Del 3
Omtale av særlege tema

7 Fordrivne frå Ukraina

Regjeringa si handtering av fordrivne frå Ukraina

Over tre og eit halvt år har gått sidan Russland sin fullskalainvasjon i Ukraina, som førte millionar av menneske på flukt. Frå fullskalainvasjonen til utgangen av juni 2025 hadde om lag 4,4 millionar ukrainarar fått midlertidig kollektivt vern i EU-landa, Noreg, Island, Sveits og Liechtenstein. I same periode har over 90 000 ukrainske borgarar søkt om vern i Noreg. Noreg har sidan august 2022 evakuert ukrainske pasientar til europeiske land i samband med at regjeringa vedtok at Noreg skulle overføre 500 fordrivne ukrainarar frå Moldova, og ta imot 550 ukrainske pasientar gjennom EU si ordning for medisinsk evakuering (Medevac).

Regjeringa innførte 11. mars 2022 ei ordning med midlertidig kollektivt vern for personar som er fordrivne frå Ukraina, med heimel i utlendingslova § 34. Ordninga inneber eit unntak frå utgangspunktet om at ein søknad om vern skal bli vurdert individuelt. Opphaldsløyvet gir ikkje grunnlag for permanent opphald, men det gir rett til familiesameining og rett til å arbeide. Bakgrunnen for dei særlege føresegnene om forenkla saksbehandling er behovet for effektivitet i ein situasjon der det kjem svært mange asylsøkarar på kort tid, og at behovet for vern er midlertidig. Opphald blir gitt for eitt år av gangen og kan bli fornya eller forlenga i inntil fem år.

Regjeringa ønsker å halde fram med å ta imot fordrivne på flukt. Samtidig skal det antalet som kjem til Noreg, vere berekraftig over tid. Regjeringa har innført ei rekke tiltak for å bidra til eit berekraftig nivå på innkomstane. Bl.a. gjeld ikkje ordninga med kollektivt vern lenger for asylsøkarar frå område i Ukraina som utlendingsstyremaktene vurderer som tilstrekkeleg trygge. Nye asylsøkarar frå desse områda får asylsøknaden vurdert individuelt. Mykje tyder på at tiltaka har hatt effekt på innreisetala. Antalet som kjem til Noreg har blitt redusert, og det har den siste tida komme færre til Noreg enn til våre naboland. Reduserte innreisetal bidrar til å dempe presset på kommunane og sikre eit forsvarleg tenestetilbod. På same tid er det å hjelpe flyktningane ut i arbeid og sjølvforsørging òg viktig for å sikre berekraft på sikt.

Regjeringa forventar at fordrivne frå Ukraina raskt kjem ut i jobb. Samtidig treng dei fleste noko kvalifisering før dei er klare til å gå inn i det seriøse arbeidslivet. Regjeringa har difor opna opp for at fordrivne frå Ukraina har fått moglegheit til å delta i introduksjonsprogram og norskopplæring på omtrent same vilkår som andre flyktningar. Dei fleste fordrivne har takka ja til dette tilbodet. Per 1. september 2025 var det 29 000 fordrivne som hadde fullført introduksjonsprogrammet og 10 300 som framleis deltok. Av dei som har fullført programmet, har om lag halvparten gått direkte ut i arbeid. Rundt fire av ti har gått over til arbeidsmarknadstiltak i regi av Nav eller til kvalifiserande tiltak i regi av kommunane eller andre lokale aktørar med mål om overgang til arbeid. Sidan ukrainarar generelt har fullført utdanning på minst vidaregåande nivå, har dei fleste av dei fordrivne fått tilbod om korte introduksjonsprogram på seks månader med moglegheit til forlenging på ytterlegare seks månader. Regjeringa har gjort fleire grep for å gjere introduksjonsprogrammet for fordrivne frå Ukraina meir arbeidsretta, sjå omtale under Raskt ut i arbeid og annan aktivitet. Tal frå SSB viser at 41 pst. av dei fordrivne i alderen 20-66 år var i arbeid i juli 2025.

For å legge til rette for rask busetting og integrering av eit høgt antal fordrivne frå Ukraina, vedtok Stortinget 7. juni 2022 midlertidige endringar i fleire lover, inkludert barnevernlova, opplæringslova, helselovgivinga, barnehagelova, plan- og bygningslova og integreringslova, jf. Prop. 107 L (2021–2022) og Innst. 352 L (2021–2022). Dei midlertidige reglane blei seinare forlenga med enkelte endringar i Prop. 90 L (2022–2023) og Innst. 363 L (2022–2023), og dei er no vidareført til 1. juni 2026, med enkelte tilpassingar, jf. Prop. 72 L (2023–2024). Dei midlertidige reglane skal samla bidra til å gjere det enklare for kommunane å handtere og planlegge for ein situasjon med framleis høge innkomstar. Samtidig skal reglane også legge til rette for at dei fordrivne kjem raskt ut i arbeid.

Det siste året har det vore ein nedgang i innkomstane av fordrivne frå Ukraina til Noreg. Det kan likevel oppstå situasjonar der mottakssystemet kjem under svært stort press, f.eks. dersom innkomsttala aukar og busettingskapasiteten minkar. Samtidig kan det også komme færre fordrivne frå Ukraina enn venta.

Prop. 1 S (2025–2026) bygger på dei siste innkomstprognosane utarbeidd sommeren 2025 av fagmiljø i utlendingsforvaltninga. Ifølge desse prognosane kan vi forvente om lag 10 000 fordrivne frå Ukraina til Noreg i 2025 og 10 000 fordrivne i 2026. Det er ei rekke budsjettpostar under fleire departement som blir påverka av desse prognosane, og derfor blir prognosane sett på eit tidleg tidspunkt. Det er stor usikkerheit knytt til prognosane, da det er vanskeleg å berekne kor mange som kjem.

Regjeringa foreslår ei rekke løyvingar i 2026 for å kunne handtere innkomstane frå Ukraina. Det er integreringstilskotet som utgjer hovudfinansieringa av arbeidet med busetting og integrering i kommunane, saman med tilskot til norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar, tilskot til busetting av personar med nedsett funksjonsevne eller åtferdsvanskar, og særskilt tilskot til busetting av einslege mindreårige flyktningar.

Regjeringa har vidare lagt til rette for at fordrivne frå Ukraina skal kunne nytte ordninga for tilbakevending, der Utlendingsdirektoratet gir tilskot til personar som vender heim. Tilbakevending og retur av fordrivne frå Ukraina vil ha konsekvensar for busettingskommunane. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Registrering og mottak

På grunn av dei mange fordrivne frå Ukraina har det vore nødvendig å utvide mottakskapasiteten vesentleg. Det siste året er noko av denne kapasiteten tatt ned. Dette har bl.a. samanheng med lågare tal på innkomstar av ukrainske fordrivne. Det er venta om lag 11 000 bebuarar i mottak i gjennomsnitt i 2025 og rett i underkant av 9 000 i 2026, medan det i åra før krigen braut ut var under 3 000. Regjeringa foreslår ei løyving til asylmottak i tråd med prognosane, men det er usikkert korleis innkomsttala vil utvikle seg. I 2025 har regjeringa ei overskridingsfullmakt knytt til mottakspostane for at kapasiteten skal kunne bli skalert i tråd med endringar i talet på fordrivne og andre asylsøkarar som kjem. Ei slik fullmakt blir foreslått også i 2026, med ei beløpsgrense på 3 mrd. kroner.

Behovet for kapasitet til å handtere innkomstane er framleis stort. Regjeringa foreslår ei løyving på 83 mill. kroner til UDI sin handtering av asylsøkarar frå Ukraina i 2026, i tillegg til eigne løyvingar til politiet. Sjå meir om registrering og mottak av flyktningar og fordrivne frå Ukraina i Prop. 1 S (2025–2026) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Busetting i kommunane

Personar som har fått innvilga midlertidig kollektivt vern, er omfatta av tilbodet om å bli busett med offentleg hjelp. Busetting med offentleg hjelp for flyktningar er ikkje ein lovregulert rett eller plikt. Det er frivillig for kommunane å busette flyktningar, og busettinga skjer etter avtale mellom Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og kommunen. Kommunar som buset flyktningar, får tilskot frå staten.

Det er busett svært mange fordrivne frå Ukraina og andre flyktningar i små og store kommunar over heile landet dei siste åra. I perioden 2022 til 2024 blei det busett i overkant av 90 000, der drygt 79 000 var fordrivne frå Ukraina. Ved inngangen til 2025 blei kommunane oppmoda om å busette ytterlegare 18 900 flyktningar i 2025, og kommunane vedtok å busette i overkant av 15 600 flyktningar. Oppdaterte prognosar viser at busettingsbehovet i år er redusert til 12 640, og IMDi sendte ut ei ny oppmoding til kommunane i juni. Differansen mellom opphaveleg og justert oppmoding er på om lag 30 pst. For å sørge for eit jamt nedtrekk, blei oppmodinga justert ned med ca. 30 pst. i dei fleste kommunar. Hittil i år er 7 500 flyktningar busett. 6 400 av desse er fordrivne frå Ukraina. I tillegg er ca. 1 900 fordrivne på veg til å bli busett i ein kommune. Busettinga har også vore historisk rask dei siste åra. Per 1. september er den gjennomsnittlege ventetida frå vedtak om opphald til busetting i ein kommune på 3 månader for fordrivne frå Ukraina. For andre asylsøkarar er ventetida om lag 3,4 månader.

Fleire kommunar har hatt utfordringar med mangel på tilgjengelege bustadar og stort press på fleire kommunale tenester. Regjeringa har derfor satt i verk fleire tiltak for å støtte kommunane. Husbanken har prioritert å gi kommunar kunnskap som støttar arbeidet deira med busetting av flyktningar. Stortinget har vedtatt midlertidige endringar i fleire lovar som skal gjere det enklare for kommunane å busette og handtere mange flyktningar. Det er vedtatt vidareføring av midlertidige beredskapsheimlar i plan- og bygningslova som følge av mange fordrivne frå Ukraina, med verknad til 1. juli 2026. Desse gjer det mogleg å etablere flyktningmottak, omsorgssenter, barnehagar, skular, og raskare tilgang på bustader. Beredskapsheimlane gir kommunane moglegheit til å gi midlertidige unntak frå bl.a. krav til søknad om løyve og frå kommunale planar. Det er også vedtatt ein midlertidig heimel i husleigelova, som opnar for at fritidsbustader kan leigast ut som bustad med ei minstetid på eitt år, i staden for tre år, som er hovudregelen. Dei midlertidige heimlane er viktige for å gi kommunane handlingsrom og fleksibilitet i ein ekstraordinær situasjon. I 2025 blei låneramma til Husbanken i samanheng med revidert nasjonalbudsjett auka til 34 mrd. kroner. Lån til utleigebustader er eit av dei prioriterte føremåla innanfor Husbanken si låneramme.

Sidan 2022 har IMDi fått auka midlertidig løyving til arbeidet med busetting, kartlegging og kvalifisering av ekstraordinært mange fordrivne frå Ukraina. For at IMDi skal ha kapasitet til å handtere ein stor pågang også neste år, foreslår regjeringa at IMDi får ein midlertidig løyving på 20 mill. kroner i 2026.

I samarbeid med statlege aktørar og kommunesektoren held Arbeids- og inkluderingsdepartementet fram arbeidet med å tilpasse busettingsprosessen til situasjonen. Behovet for ytterlegare tilpassingar blir vurdert kontinuerleg i lys av talet på fordrivne som kjem, kunnskap om korleis situasjonen utviklar seg, og om samansetninga til dei som kjem til Noreg. Tett dialog og kommunikasjon med statsforvaltarane, fylkeskommunane og kommunesektoren er nødvendig, og praksisendringar blir drøfta med KS.

Raskt ut i arbeid og annan aktivitet

Regjeringa er opptatt av at det skal bli lagt til rette for at fordrivne frå Ukraina så raskt som mogleg kjem i arbeid. Arbeidsplassen er ein viktig arena for integrering, språktrening og inkludering i fellesskapet. Samtidig har dei fleste behov for noko kvalifisering og norskopplæring før dei er klare til å gå over i arbeid. Introduksjonsprogrammet og norskopplæringa gir eit godt grunnlag for å komme inn i det seriøse arbeidslivet. Regjeringa har derfor opna opp for at ukrainske fordrivne får tilnærma same kvalifiseringstilbod som andre flyktningar, sjølv om dei har midlertidig opphald.

Personar med kollektivt vern har rett, men ikkje plikt til å delta i introduksjonsprogram og norskopplæring. Det er også gjort enkelte tilpassingar i tilbodet samanlikna med det tilbodet andre flyktningar får. Bl.a. innførte regjeringa i 2024 midlertidige endringar i integreringsforskrifta for å gjere introduksjonsprogrammet for fordrivne frå Ukraina meir arbeidsretta. To korte yrkesretta løp innanfor ramma av kort programtid har også blitt utvikla: eitt løp med mål om å jobbe som assistent innanfor helse- og omsorgstenestene, og eitt løp med mål om å jobbe som assistent innanfor barnehage- og grunnopplæringssektoren. Dei korte opplæringsløpa skal bidra til at fordrivne frå Ukraina og andre med relevant kompetanse raskare skal kunne komme inn i, og jobbe i desse yrkene.

Tal frå SSB viser at over 19 300 fordrivne frå Ukraina i alderen 20 til 66 år var i jobb i juli 2025. Dette er over 41 pst. av alle dei busette ukrainske fordrivne i aldersgruppa. Til samanlikning var sysselsettinga 27 pst. i juli i 2024. Om lag ein av seks jobbar i overnatting- og serveringsverksemd. Butid har mykje å seie for sysselsettinga, og tal frå Arbeids- og velferdsetaten viser at over 50 pst. av dei fordrivne som kom i 2022, er sysselsett.

Mange har behov for noko kvalifisering før dei er klare til å arbeide, og majoriteten av dei fordrivne har nytta seg av tilbodet om introduksjonsprogram og norskopplæring. Av dei omtrent 26 000 fordrivne frå Ukraina som hadde gjennomført introduksjonsprogrammet i mai 2025, har om lag halvparten gått direkte over i arbeid eller vidare utdanning. Om lag fire av ti har gått over til arbeidsmarknadstiltak i regi av Nav eller til kvalifiserande tiltak i regi av kommunane eller andre lokale aktørar med mål om arbeid. I mai 2025 var det framleis rundt 12 000 fordrivne som var registrert som deltakarar i introduksjonsprogrammet.

Fordrivne frå Ukraina og andre innvandrarar har behov for å lære seg norsk for å komme i arbeid eller annan aktivitet. Svake norskferdigheiter har vist seg å vere ei barriere for deltaking i arbeidslivet for mange fordrivne frå Ukraina. Den kommunale norskopplæringa skjer på dagtid i mange kommunar, noko som kan vere eit hinder for å komme raskt i arbeid. I mars 2024 lanserte regjeringa eit nasjonalt tilbod om digital lærarstyrt norskopplæring. Målet var å betre tilgangen til fleksible tilbod om norskopplæring på kveldstid og helg som deltakarane kan kombinere med jobb. Tilbodet kjem også andre nytilkomne innvandrarar til gode. Tilbodet er ikkje meint å skulle erstatte kommunane sine eigne tilbod, men skal kunne bli brukt som ein del av kommunen sitt samla tilbod for dei som ønsker det.

I mai 2023 satt regjeringa ned ei hurtigarbeidande arbeidsgruppe for å få innspel og forslag til tiltak som kunne bidra til å styrke arbeidet med å få fordrivne ut i arbeid. På bakgrunn av anbefalingane til gruppa, er det bl.a. utarbeidd eit system for digital norskopplæring, yrkesretta assistentløp innanfor introduksjonsprogrammet og kompetansepakkar om arbeidsretta norskopplæring og arbeidsretta kvalifiseringsløp.

Fordrivne frå Ukraina som etter busetting i ein kommune ikkje kan sørge for livsopphaldet sitt gjennom arbeid eller ved å gjere gjeldande økonomiske rettar, har krav på økonomisk sosialhjelp. Dei siste åra har det vore ein omfattande auke i mottakarar av økonomisk sosialhjelp. Frå 2023 til 2024 har utgifter til sosialhjelp auka med 1,8 mrd. kroner målt i faste kroner. 75 pst. av auka er grunna det historisk høge talet fordrivne frå Ukraina etter Russlands fullskalainvasjon i slutten av februar 2022.1

Utgifter til økonomisk sosialhjelp i 2026 vil bli påverka av kor mange fordrivne som blir busett i kommunane, kor raskt dei kjem i gang med introduksjonsprogram og i kva grad desse kan ivareta livsopphaldet sitt ved hjelp av eigne midlar etter avslutta introduksjonsprogram. Nokre av dei fordrivne som deltek i introduksjonsprogram, kan i tillegg ha behov for supplerande sosialhjelp mens dei er i programmet.

Talet på fordrivne frå Ukraina som kjem til Noreg, vil også kunne påverke dei kommunale ressursane brukt på å gi råd og rettleiing. Dette er ei kommunal teneste alle fordrivne frå Ukraina har rett til i medhald av sosialtenestelova § 17.

Sjå også nærmare omtale av fordrivne i arbeidsmarknaden i Meld. St. 1 (2025–2026), under kap. 2.4 og 5.2.

Frivillige organisasjonar arbeider for inkludering av fordrivne frå Ukraina

Frivillige organisasjonar gjer eit viktig arbeid når det gjeld integrering og inkludering av flyktningar. Organisasjonane arbeider både i mottak og i lokalsamfunn med å tilby språktrening, møteplassar, kurs og fritidsaktivitetar innan kultur, idrett og friluftsliv. Det frivillige arbeidet bidrar til å skape tillit og tilhøyrsel, i tillegg til å løyse viktige samfunnsoppgåver.

Mange av dei som kjem til Noreg frå Ukraina, er barn og unge som har behov for ein stabil kvardag. Dei treng å bli inkludert i aktivitetar med andre barn og ta opp igjen aktivitetar dei gjorde i heimlandet. Dei vaksne skal òg få høve til å delta i fellesskap og meiningsfulle aktivitetar i regi av frivillige organisasjonar.

Oppfølging av barn og unge

Russlands fullskala invasjon av Ukraina har ført til at fleire utsette barn og unge har komme til Noreg. Regjeringa vurderer fortløpande kva tiltak som er nødvendig for å sikre gode tilbod til barn og unge som kjem til Noreg.

Stortinget har vedtatt midlertidige endringar i barnehagelova og opplæringslova som skal bidra til å gjere det lettare for kommunane å busette mange barn og unge. Det blei løyvd 20,9 mill. kroner i 2024 og 20 mill. kroner i 2025 til tiltak som skal bidra til betre bemanning og auka kompetanse i barnehage og skole om nykomne barn, unge og vaksne. Ifølge kommunane er den største utfordringa å skaffe nok og kvalifisert personale. Løyvinga skal bl.a. bidra til å utvikle og drive etter- og vidareutdanningstilbod i innføring i norsk barnehage og skole for personar som har relevant pedagogisk utdanning frå utlandet, og til ordninga med fleksibel opplæring. Regjeringa foreslår å vidareføre denne løyvinga med 19 mill. kroner i 2026.

Ungdom som har fullført grunnskole eller tilsvarande, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring. Som hovudregel er søknadsfristen 1. mars, men fylkeskommunen kan ta omsyn til søknader som kjem seinare. Alle fylkeskommunane har ulike typar innføringstilbod og språkopplæring til ungdom som søker vidaregåande opplæring, som dei kan ta del i mens dei ventar på ordinær plass. Mange har også løpande inntak, men det er ei utfordring for dei å ha tilstrekkeleg oversikt over målgruppa for vidaregåande opplæring, slik at dei kan planlegge for eit tilbod. Nokre fylkeskommunar har kapasitetsutfordringar fordi dei allereie har mange ungdommar i vidaregåande opplæring. Framleis tar ein del ungdommar imot digital opplæring frå Ukraina eller opplæring i norsk og samfunnskunnskap i kommunane. Sjå Prop. 1 S (2025–2026) for Kunnskapsdepartementet for omtale av tiltak retta mot å gi opplæring til fordrivne barn, unge og vaksne i barnehage og skule.

Høgare utdanning

I 2022 blei det løyvd midlar tilsvarande 1 000 studieplassar ved universitet og høgskolar retta mot studentar som følge av Russlands fullskalainvasjon av Ukraina. Løyvinga er midlertidig og skal bli fasa ut med normal studieprogresjon eller dersom plassane ikkje blir brukt, jf. Innst. 270 S (2021–2022) og Prop. 78 S (2021–2022). Løyvinga blei redusert til 500 plassar i 2023 fordi talet på studentar som til da hadde fått tilbod, og anslag på antal fordrivne som kom frå Ukraina, tydde på at behovet var mindre. På bakgrunn av rapportering frå dei institusjonane som fekk midlar til studieplassane, blei løyvinga redusert ytterlegare i 2024, og midlar tilsvarande 277 studieplassar blei vidareført. Løyvinga blir heilt fasa ut i 2027.

Studentar med flyktningstatus har tilgang til finansiering frå Lånekassa tilsvarande som norske studentar.

Russland er suspendert frå gjeldande strategi for høgare utdannings- og forskingssamarbeid med prioriterte land utanfor EU.

I juni 2025 lanserte regjeringa to nye satsingar for kunnskap og utdanningssamarbeid med Ukraina. Målet er å støtte Ukraina sin europeiske integrasjon og bidra til den langsiktige gjenoppbygginga av landet. Satsingane er finansiert gjennom Nansen-programmet og blir administrert av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i samarbeid med Norad og Utanriksdepartementet.

Program for Ukraina-kompetanse (UA-KOMP) skal styrke tverrfagleg og samfunnsrelevant kunnskap om Ukraina i Noreg. Programmet rettar seg mot politikarar, forvaltning, næringsliv, akademia og allment interesserte, og skal bidra til betre forståing av situasjonen i Ukraina og tilhøva for fordrivne ukrainarar i Noreg. Programmet har ei ramme på 45 mill. kroner for perioden 2025–2026.

Nansen EDU skal styrke det faglege samarbeidet mellom norske og ukrainske utdanningsinstitusjonar. Programmet skal bidra til å utdanne den kompetansen Ukraina treng for gjenoppbygging, og støtte utvikling av godt kvalifisert arbeidskraft innan prioriterte fagområde, tilpassa regionale behov. Samstundes skal programmet sikre varig samarbeid innan høgare utdanning mellom dei to landa. Første utlysing er planlagt til oktober 2025, med ein tentativ ramme på 80 mill. kroner over fire år.

Helse- og omsorgstenester for personar med midlertidig kollektivt vern

Asylsøkarar og personar med midlertidig kollektivt vern i Noreg har same rett til helsetenester som resten av befolkninga. Helse- og omsorgsdepartementet følger situasjonen med innkomstar frå Ukraina nøye, bl.a. for å følge med på at det er stor nok kapasitet i helse- og omsorgstenestene. Helse- og omsorgstenesta handterer dagens innkomstbilde når det gjeld kapasitet.

For å bidra til at kapasiteten i tenestene ikkje blir overskriden, har Stortinget gjort midlertidige endringar i helselovgivinga som opnar for at Helse- og omsorgsdepartementet kan gjere heilt eller delvis unntak frå enkelte plikt- og rettsreglar i pasient- og brukarrettslova, spesialisthelsetenestelova og helse- og omsorgstenestelova.

I møte med innkomstane frå Ukraina har spesialisthelsetenestene tatt høgde for større tilstrøyming til tenestene og utfordringar. Det kan gjelde manglande dokumentasjon om sjukdom og tidlegare behandling, behov for ekstraordinære smitteverntiltak, særlege behov for tenester innan psykisk helse og rettleiing av kommunehelsetenesta innan traume- og krisehandtering.

Noreg deltar også i det europeiske samarbeidet for medisinsk evakuering av pasientar frå Ukraina, som skjer gjennom EUs ordning for sivil beredskap UCPM (Medevac). Ordninga omfattar alvorleg sjuke og skadde pasientar, og nokre av dei blir følgde av pårørande. Sidan august 2022 har Noreg tilbydd faste flygingar kvar veke til europeiske land for å evakuere ukrainske pasientar. Per 23. juli 2025 hadde Noreg bidratt med transportkapasitet til 2 647 pasientar og pårørande til Noreg og andre europeiske land. Per 23. juli 2025 har det komme 466 pasientar til Noreg.

Norsk helsesektor bidrar med donasjonar av bl.a. legemidlar, vaksiner og medisinsk utstyr til Ukraina, i hovudsak gjennom UCPM. Som ledd i eit ønske om eit meir langsiktig perspektivsamarbeid inngjekk Noreg og Ukraina ein avtale om eit helsepartnarskap 1. juli 2025. Helsepartnarskapsavtalen har mål om djupare samarbeid, betre helse og å motvirke dei negative konsekvensane i helsesektoren som følge av Russlands fullskalainvasjon av Ukraina. Avtalen legg opp til erfaringsutveksling mellom helseforvaltninga, utdanningsinstitusjonar og helsesektoren i Noreg og Ukraina.

8 FNs berekraftsmål

FN vedtok i 2015 berekraftsmål for perioden fram mot 2030 (Agenda 2030). Måla forpliktar Noreg både internasjonalt og nasjonalt. Regjeringa la 20. juni 2025 fram Meld. St. 35 (2024–2025) Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre. I meldinga er det ein samla omtale av status for nasjonal og internasjonal oppfølging av alle berekraftsmåla.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for koordineringa av berekraftsmål 1. Departementet har også eit ansvar for bidrag til delmål under berekraftsmåla 5 og 8.

Berekraftsmål 1 Utrydde fattigdom

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvaret for å koordinere innanlandsk oppfølging av berekraftsmål 1 om å utrydde alle former for fattigdom. Berekraftsmål 1 blir følgt opp nasjonalt gjennom innsatsen for å redusere fattigdom og utjamne økonomiske og sosiale forskjellar. Oppfølginga av mål 1 må sjåast saman med oppfølging av dei andre berekraftsmåla, særleg mål 8 om anstendig arbeid m.m. og mål 10 om mindre ulikskap.

