Del 3
Omtale av særlege tema

5 Forsking og utvikling

Departementet treng god kjennskap om utviklinga i eigen sektor og kva for tiltak som verkar for å nå måla til regjeringa. Relevant og oppdatert forsking er naudsynt for å utvikle effektiv og treffsikker politikk. Barne- og familiedepartementet ønskjer å bruke forskingsmidlane på temaa der kunnskapsbehova er størst.

Sektoransvaret til BFD omfattar mellom anna rettane til barn, levekåra for barnefamiliar, barn og unge si deltaking i samfunnet, trygg digital oppvekst, vald og overgrep og barnevernet. Kunnskapsgrunnlaget skal bidra til å gi barn og unge ein best mogleg start på livet og oppvekst, slik at dei, så langt råd er, får like høve til å utvikle seg og delta i samfunnet. Departementet har òg ansvar for forbrukarpolitikken, som må byggje på fakta og gode kunnskapar om situasjonen til forbrukarane. I tillegg har departementet ansvar for lovverk og tilskotsordningar på trus- og livssynsfeltet og gravplass-sektoren. I denne samanhengen er det viktig med kunnskap om kva for rolle religion og livssyn har i eit meir mangfaldig samfunn.

BFD har ein forskingsstrategi for perioden 2022–2026. Ein revidert versjon av strategien vil gjelde frå 2027. Hovudmålet til strategien er at forsking skal bidra til heilskapleg og langsiktig kunnskapsutvikling for utforminga av politikk, tenester og lovverk.

5.1 Forsking og utvikling på familie- og oppvekstfeltet

Barn i fattige familiar

I 2026 sluttfører SSB, i samarbeid med FHI og NIFU, eit fleirårig prosjekt om barn som veks opp i fattigdom. Den siste delen av prosjektet tek for seg konsekvensar av å vekse opp i fattigdom, og kva for tiltak som er mest effektive for å redusere og førebyggje fattigdom blant barn.

Barn i familiar med vedvarande låg inntekt er éin av fleire indikatorar for kor mange barn som veks opp i fattige familiar. I løpet av 2026 skal SSB, på oppdrag frå Bufdir, levere nye indikatorar som kan brukast til å synleggjere fattigdomsutviklinga i Noreg og vurdere effektar av politiske tiltak. Sjå ytterlegare omtale av dei to prosjekta under programkategori 11.10.

Førebygging av utanforskap og marginalisering

Det finst allereie mykje kunnskap om risiko- og vernefaktorar i oppveksten til barn og unge, som betydninga av familietilhøve, skulemiljø, økonomiske ressursar og stabile relasjonar. Samstundes er det mykje kunnskap som ikkje blir delt og brukt i praksis.

Strategien BarnUnge21 er ein kunnskapsstrategi for å få til eit samla kunnskapsløft for utsette barn og unge. Strategien peikar på sju konkrete tilrådingar til korleis ein kan styrkje forskinga for ein meir heilskapleg og kunnskapsbasert oppvekstpolitikk. Samordna oppfølging av forskings- og innovasjonsinnsatsen på tvers av departementa er ei av tilrådingane. Utanforskap har mange samansette årsakssamanhengar, og verkemidla er spreidde mellom fleire departement. Barne- og familiedepartementet har mål om at fleire forskingsprosjekt utforskar større og meir tverrgåande problemstillingar. Etatssamarbeidet under Kjernegruppa for utsette barn og unge (KUBU) har fått eit felles oppdrag om å vurdere og utvikle fagleg støtte til ansvaret kommunane har for det breie førebyggjande arbeidet. Oppdraget skal ferdigstillast i 2027. I 2026 leverte etatssamarbeidet fleire rapportar, som supplerer kunnskapsgrunnlaget levert i 2024. Sjå ytterlegare omtale av prosjekt under programkategori 11.10.

Samfunnsoppdraget for inkludering av barn og unge

Måla og prioriteringane til regjeringa på forskingsområdet er omtala i Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032. Langtidsplanen peikar ut tillit og fellesskap som ei av dei sentrale prioriteringane for å møte viktige samfunnsutfordringar. Langtidsplanen lanserte i denne samanhengen etableringa av det målretta samfunnsoppdraget for inkludering av barn og unge. Samfunnsoppdraget skal mellom anna jobbe for å styrkje kunnskapen om kvifor barn og unge fell utanfor, og korleis ein kan innrette tenester og tiltak for betre inkludering i samfunnet. Samfunnsoppdraget skal òg setje i system korleis ein kan dele og ta i bruk kunnskapen frå forskingsmiljøa, høgare utdanning og tenestene som møter barn og unge.

Samfunnsoppdraget Ingen barn og unge utanfor! vart etablert i 2025 og vidareutvikla i 2026. Arbeidet i 2026 har vore konsentrert om å få oversikt over kva som allereie finst av kunnskap gjennom mellom anna ein gjennomgang av eksisterande kunnskapsgrunnlag. Forskings- og innovasjonssatsinga i Noregs forskingsråd om utsette barn og unge blir gjort i tett samanheng med samfunnsoppdraget for inkludering av barn og unge. I 2026 vart det lyst ut 156 mill. kroner til forskingsprosjekt for å få meir praksisnær kunnskap om barn si deltaking i samfunnet. Dei viktigaste oppgåvene framover vil vere å samle eksisterande kunnskapsgrunnlag, lage system for å utveksle lærdommar på tvers av aktørar og prioritere tiltak som er eigna for vidareutvikling.

Regjeringa si satsing på samfunnsoppdraget er eit samarbeid mellom Barne- og familiedepartementet, som har eit koordinerande ansvar, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet, med støtte frå Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet.

Foreldrekonfliktar – mekling og foreldretvistar for domstolane

Departementet treng meir kunnskap om kva foreldre som ikkje bur saman har konfliktar om, både ved mekling i familievernet og i foreldretvistar for domstolen. Modernisering av sakshandsamingssystemet FADO i familievernet som er starta i 2026 vil gi betre statistikk for familievernet. Dette vil gi eit betre grunnlag for forsking.

Bufdir har sektoransvaret for kunnskapsutviklinga på familievernområdet og eit sektorovergripande ansvar for forsking på oppvekstfeltet. Familieverntenesta har ei viktig førebyggjande rolle gjennom hjelp til familiar og par i krevjande situasjonar. I 2025 vart det gjennomført ei rekkje relevante forskingsprosjekt for å utvikle kvaliteten i tenester til støtte for barn, unge og familiar, mellom anna i regi av Universitetet i Oslo, FamilieForsk ved Folkehelseinstituttet og NOVA.

Departementet arbeider òg med å få meir kunnskap om kjenneteikn ved foreldretvistar som blir handsama av domstolane. Departementet vil sjå dette arbeidet i samanheng med oppfølginga av oppmodingsvedtak nr. 516 frå 18. mars 2025 om å undersøkje korleis domstolane handsamar foreldretvistsaker om vald.

Ny barnelov er vedteken, men har ikkje teke til å gjelde. Bufdir har på oppdrag frå departementet lyst ut forskingsoppdrag om å evaluere den nye lova. Målsetjinga er å få kunnskap om effekten av lova, og korleis ho verker på omfang og graden av konflikt mellom foreldre som ikkje bur saman. Resultata vil gi kunnskap til bruk i departementet, Bufdir, familieverntenesta og domstolane. Sjå nærare omtale av ny barnelov under programkategori 11.10.

Førebygging av vald og overgrep i nære relasjonar

Prop. 36 S (2023–2024) Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) – Trygghet for alle, peikar på at det manglar kunnskap om temaet vald og overgrep i nære relasjonar, og at vidare kunnskapsutvikling er viktig. Eit større forskingsoppdrag med føremål om å utvikle likeverdige og verksame tiltak mot vald og diskriminering mot fleire grupper i samfunnet vart avslutta våren 2026. Forskingsrådet har i 2026 vidare tildelt midlar til samarbeidsprosjekt for å førebyggje og motverke vald i nære relasjonar. Relevante forskingstema er samanhengen mellom vald og overgrep i oppveksten og seinare kriminalitet, og samarbeid mellom etatar/sektorar for å førebyggje og avdekkje vald i nære relasjonar.

Trygg oppvekst i eit digitalt samfunn

I Meld. St. 32 (2024–2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn blir behovet for meir kunnskap om barn og deira digitale miljø understreka. Regjeringa prioriterer høgt at barn skal vere trygge på nett, og tiltak som reduserer risiko for skadeverknader. Det finst mykje forsking om effektar på individ, òg barn og unge, av ulike aspekt ved den digitale utviklinga. Til dømes oppsummerte Skjermbrukutvalet i NOU 2024: 20 kunnskapsgrunnlaget om korleis skjermbruk i barnehage, skule og fritid påverkar barn og unge.1 Sjølv om det finst mykje forsking om samanheng på individuelle utfall, finst det mindre forsking om verknad på samfunnsnivå. Dette blir støtta av FHI, som i 2026 utførte eit litteratursøk om kva som finst av forsking om dei samfunnsmessige konsekvensane av at barn og unge veks opp i eit gjennomgripande digitalisert samfunn. Oppsummeringa viser at det er mykje forsking på utfall som gjeld psykisk helse og læring, men at utfall som gjeld tillit til informasjon, samfunnsengasjement og strukturelle endringar i samfunnet i mykje mindre grad er undersøkte. Det manglar òg studiar om korleis digitaliseringa endrar rekruttering til kriminalitet og kva for verknad det har på barne- og ungdomskriminalitet. Departementa treng meir kunnskap om korleis strukturelle og teknologiske endringar formar barndommen og familielivet, levekår og utvikling og korleis det verker på utdanning, arbeidsliv og samfunnet på lengre sikt. Vidare treng vi betre forståing av korleis nye former for samhandling påverkar tilhøyrsle, fellesskap og sosial integrasjon.

