Del 1
Innleiande del

1 Hovudprioriteringar

Tryggleik for barn og unge er eit av fem satsingsområde i regjeringa sin plan for Noreg. I Noreg skal det ikkje vere bakgrunn eller bustad som avgjer kva for moglegheiter du får. Familie- og oppvekstpolitikken skal derfor bidra til tryggleik og like moglegheiter for alle barn, gi høve til å kombinere arbeid med omsorg for barn og støtte opp om arbeidslinja. Godt innretta familieordningar og ein heilskapleg oppvekstpolitikk medverkar til ein betre oppvekst for barn og unge, og gir vinstar for den einskilde, for familiar og for samfunnet.

Tryggleik for barn og unge handlar òg om å verne barn og unge mot skadeleg innhald og uønskt påverknad på nett, samtidig som dei grunnleggjande rettane deira blir tekne hand om. Barn og unge, og foreldra deira, skal ha kompetanse til å handtere ein stadig meir digital kvardag. For å møte nye utfordringar og moglegheiter, vil regjeringa vidareutvikle ein oppdatert og kunnskapsbasert politikk for den digitale oppveksten til barn og unge. Å få på plass ei lov om aldersgrense for bruk av sosiale medium er ei hovudprioritering.

Det er viktig for regjeringa å førebyggje utanforskap og redusere skilnadene i samfunnet. Dei universelle familieordningane medverkar til å tryggje dei økonomiske rammene rundt familien, deler om ressursar og motverkar utanforskap og låginntekt, samstundes som insentiva til arbeid står ved lag. At dei foreldra som kan, kjem i arbeid og aktivitet, er avgjerande for å redusere fattigdom blant barnefamiliar og for å nå regjeringa sitt mål om 150 000 fleire i jobb.

Regjeringa vil styrkje arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet. Kriminaliteten kan skape frykt i nærmiljøa og råkar særleg andre barn og ungdommar. Ungdommane som står for gjenteken og alvorleg kriminalitet, kan ha utrygge familietilhøve og samansette hjelpebehov. Førebyggjande tiltak må rettast mot både barnet og ungdommen det gjeld, og familien og miljøet rundt. Kriminelle handlingar skal møtast med raske og treffsikre reaksjonar som bidrar til å hindre nye lovbrot.

Barn og unge som lever under tilhøve som kan skade deira helse og utvikling, er blant dei som aller mest treng at fellesskapet tar ansvar for deira tryggleik. Regjeringa vil arbeide for at barn og unge som treng hjelp frå barnevernet, får tidleg og tverrfagleg hjelp. Hjelpa skal møte behova til barna og bidra til positiv endring. Foreldre skal òg få hjelp og støtte til å yte god omsorg for barna sine.

Dei viktigaste prioriteringane framover er at bistandsplikta blir oppfylt, slik at barn får riktig tilbod når dei treng det; god styring og kostnadskontroll, slik at ressursane blir brukte på ein måte som gir best mogleg hjelp til barna; og oppfølging av kvalitetsløftet med ei ny retning for institusjonstilbodet, som særleg skal sikre betre helsehjelp og hindre unødvendige flyttingar. I arbeidet inngår oppfølging av ekspertutvalet for styring og organisering av statleg barnevern og områdegjennomgangen av institusjonsbarnevernet. I tillegg vil arbeidet med å hindre at kriminelle får innpass i barneverns- og andre velferdstenester få høg prioritet.

Regjeringa ønskjer eit livssynsope samfunn med eit mangfald av trus- og livssynssamfunn. Trus- og livssynssamfunna er viktige både for einskildmenneske og for storsamfunnet. For mange menneske er dei viktige fellesskap som skapar tilhøyrsle og identitet. Både Den norske kyrkja og dei andre trus- og livssynssamfunna er sentrale ressursar som ein del av sivilsamfunnet og den frivillige sektoren.

Kyrkjebygga er ein viktig del av den norske kulturarven. Dei fortel om opptil 1000 års kulturhistorie. Saman med gravplassane rundt kyrkjene er dei kjelder til både kunnskap og opplevingar. Kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand, og staten skal bidra med tilskot til istandsetjing i tråd med «Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg». Dei offentlege gravplassane skal vere for alle, og dei skal haldast i hevd og forvaltast i tråd med eigenarten sin.

Forbrukaragenda 2030, som regjeringa la fram hausten 2026, peiker ut retninga for ein forbrukarpolitikk som skal underbyggje det overordna målet i regjeringa sin plan for Noreg om å sikre folks tryggleik og moglegheiter. I agendaen er det tydeleggjort at forbrukarpolitikken skal verne rettane til forbrukarane og medverke til ein forbrukarkvardag som fungerer til det beste for både den einskilde og samfunnet som heilskap. Framover vil innebygd forbrukarvern og strukturelle tiltak bli viktigare enn omfattande informasjonskrav. Regelverket som skal verne forbrukarane, må vere tydeleg og handhevast effektivt. Internasjonalt samarbeid vil òg vere viktig. Forbrukarpolitikken må dessutan i større grad ta omsyn til korleis forbruket påverkar miljøet, økonomien og samfunnet.

1.1 Familie og oppvekst

Regjeringa vil føre ein familie- og oppvekstpolitikk som bidreg til trygge og gode oppvekstvilkår, uavhengig av bakgrunn og inntekt. Regjeringa vil utvikle vidare dei universelle ordningane for alle barn og unge, og støtte opp om arbeidslinja. At foreldra er i arbeid, er viktig for sjølvstendet til den einskilde, for familiane si velferd og for å halde velferdsstaten ved lag over tid. Familie- og oppvekstpolitikken skal gjere det mogleg å kombinere familie og jobb i kvardagen. Barn som veks opp i Noreg, skal få trygg og god omsorg og ha høve til å utvikle seg. Politikken skal styrkje foreldre i foreldrerolla deira, og verne barn frå vald og omsorgssvikt. Foreldre skal få hjelp med utfordringar, helst før dei veks til alvorlege problem.

Dette har vore viktige tiltak for barn, unge og familiar i 2025 og så langt i 2026:

  • Endringar i krisesenterlova, jf. Prop. 122 L (2024–2025) Endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.), tok til å gjelde 1. januar 2026.

  • Ny barnevoldsundersøkelseslov, jf. Prop. 141 (2024–2025) Lov om undersøkelser av offentlige virksomheters arbeid i saker om drap, vold, overgrep og omsorgssvikt mot barn (barnevoldsundersøkelsesloven), tok til å gjelde 1. juli 2026.

  • Melding om trygg digital oppvekst – Meld. St. 32 (2024–2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn er handsama av Stortinget.

  • Oppvekstmeldinga, Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – Uansett bakgrunn, er handsama av Stortinget.

  • I 2025 vart barnetrygda auka med 202 kroner. I 2026 vart heile barnetrygda prisjustert frå 1. februar 2026. Den ordinære barnetrygda for alle barn 0–18 år er no 2012 kroner per månad.

  • Det er gitt eit tillegg i barnetrygda per månad til stønadsmottakarar busette i Finnmark, Svalbard og Nord-Troms (Karlsøy, Kvænangen, Kåfjord, Lyngen, Nordreisa, Skjervøy og Storfjord) frå 1. oktober 2025. Tillegget er no på 512 kroner per månad.

  • I 2025 vart det etablert ei ny tilskotsordning for oppgradering av krisesenterbygg på 20 mill. kroner. Ordninga er vidareført i 2026.

  • Det er frå 1. januar 2025 etablert ei undersøkingsordning i Statens helsetilsyn for saker som gjeld drap, vald, overgrep og omsorgssvikt mot barn.

  • Regjeringa har etablert Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge (Førebyggingsprogrammet), ei ny tverrsektoriell tilskotsordning som skal styrkje det førebyggjande arbeidet i kommunane. Ordninga samlar fleire eksisterande, sektorvise tilskotsordningar til kommunane i éi felles ordning. I 2026 vart det tildelt 519 mill. kroner gjennom ordninga til kommunane sitt førebyggjande arbeid.

  • Samfunnsoppdraget for å inkludere barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv vart starta opp i 2025.

  • Det vart i 2025 og 2026 gitt midlar til tiltak for ein tryggare digital oppvekst for barn og unge, irekna arbeid mot negative effektar av sosiale medium.

  • I 2025 vart det løyvd om lag 450 mill. kroner til arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet. Løyvinga vart vidareført i 2026, og blir òg føreslått vidareført i 2027. Tiltaka i satsinga er målretta mot område og miljø i Noreg med kriminalitetsutfordringar over tid, slik som:

    • Auka kapasitet for mindreårige i kriminalomsorga, beredskapsteam og skulemiljøteam. – Kunnskapsdepartementet

    • Forbetring av straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging. – Justis- og beredskapsdepartementet

    • Hurtigspor for raskare behandling av straffesaker der gjerningspersonen er under 18 år i Agder, Oslo, Vest og Aust politidistrikt. – Justis- og beredskapsdepartementet

    • Kriminalitetsførebyggjande foreldrestøttande tiltak.

    • Utviding av arbeidet med den tverrfaglege modellen for å førebyggje vald i nære relasjonar (RISK).

    • Styrking av multisystemisk terapi (MST) og andre tiltak for førebygging i barnevernet. Sjå nærare omtale under Barnevernet.

  • I 2026 vart det løyvd ytterlegare 230 mill. kroner til førebygging av barne- og ungdomskriminalitet, mellom anna til ein-til-ein-oppfølging av ungdom som gjer seg skyldige i eller står i fare for å gjere seg skyldige i gjenteken alvorleg kriminalitet og utviding av hurtigspor til Sør-Aust, Sør-Vest og Trøndelag politidistrikt.

  • 690 mill. kroner til tiltak for å få fleire i arbeid i 2025, mellom anna

    • 17 mill. kroner til lågterskeltilbod for unge med samansette utfordringar. – Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • 550 mill. kroner til ulike tiltak for å få fleire i arbeid i 2026, mellom anna

    • 17 mill. kroner til forsøk med «Eit enklare Nav – aktivitetspengar for unge» – Arbeids- og inkluderingsdepartementet

    • 15 mill. kroner til å styrkje samarbeidet mellom Nav og næringslivet for å få unge raskare i jobb – Arbeids- og inkluderingsdepartementet

    • 172 mill. kroner (netto) til forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram – Arbeids- og inkluderingsdepartementet

    • 100 mill. kroner til rekrutteringsprogrammet til helse- og omsorgssektoren, primært for unge som står utanfor arbeid og utdanning – Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet

  • 10 mill. kroner til tilskot til sosiale møteplassar for gutar og unge menn, for å førebyggje kriminalitet og hindre rekruttering til kriminelle miljø. – Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • 37 mill. kroner til eigendelsfritak t.o.m. fylte 25 år i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling av ruslidingar i 2026. – Helse- og omsorgsdepartementet

  • 56 mill. kroner til helseteam knytte til barnevernsinstitusjonar i 2026. – Helse- og omsorgsdepartementet

  • 30 mill. kroner til auka aldersgrense til og med 17 år frå 1. august 2026 for eigenbetalingar hos fastlege/lege. – Helse- og omsorgsdepartementet

  • 15,5 mill. kroner til auka bemanning på skular i levekårsutsette område i 2026.

  • Styrking og vidareføring av skulemiljøteam og beredskapsteam på til samen 125 mill. kroner i 2025 og 2026. – Kunnskapsdepartementet

  • Eit tilskot som i 2026 var på 217 mill. kroner går til auka grunnbemanning og pedagogtettleik i barnehagar i levekårsutsette område. – Kunnskapsdepartementet

  • Alle barn på 1.–3. trinn har fått lovfesta rett til 12 timar gratis SFO kvar veke. – Kunnskapsdepartementet

  • Ei inntektsavhengig ordning med redusert foreldrebetaling i skulefritidsordninga for hushald med elevar på 1.–4. trinn sikrar at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta si til å betale for ein plass i skulefritidsordninga. – Kunnskapsdepartementet

  • Det er oppretta eit tilskot til 12 timar gratis SFO på 4. trinn i levekårsutsette område. –Kunnskapsdepartementet

  • Maksimalprisen i barnehage er redusert til 1 200 kroner per månad frå 1. august 2025.

  • I kommunar med ein sentralitetsindeks på 5 og 6 er maksimalprisen redusert til 700 kroner per månad frå 1. august 2025. – Kunnskapsdepartementet

  • Eit nasjonalt minstekrav til redusert foreldrebetaling gjer at ingen familiar må betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som øvre grense. Ei nasjonal ordning gir gratis kjernetid 20 timar per veke for barn i alderen 2–5 år frå familiar med låg inntekt. – Kunnskapsdepartementet

  • I samband med revidert nasjonalbudsjett 2026 vart det løyvd 50 mill. kroner til eit forsøk med nytt tilskot til kommunane til kjøp av burettslagsleilegheiter. Ordninga skal bidra til å gi fleire tilgang til trygge og rimelege bustader, og gi gode bumiljø for barnefamiliar. – Kommunal- og distriktsdepartementet

  • Regjeringa har vidareført avtalar om områdesatsingar med 14 kommunar. Samla statlege tilskot til områdesatsingar var om lag 258 mill. kroner i 2025 og 276 mill. kroner i 2026. – Kommunal- og distriktsdepartementet

  • Enkle og breie ordningar for deltaking blant barn og unge er styrkte og vidareførte, mellom anna Frifond, Lokale aktivitetsmidlar (LAM), Krafttak for mangfold i kulturfrivilligheten og Ungdom og Fritids Fond. Full momskompensasjon til frivillige organisasjonar er vidareført. – Kultur- og likestillingsdepartementet

  • Ekstrainnsatsen til idrettslag i område med mange barn i familiar med vedvarande låg inntekt er vidareført på same nivå som i 2025, og er gjort permanent. – Kultur- og likestillingsdepartementet

  • Tilskotsordninga for anlegg for idrett og fysisk aktivitet er styrkt og revidert med sikte på å møte behova til barn og unge betre. Ei ny innretning på ordninga vart innført frå 2026. – Kultur- og likestillingsdepartementet

Hovudprioriteringar i 2027

Regjeringa vil skape tryggleik for framtida, og gi barn, unge og familiar gode føresetnader for å kunne leve gode liv. Målet er å redusere sosiale skilnader og motverke at dårlege levekår går i arv. Gode oppvekstvilkår og ein trygg barndom kan førebyggje barne- og ungdomskriminalitet. Regjeringa prioriterer tett oppfølging av barn og unge som driv med gjentakande kriminalitet.