Regjeringa ønsker eit samfunn med små forskjellar. Regjeringa vil redusere sosiale og geografiske forskjellar og motverka fattigdom.

Viktige grep for å utjamne forskjellar og redusere fattigdom er å inkludere fleire i arbeid, gode velferdsordningar, og meir rettferdig og omfordelande skatt. Innsatsen i arbeids- og velferdspolitikken for å inkludere fleire i arbeid er sentral i innsatsen mot fattigdom. Velferdstenestene skal bidra til at alle får nødvendig bistand, slik at dei kan delta i arbeidslivet og på andre arenaer i samfunnet. Offentlege og universelle velferdsordningar bidrar til like moglegheiter og til å redusere forskjellar i levekår.

Fattigdom er eit samansett og komplekst problem, og heng ofte saman med andre levekårsutfordringar, som manglande deltaking i arbeidsmarknaden. Manglande deltaking i arbeidsmarknaden har ofte si årsak i utfordringar knytt til helse, låg utdanning og låge kvalifikasjonar, eller manglande norskferdigheiter. Fattigdom og låginntekt kan ha konsekvensar for buforhold, helse og sosiale tilhøve. Helsepolitikken, utdanningspolitikken, integreringspolitikken, bustadpolitikken, oppvekst- og familiepolitikken mfl. har derfor også stor betydning for å motverke ulike årsaker til og konsekvensar av fattigdom.

Fattigdom og låginntekt har også konsekvensar for barn si oppvekst og deltaking. Regjeringa la 6. juni 2025 fram Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn. Meldinga har ein brei førebyggande og sektorovergripande inngang for å jamna ut sosiale forskjellar og bidra til like moglegheiter for barn og unge gjennom oppveksten. Sjå omtale under.

Den samla innsatsen mot fattigdom omfattar innsatsar og tiltak under Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Finansdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Prinsippet om sektoransvar gjeld, og inneber at omsynet til fattigdom skal følgast opp innanfor ansvarsområda til dei ulike fagdepartementa.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2026:

  • 172 mill. kroner (netto) til forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram (Arbeids- og inkluderingsdepartementet).

  • 125,5 mill. kroner til rekrutteringsprogram til helse- og omsorgssektoren, særlig for unge som står utanfor arbeid og utdanning (Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Helse-og omsorgsdepartementet).

  • 135 mill. kroner til arbeidsmarknadstiltak. Auken gir grunnlag for å styrke innsatsen med varig lønnstilskot, individuell jobbstøtte (IPS) og andre arbeidsmarknadstiltak som skal styrke moglegheita til den enkelte i arbeidsmarknaden (Arbeids- og inkluderingsdepartementet).

  • 30 mill. kroner til arbeids- og utdanningsreiser og funksjonsassistanse i arbeidslivet samanlikna med Saldert budsjett 2025 (Arbeids- og inkluderingsdepartementet).

  • 17 mill. kroner til forsøk med Eit enklere Nav- aktivitetspengar for unge (Arbeids- og inkluderingsdepartementet).

  • 23 mill. kroner til Jobbsjansen (Arbeids- og inkluderingsdepartementet).

  • 15 mill. kroner til å styrke marknadsarbeidet i Arbeids- og velferdsetaten for å kople unge raskare saman med arbeidsgivarar (Arbeids- og inkluderingsdepartementet).

  • Auke dei rettleiande satsane for økonomisk stønad, i hovudsak til familiar med barn (Arbeids- og inkluderingsdepartementet). Det blir samtidig foreslått å fjerne føresegna i sosialtenestelova § 18 om at ved vurdering av søknad om økonomisk stønad til familiar, skal barnetrygd ikkje bli tatt med.

  • 5 mill. kroner til å styrke områdesatsinga i Oslo over kap. 621, post 63 og 9 mill. kroner til å styrke områdesatsingar i Østfold over kap. 671, post 62 (Arbeids- og inkluderingsdepartementet).

  • 519,8 mill. kroner til ei ny tverrsektoriell tilskotsordning for kommunane sin førebyggande innsats for barn og unge, gjennom å slå saman eksisterande og sektorvise tilskotsordningar til kommunane (Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet).

  • 90 mill. kroner til arbeid med éin-til-éin-oppfølging for å førebygge barne- og ungdomskriminalitet i kommunane Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Skien, Drammen, Sandefjord, Lørenskog og Lillestrøm (Barne- og familiedepartementet mfl.).

  • 3,5 mill. kroner til kompetansemiljø for barns og unges medverknad (Barne- og familiedepartementet mfl.).

  • 100 mill. kroner til nominell vidareføring av maksimalprisen i barnehage på 1 200 kroner per månad nasjonalt og 700 kroner per månad i kommunar med sentralitetsindeks 5 og 6 (Kunnskapsdepartementet).

  • Auke tilskotsordninga for utstyr og læringsarenaer frå 160 mill. kroner til 190,9 mill. kroner og utvide ordninga til å omfatte 1.-4. trinn (Kunnskapsdepartementet).

  • 140 mill. kroner til tiltak i Opptrappingsplan for psykisk helse (Helse- og omsorgsdepartementet).

  • 30 mill. kroner til auka aldersgrense t.o.m. 17 år frå 1. august 2026 for eigenbetalingar hos fastlege/lege (Helse- og omsorgsdepartementet).

Nedanfor er det ein omtale av innsatsar og tiltak som har særleg betydning for innsatsen mot fattigdom og oppfølginga av berekraftsmål 1. Sjå budsjettproposisjonane til dei ulike departementa for ein meir utførleg omtale.

Delmål 1.1 Innan 2030 utrydde all ekstrem fattigdom

Ingen i Noreg lever i ekstrem fattigdom slik ekstrem fattigdom er definert av FN. Delmål 1.1 er derfor ikkje relevant å følge opp innanlandsk i Noreg.

Delmål 1.2 Innan 2030 minst halvere prosentandelen av menn, kvinner og barn i alle aldrar som lever i fattigdom, i samsvar med nasjonale definisjonar

Regjeringa sitt mål er eit samfunn med små forskjellar, og redusert fattigdom. Det er ikkje ein offisiell definisjon av fattigdom eller fattigdomsgrense i Noreg. Ein indikator for kor mange som er i risiko for fattigdom, er kor mange som har inntekt under eit bestemt nivå i inntektsfordelinga, f.eks. 60 pst. av medianinntekta, i ein bestemd periode (EU60). Desse har økonomiske ressursar som ligg betydeleg under det generelle inntektsnivået i samfunnet. Om låginntekt som indikator på fattigdom, sjå del I, punkt 3.5 Utviklinga for låginntektsgrupper. Forskjellane i inntekt og levekår er mindre i Noreg enn i andre land, men også her har nokre familiar store økonomiske utfordringar. Andelen av befolkninga med vedvarande låginntekt var i perioden 2021–2023 på 9,2 pst. (studentar er haldne utanfor). Dette er litt lågare enn åra før, men ein del høgare enn kring tusenårsskiftet.

Det er små forskjellar i omfanget av vedvarande låginntekt mellom menn og kvinner. Forskjellane har også blitt mindre over tid. I 2007–2009 var andelen kvinner med vedvarande låginntekt 2,1 prosentpoeng høgare enn for menn. I 2021–2023 er forskjellen 1,2 prosentpoeng, der 9,8 pst. av kvinner og 8,6 pst. av menn var i hushald med vedvarande låginntekt. Forklaringa, når ein nyttar EU60 for å måle vedvarande låginntekt, er i første rekke at det er ein større andel kvinner enn menn i låginntektsgruppene einslege minstepensjonistar og einslege med barn. At det blir stadig færre aleinebuande minstepensjonistar bidrar til at andelen med vedvarande låginntekt blant kvinner går noko ned.

Ein indikator for kor mange barn som veks opp i familiar med risiko for fattigdom, er delen barn som lever i hushald med ei inntekt under 60 pst. av medianinntekta over ein periode på tre år. Dei siste 20 åra har det vore ein auke i andelen barn som bur i hushald med vedvarande låginntekt, men dei siste tre åra har det vore ein nedgang. I treårsperioden 2021–2023 var andelen 9,9 pst., mot 11,7 pst. i perioden 2018–2020. Auken i barnetrygda og auka butid blant innvandrarar er to medverkande årsaker til nedgangen. Barn med foreldre med svak tilknyting til arbeidsmarknaden er overrepresenterte i låginntektsgruppa.

Seks av ti barn som veks opp i hushald med vedvarande låginntekt har innvandrarbakgrunn. Det er mange med låginntekt blant innvandrarar med flyktningbakgrunn. Mange nykomne flyktningar har svak tilknyting til arbeidsmarknaden. Nokre innvandrargrupper har låg inntekt også etter å ha budd lenge i Noreg. Det er sentralt at foreldre blir kvalifisert, slik at dei kan delta i det norske arbeidslivet og dermed komme ut av fattigdom.

Arbeid og inntekt

For personar i yrkesaktiv alder heng fattigdom og låginntekt for ein stor del saman med manglande eller låg deltaking i arbeidsmarknaden. Arbeid gir inntekt og økonomisk sjølvstende og betrar levekåra og livssituasjonen til enkeltpersonar og familiar. Arbeid gir også fellesskap og nettverk. Arbeids- og velferdspolitikken skal legge til rette for at flest mogleg kan forsørge seg sjølve gjennom arbeid. I Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje varsla regjeringa fleire tiltak for å fremme arbeidslinja. Regjeringa si innsats for at flest mogleg kan delta i arbeidslivet er viktig for å motverke fattigdom og låginntekt. Arbeids- og velferdsforvaltninga rår over ei rekke tiltak og verkemiddel for personar som treng arbeidsretta bistand og oppfølging. Inntektssikringsordningane skal gi økonomisk sikkerheit for personar som ikkje kan arbeide.

Regjeringa forslår i statsbudsjettet for 2026 nesten 600 mill. kroner til ulike aktive tiltak som skal få folk i arbeid. Fleire av tiltaka er retta mot unge, bl.a. er det foreslått 15 mill. kroner til å styrke samarbeidet mellom marknadskontaktar i Arbeids- og velferdsetaten og arbeidsgivarar for å få unge raskare i jobb. Frå august 2025 har det blitt sett i gang eit forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram ved sju Nav-kontor. Unge som treng hjelp for å komme i jobb skal få tilbod om å delta i eit program med ei inntekt som ikkje er knytt til at dei har ein diagnose, men at dei deltek i arbeidsretta aktivitet. I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2025 løyva Stortinget 20 mill. kroner til å starte forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram. For 2026 foreslår regjeringa 172 mill. kroner (netto) til programmet.

Regjeringa foreslår òg å løyve 17 mill. kroner i 2026 til å starte opp eit forsøk med Eit enklare Nav – aktivitetspengar for unge i Trondheim kommune, der ein skal prøve ut éin stønad til unge under 30 år med tett og individuelt tilpassa oppfølging og aktivitet. Målet er at éin stønad, utan krav til diagnose, skal gi raskare saksbehandling – og redusera kompleksiteten og byråkratiet slik at det frigjer ressursar til at arbeidsretta oppfølging kan starte nærast umiddelbart. Vidare vil regjeringa etablere eit rekrutteringsprogram til helse- og omsorgssektoren, primært for unge som står utanfor arbeid og utdanning. Det blir foreslått å løyve 125,5 mill. kroner til programmet i 2026.

Regjeringa foreslår også å auke løyvinga til arbeidsmarknadstiltak med 135 mill. kroner, inkl. personellressurser i Arbeids- og velferdsetaten, for å få fleire i jobb. I tillegg foreslår regjeringa å styrke løyvingane til arbeids- og utdanningsreiser og funksjonsassistanse i arbeidslivet for at fleire personer med nedsett funksjonsevne kan delta i arbeidslivet. Det foreslås også å etablere 500 nye plassar i Varig tilrettelagt arbeid og å auke løyvinga til Jobbsjansen.

Mange nykomne flyktningar har svak tilknyting til arbeidsmarknaden. Nokre innvandrargrupper har låg inntekt også etter å ha budd lenge i Noreg.

Regjeringa la våren 2024 fram Meld. St. 17 (2023–2024) Om integreringspolitikken: Stille krav og stille opp. Målet er at fleire innvandrarar skal få ei stabil tilknyting til det seriøse arbeidslivet og at fleire skal delta i små og store fellesskap. Gjennom integreringsmeldinga vil regjeringa bidra til å styrke innsatsen for at fleire blir integrerte i det norske samfunnet. Auka sysselsetting og deltaking på andre samfunnsområde vil betre levekåra og redusere utanforskap blant innvandrarar.

Kvalifisering til den norske arbeidsmarknaden, norskopplæring og motarbeiding av diskriminerande barrierar legg til rette for at fleire med innvandrarbakgrunn får varig tilknyting til arbeidslivet. Regjeringa satsar vidare på tilskotsordninga Jobbsjansen slik at fleire kvinner med innvandrarbakgrunn kan få kvalifisering for å komme ut i arbeid. For å få enda fleire innvandrarkvinner i jobb foreslår regjeringa å auke løyvinga til Jobbsjansen med 23 mill. kroner i 2026. Integreringslova legg til rette for at fleire nykomne flyktningar kan ta vidaregåande opplæring innanfor rammene av introduksjonsprogrammet. Lova set òg tydelege krav til opplæring i norskkunnskapar. Vidare er det gjort ei rekke tiltak for å styrke kvalifiseringstilbodet for fordrivne frå Ukraina. Det er òg innført minstekrav for omfanget av arbeidsretta innhald i introduksjonsprogrammet, og i mars 2024 vart det etablert eit nasjonalt tilbod om digital norskopplæring. Dette vil gjere det enklare å kombinere arbeid med norskopplæring. Sjå meir omtale i del II, under mål 6, God integrering av innvandrarar i arbeid og samfunn.

Skatt

Skattesystemet bidrar til omfordeling gjennom å finansiere offentlege tenester og overføringar. Regjeringa har dei siste åra redusert inntektsskatten for dei med inntekter under 750 000 kroner, og inntektsskatten er redusert mest for dei med dei lågaste inntektene.

Utdanning

Utdanning og kunnskap legg grunnlaget for ein varig og stabil tilknyting til arbeidslivet for enkeltpersonar og er dermed heilt sentralt for å førebygge fattigdom. Utdanning og kunnskap bidrar til å skape likeverdige moglegheiter for alle uavhengig av bakgrunn, og til å fremme sosial mobilitet. Eit godt barnehagetilbod og ein god fellesskole er ein nøkkel til å motverke sosiale forskjellar og til å skape eit meir rettferdig samfunn. Utdanning skal bidra til eit berekraftig samfunn med små forskjellar og høg tillit.

Barnehagar og skoler som løftar alle barn og unge, uavhengig av bakgrunnen til foreldra, er viktig for å skape likeverdige moglegheiter for alle. Regjeringa har gjennomført ei rekke tiltak for å fjerne økonomiske hindringar for bruk av barnehage og skolefritidsordning (SFO). Maksimalprisen i barnehagar blei 1. august 2025 redusert frå 2 000 kroner til 1 200 kroner per månad nasjonalt og til 700 kroner per månad i kommunar med sentralitetsindeks 5 og 6. I statsbudsjettet for 2026 foreslår regjeringa å løyve 100 mill. kroner for å føre vidare maksimalprisen på same nominelle nivå. Frå 1. august 2023 blei det innført gratis barnehage for tredje barn i familien som går i barnehage samtidig med søsken, og gratis barnehage for alle barn i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms. Dette blir vidareført i 2026.

Regjeringa vil føre vidare moderasjonsordninga med redusert foreldrebetaling, som inneber at ingen skal betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som øvre grense. Regjeringa fører også vidare ordninga med 20 timar gratis kjernetid i barnehage per veke for barn i alderen 2–5 år i familiar med låg inntekt.

Det foreslås 216,6 mill. kroner i 2026 til å føre vidare tilskotet til auka pedagogtettleik og grunnbemanning i barnehagar i levekårsutsette område. Minoritetsspråklege barn er overrepresenterte blant barn som veks opp i familiar med låg inntekt. Det foreslås 150,3 mill. kroner til å føre vidare tiltak for å styrke språkutviklinga blant minoritetsspråklege barn i barnehage.

Det foreslås å vidareføre tilskotet på 15,5 mill. kroner til auka bemanning på skolar i levekårsutsette område i 2026.

SFO er ein viktig arena som gir alle barn, uavhengig av bakgrunn, tilgang til ein felles arena for leik, vennskap og kultur- og fritidsaktivitetar. Likevel er det framleis elevar som ikkje deltek i SFO på grunn av familien sin økonomi. Regjeringa vil at alle barn skal ha høve til å delta i SFO. Frå hausten 2022 blei det innført 12 timer gratis SFO for alle elevar på 1. trinn, frå hausten 2023 blei ordninga utvida til også å gjelde 2. trinn, og frå hausten 2024 blei ordninga utvida til også å omfatte 3. trinn. Det gjer at alle elevar på 1.–3. trinn får moglegheit til å gå på SFO.

Regjeringa la hausten 2024 fram Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn. I meldinga presenterte regjeringa fleire tiltak for å snu den negative utviklinga i skolen på fleire område. Tiltaka skal bidra til å styrke læringa, utviklinga, motivasjonen og meistringa til elevane, bl.a. gjennom å bidra til meir praktisk læring i skolen. Oppfølginga av meldinga held fram i 2026.

I 2024 blei det oppretta ei tilskotsordning og ei rentekompensasjonsordning for meir praktisk, variert og relevant læring for 5.–10. trinn. For 2026 foreslår regjeringa å auke tilskotsordninga for utstyr og læringsarenaer frå 160 mill. kroner til 190,9 mill. kroner og utvide ordninga til å omfatte 1.–4. trinn. I tillegg foreslår regjeringa å auke investeringsramma for rentekompensasjonsordninga til 3 mrd. kroner i 2026. På sikt skal denne auke til 8 mrd. kroner.

Gjennomføring av vidaregåande opplæring er viktig for å få ei stabil tilknyting til arbeidslivet. Med innføring av fullføringsrett, som tredde i kraft i august, har alle rett til opplæring til dei har fullført og bestått vidaregåande opplæring. Samtidig blei målgruppa til oppfølgingstenesta utvida til å gjelde fleire unge. I statsbudsjettet for 2026 foreslår regjeringa å vidareføre innsatsen for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring, bl.a. gjennom tilskot for at fleire skal få læreplass.

Sjå Prop. 1 S (2025–2026) for Kunnskapsdepartementet for nærmare omtale.

Helse

Regjeringa vil legge betre til rette for at menneske med helseproblem kan stå i arbeid. Gjennom Nasjonal helse- og samhandlingsplan vil regjeringa sjå verkemidla frå arbeids- og helsesektoren meir i samanheng, for å inkludere og behalde fleire med helseutfordringar i arbeidslivet.

Regjeringa la våren 2023 fram Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga – Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar. Å utjamne sosiale helseforskjellar er eit hovudmål i folkehelsepolitikken. Tiltak skal innrettast slik at tiltaka verkar best for dei som treng det mest, men samstundes vere bra for alle. Universelle tiltak og tenester, levekår, levevaner og helsevenlege omgjevnader har betydning for helse og livskvalitet for kvar einskild. Regjeringa har lagt fram ein nasjonal strategi for livskvalitet og revidert folkehelselova. Det er teke initiativ til eit tettare strategisk samarbeid mellom helse- og arbeidsmiljømyndigheitene for å fremme betre helse i arbeidslivet.

I Hurdalsplattforma er ambisjonen bl.a. å styrke helsestasjonane og skulehelsetenesta. Regjeringa har lagt fram ein Opptrappingsplan for psykisk helse, jf. Meld. St. 23 (2022–2023). Planen har tre innsatsområde: helsefremmande og førebyggande psykisk helsearbeid, gode tenester der folk bur, og tilbodet til personar med langvarige og samansette behov. I statsbudsjettet for 2025 blei det løyvd 400 mill. kroner til styrka tiltak på psykisk helse- og rusfeltet. Av desse gjekk 150 mill. kroner til rammetilskot til kommunane, grunna behov på psykisk helse- og rusfeltet, 100 mill. kroner til tryggleikspsykiatriske tiltak, 37 mill. kroner til eigenandelsfritak t.o.m. fylte 25 i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB), 36 mill. kroner til etablering av ambulante tryggleiksteam, 45 mill. kroner tidleg avklaring for tilviste til psykisk helsevern, 25 mill. kroner til ABC-kampanjen for psykisk helse og 7 mill. kroner til gratis langtidsverkande prevensjon til kvinner i TSB. I 2026 er det føreslått å styrke løyvinga til psykisk helsefeltet med til saman 140 mill. kroner.

Regjeringa har lagt fram førebyggings- og behandlingsreforma for rusfeltet, irekna eit nasjonalt program for rusførebyggande arbeid blant barn og unge.

Regjeringa har i samanheng med revidert nasjonalbudsjett for 2025 løyvd 7 mill. kroner til ei forsøksordning i Helse nord kor pasientar med lang reiseveg til spesialisthelsetenester skal få høgare stønad til overnatting, slik at det blir økonomisk enklare å nytta seg av helsehjelp. Tiltaket er foreslått ført vidare i 2026 med 14 mill. kroner. Det er i tillegg foreslått ytterlegare 15 mill. kroner til høgare kilometergodtgjersle for reise til spesialisthelsetenester i Helse Nord.

Dei kommunale helse- og omsorgstenestene, irekna fastlegeordninga, er grunnpilaren i helse- og omsorgstenestene, og bidreg til enkel tilgang til helsehjelp av god kvalitet for heile folket. Regjeringa vil utvikle fastlegeordninga for å sørge for ei tilgjengeleg og sterk offentleg teneste for alle, og har styrkt ordninga med meir enn ein mrd. kroner. I Meld. St. 23 (2024–2025) Fornye, forsterke, forbedre – Framtidens allmennlegetjeneste og akuttmedisinske tjenester utenfor sykehus presenterast regjeringa sine mål og løysningar for å innrette allmennlegetenesta for framtida. Eit hovudmål for tenesta er at alle innbyggjarar opplev gode og samanhengande tenester, og at sosial ulikskap i helse reduserast. For å oppnå likeverdige tenester og reduserte sosiale helseforskjellar presenterast ei rekke tiltak for å styrke innsatsen for dei med store og samansette behov eller som ikkje etterspør tenester dei har behov for, som fremmer allmennlegetenesten sine bidrag i folkehelsearbeid og førebygging, auka helsekompetanse og meistring og deltaking sosialt, i utdanning og i arbeidsliv. Utvikling av ein meir tverrfaglig teneste er eit sentralt tiltak. Første steg i ei slik utvikling er å opne for at sjukepleiarar kan utløyse refusjon frå Helfo for konsultasjonar gjennomførde på delegasjon frå legen. Eit anna tiltak er utprøving av kommunal nettlege for å gi innbyggjarar eit meir fleksibelt allmennlegetilbod i kommunane. Regjeringa løyver 115 mill. kroner til desse tiltaka i 2026.

Vidare vil regjeringa auke aldersgrensa for betaling av eigenandelar hos fastlege og legevakt t.o.m. fylde 17 år frå 1. august 2026. Regjeringa foreslår å løyve 30 mill. kroner til dette i 2026.

Regjeringa held fram utvidinga av den offentlege tannhelsetenesta. Gjennom budsjettbehandlinga i 2025 har regjeringa styrka tannhelsetilbodet med 420 mill. kroner for å gi eit offentleg tannhelsetilbod til fire årskull i aldersgruppene frå 25 til og med 28 år. Stortinget har behandla og vedtatt eit forslag om lovfesting av rett til nødvendig tannhelsehjelp for 25- til 28-åringer. Regjeringa har også styrka rammetilskotet til fylkeskommunen med 100 mill. kroner, bl.a. for å tilsette fleire tannpleiarar, og legge til rette for at fleire som har rett til offentlege tannhelsetenester får kunnskap om rettigheitene sine.

Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Familie, oppvekst og fritid

Dei fleste barn i Noreg veks opp i ein trygg familie med gode økonomiske kår. Samtidig er det familiar som har så låg inntekt at det avgrensar høvet deira til å delta i samfunnet på ein fullverdig måte. Dette rammar barna og kan ha konsekvensar for dei langt fram i tid.

Ein oppvekst i fattigdom gir auka risiko for lågare deltaking i fritidsaktivitetar, dårlegare fysisk og psykisk helse og buforhold, fråfall frå vidaregåande utdanning, lågare skoleprestasjonar og færre venner. Ein oppvekst i fattigdom kan òg føre til at barna som vaksne fell utanfor arbeidslivet og opplever låg inntekt.

I 2022 sette regjeringa ned ei ekspertgruppe om barn i fattige familiar som vurderte korleis innsatsen bør prioriterast for å styrke oppvekstvilkåra til barna på kort sikt og førebygge framtidig fattigdom. Ekspertgruppa leverte utgreiinga si i oktober 2023. Regjeringa nyttar vurderingane frå ekspertgruppa i den vidare innsatsen for å motverke og førebygge fattigdom blant barnefamiliar.

Like muligheter i oppveksten – Samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier (2020–2023) blei ført vidare i 2024. I januar 2025 leverte Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) sluttrapportering på oppfølginga av tiltaka i vidareføringa av strategien.

Regjeringa la 6. juni 2025 fram Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn. Meldinga peikar ut vidare retning for å redusere sosiale forskjellar og bidra til like moglegheiter for barn og unge. Meldinga er eit samarbeid mellom Barne- og familiedepartementet, Kunnskapsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kultur- og likestillingsdepartementet.

Hovudmåla i meldinga er at alle barn og unge får ein god start på livet, at dei får gode oppvekstvilkår, og at dei får utvikle seg, lære, meistre og skape seg gode liv, uavhengig av sosial bakgrunn. Meldinga løfter fram fem innsatsområde: arbeid og økonomisk tryggleik, ein god start på livet, like moglegheiter gjennom utdanningsløpet, på fritidsarenaer og inn i arbeidslivet, styrke laget rundt barn og unge, og meir kunnskap og samarbeid.

