Del 2
Nærare om budsjettforslaget

4 Nærare om budsjettforslaget

Programområde 11

Programkategori 11.00 Administrasjon og forsking

Hovudinnhald og prioriteringar

Programkategori 11.00 Administrasjon og forsking omfattar lønns- og driftsutgifter til departementet og løyvinga til Noregs forskingsråd. Oppgåver og prioriteringar i Barne- og familiedepartementet (BFD) følgjer av politikken og måla innanfor områda familie, oppvekst- og levekår for barn og unge, barnevern, forbrukarpolitikk og tru og livssyn. Dei ulike fagområda er nærare omtalte under programkategoriane lenger bak i proposisjonen. Arbeidet til departementet med forsking og utvikling er omtalt i del III av proposisjonen.

Resultatrapport, strategiar og tiltak

Departementet hadde 152 tilsette per 31. desember 2025.

Departementet skal vere eit utviklingsorientert og effektivt fagleg sekretariat for den politiske leiinga. Administrasjonen skal leggje til rette for ein kunnskapsbasert og samordna politikk for sektoren. Departementet skal òg vere ein tydeleg etatsstyrar, og ta hand om forvaltingsoppgåvene på ein god måte.

BFD leier arbeidet med kjernegruppe for utsette barn og unge (KUBU) – i tillegg deltek Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Føremålet er betre å samordne politikkutvikling og tenester til utsette barn og unge. På direktoratsnivå er 13 etatar, tilsyn og institutt samla i Etatssamarbeidet for utsette barn og unge, som Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) leier.

BFD har det overordna ansvaret for samfunnstryggleik og beredskap innanfor heile politikkområdet til departementet. Eit stadig meir utfordrande trusselbilete krev kontinuerleg arbeid med forståing og tilpassing av risikoar og planverk. Departementet deltek i nasjonale øvingar knytte til Totalforsvarsåret 2026.

Departementet vil halde fram arbeidet med å følgje opp Nasjonal tryggleiksstrategi, særleg område som treff barn og unge, mellom anna den aukande utfordringa med radikalisering på nett. Departementet vil òg prioritere å gjere andre sektorar merksame på betydinga av barneperspektivet i beredskapsarbeid.

Målet for arbeidet med digitalisering er å få til god tenesteutvikling på sektorområda til BFD. Departementet har for tida særskild merksemd på korleis verksemdene arbeider med deling og gjenbruk av data, kunstig intelligens og auka kvalitet på utviklingsprosessane med tydelegare bruk av risiko- og vinststyring.

Det blir utvikla nye fagsystem både i barnevernet og familievernet. Målet er betre statistikk, data og styringsinformasjon, auka deling av data for effektivisering og betre samhandling mellom aktørane i tenesteytinga. Det er stor merksemd på kunstig intelligens som utfordrar tradisjonelt forbrukarvern, og korleis ein kan bruke kunstig intelligens som verktøy til å drive meir effektivt og betre tilsynsarbeid. Digital gravferdsmelding gjev etterlatne høve til å gjere dei mest sentrale vala etter eit dødsfall digitalt, og informasjonen blir delt trygt mellom aktørane.

Meld. St. 32 (2024–2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn er sentral for å følgje opp målet i nasjonal digitaliseringsstrategi om å sikre omsynet til barn og unge i all digitalisering. I 2026 har departementet særleg fokus på å få på plass regelverk om aldersgrenser på sosiale medium, og støtte Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet i innføring av EU si forordning om digitale tenester i norsk rett.

Regjeringa ønskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor. Departementet fører vidare målet om å redusere husleigeutgifter som staten har i den private leigemarknaden. Dette er innarbeidd i budsjettforslaget. Det er òg lagt opp til andre justeringar for å finansiere gjennomføringa av høgt prioriterte tiltak.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Endring i pst.

800

Barne- og familiedepartementet

228 787

242 953

250 760

3,2

Sum kategori 11.00

228 787

242 953

250 760

3,2

Kap. 800 Barne- og familiedepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Driftsutgifter

175 600

181 514

186 016

21

Spesielle driftsutgifter

10 370

10 939

11 344

70

Noregs forskingsråd, kan overførast

42 817

50 500

53 400

Sum kap. 800

228 787

242 953

250 760

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter for departementet.

BFD føreslår å redusere løyvinga med 1,2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under driftsbudsjettet til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet kap. 1510, post 01. Endringa gjeld samordning av administrative fellestenester.

Departementet har over tid redusert bemanninga som følgje av innsparingskrav, utan at oppgåvemengda er tilsvarande redusert. For å styrkje departementet si evne til å utføre oppgåvene som sekretariat for politisk leiing og andre forvaltningsoppgåver, føreslår departementet å auke løyvinga på kap. 800, post 01 med 1,25 mill. kroner, tilsvarande eitt årsverk i departementet.

Departementet føreslår ei løyving på 186 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til utgreiingsprosjekt i departementet og til tenestemenn som er lånte ut til Europakommisjonen. Løyvinga kan òg brukast til andre tiltak innanfor ansvarsområda til departementet.

Departementet føreslår ei løyving på 11,3 mill. kroner.

Post 70 Noregs forskingsråd, kan overførast

Løyvinga på post 70 dekkjer tildelinga til Noregs forskingsråd. Noregs forskingsråd er eit forvaltingsorgan som ligg under Kunnskapsdepartementet.

Løyvinga gjeld overslag på utbetalingar av tidlegare gitte tilsegner og utbetaling av nye tilsegner gitte i budsjettåret. Beløpet for tilsegnsfullmakt svarar til det samla beløpet for tidlegare inngåtte forpliktingar og nye tilsegner som kjem til utbetaling etter budsjettåret.

Midlane skal medverke til eit godt og heilskapleg kunnskapsgrunnlag om utsette barn og unge, og til tiltak som er med på å førebyggje utanforskap og marginalisering. Midlane skal særleg rettast inn mot forsking på effekten av førebyggjande arbeid, tiltak og tenester for barn, unge og familiar.

Midlane på posten skal òg gå til eit forskings- og innovasjonsprogram om utsette barn og unge som er eit samarbeid mellom fleire departement. BFD bidreg med 16 mill. kroner årleg til forskings- og innovasjonssatsinga, men Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet bidreg òg med midlar i satsinga. Sjå nærare omtale av programmet under programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Departementet føreslår ei løyving på 53,4 mill. kroner. Departementet føreslår òg ei tilsegnsramme på 63,4 mill. kroner, og ei tilsegnsfullmakt på 186,9 mill. kroner.

Programkategori 11.10 Familie og oppvekst

Hovudinnhald og prioriteringar

Tryggleik for barn og unge er eit av fem satsingsområde i regjeringa sin plan for Noreg. Ein godt utforma familie- og oppvekstpolitikk inkluderer alle barnefamiliar, gir auka velferd og tryggleik for den einskilde og gjer det mogleg for barn og unge å delta i fellesskapet. Familien er grunnleggjande i livet til barn, og ein god oppvekst er viktig for utviklinga, livskvaliteten og helsa til barna og for det seinare vaksenlivet deira. Ein familie- og oppvekstpolitikk som sikrar barnefamiliar, støttar opp om arbeidslinja og gir høve til å kombinere arbeid med omsorg for barn, gir vinstar for den einskilde, for familiane og for samfunnet.

Foreldre er dei viktigaste personane i livet til eit barn. Den nye barnelova er tydeleg på at foreldre har ansvar for å finne gode løysingar for sitt barn og sin familie. Foreldreansvaret inneber ei plikt til å gi barnet omsorg, vern, forsørging og ei forsvarleg oppseding, og familiepolitikken skal støtte foreldra i dette. Foreldreansvaret inneber både rettar og plikter, og foreldre skal vareta dette uavhengig av om dei bur saman eller ikkje. Foreldre har plikt til å verne barnet, og dei har ansvar for å søkje hjelp der eit barn blir utsett for risiko frå den andre forelderen eller frå andre. Lova tydeleggjer forventningane til at foreldre sikrar barna dei grunnleggjande rettane dei har.

Gode oppvekstvilkår og ein trygg barndom kan førebyggje barne- og ungdomskriminalitet. Regjeringa prioriterer tett oppfølging av barn og unge som driv med gjentakande kriminalitet. Tryggleik for barn og unge handlar òg om å verne barna når dei ferdast på nett. Regjeringa vil få på plass ei lov om aldersgrense for bruk av sosiale medium. Barn og unge skal vernast mot omsorgssvikt, vald og overgrep, og dei som treng nødvendig hjelp og oppfølging skal få det.

At foreldre er i arbeid, er naudsynt for ei god økonomisk utvikling, og for at vi skal kunne føre vidare velferdsstaten slik vi kjenner han. Dette er òg naudsynt for at tenester og økonomisk støtte til barnefamiliar skal kunne finansierast og haldast ved lag over tid. Arbeid er viktig fordi det gir sjølvstende og fridom for den einskilde, og fordi det gjer det mogleg for foreldre å forsørgje familien sin sjølv og ta del i den inntekts- og velstandsauken arbeid gir. Nokre foreldre kan av ulike årsaker ikkje ta del i arbeidslivet, enten i kortare eller lengre periodar. Overføringsordningane til barnefamiliar skal medverke til trygge økonomiske rammer og støtte opp om forsørginga av barn. Å styrkje dei universelle ordningane, som auka barnetrygd og billegare barnehage, har vore viktige prioriteringar og medverkar til å betre økonomien for alle barnefamiliar.

Familie- og oppvekstpolitikken skal støtte opp om at alle barn har høve til å utvikle seg, uavhengig av bakgrunnen sin. Å inkludere barn og unge i fritidsaktivitetar og organisasjonar er viktig for levekåra deira, for å oppfylle retten deira til deltaking, og for å førebyggje utanforskap og einsemd. Regjeringa vil i 2027 føre vidare ein politikk som støttar opp om arbeidsdeltaking og familieliv, reduserer skilnadene i samfunnet, tek hand om barn sine rettar, og gir barn og unge høve til å delta i fritidsaktivitetar.

Prioriteringar på familie- og oppvekstområdet i 2027

Digital kompetanse og trygg bruk av digitale tenester er grunnleggjande for at barn og unge skal kunne utøve rettane sine, og delta i samfunnet. Samstundes kan barn og unge bli eksponerte for ueigna eller skadeleg innhald, eller utsette for negativ påverknad. For å tryggje barn og unge sin rett til vern arbeider regjeringa med ei lov om aldersgrense for bruk av sosiale medium. Denne lova er regjeringa sitt viktigaste tiltak på feltet. Regjeringa har òg presentert nasjonale skjermråd og ei nasjonal tilråding om mobilfrie skular. I 2027 vil regjeringa halde fram arbeidet med å følgje opp tiltaka som er skildra i Meld. St. 32 (2024–2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn. Regjeringa følgjer òg med på utviklinga med kriminalitet og radikalisering på nett, og sett inn tiltak der det er naudsynt.