Barn og unge skal ha det trygt på nett. Regjeringa vil halde fram med å styrkje innsatsen for trygge rammer for barn og unge når dei brukar teknologi og ferdast på internett. Regjeringa har hatt eit lovforslag om aldersgrense for bruk av sosiale medium på EØS-høyring, der ESA og EU-kommisjonen stadfesta at EØS-retten ikkje er til hinder for ei nasjonal aldersgrense. Regjeringa planlegg å leggje fram eit lovforslag for Stortinget innan utgangen av 2026. Regjeringa la i juni 2025 fram Meld. St. 32 (2024–2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn og vil i 2027 følgje opp stortingsmeldinga og halde fram arbeidet med aldersgrense for bruk av sosiale medium. Målet er ein politikk som vernar barn, og balanserer dei positive og negative sidene ved barn sin digitale bruk i kvardagen.

Regjeringa vil vidare prioritere arbeidet med å følgje opp Oppvekstmeldinga som Stortinget handsama i 2026. Regjeringa vil styrkje den nye tilskotsordninga Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge gjennom å innlemme midlar frå delen av Tilskot til å inkludere barn og unge som i dag går til kommunane og midlar frå Tilskot til foreldrestøttande tiltak i ordninga. Målet er å leggje til rette for at kommunane i større grad kan prioritere ressursar til førebyggjande tiltak for barn og unge ut frå der behova er størst, på tvers av ulike sektorar. Regjeringa vil òg følgje opp samfunnsoppdraget «Ingen barn og unge utenfor!», og redusere delen barn og unge utanfor utdanning, arbeid og samfunnsliv. Samfunnsoppdraget er eit tiårig samarbeid mellom offentleg sektor, næringsliv, frivillig sektor og forskingsinstitusjonar, og vart sett i gang våren 2025.

Arbeid mot barne- og ungdomskriminalitet er ei viktig prioritering i regjeringa sin Plan for Noreg, og regjeringa har sett i verk ei rekkje tiltak. Regjeringa føreslår frå 2027 ei styrking av innsatsen mot barne- og ungdomskriminalitet på 120 mill. kroner. Tiltaka er målretta til kommunar, barnevernet og justissektoren, og skal bidra til å forbetre og styrkje oppfølginga av barn og unge både over og under den kriminelle lågalderen som har gjennomført, eller står i fare for å gjennomføre, kriminelle handlingar. Eitt av tiltaka er vidare utrulling av RISK-modellen, der politi og sosial- og helsefagleg personell jobbar saman for å førebyggje ny vald. Sjå òg nærmare omtale i programkategori 11.10 og under Justis- og beredskapsdepartementet.

Arbeidet med å førebyggje vald og overgrep krev kontinuerleg innsats frå ei rekkje verksemder og tenester. Regjeringa vil i 2027 føre vidare arbeidet med å følgje opp tiltaka i opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar, som Stortinget slutta seg til i mai 2024.

Regjeringa vil mellom anna prioritere desse tiltaka i 2027:

  • 480 mill. kroner til Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge. Midlane vert flytta frå delen av Tilskot til å inkludere barn og unge som i dag går til kommunane, Tilskot til foreldrestøttande tiltak og Tilskot til minoritetsspråklege i barnehage. Samla er løyvinga til førebyggingsprogrammet 1 025 mill. kroner i 2027. Løyvinga skal i 2027 òg dekkje restutbetalingar knytte til fleirårige tilskot frå Tilskot til å inkludere barn og unge og Tilskot til foreldrestøttande tiltak.

  • Familieytingane skal støtte opp om deltaking i arbeidslivet. Det blir føreslått å knyte eingongsstønaden nærare til utgifter ved å ha barn det fyrste leveåret. Ein reduksjon av eingongsstønaden til 67 100 kroner frå 1. juli 2027 gir ei innsparing på 106 mill. kroner.

  • 10 mill. kroner til Tilskot til å inkludere barn og unge. Med auken vil løyvinga til ordninga vere i underkant av 495 mill. kroner i 2027.

  • 7 mill. kroner til auka grunnstønad til barne- og ungdomsorganisasjonane.

  • auka løyving til undersøkingsordninga i Statens helsetilsyn for saker som gjeld drap, vald, overgrep eller omsorgssvikt mot barn.

  • auka løyving til implementering av ny barnelov, mellom anna til opplæring av meklarar i ny barnelov og meklingsforskrift.

  • auka løyving til hjelpetelefonen Vald- og overgrepslinja.

  • auka løyving til Barneombodet

  • 119,8 mill. kroner til styrkt innsats mot barne- og ungdomskriminalitet, inkludert

    • 45,6 mill. kroner til å følgje opp lovendringane i Prop. 86 L (2025–2026) som skal styrkje barnevernsinstitusjonane sin kapasitet til å handtere og førebyggje alvorleg eller gjenteken kriminalitet hos barn

    • 20 mill. kroner til å styrkje arbeidet med den tverrfaglege modellen for å førebyggje vald i nære relasjonar (RISK) – Justis- og beredskapsdepartementet

    • 15 mill. kroner til å styrkje oppfølginga av barn i konfliktrådet, med eit særleg fokus på barn under 15 år – Justis- og beredskapsdepartementet

    • 13,4 mill. kroner til hurtigspor for behandling av straffesaker der gjerningspersonen er under 18 år – Justis- og beredskapsdepartementet

    • 9,3 mill. kroner til ein-til-ein-oppfølging av barn og unge med høg risiko for å begå kriminalitet

    • 8,5 mill. kroner til å eit nytt MST-team i Bufetat òg omtalt under Barnevernet

    • 6 mill. kroner til nytt ungdomsteam i kriminalomsorga – Justis- og beredskapsdepartementet

    • 2 mill. kroner til forskingsprogram om barne- og ungdomskriminalitet

  • Til saman 454 mill. kroner til ulike tiltak for å få fleire unge i arbeid, under dette 194 mill. kroner (netto) til ungdoms-yting i forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram – Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • 96,5 mill. kroner (netto) til aktivitetspengar for unge – Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • 132,6 mill. kroner til rekrutteringsprogram til helse- og omsorgssektoren, særleg for unge som står utanfor arbeid og utdanning – Helse- og omsorgsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • 30 mill. kroner til bransjeretta satsing for inkluderande rekruttering av unge – Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • 30 mill. kroner til styrking av Jobbsjansen, for å gi fleire kvinner med innvandrarbakgrunn kvalifisering for å komme ut i arbeid – Arbeids- og inkluderingsdepartementet

  • 465 mill. kroner til ei særskild satsing på grunnleggjande ferdigheiter til smågruppeundervisning – Kunnskapsdepartementet

  • Nominell vidareføring av makspris i barnehage – Kunnskapsdepartementet

  • Ytterlegare midlar til Leseløftet for barn og unge, inkludert særskild støtte til barn med særskilte behov som dysleksi eller svake norskferdigheiter – Kunnskapsdepartementet

  • Fleire lærarar inn i skulen for eit styrkt arbeid med dei grunnleggjande ferdigheitene, slik at alle barn skal ha moglegheit for vidare deltaking i utdanning og arbeidsliv – Kunnskapsdepartementet

  • Ein meir praktisk skulekvardag for dei yngste, for å førebyggje utanforskap og sikre at alle skal kunne ta del i fellesskulen – Kunnskapsdepartementet

  • Følgje opp Opptrappingsplan for psykisk helse, medrekna

    • 60 mill. kroner utvikling, tilpassing og etablering av kunnskapsbaserte lågterskeltilbod innan psykisk helse- og rusmiddelfeltet – Helse- og omsorgsdepartementet

    • 80 mill. kroner i auka rammetilskot til kommunane grunngjeve med psykisk helse og rus. – Helse- og omsorgsdepartementet

    • 70 mill. kroner til døgnkapasitet i psykisk helsevern, mellom anna nye døgnplassar for barn og unge med rusmiddelidingar og spiseforstyrringar. – Helse- og omsorgsdepartementet

    • Tidleg og rask avklaring for dei som søkjer hjelp, mellom anna gjennom tettare samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og kommunane – Helse- og omsorgsdepartementet

  • 50 mill. kroner for å byggje opp tilbodet om spesialisert rusbehandling for barn og unge i helseføretaka i tråd med den nasjonale planen. – Helse- og omsorgsdepartementet

1.2 Barnevernet

Barnevernet skal gi naudsynt hjelp, omsorg og vern til dei aller mest utsette barna. Det stiller store krav til kvaliteten på arbeidet og tiltaka i barnevernet, og til at rettstryggleiken til barn og foreldre blir handsama på godt vis. Det blir gjort mykje godt arbeid i barnevernet, og mange tilsette i både kommunalt og statleg barnevern opplever arbeidet som meiningsfullt, men òg krevjande. Sjølv om mange barn og foreldre er nøgde med hjelpa dei får, er det kvalitetsutfordringar og systemutfordringar i både statleg og kommunalt barnevern. Utviklinga i barne- og ungdomskriminaliteten reiser nye utfordringar for barnevernet. For å møte utfordringane har det dei siste åra blitt sett i gang fleire tiltak og endringsprosessar. Regjeringa arbeider for at barn og ungdom som treng omsorg og støtte frå barnevernet, skal få hjelpa dei treng, når dei treng ho.

Dette har vore dei viktigaste tiltaka på barnevernsområdet i 2025 og fyrste halvår 2026:

  • Eit kvalitetsløft for heile barnevernet:

    • Det er lagt frem ein lovproposisjon med meldingsdel om kvalitetsløftet i barnevernet som dannar grunnlaget for det vidare arbeidet i barnevernet. Dei fleste lovendringane tok til å gjelde frå 1. januar 2026.

  • Betre rammer og oppfølging i fosterheimar:

    • Det har vore ei prioritert oppgåve å følgje opp tiltak frå Fosterheimsmeldinga (Meld. St. 29 (2023–2024)). Frå 2025 vart det løyvd 50 mill. kroner til å styrkje fag- og tiltaksstøtta til kommunane i fosterheimsarbeidet. Dette omfattar mellom anna ei styrking av Bufetat som andrelinjeteneste i fosterheimsarbeidet. Tilbodet frå Bufetat vart gjort tilgjengeleg nasjonalt frå og med 1. januar 2026.

    • Lovendringar på fosterheimsområdet vart lagde fram som ein del av kvalitetsløftet. Desse tok til å gjelde 1. januar 2026. Det vart mellom anna lovfesta at fosterforeldre som er frikjøpte frå jobb i periodar, skal kompenserast for manglande opptening av tenestepensjon. Det er løyvd 131,4 mill. kroner til dette frå 2026.

  • Styrking av institusjonsbarnevernet:

    • Det vart løyvd 119 mill. i 2025 til fleire statlege institusjonsplassar. Som følgje av denne løyvinga har Bufetat etablert 13 nye plassar i 2025 og 2026.

    • Det er sett i gang utprøving av ei ny innretning for institusjonstilbodet fire stader i landet i tråd med kvalitetsløftet. Det er løyvd 75 mill. kroner til dette i 2026.

    • I 2026 vart det løyvd 534 mill. kroner til å auke den fleksible kapasiteten i institusjonsbarnevernet, grunna fleire barn og auka prisar.

    • Det har vore ei prioritert oppgåve å følgje opp områdegjennomgangen av det statlege institusjonsbarnevernet.

    • Rapporten «Omsorg og ansvar – styring og organisering til barnas beste», frå ekspertutvalet om organisering og styring av statleg barnevern vart motteken i oktober 2025, og har vore på høyring.

  • Styrkt innsats mot barne- og ungdomskriminalitet i barnevernet:

    • I 2025 vart det løyvd 20 mill. kroner til utprøving av eit forsterka institusjonstilbod for barn som utset utviklinga si for fare, særleg gjennom gjentakande eller alvorleg kriminalitet.

    • Det vart prioritert 26 mill. kroner til multisystemisk terapi (MST) og ei rekkje andre førebyggjande tiltak. Sjå nærare omtale under Familie og oppvekst.

    • Prop. 86 L (2025–2026) Endringer i barnevernsloven (bedre beskyttelse av barn på institusjon) vart behandla i Stortinget våren 2026 og skal setje institusjonane i betre stand til å gi forsvarleg omsorg og vern til barn på barnevernsinstitusjon.

Hovudprioriteringar i 2027

Departementet vil i 2027 følgje opp allereie påbyrja endringsprosessar og tiltak i kommunalt og statleg barnevern.