Førebyggingsperspektivet står sentralt i meldinga og handlar om forsterka innsats for å skape og oppretthalde gode oppvekstvilkår for alle barn. Dette inkluderer tiltak som regjeringa har iverksett for å styrke det universelle tenestetilbodet for barn og unge og trygge økonomien til familiane, som rimelegare barnehage, gratis kjernetid i SFO til og med 3. trinn, auka barnetrygd og auka bustøtte. Meldinga har òg eit tydeleg kommuneperspektiv, som framhevar arbeidet i kommunane med å skape inkluderande arenaer og gi kvalitet og samanheng i tenestene. Statens verkemiddel må sjåast i samanheng på tvers av sektorane, slik at kommunane får betre vilkår for å gi eit samordna og heilskapleg tenestetilbod.

Meldinga tar for seg betydninga av familien og dei første 1000 dagane i eit barns liv. Gode og tverrfaglege tenester i fødsels- og barselomsorga og helsestasjons- og skolehelsetenesta, og gode og tilgjengelege barnehagar, blir særleg løfta fram. Tiltak omfattar også tilgjengeleg foreldrestøtte og oppfølging av familiar som har behov for det. Vidare er eit godt skolemiljø og ein meir praktisk skule sentralt for at fleire skal meistre og få moglegheiter til vidare utdanning og arbeid. Betre tilgang til fritidsaktivitetar for alle, og eit samarbeid mellom skole/SFO og idretts- og kulturaktivitetar, er også viktige tiltak for å gi barn og unge auka moglegheiter på viktige oppvekstarenaer. Stortingsmeldinga løfter vidare fram innsatsen for å styrke laget rundt barnet, tverrsektoriell leiarutvikling og programfinansiering som tiltak. I meldinga gis det også ein omtale av innsatsen for å førebygge barne- og ungdomskriminalitet.

Som et tiltak i Meld. St. 28 (2024–2025) vil regjeringa opprette ei tverrsektoriell tilskotsordning til kommunar for førebyggande tiltak for barn og unge. Målet er å gi barn og unge gode oppvekstvilkår og førebygge at barn og unge fell utanfor, ved å støtte kommunane i deira heilskaplege og førebyggande arbeid retta mot barn og unge på tvers av ulike sektorar og tenesteområde. Ordninga inneber ei gradvis omlegging frå eksisterande øyremerkte tilskot frå fleire sektorar retta mot barn og unge til ei felles tverrsektoriell tilskotsordning med fleirårig finansiering. Frå 2026 vil det inngå midlar frå tilskot under Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet, samt eit sektorbidrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Frå 2027 tar regjeringa sikte på at det i tillegg vil inngå midlar frå tilskot under Barne- og familiedepartementet, og å auke sektorbidraget frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. På sikt kan det bli aktuelt å omdisponere midler frå fleire tilskuddsordningar. Tilskotsordninga blir forvalta av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet i samarbeid med Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet. Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet, kap. 846 Familie- og oppveksttiltak, post 63 Tverrsektorielt tilskot til førebyggande tiltak for barn og unge.

Som ei oppfølging av Meld. St. 28 (2024–2025) vil regjeringa prøva ut ulike modellar for ei familiekoordinatorrolle i Nav-kontora. Mange familiar med låginntekt og svak tilknyting til arbeidslivet har samansette utfordringar, og har behov for oppfølging frå ulike delar av arbeids- og velferdsforvaltninga og andre tenester i kommunen. Det finst per i dag ingen spesifikk modell for ein slik koordinatorrolle. Det er behov for ei breiare innsikt i og kunnskap om bruken av og innhald i ei familiekoordinatorrolle i Nav-kontora. Arbeids- og velferdsdirektoratet vil i 2026 gjennomføre ei kartlegging av innhald i og organisering av prosjekt som gjeld familiekoordinator og oppfølging av barnefamiliar i arbeids- og velferdsforvaltninga. Tidlegare erfaringar med arbeidsmodellar som heilskapleg oppfølging av låginntektsfamiliar (HOLF) vil, saman med igangverande arbeid og kunnskap, danna grunnlag for å vurdere eit framtidig heilskapleg rammeverk for oppfølging av barnefamiliar i Nav-kontora. Sjå også omtale i del II, under kap. 621, post 63.

Regjeringa har lansert eit samfunnsoppdrag om å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv. Det langsiktige overordna målet er at ingen barn og unge blir ståande utanfor, og at utanforskap er vesentleg redusert innan 2035. Regjeringa har gjort greie for samfunnsoppdraget i Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet.

Deltaking i fritidsaktivitetar er ein viktig del av oppveksten for barn og unge. Gjennom slike aktivitetar får dei oppleve samkjensle, meistring og sosial tilhøyrsle. Samstundes viser undersøkingar at barn som veks opp i fattigdom deltek i mindre grad enn andre i fritidsaktivitetar. Gjennom ordninga Tilskot til å inkludere barn og unge kan kommunar, frivillige organisasjonar og andre ideelle aktørar få støtte til tiltak som ferie- og fritidsaktivitetar, opne møteplassar og sommar- og deltidsjobbar for ungdom. I 2025 er ordninga på om lag 758 mill. kroner, ein auke på 231 mill. kroner i regjeringsperioden.

Som ei oppfølging av Meld. St. 28 (2024–2025) tek ein sikte på å gjennomføre ei systematisk utprøving av inkluderingstiltak på fritidsfeltet.

Sjå Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet, programkategori 11.10 Familie og oppvekst for meir omtale av korleis regjeringa følger opp berekraftsmål 1.2 når det gjeld innsatsen mot fattigdom blant barn og barnefamiliar.

Deltaking i fritidsaktivitetar innan idrett, kunst og kultur gir barn og unge fysiske, kulturelle og sosiale opplevingar. Dei med meir økonomiske, sosiale eller kulturelle ressursar deltar i større grad i frivilligheita enn andre. Eit overordna mål i kultur-, idretts- og frivilligheitspolitikken er å bygge ned denne forskjellen. Det viktigaste grepet for brei deltaking er å oppretthalde dei universelle ordningane. Dei viktigaste universelle ordningane er meirverdiavgiftskompensasjon for frivillige organisasjonar, Frifond-ordningane og LAM-ordninga (lokale aktivitetsmidlar) til lokale lag og foreiningar på idrettsområdet.

Regjeringa lanserte i 2024 handlingsplanen «Alle inkludert!» for å auke deltakinga i kultur, idrett og friluftsliv. Planen inneheld tiltak som skal bidra til å redusere kostnader, utvikle fleire tilbod, styrke samarbeid og medverknad, samt dele kunnskap og spreie informasjon om gode eksempel. Planen er laga i eit breitt samarbeid med barn og unge, lag og foreiningar og offentleg sektor. Planen støttar opp om arbeidet med intensjonsavtalen Fritidserklæringen, som regjeringa har underteikna saman med KS og frivilligheita. Målet med erklæringa er at alle barn og unge skal ha moglegheit til å delta jamleg i fritidsaktivitetar saman med andre.

Sidan 2023 er tilskotet til arbeidet med å fremme inkludering i kultur-, idretts- og friluftslivsaktivitetar auka med over 800 mill. kroner ekstra frå statsbudsjettet og frå spelemidlar. Midlane er nytta til å styrke enkle og breie tilskotsordningar i frivillig sektor, som Frifond, Ungdom og fritids fond, Lokale aktivitetsmidlar og målretta innsats mot idrettslag i område med høg andel barn og unge i familiar med låg inntekt. Midla har òg gått til styrkt innsats for deltaking i kulturfrivilligheit gjennom Ungdomsløftet i Noregs Musikkorpsforbund og tilskot til å inkludera fleire barn og unge i korps og orkester.

I 2025 held regjeringa fram med satsinga gjennom ei massiv styrking av anlegg til idrett og fysisk aktivitet, samt kultur- og idrettsaktivitetar. Det er fordelt 4,3 mrd. kroner til idrettsformål og 1,2 mrd. kroner til kulturformål frå spelemidla. Midlane er fordelte med mål om at fleire barn og unge skal kunne delta i fellesskap, uavhengig av bakgrunn. Tilgang til lokale er også viktig for å sikre aktivitet. Tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet er òg auka i heile perioden og er i 2025 på 2,2 mrd. kroner. I 2024 og 2025 blei også tilskot til Kulturrom auka.

Kulturtanken oppretta i 2024 to nye tilskotsordningar for prosjekt som styrker nettverk, kompetanse, deling og samarbeid om barn og unge i kulturfrivilligheita, og for tiltak som involverer barn og unge i utviklinga av det lokale fritidstilbodet. Tiltaka skal utvikle modellar for medverknad som kan nyttast fleire stader, slik at barn og unge får større innverknad på fritidstilbodet.

Den kulturelle skolesekken (DKS) er ei viktig nasjonal ordning som sikrar at alle barn og unge får oppleve kunst og kultur av høg kvalitet gjennom skolen. Det statlege tilskotet til DKS blei i 2024 auka med 20 mill. kroner og i 2025 auka med 40 mill. kroner ekstra til totalt 390 mill. kroner. Biblioteka er ein viktig plass der barn, unge og vaksne møtes og ulike arrangement finn stad. Frivilligsentralane bidrar til frivillig deltaking, fellesskap og aktivitetar for barn, unge, vaksne og eldre i heile landet. Regjeringa har prioritert frivilligsentralane gjennom å få på plass ei øyremerka ordning på budsjettet til Kultur- og likestillingsdepartementet og har styrkt ordninga i kvart einaste budsjett i regjeringsperioden. 339 kommunar har fått vedtak om tilskot for til saman 589 frivilligsentraler i 2026.

Sjå meir omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Kultur- og likestillingsdepartementet.

Barne- og ungdomskriminalitet

Det er sett i gang fleire tiltak for å førebygge barne- og ungdomskriminalitet. I 2025 vart det løyvd til saman 438 mill. kroner til arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet og innsatsen blir vidareført i 2026. Det er i statsbudsjettet for 2026 foreslått 90 mill. kroner til arbeid med éin-til-éin-oppfølging i kommunane Oslo, Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Skien, Drammen, Sandefjord, Lørenskog og Lillestrøm. Sjå nærmare omtale av regjeringa sitt arbeid for å førebygge barne- og ungdomskriminalitet under programkategori 11.10 Familie og oppvekst i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet, i Prop. 1 S (2025–2026) for Justis- og beredskapsdepartementet, i Prop. 1 S (2025–2026) for Kunnskapsdepartementet, og under programkategori 09.70 Integrering og mangfald i del II i denne proposisjonen.

Områdesatsing i byar

I enkelte byar og område med konsentrasjon av levekårsutfordringar har staten og kommunane avtalebaserte samarbeid om felles ekstra innsats, kalla områdesatsingar. Områdesatsingar er eit verkemiddel for å bidra til varige forbetringar av tenester og betre fysiske og sosiale nærmiljøkvalitetar i levekårsutsette område.

I stortingsperioden har regjeringa utvida talet på kommunar med avtale om områdesatsingar frå fem i 2021 til 14 kommunar i 2025. Kommunane arbeider særskilt med å utvikle betre tilpassa tenester, særleg på områda kvalifisering og sysselsetting, utdanning og oppvekst, og tiltak for betre integrering og folkehelse. Mange av tiltaka er gjort i samarbeid med frivilligheita i utsette lokalområde.

Det blir foreslått å styrke områdesatsinga i Oslo med 5 mill. kroner over kap. 621, post 63 i 2026. Sjå nærmere omtale i del II, under kap. 621, post 63. Vidare foreslår regjeringa å styrke områdesatsingar i Østfold med 9 mill. kroner over kap. 671, post 62. Sjå nærmare omtale i del II, under kap. 671, post 62.

Kommunal- og distriktsdepartementet har i 2025 mottatt ei ekstern evaluering av områdesatsing som statleg verkemiddel. Departementet arbeidar med oppfølging av evalueringa.

Sjå meir omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Delmål 1.3 Innføre nasjonalt tilpassa sosiale velferdsordningar og tiltak for alle, inkludert minstestandardar, og innan 2030 oppnå ei vesentleg dekning av fattige og sårbare

Noreg har universelle velferdsordningar og gode offentlege velferdstenester. Inntektssikringsordningane i folketrygda gir økonomisk tryggleik for personar som ikkje kan arbeide. Stønadsordningane sikrar inntekt og kompenserer for særlege utgifter ved arbeidsløyse, fødsel, sjukdom, uførleik og alderdom. Folketrygda bidrar til utjamning av inntekt og levekår over livsløpet til den enkelte og mellom grupper av personar. Saman med tilgang til gratis eller sterkt subsidierte offentlege tenester som barnehage, skole og helsevesen, bidrar dette til at situasjonen til personar med låginntekt er betre i Noreg enn i mange andre land.

Barnetrygda er auka betydeleg under denne regjeringa, særleg for barn over 6 år og for einslege forsørgjarar, noko som er særleg viktig for låginntektsfamiliar. Ordningane tryggjar og betrar det økonomiske handlingsrommet i familiane og kan nyttast til barna eller til andre behov familiane har. Under regjeringsperioden har barnetrygda for dei yngste barna økt frå 1 654 kroner i månaden til 1 968 kroner i månaden, og for dei eldste barna frå 1 054 kroner i månaden til 1 968 kroner i månaden. Sjå nærmare omtale av barnetrygda under programkategori 11.10 Familie og oppvekst i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet.

Ei rekke ytingar til livsopphald blir kvart år justert i tråd med endringar i grunnbeløpet. Dette gjeld bl.a. uføretrygd og arbeidsavklaringspengar. Desse endringane i grunnbeløpet skal sikra at ytingane held tritt med lønnsveksten i arbeidslivet.

Frå 1. juli 2022 er regelen om at summen av uføretrygd og barnetillegg ikkje kan utgjere meir enn 95 pst. av inntekta før mottakarane vart uføre avvikla. Frå 2024 påverkar ikkje lenger barn sine eigne inntekter eller barnepensjon barnetillegga for mottakarar av arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og kvalifiseringsstønad. Barnetillegga for arbeidsavklaringspengar, kvalifiseringsstønad og dagpengar er igjen auka frå 1. januar 2025 og utgjer 37 kroner per barn per dag. Minstesatsane for arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og kvalifiseringsstønad blei oppjusterte frå 1. juli 2024.

Økonomisk stønad og dei sosiale tenestene i arbeids- og velferdsforvaltninga er det nedre tryggleiksnettet i velferdsordningane. Tenestene skal bidra til økonomisk og sosial tryggleik og fremme overgang til arbeid og sosial inkludering. Sosiale tenester og sosialfagleg arbeid er viktig i det heilskaplege tenestetilbodet til personar som opplever sosiale problem, men også i arbeidet i kommunane for å førebygge at slike problem oppstår. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har tatt initiativ til eit program for førebyggande sosialt arbeid og heilskapleg førebyggande innsats lokalt.

For å vareta og styrke barneperspektivet i arbeids- og velferdsforvaltinga (Nav) er det sett i gang fleire tiltak, bl.a. opplæring og utvikling av kompetansemateriell. Det er utarbeidd ein rettleiar for Nav-tilsette om når og korleis arbeids- og velferdsforvaltinga skal vurdere det beste for barnet.

Dei statlege rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp vart auka med 10 pst. frå 1. juli 2023. Dette omfatta òg satsane for livsopphald til barn. Forbruksforskningsinstituttet (SIFO) har på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet utarbeidd ein rapport om grunnlaget for dei statlege rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp. Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2026 fleire justeringar i dei rettleiande satsane i lys av det oppdaterte kunnskapsgrunnlaget. Det blir bl.a. foreslått å auke dei rettleiande satsane for økonomisk stønad, i hovudsak til familiar med barn. Det blir samtidig foreslått å fjerne føresegna i sosialtenestelova § 18 om at ved vurdering av søknad om økonomisk stønad til familiar, skal barnetrygd ikkje bli tatt med. Dette inneber ei mindreutgift for kommunane på om lag 650 mill. kroner i 2026, og det blir foreslått at innsparinga blir brukt til å auke dei rettleiande satsane for økonomisk stønad. For nærmare omtale sjå del II under mål 9, Inkludering i samfunnet og gode levekår for dei mest vanskelegstilte.

Regjeringa har sette i verk ei rekke tiltak for å motverke effekten av auken i levekostnader, bl.a. gjennom å auke bustøtta. Den statlege bustøtta skal sikre at husstandar med låge inntekter og høge buutgifter kan bu i ein trygg og god bustad. Frå desember 2021 til mars 2024 var regelverket midlertidig endra, slik at opp til 25 000 fleire enn vanleg fekk bustøtte. Dei som fekk bustøtte, fekk i denne perioden òg ekstra utbetalingar i fleire omgangar, som hjelp til å dekke høge straumrekningar. I samanheng med revidert nasjonalbudsjett for 2024 vart det vedtatt at alle bustøttemottakarar som ikkje betalar for oppvarming gjennom husleige eller fellesutgifter, skal få lagt 590 kroner til buutgiftene kvar månad ved berekning av bustøtte. Tiltaket blei iverksett frå og med september 2024 og er varig.

I tillegg blei det gjort ei rekke andre endringar i bustøtta i samanheng med revidert nasjonalbudsjett for 2024. Det blei bl.a. vedtatt å auke dei årlege buutgiftstaka med 4 000 kroner, og frå og med oktober 2024 har inntekta til 18- og 19-åringer ikkje vore telt med i berekninga av bustøtte, viss dei ikkje er hovudperson i eiga hushald. Dette gjer at unge vaksne kan tene pengar utan at det går utover foreldras bustøtte. Desse tiltaka ble i samanheng med statsbudsjettet for 2025 gjort varige. Frå januar 2025 er det òg innført ei skjermingsordning som hindrar at dei som har inntekt frå arbeidsavklaringspengar og dagpengar får mindre eller miste bustøtta når dei får tre utbetalingar i same kalendermånad.

Sjå nærmare omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Mykje tyder på at levekåra for den nasjonale minoriteten romar er langt dårlegare enn i befolkninga elles. Kommunal- og distriktsdepartementet finansierer Ressurssenteret, knytte til Romano Kher, som bl.a. skal bidra til at romar får likeverdige tenester gjennom helse- og sosialfagleg innsats. Denne satsinga blei styrka med 1,5 mill. kroner i 2025.

Delmål 1.4 Innan 2030 sikre at alle menn og kvinner, særleg fattige og sårbare, har lik rett til økonomiske ressursar og tilgang til grunnleggande tenester, til å eige og kontrollere jord og andre former for eigedom, og til arv, naturressursar, ny teknologi og finansielle tenester, inkludert mikrofinansiering

Offentlege velferdstenester skal bidra til at alle får nødvendig bistand, slik at dei kan delta i arbeidslivet og på andre arenaer i samfunnet. Universelle og gode velferdsordningar bidrar til like moglegheiter og til å redusere forskjellar i levekår.

Bustad

Trygge og gode buforhold er viktig for å jamne ut forskjellar i levekår og sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge. Den sosiale bustadpolitikken skal førebygge at folk får utfordringar på bustadmarknaden, og gi hjelp til dei som ikkje sjølve klarer å skaffe og behalde ein eigna bustad. Bustøtte, startlån og lån til utleigebustader er viktige bustadsosiale verkemiddel.

Om lag tre firedelar av husstandane i Noreg bur i ein bustad dei eig sjølv. Startlån frå Husbanken og lån til utleigebustader gjer at fleire kan kjøpe ein eigen bustad og at det blir tilgang på fleire eigna utleigebustader. Regjeringa har foreslått at låneramma til Husbanken blir 32 mrd. kroner for 2026. Låneramma går bl.a. til startlån og lån til utleigebustader for vanskelegstilte. Regjeringa gjer òg eit forsøk der kommunane kan gi startlån til førstegongsetablerarar som er noko betre økonomisk stilte enn dei som får startlån i dag. Sjå omtale av bustøtte under delmål 1.3.

Regjeringa la våren 2024 fram ei melding til Stortinget om ein heilskapleg bustadpolitikk. Meldinga tar for seg bl.a. eige- og leigemarknadene, utfordringar i distrikts- og pressområde og arbeidet for spesielt sårbare grupper. I meldinga legg regjeringa fram fire innsatsområde for bustadpolitikken; 1) Fleire skal få høve til å eige eigen bustad; 2) Leigemarknaden skal vere trygg og føreseieleg; 3) Ta vare på bustadene vi har, og byggje dei vi treng og 4) Forsterka innsats for dei som ikkje sjølve klarer å skaffe seg og behalde ein eigna bustad.

Tilgang til grunnleggande tenester under straffegjennomføring

Innhaldet i kriminalomsorga sitt tilbod legg til grunn at domfelte har lik rett på offentlege tenester som andre. Det gjeld både dei som er innsette i fengsel og dei som gjennomfører straff i samfunnet. I dag gjennomfører fleire straffa si i samfunnet enn i fengsla. Det har ført til at ein større andel av dei som sit i fengsel er dømde for alvorlege lovbrot og ein større andel har psykiske helseutfordringar og behov for helse- og omsorgstenester. Tiltak i kriminalomsorga for å betre psykisk helse er viktig i arbeidet med utjamning av forskjellar i befolkninga og kan bidra til at fleire domfelte kjem seg ut i utdanning og arbeid etter at dei har gjennomført straffa si. Regjeringa tok 17. mars 2025 imot NOU 2025: 2 Samfunnsvern og omsorg. Utvalet for strafferettslege reaksjonar og psykisk helse blei oppnemnt ved kongeleg resolusjon 20. juni 2023. Utvalet skulle evaluere ordningane med forvaring, tvungent psykisk helsevern og tvungen omsorg og greie ut varetakinga av sikta, domfelte og innsette med alvorlege psykiske lidingar eller utviklingshemming. Utvalet skulle også særleg sjå på korleis kvinner og barn blir varetekne. Utgreiinga har vore på offentleg høyring, og utvalets vurderingar og anbefalingar er no til oppfølging i departementa.

Rettshjelp

Rettshjelpslova med forskrifter gir reglar om offentleg stønad til rettshjelp for dei som har behov for rettshjelp. I nokre sakstypar har søkaren krav på rettshjelp utan omsyn til inntekt og formue. I andre sakstypar er det berre søkarar med inntekt og formue opp til eit visst nivå som kan få stønad til rettshjelp. I tillegg er tilskotsordninga for frivillige rettshjelptiltak ei ordning som er retta mot utsette grupper og menneske som er i ein spesielt vanskeleg situasjon, og som kan oppfatte det som at terskelen for å oppsøke ordinær juridisk hjelp er høg.

Stortinget vedtok i desember 2023 endringar i rettshjelploven, som inneber ein ny modell for behovsprøvd rettshjelp. Med den nye modellen vil fleire personar bli omfatta av ordninga. I staden for separate krav til inntekt og formue skal det takast utgangspunkt i den samla betalingsevna til søkaren. Vidare vedtok Stortinget i juni 2025 å utvide rettshjelpsordninga med fleire sakstypar, jf. Prop. 103 L (2024–2025). Sjå meir omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Ny teknologi

I Noreg er det god tilgang til nye teknologiske løysingar for alle ved at grunnleggande tenester frå det offentlege blir utforma for digitale løysingar som kan nyttast av alle.

Digitalisering gir nye moglegheiter, også moglegheiter for å inkludere fleire i fellesskapet. Viss vi ikkje legg til rette for at flest mogleg skal delta etter evne, risikerer vi likevel å bidra til digital utanforskap. Regjeringa la fram ein «Handlingsplan for auka inkludering i eit digital samfunn» i juni 2023. Handlingsplanen gjeld frå 2023 til 2026. Målet med handlingsplanen er å motverke digital utanforskap og legge til rette for at alle blir inkludert i samfunnet.

Finansielle tenester

I Noreg er det god tilgang til finansielle tenester. Regulering og tilsyn skal på den eine side sikra at den enkelte har tilgang på finansielle tenester og har visse rettar overfor tenestetilbydaren, og på den andre sida bidra til at bankar og andre tilbydarar av finansielle tenester driv økonomisk forsvarleg og er i stand til å møta forpliktingane sine overfor kundane.

Delmål 1.5 Innan 2030 bygge opp motstandskrafta til fattige og personar i utsette situasjonar, slik at dei blir mindre utsette og sårbare for klimarelaterte ekstremhendingar og andre økonomiske, sosiale og miljømessige påkjenningar og katastrofar

Regjeringa la i 2023 fram ein plan for det nasjonale arbeidet med klimatilpassing for perioden 2024–2028, jf. Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn. Meldinga blei behandla av Stortinget i januar 2024, og regjeringa er no i gang med å følgje den opp. Bl.a. har Miljødirektoratet fått i oppdrag å gjennomføre ein klimasårbarhetsanalyse som skal gje betre oversikt over risiko og sårbarhet for Noreg. Sjå omtale av berekraftsmål 13 om å motverka klimaendringane og konsekvensane av dei i Prop. 1 S (2025–2026) for Klima- og miljødepartementet.

Koronapandemien har vist at nokre grupper er meir utsette enn andre, f.eks. enkelte innvandrargrupper som bur i levekårsutsette område.

Delmål 1.a) Sikre ei vesentleg mobilisering av ressursar frå mange ulike kjelder, bl.a. gjennom styrkt utviklingssamarbeid, for å gje utviklingslanda, særleg dei minst utvikla landa, tilstrekkelege og føreseielege middel til å gjennomføre program og politikk for å utrydde alle former for fattigdom

Sjå omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Utenriksdepartementet.

Delmål 1.b) Opprette gode politiske rammeverk på nasjonalt, regionalt og internasjonalt nivå basert på utviklingsstrategiar som gagnar dei fattige og tek omsyn til kjønnsperspektivet, med sikte på å auke investeringar i tiltak som motverkar fattigdom

Det politiske rammeverket i Noreg, med ein godt utbygd velferdsstat som sikrar alle tilgang til gratis utdanning og helsetenester samt stønadsordningar ved bortfall av arbeidsinntekt, gir eit godt rammeverk for å motverke fattigdom.

