 2026. Dette er ei auke på 35 mill. kroner frå saldert budsjett for 2025, og inkluderer trekk frå reguleringsfondet på 20 mill. kroner, jf. omtale under post 24.6 Til reguleringsfondet.
Underpost 24.6 Til reguleringsfond
Reguleringsfondet skal nyttast til å dekke svingingar i økonomien i verksemda mellom ulike år og til uføresette utgifter i det enkelte budsjettåret. Fondet er ein del av eigenkapitalen til forvaltningsbedrifta. Det blir lagt til grunn at fondet kan nyttast til gjenkjøp av bl.a. systemløysingar. Det er budsjettert med eit trekk på fondet på 20 mill. kroner. Trekket skal nyttast til å dekke eigenfinansieringa av utviklingsaktivitetane Statens pensjonskasse driv med i samanheng med ny offentleg tenestepensjon, sjå òg omtalen under post 24.5 Til investeringsformål.
Det blir fremma forslag om at det blir gitt høve til å omdisponere inntil 50 mill. kroner frå reguleringsfondet til investeringsformål, jf. forslag til romartalsfullmakt.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga på posten gjeld investeringar i varige driftsmiddel, primært programvare-utvikling.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 180,4 mill. kroner. Dette er om lag same nivå som i saldert budsjett for 2025. Midlane skal i hovudsak dekke utgifter knytte til ny offentleg tenestepensjon og utvikling av eksisterande IT-system. Vidare skal løyvinga dekke utgifter til å ferdigstille arbeidet med prosjektet nytt IKT-system for bustadlånsordninga i SPK som har noko auka kostnader og tar lengre tid å ferdigstille enn tidlegare lagt til grunn.
Balanse Statens pensjonskasse
|
kroner |
||
|---|---|---|
|
Rekneskap 2023 |
Rekneskap 2024 |
|
|
Eigedelar |
||
|
Anleggsmiddel |
||
|
Driftsmiddel, eigedommar |
600 554 940 |
734 226 160 |
|
Sum anleggsmiddel |
600 554 940 |
734 266 160 |
|
Omløpsmiddel |
||
|
Varebehaldning, varer i arbeid |
0 |
0 |
|
Kortsiktige fordringar |
55 092 |
51 222 |
|
Kortsiktige plasseringar |
0 |
0 |
|
Mellomvære med statskassa |
167 013 181 |
202 366 797 |
|
Sum omløpsmiddel |
167 068 273 |
202 418 019 |
|
Sum eigedelar |
767 623 214 |
936 684 179 |
|
Eigenkapital og gjeld |
||
|
Eigenkapital |
||
|
Eigenkapital utan reguleringsfond |
536 174 910 |
603 682 351 |
|
Reguleringsfond |
138 021 118 |
171 837 588 |
|
Sum eigenkapital |
674 196 028 |
775 519 939 |
|
Langsiktig gjeld |
||
|
Den renteberande kapitalen til staten |
64 380 030 |
130 583 809 |
|
Anna langsiktig gjeld |
0 |
0 |
|
Sum langsiktig gjeld |
64 380 030 |
130 583 809 |
|
Kortsiktig gjeld |
||
|
Kortsiktig gjeld |
29 047 156 |
30 580 432 |
|
Sum kortsiktig gjeld |
29 047 156 |
30 580 432 |
|
Sum eigenkapital og gjeld |
767 623 214 |
936 684 179 |
Kap. 5470 Statens pensjonskasse
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
30 |
Avsetting til investeringsformål |
67 507 |
55 000 |
90 000 |
|
Sum kap. 5470 |
67 507 |
55 000 |
90 000 |
Post 30 Avsetting til investeringsformål
Løyvinga på posten skal dekke avsetningar til investeringsformål til inntekt i statsrekneskapen, jf. omtale under kap. 2470, underpost 24.5.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 90 mill. kroner.
Programkategori 09.60 Kontantytingar
Utgifter under programkategori 09.60 fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
660 |
Krigspensjon |
97 019 |
84 000 |
70 000 |
-16,7 |
|
664 |
Pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs |
21 000 |
18 400 |
16 800 |
-8,7 |
|
665 |
Pensjonstrygda for fiskarar |
4 400 |
-100,0 |
||
|
666 |
Avtalefesta pensjon (AFP) |
4 036 066 |
4 340 000 |
4 680 000 |
7,8 |
|
667 |
Supplerande stønad |
584 008 |
680 000 |
825 000 |
21,3 |
|
Sum kategori 09.60 |
4 738 093 |
5 126 800 |
5 591 800 |
9,1 |
Utgifter under programkategori 09.60 fordelte på postgrupper
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Post-gr. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
50–89 |
Overføringar til andre |
4 738 093 |
5 126 800 |
5 591 800 |
9,1 |
|
Sum kategori 09.60 |
4 738 093 |
5 126 800 |
5 591 800 |
9,1 |
Kategorien omfattar kontantytingar og tilskot til visse lovregulerte pensjonsordningar utanom folketrygda som heilt eller delvis blir finansierte av staten. Det gjeld krigspensjon, statstilskot til pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs, statstilskot til pensjonstrygda for fiskarar, statstilskot til avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor og supplerande stønad.
Kap. 660 Krigspensjon
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
70 |
Tilskot, militære, overslagsløyving |
21 521 |
19 000 |
15 000 |
|
71 |
Tilskot, sivile, overslagsløyving |
75 498 |
65 000 |
55 000 |
|
Sum kap. 660 |
97 019 |
84 000 |
70 000 |
Hovudtrekk ved regelverket
Hovudformålet med krigspensjonen er å gi invalidepensjon til personar som har fått mein eller redusert arbeidsevne som følge av skade eller påkjenningar under krigsdeltaking, motstandsverksemd, politisk fangenskap eller sjøteneste under den andre verdskrigen.
Krigspensjonen er primært ein invalidepensjon og er heimla i fire lover:
-
lov 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersoner (militærlova), som omfattar militærpersonar som har fått mein som følge av skade, sjukdom eller påkjenningar under tenestegjering i den andre verdskrigen
-
lov 13. desember 1946 nr. 22 om krigspensjonering for hjemmestyrkepersonell og sivilpersoner (sivillova), som omfattar militærpersonar som har fått mein som følge av skade, sjukdom eller påkjenningar under tenestegjering i den andre verdskrigen
-
tilleggslov 29. juni 1951 nr. 34, som gjeld sjømenn med ei fartstid på minst seks månader under den andre verdskrigen som ikkje var utsette for krigsulykke som oppgitt i sivillova, og personell ved det norske feltsjukehuset i Korea
-
lov 22. mars 1968 nr. 2 om tillegg til krigspensjoneringslovene av 1946, som omfattar seks kategoriar av krigsdeltakarar og politiske fangar som var utsette for usedvanleg hard påkjenning
Det gjeld eitt felles pensjonsgrunnlag for dei såkalla innsats- og overgrepsgruppene og eitt for tilfeldige krigsramma.
Hovudprioriteringa framover er framleis å sikre at dei krigsskadde og dei etterlatne etter dei får rett yting til rett tid.
Rapport
Dei aktuelle pensjonslovene regulerer forhold som ligg mange år tilbake i tid, og utgiftene til krigspensjon går ned for kvart år som følge av at talet på pensjonistar går ned.
Militære
Utgiftene til militære krigspensjonistar i 2024 fordelte seg med 0,7 mill. kroner til invalidepensjon, 20,8 mill. kroner til enkepensjon og 0,0 mill. kroner til skadekur. Korrigert for den årlege reguleringa er dette ein nedgang frå 2023 på 39 pst. for invalidepensjonistane og 27 pst. for enkepensjonistane.
I desember 2024 var det 7 militære invalidepensjonistar og 161 militære enkepensjonistar. Talet på invalidepensjonistar gjekk ned med 22 pst. frå same perioden i 2023, mens talet på enkepensjonistar gjekk ned med 21 pst. I 2024 var avgangen to invalidepensjonistar og 44 enkepensjonistar. Det var ingen tilgang av militære krigspensjonistar i 2024. Gjennomsnittsalderen ved utgangen av 2024 var 92,1 år for invalidepensjonistane og 92,8 år for enkepensjonistane.
Sivile
Utgiftene til sivile krigspensjonistar i 2024 fordelte seg med 20,6 mill. kroner til invalidepensjon, 54,0 mill. kroner til enkepensjon og 0,9 mill. kroner til skadekur. Korrigert for den årlege reguleringa er dette ein nedgang frå 2023 på 17 pst. for invalidepensjonistane og 16 pst. for enkepensjonistane.
I desember 2024 var det 192 sivile invalidepensjonistar og 429 sivile enkepensjonistar. Talet på invalidepensjonistar gjekk ned med 15 pst. frå same periode i 2023, mens talet på enkepensjonistar gjekk ned med 19 pst. I 2024 var det ein avgang på 33 invalidepensjonistar og 105 enkepensjonistar, mens det var ein tilgang på 5 enkepensjonistar (og ingen invalidepensjonistar).
Gjennomsnittsalderen ved utgangen av 2024 var 87,7 år for invalidepensjonistane og 89,5 år for enkepensjonistane.
Budsjettforslag for 2026
Post 70 Tilskot, militære, overslagsløyving
Det er lagt til grunn eit gjennomsnittleg mottakartal på 118 pensjonistar og ei gjennomsnittleg yting på 124 872 kroner.
Utgiftsanslaget for 2026 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2025 og 2026.
Som følge av dette aukar utgiftsanslaget med 0,5 mill. kroner på post 70.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 15 mill. kroner.
Post 71 Tilskot, sivile, overslagsløyving
Det er lagt til grunn eit gjennomsnittleg mottakartal på 488 pensjonistar og ei gjennomsnittleg yting på 113 090 kroner.
Utgiftsanslaget for 2026 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2025 og 2026.
Som følge av dette aukar utgiftsanslaget med 1 mill. kroner på post 71.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 55 mill. kroner.
Kap. 664 Pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
70 |
Tilskot |
21 000 |
18 400 |
16 800 |
|
Sum kap. 664 |
21 000 |
18 400 |
16 800 |
Allmenn omtale
Pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs er ei lovbestemt pliktig tenestepensjonsordning som blei oppretta i 1948. Ordninga omfattar som hovudregel norske statsborgarar og dessutan personar med fast adresse i Noreg som er tilsette som arbeidstakarar på skip og visse flyttbare innretningar som er innførte i norsk skipsregister (NOR eller NIS) med minst hundre bruttotonn.
Maritim pensjonskasse (MPK) forvaltar ordninga, og pensjonskassa er ei ordning for tilsette i private verksemder innanfor maritim sektor. I 2024 forvalta Maritim pensjonskasse pensjonsrettar for om lag 130 000 medlemmer, av desse om lag 30 000 yrkesaktive medlemmer. Maritim pensjonskasse har eit eige styre på fem medlemmer som departementet utnemner for fire år om gongen. Styret leier Maritim pensjonskasse i samsvar med føresegner fastsette i lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonsordning for arbeidstakere til sjøs og dessutan etter instruksen departementet gir styret i Maritim pensjonskasse.
Styret har ansvar for å utvikle den overordna strategien for verksemda og har óg det overordna ansvaret for forvaltninga av reguleringsfondet. Styret har vidare ansvar for drifta innanfor dei rammene departementet har trekt opp i tildelingsbrev og instruks med meir, herunder godkjenning av administrasjonsbudsjettet til Maritim pensjonskasse.
Inntektene til ordninga er pensjonspremie frå arbeidstakarar og reiarlag, avkastning frå fondet til ordninga og lovbestemte tilskot frå staten. Hovudprinsippet for finansieringa av ordninga er at ho skal vere sjølvfinansiert ved at arbeidstakarane og arbeidsgivarane skal betale det pensjonen kostar. Dei årlege inntektene til ordninga dekker løpande dei årlege utgiftene til pensjonar og administrasjon etter eit utlikningsprinsipp. Dersom dei årlege inntektene til ordninga overstig dei årlege utgiftene, skal differansen overførast til reguleringsfondet til ordninga. Reguleringsfondet er bygd opp av midlar frå partane i ordninga og inngår ikkje i statsrekneskapen.
Det er eit mål at pensjonsordninga skal ha ei berekraftig finansiering over tid, og at ho skal vere sjølvfinansierande. Dersom dei årlege inntektene til ordninga ikkje dekker dei årlege utgiftene, dekker overføring frå fondet differansen. Dersom det ikkje er tilstrekkelege midlar i reguleringsfondet til ordninga, dekker garantitilskot frå staten differansen.
Staten dekker den berekna delen av pensjonsutgiftene som kjem av tillegg for fartstid under den andre verdskrigen, enkepensjonar etter menn som var medlem i ordninga før 1. september 1939, og utanlands kvalfangst. I tillegg har staten sidan 1983 ytt eit fast årleg tilskot på 8 mill. kroner som erstatning for laste- og fyravgifter. I 2024 kravde Maritim pensjonskasse inn om lag 1,4 mrd. kroner i premiar frå om lag 700 reiarlag fordelte på om lag 2 000 skip. Premieinntektene dekte pensjonsutbetalingane fullt ut i 2024. Det lovpålagde tilskotet til staten utgjorde 21 mill. kroner. Tilskotet er på veg ned, og i 2035 vil det venteleg vere tilnærma likt det faste tilskotet i lova på 8 mill. kroner.
Hovudtrekk ved regelverket
Ordninga er fleire gonger tilpassa endringar i folketrygdlova, sist med verknad frå 1. januar 2020, jf. Prop. 118 L (2018–2019) Endringer i lov 3. desember 1948 nr. 7 om pensjonstrygd for sjømenn m.m. (ny pensjonsordning). Dei som er tilsette etter 2020, og medlemmer som per 1. januar 2020 ikkje hadde fylt 50 år, får pensjon etter nye reglar. Medlemmer som har opptente rettar etter tidlegare reglar, får rettane konverterte til ei pensjonsbehaldning ved overgang til ny ordning ved pensjonering. Medlemmer som hadde fylt 50 år ved årsskiftet, følger gammalt regelverk fullt ut og får ikkje opptening etter nye reglar.
Personar som fell inn under den gamle ordninga, må ha minst 150 pensjonsgivande månader (12,5 år) for å få pensjon og minst 360 månader (30 år) for å få full alderspensjon. Årleg pensjon utgjer 0,91 pst. av G per fartsmånad for overordna arbeidstakar og 0,76 pst. av G for underordna arbeidstakar (0,65 pst. av G for fartstid før 1. mai 1993). Pensjonen blir ytt fullt ut ved sida av eventuell alderspensjon frå folketrygda. Alderspensjon under utbetaling blir regulert som alderspensjon frå folketrygda. Det blir utbetalt eit eingongsbeløp (tilbakebetaling av pensjonsavgift) etter nærmare reglar for personar som ikkje har opptent nok fartstid til å få pensjon. Det kan ytast eit pensjonstillegg til personar som har minst tre års fartstid dei siste fem åra før dei går av med pensjon.
Pensjonen frå pensjonsordninga for arbeidstakarar til sjøs fell bort dersom pensjonisten får arbeidsavklaringspengar eller uføretrygd frå folketrygda for full uførleik. Er ytinga frå folketrygda gradert, fell ein tilsvarande del av pensjonen frå pensjonsordninga bort. Tilsvarande gjeld dersom pensjonisten får avtalefesta pensjon i offentleg sektor fram til pensjonisten fyller 65 år.
Personar som fell inn under den nye ordninga, må ha tre års opptening for å få rett til pensjon. Pensjonen blir tent opp til ei pensjonsbehaldning med 6,3 pst. av eiga inntekt opp til eit tak på 12 G. Det er fleksible og nøytrale reglar for uttak av pensjon. Tidlegaste nedre uttaksalder er 62 år. Pensjon kan takast ut i perioden mellom 62 og 70 år og blir utbetalt i perioden mellom 62 og 80 år. Det er ein minste utbetalingsperiode på sju år. Ein kan kombinere uttak av pensjon med å halde fram med å arbeide. Slikt framhald av arbeid i ordninga gir opptening av pensjon fram til ein fyller 70 år. Uttak av pensjon kan òg kombinerast med uttak av pensjon frå andre ordningar.
Rapport, strategiar og tiltak for 2026
Hovudprioriteringane for Maritim pensjonskasse er å sikre at dei som har rett til det, får pensjon til rett tid, yte god service til medlemmer og kundar, forvalte reguleringsfondet til ordninga og dessutan gjennomføre løpande og langsiktige analysar av den økonomiske situasjonen for ordninga. Maritim pensjonskasse har hatt god måloppnåing på dagleg drift i 2024, og legg vekt på god og effektiv administrasjon og brukarservice, og på forenkling og fornying. Verksemda har høg grad av automatisering, med nettbaserte sjølvbeteningsløysingar for kundar og medlemmer.
Maritim pensjonskasse planlegg IT-investeringar som vil gje økt kunde- og medlemstilfredsheit. Slike tiltak omfattar både det å gi opptenande medlemmer meir informasjon om rettane deira, og det å sørge for ei forbetra brukaroppleving i portalar.
Pensjonsordninga hadde eit overskot i 2024 på 296 mill. kroner, som er tilførte reguleringsfondet. Reguleringsfondet var ved utgangen av 2024 på om lag 1 mrd. kroner. Pensjonsforpliktingane til ordninga er på om lag 22 mrd. kroner. Styret i Maritim pensjonskasse fastset reglementet for forvaltning av reguleringsfondet i samsvar med instruksen departementet har gitt styret.
Økonomien i ordninga er knytt til den generelle sysselsettingssituasjonen for arbeidstakarar til sjøs og offshorepersonell om bord på norske og utanlandske skip og installasjonar som blir disponerte av norske reiarlag, noko som igjen har samanheng med rammevilkåra for norsk skipsfart og offshoreverksemd. Om lag halvparten av den aktive medlemsmassen er sysselsett innanfor offshoresektoren.
Ifølge prognosane til Maritim pensjonskasse vil inntektene til ordninga dei neste åra overstige utgiftene, slik at reguleringsfondet vil bli bygd ytterlegare opp. Men inntektene til ordninga er usikre som følge av uvisse om den framtidige medlemsmassen. Ifølge Maritim pensjonskasse vil til dømes ein lineær medlemsreduksjon på 11 000 medlemmar (35 pst.) med ei utflating på 20 000 medlemmar frå 2035 innebere eit negativt resultat frå 2044 og at reguleringsfondet er brukt opp i 2057. Basert på oppdaterte prognosar er dette likevel eit lite sannsynleg scenario.
Verksemda har hatt ei tilknyting til staten sidan ho blei oppretta i 1948 og har vore følgd opp av departementet gjennom ein formalisert og dokumentert styringsdialog. Dette inneber at departementet utarbeider tildelingsbrev og instruks til Maritim pensjonskasse i tillegg til å gjennomføre etatsstyringsmøte.
I 2024 har departementet gjennomført to etatsstyringsmøte med Maritim pensjonskasse, der også styreleiaren i Maritim pensjonskasse har deltatt. Sentrale område i styringsdialogen er økonomien til ordninga, rett pensjon og premie og dessutan risikovurderingar knytte til verksemda. Riksrevisjonen reviderer Maritim pensjonskasse, og hadde ingen vesentlege merknader til rekneskapen for 2024.
Departementet er i gang med å vurdere kva slags tilknyting Maritim pensjonskasse skal ha til staten i framtida. Direktoratet for forvaltning og økonomistyring og eit eksternt advokatfirma har gitt departementet fagleg bistand i dette arbeidet. Det er mykje som taler for at Maritim pensjonskasse bør organiserast som ei verksemd utanfor staten. Vurderingane departementet gjer, er omfattande og har nokre års perspektiv. Departementet legg til grunn, som omtalt i Prop. 1 S (2024–2025) Arbeids- og inkluderingsdepartementet, at dagens praksis og rammer for verksemda, inkludert rekneskap og styringsdialog, blir vidareførte inntil tilknytingsforma er avklart. Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Budsjettforslag 2026
Post 70 Tilskot
Utgiftsanslaget for 2026 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2025 og 2026.
Det er venta at ordninga vil gå med overskot i 2025 og 2026. Dette inneber at reguleringsfondet vil auke ytterlegare. Statstilskotet etter § 15 i lova er venta å utgjere 16,8 mill. kroner. Det er lagt til grunn eit gjennomsnittleg tal på mottakarar på om lag 460 og ei gjennomsnittleg årleg yting på om lag 19 000 kroner. Det faste årlege statstilskotet, jf. ovanfor, utgjer 8 mill. kroner.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 16,8 mill. kroner.
Kap. 665 Pensjonstrygda for fiskarar
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
70 |
Tilskot |
4 400 |
||
|
Sum kap. 665 |
4 400 |
Allmenn omtale
Pensjonstrygda for fiskarar er ei lovbestemt, pliktig ordning for personar som har fiske som hovudnæring. Det er i underkant av 5 000 aktive fiskarar i ordninga og om lag 1 600 pensjonistar. Pensjonstrygda er utlikningsfinansiert og blir finansiert av partane sjølve ved medlemspremie, omsettingsavgift på førstehandsverdien av råstoff levert frå norske fiskararog eventuelle bidrag frå eit likviditetsfond. Trygda er garantert av staten, det vil seie at dersom inntektene eit år ikkje er tilstrekkelege til å dekke utgiftene, pliktar staten å dekke underskotet dersom det ikkje er midlar i likviditetsfondet. Det følger av forarbeida til fiskarpensjonslova (Ot.prp. nr. 46 og Innst. O. VIII – begge for 1957) at det er ein klar føresetnad at det er fiskerinæringa sjølv som skal dekke alle kostnader knytte til Pensjonstrygda for fiskarar og administrasjonen av denne. Det er Garantikassa for fiskarar som administrerer pensjonstrygda.
Effektivisering i fiskerinæringa har ført til at det har blitt færre aktive fiskarar dei siste 20–30 åra, og dette har skapt ein ubalanse mellom talet på avgiftsbetalande fiskarar og pensjonistar. Dermed har pensjonsutgiftene vore høgare enn inntektene, og det har vore behov for betydelege bidrag frå likviditetsfondet. Fondet blei oppbrukt i 2020, og som ei følge av det blei det ytt eit tilskot over statsbudsjettet til å dekke utgiftene ved ordninga i perioden 2020–2023.
For å sikre ein betre balanse mellom inntektene og utgiftene til ordninga har ein auka både medlemspremien og omsettingsavgifta i fleire omgangar. Medlemspremien og omsettingsavgifta utgjer i 2025 høvesvis 17 960 kroner og 0,4 pst.
Under Regjeringa Solberg varsla det daverande Arbeids- og sosialdepartementet i statsbudsjettet for 2020 ein gjennomgang av pensjonstrygda for fiskarar med sikte på å finne fram til ei varig løysing. Bakgrunnen var dels at ordninga må tilpassast pensjonsreforma, dels at ho er underfinansiert. Som ei følge av dette sende departementet 16. september 2021 på høyring eit forslag om å lukke ordninga, slik at ho på sikt blei avvikla. I høyringsrunden reiste enkelte kritikk mot prosessen, og derfor blei det hausten 2022 sett ned ei partssamansett arbeidsgruppe som fekk i oppdrag å greie ut om det var behov for ei særskild pensjonsløysing for fiskarar, og korleis ho i så fall burde vere. Arbeidsgruppa ferdigstile rapporten sin 20. desember 2024, og konkluderte med at pensjonstrygda for fiskarar bør lukkast og på sikt avviklast. Arbeidsgruppa sine hovudtilrådingar var dei same som blei foreslåtte i høyringsnotatet hausten 2021. Regjeringa følgde opp arbeidsgrupperapporten med å leggje fram Prop. 133 L (2024–2025) 10. april 2025 med forslag om at ordninga blir lukka for nye medlemmer, slik at ho på sikt blir avvikla. Proposisjonen er til behandling på Stortinget. Sjå óg omtale under målet om gode og føreseielege pensjonar for dagens og framtidige generasjonar under punkt 6.8 og punkt 6.8.3 Igangverande prosessar på pensjonsområdet og overskrifta Pensjonstrygda for fiskarar.
Hovudtrekk ved regelverket
Pensjonstrygda for fiskarar blei oppretta ved lov 28. juni 1957 nr. 12. Ordninga er ei pliktig, lovfesta tidlegpensjonsordning for aldersgruppa 60–67 år for personar som er oppførte på blad B i fiskarmanntalet.
For rett til pensjon må ein ha betalt premie i minimum 14,4 år (750 veker). Full pensjon oppnår ein når ein har betalt premie i 30 år (1 560 veker). Full årleg pensjon utgjer 1,6 G. Pensjonen blir regulert som alderspensjon i folketrygda. Pensjonen blir avkorta mot uføreytingar, arbeidsavklaringspengar og avtalefesta pensjon.
Ordninga er utlikningsfinansiert og er føresett å vere sjølvfinansiert av partane gjennom medlemspremie og avgift på omsetting av fisk. Trygda er garantert av staten.
Rapport
I 2024 var utgiftene til trygda på 187,1 mill. kroner, av dette utgjorde pensjonsutgiftene 180,5 mill. kroner, mens det resterande var utgifter til refusjon av medlemspremie og administrasjonsutgifter. Inntektene frå medlemspremien var på 75,7 mill. kroner, mens omsettingsavgifta var på 123,9 mill. kroner. Overskotet var på 12,5 mill. kroner.
Budsjettforslag 2026
Post 70 Tilskot
Det er forventa at trygda vil gå med 7 mill. kroner i underskot i 2026 og at likviditetsfondet vil utgjere 13,8 mill. kroner ved utgangen av 2025. Dette inneber anslagsvis at det ikkje er behov for statstilskot i 2026. Utgiftsanslaget for 2026 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2025 og 2026. Trygdeoppgjeret påverkar både inntekts- og utgiftssida i trygda. Som følge av dette aukar utgiftsanslaget med 2 mill. kroner under kap. 665.
For 2026 er det ikkje venta behov for løyving over statsbudsjettet.
Kap. 666 Avtalefesta pensjon (AFP)
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
70 |
Tilskot, overslagsløyving |
4 036 066 |
4 340 000 |
4 680 000 |
|
Sum kap. 666 |
4 036 066 |
4 340 000 |
4 680 000 |
Hovudtrekk ved regelverket
Staten gir tilskot til AFP etter lov 19. februar 2010 nr. 5 om statstilskot til arbeidstakarar som tar ut avtalefesta pensjon i privat sektor (AFP-tilskotslova). Tilskotet frå staten skal etter lova utgjere ein tredel av pensjonsutgiftene til AFP-pensjonistane. Staten skal óg dekke utgiftene til eit kompensasjonstillegg som blir ytt til arbeidstakarar som er fødde i åra 1944–1962. Andelen staten står for av AFP-utbetalingane, når kompensasjonstillegget er medrekna, utgjorde 42 pst. i 2024.
Pensjonsutgiftene til AFP i privat sektor elles er det arbeidsgivarane som dekker. I tillegg til å dekke ein del av pensjonsutgiftene bidreg staten indirekte til finansieringa ved å dekke utgiftene til administrasjonen Arbeids- og velferdsetaten gjer, ved at kompensasjonstillegget er skattefritt, og ved at det er skattefritak for premieinnbetalingane frå bedriftene. Dei direkte utgiftene staten hadde til statstilskot til AFP, var i 2024 på 4 036 mill. kroner.
Ytinga er utforma som eit livsvarig påslag til alderspensjonen frå folketrygda. Pensjonen blir berekna på grunnlag av alle år med pensjonsgivande inntekt til og med det året arbeidstakaren fyller 61 år. Årskulla fødde i 1944–1962 får óg eit kompensasjonstillegg. Formålet med kompensasjonstillegget er å kompensere dei aktuelle årskulla som hadde kort tid igjen til pensjonering da pensjonsreglane blei endra, og dermed avgrensa moglegheiter til å tilpasse seg ny AFP. AFP blir berekna slik at summen av dei årlege utbetalingane skal vere uavhengig av når pensjonen blir tatt ut, det vil seie same nøytrale løysing som gjeld for alderspensjon frå folketrygda. AFP kan takast ut frå 62 år og fritt kombinerast med arbeidsinntekt. AFP-ordninga er ei kvalifikasjonsordning, det vil seie at arbeidstakarar må oppfylle bestemte krav for å ha rett til ytinga. Dei må bl.a. vere yrkesaktive på uttakstidspunktet og vere tilsette i ei bedrift som er omfatta av AFP-ordninga.
Tilsyn med ordninga osv.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet fører tilsyn med Fellesordningen for AFP i privat sektor. Formålet med tilsynet er å sikre at administrasjonen og finansieringa av pensjonsordninga er i samsvar med føresegnene i AFP-tilskotslova og vedtektene. Departementet gjennomførte to tilsynsmøte i 2024, i tråd med forskrift om tilsyn med AFP-ordningar. Riksrevisjonen får kopi av referata frå tilsynsmøta.
Ifølge AFP-tilskotslova skal premien til arbeidsgivarane fastsettast slik at han er stor nok til å dekke løpande utgifter og til å gi grunnlag for å legge seg opp eit pensjonsfond. Pensjonsfondet skal, saman med den erkjende plikta arbeidsgivarane har til å halde fram med premiebetaling etter at avtalane eventuelt har enda, gi tilstrekkeleg sikkerheit for å dekke dei forventa framtidige forpliktingane til arbeidsgivarane.
Ifølge årsrapporten for 2024 frå Fellesordningen for AFP i privat sektor svarte pensjonsforpliktingane til i overkant av 103 mrd. kroner, og pensjonsfondet var i overkant av 84 mrd. kroner, slik at pensjonsfondet utgjorde om lag 82 pst. av pensjonsforpliktingane til Fellesordningen. Ved årsslutt 2024 var det dermed vel 19 mrd. kroner av pensjonsforpliktingane til ordninga som ikkje var sikra i pensjonsfondet, men som i tråd med lova er sikra av den erkjende plikta arbeidsgivarane har til å halde fram med premiebetaling etter at avtalen eventuelt endar.
I tilsynsmøta med Fellesordningen har departementet tatt opp om premiesatsen blir fastsett slik at han gir tilstrekkeleg sikkerheit for dekning av forpliktingane Fellesordningen har framover. Ifølge Fellesordningen følger styret deira kontinuerleg opp forholdet mellom forpliktingane og pensjonsfondet, bl.a. i samanheng med at styret behandlar årsresultatet, og når årets premiesats blir fastset. Departementet vil i tilsynsmøta framover følgje med på utviklinga av forpliktingane og dekningsgrada til ordninga og på størrelsen på fondet.
Fakturert premie i 2024 var i overkant av 10 mrd. kroner. Utbetalingane til AFP i 2024 var om lag 5,5 mrd. kroner. Styret fastset premiesatsen. For 2024 var premiesatsen 2,7 pst.
Styret i Fellesordningen har ifølge lova ansvar for korleis midlane til fondet blir plasserte. Som eit ledd i tilsynsansvaret sitt har departementet fått utført ei ekstern vurdering av kapitalforvaltningsstrategien til Fellesordningen. Vurderinga (rapporten) viser bl.a. at strategien generelt legg til rette for ei forsvarleg forvaltning av midlane i ordninga, og at det i all hovudsak er etablert føremålstenlege risikorammer, inkludert risikospreiing. I tilsynsmøte mellom departementet og Fellesordningen har det vore konkludert med at desse vurderingane stadfestar at det er god kontroll med kapitalforvaltninga.
Det er utarbeidd konkrete oppfølgingspunkt som følgje av rapporten og som departementet følgjer opp i tilsynsmøta framover.
Departementet viser vidare til at rapporten diskuterer forhold ved kapitalforvaltningsstrategien som ligg utanfor dagens rammer for tilsyn med ordninga.
Revisoren for Fellesordningen hadde ingen vesentlege merknader til rekneskapen for 2024.
Rapport
Utgiftsutviklinga
Det er berre AFP-ordninga i privat sektor som får statstilskot under kap. 666, post 70. I kommunal og statleg sektor dekker arbeidsgivaren utgiftene fullt ut.
Utgiftene til AFP under kap. 666 i 2024 var på 4 036 mill. kroner, mot 3 695 mill. kroner i 2023. Målt i løpande prisar var dette ein auke på 341 mill. kroner, eller 9,2 pst. Auken kjem av ein vekst i talet på mottakarar og i det gjennomsnittlege statstilskotet per mottakar.
Ettersom den nye AFP-ordninga i privat sektor i lang tid vil vere under innfasing, må det forventast høg årleg vekst i talet på mottakarar og i utgiftene i åra framover også.
Viktige utviklingstrekk for grupper som er omfatta av kap. 666, post 70
Ved inngangen til 2025 var om lag 12 200 føretak med om lag 968 000 arbeidstakarar tilknytte ordninga. 133 670 pensjonistar fekk AFP i privat sektor ved utgangen av 2024, og av desse var 47 273 under 67 år. Auken frå utgangen av 2023 er på 9 853 personar. Den årlege auken i perioden 2011–2024 har vore på 9 000–10 000 personar.
Talet på mottakarar av AFP med statstilskot under kap. 666, post 70, tal ved utgangen av året, 2022–2024
|
År |
Tal |
Endring i pst. frå året før |
||||
|---|---|---|---|---|---|---|
|
I alt |
Menn |
Kvinner |
I alt |
Menn |
Kvinner |
|
|
2022 |
113 621 |
82 543 |
31 078 |
8,9 |
8,4 |
10,1 |
|
2023 |
123 817 |
89 664 |
34 153 |
9,0 |
8,6 |
9,9 |
|
2024 |
133 670 |
96 478 |
37 192 |
8,0 |
7,6 |
8,9 |
Det har vore ein omfattande vekst i talet på mottakarar av ny AFP i privat sektor. Veksten kjem i hovudsak av at AFP no blir gitt som eit livsvarig tillegg til alderspensjonen, og at den nye ordninga, som blei innført i 2011, i lang tid vil vere under innfasing. Talet på mottakarar av ny AFP som andel av befolkninga i alderen 62–66 år har auka frå 3,3 pst. i 2011 til 15,1 pst. i 2024.
Talet på nye mottakarar av AFP med statstilskot under kap. 666, post 70, tal ved utgangen av året, 2022–2024
|
År |
Tal |
Endring i pst. frå året før |
||||
|---|---|---|---|---|---|---|
|
I alt |
Menn |
Kvinner |
I alt |
Menn |
Kvinner |
|
|
2022 |
10 254 |
7 204 |
3 050 |
0,5 |
-1,0 |
4,3 |
|
2023 |
11 329 |
8 054 |
3 275 |
10,5 |
11,8 |
7,4 |
|
2024 |
11 205 |
7 903 |
3 302 |
-1,1 |
-1,9 |
0,8 |
Utviklinga i gjennomsnittleg AFP-pensjon
Ved utgangen av 2024 var den gjennomsnittlege årlege pensjonen 73 623 kroner for mottakarar av AFP. Den gjennomsnittlege pensjonen var høgare for menn enn for kvinner.
Gjennomsnittleg pensjon per 31. desember 2022–2024, nominelle beløp, kroner
|
År |
Ny AFP |
||
|---|---|---|---|
|
Alle |
Kvinner |
Menn |
|
|
2022 |
69 752 |
62 471 |
72 476 |
|
2023 |
71 823 |
64 334 |
74 657 |
|
2024 |
73 623 |
66 037 |
76 537 |
Dei fleste som tar ut AFP, startar uttaket når dei fyller 62 år. I 2024 gjaldt dette 84 pst. av dei nye mottakarane. Andelen som tar ut AFP ved 62 år, har variert mellom 55 og 87 pst. sidan 2011. 97 pst. av dei som tok ut AFP i 2024, tok ut ytinga før dei fylte 67 år.
Blant mottakarane av AFP i alderen 62–66 år var det 66 pst. som kombinerte pensjonen med arbeid ved utgangen av 2024, ein auke frå 65 pst. ved utgangen av 2023.
At det er mogleg å kombinere arbeid og pensjon utan avkorting, har ført til at mange som elles ikkje ville tatt ut pensjon, no har tatt ut alderspensjon og AFP ved sida av arbeid.
Dei i alderen 62–66 år som kombinerte AFP med arbeid, hadde ei gjennomsnittleg avtalt arbeidstid på 33,6 timar per veke, noko som viser at dei fleste arbeider opp mot heiltid. Dette var ein marginal auke samanlikna med 2023.
Budsjettforslag 2026
Post 70 Tilskot, overslagsløyving
Det er lagt til grunn eit gjennomsnittleg statleg bidrag på om lag 31 400 kroner per mottakar og eit gjennomsnittleg tal på pensjonistar på 149 000 personar.
Utgiftsanslaget for 2026 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2025 og 2026. Som følge av dette aukar utgiftsanslaget med 175 mill. kroner under kap. 666.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 4 680 mill. kroner.
Kap. 667 Supplerande stønad
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
70 |
Tilskot til personar over 67 år med kort butid, overslagsløyving |
385 181 |
420 000 |
430 000 |
|
71 |
Tilskot til uføre flyktningar med kort butid, overslagsløyving |
198 827 |
260 000 |
395 000 |
|
Sum kap. 667 |
584 008 |
680 000 |
825 000 |
Supplerande stønad har som formål å garantere ei minsteinntekt for personar med kort butid i Noreg. Ordninga skal avlaste kommunane med tanke på utgiftene dei har til økonomisk stønad til den aktuelle gruppa. Stønaden er behovsprøvd.
Hovudtrekk ved regelverket
Stønaden er regulert i lov 29. april 2005 om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg og er ikkje ei folketrygdyting. For å ha rett til stønad må ein ha rett til opphald, og vere busett, i Noreg. Det krevst ikkje avgiftsbetaling, og ordninga har klare trekk av å vere ei sosialhjelpsordning.
Ordninga sikrar ei inntekt på nivå med garantipensjon frå folketrygda til personar som har fylt 67 år, og som ikkje har eller berre har liten alderspensjon frå folketrygda.
Frå 2021 omfattar ordninga òg uføre flyktningar. For å få stønad må ein ha fått behandla kravet sitt om uføretrygd, og det må vere konkludert med at vilkåra i folketrygdlova for rett til uføretrygd er oppfylte, med unntak av kravet om å ha medlemskap på førehand. Denne gruppa blir sikra ein stønad inntil den minste årlege ytinga for uføretrygd frå folketrygda.
Stønaden blir gitt etter ei streng behovsprøving og blir redusert eller fell bort dersom mottakaren har pensjon, inntekt eller formue. Det same skjer dersom ektefellen, sambuaren eller den registrerte partnaren har det. Det er vidare avgrensa kor lenge dei som får stønaden, kan opphalde seg i utlandet. Søknad må derfor settast fram ved personleg oppmøte, og stønaden blir berre gitt for tolv månader om gongen.
Trygdeforordninga (forordning 883/2004) har ei eiga føresegn i artikkel 70 om «særlige ikke-avgiftsbaserte kontantytelser». For å bli omfatta av denne kategorien av ytingar må ytingane vere førte opp i vedlegg X til forordninga. Dette er gjort for ordninga med supplerande stønad gjennom EØS-komiteens vedtak 1. juli 2011, nr. 76/2011, sjå EØS-avtalen vedlegg VI, del I, nr. 1, bokstav k. Dette inneber at trygdeforordninga ikkje får full verknad for stønaden, og han kan vere unntatt frå eksport også innanfor EØS.
Rapport
Ved utgangen av 2024 var det 2 969 mottakarar av supplerande stønad over 67 år. Det er 114 fleire enn ved utgangen av 2023. Frå 2021 har ordninga òg omfatta uføre flyktningar. Dette er mottakarar under 67 år. Foreløpige tal per desember 2024 viser at det da var 985 uføre flyktningar som fekk supplerande stønad. 45 pst. av dei var kvinner og 55 pst. menn. Om lag 45 pst. av mottakarane over 67 år er einslege, og om lag 61 pst. er kvinner. Ved utgangen av 2024 fekk 91,5 pst. av mottakarane over 67 år redusert yting, dei aller fleste fordi dei òg fekk alderspensjon frå folketrygda. Andelen kvinner med redusert yting er marginalt høgare enn andelen menn med redusert yting, hvv. 91,9 pst. og 91 pst. Over tid har andelen med redusert yting auka fordi mottakarane i gjennomsnitt har tent opp betre rettar ved alderspensjon enn før.