I 2027 er auka kapasitet, etterleving av bistandsplikta og god kostnadskontroll hovudprioriteringa på institusjonsområdet. Departementet har over tid jobba for at det statlege barnevernet skal ha eit tilstrekkeleg dimensjonert tiltaksapparat. Det er prioritert midlar til å heve kapasiteten og kvaliteten på institusjonstilbodet, og for å oppfylle bistandsplikta til Bufetat. Regjeringa vil òg i 2027 halde fram med å byggje opp grunnkapasiteten. Både ny og eksisterande kapasitet skal så langt det er mogleg vere i tråd med den nye innretninga for institusjonsbarnevernet som regjeringa varsla i kvalitetsløftet.

Å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet er eit høgt prioritert område for regjeringa, og er omtalt i Regjeringa sin plan for Noreg (2025–2029). Barnevernet har ei sentral rolle i oppfølginga av barn og unge som står bak gjentakande eller alvorleg kriminalitet, eller står i risiko for å gjere det. Barnevernet har eit viktig ansvar for å førebyggje, i tillegg til ansvar for å avdekkje og følgje opp skadelege omsorgsforhold rundt barnet. Arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet held fram i 2027.

Regjeringa vil følgje opp tiltaka frå fosterheimsmeldinga og kvalitetsløftet som medverkar til betre rammer for fosterheimar. Tiltaka skal evaluerast for å undersøkje måloppnåing og eventuelle behov for justeringar. Regjeringa vil òg styrkje kunnskapsgrunnlaget på fosterheimsområdet, slik at eventuelle nye tiltak blir kunnskapsbaserte og at dei ikkje kjem i vegen for måloppnåinga for tiltak som allereie er sette i verk. Det er mellom anna starta ein ekstern gjennomgang av korleis Bufetat og kommunane jobbar med fosterheimsrekruttering. Bufdir har fått i oppdrag å kartleggje kva kommunane faktisk tilbyr sine fosterheimar, både i form av økonomiske vilkår og i form av rettleiing og oppfølging.

I kvalitetsløftet varsla regjeringa ein ny overordna kompetansemodell for barnevernstenestene. Ein større del av kompetanseutviklinga skal skje etter at ein har starta i jobben. Ho skal vidare i større grad bli tilpassa lokale behov og leggje til rette for fagleg utvikling gjennom heile yrkeslivet.

Regjeringa vil mellom anna prioritere desse tiltaka i 2027:

  • Styrkje grunnkapasiteten med 200 mill. kroner. Regjeringa vil auke grunnkapasiteten i institusjonsbarnevernet med fleire plassar, både for å betre ta hand om bistandsplikta og for å betre kostnadskontrollen. Styrkinga skal vere i tråd med ny innretning av institusjonstilbodet i kvalitetsløftet i barnevernet.

  • Auke løyvinga til det statlege barnevernet med 507 mill. kroner, grunna fleire barn og auka kostnader i institusjon.

  • Følgje opp tilrådingane frå ekspertutvalet om organisering og styring av statleg barnevern. Det skal vurderast organisatoriske endringar for å sikre god og tydeleg styring og eit betre tilbod til våre mest sårbare barn, medrekna å greie ut om særordninga for barnevernet i Oslo kommune skal avviklast.

  • 45,6 mill. kroner til å følgje opp lovendringane i Prop. 86 L (2025–2026), som skal styrkje barnevernsinstitusjonane sin kapasitet til å handtere og førebyggje alvorleg eller gjenteken kriminalitet hos barn.

  • 8,5 mill. kroner til eit nytt MST-team i Bufetat (Multisystemisk terapi).

  • Ny plan for kompetanseutvikling for det kommunale barnevernet, som skal konkretisere nasjonale mål for kompetanse, beskrive verkemiddel og klargjere roller og ansvar for ulike aktørar. Arbeidet skjer i samarbeid med universitets- og høgskulesektoren og dei viktigaste arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane i det kommunale barnevernet.

1.3 Stillinga til forbrukarane

I Forbrukaragenda 2030, som vart lagt fram hausten 2026, presenterer regjeringa retninga og innsatsområda for forbrukarpolitikken dei kommande åra. Målet er ein forbrukarkvardag som fungerer til det beste for både den einskilde og samfunnet som heilskap.

Tidlegare var det enklare å vere forbrukar. Alle handla i fysiske butikkar med kontantar, og hadde direkte kontakt med seljaren. Marknadene var meir oversiktlege, og det var enklare å følgje opp forbrukarrettane. Ansvarstilhøva var òg tydelegare og låg oftast hos nasjonale aktørar som både forbrukarane og styresmaktene kunne forhalde seg til.

I dag er kvardagen for forbrukarane endra radikalt som følgje av digitalisering og globalisering. Endringane har gitt forbrukarane både fleire valmoglegheiter og nye utfordringar. Teknologiske nyvinningar gir mange fordelar, men skapar samstundes utfordringar som digital kriminalitet og risiko for digitalt utanforskap. Utfordringane er særleg bekymringsfulle når det gjeld barn.

Globale plattformer og ny teknologi utfordrar forbrukarvernet og påverkar korleis styresmaktene kan regulere marknadene og handheve regelverka.

Auka netthandel gir forbrukarane fleire valmoglegheiter. Samstundes aukar importen av billege varer risikoen for skadelege produkt, varer av dårleg kvalitet eller produkt som er produserte etter låge etiske standardar. Slike produkt har òg negative konsekvensar for miljø og klima.

Dette har vore dei viktigaste tiltaka på forbrukarområdet i 2025 og fyrste halvåret 2026:

  • Forbrukaragenda 2030 er utarbeidd.

  • Løyvinga til Forbrukartilsynet er auka for å styrkje tilsynet med forbrukarvernet til barn i digitale medium med bruk av digitale tilsynsverktøy.

  • Marknadsføringslova er endra, med strengare sanksjonar for brot på reglane om god marknadsføringsskikk overfor barn.

  • Nytt regelverk for styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet er vedteke av Stortinget.

  • Det er gjennomført ei kartlegging av korleis fordelsprogramma til aktørane i daglegvaremarknaden påverkar evna forbrukarane har til å orientere seg og få prisinformasjon.

  • Det er lagt fram ein evalueringsrapport om erfaringane med openheitslova.

  • For å leggje til rette for ei tryggare og meir inkluderande russetid, har Forbrukartilsynet rettleia leverandørar av russeutstyr om krav dei må følgje for å dempe kommersielt press mot russ.

Hovudprioriteringar i 2027

Vala forbrukarane tek, har stor innverknad på samfunnsutviklinga. I Forbrukaragenda 2030 blir det derfor lagt vekt på at forbrukarpolitikken i åra framover må ta omsyn til fleire sentrale utviklingstrekk. Blant dei viktigaste er at dagens forbruk ikkje samsvarar med planeten sine tolegrenser, at marknadene er prega av aukande uro og usikkerheit, og at det er eit større behov for internasjonalt samarbeid – særleg innanfor EU/EØS-området – for å vareta interessene til forbrukarane og medverke til gode rammevilkår for næringslivet.

Framover vil innebygd forbrukarvern og strukturelle tiltak bli viktigare enn berre informasjonskrav. Ein kan ikkje vente at forbrukarane åleine skal forstå, vurdere og handtere stadig meir avansert marknadsføring og teknologi. Effektiv tvisteløysing er viktig, men regelverket må samstundes vere tydeleg og handhevast effektivt for å førebyggje tvistar og sikre tillit i marknadene. Ansvar må flyttast frå berre å gjelde den einskilde seljaren til òg å omfatte digitale plattformer, mellomledd og marknadsstrukturar. Forbrukarpolitikken må dessutan i større grad ta utgangspunkt i korleis det samla forbruket påverkar miljøet, økonomien og samfunnet, samstundes som rettane til forbrukarane blir tekne hand om.

Regjeringa vil mellom anna prioritere desse tiltaka i 2027:

  • Følgje opp utfordringar knytte til netthandel.

  • Følgje opp høyring om å fjerne forhandlingsmodellen for å styrkje handhevingskompetansen til Forbrukartilsynet.

  • Følgje opp forslag til nytt EU-regelverk om styrking av det digitale forbrukarvernet (DFA).

  • Betre klagesystemet gjennom oppdateringar i lovverket (Alternative Dispute Resolution – ADR).

  • Forbetringar i kollektiv tvisteløysing (Direktiv om vern av dei kollektive forbrukarinteressene).

  • Vurdere endringar i reisegarantisystemet.

  • Vurdere korleis ordninga med gjeldsinformasjon kan utvidast til òg å omfatte bustadgjeld og anna pantesikra gjeld, samstundes som personvernomsyn blir tekne hand om.

  • Følgje opp evalueringa av openheitslova.

1.4 Tru og livssyn

Målet for trus- og livssynspolitikken er å leggje til rette for at trus- og livssynsfridommen kan utøvast i praksis. Regjeringa ønskjer eit livssynsope samfunn, der alle har respekt for og kunnskap om livssynet til andre.

Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje. Staten set naudsynte rammer for verksemda til kyrkja gjennom lov, men kyrkja har stor grad av fridom til å fastsetje eigne reglar i kyrkjeordninga. Den norske kyrkja blir finansiert gjennom tilskot frå både stat og kommune.

Eit viktig mål for den offentlege støtta er å anerkjenne og støtte opp under mangfaldet av trus- og livssynssamfunn. Alle trus- og livssynssamfunn som fyller gitte vilkår, kan krevje offentleg støtte. Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja skal om lag svare til det Den norske kyrkja får i tilskot frå stat og kommune per medlem.

Regjeringa la i 2024 fram ein bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg og forskriftsfesta eit tilskotsregelverk som gir rammer for satsinga. Vidare er det skipa ein administrasjon i Trondheim for arbeidet med å gjennomføre bevaringsstrategien og forvalte tilskotsordninga. Dei statlege utgiftene til bevaringsstrategien vil bli delvis finansierte gjennom eit kyrkjebevaringsfond som består av utbytte til staten frå Allstad AS. I dei åra Kyrkjebevaringsfondet er for lite til å dekkje den årlege utbetalinga til bevaringsprogramma, blir det i tillegg løyvd midlar frå statsbudsjettet. Når forpliktinga på 10 mrd. 2024-kroner er oppfylt, skal utbyttet frå verdiane i selskapet framleis vere øyremerkte til bevaringsarbeid på dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjene.

Dei viktigaste tiltaka på trus- og livssynsområdet i 2025 og fyrste halvåret i 2026, har vore desse:

  • Ei auka satsing på bevaring av kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg. 2025 var det fyrste heile driftsåret for Kyrkjebevaringsfondet. Til saman er det lyst ut tilskot i tre rundar, og 322 kyrkjer har fått tilsegn om tilskot til (eit eller fleire) istandsetjingsprosjekt. I tillegg har 38 prosjekt fått tilsegn om tilskot til å betre kunnskapen om kyrkjebygga og kompetansen blant handverkarar, og 45 prosjekt har fått tilsegn om tilskot til mellom anna formidling av kulturarven.

  • Det er utarbeidd ein strategi for eit livssynsope samfunn, som skal verke fram mot Nasjonaljubileet 2030.

  • Ein rapport frå eit ekspertutval med alternative modellar for finansiering av trus- og livssynssamfunn vart motteken i august 2025.

  • Departementet har arbeidd med reguleringa av teieplikta i trus- og livssynssamfunn. Ein lovproposisjon om teieplikt vart lagd fram i juni 2026. Proposisjonen inneber at den lovregulerte teieplikta for prestar og forstandarar i Den norske kyrkja og registrerte trussamfunn blir flytt frå straffelova § 211 til ei ny føresegn i trussamfunnslova. Framlegget inneber i hovudsak ei vidareføring av gjeldande rett.

Hovudprioriteringar i 2027

Arbeidet med bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg held fram, og skjer i samarbeid med Den norske kyrkja, Riksantikvaren, kommunar og kyrkjeeigarar. Løyvinga blir auka med 127 mill. kroner, samanlikna med Saldert budsjett 2026.

Regjeringa vil føre vidare eit stabilt rammetilskot til Den norske kyrkja, slik at ho kan halde fram med å vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje. Regjeringa vil òg føre ein politikk som medverkar til eit livssynsope samfunn. Dialog er naudsynt, både mellom dei ulike trus- og livssynssamfunna og ikkje minst med ulike aktørar i samfunnet elles, både private og offentlege. Departementet ser det som viktig å gi støtte til det brubyggjararbeidet som organisasjonane driv, og til andre tiltak som kan styrkje trus- og livssynsdialogen.

Departementet legg vidare opp til å styrkje beredskapsarbeidet på gravplassområdet slik at sektoren er meir førebudd i tilfelle krig og krise.

Regjeringa vil prioritere desse tiltaka i 2027:

  • 527 mill. kroner til å setje i stand dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygga, i samarbeid med Den norske kyrkja, Riksantikvaren, kommunar og kyrkjeeigarar, basert på bevaringsstrategien for dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygga og tilhøyrande tilskotsforskrift.

  • Følgje opp Kyrkjebevaringsfondet og administrasjonen for bevaringsarbeidet som er lagd til Trondheim.

  • Følgje opp strategien for eit livssynsope samfunn.

  • Fortsetje å utvikle og rulle ut Digital gravferdsmelding som ein del av livshendinga dødsfall og arv.

  • Styrkje beredskapsarbeidet på gravplassområdet.

2 Oversikt over budsjettforslaget

2.1 Forslag til utgifter og inntekter fordelte på kapittel og postgrupper

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Endring i pst.