Noreg deltek i EU Kids Online-undersøkinga om barn sine moglegheiter, risiko og tryggleik på internett. Målet med undersøkinga er å auke kunnskapen om barn og foreldre sin bruk av internett og ny teknologi. Noreg deltek òg i førebuinga av eit forskingsprosjektet Growing up in Digital Europe (GUIDE), som er ein felleseuropeisk forskingsinfrastruktur om oppvekstvilkåra til barn og unge. GUIDE følgjer fleire kohortar med barn og deira familiar over fleire år, noko som gir moglegheiter for å sjå endringar og utvikling over tid.

5.2 Forsking og utvikling om barnevern og barne- og ungdomskriminalitet

Både Barnevernsutvalet, NOU 2023: 7, og Barnevernsinstitusjonsutvalet, NOU 2023: 24, har peikt på kunnskapshòl på barnevernsområdet. Det er mellom anna peikt på behov for betre kunnskap om tilgjengelege tiltak, verknader av tiltak og oppstart av tiltak i sektoren.

På barnevernsområdet er det definert tre tematiske satsingsområde for kunnskapsutvikling ut stortingsperioden. Føremålet er å fokusere innsatsen på nokre prioriterte område med særleg behov for utvikling. Dei tre er institusjonsbarnevernet, organiseringa av kommunalt barnevern og effektforsking, statistikk og datagrunnlag. På oppdrag frå Bufdir er det sett i gang forsking om bruk av plassering som eit frivillig hjelpetiltak, kunnskap om korleis reformendringar påverkar tilbodet til barn og unge, og erfaringar og konsekvensar for barn som har opplevd ei omsorgsovertaking. Noregs forskingsråd har tildelt midlar til Universitetet i Bergen for eit prosjekt som samanliknar barnevernssystem på tvers av land, og OsloMet skal bruke registerdata for å studere utfall og effekt av tiltak for barn som får tiltak frå barnevernet. Det er òg oppretta eit forskingssenter (PATHWAYS – Forskningssenter for barn og unges institusjonelle spor) om barn og unge sine rørsler inn i, mellom og ut av institusjonar og tenester som barnevern, tenester for barn og unge med nedsett funksjonsevne, helsetenester for barn og unge, kriminalomsorga og Nav. Dette er eit samarbeid mellom VID vitskaplege høgskole, KRUS, NORCE, NTNU og HIOF, som mottek støtte frå Noregs Forskingsråd.

Bufdir styrkjer FoU-innsatsen på barnevernsområdet gjennom etableringa av barnevernsbarometeret, systematiske brukarundersøkingar i barnevernet og eit forskingsprogram om barnevern. Barnevernsbarometeret er ei undersøking retta mot leiarar og tilsette i sektoren. Barometeret skal gi høve til å studere utviklingstrekk over tid, og er elles eit viktig tiltak for å redusere talet på spørjeundersøkingar frå direktoratet, for på den måten å minske belastinga på tenestene. Nye og jamlege brukarundersøkingar i barnevernet er eit sentralt tiltak for å styrkje kunnskapen om korleis barn, unge, foreldre og fosterforeldre opplever barnevernet. Å få fram brukarrøyster i barnevernet er viktig både fagleg, rettsleg og kvalitetsmessig. Undersøkingane skal gi kunnskap om korleis tenestemottakarar opplever tilbodet dei får. Første undersøking er planlagd hausten 2026.

Forskingsprogrammet om barnevern skal gi ei langsiktig ramme for heilskapleg utvikling av kunnskap på barnevernsområdet. Eit rådgivande forskarpanel med representantar frå universitets- og høgskulesektoren og instituttsektoren er knytt til programmet. Programmet skal i fyrste omgang gå over perioden 2026–2031.

Barnevernet har ei viktig rolle i å verne om tryggleiken til barn og unge og for at utsette barn og unge får naudsynt oppfølging. Ei prioritert oppgåve for Kjernegruppa for utsette barn og unge (KUBU) er å koordinere innsatsen til departementa for å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet. I 2026 er det etablert eit forskingsprogram om barne- og ungdomskriminalitet. Føremålet er å sikre meir heilskapleg og oppdatert kunnskap om omfang og årsaker til slik kriminalitet, og kva verkemiddel som er effektive i førebygginga. Bufdir og Udir har òg sett i gang ei følgjeevaluering av tilskota til éin-til-éin-oppfølging og beredskapsteam for å lære av erfaringane til kommunane og vidareutvikle tiltaka.

5.3 Forsking og utvikling i forbrukarsektoren

BFD har eit ansvar for forsking og utvikling i forbrukarsektoren. Målet er å ha oppdatert kunnskap om utfordringane norske forbrukarar møter, som eit grunnlag for utforminga av forbrukarpolitikken.

Forskingsmidlane BFD har til forbrukarsektoren, går i hovudsak til Forbruksforskingsinstituttet SIFO (SIFO) ved OsloMet. SIFO er ein sentral kunnskapsleverandør på forbrukarområdet. Gjennom 2025 og 2026 har SIFO utført fleire oppdrag for BFD for å styrkje kunnskapsgrunnlaget om aktuelle forbrukarpolitiske område. Det gjeld tema som den økonomiske situasjonen til forbrukarane, den digitale kvardagen til forbrukarane og berekraftig forbruk. Referansebudsjettet er eit årleg oppdrag SIFO får av BFD. Det gir eit mål på økonomiske levekår basert på forbruk, og blir brukt av både offentleg og privat sektor til økonomisk rådgiving for å rekne ut alminnelege levekostnader. Budsjettet er òg grunnlaget for å fastsetje barnebidrag og kostnader knytte til å halde ved lag eit definert forbruks- og levekårsnivå for ulike hushaldssamansetjingar. Referansebudsjettet vart oppdatert i både 2025 og i 2026. Det vil òg vere viktig å vidareutvikle det i 2027.

SIFO vil òg i 2027 få midlar til forsking om tema som er aktuelle for forbrukarpolitikken. BFD hentar òg inn kunnskap om forbruk og forbrukarutfordringar frå andre kjelder, som Forbrukarrådet, Forbrukartilsynet og EU-kommisjonen. Departementet lyser òg ut enkeltoppdrag ved behov.

5.4 Forsking og utvikling på trus- og livssynsfeltet

I juni 2025 la departementet fram ein strategi for det livssynsopne samfunn, sjå òg omtale under programkategori 11.50. Strategien inneheld fleire forskings- og utviklingstiltak på trus- og livssynsfeltet, mellom anna knytt til trus- og livssynsdialogen, utdanning av religiøse leiarar og trus- og livssynssamfunna som del av forsking på sivilsamfunn og frivilligheit.

I takt med samfunnsutviklinga med større mangfald på gravplassane, endra forventingar frå innbyggjarane, auken i kremasjonsprosenten og befolkningsframskrivingar av auke i dødstala dei neste tiåra, er det viktig å ha kunnskap om korleis gravplassane blir drifta og forvalta. Dette mellom anna som grunnlag for å lage eit tenleg regelverk og digitale tenester.

5.5 Rolla til Forskingsrådet

Noregs forskingsråd er eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Den samla måloppnåinga for verksemda og økonomisituasjonen i Forskingsrådet er omtalt i budsjettproposisjonen frå Kunnskapsdepartementet for 2027.

Forskingsrådet er òg ein viktig samarbeidspartnar for departementet i arbeidet med å styrkje kunnskapsgrunnlaget på områda til departementet. Dei siste åra har løyvinga til Forskingsrådet frå Barne- og familiedepartementet auka. Forskingsrådet hadde òg ei sentral rolle i arbeid med BarnUnge21-strategien, og er viktig for gjennomføringa av samfunnsoppdraget om inkludering av barn og unge.

Det sektorpolitiske området til departementet blir òg styrkt gjennom andre utlysingar i Forskingsrådet. I 2026 har Forskingsrådet prioritert samfunnsoppdraget Ingen barn og unge utanfor! Rådet har lyst ut midlar til forsking om sentrale utfordringar for arbeidsliv og utdanning, barn og unge og rolla til kultur i samfunnsutviklinga. Målet er å styrkje kunnskapsgrunnlaget for politikk- og praksisutvikling i ei tid prega av store omstillingar, i tillegg til nye kompetansebehov og krav til inkludering, verdiskaping og berekraft. I 2026 lyste Forskingsrådet ut om lag 630 mill. kronar til forskingsprosjekt som er relevante for barn og unge si deltaking i samfunnsliv.

6 Oppfølging av krava i likestillings- og diskrimineringslova om å gjere greie for likestilling

Barne- og familiedepartementet (BFD) har ansvar for ei rekkje område som er viktige for likestilling. Desse områda omfattar mellom anna stønadsordningar til barnefamiliar og tiltak for å fremje deltaking og inkludering for alle barn og unge. Departementet forvaltar òg lovverk som påverkar likestillinga. Dette gjeld mellom anna barnelova, ekteskapslova og krisesenterlova. Arbeidet mot vald i nære relasjonar er òg ein viktig del av innsatsen for å fremje likestilling.

Departementet ser det som viktig at likestillingspolitikken i størst mogleg grad blir gjennomført innanfor den einskilde sektoren, i ordinære system og i ordinære tiltak. Denne politikken følgjer òg av internasjonale føringar som Noreg har slutta seg til. Målet er å fremje likestilling og likeverdige offentlege tenester på alle område departementet har ansvar for.

Arbeidet departementet gjer for å fremje likestilling og hindre diskriminering som offentleg styresmakt, blir mellom anna følgt opp i nasjonale handlingsplanar og strategiar på dei fagfelta departementet har ansvar for. Både departementet og Bufdir arbeider med å få betre kunnskap om likestilling og ikkje-diskriminering på fagområda sine gjennom FoU-oppdrag, statistikkutvikling og undersøkingar blant organisasjonar, kommunar og brukarar av tenestene på områda.

Bufdir har på oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet òg eit sektorovergripande ansvar for oppfølging av aktivitets- og utgreiingsplikta på likestillingsområdet, og skal vere ein rollemodell for alle arbeidsgivarar og offentlege styresmakter på aktivt likestillingsarbeid.