I 2024 fekk 5,1 pst. av innvandrarane over 67 år supplerande stønad. Mottakarane er hovudsakleg innvandrarar frå land med lite utbygde sikringssystem i Afrika, Asia og Aust-Europa utanfor EU. Mange har budd lenge nok i Noreg til å ha fått norsk statsborgarskap. Blant mottakarane i desember 2024 var 60 personar fødde i Noreg.
Utgiftene til supplerande stønad var 584 mill. kroner i 2024. Utgiftene til uføre flyktningar var 199 mill. kroner, mens utgiftene til mottakarar over 67 år var 385 mill. kroner. Blant uføre flyktningar var den gjennomsnittlege årlege ytinga 232 840 kroner i 2024, og blant mottakarar over 67 år var ho 132 460 kroner. Blant mottakarar over 67 år har den gjennomsnittlege ytinga (i faste kroner) gått ned. Det er fordi mottakarane i stadig større grad har andre inntekter ved sida av.
Talet på personar med supplerande stønad, andel med redusert yting og gjennomsnittleg yting, gjennomsnitt for året. 2022–2024
|
År |
Gjennomsnittleg antal stønadsmottakarar |
Andel med redusert yting, pst. |
Gjennomsnittleg yting, nominelle kroner |
Gjennomsnittleg yting i 2024-kroner |
|---|---|---|---|---|
|
2022 |
2 609 |
90,8 |
126 164 |
140 461 |
|
2023 |
2 747 |
90,9 |
129 848 |
136 535 |
|
2024 |
2 908 |
91,2 |
132 463 |
132 463 |
Utgiftsutviklinga 2022–2024
|
År |
Mill. 2024-kroner |
Endring frå året før |
Endring i pst. |
Mill. kroner (nominelle kroner) |
Endring frå året før |
Endring i pst. |
|---|---|---|---|---|---|---|
|
2022 |
366 |
11 |
3,1 |
329 |
25 |
8,1 |
|
2023 |
375 |
9 |
2,4 |
357 |
28 |
8,4 |
|
2024 |
385 |
10 |
2,7 |
385 |
28 |
8,0 |
Talet på uføre flyktningar med supplerande stønad (mottakarar under 67 år), del med redusert yting og gjennomsnittleg yting, gjennomsnitt for året. 2022–2024.
|
År |
Gjennomsnittleg tal på stønadsmottakarar |
Andel med redusert yting, pst.1 |
Gjennomsnittleg yting, nominelle kroner |
Gjennomsnittleg yting i 2024-kroner |
|---|---|---|---|---|
|
2022 |
259 |
42 |
215 399 |
239 808 |
|
2023 |
548 |
41 |
220 575 |
231 934 |
|
2024 |
854 |
66 |
232 841 |
232 841 |
1 Andelen er berekna blant mottakarar per desember og blant mottakarar som har meir enn ein periode med stønad.
Utgiftsutviklinga 2022–2024
|
År |
Mill. 2024-kroner |
Endring frå året før |
Endring i pst. |
Mill. kroner (nominelle kroner) |
Endring frå året før |
Endring i pst. |
|---|---|---|---|---|---|---|
|
2022 |
62 |
52 |
529,7 |
56 |
47 |
560 |
|
2023 |
127 |
65 |
104,2 |
121 |
65 |
116 |
|
2024 |
199 |
72 |
56,6 |
199 |
78 |
65 |
Budsjettforslag for 2026
Frå 2024 består kap. 667 av to postar for hvv. tilskot til personar over 67 år og tilskot til uføre flyktningar. Denne endringa gjer det enklare å skilje mellom dei to gruppene både i budsjettforslaget kvart år og når ein følger utviklinga over tid. Det får ikkje noko anna å seie for budsjettforslaget.
Post 70 Tilskot til personar over 67 år med kort butid, overslagsløyving
Det er lagt til grunn eit gjennomsnittleg antal mottakarar på 3 190 og ei gjennomsnittleg yting på 135 125 kroner.
Utgiftsanslaget for 2026 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2025 og 2026. Som følge av dette aukar utgiftsanslaget med 14 mill. kroner på post 70.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 430 mill. kroner.
Post 71 Tilskot til uføre flyktningar med kort butid, overslagsløyving
Det er lagt til grunn eit gjennomsnittleg antal mottakarar på 1 519 og ei gjennomsnittleg yting på 256 248 kroner.
Utgiftsanslaget for 2026 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2025 og 2026. Som følge av dette aukar utgiftsanslaget med 15 mill. kroner på post 71.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 395 mill. kroner.
Programkategori 09.70 Integrering og mangfald
Utgifter under programkategori 09.70 fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
670 |
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet |
388 810 |
424 104 |
395 747 |
-6,7 |
|
671 |
Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar |
23 706 815 |
25 755 228 |
20 604 755 |
-20,0 |
|
672 |
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar |
2 292 001 |
2 187 191 |
1 574 621 |
-28,0 |
|
Sum kategori 09.70 |
26 387 626 |
28 366 523 |
22 575 123 |
-20,4 |
Utgifter under programkategori 09.70 fordelte på postgrupper
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Post-gr. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
01–29 |
Statens eigne driftsutgifter |
539 225 |
568 129 |
535 889 |
-5,7 |
|
30–49 |
Nybygg, anlegg o.a. |
70 062 |
67 305 |
69 661 |
3,5 |
|
50–89 |
Overføringar til andre |
25 778 339 |
27 731 089 |
21 969 573 |
-20,8 |
|
Sum kategori 09.70 |
26 387 626 |
28 366 523 |
22 575 123 |
-20,4 |
Inntekter under programkategori 09.70 fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
3671 |
Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar |
12 779 |
13 265 |
13 743 |
3,6 |
|
3672 |
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar |
47 641 |
68 726 |
62 398 |
-9,2 |
|
Sum kategori 09.70 |
60 420 |
81 991 |
76 141 |
-7,1 |
Kap. 670 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Driftsutgifter |
388 810 |
394 104 |
363 417 |
|
21 |
Spesielle driftsutgifter, kan overførast |
30 000 |
32 330 |
|
|
Sum kap. 670 |
388 810 |
424 104 |
395 747 |
-
Overført frå 2024 til 2025:
-
Post 01: kr 11 838 000 (6 506 000 kroner gjeld lønnsoppgjeret 2024, som først blei utbetalt i 2025)
Allmenn omtale
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) set i verk og følger opp integreringspolitikken, er ein pådrivar og samordnar integreringsarbeidet på tvers av sektorar.
IMDi skal ivareta arbeidet med å busette nykomne flyktningar og sikre god kvalitet i kvalifiserings- og integreringstilbodet. IMDi er eit fagdirektorat og nasjonalt kompetansesenter med ansvar for integreringsfeltet, irekna tolking i offentleg sektor og arbeid mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald. I 2024 hadde IMDi 282 tilsette. Desse var lokaliserte i Oslo (189 tilsette) og Narvik (30 tilsette). 63 mangfaldsrådgivarar var plasserte på skolar rundt om i landet.
Rapportering, strategiar og tiltak for 2026
IMDi skal sørge for styrt, spreidd, rask og treffsikker busetting, støtte opp om integrering av nykomne flyktningar og legge til rette for at fleire med innvandrarbakgrunn deltar i arbeids- og samfunnsliv.
Russlands fullskalainvasjon av Ukraina har ført til at Noreg har fått eit stort antal flyktningar frå våre eigne nærområde. Dei høge innreisetala frå Ukraina har lagt eit stort press på heile utlendingsforvaltninga og prega arbeidet til IMDi sidan 2022. Direktoratet har ei viktig rolle og har bidratt til at det har blitt busett rekordmange flyktningar dei siste åra. Dette har IMDi gjort i samarbeid med bl.a. kommunane og ansvarlege sektormyndigheiter. I tillegg er frivillig sektor ein sentral partner i integreringsarbeidet i kommunane. Det er utvikla nye digitale løysingar og rettleiingar, og det er foreslått ei rekke tiltak for å gi rask busetting, kvalifisering og arbeidsmarknadsintegrering. Målet til regjeringa er at dei fordrivne frå Ukraina skal komme raskt i arbeid eller annan aktivitet. Dei fleste av dei fordrivne deltar i introduksjonsprogram og norskopplæring før dei går ut i arbeid. For å støtte arbeidet i kommunane og samarbeidet med tenester elles, har IMDi gjennomført ei rekke kompetansehevande tiltak retta mot kommunane.
Flyktningar blir busette raskt og treffsikkert over heile landet
Busettinga av flyktningar skjer i eit samarbeid mellom stat og kommune. IMDi har det statlege ansvaret for busettinga og ei pådrivarrolle på tvers av etatar og forvaltningsnivå. For å ivareta heilskapsperspektivet og sikre eit koordinert busettingsarbeid, samarbeider IMDi med Utlendingsdirektoratet (UDI), Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Helsedirektoratet (Hdir), Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), Husbanken, kommunar, fylkeskommunar, statsforvaltarar og KS (Kommunesektorens organisasjon). IMDi har tett dialog og samarbeid med alle aktuelle partar om mottak og busetting av fordrivne frå Ukraina og flyktningar frå andre land.
IMDi skal følge opp busettingspolitikken til regjeringa. Regjeringa vil unngå at flyktningar blir busette i område med store levekårsutfordringar og i område der ein høg andel har innvandrarbakgrunn. Arbeidet blir bl.a. følgd opp gjennom oppmodingskriteria for busetting. Sjå nærmare omtale under del II, punkt 6.6 God integrering av innvandrarar i arbeid og samfunn.
Treffsikker busetting føreset god kartlegging av flyktningar, slik at koplinga mellom den enkelte flyktningen og busettingskommunen blir best mogleg. Målet er at alle skal bli busett i en kommune som kan gi dei eit relevant tilbod om arbeid eller utdanning, og at dei får tilbod om tilpassa kvalifisering og relevante tenester etter at dei er busette. Asylmottaka har ansvaret for å innhenta busettingsrelevant informasjon om busettingsklare bebuarar, mens vertskommunar for mottak skal kartlegge kompetansen til mottaksbebuarar. IMDi har ansvar både for å innhente busettingsrelevant informasjon og for å kompetansekartlegge overføringsflyktningar. Busettingskommunar kartlegg kompetansen til flyktningane som ikkje har blitt kartlagde før busetting.
IMDi fortset med utvikling av nye digitale verktøy som understøtter kartlegginga og registreringa av opplysningar som er relevante for busetting og set fortløpande løysningar i produksjon. Ein ny løysing for kompetansekartlegging blei sett i produksjon i 2024 som første leveranse i det nye verktøyet. I 2025 har IMDi pilotert verktøyets nye løysing for kartlegging av busettingsrelevant informasjon for overføringsflyktningar. Utviklingsarbeidet på dette området vil gi betre datagrunnlag om kvar enkelt flyktning og kommune, og digital samanstilling av datagrunnlaga vil bidra til meir treffsikker busetting.
Ekstraordinært høge innreisetal frå Ukraina førte til at talet på busette seksdobla seg frå 2022 til 2024. Sidan har innreisetala gått ned, og etter fleire år med svært høg busetting er busettingsbehovet no redusert. I juni 2025 justerte IMDi derfor ned oppmodinga om busetting, frå 18 900 til 12 640 personar. Sjølv om busettingsbehovet er redusert, er det framleis venta at kommunane skal busette dobbelt så mange flyktningar i 2026 som dei gjorde i tida før Russlands fullskalainvasjon av Ukraina. Prognosane for busettingsbehovet i 2025 og 2026 er usikre og kan endre seg betydeleg. Trass i dei høge innreisetala, har busettingstempoet vore historisk høgt sidan 2022. I 2023 var den gjennomsnittlege ventetida for busetting av flyktningar 2,5 månader, og i 2024 var ho 3,1 månader. Per 1. september ligg gjennomsnittleg ventetid for busette i 2025 på 3,3 månader.
Som følge av dei høge innkomstane frå Ukraina sidan 2022 er det gjort tilpassingar i integreringslova. Det er òg gjort midlertidig endringar i tilgrensande regelverk. Tilpassingane skal bidra til raskare busetting av flyktningar frå Ukraina og til at kommunar og fylkeskommunar kan handtere situasjonen og tilpasse tenestetilbodet sitt. Sjå nærmare omtale under del III, punkt 3.3 Innvandrarar og integrering under overskriften Fordrivne frå Ukraina.
Innvandrarar kjem i jobb og får stabil tilknyting til arbeidslivet
Integreringspolitikken til regjeringa skal bidra til at fleire innvandrarar kjem i arbeid og forsørger seg sjølv. For mange innvandrarar står i dag utanfor arbeidslivet. Regjeringa vil at fleire skal komme inn i og få ei stabil tilknyting til det seriøse arbeidslivet. Deltaking i arbeidslivet og sjølvforsørging er viktig for kvar enkelt, for den norske økonomien, for den politiske oppslutninga om velferdsordningane og om ein rettferdig og konsekvent innvandringspolitikk. Endringane i integreringslova, som Stortinget vedtok 10. juni 2025, legg vekt på auka arbeidsretting og formell opplæring i introduksjonsprogrammet.
Det er sentralt at nykomne flyktningar og fordrivne får tilbod om kvalifisering av god kvalitet, og at dei deltar i kvalifiseringa. Dette skal både sikre rask overgang til arbeid for dei som har med seg kompetanse og relevant erfaring, og tilføre formell kompetanse til dei som treng det for å oppnå ei stabil tilknyting til arbeidslivet. Kvalifiseringstiltaka skal fylle gapet mellom kompetansen kvar enkelt har, og det arbeidsmarknaden etterspør. IMDi skal sette aktørar som tilbyr kvalifiseringstiltak i betre stand til å gjere gode prioriteringar og utvikle god praksis. Det er mange aktørar på kvalifiseringsfeltet, og kvalifisering av nykomne innvandrarar skjer i vaksenopplæring, vidaregåande opplæring, høgare utdanning, gjennom arbeidsmarknadstiltak, og tilbod og aktivitetar i frivillig sektor. Mange får kvalifisering gjennom introduksjonsprogrammet, og samarbeidet med sentrale aktørar som Nav, fylkeskommunane og arbeidsgivarar er heilt sentralt for å sikre god arbeidsmarknadsintegrering.
Det er eit stort behov for samordning og samhandling mellom aktørar, ordningar og verkemiddel. Innsatsen til IMDi skal bidra til at kommunane og fylkeskommunane kan jobbe kunnskapsbasert, og at arbeidsgivarar får nødvendig støtte til å inkludere nykomne innvandrarar. IMDi gjennomfører evalueringar, FoU-prosjekt og kompetanseheving, og gir tilskot for å sikre god praksis på tvers av kommunar og andre aktørar.
Introduksjonsprogrammet er det viktigaste verkemiddelet for å kvalifisere nykomne flyktningar til å arbeide og forsørge seg sjølve. Busettings- og kvalifiseringsarbeidet har vore krevjande dei siste åra som følge av dei høge innkomstane frå Ukraina. IMDi har jobba målretta for å gjere kvalifiseringstilboda til nykomne meir treffsikre og effektive. Direktoratet har utvikla ei rekke kompetansepakkar, og lanserte bl.a. kompetansepakkar om arbeidsretta introduksjonsprogram og fleksibel arbeidsretta norskopplæring i februar 2024. Kompetansepakkane er utarbeidde i samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet (AVdir) og Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir), og er retta mot programrådgivarar, rettleiarar og leiarar i Arbeids- og velferdsetaten, vaksenopplæringa og flyktningtenesta. Målet med kompetansepakkane er bl.a. å bidra til at deltakarar i introduksjonsprogram får gode arbeidsretta program, slik at dei kjem i jobb og blir ein del av det norske arbeidslivet.
IMDi har dei siste åra lagt til rette for kompetanseheving og erfaringsdeling for å sikre at implementeringa av integreringslova som tok til å gjelde 1. januar 2021, held fram. Også implementeringa av det midlertidige kap. 6A i integreringslova, som Stortinget vedtok våren 2022 i samanheng med dei store innkomstane av fordrivne frå Ukraina, har vore ein viktig del av arbeidet til direktoratet. Tilpassingane i integreringslova for fordrivne frå Ukraina har som mål å gi kommunane fleksible rammer og sikre at personar med midlertidig kollektivt vern kan delta i kvalifiseringstilbod som gir overgang til arbeid. Ulike lovverk, midlertidige reglar og hyppige regelendringar, har skapt eit stort behov for rettleiing og teknisk støtte til kommunane. Statsforvaltarane har dei siste tre åra hatt i oppdrag å rettleie kommunane med deira etterleving av det midlertidige kapittelet i integreringslova. Frå 2025 styrkte regjeringa statsforvaltarane si tilsyns- og rettleiingsrolle med kommunane si etterleving av integreringslova med 20 mill. kroner. Rettleiingsrolla til statsforvaltarane blei òg utvida til å omfatte fylkeskommunane.
På grunn av dei mange fordrivne med kollektivt vern, og med bakgrunn i rolla arbeidsgivarane speler i inkluderinga av alle nykomne, har IMDi bl.a. lagt meir vekt på arbeidsgivarrolla i kvalifiseringsarbeidet. Det har dei gjort gjennom å formidle rettleiing, informasjon og kunnskap, og ved hjelp av støtteverktøy for arbeidsgivarar som skal bidra til at dei blir meir bevisste på mangfald som ein ressurs.
Høge innreisetal frå Ukraina førte til at talet på busette seksdobla seg frå 2022 til 2024. Det har lagt eit stort press på kommunane – ikkje berre når det gjeld sjølve busettinga, men òg i arbeidet med å tilby introduksjonsprogram og opplæring i norsk. Trass i at innkomstane sidan har gått ned og det er venta at talet på busette vil bli halvert frå 2024 til 2025, har det aldri tidlegare vore så mange flyktningar med behov for kvalifisering i norske kommunar. Per 1. september 2025 hadde om lag 29 000 fordrivne frå Ukraina fullført introduksjonsprogrammet, medan nesten 10 300 framleis deltok. Nesten 5 av 10 fordrivne går direkte ut i jobb etter fullført introduksjonsprogram, mens 4 av 10 deltakarar held fram med vidare kvalifiseringstiltak etter at programmet er avslutta. Majoriteten av desse har gått til arbeidsmarknadstiltak i regi av Nav. Samanlikna med åra før fullskalainvasjonen av Ukraina, har kommunane derfor hatt behov for styrkt innsats i form av kompetanseheving og rettleiing på kvalifiseringsfeltet. Dette vil også gjelde i tida framover. Det har derfor blitt iverksett ei rekke tiltak for å styrke kvalifiseringa gjennom introduksjonsprogrammet, bl.a. gjennom endringane i integreringslova som blei vedtatt 10. juni 2025. Satsinga på arbeidsmarknadstiltak i Nav har òg blitt styrkt.
Fleire innvandrarar deltar i samfunnslivet
IMDi har ei viktig oppgåve i å redusere barrierar som kan hindre deltaking i arbeids- og samfunnsliv. Det inneber bl.a. arbeid mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald, arbeid mot rasisme og diskriminering, og arbeid for å styrke rolla og kompetansen kommunane og frivillige har i integrerings- og inkluderingsarbeidet. IMDi skal bidra til auka deltaking i og initiativ frå sivilsamfunnet for å oppnå målet om at fleire innvandrarar deltar i arbeids- og samfunnsliv.
Sivilsamfunnet og frivillige organisasjonar har ei sentral rolle og er ein viktig arena for integrering og deltaking i samfunnet. Engasjement, moglegheit og vilje til å delta i sivilsamfunnet har mykje å seie for tillit, nettverksbygging og kjennskap til det norske samfunnet. Sivilsamfunnet gjennomfører mangfaldige aktivitetar som stimulerer til lokale møteplassar, betrar ferdigheiter i norsk, gir moglegheiter for fritidsaktivitetar og bidrar til integrering på ulike vis. Det omfattar òg arbeidet mot barrierar for samfunnsdeltaking, slik som negativ sosial kontroll og æresmotivert vald, rasisme, diskriminering og framandfrykt.
IMDi forvaltar ei tilskotsordning som skal styrke frivillige organisasjonar si rolle i arbeidet med inkludering og integrering. Ramma for ordninga har auka frå 106 mill. kroner i 2021 til 150,2 mill. kroner i 2025. Talet på kommunar som forvaltar tilskotsordninga har òg auka frå 20 til 40 sidan 2022. Ordninga bidrar til at fleire innvandrarar deltar i samfunnslivet og styrker norskferdigheitene og moglegheitene sine for arbeid.
Departementet vil foreslå endringar i regelverket for tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar, bl.a. for å følge opp evalueringa av ordninga frå 2024. Endringane skal bidra til meir effektiv tilskotsforvaltning, styrke rolla til organisasjonane og sikre betre måloppnåing på integreringsfeltet.
IMDi skal støtte opp om frivillig innsats og bidra til at frivillige organisasjonar har høg aktivitet og eit breitt nedslagsfelt. Pådrivar- og samordningsrolla til IMDi er avgjerande bl.a. for å sikre at økonomiske verkemiddel – som tilskot til frivillige organisasjonar – bidrar til auka samfunnsdeltaking.
Regjeringa legg til rette for at arbeidsgivarar skal førebygge og kjempe mot rasisme og diskriminering på arbeidsplassen, bl.a. gjennom nettsida mika.no som IMDi har utvikla og forvaltar. Nettsida gir arbeidsgivarar tilgang til fagleg kunnskap som fremmar mangfald og inkludering på arbeidsplassen. I 2025 har IMDi, i samarbeid med partane i arbeidslivet, gjennomført ein kampanje for å styrke kunnskapen og medvitet hos arbeidsgivarar om ubevisste og diskriminerande haldningar i rekrutteringsprosessar.
IMDi har ei sentral rolle i det førebyggande arbeidet mot negativ sosial kontroll, æresmotivert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Direktoratet har ansvar for å følge opp mange av tiltaka i handlingsplanen Sjef i eget liv – styrket innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vold 2025-2028. I 2025 er det 69 mangfaldsrådgivarar til stades på ungdomsskolar, vidaregåande skolar og vaksenopplæringssenter over heile landet. Desse gir råd og rettleiing til utsette elevar. I 2024 rettleidde mangfaldsrådgivarane i til saman 1 031 saker. Etter forslag frå regjeringa blei ordninga styrkt med seks mangfaldsrådgivarar i statsbudsjettet for 2024 og ytterlegare fire stillingar i 2025. Dei fire siste åra har IMDi hatt ein pilot med mangfaldsrådgivarar på ungdomskolar i utsette byområde og i vaksenopplæringssenter. Piloten er følgeevaluert, og sluttrapporten blei levert hausten 2024. IMDi vurderer det vidare arbeidet.
Det er viktig at tilsette som jobbar i tenester som møter utsette, f.eks. lærarar, politifolk og tilsette i barnevernet og helsesektoren, har kunnskap om korleis dei skal avdekke negativ sosial kontroll og æresmotivert vald, og korleis dei skal rettleie og hjelpe personar som blir utsette for det. Kompetanseheving er derfor ein sentral del av arbeidet IMDi gjer på dette feltet. Mangfaldsrådgivarar, spesialutsendingar for integreringssaker ved utanriksstasjonar og IMDis fagteam for førebygging av negativ sosial kontroll og æresmotivert vald gjennomførte i 2024 ei rekke kompetansehevingstiltak for tilsette i ulike tenester over heile Noreg. IMDi driv òg nettportalen Nora, som gir informasjon om rettar og kven ein kan kontakte for å få hjelp.
Det nasjonale tverretatlege kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald er òg ei viktig teneste. Teamet rettleier og gir råd til dei ordinære tenestene, f.eks. tilsette i politi, barnehagar, skolar, asylmottak, helsestasjonar, barnevernstenesta, krisesenter, norske utanriksstasjonar og UDI, om korleis dei skal handtere enkeltsaker og følge opp utsette. Teamet bidrar òg med kompetanseheving til tilsette i dei ordinære tenestene gjennom å halde foredrag og seminar om tematikken. I tillegg gir dei også råd til frivillige organisasjonar og privatpersonar. Regjeringa har styrkt kompetanseteamet med fleire stillingar i statsbudsjetta for 2024 og 2025. I 2025 består teamet av i underkant av 14 stillingar, med representantar frå Bufdir, IMDi, UDI, Politidirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet.
Stadig fleire kontaktar kompetanseteamet, og i 2024 rettleidde dei i 1 402 enkeltsaker. Bufdir har ansvar for koordineringa og den dagleg drifta av kompetanseteamet.
I tillegg til å rettleie i enkeltsaker og drive kompetanseheving skal kompetanseteamet forvalte refusjonsordninga som dekker retur til Noreg for personar som blir utsette for negativ sosial kontroll og æresmotivert vald i utlandet. Teamet er òg kontaktpunkt for Utanriksdepartementet i saker der utsette personar oppheld seg i utlandet. Teamet bidrar med kartlegging og koordinerer kontakten med aktuelle etatar i Noreg. Kompetanseteamet koordinerer og tildeler òg plassar i det nasjonale bu- og støttetilbodet for personar over 18 år som er utsette for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald. I 2024 blei bu- og støttetilbodet utvida med ei pilotordning for personar som har returnert frå ufrivillig utanlandsopphald og har store hjelpebehov, men som ikkje fyller kriteria for å få ein plass i det ordinære bu- og støttetilbodet. Det kan vere fordi dei ikkje er trusselutsette eller fordi dei har ein tilleggsproblematikk som gjer at dei ikkje kan bu i butilbodet av sikkerhetsomsyn.
Lov om offentlige organers ansvar for bruk av tolk mv. (tolkelova) pålegg offentlege organ å bruke tolk når det er nødvendig for å ivareta rettssikkerheit og forsvarleg hjelp og teneste for innbyggarar som ikkje meistrar norsk i tilstrekkeleg grad. Det er anslått ein total mengde tolkeoppdrag i offentleg sektor på meir enn 1,3 mill. kroner i 2024. Andelen av tolkeoppdrag som blir gjennomført med kvalifisert tolk har auka frå 48 pst. i 2020 til 70 pst. i 2024, jf. Tolkemonitorene SPRÅK og LOV for 2024.37
IMDi er nasjonal fagmyndigheit for tolking i offentleg sektor. Direktoratet har ei sentral rolle i å rettleie om tolkelova og bruk av tolk i offentleg sektor, bidra til at offentlege verksemder bestiller og bruker kvalifiserte tolkar, og sikre at det blir kvalifisert nok tolkar i aktuelle språk. IMDi har òg ansvar for å drifte Nasjonalt tolkeregister og for kunnskapsutviklinga på feltet.
Post 01 Driftsutgifter
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) er fagdirektorat, premissleverandør og utøvande organ for integreringspolitikken. IMDi samarbeider med sektormyndigheiter, kommunane og fylkeskommunane.
Budsjettforslag 2026
Sjølv om innvandringa frå Ukraina no er lågare enn dei tre siste åra, skal det framleis busettast dobbelt så mange flyktningar i 2026 som åra før Russlands fullskalainvasjon av Ukraina. Etter fleire år med høge busettingstal skal IMDi støtte kvalifiserings- og integreringsarbeidet i kommunane for ei stor målgruppe. Regjeringa foreslår derfor ei ekstraløyving til IMDi på 20 mill. kroner i 2026.
Regjeringa foreslår å redusere kvoten på overføringsflyktningar frå 500 til 100 personar i 2026. Løyvinga til arbeid med uttak og busetting av overføringsflyktningar blir derfor redusert med 1,5 mill. kroner.
Vidare forslår regjeringa ei overføring på 0,05 mill. kroner frå kap. 670, post 01 til kap. 1605, post 01 for delfinansiering av styrkinga av Statens innkjøpssenter.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 363,4 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
FoU-midlane til Integrerings- og mangfaldsdirektoratet er samla under kap. 670, post 21. Løyvinga skal nyttast til forskings- og utviklingsprosjekt, evalueringar, informasjon og rettleiing og kunnskapsoppsummeringar for å utvikle og formidle kunnskap om integrering og mangfald. Midlane skal bidra til å auke kunnskapen om integrering blant myndigheitene og aktørar med ansvar for integreringspolitikk. Løyvinga på posten skal òg dekke utgifter til berekningsutvalet som kartlegg utgiftene kommunane har til busetting og integrering av flyktningar.
Budsjettforslag 2026
Regjeringa foreslår å bruke 1,3 mill. kroner på å følgeevaluere ei ny forsøksordning med å tilby introduksjonsprogram til kvinner som har fått innvilga familieinnvandring med norske og nordiske borgarar og personar med permanent opphaldsløyve. Sjå kap. 671, post 62 for nærmare omtale av forsøksordninga.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 32,3 mill. kroner.
Kap. 3670 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
Løyvinga under kap. 670 Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, post 01 Driftsutgifter, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3670, post 01, jf. romartalsvedtak II.
Kap. 671 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
45 |
Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast |
51 962 |
51 140 |
52 930 |
|
60 |
Integreringstilskot, kan overførast |
21 504 529 |
22 909 550 |
17 435 182 |
|
61 |
Særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige flyktningar, overslagsløyving |
1 622 179 |
2 170 701 |
2 439 340 |
|
62 |
Kommunale integreringstiltak |
268 833 |
337 587 |
379 521 |
|
70 |
Busettingsordninga og integreringstilskot, oppfølging |
2 645 |
2 746 |
2 845 |
|
71 |
Tilskot til integreringsarbeid i regi av sivilsamfunn og frivillige organisasjonar |
215 219 |
240 524 |
249 410 |
|
72 |
Kvalifiseringsordninga for tolkar |
21 480 |
22 330 |
24 134 |
|
73 |
Tilskot |
19 968 |
20 650 |
21 393 |
|
Sum kap. 671 |
23 706 815 |
25 755 228 |
20 604 755 |
-
Overført frå 2024 til 2025:
-
Post 45: 9 479 000 kroner
Kap. 671 omfattar integreringstilskot og særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige som går til kommunar for arbeidet med busetting, kvalifisering og integrering av flyktningar. Kapittelet omfattar òg ulike tilskotsordningar der kommunar og fylkeskommunar kan søke om tilskot til å styrke og vidareutvikle kvalifiserings- og integreringsarbeidet og dessutan midlar til KS for deira arbeid på feltet. Vidare ligg tilskot til sivilsamfunn og frivillige organisasjonar på integreringsfeltet og tilskot til kvalifiseringsordningar under dette kapittelet. Kapittelet omfattar òg midlar til digitaliseringsarbeid i regi av IMDi.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga på posten skal nyttast til å utvikle gode digitale verktøy som skal gjere arbeidet med busetting, integrering og tilskotsforvaltning enklare. Dei digitale løysingane til IMDi skal gi effektive system for brukarane, bidra til betre resultat i integreringsarbeidet og sikre ei meir einskapleg behandling av kommunar og flyktningar.
Tenesteområdet busetting har vore særleg prioritert dei seinare åra. I tenesta som kartlegg kompetansen til flyktningar, er det no enklare å dele informasjonen med andre aktørar, særleg kommunane. Det er òg mogleg å kartlegge annan busettingsrelevant informasjon i tenesta, slik som behov for individuell tilrettelegging, tilhøyrsel til Noreg og livssituasjon. I tillegg kan tenesta no òg brukast på kommisjonsreiser for uttak av overføringsflyktningar i land der det må takast særlege sikkerheitsomsyn. Løysinga for berekning og utbetaling av integreringstilskot er blitt vidareutvikla. Det har bl.a. blitt enklare å handtere saker som krev einskild behandling. I tenesta for utbetaling av tilskot til norskopplæring er berekningsgrunnlaget forbetra, og sjølvbeteningsløysinga for tilskot til busetting av personar med alvorleg funksjonsnedsetting og/eller åtferdsvanskar er forbetra med automatisk utsetting av fristar for søknader og rapportering. Generelt har tenestene blitt langt meir brukarvennlege for kommunane. Datavarehuset er ei anna stor digital satsing som har gitt meir tilgjengelege datakjelder og talgrunnlag og meir automatiserte prosessar, til både interne og eksterne brukarar. For eksterne brukarar har det bl.a. ført til fleire statistikkar og hyppige oppdateringar på tal- og statistikksidene til IMDi. IMDi er òg i gang med å greie ut nødvendige forbetringar av Nasjonalt introduksjonsregister (NIR).
IMDis nettløysingar har òg vore prioriterte. I 2025 blei det lansert nye løysingar som legg meir vekt på sluttbrukarane som målgruppe. Nettstaden Ny i Noreg (nyinorge.no) samlar informasjon frå offentlege styresmakter som kan hjelpe nykomne asylsøkarar, flyktningar og andre innvandrarar i den nye kvardagen i Noreg. Ressursen gjer den enkelte kjend med rettar og plikter. I løpet av 2025 har nettsida blitt utvida slik at den gir informasjon til alle flyktningar som har opphald i Noreg.
Budsjettforslag 2026
For 2026 er det foreslått ei løyving på 52,9 mill. kroner.
Post 60 Integreringstilskot, kan overførast
Hovudtrekk ved regelverket
Kommunane får integreringstilskot når dei buset personar som får opphald som overføringsflyktningar eller på bakgrunn av søknad om asyl, og for familiesameining med desse. Tilskotsordninga skal òg medverke til å busette eldre og personar med alvorlege, kjende funksjonsnedsettingar eller åtferdsvanskar.
Kommunane skal gjennomføre eit målretta busettings-, kvalifiserings- og integreringsarbeid, slik at flyktningane kan forsørge seg sjølve og delta i samfunnet.
Tilskotet skal gi ei rimeleg dekning av dei gjennomsnittlege meirutgiftene kommunane har til dette arbeidet i busettingsåret og dei fire neste åra.
Rapport
Dei mange fordrivne frå Ukraina som har komme til Noreg, har ført til at busettingsbehovet og talet på busette i kommunane har auka betydeleg dei siste åra. Frå 2022 til 2024 blei det busett over 90 000 flyktningar i kommunane. Per 1. september 2025 er ytterlegare 7 500 busette, sjå tabellen nedanfor, som viser utviklinga i talet på busette og ventetida dei siste åra. Tala i tabellen inkluderer både fordrivne frå Ukraina og flyktningar frå andre land, irekna overføringsflyktningar.
Integreringstilskotet, saman med tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, særskilt tilskot ved busetting av flyktningar med alvorleg nedsett funksjonsevne eller åtferdsvanskar, og særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige, utgjer den viktigaste finansieringa av busettings- og integreringsarbeidet til kommunane. Som følge av auken i talet på busette flyktningar i kommunane, har løyvinga til integreringstilskotet auka betydeleg dei siste åra.
Eit berekningsutval kartlegg årleg dei gjennomsnittlege utgiftene kommunane har til busetting og integrering av flyktningar og personar med opphald på humanitært grunnlag. Rapporten frå berekningsutvalet for 2024 viser at dekningsgraden for integreringstilskotet var 90,9 pst., ned frå 91,8 pst. i 2023. Årsaka til at dekningsgraden har gått ned, er at utgiftene har auka noko meir enn tilskota blei justert for fram til 2024. Bl.a. har dei gjennomsnittlege utgiftene kommunane har til sosialhjelp og ventestønad/etableringsstønad auka, mens gjennomsnittleg utbetalt introduksjonsstønad per person i målgruppa har gått ned.
Det er svært usikkert korleis utgiftene til kommunane og dekningsgraden for integreringstilskotet vil utvikle seg i åra framover. Det er mange usikre komponentar som speler inn på kostnadsbildet, bl.a. samansettinga av flyktningane, kva behov dei har, korleis dei fordeler seg på årskulla i integreringsløpet, når på året dei blir busette, korleis kommunane utformar og dimensjonerer tiltaka og tenestene sine, og kor mange som går over til arbeid eller utdanning. Spesielt usikkert er det korleis bustadutgiftene vil utvikle seg, og kor mange som vil gå over til arbeid etter avslutta introduksjonsprogram. Når fleire kjem i arbeid og kan forsørge seg sjølve, bidrar det til å redusere utgiftene i kommunane, både til sosialhjelp og til andre oppfølgingstiltak. I tillegg er prognosane for kor mange fordrivne frå Ukraina som vil komme til Noreg, og kor mange det blir behov for å busette, svært usikre.
Nøkkeltal for busetting 2020–september 2025
|
År |
2020 |
2021 |
2022 |
2023 |
2024 |
Per 1. september 2025 |
|---|---|---|---|---|---|---|
|
Busette totalt1 |
2 819 |
4 489 |
31 258 |
33 701 |
25 618 |
7 529 |
|
Busette einslege, mindreårige2 |
80 |
108 |
510 |
647 |
797 |
558 |
|
– av desse IMDI |
56 |
89 |
423 |
560 |
709 |
456 |
|
– av desse Bufetat |
24 |
19 |
87 |
87 |
88 |
102 |
|
Busette i barnefamiliar3 |
1 923 |
3 606 |
20 160 |
20 159 |
14 483 |
3 774 |
|
– av desse busette barn |
1 097 |
2 110 |
10 328 |
7 035 |
1 869 |
|
|
Busette andre vaksne4 |
805 |
775 |
10 576 |
12 894 |
10 338 |
1 905 |
|
Gjennomsnittleg ventetid frå vedtak til busetting (månader) |
||||||
|
– totalt |
6,8 |
6,3 |
2,3 |
2,5 |
3,0 |
3,3 |
|
– einslege, mindreårige |
5,1 |
3,1 |
2,5 |
2,8 |
4,4 |
5,2 |
|
– barnefamiliar3 |
7,8 |
6,7 |
2,4 |
2,5 |
2,9 |
3,2 |
|
– andre vaksne4 |
4,6 |
4,3 |
2,0 |
2,4 |
3,2 |
3,5 |
1 Totalen inneheld busette personar med skjerma identitet.
2 Inkluderer einslege mindreårige med følgjeperson.
3 Inkluderer vaksne i familiar med barn under 18 år og barn i familiar.
4 Inkluderer alle vaksne som ikkje er del av barnefamiliar.
Målet er at introduksjonsprogrammet skal bidra til stabil tilknyting til arbeid. Det er derfor særleg interessant å måle deltakinga i arbeid og utdanning eitt eller fleire år etter avslutta introduksjonsprogram. Tabellen nedanfor viser andelen deltakarar som var sysselsett eller under utdanning (vidaregåande nivå eller høgare) eitt og fem år etter avslutta program.
Nøkkeltal for resultat i kvalifiseringsarbeidet (introduksjonsprogram)
|
Totalt pst. |
Kvinner pst. |
Menn pst. |
|
|---|---|---|---|
|
Andel av dei som avslutta program 2022, sysselsett eller under utdanning 2023 |
65 |
59 |
73 |
|
Andel som avslutta program i 2018, sysselsett eller i utdanning i 2023 |
72 |
60 |
77 |
|
Andel av dei som avslutta program i 2024 som gjekk direkte over i arbeid eller utdanning. |
45 |
39 |
53 |
|
Andel som hadde forberedende opplæring for voksne (grunnskole/grunnskolefag) som del av sitt program 2024 |
6 |
||
|
Andel som hadde vidaregåande skole/fag i vidaregåande skole som del av sitt program 2024 |
2 |
Oppfølging og kontroll
Kommunane skal ikkje legge fram særskild rekneskap for integreringstilskotet. Eit berekningsutval kartlegg kvart år utgiftene kommunane har til busetting og integrering, sjå omtale ovanfor. Denne kartlegginga gir ei oversikt som viser om det er rimeleg samsvar mellom tilskotet og utgiftene til kommunane. Kartlegginga inkluderer bl.a. utgifter til integreringstiltak som introduksjonsprogram, barne- og ungdomsverntenester, sysselsettingstiltak, yrkeskvalifisering, arbeidstrening, kommunale helsetenester, sosialkontor/sosialtenester, barnehagar og integreringstiltak i grunnskolen.