Barnehage, skule og SFO er viktige arenaer i oppveksten til barn og unge, og bidreg til sosial utjamning og like høve til å delta i samfunnet, uavhengig av familiebakgrunn. Fritidsaktivitetar gir vennskap og høve til å meistre, og gode nabolag er viktige for å kunne høyre til. I 2027 vil regjeringa halde fram arbeidet med å følgje opp tiltaka som er skildra i Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn. I 2026 blei fleire øyremerkte tilskotsordningar retta mot kommunane sine førebyggjande innsatsar for barn og unge slegne saman til ei overordna tilskotsordning, Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge (Førebyggingsprogrammet). I 2027 føreslår regjeringa å leggje fleire ordningar inn i Førebyggingsprogrammet, slik at ordninga vil vere på 1 025 mill. kroner. Løyvinga skal i 2027 òg dekkje restutbetalingar knytte til fleirårige tilskot frå Tilskot til å inkludere barn og unge og Foreldrestøttande tilskot.

Regjeringa er uroa for utviklinga i registrert barne- og ungdomskriminalitet dei siste åra, spesielt for dei under 15 år. Ei lita gruppe unge står for mykje av kriminaliteten, særleg for alvorlege lovbrot som grov vald. Gutar med innvandrarbakgrunn er overrepresenterte blant unge som har gjort lovbrot, og mange har samansette utfordringar og lever i familiar og område med store levekårsutfordringar. Fleire av dei unge lovbrytarane har sjølv opplevd vald i heimen og omsorgssvikt. Sjølv om regjeringa har sett inn fleire tiltak for å hjelpe dei som allereie utøver kriminalitet, er den viktigaste innsatsen å komme inn med tiltak tidleg i livet til barna og førebyggje meir effektivt. Dette krev at familiane blir involverte. Regjeringa føreslår å auke tilskotet til ein-til-ein-oppfølging i 2027. Målet med tiltaket er at kvart enkelt barn og ungdom i målgruppa, og familiane deira, skal følgjast tett opp. Sjå òg omtale av tiltak i barnevernet for barn som gjer seg skyldige i gjenteken eller alvorleg kriminalitet, under programkategori 11.20.

Regjeringa har sett i gang eit målretta samfunnsoppdrag for å inkludere fleire barn og unge i utdanning, arbeids- og samfunnsliv, jf. Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn (Oppvekstmeldinga). Kommunar, fylkeskommunar, frivillig sektor, næringsliv, forskingsinstitusjonar og andre samfunnsaktørar er godt i gang med å vidareutvikle samarbeid for å auke barn og unge si deltaking og skape varige systemendringar for inkludering. I 2026 og 2027 skal ein konkretisere prioriteringane i samfunnsoppdraget og fastsetje mål- og resultatindikatorar for å følgje med på måloppnåing. Sjå ytterlegare omtale av langtidsplanen i del III Forsking og utvikling.

Regjeringa prioriterer arbeidet med å setje i kraft ny barnelov høgt. Regjeringa har òg starta arbeidet med å greie ut oppfølging av oppmodingsvedtak som blei gjort i samband med ny barnelov, sjå omtale i del I.

Granskingsutvalet for utanlandsadopsjonar leverte NOU 2026: 7 Forsvarlighet, risiko og tillit 22. juni 2026. Etteradopsjonstiltaka blei styrkte i samband med framlegginga. Rapporten er sendt på høyring, og involverte skal få høve til å seie kva dei meiner før regjeringa avgjer vidare oppfølging.

Regjeringa vil i 2027 føre vidare arbeidet med å følgje opp tiltak i opptrappingsplanen mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar (2024–2028). Regjeringa starta hausten 2026 arbeidet med ein ny handlingsplan for å førebyggje valdtekt.

Regjeringa vil arbeide vidare med å utvikle og tilpasse velferdsordningane for barnefamiliar, slik at foreldre får høve til å ta godt vare på barna sine, samstundes som dei kan ha ei god tilknyting til og delta i arbeidslivet. Sjå også omtale under programkategori 28.50.

Mål

BFD har for 2027 desse måla på familie- og oppvekstområdet:

Mål

  • Trygg oppvekst i eit digitalt samfunn.

  • Redusert utanforskap gjennom tidleg og effektiv førebygging.

  • Eit trygt familieliv der foreldre varetar utviklinga og rettane til barna.

Måla er nærare omtalte under overskriftene «Trygg oppvekst i eit digitalt samfunn», «Oppvekstvilkåra for barn og unge» og «Foreldrestøttande arbeid og eit trygt familieliv».

Resultatrapport og strategiar

I denne delen blir det gjort greie for gjennomførte tiltak og resultat som er oppnådde i 2025 og fyrste halvåret i 2026, og for planlagde tiltak i 2027.

Familieordningane

Overføringsordningane til barnefamiliane omfattar foreldrepengar, svangerskapspengar, eingongsstønad, barnetrygd, kontantstøtte, samt bidragsforskott. Ordningane har ulike vilkår og tener ulike føremål, men er i sum omfattande. Dei set rammer for korleis familiar innrettar kvardagen sin, og påverkar familiar sin økonomiske situasjon. Felles for familieordningane er at dei medverkar til å tryggje dei økonomiske rammene rundt familien og hjelper til med å gi barn og foreldre tilstrekkeleg gode økonomiske levekår. Det er gode grunner for å ha ordningar særskilt retta mot barnefamiliar, mellom anna at familiar med barn har plikter og kostnader som andre grupper ikkje har, samstundes som heile samfunnet er tent med at barn kjem til og at dei får ein god oppvekst.

Fødselstalsutvalet (NOU 2026: 2) peikte på at fødselstal i liten grad har vore eit eksplisitt mål i den norske familiepolitikken. Utvalet meinte likevel at familieordningane historisk kan ha hatt ein slik verknad i Noreg. På 1990-talet blei den norske familiepolitikken styrkt, særleg gjennom utvidingar av permisjonsordningane. Utvalet peikar på at ordningane truleg har vore ein viktig grunn til at fødselstala ikkje har blitt endå lågare. Dei har bidrege til at kvinner kan kombinere lønnsarbeid og foreldreskap. Dette kan igjen ha bidrege til at kvinner i stor grad held på tilknytinga til arbeidslivet når dei stiftar familie, og til at Noreg har relativt høge fødselstal blant dei med høgast utdanning. Dette står i kontrast til utviklinga i fleire europeiske land, som Spania, Italia og Tyskland, der den negative samanhengen mellom utdanningsnivå og fødselstal framleis er tydeleg. I Noreg har samanhengen snudd ved at kvinner med høg utdanning får fleire barn enn kvinner med låg utdanning. Fødselstala er no lågast blant kvinner med svakast tilknyting til arbeidsmarknaden. Samstundes kan det vere krevjande å kombinere fulltidsarbeid og foreldreskap i småbarnsfasen, og det kan føre til at færre vel store familiar i dag. Rapporten frå utvalet har vore på høyring. Departementet vil fremje ei stortingsmelding om tematikken, jf. oppmodingsvedtak 1212 av 20. juni 2025. Sjå nærare omtale under programkategori 28.50.

Overføringsordningane til barnefamiliane omfattar størstedelen av BFD sitt budsjett, og Arbeids- og velferdsdirektoratet (Avdir) forvaltar dei. I tillegg forvaltar Nav ordninga med offentleg fastsetjing og endring av barnebidrag. Departementet følgjer med på forvaltinga av dei ulike ordningane. Etatsstyringa av Avdir ligg til Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Nedanfor gjer departementet greie for barnetrygd, kontantstøtte og regelverket for barnebidrag. Foreldrepengeordninga, svangerskapspengar, eingongsstønaden ved fødsel og adopsjon og bidragsforskotteringsordninga er nærare omtalte under programkategori 28.50.

Barnetrygd

Barnetrygd er ei månadleg utbetaling til foreldre med barn under 18 år. Barnetrygda skal kompensere familiane for nokre av utgiftene dei har til barna, og er midlar som familien kan disponere sjølv. Ordninga er universell, skattefri og eit gode for alle barnefamiliar. Barnetrygda er ei omfordeling frå fellesskapet til innbyggjarar med barn, og er særleg viktig for mottakarar med ein svak privatøkonomi.

Barnetrygda er auka monaleg under denne regjeringsperioden. Statistisk sentralbyrå har peikt på at auken i barnetrygda dei siste åra har medverka til ein nedgang i delen barn som bur i familiar med vedvarande låg inntekt frå 2020 til 2023.1 Barnetrygda er no ein og same sats, uavhengig av alderen til barnet. Sidan desember 2021 har barnetrygda for dei yngste barna auka frå 1 654 kroner i månaden til 2 012 kroner i månaden, og for dei eldste barna frå 1 054 kroner i månaden til 2 012 kroner i månaden. Stortinget har vidare gjeninnført eit tillegg i barnetrygda til stønadsmottakarar busette i Finnmark, Nord-Troms (Karlsøy, Kvænangen, Kåfjord, Lyngen, Nordreisa, Skjervøy og Storfjord) og på Svalbard frå 1. oktober 2025. Frå 1. februar 2026 er satsen 512 kroner per barn per månad, og svarar til 6 144 kroner per barn per år. Tillegget skal fremje busetjing i nordområda for barnefamiliar.

Figur 4.1 Utvikling i ordinær barnetrygd 2022–2026

Figur 4.1 Utvikling i ordinær barnetrygd 2022–2026

Einslege foreldre kan få utvida barnetrygd. Satsen for utvida barnetrygd er frå 1. februar 2026 på 2 572 kroner per månad. I tilfelle der foreldra ikkje bur saman og har delt søskenflokken mellom seg, slik at felles barn bur fast hos kvar av foreldra, kan begge foreldra reknast som einslege forsørgjarar. I slike tilfelle kan begge ha rett til å få utbetalt éi utvida barnetrygd kvar, slik at dei får dobbelt utvida barnetrygd. Dette utgjer 30 864 kroner ekstra i året samanlikna med dei som avtalar delt bustad for barna eller at barna bur fast hos berre éin av foreldra.

Einslege forsørgjarar med (i) utvida barnetrygd, (ii) full overgangsstønad, og som (iii) har barn under tre år, har rett til eit småbarnstillegg i barnetrygda. Småbarnstillegget blir lagt til den månadlege utbetalinga av barnetrygd og er på 712 kroner, det vil seie 8 544 kroner per år. Småbarnstillegget blir utbetalt per mottakar, og ikkje per barn. På grunn av endringar i overgangsstønaden til einsleg mor eller far, som gjeld nye saker frå 1. juli 2026, er det venta at talet på mottakarar av småbarnstillegget vil gå ned dei neste åra. For nærare omtale av overgangsstønaden, sjå Prop. 1 S (2026–2027) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Regjeringa føreslår å føre satsane i barnetrygda vidare med uendra nivå i 2027. Oversikt over talet på mottakarar er gitt under kap. 845, post 70.