Arbeidet til Barne- og familiedepartementet for å fremje likestilling både som arbeidsgivar og som styresmakt vil halde fram i 2027.

6.1 Familie- og oppvekstområdet

Regjeringa la i juni 2025 fram Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn. Meldinga peikar ut vidare retning for å redusere sosiale skilnader og bidra til like høve for barn og unge, uavhengig av familiebakgrunn.

Ny barnelov, som er vedteke, men som ikkje har teke til å gjelde, inneber fleire tiltak som skal bidra til at foreldra får eit meir likestilt utgangspunkt når dei ved samlivsbrot skal inngå avtale om korleis dei framover skal organisere familielivet med barna. Sjå nærare omtale av ny barnelov under programkategori 11.10.

Vald i nære relasjonar og valdtekt er alvorlege samfunnsproblem. Lovbrota er òg eit stort likestillingsproblem. Både kvinner og menn kan bli utsette for vald i nære relasjonar, men langt fleire kvinner enn menn er utsette for alvorleg vald frå partnaren. Seksuelle overgrep råkar særleg kvinner og jenter. Tal frå krisesenterstatistikken viser at det i hovudsak er kvinner og barn som bur på krisesentera. I 2025 budde 2 278 vaksne på krisesentera. Av dei var 226 menn. I tillegg budde det 1 531 barn på sentera. 65 prosent av bebuarane hadde innvandrarbakgrunn.

Stortinget vedtok endringar i krisesenterlova 16. juni 2025, jf. Prop. 122 L (2024–2025) og Innst. 439 L (2024–2025). I samband med ikraftsetjinga, har Bufdir utarbeidd eit nytt rundskriv til krisesenterlova. I 2026 har Bufdir revidert den faglege rettleiinga for innhaldet i krisesentertilbodet. Departementet vil i 2027 halde fram med arbeidet med å vidareutvikle krisesentertilbodet.

Ein del krisesenter manglar universell utforming og tilpassing til personar med funksjonsnedsetjing. Det er òg eit mangelfullt krisesentertilbod til valdsutsette personar i aktiv rus og med alvorleg psykiske lidingar. Endringane i krisesenterlova inneber mellom anna ei tydeleggjering av kommunane sitt ansvar for å sørgje for likeverdige alternative butilbod for brukarar som ikkje kan bruke det vanlege tilbodet. Vidare inneber endringane òg ei lovfesting av dei særskilde rettane til den samiske befolkninga.

Bufdir forvaltar eit tilskot til utviklingsprosjekt for å styrkje krisesentertilbodet til særleg utsette grupper. Dette tilskotet kan kommunane søkje på. Alle som renoverer eller byggjer nye senter, skal dessutan sørgje for at sentera er utforma slik at dei er tilgjengelege for alle. Regjeringa etablerte ei ny tilskotsordning i 2025 for å stimulere kommunar til å oppgradere, fornye eller utvide krisesentera sine. Målet med tilskotsordninga er at fleire krisesenter har bygg som er eigna til føremålet. Åtte kommunar fekk støtte i 2025, og ordninga er ført vidare i 2026. Tilskotsordninga blir òg føreslått ført vidare i 2027.

Nasjonalt samisk kompetansesenter (NASAK) har som føremål å styrkje kvaliteten på tilbodet for samiske barn, vaksne og familiar i kommunalt og statleg barnevern, familievernet og krisesentera. NASAK har ansvar for opplæring og rettleiing av desse tenestene og skal bidra til å utveksle kunnskap og faglege føringar for praksis. Ei følgjeevaluering av NASAK som Nordlandsforskning har gjort viser at senteret på kort tid har etablert seg som eit operativt fagmiljø med eit breitt spekter av aktivitetar.2

Regjeringa vil i 2027 føre vidare arbeidet med å følgje opp opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar (2024–2028). Vidare vil regjeringa hausten 2026 starte arbeidet med ein ny handlingsplan for å førebyggje valdtekt.

Stortinget handsama Meld. St. 32 (2024–2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn våren 2026. Meldinga syner at gutar og jenter brukar digitale einingar, sosiale medium og dataspel ulikt og blir råka ulikt av risikoane på nett. Til dømes spelar jenter mindre dataspel enn gutar, og er samstundes meir utsette for nokre former for risiko på nett, som kjønna hets og digitale overgrep. Marknadsføring og innhald som fremjar usunne kroppsideal, påverkar mange barn og unge. Regjeringa vil føre ein heilskapleg politikk for ein trygg digital oppvekst, som mellom anna adresserer utfordringar kring at gutar og jenter deltek på ulike vis og opplever ulik risiko på nett.

6.2 Barnevernsområdet

Barn og unge i Noreg som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, skal få hjelp og støtte uavhengig av faktorar som kjønn, religion, landbakgrunn og opphaldsstatus, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk og kvar i landet dei bur.

Tal frå barnevernsstatistikken til Statistisk sentralbyrå for 2025 viser at det var fleire gutar enn jenter som fekk tiltak frå barnevernet. Gjennom heile 2025 var det rundt 53 prosent gutar og 47 prosent jenter som fekk barnevernstiltak. Kjønnsfordelinga har vore stabil dei siste åra.

For tiltak utanfor foreldreheimen har gutar eit prosentpoeng høgare del enn jenter. Gutar har oftare tiltak om fosterheim utanom familie og nære nettverk enn jenter. For tiltak i foreldreheimen har gutar eit til to høgare prosentpoeng for MST, andre heimebaserte tiltak, økonomisk hjelp og deltaking i ansvarsgruppe/samarbeidsteam.

Blant dei tilsette i det kommunale barnevernet er fleirtalet kvinner. Delen menn har i perioden frå 2008 til 2025 vore om lag ein fjerdedel. Delen tilsette i barnevernet med innvandrarbakgrunn har auka jamt dei siste åra, frå like under 7 prosent i 2015 til like over 12 prosent i 2025. Endringa dei tre siste åra har vore lita. Blant tilsette i barnevernet med innvandrarbakgrunn i 2025 var like over 47 prosent menn. Det er ein lik del frå året føre.3

I utviklinga av barnevernstiltaka tek departementet og Bufdir omsyn til tilrettelegging for gutar og jenter der det er behov for det. For barnevernsinstitusjonane gjeld dette til dømes i arbeidet med internkontroll, kvalitetsarbeid og utviklinga av behandlingsmetodar.

Bufdir har fleire tiltak som skal medverke til meir likeverdige barnevernstenester, mellom anna ei vidareutdanning og eit opplæringsprogram om minoritetar. Sistnemnde skal bli erstatta av eit breiare etterutdanningstilbod om mangfaldskompetanse som skal gi forståing og gode strategiar for mangfaldige utfordringar og behov. Gjennom fleire år har direktoratet òg jobba målretta for at barn i barnevernet skal få naudsynt helsehjelp når dei treng det. Denne innsatsen er viktig for å sikre rettane til barn og unge med fysiske eller psykiske funksjonsnedsetjingar. I tillegg til helsesatsinga vurderer Bufdir at det i åra framover kan vere behov for meir kompetanse i barnevernet om ulike former for funksjonsnedsetjingar. For å bidra til styrkt kompetanse om kjønns- og seksualitetsmangfald i barnevernet finansierer Bufdir mellom anna prosjektet Rosa kompetanse barnevern. Dette er kurs for tilsette i alle delar av barnevernet og for studentar. Kursa tek opp tema som normer, kjønn, seksualitet, identitet, minoritetsstress, samansett diskriminering og inkluderande praksis. Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å utarbeide forslag til tiltak for å rekruttere fleire menn i barnevernet, og for å auke delen tilsette med minoritetsbakgrunn. Dette gjeld både på kommunalt nivå og i barnevernsinstitusjonane. På oppdrag frå departementet leverte Bufdir i 2024 ein gjennomgang av ordninga med brubyggjarar/linkarbeidarar. Tilrådinga var ikkje å innføre ei ordning med sertifisering. Det vart i staden peikt på behov for meir kunnskap om arbeidet til barnevernet med etniske minoritetar, i tillegg til at ein må utarbeide råd om anskaffingane barnevernstenestene gjer av brubyggjarar. Når det gjeld kunnskap om arbeidet til barnevernet med barn og unge utsette for vald, vart det i 2025 lyst ut eit todelt forskingsprosjekt på 10 mill. kroner. Den eine delen ser på barnevernet sitt arbeid med æresrelatert vold. Den andre delen ser på vold og høy konflikt etter samlivsbrudd der barnevernets arbeid også inngår. Det er fleire tiltak for kompetanseheving i ny Handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vold og dessutan i Strategi mot menneskehandel, som begge vart lanserte i mai 2025.

6.3 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

Lov om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova) gjeld for både Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn. Lova slår fast at alle registrerte trus- og livssynssamfunn skal få økonomisk støtte frå staten som om lag summerer seg til ein lik sum per medlem. Lova tydeleggjer òg grunnlaget for i nokre tilfelle å kunne nekte eller trekkje tilbake tilskot. Brot på lovfesta diskrimineringsforbod er eit slikt grunnlag. Det same gjeld om trus- eller livssynssamfunn oppmodar til, eller gir støtte til, brot på diskrimineringsforbod. Om eit trus- eller livssynssamfunn gjer skilnad på til dømes homofile eller kvinner og det er grunngitt i den teologiske forankringa eller religiøse læra til trussamfunnet, kan det likevel vere lovleg, jf. likestillings- og diskrimineringslova § 9. Sjå nedanfor om krav til rapportering om slik praksis.