Budsjettforslag 2026
Alle kommunar får tilskot etter den same satsstrukturen og nivået. Satsane er viste i tabellen. Departementet foreslår nominell vidareføring av tilskotssatsane for integreringstilskotet.
Satsar for integreringstilskot, kroner
|
Busettingsår |
2022 |
20231 |
2024 |
2025 |
2026 |
|---|---|---|---|---|---|
|
År 1 (einslege, vaksne) |
234 900 |
241 100 |
241 100 |
250 500 |
250 500 |
|
År 1 (andre vaksne) |
189 400 |
194 400 |
194 400 |
202 000 |
202 000 |
|
År 1 (einslege, mindreårige) |
182 300 |
187 000 |
187 000 |
194 300 |
194 300 |
|
År 1 (barn) |
189 400 |
194 400 |
194 400 |
202 000 |
202 000 |
|
År 2 |
243 100 |
249 500 |
249 500 |
259 200 |
259 200 |
|
År 3 |
172 900 |
177 400 |
177 400 |
184 300 |
184 300 |
|
År 4 |
85 700 |
88 000 |
88 000 |
91 400 |
91 400 |
|
År 5 |
70 200 |
72 000 |
72 000 |
74 800 |
74 800 |
|
Sum (einslege, vaksne) |
806 800 |
828 000 |
828 000 |
860 200 |
860 200 |
|
Sum (andre vaksne) |
761 300 |
781 300 |
781 300 |
811 700 |
811 700 |
|
Sum (einslege, mindreårige) |
754 200 |
773 900 |
773 900 |
804 000 |
804 000 |
|
Sum (barn) |
761 300 |
781 300 |
781 300 |
811 700 |
811 700 |
1 I tillegg fekk kommunane eit tilskot på 50 000 kroner for kvar flyktning dei busette i 2023 utover det talet kommunen opphavleg blei oppmoda om for 2023.
Når kommunane buset barn i barnehagealder (0–5 år) får dei eit eingongstilskot til særskild tilrettelegging for barn av nykomne innvandrarar, f.eks. til tospråklege assistentar. Tilskotssatsen er foreslått til 28 900 kroner i 2026.
Når kommunane buset personar over 60 år, får dei òg eit ekstra eingongstilskot. Satsen er foreslått til 187 600 kroner i 2026.
Ved busetting av personar med alvorleg nedsett funksjonsevne eller åtferdsvanskar, kan kommunane få ekstra tilskot på grunnlag av dokumenterte behov. Ordninga har to delar, og personane kan utløyse enten tilskot 1 eller tilskot 2. Satsen for tilskot 1 er foreslått til 204 100 kroner og satsen for tilskot 2 til inntil 1 921 000 kroner i 2026. For personar som blir busette frå to av UDIs særskilde buløysingar, særskild bu- og omsorgsløysing for valdelege og utagerande bebuarar (særbol) og særskild pleie- og omsorgsløysing for bebuarar med omfattande helse- og omsorgsbehov (særpleie), er satsen for tilskot 2 foreslått til 2 597 500 kroner. Tilskot 1 er eit eingongstilskot, mens tilskot 2 kan utbetalast i inntil fem år. Flyktningar som blir busette frå UDIs særskilde buløysingar – tilrettelagd avdeling, særbol eller særpleie – kan utløyse tilskot 2 i inntil ti år. Personar som får behandling på sjukehus, på sjukeheim eller i rehabilitering, men som elles ville oppheldt seg i ei av UDIs særskilde buløysingar, kan òg utløyse utvida sats i inntil ti år. Einslege mindreårige kan utløyse tilskotet til og med det året dei fyller 20 år, sjølv om perioden for integreringstilskot er ferdig.
Tilskot til ressurskrevjande tenester, jf. Prop. 1 S (2025–2026) for Kommunal- og distriktsdepartementet, omfattar òg ressurskrevjande flyktningar. Innslagspunktet for 2026 i denne ordninga ligg i flukt med maksbeløpet for tilskot 2 og er i 2026 på 1 921 000 kroner.
Når kommunar søker om tilskot ved busetting av personar med alvorleg nedsett funksjonsevne eller åtferdsvanskar, må dei i dag legge fram omfattande dokumentasjon. Fleire kommunar har meldt om betydelege utfordringar med å innhente denne dokumentasjonen. Regjeringa foreslår derfor å forenkle dokumentasjonskravet for alvorleg funksjonsnedsetting, til at kommunane kan dokumentere funksjonsnedsettinga med enkeltvedtak om kommunale tiltak og tenester som følger direkte av funksjonsnedsettinga. Enkeltvedtak om tiltak og tenester etter opplæringslova, barnehagelova, barnevernlova og helse- og omsorgstenestelova vil vere dokumentasjon på at ein person er i målgruppa for tilskot.
Tilskot til busetting av personar med alvorleg nedsett funksjonsevne eller åtferdsvanskar blir utbetalte på bakgrunn av dokumenterte utgifter etter søknad. Kommunane får i dag utbetalt heile tilskot 1, sjølv om kostnadene dei søker om å få dekt er lågare enn tilskotssatsen. Frå 2026 foreslår regjeringa at kommunane får tilskot for dei faktiske kostnadene sine opp til satsen for tilskot 1. Endringane gir ein reduksjon i løyvinga på posten med 10,5 mill. kroner. Regjeringa foreslår å omprioritere desse midlane til andre tiltak på integreringsfeltet, kor 6,9 mill. kroner går til områdesatsingar under kap. 671, post 62, og 3,6 mill. kroner til tilskot til nasjonale ressurssenter under kap. 671, post 71. Sjå nærmare omtale under desse postane.
Det er svært usikkert korleis dei kommunale utgiftene til busetting og integrering, og dekningsgraden for integreringstilskotet, vil utvikle seg framover. Sjå omtale av faktorar som påverkar utgiftsnivået under rapporteringa ovanfor. Departementet foreslår at tilskotsatsane for integreringstilskotet skal vidareførast i 2026 på same nivå som i 2025. Departementet følger nøye med på korleis dekningsgraden for tilskotet utviklar seg.
Regjeringa foreslår å redusere kvoten for talet på overføringsflyktningar frå 500 til 100 personar i 2026. Dette inneber isolert sett ein reduksjon i talet på personar i målgruppa for tilskot, og løyvinga under posten er redusert i tråd med dette.
Hovudårsaka til at løyvingsbehovet under posten er redusert frå saldert budsjett for 2025, er lågare prognosar for innreise for fordrivne frå Ukraina i 2025 og 2026. Situasjonen i Ukraina er uføreseieleg, og innreisetala i 2026 er svært usikre.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 17,4 mrd. kroner.
Post 61 Særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige flyktningar, overslagsløyving
Hovudtrekk ved regelverket
Kommunane får eit særskilt tilskot når dei buset einslege mindreårige flyktningar. Einslege mindreårige skal busettast så raskt som mogleg i eit godt bu- og omsorgstilbod tilpassa kvar enkelt og dei lokale forholda.
Det blir utbetalt ein høg sats til og med det året barnet fyller 16 år, og ein lågare sats frå og med det året ungdommen fyller 17 år. Tilskotet blir utbetalt frå og med den månaden barnet blir busett, og til og med det året den einslege mindreårige fyller 20 år.
Rapport
Per 1. september 2025 er det busett 558 einslege mindreårige, av dei er det 476 utan følgjeperson. I perioden frå 2022 til august 2025 har det komme fleire einslege mindreårige enn åra før. Det har òg komme fleire under 15 år. Spesielt har talet på einslege mindreårige som kjem utan følgeperson og har behov for tilpassa bu- og omsorgstiltak retta mot ungdom, auka dei siste åra. Samtidig er kapasiteten pressa i kommunane som har gjort vedtak om å busette einslege mindreårige. Dette har gjort busettingsarbeidet ekstra krevjande. Ventetida frå vedtak til busetting for einslege mindreårige har auka betydeleg over tid, frå 2,8 månader i 2023 til 4,4 månadar i 2024 og 5,2 månader per 1. september 2025. Einslege mindreårige under 15 år ventar ekstra lenge, i gjennomsnitt 8 månader per 1. september 2025. I 2024 og i 2025 har det blitt fleire kommunar som buset einslege mindreårige utan følgeperson. Med det har òg busettingskapasiteten i kommunane betra seg, men det er framleis for få busettingsplassar til denne gruppa.
Rapporten for 2024 frå berekningsutvalet som årleg kartlegg dei gjennomsnittlege utgiftene kommunane har til busetting og integrering av einslege mindreårige flyktningar, viser at dekningsgraden for integreringstilskotet og det særskilde tilskotet ved busetting av einslege mindreårige over dei fem første åra er på 107,2 pst. Årsaka til den høge dekninga er at fleire av dei einslege mindreårige flyktningane som kjem frå Ukraina, kjem med følgjepersonar. I tillegg bidrar alderssamansetninga blant dei einslege mindreårige, med relativt færre under 15 år, også til lågare gjennomsnittsutgifter. Utgiftene for enkeltpersonar og mellom kommunar varierer mykje. Dekningsgraden for 2024 viser ein nedgang frå 2023, da den samla dekningsgraden var på 113,8 pst. Tilskotssatsane blei redusert i 2025. Det er svært usikkert korleis utgiftene til kommunane og dekningsgraden for tilskota vil utvikle seg i åra framover, men departementet følger nøye med på utviklinga. Det er òg usikkert kor mange fordrivne frå Ukraina, irekna einslege mindreårige, som vil komme til Noreg og kor mange det blir behov for å busette i åra som kjem.
Oppfølging og kontroll
Kommunane skal ikkje legge fram særskild rekneskap for særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige flyktningar. Eit berekningsutval kartlegg utgiftene kommunane har til busetting og integrering. Denne kartlegginga gir ei oversikt som viser om det er rimeleg samsvar mellom tilskotet og utgiftene til kommunane.
Budsjettforslag 2026
Auken i løyvingsbehovet på posten samanlikna med saldert budsjett for 2025 kjem i hovudsak av auken i talet på fordrivne frå Ukraina dei siste åra. Situasjonen i Ukraina er uføreseieleg, og innreisetala i 2026 er svært usikre.
Regjeringa foreslår å redusere kvoten overføringsflyktningar frå 500 til 100 personar i 2026. Dette inneber isolert sett at talet på personar i målgruppa for tilskot går ned, og løyvinga under posten er redusert i tråd med dette.
Regjeringa foreslår at satsane for særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige flyktningar i 2026 skal vere 1 098 700 kroner til og med det året personen fyller 16 år, og 692 800 kroner frå og med det året personen fyller 17 år.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 2,4 mrd. kroner.
Post 62 Kommunale integreringstiltak
Tilskotsposten består av seks tilskotsordningar i 2026: Jobbsjansen, tilskot til områdesatsingar, tilskot til utvikling av kvalifiserings- og integreringstiltak, tilskot til nasjonalt bu- og støttetilbod til personar over 18 år som er utsette for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, tilskot til tilrettelagd fag- og yrkesopplæring for vaksne innvandrarar og tilskot til forsøksordning med introduksjonsprogram til kvinner som har familieinnvandra med norske og nordiske borgarar og personar med permanent opphaldsløyve.
Rapport
|
Rekneskap 2024 (mill. kroner) |
|
|---|---|
|
Jobbsjansen, kvalifiseringsprosjekt for heimeverande innvandrarkvinner |
129,2 |
|
Områdesatsing |
40,0 |
|
Utvikling av kommunale integreringstiltak |
60,3 |
|
Nasjonale bu- og støttetilbod til personar over 18 år som er utsette for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald |
22,7 |
|
Tilrettelagd fag- og yrkesopplæring for vaksne innvandrarar |
16,4 |
Jobbsjansen
Formålet med Jobbsjansen er å auke sysselsettinga blant innvandrarkvinner som står langt frå arbeidsmarknaden og har behov for kvalifisering for å komme i jobb eller ordinær utdanning. Jobbsjansen skal, gjennom individuelt tilpassa program, gi styrkte kvalifikasjonar for stabil tilknyting til arbeidslivet og økonomisk sjølvstende. IMDi forvaltar Jobbsjansen-ordninga.
I perioden 2022–2025 har det blitt gjennomført eit forsøk med per capita-finansiering av Jobbsjansen. IMDi fekk i januar 2025 sluttrapporten frå følgeevalueringa, som er gjennomført av Ideas2evidence. Blant funna er at per capita-finansiering reduserer dei administrative kostnadene og ressursbruken på administrasjon for kommunane og IMDi. Frå 2026 foreslår regjeringa å justere finansieringa av Jobbsjansen til ein modell som er tett opp til per capita-modellen som har blitt pilotert. Sjå omtale lenger nede.
I 2025 blei det løyvd 180,6 mill. kroner til Jobbsjansen. Av dette beløpet gjekk 169,8 mill. kroner til den ordinære ordninga og 10,8 mill. kroner til forsøket med per capita-modell. IMDi har løyvd midlar til 48 prosjekt. Av desse er 33 vidareføringar av prosjekt frå 2024, og 15 er nye prosjekt for 2025. Kommunane bidrar med ei gjennomsnittleg eigenfinansiering på 28,8 pst. Fleire av prosjekta tilbyr fleksible og langsiktige kvalifiseringsløp som dekker deltakarane sitt behov for formell kompetanse, og arbeidsretta kurs og praksis. Bruken av Supported Employment-metodikk og målretta arbeidsmarknadstiltak er sentrale element i prosjekta.
Resultata har halde eit stabilt høgt nivå, og har dei siste fem åra lege mellom 72 og 79 pst. 74 pst. av deltakarane som avslutta programmet i 2024 gjekk vidare til jobb, utdanning eller ein kombinasjon. Vi ser òg at sysselsettingsnivået er høgt blant deltakarane fleire år etter at dei avsluttar Jobbsjansen. I følge tal frå SSB var 77 pst. av deltakarane som avslutta Jobbsjansen i 2021, i arbeid eller utdanning eitt år etter programslutt.
Områdesatsingar
Områdesatsingar er eit verkemiddel for å betre miljø, butilhøve og levekår i utsette byområde. Satsingane har særleg handla om å forbetre oppvekstvilkåra for barn og unge, men rettar seg òg mot auka sysselsetting, betre folkehelse, auka deltaking, inkluderande bumiljø og førebygging av kriminalitet.
Løyvinga til områdesatsingane over kap. 671, post 62, var i 2025 på 50,7 mill. kroner, som gjekk til Oslo (49,6 mill. kroner) og Drammen, Strømsø (1,1 mill. kroner). Tilskotet til Oslo var fordelt med 22,8 mill. kroner til Oslo indre aust, 23,6 mill. kroner til Oslo sør og 3,1 mill. kroner til Groruddalen.
Tilskotet auka med 10 mill. kroner i 2025, bl.a. for å styrke den førebyggande innsatsen mot barne- og ungdomskriminalitet i Oslo sør og Oslo indre øst.
Den totale statlege løyvinga til områdesatsingar i 2025 var om lag 258 mill. kroner, jf. Prop. 1 S (2024–2025) for Kommunal- og distriktsdepartementet. Sjå òg nærmare omtale under punkt 6.6 God integrering av innvandrarar i arbeid og samfunn, kap. 671, post 62, og kap. 621, post 63.
Utvikling av kommunale integreringstiltak
Kommunane har best kjennskap til lokale forhold, bedrifter og organisasjonar, og har gode føresetnader for å sjølve løfte fram gode prosjekt som kan forbetre kvalifiseringsarbeidet. Formålet med ordninga er å heve kvaliteten og forbetre resultata i kvalifiserings- og integreringsarbeidet til kommunane og fylkeskommunane med sikte på å få målgruppa ut i arbeid eller utdanning. Tilskotsordninga skal bidra til kunnskaps- og metodeutvikling av nasjonal interesse med overføringsverdi til andre kommunar og fylkeskommunar.
Ordninga bestod i 2025 av fem delområde, der både kommunane og fylkeskommunar kan søke om prosjektmiddel. Delområda var:
-
innovative løysingar i introduksjonsordninga og opplæring i norsk og samfunnskunnskap
-
utvikling av tiltak som gir psykisk støtte
-
forsøk med å utvikle ein nasjonal samarbeidsmodell for fag- og yrkesopplæring
-
etablering av kommunale, interkommunale eller regionale velkomsttilbod
-
arbeid for mangfald og mot rasisme og diskriminering
Målgruppa er innvandrarar. Innanfor delområde tre til fem er nykomne innvandrarar som er omfatta av introduksjonslova (jf. §§ 2 og 17) og integreringslova (jf. §§ 9 og 28), prioriterte.
For alle delområda samla var det ei tilskotramme på 51,5 mill. kroner i 2025. IMDi fekk inn totalt 100 søknader. 44 søknadar blei innvilga, og 56 blei avslått (utanom delområde 3).
Det nasjonale bu- og støttetilbodet til personar over 18 år utsette for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald
Formålet med bu- og støttetilbodet er at brukarane skal få hjelp innanfor trygge rammer til å etablere seg på nytt og kunne leve eit så normalt liv som mogleg. Tilbodet skal vere eit tillegg til dei lovpålagde hjelpetilboda og tenestene kommunane gir. Bufdir har eit overordna ansvar for støttetilbodet. Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald koordinerer og tildeler plassar i tilbodet. Kommunane har det operative ansvaret for innhaldet i og drifta av dei enkelte tilboda.
I 2024 budde til saman 55 personar i butilbod i fem ulike kommunar, av desse var det 37 personar som flytta inn i 2024. Dei fleste var kvinner. I gjennomsnitt var belegget i butilbodet i 2024 på om lag 76 pst. Bebuarane får miljøterapeutisk oppfølging, dei får etablert kontakt med aktuelle tenester i kommunen og frivillige i relevante organisasjonar, og dei får tilbod om å delta i nettverk for bebuarar og tidlegare bebuarar. I 2024 blei bu- og støttetilbodet utvida med ei pilotordning for personar som har returnert frå ufrivillig utanlandsopphald og har store hjelpebehov, men som ikkje fyller kriteria for å få ein plass i det ordinære bu- og støttetilbodet. I 2024 har ein av kommunane som driftar bu- og støttetilbodet, søkt om tilskot til å etablere ein bustad spesielt egna for pilotmålgruppa. I desember 2024 flytta dei første i pilotmålgruppa inn i bo- og støttetilbodet. Det har vist seg å vera utfordrande for kommunane å etablera dei planlagde plassane i pilotordninga. For å legge til rette for betre utnytting, er ordninga gjort noko meir fleksibel, bl.a. med omsyn til bruk av bustader. I 2025 har ein av kommunane som driftar bu- og støttetilbodet, søkt om tilskot til å utvide tilbodet til pilotmålgruppa med éin plass. Per august 2025 har åtte personar blitt vurdert til å vere i pilotmålgruppa, og fått tildelt plass i bu- og støttetilbodet.
Integreringsmottak
Integreringsmottak blei etablert som ei prøveordning i 2016 og vidareført i 2020 som eit tilbod for bebuarar som har fått eller mest sannsynleg vil få opphald. Integreringsmottaka har skilt seg frå andre mottak ved at alle bebuarane over 18 år har fått tilbod om, og forplikta seg til å delta i eit fulltidsprogram med opplæring i norsk, kultur- og samfunnskunnskap, utdannings- og arbeidsretta aktivitetar i tillegg til kompetansekartlegging og karriererettleiing.
I 2024 var det to integreringsmottak i Noreg, eitt i Steinkjer og eitt i Kristiansand. Begge er no lagde ned, og ordninga med integreringsmottak er med dette avvikla. Grunnen er bl.a. at det i dag berre er ein liten andel av asylsøkarane i målgruppa som har stort sannsyn for å få innvilga opphald. Det har òg vore utfordringar knytt til fleksibilitet og kostnadseffektivitet, sidan integreringsmottaka er dyrare i drift enn andre asylmottak. Vidare er det tid- og ressurskrevjande å opprette og avvikle integreringsmottak. Det gjer det vanskeleg å tilpasse kapasiteten etter behovet.
Fleire element frå integreringsmottaka har sidan ordninga blei oppretta blitt obligatoriske for bebuarar i alle asylmottak. Det har blitt innført plikt til deltaking i opplæring i 175 timar norsk og 25 timar samfunnskunnskap for alle mottaksbebuarar over 18 år, og kompetansekartlegging før busetting har blitt lovfesta.
Tilrettelagd fag- og yrkesopplæring for vaksne innvandrarar
Tilskotet skal stimulere til å etablere og gjennomføre tilbod om tilrettelagd fag- og yrkesopplæring for vaksne innvandrarar som har rett til vidaregåande opplæring, men som har behov for tilrettelegging og oppfølging utover det fylkeskommunen er forplikta til å gi etter opplæringslova § 19-8 andre ledd. Deltakarar blir rekrutterte frå introduksjonsprogrammet, blant brukarane av Nav-kontora og blant søkarane til fylkeskommunen. Tilskotsordninga skal bidra til å dekke meirutgifter ved tilrettelegging. Fylkeskommunar kan søke om tilskotet. IMDi forvaltar ordninga.
I 2024 var det totalt 1 348 vaksne innvandrarar som deltok i ordninga, ein oppgang frå 914 i 2023. Av det totale talet var 5 pst. deltakarar i introduksjonsprogrammet. Det er ein liten auke frå 2023, då det same gjaldt 3 pst. Andelen er framleis låg og det er uvisst kva som er årsaka. Fleire fylkeskommunar melder om at tala er noko usikre som ein følge av at dei ofte ikkje har direkte tilgang til informasjon om deltakarar er omfatta av introduksjonsprogrammet. I 2024 fekk ti fylkeskommunar tildelt midlar. Fylkeskommunane som har fått midlar, har etablert samarbeid med kommunar, Arbeids- og velferdsetaten og arbeidsgivarar. Fylka rapporterer om auka innsats innan rekruttering og samarbeid med kommunale aktørar i 2024.
Budsjettforslag 2026
Regjeringa foreslår å auke tilskotet til Jobbsjansen med 23 mill. kroner i 2026, for at fleire innvandrarkvinner som står langt frå arbeidsmarknaden skal få den oppfølginga og kvalifiseringa dei treng for å komme inn i arbeid eller utdanning. Auken gir om lag 130 fleire deltakarplassar i 2026. Dette vidarefører styrkinga av Jobbsjansen dei siste åra. I 2026 vil ordninga ha om lag 1 200 deltakarplassar til saman.
I perioden 2022–2025 har det blitt gjennomført eit forsøk med per capita-finansiering av Jobbsjansen. Forsøksordninga er følgeevaluert. På bakgrunn av evalueringa, og i samråd med IMDi, vil regjeringa frå 2026 legge om finansieringsmodellen av Jobbsjansen til ein modell tilnærma lik den som har blitt pilotert dei siste tre åra. Heretter vil kommunane få tilskot basert på ein fast sats per månad for kvar plass som blir nytta til å tilby ein deltakar eit Jobbsjansenprogram. Dette vil gjere tilskotsprosessen meir føreseieleg for kommunane og redusere dei administrative kostnadane både for kommunane og IMDi. Det er berre finansieringa, herunder søknads- og tildelingsprosessen, som vert justert. Prosjektmetodikken vil vere som tidlegare, slik at suksessfaktorar som tett oppfølging og arbeidsretta og individuelt tilpassa kvalifiseringsløp vert ivareteke.
Regjeringa foreslår å styrke områdesatsingar i Østfold med 9 mill. kroner. Midlane vil bli fordelt med 4 mill. kroner til Sarpsborg og 4 mill. kroner til Fredrikstad kommune. I tillegg vil 1 mill. kroner bli fordelte til Østfold fylkeskommune til arbeid med samordning av områdesatsingane i Østfold. Målet er å førebygge levekårsutfordringar i område der det er ein høg andel innvandrarar, og der utfordringane kan bli forsterka av flytting til desse områda. Midlane til områdesatsingane i Oslo og Drammen under denne posten blir fordelte med 23,7 mill. kroner til Oslo indre aust, 24,5 mill. kroner til Oslo sør, 3,2 mill. kroner til Groruddalen i Oslo og 1,2 mill. kroner til Strømsø i Drammen.
Regjeringa foreslår å bruke 5,8 mill. kroner til å etablere ei ny forsøksordning med å tilby introduksjonsprogram til kvinner som har fått innvilga familieinnvandring med norske og nordiske borgarar og personar med permanent opphaldsløyve. Målgruppa har i dag rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, men ikkje til introduksjonsprogram. Fleire innvandrarkvinner har behov for meir kvalifisering, og hensikta med ordninga er å få fleire i arbeid eller utdanning. Forsøksordninga skal gjennomførast i utvalde kommunar. Ordninga skal bli følgeevaluert. Sjå nærmare omtale under kap. 670, post 21.
Som følge av at integreringsmottaka i Steinkjer og Kristiansand er lagde ned, foreslår regjeringa å omdisponere 8,4 mill. kroner til andre tiltak på integreringsområdet. Regjeringa foreslår å omdisponere 5,8 mill. kroner til å etablere ei forsøksordning med å tilby introduksjonsprogram til kvinner som er innvilga familieinnvandring med norske og nordiske borgarar og personar med permanent opphaldsløyve, og 0,5 mill. kroner til følgeevaluering av forsøket. Sjå nærmare omtale ovanfor og under kap. 670, post 21. Vidare foreslår regjeringa å omprioritere 2,1 mill. kroner til styrking av områdesatsingar.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 379,5 mill. kroner. Tabellen nedanfor viser korleis midlane skal fordelast mellom dei ulike tilskotsordningane.
Fordeling av midlar til kommunale integreringstiltak
|
Mill. kroner |
|
|---|---|
|
Jobbsjansen, kvalifiseringsprosjekt for heimeverande innvandrarkvinner |
210,5 |
|
Områdesatsing |
61,6 |
|
Utvikling av kvalifiserings- og integreringstiltak |
53,5 |
|
Nasjonale bu- og støttetilbod til personar over 18 år utsette for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald1 |
30,8 |
|
Tilrettelagd fag- og yrkesopplæring for vaksne innvandrarar |
17,3 |
|
Forsøksordning med introduksjonsprogram for kvinner som har familieinnvandra med norske og nordiske borgarar og personar med permanent opphaldsløyve |
5,8 |
1 Midlane går til det ordinære bu- og støttetilbodet og til pilotordninga for personar som har returnert frå ufrivillig utanlandsopphald.
Post 70 Busettingsordninga og integreringstilskot, oppfølging
Midlane på posten skal nyttast til det samla arbeidet KS gjer på flyktningfeltet. Formålet er å sikre kunnskapsgrunnlag og samarbeid mellom staten og KS om busetting og kvalifisering av flyktningar.
Midlane er brukte til KS si oppfølging av tilskotsordningar, deltaking i berekningsutvalet og i Nasjonalt utval for mottak og busetting av flyktningar. KS deltar òg i fylkesvise møte for å vurdere oppmodingar om busetting i kvar av kommunane. I tillegg er midlane brukte til samarbeid med IMDi og UDI, jf. samarbeidsavtalen om mottak og busetting av flyktningar.
Budsjettforslag 2026
For 2026 er det foreslått ei løyving på 2,8 mill. kroner.
Post 71 Tilskot til integreringsarbeid i regi av sivilsamfunn og frivillige organisasjonar
Tilskotsposten bestod av tre tilskotsordningar i 2025: Tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar, tilskot til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet og tilskot til norskopplæringsordninga. Frå 2026 vil den namngitte ordninga med tilskot til nasjonale ressursmiljø på integreringsfeltet bli gjort søkbar og leggast inn under den generelle ordninga for tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar.
Rapport
Tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar
Formålet med tilskotsordninga er å auke arbeids- og samfunnsdeltakinga blant personar med innvandrarbakgrunn. Målgruppa for ordninga er personar med innvandrarbakgrunn, bebuarar i statlege mottak for asylsøkarar og befolkninga elles i lokalsamfunn.
Tilskotsordninga støtter tiltak for å styrke informasjon om norsk samfunnsliv, norsktrening og førebyggande arbeid mot rasisme, diskriminering, negativ sosial kontroll, æresmotivert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Tilskotet har òg gått til å styrke små og nyetablerte organisasjonar på integreringsfeltet.
IMDi forvaltar 30 pst. av løyvinga og gir i hovudsak støtte til tiltak og prosjekt av nasjonal karakter. 40 kommunar forvaltar resten (70 pst.), og dei gir støtte til prosjekt av lokal karakter og driftsstøtte til lokale innvandrarorganisasjonar.
Det blei løyvd 132,5 mill. kroner til tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar i 2024. IMDi har innvilga støtte til 86 prosjekt av nasjonal karakter i 61 organisasjonar, og driftsstøtte til regionale innvandrarorganisasjonar. IMDi har rettleidd kommunane og lagt til rette for erfaringsdeling knytt til forvaltninga av tilskotsordninga.
Kommunane innvilga støtte til 970 tiltak og prosjekt i regi av 677 organisasjonar i 2024. Av desse er 212 lokale innvandrarorganisasjonar. Norsktrening, møteplassar og informasjonstiltak er dei mest utbreidde aktivitetane.
Lokale innvandrarorganisasjonar kan òg søke om driftsstøtte. I 2024 innvilga kommunane totalt 10,2 mill. kroner i driftsstøtte til 201 lokale innvandrarorganisasjonar for å auke aktiviteten, kompetansen, kapasiteten og samarbeidet med det offentlege og andre frivillige aktørar.
Fleirtalet av prosjekta som har fått tilskot, rettar seg mot innvandrarar generelt og særleg arbeidsinnvandrarar, bebuarar i mottak over 18 år, nykomne flyktningar og LHBT+-personar.
I 2025 auka regjeringa løyvinga med 9 mill. kroner for å etablere ei tilskotsordning for frivillige organisasjonar som vil etablere sosiale møteplassar for gutar og unge menn for å førebygge kriminalitet og hindre rekruttering til kriminelle miljø. Tiltaket er del av ei felles satsing frå regjeringa for å førebygge utanforskap og motverke kriminalitet blant barn og unge. I 2025 har 22 frivillige organisasjonar i tolv kommunar fått støtte til å etablere slike sosiale møteplassar. I 2025 blei det løyvd til saman 438 mill. kroner til arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet. Innsatsen blir vidareført i 2026, og tiltaka er målretta mot område og miljø i Noreg som har hatt kriminalitetsutfordringar over tid. Sjå òg omtale i budsjettproposisjonane til Justis- og beredskapsdepartementet, Barne- og familiedepartementet og Kunnskapsdepartementet.
Tilskot til nasjonale ressurssenter på integreringsfeltet
Tilskotet til nasjonale ressurssenter på integreringsfeltet skal bidra til betre kunnskap om integrering i befolkninga, irekna kunnskap om moglegheiter og utfordringar i integreringsprosessen. Ordninga skal bidra til at vaksne, barn og unge med innvandrarbakgrunn får meir tillit og opplever å høyre til i det norske samfunnet. I tillegg skal ho bidra til at barn og unge med innvandrarbakgrunn både delar meir og blir meir representerte på ulike samfunnsarenaer.
Det blei løyvd 37,5 mill. kroner til ordninga i 2024 fordelte på 14 nasjonale ressurssenter. Dei nasjonale ressurssentra har bidratt med kunnskap og kompetanse i kontakt med offentlege instansar, næringsliv og internasjonale organisasjonar. Organisasjonane har i 2024 spelt ei viktig rolle i å handtere store flyktninginnkomstar og bidratt med bl.a. rettshjelp, språkkurs og arbeidskvalifiserande tiltak. Det hjelper enkeltindivid og grupper som er utsette for marginalisering, negativ sosial kontroll, utanforskap og diskriminering. Organisasjonane er òg aktive i samfunnsdebatten og driv med formidlings- og påverknadsarbeid overfor myndigheitene og andre aktørar.
Tilskot til norskopplæringsordninga
Formålet med tilskot til norskopplæringsordninga er å gi eit målretta og fleksibelt tilbod til innvandrarar, som ikkje har, eller som har brukt opp, rettane sine etter introduksjons- eller integreringslova, og som har behov for å styrke norskferdigheitene sine uavhengig av innvandringsårsak og butid. Ordninga skal bidra til at deltakarane på sikt når norsknivå B1 eller høgare. Ho skal òg bidra til innovasjon i metodar for norskopplæring der frivillige organisasjonar og offentlege og private aktørar samarbeider. Det er IMDi som forvaltar ordninga.
Det blei løyvd 47,4 mill. kroner til ordninga i 2024. Midlane gjekk til opplæringstilbod til om lag 4 900 deltakare. Gjennom ordninga får kvar deltakar 80–100 timar lærarstyrt norskopplæring frå godkjende tilbydarar. Midlane blei fordelte på 46 godkjende tilbydarar av norskopplæring, både private tilbydarar, frivillige organisasjonar og kommunale vaksenopplæringssenter. I 2024 har det òg komme til fleire opplæringstilbod der ulike aktørar samarbeider om å gjennomføre tilboda. Det har vore stor pågang av deltakarar. Tilbydarane rapporterer om gode resultat av opplæringa og gode erfaringar med gjennomføring av opplæringa. Stadig fleire dokumenterer god progresjon for deltakarane, og mange av desse når målet om språknivå B1 eller høgare. Denne progresjonen er ein god indikator på kor nyttig ordninga er.
Budsjettforslag 2026
Tidlegare har enkelte organisasjonar blitt namngitt i budsjettproposisjonen som mottakarar av tilskot til nasjonale ressursmiljø. Som varsla i budsjettet for 2025 vil regjeringa frå 2026 at desse tilskota blir tildelte gjennom ei søkbar ordning. Omlegginga vil bidra til ei meir open fordeling av midlane.
Regjeringa har sendt på høyring forslag til ei ny forskrift om tilskot til arbeid med integrering i regi av frivillige organisasjonar. Forskrifta omfattar både tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar og tilskot til nasjonale ressurssenter. Den nye forskrifta skal gi eit meir presist regelverk med tydelegare samanheng mellom mål, kriterium for måloppnåing og rapportering. Dette følger opp Riksrevisjonens Revisjonsrapport for 2022 om Tilskudd til organisasjoner (rapportert i Dokument 1 (2022–2023). For at ordninga skal bli meir føreseieleg for organisasjonane, legg forslaget opp til at organisasjonane kan få innvilga tilskot for ein periode på inntil fire år, så framt dei oppfyller krava i tilskotsordninga. Departementet vil fastsette endeleg innretning av ordninga i lys av innspel i høyringsrunden.
Justis- og beredskapsdepartementet gir tilskot til spesielle rettshjelpstiltak. Regjeringa er opptatt av å gi rettshjelpstilbod til utsette grupper og foreslår at Norsk organisasjon for asylsøkere (NOAS) skal bli vidareført som mottakar av namngitt enkelttilskot i budsjettet for 2026. Regjeringa foreslår å rammeoverføre 3,4 mill. kroner frå ordninga til nasjonale ressurssenter over kap. 671. post 71 til kap. 470, post 72 over Justis- og beredskapsdepartementets budsjett. Regjeringa foreslår samstundes å styrke tilskot til nasjonale ressurssenter med 5 mill. kroner i 2026. Det skal bidra til at fleire organisasjonar får moglegheit til å etablere seg som nasjonalt ressurssenter. Samla løyving til ordninga for nasjonale ressurssenter er dermed 41,9 mill. kroner.
Regjeringa vil vidareføre tilskot til små og nystarta organisasjonar på integreringsfeltet. Målet med tilskotet er å styrke kompetansen i lokale organisasjonar om organisasjonsdrift og bygging av nettverk med andre organisasjonar. Tilskotsordninga er evaluert av NTNU Samfunnsforskning i 2025. Evalueringa viser at tilskotet bidrar til å heve kompetansen i utvalde organisasjonar på nokre administrative område, og det blir anbefalt å vidareføre ordninga med enkelte endringar for å bidra til meir effektiv forvaltning. Tildelinga vil skje innanfor tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 249,4 mill. kroner på posten med denne fordelinga:
-
196,1 mill. kroner til tilskot til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjonar, av dette 41,9 mill. kroner til nasjonale ressurssenter, 9,3 mill. kroner til tiltak retta mot å skape sosiale møteplassar for gutar og unge menn og 1 mill. kroner til å støtte små og nystarta organisasjonar på integreringsfeltet.
-
53,3 mill. kroner til tilskot til norskopplæringsordninga.
Post 72 Kvalifiseringsordningar for tolkar
IMDi er nasjonal fagmyndigheit for tolking i offentleg sektor, og arbeider med å auke kvaliteten og tilgangen på kvalifiserte tolkar over heile landet.
Løyvinga skal finansiere den faglege og administrative gjennomføringa av autorisasjonsprøven for tolkar og anna utdanning og kvalifisering av tolkar. Frå 2026 skal løyvinga òg finansiere ein ny statsautorisasjonsprøve i teiknspråktolking.
Formålet med kvalifiseringsordningane er å få fleire kvalifiserte tolkar i offentleg sektor på språk det er behov for. Høgskulen på Vestlandet, OsloMet og Samisk høgskole får tilskot gjennom ordninga.
Utdanningsinstitusjonane skal sørge for tenleg og fagleg forsvarleg drift av kvalifiseringstilboda og ei kunnskapsbasert utvikling av dei. Kvalifiseringstilboda skal planleggast på grunnlag av behovet offentlege organ har for tolking på ulike språk, sett opp mot dekningsgraden for tolkar oppførte i Nasjonalt tolkeregister på dei aktuelle språka. Nasjonalt tolkeregister er eit offentleg innsynsregister over tolkar i Noreg i ulike kvalifikasjonskategoriar. IMDi forvaltar registeret.
Rapport
I 2024 gjekk talet på tolkar i Nasjonalt tolkeregister opp med 12,87 pst., frå 2 338 til 2 639 (talet på oppføringar, som gjekk opp 22,57 pst. frå 2 782 til 3 410, er høgare enn talet på tolkar fordi éin tolk kan ha kvalifikasjonar i fleire språk). Same året var det 732 personar som gjennomførte Tospråktesten på OsloMet og 11 personar som tok testen på Samisk høgskole. Det blei gjennomført testing i 12 språk ved OsloMet. 187 kandidatar gjennomførte kurs i tolkens ansvarsområde (TAO) i 2024, fordelte på 19 ulike språk. 50 personar fullførte bachelor i tolking, og 34 fullførte eit grunnemne med innføring i tolking. 16 personar i sju ulike språk bestod statsautorisasjonsprøva og kan dermed søke løyve som statsautorisert tolk.
Per 31. desember 2024 var 1 530 av totalt 2 639 tolkar (57,9 pst.) i Nasjonalt tolkeregister registrerte med høgre kvalifikasjonar (statsautorisasjon, bachelorgrad, grunnemne) i tolking frå universitet eller høgskole (kategori A-D i registeret). 1 109 var oppført i registeret utan tolkeutdanning, men med gjennomført tospråktest og kurs i tolkens ansvarsområde eller statsautorisert translatør/fagomsettar og kurs (kategori E).
Budsjettforslag 2026
Frå 2026 skal løyvinga finansiere ein ny statsautorisasjonsprøve i teiknspråktolking. Løyvinga er auka med 1 mill. kroner til gjennomføring av ein slik prøve.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 24,1 mill. kroner.
Post 73 Tilskot
Løyvinga blir brukt til ei tilskotsordning for tiltak som skal auke det etniske mangfaldet i arbeidslivet, til deltaking i nasjonale og internasjonale kunnskapsforum, til arbeid mot negativ sosial kontroll og til enkelte namngitte tilskot.