Kontantstøtte

Kontantstøtte er ei økonomisk yting som er tilgjengeleg for familiar med barn i alderen 13 til og med 19 månader. Utbetalinga krev at barnet ikkje brukar fulltids barnehageplass som det blir ytt offentleg driftstilskot til. Lengda på kontantstøtteperioden harmonerer med retten til barnehage, som gjeld seinast frå og med barnet er 20 månader. Dette inneber at alle familiar enten har krav på barnehageplass eller kontantstøtte.

Det vart utbetalt kontantstøtte for 23,5 prosent av barna i kontantstøttealder i mars 2026. På same tidspunkt var det 7 150 personar som fekk kontantstøtte. Dei siste åra har talet på mottakarar av kontantstøtte gått kraftig ned. Arbeids- og velferdsdirektoratet (Avdir)2 opplyser at kontantstøtta no for dei fleste har byrja å fungere som ei ventestøtte i påvente av barnehageopptaket i august. I Fødselstalsutvalet si utgreiing (NOU 2026: 2) vart mellom anna bruken av kontantstøtteordninga vurdert. Eitt av hovudforslaga til utvalet er meir fleksibel og effektiv overgang frå foreldrepengar til barnehage. Utgreiinga skal følgjast opp med ei stortingsmelding. Regjeringa føreslår å føre satsane for kontantstøtta vidare med uendra nivå i 2027. Sjå omtale under kap. 844, post 70.

Barnebidrag

Alle barn har rett til å bli forsørgde av foreldra sine. Forsørgjarplikta og plikta til å dekkje utgifter til utdanning gjeld uavhengig av om foreldra bur saman med barnet eller ikkje. Den av foreldra som ikkje bur saman med barnet, oppfyller forsørgjarplikta si ved å betale fast barnebidrag til barnet kvar månad. Fram til barnet er 18 år, vil den forelderen barnet bur saman med, forvalte barnebidraget på vegner av barnet. Bidragsforskott sikrar midlar til forsørginga av barnet når den forelderen som ikkje bur saman med barnet, av ulike grunnar ikkje betalar barnebidrag. For nærare omtale av bidragsforskottsordninga, sjå programkategori 28.50.

Foreldra kan sjølv avtale kor stort barnebidraget skal vere, og om det skal betalast bidrag eller ikkje. Foreldra kan òg be det offentlege ved Nav om å fastsetje barnebidraget. Som varsla i Prop. 1 S (2025–2026), har departementet sett i gang ein gjennomgang av barnebidragsregelverket.

Tal frå Nav om offentlege fastsette barnebidrag viser at det per 31. desember 2025 totalt var 41 938 bidragspliktige og 56 533 bidragsmottakarar som brukte tenestene til Nav til formidling av barnebidrag og/eller bidragsforskott. Det vart i same tidsrommet utbetalt barnebidrag og/eller forskott på bidrag frå det offentlege for 79 815 barn. Det er omtrent likt som i desember 2024, men 21 601 færre barn enn i desember 2016.

Familieordningane og EØS-avtalen

EØS-avtalen er den mest omfattande internasjonale avtalen som Noreg er ein del av, og inneber ei rekkje rettar og plikter. Avtalen skal mellom anna sikre fri rørsle av arbeidstakarar i ein felles europeisk arbeidsmarknad og koordinerer i tillegg trygderettar som foreldrepengar, barnetrygd og kontantstøtte. Det nasjonale regelverket og praksisen vår på trygdeområdet skal vere tilpassa og i tråd med EØS-retten. Det er òg ønskjeleg å ta omsyn til ein rimeleg bruk av norske velferdsordningar og til berekrafta i det norske velferdssystemet.

Trygg oppvekst i eit digitalt samfunn

At alle barn veks opp i eit digitalt samfunn, påverkar både den einskilde og samfunnet. Barn og unge brukar store delar av kvardagen sin på nett, noko som påverkar relasjonar, familielivet, læring, utvikling og leik. Norske barn er blant dei største brukarane av internett i Europa, og stadig yngre barn brukar sosiale medium og digitale plattformer. Over halvparten av barn mellom 9 og 10 år brukar sosiale medium, og dei fleste får ein brukarkonto før dei fyller 13.3

Teknologien og utviklinga stiller nye krav til barn, foreldre, skolar, tenesteytarar og styresmakter. For å skape tryggare rammer prioriterer regjeringa prosjektet «Av og på – betre skjermbalanse» i regjeringa sin Plan for Noreg. Prosjektet følgjer mellom anna opp tiltak frå Meld. St. 32 (2024–2025) Trygg oppvekst i et digitalt samfunn som legg vekt på at digitale tenester og plattformer må vere godt regulerte og ta omsyn til barn sine rettar, at foreldre må ha god innsikt i den digitale kvardagen til barna sine, og at offentlege tenester må vere oppdaterte og tilpassa behova til barn og unge. Regjeringa ønskjer særleg å verne barn mot skadeverknader ved bruk av sosiale medium, og arbeider med eit lovforslag om aldersgrense for bruk av sosiale medium. Regjeringa arbeider for at sosiale medium skal bruke aldersverifisering, slik at barn ikkje får bruke dette før året dei fyller 16 år. Lovforslaget heng saman med arbeidet med å gjennomføre EU sitt digitaltenestedirektiv i norsk lov. Regjeringa arbeider òg med lov om auka aldersgrense for samtykke til handsaming av personopplysingar i personopplysingslova.

For at barn skal vere trygge og kunne bruke moglegheitene som digitaliseringa byr på, må rettane til barn vere i sentrum for politikken. Styresmaktene skal vere aktive pådrivarar for barn sine rettar i det digitale miljøet. Det skal vere enkelt for barn og unge å kjenne til eigne rettar og vite korleis dei kan vere trygge på nett.

Samstundes peikar stortingsmeldinga om trygg oppvekst i et digitalt samfunn på utfordringar med dei store teknologiselskapa sine forretningsmodellar, mellom anna når det gjeld personvern, marknadsføring, algoritmestyrt innhald, reklame og design som kan gjere folk avhengige. Ansvar og tiltak for at barn skal ha det trygt på nett, må delast mellom teknologiselskap, offentlege tenester, foreldre, barn og styresmakter. Meldinga vart handsama i Stortinget våren 2026, og blir følgd opp vidare.

Departementet har fastsett dette målet for trygg digital oppvekst:

  • Trygg oppvekst i eit digitalt samfunn.

Målet inneber å regulere digitale tenester, å styrkje kompetansen hos barn, foreldre og i tenestene som møter barn og familiar, og å utvikle ein heilskapleg og kunnskapsbasert politikk som tek hand om barn sine rettar og medverknad. Det beste for barnet, slik det kjem til uttrykk i barnekonvensjonen artikkel 3, ligg til grunn for arbeidet. Dette inneber rett til vern og rett til deltaking og ytringsfridom. Ein trygg digital oppvekst handlar ikkje berre om å redusere risiko, men òg om at barn har moglegheit til å ytre seg, delta i samfunnslivet, få tilgang til kunnskap og utvikle digitale ferdigheiter.

Digitale utfordringar er sektorovergripande og rører ved familie-, utdannings- kultur-, helse-, justis- og forbrukarpolitikk. Derfor treng vi koordinert innsats og heilskaplege tiltak på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Barn sine rettar blir utfordra av den teknologiske utviklinga. Mellom anna har barn eit særskilt forbrukarvern. Sjå nærare omtale av forbrukarvernet til barn i programkategori 11.30. I 2021 offentleggjorde FN sin barnekomité ein generell kommentar, nr. 25, som omhandlar rettane barn har i det digitale samfunnet. Kommentaren går mellom anna ut på at alle sektorar må sørgje for at barn sine rettar i det digitale miljøet blir respekterte, verna og varetekne. For å styrkje kunnskapsgrunnlaget er det også løyvd midlar til forskingsinitiativ som EU Kids Online.

For å forstå barn og unge sin digitale oppvekst er medverknad frå barn og unge sjølve avgjerande. Dei har førstehandskunnskap om korleis digitale arenaer blir brukte, kva utfordringar dei møter, og kva moglegheiter dei opplever. Innsikta deira er sentral for å få fram barn og unge sine erfaringar, meiningar og prioriteringar, og styrkjer kvaliteten og legitimiteten i kunnskapsutvikling, politikkutforming og tenesteutvikling.

For å styrkje barn og unge sin tilgang til trygg, relevant og kvalitetssikra informasjon, har regjeringa òg gitt klare føringar for korleis staten skal møte dei unge digitalt. Ung.no er den primære kanalen staten har for digital informasjon, dialog og digitale tenester til barn og unge på tvers av sektorar og tenestenivå. Det er Bufdir som driv nettstaden. Arbeidet med å vidareutvikle ung.no til éin felles tverrsektoriell inngang til offentlege digitale informasjons-, rettleiings- og hjelpetenester for ungdom held fram gjennom DigiUng. Det er eit samarbeid mellom Bufdir, Helsedirektoratet og ei rekkje andre offentlege tenester og etatar. Arbeidet med å samle og styrkje DigiUng heldt fram i 2025 gjennom arbeid i DigiUng sitt fageigarforum og DigiUng-rådet. Alle verksemder i samarbeidet fekk tilgang til å lage kvalitetssikra innhald på ung.no innanfor eigne fagområde.

I 2026 og framover vil «utanforskap i skule og arbeidsliv» og «desinformasjon» vere innsatsområde for DigiUng. Det vil òg bli lagt vekt på korleis kunstig intelligens påverkar unge sine bruksmønster.

Regjeringa legg til grunn at DigiUng blir vidareført i 2027, basert på den noverande finansierings- og forvaltningsmodellen.

Oppvekstvilkåra til barn og unge

Dei fleste barna i Noreg veks opp i trygge familiar med gode oppvekstvilkår. Samstundes er ungt utanforskap ei av dei store samfunnsutfordringane i Noreg. Tal frå SSB viser at ti prosent av unge mellom 15 og 29 år stod utanfor arbeid, utdanning og opplæring i 2024. Det er bra for den einskilde og for samfunnet at flest mogleg er rusta for arbeidslivet og kjem i arbeid. Det er mangel på arbeidskraftsressursar til å løyse viktige oppgåver i samfunnet, og perspektivmeldinga frå 2024 peikar på behovet for høg arbeidsdeltaking. Oslo Economics har anslått dei totale samfunnsøkonomiske utgiftene ved tidleg utanforskap og marginalisering per år til 88,5 mrd. i 2026-kroner.4 Dårlege oppvekstvilkår har òg ein samanheng med auka risiko for kriminalitet.