Administrasjon og forsking

800

Barne- og familiedepartementet

228 787

242 953

250 760

3,2

Sum kategori 11.00

228 787

242 953

250 760

3,2

Familie og oppvekst

840

Tiltak mot vald og overgrep

371 088

392 157

399 688

1,9

841

Samliv og konfliktløysing

28 059

31 153

8 278

-73,4

842

Familievern og mekling

723 214

761 946

805 554

5,7

843

Adopsjonsstønad

1 648

4 300

1 411

-67,2

844

Kontantstøtte

750 941

724 600

739 000

2,0

845

Barnetrygd

28 749 548

30 309 000

30 060 000

-0,8

846

Familie- og oppveksttiltak

1 185 361

1 742 419

1 966 168

12,8

847

EUs ungdomsprogram

19 982

18 023

18 614

3,3

848

Barneombodet

24 849

25 843

28 053

8,6

Sum kategori 11.10

31 854 690

34 009 441

34 026 766

0,1

Barnevernet

853

Barneverns- og helsenemndene

264 070

272 602

285 917

4,9

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

490 348

562 832

588 648

4,6

855

Statleg forvalting av barnevernet

9 793 140

9 932 250

10 993 711

10,7

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

529 316

453 873

393 680

-13,3

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

690 813

721 559

752 602

4,3

Sum kategori 11.20

11 767 687

11 943 116

13 014 558

9,0

Forbrukarpolitikk

860

Forbrukarrådet

128 976

135 106

139 588

3,3

862

Stiftinga Miljømerking i Noreg

17 210

17 830

18 490

3,7

865

Forbrukarpolitiske tiltak

22 796

23 911

23 895

-0,1

868

Forbrukartilsynet

149 044

157 250

161 541

2,7

Sum kategori 11.30

318 026

334 097

343 514

2,8

Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

880

Den norske kyrkja

2 788 264

2 885 609

2 989 376

3,6

881

Tilskot til trussamfunn m.m.

1 222 408

1 339 096

1 428 166

6,7

882

Kyrkjebygg og gravplassar

156 507

111 531

99 608

-10,7

883

Kyrkjebevaringsfondet

124 831

426 162

554 332

30,1

Sum kategori 11.50

4 292 010

4 762 398

5 071 482

6,5

Sum programområde 11

48 461 200

51 292 005

52 707 080

2,8

Stønad ved fødsel, adopsjon og bidragsforskott

2530

Foreldrepengar

29 738 629

30 787 000

35 275 000

14,6

2531

Bidragsforskott

731 041

735 000

820 000

11,6

Sum kategori 28.50

30 469 670

31 522 000

36 095 000

14,5

Sum programområde 28

30 469 670

31 522 000

36 095 000

14,5

Sum utgifter

78 930 870

82 814 005

88 802 080

7,2

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Endring i pst.

Familie og oppvekst

3841

Samliv og konfliktløysing

27 705

28 240

29 285

3,7

3842

Familievern

410

930

964

3,7

3847

EUs ungdomsprogram

7 372

5 964

5 964

0,0

Sum kategori 11.10

35 487

35 134

36 213

3,1

Barnevernet

3853

Barneverns- og helsenemndene

679

881

707

-19,8

3855

Statleg forvalting av barnevernet

3 000 124

3 088 617

3 350 300

8,5

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

268 895

236 558

185 981

-21,4

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

9 792

611

634

3,8

Sum kategori 11.20

3 279 490

3 326 667

3 537 622

6,3

Forbrukarpolitikk

3868

Forbrukartilsynet

7 392

5 024

5 210

3,7

Sum kategori 11.30

7 392

5 024

5 210

3,7

Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

3883

Kyrkjebevaringsfondet

113 000

24 000

100,0

Sum kategori 11.50

113 000

24 000

100,0

Sum programområde 11

3 435 369

3 366 825

3 603 045

7,0

Stønad ved fødsel, adopsjon og bidragsforskott

5706

Bidragsforskott

172 635

192 000

193 000

0,5

Sum kategori 28.50

172 635

192 000

193 000

0,5

Sum programområde 28

172 635

192 000

193 000

0,5

Sum inntekter

3 608 004

3 558 825

3 796 045

6,7

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

12 366 250

12 556 008

13 644 956

8,7

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

11 327

31 320

35 416

13,1

50–89

Overføringar til andre

66 553 293

70 226 677

75 121 708

7,0

Sum under departementet

78 930 870

82 814 005

88 802 080

7,2

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Endring i pst.

01–29

Sal av varer og tenester

330 282

283 066

231 823

-18,1

50–89

Overføringar frå andre

3 277 722

3 275 759

3 564 222

8,8

Sum under departementet

3 608 004

3 558 825

3 796 045

6,7

Meirinntektsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Barne- og familiedepartementet i 2027 kan

overskride løyvinga under

mot tilsvarande meirinntekt under

kap. 842 post 01

kap. 3842 post 01

kap. 847 post 01

kap. 3847 post 01

kap. 853 post 01

kap. 3853 post 01

kap. 855 post 01

kap. 3855 postane 01, 02 og 60

kap. 856 post 01

kap. 3856 post 60

kap. 858 post 01

kap. 3858 post 01

kap. 868 post 01

kap. 3868 post 02

Meirinntekt som gir grunnlag for overskriding, skal òg dekkje meirverdiavgift knytt til overskridinga og gjeld derfor òg kap. 1633, post 01, for dei statlege forvaltingsorgana som inngår i nettoordninga for meirverdiavgift.

Meirinntekter og eventuelle mindreinntekter blir tekne med i utrekninga av overføring av ubrukt løyving til neste år.

3 Oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak

Nedanfor er ei oversikt over oppfølginga av oppmodingsvedtak under BFD. Oversikta inkluderer alle vedtaka frå stortingssesjonen (2025–2026) og vedtaka frå tidlegare stortingssesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 125 S (2025–2026) meinte ikkje var utkvitterte.

I tabellen nedanfor står det om departementet reknar rapporteringa om oppmodingsvedtaket som avslutta, eller om departementet òg vil rapportere konkret om vedtaket i budsjettforslaget neste år.

Tabell 3.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering avslutta (ja/nei)

2025–2026

8

Forsterka insitusjonstilbod for barn som gjer eller står i fare for å gjere gjenteken alvorleg kriminalitet

Nei

2025–2026

61

Leige av Waisenhuset og Nidaros domkirkes sogn

Ja

2025–2026

498

Heve terskelverdiane for rapporteringsplikta i openheitslova

Nei

2025–2026

506

Økonomisk likebehandling av barnevernet i Oslo kommune

Nei

2025–2026

507

Overføre andrelinjebarnevernet frå Oslo kommune

Ja

2025–2026

590

Evaluering av barnevoldsundersøkelsesloven

Nei

2025–2026

718

Skulefråfall blant barn i barneverninstitusjonar

Nei

2025–2026

725

Finansieringsordning for krisesentera

Ja

2025–2026

960

Stene-utvalet

Nei

2025–2026

963

Rammevilkår for fosterforeldre

Nei

2025–2026

964

Tilgang på fosterheimar

Nei

2025–2026

965

Systematisk «second opinion» i barnevernet

Nei

2025–2026

966

Samvær og barn i fosterheim

Nei

2025–2026

967

Fosterforeldre sine partsrettar og rett til familieliv

Nei

2025–2026

968

Betre oppfølging av barn i fosterheim etter fylte 18 år

Nei

2025–2026

969

Grunnkapasitet i barnevernsinstitusjonar

Ja

2025–2026

970

Langsiktig plan for grunnkapasiteten i barnevernsinstitusjonar

Ja

2025–2026

971

Ideelle aktørar i barnevernet

Ja

2025–2026

1158

Utgreiing av regelverk for returar i netthandel

Nei

2024–2025

440

Stanse samvær som ikkje er til det beste for barnet i barnevernet

Ja

2024–2025

441

Styrkje partsrettane til fosterbarn og fosterforeldre

Ja

2024–2025

477

Tilpassa bu- og rehabiliteringstilbod for barn som gjer seg skyldige i alvorleg kriminalitet

Nei

2024–2025

514

Tilgang til informasjon i saker om samvær

Nei

2024–2025

515

Verne barn og unge mot vald og overgrep i samband med samvær

Nei

2024–2025

516

Undersøkje korleis domstolane handsamar foreldretvistsaker om vald

Nei

2024–2025

1000

Praksisorienterte tverrfaglege team

Ja

2024–2025

1001

Ny organisering av det statlege barnevernet

Nei

2024–2025

1004

Partsrettar til barn frå 12 år

Nei

2024–2025

1007

Motverke samværshindring

Nei

2024–2025

1008

Moment ved det-beste-for-barnet-vurderingar

Ja

2024–2025

1009

Fastsetjing av medmorskap

Nei

2024–2025

1010

Innhaldet i omsorgsplikta og foreldreansvaret

Ja

2024–2025

1011

Innhaldet i «dagleg myndigheit»

Nei

2024–2025

1012

Prioritere tidlegare oppmodingsvedtak om å sikre barn mot vald, overgrep og risiko

Nei

2024–2025

1013

Lovendringar om samvær i saker med vald i nære relasjonar

Nei

2024–2025

1014

Lovendringar om samvær for barn på krisesenter

Nei

2024–2025

1015

Betre avdekking og handsaming av vald, overgrep og annan alvorleg risiko mot barn

Nei

2024–2025

1016

Tverrfagleg vurdering i foreldretvistsaker

Nei

2024–2025

1017

Krav til kompetanse for tilsette ved krisesentera

Nei

2024–2025

1022

Gratis transport for barn i krisesentertilbodet

Nei

2024–2025

1212

Melding til Stortinget om fødselstal

Nei

2023–2024

142

Godkjend religiøs tilleggsutdanning

Ja

2023–2024

615

Reisekostnader til krisesenter

Nei

2021–2022

620

Utvide ordninga for gjeldsinformasjon («gjeldsregister»)

Nei

3.1 Stortingssesjon (2025–2026)

Forsterka institusjonstilbod for barn som gjer eller står i fare for å gjere gjenteken alvorleg kriminalitet

Vedtak 8, 14. oktober 2025

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag til lovhjemler som ivaretar behovet for forsterkede institusjonstilbud innenfor barnevernet for barn som begår eller står i fare for å begå gjentatt alvorlig kriminalitet.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Trontalen 2025. Departementet har fremma lovforslag i Prop. 86 L (2025–2026) som tar hand om behovet for forsterka institusjonstilbod til barn som gjer eller står i fare for å gjere gjentatt alvorleg kriminalitet. Stortinget har slutta seg til lovforslaga, jf. Innst. 362 L (2025–2026). Departementet har òg starta eit arbeid med å greie ut om det er behov for ytterlegare lovheimlar. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Leige av Waisenhuset og Nidaros domkirkes sogn

Vedtak 61, 5. desember 2025

«Stortinget ber regjeringen forhandle frem et fullverdig tilbud fra Nidaros domkirkes sogn om leie av Waisenhuset med sikte på å inngå en akseptabel leieavtale innenfor gjeldende regelverk.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 1 (2025–2026) Nasjonalbudsjettet 2026, jf. Innst. 2 S (2025–2026).

Oppmodingsvedtaket gjeld anskaffing av kontorlokale til sekretariatet for Kyrkjebevaringsfondet i Waisenhuset. Departementet har vurdert korleis ein slik leigeavtale kan gjerast innanfor gjeldande regelverk. Det er særleg to spørsmål som er vurderte. Det eine spørsmålet er om unntaket for leige av lokale i forskrift om offentlege anskaffingar § 2-4 a gjeld for denne anskaffinga eller om den er å rekne som ein byggje- og anleggskontrakt, under dette unntak for konkurranseplikta. Det andre spørsmålet er om anskaffinga må reknast som statsstøtte. Det er mellom anna vurdert om det alminnelege gruppeunntaket i statsstøtteregelverket kan leggjast til grunn for statlege tilskot som kjem i tillegg til leigeinntekta. Departementet har kome til at ei direkteanskaffing av lokale til Kyrkjebevaringsfondet fører med seg høg risiko for at anskaffinga ikkje er innanfor gjeldande regelverk, og vil derfor be Riksantikvaren om å starte ein prosess med å finne lokale til Kyrkjebevaringsfondet i Trondheim i samsvar med Instruks om håndtering av bygge- og leiesaker i statlig sivil sektor. Dersom det ikkje er ledige statlege lokale, skal det ifølgje instruksen hentast inn fleire tilbod for å sikre det mest gunstige leigealternativet for staten i Trondheim.

Basert på det som er nemnt over, vil Nidaros domkirkes sogn, med Waisenhuset, kunne delta i ein konkurranse om å tilby lokale for statleg leige innanfor gjeldande regelverk.

Departementet reknar intensjonen i vedtaket som følgt opp.

Heva av terskelverdiane for rapporteringsplikta i openheitslova

Vedtak 498, 3. mars 2026

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å heve dagens grenser for rapporteringsplikten etter åpenhetsloven.»

Vedtaket vart gjort i samband med Stortinget si handsaming av eit representantforslag om å gjennomføre forenklingstiltak for næringslivet for minst 12 mrd. kroner dei neste fire åra, jf. Dok. 8:29 S (2025–2026).