Rapport
Det blei utbetalt 11 mill. kroner over tilskotsordninga for tiltak for auka etnisk mangfald i arbeidslivet i 2024. Tilskotet skal stimulere private og offentlege arbeidsgivarar til å bli meir bevisste på etnisk mangfald som ressurs og fremme tiltak med formål om å auke rekrutteringa av innvandrarar og betre bruken av kompetansen deira. Midlane gjekk til 28 verksemder i 2024. Mange av tiltaka til verksemdene hadde hovudvekt på leiaropplæring, rekruttering og strategisk arbeid. Totalt fekk IMDi 65 søknader om tilskot i 2025, det same som i 2024.
I 2024 blei det løyvd 0,2 mill. kroner til kunnskapsforumet Konsortiet for terrorismeforsking. Det blei òg løyvd 0,5 mill. kroner til Transatlantic Council on Migration. Deltaking i foruma har gitt tilgang til ny forsking, seminar og nettverk til nytte for politikkutviklinga på integreringsfeltet.
Det blei løyvd 2,5 mill. kroner til TV 2 Skole i 2024. TV 2 Skole har utvikla og formidla opplæring for vaksne nykomne flyktningar og innvandrar på sine digitale læringsplattformer sidan 2016. Formålet er å gjere norskopplæring meir tilgjengeleg for flyktningar i mottak. I 2024 har midlane òg finansiert fleirspråklege aktualitetssendingar og publisering av NRK sine fleirspråklege nyheitssendingar på intronorsk.no som ligg på TV 2 Skole sine nettsider. Satsinga på fleire nyheiter på ukrainsk med tilhøyrande oppgåver held fram. Midlane har vidare gått til å oppdatere, vedlikehalde og sortere innhald på intronorsk.no. Talet på unike syningar på intronorsk.no var 323 000 i 2024. Intronorsk blir ofte brukt i felles klassar, og tala på bruk kan derfor vere ti gangar høgare.
I 2024 blei det løyvd 3,5 mill. kroner til mentorordninga mot negativ sosial kontroll. Av desse midlane gjekk 2,3 mill. kroner til Mentorfamilie i regi av Oslo Røde Kors og 1,2 mill. kroner til brukarnettverket Sammen i regi av Oslo Krisesenter. Det blei vidare løyvd 2,3 mill. kroner til arbeid mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald. 1 mill. kroner gjekk til dei regionale ressursentra om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS) for kompetanseheving på området negativ sosial kontroll, vald og overgrep, spesielt gjennom de regionale nettverka. Midlane har gått til ulike tiltak som nettverkssamlingar, seminar, konferansar og fagdagar i både fysisk og digitalt format. Målgruppene har inkludert eit breitt spekter av aktørar i det offentlege hjelpeapparatet, frivillige organisasjonar og trussamfunn, som alle speler en viktig rolle i det førebyggande arbeidet. Det ble òg løyvd 1,2 mill. kroner til opplæringstilbodet Endringsagenter.
Budsjettforslag 2026
For 2026 er det foreslått ei løyving på 21,4 mill. kroner. Midlane skal fordelast slik:
-
11,9 mill. kroner til tilskotsordningar for tiltak som skal auke det etniske mangfaldet i arbeidslivet
-
3,5 mill. kroner til mentorordninga for utsette for negativ sosial kontroll og æresrelatert vald, av dette 2 325 000 kroner til Røde Kors for drift av Mentorfamilieordninga og 1 155 000 kroner til Oslo Krisesenter for drift av mentornettverket Sammen
-
2,5 mill. kroner til TV 2 Skole
-
0,55 mill. kroner til Transatlantic Council on Migration
-
0,2 mill. kroner til Konsortiet for terrorismeforskning
-
2,8 mill. kroner til arbeid mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald ved Dei regionale ressurssentra om vald, traumatisk stress og sjølvmordsforebygging (RVTS), av dette 1 540 000 kroner til arbeid med kompetanseheving i regi av regionale nettverk og 1 220 000 kroner til opplæringstilbodet «Endringsagenter».
Kap. 3671 Busetting av flyktningar og tiltak for innvandrarar
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
04 |
Tilskot til integreringsprosjekt i asylmottak i regi av frivillige organisasjonar, ODA-godkjende utgifter |
12 779 |
13 265 |
13 743 |
|
Sum kap. 3671 |
12 779 |
13 265 |
13 743 |
Post 04 Tilskot til integreringsprosjekt i asylmottak i regi av frivillige organisasjonar, ODA-godkjende utgifter
Det første året flyktningar og asylsøkarar er i Noreg, kan nokre av utgiftene til opphaldet deira klassifiserast som offisiell utviklingsbistand (ODA) etter retningslinjene til OECD/DAC. Desse utgiftene inkluderer nokre middel til integreringstiltak i asylmottak under kap. 671, post 71. For 2026 foreslår departementet at 13,7 mill. kroner av utgiftene knytte til integreringstiltak i asylmottak blir rapporterte inn som utviklingshjelp.
Kap. 672 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
21 |
Spesielle driftsutgifter, kan overførast |
115 019 |
88 920 |
91 341 |
|
22 |
Prøvar i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar |
35 396 |
55 105 |
48 801 |
|
45 |
Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast |
18 100 |
16 165 |
16 731 |
|
60 |
Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar |
2 122 754 |
2 025 416 |
1 416 935 |
|
61 |
Kompetansekartlegging i mottak før busetting |
732 |
1 585 |
813 |
|
Sum kap. 672 |
2 292 001 |
2 187 191 |
1 574 621 |
-
Overført frå 2024 til 2025:
-
Post 21: 20 399 000 kroner
Allmenn omtale
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) er ein sentral aktør på integreringsfeltet, og har ansvar for oppfølging og fagutvikling knytt til områder og oppgåver som er regulert i integreringslova.
Direktoratet forvaltar læreplanar i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, der rettleiing til kommunar og fylkeskommunar er sentralt. HK-dir sørger for at norskprøvane, samfunnskunnskapsprøva og statsborgarprøva er påliteleg og held høg kvalitet. Kvalitetsarbeidet er særleg viktig for å sikre rettssikkerheita til kandidatane. Direktoratet har vidare systemansvar for gjennomføringa av prøvane i norsk og samfunnskunnskap og statsborgarprøva. Direktoratet har eit nasjonalt tverrsektorielt systemansvar for dei offentlege karriererettleiingstenestene. Direktoratet støttar og rettleier fylkeskommunane, som skal sørge for tilbod om karriererettleiing til personar i målgruppa for introduksjonsprogrammet, og kommunane som tilbyr kurs i karrierekompetanse, som del av livsmeistringselementet i introduksjonsprogrammet.
HK-dir, Arbeids- og velferdsdirektoratet og IMDi rapporterer jamleg om statusen på tiltak og overgang til arbeid for fordrivne frå Ukraina. Direktorata vurderer jamleg i fellesskap behovet for ytterlegare innsats for å sikre at fordrivne er sysselsett.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Løyvinga skal gå til å utvikle kompetanse, metodar og læringsressursar for den obligatoriske opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar og utgiftene HK-dir har i samanheng med dette. Vidare skal løyvinga bl.a. nyttast til etter- og vidareutdanning for lærarar i norsk og samfunnskunnskap og til det nasjonale tilbodet om digital lærarstyrt norskopplæring for innvandrarar som blei lansert i 2024. Løyvinga skal òg gå til HK-dir sitt arbeid med å støtte og rettleie fylkeskommunar og kommunar om karriererettleiing. I tillegg inngår midlar til igangsetting og prosjektoppfølging av nytt prøvesystem, jf. omtale av prosjektet under post 45.
Rapport
Etter- og vidareutdanning av lærarar i norsk og samfunnskunnskap etter integreringslova
HK-dir finansierer og bidrar fagleg til etterutdanningstilbod for lærarar i samfunnskunnskap. Kursa for fleirspråklege lærarar i samfunnskunnskap er det frå 2024 lærarutdanninga ved NTNU som står for. Kursinnhaldet skal samsvare med kompetansemåla i læreplanen. Utdanninga bidrar til å heve kvaliteten i opplæringa og til implementeringa av læreplanen i samfunnskunnskap.
Direktoratet tildeler òg tilskot til regional kompetanseutvikling for lærarar og leiarar i norskopplæringa. Etterutdanninga blir administrert av statsforvaltarane, med faglege bidrag frå universitet eller høgskole. Statsforvaltarane melder om at tilskota er viktige for kompetanseutvikling og kvalitet i vaksenopplæringa, og dei arbeider på ulike vis for å legge til rette for godt samarbeid mellom vaksenopplæringssentera og høgare utdanning.
HK-dir gir tilskot til universitet og høgskolar for å sikre at lærarar som underviser i norsk etter integreringslova, kan tilfredsstille kompetansekravet på 30 studiepoeng i norsk som andrespråk. I 2024 blei det gitt tilskot til 14 studietilbod, inkludert nettbaserte tilbod for å sikre deltaking av lærarar frå heile landet. Utlysing av midlar til ei stipend- og vikarordning for lærarar som treng vidareutdanninga for å oppnå kompetansekravet, femna 236 lærarar. Dette var ein tydeleg auke frå 160 lærarar i 2023. Evalueringar frå studentane viser at dei stort sett er positive til vidareutdanninga og at dei opplever å få relevant kompetanse. HK-dir meiner det er god samanheng mellom tilskota til vidareutdanning i norsk som andrespråk for vaksenopplæringa og tilskota til statsforvaltaren, ved at fleire høgare utdanningsinstitusjonar no har kompetanse som er relevant for vaksenopplæringa.
Karriererettleiing og støtte og rettleiing til fylkeskommunar som skal drive karriererettleiing for nykomne flyktningar
Integreringslova gir personar i målgruppa for introduksjonsprogrammet rett og plikt til å gjennomføre karriererettleiing. Fylkeskommunane skal sørge for tilbodet, og HK-dir støttar og rettleier dei i tenesteutviklinga, bl.a. gjennom kompetanseheving og utvikling av kunnskapsgrunnlag. Blant dei som hadde starta i introduksjonsprogrammet i 2024, og som ikkje hadde kollektivt vern, gjennomførte 77 pst. individuell karriererettleiing i 2024. Dette var ein oppgang frå 74 pst. i 2023. Berre ein liten andel av dei fordrivne frå Ukraina som starta i introduksjonsprogrammet i 2024, gjennomførte individuell karriererettleiing. Det kjem av at dei fordrivne ikkje har plikt til å gjennomføre karriererettleiing, og at denne gruppa primært får tilbod om grupperettleiing.
I 2024 har HK-dir saman med fylkeskommunane gjennomført fylkesvise samlingar for alle kommunane i fylka. Dette har vist seg å vere eit godt grep for å skape betre samarbeid mellom dei to forvaltningsnivåa om karriererettleiing og karrierelæring for flyktningar. Evalueringane så langt viser at over 90 pst. av deltakarane opplever at samlingane styrker samarbeidet. Formidling av kunnskap om behov og gode grep for å lykkast med karriererettleiinga har stått sentralt. Meir smidig samarbeid og auka kontakt mellom programrådgivarar og karriererettleiarar skal bidra til at flyktningar og innvandrarar blir tidleg integrerte i det norske samfunnet og blir økonomisk sjølvstendige, i tråd med målet i integreringslova.
Deltakarar i introduksjonsprogram får kurs i karrierekompetanse som del av det obligatoriske elementet «Livsmeistring i eit nytt land». I 2024 har HK-dir, i samarbeid med Universitetet i Søraust-Noreg, tilbydd eit eittårig kompetansehevingsprogram for programrettleiarar, lærarar og andre personar i kommunane som underviser i karrierekompetanse.
Karriererettleiing har òg vore eit tilbod til bebuarar i integreringsmottak i 2024. Integreringsmottaket i Steinkjer blei lagt ned i oktober 2024. Samla tal for 2024 for integreringsmottaka i Steinkjer og Kristiansand viser at det i alt blei registrert 458 individuelle rettleiingar og 60 grupperettleiingar i tillegg til aktivitetar som samarbeidsmøte med Arbeids- og velferdsetaten og andre aktørar, skole- og bedriftsbesøk.
Eit nasjonalt digitalt tilbod om norskopplæring
HK-dir etablerte det nasjonale digitale tilbodet om norskopplæring som ein rammeavtale for kommunane i april 2024. Målgruppa er vaksne innvandrarar med rett til opplæring etter integreringslova, og tilbodet skal bidra til at deltakarane får tilgang til lærarstyrt opplæring i norsk som kan kombinerast med arbeid. Tilbodet er meint som eit supplement til den ordinære norskopplæringa ute i kommunane. Per juli 2025 hadde om lag ein tredel av kommunane tatt det i bruk, og nær 2 600 deltakarar var i opplæring, av desse nær 1 900 ukrainarar.
Ny kompetansepakke
HK-dir har i samarbeid med IMDi og med innspel frå frivillige organisasjonar utvikla ein kompetansepakke om kjønns- og seksualitetsmangfald som del av handlingsplanen for kjønns- og seksualitetsmangfald. Kompetansepakken blei lansert våren 2025. Målgruppa er lærarar og rettleiarar i norskopplæring og introduksjonsprogram.
Oppdaterte retningslinjer
Direktoratet oppdaterer retningslinjene for kommunal vaksenopplæring om informasjon og varsling mellom offentlege etatar i saker om negativ sosial kontroll og æresrelatert vald. Retningslinene vil bli relanserte i 2025.
Læreplanar i norsk og samfunnskunnskap
For å bidra til god innføring av læreplanane i norsk og samfunnskunnskap etter integreringslova utviklar og driftar HK-dir kompetansepakkar for opplæringsstadene. Aktuelle kompetansepakkar hadde nær 55 000 sidevisningar i 2023. På grunn av tekniske endringar på nettsida finst det ikkje oppdaterte tal etter 1. april 2024, men antal sidevisningar dei første månadene i 2024 er på omtrent same nivå per månad som i 2023. Podkastserien Læreplanpodden, med seks episodar om læreplanane, har gjennomsnittleg blitt lasta ned i overkant av 1 100 gonger per episode mellom 2021 og 2025. Kompetansepakkane bidrar til fagleg påfyll for leiarar og lærarar, og til høgare kvalitet i opplæringa.
Budsjettforslag 2026
Som følge av at integreringsmottaka i Steinkjer og Kristiansand er lagde ned, foreslår regjeringa å omprioritere 0,8 mill. kroner til kap. 670, post 21 til følgeevaluering av forsøksordninga med å tilby introduksjonsprogram til kvinner som har fått innvilga familieinnvandring med norske og nordiske borgarar og personar med permanent opphaldsløyve.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 91,3 mill. kroner.
Post 22 Prøvar i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Løyvinga skal gå til å dekke utgiftene HK-dir har til å rettleie og informere om prøvar, til å utvikle og halde ved like prøvar i norsk og samfunnskunnskap, til å gjennomføre prøvane og til sensur og tilbakemelding til opplæringsstadene om resultata. Arbeidet inkluderer òg statsborgarprøven. Formålet med prøvane er å gjere det mogleg for vaksne innvandrarar å vise og dokumentere ferdigheiter i norsk og samfunnskunnskap. Løyvinga inkluderer forventa avlagte prøvar av fordrivne frå Ukraina. I tillegg inngår midlar til igangsetting, prosjektoppfølging og driftsutgifter til nytt prøvesystem, jf. omtale av prosjektet under post 45.
Rapport
I 2024 blei det avlagt om lag 84 500 norskprøvar, fordelt på 25 100 munnlege prøvar og 59 400 skriftlege prøvar. 56 pst. av dei som avla den munnlege norskprøven, oppnådde nivå B1 eller høgare, ein marginal auke på eitt prosentpoeng frå 2023. Den skriftlege norskprøven er sett saman av tre delprøvar: lytte-, lese- og skriveprøven. Prosentdelane som oppnår B1 eller B2 er tilnærma lik i 2024 som i 2023, da 45 pst. oppnådde dette på lytteprøven, 47 pst. på leseprøven og 46 pst. på skriveprøven.
I 2024 blei det avlagt 12 500 prøvar i samfunnskunnskap. Totalt sett var 79 pst. av prøvane bestått (mot 78 pst. i 2023). Tilbodet skal bli gitt på eit språk som deltakaren forstår. Over halvparten av prøvane blei avlagde på norsk i 2024.
I 2024 var det 5 100 kandidatar som gjennomførte 5 324 statsborgarprøvar. Dette er ein nedgang i talet på avlagde prøvar på 6 pst. frå 2023. 93 pst. av kandidatane bestod prøven i 2024. Dermed er andelen som bestod prøven, noko høgare enn i 2023, da beståttandelen var på 91 pst.
Budsjettforslag 2026
For 2026 er det foreslått ei løyving på 48,8 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast
Løyvinga på posten skal gå til å utvikle gode digitale verktøy som skal forenkle og forbetre HK-dir sitt arbeid for kvalifisering av nykomne flyktningar og innvandrarar og for nyttiggjering av kompetansen sin. Løyvinga skal gå til utvikling av samanhengande digitale tenester.
Rapport
I budsjettet for 2023 blei det løyvd 24,2 mill. kroner til å anskaffe og etablere eit nytt prøvesystem i norsk og samfunnskunnskap, irekna statsborgarprøven. Det nye systemet vil erstatte dagens system.
Investeringsprosjektet blei av ulike årsaker forseinka, sjå omtale i Prop. 146 S (2024–2025) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2025. Våren 2025 varsla HK-dir at investeringsutgiftene vil bli høgare enn føresett. Samla investeringskostnad vil no vere 51 mill. kroner. Samtidig vil utgiftene til varige driftskostnader bli klart lågare enn tidlegare føresett. I tillegg har HK-dir utgifter til bistand til anskaffing og prosjektoppfølging av nytt prøvesystem.
Utgiftene til investering og anskaffing blir dekte innanfor den gjeldande løyvinga på kap. 672, post 21, post 22 og post 45. Det er forventa at den første gjennomføringa av prøvar i det nye systemet vil skje i mars 2026 mens endeleg leveranse er venta innan utgangen av 2026.
Budsjettforslag 2026
For 2026 er det foreslått ei løyving på 16,7 mill. kroner.
Post 60 Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
Hovudtrekk ved regelverket
Løyvinga skal dekke tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for asylsøkarar i mottak. Formålet med tilskotet er å gi asylsøkarar tidleg kjennskap til det norske språket og samfunnslivet. Asylsøkarar som bur i mottak og er over 18 år, har plikt til å delta i opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Vertskommunar for mottak er ansvarlege for tidleg kvalifisering etter integreringslova og skal tilby asylsøkarar 175 timar opplæring i norsk og 25 timar opplæring i samfunnskunnskap. Opplæringa i samfunnskunnskap skal vere tilpassa deltakargruppa og tilbydast på eit språk som deltakarane forstår. Vertskommunen skal sørge for at opplæringa blir gitt så snart som mogleg etter at asylsøkarar i målgruppa er registrerte i eit mottak i kommunen. Vertskommunar for asylmottak får tilskot etter kor mange personar det er i målgruppa for opplæring.
Løyvinga dekker òg tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for personar som har fått eit opphaldsløyve som nemnt i integreringslova § 27, og for personar som har fått innvilga opphaldsløyve som nemnt i introduksjonslova § 17 første ledd, før 1. januar 2021. Formålet med tilskotet er at kommunar eller fylkeskommunar gir opplæring til vaksne innvandrarar med rett og/eller plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap, slik at dei lærer tilstrekkeleg norsk og får nødvendig kunnskap om samfunnet til å kunne fungere i arbeids- og samfunnslivet. Tilskotet skal òg gå til å gjennomføre prøvar i norsk og samfunnskunnskap. Innvandrarar mellom 18 og 67 år som har fått innvilga opphaldsløyve som nemnt i integreringslova § 27, har rett og plikt til å delta i opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Kravet i integreringslova er at kvar enkelt skal nå eit individuelt bestemt nivå i norsk. Kor lenge opplæringa i norsk varer, er avhengig av utdanningsbakgrunnen til den enkelte. Kommunen og/eller fylkeskommunen som gjennomfører opplæringa, får tilskot per person som er registrert som deltakar. Tilskotet blir utbetalt i inntil tre år.
Flyktningar frå Ukraina med midlertidig kollektivt vern har rett, men ikkje plikt, til opplæring i norsk i inntil eitt år. Personar med dette løyvet har ikkje rett eller plikt til opplæring i samfunnskunnskap. Kommunane får tilskot i eitt år for opplæringa. Tilskota skal stimulere til effektivitet, gjennomstrøyming og resultat i opplæringa.
I samanheng med revidert nasjonalbudsjett for 2023 blei tilskot til opplæring i norsk for personar med midlertidig kollektivt vern auka for å legge til rette for at kommunar som har kapasitet, kan gi opplæring i norsk utover eitt år til personar i målgruppa som treng det for å nå eit minimumsnivå i norsk, jf. integreringsforskrifta §§ 27 og 28.
Regjeringa foreslår no å avvikle tilskotet til utvida opplæring i norsk for vaksne med midlertidig kollektivt vern for å finansiere andre satsingar. Fordrivne frå Ukraina som har behov for ytterlegare norskopplæring, skal framleis kunne få dette bl.a. gjennom norskopplæringsordninga og norsktrening i regi av frivillige organisasjonar.
Rapport
Norskopplæring for asylsøkarar i mottak
I 2024 deltok 2 654 asylsøkarar i norskopplæring for asylsøkarar. 1 122 asylsøkarar deltok i opplæring i samfunnskunnskap i 2024. Dette svarer til ein deltakingsandel på 28 pst., ein auke på 5 prosentpoeng frå 2023. Dermed held den aukande trenden frå i fjor fram. Samtidig er deltakingsnivået framleis mykje lågare enn før starten på Ukraina-krigen. I 2021 deltok 44 pst. i opplæringa
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap
Tal frå SSB viser at det i løpet av 2024 var 57 975 personar som deltok i opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Dette er fleire enn nokosinne. I 2023 deltok 47 049 personar i opplæringa. Meir enn halvparten av deltakarane var frå Ukraina. Av dei nær 33 000 ukrainarane som deltok i opplæringa i norsk i 2024, var 60 pst. kvinner. Året før var kvinneandelen blant deltakarane frå Ukraina 65 pst. Det er framleis mange deltakarar frå Syria, og talet på syriske deltakarar har gått opp frå 4 400 i 2023 til vel 5 100 i 2024. Dette er samtidig ein reduksjon frå 2017, da det var 9 500 personar frå Syria som deltok i opplæringa.
Opplæringa i norsk og samfunnskunnskap skal starte så snart som mogleg og seinast innan tre månader etter at personen blir folkeregistrert i kommunen, eller at krav om deltaking blir sett fram. Foreløpige tal frå IMDi viser at av dei 5 556 personane som fekk rett og plikt til opplæring i 2024, starta 43 pst. i norskopplæringa innan tre månader, mot 52 pst. året før. Det var 14 452 personar som hadde rett til norskopplæring i 2024, og 65 pst. starta opplæringa innan tre månader. Forskjellen mellom deltakarar med rett og plikt og deltakarar med berre rett kjem av ulike målemetodar og ikkje faktiske forskjellar.
Oppfølging og kontroll
Kommunane skal ikkje legge fram særskild rekneskap for tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Eit berekningsutval kartlegg utgiftene kommunane har til busetting og integrering. Gjennom denne kartlegginga blir det gitt ei oversikt som viser om det er rimeleg samsvar mellom tilskotet og utgiftene til kommunane. Meir informasjon om kva utgifter som inngår i kartlegginga finst i rapporten frå Berekningsutvalet for 2024.
Budsjettforslag 2026
Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for asylsøkarar i mottak
Vertskommunen får tilskot for kvar person i målgruppa. Satsen for tilskot til opplæring i norsk for asylsøkarar i mottak er i 2026 foreslått til 18 100. Satsen for tilskot til opplæring i samfunnskunnskap for asylsøkarar i mottak i 2026 er foreslått til 2 600 kroner.
Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap
Kommunane får tilskot for kvar person i målgruppa som har rett og plikt eller rett til opplæring. Tilskotet har to satsar. Personar frå Afrika, Oseania (utanom Australia og New Zealand), Aust-Europa, Sør- og Mellom-Amerika utløyser høg sats. Personar frå Vest-Europa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand utløyser låg sats.
For at dei økonomiske rammevilkåra for små og mellomstore kommunar skal bli betre, får kommunar med mellom 1–3 personar og 4–150 personar i målgruppa òg eit grunntilskot. Satsen for grunntilskot for kommunar med 1–3 personar i målgruppa er foreslått til 252 000, og satsen for kommunar med 4–150 personar i målgruppa er foreslått til 748 400 kroner i 2026. Kommunar med 1–150 personar i målgruppa per 15. januar 2026 vil få utbetalt grunntilskot.
Satsar for persontilskot, kroner
|
Tilskotsår |
2024 |
2025 |
2026 |
|||
|---|---|---|---|---|---|---|
|
Låg sats |
Høg sats |
Låg sats |
Høg sats |
Låg sats |
Høg sats |
|
|
År 1 |
16 800 |
39 700 |
17 500 |
41 200 |
18 200 |
42 900 |
|
År 2 |
30 600 |
78 900 |
31 800 |
82 000 |
33 000 |
85 100 |
|
År 3 |
19 100 |
54 400 |
19 800 |
56 500 |
20 500 |
58 600 |
|
Sum |
66 500 |
173 000 |
69 100 |
179 700 |
71 700 |
186 600 |
Personar med midlertidig kollektivt vern har rett til opplæring i norsk i inntil eitt år. Satsen for tilskot for eittårig norskopplæring er 52 200 kroner.
Tilskot til utvida opplæring i norsk utover eitt år for personar med midlertidig kollektivt vern som har behov for det blir avvikla frå 2026. Det medfører ein reduksjon på 116,7 mill. kroner i 2026.
Regjeringa foreslår å redusere kvoten for overføringsflyktningar frå 500 til 100 personar i 2026. Dette inneber isolert sett at talet på personar i målgruppa for tilskot går ned, og løyvinga under posten er redusert i tråd med det.
Reduksjonen i det totale løyvingsbehovet under posten samanlikna med saldert budsjett for 2025, kjem i hovudsak av ein reduksjon i talet på personar i målgruppa for tilskotet som følge av ein reduksjon i prognosen for innreisetala av fordrivne frå Ukraina i 2025 og 2026. Situasjonen i Ukraina er uføreseieleg, og det er knytt svært stor uvisse til innreisetala i 2025.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 1,4 mrd. kroner.
Post 61 Kompetansekartlegging i mottak før busetting
Tilskotsordninga blei etablert i 2021. Løyvinga dekker tilskot til kompetansekartlegginga vertskommunane gjennomfører av personar med opphaldsløyve i mottak før busetting. Formålet med kompetansekartlegging før busetting er at fleire skal bli busette i ein kommune som kan gi dei eit relevant tilbod om utdanning eller arbeid, og at introduksjonsprogrammet blir betre tilpassa behova til den enkelte.
Å kartlegge kompetansen til mottaksbebuarar var ei ny oppgåve for vertskommunar for asylmottak frå 2021. Blant mottaksbebuarar i målgruppa for kompetansekartlegging blei rundt 90 pst. av dei med innvilga individuelt vern kartlagde før busetting i 2024. Det er ein auke på om lag 20 prosentpoeng frå 2023.
Budsjettforslag 2026
Satsen for tilskot til kompetansekartlegging er foreslått til 825 kroner i 2026.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 0,8 mill. kroner.
Kap. 3672 Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
01 |
Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter |
47 641 |
68 726 |
62 398 |
|
Sum kap. 3672 |
47 641 |
68 726 |
62 398 |
Post 01 Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter
Det første året flyktningar og asylsøkarar er i Noreg, kan nokre av utgiftene til opphaldet deira klassifiserast som offisiell utviklingsbistand (ODA) etter retningslinjene til OECD/DAC. Desse utgiftene inkluderer nokre middel til integreringstiltak i asylmottak under kap. 672, post 60. For 2026 foreslår departementet at 62,4 mill. kroner av utgiftene knytte til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for asylsøkarar i mottak blir rapporterte inn som utviklingshjelp.
Programkategori 29.20 Einslege forsørgarar
Utgifter under programkategori 29.20 fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
2620 |
Stønad til einsleg mor eller far |
1 695 975 |
1 750 000 |
1 562 000 |
-10,7 |
|
Sum kategori 29.20 |
1 695 975 |
1 750 000 |
1 562 000 |
-10,7 |
Utgifter under programkategori 29.20 fordelte på postgrupper
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Post-gr. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
50–89 |
Overføringar til andre |
1 695 975 |
1 750 000 |
1 562 000 |
-10,7 |
|
Sum kategori 29.20 |
1 695 975 |
1 750 000 |
1 562 000 |
-10,7 |
Kap. 2620 Stønad til einsleg mor eller far
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
70 |
Overgangsstønad, overslagsløyving |
1 605 440 |
1 660 000 |
1 514 000 |
|
72 |
Stønad til barnetilsyn til einsleg mor eller far i arbeid, overslagsløyving |
77 003 |
77 000 |
43 000 |
|
73 |
Tilleggsstønader og stønad til skolepengar, overslagsløyving |
13 532 |
13 000 |
5 000 |
|
Sum kap. 2620 |
1 695 975 |
1 750 000 |
1 562 000 |
Bakgrunn for ordninga
Stønadene til einsleg mor eller far har ei lang historie og har vore viktige velferdsordningar. I dag er bruken av ordningane langt mindre omfattande enn tidlegare. Berre i løpet av dei ti siste åra er talet på mottakarar av overgangsstønad meir enn halvvert, frå om lag 19 500 mottakarar i 2014 til rundt 9 100 mottakarar ved utgangen av 2024. Stønadene har blitt endra fleire gongar og gjort meir arbeidsretta over tid, for å bidra til at stønadsmottakarane skal bli i stand til å forsørge seg sjølve.
Stønadene passar likevel ikkje heilt inn i dagens velferdssystem. Dei har si rot i ei anna tid der kvinnene sine moglegheiter til sjølvforsørging var mindre, og der andre offentlege ytingar og tenestetilbod var mykje mindre omfattande enn i dag. Ordningane har òg ei rekke eigenskapar som ikkje er ønskelege, sjå nærmare omtale under. I takt med den vidare samfunnsutviklinga, foreslår regjeringa å fase ut stønader til einsleg mor eller far for hovudgruppa av mottakarar. Grunngivinga for det og forslag til endringar er omtalt under. Stønadene kan heretter berre givast einslege med aleineomsorg for særleg tilsynskrevjande barn og einslege som har aleineomsorg for barn under 14 månader.
Stønadene til einsleg mor eller far har sitt opphav i dei Castbergske barnelovene frå 1915, som styrka rettane til ugifte mødrer og barna deira. Etter lova om forsorg for barn, ei av dei Castbergske barnelovene, fekk kommunane eit minimumsansvar for barn utan bidrag frå faren. I 1919 innførte Oslo kommune òg ei kommunal morstrygd til aleinemødrer. Ytinga var lav, og det var eit krav at mottakaren òg forsørga seg sjølv. Etter kvart innførte fleire kommunar liknande ordningar.
I 1964 vedtok staten lova om enkje- og morstrygd med mål om at mottakaren skulle forsørge seg sjølv og komme tilbake i arbeid. Lova blei innarbeidd i folketrygdlova i 1967. Skilte og separerte mødrer blei først omfatta i 1971 gjennom ei midlertidig lov, som i 1981 blei tatt inn i folketrygdlova, og utvida til òg å gjelde fedrar med aleineomsorg.
St.meld. nr. 35 (1994–95) Velferdsmeldingen la grunnlaget for ei større omlegging frå 1998. Målet var både å betre inntekta for dei som i ein midlertidig periode hadde overgangsstønad som viktigaste inntektskjelde, og å motivere einslege forsørgjarar til sjølvforsørging og kvalifisering gjennom arbeid eller utdanning. Regjeringa meinte òg at lange stønadsperiodar kunne gjere det vanskelegare å bli sjølvforsørga seinare.
På bakgrunn av dette blei det frå 1998 innført eit krav om at den einslege forsørgaren måtte vere i yrkesretta aktivitet frå barnet var tre år for å få rett til stønad. I tillegg blei stønadsperioden redusert til tre år. Det blei òg satsa på moglegheita for å kunne gjennomføre utdanning med overgangsstønad, med mål om at den einslege forsørgaren skulle kunne styrke eller etablere varige band til arbeidslivet.
Etter 1998 har barnehagedekninga blitt betre og det er innført kommunale skolefritidsordningar. Frå 2012 blei derfor vilkåret om yrkesretta aktivitet og føresetnaden om å vere sjølvforsørga ved eige arbeid, ytterlegare skjerpa, og kravet gjeld no frå barnet er eitt år gammalt. For å understreke plikta til sjølvforsørging blei det i 2013 tatt inn ei ny føresegn om at det ikkje kan bli gitt overgangsstønad til personar som utan rimeleg grunn sjølv har sagt opp eit arbeidsforhold.
Frå 2016 har det blitt gjort ytterlegare endringar i ordninga. For å sikre at utdanning med overgangsstønad styrker mogelegheita for å få arbeid, blei det stilt krav om at utdanninga skal reknast som både nødvendig og hensiktsmessig for å komme i arbeid. Arbeids- og velferdsetaten sitt ansvar for å følge opp stønadsmottakarar og sette i verk tiltak ved behov blei òg tydeleggjort i lova.
Hovudtrekk ved regelverket i dag og foreslåtte endringar
Formålet med stønadene løyvde under postane 70–73 er i dag å sikre inntekt for foreldre som er aleine om omsorga for barn, og å gi dei midlertidig hjelp til å bli i stand til å forsørge seg sjølve gjennom arbeid. Aleineomsorg for barn ligg etter lova føre når den einslege forelderen varig har klart meir av den daglege omsorga enn den andre forelderen. Full overgangsstønad utgjer 2,25 G (grunnbeløpet i folketrygda). Stønaden er inntektsprøvd og blir redusert med 45 pst. for inntekt som overstig halvparten av grunnbeløpet i folketrygda.
Overgangsstønad kan som hovudregel bli gitt i inntil tre år, fram til barnet fyller åtte år. Stønadsperioden kan utvidast, f.eks. dersom den einslege mora eller faren er under nødvendig og hensiktsmessig utdanning eller har særleg tilsynskrevjande barn. Ein einsleg mor eller far som tidlegare har fått overgangsstønad ein heil stønadsperiode, kan få innvilga nye stønadsperiodar til og med den kalendermånaden barnet fyller fjorten månader.
Den einslege mora eller faren må vere i yrkesretta aktivitet for å kunne få overgangsstønad frå det yngste barnet fyller eitt år. Hen kan oppfylle aktivitetskravet ved å vere i arbeid som utgjer minst 50 pst. av full tid, ved å vere under nødvendig og hensiktsmessig utdanning som utgjer minst 50 pst. av utdanning på full tid, ved å vere meldt til Arbeids- og velferdsetaten som reell arbeidssøkar til minst 50 pst. arbeid eller ved etablering av eiga verksemd. Det kan gjerast unntak frå kravet om yrkesretta aktivitet, bl.a. gjeld det ikkje for einsleg mor eller far som har aleineomsorg for særleg tilsynskrevjande barn.
Tilleggsstønader (i samanheng med utdanning og arbeidssøking) og stønad til skolepengar, og stønad til barnetilsyn for einsleg mor eller far som er i arbeid, kan òg bli gitt på bestemte vilkår.
Utfasing for hovudgruppa av mottakarar
Det er fleire forhold som gjer at regjeringa foreslår ei utfasing av stønader til einsleg mor eller far for hovudgruppa av mottakarar frå 1. juli 2026. Eitt av formåla med stønadene er å auke arbeidsinsentiva for einslege slik at dei kan forsørge seg sjølve. Sjølv om aktivitetskrava for overgangsstønaden blei skjerpte i 2012, kan ordninga framleis føre til at mottakarar blir ståande utanfor arbeidslivet, eller at dei arbeider mindre enn dei ville gjort utan stønad. Ein stønadsperiode på tre år, og totalt opp til fem og seks år for dei som tar utdanning, er ein lang omstillingsperiode. Eit generelt resultat i litteraturen er at overgangen til arbeid aukar ved utløpet av maksimal varigheit for inntektssikringsordningar.38 Lengre stønadsperiodar kan dermed virke innelåsande og motvirke overgang til sjølvforsørging. Dette er ei særleg utfordring for integreringa av innvandrarar, som utgjer ein stor andel av mottakarane. Ettersom det store fleirtalet av mottakarar er kvinner, kan ordninga òg forhindre likestilling mellom kjønn.
Sidan stønadene til einsleg mor eller far blei innførte, har det vore ei utvikling i andre ordningar som støtter einslege forsørgarar. Bl.a har rett til barnehageplass, redusert foreldrebetaling i barnehage og SFO gitt einslege med aleineomsorg betre føresetnader for å kunne vere i jobb og forsørge seg sjølve. Dette kan vere med på å forklare kvifor det over tid har vore ein stor nedgang i talet på mottakarar av stønadene.
Eit anna viktig forhold er at det i dag er krav om at den einslege moren eller faren har klart meir av den daglege omsorga enn den andre av foreldra, for å få stønad. Det inneber at overgangsstønaden kan føre til uønskte tilpassingar av samliv for å oppnå meir gunstig støtte. Dette bryt med målet om delt foreldreskap ved samlivsbrot, og det å gi offentleg støtte til berre éin av foreldra kan vere konfliktskapande. Desse forholda har Barnefamilieutvalget peikt på.39 Vidare føreset ordninga kontroll av svært private forhold. Fordi mottakarane mistar retten til overgangsstønad dersom dei f.eks. inngår nytt sambuarskap eller får eit nytt barn med same partner, er Arbeids- og velferdsetaten avhengig av å innhente svært personleg informasjon. Det er inngripande for personane det gjeld, det gjer ordninga krevjande å forvalte, og det aukar risikoen for misbruk av ordninga.
Stønadene til einsleg mor eller far blir rekna som ei familieyting etter EU-trygdeforordninga, og det er derfor ikkje krav om opphald i Noreg for rett til stønad. Dette kan innebere omfattande administrative utfordringar for forvaltninga av stønadsordninga, noko som er nærmare omtalt i Prop. 135 L (2022–2023) Endringer i folketrygdloven (synliggjøring av forpliktelser til trygdekoordinering for stønad til enslig mor eller far mv.).
På bakgrunn av dei forholda som er nemnt over, foreslår regjeringa å fase ut stønadene til einsleg mor eller far etter kapittel 15 i folketrygdlova, for hovudgruppa av mottakarar frå 1. juli 2026. Endringa skal gjelde for nye tilfelle. Det vil seie at dei som ved iverksettinga av endringane allereie får, eller har søkt og fyller vilkåra for rett til stønader, ikkje vil miste stønadene. Behovet for overgangsreglar vil bli utgreia nærmare. Forslaget inneber at stønadene berre kan givast einslege med aleineomsorg for særleg tilsynskrevjande barn og einslege som ikkje har plikt til yrkesretta aktivitet fordi dei har aleineomsorg for små barn. Desse gruppene er særleg sårbare. For å forenkle ordninga er det lagt til grunn at aldersgrensa for små barn blir sett til og med den kalendermånaden barnet fyller fjorten månader. Det vil ikkje bli stilt krav om yrkesretta aktivitet for rett til overgangsstønad for desse gruppene. Forslaget om ei utfasing vil bli sendt på høyring hausten 2025.
Einslege forsørgarar som får utvida barnetrygd og full overgangsstønad, har i dag rett på eit småbarnstillegg. Forslaget om utfasing av stønad til einsleg mor eller far, vil òg medføre endringar i kven som kan få småbarnstillegget. Sjå omtale i Prop. 1 S (2025–2026) Barne- og familiedepartementet.