Berekraftsmål 5.3

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har ansvar for å følge opp delmål 5.3 Avskaffe all skadeleg praksis, som barneekteskap, tidlege ekteskap og tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Det er eit stort problem på verdsbasis, men er òg eit alvorleg problem for dei som blir utsette for det i Noreg. Flyktningar og innvandrar frå land der dette er vanleg, og barna deira i Noreg, er spesielt utsette.

Delmålet blir bl.a. følgt opp gjennom regjeringas nye handlingsplan Sjef i eget liv – styrket innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vold (2025–2028). Viktige innsatsområde er kompetanseheving for tilsette i tenesteapparatet og styrking av rettsvernet for utsette personar. Arbeidet blir også fulgt opp gjennom Opptrappingsplanen mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028).

Det finnes fleire særskilde tenester som som bidra til å forebyggje negativ sosial kontroll og æresmotivert vald, herunder kjønnslemlesting, tvangeekteskap og ufrivillege utenlandsopphald. Tenestane er tilgjengelige både for dei som treng akutt hjelp og for dei som treng langsiktig støtte, og inkluderer Kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vold, IMDis mangfoldsrådgivere, spesialutsendingene for og IMDis fagteam for forebygging av negativ sosial kontroll og æresrelatert vold (IMDis fagteam). Dei særskilde tenestene bidrar også med kompetanseheving for ansatte i de ordinære tjenestene, som politi, barnevern og lærere, slik at dei er bedre rusta til å avdekke saker og bistå utsatte som de møter i jobben sin.

Det er ei absolutt 18-årsgrense for å inngå ekteskap i Noreg. Etter ei lovendring våren 2021 er det vedtatt at ekteskap som er inngått før partane er 18 år etter utanlandsk rett, som ein klar hovudregel ikkje vil bli anerkjende i Noreg. Straffeloven har også egne bestemmelser mot tvangsekteskap og kjønnslemlestelse.

Berekraftsmål 8.6

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har eit delansvar for delmål 8.6 om å redusere prosentandelen unge som verken er i arbeid, under utdanning eller under opplæring. Innsatsen for å gi fleire unge moglegheiter i arbeidslivet, jf. omtale under del II i denne proposisjonen, står sentralt i arbeidet med å nå dette målet. Situasjonen i arbeidsmarknaden for unge er omtalt i del I, punkt 3.2 Situasjonen i arbeidsmarknaden.

Dei fleste unge i Noreg fullfører utdanning og kjem i arbeid. Sysselsettinga for unge er høg, og det er få ledige, samanlikna med mange andre land. Samtidig er det en andel av dei unge som verken er i utdanning, opplæring eller arbeid (NEET). I 2024 var NEET-raten 6,8 pst., ifølge arbeidskraftundersøkinga. NEET-raten er lite endra over tid og var i 2024 om lag som gjennomsnittet for den siste tiårsperioden. NEET-raten er lågast for dei under 20 år.

NEET-gruppa er samansett. Den består bl.a. av arbeidsledige, unge med alvorlege helseproblem, personar som er heime med barn, og personar som tar ein pause frå arbeid og skole. Sjølv om delar av NEET-gruppa berre er midlertidig utanfor utdanning eller arbeid, er det også godt dokumentert at det er mange i gruppa som har problem med å få fotfeste i arbeidslivet. Innvandrarar, personar med låg utdanning og personar som tar imot helserelaterte stønader, er overrepresenterte i NEET-gruppa.

Ei av hovudproriteringane til regjeringa er å styrke innsatsen retta mot unge. Regjeringa har derfor lansert ungdomsløftet, som inneber at regjeringa, partane i arbeidslivet, fleire store verksemder og brukarorganisasjonar har signert ein avtale som forpliktar dei til å arbeide saman om å få fleire unge i jobb. Målet er å gi unge betre moglegheiter i arbeidslivet og styrke tilgangen på arbeidskraft for arbeidsgivarar.

Ungdomsløftet samlar alle arbeidsretta innsatsar som regjeringa har sett i gang, eller planlegg å gjennomføre. I 2023 innførte regjeringa ein ungdomsgaranti i Arbeids- og velferdsetaten som skal sikre at unge under 30 år får tidleg, tilpassa og tett oppfølging heilt fram til arbeid. Regjeringa foreslår å styrke innsatsen for unge i budsjettet for 2026, og foreslår å løyve midlar til forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram som regjeringa sette i gang hausten 2025. Vidare foreslår regjeringa å etablere eit rekrutteringsprogram til helse- og omsorgssektoren, starte opp eit forsøk med Eit enklare Nav – aktivitetspengar for unge, og auke driftsløyvinga til Arbeids- og velferdsetaten slik at marknadskontaktar kan samarbeide tettare med arbeidsgivarar for å få unge raskare i jobb. Sjå nærmare omtale under del II, punkt 6.5 Fleire unge skal få moglegheiter til å delta i arbeidslivet.

Berekraftsmål 8.8

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har del i ansvaret for delmål 8.8 om å verne arbeidstakarrettar og fremme eit trygt og sikkert arbeidsmiljø for alle arbeidstakarar, inkludert arbeidsinnvandrarar, særleg kvinnelege innvandrarar, og arbeidstakarar i vanskelege arbeidsforhold.

Dei fleste i Noreg arbeider under gode og forsvarlege arbeidsforhold, og arbeidsvilkåra er jamt over betre enn i andre land. Likevel er det framleis utfordringar i enkelte yrke, bransjar og næringar.

Regjeringa har lagt fram ein ny handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet, som bygger vidare på den handlingsplanen som blei lagt fram hausten 2022.

Utanlandske arbeidstakarar som har lite kjennskap til rettar og plikter i det norske arbeidslivet, er særleg utsette for å få dårlege lønns- og arbeidsvilkår. Dei kan også oppleve å bli utnytta av useriøse og kriminelle verksemder og aktørar til svart og ulovleg arbeid. Ikkje minst gjeld dette dei som nyleg har komme og dei som har kortare opphaldstid i landet. Regjeringa vil styrke bistanden til arbeidstakarar som blir utnytta, og er offer for tvangsarbeid eller menneskehandel. Regjeringa har lagt fram ein nasjonal strategi mot menneskehandel for å gjennomføre ein koordinert innsats, der det offentlege og ideelle organisasjonar arbeider saman for å redusere handlingsrommet for slik utnytting.

På fleire område er det innført allmenngjering av tariffavtalar for å sikre utanlandske arbeidstakarar lønns- og arbeidsvilkår som er likeverdige med dei vilkåra norske arbeidstakarar har, og hindre konkurransevriding til ulempe for den norske arbeidsmarknaden. Som oppfølging av handlingsplanen skal det arbeidast med å vidareutvikle informasjonstilbodet til utanlandske arbeidstakarar , som blir følgd opp gjennom eigne servicesenter og digitale tenester og rettleiing på dei offentlege etatane sine nettstader.

Tilstrekkelege språkkunnskapar i norsk og engelsk er ofte ein føresetnad for at innvandrarar skal ha kjennskap til rettar og plikter og kunne delta varig i arbeidslivet. Myndigheitene har her ei sentral rolle som pådrivarar og er dei som samordnar kvalifiseringstiltak for innvandrarar. Det blir bl.a. gjort ein særleg innsats for at fleire kvinner skal komme i arbeid eller utdanning, i tillegg til ein innsats mot rasisme og diskriminering i arbeidslivet.

Gjennom Treparts bransjeprogram blir det lagt vekt på å følge opp bransjar med særlege utfordringar. Det er oppretta bransjeprogram innan reinhald, uteliv, delar av transportnæringa,bilbransjen og det kjem no eit nytt program innan jordbruk- og gartnerinæringa, der ein finn mange utanlandske sesongarbeidarar.

I ein del tilfelle skjer det systematiske lovbrot som bl.a. inneber utnytting av arbeidstakarar og arbeidslivskriminalitet. Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten, Skatteetaten og politiet samarbeider om førebygging og kontroll for å motverke arbeidslivskriminalitet. Regjeringa held fram med å styrke Arbeidstilsynet slik at dei kan vere meir synlege og tydeleg til stades i arbeidslivet, og gi strenge reaksjonar til verksemder som står for alvorlege brot på reglane i arbeidslivet. Arbeidstilsynet har fått styrka sine lovheimlar på dette området.

Regjeringa har fått gjennomført fleire endringar i regelverket for å styrke hovudregelen om faste og direkte tilsettingar i arbeidslivet. Som oppfølging av den nye handlingsplanen vil regjeringa styrke rettane for dei som utfører arbeid som blir formidla gjennom digitale plattformer, eller som på andre måtar har ein arbeidskvardag som blir styrt gjennom bruk av algoritmer. Dette inkluderer også korleis handhevinga av regelverket kan styrkast på dette området.

Regjeringa legg vekt på å føre ein politikk som stimulerer til auka organisasjonsgrad blant både arbeidstakarar og arbeidsgivarar. Dei siste åra har det vore ein auke i organisasjonsgraden. Noreg har gjennom sin modell med samarbeid mellom partane i arbeidslivet og myndigheitene ei heilskapleg tilnærming der arbeidstakarvern og like konkurransevilkår for verksemder er viktige omsyn. Dei lovene, føresegnene og handlingsplanane som er utarbeidde og blir implementerte, sikrar den store majoriteten av arbeidstakarar i Noreg eit trygt og sikkert arbeidsmiljø i samsvar med delmål 8.8. Innsatsen mot utfordringar med useriøsitet og arbeidslivskriminalitet i norsk arbeidsliv vil bidra til å oppretthalde dette.

For nærmare omtale av regjeringa si innsats når det gjeld rettar for arbeidstakarar og omtale av eit trygt og sikkert arbeidsmiljø, sjå del II, punkt 6.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv.

9 Likestilling og mangfald

Arbeids- og inkluderingsdepartementets arbeid med likestilling som offentleg myndigheit

Arbeids- og inkluderingsdepartementet arbeider breitt og målretta for å fremme likestilling og hindre diskriminering gjennom dei ulike ordningane og tiltaka vi rår over.

Folketrygdlova er utforma slik at alle ytingar skal vere kjønnsnøytrale. F.eks. er svangerskapsrelaterte sjukepengar, svangerskapspengar og foreldrepengar likestilt med arbeidsinntekt som grunnlag for rett til dagpengar ved arbeidsløyse, sjukepengar og pleiepengar. Sjukepengar og pleiepengar blir kompensert med 100 pst. av berekningsgrunnlaget opp til 6 gangar grunnbeløpet. Dette taket gjer at personar med lav og middels inntekt får dekka heile inntektstapet ved f.eks. sjukdom, og det har derfor ein omfordelande verknad.

Departementet følger med på utviklinga på variablar som kjønn, alder og fødeland der dette er relevant.

Ordningane med hjelpemiddel til betring av funksjonsevna i arbeidslivet og dagleglivet skal gjere det enklare for personar med nedsett funksjonsevne å delta i arbeidsliv og i samfunnet på lik linje med alle andre.

Arbeidsavklaringspengar skal sikre inntekt for personar som får aktiv behandling, deltar på arbeidsretta tiltak eller får anna oppfølging med sikte på å skaffe seg eller behalde arbeid. Det er ikkje krav til tidlegare inntekt for å få arbeidsavklaringspengar. Personar med låg eller inga inntekt får ei minsteyting. Inntekt over seks gangar grunnbeløpet blir ikkje rekna med. Ordninga har derfor ein omfordelande verknad. Reglane er kjønnsnøytrale. Fleire kvinner enn menn tar imot arbeidsavklaringspengar, sjå omtale under del II, kap. 2651 Arbeidsavklaringspenger. Uføretrygd skal sikre inntekt for personar som har fått inntektsevna varig nedsett på grunn av sjukdom, skade eller lyte. Det er ikkje krav til tidlegare inntekt for å få uføretrygd. Personar med låg eller ingen inntekt får ei minsteyting. Øvste grense for opptening er 6 G. Ordninga har derfor ein omfordelande verknad. Dersom ein person har fått opptening til alderspensjon på grunnlag av omsorgsarbeid i åra som inngår i berekningsgrunnlaget for uføretrygd, kan ein sjå bort frå desse åra når berekningsgrunnlaget blir fastsett. Regelen kan auke berekningsgrunnlaget for personar som har gått ned i inntekt i omsorgsåra og deretter blir ufør.

Omsorgspengar gis for like mange dagar til begge omsorgspersonane til barnet, slik at både mor og far har same rett til å vere borte frå arbeidet for å ta vare på eit sjukt barn.

Ordninga med pleiepengar ved omsorg for sjukt barn blei revidert i 2017. I evalueringa av endringane blei bl.a. effektar på fordelinga mellom mødrer og fedrar undersøkt. Kvinner tar framleis imot pleiepengar i større grad enn menn, men utviklinga har gått i riktig retning.

Regelverket i folketrygda for alderspensjon er kjønnsnøytralt, i den forstanden at pensjonen blir berekna på same måte for kvinner og menn. Kjønnsnøytrale oppteningssatsar og kjønnsnøytrale delingstal sikrar at kvinner og menn med same oppteningshistorikk får same årlege pensjon. Sjølv om regelverket for å berekne pensjon er kjønnsnøytralt, er gjennomsnittleg utbetalt pensjon frå folketrygda høgare for menn enn for kvinner. Dette skuldast faktorar som forskjellar i arbeidsmarknadsdeltaking, lønnsnivå, stillingsprosent og avgangsalder. Alderspensjon i folketrygda har element som fører til auka likskap mellom kjønna trass forskjellar i arbeidsdeltaking, lønn og omsorgsarbeid. Slike element er eksempelvis minstenivå, oppteningstak og omsorgsopptening. Alderspensjon i folketrygda fører totalt sett til ei klar omfordeling frå menn til kvinner. Dette gjeld både for gammal og ny oppteningsmodell. Kvinner tener på dei generelle omfordelingselementa, fordi dei generelt har lågare inntekter enn menn, og dei lever lenger.

Arbeidsmarknadstiltaka skal bidra til å betre moglegheitene i arbeidsmarknaden for personar som står utanfor. Dei skal og hindre at personar fell ut av arbeidslivet. Innvandrarar frå land utanfor EØS-området, unge og personar som har vore lenge ledige kan oppleve særlege utfordringar med å komme i arbeid og deltar oftare i arbeidsmarknadstiltak enn andre. Enkelte av arbeidsmarknadstiltaka er innretta slik at dei skal bidra med støtte og tilrettelegging for at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne vere i jobb, som tiltaka funksjonsassistanse i arbeidslivet og arbeids- og utdanningsreiser. Vi viser til omtale av arbeidsmarknadstiltak i programkategori 09.30 Arbeidsmarknad.

Integreringspolitikken skal bidra til at fleire kjem i arbeid og lærer seg norsk, og samtidig fremme likestilling og kjempe mot negativ sosial kontroll.

Retten til opplæring etter integreringslova skal gi nyankomne flyktningar grunnlag for å komme i arbeid, skaffe seg vidare utdanning og bli aktive deltakarar i samfunnet. Jobbsjansen er eit individuelt retta kvalfiseringsprogram som skal auke sysselsettinga og derigjennom økonomisk sjølvstende blant kvinner med innvandrarbakgrunn.

Lov om offentlege organer sitt ansvar for bruk av tolk mv. (tolkelova) bidrar til å sikre rettstryggleik og forsvarleg hjelp og teneste for personar som ikkje kan kommunisere forsvarleg med offentlege organ utan tolk.

I november 2023 la regjeringa fram ein handlingsplan mot rasisme og diskriminering som gjeld ut 2027. Regjeringa vil i tillegg gjere ein særskild innsats mot hets og diskriminering av bestemte etniske og religiøse minoritetar. Regjeringa har lagt to nye handlingsplanar i 2024, éin mot antisemittisme og éin mot muslimfiendskap, og dessutan éin i 2025 mot hets og diskriminering av samar.

Ein ny handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald for perioden 2025–2028 ble lansert våren 2025. Arbeidet med å kjempe mot negativ sosial kontroll handlar om å vareta grunnleggande rettar, sikre fridom og likestilling for alle og kjempe mot vald og overgrep. Arbeidet på dette området skal bidra til å hindre utanforskap og helseplager og sikre likeverdige offentlege tenester for heile befolkninga.

Forboda mot diskriminering i arbeidslivet er regulert i arbeidsmiljølova og likestillings- og diskrimineringslova. Arbeidsmiljølova regulerer forbod mot diskrimering på grunn av alder, seksuell orientering, politiske oppfatningar og medlemskap i fagforeiningar eller politiske organisasjonar, deltidstilsette og midlertidig tilsette. Verksemdene er ifølge arbeidsmiljølova ansvarlege for at det blir gjennomført eit førebyggande arbeidsmiljøarbeid, noko som og omfattar tema knytt til likestilling og diskriminering.

Utanlandske arbeidstakarar med manglande kunnskap om rettigheiter og pliktar i det norske arbeidslivet er særleg utsett for å få dårlege lønns- og arbeidsvilkår. Dei kan også oppleve å bli utnytta av useriøse og kriminelle aktørar til svart og ulovleg arbeid. Regjeringa sin handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet har fleire tiltak som bidrar til å avgrense desse problema, og til å betre vilkåra for utanlandske arbeidstakarar.

Manglande heiltidskultur er etter regjeringa sitt syn eit stort problem i deler av både offentleg og privat sektor, og det rammar særleg kvinner. Heiltid er viktig både i et likestillings- og samfunnsøkonomisk perspektiv, for å utnytte arbeidskraftpotensialet best mogleg, og det er viktig for den enkelte arbeidstakar. Regjeringa jobbar saman med partane i arbeidslivet for at hovudregelen i arbeidslivet skal vera tilsetting på heiltid.

ILO-Konvensjon nr. 190, som blei ratifisert av Stortinget i 2023, er ein internasjonal arbeidslivsstandard og anerkjenner alles rett til eit arbeidsliv fritt for vald og trakassering. Konvensjonen har relevans for likestilling og arbeidsliv og har bl.a. fokus på kjønnsbasert vald og trakassering, herunder seksuell trakassering. Samtidig som Stortinget samtykka til ratifiseringa vedtok dei også lovendringar som bl.a. presiserte at vernet mot trakassering i arbeidsmiljølova også inneber et vern mot seksuell trakassering.

Arbeids- og velferdsetaten

Ein viktig del av samfunnsoppdraget til Arbeids- og velferdsetaten er å medverke til eit inkluderande arbeidsliv med plass for alle.

Arbeidet med å fremme likestilling og hindre diskriminering når etaten møter brukarane, går føre seg kontinuerleg. Det blir jobba med å få meir systematikk i oppfølginga av aktivitetsplikta, og å strukturere arbeidet slik at det får ei breiare involvering og forankring.

Behova til kvar enkelt brukar blir lagt til grunn for kva type bistand dei får. Arbeidssøkarar med innvandrarbakgrunn utanfor EØS har som gruppe høgare deltaking på tiltak enn arbeidssøkarar elles. Dei som har utfordringar med f.eks. helse, skal få bistand som hjelper dei over i arbeid. Det er fastsett retningslinjer for å motverke diskriminering i samanheng med formidling til arbeid. Retningslinjene har som formål å motverke diskriminering av alle grupper som kan oppleve det i samanheng med arbeidsformidling i regi av etaten, f.eks. på grunn av kjønn, alder, legning, nedsett funksjonsevne eller etnisitet. Som følge av tiltak 6 i Regjeringa sin handlingsplan mot rasisme og diskriminering, har Arbeids- og velferdsdirektoratet i samarbeid med Likestillings- og diskrimineringsombodet tilbydd kurs om diskriminering for tilsette i Arbeids- og velferdsetaten og tematisert diskriminering i arbeidslivet i faglege forum.

Arbeids- og velferdsetaten har utvikla ei rettleiingsplattform som skal gi rettleiarane god kompetanse i å tilby tenester som treffer dei ulike behova til brukarane. Ein av fordjupingsmodulane tematiserer rettleiing av brukarar med innvandrarbakgrunn. Målet med modulen er å gi tilsette i etaten fleirkulturell kompetanse for å sikre god kommunikasjon i møte med brukarar med svake norskferdigheiter og andre migrasjonsrelaterte utfordringar. Nye tilsette blir gjort kjende med etaten si rolle som samfunnsaktør, samfunnsoppdraget og skal settast i stand til å skjønne kven som er brukarar. Det blir også gitt opplæring som skal gjere dei tilsette medvitne om at brukarane har ulike behov og føresetnader, og auke forståinga av kva for utfordringar ulike funksjonsnedsettingar kan innebere. Dei som jobbar i Nav Hjelpemiddel og tilrettelegging får f.eks. tilbod om e-læring om «Kjønnsdelte hjelpemiddel». Det skal gi praktisk kunnskap og verktøy for å sikre likeverdige offentlege tenester gjennom auka medvit rundt normer om kjønn og funksjonsevne.

Den fysiske tilgangen til sjølve Nav-kontoret kan vere ein risiko for diskriminering av f.eks. rullestolbrukarar og synshemma. Regelverk om universell utforming skal leggjast til grunn for prosjektering og gjennomføring av bygg, og Norsk Standards til ei kvar tid gjeldande versjon.

Det er også brukarar som slit med å bruke digitale tenester, og som ikkje utan vidare kan nytte den digitale løysinga for skjema og kommunikasjon med etaten. Arbeids- og velferdsdirektoratet har i 2023–2024 jobba med å redusere faren for digitalt utanforskap. Etaten arbeider for at nav.no skal oppfylle krava til universell utforming. Det blir utarbeidd tilgjengeerklæringar som seier noko om i kva grad nettstaden innfrir krava. På denne måten får brukaren f.eks. informasjon om brot på krav til universell utforming, og utfordringar det kan føre til. Brukaren kan melde frå om feil og manglar direkte til etaten, og eventuelt sende klage til Diskrimineringsnemnda.

Omorganiseringa av Arbeids- og velferdsdirektoratet våren 2025, med bl.a. opprettinga av ei avdeling for brukaroppleving, prioriterte omsynet til lovkrav og løysingar for likestilling, diskriminering og universell utforming. Målsettinga er at betre samspel mellom digitale/fysiske flater, universell utforming/tilgjenge og klart språk, skal sikre at etaten sine tenester er betre tilgjengelege for alle.

Gjennom seviceklagesystem til etaten kan brukarar klage på servicen dei har fått, f.eks. dersom dei meiner seg utsette for diskriminering eller seksuell trakassering. Systemet skal bidra til å sikre at uheldig praksis både på individ- og systemnivå blir fanga opp.

Statistikk som etaten utarbeider har med variablar som kjønn, alder og fødeland. Denne informasjonen er også med i dei fleste analysane som blir produsert og publisert. Dette kan vere med på å avdekke eventuelle systematiske skilnader i tilbodet til ulike grupper.

Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)

IMDis visjon er å fremme like moglegheiter, rettar og plikter for alle i eit mangfalding samfunn. Arbeid for likestilling og mot diskriminering ligg i kjernen av IMDis samfunnsoppdrag og er ein integrert del av all verksemd i IMDi. Rasisme og diskriminering er barrierar for deltaking på alle samfunnsarenaer, og arbeidet på dette feltet er ein viktig del av innsatsen for å få til vellykka integrering.

IMDi er eit fagdirektorat, forvaltningsorgan og nasjonalt kompetansesenter med ansvar for integreringsfeltet. IMDi tek hand om arbeidet med å busette flyktningar og legg til rette for at fleire innvandrarar deltek i arbeids- og samfunnslivet. Dei gir faglege innspel til vidareutvikling av integreringspolitikken og sørger for god samordning på integreringsfeltet. Dei forvaltar tilskotsordningar retta mot kommunane og frivillige organisasjonar. Dei produserer og formidler forsking, utgreiingar, statistikk og god praksis. Dei medverkar også til ein profesjonell og serviceinnstilt offentleg sektor. IMDi er fagstyremakt for tolking i offentleg sektor. Dei jobbar og mot negativ sosial kontroll, æresmotivert vald, tvangsekteskap og kjønnlemlesting.

IMDi skal medverke til auka deltaking i og bruk av sivilsamfunnet for å oppnå målet om at innvandrarar har høg deltaking i samfunnslivet og lever eit fritt liv. IMDi skal særleg medverke til at fleire innvandrarkvinner deltek i samfunnslivet, tek utdanning og kjem i arbeid.

IMDi skal gjennomføre integreringspolitikken til regjeringa. Dei skal styrke kompetansen til kommunane, sektorstyresmaktene og andre samarbeidspartnarar når det gjeld integrering og mangfald. IMDi har ei sentral rolle som pådrivar og samordnar overfor aktørar på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå for å styrke kompetansen til kommunane, sektorstyresmaktene og andre samarbeidspartnarar om mangfald og innvandrarar i Noreg.

Regjeringa vil fortsette innsatsen for å auke kunnskap om mangfald som ressurs blant arbeidsgivarar gjennom ulike tiltak i regi av IMDi, og i samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet og partane i arbeidslivet. Viktige verkemiddel i dette arbeidet er IMDis tilskotsordning til private og offentlege arbeidsgivarar, informasjon og rettleiingsteneste for arbeidsgivarar og utdeling av den årlege Mangfaldsprisen.

Regjeringa ønsker meir mangfald i arbeidslivet, IMDi initierer og formidlar kunnskap, utviklar og tilbyr vektøy og deler erfaringar om korleis verksemder kan auke det etniske mangfaldet på arbeidsplasser.

Negativ sosial kontroll, æresmotivert vald, tvangsekteskap og kjønnslemlesting kan ramme begge kjønn, men kvinner og jenter er meir utsette. Offentlege styresmakter har plikt til å handle når nokon blir utsett, og IMDi medverkar i det førebyggande arbeidet.