Frå 1. januar 2026 må trus- og livssynssamfunna stadfeste at dei vil arbeide for å oppnå minst 40 prosent kvinner og 40 prosent menn i styrande organ som forvaltar statstilskotet, når dei krev tilskot. Dette er ikkje eit krav om faktisk samansetjing, men eit krav om aktivitet. Stillingar og verv som fyller vilkåra for å lovleg gjere skilnad på grunn av kjønn, er ikkje omfatta av aktivitetskravet. Samfunna får vidare ei plikt til å greie ut om tilstand og tiltak i årsrapporten. Kravet er òg gjort gjeldande for Den norske kyrkja.

Alle registrerte trus- og livssynssamfunn må sende ein årleg rapport om verksemda til statsforvaltaren. Trus- og livssynssamfunna skal mellom anna gjere greie for den faktiske tilstanden når det gjeld kjønnslikestilling i samfunnet, og for eventuelle tiltak dei har sett i verk og planlegg å setje i verk for å fremje kjønnslikestilling. Samfunna skal òg gjere greie for avgrensingar dei har eller praktiserer når det gjeld tilgang til eigne aktivitetar, styrande organ, verv eller stillingar som har samanheng med eitt eller fleire diskrimineringsgrunnlag, og for eventuelle segregerte aktivitetar eller tilbod i samfunnet.

Departementet har henta inn ei oversikt frå Statsforvaltaren sine fellestenester som viser kva dei 745 trus- og livssynssamfunna som har sendt inn årsrapport per 7. juli 2026, har svart om likestilling og segregerte tilbod og aktivitetar. Det store fleirtalet av samfunna har styremedlemmer av begge kjønn. 659 samfunn, 88 prosent av samfunna, har svart at dei har ei eller fleire kvinner i styret. Fem av samfunna har berre kvinner i styret. Kvinnedelen i styra sett under eitt er på 38 prosent, og den gjennomsnittlege delen kvinner i styra er 36 prosent.

Blant dei 392 kristne trussamfunna har 349 samfunn (89 prosent) minst ei kvinne i styret. I kristne trussamfunn er den gjennomsnittlege delen kvinner i styret 38 prosent. Også blant dei muslimske trussamfunna har dei fleste ei eller fleire kvinner i styret. 85 prosent av dei 278 muslimske samfunna har etter det dei har opplyst, minst ei kvinne i styret. Den gjennomsnittlege kvinnedelen i styra er 30 prosent i muslimske trussamfunn.

Hos dei 25 buddhistiske trussamfunna, der alle unntatt fire samfunn har både kvinner og menn i styret, er den samla kvinnedelen vesentleg større enn hos dei kristne og muslimske samfunna: I alt er 64 prosent av styremedlemmene i dei buddhistiske samfunna kvinner.

Meir enn 60 prosent av trus- og livssynssamfunna (476 av 745 samfunn) har svart at dei har sett i gang tiltak eller planlegg tiltak for å fremje likestilling mellom kjønna i samfunnet. Blant dei kristne trussamfunna har 53 prosent (209 av 392 samfunn) svart ja på spørsmålet. Blant dei muslimske trussamfunna har 82 prosent (228 av 278 samfunn) svart ja. 10 av dei 25 buddhistiske trussamfunna har også svart at dei har sett i gang tiltak eller planlegg tiltak for å fremje likestilling mellom kjønna i samfunnet. Det same har tre av dei fire registrerte livssynssamfunna.

Aktivitetskravet nemnt over hadde ikkje teke til å gjelde i 2025. Likevel har nær halvparten av samfunna (356 av 745) opplyst at dei starta eller planla tiltak for å oppnå minst 40 prosent kvinner og 40 prosent menn i styrande organ som forvaltar statstilskotet. Av desse er 152 kristne og 186 muslimske.

Av dei 745 trus- og livssynssamfunna har 194 (26 prosent) svart at dei har aktivitetar der kvinner og menn eller jenter og gutar må opphalde seg kvar for seg, eller tilbod som berre er retta mot ei befolkningsgruppe eller eitt kjønn. 63 av dei 194 samfunna er kristne, og 127 er muslimske.

Den norske kyrkja arbeider systematisk for å fremje likestilling og hindre diskriminering når det gjeld kjønn, funksjonsevne, etnisitet og seksuell orientering. Dette blir synleggjort mellom anna gjennom ei mangfaldserklæring, oppretting av eit råd for personar med funksjonsnedsetjingar og eit LHBT-utval. Likestilling får òg vekt ved rekruttering og lønning av medarbeidarar.

Av 12 biskopar var fem kvinner per juli 2026. Delen kvinnelege prostar og biskopar (geistlege leiarstillingar) var i 2025 på 39 prosent, ein oppgang på 2,7 prosentpoeng frå 2024. På bispedømmekontora og i sekretariatet til Kyrkjerådet var 32,5 prosent av leiarane kvinner, ein nedgang på 7,5 prosentpoeng frå 2024. 60,8 prosent av dei andre tilsette på bispedømmekontora og i sekretariatet til Kyrkjerådet er kvinner. I 2024 var delen 62,7 prosent. Blant faste medlemmer i det valde Kyrkjerådet (2024–2028) er det sju kvinner og ti menn. Både leiaren og nestleiaren er menn.

Ser vi på prestetenesta åleine, viser tala at det framleis er flest menn som har desse stillingane. Kvinnedelen blant prestane har auka jamt dei siste 25 åra, og halde seg nokså stabilt, men med ein liten auke frå 42 prosent i 2024 til 42,3 prosent i 2025. Når det gjeld likelønn, tente kvinnelege prestar i 2025 98,7 prosent av det mennene tente. I 2024 var tilsvarande tal 97,5 prosent. Kvinnelege biskopar tente i 2025 99,8 prosent av det mennene tente, mot 98,7 prosent i 2024.

6.4 Forbrukarområdet

Kjønnsstereotyp marknadsføring kan skape urealistiske ideal og skadelege forventingar til utsjånad, interesser og åtferd – både hos gutar og jenter, kvinner og menn. Slik påverknad kan avgrense livsutfalding og valfridom, både som forbrukarar og samfunnsborgarar.

Barn og unge blir utsette for kjønnsdelt marknadsføring, mellom anna i reklame for leiketøy og spel. Forsking viser at målretta reklame og innhald i sosiale medium kan vere ein viktig grunn til at barn og unge opplever kroppspress og utviklar skadelege kroppsideal.4

I 2022 vart det innført eit krav om at all reklame der kropp eller hud er endra ved retusjering eller anna manipulering skal merkast. Marknadsføring som medverkar til kroppspress, er forbode etter kravet om god marknadsføringsskikk overfor barn.

Merkjeplikta har ein likestillingsdimensjon, sidan jenter oftare enn gutar kjenner på kroppspress, og ved at retusjert reklame i større grad er retta mot jenter enn mot gutar.5

Merkjeplikta har blitt kritisert fordi ho omfattar endringar som ofte blir gjorde i vanleg foto- og bilethandsaming. Etter at merkjeplikta tok til å gjelde, har òg KI-genererte bilete blitt vanlege. Slike bilete er ikkje omfatta av merkjeplikta, men kan likevel medverke til kroppspress og skadelege kroppsideal. Det er i tillegg i gang evalueringar og regelverksutvikling om merking av KI-generert innhald generelt, som på sikt kan få noko å seie for merkjeplikta.

Forbruksforskingsinstituttet SIFO har i 2025 evaluert effekten av merkeplikta på oppdrag frå BFD.6 Alle som deltok i undersøkinga; bransjeinformantar, representantar for barne- og forbrukarorganisasjonar og fokusgrupper med unge i alderen 13–18 år støtta tiltaket, samstundes som dei alle hadde ulike forslag til forbetringar av ordninga. Resultata i denne rapporten er relevante i vurderinga av det noverande regelverket, og for nye problemstillingar som blir skapte av framveksten av KI-genererte bilete i reklame.

6.5 Status i departementet og dei underliggjande verksemdene for 2025

Barne- og familiedepartementet

Tabell 6.1 Barne- og familiedepartementet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2025. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Kvinner (%)

Menn (%)

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn2

Totalt i verksemda1

66

34

150

142,9

102

Toppleiing (dep.råd., kom.sjef og e.sjef)

67

33

6

6,0

106

Mellomleiing m/personalansvar (avdelingsdirektørar, kontorsjef, kontorleiar)

80

20

15

14,8

94

Rådgivar nivå 1 (spes.råd.fagdir., fagrådgiv. mv.)

57

43

37

36,2

101

Rådgivar nivå 2 (seniorrådgivar)1

68

32

65

58,1

102

Rådgivar nivå 3 (rådg. fyrstekons.)

70

30

20

19,0

103

Administrasjon (fyrstekonsulent, seniorkonsulent, rådg.)

56

44

9

8,8

102

1 Utan tilsette i ulønt permisjon 3 år eller meir. For avdelingsdirektørar i gruppa mellomleiing utgjer kvinner si løn 101 prosent av menn si lønn.

2 Kvinner i prosent av menn si lønn

Tabell 6.2 Barne- og familiedepartementet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2025. Prosent.

Deltid1

Mellombels tilsette1

Foreldreperm2

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

2,0

6,3

10,5

7,8

3,2

6,2

1,4

4,0

1 BFD har ikkje deltidsstillingar. Talet er tilsette som har søkt om deltid i sine 100 prosent stillingar. Delen innanfor kvart kjønn gjeld «Deltid» «Mellombels tilsette» og «Foreldrepermisjon».

2 Gjennomsnittstal på veker innanfor kvart kjønn: kvinner 29, menn 11

Barne- og familiedepartementet legg vekt på å vere ein likestilt og inkluderande organisasjon. Departementet har oppretta ei partssamansett arbeidsgruppe som kartlegg, analyserer og føreslår tiltak for å fremje likestilling og motverke diskriminering.