Forslaget om utfasing av stønadene til einsleg mor eller far for hovudgruppa av mottakarar vil anslagsvis gi ei samla innsparing på 93 mill. kroner over kap. 2620 i 2026. Vidare er det anslått at forslaget vil få tilnærma full budsjetteffekt frå 2029, med ei samla innsparing på om lag 1 270 mill. kroner over kap. 2620. Tidspunkt for når heilårseffekten vil inntreffe og størrelsen vil avhenge av eventuelle overgangsreglar og vurderingar av gjeldande unntaksreglar.
Samtidig som forslaget truleg vil føre til at mange går over i arbeid, kan utfasinga òg auke behov for korttidsstønader. Regjeringa foreslår derfor å auke rammetilskotet til kommunane under kap. 571, post 60 med 9 mill. kroner i 2026, for å kompensere for auka utgifter til økonomisk sosialhjelp som følge av utfasinga. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2025–2026) Kommunal- og distriktsdepartementet.
Som følge av utfasinga foreslår regjeringa å styrke Arbeids- og velferdsetaten sitt driftsbudsjett med 2 mill. kroner i 2026, for å kompensere for auka driftskostnader i ei overgangsperiode. Sjå omtale under kap. 605, post 01.
Regjeringa foreslår òg andre styrkingar som kan komme einsleg mor eller far til gode i 2026. Bl.a. foreslår regjeringa å auke satsen for barnestipend i Lånekassen for det første barnet med 10 pst. frå studieåret 2026-27. Det inneber ei styrking på 16,7 mill. kroner i 2026, med ein varig heilårseffekt på 19,2 mill. kroner. Sjå nærmare omtale av forslaget i Prop. 1 S (2025–2026) Kunnskapsdepartementet.
Vidare foreslår regjeringa å auke tilskottet til Jobbsjansen med 23 mill. kroner i 2026. Styrkinga skal bidra til at fleire innvandrarkvinner som står langt frå arbeidsmarknaden skal komme i jobb eller utdanning. Sjå nærmare omtale under kap. 671, post 62. Regjeringa foreslår òg ei styrking av arbeidsmarknadstiltaka. Det er nærmare omtalt under kap. 634.
Rapport
Utgiftsutviklinga
Stønadsutgifter til einsleg mor eller far, løpande kroner (i 1 000 kroner) ved utgangen av 2022–2024
|
År |
2022 |
2023 |
2024 |
Endring 2023–2024 pst. |
|---|---|---|---|---|
|
Post 70 Overgangsstønad |
1 587 720 |
1 581 617 |
1 605 440 |
1,5 |
Frå 2023 til 2024 auka utbetalingane av overgangsstønad med 1,5 pst. Målt i fast G gjekk utgiftene til overgangsstønad ned med 3,5 pst.
Fast G inneber at rekneskapstala er justerte for utviklinga i grunnbeløpet i folketrygda, slik at dei årlege utgiftene blir meir samanliknbare. Nedgangen i utgifter målt i fast G kjem i hovudsak av at det gjennomsnittlege talet på mottakarar av overgangsstønad har gått ned over åra.
I første halvår 2025 blei det rekneskapsført 795 mill. kroner i overgangsstønad til einsleg mor eller far under kap. 2620, post 70. Dette inneber ein nedgang i utgiftene til overgangsstønad på om lag 2,4 pst. samanlikna med første halvår 2024.
Mottakarar av overgangsstønad og stønad til barnetilsyn
Ved utgangen av 2024 fekk om lag 9 140 personar overgangsstønad. Det er ein nedgang på om lag 350 personar, eller om lag 3,7 pst., frå året før. Ved utgangen av første halvår 2025 var det òg om lag 9 140 personar som fekk overgangsstønad, ein reduksjon på 3,7 pst. frå same perioden året før. Samanlikna med juni 2005 og juni 2015 er nedgangen på høvesvis 66,9 pst. og 52,5 pst.
Ved utgangen av 2024 fekk om lag 4 140 personar stønad til barnetilsyn. Av desse fekk om lag 2 085 personar stønad til barnetilsyn utan å samtidig få overgangsstønad, ein nedgang på om lag 12,2 pst. frå utgangen av 2023.
Budsjettforslag 2026
Regulering av grunnbeløpet i folketrygda
Utgiftsanslaget for 2026 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2026. Som følge av dette aukar utgiftsanslaget for 2026 isolert sett med til saman 61 mill. kroner under kap. 2620, post 70 Overgangsstønad, før ein har tatt omsyn til effektane av ei utfasing for hovudgruppa av mottakarar frå 1. juli 2026.
Post 70 Overgangsstønad, overslagsløyving
Det er anslått at forslaget om å fase ut overgangsstønaden for hovudgruppa av mottakarane for nye tilfelle frå 1. juli 2026 vil gi ei innsparing på 76 mill. kroner i 2026. Forslaget inneber at einslege foreldre med aleineomsorga for barn under 14 månader eller med aleineomsorga for særleg tilsynskrevjande barn framleis skal få innvilga stønaden etter 1. juli 2026. Det er anslått at forslaget vil få tilnærma full budsjetteffekt frå 2029, med ei samla innsparing på om lag 1 216 mill. kroner. Kva tid heilårseffekten vil inntreffe vil avhenge av eventuelle overgangsreglar.
Etter at det er tatt omsyn til forslaget om å fase ut ordninga for hovudgruppa av mottakarar er det anslått at det i gjennomsnitt vil vere om lag 8 380 mottakarar av overgangsstønad i 2026. Den gjennomsnittlege ytinga er anslått til om lag 180 640 kroner i 2026.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 1 514 mill. kroner.
Post 72 Stønad til barnetilsyn til einsleg mor eller far i arbeid, overslagsløyving
Stønad til barnetilsyn dekker 64 pst. av dei dokumenterte utgiftene til barnetilsyn opp til ein maksimumssats. Stønad til barnetilsyn blir gitt uavhengig av retten til overgangsstønad. I forbindelse med forslaget om å fase ut overgangsstønaden for hovudgruppa av mottakarar, er det foreslått at det berre skal vere einslege med aleineomsorg for barn under 14 månader eller for særleg tilsynskrevjande barn som skal kunne få stønad til barnetilsyn etter 1. juli 2026. Det er anslått at forslaget vil gi ei innsparing på 15 mill. kroner i 2026. Vidare er det anslått at heilårseffekten vil inntreffe i 2027 og utgjere 45 mill. kroner.
Etter at forslaget om å fase ut ordninga for hovudgruppa av mottakarar er tatt omsyn til, er det anslått at om lag 2 200 personar vil få stønad til barnetilsyn til einsleg mor eller far i arbeid i 2026. Gjennomsnittleg yting blir anslått til om lag 19 500 kroner.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 43 mill. kroner.
Post 73 Tilleggsstønader og stønad til skolepengar, overslagsløyving
Post 73 omfattar stønad til skolepengar og alle tilleggsstønadene, medrekna stønad til barnetilsyn til einsleg mor eller far i utdanning og arbeidssøking. Nokre av tilleggsstønadene blir gitt etter faste satsar. Tilleggsstønadene blir berre gitt til mottakarar av overgangsstønaden som oppfyller krava til yrkesretta aktivitet etter folketrygdlova § 15-11. Ein konsekvens av at det ikkje blir stilt krav om yrkesretta aktivitet for dei to gruppene som fremleis kan få overgangsstønad, er at tilleggsstønader og stønad til skolepenger mv. blir avvikla. Sidan endringa skal gjelde for nye tilfelle er det anslått ei innsparing på posten på 2 mill. kroner i 2026. Vidare er det anslått at stønadene vil vere fasa ut i 2027.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 5 mill. kroner.
Programkategori 29.50 Inntektssikring ved sjukdom, arbeidsavklaring og uførleik
Utgifter under programkategori 29.50 fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
2650 |
Sjukepengar |
68 068 217 |
71 297 500 |
74 941 200 |
5,1 |
|
2651 |
Arbeidsavklaringspengar |
47 336 282 |
50 789 000 |
56 550 000 |
11,3 |
|
2652 |
Eit enklare Nav – forsøk med aktivitetspengar for unge |
7 000 |
ny |
||
|
2655 |
Uførleik |
125 269 368 |
132 715 500 |
140 730 000 |
6,0 |
|
Sum kategori 29.50 |
240 673 867 |
254 802 000 |
272 228 200 |
6,8 |
Utgifter under programkategori 29.50 fordelte på postgrupper
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Post-gr. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
50–89 |
Overføringar til andre |
240 673 867 |
254 802 000 |
272 228 200 |
6,8 |
|
Sum kategori 29.50 |
240 673 867 |
254 802 000 |
272 228 200 |
6,8 |
Programkategorien omfattar utgifter under kap. 2650 Sjukepengar, kap. 2651 Arbeidsavklaringspengar og kap. 2655 Uførleik. Under kap. 2650 Sjukepengar inngår sjukepengar, pleie-, opplærings- og omsorgspengar og utgifter til feriepengar av sjukepengar etter reglane i folketrygdlova kap. 8 og 9. I tillegg inngår midlar til tilskot til ekspertbistand. Under kap. 2651 Arbeidsavklaringspengar inngår arbeidsavklaringspengar og tilleggsstønader etter folketrygdlova kap. 11 og 11 A og legeerklæringar. Slik det er omtalt under punkt 6.5, vil regjeringa starte eit forsøk med Eit enklare Nav – aktivitetspengar for unge. Departementet foreslår at dette blir budsjettert under eit nytt kap. 2652. Under kap. 2655 Uførleik inngår uføretrygd og meinerstatning ved yrkesskade etter folketrygdlova kap. 12 og 13.
Dei helserelaterte ytingane har ulike formål, og både inngangsvilkåra, varigheita og kompensasjonsgraden varierer mellom dei. Det er likevel ein nær samanheng mellom desse ytingane, jf. omtale i del I, punkt 3.6 Utviklinga i helserelaterte ytingar. Sjukepengar, arbeidsavklaringspengar og uføretrygd inngår som ulike delar av eitt og same stønadsforløp for mange mottakarar, og utviklinga i kor mange som får éi yting, kan dermed påverke dei andre. Utgiftsutviklinga for dei enkelte ytingane bør derfor sjåast i samanheng over tid.
Kap. 2650 Sjukepengar
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
70 |
Sjukepengar for arbeidstakarar m.m., overslagsløyving |
59 647 458 |
62 220 000 |
64 750 000 |
|
71 |
Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving |
1 887 042 |
1 940 000 |
1 960 000 |
|
72 |
Pleie-, opplærings- og omsorgspengar m.m., overslagsløyving |
3 276 706 |
3 520 000 |
4 460 000 |
|
75 |
Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving |
3 189 548 |
3 520 000 |
3 720 000 |
|
76 |
Tilskot til ekspertbistand, kan overførast |
67 463 |
97 500 |
51 200 |
|
Sum kap. 2650 |
68 068 217 |
71 297 500 |
74 941 200 |
-
Overført frå 2024 til 2025:
-
Post 76: 20 037 000 kroner
Hovudtrekk ved regelverket
Sjukepengar skal kompensere for bortfall av arbeidsinntekt for yrkesaktive som er arbeidsuføre på grunn av sjukdom eller skade. Sjukepengeperioden er inntil eitt år. Arbeidsgivaren skal betale sjukepengar i inntil 16 kalenderdagar (arbeidsgivarperioden). Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar har ikkje eit tilsettingsforhold hos ein arbeidsgivar og må derfor sjølve dekke tapt arbeidsinntekt i dei første 16 kalenderdagane av ein sjukepengeperiode. Sjukepengar blir berekna på grunnlag av tidlegare inntekt opp til seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Sjukepengar til arbeidstakarar og frilansarar blir gitte med 100 pst. av grunnlaget, mens sjølvstendig næringsdrivande får sjukepengar med 80 pst. av grunnlaget. Sjukepengar kan graderast ned til 20 pst. dersom ein er delvis arbeidsufør. Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar kan, mot ein særskild premie, teikne forsikring som omfattar sjukepengar for dei første 16 sjukedagane og/eller sjukepengar med 100 pst. av grunnlaget. Folketrygdlova og arbeidsmiljølova pålegg arbeidsgivaren, Arbeids- og velferdsetaten og den sjukmelde ei rekke oppfølgings- og aktivitetskrav. Hensikta med desse krava er å stimulere og hjelpe den sjukmelde heilt eller delvis tilbake i arbeidslivet så raskt som mogleg.
Pleiepengar og omsorgspengar skal kompensere for bortfall av arbeidsinntekt for yrkesaktive i samanheng med sjukdom hos barn. Pleiepengar kompenserer òg for bortfall av arbeidsinntekt ved pleie av nærståande i sluttfasen av livet. Opplæringspengar skal kompensere for bortfall av arbeidsinntekt for yrkesaktive i samanheng med opplæring som er nødvendig for å kunne ta seg av og behandle eit barn med langvarig sjukdom eller nedsett funksjonsevne.
Pleiepengar kan ytast til personar som har omsorg for eit barn under 18 år som på grunn av sjukdom, skade eller lyte treng kontinuerleg tilsyn og pleie. Ved omsorg for ein person med utviklingshemming som treng kontinuerleg tilsyn og pleie på grunn av livstruande eller annan alvorleg sjukdom, blir pleiepengane ytte utan omsyn til aldersgrensa på 18 år. Det blir gitt rett til framhald av pleiepengar i ein overgangsperiode på inntil seks veker eller tre månader ut frå bestemte vilkår dersom barnet døyr i stønadsperioden. Pleiepengar blir ytte med 100 pst. kompensasjon opp til seks gonger grunnbeløpet i folketrygda. Ved behov kan inntil to omsorgspersonar få pleiepengar samtidig. Pleiepengar blir graderte mot talet på timar barnet er i ei etablert tilsyns- og avlastningsordning, og kan graderast ned til 20 pst. Dei kan likevel graderast skjønnsmessig sjølv om barnet er under tilsyn av andre, dersom foreldra ikkje kan vere i inntektsgivande arbeid på grunn av nattevaking eller konstant beredskap.
Omsorgspengar kan ytast til arbeidstakarar som må vere borte frå arbeidet på grunn av omsorg for eit sjukt barn under tolv år. I utgangspunktet blir ytinga gitt i inntil ti stønadsdagar for kvart kalenderår. Dersom mottakaren har omsorg for meir enn to barn, blir det gitt omsorgspengar i opptil 15 dagar. Til ein arbeidstakar med kronisk eller langvarig sjuke eller funksjonshemma barn kan det givast ti stønadsdagar ekstra. Når arbeidstakaren er aleine om omsorga, blir talet på stønadsdagar dobla. Arbeidsgivaren dekker dei første ti stønadsdagane, mens folketrygda dekker omsorgspengar utover ti stønadsdagar. Sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar dekker sjølve dei første ti dagane og får dekt eventuelle dagar utover dei på same måten som arbeidstakarar.
For å støtte opp under oppfølginga av sjukmelde er det etablert ei ordning med tilskot til ekspertbistand til bruk i enkeltsaker med lange og/eller hyppig gjentakande sjukefråvær. Ordninga kan bli tilbydd når arbeidstakaren og arbeidsgivaren har vurdert og/eller forsøkt å løyse utfordringane på arbeidsplassen utan å lykkast.
Rapport
Utgiftsutviklinga
Dei samla utgiftene til sjukepengar frå folketrygda var 68 068 mill. kroner i 2024. Det er ein vekst på 9,7 pst. samanlikna med 2023.
Utgiftene til sjukepengar til arbeidstakarar auka med 8,8 pst., til 59 647 mill. kroner i 2024, sjå figur 6.3 for månadlege utgifter til sjukepengar til arbeidstakarar. Veksten kjem først og fremst av at den trygdefinansierte delen av sjukefråværet auka med 2,4 pst. frå 2023 til 2024, samtidig som lønnsveksten var 5,6 pst.
Frå 2023 til 2024 gjekk utgiftene til sjukepengar til arbeidsledige opp med 2,3 pst. til 823 mill. kroner. Sjukepengar til yrkesaktive midlertidig ute av inntektsgivande arbeid auka med 14,8 pst., frå 331 mill. kroner i 2023 til 380 mill. kroner i 2024. Utgiftene til refusjonsordninga for gravide auka òg, til 141 mill. kroner i 2024, ein oppgang på 7,2 pst. frå 2023. Utgiftene til refusjonsordninga for kronisk sjuke gjekk derimot ned med 3,6 pst. til 760 mill. kroner.
Sjukepengeutgifter på post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar m.m. etter formål (mill. kroner)
|
2022 |
2023 |
2024 |
Endring i pst. 2022–2024 |
|
|---|---|---|---|---|
|
Sjukepengar ved eigen sjukdom etter arbeidsgivarperioden1 |
45 231,1 |
52 751,1 |
57 523,4 |
9,0 |
|
Forsikringsordning for frilansarar |
1,1 |
1,2 |
1,6 |
27,0 |
|
Sjukepengar til yrkesaktive midlertidig ute av inntektsgivande arbeid |
257,8 |
330,9 |
379,9 |
14,8 |
|
Sjukepengar til arbeidsledige |
1 169,4 |
804,5 |
822,7 |
2,3 |
|
Refusjon til ordningane for |
||||
|
– små bedrifter |
13,6 |
13,4 |
12,0 |
-10,3 |
|
– kronisk sjuke |
465,0 |
788,2 |
759,9 |
-3,6 |
|
– tilskot ved arbeidsreiser |
4,5 |
5,9 |
6,8 |
15,0 |
|
– gravide |
61,7 |
131,5 |
141,1 |
7,2 |
|
– personar med innreiserestriksjonar |
7,0 |
0,1 |
0,1 |
-15,7 |
|
Sum |
47 211,1 |
54 827,0 |
59 647,5 |
8,8 |
1 Tala for 2022 omfattar òg sjukepengar ved eigen sjukdom etter tre og fem dagar finansierte av arbeidsgivar, jf. midlertidige reglar om redusert arbeidsgivarfinansiering for sjukefråvær som kjem av koronapandemien.
Utgiftene til sjukepengar til sjølvstendig næringsdrivande var 1 887 mill. kroner i 2024 og auka med 9,9 pst. frå 2023.
Utgiftene til pleie-, opplærings- og omsorgspengar auka med 27,8 pst. til 3 277 mill. kroner i 2024. Utgiftene til omsorgspengar var 78 mill. kroner i 2024, ein nedgang på 34,6 pst. frå 2023. Utgiftene til pleie av nærståande i sluttfasen av livet gjekk òg ned, med 4,5 pst., til 57 mill. kroner. Utgiftene til opplæringspengar låg derimot stabilt på 67 mill. kroner, i 2024.
Utgiftene til pleie av sjuke barn held fram med å auke. I 2024 steig utgiftene med heile 756 mill. kroner, tilsvarande 32,6 pst., til 3 072 mill. kroner. Pleiepengeordninga for sjuke barn blei utvida frå 1. oktober 2017. Reforma innebar både ei liberalisering av kravet om dokumentasjon av sjukdom og ei utviding av aldersgruppa. Langt fleire enn tidlegare kan derfor få ytinga, noko som har resultert i at både talet på omsorgspersonar og talet på barn omfatta av ordninga meir enn dobla seg frå 2016 til 2024. I 2024 fekk totalt 27 400 omsorgspersonar pleiepengar for pleie og omsorg av totalt 21 500 barn, som utgjer 1,9 pst. av alle barn i aldersgruppa 0-17 år. Aldersfordelinga har òg endra seg, med ein stor auke blant barn i alderen 10–14 år. Psykiske lidingar og åtferdsforstyrringar har blitt den vanlegaste diagnosegruppa.40 I 2023 fekk i gjennomsnitt 5 990 omsorgspersonar pleiepengar kvar månad for i gjennomsnitt 5 071 barn. I 2024 var det gjennomsnittlege talet på omsorgspersonar per månad 8 275, mens det gjennomsnittlege talet på barn var 7 032. Både det gjennomsnittlege talet på omsorgspersonar med pleiepengar og talet på barn omfatta av ordninga har dermed auka med nesten 40 pst. på eitt år.
Utgifter på post 72 Pleie-, omsorgs- og opplæringspengar etter formål/yting (mill. kroner). 2022–2024
|
2022 |
2023 |
2024 |
Endring i pst. 2022–2024 |
|
|---|---|---|---|---|
|
Pleiepengar sjukt barn |
1 765 |
2 317 |
3 072 |
74 |
|
Pleiepengar livets sluttfase |
43 |
59 |
57 |
25 |
|
Omsorgspengar |
260 |
120 |
78 |
-70 |
|
Opplæringspengar |
53 |
67 |
67 |
21 |
|
Utgifter i alt kap. 2650, post 72 |
2 121 |
2 563 |
3 277 |
35 |
Utgiftene til tilskot til ekspertbistand og kompetansetiltak for sjukmelde var i 2024 på 67,5 mill. kroner, fordelte med 31,4 mill. kroner til tilskot til ekspertbistand og 36 mill. kroner til kompetansetiltak for sjukmelde.
Tilskot til ekspertbistand har tidlegare vore lite brukt, men bruken auka betydeleg i 2024. Arbeids- og velferdsdirektoratet har etablert ei referansegruppe, som partane i arbeidslivet deltar i, som skal vurdere moglege tiltak for å gjere ordninga betre kjend og slik bidra til at ho blir tatt meir i bruk. Referansegruppa skal òg vurdere om det er nødvendig å endre regelverket for tilskotsordninga.
Forsøk med kompetansetiltak for sjukmelde er avvikla frå 1. januar 2025.
I løpet av første halvåret 2025 er det rekneskapsført 27 631 mill. kroner i sjukepengar til arbeidstakarar. Det svarer til ein nominell auke i utgiftene på 164 mill. kroner eller 0,6 pst. samanlikna med utgiftene i første halvåret 2024. Utgiftsutviklinga i første halvåret kjem truleg av at det trygdefinansierte fråværet ser ut til å ha stabilisert seg, ev. har gått noko ned, etter fleire år med vekst. Dette er rett nok usikkert ettersom saksbehandlingstida for sjukepengar har auka noko i 1. halvår 2025.
Figur 6.3 Utgiftene folketrygda har til sjukepengar til arbeidstakarar. Mill. kroner. Januar 2020–juni 2025
Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet
I første halvåret 2025 er det rekneskapsført 820 mill. kroner i sjukepengar til sjølvstendig næringsdrivande, 59 mill. kroner mindre enn i første halvåret 2024. Dette svarer til ein reduksjon på 6,7 pst. Som for arbeidstakarar heng utviklinga saman med at det trygdefinansierte fråværet kan ha stabilisert seg, ev. gått noko ned, men at dette er usikkert på grunn av lengre saksbehandlingstider i 1. halvår 2025.
Utgiftene til pleie-, opplærings- og omsorgspengar var på 1 734 mill. kroner i første halvåret 2025, 278 mill. kroner meir enn i første halvåret 2024. Utgiftsveksten var dermed på 19,1 pst. Veksten heng først og fremst saman med auka bruk av pleiepengeordninga for sjuke barn. Utgiftene til denne ordninga steig til 1 627 mill. kroner i første halvåret 2025, ein auke på 18,6 pst. frå første halvåret 2024.
Budsjettforslag 2026
Post 70 Sjukepengar for arbeidstakarar m.m., overslagsløyving
På bakgrunn av utviklinga i sjukefråværet i første halvåret 2025 og anslag for resten av året, er det i budsjettforslaget for 2026 lagt til grunn at det trygdefinansierte sjukefråværet går ned med 1,5 pst. i 2025 samanlikna med det gjennomsnittlege nivået året før. For 2026 blir det lagt til grunn nullvekst i det trygdefinansierte sjukefråværet samanlikna med det gjennomsnittlege nivået i 2025.
I tillegg til sjukefråværet blir sjukepengeutgiftene påverka av sysselsettingsutviklinga og veksten i sjukepengegrunnlaget (lønnsveksten). I budsjettforslaget for 2026 er det lagt til grunn at sysselsettinga vil auke med 0,8 pst. i 2025 og 0,7 pst. i 2026. Vidare er det lagt til grunn at sjukepengegrunnlaget vil auke med 4,4 pst. i 2025 og 4,0 pst. i 2026.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 64 750 mill. kroner.
Post 71 Sjukepengar for sjølvstendige, overslagsløyving
På bakgrunn av utviklinga i sjukefråværet i første halvåret 2025 og anslag for resten av året, er det i budsjettforslaget for 2026 lagt til grunn at det trygdefinansierte sjukefråværet for sjølvstendige går ned med 5 pst. i 2025 samanlikna med det gjennomsnittlege nivået året før. For 2026 blir det lagt til grunn nullvekst i det trygdefinansierte sjukefråværet samanlikna med det gjennomsnittlege nivået i 2025. I tillegg er det lagt til grunn at sysselsettinga vil auke med 0,8 pst. i 2025 og 0,7 pst. i 2026, og at sjukepengegrunnlaget vil auke med 3,7 pst. i 2025 og 4,0 pst. i 2026.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 1 960 mill. kroner.
Post 72 Pleie-, opplærings- og omsorgspengar m.m., overslagsløyving
I budsjettanslaget for 2026 er det lagt til grunn ein underliggande vekst i talet på mottakarar på 16 pst. i 2025 og 8 pst. i 2026.
Utgiftene på posten blir òg påverka av veksten i sjukepengegrunnlaget (lønnsveksten). Det er lagt til grunn ein vekst i sjukepengegrunnlaget på 4,4 pst. i 2025 og 4,0 pst. i 2026.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 4 460 mill. kroner.
Post 75 Feriepengar av sjukepengar, overslagsløyving
Det blir ytt feriepengar til arbeidstakarar både av sjukepengar (post 70) og av pleie-, opplærings- og omsorgspengar (post 72). For 2026 er det lagt til grunn ein feriepengeandel på 5,7 pst. av den anslåtte utbetalinga av desse ytingane i 2025.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 3 720 mill. kroner.
Post 76 Tilskot til ekspertbistand, kan overførast
Ordninga med tilskot til ekspertbistand er vidareført i Avtale om redusert sjukefråvær og fråfall frå arbeidslivet (IA-avtalen) 2025–2028. Formålet med tilskotsordninga er å førebygge og redusere sjukefråvær i enkeltsaker med lange og/eller hyppig gjentakande sjukefråvær på den enkelte arbeidsplassen. Tilskotet skal dekke utgifter til bistand frå ein ekspert for å løyse ulike problem som leier til sjukefråvær, med sikte på å føre arbeidstakaren tilbake til arbeid.
Forsøk med kompetansetiltak for sjukmelde er avvikla frå 1. januar 2025. Løyvinga til forsøket er foreslått omdisponert til andre tiltak og formål i Avtale om redusert sykefravær og frafall fra arbeidslivet (IA-avtalen) 2025–2028, jf. nærmare omtale under kap. 601, post 21, 22, 71 og 75, kap. 605, post 01 og kap. 634, post 76.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 51,2 mill. kroner.
Kap. 2651 Arbeidsavklaringspengar
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
70 |
Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving |
46 735 067 |
50 160 000 |
55 906 000 |
|
71 |
Tilleggsstønad, overslagsløyving |
137 870 |
139 000 |
154 000 |
|
72 |
Legeerklæringar |
463 345 |
490 000 |
490 000 |
|
Sum kap. 2651 |
47 336 282 |
50 789 000 |
56 550 000 |
Hovudtrekk ved regelverket og endringar i regelverket
Arbeidsavklaringspengar skal sikre inntekt for personar som får aktiv behandling, deltar på arbeidsretta tiltak eller får anna oppfølging med sikte på å skaffe seg eller behalde arbeid. For å ha rett til arbeidsavklaringspengar må ein ha ei arbeidsevne som er nedsett med minst 50 pst. på grunn av sjukdom, skade eller lyte. Ytinga blir innvilga for inntil eitt år om gongen. Stønadsperioden for arbeidsavklaringspengar er avgrensa til tre år, men kan forlengast i inntil to år etter særlege unntaksreglar. Arbeidsavklaringspengar blir berekna på grunnlag av tidlegare pensjonsgivande inntekt opp til seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Ytinga blir gitt med 66 pst. av den pensjonsgivande inntekta siste året eller gjennomsnittet av den pensjonsgivande inntekta dei tre siste kalenderåra, rekna frå året før arbeidsevna blei sett ned. Minsteytinga er 2,041 G og to tredelar av dette for personar under 25 år. Mottakarar av arbeidsavklaringspengar som har barn, får eit fast kronebeløp i barnetillegg.
Tilleggsstønad skal kompensere for utgifter til læremiddel, reiser, flytting, barnetilsyn og bustad som stønadsmottakaren har i samanheng med deltaking på arbeidsretta tiltak.
Legeerklæringar gjeld dekning av honorar for erklæringar som Arbeids- og velferdsetaten innhentar frå legar og andre behandlarar i samanheng med behandling av krav om ytingar frå folketrygda. Posten omfattar òg honorar til legar for å delta på dialogmøte for sjukmelde.
Det blei innført fleire endringar i regelverket for arbeidsavklaringspengar frå 1. juli 2022. Endringane skal motverke uheldige avbrot i avklaringsprosessen for dei som treng meir tid til å komme tilbake i jobb, og sikre lengre stønadsperiode for dei som treng noko lengre tid for å få arbeidsevna avklart. Departementet vil følge med på korleis regelendringane påverkar avklaringsløpet til stønadsmottakarane, bl.a. kor mange og lange stønadsløp mottakarane no får før dei blir avklarte. Dersom det skulle vise seg at endringane har utilsikta konsekvensar, f.eks. ved at mange får arbeidsavklaringspengar i uforholdsmessig lang tid, vil departementet vurdere om det trengst andre endringar i regelverket.
Rapport
Utgiftsutviklinga
I 2024 blei det utbetalt 46 735 mill. kroner til mottakarar av arbeidsavklaringspengar. Det er ein auke på 15,3 pst. samanlikna med 2023. Både talet på mottakarar av arbeidsavklaringspengar og den gjennomsnittlege utbetalinga auka frå 2023 til 2024. Når det gjeld talet på mottakarar frå 2023 til 2024, auka avgangen frå arbeidsavklaringspengar i 2024, men tilgangen til arbeidsavklaringspengar auka òg – og var høg i 2024. Auken i tilgangen kjem særleg av høg tilgang frå sjukepengar.
I første halvåret 2025 er det rekneskapsført 24 940 mill. kroner i utgifter til arbeidsavklaringspengar. Det inneber ein nominell vekst i utgiftene på 11,5 pst. samanlikna med første halvåret 2024.41
Den nominelle utgiftsveksten for arbeidsavklaringspengar må sjåast i samanheng med auken i det gjennomsnittlege talet på mottakarar og auken i det gjennomsnittlege grunnbeløpet i første halvåret 2025 sett i forhold til første halvåret 2024.
I 2024 blei det utbetalt 138 mill. kroner i tilleggsstønader. Det er ein auke på om lag 16 mill. kroner, eller 13,4 pst., samanlikna med 2023. I første halvåret 2025 er det rekneskapsført om lag 77 mill. kroner i tilleggsstønader. Det inneber ein auke i utgiftene på 3,9 pst. samanlikna med første halvåret 2024.
Utgiftene til legeerklæringar var på om lag 463 mill. kroner i 2024. Det er ein auke på om lag 21 mill. kroner, eller 4,7 pst., frå 2023. I dei fem første månadene av 2025 er det rekneskapsført om lag 199 mill. kroner til legeerklæringar. Dette inneber ein auke i utgiftene på 1,1 pst. frå same periode i fjor.
Mottakarar av arbeidsavklaringspengar
Talet på mottakarar av arbeidsavklaringspengar var om lag 158 500 i desember 2024. Det er ein auke på om lag 9 600 frå same tidspunkt i 2023.
Figur 6.4 Talet på mottakarar av arbeidsavklaringspengar og andelen av befolkninga som får ytinga (prosent). Desember 2015–2024
Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet
I juni 2025 fekk 4,7 pst. av befolkninga i alderen 18–66 år arbeidsavklaringspengar. Tilsvarande andel i juni 2024 var 4,4 pst. Det var om lag 165 600 mottakarar av arbeidsavklaringspengar i juni 2025, noko som er 10 600 fleire enn i juni 2024.
Figur 6.4 viser utviklinga i talet på personar som fekk arbeidsavklaringspengar i desember månad, frå 2015 til 2024.
Ordninga med arbeidsavklaringspengar blei innført 1. mars 2010 og erstatta dei tre tidlegare ytingane rehabiliteringspengar, attføringspengar og tidsavgrensa uførestønad.42 Frå 2015 og fram til desember 2019 minka talet på mottakarar og andelen mottakarar i befolkninga. Da var det om lag 33 600 færre mottakarar enn i 2015. Det var størst nedgang i talet på mottakarar i 2018. Dette må sjåast i lys av regelendringane som kom i 2018, spesielt innstramminga i vilkåra for å få unntak frå maksimal varigheit og innføringa av karens.
I 2020–2024 auka talet på mottakarar. Midlertidige regelendringar, generelle forseinkingar i avklaringsløpa og ein lengre periode med auke i arbeidsløysa under koronapandemien bidrog til låg avgang frå ordninga frå og med 2020. Utviklinga må òg sjåast i samanheng med regelendringane frå 2022, da det kom eit nytt arbeidsretta unntak frå varigheitsgrensa på tre år og karensåret blei avvikla. Desse endringane gjer at fleire kan få arbeidsavklaringspengar lenger. Fleire brukarar per rettleiar og lengre tid til saksbehandling for uføretrygd kan òg vere med på å forklare utviklinga i delar av perioden. I 2024 var avgangen høgare enn i åra før. Tilgangen har òg auka noko etter 2019. Det kan ha samanheng med høgare tilgang frå sjukepengar. I 2024 var tilgangen spesielt høg. Auke i tilgangen og lågare avgang har ført til vekst i talet på mottakarar i perioden 2020–2024. Sjølv om avgangen auka i 2024, førte den høge tilgangen dette året til at talet på mottakarar likevel auka mykje.
Talet på mottakarar av arbeidsavklaringspengar etter alder og kjønn. Desember 2024
|
Under 30 år |
30–49 år |
50 år og over |
Totalt |
|
|---|---|---|---|---|
|
Kvinner |
17 914 |
44 888 |
30 683 |
93 485 |
|
Menn |
13 178 |
28 340 |
23 536 |
65 054 |
|
Sum |
31 092 |
73 228 |
54 219 |
158 539 |
Tabellen ovanfor viser kjønns- og aldersfordelinga blant mottakarar av arbeidsavklaringspengar ved utgangen av 2024. Det er berre små endringar i samansettinga frå 2023. 46 pst. av dei som får arbeidsavklaringspengar, er i aldersgruppa 30–49 år, mens 34 pst. er 50 år og eldre. Andelen som er i aldersgruppa under 30 år, er 20 pst. Blant mottakarane av arbeidsavklaringspengar er andelen kvinner 59 pst. Andelen kvinner er høgast i aldersgruppa 30–49 år (61 pst.). For dei under 30 år og dei i aldersgruppa over 50 år er andelen kvinner høvesvis 58 og 57 pst.
Personar med rett til arbeidsavklaringspengar på tiltak1. Talet totalt og prosentvis andel på ulike tiltak. Årsgjennomsnitt, 2022–2024
|
2022 |
2023 |
2024 |
|
|---|---|---|---|
|
Arbeidspraksis |
27,3 |
26,1 |
24,3 |
|
Arbeidsretta rehabilitering |
1,8 |
1,7 |
1,9 |
|
Avklaringstiltak |
8,5 |
7,4 |
7,4 |
|
Jobbskaping og eigenetablering |
0,1 |
0,1 |
0,1 |
|
Lønnstilskot |
6,1 |
4,9 |
6,0 |
|
Oppfølging |
27,6 |
29,6 |
28,8 |
|
Opplæring |
28,0 |
29,6 |
30,5 |
|
Tilrettelagt arbeid |
0,2 |
0,3 |
0,3 |
|
Tilrettelegging |
0,5 |
0,5 |
0,6 |
|
Tiltak totalt |
27 742 |
27 721 |
29 997 |
1 Mottakarar av arbeidsavklaringspengar på tiltak er her definerte etter rett til ytinga ved utgangen av månaden.
Tabellen ovanfor viser deltakarar på tiltak som har rett på arbeidsavklaringspengar. Det gjennomsnittlege talet på mottakarar av arbeidsavklaringspengar på tiltak var om lag 30 000 i 2024. Dette utgjer om lag 19,5 pst. av alle mottakarane av arbeidsavklaringspengar.43 Dei fleste var under opplæring (30,5 pst.), fekk oppfølging (28,8 pst.) eller var i arbeidspraksis (24,3 pst.). Mange mottakarar av arbeidsavklaringspengar er i aktiv medisinsk behandling og/eller delvis i ordinært arbeid og inngår derfor ikkje i tala i tabellen.
Mottakarar av arbeidsavklaringspengar under 30 år
Ved utgangen av 2024 fekk om lag 31 090 personar under 30 år arbeidsavklaringspengar. Det er ein auke på om lag 1 650 personar, eller vel 5,6 pst., frå utgangen av 2023, da det var om lag 29 440 personar under 30 år som fekk arbeidsavklaringspengar.
Sidan 2015 har talet på mottakarar av arbeidsavklaringspengar under 30 år auka med om lag 2 690 personar. Andelen mottakarar av arbeidsavklaringspengar i aldersgruppa 18–29 år har auka frå 3,4 pst. i 2015 til 3,7 pst. i 2024.
Status etter avgang frå arbeidsavklaringspengar44
Talet på avgangar frå arbeidsavklaringspengar har auka med nær 6 500 frå 2023 til 2024. Talet som gjekk til uføretrygd og talet som gjekk til arbeid, har auka frå 2023 til 2024. Figur 6.5 viser korleis dei som avslutta eit stønadsløp i 2024, fordeler seg på ulike statusar seks månader etterpå.
Figur 6.5 Avgangar frå arbeidsavklaringspengar i 2024 – status seks månader etter avgang
Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet
Som figuren viser, var det 50 pst. som seks månader etter avgang fekk uføretrygd, anten som full eller gradert uføretrygd eller i kombinasjon med arbeid. Den samla andelen som fekk uføretrygd, var om lag to prosentpoeng høgare enn for avgangane i 2023, mens talet er auka med nær 4 400 personar. Vidare var det vel 20 pst. som var i arbeid (heiltid eller deltid) utan samtidig å få andre statlege ytingar.45 Dette er i underkant av to prosentpoeng lågare enn for 2023. I tillegg var det om lag 19 pst. som var i arbeid samtidig som dei fekk ei anna yting, dette er ein liten reduksjon frå 2023. Dette er inkludert dei som kombinerte uføretrygd og arbeid. Nær 8 pst. av dei som avslutta ein stønadsperiode med arbeidsavklaringspengar i 2024, fekk arbeidsavklaringspengar igjen seks månader etterpå. Denne andelen er i underkant av 1 prosentpoeng høgare enn i 2023.
Om lag 14 pst. av dei som avslutta ein stønadsperiode med arbeidsavklaringspengar i 2024, var etter seks månader verken registrerte i arbeid eller som mottakarar av uføretrygd eller arbeidsavklaringspengar. Dette kan vere personar som fekk andre ytingar etter folketrygda, tiltakspengar, kvalifiseringsstønad, økonomisk sosialhjelp eller studielån, var privat forsørgde eller var ordinære arbeidssøkarar. Andelen er redusert med om lag eitt prosentpoeng frå 2023.
Budsjettforslag 2026
Post 70 Arbeidsavklaringspengar, overslagsløyving
For 2026 er det lagt til grunn eit gjennomsnittleg antal mottakarar av arbeidsavklaringspengar på 171 900 og ei gjennomsnittleg utbetaling per mottakar på 325 458 kroner.
Utgiftsanslaget for 2026 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2025 og 2026. Som følge av dette aukar utgiftsanslaget for 2026 med til saman 2 152 mill. kroner.