Departementet vil følgje opp oppmodingsvedtaket i samband med det pågåande arbeidet med endringar i openheitslova som følgje av evalueringa av lova og gjennomføring av aktsemdsdirektivet i norsk rett.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Økonomisk likebehandling av barnevernet i Oslo kommune

Vedtak 506, 3. mars 2026

«Stortinget ber regjeringen i fremtidige budsjettforslag sørge for at barnevernet i Oslo blir økonomisk likebehandlet med barnevernet i resten av landet.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om økonomisk likebehandling av barnevernet i Oslo, jf. Dok. 8:2 S (2025–2026).

I 2004 overtok staten det ansvaret fylkeskommunane tidlegare hadde for barnevernet. Ansvaret Oslo kommune har for desse oppgåvene, vart likevel ført vidare og blir finansiert over budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet, som særskild fordeling i rammetilskotet til fylkeskommunane. Tilskotet blir justert årleg med den berekna pris- og kostnadsveksten i kommunesektoren. Frå 2015 er det i tillegg justert for anslått vekst i talet på barn i alderen 1–18 år i Oslo. Dette ansvaret gjeld andrelinja i barnevernet, som Bufetat har ansvar for elles i landet. Fyrstelinja i barnevernet, den kommunale barnevernstenesta, blir i hovudsak finansiert av rammetilskotet til kommunane. Dette gjeld òg for Oslo.

Sidan kommunen har ansvaret for oppgåva, bør staten vere atterhalden med å ta stilling til rett ressursbruk og organisering ut over det som følgjer av lova. Tilskotet til Oslo vart rekna ut på tidspunktet til reforma i 2004.

Å endre tilskotet frå staten til Oslo på bakgrunn av tilhøve som ikkje følgjer av endringar i objektive kriterium eller i lovpålagde oppgåver, vil ikkje vere i tråd med prinsippa for statleg styring og finansiering av kommunesektoren.

Departementet reknar at Oslo er økonomisk likebehandla i samsvar med prinsippa for statleg styring og finansiering av kommunesektoren. Departementet har likevel sett på ulike modellar for korleis intensjonen til Stortinget om ei likebehandling i finansieringa kan operasjonaliserast i tråd med oppmodingsvedtaket.

1. Oslo legg fram budsjettbehov i dei ordinære budsjettprosessane

Ein modell der Oslo melder inn budsjettbehov basert på talet på barn med behov for tiltak, slik Bufetat gjer, kan i prinsippet gi betre samsvar mellom behov og løyving. Departementet meiner likevel at dette er lite eigna, fordi Oslo ikkje er underlagt den same statlege styringa som Bufetat, og såleis manglar tilsvarande rammer for prioritering og kontroll. Medan Oslo til dømes sjølv har høve til å påverke talet på barn med behov for tiltak frå andrelinetenesta, har Bufetat ei uvilkårleg bistandsplikt overfor kommunane for barn som har behov for tiltak utanfor heimen.

2. Oslo kommune blir kompensert med ein fast del av endringar i løyvinga til Bufetat

Ein annan modell er at Oslo får justert tilskotet andelsmessig heilt eller delvis i takt med endringar i budsjettet til Bufetat. Denne er enkel og transparent, men kan gi lite treffsikre utslag fordi endringane ofte skyldast regionale skilnader, mellombelse tilhøve eller særskilde tiltak som ikkje er relevante for Oslo. Særleg utviklinga i talet på barn i institusjon varierer mellom Oslo og resten av landet. Medan talet på barn i institusjon har hatt ein auke i landet utanom Oslo dei seinare åra, har talet gått ned i Oslo. Dette gjer modellen mindre presis, jf. figur.

Figur 3.1 Barn (0–17 år) med tiltak om institusjonsopphold per 31. desember, 2019–2025

Figur 3.1 Barn (0–17 år) med tiltak om institusjonsopphold per 31. desember, 2019–2025

Kjelde: SSB

Innanfor ein slik modell er det fleire moglege variantar: fast prosentvis kompensasjon av heile endringa i løyvinga til Bufetat, kompensasjon knytt til prisvekst på private institusjonsplassar, og kompensasjon for særskilde satsingar.

Ein variant basert på ein fast del av Bufetat sine samla budsjettendringar vil vere enkel å administrere og gi ei viss grad av føreseielegheit, ved at Oslo får ei prosentvis lik endring som Bufetat uavhengig av årsakene bak. Samstundes har modellen klare svake sider. Han kan føre til dobbel kompensasjon for vekst i barnepopulasjonen, og kor treffsikker modellen er, er avgrensa fordi han ikkje tek omsyn til regionale skilnader i tiltaksbruk eller andre tekniske justeringar som påverkar budsjettet.

Ein alternativ variant er å knyte kompensasjonen til prisvekst på kjøp av private institusjonsplassar i Bufetat. Denne tilnærminga reduserer risikoen for dobbel kompensasjon og avgrensar tilfeldige regionale utslag som følgje av endringar i talet på barn i institusjon. Modellen rettar seg mot kostnadsdrivarar som kommunen i liten grad kan påverke, ved å ta utgangspunkt i den faktiske prisutviklinga Bufetat står overfor. Samstundes er det ikkje gitt at Oslo står overfor same prisutvikling som Bufetat, og det føreset eit relativt detaljert datagrunnlag og metodiske avklaringar. Særleg kan det vere utfordringar knytte til å skilje mellom reell prisvekst og samansetningseffektar, til dømes når Bufetat må gjere relativt fleire enkeltkjøp som følgje av fleire barn i institusjon.

Eit tredje alternativ inneber kompensasjon ved særskilde satsingar i Bufetat, til dømes til å auke grunnkapasiteten. Denne tilnærminga gjer det mogleg å reflektere nasjonale strategiske prioriteringar i kompensasjonsordninga. Samstundes er modellen krevjande å operasjonalisere, då han legg til grunn skjønnsmessige vurderingar i kvart tilfelle. Det kan òg oppstå uvisse om kva tid og i kva grad Oslo får kompensasjon, særleg dersom satsingar blir finansierte gjennom effektivisering eller innsparing innanfor Bufetat. Oslo skal uansett kompenserast ved lov- og oppgåveendringar som påverkar ansvaret til kommunen.

3. Justering for å utlikne løyving per barn

Det er òg vurdert ein modell der tilskotet til Oslo over tid blir auka slik at løyving per barn i kommunen tilsvarar nivået i Bufetat. Departementet meiner modellen er lite eigna fordi Bufetat og Oslo ikkje er direkte samanliknbare når det gjeld organisering, oppgåveportefølje, styringsmodell og kostnadsstruktur. Løyvinga til Bufetat er basert på det berekna behovet, ikkje det samla talet på barn i landet.

Samla vurdering

Departementet reknar at Oslo er økonomisk likebehandla i samsvar med prinsippa for statleg styring og finansiering av kommunesektoren, og føreslår derfor ikkje noka endring i det særskilde tilskotet til Oslo no. Utgreiinga om særordninga for Oslo skal avviklast, skal likevel òg vurdere finansieringsordninga til Oslo. Sjå omtale under vedtak 507 av 3. mars 2026. Departementet vil vurdere finansieringa av Oslo på ny i samband med oppfølginga av utgreiinga.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Overføre andrelinjebarnevernet frå Oslo kommune

Vedtak 507, 3. mars 2026

«Stortinget ber regjeringen gå i dialog med Oslo kommune om overføring av kommunens ansvar for andrelinjebarnevernet i tråd med Oslo kommunes ønsker og anbefalingene fra Stene-utvalget.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om økonomisk likebehandling av barnevernet i Oslo, jf. Dok. 8:2 S (2025–2026).

Før det blir tatt endeleg stilling til om særordninga til Oslo kommune skal avviklast og eventuelt korleis, er det nødvendig å greie ut dette nærare. Konsekvensane av ei avvikling for tenestene og tilbodet i Oslo er ikkje tilstrekkeleg kjende. Dette blir peika på både av Stene II-utvalet og i høyringssvaret frå Oslo kommune. Det er for lite kunnskap om kva konsekvensar ei eventuell avvikling vil få for barna, bydelane, Oslo kommune og Bufetat. Det er behov for ei heilskapleg vurdering av både utfordringar, konsekvensar og moglege løysingar. Det vil derfor bli sett i gang ei utgreiing i to fasar, der fyrste fase er ei utgreiing av særordninga opp mot alternative tiltak, medan fase to ser på gjennomføring av eventuelle endringar. Det har allereie vore dialog med Oslo kommune om mandat og organisering av utgreiinga, og utgreiinga vil bli gjennomført i samråd med kommunen.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Evaluering av barnevoldsundersøkelsesloven

Vedtak 590, 26. mars 2026

«Stortinget ber regjeringen sikre at barnevoldsundersøkelsesloven og dens formål evalueres. Evalueringen skal gjennomføres når det foreligger et tilstrekkelig grunnlag for å høste erfaringer av lovens virkning, fortrinnsvis tre år etter ikrafttredelse av loven. Det bør blant annet vurderes om tolkningen av § 4, som omhandler omsorgssvikt, er for snever. Stortinget ber regjeringen orientere Stortinget om resultatene av evalueringen på egnet måte.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 141 L (2024–2025), jf. Innst. 164 S (2025–2026).

Barnevoldsundersøkelseslova tok til å gjelde 1. juli 2026, og må få verke nokre år før ho kan evaluerast.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Skulefråfall blant barn i barnevernsinstitusjonar

Vedtak 718, 19. mai 2026

«Stortinget ber regjeringen vurdere pilotprosjekter i samarbeid med kommuner, fylkeskommuner og relevante fagmiljøer for å redusere skolefrafall blant barn i barnevernsinstitusjoner.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om praktiske og alternative opplæringstilbod for barn og unge på barnevernsinstitusjon, jf. Dok. 8:165 S (2025–2026).

I perioden 2025–2028 prøver Bufdir og Bufetat ut ei ny innretning av institusjonstilbodet i tråd med prinsippa og føringane i Prop. 83 L (2024–2025). Pilotinstitusjonane skal samarbeide tett med skulane og inngå samarbeidsavtalar med fylkeskommunane. Avtalane skal mellom anna fastsetje rutinar for oppfølging av skulegangen til barna, og for korleis fylkeskommunane skal medverke i den tverrfaglege kartlegginga ved inntak. Samarbeidet mellom institusjonane og skulane vil inngå i evalueringa av utprøvinga.

Som ledd i oppfølginga har Bufdir og Utdanningsdirektoratet i 2026 fått eit oppdrag om å gjennomføre ei ekstern kartlegging og analysere eksisterande opplæringstilbod til barn i barnevernsinstitusjon. Kartlegginga skal mellom anna omfatte tilboda ved skular for sosiale og medisinske institusjonar (SMI-skular). Bufdir skal vurdere korleis organiseringa, kapasiteten og innhaldet i dei eksisterande tilboda samla sett møter behova til målgruppa, og om det er behov for å vidareutvikle eller endre tilboda. Direktorata skal òg utarbeide rettleiing for meir systematisk samhandling, kartleggje og analysere eksisterande opplæringstilbod og greie ut tiltak som kan styrkje kontinuiteten i opplæringsløpet og redusere unødige skulebyte og brot i opplæringa.

På dette grunnlaget vil regjeringa vurdere korleis eventuelle nye pilotprosjekt kan innrettast i samarbeid med kommunar, fylkeskommunar og relevante fagmiljø for å redusere skulefråfallet blant barn i barnevernsinstitusjon.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Finansieringsordning for krisesentera

Vedtak 725, 19. mai 2026

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan krisesentrenes finansieringsordninger for investeringer i bygg bør utformes, og komme tilbake til Stortinget i forbindelse med fremleggelse av statsbudsjettet for 2027.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å sikre føreseieleg finansiering for krisesenterbygg, jf. Dok. 8:170 S (2025–2026).

Departementet har vurdert ulike finansieringsordningar for krisesenterbygg, mellom anna Husbanken sitt investeringstilskot. Det ligg utanfor Husbanken sitt samfunnsoppdrag å gi støtte til mellombelse butilbod, slik krisesenter er. Investeringstilskotet til sjukeheimsplassar og omsorgsbustader til personar som treng heildøgns helse- og omsorgstenester er ikkje retta mot kortsiktige eller mellombelse butilbod eller opphald.

Departementet valde derfor i 2025 å etablere ei ny tilskotsordning for oppgradering av krisesenterbygg på 20 mill. kroner som Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) forvaltar. Tilskotet skal stimulere kommunane til å gradere opp, fornye eller utvide krisesentera sine. Dette utelukkar ikkje tilskot til nybygg. I kva grad tilskotsordninga kan gå til investering i nye krisesenterbygg, vil derfor avhenge av storleiken på ordninga. Åtte kommunar fekk støtte i 2025.

Ordninga er vidareført med 20,7 mill. kroner i 2026. I utlysinga for 2026 fekk Bufdir 12 søknader, og alle søknadene vart heilt eller delvis innvilga, i tillegg til at det vart midlar igjen på ordninga. Det resterande beløpet vart derfor lyst ut på nytt, med frist 10. august 2026.

Departementet meiner at det er betre å bruke eksisterande tilskotsordning til oppgradering av krisesenterbygg framføre å utvide målgruppa for Husbanken sitt investeringstilskot. Departementet har ikkje føreslått å auke tilskotsordninga til oppgradering av krisesenterbygg i 2027, ettersom få kommunar søkte om støtte i 2026 i den fyrste utlysinga. I staden blir det lagt opp til å klargjere for mottakarane at tilskotet også kan brukast til nybygg. I tillegg blir det lagt opp til at det kan bli gitt tilsegn om tilskot inntil tre år over ordninga, med atterhald om samtykke frå Stortinget. Departementet vil etter dette følgje utviklinga i bruken av tilskotsordninga og vurdere nærare om det er behov for å justere innretninga når det ligg føre meir erfaring med ho.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Stene-utvalet

Vedtak 960, 11. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen innen første halvår 2027 følge opp Stene-utvalget, jf. rapporten Rapport fra ekspertutvalget om organisering og styring av statlig barnevern av 1. oktober 2025, gjennom å legge frem for Stortinget forslag til de nødvendige lovendringer og organisatoriske endringer.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 86 L (2025–2026), jf. Innst. 362 L (2025–2026).