Det blir arbeidd for å rekruttere fleire kvalifiserte søkjarar med nedsett funksjonsevne og minoritetsbakgrunn. Dei siste åra har delen søkjarar med oppgitt innvandrarbakgrunn vore stabil mellom 10 og 12 prosent. Frå 2024 til 2025 auka delen frå 11 til 13 prosent. Delen søkjarar som har oppgitt nedsett funksjonsevne, har gått ned frå 3,5 til 3 prosent. I 2025 hadde verksemda ein trainee gjennom traineeprogrammet i staten, og vil etter planen rekruttere ein ny trainee i 2026. Programmet gir personar med nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en relevant arbeidserfaring. Ordninga har vore brukt over fleire år.

Det er arbeidd målretta for betre kjønnsbalanse og for å rekruttere fleire menn, då det har vore eit fleirtal kvinner tilsette. Delen mannlege tilsette er uendra frå i fjor, medan talet på mannlege søkjarar har auka med 9 prosentpoeng. Det er ikkje avdekt lønnsskilnader som kan knytast til kjønn.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

Tabell 6.3 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2025. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

28

72

500

432

96

Direktørar, avdelingsdirektørar, fagdirektørar

29

71

49

48

92

Seniorrådgivarar, spesialrådgivarar, rådgivarar, prosjektleiarar

26

74

419

365

94

Konsulent, fyrste- og seniorkonsulentar

44

56

32

19

102

1 Kvinner i prosent av menn si lønn

Tabell 6.4 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2025. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette1

Foreldrepermisjon2

Legemeldt sjukefråvær3

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0,7

2,8

4,3

7,2

0,5

3,94

5

3,1

1 Av alle tilsette.

2 Både lønt og ulønt fråvær ved foreldrepermisjon, men få i utvalet.

3 Sjukefråværet er utan feriekorrigering, og gjeld alle tilsette gjennom året.

Ved inngangen til 2026 hadde Bufdir 500 tilsette, der kvinner utgjorde om lag 72 prosent. Fordelinga mellom kvinner og menn varierer mellom stillingskodane. Skilnaden er størst blant rådgivarar og seniorrådgivarar. Det vart i 2025 gjennomført ein lønnsanalyse av Oslo Economics for Bufdir og etaten, som viser at det i all hovudsak blir praktisert likelønn mellom kvinner og menn. Arbeidet med likestilling, inkludering og mangfald er eit viktig bidrag til å vidareutvikle Bufdir som arbeidsgivar. Målsetjingar for arbeidet er nedfelte i personalpolitikk i Bufdir og i ei rekkje arbeidsprosessar, rutinar og malar på lønns- og personalfeltet.

Bufdir arbeidde i 2025 vidare med å sikre like moglegheiter i rekrutterings- og tilsetjingsprosessane. Kvinner utgjer framleis fleirtalet av søkjarane. Menn utgjer om lag ein tredjedel.

Mangfald og ikkje-diskriminering er viktige område for Bufdir, ikkje minst i rekrutteringsprosessar. I alle utlysingstekster blir det fremja mangfald. Stillingsutlysingane oppmodar kandidatar med ulike typar bakgrunn å søkje på dei ledige stillingane. Bufdir vil styrkje arbeidet med å leggje til rette for eit breiare rekrutteringsgrunnlag. Det blir òg vurdert om stillingar kan inngå i traineeprogrammet i staten for å bidra til auka mangfald.

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)

Tabell 6.5 Barne-, ungdoms- og familieetaten (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2025. Prosent og tal (N)

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar1 (N)

Årsverk (N)

Lønn2

Totalt i verksemda1

38

62

6871

3899

108

Toppleiing: divisjonsdirektør, avdelingsdirektør, regiondirektør

29

71

31

32

93

Mellomleiing 1: seksjonssjef, informasjonssjef, leiar

30

70

136

133

99

Mellomleiing 2: avdelingsleiar i institusjon, ass. leiar

21

79

220

203

101

Fagstillingar 1: psykolog, spesialpsykolog, psykologspesialist

22

78

263

218

92

Fagstillingar 2: spesialiserte med fagutdanning lågare grad og klinisk sosionom, barnevernspedagog m.fl.

29

71

1533

970

100

Sakshandsamar 1: seniorrådgivarar, rådgivarar og prosjektleiarar

18

82

687

584

97

Sakshandsamar 2: konsulentar, fyrste- og seniorkonsulentar

9

91

140

112

100

Fagstillingar 3: høgskule lågare grad

42

58

2602

1217

99

Fagstillingar 4: miljøarbeidarar m.fl.

62

38

1246

424

100

Drift og merkantile

38

62

13

6

107

1 Talet personar inklusive 2 323 timelønte på rammeavtale, Bufdir er ikkje med.

2 Lønna til kvinner i prosent av lønna til menn.

Tabell 6.6 Barne-, ungdoms- og familieetaten (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2025. Prosent

Deltid

Mellombels tilsette1

Foreldrepermisjon2

Legemeldt sjukefråvær3

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

32,7

19,2

7,0

6,2

1,0

2,7

6,4

7,8

1 Av alle tilsette og med unntak av tilsette på timelønn. Det er 2 323 tilsette på timelønn.

2 Både lønte og ulønte fråvær pga. foreldrepermisjon.

3 Sjukefråværet er utan feriekorrigering, og gjeld alle tilsette gjennom året.

Kvinnene utgjorde 62 prosent av dei tilsette per 31. desember 2025. Bufetat har eit uttalt mål om balanse mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane på alle nivåa i verksemda, men òg sett i samanheng med kjønnsfordelinga i kvar eining.

Det er ei overvekt av kvinner i alle stillingskategoriane i Bufetat, bortsett frå i kategorien miljøarbeidarar, der det er 62 prosent menn. Delar av institusjonsområdet har tilnærma balansert kjønnssamansetjing. Barnevernsinstitusjonane og omsorgssentera for einslege mindreårige asylsøkjarar har ei fordeling på rundt 54 prosent kvinner og 46 prosent menn. Størst skeivfordeling finn ein i senter for foreldre og barn, der 90 prosent av dei tilsette er kvinner. På områda heimebaserte tenester og i familievernet er delen kvinner på 77 prosent og 79 prosent, medan det i inntak og fosterheimstenestene er meir enn 80 prosent kvinner.

Delen mannlege søkjarar har auka med 10 prosentpoeng frå 2021 til 2025, men veksten ser ut til å ha flata ut dei to siste åra. Som omtalt i fjor er det framleis ei ønskt utvikling at fleire menn søkjer på dei utlyste stillingane. Bufetat arbeider vidare med tiltak for inkludering og for å nå eit breiare spekter av kandidatar, mellom anna gjennom merksemd på mangfald i leiarfora, samarbeid med NAV og bruk av traineeprogrammet i staten. Samarbeid mellom partane for å fremje likestilling, inkludering og mangfald blir løyst gjennom eksisterande samarbeidsforum, som informasjons-, drøftings- og forhandlingsutval, samarbeids- og arbeidsmiljøutval og det partssamansette likestillings-, inkluderings- og mangfaldsutvalet, som har representantar frå alle regionar og Bufdir. Utvalet skal bidra til å spreie gode døme for å fremje likestilling, inkludering og mangfald i verksemda. Det vil bli vurdert korleis arbeidet i dette utvalet kan vidareutviklast og integrerast endå betre i den ordinære drifta og oppgåveløysinga framover.

Sjukefråværet for kvinner har frå tidlegare år vore høgare enn for menn. Det er det framleis i 2025. Årsakene til fråværet er samansette. God og stabil leiing, målretta arbeidsmiljøarbeid, tidleg innsats og tilrettelegging er faktorar som er grunnleggjande i sjukefråværsarbeidet. Gjennom året har det vore lagt vekt på målretta tiltak for å styrkje nærværet og redusere sjukefråværet i Bufetat, med særleg merksemd på dei tilsette sin tryggleik og sikkerheit i arbeidssituasjonen.

Barneverns- og helsenemnda

Tabell 6.7 Barneverns- og helsenemnda (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2025. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk1 (N)

Lønn2

Totalt i verksemda

27,6

72,4

127

124,65

86,1

Daglege leiarar / nemndleiarar inkludert konstituerte daglege leiarar

41,6

58,4

12

12

99,8

Direktør

0

100

1

1,0

-

Fagdirektør

0

100

1

1

-

Fyrstekonsulentar

9,4

90,6

32

30,3

103,0

Kontorsjefar

100

1

1,0

-

Nemndleiarar

36,7

63,3

61

59,6

100

Rådgivarar

100

0

1

1

-

Seniorkonsulentar

0

100

9

8,4

100

Seniorrådgivarar

37,5

62,5

8

8

104,4

Avdelingsdirektør

100

1

1,0

-

1 Årsverk i heile 2025.

2 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene.

Tabell 6.8 Barneverns- og helsenemnda (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2025. Prosent og tal.

2025

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon1

Legemeldt sjukefråvær1

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0

7

2

1

3

1

0,8

8,1

1 Prosent rekna ut ifrå årsverk per 2025.

Per 31. desember 2025 var 27,6 prosent av dei tilsette i verksemda menn. I stillingsgruppa for nemndleiarar var 36,7 prosent av dei tilsette menn.

Barneverns- og helsenemnda har ingen lønnsskilnader som kan knytast til kjønn. Fleirtalet av sakshandsamarane er kvinner, og sakshandsamarane har lågare lønn enn nemndleiaren. Ser vi på stillingskodane, er det ikkje lønnsskilnader mellom menn og kvinner.

Alle nemndleiarar har same lønna, uavhengig av kjønn. Dei som er daglege leiarar, i tillegg til stillinga som nemndleiar, har eit lønnstillegg som mellom anna blir regulert av kor mange tilsette det er i nemnda dei leiar.

Barneverns- og helsenemnda arbeider aktivt for å oppfylle krava om aktivitetsplikt i lova om likestilling og forbod mot diskriminering. Det går fram av årsrapporten at Barneverns- og helsenemnda ønskjer å vere ein mangfaldig og inkluderande arbeidsplass. Vidare ønskjer nemnda å leggje til rette for at alle brukarane får dei same høva, og at ingen opplever diskriminering på bakgrunn av kjønn, alder, etnisitet, religion, seksuell orientering. Det blir lagt til rette for dette mellom anna gjennom personal- og lønnspolitikk og rutinar for rekruttering. Nemnda har som mål at alle lokala deira skal vere universelt utforma og tilgjengelege for alle.