Det er anslått at innføringa av ungdomsprogrammet vil redusere utgiftene til arbeidsavklaringspengar med 34 mill. kroner i 2026, ettersom fleire deltakarar i programmet vil få ungdomsprogramytinga i staden for arbeidsavklaringspengar.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 55 906 mill. kroner.
Post 71 Tilleggsstønad, overslagsløyving
Posten gjeld tilleggsstønader som skal kompensere for utgifter til læremiddel, reiser, flytting, barnetilsyn og bustad som stønadsmottakaren har i samanheng med deltaking på arbeidsretta tiltak.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 154 mill. kroner.
Post 72 Legeerklæringar
Posten gjeld dekning av honorar for erklæringar som Arbeids- og velferdsetaten innhentar frå legar og andre behandlarar i samanheng med behandling av krav om ytingar frå folketrygda. Posten omfattar òg honorar til legar for å delta på dialogmøte for sjukmelde.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 490 mill. kroner.
Kap. 2652 Eit enklare Nav – forsøk med aktivitetspengar for unge
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
70 |
Forsøk med aktivitetspengar for unge |
7 000 |
||
|
Sum |
7 000 |
Post 70 Forsøk med aktivitetspengar for unge
Regjeringa vil starte opp eit forsøk med Eit enklare Nav – aktivitetspengar for unge i 2026. Sjå nærmare omtale under punkt 6.5 Fleire unge skal få moglegheiter til å delta i arbeidslivet. Som nemnt vil det vere nødvendig med ei gradvis og kontrollert opptrapping, med sikte på å starte forsøket hausten 2026. Innretning, varigheit av stønaden og avgrensing av målgruppa vil bli vurderte før forsøket startar opp. Departementet vil sende ei forskrift for ytinga kalla «aktivitetspengar for unge» på høyring, og regjeringa vil etter planen komme tilbake i samanheng med revidert nasjonalbudsjett med ei oppdatert vurdering av budsjettkonsekvensane.
Det er likevel anslått at forsøket vil medføre at utgiftene under enkelte andre ytingar blir reduserte, og meirutgifter til stønad for målgruppa er anslåtte til 7 mill. kroner i 2026.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 7 mill. kroner.
Kap. 2655 Uførleik
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
70 |
Uføretrygd, overslagsløyving |
125 162 375 |
132 617 500 |
140 609 000 |
|
75 |
Meinerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving |
76 001 |
68 000 |
94 000 |
|
76 |
Yrkesskadetrygd gml. lovgiving, overslagsløyving |
30 992 |
30 000 |
27 000 |
|
Sum kap. 2655 |
125 269 368 |
132 715 500 |
140 730 000 |
Hovudtrekk ved regelverket og endringar i regelverket
Uføretrygd skal sikre inntekt til personar som har fått inntektsevna si varig nedsett med minst 50 pst. på grunn av sjukdom, skade eller lyte. For personar som får arbeidsavklaringspengar når kravet om uføretrygd blir sett fram, er det tilstrekkeleg at inntektsevna er varig nedsett med 40 pst. Det er eit vilkår for rett til uføretrygd at ein har gått gjennom tenleg behandling for å betre inntektsevna. Arbeidsretta tiltak skal vere gjennomførte så lenge ingen openberre grunnar tilseier at det ikkje er tenleg.
Uføretrygda svarer til 66 pst. av berekningsgrunnlaget, som er gjennomsnittet av den pensjonsgivande inntekta i dei tre beste av dei fem siste kalenderåra før uføretidspunktet. Pensjonsgivande inntekt over seks gonger grunnbeløpet (G) blir ikkje medrekna. For personar som lever saman med ektefelle eller sambuar, er den minste årlege ytinga 2,329 G, eller 2,379 G dersom dei får ei uføretrygd som er ein omrekna uførepensjon. For andre utgjer den minste årlege ytinga 2,529 G. Personar som blir uføre før dei fyller 26 år på grunn av alvorleg og varig sjukdom som er klart dokumentert, er sikra ei årleg minsteyting på 2,709 G (gift/sambuar) eller 2,959 G (einsleg) frå dei fyller 20 år. Alle minstesatsane auka 1. juli 2024 i samanheng med budsjettavtalen mellom dei daverande regjeringspartia og Sosialistisk Venstreparti. Det blir gitt behovsprøvd barnetillegg for kvart barn den uføretrygda forsørger. Frå 1. juli 2024 blir det gitt barnetillegg uavhengig av inntekta til barnet.
Dersom trygdetida (busett og/eller i arbeid i Noreg) er mindre enn 40 år, blir uføretrygda avkorta tilsvarande. Etter nærmare reglar blir det medrekna framtidig trygdetid til og med det året ein fyller 66 år.
Personar som fyller vilkåra for rett til uføretrygd, men som ikkje har mista heile inntektsevna, får ei gradert uføretrygd tilsvarande den delen av inntektsevna som er tapt. Det blir fastsett ei inntektsgrense for den uføretrygda som svarer til (forventa) inntekt etter uførleik pluss eit fribeløp på 0,4 G. Når inntekta overstig inntektsgrensa, skal uføretrygda reduserast forholdsmessig mot den overskytande inntekta. Reduksjonen skjer ut frå kor stor andel uføretrygda ved 100 pst. uføregrad utgjer av inntekta før uførleik, det vil seie etter den faktiske kompensasjonsgraden for den enkelte. Dei fleste som får uføretrygd, har ein kompensasjonsgrad mellom 60 og 70 pst. Uføregraden ligg fast sjølv om uføretrygda blir redusert på grunn av inntekt. Reglane om gradering og om reduksjon skal sikre at to personar med same tidlegare og noverande inntekt får utbetalt om lag like høg uføretrygd utan omsyn til innvilga uføregrad.
Frå 1. juli 2026 foreslår departementet at det blir sett eit tak på reduksjonsprosenten for uføretrygda når ein har arbeidsinntekt ved sida av, og at minste inntekt før uførleik for gifte/sambuande blir auka til same nivå som for einslege. Det sistnemnde gjer uføregraden uavhengig av sivilstand og gjer at det blir noko meir lønnsamt for gifte/sambuande med låg tidlegare inntekt å arbeide ved sida av uføretrygda. Departementet foreslår òg å harmonisere minstenivåa for gifte/sambuande frå 1. juli 2026 ved at den særskilde satsen for dei som har ein omrekna uførepensjon blir oppheva.
Oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 1200, 10. juni 2021
«Stortinget ber regjeringen snarest fremme forslag om at uføre fosterforeldre ikke får avkortning i sin uføretrygd som følge av fosterhjemsoppdraget.»
Vedtaket blei gjort under behandlinga av Prop. 133 L (2020–2021), sjå Innst. 625 L (2020–2021) frå familie- og kulturkomiteen. Departementet har venta med å følgje opp vedtaket til dei økonomiske rammevilkåra for fosterforeldre var endeleg avklarte. Sjå bl.a. omtale i Prop. 1 S (2024–2025). Som kjent anbefalte Fosterhjemsutvalget i NOU 2018: 18 Trygge rammer for fosterhjem å gjere den skattepliktige delen av fosterheimsgodtgjeringa om til ein skattefri og ikkje pensjonsgivande stønad. Eit av argumenta var at det å vere fosterforelder har meir til felles med å passe eigne barn enn å utføre det som normalt blir rekna som «arbeid», og at godtgjeringa derfor ikkje burde definerast som arbeidsinntekt. Med ei slik løysing ville ikkje godtgjeringa ha gitt avkorting i trygdeytingar.
Forslaget frå Fosterhjemsutvalget er ikkje følgt opp, og inntekt frå fosterheimsoppdrag er derfor framleis rekna som skattepliktig og pensjonsgivande arbeidsinntekt. I Prop. 83 L (2024–2025) foreslår Barne- og familiedepartementet ein lovfesta rett til økonomisk godtgjering og utgiftsdekning. Utgiftsdekninga er skattefri, mens godtgjeringa er skattepliktig og pensjonsgivande inntekt. Nivået på godtgjeringa er ikkje fastsett i lov, men KS sin rettleiande sats for fosterheimar er på om lag 1 G (130 160 kr) per år.
Pensjonsgivande inntekt som fosterforeldre har, inngår i grunnlaget for opptening og berekning av trygdeytingar på same måte som anna pensjonsgivande inntekt. Uføre fosterforeldre har i tillegg til godtgjering krav på barnetrygd og dekning av utgifter. Som alle andre uføre som forsørger barn kan uføre fosterforeldre ha krav på behovsprøvd barnetillegg.
Til liks med andre uføre som kombinerer uføretrygd og arbeidsinntekt, kjem dei aller fleste uføre fosterforeldre betre ut økonomisk ved å vere fosterforelder enn ved å ikkje vere det. I dag kan den uføre behalde uføretrygda uavkorta dersom inntekta ikkje er høgare enn forventa inntekt som ufør, tillagd eit fribeløp på 0,4 G. Høgare inntekt inneber at uføretrygda blir redusert med ein forholdsmessig pst. Regjeringa foreslår å sette eit tak på denne reduksjonsprosenten på 70 pst. for å sikre at alle tener på å arbeide (eller ha oppdrag som fosterforelder), sjå nedanfor. Departementet har òg til behandling oppmodingsvedtak 611 frå 6. mai 2025, der Stortinget ber regjeringa «[…]fremme forslag om å heve fribeløpet for uføre», sjå kap. 4 Oppmodingsvedtak.
Når godtgjeringa inngår i oppteninga i pensjonssystemet, vil det innebere ein overkompensasjon og ulik behandling av ulike former for pensjonsgivande inntekt dersom akkurat denne inntekta ikkje skal telje med når ein fastset uføregraden, eller ikkje skal telje med i summen av inntekt som kan føre til redusert uføretrygd. Ein slik unntaksregel vil gjere at uføre fosterforeldre blir positivt særbehandla i forhold til andre som får uføretrygd. Eit unntak for uføre fosterforeldre som er grunna i at fosterheimsoppdrag er viktige for samfunnet, vil reise spørsmål om tilsvarande unntak for andre grupper med viktige oppgåver. Det er ikkje heldig at trygdesystemet skal differensiere regelverket slik. Frå eit trygderettsleg perspektiv bør omsynet til likebehandling stå sterkt.
Regjeringa er opptatt av at det skal lønne seg å arbeide og viser bl.a. til dei foreslåtte justeringane i regelverket for uføre. Regjeringa ser ikkje noko grunnlag for å behandle mottakarar av fosterheimsgodtgjering annleis enn andre grupper som får uføretrygd, og foreslår å oppheve oppmodingsvedtaket.
Oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 937, 16. juni 2023
«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2024 komme tilbake med en vurdering av en omlegging av fribeløpet i uføretrygden, herunder en vurdering av en økning av fribeløpet inntil 1 G og andre endringer med mål om at uføre med restarbeidsevne i større grad enn med dagens regelverk kan kombinere arbeidsinntekt med uføretrygd.»
Formålet med uføretrygd er å erstatte arbeidsinntekt som har falle bort på grunn av sjukdom, skade eller lyte. Dersom ein har arbeidsinntekt, har ikkje all arbeidsinntekt falle bort, og det tilseier prinsipielt sett at uføretrygda bør reduserast. Samtidig er det eit mål at det skal lønne seg å arbeide, både i staden for å få uføretrygd og ved sida av uføretrygda. Om uføre arbeider noko ved sida av trygda, kan dei over tid òg komme meir i arbeid.
I Prop. 1 S for 2025 konkluderte departementet med at det ikkje er grunnlag for å auke fribeløpet utover dagens nivå. Det var understøtta av rapporten Utredning av modeller for kombinasjon av arbeidsinntekt og uføretrygd, utarbeidd våren 2024 av Statistisk sentralbyrå på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Samtidig varsla departementet at ein ville sjå nærmare på andre endringar som kan gjere det enklare å kombinere uføretrygd med arbeid. Departementet foreslår to slike endringar.
Mottakarar av uføretrygd som har arbeidsinntekt utover ei inntektsgrense, får uføretrygda redusert med 1 pst. av den overskytande inntekta. For 100 pst. uføre svarer inntektsgrensa til fribeløpet på 0,4 G, mens gradert uføre i tillegg kan ha ei arbeidsinntekt tilsvarande restinntektsevna. Eksempelvis kan ein person med 80 pst. uføretrygd og ei inntekt før uførleik på 5 G ha ei inntekt på 1,4 G (20 pst. × 5 G + 0,4 G) før uføretrygda blir redusert.
Den prosenten uføretrygda blir redusert med mot arbeidsinntekta (reduksjonsprosenten) svarer til kompensasjonsgraden, det vil seie kor stor del full uføretrygd utgjer av personen si normale årsinntekt i fulltidsstilling på uføretidspunktet (inntekt før uførleik). For uføre som hadde ei jamn inntekt under 6 G før uføretidspunktet, er kompensasjonsgraden 66 pst., og dei fleste har ein reduksjonsprosent mellom 60 og 70 pst. Nokre uføre har likevel høgare kompensasjonsgrad og tilsvarande høg reduksjonsprosent, og i yttertilfelle kan han vere over 100 pst. Da får dei lågare samla inntekt dersom dei arbeider. Dette gjeld personar som har eit berekningsgrunnlag som er mykje høgare enn inntekta på uføretidspunktet. Den teoretisk maksimale reduksjonsprosenten med gjeldande regelverk er 120 pst. Ifølge Arbeids- og velferdsdirektoratet var det om lag 42 000 uføre som hadde kompensasjonsgrad/reduksjonsprosent over 70 pst. ved utgangen av 2024.
Det kan argumenterast for at uføretrygda personar med høg kompensasjonsgrad i utgangspunktet er overkompenserte, og at dei derfor framleis bør få ein relativt større reduksjon av trygda dersom dei har arbeidsinntekt. Sett bort frå fribeløpet er uføretrygda basert på eit prinsipp om forholdsmessig reduksjon, slik at ein f.eks. skal behalde 60 pst. uføretrygd om ein arbeider 40 pst. med same lønnsnivå som på uføretidspunktet (sum 100 pst.). Etter dette prinsippet skal uføre med høg kompensasjonsgrad få relativt større reduksjon i trygda.
Samtidig er det eit heilt grunnleggande prinsipp for arbeidslinja at det skal lønne seg å arbeide. Ein høg reduksjonsprosent er ein barriere mot å forsøke seg i arbeid. Det framstår urimeleg om ein ikkje tener noko som helst på å arbeide, eller kanskje til og med taper, som er tilfellet når reduksjonsprosenten er over 100 pst. Samspelet med behovsprøvde ordningar, som bustøtte, kan òg medføre at uføre taper på å arbeide sjølv om reduksjonen er noko under 100 pst. i uføretrygda isolert sett.
Departementet foreslår derfor å innføre eit tak på reduksjonsprosenten. Taket bør vere noko høgare enn 66 pst., slik at det ikkje kjem i konflikt med hovudreglane. Departementet foreslår å sette taket til 70 pst. For personar som fekk uførepensjon omrekna til uføretrygd ved årsskiftet 2015, gjeld det allereie eit tak på 70 pst. for reduksjonsprosenten, sjå forskrift om uføretrygd fra folketrygden § 7-2. Forslaget vil dermed gi god samanheng i regelverket ved at same regel framover vil gjelde for alle.
I utgangspunktet fører taket på reduksjonsprosenten til at uføregelverket blir noko meir komplisert. For mottakarane kan det likevel vere enklare å forhalde seg til at reduksjonssatsen aldri er høgare enn 70 pst. dersom dei er usikre på kva reglar som gjeld. Det kan òg vere ein fordel når Arbeids- og velferdsetaten skal rettleie mottakarane, og Arbeids- og velferdsdirektoratet vurderer at endringa samla sett gjev ei forenkling.
Vidare foreslår departementet at minste inntekt før uførleik for dei som lever saman med ein ektefelle eller sambuar, blir auka frå 3,3 til 3,5 G. Det er same nivå som for einslege i dag. Inntekt før uførleik blir primært brukt til å fastsette uføregraden, ved at ein samanliknar inntekt før og etter uførleik, men påverkar òg kor mykje uføretrygda blir redusert når ein har arbeidsinntekt utover inntektsgrensa.
Inntekt før uførleik skal, som nemnt ovanfor, svare til personen si normale årsinntekt i fulltidsstilling på uføretidspunktet. I tilfelle der denne inntekta er vanskeleg å fastsette, eller den tidlegare fulltidsinntekta er låg, er det fastsett at inntekta før uførleik ikkje skal setjast lågare enn 3,3 G for gifte/sambuande og 3,5 G for einslege. Uføregraden skal uttrykke kor stor del av inntektsevna som er tapt som følge av sjukdom, skade eller lyte. Dette bør ikkje avhenge av sivilstand. I tillegg til at uføregraden bestemmer størrelsen på uføretrygda, er han òg eit element når ein vurderer om vilkåra for å få uføretrygd i det heile tatt er oppfylte. I prinsippet kan ulik minste inntekt før uførleik innebere at ein gift eller sambuande person får avslag, mens ein einsleg person får uføretrygd innvilga, sjølv om dei reelt sett har tapt like mykje inntektsevne. Før 2015 gjaldt det ein forskriftsregel om at inntekt før uførleik ikkje skulle settast lågare enn 3 G, både for gifte/sambuande og for einslege.
Departementet foreslår å auke minste inntekt før uførleik for gifte og sambuande til 3,5 G. Det ryddar opp i regelverket slik at uføregraden blir uavhengig av sivilstand. Gifte og sambuande med gradert uføretrygd og låg inntekt før uførleik vil få same uføregrad som tilsvarande einslege, det vil seie noko høgare uføregrad enn i dag. Uføregraden vil framleis vere 100 pst. for dei som er fullt uføre. Forslaget gir ei regelverksforenkling og større likebehandling av uføre på tvers av sivilstand.
Samtidig vil gifte og sambuande uføre som hadde låg inntekt før dei blei uføre, få lågare reduksjonsprosent når dei kombinerer uføretrygd med arbeid. Det gjeld både for fullt uføre og for gradert uføre. For dei som mottar uføretrygd på minstenivået 2,329 G og har fått inntekt før uførleik sett til minstenivået, går reduksjonsprosenten ned frå om lag 70,6 pst. til om lag 66,5 pst. Det blir derfor noko meir lønnsamt å arbeide for denne gruppa.
Å innføre eit tak på reduksjonsprosenten og å auke minste inntekt før uførleik for gifte og sambuande krev endringar i folketrygdlova. Departementet tar sikte på å fremme forslag til lovendringar slik at reglane kan ta til å gjelde 1. juli 2026. Endringane kan til dels krevje manuell omrekning, og departementet gjer merksam på at det òg kan bli nødvendig å gjennomføre omrekningar etter 1. juli 2026.
Begge forslaga gir meirutgifter. Sjølv om endringane tar til å gjelde frå midten av året, har departementet lagt opp til at dei skal ha verknad fullt ut (for heile året) i etteroppgjeret for inntektsåret 2026, som blir gjennomført i 2027. Dette er til fordel for mottakarane og gir nokre meirutgifter i 2027. Taket på reduksjonsprosenten er anslått å gi meirutgifter til uføretrygd på 3 mill. kroner i 2026 og utgifter til administrative tilpassingar på 2,5 mill. kroner. Meirutgiftene til uføretrygd i 2027 er anslåtte til 9 mill. kroner, mens den varige heilårseffekten frå 2028 er anslått til 6 mill. kroner. Administrative meirutgifter frå 2027 er anslåtte til 0,5 mill. kroner. Auka minste inntekt før uførleik er anslått å gi meirutgifter til uføretrygd på 1 mill. kroner i 2026 og utgifter til administrative tilpassingar på 7 mill. kroner. Meirutgiftene til uføretrygd i 2027 er anslåtte til 3 mill. kroner, mens den varige heilårseffekten frå 2028 er anslått til 2 mill. kroner. Sjå òg kap. 2655, post 70, og kap. 605, post 01.
I samanheng med desse lovendringane vil departementet òg foreslå endringar som gjer reglane for å kombinere uføretrygd med arbeidsinntekt lettare å forstå. Bl.a. kan enkelte oppfatte uttrykket «inntektsgrense» som ei øvre grense for kva inntekt dei har «lov» til å ha ved sida av uføretrygda. Departementet vil foreslå å erstatte «inntektsgrense» med «botnfrådrag» i reglane om reduksjon av uføretrygd mot inntekt. Det vil ikkje på same måte framstå som ei øvre grense, men uttrykke tydelegare at inntekt opp til dette nivået ikkje påverkar uføretrygda. Departementet kjem tilbake til dette forslaget og andre justeringar i lovproposisjonen.
Med desse forslaga reknar departementet dette oppmodingsvedtaket som utkvittert. Som omtalt i kap. 4 vil departementet vurdere fribeløpet i samband med oppmodingsvedtak 611 frå 6. mai 2025 og komme tilbake til Stortinget om dette på eit seinare tidspunkt.
Departementet viser elles til at det med verknad frå inntektsåret 2024 (etteroppgjer i 2025) er innført meir fleksible reglar for uføre som er på veg mot full jobb. Dei nye reglane utvidar unntaket frå tilbakekrevjing av uføretrygd når årsinntekta overstig 80 pst. av tidlegare inntekt ved såkalla arbeidsforsøk.
Departementet tar sikte på å sende eit forslag om å legge om barnetillegget til uføretrygd frå eit behovsprøvd til eit standardisert (universelt) tillegg på høyring i løpet av hausten 2025. Det er lagt opp til at omlegginga skal skje om lag budsjettnøytralt på innføringstidspunktet. Dersom omlegginga blir gjennomført, vil denne omlegginga òg gjere det meir lønnsamt for mange å kombinere uføretrygd med arbeid. I tillegg blir regelverket vesentleg enklare å forstå for mottakarane og å praktisere for Arbeids- og velferdsetaten. Det blir tatt sikte på å fase inn dei nye reglane frå 2027.
Harmonisering av minstenivået for gifte og sambuande
Departementet foreslår at det særskilde minstenivået for gifte og sambuande som fekk uførepensjon omrekna til uføretrygd i 2015, blir oppheva frå 1. juli 2026. Det gir likebehandling med andre gifte og sambuande uføre og forenklar uføreregelverket.
Etter dei gjeldande reglane blir uføretrygd gitt med fem ulike minstenivå. Minste årlege yting er 2,329 G for gifte og sambuande. For dei som mottar ei uføretrygd som er ein omrekna uførepensjon, gjeld likevel eit særskilt minstenivå på 2,379 G. Eit særskilt nivå for denne gruppa blei innført frå 1. september 2016 i samanheng med at grunnpensjonane til gifte og sambuande alderspensjonistar auka frå 85 til 90 pst. av grunnbeløpet. Elles gjeld det høgare minstenivå for einslege, og dessutan for unge uføre (gifte/sambuande og einslege) frå dei fyller 20 år. Nivået for einslege avheng ikkje av om uføretrygda er ein omrekna uførepensjon. Einslege hadde allereie full grunnpensjon i uførepensjonen som var omrekna til uføretrygd, og var derfor ikkje omfatta av auken.
Dei som har ein omrekna uførepensjon er personar som mottok den tidlegare uførepensjonen før 2015. Dei blei overførte til ny uføretrygd i 2015 gjennom uførereforma og fekk ytinga omrekna. Over tid blir det stadig færre som har ein omrekna uførepensjon, fordi dei eksisterande mottakarane går over til alderspensjon m.m. Arbeids- og velferdsdirektoratet reknar med at det særskilde minstenivået for gifte og sambuande med omrekna uførepensjon omfattar om lag 10 700 personar i 2026. Den særskilde satsen for denne gruppa (opphaveleg sett til 2,33 G) blei innført sjølv om personar med omrekna uførepensjon ikkje mottok grunnpensjon etter 2014. Sjå Prop. 11 L (2015–2016) og Innst. 106 L (2015–2016). Det kan vere vanskeleg å forklare kvifor gifte og sambuande mottakarar av uføretrygd skal ha ulike minstesatsar, avhengig av kva dato dei fekk uføretrygd med verknad frå. Særregelen for dei med omrekna uførepensjon vil 1. juli 2026 ha vart om lag ti år, og ein bør no vurdere å oppheve han. Det er dessutan liten forskjell (2,15 pst.) mellom dei to satsane for gifte og sambuande.
Forslaget er at satsane blir harmoniserte til 2,329 G frå 1. juli 2026. Det blir gjort ved at den særskilde satsen blir oppheva. Verknadstidspunkt 1. juli 2026 vil truleg innebere at uføretrygda i kroner uansett vil auke frå april til juli òg for dei som i dag har den særskilde satsen, fordi G-reguleringa per 1. mai 2026 truleg vil bli høgare enn 2,15 pst. Dersom lønnsveksten blir lik lønnsvekstanslaga i Nasjonalbudsjettet 2026, vil G-reguleringa per 1. mai 2026 bli 3,55 pst.
Ein sideeffekt er at det blir noko meir lønnsamt å kombinere uføretrygd med arbeidsinntekt for dei som endringa rører ved. Saman med forslaget om å auke minste inntekt før uførleik for gifte og sambuande til 3,5 G vil reduksjonsprosenten for uføretrygda gå ned frå 70 pst. til om lag 66,5 pst.
Forslaget krev endringar i folketrygdlova. Departementet tar sikte på å fremme forslag til lovendringar slik at endringa kan gjelde med verknad frå 1. juli 2026. Forslaget gir dermed ei innsparing i 2026, med heilårseffekt frå 2027. Målt i faste kroner vil heilårseffekten falle noko over tid fordi det blir færre mottakarar med omrekna uførepensjon. Reduksjonen i utgifter til uføretrygd i 2026 er anslått til 35 mill. kroner, mens utgifter til administrative tilpassingar er anslåtte til 3 mill. kroner. Vidare er mindreutgiftene til uføretrygd anslåtte til 64 mill. kroner i 2027 og 60 mill. kroner i 2028, med administrative meirutgifter på 0,5 mill. kroner. Sjå òg kap. 2655, post 70 og kap. 605, post 01.
Rapport
Utgiftsutviklinga
I 2024 var utgiftene til uføretrygd 125 162 mill. kroner, mot 117 726 mill. kroner i 2023. Utgiftene auka dermed med 7 436 mill. kroner, eller 6,3 pst., frå 2023.
Utgiftsveksten skriv seg i hovudsak frå regulering av grunnbeløpet og fleire mottakarar av uføretrygd. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet auka i perioden 2023–2024 med om lag 5,2 pst. Det gjennomsnittlege talet på mottakarar auka med om lag 1,1 pst. frå 2023 til 2024.
Auken i utgifter til uføretrygd var likevel lågare i perioden 2021–2024 enn i dei føregåande åra. Det kjem av ein midlertidig nedgang i talet på mottakarar som gjekk frå arbeidsavklaringspengar til uføretrygd, som følge av at stønadsperioden for mottakarar av arbeidsavklaringspengar blei forlengd på grunn av koronapandemien. I 2022 kom det òg andre endringar i reglane for arbeidsavklaringspengar. Også desse endringane kan ha bidratt til at færre gjekk frå arbeidsavklaringspengar til uføretrygd samanlikna med før 2021.
I første halvåret 2025 er det rekneskapsført utgifter på 65 490 mill. kroner til uføretrygd. Det inneber ein vekst på 7,1 pst. i forhold til same perioden i 2024.
Mottakarar av uføretrygd
Per desember 2024 var det registrert 373 040 mottakarar av uføretrygd. Det er ein auke på 6 410 personar, eller 1,7 pst., frå desember 2023. Som andel av befolkninga i aldersgruppa 18–66 år var det 10,5 pst. som fekk uføretrygd i desember 2024. Det er ein oppgang på 0,1 pst. frå desember 2023. Oppgangen kjem frå vekst i talet på mottakarar.
Ved utgangen av juni 2025 fekk 374 800 personar uføretrygd, noko som inneber ein auke på 1 765 personar sidan utgangen av 2024. Ved utgangen av juni 2025 fekk 10,6 pst. av befolkninga i aldersgruppa 18–66 år uføretrygd.
Figur 6.6 Mottakarar av uføretrygd.1 Talet på mottakarar og mottakarar som andel av befolkninga i aldersgruppa 18–66 år ved utgangen av året. Tal i tusen. Andel i pst. 2015–2024
1 11/12 av 18-åringane og 1/12 av 67-åringane er medrekna. Det kjem av at ein kan få uføretrygd frå månaden etter at ein fyller 18 år, og til og med den månaden ein fyller 67 år.
Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet
Figur 6.6 viser utviklinga i talet på personar som mottok uføretrygd frå 2015 til 2024. I åra frå 2015 til 2024 auka talet på uføretrygda kvart år. Frå 2015 til 2024 auka andelen av befolkninga med uføretrygd frå 9,4 pst. til 10,5 pst. I tiåret før 2015 heldt talet på mottakarar av uføretrygd og tidsavgrensa uførestønad seg tilnærma uendra. Samtidig førte vekst i befolkninga til ein reduksjon i andelen uføretrygda. I 2004 utgjorde andelen 10,4 pst., mens han i 2013 var redusert til 9,3 pst. Under del I, punkt 3.6 Utviklinga i helserelaterte ytingar, kan ein sjå utviklinga for dei helserelaterte ytingane i samanheng over fleire år. Der er òg betydninga av demografiske endringar og arbeidsmarknadssituasjonen drøfta nærmare.
Tabellen nedanfor viser alders- og kjønnsfordelinga blant mottakarar av uføretrygd ved utgangen av 2024. Omtrent 6,0 pst. av mottakarane er i aldersgruppa under 30 år, mens 29,2 pst. er mellom 30 og 49 år. Hovudtyngda av mottakarane er 50 år og eldre og utgjer omtrent 64,8 pst. av alle mottakarane. Andelen kvinner er høgast i aldersgruppene 30–49 år og 50 år og over, hvv. 58 pst. og 60 pst. Blant dei under 30 år utgjer menn 53,5 pst. Fordelinga av uføretrygda etter alder og kjønn er så å seie uendra frå 2022.
Talet på mottakarar av uføretrygd i desember 2024. Etter alder og kjønn
|
Under 30 år |
30–49 år |
50 år og over |
Ikkje oppgitt |
Totalt |
|
|---|---|---|---|---|---|
|
Kvinner |
10 411 |
63 672 |
145 078 |
0 |
219 161 |
|
Menn |
11 962 |
45 238 |
96 673 |
2 |
153 875 |
|
Sum |
22 373 |
108 910 |
241 751 |
2 |
373 036 |
Som andel av befolkninga er det fleire kvinner enn menn som får uføretrygd. 12,6 pst. av kvinnene i aldersgruppa 18–66 år fekk uføretrygd ved utgangen 2024, mot 8,5 pst. av mennene i same aldersgruppa. Frå 2023 har andelen blant både menn og kvinner auka med 0,1 pst. Uføreandelen blant kvinner er høgare enn blant menn i alle aldersgrupper eldre enn 24 år. I aldersgruppene 18–19 år og 20–24 år er andelen menn høgare. Forskjellen mellom kjønna aukar med alderen og er særleg stor for gruppa 50 år og over.
Frå utgangen av desember 2023 til utgangen av desember 2024 har uføreandelen gått ned for dei over 50 år, med størst nedgang blant dei over 60 år. For alle som er yngre enn 50 år, har andelen auka. Nedgangen for dei eldre aldersgruppene, og spesielt dei over 60 år, har bidratt til at uføreandelen i alt har halde seg forholdsvis stabil over tid. Andelen unge uføresom andel av befolkninga i same aldersgruppe var 2,7 pst. per desember 2024, ein auke på0,1 pst. frå 2023.
Talet på nye mottakarar av uføretrygd i løpet av året og prosentvis endring frå året før. 2022–2024
|
År |
Nye mottakarar av uføretrygd |
Prosentvis endring frå året før |
||||
|---|---|---|---|---|---|---|
|
I alt |
Menn |
Kvinner |
I alt |
Menn |
Kvinner |
|
|
2022 |
28 671 |
12 111 |
16 560 |
2,0 |
2,6 |
1,5 |
|
2023 |
26 901 |
11 307 |
15 594 |
-6,2 |
-6,6 |
-5,8 |
|
2024 |
30 788 |
13 054 |
17 734 |
14,4 |
15,5 |
13,7 |
Tabellen ovanfor viser talet på nye mottakarar av uføretrygd i løpet av året og prosentvis endring frå tidlegare år. Det var ein auke i talet på nye mottakarar av uføretrygd blant begge kjønn frå 2023 til 2024. Blant kvinnene var det 2140 fleire nye mottakarar i 2024, mens det blant mennene var 1750 fleire nye mottakarar enn i 2023. Av dei nye uføretrygda i 2024 var 58 pst. kvinner.
Per desember 2024 var det 379 100 personar med eit vedtak om uføretrygd. Av desse var 18,5 pst. registrerte med eit arbeidsforhold. Det er 0,1 prosentpoeng lågare enn i desember 2023. Om lag 81 pst. av mottakarane av uføretrygd fekk 100 pst. uføretrygd. Av desse var 5,3 pst. registrerte med eit arbeidsforhold. Om lag 20 pst. av alle uføretrygda hadde vedtak om gradert uføretrygd. Av desse var 71,9 pst. registrerte med eit arbeidsforhold.
Den gjennomsnittlege utbetalingsgraden, det vil seie justert for reduksjon mot samtidig pensjonsgivande inntekt, var 93,2 pst. i desember 2024. Det er 0,2 prosentpoeng høgare enn på same tida i 2023.
Mottakarar av uføretrygd under 30 år
Ved utgangen av 2024 fekk om lag 22 370 personar under 30 år uføretrygd. Det er ein auke på om lag 560 personar i forhold til utgangen av 2023, da det var om lag 21 810 personar under 30 år som fekk uføretrygd.
Sidan 2014 har talet på uføretrygda under 30 år auka med om lag 10 570 personar. Det har vore ein betydeleg befolkningsvekst i aldersgruppa i perioden, men likevel har andelen uføre i aldersgruppa under 30 år nesten dobla seg frå om lag 1,5 pst. i 2014 til om lag 2,7 pst. i 2024. Endringar i regelverket for midlertidige helserelaterte ytingar har òg spelt inn på utviklinga. I perioden med tidsavgrensa uførestønad (2004–2010) fekk mange unge slik stønad når dei søkte om ei uføreyting. Innføringa av arbeidsavklaringspengar i 2010 har bidratt til at avklaringa til varig uføretrygd skjer raskare enn før.
Budsjettforslag 2026
Post 70 Uføretrygd, overslagsløyving
For 2026 er det lagt til grunn eit gjennomsnittleg antal mottakarar av uføretrygd på om lag 380 650 og ei gjennomsnittleg årleg utbetaling per mottakar på 369 460 kroner.
Utgiftsanslaget for 2026 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2025 og 2026. Som følge av dette aukar utgiftsanslaget på posten med 5 413 mill. kroner.
Som omtalt ovanfor, foreslår departementet frå 1. juli 2026 å innføre eit tak på reduksjonsprosenten når uføretrygd blir kombinert med arbeidsinntekt. Som følge av dette aukar budsjettforslaget med 3 mill. kroner. Verknaden i 2027 er anslått til 9 mill. kroner inkludert etteroppgjer for 2026, mens den ordinære heilårseffekten frå 2028 venteleg gir ei meirutgift på 6 mill. kroner.
Vidare er det foreslått at minste inntekt før uførleik blir auka for gifte og sambuande frå same dato. Det aukar budsjettforslaget for 2026 med 1 mill. kroner. For 2027 er verknaden berekna til 3 mill. kroner inkludert etteroppgjer for 2026, og den ordinære heilårseffekten frå 2028 gir venteleg ei meirutgift på 2 mill. kroner.
Forslaget om å harmonisere minstenivået for gifte og sambuande ved å oppheve det særskilde minstenivået for gifte og sambuande med omrekna uførepensjon frå 1. juli 2026, reduserer budsjettforslaget for 2026 med 35 mill. kroner. Heilårseffekten i 2027 er anslått til 64 mill. kroner. Over tid vil heilårseffekten falle noko som følge av at det blir færre med omrekna uførepensjon, og for 2028 er det anslått at han gir ei innsparing på 60 mill. kroner.
Sjå òg omtale av dei administrative kostnadene ved forslaga under kap. 605, post 01.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 140 609 mill. kroner.
Post 75 Meinerstatning ved yrkesskade, overslagsløyving
Posten dekker utgifter til meinerstatning ved yrkesskade etter folketrygdlova § 13-17. Meinerstatning ved yrkesskade skal gi kompensasjon for ulemper av ikkje-økonomisk art som følge av yrkesskade som er godkjend etter folketrygdlova. Meinerstatninga blir utmålt etter graden av medisinsk invaliditet.
Utgiftsanslaget for 2026 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2025 og 2026.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 94 mill. kroner.
Post 76 Yrkesskadetrygd gml. lovgiving, overslagsløyving
Posten dekker utgifter til uførepensjon for yrkesskadar som skjedde før 1971. Yrkesskadetrygda får stadig mindre betydning ettersom ho berre omfattar skadar som skjedde før 1971 og blei melde inn før 1. januar 1990. Utgiftene under posten fell derfor marginalt frå år til år.
Utgiftsanslaget for 2026 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2025 og 2026.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 27 mill. kroner.
Programkategori 29.60 Kompensasjon for meirutgifter ved nedsett funksjonsevne m.m.
Utgifter under programkategori 29.60 fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
2661 |
Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel m.m. |
14 462 877 |
14 992 705 |
16 822 115 |
12,2 |
|
Sum kategori 29.60 |
14 462 877 |
14 992 705 |
16 822 115 |
12,2 |
Utgifter under programkategori 29.60 fordelte på postgrupper
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Post-gr. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
50–89 |
Overføringar til andre |
14 462 877 |
14 992 705 |
16 822 115 |
12,2 |
|
Sum kategori 29.60 |
14 462 877 |
14 992 705 |
16 822 115 |
12,2 |
Kap. 2661 Grunn- og hjelpestønad, hjelpemiddel m.m.
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
70 |
Grunnstønad, overslagsløyving |
1 798 959 |
1 852 700 |
1 891 800 |
|
71 |
Hjelpestønad, overslagsløyving |
2 320 579 |
2 522 000 |
2 748 200 |
|
72 |
Stønad til servicehund, kan overførast |
6 658 |
10 280 |
10 650 |
|
73 |
Hjelpemiddel m.m. under arbeid og utdanning |
118 294 |
139 240 |
147 000 |
|
74 |
Tilskot til bilar |
1 007 513 |
809 700 |
1 299 700 |
|
75 |
Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel |
5 008 654 |
5 148 100 |
5 821 900 |
|
76 |
Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester |
431 843 |
490 760 |
555 000 |
|
77 |
Ortopediske hjelpemiddel |
2 604 646 |
2 874 800 |
3 058 200 |
|
78 |
Høyreapparat |
1 083 823 |
1 082 900 |
1 210 200 |
|
79 |
Aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år |
81 908 |
62 225 |
79 465 |
|
Sum kap. 2661 |
14 462 877 |
14 992 705 |
16 822 115 |
Hovudtrekk ved regelverket og foreslåtte endringar
Kapittelet omfattar grunnstønad og hjelpestønad etter folketrygdlova kapittel 6, og hjelpemiddel etter folketrygdlova kapittel 10.
Grunn- og hjelpestønad
Grunn- og hjelpestønad skal gi økonomisk kompensasjon til personar som på grunn av varig sjukdom, skade eller lyte har visse ekstrautgifter, eller som treng særskilt tilsyn og pleie.
Grunnstønad blir gitt til bestemte formål, inkludert drift av tekniske hjelpemiddel, transport (inkludert drift av bil), klesslitasje, hald av førarhund og servicehund og fordyra kosthald ved diett. Stønaden blir gitt etter seks satsar. Den lågaste satsen er 9 024 kroner, og den høgaste er 44 928 kroner i året per 1. januar 2025.