Nokre barn og unge manglar tryggleik, stabilitet eller oppfølging for å bli godt inkluderte i fellesskapet. Dårlege oppvekstvilkår, med faktorar som omsorgsvikt, vald og overgrep, opplevd mobbing og einsemd, har konsekvensar for barna her og no, men kan òg auke risikoen for å hamne utanfor på sikt5. Verksame tiltak gir barn gode oppvekstvilkår og føresetnader for å delta i utdanning, arbeidsliv og samfunn. Dette krev tidleg innsats på tvers av sektorar og god samhandling i kvar sak. BFD har eit særskilt ansvar for samarbeidet mellom departementa og leiar den tverrdepartementale kjernegruppa for utsette barn og unge. Eit høgt prioritert område er arbeidet mot barne- og ungdomskriminalitet. For omtale av Barnevernet sin innsats, sjå omtale under programkategori 11.20.

Foreldra er dei viktigaste personane til å ta hand om interessene og behova til barna. God omsorg, oppfølging i barnehage og skule og deltaking i fritidsaktivitetar er investeringar som er viktige for oppvekstvilkåra til barn og unge her og no, men har òg vinstar langt fram i tid. I alle høve ligg foreldreansvaret til grunn, og foreldre pliktar å ta hand om dei grunnleggjande rettane til barna sine. Foreldreansvaret og omsorgsplikta til foreldra er lovfesta i barnelova og er blitt presisert i ny lov, sjå nærare omtale i avsnittet om Barnelova.

Den økonomiske situasjonen familiar står i, er viktig for kva slags oppvekst barn og unge får. Å vekse opp i ein familie med vedvarande låg inntekt kan ha negative konsekvensar for skuleprestasjonar, utdanningsnivå, psykisk helse og arbeidstilknyting.6 Låg kjøpekraft og få økonomiske ressursar kan redusere høvet foreldra har til å dekkje utgifter som er viktige for utviklinga til barn. Ein pressa økonomisk situasjon kan òg påverke barna negativt gjennom auka stress i familien. For dei aller fleste familiar er foreldra si arbeidsinntekt avgjerande for familien sin økonomisk situasjon. Derfor er tiltak som støttar opp om deltaking i arbeidslivet viktig for familien si inntekt. Når foreldre ikkje kan delta i arbeidslivet, vil andre livopphaldsytingar tre inn slik at familiane har ei inntekt dei kan leve av. Staten støttar òg opp om barnefamiliane gjennom overføringsordningane til barnefamiliane (foreldrepengar, svangerskapspengar, eingongsstønad, barnetrygd, kontantstøtte og bidragsforskott). I Noreg ser familieinntekt samstundes ut til spele ei mindre rolle for kva høve barn har til å delta i utdanning og arbeid når dei veks opp, samanlikna med andre land. Det er likevel analysar som tyder på at den sosiale mobiliteten blant dei lågaste inntektsgruppene har gått noko ned over tid.7 Dette kan ha samanheng med at utdanning betyr meir for inntekt enn før, samstundes som barna si utdanning framleis heng tett saman med foreldra si utdanning.

I 2024 vaks 10,2 prosent av barn i Noreg opp i ein familie med vedvarande låg inntekt, mot 9,9 prosent i 2023. Auken er i all hovudsak grunna i tilstrøyminga av fordrivne frå Ukraina. Styrkt barnetrygd, lengre butid og betre yrkesdeltaking har samstundes bidrege til ein nedgang i låginntektstala dei siste åra. Barnefamiliar med kort butid i Noreg er særskilt utsette for fattigdom.

Figur 4.2 Barn i husholdninger med vedvarende lavinntekt, 2006–2024. Prosent og antall

Figur 4.2 Barn i husholdninger med vedvarende lavinntekt, 2006–2024. Prosent og antall

Kjelde: Inntekts- og formuesstatistikk for hushaldningar, Statistisk sentralbyrå

Effektive og treffsikre tiltak som betrar utsette barn og unge sine oppvekstvilkår, kan vere med på å førebyggje marginalisering og utanforskap seinare i livet. Tiltak som betrar oppvekstvilkåra til utsette grupper førebyggjer også at barn og unge gjer kriminalitet.

Departementet har fastsett dette målet for arbeidet retta mot utsette barn og unge:

  • Redusert utanforskap gjennom tidleg og effektiv førebygging

Offentleg politikk skal skape gode og inkluderande strukturar og rammevilkår som fremjar deltaking og like moglegheiter i samfunnet. Samstundes er det viktig at det offentlege grip meir aktivt inn, særleg i tilfelle der det er auka risiko for at enkeltindivid eller grupper fell utanfor fellesskapet. Målet om tidleg og effektiv førebygging er sektorovergripande, og krev heilskapleg innsats mellom tenestene.

Kommunane er dei som møter familiar og barn der dei er, og kommunane har hovudansvaret for dei førebyggjande tenestene. Barnehage, skule, fritidstilbod, helse- og omsorgstenester og barnevern er døme på tenester og tilbod som må verke godt saman for at barn og unge skal få ein trygg og god oppvekst, og tidleg og riktig hjelp dersom dei har behov for det. Det kan samstundes vere krevjande for kommunane å prioritere det førebyggjande arbeidet tilstrekkeleg, sidan innsatsen må gjerast tidleg, medan vinstane er usikre, kjem langt fram i tid og ikkje nødvendigvis kjem kommunen åleine til gode. Dette kan gjere at det blir investert mindre i førebygging enn det som er samfunnsøkonomisk lønnsamt. Staten har ei viktig rolle i å støtte kommunane sitt arbeid. Det handlar både om korleis staten styrer og følgjer opp kommunesektoren, men òg om korleis statlege verkemiddel blir utforma for å støtte opp om førebygging og tidleg innsats i kommunane. Vidare er det å få ulike tenester til å samarbeide internt i kommunane og mellom forvaltningsnivå eit samarbeids- og koordineringsproblem. Det kan vere tekniske og praktiske årsaker, som ulike IKT-system, men koordineringsproblemet kan òg vere at ulike sektorar med ulike tiltak ikkje blir sett i samanheng eller at insentivstrukturar ikkje oppmodar til samarbeid. Ansvarsdelinga kan òg vere uklår.

Nedanfor følgjer ein omtale av dei viktigaste resultata til regjeringa for å nå målet om redusert utanforskap gjennom tidleg og effektiv førebygging, og regjeringa sine viktigaste strategiar og tiltak i 2027. Fleire av desse tiltaka er omtalte i Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn.

Kunnskap om effektive tiltak for å førebyggje utanforskap

Det er fleire årsaker til at familiar, barn og unge fell utanfor utdanning og arbeidsliv. For å treffe godt med politikk er det naudsynt å ha god kunnskap om kva som er årsakene, kva som kjenneteiknar dei som står utanfor, og kva behov dei har. Det er vidare naudsynt å prioritere tiltak som er treffsikre og gir effekt. I perioden 2023–2026 gjennomfører SSB, i samarbeid med Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) og Folkehelseinstituttet (FHI), eit fleirårig forskingsprosjekt om barn i fattige familiar. Bufdir er oppdragsgivar for prosjektet, som har bakgrunn i eit oppdrag frå departementet.

Det er behov for meir kunnskap frå Noreg om i kva grad kontantytingar kan bidra til auka sosial mobilitet og til å førebyggje utanforskap. Det er publisert tre rapportar frå prosjektet. Den første rapporten handlar om drivkrefter bak utviklinga i fattigdom blant barnefamiliar.8 Rapporten viser at høg innvandring er den viktigaste drivaren bak auken i talet på barn som veks opp i familiar med vedvarande låg inntekt i perioden 2010–2022. Andre delrapport tek for seg kjenneteikn ved barn og familiar som lever i vedvarande låginntekt.9 Rapporten stadfestar anna kunnskap som viser at barn i låginntektsfamiliar har auka risiko for å oppleve dårlege oppvekstvilkår og for å falle utanfor arbeids- og samfunnslivet som vaksne. Rapporten peikar på at langvarig låginntekt gir auka risiko for utanforskap, og at låginntekt heng tett saman med andre utfordringar og kjenneteikn i familien.

Tredje delrapport handlar om korleis ulike tiltak påverkar levekår og moglegheiter for barn i familiar med vedvarande låginntekt.10 Kontantytingar som barnetrygd, bustøtte og sosialhjelp bidreg i hovudsak til å stabilisere den økonomiske situasjonen i familien, men har avgrensa dokumenterte effektar på foreldra si tilknyting til arbeidsmarknaden og barna si utvikling og moglegheiter. Rapporten viser vidare at barnehagedeltakinga i Noreg er høg, men lågast blant dei fattigaste familiane, trass i ordningar som reduserer prisen. Dette tyder på at økonomi ikkje er den einaste barrieren til deltaking i barnehage, og at det derfor er naudsynt med andre tiltak.

Barn i familiar med vedvarande låg inntekt er éin av fleire indikatorar for kor mange barn som veks opp i fattige familiar. Det er fleire tilhøve som syner at ein ikkje åleine bør leggje låginntektsmålet til grunn for politikktiltak. Målet gir ikkje tilstrekkeleg informasjon om kva som er god politikk for å redusere utanforskap og for å betre barn og unge sine oppvekstvilkår. Målet fangar heller ikkje opp vinstar ved politikktiltak som ikkje aukar familiane si inntekt, men som likevel er viktige. Rimelegare barnehage og gratis deltidsplass i SFO er døme på tiltak som har positiv effekt på økonomien til barnefamiliar, fordi dei reduserer kostnadene til familiane. Målet synleggjer heller ikkje korleis endringar i prisar på varer og tenester påverkar økonomien til familiar i nedre del av inntektsfordelinga. I 2026 leverte SSB, på oppdrag frå Bufdir, nye indikatorar for økonomisk og materiell mangel (deprivasjon) og for vedvarande låginntekt justert for formue.11 SSB held òg på å vurdere korleis ein kan utvikle ein fattigdomsindikator justert for buutgifter og barnepassutgifter. Dette er indikatorar som kan gi eit meir heilskapleg bilete på fattigdomsutviklinga i Noreg. Departementet vil bruke dei nye indikatorane til å betre vurdere effektar av politiske tiltak og til å vurdere behov for nye tiltak.