Forbrukartilsynet

Tabell 6.9 Forbrukartilsynet (kjønn, lønn, stilling) per 31. desember 2025. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

32,3

67,7

142

139,7

101,0

Toppleiing (direktør og avdelingsdirektørar)

33,3

66,6

3

3

123,2

Mellomleiing (juridiske direktørar, fagdirektørar, underdirektørar)

23,0

77,0

13

13

96,2

Seniorrådgivarar

35,3

64,7

51

51

101,1

Rådgivarar

35,2

64,7

68

67,5

100,7

Fyrstekonsulent

0

100

7

5,2

-

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene.

Tabell 6.10 Forbrukartilsynet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2025. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon1

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0

5,7

0

5,7

0,6

2,4

1,5

8,6

1 Prosentdelen av dagar i permisjon av avtalte dagsverk i heile 2025.

Per 31. desember 2025 hadde Forbrukartilsynet 142 tilsette. 32,3 prosent var menn og 67,7 prosent var kvinner. I toppleiargruppa var det to kvinner og ein mann. Tilsynet hadde 12 underdirektørar og ein kontorsjef. Av desse var 3 (23 prosent) menn og 10 (77 prosent) kvinner.

Kvinnene i Forbrukartilsynet tente i 2025 i snitt 101 prosent av det mennene tente. Dette er ein reduksjon frå 2024, då snittet var 105,4 prosent.

Forbrukartilsynet tilsette 32 nye medarbeidarar i 2025. Av desse var 10 menn og 22 kvinner.

Forbrukartilsynet arbeider aktivt for å fremje inkludering og mangfald i rekrutteringa av nye tilsette. I alle stillingsutlysingar blir kandidatar med nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn og hòl i CV-en oppmoda om å søkje. Forbrukartilsynet hadde i 2025 ei positiv utvikling i talet på tilsetjingar av medarbeidarar med innvandrarbakgrunn. Totalt var det 14 registrerte søkjarar med slik bakgrunn, og fire vart tilsette. Av seks søkjarar med hòl i CV-en vart éin tilsett. Av fem søkjarar med registrert nedsett funksjonsevne vart ingen tilsette, fordi andre søkjarar hadde betre kompetanse og vart vurderte som betre eigna. Forbrukartilsynet vil halde fram med å arbeide aktivt for å nå måla om auka inkludering og mangfald i verksemda.

Barneombodet

Tabell 6.11 Barneombodet (kjønn, lønn) per 31. desember 2025. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

Menn

Kvinner

Personar (N)

Årsverk (N)

Lønn1

Totalt i verksemda

29

71

21

19,1

110,6

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 6.12 Barneombodet (deltid, tilsetjingstilhøve, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31. desember 2025. Prosent.

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda1

-

-

-

-

2,3

3,2

7,7

5,0

1 Fordi Barneombodet er ei lita verksemd, blir det ikkje oppgitt tal for deltidstilsette og mellombels tilsette.

Barneombodet har gjennom fleire år hatt eit fleirtal av kvinner blant dei tilsette. Per 31. desember 2025 var 71 prosent av dei tilsette kvinner, mot 74 prosent i 2024. Av dei tre medlemmene i leiargruppa var det éin mann og to kvinner. Det er framleis ønskjeleg med ein betre kjønnsbalanse. Barneombodet er merksam på dette i rekrutteringsprosessane sine.

Barneombodet har ingen lønnsskilnader som kan knytast til kjønn. Kvinner tener 110,6 prosent av lønna til menn på kontoret. Dette må ein sjå i samanheng med at dei har eit kvinneleg barneombod, ein kvinneleg mellomleiar og ein kvinneleg spesialrådgivar i 50 prosent stilling. Barneombodet har òg ein mannleg rådgivar og ein mannleg konsulent i 20 prosent studentstilling. Av dei tilsette ved kontoret har 9,4 prosent ikkje-vestleg bakgrunn.

Barneombodet arbeider aktivt for å oppfylle krava om aktivitetsplikt i lova om likestilling og forbod mot diskriminering, i tett samarbeid med tillitsvalde og verneombod på jamlege møte gjennom året. Det er ingen tilsette som har svart at dei ufrivillig har ei deltidsstilling. Barneombodet held fram med å oppmode personar med hòl i CV-en og funksjonsnedsetjingar om å søkje på ledige stillingar som blir utlyste.

Andre kommentarar til omtalen

Forbrukarrådet rapporterer i sin eigen årsrapport.

7 FN sine berekraftsmål

Noreg har slutta seg til arbeidet med FN sine berekraftsmål. Dette rammeverket omfattar 17 mål og 169 delmål. Berekraftsmåla er ein felles arbeidsplan for å utrydje fattigdom, førebyggje ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Måla skal fungere som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn.

Stortinget handsama våren 2026 Meld. St. 35 (2024–2025) Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre. Meldinga vart lagd fram av Digitaliserings- og forvaltingsdepartementet, og legg særleg vekt på dei områda der Noreg kan bli betre.

Barne- og familiedepartementet har ikkje koordineringsansvar for mål, men bidreg til fleire av delmåla. Sjå omtale nedanfor.

FN sitt berekraftsmål nr. 1: utrydje alle former for fattigdom i heile verda

Delmål 1.2: innan 2030 og i samsvar med nasjonale definisjonar minst halvere prosentdelen menn, kvinner og barn i alle aldrar som lever i fattigdom

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har hovudansvaret for å følgje opp dette delmålet.

I Barne- og familiedepartementet er arbeidet for barn som veks opp i fattige familiar, knytt opp til dette delmålet.

I 2024 veks 10,2 prosent av barn i Noreg opp i ein familie med vedvarande låg inntekt, mot 9,9 prosent i 2023. Sjølv om auka barnetrygd, butid og yrkesdeltaking har bidrege til ein nedgang i låginntektstala dei siste åra, har Noreg som følgje av krigen i Ukraina dei siste åra teke imot mange barnefamiliar. Barnefamiliar med kort butid i Noreg er særskild utsette for fattigdom, og den auka innvandringa frå Ukraina har såleis ført til ein auke i låginntektstala.

Regjeringa sitt arbeid for å redusere og førebyggje familiefattigdom er omtalt nærare i programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Sjå òg budsjettproposisjonen til Arbeids- og inkluderingsdepartementet når det gjeld korleis regjeringa følgjer opp berekraftsmål nr. 1.

FN sitt berekraftsmål nr. 5: likestilling mellom kjønna

Delmål 5.2: avskaffe alle former for vald mot alle jenter og kvinner, både i offentleg og privat sfære, mellom anna menneskehandel, seksuell utnytting og andre former for utnytting

Justis- og beredskapsdepartementet har hovudansvaret for å følgje opp dette delmålet.

Ein studie frå 2023 frå NKVTS viser at vald og overgrep framleis er eit stort samfunnsproblem. Det er òg eit stort likestillingsproblem. Kvinner er mykje meir utsette for alvorleg partnarvald og valdtekt enn menn. Regjeringa prioriterer arbeidet med å førebyggje og avdekkje vald og seksuelle overgrep, mellom anna gjennom å følgje opp Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028), Trygghet for alle og andre handlingsplanar på feltet.

Opptrappingsplanen legg til rette for meir målretta førebygging, betre hjelp og vern av utsette og meir effektiv straffeforfølging og oppfølging av utøvarar.

Stortinget vedtok i juni 2025 endringar i krisesenterlova, som tok til å gjelde 1. januar 2026. Føremålet med endringane er å styrkje krisesentertilbodet slik at målgruppa for lova – kvinner, menn og barn utsette for vald i nære relasjonar – får eit heilskapleg tilbod som er tilpassa behova og livssituasjonen deira.

Regjeringa la i mai 2025 fram ny handlingsplan mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vald Sjef i eget liv – styrket innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vold (2025–2028).

Arbeidet til BFD med vald og overgrep er omtalt nærare i programkategori 11.10 Familie og oppvekst. Sjå òg budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet når det gjeld korleis regjeringa følgjer opp delmål 5.2.

FN sitt berekraftsmål nr. 12: ansvarleg forbruk og produksjon

Delmål 12.3: innan 2030 halvere matsvinnet per innbyggjar på verdsbasis, både i detaljhandelen og blant forbrukarar. Svinn i produksjons- og forsyningskjeda skal òg reduserast, inkludert svinn etter innhausting

Landbruks- og matdepartementet har hovudansvaret for å følgje opp dette delmålet.

BFD har sidan 2017 delteke i ein bransjeavtale om matsvinn saman med fire andre departement og tolv bransjeorganisasjonar. Målet er at svinnet i heile verdikjeda for mat innan 2030 skal halverast samanlikna med 2015, i samsvar med FN sitt berekraftsmål 12.3 om matsvinn. Ein rapport frå 2025 syner at matsvinnet på forbrukarleddet sidan 2018 er redusert med 18 prosent.7

Deltakinga i matsvinnarbeidet inneber òg eit årleg tilskot frå BFD til organisasjonen Matvett AS. Deltakinga i matsvinnarbeidet vil halde fram i 2027. Sjå nærare omtale under programkategori 11.30.

BFD har i mange år gitt tilskot til Universitetet i Innlandet og Ungt Entreprenørskap som skal medverke til å gi barn og unge god opplæring om berekraftig utvikling og ansvarleg forbruk. BFD vil halde fram med tilskotet i 2027. Sjå nærare omtale under programkategori 11.30.

Delmål 12.6: stimulere selskap, særleg store og fleirnasjonale selskap, til å ta i bruk berekraftige metodar og integrere informasjon om si eiga berekraft i rapporteringsrutinane sine

Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å følgje opp dette delmålet.