IMDi forvaltar ei rekke tilskotsordningar som har som formål å fremme likestilling og/eller motverke diskriminering.

IMDi har delansvar for gjennomføringa av fleire av handlingsplanane til regjeringa innanfor arbeidet for likestilling og mot diskriminering.

IMDi jobbar aktivt for å auke kunnskapsgrunnlaget om diskriminering og likestillling blant innvandrarar.

Statens pensjonskasse (SPK)

Som offentleg verksemd er Statens pensjonskasse (SPK) opptekne av at omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering skal varetakast i alt løpande arbeid. SPK har som mål at kundane og medlemmane av ordninga, og andre som er i kontakt med SPK, skal få likeverdig tilbod og service. Visjonen til SPK er at alle brukarane skal ha like moglegheiter til å bruka tenestene og forstå innhaldet uavhengig av ferdigheiter, føresetnader og situasjon.

SPK har fokus på kommunikasjon som ikkje fremmer stereotypiar, og sørger for god opplæring blant tilsette i haldningar og mot diskriminering.

Universell utforming – inkludert klart språk – er ein del av prosessen med å utvikle og forbetre tenestene til SPK. SPK har jobba med å forenkle strukturen på nettsidene, forenkle og forkorta tekstar og innhald, og redusert talet på nettsider for å forenkle navigasjon og søk. Vidare jobbar SPK tett saman med brukarane, og innsikt frå brukartesting er ein viktig del av arbeidet med å utvikle tenester. Dette for at SPK sine tenester skal bli meir tilgjengelege for alle. SPK er opptekne av at nettsidene skal fylle EU sitt webdirektiv om universell utforming, og tilgjengelegheitserklæringa viser at SPK er på god veg til å fylle krava.

SPK har teke tak i og utbetra fleire utfordringar på dei sjølvbetente digitale løysingane, og jobbar vidare med eit nytt designsystem, som har universelt forma ut kodebibliotek og modellar til bruk i utviklingsoppgåver. Det er også klare planar på når dei manglande krava i tilgjengelegheitserklæringa skal vera oppfylte.

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet har innhald på nettsidene om vern mot diskriminering, i tillegg til at dei gir verksemder råd, for å fremme likestilling og førebygge og handtere diskriminering på norske arbeidsplassar. Arbeidstilsynet kan rettleia nærmare om føresegnene, men har ikkje myndigheit til å gi pålegg. Eit unntak frå dette gjeld trakassering, der Arbeidstilsynet generelt har tilsynsmyndigheit etter andre føresegner i arbeidsmiljølova.

Gjennom Servicesentrene for utenlandske arbeidstakarar (SUA) samarbeider Arbeidstilsynet, Skatteetaten, politiet og Utlendingsdirektoratet om å gi informasjon og rettleiing til utanlandske arbeidstakarar og deira arbeidsgivarar om norsk arbeidsliv.

Likestilling i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og underliggande verksemder

I alle offentlege verksemder skal arbeidsgivarar undersøke om det finst risikoar for diskriminering eller andre hinder for likestilling i verksemda, og annakvart år kartlegge lønn fordelt etter kjønn og bruken av ufrivillig tidsavgrensa arbeid.

I tillegg til aktivitetsplikt følger det av likestillings- og diskrimineringslova § 26 a at arbeidsgivarar i offentlege verksemder skal greie ut om den faktiske tilstanden når det gjeld likestilling mellom kjønna. Lova gir òg pålegg til arbeidsgivarar i offentlege verksemder om å gjere greie for iverksette eller planlagde tiltak for å fremme formålet om likestilling uavhengig av etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

Under følger ei oversikt over status for arbeidet med likestilling og mangfald i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og dei underliggande verksemdene. Likestillings- og diskrimineringslova § 26 gir alle arbeidsgivarar pålegg om å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremme likestilling og hindre diskriminering innanfor eiga verksemd.

Oversiktstabellar over tilsette og gjennomsnittleg lønn etter kjønn

Tabellen under gir ei oversikt over prosentdelen kvinner i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og underliggande verksemder, totalt for verksemdene og i ulike stillingskategoriar.

Tilsette etter kjønn i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og underliggande verksemder1

AID

AV-etaten

TR

MPK

SPK

Atil

IMDi

Totalt i verksemda2

2024

228

14 965

67

20

470

719

283

2023

242

14 508

78

22

474

741

266

Kvinneandel i pst:

I verksemdene

2024

71,9

70

60

45

53,6

60

68,2

2023

71,5

70

62

50

54,6

60

66,2

Toppleiarar

2024

44

50

100

50

50

56

71,4

2023

44

60

100

50

50

60

57,1

Mellomleiarar

2024

61

65

80

-

60,0

64

60

2023

64

65

40

-

59,5

60

60

Alternativ karriereveg

2024

65,2

66

50

-

45,2

-

52,4

2023

68

62

50

-

44,1

-

54,2

Saksbehandlarar

2024

75,1

69

75

57

61,7

59

70,3

2023

74

69

60

60

64,5

60

68,5

Konsulentar/kontorstillingar

2024

100

75

60

-

-

78

-

2023

100

76

82

-

-

69

-

Slutta

2024

73

70

77

0

55

57

69

2023

70

70

73

50

54,5

63

70

Nytilsette

2024

80

71

50

0

38,5

63

71

2023

85

69

75

0

54,3

48

71

Deltidstilsette

2024

100

84

100

50

31,3

71

66,7

2023

83

82

100

70

0

69

85,7

Midlertidig tilsette

2024

92,9

76

80

0

50

100

87,1

2023

83

76

82

0

60

73

77,6

Foreldrepermisjon

2024

100

92

40

0

52,2

67

80,6

2023

100

89

0

0

66,7

60

77,4

1 Tabellen er utarbeidd av Arbeids- og inkluderingsdepartementet på bakgrunn av tal frå eige lønns- og personalsystem og frå dei underliggande verksemdene. Forkortingar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet (AID), Arbeids- og velferdsetaten (AV-etaten), Trygderetten (TR), Maritim pensjonskasse (MPK), Statens pensjonskasse (SPK), Arbeidstilsynet (Atil), Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). I kategorien alternativ karriereveg er fagdirektørar, spesialrådgivarar, faste dommarar og rettsmedlemmar. I AID består toppleiinga av ein departementsråd, ekspedisjonssjefar, stabsdirektør og kommunikasjonssjef. I Trygderetten er det berre éin toppleiar, og det er ei kvinne. I MPK er det berre eitt leiarnivå, og alle leiarane er plasserte i kategorien toppleiarar.

2 Talgrunnlaget for «totalt i verksemda» er tilsette i aktiv teneste og i lønt permisjon.

Gjennomsnittleg antal veker foreldrepermisjon for kvinner og menn

AID

AV-etaten

TR

MPK

SPK

Atil

IMDi

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

2024

17

18

14

20

18

48

0

0

13

24

10

13

12

17

2023

5

20

14

20

15

0

0

0

17

21

5

13

6

13

Tala i tabellen under viser at kvinner i gjennomsnitt jamt over har lågare lønn enn sine mannlege kollegaer. Biletet er meir nyansert når ein ser på dei enkelte stillingskategoriane i verksemdene.

Kvinners andel av lønna til menn etter stillingskategori per 31. desember1

AID

AV-etaten

TR

MPK

SPK

Atil

IMDi

I pst.

Gjennomsnitt for heile verksemda

2024

91,9

94

102

90,0

93,1

97,6

95,2

2023

92,5

93

86

90,2

92,2

97,7

95,3

Toppleiarar

2024

105,5

103

100

88,0

96,2

103,9

99,7

2023

105,5

103

100

86,1

97,0

104,7

98,1

Mellomleiarar

2024

101,1

96

99

-

92,8

99,7

96,5

2023

99,3

95

107

-

96,4

98,6

97,3

Alternativ karriereveg

2024

97,7

91

100

-

96,9

-

94,1

2023

91,8

92

100

-

96,9

-

95,7

Saksbehandlarar

2024

101,3

94

93

103,9

96,9

99,4

95,8

2023

100,6

93

93

102,0

96,9

100

97,0

Konsulentar/kontorstillingar

2024

100

101

99

-

-

99,5

-

2023

100

101

100

-

-

96,5

-

1 Tabellen er utarbeidd av Arbeids- og inkluderingsdepartementet på bakgrunn av tal frå eige lønns- og personalsystem og frå dei underliggande verksemdene.

Legemeldt sjukefråvær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet og underliggande verksemder

Tabellane under viser tal for legemeldt sjukefråvær i departementet og underliggande verksemder, totalt og fordelt på kjønn.

Legemeldt sjukefråvær i pst. per 31. desember1

AID

AV- etaten

TR

MPK

SPK

Atil

IMDi

2024

3,3

6,9

3,4

4,3

4,2

5,6

5,4

2023

3,9

7,0

4,1

5,6

3,1

4,8

5,3

1 Tala er henta frå eige lønns- og personalsystem og frå dei underliggande verksemdene.

Det har vore ein auke i sjukefråværet i Statens pensjonkasse, Arbeidstilsynet og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet frå 2023 til 2024.

Det legemelde sjukefråværet i Arbeids- og inkluderingsdepartementet var 3,3 pst. i 2024 mot 3,9 pst. i 2023. Det har vore ein nedgang i det legemelde sjukefråværet for både menn og kvinner. Til samanlikning var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet i departementa 3,5 pst. i 2024.

I det statlege tariffområdet var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet 4,6 pst. i 2024. I Arbeids- og inkluderingsdepartementets sektor var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet 6,5 pst. Tala i tabellen over viser at det legemelde sjukefråværet i 2024 ligg over nivået for det statlege tariffområdet i Arbeids- og velferdsetaten, Arbeidstilsynet og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet.

Legemeldt sjukefråvær menn og kvinner per 31. desember1

AID

AV-etaten

TR

MPK

SPK

Atil

IMDi

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

M

K

2024

1,3

4,2

4,0

8,1

2,0

4,2

5,4

3,0

3,0

5,5

3,5

7,0

4,3

7,3

2023

2,8

4,3

4,3

8,2

2,0

4,9

1,0

10,0

2,3

3,9

3,1

5,9

1,7

7,9

1 Tala er henta frå eige lønns- og personalsystem og frå dei underliggande verksemdene.

Tala viser at det framleis er stor forskjell mellom menn og kvinner i det legemelde sjukefråværet i dei fleste verksemdene i sektoren.

I det statlege tariffområdet var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet blant menn 2,9 pst. i 2024, medan det var 3,8 pst. i Arbeids- og inkluderingsdepartementets sektor. Det legemelde sjukefråværet blant menn var høgare enn 2,9 pst. i Arbeids- og velferdsetaten, Maritim pensjonskasse, Statens pensjonskasse, Arbeidstilsynet og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet.

I det statlege tariffområdet var det gjennomsnittlege sjukefråværet blant kvinner 6,3 pst. i 2024, medan det var 7,7 pst. i Arbeids- og inkluderingsdepartementets sektor. Sjukefråværet blant kvinner var høgare enn 6,3 pst. i Arbeids- og velferdsetaten, Arbeidstilsynet og Integrerings- og manfoldsdirektoratet.

Frå 2023 til 2024 har det vore ein auke i sjukefråværet blant menn i Maritim pensjonskasse, Statens pensjonskasse, Arbeidstilsynet og Integrerings- og mangfoldsdirektoratet. Blant kvinner har det i same periode vore ein auke i sjukefråveret i Statens pensjonskasse og Arbeidstilsynet.

Nærmare om arbeidet med likestilling i verksemdene

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Det var 228 tilsette i departementet ved utgangen av 2024, og 71,9 pst. av dei var kvinner. Kvinnedelen har auka jamt dei siste åra.

Av dei nyrekrutterte i 2024 var kvinnedelen 80 pst., og av dei som slutta var 73 pst. kvinner.

Kjønnsperspektivet er ein del av personalpolitikken i departementet. Departementet fokuserer særleg på at kvinner og menn får same høve til fagleg utvikling, forfremming, alternative karrierevegar og karriereutvikling til høgare stillingar. Det er framleis slik at balansen mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane varierer, men det er no fleire kvinner enn menn i alle stillingskategoriane, bortsett frå blant toppleiarane, der delen kvinner er 44 pst. Blant mellomleiarane er andelen kvinner 61 pst. og i stillingskategorien alternativ karriereveg er 65 pst. kvinner. I denne stillingskategorien har delen kvinner auka jamt dei siste åra. Blant saksbehandlarar er kvinnedelen 75 pst. og i stillingsgruppa konsulentar er det berre kvinner.

Prinsippet om likelønn skal løysast gjennom den lokale lønnspolitikken. Lønnsutviklinga i samanliknbare grupper skal vere uavhengig av etnisk bakgrunn, funksjonsevne, kjønn og alder. Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i departementet lågare enn for menn, og utgjer 91,9 pst., ein nedgang på 0,6 prosentpoeng frå 2023. Som tala i tabellen over viser, er biletet meir nyansert når lønna til kvinner og menn blir samanlikna innanfor kvar stillingskategori. Kvinner tener i snitt meir enn menn i alle stillingskategoriane bortsett frå i stillingskategorien alternativ karriereveg. Det er ei overvekt av kvinner alle lågare stillingskategoriar, og det kan forklare noko av årsaka til forskjellen i gjennomsnittleg lønn mellom kjønna.

Utvida lønnskartlegging

Med den forsterka aktivitets- og utgreiingsplikta er det no krav om å undersøke om det førekjem diskriminering på grunnlag av kjønn der menn og kvinner utfører «likt arbeid» eller «arbeid av lik verdi». Departementet gjennomførte ei utvida lønnskartlegging i 2021, 2023 og 2025 og undersøkte lønnsutviklinga blant saksbehandlarane etter kjønn dei fire siste åra. I lønnskartlegginga blei det ikkje avdekt systematiske forskjellar i lønnsutviklinga mellom kjønna.

Ufrivillig deltid handlar om at medarbeidarar er tilsette i ei deltidsstilling sjølv om dei ønsker å jobbe heiltid. Departementet har ikkje tilsette som jobber ufrivillig deltid.

Inkludering og mangfald

Departementet deltar i det statlege traineeprogrammet for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne og hol i CV-en, og har til kvar tid ein trainee tilsett. Departementet rekrutterte ein trainee gjennom programmet hausten 2024. Andelen søkarar som oppgav å ha nedsett funksjonsevne til ordinære stillingar var 1,8 pst. i 2024, og andelen som oppgav å ha hol i CV-en var 2,8 pst.

Av totalt 1 149 søkarar til stillingar i departementet i 2024 opplyste 16 pst. at dei har innvandrarbakgrunn frå landgruppe 2, og 4 pst. av dei nytilsette opplyste om at dei har innvandrarbakgrunn frå landgruppe 2.

Tilsette med innvandrarbakgrunn utgjorde 8,9 pst. av dei tilsette i departementet ved utgangen av 2024. Andelen tilsette med innvandrarbakgrunn gjeld for både landgruppe 1 og landgruppe 2.

Gjennom arbeidet med aktivitetsplikta har ikkje departementet avdekt risikoar for diskriminering på nokon av personalområda. Samtidig er departementet saman med dei tillitsvalde einige om at departementet framleis bør ha særleg merksemd på området rekruttering – vegen inn i departementet.

Det blir jobba med å auke kompetansen på rekruttering i departementet gjennom ulike interne tiltak.

Det legemelde sjukefråværet var 3,3 pst. i 2024, ein nedgang på 0,6 prosentpoeng frå 2023.

Arbeids- og velferdsetaten

Arbeids- og velferdsetaten hadde 14 965 tilsette ved utgangen av 2024, og 70 pst. av dei var kvinner. Kvinnedelen har lege stabilt på om lag 70 pst. dei sista åra.

Fordelinga av kvinner og menn varierer mellom dei ulike einingane, og det er flest kvinner i Arbeids- og tenestelina (NAV-kontora), med over 75 pst. kvinner i fleire fylke. Færrast kvinner er det i Arbeids- og velferdsdirektoratet, der kvinnedelen er 47 pst. I direktoratet er IT eit stort område som tiltrekker seg fleire menn enn kvinner. Dette speglar arbeidsmarknaden på området. Delen kvinner er størst i dei lågaste stillingskategoriane. Kvinnedelen blant toppleiarane er 50 pst. i 2024. Kvinnedelen blant mellomleiarane ligg stabilt på 65 pst. Arbeids- og velferdsdirektoratet kartlegg årleg kjønnsbalansen innanfor stillingsgruppene og følger opp dette med driftseiningane gjennom krav til tiltak og rapportering.

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Arbeids- og velferdsetaten noko lågare enn for menn, og utgjer 94 pst. av menns lønn. Menn har høgare gjennomsnittleg årslønn enn kvinner i alle stillingskategoriar, med unntak av blant toppleiarane og konsulentane.

Personalpolitikken i etaten viser at administrative og faglege karrierevegar er likeverdige, og at medarbeidarar kan ha høgare lønn enn leiarar. Ved rekruttering av nye medarbeidarar skal kompetansebehovet i etaten supplerast, og målsettinga om inkludering og mangfald skal følgast opp.

Utvida lønnskartlegging

Det er slått fast i personal- og lønnspolitikken i Arbeids- og velferdsetaten at det ikkje skal vere forskjell i lønna mellom kvinner og menn, utan at det er sakleg grunn til det. Tala i tabellen over kan likvel tyde på lønnsforskjellar. Menn tener i snitt meir enn kvinner i stillingskategoriane mellomleiar, saksbehandlarar (rådgivarar), alternativ karriereveg og blant deltidstilsette. Blant konsulentane tener kvinner i snitt meir enn menn, men det er stillingskategorien med lågast lønn generelt.

I den utvida lønnskartlegginga har Arbeids- og velferdsetaten undersøkt om det er forskjellar mellom kvinners og menns gjennomsnittlege lønn etter ansiennitetsintvallar på to år. Resultata av undersøkinga viser at menn i snitt tener meir enn kvinner i alle ansiennitetsintervalla.

Isolert sett kan tala tyde på at det er systematiske lønnsforskjellar mellom kjønna, men tala gir ikkje eit fullstendig bilete av lønnsforskjellane. Det som er med i lønnskartlegginga er kjønn, lønn, ansiennitet og arbeidsstilling, og ingen andre faktorar kan påverke resultatet. Systematiske lønnsforskjellar ligg føre dersom kvinner tener mindre enn menn, medan alt anna er likt, som utdanning, alder og arbeidserfaring frå andre verksemder. Dette er faktorar som i stor grad kan påverke lønna. Det kan òg vere «usynlege» faktorar som det er vanskeleg å kvantifisere eller måle som påverkar lønna. Etaten har så langt ikkje godt nok datagrunnlag til å analysere dette nærmare.

Ufrivillig deltid

Arbeids- og velferdsetaten har ikkje opplysningar om ufrivillig deltid. Det er nokre få saker der deltidstilsette hevdar fortrinnsrett til heiltidsstillingar, men det betyr ikkje at deltidsstillinga er ufrivillig i utgangspunktet.

Arbeids- og velferdsetaten har ein jamn andel av deltidstilsette, med eit gjennomsnitt på om lag 10 pst. Det var ein reduksjon på 58 deltidstilsette frå 2022 til 2024. Etaten kunngjer i stor grad heiltidsstillingar og reduserer dermed risikoen for at nokon jobbar ufrivillig deltid.

Inkludering og mangfald

I tilpassingsavtalen for Arbeids- og velferdsetaten er partane einige om at etaten skal ha ein personalpolitikk som legg til rette for likestilling og mangfald når det gjeld etnisk bakgrunn, funksjonsevne, kjønn og alder.

Tilsette i etaten møter eit mangfald av brukarar i forbindelse med samfunnsoppdraget. Mangfaldet skal òg speglast internt, og verksemda stiller krav til arbeidet med inkludering og mangfald. Frå 2022 har etaten utarbeidd ei oversikt over seks utvalde mangfaldsmarkeringar dei ønsker å framheve. Dei seks dagane er Pride, samane sin nasjonaldag, den internasjonale kvinnedagen, Verdensdagen for psykisk helse, FN-dagen og FN-dagen for funksjonshemma.

Etaten sponsar Ada-nettverket ved NTNU og Oda-nettverket for tech-kvinner, og starta eit nytt samarbeid mellom dei to nettverka i 2024, for å auke mangfaldet i teknologibransjen.

I 2024 var det 66 727 personar som søkte jobb i NAV, ein kraftig auke frå 2023. I 2024 oppga 1 614 søkarar at dei hadde hol i CV-en, 990 søkarar oppgav å ha nedsett funksjonsevne og 1 270 søkarar oppgav å ha innvandrarbakgrunn. Av 2 101 nytilsette hadde 2,3 pst. hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne og 7,7 pst. hadde innvandrarbakgrunn.

Antall søkarar frå målgruppa har gått ned, samstundes som antall søkarar totalt har auka kraftig i 2024. Det inneber at konkurransen om ledige stillingar i etaten blir tøffare. I tillegg utgjer kvalifikasjonsprinsippet og manglande kandidatar frå målgruppa ei utfordring.

Etaten har ambisjonar om å auke delen tilsettingar i målgruppa, og for å oppnå betre resultat i 2025 videreførast tiltaka dei allereie har satt i gang.

Arbeids- og velferdsetaten er fast medlem i det statlege mangfaldsnettverket, og deltar i statens traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne og hol i CV-en. Traineeprogrammet er eit viktig tiltak for å sikre inkludering i arbeidslivet. I 2024 tilsette etaten to nye traineear gjennom gjennom statens traineeprogram.

Arbeids- og velferdsetaten har hatt ein jamn auke i talet på tilsette med innvandrarbakgrunn dei siste åra, både frå landgruppe 1 og frå landgruppe 2. I 2023 hadde 13,4 pst. av dei tilsette i etaten innvandrarbakgrunn og 8,9 pst. var frå landgruppe 2. NAV-einingane i Oslo og Arbeids- og velferdsdirektoratet skil seg ut med ein høgare prosentdel tilsette med innvandrarbakgrunn, samanlikna med dei andre einingane. Dette speglar befolkninga i området.

Det legemelde sjukefråværet var 6,9 pst. i 2024, ein nedgang på 0,1 prosentpoeng frå 2023.

Trygderetten

Trygderetten er ei forholdsvis lita verksemd med 67 tilsette ved utgangen av 2024 og 60 pst. av dei er kvinner. Toppleiaren er ei kvinne og kvinnedelen blant mellomleiarane er 80 pst.

Innan dei ulike stillingskategoriane har samansetninga vore meir eller mindre lik dei seinare åra. I stillingskategorien alternativ karriereveg er delen kvinner 50 pst. og blant saksbehandlarane er delen kvinner 75 pst. I lågare stillingskategoriar innan økonomi, personal, arkiv, IT, kontortenester mv. er kvinnedelen 82 pst. Tilsette som arbeider deltid er kvinner, men ingen av dei har ufrivillig deltid.

Utvida lønnskartlegging

Sett under eitt er den gjennomsnittlege lønna for kvinner i Trygderetten høgare enn for menn, og utgjer 102 pst. av den gjennomsnittlege lønna til menn, mot 86 pst. i 2023. Trygderetten skil seg frå dei fleste statlege verksemdene ved at dei to største stillingsgruppene, dommarane og rettsfullmektigane, har lik lønn. Rettsfullmektigane har ein lønnsstige med ansiennitet som kriterium for plassering av lønn.

Blant mellomleiarane tener kvinner i snitt 99 pst. av den gjennomsnittlege lønna til menn, mens den gjennomsnittlege lønna til kvinner utgjer 93 pst. blant saksbehandlarane. Blant kontortilsette er det ein stor kvinnedel, og denne stillingsgruppa har hatt ei jamn lønnsutvikling dei seinare åra, og kvinner tener 99 pst. av menns lønn. Det er ikkje avdekt lønnsforskjellar baserte på kjønn.

Trygderetten har ikkje identifisert utfordringar knytt til likestilling som det er grunnlag for å sette i verk tiltak mot. Trygderetten arbeider aktivt for at kvinner og menn i organisasjonen skal behandlast likt, uavhengig av kjønn. I tilpassingsavtalen om medråderett er det nedfelt at «uansett kjønn skal arbeidsoppgåver fordelast slik at alle tilsette får like mogleigheiter til å kvalifisere seg for avansement til leiande stillingar».

Ingen tilsette i Trygderetten har ufrivillig deltidsarbeid.

Inkludering og mangfald

Trygderetten har sett som delmål å behalde medarbeidarar med nedsett funksjonsevne heilt eller delvis fram til pensjonsalder. Aktuelle verkemiddel er mellom anna å la eldre, erfarne rettsmedlemmar vere fadrar for nytilsette og arbeide med praksisundersøkingar og anna utgreiingsarbeid i tillegg til ordinær saksbehandling. Andre tiltak er å tilby heimekontor og ha ei positiv haldning til graderte stillingar.

Trygderetten har ikkje sett konkrete mål for rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkarar med innvandrarbakgrunn til ledige stillingar, blir alltid minst éin av dei kalla inn til intervju. For embetet som rettsmedlem (dommar) og stillinga som rettsfullmektig, er det eit lovkrav at den som blir tilsett har norsk statsborgarskap.

Det legemelde sjukefråværet var 3,4 pst. i 2024, ein nedgang på 0,7 prosentpoeng frå 2023.

Maritim pensjonskasse

Maritim pensjonskasse er ei lita verksemd med 20 tilsette, og ein kvinnedel på 45 pst. Kvinnedelen er 50 pst. i leiargruppa og 57 pst. blant saksbehandlarane.

Maritim pensjonskasse gjennomfører årleg ei kartlegging og ein intern analyse av forholda for å sikre likestilling og hindre diskriminering. Dei legg stor vekt på omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering i den lokale lønns- og personalpolitikken og arbeider for at alle tilsette skal ha same høve til utvikling av kompetanse, karriere og lønn.