FHI har på oppdrag frå Bufdir utarbeidd ein rapport som systematisk summerer opp forsking om faktorar som fremjar og hemmar gode oppvekstvilkår, og om risiko- og vernefaktorar knytte til kriminalitet blant barn og unge (0–24 år).12 Kunnskapen skal brukast i arbeidet med å utvikle fagleg støtte til kommunane sitt arbeid med å førebyggje utanforskap og fremje gode oppvekstvilkår for alle barn og unge, sjå omtale nedanfor om etatssamarbeidet sitt førebyggingsoppdrag.

Rapporten viser at gode oppvekstvilkår blir fremja på fleire nivå. På individnivå er mellom anna psykisk helse, meistring og sjølvregulering viktige. På familie- og nærmiljønivå står trygge relasjonar, tilhøyrsle og gode oppvekstmiljø sentralt. For kriminalitet blant barn og unge, peikar rapporten på at mellom anna traumereaksjonar, psykiske vanskar, rusmiddelbruk, påkjenningar i familien, svake band til skule og nærmiljø og levekårsutfordringar kan auke risikoen.

Gode relasjonar går att som ein raud tråd i funna, både som ein sentral faktor for gode oppvekstvilkår og som ein viktig vernefaktor mot kriminalitet. Funna understrekar vidare kor viktig det er med tidleg innsats, koordinerte tiltak og samarbeid mellom fleire sektorar. At mange av dei same faktorane påverkar både oppvekstutfall og kriminalitet, understøttar ei brei og universell tilnærming, kombinert med målretta innsats for utsette grupper.

På oppdrag frå Bufdir har Menon Economics gjennomført to kartleggingar om kompetansetilbodet til kommunane sitt førebyggjande arbeid for gode oppvekstvilkår, og kommunane sitt arbeid med å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet. Kunnskapen frå kartleggingane blir brukt i etatssamarbeidet sitt førebyggingsoppdrag og underbyggjer regjeringa sitt arbeid med å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet og betre samarbeid for utsette barn og unge, sjå omtale nedanfor.

I 2027 vil departementet arbeide vidare med forsking og kunnskapsinnhenting om utviklinga i barn og unge sine oppvekstvilkår, og effektar av førebyggingstiltak. Eit forskingsprogram er etablert for å styrkje den heilskaplege forskinga om førebygging av barne- og ungdomskriminalitet. Etatssamarbeidet for utsette barn og unge skal ferdigstille eit felles oppdrag om å vurdere og utvikle fagleg støtte til kommunane sitt breie førebyggjande arbeid. Det er òg sett i gang ei fleirårig effektevaluering av inkluderingstiltak på fritidsfeltet, med oppstart hausten 2026. I tillegg skal samfunnsoppdraget for inkludering av barn og unge fortsetje å systematisere eksisterande kunnskapsgrunnlag og hente lærdom frå eksisterande og nye prosjekt, som kan auke inkluderinga og deltakinga blant barn og unge. For å få meir praksisnær kunnskap om verkemiddel som styrkjer barn og unge sin tryggleik og deltaking på tvers av sentrale arenaer, vart det òg tildelt 116 mill. kroner i 2025 og lyst ut 156 mill. kroner i 2026 til forskingsprosjekt under samfunnsoppdraget. Kunnskapen skal mellom anna brukast til å føreslå endringar i dagens verkemiddel og strategiar for å byggje varige og heilskaplege system der barn og unge har høg livskvalitet. Kunnskapen skal vidare bidra til reell medverknad og til at dei deltek i skule, arbeidsliv og samfunnsliv.

Betre samarbeid for utsette barn og unge

Nokre familiar har større behov enn andre. Familiar med barn som treng det, skal kunne få hjelp frå fleire tenester. Fleire barn og føresette opplever at tenester ikkje snakkar saman og at tenestene ikkje tilbyr det som dei treng.

Offentlege utgreiingar, tilsyn og forsking syner at dei ulike velferdstenestene i mange saker ikkje samarbeider godt nok. Dei viser til at dette handlar om manglande struktur og systematikk, manglande oppfølging og svak koordinering mellom tenestene. Utfordringane kjem særleg til syne i grenseflatene mellom tenestene, og når ingen opplever at dei har eit tydeleg ansvar. Velferdstenestene er i sum mange og omfattande, og rett koordinering er krevjande å få til. Det kan og vere slik at det ikkje ligg føre insentiv til å samarbeide, at samarbeid er meir tidkrevjande, eller at tenesta er pressa på ressursar.

Statsforvaltaren skal vere ein pådrivar for samarbeid på tvers av sektorane og samordning av tenestene i kommunane, slik at utsette barn og unge og familiane deira får eit samordna tenestetilbod.

Departementa etablerte i 2021 Kjernegruppe for utsette barn og unge (KUBU), samansett av sju departement. Det er òg etablert ein tilsvarande struktur på direktoratsnivå der 13 underliggjande etatar deltek i eit felles etatssamarbeid, omtalt som «etatssamarbeidet». Målet er at departementa og direktorata i større grad skal sjå eigne politikkområde i samanheng, samt støtte kommunane i arbeidet med å gi barn og unge tidleg, koordinert og tilpassa hjelp.

KUBU har i 2025 og 2026 prioritert koordineringa av innsats kring barne- og ungdomskriminalitet og psykisk helse. Viktige oppgåver i KUBU er å samordne styringa knytt til etatsstyring og budsjettsaker, samt sørgje for at ein ser tverrgåande regelverk, tenester og system i samanheng. Ei viktig satsing er tiltaket ein-til-ein-oppfølging om å gi tett og individuelt tilpassa oppfølging til unge som har høg risiko for kriminalitet. Satsinga vart etablert i 2025 og utvida i 2026 til dei ti kommunane med størst utfordringar med barne- og ungdomskriminalitet. Etatssamarbeidet har sidan 2024 òg arbeidd med Førebyggingsoppdraget, eit oppdrag frå departementa der etatane er bedne om å utvikle rettleiing og kompetansestøtte i kommunane sitt førebyggjande arbeid, med mål om å skape betre samanheng i kommunane sitt arbeid med å byggje gode oppvekstvilkår på tvers av sektorar. I 2026 har etatssamarbeidet mellom anna publisert eit rundskriv som skal samle og tydeleggjere kommunane sitt ansvar på oppvekstområdet i dei ulike sektorane på ein stad.

Regjeringa gav i 2026 etatssamarbeidet eit oppdrag om å greie ut roller og ansvarstilhøve i førebygginga av barne- og ungdomskriminalitet og føreslå tiltak som kan styrkje koordineringa der det i dag finst manglar. Etatssamarbeidet vil levere sine forslag til tiltak i 2027.

Trass i stor innsats for å førebyggje utanforskap har tala for unge som står utanfor arbeid, skule og fritidsaktivitetar, vore stabile i fleire år. Regjeringa har sett i gang samfunnsoppdraget for inkludering av barn og unge. Samfunnsoppdraget skal samordne både offentleg, privat og ideell innsats i samfunnet, slik at aktørane jobbar meir systematisk og forskingsbasert med inkludering. Stat, fylkeskommune, kommune, næringsliv, frivillig sektor og forskingsmiljø skal aktivt arbeide saman for å nå det langsiktige målet om at utanforskap blant barn og unge blir betydeleg redusert innan 2035. Arbeidet i samfunnsoppdraget starta i 2025. I 2026 vart mandata ferdig utarbeidde og det nasjonale partnarskapet, som er den strategiske og retningsgivande styringsgruppa, vart skipa.

Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge

Som eit tiltak for å betre førebygging for barn og unge i kommunane og for å styrkje insentiva til samarbeid, har regjeringa i 2026 etablert eit Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge (Førebyggingsprogrammet). Dette er ei tilskotsordning for førebyggjande innsats i kommunane retta mot barn og unge, der tilskot som tidlegare har vore øyremerkte eit bestemt tiltak eller område, er samla i éi større ordning. Målet er å leggje til rette for gode oppvekstvilkår og førebyggje at barn og unge fell utanfor. Ordninga skal støtte opp under det førebyggjande arbeidet til kommunane og bidra til verksam innsats for barn og unge, på tvers av ulike sektorar. Ordninga er eit ledd i regjeringa sin ambisjon om eit heilskapleg og godt tilbod frå dei viktige 1 000 første dagane, gjennom barndom og ungdomstid og inn i vaksenlivet. Omlegginga er i tråd med intensjonane i tillitsreforma om mindre statleg styring og større fridom til å velje tiltak i kommunane. Omlegginga byggjer mellom anna på erfaringane frå pilot for programfinansiering i 0–24-samarbeidet. Barne- og familiedepartementet har hovudansvaret for ordninga, i tett samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Regjeringa føreslår å utvide det kommunale førebyggingsprogrammet slik at ordninga i 2027 vil vere på 1 025 mill. kroner, sjå kap. 846, post 63. Løyvinga skal i 2027 òg dekkje restutbetalingar knytte til fleirårige tilskot frå Tilskot til å inkludere barn og unge og Foreldrestøttande tilskot.

Avvikling av Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn og unge

Målet med tilskotsordninga har vore å setje kommunane betre i stand til å oppdage og følgje opp utsette barn gjennom å utvikle og implementere kommunale samhandlingsmodellar. Mange kommunar har fått tilskot over ordninga. I 2024 starta som planlagt ei gradvis nedtrapping av ordninga fordi ho har verka over fleire år, og søknadstilgangen og behovet for ordninga derfor er mindre. Løyvinga i 2024 og 2025 vart brukt overfor kommunane som skal implementere ein allereie utvikla modell. Det vart i 2025 tildelt 6,5 mill. kroner til 14 kommunar gjennom ordninga.

Tilskotsordninga Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn blei som planlagt avvikla frå og med 2026.

Samarbeid om tiltak retta mot barne- og ungdomskriminalitet

Det er behov for meir spissa førebyggjande tiltak og innsatsar mot barne- og ungdomskriminalitet. Ein-til-ein-oppfølging inneber skreddarsydd innsats og tett oppfølging av enkeltbarn og familiane deira, i samarbeid med skule, fritidstilbod, barnevern, Nav og andre tenester i nærmiljøet. Ein del av tiltaket er etableringa av ein fast, trygg vaksen som ungdommen har tillit til og som følgjer ungdommen over tid. Målgruppa er barn frå skulealder og opp til 18 år, som har gjort seg skuldige i lovbrot eller står i fare for å utføre kriminalitet eller bli rekrutterte til kriminelle miljø. Tiltaket skal styrkje det tverrsektorielle arbeidet i kommunane som mottek tilskot og vere til inspirasjon for andre kommunar som ønskjer ei meir strukturert tilnærming til førebygging av barne- og ungdomskriminalitet.