Hjelpestønad kan givast til personar som har særskilt behov for tilsyn og pleie på grunn av varig sjukdom, skade eller lyte. Stønaden blir berre gitt dersom det ligg føre eit privat pleieforhold. Ordinær hjelpestønad er 16 152 kroner i året per 1. januar 2025. Forhøgd hjelpestønad, som kan ytast til barn og unge under 18 år med særskilt behov for tilsyn og pleie, er to, fire eller seks gonger ordinær hjelpestønad. Den høgaste satsen er 96 912 kroner i året per 1. januar 2025.
Blir det gitt grunn- og hjelpestønad til barn, er det vanlegvis foreldra som disponerer stønaden som verje for barnet. Hjelpestønad er ei skattefri kontantyting som kan nyttast til å kjøpe hjelp.
Stortinget vedtar satsane for grunn- og hjelpestønad i eige romartalsvedtak. Departementet foreslår å vidareføre satsane nominelt frå 2025 til 2026. Dette er anslått å gi ei innsparing på 38,2 mill. koner på post 70 og 61,8 mill. kroner på post 71.
Hjelpemiddel
Hjelpemiddel frå folketrygda kompenserer for utgifter til betring av arbeidsevna og funksjonsevna i dagleglivet for personar som har varig sjukdom, skade eller lyte. Det blir gitt stønad til tiltak som er nødvendige og tenlege for at mottakarane skal bli i stand til å skaffe seg eller behalde arbeid, for å betre funksjonsevna deira i dagleglivet eller for at dei skal kunne pleiast i heimen.
Stønad kan givast i form av utlån av, tilskot til eller lån til hjelpemiddel, høyreapparat, grunnmønster til saum av klede, førarhund, lese- og sekretærhjelp for blinde og svaksynte, tolkehjelp for døve og personar med nedsett høyrsel, tolk- og følgeperson for døvblinde, motorkøyretøy eller anna transportmiddel, ortopediske hjelpemiddel, brystprotesar, ansiktsdefektprotesar, augeprotesar, parykkar, briller til barn m.m. Det kan òg givast stønad til å bygge om maskiner og til å legge til rette det fysiske miljøet på arbeidsplassen, og tilskot til opplæringstiltak.
Utgiftene til hjelpemiddel er fordelte på postane 72–79. Reglane om hjelpemidla som blir finansierte over post 72 og 79 er gitt i forskrifter som følger opp Stortingets årlege budsjettvedtak. Postane er rammefinansierte, og tildeling av hjelpemidla blir stansa dersom løyvinga er brukt opp.
Hovudreglane om utgiftene som er fordelte på postane 73–78 er gitt i folketrygdlova kapittel 10. Dersom vilkåra i § 10-5 (stønad til betring av funksjonsevna i arbeidslivet) eller § 10-6 (stønad til betring av funksjonsevna i dagleglivet) er oppfylt, kan det etter § 10-7 gis stønad i form av utlån av, tilskott til eller lån til hjelpemiddel (postane 73-78 blir omfatta av regelen). Det er gitt en rekke forskrifter i medhald av § 10–7. Dette gjeld bl.a. forskrifter om stønad til høyreapparat, til ortopediske hjelpemiddel, til motorkøyretøy mv. Forskriftene er en nødvendig presisering og utdjuping av loven.
Det finst svært mange ulike hjelpemiddel, og detaljerte regler om tildeling av hjelpemidla er gitt i forskift og rundskriv. Medlemmer av folketrygda har rett til desse hjelpemidla dersom vilkåra er oppfylt.
Fleire faktorar kan påverke utgiftene på postane. Størst uvisse er det knytt til kor mange som vil søke, og ha rett til, dei ulike hjelpemidla det enkelte året. Ved rett til nokon hjelpemiddel dekkes dei faktiske utgiftene til hjelpemiddelet. Uvisse knytt til utviklinga av prisane på desse hjelpemidla bidrar derfor også til uvisse om utgiftene til postane. Uvisse knytt til utgiftene på postane kan føre til at anslaga knytt til utgiftene enkelte år vil vere for lave, slik at rammene for ein eller fleire av postane blir overskride, noko som er forbode i bevilgningsreglementet § 5 andre ledd første punktum med mindre Stortinget har gitt samtykke til overskriding. Riksrevisjonen har karakterisert meirforbruket på enkelte poster i 2024 som vesentleg uheimla meirforbruk.
Regjeringa foreslår at Arbeids- og inkluderingsdepartementet kan overskride løyvinga under postane 73–78 dersom talet på mottakarar av hjelpemiddel blir høgare enn forutsett i budsjettet, sjå forslag til romartalsvedtak.
Stønad til enkelte hjelpemiddel blir gitt etter stønadssatsar. Dette gjeld bl.a. hjelpemiddel den enkelte kjøper sjølv, og kor det er ein viss valfridom knytt til kva slags produkt den enkelte kjøper. Også hjelpemiddel der det er nødvendig med ein viss eigenbetaling for å hindre overforbruk, blir dekt ved stønadssatsar. Departementet foreslår å vidareføre satsane nominelt frå 2025 til 2026. Dette blir anslått å gi ei innsparing på 0,3 mill. kroner på post 74; 8,1 mill. kroner på post 75; 11,8 mill. kroner på post 77; og 19,8 mill. kroner på post 78.
Styrking av ordninga med aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år
Fysisk aktivitet gir store helsegevinstar. Å ha moglegheit til å delta i slike aktivitetar kan vere viktig for både arbeidsevna og det sosiale livet for personar med nedsett funksjonsevne.
Ordninga med aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år er ei rammestyrt ordning som legg til rette for at personar med nedsett funksjonsevne, til liks med resten av befolkninga, kan drive fysisk aktivitet.
Sidan ordninga er rammestyrt, må Arbeids- og velferdsetaten slutte å tildele aktivitetshjelpemiddel når løyvinga er brukt opp, sjølv om fleire søkarar fyller vilkåra for tildeling. Dei siste åra har det vore langt fleire som har søkt om aktivitetshjelpemiddel, enn det er løyving til å innvilge aktivitetshjelpemiddel til.
Regjeringa ønsker å legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne har dei same moglegheitene som resten av befolkninga. For at fleire skal få tilgang til nødvendige aktivitetshjelpemiddel, foreslår regjeringa å auke løyvinga til aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år med 15 mill. kroner.
Rapport
Grunn- og hjelpestønad
Utgiftene til grunnstønad i 2024 var 1 799 mill. kroner, mot 1 663 mill. kroner i 2023. Utgiftene til hjelpestønad var 2 321 mill. kroner i 2024, mot 1 956 mill. kroner i 2023. I løpet av 2024 fekk i alt 8 592 nye personar innvilga grunnstønad, mens 8 820 nye personar fekk innvilga hjelpestønad.
Tabellane nedanfor viser talet på mottakarar av grunn- og hjelpestønad etter alder og sats per 31. desember 2024. Ved utgangen av 2024 fekk til saman 139 893 personar grunnstønad og 76 020 personar hjelpestønad. Talet på mottakarar i alt var 5,0 pst. høgare enn i 2023.
Utgiftsutvikling for grunn- og hjelpestønad i perioden 2022–2024 (mill. kroner)
|
2022 |
2023 |
2024 |
|
|---|---|---|---|
|
Grunnstønad |
1 567 |
1 663 |
1 799 |
|
Hjelpestønad |
1 739 |
1 956 |
2 321 |
Talet på grunnstønadsmottakarar etter alder og sats per 31. desember 2024
|
Alder |
I alt |
0–17 år |
18–66 år |
67 år og eldre |
|---|---|---|---|---|
|
I alt |
139 893 |
30 803 |
76 178 |
32 912 |
|
Sats 1 |
87 822 |
21 431 |
45 078 |
21 313 |
|
Sats 2 |
24 639 |
7 915 |
14 092 |
2 632 |
|
Sats 3 |
14 673 |
789 |
8 973 |
5 911 |
|
Sats 4 |
9 927 |
530 |
6 977 |
2 420 |
|
Sats 5 |
1 894 |
102 |
1 341 |
451 |
|
Sats 6 |
938 |
36 |
7170 |
185 |
62,8 pst. av grunnstønadsmottakarane fekk sats 1 ved utgangen av 2024. 22,0 pst. av mottakarane var under 18 år.
51,3 pst. av hjelpestønadsmottakarane fekk sats 1 ved utgangen av 2024. Det er barn og ungdom i alderen 0–17 år som får hjelpestønad etter sats 2–4.
Talet på hjelpestønadsmottakarar etter alder og sats per 31. desember 2024
|
Alder |
I alt |
0–17 år |
18–66 år |
67 år og eldre |
|---|---|---|---|---|
|
I alt |
76 020 |
41 567 |
27 968 |
6 485 |
|
Sats 1 |
38 984 |
4 841 |
27 671 |
6 472 |
|
Sats 2 |
26 134 |
26 006 |
115 |
13 |
|
Sats 3 |
9 319 |
9 254 |
65 |
- |
|
Sats 4 |
1 583 |
1 466 |
117 |
- |
Stønad til servicehund
Utgiftene på denne posten var 6,7 mill. kroner i 2024. Det blei utlevert 15 servicehundar i 2024.
Hjelpemiddel m.m. under arbeid og utdanning
Utgiftene på denne posten var 118,3 mill. kroner i 2024, mot 132,0 mill. kroner i 2023.
Dette er ein samansett post med fleire typar ytingar. Talet på søknader om fysisk tilrettelegging på arbeidsplassen auka med 22 pst. i 2024 i forhold til 2023, mens utgiftene gjekk ned med 31 pst. I hovudsak blir stønaden til dette formålet gitt i form av lån og tilskot.
Utgifter til tolkehjelp for personar med nedsett høyrsel i arbeid og i utdanning, utført av frilanstolkar, gjekk ned med 13,4 pst. frå 2023 til 2024.
Over tid har det blitt fleire fast tilsette teiknspråktolkar i Tolketjenesten. Satsinga på fast tilsette blei styrkt ytterlegare i 2024, og har medført redusert bruk av frilanstolkar. Generelt er det eit aukande behov for tolking, bl.a. fordi fleire unge med nedsett høyrsel tar høgare utdanning.
Utgiftsutviklinga for dei enkelte stønadene i perioden 2022–2024 (mill. kroner)
|
2022 |
2023 |
2024 |
|
|---|---|---|---|
|
I alt |
119,2 |
132,0 |
118,3 |
|
Lån og tilskot til tilrettelegging til arbeid |
11,4 |
15,6 |
10,8 |
|
Tolkehjelp til personar med nedsett høyrsel1 |
88,7 |
95,7 |
82,9 |
|
Tolkehjelp til døvblinde2 |
6,6 |
6,3 |
7,0 |
|
Lese- og sekretærhjelp |
12,5 |
14,5 |
17,7 |
1, 2 Utgiftene til tolkehjelp i tabellen gjeld berre utgifter til frilanstolkar. I tillegg kjem driftsutgifter til fast tilsette tolkar under kap. 605, post 01.
Tilskot til bilar
Det kan givast økonomisk tilskot til ordinære bilar (gruppe 1) til arbeid og utdanning eller rente- og avdragsfrie lån til spesialtilpassa bilar (gruppe 2).
Utgiftene til bilstønad var 1 008 mill. kroner i 2024, mot 926 mill. kroner i 2023. Endringa inneber ein auke på 8,8 pst. Talet på søknader om stønad til bil i gruppe 1 auka frå 2023 til 2024. Talet på søknader om stønad til bil i gruppe 2, og talet på innvilga søknader om stønad til bil i gruppe 2, gjekk noko ned frå 2023 til 2024, etter ein betydeleg auke året før.
Utgiftsutviklinga innanfordei enkelte stønadene på bilområdet, heile året i perioden 2022–2024 (mill. kroner)
|
2022 |
2023 |
2024 |
|
|---|---|---|---|
|
I alt |
714,4 |
926,4 |
1 007,5 |
|
Kjøp av bil gruppe 1 |
10,2 |
10,5 |
12,0 |
|
Kjøp av bil gruppe 2 |
456,2 |
551,5 |
652,3 |
|
Utstyr, ombygging, køyreopplæring |
249,5 |
367,0 |
346,3 |
|
Innbetaling gjeldsoppgjer, m.m. |
-1,6 |
-2,6 |
-3,2 |
Innbetalingane ved gjeldsoppgjer er i hovudsak flytta over til kap. 5701, post 88.
Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel
Utgiftene på denne posten var 5 009 mill. kroner i 2024. Det er ein auke på 14,5 pst. frå 2023, da utgiftene var 4 374 mill. kroner. Dei største hovudgruppene i 2024 var hjelpemiddel til hushald og bustad (1 139 mill. kroner), kommunikasjons- og datahjelpemiddel (1 070 mill. kroner) og elektrisk rullestol (1 014 mill. kroner).
I 2024 var det 175 117 brukarar som fekk eitt eller fleire utlån gjennom hjelpemiddelsentralane. Det er ein auke på 2,4 pst. frå 2023. Det var i tillegg 15 161 brukarar som fekk service på hjelpemiddel, og 15 563 brukarar som fekk råd, rettleiing m.m. Om lag 17 pst. av alle registrerte hjelpemiddelbrukarar er barn og unge under 18 år. Delen av brukarar i yrkesaktiv alder er om lag 24 pst., mens rundt 59 pst. av brukarane er personar over 67 år. Kommunane satsar i stor grad på heimebasert omsorg i eigne bustader framfor institusjonar, noko som bidrar til eit større behov for utlån av hjelpemiddel.
Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester
Dette er ein samansett post med fleire typar ytingar. Utgiftene på posten var 432 mill. kroner i 2024, noko som inneber ein auke på 9,5 pst. frå 2023. Det meste av utgiftene er knytte til tilpassingskurs og anna opplæring, reise og opphald i samanheng med utprøving av ulike hjelpemiddel, tolkehjelp til personar med nedsett høyrsel og døve, tolk- og følgeperson for døvblinde, og førarhundar. Dei samla utgiftene til tolkehjelp til personar med nedsett høyrsel og døvblinde, utført av frilanstolkar, i arbeid og i dagleglivet, gjekk ned frå om lag 197 mill. kroner i 2023, til om lag 195 mill. kroner i 2024.
Ortopediske hjelpemiddel
Utgiftene til ortopediske hjelpemiddel var 2 605 mill. kroner i 2024. Det er ein auke på 15,7 pst. frå 2023. Dei største produktgruppene det blei gitt støtte til i 2024, var ortosar og fotsenger (1 104 mill. kroner), fottøy (710 mill. kroner) og protesar (639 mill. kroner).
Høyreapparat og tinnitusmaskerarar
Dei samla utgiftene på posten var 1 084 mill. kroner i 2024. Det er ein auke på 20,3 pst. frå 2023.
Det kom inn 63 113 søknader om stønad til høyreapparat i 2024. Det var ein nedgang på 6,8 pst. frå 2023. Reparasjonar auka med 47 pst. frå 2023 til 2024.
Aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år
Det blei kjøpt inn hjelpemiddel i ordninga for 82 mill. kroner i 2024. Kjøp av tenester utgjorde 2,0 mill. kroner, og det blei innbetalt eigenandelar på om lag 4,5 mill. kroner. I første halvåret 2025 var dei rekneskapsførte utgiftene til aktivitetshjelpemiddel for personar over 26 år 46 mill. kroner. Det blei innbetalt eigenandelar på om lag 2,8 mill. kroner.
Budsjettforslag 2026
Post 70 Grunnstønad, overslagsløyving
Det er lagt til grunn eit gjennomsnittleg antal grunnstønadsmottakarar på 142 250 for 2025, og 146 520 for 2026. For 2026 er det foreslått å vidareføre satsane nominelt frå 2025. Desse satsane er foreslått frå 1. januar 2026:
-
Sats 1: 9 024 kroner
-
Sats 2: 13 752 kroner
-
Sats 3: 18 024 kroner
-
Sats 4: 26 544 kroner
-
Sats 5: 35 964 kroner
-
Sats 6: 44 928 kroner
For 2026 er det foreslått ei løyving på 1 891,8 mill. kroner.
Post 71 Hjelpestønad, overslagsløyving
Det er lagt til grunn eit gjennomsnittleg antal hjelpestønadsmottakarar på 78 865 for 2025 og 83 595 for 2026. For 2026 er det foreslått å vidareføre satsane nominelt frå 2025. Desse satsane er foreslått frå 1. januar 2026:
-
Sats 1: 16 152 kroner
-
Sats 2: 32 304 kroner
-
Sats 3: 64 608 kroner
-
Sats 4: 96 912 kroner
For 2026 er det foreslått ei løyving på 2 748,2 mill. kroner.
Post 72 Stønad til servicehund, kan overførast
Posten er rammestyrt. For 2026 er det lagt til grunn ein prisauke på 3,6 pst.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 10,7 mill. kroner.
Post 73 Hjelpemiddel m.m. under arbeid og utdanning
For 2025 er det lagt til grunn ein negativ volumvekst på 6 pst. og ein prisauke på 3,9 pst. For 2026 er det lagt til grunn ein negativ volumvekst på 4 pst. og ein prisauke på 3,6 pst.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 147 mill. kroner.
Post 74 Tilskot til bilar
For 2025 er det lagt til grunn ein volumvekst på 19 pst. og ein prisauke på 2,8 pst. For 2026 er det lagt til grunn ein volumvekst på 3,0 pst. Det er lagt til grunn at tilskot til bil i gruppe 1 blir vidareført nominelt frå 2025 til 2026. For stønad til bil gruppe 2 er det lagt til grunn ein prisauke på 2,6 pst.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 1 299,7 mill. kroner.
Post 75 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel
Det er lagt til grunn ein volumvekst på 6 pst. og ein prisauke på 2,8 pst. i 2025. For 2026 er det lagt til grunn ein volumvekst på 6 pst. Det er lagt til grunn at tilskotsatsane under denne posten blir vidareførte nominelt frå 2025 til 2026. For andre stønader er det lagt til grunn ein prisauke på 2,6 pst.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 5 821,9 mill. kroner.
Post 76 Betring av funksjonsevna, hjelpemiddel som tenester
Det er lagt til grunn ein volumvekst på 5 pst. og ein prisauke på 3,9 pst. i 2025. For 2026 er det lagt til grunn ein volumvekst på 5 pst. og ein prisauke på 3,6 pst.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 555 mill. kroner.
Post 77 Ortopediske hjelpemiddel
Det er lagt til grunn ein volumvekst på 6,5 pst. og ein prisauke på 2,8 pst. i 2025. For 2026 er det lagt til grunn ein volumvekst på 6 pst. Det er lagt til grunn at tilkskotsatsane under denne posten blir vidareførte nominelt frå 2025 til 2026. For andre stønader er det lagt til grunn ein prisauke på 2,6 pst.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 3 058,2 mill. kroner.
Post 78 Høyreapparat
Det er lagt til grunn ein volumvekst på 5 pst. og ein prisauke på 2,8 pst. i 2025. For 2026 er det lagt til grunn ein volumvekst på 5 pst. Det er lagt til grunn at prisgrensa for analoge høyreapparat utan propp, analoge høyreapparat med propp, digitale høyreapparat og tinnitusmaskerarar blir vidareført nominelt frå 2025 til 2026. For andre stønader er det lagt til grunn ein prisauke på 2,6 pst.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 1 210,2 mill. kroner.
Post 79 Aktivitetshjelpemiddel til personar over 26 år
Posten er rammestyrt. For 2026 er det lagt til grunn ein prisauke på 3,6 pst.
For at fleire personar som fyller vilkåra skal få tildelt aktivitetshjelpemiddel foreslår regjeringa å styrke ordninga med 15 mill. kroner.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 79,5 mill. kroner.
Programkategori 29.70 Alderdom
Utgifter under programkategori 29.70 fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
2670 |
Alderdom |
316 171 251 |
335 878 000 |
352 070 000 |
4,8 |
|
Sum kategori 29.70 |
316 171 251 |
335 878 000 |
352 070 000 |
4,8 |
Utgifter under programkategori 29.70 fordelte på postgrupper
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Post-gr. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
50–89 |
Overføringar til andre |
316 171 251 |
335 878 000 |
352 070 000 |
4,8 |
|
Sum kategori 29.70 |
316 171 251 |
335 878 000 |
352 070 000 |
4,8 |
Kap. 2670 Alderdom
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
70 |
Grunnpensjon, overslagsløyving |
93 571 942 |
95 980 000 |
96 840 000 |
|
71 |
Tilleggspensjon, overslagsløyving |
189 311 300 |
194 460 000 |
197 400 000 |
|
72 |
Inntektspensjon, overslagsløyving |
24 147 602 |
34 790 000 |
46 390 000 |
|
73 |
Særtillegg, pensjonstillegg m.m., overslagsløyving |
9 140 407 |
10 648 000 |
11 440 000 |
|
Sum kap. 2670 |
316 171 251 |
335 878 000 |
352 070 000 |
Allmenn omtale
Formålet med alderspensjon frå folketrygda er å sikre inntekt for personar i alderdommen og å legge til rette for ein fleksibel og gradvis overgang frå arbeid til pensjon. Folketrygda gir både ei minstesikring for dei som har hatt låg eller inga arbeidsinntekt, og ei standardsikring som er knytt til tidlegare arbeidsinntekt.
Alderspensjonen kan takast ut fleksibelt mellom 62 og 75 år, og det årlege pensjonsnivået blir høgare jo seinare ein vel å ta ut pensjonen – noko som gir gode insentiv til arbeid. Alderspensjonen blir levealdersjustert, og pensjonar under utbetaling blir regulert med gjennomsnittet av lønns- og prisveksten.
For personar fødde frå og med 1954 gir alle år med pensjonsgivande inntekt mellom 13 og 75 år pensjonsopptening. Personar som er fødde i 1954–1962, får ein forholdsmessig andel av alderspensjonen sin berekna etter dei nye reglane, mens personar som er fødde i 1963 og seinare, får heile pensjonen sin berekna etter dei nye reglane.
Hovudtrekk ved regelverket
Alderspensjon etter gammal oppteningsmodell gjeld fullt ut for dei som er fødde i 1953 og tidlegare. Alderspensjonen består av ulike komponentar. Grunnpensjonen blir fastsett uavhengig av tidlegare inntekt, mens tilleggspensjon i hovudsak blir berekna på bakgrunn av den pensjonsgivande inntekta kvar enkelt har hatt som yrkesaktiv. For å få rett til grunnpensjon må ein ha minst fem års trygdetid. Full grunnpensjon oppnår ein når ein etter fylte 16 år har 40 års trygdetid. Oppteningstida for full tilleggspensjon er òg 40 år.
Det blir gitt pensjonstillegg til personar med lav eller ingen tilleggspensjon. Formålet med pensjonstillegget er å sikre alle eit minstenivå på pensjonen, uavhengig av tidlegare opptening. Minste pensjonsnivå skal sikre eit akseptabelt inntektsnivå for personar utan eller med låg tidlegare inntekt. For å få rett til eit minste pensjonsnivå må ein ha minst fem års trygdetid. Fullt minste pensjonsnivå oppnår ein når ein etter fylte 16 år har 40 års trygdetid.
Alderspensjon etter ny oppteningsmodell er under innfasing og gjeld fullt ut for dei som er fødde i 1963 og seinare. Alderspensjonen består etter dei nye reglane av inntektspensjon, i hovudsak berekna ut frå tidlegare inntekt. Til personar som har opparbeidd liten eller ingen rett til inntektspensjon, blir det ytt ein garantipensjon.
I inntektspensjonen blir all pensjonsgivande inntekt ein har mellom 13 og 75 år rekna med i pensjonsoppteninga. For åra før 2010 er den nedre og øvre aldersgrensa for pensjonsgivande inntekt 17 og 69 år. For kvart år med pensjonsopptening blir det akkumulert ei pensjonsbehaldning. Den årlege pensjonsoppteninga svarer til 18,1 pst. av den pensjonsgivande inntekta. Inntekter opp til eit nivå tilsvarande 7,1 G (grunnbeløpet i folketrygda) blir rekna med. Den årlege pensjonen til ein person blir fastsett på bakgrunn av pensjonsbehaldninga på uttakstidspunktet. Pensjonsbehaldninga blir da gjord om til ein årleg pensjon ved at ho blir dividert med delingstalet til personen, som speglar forventa gjenstående levetid på uttakstidspunktet.
Personar med ingen eller låg opptening av inntektspensjon har rett til garantipensjon dersom den samla trygdetida er minst fem år i tidsrommet frå fylte 16 år til og med 66 år. Garantipensjon blir gitt med to satsar avhengig av sivilstand og inntektsforholdet til ektefelle eller sambuar. Full garantipensjon blir ytt til dei som har minst 40 års trygdetid. Dersom trygdetida er kortare, blir garantipensjonen tilsvarande lågare. Garantipensjonen blir avkorta med 80 pst. av inntektspensjonen, slik at dei som har opptent noko inntektspensjon, får utbetalt ein samla pensjon som er høgare enn minstegarantien.
Rapport
Utviklinga i utgifter til alderspensjon
Frå 1. januar 2011 blei det mogleg å ta ut alderspensjon fleksibelt mellom 62 og 75 år. Det gjennomsnittlege talet på mottakarar av alderspensjon under 67 år utgjorde 24 700 i 2011. Talet auka kvart år fram til 2018, men med avtakande vekst. I 2024 var det i gjennomsnitt 81 500 mottakarar av alderspensjon under 67 år, ein nedgang frå året før på 2 100.
Auken i talet på mottakarar av alderspensjon under 67 år har bidratt til ein stor auke i utgiftene folketrygda har til alderspensjon. Dei nøytrale uttaksreglane gjer likevel at veksten i utgiftene seinare blir lågare, og utgiftene på lang sikt er i mindre grad påverka av kor mange som tar ut alderspensjon tidleg.
Utviklinga i utgifter til alderspensjon
|
År |
Nominelle kroner (mill. kroner) |
Endring (mill. kroner) |
Endring (pst.) |
2024 kroner1 (mill. kroner) |
Endring (mill. kroner) |
Endring (pst.) |
|---|---|---|---|---|---|---|
|
2022 |
272 358 |
15 452 |
6,0 |
303 223 |
3 361 |
1,1 |
|
2023 |
296 881 |
24 523 |
9,0 |
312 170 |
8 947 |
3,0 |
|
2024 |
316 171 |
19 290 |
6,5 |
316 171 |
4 002 |
1,3 |
1 Utgifter i 2024-kroner er deflaterte med gjennomsnittleg grunnbeløp 2024 = 122 225 kroner.
Frå 2023 til 2024 auka utgiftene til alderspensjon med 6,5 pst. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet (G) auka med 5,1 pst., og rekna i fast grunnbeløp var veksten 1,3 pst. Veksten i utgiftene målt i fast grunnbeløp kjem av at det blei fleire pensjonsmottakarar som er 67 år og eldre. Utgiftene til alderspensjonistar under 67 år gjekk ned med 4,8 pst. i 2024, målt i realverdi (fast grunnbeløp), mens utgiftene til alderspensjonistar som er 67 år eller eldre, auka med 1,7 pst.
Utviklinga i talet på mottakarar av alderspensjon og minstepensjonistar
Talet på mottakarar av alderspensjon har auka dei siste åra. Frå 2022 til 2024 var auken på 42 300, tilsvarande 4,2 pst. Ved utgangen av 2024 fekk 1 060 500 personar alderspensjon frå folketrygda.
Minstepensjonistar utgjorde 11,4 pst. av alle pensjonsmottakarane ved utgangen av 2024. Andelen gjekk ned med 1,4 prosentpoeng frå 2023.
Antal mottakarar av alderspensjon og minstepensjonistar og andel minstepensjonistar. Per 31. desember
|
År |
Mottakarar av alderspensjon i alt |
Minstepensjonistar |
Andel minstepensjonistar1 |
||
|---|---|---|---|---|---|
|
I alt |
Menn |
Kvinner |
|||
|
2022 |
1 018 200 |
134 500 |
13,2 |
4,2 |
22,8 |
|
2023 |
1 039 500 |
133 300 |
12,8 |
4,3 |
21,0 |
|
2024 |
1 060 500 |
121 200 |
11,4 |
3,9 |
18,6 |
1 Andelen mannlege og kvinnelege minstepensjonistar er andelane av hvv. alle mannlege og alle kvinnelege mottakarar av alderspensjon.
Det er framleis ein langt høgare andel kvinner enn menn med minstepensjon. Det kjem av at kvinnene gjennomgåande har hatt ei svakare tilknyting til arbeidslivet og lågare inntekt enn mennene. Blant kvinnene som no tar ut alderspensjon, er det stadig fleire som har vore yrkesaktive. Andelen minstepensjonistar blant kvinner er derfor forventa å falle vidare i åra framover.
Utvikling i gjennomsnittleg pensjon1 og minstepensjon, 2024-kroner2
|
År |
Alderspensjon |
Minstepensjon |
||||
|---|---|---|---|---|---|---|
|
I alt |
Menn |
Kvinner |
I alt |
Menn |
Kvinner |
|
|
2022 |
292 900 |
321 100 |
266 000 |
195 200 |
159 300 |
201 800 |
|
2023 |
296 800 |
323 400 |
271 300 |
200 700 |
166 600 |
207 400 |
|
2024 |
296 700 |
325 600 |
269 000 |
202 800 |
169 100 |
209 600 |
1 Tala for gjennomsnittleg pensjon inkluderer ikkje etterbetalingar.
2 Beløpa er rekna om til 2024-kroner med utviklinga i konsumprisindeksen.
Gjennomsnittleg alderspensjon auka med 1,3 pst. i realverdi frå 2022 til 2024. Det var ein auke på 1,4 pst. for menn og ein auke på 1,1 pst. for kvinner. Gjennomsnittleg minstepensjon auka med 3,9 pst. i realverdi frå 2022 til 2024. Auken heng saman med ein ekstraordinær auke i minste pensjonsnivå for einslege, med verknad frå 1. januar 2023.
Nye mottakarar av alderspensjon 62–66 år i 2024
Ein kan velje å ta ut full alderspensjon eller gradert pensjon med hvv. 20, 40, 50, 60 eller 80 pst. uttaksgrad. Tabellen nedanfor viser at den gjennomsnittlege uttaksgraden blant dei som tok ut alderspensjon før 67 år i 2024, var 78,7 pst., og at han var høgare blant menn enn blant kvinner. Den gjennomsnittlege alderspensjonen for nye mottakarar av alderspensjon i alderen 62–66 år er 206 400 kroner. Om vi korrigerer for uttaksgrad og bereknar gjennomsnittleg alderspensjon dersom alle tok ut full alderspensjon, ville denne vore på 260 700 kroner. Gjennomsnittleg pensjon er høgare for menn enn for kvinner som følge av at mennene har høgare opptening.
Nye mottakarar av alderspensjon 62–66 år i 2024. Gjennomsnittleg uttaksgrad, gjennomsnittleg alderspensjon og gjennomsnittleg alderspensjon korrigert for uttaksgrad
|
Antal |
Gjennomsnittleg uttaksgrad |
Gjennomsnittleg pensjon |
Gjennomsnittleg pensjon korrigert for uttaksgrad |
|
|---|---|---|---|---|
|
Kvinner |
9 388 |
76,7 |
190 800 |
246 800 |
|
Menn |
17 209 |
79,8 |
214 900 |
268 300 |
|
Totalt |
26 597 |
78,7 |
206 400 |
260 700 |
Budsjettforslag 2026
Regulering av grunnbeløpet i folketrygda
Utgiftsanslaget for 2026 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2025 og 2026. Vi viser til omtale under kvar enkelt post. Reguleringsreglane for løpande pensjon er lagde om frå 2022. Løpande pensjonar har frå 1. mai 2022 blitt regulerte med gjennomsnittet av lønns- og prisveksten.
Post 70 Grunnpensjon, overslagsløyving
Det er lagt til grunn at det i gjennomsnitt vil vere 1 076 300 personar med grunnpensjon, og at gjennomsnittleg grunnpensjon vil utgjere 90 000 kroner.
Utgiftsanslaget for 2026 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2025 og 2026. Som følge av dette aukar anslaget på post 70 med 2 970 mill. kroner.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 96 840 mill. kroner.
Post 71 Tilleggspensjon, overslagsløyving
Det er lagt til grunn at det i gjennomsnitt vil vere 1 057 500 personar med tilleggspensjon, og at gjennomsnittleg tilleggspensjon vil utgjere 186 700 kroner.
Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2025 og 2026. Som følge av dette aukar anslaget på post 71 med 6 050 mill. kroner.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 197 400 mill. kroner.
Post 72 Inntektspensjon, overslagsløyving
Det er lagt til grunn at det i gjennomsnitt vil vere 404 500 personar med inntektspensjon, og at gjennomsnittleg inntektspensjon vil utgjere 114 700 kroner.
Utgiftsanslaget for 2025 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2025 og 2026. Som følge av dette aukar anslaget på post 72 med 1 420 mill. kroner.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 46 390 mill. kroner.
Post 73 Særtillegg, pensjonstillegg m.m., overslagsløyving
Posten dekker fleire tillegg til alderspensjon: særtillegg, pensjonstillegg, minstenivåtillegg, garantipensjon og skjermingstillegg. Om lag 51 pst. av løyvinga for 2026 gjeld særtillegg og pensjonstillegg. Det er lagt til grunn at det i gjennomsnitt vil vere 138 900 personar med særtillegg eller pensjonstillegg i 2026, og at gjennomsnittleg særtillegg eller pensjonstillegg vil utgjere 42 200 kroner.
Utgiftsanslaget for 2026 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2025 og 2026. Som følge av dette aukar anslaget på post 73 med 350 mill. kroner.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 11 440 mill. kroner.
Programkategori 29.80 Forsørgartap m.m.
Utgifter under programkategori 29.80 fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
2680 |
Etterlatne |
3 337 902 |
3 392 700 |
3 581 200 |
5,6 |
|
2686 |
Stønad ved gravferd |
423 152 |
325 000 |
370 000 |
13,8 |
|
Sum kategori 29.80 |
3 761 054 |
3 717 700 |
3 951 200 |
6,3 |
Utgifter under programkategori 29.80 fordelte på postgrupper
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Post-gr. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
50–89 |
Overføringar til andre |
3 761 054 |
3 717 700 |
3 951 200 |
6,3 |
|
Sum kategori 29.80 |
3 761 054 |
3 717 700 |
3 951 200 |
6,3 |
Programkategori 29.80 omfattar kapitla 2680 Etterlatne og 2686 Stønad ved gravferd.
Kap. 2680 Etterlatne omfattar i hovudsak pensjon og omstillingsstønad til gjenlevande ektefellar, tidlegare familiepleiarar og barn som har mista den eine eller begge foreldra. Gjenlevande ektefellar som er uføre, er behandla under kap. 2655 Uførleik, og attlevande over 67 år er behandla under kap. 2670 Alderdom.
Kap. 2680 Etterlatne
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
70 |
Omstillingsstønad m.m., overslagsløyving |
1 686 259 |
1 700 000 |
1 750 000 |
|
71 |
Barnepensjon, overslagsløyving |
1 649 916 |
1 690 000 |
1 830 000 |
|
74 |
Tilleggsstønader og stønad til skolepengar, overslagsløyving |
94 |
200 |
100 |
|
75 |
Stønad til barnetilsyn til attlevande i arbeid, overslagsløyving |
1 633 |
2 500 |
1 100 |
|
Sum kap. 2680 |
3 337 902 |
3 392 700 |
3 581 200 |
Hovudtrekk ved regelverket
Formålet med ytingar til etterlatne er i en overgangsperiode å sikre inntekt til gjenlevande ektefelle og tidlegare familiepleiarar, og gi dei hjelp til sjølvhjelp, og sikre inntekt, til gjenlevande barn som har mista den eine eller begge foreldra.
Etter forslag frå Regjeringa Solberg i Prop. 13 L (2020–2021) har Stortinget vedtatt nye etterlatneytingar i folketrygda, jf. lovvedtak 39 (2020–2021) og Innst. 128 L (2020–2021). Lovforslaga bygde på tilrådingar frå eit offentleg utval som har greidd ut etterlatneytingane i folketrygda, jf. NOU 2017: 3 Folketrygdens ytelser til etterlatte – forslag til reform. Regelverket ble endra frå 2024.
Gjenlevande ektefelle
Ytingar til gjenlevande ektefelle under 67 år blir gitt etter føresegner i folketrygdlova kapittel 17. Som gjenlevande ektefelle reknar ein óg registrerte partnarar og sambuarar som har vore gifte med kvarandre, eller som har eller har hatt felles barn. På nærmare bestemte vilkår kan det óg givast yting til ein skild gjenlevande ektefelle. Det blir gitt ein omstillingsstønad der full årleg yting utgjer 2,25 gonger grunnbeløpet. Denne stønaden blir redusert med 45 pst. av arbeidsinntekt som årleg overstig halvparten av grunnbeløpet. Stønaden skal óg reduserast forholdsmessig dersom trygdetida er under 40 år. Omstillingsstønaden kan givast i inntil tre år etter dødsfallet, med moglegheit for å forlenge stønadsperioden med to år dersom mottakaren er under nødvendig og tenleg utdanning eller har behov for tiltak for å komme i arbeid. Det vil som utgangspunkt gjelde eit krav om å vere i arbeid eller arbeidsretta aktivitet under stønadsperioden.
Omstillingsstønaden kan i nokon tilfelle mottakas fram til 67 år. Nokre av dei som har rett til ytingar etter dei gamle reglane kan óg i visse tilfelle få desse fram til 67 år. Dei som har rett til ytingar etter dei gamle reglane, kan få desse fram til inntil fem år etter reforma trer i kraft. Dersom dei framleis har rett til ytingar, det vil si utover dei fem åra, vil dei få ytingane berekna etter dei nye reglane.
Etterlatnereforma inneber óg at ordninga med å innvilge gjenlevandetillegg og gjenlevandefordelar til uføretrygd og alderspensjon frå folketrygda blir fasa ut. For alderspensjon skjer denne utfasinga ved at det blir gitt gjenlevanderettar opptente etter folketrygdlova kapittel 19, men at fordelen blir fryst nominelt og ikkje regulert årleg. For alderspensjon opptent etter kapittel 20 blir det ikkje gitt tillegg til etterlatne. Gjenlevandetillegg til uføretrygda blir fasa ut ved at det ikkje blir gitt tillegg til nye uføre gjenlevande etter at reforma er iverksett. Gjenlevandetillegg til uføretrygd innvilga før ikraftsettingstidspunktet blir vidareført, men ikkje regulert årleg.
Barnepensjon
Barnepensjon blir gitt til barn som har mista den eine av eller begge foreldra.
Barnepensjon gis etter faste satsar. Årleg pensjon utgjer eitt grunnbeløp dersom barnet har mista éin forelder, og 2,25 grunnbeløp dersom barnet har mista begge foreldra. Pensjonen skal reduserast forholdsmessig dersom den avdøde hadde mindre enn 40 års trygdetid. Barnepensjonen skal kunne givast inntil barnet fyller 20 år. Barnepensjonar som var under utbetaling da dei nye reglane tok til å gjelde, blir gitt etter nye satsar dersom det gir ei høgare yting.
Rapport
Utgiftsutviklinga
Nytt regelverk frå 2024 verkar inn på utbetalingane, i første rekke i form av ei auke i utbetalingane av barnepensjon. Tidsavgrensinga av ytinga til vaksne etterlatne vil over tid redusere utbetalingane.
I nominelle beløp har utgiftene under kap. 2680 hatt ein samla auke på 62 pst. i perioden 2022–2024. I fast grunnbeløp har det vore ein auke i utgiftene på 45 pst. i løpet av den same perioden. Årsaka til den sterke veksten er ein kraftig auke i nivået på barnepensjonane og den utvida aldersgrensa for å kunne få barnepensjon som tok til gjelde frå 2024.