Utvida lønnskartlegging

Resultatet av lønnskartlegginga viser at det er liten forskjell i gjennomsnittslønna mellom kvinner og menn. Kvinners andel av menns lønn utgjer 90 pst. når øvste leiar er medrekna., ein marginal nedgang på 0,2 prosentpoeng frå 2023.

I leiargruppa utgjer den gjennomsnittlege lønna for kvinner 88 pst. av menns lønn. Små endringar kan slå betydeleg ut på lønnsstatistikken i ei så lita verksemd som Maritim pensjonskasse.

Kartlegginga og analysen har ikkje avdekt kjønnsbaserte forskjellar, eller nokon risiko for diskriminering eller hindre for likestilling når det gjeld lønn eller andre forhold.

Ingen tilsette i Maritim pensjonskasse har ufrivillig deltidsarbeid.

Inkludering og mangfald

Maritim pensjonskasse har som mål å auke mangfaldet, men i ei lita verksemd med få rekrutteringar er det utfordrande å talfeste eit mål. For å auke mangfaldet har Maritim pensjonskasse gjennomført kurs i mangfaldsrekruttering, spissa teksten i stillingsannonsane og kalla inn kvalifiserte søkarar som har oppgitt å tilhøyre ei av målgruppene.

Verksemda har svært få søkarar som oppgir å ha nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.

I 2024 var det legemelde sjukefråværet 4,3 pst., ein nedgang på 1,3 prosentpoeng frå 2023.

Statens pensjonskasse

Statens pensjonskasse har totalt 470 tilsette, og ein kvinnedel på 53,6 pst. I toppleiinga er kvinnedelen 50 pst., blant mellomleiarane 60 pst., 45,2 pst. i stillingskategorien alternativ karriereveg og 61,7 pst. blant saksbehandlarane.

Utvida lønnskartlegging

Sett under eitt er gjennomsnittleg lønn for kvinner i Statens pensjonskasse lågare enn for menn, og utgjorde 93,1 pst. av menns lønn i 2024, ein auke på 0,9 prosentpoeng frå 2023. Menn tener jamt over noko meir enn kvinner i alle stillingsgruppene.

Verksemda analyserer lønnsforholda jamleg. Lønnsforskjellane mellom kvinner og menn innanfor kvar stillingskategori er relativt små og har halde seg stabile. Under lønnsforhandlingane har verksemda fokus på ikkje å diskriminere medarbeidarar i permisjon eller deltidsstillingar. Verksemda vurderer det slik at utfordringar og barrierar knytte til likestilling er små.

Statens pensjonskasse har liten eller ingen grad av ufrivillig deltid. Statens pensjonskasse har god praksis for at medarbeidarar som har behov for midlertidig eller fast reduksjon av stillinga si får det.

Inkludering og mangfald

I 2018 utarbeidde verksemda nye retningslinjer for å hindre diskriminering, trakassering, seksuell trakassering og kjønnsbasert vald, med eit tilhøyrande varslingssystem. Omsynet til likestilling og ikkje-diskriminering er også inkludert i personalpolitikken og i iverksette tiltak.

Verksemda har eigne tilrettelagde rom som blir brukt til bønn og kvile. Toalett- og garderobeløysingar er godt tilrettelagd for kvinner, tilsette med nedsett funksjonsevne og transpersonar.

Statens pensjonskasse har tidlegare sett på korleis dei skal jobbe meir fleksibelt og vidareutvikle hybride arbeidsformer. Det er stadfesta at Statens pensjonskasse skal vere ein moderne arbeidsplass, der tillit er grunnsteinen i kulturen. Verksemda har jobba særskilt med tilrettelegging for å gjere det lettare å kombinere arbeid med familieliv.

Statens pensjonskasse kommuniserer aktivt i utlysingar at dei har ei kontorløysing med universell utforming, og dei bruker ein tekst om mangfald i alle utlysingar. I tillegg er det gjennomført informasjonstiltak om inkludering retta mot leiarane. I 2024 rekrutterte verksemda ein trainee gjennom statens traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedesett funksjonsevne og/eller hol i CV-en.

Det er få søkarar i nokre kategoriar til dei utlyste stillingane i verksemda. Utover dette er det ikkje avdekt nokon utfordringar med likestillingsarbeidet.

I 2024 var det legemelde sjukefråværet 4,2 pst., ein auke på 1,1 prosentpoeng frå 2023.

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet har 719 tilsette, og ein kvinneandel på 60 pst. Andelen menn og kvinner har vore relativt stabil dei siste åra. Blant toppleiarane er delen kvinner 56 pst. og blant mellomleiarane er kvinnedelen 64 pst. I stillingsgruppa saksbehandlarar er det overlegar, ingeniørar, inspektørar, seniorrådgivarar og rådgivarar, og kvinner utgjer 59 pst. av dei tilsette i denne gruppa. Arbeidstilsynet har ein god kjønnsbalanse i stillingar som kan samanliknast. Verksemda tar regelmessig ut statistikk for å følge utviklinga i kvar enkelt eining i etaten.

Sett under eitt er den gjennomsnittlege lønna til kvinner i Arbeidstilsynet noko lågare enn for menn og utgjer 97,5 pst. av menns lønn. Blant toppleiarane er gjennomsnittleg lønn for kvinner 103,9 pst. av menns lønn, blant mellomleiarane 99,7 pst. og blant saksbehandlarane er gjennomsnittleg lønn for kvinner 99,4 pst. av menns lønn. Lønnspolitikken til Arbeidstilsynet sikrar kjønnsnøytrale kriterium for å fastsette lønn.

Lønnsutviklinga når det gjeld likestilling mellom kjønna er positiv, og forskjellane har minska kvart år dei siste åtte åra.

Det siste året har verksemda sett nærmare på temaet kvinnehelse.

Arbeidstilsynet har valt å vidareføre ordninga med heimekontor inntil to dagar i veka som eit tiltak for å auke fleksibiliteten for dei tilsette. Meir fleksibilitet kan legge betre til rette for å kombinere arbeid og familieliv. Dei fleste tilsette i Arbeidstilsynet har i dag valt å inngå ein tilleggsavtale om frivillig heimekontor.

Utvida lønnskartlegging

Arbeidstilsynet rapporterte på ufrivillig deltid og kartlegging av likt arbeid av lik verdi i 2022 og 2024, og neste rapportering på desse områda vil vere i 2026. Dette arbeidet vil bli gjort saman med dei tillitsvalde, og det skal utarbeidast eit fullstendig lønnsbilde for 2024.

Arbeidstilsynet har saman med dei tillitsvalde tidlegare sett på lønn og kjønn internt i avdelingar og seksjonar, og tatt utgangspunkt i at tilsette i same seksjon har like arbeidsoppgåver og kan samanliknast. Gjennom statistikken blei det identifisert avdelingar og seksjoner kor kvinner i snitt tente mindre enn menn. Ved nærmare undersøking har dei fleste av desse forskjellane vist seg å ha ei sakleg forklaring, som f.eks. forskjellar i arbeidsoppgåver, ansvar, kompetanse og yting. Det må likevel gjerast nokre fleire undersøkingar for å avklare alle funna grundig.

Det er få tilsette i Arbeidstilsynet som jobbar deltid, men dei som jobbar deltid gjer det etter eige ønske.

Inkludering og mangfald

Arbeidstilsynet har ikkje nedfelt den overordna policyen som gjeld for likestilling og ikkje-diskriminering, men dette vil vere ei prioritert oppgåve i 2025. Verksemda vil arbeide meir systematisk med dette og er ein prioritert oppgåve framover.

Arbeidstilsynets HR-strategi blei ferdig våren 2024, etter ein brei intern prosess.

Det er ein samanheng mellom likestilling, ikkje-diskriminering og mangfald opp mot enkelte av FNs berekraftsmål, og særleg berekraftsmål 5 om likestilling mellom kjønna. Det er derfor etablert eit internt arbeid i verksemda for å sjå desse temaene under eitt, og sikre at prioriteringane og tiltaka heng godt saman.

På nokre område er det jobba godt med tiltak og/eller planar for å fremme likestilling og hindre diskriminering og trakassering. Eit av tiltaka har vore å utarbeide ei rutine for mangfaldsmarkeringar. Nokre viktige markeringar som er løfte på etatsnivå med ulike aktivitetar er den internasjonale kvinnedagen, PRIDE, FN-dagen, FN-dagen for menneske med funksjonshemming og Verdensdagen for psykisk helse.

I rekrutteringsprosessane blir det lagt stor vekt på likebehandling og inkludering av grupper som kan ha vanskeleg for å få innpass i arbeidslivet. Når det gjeld rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en, opplever Arbeidstilsynet at dette er ei vanskeleg gruppe å nå gjennom ordinære rekrutteringsprosessar. I 2024 reforhandla verksemda personalreglementet med dei tillitsvalde og opna opp for administrative tilsettingar inntil eitt år for personar i målgruppa. Verksmeda ser på at dette kan vere ein av fleira løysingar for å nå målsettinga om aukt mangfald i Arbeidstilsynet.

Arbeidstilsynet har gode erfaringar med traineeprogrammet i staten, og har planlagt å rekruttere to nye traineear i 2025.

Arbeidstilsynets arbeidsmiljøutval (AMU) har eit særskilt fokus på tema som handlar om uheldig belastning, vald og truslar frå eksterne, og om tema som konfliktar, trakassering og utilbørleg åtferd.

Tilsynskontora i Arbeidstilsynet går jamleg gjennom HMS-rutinane om vald og truslar og rutinen om konfliktar og trakassering.

I 2024 var det gjennomsnittlege legemelde sjukefråværet 5,6 pst, ein auke på 0,8 prosentpoeng frå 2023.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har 283 tilsette, og ein kvinneandel på 68,2 pst. Blant toppleiarane er delen kvinner 71,4 pst. og 60 pst. blant mellomleiarane. I kategorien alternativ karriereveg er kvinnedelen 52,4 pst. og blant saksbehandlarane er 70,3 pst. kvinner.

Utvida lønnskartlegging

Blant toppleiarane tener kvinner i snitt 99,7 pst. av menns lønn, blant mellomleiarane 96,5 pst. og 95,8 pst. blant saksbehandlarane. I kategorien alternativ karriereveg tener kvinner i snitt 94,1 pst. av menns lønn.

Sjølv om det er relativt små forskjellar i lønna mellom kjønna innanfor dei fleste stillingsgruppene, resulterer kjønnsfordelinga i direktoratet til at kvinner totalt sett tener 95,2 pst. av den gjennomsnittlege lønna til menn. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet er merksame på likelønn mellom kjønna ved lokale lønnsforhandlingar og ved lønnsfastsetting i rekrutteringsprosessar.

Det er ikkje registrert ufrivillig deltid i verksemda i 2024. Det var tre tilsette som jobba deltid, kor to var kvinner.

Inkludering og mangfald

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har som visjon å fremme like moglegheiter, rettar og plikter i eit mangfaldig samfunn. Arbeid for likestilling og mot diskriminering ligg i kjernen av samfunnsoppdraget og er ein integrert del av verksemda til direktoratet.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har som mål å ha ei samansetning av medarbeidarar som speglar befolkninga med omsyn til etnisk bakgrunn, kjønn, alder, funksjonsevne og seksuell orientering. Direktoratet er merksame på denne målsettinga ved rekruttering, i individuell oppfølging og i ein livsfaseorientert personalpolitikk med fleksible og individuelt tilpassa løysingar.

I 2023 utarbeidde direktoratet ein eigen mangfaldspolicy for intern bruk, som skal bidra til at verksemda jobbar strategisk for at mangfald skal gi meirverdi.

Verksemda har som mål at minimum 30 pst. av dei tilsette har innvandrarbakgrunn på alle nivå i organisasjonen. I rekrutteringsprosessane skal det viast særskild merksemd mot kva krav til kvalifikasjonar og personlege eigenskapar som blir stilte, for ikkje å ekskludere søkarar. Alle utlysingar inneheld oppfordring til personar i målgruppene om å søke på ledige stillingar.

Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har ein betydeleg andel tilsette med innvandrarbakgrunn, totalt 31,6 pst. Dette er ein høg andel samanlikna med staten sett under eitt. Av dei tilsette med innvandrarbakgrunn er 83,1 pst. frå landgruppe 2. Integrerings- og mangfaldsdirektoratet sette som mål at 5 pst. av dei nytilsette skulle vere personar med funksjonsnedsetting og/eller hol i CV-en. Som eit tiltak for å nå dette målet inngjekk verksemda eit samarbeid med Nav om inkluderande rekruttering. Verksemda har ikkje nådd målet om at 5 pst. av dei nytilsette skal vere frå målgruppa i 2024, og arbeidet held derfor fram i 2025.

I 2024 var det legemelde sjukefråværet 5,4 pst., ein marginal auke på 0,1 prosentpoeng frå 2023.

10 Samfunnssikkerheit

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har overordna ansvar for samfunnssikkerheit og beredskap knytt til folketrygda sine pensjonar og ytingar, offentleg tenestepensjon m.m. Departementet har òg eit overordna ansvar for arbeidsmiljø og sikkerheit i arbeidslivet på land (ansvaret for storulukker er lagt til Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap), introduksjonsprogrammet for nyankomne vaksne innvandrarar og busetting av flyktningar. Ved behov skal sektoren medverke til å dekke samfunnets behov for arbeidskraft ved kriser i heile krisespekteret. Departementet legg vekt på å kunne førebygge uønskte krisehendingar innan eigen sektor, og har som mål å kunne handtere og minske følgene av alle typar kriser i sektoren. Eit godt samarbeid på tvers i sektoren og med andre styresmaktar, ulike forvaltningsnivå og aktørar er ein føresetnad, både i det førebyggande arbeidet og ved krisehantering.

Departementet nyttar ei rekke verkemiddel i arbeidet med samfunnssikkerheit, slik som risiko- og sårbarheitsanalyser, utvikling av regelverk, krise- og beredskapsplanar, øvingar, evalueringar m.m. Krava, oppgåvene og prioriteringane i «instruks for departementas arbeid med samfunnssikkerheit (samfunnssikkerheitsinstruksen)» frå 1. september 2017 ligg til grunn for bruken av verkemidla. Anna grunnlag er gitt i ulike stortingsdokument og nasjonale strategiar, og vi ser særleg hen til:

  • Nasjonal strategi for digital sikkerheit frå 2019

  • Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldingen, Forberedt på kriser og krig

  • Nasjonal sikkerheitsstrategi frå 2025

Dei siste åra har vore prega av breie og samansette utfordringar som påverkar arbeidet med samfunnssikkerheit. Globale maktforhold er i endring, konkurransen mellom stormakter aukar, og det er mange fordrivne frå Ukraina. Etterretnings- og sikkerheitstenestene (EOS) vurderer at ulike trusselaktørar i aukande grad tar i bruk samansette verkemiddel i gråsona under terskelen for væpna konflikt. Klimaendringar og rask teknologisk utvikling skaper òg nye sårbarheiter og utfordringar. Arbeidet på området må spegle denne utviklinga, og departementet følger no særleg opp oppgåver knytt til totalforsvaret og det sivile beredskapsarbeidet i NATO. Samstundes held vi fram med eit systematisk arbeid for å ivareta god sikkerheit og evne til å handtere hendigar.

Førebygging og beredskap i sektoren

I tråd med krava i samfunnssikkerheitsinstruksen er det etablert vedvarande prosessar for å følge opp handlingsplanar, strategiar og læringspunkt frå hendingar og øvingar, ROS-analysar og andre forbetringar i sikkerheitstilstanden. Som ein del av dette arbeidet blir det òg gjort oppdateringar i krise- og beredskapsplanar. Øvingar blir nytta til å fremme samordning og læring i sektoren. I 2025 gjennomfører og deltek departementet i to større tverrsektorielle øvingar. I tillegg til dette blir det òg gjennomført mindre varslings- og rutineøvingar. Øvinga Kunnskapsberedskap blei gjennomført våren 2025. Føremålet var å teste samhandlinga mellom sektorar om tilgang til data om barn og unge i ei krise. Arbeids- og inkluderingsdepartementet er no i gang med å følge opp læringspunkt. Hausten 2025 vil departementet, saman med Arbeids- og velferdsdirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Arbeidstilsynet og Statens pensjonskasse, delta i øvinga Digital 2025. Denne øvinga markerer starten på totalforsvarsåret 2026, og sektoren vil delta i dei planlagde aktivitetane knytte til dette året.

For å kunne ivareta viktige nasjonale omsyn ved gjennomgåande og langvarige kriser, har Arbeids- og inkluderingsdepartementet vurdert behovet for å justere ulike beredskapsheimlar innan sektorens ansvarsområde. Framover vil departementet starte eit arbeid med sikte på å sende på høyring eit utkast til endringar i beredskapsheimlene i folketrygdlova og i sosialtenestelova. Samstundes vil det bli vurdert om det bør takast inn eigne beredskapsheimler om ytingar til livsopphald i enkelte andre lover. I tråd med Meld. St. 17 (2023–2024) Om integreringspolitikken: Stille krav og stille opp, blir det òg arbeidd med forslag om permanente beredskapsreglar for å handtere framtidige store ankomstar av asylsøkarar.

Underliggande verksemder har eit sjølvstendig ansvar for sikkerheita innan sitt ansvarsområde, og at samfunnsikkerheit er ein integrert del av arbeidet i sektoren. Departementet har stilt instruksfesta krav til verksemdene sitt arbeid på dette området. Instruksane er samordna med krav, oppgåver og prioriteringar i samfunnssikkerheitsinstruksen og Nasjonal strategi for digital sikkerheit. Arbeid i verksemdene som òg gjeld samfunnsikkerheit, er nærare omtalt i dei ulike programkategoriane i del II.

Departementet utarbeidde i 2024 ei analyse av risiko- og sårbarheiter (ROS) i sektoren, knytt til bortfall av kritiske infrastrukturar og nødvendige tenester. Dette arbeidet har vore eit samarbeid mellom departementet og verksemdene, og har gitt eit godt grunnlag for vidare arbeid med førebyggande sikkerheitstiltak i sektoren i 2025. Verksemdene har i forlenginga av dette enten utarbeidd nye eller oppdaterte risikoanalysar om eiga avhengigheit til kritisk infrastruktur. I den samanhengen er det òg vurdert behov for reserveløysingar ved eventuelt bortfall av straum og for vatn/avløp. Identifiserte sårbarheiter blir følgde opp i det løpande beredskapsarbeidet i verksemdene.

Sikkerheit ved Nav-kontor

Tilsette ved Nav-kontor møter kvar dag menneske med behov for støtte frå det offentlege. For å kunne utføre dette arbeidet, må dei tilsette kjenne seg trygge på jobb. Kvart år blir mange Nav-tilsette utsette for truslar, trakassering og vald. Det har vore fleire alvorlege hendingar som minner oss om risikoen mange Nav-tilsette arbeider under. Rapportering frå Arbeids- og velferdsdirektoratet om registrerte tal for vald og truslar viser at det i 2024 var 2416 slike hendingar. Dei tilsette ved Nav-kontora og Nav Kontaktsenter er mest utsette. Ved Nav-kontora er det særleg dei som arbeider med sosialhjelp eller andre kommunale tenester som er betydeleg meir utsette.

Arbeids- og velferdsdirektoratet og KS (kommunesektorens organisasjon og utviklingspartner) kartla i 2023 sikkerheitssituasjonen i Nav i rapporten Vald og truslar mot tilsette i Nav. Med bakgrunn i denne rapporten er det utarbeidd ein tiltaksplan med sytten hovudtiltak for å førebygge uønskte hendingar. Våren 2025 vart tiltaksplanen vurdert på nytt ut frå ny og oppdatert kunnskap. Seks av hovudtiltaka blir vurderte som gjennomførte, og sju er sette i gang. Fire hovudtiltak skal konkretiserast basert på oppdatert kunnskap. Arbeidet med å følge opp sikkerheiten for Nav-tilsette vil fortsette.

Totalforsvaret – oppfølging av sivil arbeidskraftberedskap

Totalforsvarskonseptet omfattar samarbeid og gjensidig støtte mellom Forsvaret og det sivile samfunnet om førebygging, beredskapsplanlegging og handtering av ulike typar kriser i heile krisespekteret. I det vedvarande arbeidet med å fornye planverket for krisehandtering, har departementet arbeidd med å oppdatere planane som dekker ulike sikkerheitspolitiske scenarioer ved kriser og krig i vår sektor (knytt til nasjonalt beredskapssystem, NBS).

I ein væpna konflikt kan regjeringa få behov for å mobilisere og prioritere tilstrekkeleg med arbeidskraft for å støtte opp om forsvaret av landet, ivareta sivilsamfunnets grunnleggande funksjoner og verne om sivilbefolkninga. Mobilisering av sivil arbeidskraftberedskap kan i ein gitt situasjon òg få betydning for evna til å ta imot allierte forsterkingar. Betydningen av dette har auka som følge av at Finland og Sverige har blitt medlemer av NATO.

Endringar i lov om sivil beskyttelse og beredskap (sivilbeskyttelseslova) trådte i kraft 1. juli 2025. Det er teke inn ei rammeregulering av sivil arbeidskraftberedskap til bruk når riket er i krig, krig truer eller rikets sjølvstende er i fare. Sivilbeskyttelseslova ligg til Justis- og beredskapsdepartementet, men Arbeids- og inkluderingsdepartementet har òg ansvar for å følge opp korleis vi kan førebu oss på bruk av sivil arbeidskraftberedskap i sikkerheitspolitisk krise og krig.

Oppfølginga av lova vil kreve eit breitt samarbeid mellom sektorar, med kommunesektoren og med partane i arbeidslivet. Det blir lagt opp til at Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Forsvaret og Helsedirektoratet skal samarbeide om ei utgreiing om bruk av sivil arbeidskraftberedskap. Ved behov kan andre verksemder bli trekte inn. Arbeids- og inkluderingsdepartementet vil i samråd med Justis- og beredskapsdepartementet òg arbeide med forskrifter om sivil arbeidskraftberedskap med heimel i sivilbeskyttelseslova. For forskrifter som føreset at situasjonskravet er oppfylt, vil det bli vurdert å utarbeide utkast/malverk.

Oppfølging av sikkerheitslova

Lov om nasjonal sikkerheit (sikkerheitslova) sett krav for å trygge nasjonale sikkerheitsinteresser og å førebygge, avdekke og motverke sikkerheitstruande verksemd. Loven viser til at alle departement skal identifiserer grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF) innafor sitt ansvarsområde, avdekke verksemder med avgjerande betydning for GNF så dei kan blir underlagt sikkerheitslova, og gjennomføre naudsynte sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar. Det er ein kontinuerleg prosess å ivareta føremålet med sikkerheitslova. Kva som krevjast for å oppnå eit forsvarleg tryggingsnivå kan òg bli endra.

I Arbeids- og inkluderingsdepartementets sektor er det identifisert to grunnleggande nasjonale funksjonar. GNF en, Arbeids- og inkluderingsdepartementets verksemd, handlefridom og vedtaksførheit, er ein tverrsektoriell funksjon som omfattar departementets eigen rolle som fagleg sekretariat for politisk ledelse, utøvelse av myndigheit og styring og oppfølging av underleggande verksemder. GNF to, Kritiske offentlege ytingar til befolkninga, er knytt til evna til å utbetale det som blir definert som kritiske livsopphaldsytingar. Dersom slike ytingar fell bort kan det i løpet av kort tid føre til stor uro i befolkninga, og det kan ha mogleg innverknad på nasjonale sikkerheitsinteresser.

Departementet har vurdert og meldt inn skjermingsverdige objekt og infrastrukturar i tråd med desse grunnleggande nasjonale funksjonane. Det er òg vurdert og meldt inn avhengigheiter til andre verksemder og sektorar. Arbeids- og inkluderingsdepartementet vil halde fram med å vidareutvikle og oppdatere arbeidet med GNF i sektoren.

Digital sikkerheit

Avhengigheit til digitale infrastrukturar og -system er eit gjennomgåande trekk ved dei samfunnskritiske tenestene sektoren har eit ansvar for. Digital infrastruktur blir stadig meir global, omfattande og integrerte. Brot og/eller bortfall i digitale system kan medføre utfordringar for sektorens evne til å ivareta kritiske samfunnsfunksjonar og tenester. Dei siste åra har det vært et vedvarande høgt trusselnivå og krava til å følge opp digital sikkerheit har blitt skjerpa. Det kontinuerlege arbeidet med dette bygger på råd frå Nasjonal sikkehetsmyndighet (NSM) og nasjonalt cybersikkerhetssenter (NCSC). Arbeidet med digital sikkerheit er tema i styringsdialogen med alle verksemder.

Etter risikovurderingar av viktig digital infrastruktur har verksemdene i sektoren gjennomført eigne vurderingar av IKT-sikkerheita. Desse er gjort i tråd med NSMs Grunnprinsipper for IKT-sikkerhet og Rammeverk for håndtering av IKT-sikkerhetshendelser. Det har òg vore fokus på korleis verksemdene følger opp leverandørar av digitale tenester. Datasenter som blir nytta, skal vere vurderte med tanke på tryggleik og robustheit – til dømes bruk av skytjenester, god nok backup, og behov for øvingar ved bortfall.

I tråd med krav i Nasjonal strategi for digital sikkerheit er det etablert responsmiljø i sektoren for å handtere digitale angrep og andre uønskte digitale hendingar. Responsmiljøa arbeider kontinuerleg med informasjonsdeling og forbetringar på tvers av dei digitale infrastrukturane til deltakarane. Evna til departementet, verksemdene og responsmiljøa til å handtere og koordinere komplekse digitale hendingar, vil bli testa i tilknytning til øvinga Digital 2025. Evna til å kommunisere og samarbeide om å handtere samfunnskonsekvensane av eit omfattande digitalt angrep vil òg bli testa.