Openheitslova tok til å gjelde 1. juli 2022, og byggjer på internasjonale prinsipp og retningslinjer for ansvarleg næringsliv. Lova skal medverke positivt i arbeidet til Noreg med å nå FN sitt berekraftsmål, særleg berekraftsmål 12 om ansvarleg forbruk og produksjon, men òg berekraftsmål 8 om anstendig arbeid og økonomisk vekst. Openheitslova pålegg større verksemder å mellom anna utføre aktsemdvurderingar knytte til grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve og offentleg gjere greie for desse. Forbrukartilsynet rettleiar verksemdene og fører tilsyn med etterlevinga av lova.

BFD la i juni 2025 fram ein evalueringsrapport om kva for erfaringar ulike aktørar har hatt med openheitslova sidan ho tok til å gjelde. Evalueringa viste mellom anna at lova har ført til auka merksemd om, og meir systematisk arbeid med, aktsemdsvurderingar i verksemdene som er omfatta av regelverket.

Sjå òg budsjettproposisjonen til Klima- og miljødepartementet for informasjon om korleis regjeringa følgjer opp berekraftsmål 12.

FN sitt berekraftsmål nr. 16: fred, rettferd og velfungerande institusjonar

Delmål 16.2: stanse overgrep, utnytting og menneskehandel og alle former for vald mot og tortur av barn

Justis- og beredskapsdepartementet har hovudansvaret for å følgje opp dette delmålet.

BFD følgjer opp delmålet gjennom oppfølging av tiltak i fleire handlingsplanar på valdsfeltet, mellom anna Opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar (2024–2028). Arbeidet med å følgje opp tiltaka i planen blir ført vidare i 2027. Sjå nærare omtale av opptrappingsplanen under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Regjeringa har i 2025 etablert ei undersøkingsordning i Statens helsetilsyn om drap, vald, overgrep og omsorgssvikt mot barn. Våren 2025 vedtok Stortinget barnevoldsundersøkelsesloven som regulerer rammene for ordninga. Føremålet med ordninga er å bidra til å avdekkje systemsvikt og gi læring og forbetring i verksemder gjennom undersøking av alvorlege saker og handlingar mot barn. Undersøkingane skal bidra til risikoreduserande tiltak for å førebyggje at slike alvorlege handlingar skjer i framtida.

Innsatsen mot internettrelaterte overgrep er koordinert av Justis- og beredskaps-departementet. Opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar omhandlar òg internettrelaterte overgrep på nett.

Store delar av kvardagen til barn og unge er digital. Stortinget handsama våren 2026 Meld. St. 32 (2024– 2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn, sjå omtale under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

8 Klima- og miljøprofil

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på at alle sektorar av samfunnet har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at vi når dei nasjonale klima- og miljømåla. For ei oversikt over dei viktigaste klima- og miljøtiltaka til regjeringa, sjå del III av fagproposisjonen til Klima- og miljødepartementet.

Omtale av klima- og miljørelevante saker på forbrukarområdet

Eit mål for forbrukarpolitikken er at forbrukarane skal kunne ta medvitne val når dei handlar. Betre informasjon om konsekvensane produksjonen og bruken av varer og tenester kan ha, vil gjere det enklare for forbrukarane å velje produkt som belastar miljøet og ressursane mindre. Samstundes skal det på fleire måtar leggjast til rette for meir berekraftige forbruksmønster. Mellom anna skal det setjast krav til produsentar om berekrafteigenskapane til produkt. Ved å spørje mykje meir etter slike varer og tenester, kan forbrukarane òg påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.

Barne- og familiedepartementet (BFD) arbeider for å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljøaspekta og dei etiske sidene ved forbruk. Viktige verkemiddel er dei offisielle miljømerka den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), som blir forvalta av Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking). Svana og EU Ecolabel formidlar standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Begge merka er verkemiddel som gjer det enklare for forbrukarane å ta meir miljømedvitne og berekraftige val. Miljømerking arbeider for å auke talet på produkt med miljømerke i Noreg, og informerer om at desse er blant dei minst miljøskadelege på marknaden.

Utvalet av svanemerkte produkt auka innanfor fleire produktgrupper i 2025. Samla auka talet på svanemerkte produkt med 11 prosent til 32 240 produkt – frå 29 134 i 2024.

Årleg undersøkjer Miljømerking kjennskapen til Svana og EU Ecolabel. For Svana auka kjennskapen frå 96 prosent i 2024 til 97 prosent i 2025. 22 prosent svarte at dei hadde kjennskap til EU Ecolabel, mot 24 prosent i 2024. Den breie kjennskapen tyder på at mange er klare over at miljømerka gir god rettleiing om forbruksval som er mindre miljøbelastande og meir berekraftige.

Miljømerking vil i 2027 halde fram med å arbeide for å auke talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden. Dei vil òg halde fram med å informere både forbrukarar og profesjonelle innkjøparar om at miljømerkte produkt er enkle og trygge miljøval. Dei strenge krava for å miljømerkje varer og tenester tek omsyn til miljøpåverknaden gjennom heile livssyklusen. I tråd med dette vil Miljømerking halde fram med å synleggjere Svana som verktøy for ein meir sirkulær og berekraftig økonomi.

Nettstaden Forbrukerrådet sin miljørettleiar (tidlegare Kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet) er utvikla for å hjelpe forbrukarar med å ta berekraftige val og redusere miljøpåverknaden. Tenesta gir informasjon om produkt, framhevar relevante testar og deler idear og metodar som fremjar sirkulær økonomi. Frå januar 2025 kunne forbrukarane på nettstaden òg rekne ut sitt eige klimafotavtrykk med Klimatesten (klimatesten.no). Testen gir tilpassa råd om korleis brukarane kan redusere eigne utslepp, og viser klimaeffekten av ulike forbruksval.

I vente på ein offentleg nettstad med forbrukarretta informasjon om kjemikaliar, blei miljørettleiaren i 2025 i tillegg utvida med ei eiga informasjonsside om kjemikaliar. På denne kan brukarane mellom anna få tips om korleis dei i kvardagen kan unngå uønskte kjemikaliar. I 2027 blir det viktig å arbeide vidare med å gjere miljørettleiaren godt kjend og mykje brukt.

Direktivet om styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet vart formelt vedteke i EU i 2024. Føremålet med direktivet er å gjere det enklare for forbrukarane å ta meir berekraftige kjøpsval. Det inneber endringar i det gjeldande direktivet om urimeleg handelspraksis (direktiv 2005/29/EU) og direktivet om forbrukarrettar (direktiv 2011/83/EU). Direktivet stiller strenge krav til dokumentasjon ved bruk av miljøpåstandar i marknadsføring. BFD sende før påske 2026 eit lovforslag til Stortinget om å gjennomføre direktivet i norsk rett, sjå Prop. 38 LS (2025–2026) Endringar i marknadsføringslova mv. (gjennomføring av direktivet om styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet) og samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtalen av direktiv (EU) 2024/825. Stortinget slutta seg til forslaget i juni 2026. Førebels er det ikkje avklart kva tid reglane vil ta til å gjelde.

Skulen er ein viktig arena for å skape forståing for ressurs- og klimaproblem og reflekterte haldningar til forbruk. BFD førte i 2025 og inn i 2026 vidare arbeidet med å fremje undervising i forbrukaremne som òg tok opp spørsmål knytte til dette. BFD samarbeidde med Universitetet i Innlandet og med Ungt Entreprenørskap om desse spørsmåla. Departementet vil i 2027 arbeide vidare med å fremje undervising i forbrukaremne som tek opp spørsmål knytte til berekraftig forbruk og utvikling.

Sidan 2017 har BFD delteke i ein bransjeavtale om matsvinn saman med fire andre departement og tolv bransjeorganisasjonar, og gitt eit tilskot til organisasjonen Matvett AS. Målet er at svinnet i heile verdikjeda for mat innan 2030 skal halverast samanlikna med 2015, i samsvar med FN sitt berekraftsmål 12.3 om matsvinn. Ein rapport frå 2025 syner at matsvinnet på forbrukarleddet sidan 2018 er redusert med 18 prosent.8

Berekraftig forbruk er eit viktig tema å få oppdatert kunnskap om. SIFO leverte i 2025 ein ny rapport om grønvasking av marknadsføring.9 Denne rapporten er ein oppfølgingsstudie av ein tidlegare rapport med same tema.10 Funna i rapporten gjeld endringar i forbrukarane sine haldningar og handlingar, i korleis marknadsførarar og verksemder brukar grøn marknadsføring. Rapporten viser mellom anna at norske forbrukarar generelt viser stor bekymring for miljøutfordringar og ser på berekraft som viktig i prinsippet, men berekraft blir underordna fleire andre faktorar, som til dømes pris.

BFD har ikkje grunnlag for å seie noko om dei totale klima- og miljøeffektane av tiltaka over. Det er likevel gjort utrekningar som viser at kvalifiseringar for miljømerket Svana har gunstige verknader på mellom anna utsleppa av klimagassar.

9 Oversikt over einskildståande tilskot

I tabellen er ei oversikt over einskilde tilskot på budsjettet til BFD. Tilskota er omtalte nærare under postomtalane.