Utvalet føreslår fleire tiltak til organisering og styring av det statlege barnevernet. Rapporten gir ikkje ei detaljert eller eintydig løysing på korleis tiltaka eventuelt skal gjennomførast. Det står derfor framleis igjen eit omfattande arbeid. Regjeringa arbeider med å følgje dei opp i ulike spor. Regjeringa meiner at ei større omorganisering av Bufdir og Bufetat berre skal gjennomførast om det bidreg til betra styring og bruk av fellesskapet sine midlar. Bufdir er i gang med eit arbeid om framtidig oppgåveløysing og organisering av Bufdir og Bufetat. Arbeidet starta i 2026 og skal ferdigstillast i 2027. Deretter vil departementet gjere ei vurdering av organiseringa som byggjer på gjennomgangen og resultata frå andre oppstarta tiltak og utviklingsprosessar. Departementet viser òg til rapportering under vedtak 1001 av 11. juni 2025 og vedtak 507 av 3. mars 2026.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Rammevilkår for fosterforeldre

Vedtak 963, 12. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen utrede endringer i rammebetingelser for fosterforeldre som kan sikre forutsigbarhet og økonomisk trygghet, herunder i forbindelse med permisjon fra arbeidsgiver, yrkesskade og ved sykdom.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å løyse fosterheimskrisa, jf. Dok 8:242 S (2025–2026).

Departementet har bede Bufdir kartleggje kommunane sitt tilbod til sine fosterheimar, mellom anna om oppfølginga dei får, og dei økonomiske rammene dei har. Dette vil bli ein del av kunnskapsgrunnlaget for å følgje opp vedtaket.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Tilgang på fosterheimar

Vedtak 964, 12. juni 2026

«Stortinget ber regjeringa styrke samarbeidet mellom Bufetat og kommunene for å sikre raskere tilgang på egnede fosterhjemsplasseringer, særlig for barn med omfattende behov.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å løyse fosterheimskrisa, jf. Dok 8:242 S (2025–2026).

Tettare samarbeid mellom Bufetat og kommunane for å oppnå betre rekruttering og betre rammer rundt fosterheimar, er eit sentralt grep i fosterheimsmeldinga (Meld. St. 29 (2023–2024)). Det er mellom anna etablert kompetansestøtteteam i alle Bufetat sine regionar, og det er sett i gang fleire samarbeidsprosjekt om lokal rekruttering. Vidare er det sett i gang eit pilotprosjekt der Bufetat og enkelte kommunar går saman med sterke forpliktingar om eit utval konkrete fosterheimar til barn med omfattande behov. Dei deltakande fosterheimane blir kommunale heimar, men med definerte bidrag frå Bufetat og mål om at tilbodet skal vere like robust som i spesialiserte fosterheimar.

Både pilotprosjektet og tiltaka frå fosterheimsmeldinga skal evaluerast. I tillegg har departementet sett i gang ein ekstern gjennomgang av Bufetat og kommunane sitt arbeid med rekruttering av fosterheimar. Oppfølginga av vedtaket vil bli sett i samanheng med denne kunnskapsinnhentinga.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Systematisk «second opinion» i barnevernet

Vedtak 965, 12. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen utrede behovet for en ordning med systematisk second opinion, eventuelt ved innhenting av ekstern vurdering i særlig vanskelige og krevende saker der det er uenighet mellom barnevernet og fosterfamilien.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å løyse fosterheimskrisa, jf. Dok 8:242 S (2025–2026).

Utgreiinga vil bli sett i samanheng med arbeid som allereie er sett i gang. Departementet har sidan 2023 lagt til grunn at avgjerder frå barnevernstenesta om rammer for fosterheimsoppdraget er enkeltvedtak etter forvaltningslova. Dette inneber at vedtak om oppfølging kan klagast inn til statsforvaltaren (eller Bufdir for statlege fosterheimar), som kan gi ei ny og uavhengig vurdering. Departementet har bede Bufdir om å innhente erfaringar med klageordninga. I tillegg skal Bufdir greie ut ordningar for å gi kommunar bistand i krevjande saker. Det skal mellom anna takast omsyn til eit forslag frå NOU 2023: 7 om at Bufetat bør hjelpe i saker der det er svært usikkert kva hjelp barnet treng, og om omsorgssituasjonen er god nok.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Samvær og barn i fosterheim

Vedtak 966, 12. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvorvidt barn i fosterhjem skal ha mulighet til midlertidig å kunne stanse samvær.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å løyse fosterheimskrisa, jf. Dok 8:242 S (2025–2026).

Departementet ser vedtaket i samanheng med ny heimel for barnevernstenesta om mellombels stans av skadeleg samvær som har teke til å gjelde, jf. Prop. 83 L (2024–2025) og Innst. 524 L (2024–2025). Bufdir publiserte ny rettleiar for gjennomføring av samvær i april 2026. Han skal bidra til betre kvalitet på samværa, både for barnet og foreldra. Som varsla i Prop. 83 L (2024–2025) vil departementet vurdere ei ordning for å ta hand om barn som har sterk motstand mot samvær.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Fosterforeldre sine partsrettar og rett til familieliv

Vedtak 967, 12. juni 2026:

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan fosterforeldres partsrettigheter bør styrkes i barnevernssaker, herunder i lys av retten til barnets beste og familieliv etter EMK artikkel 8, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å løyse fosterheimskrisa, jf. Dok 8:242 S (2025–2026).

Departementet arbeider med eit eksternt oppdrag for å vurdere spørsmålet i lys av EMK artikkel 8. Departementet viser òg til at fosterforeldre fekk klagerett på flyttevedtak frå 1. januar 2026, og til vedtak 441 av 14. januar 2025.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Betre oppfølging av barn i fosterheim etter fylte 18 år

Vedtak 968, 12. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen utarbeide et forslag om hvordan barn kan få bedre oppfølging og mulighet til å bli i fosterhjemmet etter fylte 18 år når de mottar ettervern.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å løyse fosterheimskrisa, jf. Dok 8:242 S (2025–2026).

Regjeringa har sett inn fleire tiltak for å styrkje ettervernstilbodet generelt og for å styrkje fosterheim som ettervernstiltak. Faglege råd om ettervern er mellom anna tydeleggjorde i barnevernsfagleg kvalitetssystem, i barnevernsrundskrivet og i grunnmodellen for hjelpetiltak. Opplæring om ettervern er òg styrkt i Solid, opplæringsprogrammet for fosterforeldre.

Fosterheim er allereie i dag eit av dei mest brukte ettervernstiltaka. Ved utgangen av 2025 var det 1 586 unge mellom 18 og 24 år som budde i ein fosterheim. Det har likevel vore peikt på uønskt variasjon mellom kommunane. Det kan òg vere at fleire hadde hatt nytte av å bli buande lenger i fosterheimen.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Grunnkapasitet i barnevernsinstitusjonar

Vedtak 969, 12. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen fortsette å øke grunnkapasiteten i institusjonsbarnevernet og sikre at akuttberedskapen i all hovedsak drives i offentlig regi.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å auke delen institusjonsplassar i ideelle barnevernsinstitusjonar, jf. Dok 8:250 S (2025–2026).

Grunnkapasiteten kan ein i hovudsak auke gjennom prioriteringar i dei ordinære budsjettprosessane av midlar til statlege plassar eller til å inngå rammeavtalar med kjøpsgarantiar med private leverandørar. Sidan 2021 er grunnkapasiteten auka med 15 prosent. Regjeringa føreslår at det i budsjettet for 2027 blir prioritert 200 mill. kroner til å auke denne ytterlegare. Det er lagt opp til å etablere 17 statlege plassar, og 7 langsiktige rammeavtaleplassar frå private tilbydarar. Om lag halvparten av dei nye statlege plassane er akuttplassar. Den statlege akuttkapasiteten, som allereie utgjer om lag 85 prosent av akuttilbodet, vil såleis bli auka ytterlegare.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Langsiktig plan for grunnkapasiteten i barnevernsinstitusjonar

Vedtak 970, 12. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen legge en langsiktig plan for fortsatt økt grunnkapasitet i institusjonsbarnevernet, der ideelle tilbydere inngår med betydelig andel og langsiktige kontrakter, og slik at bruken av anbud i institusjonsbarnevernet reduseres.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å auke delen institusjonsplassar i ideelle barnevernsinstitusjonar, jf. Dok 8:250 S (2025–2026).

Grunnkapasiteten kan ein i hovudsak auke gjennom prioriteringar i dei ordinære budsjettprosessane av midlar til statlege plassar eller til å inngå rammeavtalar med kjøpsgarantiar med private leverandørar. Sidan 2021 er grunnkapasiteten auka med 15 prosent, og regjeringa føreslår at det i budsjettet for 2027 blir prioritert 200 mill. kroner til å auke denne ytterlegare.

Bufdir har i 2026 utarbeidd ein langsiktig plan for utvikling av kapasitet på institusjonsområdet, og vil bruke midlane i tråd med denne. Direktoratet har allereie føringar om at regjeringa ønskjer eit langsiktig og betydeleg innslag av ideelle aktørar, og tek omsyn til dette i dialogen med den private marknaden. Det er ønskjeleg med eit større innslag av langsiktige rammeavtalar, til erstatning for meir anbodsbaserte, einskilde kjøp. Oppfølging av planen i dei påfølgjande åra er avheng av dei ordinære budsjettprosessane.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Ideelle aktørar i barnevernet

Vedtak 971, 12. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen inkludere ideelle tilbydere i arbeidet med omstillingen til ny institusjonsmodell (tun-modell), jf. kvalitetsløftet i barnevernet.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å auke delen institusjonsplassar i ideelle barnevernsinstitusjonar, jf. Dok 8:250 S (2025–2026).

Regjeringa omtalte i kvalitetsløftet målet om ei ny retning for institusjonsbarnevernet. Institusjonstilbodet skal gradvis omstillast til meir fleksible institusjonar, som betre kan ta vare på barn med ulike behov. Regjeringa var i kvalitetsløftet tydeleg på at den nye retninga for institusjonstilbodet skal gjelde uavhengig av eigarskap, at dei private aktørane vil måtte tilpasse seg ei ny innretning, og at regjeringa ønskjer eit langsiktig og betydeleg innslag av ideelle aktørar. Bufdir har både fått føringar om å setje i gang arbeidet med å implementere ny innretting og om at regjeringa ønskjer eit langsiktig og betydeleg innslag av ideelle leverandørar. Det er formidla til dei ideelle leverandørane både at dei er ønskte i dette arbeidet, og at det er forventa at dei bidreg til omstillingane.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Utgreiing av regelverk for returar i netthandel

Vedtak 1158, 18. juni 2026

«Stortinget ber regjeringen utrede regelverk for netthandel med formål om å redusere omfanget av returer, innenfor rammen av felles europeisk samarbeid om forbrukerrettigheter, i løpet av høsten 2027.»

Vedtaket vart gjort i samband med Stortinget si handsaming av innstillinga frå finanskomiteen om Revidert nasjonalbudsjett 2026, jf. Innst. 450 S (2025–2026).

Departementet ser dette i samanheng med pågåande arbeid for å sikre norske forbrukarar trygg og berekraftig netthandel. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

3.2 Stortingssesjon (2024–2025)

Stanse samvær som ikkje er til det beste for barnet i barnevernet

Vedtak 440, 14. januar 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan man kan senke terskelen for at barnevernet kan stanse samvær som ikke er til barnets beste.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2023–2024) jf. Innst. 110 S (2024–2025).

Frå 1. januar 2026 har ein ny heimel for mellombels stans av skadeleg samvær teke til å gjelde, jf. Prop. 83 L (2024–2025) og Innst. 524 L (2024–2025). I tillegg varslar departementet i lovproposisjonen ei utgreiing av ei ordning for å ta hand om barn som har sterk motstand mot samvær. Bufdir publiserte ny rettleiar for gjennomføring av samvær 1. april 2026 som skal bidra til betre kvalitet på samværa, både for barnet og foreldra.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Styrkje partsrettane til fosterbarn og fosterforeldre

Vedtak 441, 14. januar 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan man kan styrke partsrettighetene til fosterbarn og fosterforeldre ved flytting og/eller tilbakeføring.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 29 (2023–2024), jf. Innst. 110 S (2024–2025).

Frå 1. januar 2026 har fosterforeldre og fosterbarn fått rett til å klage på vedtak om flytting frå fosterheimen, jf. Prop. 83 L (2024–2025) og Innst. 524 L (2024–2025). Departementet jobbar òg med ei utgreiing om styrka partsrettar for fosterforeldre opp mot EMK artikkel 8, sjå rapportering under vedtak 967 av 12. juni 2026, og vedtak 1004 av 11. juni 2025.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Tilpassa bu- og rehabiliteringstilbod for barn som gjer seg skyldige i alvorleg kriminalitet

Vedtak 477, 20. februar 2025

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om et tilpasset bo- og rehabiliteringstilbud for barn under den strafferettslige lavalderen som begår gjentatt og alvorlig kriminalitet.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om ein forsterka kamp mot ungdomskriminalitet, jf. Dok. 8:7 S (2024–2025).