I 2026 var den totale løyvinga til tiltaket 90 mill. kroner, inkludert midlar til forsking og kompetansestøtte til kommunane frå faginstansar. 77 mill. kronar vart tildelte Oslo, Bergen Trondheim Stavanger, Kristiansand, Skien, Drammen, Sandefjord, Lørenskog og Lillestrøm, som er kommunar med særlege utfordringar knytte til barne- og ungdomskriminalitet. 5 mill. kroner er løyvd til fagleg bistand til kommunane i samband med gjennomføringa av ein-til-ein-oppfølging frå dei regionale kompetansesentera og relevante fagetatar. Erfaringane i Oslo kommune, som byrja med tiltaket allereie i juni 2025, viser at oppfølginga har bidrege til auka stabilitet og struktur i kvardagen til ungdommar med høg risiko for gjenteken kriminalitet. Fleire har auka skuleoppmøte og deltaking i andre organiserte aktivitetar, samt mindre rusbruk og færre tilfelle av nyregistrerte lovbrot. Samstundes veit ein lite om langsiktige verknader, då tiltaket gjeld få individ og har verka i ein kort periode. Bufdir har saman med Udir sett i gang ei felles følgjeevaluering av tilskota til ein-til-ein-oppfølging og beredskapsteam for å lære om erfaringane til kommunane og vidareutvikle tiltaka. I 2027 føreslår regjeringa å auke løyvinga til ein-til-ein-oppfølging med 9,3 mill. kroner. Midlane skal brukast til å styrkje tilbodet i kommunane som allereie får tilskot i dag.

I 2026 vart det òg brukt 8 mill. kroner til å styrkje forsking om kriminalitet blant barn og unge. Mellom anna har Bufdir har fått ansvaret for å etablere og forvalte eit forskingsprogram om barne- og ungdomskriminalitet i samråd med etatssamarbeidet for utsette barn og unge. Føremålet er å sikre meir heilskapleg og oppdatert kunnskap om omfang og årsaker til barne- og ungdomskriminalitet, og kva for verkemiddel som er effektive for å førebyggje slik kriminalitet. 1,5 mill. kroner av beløpet er brukt til følgjeevalueringa omtalt over. I 2027 føreslår regjeringa å auke løyvinga til forskingsprogrammet med 3,5 mill. kroner.

Regjeringa føreslår å føre vidare løyvinga til kriminalitetsførebyggjande foreldrestøttande tiltak i kommunane, som mellom anna inneber implementering og vidareutvikling av foreldrerådsmodellen og andre relevante kriminalitetsførebyggjande foreldrestøttande tiltak i 5 bykommunar; Bergen, Oslo, Kristiansand, Drammen og Trondheim. Det er òg løyvd midlar over budsjettet til Kunnskapsdepartementet til beredskapsteam ved skular i fleire byar.

Regjeringa har òg styrkt arbeidet med multisystemisk terapi (MST) og andre tiltak i barnevernet for å forhindre barne- og ungdomskriminalitet. Sjå omtale under programkategori 11.20.

Deltaking i fritidsaktivitetar

Ein viktig del av oppveksten til barn og unge er å delta i fritidsaktivitetar. Gjennom å delta opplever barn og unge samkjensle og meistring. Tal frå Ungdata i 2024 viste for fyrste gong på fleire år ein auke i deltakinga til norske ungdommar i organiserte fritidsaktivitetar, ei utvikling som har halde fram i 2025. Deltakinga har samanheng med den økonomiske og sosiale bakgrunnen til foreldra.13 Det kan òg vere andre årsaker til at barn og unge ikkje deltek, til dømes funksjonsnedsetjing eller kulturelle faktorar.

Retten barn har til kvile, fritid og leik og til å ta del i kunst og kulturliv, er forankra i barnekonvensjonen artikkel 31, som er gjort til norsk lov gjennom menneskerettslova. Deltaking i fritidsaktivitetar er ein reiskap i arbeidet med å førebyggje utanforskap. Regjeringa har i 2025 og 2026 halde fram med arbeidet sitt med Fritidserklæringa, som er ein intensjonsavtale mellom frivillig sektor, regjeringa og KS. Fritidserklæringa slår fast at alle barn skal ha rett til å delta jamleg i fritidsaktivitetar saman med andre, og legg med dette rammene for arbeidet til regjeringa for å inkludere barn og unge i fritidsaktivitetar.

I Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn vart det varsla at regjeringa vil bidra til eit kvalitetsløft for fritidsklubbar og andre opne møteplassar for barn og unge. I 2026 vart det løyvd midlar til Bufdir for å utarbeide ein kommunal rettleiar som skal støtte kommunane i arbeidet med fritidsklubbar og andre opne møteplassar. I 2027 held regjeringa fram innsatsen for å støtte arbeidet med fritidsklubbar og opne møteplassar. Gjennom tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge kan frivillige organisasjonar og andre aktørar som er registrerte i Frivilligregisteret, få tilskot til opne møteplassar. Gjennom Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge står kommunane fritt til å prioritere førebyggjande tiltak ut frå lokale behov, mellom anna fritidsklubbar.

I 2026 vart det løyvd midlar til å setje i gang ei fleirårig effektevaluering av inkluderingstiltak på fritidsfeltet. Tiltaket var varsla i Meld. St. 28 (2024–2025), og er i tråd med forslaga frå Rege-gruppa.14 Oppdraget vart lyst ut av Bufdir og er planlagt sett i gang hausten 2026, med ei samla ramme på i underkant av 10 millionar kroner for perioden 2026–2029.

Tilskot til å inkludere barn og unge

Målet med tilskotsordninga har vore å leggje til rette for at alle barn og unge har høve til meistring og deltaking i samfunnet. Ordninga har hatt som føremål å dempe konsekvensar ved fattigdom, og bidra til å førebyggje framtidig utanforskap. Ordninga har omfatta tolv ulike aktivitetstypar retta mot utsette barn og unge, og omfattar mellom anna tilskot til kultur-, ferie- og fritidsaktivitetar, lokale fritidskasser, opne møteplassar (fritidsklubbar og ungdomshus m.m.), aktivitetsguidar, sommar- og deltidsjobbar for ungdom og ungdomslosar som skal hjelpe unge med å fullføre utdanningsløp. Offentlege instansar, frivillige organisasjonar og private aktørar har kunne søkje om tilskot til dei fleste aktivitetstypane.

Det vart gitt tilskot til 689 nye søknader i 2025, og 284 av desse søknadene bidreg til å nå målet med Fritidserklæringa. I 2026 vart det gitt tilskot til 558 nye søknader, der 186 av desse bidreg til å nå målet med Fritidserklæringa. Ei stor del av løyvinga vart i 2026 bunden opp i fleirårige prosjekt etter tilsegn om tilskot frå 2024 og 2025. Totalt i 2026 fekk 329 kommunar tilskot til minst éin søknad. Den største delen av midlane frå tilskotsordninga vart tildelt frivillige organisasjonar. Vidare vart det innsendt og innvilga flest søknader om tilskot til kultur-, ferie- og fritidsaktivitetar.

I 2025–2026 evaluerer Oslo Economics, på oppdrag frå Bufdir, heile tilskotsordninga. Evalueringa skal sjå på forvaltning, utforming og måloppnåing. Den første delrapporten vurderer utforming og forvaltning av tilskotsordninga. Evalueringa viser at ordninga treff eit tydeleg behov i kommunane, frivillig sektor og blant private aktørar, og bidreg til eit breitt aktivitetstilbod for barn og unge i risiko for utanforskap. Samstundes blir ordninga vurdert som kompleks for søkjarane og ressurskrevjande å forvalte, og Oslo Economics peikar på behov for forenkling.

Regjeringa vil i 2027 overføre heile delen av tilskotsordninga som i dag går til kommunane, til Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge, som vart etablert i 2026, sjå omtale over. Dette inneber at det vil bli gjort endringar i forskrifta for tilskot til å inkludere barn og unge, med verknad frå 2027. Endringane inneber at kommunane og andre offentlege instansar ikkje lenger kan søkje på ordninga. Kommunar og andre aktørar som allereie har fått vedtak om fleirårige tilskot gjennom ordninga, vil framleis få tilskot i samsvar med vedtaket og gjeldande forskrift på tidspunktet for vedtaket. Samstundes vil det bli gjort andre justeringar i ordninga, i tråd med tilrådingane i delrapporten frå Oslo Economics. Mellom anna blir det innført nye og tydelegare kriterium for måloppnåing og krav om registrering i Frivilligregisteret, og enkelte aktivitetstypar blir tekne ut av ordninga.

Regjeringa føreslår samstundes å auke tilskotsordninga med 10 mill. kroner i 2027, i tillegg til midlane som blir førte over frå den gamle ordninga på kap. 846, post 61. Auken vil gjere det mogleg å gi støtte til fleire prosjekt som fremjar meistring og samfunnsdeltaking blant barn og unge i fare for utanforskap. Ordninga omfattar mellom anna leksehjelp. For nærare omtale av forskriftsendringane, sjå kap. 846, post 72. For nærare omtale av omlegginga og den nye tilskotsordninga Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge, sjå kap. 846, post 63.

Støtte til barne- og ungdomsorganisasjonane

Det blir løyvd midlar til barne- og ungdomsorganisasjonane gjennom den nasjonale og internasjonale grunnstønaden. Dette er midlar som går til nasjonalleddet i barne- og ungdomsorganisasjonane og andre organisasjonar med eit barne- og ungdomsarbeid. Ordninga gir ein føreseieleg situasjon for drifta til organisasjonane.

I underkant av 216 mill. kroner vart utbetalte som tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonane og til paraplyorganisasjonane på feltet i 2025. Midlane går til nasjonal og internasjonal grunnstønad til barne- og ungdomsorganisasjonane, og til nasjonal og internasjonal driftsstønad til Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede. 98 organisasjonar fekk nasjonal grunnstønad, som er det same talet som året før. 33 organisasjonar fekk internasjonal grunnstønad.

I budsjettet for 2026 er det sett av i overkant av 227 mill. kroner til tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonane og til paraplyorganisasjonane på feltet. I 2026 vart driftstilskotet til LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede auka med 4 mill. kroner.

I 2027 føreslår regjeringa å auke den nasjonale grunnstønaden til barne- og ungdomsorganisasjonane med 7 mill. kronar.

Kultur- og likestillingsdepartementet forvaltar fleire breie ordningar for frivillig sektor. Desse er blant dei viktigaste verkemidla for å leggje til rette for at frivillig sektor kan skape aktivitetar som barn og unge kan delta i. Den største ordninga er momskompensasjon til frivillige organisasjonar. I 2026 var den samla ramma 3,1 mrd. kroner, og om lag 25 000 lag og foreiningar mottek støtte. Full momskompensasjon til frivillige organisasjonar er føreslått vidareført i 2027.