11 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder – STAMI

Finansdepartementet har i samråd med aktuelle departement etablert nye prosedyrar for rapportering av kontantbehaldningane i nettobudsjetterte verksemder per 31. desember med verknad frå statsrekneskapen for 2010. Det blei i samanheng med budsjettproposisjonen for 2011 utarbeidd tre standardtabellar med nøkkeltal:

Utgifter og inntekter etter art: Formålet med tabellen er å vise brutto utgifter og inntekter i verksemda ut frå kontantprinsippet og med inndeling etter art ut frå dei same prinsippa som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene (i heile kroner)

Utgifter/inntekter

Rekneskap 2022

Rekneskap 2023

Rekneskap 2024

Budsjett 2025

1. Utgifter

Driftsutgifter:

Utgifter til lønn

105 825 636

115 692 930

124 702 871

125 116 818

Varer og tenester

54 159 6591

56 354 788

61 912 077

71 501 695

Sum driftsutgifter

159 985 331

172 047 718

186 614 948

196 618 513

Investeringsutgifter:

Investeringar, større anskaffingar og vedlikehald

12 061 208

8 712 383

14 314 242

9 272 626

Sum investeringsutgifter

12 061 208

8 712 383

14 314 242

9 272 626

Sum utgifter

172 046 503

180 760 101

200 929 190

205 891 139

2. Inntekter

Driftsinntekter:

Inntekter frå sal av varer og tenester

4 906 565

7 767 915

5 589 282

4 303 100

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre driftsinntekter

0

0

0

0

Sum driftsinntekter

4 906 565

7 767 915

5 589 282

4 303 100

Investeringsinntekter

Salg av varige driftsmidler

18 000

0

0

0

Sum investeringsinntekter

18 000

0

0

0

Overføringar til verksemda:

Inntekter frå statlege løyvingar

160 446 000

168 440 000

174 350 000

180 040 000

Andre innbetalingar

18 111 044

21 589 906

9 717 605

21 548 039

Sum overføringsinntekter

178 557 044

190 029 906

184 067 605

201 588 039

Sum inntekter

183 481 609

197 797 821

189 656 887

205 891 139

3. Nettoendring i kontantbehaldninga (2–1)

11 435 106

17 037 720

-11 272 303

1 Avvik frå rekneskap 2022, Prop 1S (2023-3024). Dette skyldes at «Sal av varige driftsmidler» ikkje var med i sum i Prop 1S (2023–2024)

Inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemdene har fleire inntektskjelder, og formålet med tabell 2 er å gi ei oversikt over dei ulike inntektskjeldene (i heile kroner)

Inntektskjelde

Rekneskap 2022

Rekneskap 2023

Rekneskap 2024

Budsjett 2025

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget:

Løyvingar frå fagdepartementet

160 446 000

168 440 000

175 250 000

180 040 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltningsorgan

1 652 596

2 147 250

1 017 263

1 829 500

Løyving frå Forskingsrådet

4 331 556

6 598 816

4 353 091

4 578 220

Sum løyvingar

166 430 152

177 186 066

180 620 354

186 447 720

Offentlege og private bidrag:

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

50 000

499 340

586 454

583 000

Bidrag frå private

4 613 614

3 046 225

1 026 403

5 214 226

Løyvingar frå internasjonale organisasjonar

7 338 797

9 298 276

1 834 394

9 343 093

Sum bidrag

12 002 411

12 843 840

3 447 251

15 140 319

Oppdragsinntekter:

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Andre inntekter (kursinntekter, laboratorieinntekter)

5 049 046

7 767 915

5 589 282

4 303 100

Sum oppdragsinntekter

5 049 046

7 767 915

5 589 282

4 303 100

Sum inntekter

183 481 609

197 797 821

189 656 887

205 891 139

Andre inntekter enn basisløyvinga er i hovudsak forskingsbidrag. Inntektskjeldene er i all hovudsak offentlege midlar frå andre finansieringskjelder, hovudsakleg Forskingsrådet og andre forskingsfond.

Kontantbehaldninga i verksemda per 31. desember i perioden 2021–2023 med spesifikasjon av formålet kontantbehaldninga skal nyttast til (i heile kroner)

Balanse 31. desember

2022

2023

2024

Endring 2023–2024

Kontantbehaldning:

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

152 793 000

169 831 000

158 558 000

-11 273 000

Behaldning på andre bankkontoar, andre kontantbehaldningar og kontantekvivalentar

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

0

Sum kontantbehaldning

152 793 000

169 831 000

158 558 000

-11 273 000

Avsetningar til dekning av kostnader med forfall i neste budsjettår:

Feriepengar mv.

9 285 000

10 858 000

10 869 000

11 000

Skattetrekk og offentlege avgifter

8 182 000

10 400 000

10 301 000

-99 000

Gjeld til leverandørar

7 580 000

8 623 000

12 764 000

4 141 000

Gjeld til oppdragsgivarar

0

0

0

0

Anna gjeld med forfall i neste budsjettår

-3 283 000

-1 722 000

-6 193 000

-4 471 000

Sum til dekning av kostnader med forfall i neste budsjettår

21 764 000

28 159 000

27 741 000

-418 000

Avsetningar til dekning av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår:

Prosjekt finansierte av Forskingsrådet mv.

24 482 000

22 495 000

9 827 000

-12 668 000

Større starta, fleirårige investeringsprosjekt finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartement

4 044 000

4 044 000

4 044 000

0

Konkrete oppstarta, ikkje fullførte prosjekt finansierte av løyvingar frå fagdepartement

94 503 000

107 133 000

108 946 000

1 813 000

Andre avsetningar til vedtatte, ikkje igangsette formål

0

0

0

0

Sum avsetningar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

123 029 000

133 672 000

122 817 000

-10 855 000

Andre avsetningar:

Avsetningar til andre formål /ikkje spesifiserte formål

8 000 000

8 000 000

8 000 000

0

Fri verksemdskapital

0

0

0

0

Sum andre avsetningar

8 000 000

8 000 000

8 000 000

0

Langsiktige forpliktingar (netto):

Langsiktige forpliktingar knytte til anleggsmiddel

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

152 793 000

169 831 000

158 558 000

-11 273 000

Utanom avsetningar til arbeidsgivaravgift, feriepengar og pensjonsinnskot frå arbeidsgivaren inneheld kontantbehaldninga konkrete utgiftsforpliktingar i form av forskotsinnbetalte forskingsbidrag i dei enkelte prosjekta. Kontantbehaldninga inneheld òg delar av tidlegare års løyving som i framtidige år vil gå med til å skaffe vitskapleg utstyr i tillegg til dekning av periodevise høgare kostnader.

12 Nye internasjonale standardar frå ILO

På ILO si generalforsamling som blei held i Genève i juni 2025 blei følgande konvensjon og rekommandasjon vedteke. Sjå omtale under del II, punkt 6.2 Eit sikkert og seriøst arbeidsliv.

C192 – Konvensjon om førebygging og vern mot biologiske farar i arbeidsmiljøet, 2025 (nr. 192)

Generalkonferansen til Den internasjonale arbeidsorganisasjonen,

som er blitt kalla saman i Genève av styret i Det internasjonale arbeidsbyrået og har møtt til sin 113. sesjon den 2. juni 2025,

som minner om Den internasjonale arbeidsorganisasjonen si høgtidelege konstitusjonelle forplikting til å fremme blant verdas nasjonar program som vil oppnå tilstrekkeleg vern av livet og helsa til arbeidstakarar i alle yrke,

som minner om at Den internasjonale arbeidskonferansen på sin 110. sesjon (2022) inkluderte eit trygt og sunt arbeidsmiljø i ILO-rammeverket for grunnleggjande prinsipp og rettar i arbeidslivet,

som tek i betraktning målet om å fastsetje ei rettsleg ramme for å respektere, fremme og realisere det grunnleggjande prinsippet om og retten til eit trygt og sunt arbeidsmiljø når det gjeld biologiske farar, inkludert føresegner om beredskapsordningar for effektiv handtering av nødssituasjonar knytte til biologiske farar i arbeidsmiljøet, idet det blir teke omsyn til nye og gjenoppståtte farar og risikoar,

som understrekar betydninga av å fremme internasjonal politisk samanheng og samarbeid om førebygging av sjukdommar og skadar forårsaka av biologiske farar i arbeidsmiljøet,

som anerkjenner relevansen av konvensjon om sikkerhet og helse og arbeidsmiljøet, 1981 (nr. 155) og konvensjon om rammeverk til fremme av sikkerhet og helse i arbeidslivet, 2006 (nr. 187), som blir sett på som kjernekonvensjonar i samsvar med ILO-erklæringa om grunnleggjande prinsipp og rettar i arbeidslivet (1998), som endra i 2022, og relevansen av protokollen av 2002 til konvensjon nr. 155 og konvensjonen om bedriftshelsetenester, 1985 (nr. 161),

som merkar seg behovet for å revidere rekommandasjonen om førebygging av miltbrann frå 1919 (nr. 3) og for å tette gapet i internasjonale arbeidsstandardar sitt dekningsområde når det gjeld andre biologiske farar i arbeidsmiljøet,

som merkar seg at denne konvensjonen utgjer det første internasjonale instrumentet som spesifikt tek for seg biologiske farar i arbeidsmiljøet på globalt nivå,

som understrekar behovet for å fremme ei effektiv handtering av sikkerheit og helse i arbeidslivet når det gjeld biologiske farar i arbeidsmiljøet, gjennom samarbeid mellom relevante aktørar, inkludert folkehelse- og arbeidsmiljømyndigheiter og arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar, på deira respektive ansvarsområde,

som har bestemt å vedta visse forslag knytte til sikkerheit og helse i arbeidslivet og vern mot biologiske farar, som er det fjerde punktet på dagsordenen til sesjonen,

som har avgjort at desse forslaga skal vere i form av ein internasjonal konvensjon,

vedtek den 13. juni 2025 følgjande konvensjon, som kan visast til som konvensjonen om biologiske farar i arbeidsmiljøet av 2025:

I. Definisjonar og verkeområde

Artikkel 1

For denne konvensjonen gjeld følgjande definisjonar:

  1. «Biologiske farar» viser til alle mikroorganismar, celler eller cellekulturar, endoparasittar eller ikkje-cellulære mikrobiologiske einingar, inkludert dei som har blitt genetisk modifiserte, og deira tilknytte allergen og toksin, og dessutan allergen, toksin og irritantar av vegetabilsk eller animalsk opphav, når eksponeringa er arbeidsrelatert, som kan forårsake skade på helsa til menneske. Skade på helsa til menneske forårsaka av eksponering for biologiske farar i arbeidsmiljøet omfattar sjukdommar og skadar.

  2. «Eksponering for biologiske farar i arbeidsmiljøet» viser til ei hending der ein arbeidstakar kjem i kontakt med, eller er i direkte nærleik av, biologiske farar i arbeidsmiljøet. Slik eksponering omfattar arbeidsrelaterte aktivitetar og folkehelsesituasjonar. Potensialet for infeksjon eller skade er uløyseleg knytt til overføringsmåtane og eksponeringsvegane, som er viktige å ta omsyn til når ein skal utforme eigna førebyggjande strategiar og tiltak.

  3. «Biologisk risiko» viser til kombinasjonen av sannsynet for at ei farleg hending inntreffer som følgje av eksponering for ein biologisk fare, og alvorsgraden av skade eller helseskade på menneske som følgje av denne hendinga.

  4. «Evaluering av biologiske risikoar utført av vedkommande myndigheiter» viser til ein systematisk prosess for kartlegging av biologiske farar og evaluering av risikoar utført av vedkommande myndigheiter for å støtte utviklinga av eit regelverk eller retningslinjer for føremålstenlege og forholdsmessige risikokontrolltiltak ut frå dei biologiske risikoane som er forbundne med arbeidet som blir utført. Denne evalueringa tek omsyn til

    1. eigenskapane ved farane, inkludert potensialet for å forårsake skade på helsa til menneske og alvorsgraden av denne skaden,

    2. kor tilgjengeleg ein effektiv diagnose, profylakse og behandling er,

    3. folkehelserisikoen når det gjeld spreiing til befolkninga eller miljøet.

  5. «Arbeidstakarar» omfattar alle sysselsette personar, inkludert offentleg tilsette.

Artikkel 2

  1. Denne konvensjonen gjeld for alle arbeidstakarar i alle næringsgreiner.

  2. Ein medlemsstat som ratifiserer denne konvensjonen, kan, etter samråd med dei mest representative og aktuelle arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane og på grunnlag av ei evaluering utført av vedkommande myndigheiter av dei biologiske farane som ligg føre, og av dei førebyggjande tiltaka og vernetiltaka som skal setjast i verk, heilt eller delvis utelukke frå bruksområdet til konvensjonen bestemde næringsgreiner eller avgrensa kategoriar av arbeidstakarar som bruken av konvensjonen ville reise særlege vesentlege problem for, under føresetnad av at det blir oppretthalde eit trygt og sunt arbeidsmiljø.

  3. Kvar medlemsstat som nyttar den moglegheita som er gitt i føregåande ledd, skal i sin første rapport om bruken av konvensjonen i samsvar med artikkel 22 i konstitusjonen for Den internasjonale arbeidsorganisasjonen, oppgi dei særlege næringsgreinene eller kategoriane av arbeidstakarar som er utelukka, med opplysning av årsakene til utelukkinga og ei beskriving av tiltaka som er trefte for å gi dei utelukka arbeidstakarane tilstrekkeleg vern, og skal i seinare rapportar angi eventuelle framsteg i retning av ein meir omfattande bruk. Medlemsstatane skal gjere sitt ytste for å avslutte utelukkingar så snart som råd.

II. Nasjonal politikk

Artikkel 3

Kvar medlemsstat skal, i samsvar med nasjonal lovgiving og praksis og i samråd med dei mest representative arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane, innarbeide vern mot eksponering for biologiske farar i arbeidsmiljøet i den nasjonale politikken for sikkerheit og helse i arbeidslivet, basert på ei evaluering av biologiske risikoar utført av vedkommande myndigheiter, og skal med jamne mellomrom gjennomgå denne politikken.

Artikkel 4

Når det gjeld biologiske farar i arbeidsmiljøet, skal den nasjonale politikken ta omsyn til

  1. annan relevant politikk, bl.a. på folkehelse- og miljøområdet, der denne politikken er i samsvar med, utfyller eller betrar føresegner om sikkerheit og helse i arbeidslivet,

  2. den beste tilgjengelege informasjonen om handtering av sikkerheit og helse i arbeidslivet knytt til biologiske farar i arbeidsmiljøet,

  3. behovet for å utvikle ordningar for effektiv handtering av eksponering for biologiske farar og risikoar i arbeidsmiljøet, inkludert nye eller gjenoppståtte farar og risikoar, og førebyggings- og beredskapstiltak, til dømes planar og prosedyrar, for å handtere ulykker og nødssituasjonar knytte til desse farane, som tek i betraktning den fysiske og psykiske helsa og velværet til arbeidstakarane, og dessutan, om det er relevant, behovet for støttemekanismar for arbeidsgivarar,

  4. den verknaden som klima- og miljørisikoar har på eksponeringa for biologiske farar i arbeidsmiljøet, og behovet for å setje i verk tilstrekkelege tiltak for å førebyggje og handtere kartlagde risikoar,

  5. relevante føresegner i konvensjon om sikkerhet og helse og arbeidsmiljøet, 1981 (nr. 155), konvensjon om rammeverk til fremme av sikkerhet og helse i arbeidslivet, 2006 (nr. 187), og, alt etter kva som er relevant, andre relevante internasjonale arbeidsstandardar,

  6. viktigheita av å sikre, alt etter kva som er relevant, eit perspektiv som tek omsyn til alle arbeidstakarar, inkludert ulike eksponerings- og risikonivå for kvinner og menn.

Artikkel 5

For å skaffe til vegar den beste tilgjengelege informasjonen om biologiske farar i arbeidsmiljøet skal kvar medlemsstat, i samråd med dei mest representative arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane, treffe dei tiltaka som er føremålstenlege og i samsvar med nasjonal lovgiving og praksis, med sikte på å

  1. utveksle informasjon og koordinere tiltak, nasjonalt og internasjonalt, mellom relevante nasjonale myndigheiter, inkludert folkehelse- og arbeidsmiljømyndigheiter og vitskaplege institusjonar og relevante internasjonale organisasjonar,

  2. fremme ny forsking der den tilgjengelege informasjonen er utilstrekkeleg.

Artikkel 6

Kvar medlemsstat skal, etter samråd med dei mest representative arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane, treffe særlege tiltak for å

  1. verne konfidensiell informasjon som kan skade verksemda til ein arbeidsgivar dersom informasjonen blir kjend for ein konkurrent, så lenge dette ikkje går ut over sikkerheita og helsa til arbeidstakarane og er i samsvar med nasjonal lovgiving og praksis,

  2. sikre at arbeidstakarar og representantane deira har enkel og konfidensiell tilgang til føremålstenlege og effektive rapporteringsmekanismar for å handtere eventuelle brot på nasjonale lover og forskrifter knytte til eksponering for biologiske farar i arbeidsmiljøet,

  3. sikre at dei som rapporterer slike brot, blir verna mot gjengjelding.

III. Førebyggjande tiltak og vernetiltak

Artikkel 7

  1. Kvar medlemsstat skal, i samsvar med nasjonal lovgiving og praksis og i samråd med dei mest representative arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane, utarbeide, offentleggjere og med jamne mellomrom gjennomgå og oppdatere nasjonale ordningar og retningslinjer for førebyggjande tiltak og vernetiltak og, der det er relevant, føre-var-tiltak for å kontrollere biologiske farar og risikoar i arbeidsmiljøet, på grunnlag av resultata av ei evaluering av biologiske risikoar utført av vedkommande myndigheiter.

  2. Desse ordningane og retningslinjene skal

    1. fremme kontinuerleg betring av vernet av eksponerte arbeidstakarar,

    2. ta omsyn til nye og gjenoppståtte farar og risikoar,

    3. innehalde spesifikke tiltak for

      1. sektorar og yrke der arbeidstakarane har høg risiko for anerkjend skade som følgje av eksponering for biologiske farar,

      2. arbeidstakarar som kan ha behov for særleg vern, samstundes som ein tek omsyn til behovet for å sikre at dette ikkje fører til diskriminering eller bidreg til yrkesmessig segregering,

    4. omfatte beredskapstiltak, som planar og prosedyrar, for å handtere ulykker og nødssituasjonar knytte til eksponering for biologiske farar i arbeidsmiljøet.

Artikkel 8

  1. Kvar medlemsstat skal i god tid gi informasjon og støtte til arbeidsgivarar, arbeidstakarar og representantane deira om førebyggjande tiltak og vernetiltak og, der det er relevant, føre-var-tiltak for å kontrollere biologiske farar og risikoar i arbeidsmiljøet, på grunnlag av ei evaluering av biologiske risikoar utført av vedkommande myndigheiter.

  2. Informasjonen skal bli gitt i ei tilgjengeleg form og på eit forståeleg språk, gjennomgått jamleg og oppdatert etter behov for å spegle den nyaste vitskaplege og tekniske kunnskapen.

IV. Arbeidshelse og bedriftshelseteneste

Artikkel 9

Ved å treffe førebyggjande tiltak og vernetiltak med omsyn til eksponering for biologiske farar i arbeidsmiljøet, i samsvar med nasjonal lovgiving og praksis, skal kvar medlemsstat arbeide for å

  1. gradvis utvide bedriftshelsetenesta til å omfatte alle arbeidstakarar i alle næringsgreiner, idet dei prioriterer sektorar og yrke der arbeidstakarane har høg risiko for å bli eksponerte for biologiske farar, og arbeidstakarar som kan ha behov for spesielt vern,

  2. leggje til rette for samordning og effektiv bruk av nasjonale infrastrukturar, ekspertise og ressursar på helse- og arbeidsområdet for å tilby bedriftshelsetenester til arbeidstakarar.

V. Rapportering, registrering og varsling av arbeidsulykker og yrkessjukdommar og innsamling av data

Artikkel 10

Kvar medlemsstat skal, i samsvar med nasjonale forhold og nasjonal praksis og i samråd med dei mest representative arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane, etablere, gjennomføre og regelmessig gjennomgå prosedyrar for

  1. rapportering, registrering, varsling og undersøking av arbeidsulykker, yrkessjukdommar og, der det er relevant, farlege hendingar forårsaka av eksponering for biologiske farar i arbeidsmiljøet, som skal utførast av arbeidsgivaren eller ein annan ansvarleg person i samsvar med nasjonal lovgiving og praksis,

  2. utarbeiding og publisering av årleg statistikk, fordelt på kjønn, over arbeidsulykker, yrkessjukdommar og, der det er relevant, farlege hendingar forårsaka av eksponering for biologiske farar i arbeidsmiljøet,

  3. granskingar som skal gjennomførast av vedkommande myndigheiter, av alvorlege tilfelle av arbeidsulykker, yrkessjukdommar eller andre helseskadar forårsaka av eksponering for biologiske farar i arbeidsmiljøet,

  4. årleg publisering av informasjon om tiltak som er sette i verk i samsvar med den nasjonale politikken for sikkerheit og helse i arbeidslivet, og som gjeld eksponering for biologiske farar i arbeidsmiljøet,

  5. fastsetjing av passande varigheit for føring av register over yrkessjukdommar og yrkesskadar forårsaka av eksponering for biologiske farar i arbeidsmiljøet, idet ein tek omsyn til latenstida for slike sjukdommar.

Artikkel 11

Kvar medlemsstat skal, i samråd med dei mest representative arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane og i samsvar med nasjonal lovgiving og praksis, relevante internasjonale standardar og den vitskaplege utviklinga,

  1. med jamne mellomrom gjennomgå dei nasjonale listene over yrkessjukdommar med tanke på førebygging, registrering, varsling og eventuell erstatning,

  2. oppdatere desse listene etter behov for å inkludere alle sjukdommar der ein direkte samanheng mellom eksponering for biologiske farar i arbeidsmiljøet og sjukdommen er vitskapleg fastslått, eller fastslått ved hjelp av metodar som er eigna for nasjonale forhold og nasjonal praksis.

VI. Yrkesskadetrygd

Artikkel 12

Kvar medlemsstat skal sikre at alle sjukdommar, skadar, arbeidsuførleikar eller dødsfall forårsaka av yrkesmessig eksponering for biologiske farar i arbeidsmiljøet skal gi rett til yrkesskadetrygd eller -erstatning i samsvar med nasjonal lovgiving og praksis.

VII. Etterleving av lover og forskrifter

Artikkel 13

  1. Kvar medlemsstat skal sikre at nasjonale lover og forskrifter om eksponering for biologiske farar i arbeidsmiljøet blir handheva gjennom eit tilstrekkeleg og føremålstenleg system for tilsyn og, der det er aktuelt, andre mekanismar for å sikre etterleving, inkludert formidling av fagleg informasjon og råd til arbeidsgivarar, arbeidstakarar og representantane deira, og skal setje av tilstrekkelege ressursar og den støtta som er nødvendig for desse funksjonane.

  2. Kvar medlemsstat skal sørgje for at arbeidsinspektørar og, der det er relevant, andre tenestepersonar med oppgåver knytte til biologiske farar og risikoar i arbeidsmiljøet

    1. er opplærte i desse farane og risikoane,

    2. fremmer ei systematisk tilnærming til sikkerheit og helse i arbeidslivet ved vurdering av etterleving av relevante nasjonale lover og forskrifter,

    3. har klare og robuste sikkerheitsprotokollar for å vareta si eiga sikkerheit medan dei utfører arbeidsoppgåvene sine,

    4. har fått utlevert eigna verneutstyr av arbeidsgivaren sin.

Artikkel 14

Kvar medlemsstat skal, i samsvar med nasjonal lovgiving og praksis, fastsetje passande sanksjonar og avhjelpande tiltak for brot på lover og forskrifter om biologiske farar i arbeidsmiljøet og sikre at dei blir brukte effektivt.

VIII. Arbeidsgivaren sine plikter og ansvar

Artikkel 15

Arbeidsgivarar skal, så langt det er praktisk mogleg, sørgje for at arbeidsmiljøet under deira kontroll er utan risiko for sikkerheit og helse som følgje av eksponering for biologiske farar ved å treffe eigna og nødvendige førebyggjande tiltak og vernetiltak.

Artikkel 16

Arbeidsgivarar skal, i samsvar med nasjonal lovgiving og praksis og gjeldande tariffavtalar, setje i verk førebyggjande tiltak og vernetiltak som eit resultat av ei vurdering av biologiske risikoar i arbeidsmiljøet så langt det er praktisk mogleg, og sikre at det blir teke omsyn til ulike eksponerings- og risikonivå, inkludert for kvinner og menn, der det er relevant. Dei skal særleg

  1. innføre, i samråd med arbeidstakarane og representantane deira, tilstrekkelege og føremålstenlege system for å gjennomføre, gjennomgå og, om nødvendig, oppdatere vurderingar av risikoane for sikkerheita og helsa til arbeidstakarane som følgje av biologiske farar, der dei tek høveleg omsyn til arbeidstakarar som kan ha behov for særleg vern,

  2. treffe alle rimelege og praktisk moglege tiltak for å eliminere dei biologiske farane i arbeidsmiljøet, eller når det ikkje er mogleg, kontrollere og minimere risikoane som kjem av desse farane, der dei tek høveleg omsyn til tiltakshierarkiet,

  3. setje i verk effektive førebyggjande tiltak og vernetiltak, der dei tek omsyn til eigenskapane ved dei biologiske farane og, om tilgjengeleg, evalueringa av biologiske risikoar utført av vedkommande myndigheiter,

  4. sørgje for, halde ved like og erstatte, etter behov og utan kostnad for arbeidstakarane, tilstrekkeleg personleg verneutstyr i samsvar med tiltakshierarkiet, saman med opplæring i bruken av utstyret,

  5. gjennomføre regelmessig overvaking av arbeidsmiljøet og helsa til arbeidstakarane på ein måte som er tilstrekkeleg og eigna for dei yrkesmessige risikoane, for å sikre at biologiske farar og dei potensielle konsekvensane av dei blir oppdaga tidleg,

  6. overvake arbeidsprosessar og regelmessig gjennomgå kor effektive førebyggjande tiltak, vernetiltak og kontrolltiltak er, inkludert kor tilgjengeleg eigna personleg verneutstyr er,

  7. treffe føre-var-tiltak der den tilgjengelege informasjonen er utilstrekkeleg for å kunne vurdere risikoane på ein tilfredsstillande måte,

  8. gi informasjon, instruksar og opplæring om biologiske farar i arbeidsmiljøet og om aktuelle førebyggjande tiltak og vernetiltak til leiarar, arbeidsleiarar og arbeidstakarar på betalt arbeidstid og, der det er mogleg, i vanleg arbeidstid, og dessutan til arbeidstakarane sine representantar, med passande og regelmessige intervall,

  9. sørgje for at alle arbeidstakarar får tilstrekkeleg informasjon, i ei tilgjengeleg form og på eit forståeleg språk, om risikoane ved eksponering for biologiske farar og om gjeldande førebyggjande tiltak og vernetiltak før dei byrjar på arbeidsoppgåver som inneber slike risikoar, når det er blitt gjort endringar i arbeidsmetodar, i materiale eller i risikovurderinga på grunnlag av ny informasjon, og med jamne mellomrom etter behov,

  10. undersøkje arbeidsulykker, yrkessjukdommar og, der det er relevant, farlege hendingar knytte til eksponering for biologiske farar i arbeidsmiljøet for å finne årsakene til dei og treffe nødvendige tiltak for å hindre at liknande hendingar skjer igjen, i samarbeid med arbeidsmiljøutval eller arbeidstakarrepresentantar, og samstundes lagre data om hendingar som involverer biologiske farar.