Kap./post

Namn

840/70

Regionale ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane)

840/70

Stiftelsen Alternativ til Vold

840/70

Incestsenteret i Vestfold (Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte)

840/70

Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS)

840/70

Oslo Røde Kors (Røde Kors-telefonen om negativ sosial kontroll og æresrelatert vald)

840/70

Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF)

840/70

Krisesentersekretariatet (Valds- og overgrepslinja)

840/70

Mental Helse (Foreldresupport)

840/73

Stine Sofies Stiftelse

842/70

Stiftelsen Kirkens Familievern (SKF)

846/21

Regionale ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane)

846/62

Oslo, Bergen, Kristiansand, Trondheim, Drammen, Stavanger, Skien, Sandefjord, Lørenskog og Lillestrøm

846/70

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede

846/71

Adopsjonsforum

846/71

Blå Kors

846/71

Stiftelsen Barnevakten

846/71

International Social Service

846/71

Norges Røde Kors (Kors på halsen)

846/71

Ungdom mot Vold

846/71

Technical Assistance Program – Haagkonferansen for internasjonal privatrett

846/72

Blå Kors

846/72

Norges Røde Kors

846/72

MOT Norge

846/72

Stiftelsen Kirkens Bymisjon

846/72

BUA

846/72

Den Norske Turistforening (DNT)

846/79

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede

846/79

Det europeiske ungdomsfondet i Europarådet (EYF)

846/79

Barentssekretariatet IKS

854/61

Barnevernsvaktene. Landskonferanse mellom barnevernsvakter og politi

854/61

Kristiansand kommune (Alarmtelefonen for barn og unge)

854/61

Trondheim, Midtre-Namdal barnevernteneste (Namsos, Overhalla og Flatanger), Søre Sunnmøre barnevernteneste (Hareid, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta), Stavanger, Sunnhordland interkommunale barnevernteneste (Stord, Fitjar og Bømlo), Drammen, Larvik, Sarpsborg, Fredrikstad, Tromsø og Vefsn (Pilotprosjekt om fosterheimar til barn med komplekse behov)

854/61

Oslo kommune

854/61

Sandnes, Kristiansand, Bergen, Trondheim, bydelane Søndre Nordstrand og Gamle Oslo (Sammen på vei – Nurse family partnership)

854/61

Stranda og Fjord, Moss, Kongsberg, Lørenskog, Froland, Nome og Midt-Telemark, og Setesdal (Utprøving av modellar for tverrfagleg samarbeidsmodellar i undersøkingsfasen i kommunalt barnevern.)

854/71

Landsforeningen for barnevernsbarn

854/71

Children at Risk (CAR)

854/72

Universitet og høgskular og VID vitenskapelige høgskole (tilskot til rettleidd praksis til barnevernsstudentar)

854/72

Universitetet i Innlandet, Høgskulen i Østfold, Universitetet i Søraust-Noreg, Universitetet i Agder, NTNU Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Nord Universitet og Høgskulen på Vestlandet

854/72

Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge

854/72

Regionale senter for barn og unge (RKBU) Nord, Vest og Midt-Noreg, Regionsenter for barn og unge si psykiske helse (RBUP) Aust og Sør, Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging Sør (RVTS Sør)

862/70

Stiftinga Miljømerking i Noreg

865/70

Standardiseringens forbruker- og arbeidstakerråd (SFA-rådet)

865/70

Ungt entreprenørskap Norge

865/70

Matvett AS

865/70

OECD

865/70

Fairtrade Norge

880/70

Den norske kyrkja

880/71

Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet

881/77

Museene Arven AS

881/77

Astrid Hansen Juvik

881/77

Bizarra AS

881/77

Demokratifestival Trondheim

881/77

EvolveHub

881/77

Fjord kommune, Valldal 2029

881/77

Fortidsminneforeningen

881/77

Fredrikstad kommune

881/77

Hole kommune

881/77

Institutt for kirke og oppvekst IKO

881/77

Kirkens bymisjon / Romano Kher kultursenter

Kulturgården Bjerkem

881/77

Nidaros bispedømme

881/77

Nordmørsmusea AS ved Regionalt pilegrimssenter Smøla

881/77

Norges Kristne Råd

881/77

Pilegrimsforbundet i Norge

881/77

Pilegrimsfellesskapet Sandefjord

881/77

Nordenfjeldske kunst- og industrimuseum

881/77

Norsk kveners forbund

881/77

Saenmien Åålmege

881/77

Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn

881/77

Seminarplassens venner

881/77

Sjiraffen Kultur- og Kompetansesenter

881/77

Stiftelsen Hilmar Alexandersen

881/77

Stiftelsen Saeminen Sitje

881/78

Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn

881/78

Norges Kristne Råd

881/78

Muslimsk Dialognettverk

881/78

Universitetet i Oslo

881/78

Hjelpekilden

882/70

Hovedorganisasjonen KA

882/70

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU)

10 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder

10.1 Forbrukarrådet

Tabell 10.1 Utgifter og inntekter etter art – Forbrukarrådet

Utgifter/inntekter

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2023

2024

2025

2026

Utgiftsart

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

75 062 196

77 232 432

82 744 518

86 501 960

Varer og tenester

40 602 110

33 163 344

35 972 615

41 128 999

Sum driftsutgifter

115 664 306

110 395 776

118 717 133

127 630 959

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

10 755 647

9 131 755

9 547 712

12 150 000

Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

10 755 647

9 131 755

9 547 712

12 150 000

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskapar

0

0

0

0

Andre utbetalingar

0

0

0

0

Sum overføringar frå verksemda

0

0

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

748

2 194

570

0

Sum finansielle aktivitetar

748

2 194

570

0

Sum utgifter

126 420 701

119 529 725

128 265 415

139 780 959

Inntektsart

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

0

0

0

0

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre driftsinntekter

410 694

1 079 172

71 382

0

Sum driftsinntekter

410 694

1 079 172

71 382

0

Inntekter frå investeringar

Sal av varige driftsmiddel

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

119 247 884

124 539 000

128 976 000

135 106 000

Andre innbetalingar

500 000

280 000

0

0

Sum overføringar til verksemda

119 747 884

124 819 000

128 976 000

135 106 000

Finansielle aktivitetar

Innbetalingar ved sal av aksjar og eigardelar

0

0

0

0

Andre finansielle innbetalingar

0

0

0

0

Sum finansielle inntekter

0

0

0

0

Sum inntekter

120 158 578

125 898 172

129 047 382

135 106 000

Netto endring i kontantbehaldninga

-6 262 123

6 368 447

781 967

-4 674 959

Tabell 10.2 Inntekt etter inntektskjelde – Forbrukarrådet

Inntektskjelde

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2023

2024

2025

2026

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

118 803 000

124 539 000

128 976 000

135 106 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

500 000

280 000

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Sum løyvingar til statsoppdraget

119 303 000

124 819 000

128 976 000

135 106 000

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

0

0

Bidrag frå private

0

0

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

0

0

0

0

Sum bidrag

0

0

0

0

Oppdragsinntekter mv.

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre inntekter

855 578

1 079 172

71 382

0

Sum oppdragsinntekter mv.

855 578

1 079 172

71 382

0

Sum inntekter

120 158 578

125 898 172

129 047 382

135 106 000

Tabell 10.3 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember, med spesifikasjon av dei føremåla kontantbehaldninga skal brukast til – Forbrukarrådet

Balansedag 31. desember

2023

2024

2025

Endring

Beløp i NOK

2024–2025

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

23 165 757

29 534 205

30 316 172

781 967

Behaldning på andre bankkonti

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

0

Sum kontantar og kontantekvivalentar

23 165 757

29 534 205

30 316 172

781 967

Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

Feriepengar mv.

6 644 981

6 406 545

7 677 170

1 270 625

Skattetrekk og offentlege avgifter

5 887 053

5 666 204

6 483 258

817 054

Gjeld til leverandørar

2 841 763

3 808 985

3 404 264

-404 721

Gjeld til oppdragsgivarar

0

0

0

0

Anna gjeld med forfall i neste budsjettår

662 245

1 959 986

1 605 394

-354 592

Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

16 036 042

17 841 720

19 170 086

1 328 366

Avsetjing til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Større fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Konkrete, ikkje-fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne føremål som ikkje er sette i gang

0

0

0

0

Konkrete, ikkje-fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

0

0

0

0

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre føremål / ikkje-spesifiserte føremål

0

0

0

0

Fri verksemdskapital

7 239 940

11 802 710

11 256 311

-546 399

Ikkje inntektsført løyving

Sum andre avsetjingar

7 239 940

11 802 710

11 256 311

-546 399

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmiddel

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

-110 225

-110 225

-110 225

0

Sum langsiktig gjeld

-110 225

-110 225

-110 225

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

23 165 757

29 534 205

30 316 172

781 967

Fotnotar

1

NOU 2024: 20 Det digitale (i) livet – Balansert oppvekst i skjermenes tid

2

Trond Bliksvær, Inger Marie Holm, Fredrik Langeland og Majken Paulsen (2025) Følgeforskning av nasjonalt samisk kompetansesenter (NASAK). Nordlandsforskning.

3

Kjelde: SSB barnevernsstatistikk, talsamanstilling bestilt på oppdrag av Bufdir.

4

Steinnes K.K og Mainsah H (2019). Søte jenter og tøffe gutter. En kunnskapsoppsummering om barn som forbrukere i et kjønnsperspektiv. SIFO-rapport nr. 1-19. Steinnes, K.K. Teigen, H.M.F. og Bugge, A.B. (2019). Photoshop, fillers og falske glansbilder? En studie blant ungdom om kropp, kjønn og markedsføring i sosiale medier. SIFO-rapport nr. 3-19.

5

Steinnes, K.K., Teigen, H.M.F. og Bugge, A.B. (2019). Photoshop, fillers og falske glansbilder? En studie blant ungdom om kropp, kjønn og markedsføring i sosiale medier. SIFO-rapport nr. 3-19.

6

A balancing act’: A multistakeholder study on the Norwegian retouched person label and generative AI in advertising (SIFO-rapport 4 – 2026).

7

Matsvinn i norske husholdninger – selvrapportert matsvinn og forbrukernes vurdering av tiltak (Norsus 2025).

8

Matsvinn i norske husholdninger – selvrapportert matsvinn og forbrukernes vurdering av tiltak (Norsus 2025).

9

Green marketing or greenwashing? Consumer perseptions of sustainabililty claims in clothing and cosmetics (SIFO rapport 2-2026).

10

Hvorfor kan ikke alle produkter være bærekraftige? Hvordan forbrukere oppfatter og påvirkes av markedsføring mer bærekraftspåstander (SIFO-rapport 16 – 2021).