Talet på gjenlevande ektefellar med pensjon har gått ned dei siste åra, og isolert sett bidrege til å redusere utgiftene. Dødelegheita i aldersgruppene under 67 år er redusert, særleg blant menn, og det har dermed blitt færre gjenlevande ektefellar. Den aukande yrkesaktiviteten blant kvinner påverkar óg utviklinga i talet på gjenlevande ektefellar som får utbetalt gjenlevandepensjon, da pensjonen blir avkorta mot inntekt og dermed fell heilt bort over visse inntektsnivå.
Gjenlevande ektefellar med pensjon per 31.12. og endring frå føregåande år. 2022–2024
|
År |
Med grunnpensjon |
Med særtillegg |
Med tilleggspensjon |
|||
|---|---|---|---|---|---|---|
|
Tal på personar |
Endring frå året før |
Tal på personar |
Endring frå året før |
Tal på personar |
Endring frå året før |
|
|
2022 |
13 586 |
-90 |
4 182 |
-14 |
13 279 |
-94 |
|
2023 |
13 442 |
-144 |
4 212 |
30 |
13 151 |
-128 |
|
2024 |
12 098 |
-1 344 |
3 855 |
-357 |
11 838 |
-1 313 |
Andelen gjenlevande ektefellar med frådrag i ytinga som følge av faktisk eller antatt inntekt har vore relativt stabil dei siste åra. I 2024 hadde 85 pst. av alle gjenlevande ektefellar med pensjon/stønad reduksjon i ytinga som følge av faktisk eller antatt inntekt.
Ordninga med gjenlevandpensjon til gjenleveande mellom 18 og 67 år har vore under utfasing sidan 2024. Ordninga blir erstatta av ein tidsavgrensa omstillingsstønad, som har vore under innfasing frå 2024. Ved utgangen av 2024 var det 1 266 mottakarar av omstillingstønad.
Dei aller fleste gjenlevande ektefellar med pensjon eller omstillingstønad er kvinner. Ved utgangen av 2024 var andelen kvinner 89 pst. Rundt 46 pst. av enkene og 18 pst. av enkemennene under 67 år fekk gjenlevandepensjon eller overgangsstønad ved utgangen av 2024.
Tal på personar med avgang frå gjenlevandepensjon og tilstand etter avgang, 2024
|
Kjønn |
Totalt tal |
Alders-pensjon/AFP |
Uføretrygd |
I arbeid1 |
Anna |
|---|---|---|---|---|---|
|
Totalt |
1 704 |
864 |
213 |
351 |
276 |
|
Kvinner |
1 475 |
778 |
175 |
279 |
243 |
|
Menn |
229 |
86 |
38 |
72 |
33 |
1 Registrert som arbeidstakar.
51 pst. av gjenlevande ektefellar med avgang frå gjenlevandepensjon har overgang til alderspensjon/AFP, mens 13 pst. har blitt uføretrygda. Vidare har 16 pst. mista pensjonen på grunn av ekteskapsinngåing, dødsfall eller andre forhold.46
Dei gjenverande 21 pst. er i arbeid. Dette er i stor grad personar som óg har vore i arbeid samtidig som dei har mottatt gjenlevandepensjon, og som no har fått høgare inntekt slik at heile pensjonen blir avkorta. Dei som sluttar å få gjenlevandepensjon, har i gjennomsnitt mottatt pensjon i overkant av ni år.
Barnepensjonistar per 31. desember. 2022–2024
|
2022 |
2023 |
2024 |
Endring 2022–2024 i pst. |
|
|---|---|---|---|---|
|
Tal i alt |
11 016 |
10 862 |
14 067 |
27,7 |
|
Begge foreldre døde |
145 |
145 |
168 |
15,9 |
Talet på mottakarar av barnepensjon har auka med nærare 30 pst. frå 2022 til 2024. Årsaka til den kraftige auken er omlegginga av regelverket frå 2024, som innebar at aldersgrensa for å kunne motta barnepensjon blei heva til 20 år.
Talet på barnepensjonistar utgjer 1,1 pst. av alle unge mellom 0 og 20 år.
Budsjettforslag 2026
Post 70 Omstillingsstønad m.m., overslagsløyving
Posten omfattar omstillingsstønad og dessutan gjenlevandepensjon til ektefellar og tidlegare familiepleiarar etter overgangsreglar.
Det er lagt til grunn eit gjennomsnittleg tal på mottakarar på om lag 13 500 med ei gjennomsnittleg yting på om lag 129 400 kroner.
Utgiftsanslaget for 2026 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2025 og 2026. Som følge av dette aukar anslaget med 67 mill. kroner på post 70.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 1 750 mill. kroner.
Post 71 Barnepensjon, overslagsløyving
Det er lagt til grunn eit gjennomsnittleg tal på mottakarar på om lag 14 300, med ei gjennomsnittleg yting på om lag 127 700 kroner.
Utgiftsanslaget for 2026 inkluderer anslått effekt av trygdeoppgjeret i 2025 og 2026. Som følge av dette aukar anslaget med 70 mill. kroner på post 71.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 1 830 mill. kroner.
Post 74 Tilleggsstønader og stønad til skolepengar, overslagsløyving
Posten omfattar stønad til skolepengar og alle tilleggsstønadene, irekna stønad til barnetilsyn til gjenlevande ektefellar og tidlegare familiepleiarar i utdanning og arbeidssøking, etter dei same føresegnene som for einsleg mor eller far, jf. kap. 2620.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 0,1 mill. kroner.
Post 75 Stønad til barnetilsyn til attlevande i arbeid, overslagsløyving
Stønad til barnetilsyn blir gitt til gjenlevande ektefellar i arbeid etter dei same føresegnene som for einsleg far eller mor, jf. kap. 2620.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 1,1 mill. kroner.
Kap. 2686 Stønad ved gravferd
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
70 |
Stønad ved gravferd, overslagsløyving |
423 152 |
325 000 |
370 000 |
|
Sum kap. 2686 |
423 152 |
325 000 |
370 000 |
Hovudtrekk ved regelverket
Formålet med stønad ved gravferd etter folketrygdlova kap. 7 er å kompensere for utgifter til gravferd. Når ein medlem i folketrygda døyr, kan det givast gravferdsstønad og stønad til båretransport. Det blir òg ytt stønad til ektefellen til ein medlem og medlemmen sine barn under 18 år som ikkje sjølve er medlemmer i folketrygda, dersom desse oppheld seg i Noreg og blei forsørgde av medlemmen.
Gravferdsstønaden blir fastsett av Stortinget og utgjer frå 1. januar 2025 maksimalt 29 853 kroner. Stønaden er, med unntak for barn under 18 år, behovsprøvd.
Stønad til båretransport blir ytt for å dekke nødvendige utgifter til transport av båre dersom båra med den avdøde må transporterast lenger enn 20 km frå dødsstaden til nærmaste naturlege gravplass ved bustaden. Det blir gjort frådrag for ein eigenandel på 10 pst. av gravferdsstønaden.
Ved dødsfall under opphald utanfor landet kan det i visse tilfelle ytast stønad etter særskilde reglar.
Rapport
Utgiftene til stønad ved gravferd i 2024 var på 423,2 mill. kroner. Av dette blei det utbetalt 327,2 mill. kroner til båretransport, 83,5 mill. kroner til behovsprøvd gravferdsstønad og 12,5 mill. kroner til gravferdsstønad ved dødfødt barn.
Behovsprøvd gravferdsstønad 2022–2024
|
År |
Utgifter, mill. kroner |
Tal på mottakarar |
Mottakarar i pst. av talet på døde |
Gjennomsnittleg beløp, kroner |
Maksimal sats, kroner |
|---|---|---|---|---|---|
|
2022 |
64,1 |
3 037 |
6,6 |
21 094 |
26 011 |
|
2023 |
61,7 |
2 858 |
6,5 |
21 577 |
27 195 |
|
2024 |
83,5 |
3 697 |
8,4 |
22 587 |
28 677 |
I 2024 fekk 3 697 personar behovsprøvd gravferdsstønad, mot 2 858 i 2023. Andelen dødsfall der det blei gitt behovsprøvd gravferdsstønad, var 8,4 pst. I tillegg blei det i 2024 utbetalt stønad til båretransport for 24 144 personar og i 646 saker med gravferdsstønad for dødfødde barn.
Budsjettforslag 2026
Post 70 Stønad ved gravferd, overslagsløyving
Regjeringa foreslår å auke satsen for den behovsprøvde gravferdsstønaden frå maksimalt 29 853 kroner til maksimalt 30 898 kroner frå 1. januar 2026.
Det er lagt til grunn at det i gjennomsnitt vil vere 3 502 personar som får gravferdsstønad, og at det gjennomsnittlege beløpet per mottakar vil vere 23 836 kroner. For stønad til båretransport er det anslått at talet på mottakarar blir 19 469, med eit gjennomsnittleg stønadsbeløp per mottakar på 14 614 kroner.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 370 mill. kroner.
Programkategori 29.90 Diverse inntekter
Inntekter under programkategori 29.90 fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
5701 |
Diverse inntekter |
2 394 887 |
2 397 569 |
2 335 635 |
-2,6 |
|
Sum kategori 29.90 |
2 394 887 |
2 397 569 |
2 335 635 |
-2,6 |
Inntekter under programkategori 29.90 fordelte på postgrupper
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Post-gr. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
50–89 |
Overføringar frå andre |
2 394 887 |
2 397 569 |
2 335 635 |
-2,6 |
|
Sum kategori 29.90 |
2 394 887 |
2 397 569 |
2 335 635 |
-2,6 |
Kap. 5701 Diverse inntekter
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
71 |
Refusjon ved yrkesskade |
865 904 |
768 500 |
798 940 |
|
80 |
Renter |
1 866 |
1 000 |
22 000 |
|
86 |
Innkrevjing av feilutbetalingar |
1 407 505 |
1 492 000 |
1 396 000 |
|
87 |
Diverse inntekter |
22 989 |
26 069 |
5 695 |
|
88 |
Hjelpemiddelsentralar m.m. |
96 623 |
110 000 |
113 000 |
|
Sum kap. 5701 |
2 394 887 |
2 397 569 |
2 335 635 |
Budsjettforslag 2026
Post 71 Refusjon ved yrkesskade
Bakgrunn
Ein vesentleg del av utgiftene til folketrygda ved yrkesskade blir finansiert av arbeidsgivarar gjennom ei refusjonsordning knytt til den obligatoriske yrkesskadeforsikringa etter yrkesskadeforsikringslova. Ordninga er forankra i forskrift om trygderefusjon ved yrkesskade gitt i medhald av folketrygdlova § 23-8.
Refusjonsordninga bygger på ein forenkla modell der kapitaliserte uføreytingar blir medrekna fullt ut i berekningsgrunnlaget, mens andre trygdeytingar ikkje blir tatt med. Ordninga speglar forholdet mellom utgiftene til folketrygda og erstatningsutbetalingane, men tar ikkje sikte på å dekke dei faktiske trygdeutgiftene i dei enkelte yrkesskadetilfella. Forsikringsgivarane betaler 120 pst. av dei faktiske erstatningsutbetalingane under yrkesskadeforsikringslova. Refusjonssatsen har vore uendra sidan 1991, da ordninga blei innført. Refusjonssatsen blir behalden uendra på 120 pst. av erstatningsutbetalingane i 2026 òg. Av praktiske grunnar følger oppgjersåret kalenderåret, men forsikringsselskapa kan først ha oppgjeret ferdig berekna og utbetalt 1. mars i det etterfølgande året. Frå 1. januar fram til forfall 1. mars blir selskapa belasta renter i samsvar med dagslånsrenta i Noregs Bank.
Som varsla i Prop. 134 L (2024–2025) har departementet 5. september 2025 sendt på høyring forslag til endringar i arbeidsulykkeomgrepet. Dagens omgrep inneber at enkelte skadde kan oppleve at dei ikkje får skaden godkjent som yrkesskade fordi dei har eit risikofylt arbeid. Ei endring av omgrepet kan vere viktig for denne gruppa. Regjeringas forslag til endringar gir eit meir rettferdig regelverk for arbeidstakarane og er ein del av regjeringas reform for modernisering av yrkesskaderegelverket. Den 2. juni 2025 fatta Stortinget fire oppmodningsvedtak (nr. 812, 816, 817 og 818) som gjeld ulykkesomgrepet, og som er følgde opp i høyringsnotatet. Sjå òg omtale i del I, kap. 4 Oppmodingsvedtak.
Nærmare om utgiftene til folketrygda og refusjonsinntekter ved yrkesskade
Dei faktiske utgiftene til folketrygda ved yrkesskade er langt større enn beløpet som blir refundert. Det kjem av at mange stønadsartar, i hovudsak korttidsytingar som sjukepengar og utgifter til helsetenester, er haldne utanfor refusjonsordninga. Enkelte persongrupper som høyrer inn under ansvaret til det offentlege, f.eks skoleelevar, er og haldne utanfor refusjonsordninga.
Tabellen nedanfor viser dei faktiske refusjonsinnbetalingane som folketrygda har fått frå forsikringsselskapa frå og med 2022 til og med august 2025.
Refusjonsinnbetalingar frå forsikringsselskapa (mill. kroner, nominelle beløp)
|
År |
2022 |
2023 |
2024 |
2025 |
|---|---|---|---|---|
|
Inntekt |
745,1 |
744,4 |
865,9 |
840,1 |
Inntektene på posten er vanskelege å føreseie. I budsjettforslaget er det lagt til grunn eit gjennomsnitt av inntektene for 2022–2024 og dei forventa inntektene for 2025.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 798,9 mill. kroner.
Post 80 Renter
Posten består i hovudsak av morarenter på yrkesskadeforsikringskrav og andre krav der det blir ilagt forseinkingsrente. Renteinntekter ved tilbakekrevjing av feilutbetalingar blir inntektsførte på posten frå og med 2026. Posten aukar med 21 mill. kroner som følge av dette.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 22 mill. kroner.
Post 86 Innkrevjing av feilutbetalingar
På posten blir det bl.a. inntektsført tilbakebetaling av for mykje utbetalt til stønadsmottakarar, inkludert etteroppgjer av uføretrygd og AFP. I tillegg rekneskapsfører Helfo refusjon for feilutbetalte ytingar og renter på slike feilutbetalingar på denne posten.
Samanlikna med saldert budsjett for 2025 går inntektene ned for 2026. Hovudårsakene er reduserte inntekter i forbindelse med den koronarelaterte ekstrainnsatsen og Helfo sitt arbeid med innkrevjing av feilutbetalingar. Posten blir samla foreslått redusert med 96 mill. kroner.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 1 396 mill. kroner.
Post 87 Diverse inntekter
Posten består i hovudsak av inntekter frå tolketenester på stønadsområdet, gebyr og tvangsmulkt. Renteinntekter ved tilbakekrevjing av feilutbetalingar blir inntektsførte på post 80 frå og med 2026. Posten blir foreslått redusert med 21 mill. kroner som følge av dette.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 5,7 mill. kroner.
Post 88 Hjelpemiddelsentralar m.m.
Posten omfattar i hovudsak inntekter frå sal av bilar og gjeldsoppgjer for bilar.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 113 mill. kroner.
Programkategori 33.30 Arbeidsliv
Utgifter under programkategori 33.30 fordelte på kapittel
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Kap. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
2541 |
Dagpengar |
13 300 249 |
14 315 000 |
16 867 000 |
17,8 |
|
2542 |
Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.m. |
1 036 381 |
980 000 |
1 100 000 |
12,2 |
|
Sum kategori 33.30 |
14 336 630 |
15 295 000 |
17 967 000 |
17,5 |
Utgifter under programkategori 33.30 fordelte på postgrupper
|
(i 1 000 kr) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|
|
Post- gr. |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
Endring i pst. |
|
50–89 |
Overføringar til andre |
14 336 630 |
15 295 000 |
17 967 000 |
17,5 |
|
Sum kategori 33.30 |
14 336 630 |
15 295 000 |
17 967 000 |
17,5 |
Kap. 2541 Dagpengar
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
70 |
Dagpengar, overslagsløyving |
13 300 249 |
14 315 000 |
16 867 000 |
|
Sum kap. 2541 |
13 300 249 |
14 315 000 |
16 867 000 |
Hovudtrekk ved regelverket
Eit av formåla med dagpengeordninga er å kompensere midlertidig for tap av arbeidsinntekt som følge av arbeidsløyse. Kor mykje dagpengar ein kan få, og kor lenge ein kan få det, avheng av tidlegare arbeidsinntekt.
Dagpengeordninga er eit fordelingspolitisk verkemiddel og inngår i det sosiale sikkerheitsnettet. Oppteningsprinsippet gir òg insentiv til å opparbeide seg rett til dagpengar gjennom arbeid. Samtidig er ordninga utforma med sikte på å motivere til aktiv jobbsøking, bl.a. gjennom aktivitetskrav, mobilitetskrav og sanksjonar. Det gjer dagpengeordninga til eit viktig arbeidsmarknadspolitisk verkemiddel som skal bidra til at fleire kjem tilbake i arbeid.
Dagpengar kan givast til arbeidsledige og permitterte. Det er eit krav at arbeidstida er redusert med minst 50 pst., og at vilkåra elles er oppfylte. Mottakarane må bl.a. ha hatt ei minste tidlegare arbeidsinntekt, og dei må vere disponible for all slags arbeid (reelle arbeidssøkarar).
Rapport
Utviklinga i talet på dagpengemottakarar
I gjennomsnitt fekk om lag 42 400 personar dagpengar i 2024. I første halvår 2025 var det om lag 49 500 dagpengemottakarar i gjennomsnitt. Dette er ein auke på 16,5 pst. samanlikna med første halvår 2024.
I 2024 var utgiftene til dagpengar om lag 13 300 mill. kroner. I første halvår 2025 summerte utgiftene over dagpengekapittelet seg til om lag 8 300 mill. kroner. Det er ein auke på rundt 16,3 pst. samanlikna med første halvår 2024.
Tabellen nedanfor viser omfanget og samansettinga av dagpengemottakarar for 2023 og 2024 og for første halvår 2024 og 2025.
Gjennomsnittleg antal dagpengemottakarar, 2023–1. halvår 2025
|
2023 |
2024 |
1. halvår 2024 |
1. halvår 2025 |
|
|---|---|---|---|---|
|
Heilt ledige ikkje permitterte |
18 632 |
21 799 |
20 438 |
25 702 |
|
Heilt ledige permitterte |
3 758 |
3 930 |
4 968 |
4 187 |
|
Delvis ledige ikkje permitterte |
5 328 |
6 014 |
5 523 |
7 437 |
|
Delvis ledige permitterte |
3 204 |
3 298 |
4 383 |
3 363 |
|
Andre (inkl. tiltaksdeltakarar) |
5 795 |
7 313 |
7 182 |
8 819 |
|
Sum |
36 716 |
42 353 |
42 494 |
49 507 |
Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet
Gjennomsnittleg fekk dagpengemottakarane ytinga i 30 veker i 2024. I 2023 fekk dagpengemottakarane ytinga i 27 veker i gjennomsnitt. Fleirtalet av dagpengemottakarane er heilt ledige (inkl. heilt permitterte). I 2024 var det gjennomsnittleg om lag 25 700 personar i denne gruppa. I første halvår 2025 var det i gjennomsnitt om lag 29 900 heilt ledige dagpengemottakarar. Dette er ein auke på om lag 17,6 pst. frå første halvår 2024.
Frå 2023 til 2024 gjekk talet på permitterte opp med om lag 265 til eit nivå på om lag 7 230 i gjennomsnitt. I første halvår 2025 var det i gjennomsnitt 7 550 heilt og delvis permitterte, eit nivå som var om lag 19,3 pst. lavere enn i same perioden året før.
Bruk av sanksjonar overfor mottakarar av dagpengar
Sanksjonane mot dei som er sjølvforskyldt ledige, som utan rimeleg grunn lèt vere å ta jobb eller delta i arbeidsmarknadstiltak, eller som lèt vere å møte ved Nav-kontoret etter innkalling, er eit viktig verkemiddel for å sikre aktiv arbeidssøking. Krava i dagpengeordninga om at mottakarane skal vere mobile og disponible for arbeid eller arbeidsmarknadstiltak, skal praktiserast konsekvent. Avstenging ved enkeltbrot på krava skjer i form av sanksjonsperiode eller tidsavgrensa bortfall av dagpengar etter reglane i folketrygdlova §§ 4-10 og 4-20.
I 2024 blei det gjort 1 172 vedtak om tidsavgrensa bortfall og 6 688 vedtak om sanksjonsperiode for å få dagpengar som følge av å vere sjølvforskyldt ledig. I første halvår 2025 blei det gjort 575 vedtak om tidsavgrensa bortfall og 3 508 vedtak om sanksjonsperiode.
Budsjettforslag 2026
Post 70 Dagpengar, overslagsløyving
Løyvinga på posten har blitt endra gjennom første halvår 2025. I revidert nasjonalbudsjett for 2025 blei løyvinga sett til 15 320 mill. kroner.
Andelen ledige med dagpengar har vore uvanleg låg dei siste åra, samanlikna med tidlegare periodar med tilsvarande låg arbeidsløyse. Etter koronapandemien har arbeidsløysa vore låg, og fleire har no opparbeidd seg nye rettar til dagpengar. I 2025 har andelen heilt og delvis ledige med dagpengar auka kraftig. På bakgrunn av dette, og ei forventning om fleire ledige, blir det anslått fleire dagpengemottakarar i 2026 enn i 2025. Vidare er anslaget for gjennomsnittleg yting per mottakar oppjustert. Det er hovudårsaka til at løyvinga i 2026 aukar med 2 575 mill. kroner samanlikna med anslaget i Saldert budsjett 2025.
Det er anslått at innføringa av ungdomsprogrammet vil redusere utgiftene til dagpengar med 23 mill. kroner i 2026, fordi fleire deltakarar i programmet vil få ungdomsprogramytinga i staden for dagpengar.
Samla sett foreslår regjeringa derfor å auke løyvinga med 2 552 mill. kroner i 2026 samanlikna med anslaget i Saldert budsjett 2025.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 16 867 mill. kroner.
Kap. 5705 Refusjon av dagpengar
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
70 |
Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs |
28 705 |
27 000 |
29 000 |
|
71 |
Refusjon av dagpengar for grensearbeidarar m.m. busette i Noreg |
629 |
700 |
1 000 |
|
72 |
Innkrevjing av forskoterte dagpengar |
162 148 |
45 000 |
25 000 |
|
Sum kap. 5705 |
191 482 |
72 700 |
55 000 |
Budsjettforslag 2026
Post 70 Refusjon av dagpengar, statsgaranti ved konkurs
Arbeids- og velferdsetaten kan forskotere lønnsgarantimidlar i form av dagpengar dersom vilkåra for dekning gjennom lønnsgarantiordninga er til stades. Arbeids- og velferdsetaten fremmar refusjonskrav i konkursbuet for utbetalte dagpengar når det blir klart at det vil bli utbetalt lønnsgarantimidlar til arbeidstakaren.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 29 mill. kroner.
Post 71 Refusjon av dagpengar for grensearbeidarar m.m. busette i Noreg
Arbeids- og velferdsetaten kan søke refusjon for utbetalte dagpengar til personar som er busette i Noreg og har blitt heilt arbeidsledige frå arbeid i eit anna EØS-land. Tilsvarande kan eit anna EØS-land krevje refusjon frå Noreg for utbetalte dagpengar til personar som er busette i det andre EØS-landet og har blitt heilt arbeidsledige frå arbeid i Noreg. Mellom dei nordiske landa gjeld ein avtale om å ikkje krevje slik refusjon.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 1 mill. kroner.
Post 72 Innkrevjing av forskoterte dagpengar
Under koronapandemien blei uvanleg mange permitterte eller arbeidsledige. For at dei skulle vere sikra nødvendige midlar til livsopphald mens dei venta på at søknaden deira om dagpengar blei behandla, blei det innført ei ny ordning for forskotsutbetaling av dagpengar 30. mars 2020. Forskotsordninga var nødvendig for å følge opp Stortinget sitt vedtak om at utbetalingane til dei permitterte og arbeidsledige skulle skje raskt. Ordninga har ikkje vore i bruk sidan 2021 og ho blei avvikla 31. desember 2022.
Krav om tilbakebetaling av forskot kan inndrivast etter reglane i bidragsinnkrevjingslova. Det er Skatteetaten som står for inndrivingane, på vegner av Arbeids- og velferdsetaten.
Utbetaling av forskot er utgiftsført i statsrekneskapen for 2020 under kap. 2541, post 70. Tilbakebetalingar av forskot er inntektsførte mot det same kapittelet i samsvar med fullmakta frå Stortinget. I 2021 blei det utbetalt 53 mill. kroner i nye forskot fram til ordninga blei stengd ned 26. mai.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 25 mill. kroner.
Kap. 2542 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.m.
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
70 |
Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.m., overslagsløyving |
1 036 381 |
980 000 |
1 100 000 |
|
Sum kap. 2542 |
1 036 381 |
980 000 |
1 100 000 |
Hovudtrekk ved regelverket
Lønnsgarantiordninga skal, på visse vilkår, dekke uteståande krav som arbeidstakaren har på lønn m.m. når arbeidsgivaren går konkurs, jf. lov av 14. desember 1973 nr. 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs mv.
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for lønnsgarantiregelverket, og ordninga blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten ved Nav Lønnsgaranti. I tillegg til skriftleg søknadsbehandling inneber lønnsgarantiarbeidet munnleg informasjon og rettleiing om garantiordninga til bl.a. arbeidstakarar, bustyrarar og tingrettar.
Lønnsgarantiordninga omfattar arbeidsforhold der det skal betalast arbeidsgivaravgift til folketrygda. Sjølvstendig næringsdrivande, oppdragstakarar og arbeidstakarar som har hatt ein eigardel i verksemda på minst 20 pst., er unntatt frå ordninga, med mindre dei kan sannsynleggjere at dei ikkje har hatt vesentleg innverknad på drifta.
Lønn og anna arbeidsvederlag for maksimalt seks månader kan dekkast gjennom ordninga. Lønnskravet må ikkje vere forfalle lenger tilbake enn tolv månader før fristdagen i konkursen. Opptente feriepengar kan dekkast for same året som fristdagen og året før. Pensjonsytingar og erstatning for tapt arbeidsvederlag kan dekkast for maksimalt seks månader. I tillegg kan renter av uteståande lønnskrav inntil fristdagen og eventuelle inndrivingskostnader dekkast.
Den maksimale dekninga er avgrensa til eit bruttobeløp tilsvarande to gonger grunnbeløpet i folketrygda på fristdagen. I tillegg kan ein få dekt rimelege omkostningar i samanheng med konkurskravet.
Rapport
Talet på konkursar på landsbasis, talet på føretakskonkursar, talet på tilsette, ansiennitet og lønnsnivå i dei bedriftene som blir ramma av konkurs, påverkar den samla størrelsen på utbetalingane frå lønnsgarantiordninga. Utbetalingane er på denne måten konjunkturavhengige. Økonomien i det enkelte buet har òg svært mykje å seie for utbetalingane. Utover dette vil svingingar i restansesituasjonen i Nav Lønnsgaranti kunne påverke utgiftene det enkelte året.
Årlege utbetalingar refererer seg i hovudsak til saker som har komme inn i utbetalingsåret og året før. Bustyrarane må ofte bruke noko tid på å få oversikt over konkursbuet. Det kan derfor ta litt tid før krava blir sende inn til Nav Lønnsgaranti.
Talet på konkursar på landsbasis og talet på nye saker inn til lønnsgarantiordninga
|
År |
2022 |
2023 |
2024 |
|---|---|---|---|
|
Konkursar totalt |
3 713 |
4 517 |
4 543 |
|
Av desse føretakskonkursar1 |
3 040 |
3 745 |
3 917 |
|
Nye saker inn til lønnsgarantiordninga |
1 590 |
2 217 |
2 155 |
1 Med føretakskonkursar meiner vi konkursar i føretak med tilsette arbeidstakarar. Tabellen skil derfor mellom det samla talet på konkursar totalt og talet på føretakskonkursar, der personlege konkursar og konkursar i enkeltpersonføretak ikkje er rekna med.
Talet på konkursar totalt, som òg omfattar personlege konkursar og føretakskonkursar, auka med 0,6 pst. frå 2023 og 2024. Talet på føretakskonkursar har auka med 4,6 pst. i same periode, mens det i første halvåret 2025 gjekk ned med 1,9 pst. Talet på tilsette ramma av konkurs gjekk i 2024 opp med om lag 17,4 pst. og har i første halvår 2025 gått ned med 6,6 pst. Om lag 50 til 60 pst. av føretakskonkursane på landsbasis har ført til krav til lønnsgarantiordninga dei siste åra. Talet på nye saker inn til garantiordninga gjekk ned med om lag 2,8 pst. frå 2023 til 2024, og gjekk ned med om lag 19,8 pst. i første halvår 2025.
I 2024 utgjorde utgiftene 1 036 mill. kroner, noko som gir ein auke på 30,8 pst. frå 2023. I første halvår 2025 utgjorde utgiftene på posten 412 mill. kroner. Det er ein nedgang på 4 pst. frå første halvår 2024.
Budsjettforslag 2026
Post 70 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.m., overslagsløyving
Posten dekker utgifter for staten i samsvar med lov av 14. desember 1973 nr. 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs mv.
For 2026 er det foreslått ei løyving på 1,1 mrd. kroner.
Kap. 5704 Statsgaranti for lønnskrav ved konkurs
|
(i 1 000 kr) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Post |
Nemning |
Rekneskap 2024 |
Saldert budsjett 2025 |
Forslag 2026 |
|
70 |
Dividende |
300 659 |
230 000 |
320 000 |
|
Sum kap. 5704 |
300 659 |
230 000 |
320 000 |
Hovudtrekk ved ordninga
Dividende blir innbetalt ved at staten trer inn i arbeidstakarane sitt prioriterte dividendekrav i konkursbuet når arbeidstakarar får utbetalt lønnsgarantimidlar.
Dividenden kan til ei viss grad sjåast i samanheng med endringane i utbetalingane og med den generelle økonomiske situasjonen i bua. Innbetalingane gjeld utbetalingar både i inneverande og tidlegare år. Økonomien i det enkelte buet betyr òg svært mykje for utbetalingane og moglegheitene for å krevje inn dividende. Dette kan igjen ha samanheng med kva bransjar og næringar som har økonomiske problem. Ein annan påverknadsfaktor kan vere dei moglegheitene og ressursane bustyraren har i samanheng med inndriving av midlar til buet. Det er derfor eit betydeleg etterslep i dividenden i forhold til utbetalingane.
Rapport
I 2024 utgjorde innbetalt dividende 301 mill. kroner. Det er ein auke på 53,4 pst. frå 2023. I første halvår 2025 utgjorde innbetalt dividende 126 mill. kroner. Det er ein nedgang på 25 pst. frå første halvår 2024.
Budsjettforslag 2026
Post 70 Dividende
For 2026 er det foreslått ei løyving på 320 mill. kroner.
Fotnotar
Oslo Economics, Proba samfunnsanalyse, Frischsenteret og CSM Kluge (2023). Områdegjennomgang av arbeidsmarkedstiltak: Anbefalinger for effektiv og kunnskapsbasert bruk. Rapport 2023: 88. Oslo: Oslo Economics.
Nergaard, K. (2022): Organisasjonsgrader, tariffavtaledekning og arbeidskonflikter 2020 og 2021. Fafo-notat 2024:05: Organisasjonsgrader, tariffavtaledekning og arbeidskonflikter 2022.
Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2019/1149 av 20. juni 2019 om innføring av ei europeisk arbeidsmarknadsstyresmakt, om endring av forordning (EF) nr. 883/2004, (EU) nr. 492/2011 og (EU) 2016/589 og om oppheving av avgjerd (EU) 2016/344.
https://www.regjeringen.no/contentassets/9b5dfbee881c473a89a7d400c247b394/rapport-fra-arbeidsgruppe-om-utvikling-av-sykefravaroppfolgingen.pdf
Den sjukmelde kan få unntak frå dette aktivitetskravet for rett til sjukepengar når medisinske grunnar klart er til hinder for slik aktivitet, eller når arbeidsrelaterte aktivitetar ikkje kan gjennomførast på arbeidsplassen.
Kann, I.C., Lima, I.A.Å. og Kristoffersen, P. (2014). «Håndheving av aktivitetskravet i Hedmark har redusert sykefraværet». Arbeid og velferd 3/2014 og Kann, I.C., Lima, I. A.Å. og Brage, S. (2017). «NAVs håndheving av aktivitetskravet for sykmeldte. Forsøk med Hedmarksmodellen». Arbeid og velferd 1/2017.
Det vil seie dei sjukmelde sine forventningar til om og når dei kjem tilbake i arbeid, sjå: Øyeflaten, I., Sveinsdottir, V., Skagseth, M. og Fyhn, T. (2024) «Sykmeldtes jobbforventninger som prediktor for retur til jobb – en kunnskapsoppsummering med overføringsverdi til NAV. Norce rapport nr. 14-2024.
NOU 2021: 2 Kompetanse, aktivitet og inntektssikring – Tiltak for økt sysselsetting.
Rapporten «HelseIArbeid – et tiltak for økt mestring og arbeidsdeltagelse?» er utarbeidd av forskarer frå Universitetet i Tromsø, Universitetssjukehuset Nord-Noreg og Nav Troms og Finnmark.
https://nettsteder.regjeringen.no/ungdomsloftet/
Stambøl mfl. (2021) Yrkesdeltakelse og potensialet for økte yrkesprosenter blant personer med innvandrerbakgrunn. Statistisk sentralbyrå. RAPP2021-28.pdf
Proba (2016). Skatteregler og velferdsordninger for selvstendig næringsdrivende
Tildelingsbrev til Arbeids- og velferdsdirektoratet for 2023: Arbeids- og velferdsdirektoratet skal beskrive eventuelle utfordringer knyttet til informasjon og veiledning om og forvaltning av inntektssikringsordninger etter ftl. kap. 8, 9 og 14 for selvstendig næringsdrivende, frilansere og brukere med kombinerte inntekter. Både utfordringer for brukere og for NAV-ansatte skal belyses. I lys av utfordringene skal direktoratet peke på mulige forbedringsområder og tiltak. En foreløpig beskrivelse av utfordringer oversendes departementet innen 1. juni 2023. Endelig rapportering, inkludert redegjørelse av mulige forbedringsområder og tiltak, oversendes departementet innen 1. juni 2024.
NOU 2023: 11 Rask og riktig – En helhetlig gjennomgang av klage- og ankesystemet i Arbeids- og velferdsetaten og Trygderetten
Fafo (2024). Rettsikkerhet for personer med kombinasjonsinntekter.
Meld. St. 22 (2022–2023) Kunstnarkår
SSB (2025). Er det mange «arbeidende fattige» blant selvstendig næringsdrivende i Norge?
Vista Analyse (2023). Selvstendig og trygg
Hernæs, Ø. M. (2021). Delrapport 2 Kvantitativ evaluering av innføring av plikt for kommunene til å stille vilkår om aktivitet til sosialhjelpsmottakere under 30 år. Oslo: Stiftelsen Frischsenteret for samfunnsøkonomisk forskning. Rapport 3/2021.
Oslo Economics (2023). NAVs tjenestetilbud til sosialhjelpsmottakere: Oppfølging, aktivitetstilbud og aktivitetsplikt. Oslo.
Skuland, Alecu, Lun Kok, Anseensen, Roos, Lynum og Blomberg (2024) «Utredning av kunnskapsgrunnlaget for sosialhjelpssatser», SIFO-rapport 5-2024. https://hdl.handle.net/11250/3128755
Dahl, E. S. og Lima, I. (2025): «Sosialhjelp og barnetrygd: hvordan har lovendringen påvirket utbetalingene til barnefamilier», Arbeid og velferd 1, 2025. https://doi.org/10.60847/NAV.5384
https://www.nav.no/no/nav-og-samfunn/kunnskap/fou-midler/fou-programmet-under-ia-avtalen
Oslo Economics og Frisch-senteret (2022). Hvordan kan vi måle om NAV lykkes med å få flere i arbeid? Rapport 2022:10. Oslo: Oslo Economics.
Her avgrensa til arbeidssøkarar som har vore arbeidssøkande i meir enn to år.
Oslo Economics, Proba Samfunnsanalyse og Frischsenteret (2023). Områdegjennomgang av arbeidsmarkedstiltak: Kartlegging av kunnskap og praksis. Rapport 2023: 33. Oslo: Oslo Economics.
Oslo Economics, Frischsenteret, Proba Samfunnsanalyse og CMS Cluge (2023). Områdegjennomgang av arbeidsmarkedstiltak: Anbefalinger for effektiv og kunnskapsbasert bruk. Rapport 2023: 88. Oslo: Oslo Economics.
Oslo Economics, Frischsenteret, Proba Samfunnanalyse og CMS Cluge (2023). Områdegjennomgang av arbeidsmarkedstiltak: Anbefalinger for effektiv og kunnskapsbasert bruk. Rapport 2023: 88. Oslo: Oslo Economics.
Oslo Economics og Frischsenteret (2024). Effekter av arbeidsmarkedstiltak. Rapport 2024: 26. Oslo: Oslo Economics.
Frischsenteret og Proba samfunnsanalyse (2025). Effekter av arbeidsmarkedstiltak for personer med nedsatt arbeidsevne. Samfunnsøkonomene, 2025:2.
Oslo Economics (2023). Kvalitativ undersøkelse av arbeidsmarkedstiltaket Arbeidstrening. Delrapport 1. Oslo og Oslo Economics (2024). Effekter av arbeidsmarkedstiltaket Arbeidstrening. Delrapport 2. Oslo
Proba samfunnsanalyse (2024). Evaluering av varig lønnstilskudd. Rapport 2024:05. Oslo.
Berg, H., Gleinsvik, A., Golombek, R., Røed, K., Staalesen, P.D., Vestøl, G.M. og Zhang, T. (2023). Hvor godt virker arbeidsforberedende trening? Oslo: Frischsenteret og Proba samfunnsanalyse.
Oslo Economics og Frischsenteret (2024). Effekter av arbeidsmarkedstiltak. Rapport 2024:26. Oslo: Oslo Economics.
Oslo Economics og Frisch-senteret (2022). Hvordan kan vi måle om NAV lykkes med å få flere i arbeid? Rapport 2022:10. Oslo: Oslo Economics.
Faktabok om arbeidsmiljø og helse 2024. STAMI.
Tala er ekskl. apotekverksemd. Dette er ei endring samanlikna med omtalen i Prop. 1 S for 2021.
Oslo Economics. Tolkemonitor Språk 2024. Tilgjengeleg på: https://www.imdi.no/tall-og-fakta/rapporter/tolkemonitor-lov-for-rapporteringsaret-2024/
NOU 2019: 7 Arbeid og inntektssikring
NOU 2017: 6 Offentlig støtte til barnefamiliene
Helde, I. (2023). «Pleiepengeordningen ble utvidet: antall brukere mer enn doblet», Arbeid og velferd 2/2023.
Arbeidsavklaringspengar blir utbetalte for 14-dagarsperiodar, og korleis vekedagane fordelte seg i første halvåret 2023 og 2024, kan ha hatt ein liten effekt på utgiftsauken.
Frå mars 2010 fram til sommaren 2011 auka talet på mottakarar. Talet på mottakarar gjekk ned fram til 2014.
Målt etter rett til yting ved utgangen av månaden.
Det er funne feil i talgrunnlaget som låg til grunn for status etter avgang frå arbeidsavklaringspengar i 2023 i Prop. 1 S (2024–2025).
Gjeld arbeidsavklaringspengar, uføretrygd, overgangsstønad, tiltakspengar, dagpengar eller alderspensjon.
Det er låge tal som har gifta seg eller er registrerte som døde, særleg blant menn. For å sikre at statistikk ikkje kan førast tilbake til enkeltpersonar det er mogleg å identifisere, er kategoriane «gift på nytt» og «død» slått saman med kategorien «anna» og Alderspensjon/AFP framstilt samla.