I 2026 vart det fordelt over 4 mrd. kroner av Norsk Tipping sitt overskot til idrettsføremål, og over 1,1 mrd. kroner i spelemidlar til kulturføremål. Midlane styrkjer rammevilkåra for idretten og kulturfrivillig sektor. Tiltak for barn og unge er prioriterte, slik at fleire kan delta i, skape og oppleve idrett og kultur uavhengig av bakgrunn og økonomi. Den kulturelle skulesekken blir òg finansiert av spelemidlar til kulturføremål og sikrar alle elevar tilgang til profesjonell kunst og kultur i skuletida.

Sidan 2023 er det fordelt over 1 mrd. kroner ekstra frå statsbudsjettet og spelemidlane til tiltak i handlingsplanen Alle inkludert! (2024–2026). Midlane er mellom anna fordelte gjennom Frifond, Lokale aktivitetsmidlar (LAM) til idretten, ekstrainnsats til idretten i område med mange barn i familiar med vedvarande låginntekt, Krafttak for mangfald i kulturfrivillig sektor og Ungdom og Fritids Fond. Ordningane bidreg til deltaking i idrett, korps, kor, kulturfrivillig sektor og fritidsklubbar.

Økonomisk støtte til barnefamiliane

Økonomisk støtte til barnefamiliane tryggjer og betrar det økonomiske handlingsrommet i familiane, og kan brukast til barna eller til andre behov familiane har. Den viktigaste førebygginga skjer gjennom dei store velferdstenestene, som barnehage, skule og helsetenester, og gjennom sikringsnettet med ytingar for livsopphald og stønader. Velferdstenestene er universelle og heilt eller delvis offentleg finansierte. Fleire av ytingane har vilkår knytte til mottak, men dei som er utan anna inntekt vil ha rett på å få dekt livsopphald, og familiar med barn har rett på særskilde stønader.

Fleire internasjonale studiar finn positive effektar av inntektsaukar for skuleresultat og helsa til barn i familiar nedst i inntektsfordelinga. Samstundes kan høge kontantytingar svekkje deltakinga til foreldra i arbeidslivet. Regjeringa er oppteken av å balansere omsynet til inntektssikring og omsynet til arbeidslinja på ein god måte.

Barnetrygda er auka monaleg under denne regjeringsperioden, særleg for barn over 6 år og for einslege forsørgjarar, noko som er særleg viktig for låginntektsfamiliar. For nærare omtale av foreldrepengar, eingongsstønad, barnetrygd og kontantstøtte, sjå «Familieordningane» og programkategori 28.50.

Under ansvarsområdet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet er det gjennomført fleire endringar i inntektssikringsordningane dei siste åra som òg verkar inn på barnefamiliar.

Mellom anna vart minstesatsane for arbeidsavklaringspengar, uføretrygd og kvalifiseringsstønad oppjusterte frå 1. juli 2024. Barnetillegga for arbeidsavklaringspengar, kvalifiseringsstønad og dagpengar er auka, og utgjer 38 kroner per barn per dag frå 1. januar 2026. Dei statlege rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp vart auka ekstraordinært med 10 prosent frå 1. juli 2023. Dette omfatta òg satsane for livsopphald til barn.

Frå 1. juli 2026 vart stønadene til einsleg mor eller far etter folketrygdlova kapittel 15 avvikla for hovudgruppa av mottakarar. Endringa inneber at overgangsstønad og stønad til barnetilsyn for einslege i arbeid blir reservert einslege som har aleineomsorg for barn opp til 14 månader eller som har særleg tilsynskrevjande barn. For andre einslege foreldre er stønadene avvikla. Endringa gjeld berre nye tilfelle frå 1. juli. Hovudføremålet er å auke arbeidsinsentiva for einslege foreldre, slik at dei kan forsørgje seg sjølve.

Barnehage, skule og SFO

Regjeringa har som mål at barnehagar, skular og SFO legg til rette for betre utvikling, læring og trivsel for alle barn og elevar, og slik bidreg til utjamning av sosiale forskjellar, samtidig som innsatsen for betre oppvekstvilkår for alle.

Barnehagen er for dei fleste barn det første store fellesskapet dei møter. Regjeringa prioriterer at alle barn skal få tilgang til barnehage ved å mellom anna senke maksimalprisen til eit historisk lågt nivå. I 2027 føreslår regjeringa å vidareføre maksimalprisen nominelt. Låg pris har gjort at ein stadig større del av barna går i barnehage. I 2025 var delen over 94,5 prosent for alle barn i landet. For minoritetsspråklege barn var delen over 91 prosent. Dette er viktig, fordi barnehagen er ein viktig arena for å gi barn ein god start og likare moglegheiter vidare i oppveksten. For at barnehagane skal kunne bidra til dette, må kvaliteten vere god. Derfor vil vi prioritere innhald og kvalitet i barnehagen framover.

Fellesskulen skal både danne og utdanne barn og unge og ruste dei til å kunne ta eigne val og utnytte ressursane sine. Å kunne lese er heilt grunnleggjande for å forstå, lære og delta aktivt i skule, arbeidsliv og samfunn. Regjeringa er godt i gang med Leseløftet, og vil prioritere ytterlegare midlar i 2027. Målet er fleire bøker både i barnehagen, skulen og skulebiblioteka, mindre skjermbruk og betre støtte til barn og unge som strevar med lesing. I tråd med Regjeringa sin plan for Noreg (2026–29) vil regjeringa særleg prioritere lesing, skriving og rekning. Dette er avgjerande både for individet og samfunnet. Regjeringa føreslår ei særskild satsing på grunnleggjande ferdigheiter, og vil i 2027 bruke i overkant av 465 mill. kroner på smågruppeundervisning.

Kunnskapsdepartementet vidarefører tilskota til beredskapsteam og skulemiljøteam i utvalde kommunar. Beredskapsteam skal jobbe med å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet og utrygge skulemiljø i kommunen, medan skulemiljøteam skal førebyggje og handtere utfordringar i skulemiljøet og sikre elevane rett til eit trygt og godt skulemiljø.

Butilhøve og områdesatsingar

Ein trygg og god bustad er eit grunnleggjande behov, og er viktig for oppvekstvilkåra til barn og unge. Utfordringar som hyppig flytting og det å bu trongt både påverkar familiane det gjeld, og kan skape utfordringar i nærmiljøa.

Barnefamiliar er ei prioritert målgruppe i fleire bustadsosiale verkemiddel, mellom anna startlånsordninga. Regjeringa føreslår å føre vidare låneramma til Husbanken frå saldert budsjett for 2026 på 34 mrd. kroner i 2027, der startlån har høgaste prioritet. I 2025 gjekk 61 prosent av alle startlån til barnefamiliar, totalt 11,6 mrd. kroner.

Bustøtta er eit viktig verkemiddel for å gi barnefamiliar og andre husstandar med låge inntekter og høge bu-utgifter ein høveleg bustad. I 2025 fekk 44 700 barnefamiliar bustøtte. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 vart bustøtta styrkt gjennom ei rekkje tiltak, desse vart gjort varige frå 2025. Det vart mellom anna vedteke at inntekta til heimebuande 18- og 19-åringar ikkje skal telje med når bustøtta til ein husstand blir berekna. Dette gir heimebuande 18- og 19-åringar høvet til å opparbeide seg arbeidserfaring utan at det går ut over bustøtteutbetalinga for husstanden.

Det blir vidare løyvd midlar til områdesatsingar, som er avtalebaserte langsiktige samarbeid mellom stat og kommune om ekstra innsats i geografisk avgrensa område med eit visst folketal og med konsentrasjon av levekårsutfordringar. Barn og unge er ei prioritert målgruppe i områdesatsingane.

Sosial ulikskap i helse

Fleire regelverksendringar er gjennomførte for å verne barn og unge. Dette gjeld mellom anna forbod mot å selje lystgass til barn under 18 år, 16-årsgrense for kjøp av energidrikkar og nye reguleringar av tobakks- og nikotinprodukt. Helsedirektoratet har publisert tilrådingar om redusert skjermbruk og tilgang til smarttelefon for barn og unge. Frå 25. oktober 2025 er det innført forbod mot marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot barn og unge under 18 år.

Nødvendige regelverksendringar for å leggje til rette for ei nasjonal prøveordning med tilvisingsrett for helsesjukepleiarar til BUP tok til å gjelde i kraft 1. september 2026. Føremålet er at barn og unge som treng det, skal få hjelp så raskt som mogleg, samstundes som personellressursane blir brukte på ein god måte.

I semja om revidert nasjonalbudsjett (RNB) er det vedteke å fjerne eigendelar for 16- og 17-åringar hos fastlege og legevakt frå 1. august i år. Då blir all helsehjelp i offentleg regi som er omfatta av eigendel, gratis for ungdom under 18 år.

Etter handsaminga i Stortinget av Prop. 83 L (2024–2025) Endringar i barnevernslova mv. (kvalitetsløftet i barnevernet), blir fleire tiltak sette inn for å styrkje tilgangen til helsehjelp for barn i barnevernet. Det blir sett av midlar til helseteam knytte til alle barnevernsinstitusjonar. Ein ny modell for tverrfagleg helsekartlegging for alle barn som skal flytte ut av heimen, blir sett i verk. Dei regionale helseføretaka har utarbeidd ein nasjonal plan for utbygging av tenestetilbodet for alle barn og unge med rusmiddelproblem. Helsesatsinga i barnevernet skal førast vidare og styrkast gjennom vidare implementering av Nasjonalt forløp for barnevern.

Arbeid og inkludering

Arbeid er den viktigaste kjelda til inntekt og velferd. Foreldra si deltaking på arbeidsmarknaden bidreg til å betre oppvekstvilkåra til barna og levekåra i familien. Regjeringa sin innsats for å få fleire i arbeid er viktig for å motverke at låginntekt og levekårsutfordringar går i arv. Tiltak som legg til rette for at fleire kjem i arbeid, er òg viktige for integreringa.

Det er starta fleire tiltak for å vareta og styrkje barneperspektivet i arbeids- og velferdsforvaltinga (Nav). Det er mellom anna utarbeidd ei rettleiing for Nav-tilsette om kva tid og korleis arbeids- og velferdsforvaltinga skal vurdere det beste for barnet. Som ei oppfølging av Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn vil regjeringa prøve ut ulike modellar for ei familiekoordinatorrolle i Nav-kontora.

Ungdomsløftet er regjeringa si satsing for å få fleire unge som står utanfor arbeidslivet, inn i jobb. Som ein del av ungdomsløftet har regjeringa inngått ein intensjonsavtale med partane i arbeidslivet, store verksemder og brukarorganisasjonar for personar med funksjonsnedsetjing. Avtalen forpliktar partane til å arbeide saman om å skape jobbopningar og meistringsarenaer for unge i perioden 2025–2030.