Departementet viser til at det i 2025 vart sett i gang pilotering av eit forsterka institusjonstilbod ved Sole i Vestby kommune, som del av oppfølginga av behovet for eit meir tilpassa tilbod til barn med store og samansette behov, inkludert barn med gjenteken eller alvorleg kriminalitet. Det er no gjennomført ei fyrste evaluering av piloten, som dekkjer etableringsfasen i 2025. Evaluering viser at sentrale strukturar, som mellom anna tilpassa bygg, høgare bemanning og system for kartlegging og oppfølging av barna, er innførte. Samstundes er det for tidleg å vurdere effektar, og det er framleis behov for å vidareutvikle tilbodet slik at det i tilstrekkeleg grad dekkjer behova til den aktuelle målgruppa. Det vil bli gjennomført vidare evalueringar fram mot 2028 som vil gi eit betre grunnlag for å vurdere effektar og vidare oppfølging av vedtaket.

Samstundes har regjeringa fremja lovforslag i Prop. 86 L (2025–2026) som tar hand om behovet for forsterka institusjonstilbod for barn som gjer eller står i fare for å gjere gjenteken alvorleg kriminalitet. Stortinget har slutta seg til lovforslaga, jf. Innst. 362 L (2025–2026). Departementet greier òg ut andre tilpassingar av barnevernet sitt institusjonstilbod, jf. oppfølging av vedtak 8 av 14. oktober 2025.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Tilgang til informasjon i saker om samvær

Vedtak 514, 18. mars 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan det i saker om samvær kan sikres at barnevernet, domstolene og sakkyndige alltid innhenter og får tilgang til all relevant informasjon som omhandler vold og overgrep mot barn og unge, om det bør innføres en varslingsplikt for påtalemyndigheten, samt om andre enn foreldre, f.eks. barnevernet, kan gis søksmålskompetanse for å styrke barns rettssikkerhet i spørsmål om barnefordeling og samvær.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om samværsrett, jf. Dok. 8:15 S (2024–2025) og Innst. 154 S (2024–2025).

Stortinget har vedteke ny barnelov den 16. juni 2025. Barne- og familiedepartementet vil sjå oppfølginga av vedtaket i samband med nye oppmodingsvedtak frå då Stortinget handsama ny barnelov. Vidare må ein sjå vedtaket i samband med oppfølginga av Utredning av samordning mellom barneloven og barnevernsloven, utarbeidd av Universitetet i Oslo, Institutt for offentleg rett ved professor Kirsten Sandberg, på oppdrag frå departementet.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Verne barn og unge mot vald og overgrep i samband med samvær

Vedtak 515, 18. mars 2025

«Stortinget ber regjeringen sikre at barn og unges rett til beskyttelse mot vold og overgrep styrkes i ny barnelov, samt sørge for en gjennomgang av, og ved behov foreslå nødvendige endringer i annet relevant lovverk, slik at personer dømt for overgrep mot barn normalt ikke skal ha samvær med egne barn.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om samværsrett, jf. Dok. 8:15 S (2024–2025) og Innst. 154 S (2024–2025). Stortinget har vedteke ny barnelov den 16. juni 2025.

Departementet reknar den fyrste delen av vedtaket som gjeld å styrkje barn og unge sin rett til vern mot vald og overgrep i ny barnelov, som følgd opp. I Prop. 117 L (2024–2025) er det tydeleggjort at barn og foreldre sin gjensidige rett til samvær ikkje er vilkårslaus, og at barn har rett til vern mot vald og overgrep. Det vil seie at det ikkje alltid skal vere samvær.

I proposisjonen er det uttalt at risiko for vald eller overgrep typisk vil vere situasjonar der det ikkje vil vere til det beste for barnet med samvær. Det kan òg omfatte situasjonar der barnet er vitne til vald mellom foreldre og vald mot søsken. Samvær skal vere trygt for barnet, og det må vurderast konkret om det skal vere samvær, og i så fall av kva omfang.

Det er òg andre endringar i ny lov som skal gi barn betre vern mot vald. Det gjeld mellom anna føresegna i det innleiande kapittelet om barn sine rettar, som gir barn rett til omsorg, utvikling og vern mot vald. I tillegg kjem endringar i reglane om sakshandsaming for domstolane, som legg til rette for at saker blir betre opplyste, til dømes gjennom ei ny føresegn om innhenting av dokument frå politiet. Det er òg innført ein frist på seks veker for retten til å ta mellombels avgjerd etter krav frå ein part der det er påstand om vald eller annan risiko.

Departementet viser til same grunngjeving som for vedtak 611 av 7. mai 2024 om å verne barn mot vald og seksuelle overgrep i saker om samvær og omsorg i ny barnelov, som er utkvittert i Meld. St. 4 (2025–2026), jf. Innst. 125 S (2025–2026).

Departementet vil elles sjå oppfølginga av vedtaket i samband med nye oppmodingsvedtak frå då Stortinget handsama ny barnelov. Departementet har byrja eit utgreiingsarbeid, og har som ein del av dette arbeidet nyleg motteke ei utgreiing frå Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM) om det menneskerettslege handlingsrommet ved avgrensingar i samvær mellom barn og foreldre. Departementet vil bruke dette i det vidare utgreiingsarbeidet.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Undersøkje korleis domstolane handsamar foreldretvistsaker om vald

Vedtak 516, 18. mars 2025

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en undersøkelse av hvordan norske domstoler innhenter, benytter og vurderer opplysninger om vold og andre overgrep i foreldretvistsaker, etter modell av arbeidet i Sverige.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om samværsrett, jf. Dok 8:15 S (2024–2025) og Innst. 154 S (2024–2025).

Stortinget har vedteke ny barnelov den 16. juni 2025. Departementet er i gang med å vurdere korleis ein kan gjere ei slik undersøking. Det er naudsynt med materiale frå domstolane og rett kompetanse for å gjennomføre undersøkinga. Departementet tek sikte på å starte undersøkinga i 2027.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Praksisorienterte tverrfaglege team

Vedtak 1000, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringa i eit samarbeid med KS legge til rette for at kommunar og barnevernstenester som ønskjer det, i 2026 kan sette i gang forsøk med praksisorienterte tverrfaglege team med spisskompetanse som kan få fram naudsynt fagleg, klinisk kunnskap om utsette barn og familiars problem, ressursar og behov. Stortinget skal informerast om forsøka på eigna måte.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 83 L S (2024–2025), jf. Innst. 524 L (2024–2025).

Departementet har sett i gang eit forsøk i sju barnevernstenester. Forsøket skal gi kunnskap om modellar som bidreg til tverrfaglege og heilskaplege vurderingar av familiane sine ressursar og hjelpebehov. Arbeidet skal bidra til at barn og foreldre får riktig og raskare hjelp, og til å førebyggje behov for meir inngripande tiltak i barnevernet. Det er opp til kommunane sjølve å utvikle modellane som skal prøvast ut. Forsøket blir følgjeevaluert.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Ny organisering av det statlege barnevernet

Vedtak 1001, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringa fremme forslag om ny organisering av det statlege barnevernet, med bakgrunn i ekspertutvalets rapport, der det er eit tydeleg skilje mellom fagdirektorat og etatsstyring.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025), jf. Innst. 524 L (2024–2025).

Ekspertutvalet leverte rapporten sin 1. oktober 2025. Rapporten har vore på høyring. Utvalet tilrådde fleire tiltak som ein del av ein trinnvis prosess for å styrkje styringa av institusjonsbarnevernet. Rapporten skildrar i stor grad eit utfordringsbilete som er godt kjent. Utvalet tilrår mellom anna ei ny organisering der direktoratet og etaten er delt til to sjølvstendige organisasjonar underlagde departementet, men understreka at organisatoriske endringar vil krevje ei gradvis omstilling og at organisering åleine ikkje er tilstrekkeleg for å løyse utfordringane rapporten beskriv. Deling er òg berre ein del av svaret på utfordringane. Rapporten gir ikkje ei detaljert eller eintydig løysing på korleis ei slik omstilling eventuelt skal gjennomførast. Det står derfor framleis igjen eit omfattande arbeid.

Bufdir, i samråd med departementet, er i gang med tiltak som følgjer opp områdegjennomgangen, ekspertutvalet og kvalitetsløftet i barnevernet. Fleire av tiltaka er eigna til å handtere fleire av utfordringane utvalet beskriv. Dette gjeld mellom anna normering av institusjonstilbodet, meir einskapleg styring av etaten og tydeleggjering av føremålet med institusjonane. Samtidig blir det arbeidd med ny innretning av institusjonstilbodet, betre kostnadskontroll, varetaking av bistandsplikta og utvikling av betre styringsinformasjon.

Regjeringa meiner at ei større omorganisering av Bufdir og Bufetat berre skal gjennomførast om det bidreg til betra styring og bruk av fellesskapet sine midlar. Bufdir gjennomfører på bakgrunn av områdegjennomgangen og rapporten frå ekspertutvalet eit arbeid om framtidig oppgåveløysing i og organisering av Bufdir og Bufetat. Arbeidet starta i 2026, og skal ferdigstillast i 2027. Departementet si vurdering av organiseringa vil byggje på gjennomgangen og resultata frå oppstarta tiltak og utviklingsprosessar.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Partsrettar til barn frå 12 år

Vedtak 1004, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringa fremje lovendringsforslag som gir barn frå 12 år partsrettar i barnevernssaker frå 1. januar 2028.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 83 L S (2024–2025), jf. Innst. 524 L (2024–2025).

Meir barnevennlege prosessar, som Stortinget heldt fram som ein føresetnad for å senkje aldersgrensa, er ei prioritert oppgåve for barneverns- og helsenemndene òg i 2027. Departementet har satt i gang arbeidet med å greie ut spørsmålet.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Motverke samværshindring

Vedtak 1007, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede ytterligere tiltak for å motvirke samværshindring, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025).

Tiltak for å motverke samværshindring vart greidd ut i arbeidet med ny barnelov, og det er vedteke endringar i lova. Departementet går no gjennom regelverket om barnebidrag, og vil sjå nærare på korleis regelverket i størst mogleg grad kan rettast inn for å unngå at økonomi blir ein faktor som påverkar samvær. Departementet vil òg sjå dette vedtaket i samanheng med vedtak 1015 og 1016 av 11. juni 2025.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Moment ved det-beste-for-barnet-vurderingar

Vedtak 1008, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen om å vurdere hvordan momenter som bør legges til grunn ved ‘barnets beste’-vurderinger, kan tydeliggjøres i arbeidet med forskrifter til barneloven og i relevant veiledningsmateriell.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025).

Departementet vurderer i arbeidet med utkast til ny meklingsforskrift å ta med ei momentliste i føresegna om omsynet til barnet. Departementet vil òg vurdere behov for dette i anna rettleiingsmateriell.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Fastsetjing av medmorskap

Vedtak 1009, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede endringer i barnelova § 2-3 om medmorskap, med sikte på å fremme et lovforslag som innebærer at medmorskap fastsettes på samme vis som farskap etter reglene i §§ 2-4 om ekteskap og reglene om erklæring i §§ 2-5 flg.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025).

Departementet er i gang med å greie ut saka, og vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Innhaldet i omsorgsplikta og foreldreansvaret

Vedtak 1010, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen vurdere hva som er innholdet i omsorgsplikten, og hvordan foreldreansvaret kan tydeliggjøres i arbeidet med forskrifter til barnelova og i relevant veiledningsmateriell.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025).

Departementet har gitt Bufdir eit oppdrag om å utarbeide enkelt tilgjengeleg informasjon og rettleiing til barn og foreldre om ny barnelov, der mellom anna tema som innhaldet i foreldreansvaret og omsorgsplikta inngår. Departementet har vidare, i arbeidet med ny meklingsforskrift, teke omsyn til at foreldre skal få nok informasjon før og ved behov under mekling om sentrale føresegner i barnelova, irekna om foreldreansvaret og omsorgsplikta.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Innhaldet i «dagleg myndigheit»

Vedtak 1011, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen tydeliggjøre gjennom veiledning hva som er innholdet i begrepet ‘daglig myndighet’ som utøves overfor barn etter samlivsbrudd, og vurdere om det er behov for særreguleringer.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025).

Departementet har gitt Bufdir eit oppdrag om å utarbeide enkelt tilgjengeleg informasjon og rettleiing til barn og foreldre om ny barnelov, der mellom anna tema som dagleg myndigheit inngår. Departementet har vidare, i arbeidet med ny meklingsforskrift, tatt omsyn til at foreldre skal få informasjon før og ved behov under mekling om sentrale føresegner i barnelova, mellom anna om dagleg myndigheit.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Prioritere tidlegare oppmodingsvedtak om å sikre barn mot vald, overgrep og risiko

Vedtak 1012, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen prioritere oppfølging av Stortingets anmodningsvedtak nr. 514, 515, 516 og 517 (2024–2025), slik at barn og unge sikres mot vold, overgrep og risiko. Regjeringen bes snarest mulig komme tilbake til Stortinget på egnet måte med plan for det videre arbeidet.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025). Departementet viser til omtalen til oppmodingsvedtak nr. 514, 515 og 516 av 18. mars 2025. Ansvaret for nr. 517 ligg til Justis- og beredskapsdepartementet. Barne- og familiedepartementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av dei vedtaka som ligg til departementet på eigna vis.