Artikkel 17

Når to eller fleire arbeidsgivarar driv verksemd samstundes på éin arbeidsplass, skal dei samarbeide om korleis dei skal vareta sikkerheita og helsa til arbeidstakarane med tanke på eksponering for biologiske farar i arbeidsmiljøet, utan at det påverkar den enkelte arbeidsgivaren sitt ansvar for sine arbeidstakarar.

Artikkel 18

Arbeidsgivarar skal etablere beredskapsplanar og -prosedyrar, i samsvar med verksemda sin storleik og art, for å handtere ulykker, hendingar og nødssituasjonar knytte til biologiske farar i arbeidsmiljøet, der dei tek omsyn til utbrot av smittsame sjukdommar. Desse planane og prosedyrane skal vere i samsvar med rettleiinga frå vedkommande myndigheiter.

IX. Rettar og plikter for arbeidstakarar og representantane deira

Artikkel 19

Når det gjeld biologiske farar i arbeidsmiljøet, skal arbeidstakarane og, om det er aktuelt, representantane deira ha rett til å

  1. bli konsulterte i samband med kartlegging av biologiske farar og risikovurderingar utførte av arbeidsgivaren eller vedkommande myndigheiter,

  2. få informasjon og opplæring om biologiske farar og risikoar i arbeidsmiljøet og om eigna førebyggjande tiltak og vernetiltak og bruken av desse,

  3. bli konsulterte om førebyggjande tiltak og vernetiltak for å verne seg sjølv og andre arbeidstakarar, og bli involverte i gjennomføringa av desse,

  4. undersøkje og bli konsulterte av arbeidsgivaren om relevante aspekt knytte til eksponering for biologiske farar i arbeidsmiljøet,

  5. delta i undersøkingar av arbeidsulykker, yrkessjukdommar og, der det er relevant, farlege hendingar, og bli konsulterte om konklusjonane av desse undersøkingane,

  6. få rapportar om overvaking av helsa til arbeidstakarane, underlagde konfidensialitetsreglar for personlege og medisinske opplysningar,

  7. anke til vedkommande myndigheiter, i samsvar med nasjonal lovgiving og praksis, dersom dei meiner at dei iverksette tiltaka og brukte midla ikkje er tilstrekkeleg effektive til å sikre tilfredsstillande førebygging og vern,

  8. i samsvar med nasjonal lovgiving og praksis, bli overførte til alternativt arbeid, etter tilråding frå bedriftshelsetenesta, når dei av helsemessige årsaker ikkje bør halde fram med ein bestemd jobb, under føresetnad av at slikt arbeid er tilgjengeleg, og at dei har kvalifikasjonar eller kan bli lærte opp til slikt arbeid,

  9. få medisinsk behandling og rehabilitering, i samsvar med nasjonal lovgiving og praksis, i tilfelle av liding, sjukdom eller skade som er forårsaka eller forverra av eksponering for biologiske farar i arbeidsmiljøet,

  10. vere verna mot diskriminering på grunn av at dei pådreg seg eller overfører ein sjukdom forårsaka av eksponering for biologiske farar,

  11. ha tilgang til effektive kommunikasjonskanalar med vedkommande myndigheiter for rapportering av arbeidsmiljøproblem knytte til biologiske farar og risikoar.

Artikkel 20

Det skal finnast ordningar på verksemdsnivå som, med omsyn til biologiske farar i arbeidsmiljøet, skal påleggje arbeidstakarane plikter som omfattar

  1. å overhalde, i samsvar med dei instruksjonane dei har fått, og den opplæringa og dei midla som arbeidsgivaren har gitt, dei føreskrivne sikkerheits- og helsetiltaka i arbeidsmiljøet, inkludert rett handtering og bruk av eigna personleg verneutstyr, anlegg og anna utstyr som er stilt til rådvelde for dei for dette formålet,

  2. å straks rapportere til sin næraste overordna alle arbeidssituasjonar som dei meiner kan medføre eksponering for ein biologisk fare eller utgjere ein risiko for deira eiga eller andre si sikkerheit eller helse,

  3. å samarbeide med arbeidsgivaren og andre arbeidstakarar for på ein tilstrekkeleg måte å kartleggje og setje i verk helse- og sikkerheitstiltak i arbeidsmiljøet for å handtere biologiske farar.

Artikkel 21

Når det gjeld biologiske farar i arbeidsmiljøet, skal arbeidstakarane, i tillegg til dei rettane og pliktene som er beskrivne ovanfor,

  1. ha rett til å fjerne seg frå ein arbeidssituasjon utan urimelege konsekvensar, der dei har rimeleg grunn til å tru at det er ein overhengande og alvorleg fare for livet eller helsa deira,

  2. utan opphald rapportere til sin næraste overordna alle arbeidssituasjonar som dei har rimeleg grunn til å tru utgjer ein overhengande og alvorleg fare for livet eller helsa deira,

  3. ikkje kunne påleggjast av arbeidsgivaren å gå tilbake til ein arbeidssituasjon der det framleis er overhengande og alvorleg fare for liv eller helse, før arbeidsgivaren om nødvendig har sett i verk effektive tiltak for å avhjelpe faren.

X. Bruksmetodar

Artikkel 22

Kvar medlemsstat skal, i samråd med dei mest representative arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane, gjennomføre føresegnene i denne konvensjonen ved lover og forskrifter og ved tariffavtalar eller andre tiltak som er i samsvar med nasjonale forhold og nasjonal praksis.

XI. Normativt språk

Artikkel 23

I denne konvensjonen skal kvar bruk av den generiske hankjønnsforma tolkast som ikkje-eksklusiv og som at han òg omfattar kvinner, med mindre anna klart går fram av samanhengen.

XII. Avsluttande føresegner

Artikkel 24

Dei formelle ratifikasjonane av denne konvensjonen skal meldast til generaldirektøren for Det internasjonale arbeidsbyrået for registrering.

Artikkel 25

  1. Denne konvensjonen skal berre vere bindande for dei medlemsstatane i Den internasjonale arbeidsorganisasjonen som har fått registrert ratifikasjonen sin hos generaldirektøren for Det internasjonale arbeidsbyrået.

  2. Konvensjonen skal tre i kraft tolv månader etter den datoen då ratifikasjonane frå to medlemsstatar er registrerte hos generaldirektøren.

  3. Deretter skal denne konvensjonen tre i kraft for ein medlemsstat tolv månader etter den datoen då ratifikasjonen frå medlemsstaten er registrert.

Artikkel 26

  1. Ein medlemsstat som har ratifisert denne konvensjonen, kan seie han opp etter utløpet av ein periode på ti år frå den datoen då konvensjonen først tredde i kraft, ved hjelp av eit skriftleg dokument som blir sendt til generaldirektøren for Det internasjonale arbeidsbyrået for registrering. Ei slik oppseiing skal ikkje få verknad før eitt år etter den datoen då ho er registrert.

  2. Medlemsstatar som har ratifisert denne konvensjonen, og som ikkje nyttar seg av retten til å seie opp konvensjonen i samsvar med denne artikkelen innan det året som etterfølgjer den tiårsperioden som er nemnd i førre ledd, skal vere bundne av konvensjonen i ein ny periode på ti år og kan deretter seie opp konvensjonen innan det første året av kvar nye periode på ti år, på dei vilkåra som er fastsette i denne artikkelen.

Artikkel 27

  1. Generaldirektøren for Det internasjonale arbeidsbyrået skal underrette alle medlemsstatar i Den internasjonale arbeidsorganisasjonen om registreringa av alle ratifikasjonar, erklæringar og oppseiingar som er melde inn av medlemsstatane i organisasjonen.

  2. Når generaldirektøren underretter medlemsstatane i organisasjonen om registreringa av den siste innmelde ratifikasjonen av dei ratifikasjonane som krevst for ikraftsetjing, skal generaldirektøren informere medlemsstatane i organisasjonen om den datoen då konvensjonen trer i kraft.

Artikkel 28

Generaldirektøren for Det internasjonale arbeidsbyrået skal sende generalsekretæren for Dei sameinte nasjonane, for registrering i samsvar med artikkel 102 i pakta til Dei sameinte nasjonane, fullstendige opplysningar om alle ratifikasjonar, erklæringar og oppseiingar som er blitt registrerte i samsvar med føresegnene i dei føregåande artiklane.

Artikkel 29

Styret i Det internasjonale arbeidsbyrået skal, når det finn det nødvendig, leggje fram for generalkonferansen ein rapport om korleis denne konvensjonen har verka, og skal vurdere om det er ønskjeleg å setje spørsmålet om revisjon av konvensjonen opp på dagsordenen til konferansen.

Artikkel 30

  1. Dersom konferansen vedtek ein ny konvensjon som inneber ein revisjon av denne konvensjonen, skal, med mindre den nye konvensjonen fastset noko anna,

    1. ein medlemsstat sin ratifikasjon av den nye reviderande konvensjonen ipso jure innebere ei direkte oppseiing av denne konvensjonen, utan omsyn til føresegnene i artikkel 26 ovanfor, dersom og når den nye reviderande konvensjonen har tredd i kraft,

    2. denne konvensjonen ikkje lenger vere open for ratifikasjon av medlemsstatane frå den datoen då den nye reviderande konvensjonen trer i kraft.

  2. Denne konvensjonen skal i alle tilfelle halde fram med å gjelde i sin noverande form og med sitt noverande innhald for dei medlemsstatane som har ratifisert han, men som ikkje har ratifisert den reviderande konvensjonen.

Artikkel 31

Den engelske, den franske og den spanske versjonen av teksten til denne konvensjonen har same gyldigheit.

R209 – Rekommandasjon om førebygging og vern mot biologiske farar i arbeidsmiljøet, 2025 (nr. 209)

Generalkonferansen til Den internasjonale arbeidsorganisasjonen,

som er blitt kalla saman i Genève av styret i Det internasjonale arbeidsbyrået og har møtt til sin 113. sesjon den 2. juni 2025,

som har bestemt å vedta visse forslag knytte til vern mot biologiske farar i arbeidsmiljøet, som er det fjerde punktet på dagsordenen til sesjonen,

som har avgjort at desse forslaga skal vere i form av ein rekommandasjon som supplerer konvensjonen om biologiske farar i arbeidsmiljøet av 2025,

vedtek den 13. juni 2025 følgjande rekommandasjon, som kan visast til som rekommandasjonen om biologiske farar i arbeidsmiljøet av 2025:

  1. Føresegnene i denne rekommandasjonen supplerer føresegnene i konvensjonen om biologiske farar i arbeidsmiljøet av 2025 («konvensjonen») og bør vurderast i samanheng med dei.

I. Definisjonar og verkeområde

  • 2. Med tilvising til definisjonen i artikkel 1 bokstav a i konvensjonen omfattar biologiske farar

    1. patogene mikroorganismar og deira tilknytte toksin og allergen, inkludert visse protozoar, bakteriar, soppar, oomycetar og algar,

    2. celler og cellekulturar, inkludert både primærkulturar og udødelege cellelinjer, som kan vere kontaminerte med andre biologiske farar eller ha ibuande risikoar, til dømes tumorinduserande potensial, giftstoff eller allergen,

    3. endoparasittar, det vil seie protozoar og helmintar,

    4. ikkje-cellulære mikrobiologiske einingar, inkludert virus, prionar og rekombinante, genmodifiserte eller syntetiske DNA- og RNA-materiale,

    5. irritantar, allergen og toksin av animalsk eller vegetabilsk opphav, inkludert gift eller allergenhaldige sekret produserte av dyr eller planter, med unntak av pollen, som kan forårsake irritasjon, allergiske reaksjonar eller systemisk toksisitet ved eksponering via bit, stikk eller andre hendingar som fører til frigjering eller førekomst av desse stoffa.

  • 3. Skade på helsa til menneske forårsaka av eksponering for biologiske farar i arbeidsmiljøet omfattar

    1. infeksjonssjukdommar som brucellose, viral hepatitt, humant immunsviktvirus, stivkrampe, tuberkulose, miltbrann og leptospirose, inkludert helseverknader som følgjer av akutt eller kronisk infeksjon, til dømes leversjukdom som følgjer av viral hepatitt, og følgjetilstandar av desse,

    2. ikkje-smittsame sjukdommar som toksiske eller inflammatoriske syndrom forbundne med bakterie- eller soppallergen eller -toksin,

    3. dødsfall eller personskade eller sjukdom som følgje av ei arbeidsulykke som inneber eksponering for ein biologisk fare i arbeidsmiljøet.

  • 4. Helse betyr ikkje berre fråvær av sjukdom eller svakheit, men omfattar òg dei fysiske og psykiske elementa som påverkar helsa, og som er direkte knytte til sikkerheit og helse på arbeidsplassen.

  • 5. Overføringsmåtane som er nemnde i artikkel 1 bokstav b i konvensjonen, omfattar

    1. overføring gjennom lufta, som inneber at dei biologiske farane beveger seg gjennom eller svever i lufta,

    2. direkte overføring, som inneber levande organismar, inkludert menneske og dyr, som overfører ein biologisk fare gjennom direkte kontakt,

    3. indirekte overføring, som skjer via vektorar og andre berarar som vatn, mat, organisk materiale, kroppsvæsker eller fomittar.

  • 6. Eksponeringsvegane som er nemnde i artikkel 1 bokstav b i konvensjonen, omfattar innanding, svelging, perkutan skade og absorpsjon eller adsorpsjon gjennom auge, hud og slimhinner. Desse vegane er vanlegvis avhengige av eigenskapane til den biologiske faren og arbeidsmiljøet.

  • 7. Føresegnene i konvensjonen og denne rekommandasjonen bør i størst mogleg grad gjelde for alle næringsgreiner og alle kategoriar av arbeidstakarar. Det kan treffast slike tiltak som er nødvendige og praktisk moglege for å gi sjølvstendig næringsdrivande eit vern tilsvarande det som er fastsett i konvensjonen og denne rekommandasjonen.

II. Førebyggjande tiltak og vernetiltak

  • 8. Medlemsstatane bør treffe tiltak, i samsvar med nasjonal lovgiving og praksis, for å sikre at dei som utformar, produserer, importerer, leverer eller overfører biologiske stoff, agensar eller produkt som arbeidstakarar kan bli eksponerte for i sitt arbeid,

    1. forvissar seg om at slike stoff, agensar eller produkt, så langt det er praktisk mogleg, ikkje medfører fare for sikkerheita og helsa til dei som bruker dei på rett måte,

    2. gjer tilgjengeleg informasjon om rett bruk av og farlege eigenskapar ved slike stoff, agensar eller produkt, inkludert i form av sikkerheitsdatablad dersom slike finst, og instruksjonar om korleis ein førebyggjer kjende risikoar,

    3. gjennomfører studiar og forsking eller på annan måte held seg oppdatert på den vitskaplege og tekniske kunnskapen som er nødvendig for å oppfylle bokstav a og b,

    4. tek omsyn til FN-rekommandasjonane om transport av farleg gods, Basel-konvensjonen vedrørende kontroll med transport av farlig avfall, protokollen om handel med og bruk av levende genmodifiserte organismer til Konvensjon om biologisk mangfold, konvensjonen om forbud mot utvikling, produksjon, lagring og bruk av kjemiske våpen samt ødeleggelse av slike våpen, det internasjonale helsereglementet (IHR) eller andre relevante og gjeldande konvensjonar eller instrument.

  • 9. Dei nasjonale ordningane og retningslinjene nemnde i artikkel 7 første ledd i konvensjonen bør

    1. innehalde føresegner om

      1. gjennomføring av ei risikovurdering og regelmessig revidering av ho,

      2. førebyggjande tiltak og vernetiltak i samsvar med tiltakshierarkiet,

      3. hygiene,

      4. informasjon og opplæring av arbeidstakarar,

      5. konsultasjon og deltaking av arbeidstakarar og representantane deira i sakene under punkt i til iv,

    2. ta opp, alt etter kva som er relevant, smitteverntiltak, risikobaserte biosikkerheits- og biotryggleikstiltak, til dømes innesluttingsnivå i laboratorium, ventilasjon, vektorkontroll, dekontaminerings- og desinfeksjonsprosedyrar og dessutan risikobaserte prosedyrar for handtering og avhending av farleg avfall,

    3. ta omsyn til usikkerheiter med tanke på førekomsten av biologiske farar i levande organismar, vektorar eller andre potensielle berarar,

    4. vere tilstrekkelege og stå i forhold til eksponeringsrisikoen i kvar sektor eller kvart yrke og til farane som er kartlagde og risikoane som er vurderte av vedkommande myndigheiter.

  • 10. Sektorane og yrka som er nemnde i artikkel 7 andre ledd bokstav c punkt i i konvensjonen, og som skal inngå i ei evaluering av risikoar, kan bl.a. omfatte

    1. helsesektoren,

    2. matproduksjon og arbeid i landbruket, inkludert i husdyr-, grønsaks- og kornsektoren,

    3. vass- og avfallshandteringssektoren,

    4. reingjerings- og vedlikehaldsarbeid,

    5. humanitært arbeid,

    6. laboratoriearbeid,

    7. bioteknologiske og farmasøytiske sektorar,

    8. gravferdstenester og likhusarbeid,

    9. bygg- og anleggssektoren,

    10. skogbrukssektoren,

    11. transportsektoren,

    12. yrke som er kritiske for funksjonen og velferda til samfunnet i folkehelsekriser, som fastsett av ei evaluering av biologiske risikoar utført av vedkommande myndigheiter.

  • 11. Arbeidstakarane som er nemnde i artikkel 7 andre ledd bokstav c punkt ii i konvensjonen, bør omfatte

    1. gravide og ammande kvinner,

    2. unge arbeidstakarar,

    3. eldre arbeidstakarar,

    4. arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne,

    5. arbeidstakarar som er medisinsk disponerte for infeksjonar eller allergiar, inkludert arbeidstakarar med nedsett immunforsvar,

    6. arbeidstakarar som har behov for vern av sosiale omsyn og fordi dei på fleire måtar er vanskelegstilte,

    7. arbeidsinnvandrarar.

  • 12. Beredskapstiltaka, som planar og prosedyrar, som skal etablerast i samsvar med artikkel 7 andre ledd bokstav d i konvensjonen, bør omfatte

    1. utarbeiding eller oppdatering av forskrifter for handtering av ulykker og nødssituasjonar,

    2. system for oppdaging og tidleg varsling,

    3. tiltak som skal treffast i arbeidsmiljøet ved utbrot, epidemiar eller pandemiar, inkludert støtte til arbeidstakarar og arbeidsgivarar i tilfelle av pålegg om isolasjon og karantene,

    4. koordinerings- og informasjonsmekanismar med offentlege helsemyndigheiter,

    5. nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid,

    6. tilrettelegging for tilstrekkeleg personell i krisesituasjonar, inkludert mobiliseringsevne («surge capacity») og fleksibel ressursallokering,

    7. effektiv drift av helseinstitusjonar og viktige tenester,

    8. materiell beredskap,

    9. samarbeid mellom relevante nasjonale og internasjonale myndigheiter innanfor folkehelse, vass- og avfallshandtering, miljøhelse, arbeidshelse og dyrehelse, arbeidstilsyn og andre relevante ekspertar og partnarar,

    10. system for rask respons på folkehelseutbrot og sanntidsformidling av ekspertråd for å førebu og handtere utbrot,

    11. opplæring av bedriftshelsetenesta i potensielle biologiske farar, støtta av klinisk eller laboratoriebasert overvaking.

  • 13. Når medlemsstatane utarbeider ordningar og retningslinjer for handtering av sikkerheit og helse i arbeidslivet knytt til biologiske farar i arbeidsmiljøet, bør dei ta høveleg omsyn til relevante internasjonalt anerkjende tekniske og praktiske retningslinjer utarbeidde av Den internasjonale arbeidsorganisasjonen og andre kompetente organisasjonar, og fremme ei tilnærming til styringssystem for sikkerheit og helse i arbeidslivet, til dømes den tilnærminga som er beskriven i retningslinjene for styringssystem for sikkerheit og helse i arbeidslivet (ILO-OSH 2001).

  • 14. Medlemsstatane kan vurdere ulike tilnærmingar for å spesifisere føremålstenlege og forholdsmessige risikokontrolltiltak, som kan omfatte forskrifter, policyar eller retningslinjer for arbeid som involverer visse typar biologiske farar, og klassifisering av biologiske farar i risiko- eller faregrupper basert på eigenskapar og epidemiologiske profilar.

  • 15. Idet dei erkjenner at mange biologiske farar skaper risiko på tvers av landegrensene, bør medlemsstatane oppmuntre både nasjonale og multinasjonale arbeidsgivarar til å sørgje for gode arbeidsmiljøforhold og bidra til ein førebyggjande kultur for å eliminere farar eller minimere desse risikoane.

III. Sosial- og tilsettingsvern

  • 16. Ved bruk av artikkel 12 i konvensjonen bør medlemsstatane ta høveleg omsyn til konvensjon nr. 102 om minstestandard for sosial sikkerhet av 1952, konvensjon nr. 121 om ytingar ved yrkesskade av 1964 [Vedlegg I endra i 1980], rekommandasjon nr. 121 om ytingar ved yrkesskade av 1964, rekommandasjon nr. 194 om liste over yrkessjukdommar av 2002, andre relevante instrument og seinare endringar og revisjonar, alt etter kva som er relevant.

  • 17. Medlemsstatane bør, i samsvar med nasjonale forhold, gjere sitt beste for å gi tilgang til grunnleggjande inntektssikring, og til tiltak for kontinuitet i verksemda, i periodar med isolasjon eller karantene.

  • 18. Medlemsstatane bør gjere sitt beste for å gi arbeidstakarane vern mot oppseiing når arbeidstakarane, som følgje av pålagd overvaking, reiserestriksjon, karantene eller isolasjon, eller i samband med relatert førebyggjande eller kurativ behandling, må vere borte frå arbeidet.

IV. Etterleving av lover og forskrifter

  • 19. Inspeksjonssystemet fastsett i artikkel 13 i konvensjonen bør styrast av føresegnene i konvensjon nr. 81 om arbeidstilsyn i industri og handel av 1947 og konvensjon nr. 129 om arbeidstilsyn i jordbruket av 1969, utan at det påverkar forpliktingane som desse instrumenta pålegg dei medlemsstatane som har ratifisert dei.

V. Arbeidsgivaren sine plikter og ansvar

  • 20. Når arbeidsgivarar treffer dei førebyggjande tiltaka og vernetiltaka som dei har ansvar for i samsvar med artikkel 15 i konvensjonen, bør dei ta høveleg omsyn til relevante instrument, reglar og retningslinjer, inkludert rekommandasjon nr. 164 om sikkerheit og helse i arbeidslivet av 1981, rekommandasjon nr. 197 om rammeverk til fremme av sikkerheit og helse i arbeidslivet av 2006, retningslinjene for styringssystem for sikkerheit og helse i arbeidslivet (ILO-OSH 2001), dei tekniske retningslinjene for biologiske farar i arbeidsmiljøet og andre relevante seinare retningslinjer vedtekne av Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO).

  • 21. Ved bruk av tiltakshierarkiet nemnt i artikkel 16 bokstav b i konvensjonen bør arbeidsgivarar ta omsyn til dei tekniske retningslinjene om biologiske farar i arbeidsmiljøet og andre relevante seinare retningslinjer vedtekne av Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO).

  • 22. Beredskapsplanane og -prosedyrane som er nemnde i artikkel 18 i konvensjonen, bør omfatte

    1. utarbeiding eller oppdatering av retningslinjer for arbeidsplassen om handtering av nødssituasjonar knytte til biologiske farar, der ein tek omsyn til moglege konsekvensar for folkehelsa,

    2. føremålstenlege og tilstrekkelege førebyggjande tiltak, i samsvar med nasjonal lovgiving og praksis og på grunnlag av ei risikovurdering, som kan omfatte tilrettelegging av vaksinering, immunisering, kjemoprofylakse og testing for alle arbeidstakarar, gratis og på frivillig basis.

VI. Verknad på ein tidlegare rekommandasjon

  • 23. Denne rekommandasjonen erstattar rekommandasjon nr. 3 om førebygging av miltbrann av 1919.

Fotnotar

1

Lima (2025) Sosialhjelp i 2024: fortsatt sterk vekst drevet av ukrainske flyktninger (Arbeid og velferd nr. 2 2025)