Lovendringar om samvær i saker med vald i nære relasjonar

Vedtak 1013, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til lovendringer som sikrer at barn som har vært utsatt for eller vært vitne til vold i nære relasjoner som utøves av en forelder, i utgangspunktet ikke skal ha samvær med den voldsutøvende forelderen. Barn gis rett til å midlertidig stanse samvær dersom de opplever det som utrygt eller belastende.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025).

Departementet har byrja utgreiingsarbeidet, og gav Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM) i oppdrag å greie ut om det menneskerettslege handlingsrommet ved avgrensingar i samvær mellom barn og foreldre. Departementet fekk rapporten 1. september, og vil bruke han i det vidare utgreiingsarbeidet. Departementet vil sjå oppfølginga i samanheng med vedtak 515 av 18. mars 2025. Vidare oppfølging må ein òg sjå i samanheng med naudsynt arbeid i samband med at ny barnelov skal ta til å gjelde, og vidare arbeid med ny familievernlov.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Lovendringar om samvær for barn på krisesenter

Vedtak 1014, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til lovendringer som sikrer at barn som oppholder seg på krisesenter, ikke skal ha samvær med en forelder som har utøvd vold mot den andre forelderen, og at barn gis rett til å nekte samvær dersom de opplever det som utrygt eller belastende.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025).

Departementet har motteke ei utgreiing frå Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM) om det menneskerettslege handlingsrommet ved avgrensingar i samvær mellom barn og foreldre, sjå omtale av vedtak 1013 av 11. juni 2025. Departementet vil bruke utgreiinga i det vidare utgreiingsarbeidet. Vidare oppfølging må ein sjå i samanheng med naudsynt arbeid i samband med at ny barnelov skal ta til å gjelde, og vidare arbeid med ny familievernlov.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Betre avdekking og handsaming av vald, overgrep og annan alvorleg risiko mot barn

Vedtak 1015, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede om det bør etableres mer forpliktende kontakt og samarbeid mellom ulike tjenester mv. for bedre å kunne avdekke og håndtere vold, overgrep og annen alvorlig risiko mot barn, og tilfeller med risiko for uberettiget brudd i kontakt mellom barn og forelder.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025).

I arbeidet med ny meklingsforskrift vurderer departementet behovet for ei eiga føresegn om handsaming av saker med risiko, der òg tilhøvet til andre tenester og særleg plikta til å melde frå til barnevernet ved omsorgssvikt, kan inngå. Vidare utgreiing når det gjeld meir forpliktande kontakt og samarbeid mellom tenester, må ein òg sjå i samanheng med mellom anna arbeidet med ny familievernlov, samt oppfølging av NOU 2026: 8 Samarbeid og informasjonsdeling for å forebygge kriminalitet, som hadde høyringsfrist 1. oktober 2026.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Tverrfagleg vurdering i foreldretvistsaker

Vedtak 1016, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede forslag til hvordan det kan sikres tverrfaglig vurdering i foreldretvistsaker der det er mistanke om eller risiko for vold, seksuelle overgrep eller at barnet på annet vis blir behandlet slik at den fysiske eller psykiske helsa utsettes for skade eller fare.»

Vedtaket vart gjort i samband med at Stortinget handsama Prop. 117 L (2024–2025), jf. Innst. 526 S (2024–2025).

Departementet arbeider med å få på plass ei ny meklingsforskrift, sjå omtale av vedtak 1015 av 11. juni 2025. Vidare utgreiing må ein òg sjå i samanheng med mellom anna arbeidet med ny familievernlov.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Krav til kompetanse for tilsette ved krisesentera

Vedtak 1017, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede behovet for krav til kompetanse for ansatte ved krisesentre, og vurdere hvordan slike krav best kan reguleres og følges opp.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 122 L (2024–2025), jf. Innst. 439 L (2024–2025).

Krisesenterlova gir heimel til å gi forskrift om krav til kompetanse til tilsette ved krisesentera. Departementet sende 14. juni 2024 framlegg til endringar i krisesenterlova på offentleg høyring. I høyringsnotatet bad departementet om høyringsinstansane sitt syn på behovet for ei slik forskrift. Høyringsinstansane var delte i synet på om det bør utarbeidast ei forskrift med krav til kompetanse, og kva for krav til kompetanse ein i så tilfelle bør stille. Nokre høyringsinstansar peikte òg på at det underliggjande problemet er behovet for kvalifiserte tilsette, og at ei forskriftsfesting av krav til kompetanse ikkje vil løyse dette.

Bufdir har på oppdrag frå departementet i 2025 og 2026 gjennomført ei kartlegging av kompetansen blant tilsette ved krisesentera. Departementet vil vurdere saka nærare i lys av både høyringsfråsegna og kartlegginga.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Gratis transport for barn i krisesentertilbodet

Vedtak 1022, 11. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen utrede løsninger for at alle barn på krisesenter får rett til gratis og trygg transport til tilbud som fritidsaktiviteter, skolefritidsordning og barnehage.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 122 L (2024–2025), jf. Innst. 439 L (2024–2025).

Proposisjonen omfattar ein meldingsdel der mellom anna utfordringar med dekking av reiseutgifter er drøfta. Å greie ut gratis og trygg transport for barn til fritidsaktivitetar, skulefritidsordning og barnehage må ein sjå saman med dette, slik at ein ikkje etablerer ulike overlappande løysingar. Departementet er i gang med å greie ut oppmodingsvedtaket. Sjå òg omtale nedanfor om oppfølging av oppmodingsvedtak 615 av 7. mai 2024, om å dekkje reisekostnader til krisesenter.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

Melding til Stortinget om fødselstal

Vedtak 1212, 20. juni 2025

«Stortinget ber regjeringen legge frem en stortingsmelding etter at Fødselstallsutvalgets utredning er levert.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av Prop. 146 S (2024–2025), jf. Innst. 540 S (2024–2025).

Utvalet om fødselstal og velferdsordningar for barnefamiliar leverte NOU 2026: 2 Politikk for nye generasjoner i februar 2026. Utgreiinga har no vore på høyring, og departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

3.3 Stortingssesjon (2023–2024)

Godkjend religiøs tilleggsutdanning

Vedtak 142, 12. desember 2023

«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme forslag om insentiver for å sikre at flere religiøse ledere eller andre nøkkelpersoner i trossamfunn gjennomfører godkjent religiøs tilleggsutdanning i Norge.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om betre førebygging av og meir kunnskap om valdeleg ekstremisme og radikalisering, jf. Dok. 8:246 S (2022–2023) og Innst. 93 S (2023–2024).

Forskingsstiftinga Fafo har gjort eit forskings- og utgreiingsoppdrag om kva som kan bidra til at fleire religiøse leiarar og nøkkelpersonar i trus- og livssynssamfunn tek tilleggsutdanning knytt til rolla som trus- og livssynsleiar i Noreg. I rapporten kjem Fafo med sju tilrådingar. Dei seks fyrste handlar om endringar knytte til kurset Å være religiøs leder i det norske samfunnet, men den sjuande tilrådinga handlar om masterutdanninga Ledelse, etikk og samtalepraksis (LES). Det teologiske Fakultet, UiO (TF), er ansvarleg for både kurstilbodet og masterutdanninga.

Når det gjeld kurset Å være religiøs leder i det norske samfunnet, tilrår Fafo at det frivillige og dialogiske aspektet ved kurset blir oppretthalde og gjort endå meir tydeleg. Vidare tilrår Fafo å stryke formuleringa om at kurset rettar seg mot religiøse leiarar med «utanlandsk bakgrunn» og å tydeleggjere kven målgruppa for kurset er, det vil seie kven som er «religiøse leiarar». Rapporten viser òg til at det er behov for å trekkje meir vekslar på deltakarane som ressursar og ein meir målretta dialog med miljø som ikkje deltek på kurset. Fafo tilrår også at det blir vurdert regionale kurs, eller kortare tolka tilbod for religiøse leiarar som ikkje meistrar norsk. Når det gjeld masterutdanninga, tilrår Fafo at det blir informert betre om studietilbodet, mellom anna at det er mogleg å ta einskilde emne utan å ta heile utdanninga.

TF har ansvar for kurset Å være religiøs leder i det norske samfunnet og LES-masterutdanninga. Kurstilbodet for religiøse leiarar er støtta av departementet, medan mastergraden er ein del av fakultet sitt ordinære studietilbod. Departementet har i dialog med TF vurdert moglege endringar i eksisterande kurstilbod og andre tiltak for å bidra til at fleire leiarar i trus- og livssynssamfunn fullfører tilleggsutdanning.

Departementet ser at det er behov for nokre endringar i kurstilbodet Å være religiøs leder i det norske samfunn. Målgruppa for kurstilbodet er i dag «religiøse ledere av utenlandsk bakgrunn». Avgrensinga fører til at leiarar som kan ha nytte av kurset, oppfattar seg som utanfor målgruppa fordi dei ikkje oppfattar seg som «utanlandske». Å fjerne «utanlandsk bakgrunn» frå omtala av målgruppa for kurset kan bidra til at fleire oppfattar kurset som relevant for seg. Ei endring i målgruppa vil også vere i tråd med regjeringa sin strategi for eit livssynsope samfunn. For at fleire skal kunne delta på kurset, er det også behov for å auke talet på studieplassar. I dag har kvart av dei tre studieemna på kurset inntil 20 plasser. Departementet vil leggje til rette for å kunne auke talet på plassar til inntil 25 per studieemne. For å dekkje inn dei auka kostnadane ved utvidinga, vil departementet også auke tilskotet til kurset. På sikt kan det vere aktuelt å greie ut behovet for å utvide kurstilbodet med regionale samlingar og kurs, men ei slik utviding vil ikkje vere mogleg innanfor eksisterande budsjettrammer. Departementet vil fortsetje dialogen med TF om ei eventuell utviding av kurset.

Når det gjeld masterutdanninga Ledelse, etikk og samtalepraksis, blir denne gjennomført av TF utan særskild støtte eller styring frå BFD. Departementet støttar at det blir vurdert om det i større grad er mogleg å ta opp studentar på einskilde emne, og slik auke rekrutteringa. TF er informert om denne tilrådinga frå FAFO i evalueringa.

Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Reisekostnader til krisesenter

Vedtak 615, 7. mai 2024

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2024 utrede og fremme forslag til tilstrekkelige lovhjemler som sikrer at kostnader knyttet til reiser til og fra krisesenter blir dekket.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar, jf. Prop. 36 S (2023–2024) og Innst. 259 S (2023–2024). Kontroll- og konstitusjonskomitéen har hatt følgjande merknad til saka i innstillinga til Meld. St. 4 (2024–2025):

«Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til omtalen av vedtaket i Meld. St. 4 (2024–2025). Flertallet mener at regjeringen skal følge opp vedtaket ved å utrede og fremme forslag til tilstrekkelige lovhjemler som sikrer at kostnader knyttet til reiser til og fra krisesenter blir dekket i forbindelse med arbeidet med revidert krisesenterlov i løpet av våren 2025. Flertallet mener arbeidet med revidert krisesenterlov skal prioriteres i 2025.»

Arbeidet med krisesenterlova vart prioritert i 2025, og regjeringa la 10. april 2025 fram Prop. 122 L (2024–2025) Endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.) for Stortinget. Proposisjonen omfattar ein meldingsdel der mellom anna utfordringar med den geografiske tilgjengelegheita til krisesentertilbodet blir drøfta. Det er i proposisjonen gjort greie for problemstillingar som må greiast ut før eit eventuelt forslag kan sendast på offentleg høyring. Departementet er i gang med å greie ut oppmodingsvedtaket. Oppfølging av oppmodingsvedtaket må ein vidare sjå i samanheng med oppfølging av vedtak 1022 av 11. juni 2025, slik at det ikkje blir etablert overlappande løysingar for å dekkje kostnader til transport.

Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.

3.4 Stortingssesjon (2021–2022)

Utvide ordninga for gjeldsinformasjon («gjeldsregister»)

Vedtak 620, 31. mai 2022

«Stortinget ber regjeringen utvide Gjeldsregisteret slik at det inneholder alle typer gjeld, både med og uten sikkerhet. Regjeringen må samtidig gjøre grundige utredninger som sikrer personvernet, og vurdere om enkelte typer gjeld av den grunn ikke skal innlemmes.»

Vedtaket vart gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om å ta sosialt ansvar og hjelpe folk med gjeldsproblem gjennom å styrkje og utvide gjeldsregisteret, jf. Dok. 8:203 S (2021–2022), jf. Innst. 361 S (2021–2022).

BFD sende 3. april 2025 eit framlegg om å utvide gjeldsinformasjonsordninga med mellom anna pantegjeld. Høyringsfristen var 3. juli 2025. Ei utviding med fleire former for gjeld ser ut til å auke personvernrisikoen meir enn fyrst lagt til grunn. BFD finn det naudsynt å hente inn meir kunnskap om dette før tiltaket kan setjast i verk. Ordninga med såkalla samtykkebasert innsyn fører til at låneagentar og andre kommersielle verksemder kan hente ut gjeldsopplysningar om den einskilde lånetakar som dei etter lova ikkje skal ha tilgang til. Dette gjer det betenkeleg å utvide ordninga med nye data. Departementet er no i gang med å vurdere om ein kan regulere dette for å sikre at personvernomsyn blir tekne hand om på ein trygg måte. Departementet vil orientere Stortinget om den vidare oppfølginga av vedtaket på eigna vis.