Ungdomsløftet samlar også eksisterande og nye arbeidsretta innsatsar for unge. Frå hausten 2025 er det sett i gang eit forsøk med arbeidsretta ungdomsprogram ved sju Nav-kontor. Føremålet er å undersøkje om eit fulltidsprogram med strenge aktivitetskrav og ei ungdomsyting kan bidra til at fleire unge får ei stabil tilknyting til arbeidslivet. Regjeringa vil i 2026 også starte opp eit forsøk med aktivitetspengar for unge (forsøket Eit enklare Nav). Forsøket skal prøve ut ein stønad til unge under 30 år utan krav om diagnose, med individuelt tilpassa oppfølging og aktivitet. I 2026 er det sett i gang eit rekrutteringsprogram til helse- og omsorgssektoren, primært for unge som står utanfor arbeid og utdanning. I løpet av hausten 2026 vil det også bli sett i gang eit forsøk med fireårig lønnstilskot for unge som står i fare for å bli uføretrygda eller som allereie er det.

Om lag seks av ti barn i hushald med vedvarande låg inntekt har innvandrarbakgrunn. God integrering er viktig for at foreldre kan delta i arbeid og komme ut av fattigdom. Kvalifisering til den norske arbeidsmarknaden, norskopplæring og motarbeiding av diskriminerande barrierar legg til rette for at fleire foreldre med innvandrarbakgrunn får varig tilknyting til arbeidslivet. Regjeringa satsar vidare på tilskotsordninga Jobbsjansen, slik at fleire kvinner med innvandrarbakgrunn kan få kvalifisering for å komme ut i arbeid.

For nærare omtale, sjå Prop. 1 S (2026–2027) for Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Eit trygt familieliv

Eit trygt familieliv er viktig for helsa, livskvaliteten og utviklinga til barn, og det er foreldra som har hovudansvaret for å vareta dette. Foreldra pliktar å ta hand om barnet sine grunnleggjande rettar, og å gi barnet omsorg, kjærleik, forsørging og ei oppseding med respekt for eigenverdet til barnet. Barn sine grunnleggjande rettar er lovfesta i den nye barnelova som vart vedteken av Stortinget 16. juni 2025. Dette omfattar retten til medverknad, retten til omsorg, utvikling og vern mot vald, retten til ikkje å bli diskriminert og retten til eit familieliv. Lova har ikkje teke til å gjelde.

Foreldreansvaret og omsorgsplikta til foreldra er lovfesta i barnelova, og er presisert i ny barnelov. I den nye føresegna om omsorgsplikta som følgjer med foreldreansvaret, står det at foreldre skal vareta barn sine rettar og ta omsyn til at kva som er best for barnet kan endre seg gjennom oppveksten. Det står også at barnet har rett til omsorg frå begge foreldra, og at foreldra så langt mogleg må samarbeide om å vareta helsa, livskvaliteten og utviklinga til barnet. Barn sin rett til omsorg og vern følgjer også av barnekonvensjonen og Grunnlova. Barn sine rettar og foreldre sine plikter er ikkje godt nok kjende for alle. Å gi god rettleiing om foreldreansvaret og å styrkje foreldre i foreldrerolla kan betre oppvekstvilkåra til barn. Bufdir har fått i oppdrag å lage enkel og tilgjengeleg informasjon retta mot foreldre og barn om den nye barnelova.

Foreldre kan oppleve utfordringar med å vareta foreldreansvaret og utøve foreldrerolla på ein måte som er i tråd med det beste for barnet, og dei kan trenge støtte. Konfliktar og utfordringar bør handterast før dei veks til alvorlege problem. Høg konflikt mellom foreldra over tid, og vald, rus eller alvorleg psykisk uhelse vil som oftast ha negative konsekvensar for barnet og vere skadeleg for barn sin tryggleik, utvikling og livskvalitet. Det er best for barnet at foreldre får den hjelpa dei treng, slik at dei kan oppfylle foreldreansvaret sitt og vere gode omsorgspersonar.

Staten yter støtte til foreldre, til dømes ved mekling og kliniske tilbod i familievernet, gjennom tilskot til foreldrestøttande arbeid i kommunane og gjennom informasjon til foreldre på foreldrehverdag.no. Foreldre og barn kan ha ulike behov. Det er viktig at tenestene kan gi eit tidleg, tilpassa og samordna tilbod. Staten bidreg òg til kompetanseheving retta mot tilsette i kommunane.

Departementet har fastsett dette målet:

  • Eit trygt familieliv der foreldre varetar utviklinga og rettane til barna

Foreldrestøttande arbeid, inkludert samlivstiltak, kan bidra til å hindre at utfordringar i familielivet veks til alvorlege problem som råkar barnet. Bufdir skal støtte kommunane i arbeidet med å styrkje det breie, førebyggjande, foreldrestøttande arbeidet. Bufdir skal syte for at foreldrestøttande tiltak støttar opp om foreldreansvaret og barn sine rettar, slik endringane i ny barnelov tilseier og i tråd med det nye målet over.

Tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak i kommunane var i 2025 på 53,3 mill. kroner. Det vart tildelt tilskot til 169 tiltak, inkludert fleirårige tiltak. 61 av desse tiltaka var nye. Ei undersøking gjennomført av Rambøll for å kartleggje status for tiltak i norske kommunar vart avslutta i mai 2025. Kartlegginga viser at det har vore ei positiv utvikling i arbeidet kommunane gjer med foreldrestøttande arbeid, særleg med kunnskapsbaserte program for foreldrerettleiing som møter ulike behov hjå foreldra. Tilskotsordninga er vidareført med 55,3 mill. kroner i 2026.

I 2027 føreslår regjeringa å innlemme tilskotsordninga i Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge (Førebyggingsprogrammet), gjennom å overføre 57 mill. kroner til Førebyggingsprogrammet. Kommunar og andre aktørar som allereie har fått tilsegn om fleirårige tilskot gjennom tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak i kommunane vil framleis få tilskot til dette i 2027. Målet med overføringa av tilskotsordninga til Førebyggingsprogrammet er å leggje til rette for at kommunane kan sjå ulike førebyggjande tiltak, inkludert foreldrestøttande tiltak, betre i samanheng og tilpasse innsatsen til lokale behov. Kommunar kan bruke tilskot frå Førebyggingsprogrammet til ulike foreldrestøttande tiltak.

Behovet for god foreldrerettleiing er viktig på integreringsfeltet. Bufdir har i 2025 og 2026 bidratt inn i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet sitt arbeid med rettleiing til foreldre i introduksjonsprogrammet for foreldre med barn under 18 år, og vil fortsetje med det i 2027. Rettleiinga skal støtte opp om foreldreansvaret og barn sine rettar.

Ein nettressurs om foreldrestøttande tiltak er retta mot tilsette fagpersonar i kommunane og andre som har foreldre som målgruppe.15 Målet er å støtte fagpersonar i å orientere seg i kva tilbod som finst, og å gjere det lettare å velje og ta i bruk eigna tiltak for familiar på tvers av tenester. I 2025 er nettressursen vidareutvikla med oppdatert informasjon om barn sin digitale kvardag, for å styrkje vaksne si rolle som støttespelarar i barn sine digitale liv. Bufdir vil fortsetje med å vidareutvikle nettressursen i 2026 og 2027, slik at den framleis er relevant og dekkjande. FHI gjennomfører ei kunnskapsoppsummering av tiltaksoversikta i nettressursen for å sikre at tiltaka er baserte på eit oppdatert kunnskapsgrunnlag.

Foreldrehverdag.no er ein inngangsport til digital kvalitetssikra informasjon for foreldre, drifta av Bufdir. Nettsida gir foreldre lett tilgang til informasjon av høg kvalitet, til hjelp og støtte i foreldrerolla. I 2025 og 2026 har det mellom anna blitt utarbeidd nytt innhald, til dømes om dei nye skjermråda og korleis vaksne kan snakke med barn og unge om ungdomskriminalitet. Det er òg gjort tiltak for å nå fleire brukarar, særleg minoritetsforeldre.

Barnelova

Regjeringa er i gang med å førebu at ny barnelov skal ta til å gjelde. Forslag til ny meklingsforskrift, som skal på høyring, skal bidra til god gjennomføring av lovendringane i ny barnelov. Forskrifta vil ramme inn meklingsordninga tydelegare, ved å gi nærare føresegner om korleis mekling skal gjennomførast etter ny barnelov, der føremålet med meklinga er endra og barn sine rettar styrkte. Eigen informasjon til foreldre om ny barnelov er òg viktig å få på plass ved ikraftsetjing, slik at ein når målet med lova. Departementet føreslår å løyve midlar til arbeid med implementering av ny barnelov, mellom anna oppfølging av oppmodingsvedtak.

Departementet arbeider med oppfølging av ei rekkje oppmodingsvedtak frå Stortinget til ny barnelov, i samarbeid med andre departement. Som ledd i oppfølginga har Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM), på oppdrag frå departementet, utarbeidd ein rapport om handlingsrommet etter menneskerettane ved tiltak som avgrensar samvær.

Det er behov for meir og betre kunnskap om kva foreldre har konfliktar om, både ved mekling i familievernet og i foreldretvistar for domstolen. Dette er grunnleggjande for å kunne finne treffsikre tiltak. Vi veit at det i ein del meklingssaker er foreldre med høg konflikt, men vi veit ikkje nok om kva konfliktane handlar om og kva som blir utfallet. Departementet vil i 2026 og 2027 fortsetje arbeidet med å få meir kunnskap om dette. Bufdir har fått i oppdrag å evaluere verknader av føresegner i ny barnelov som skal redusere konfliktar mellom foreldre. Eit forskingsoppdrag vart lyst ut i juni, og Bufdir tek sikte på å inngå kontrakt hausten 2026. Modernisering av sakshandsamingssystemet (FADO) vil òg gi betre statistikk og betre grunnlag for forsking.

Familievernet

Familieverntenesta har familierelasjonar som spesialfelt, og skal gi hjelp til familiar som opplever vanskar, konflikt eller kriser. Familievernet har ansvar for lovfesta mekling og for eit breitt klinisk tilbod til familiar, irekna kurs og barnegrupper.

Over 55 000 familiar fekk tilbod om mekling eller terapi i familievernet i 2025. Meklingssakene og kliniske saker med foreldre med heimebuande barn under 18 år blir prioriterte. Talet på mekling i samband med samlivsbrot og foreldretvistar har vore relativt stabilt dei siste fem åra, med om lag 17 900 nye meklingssaker i familievernet og om lag 4 500 meklingar hos eksterne meklarar årleg.

Tenesta melder om kapasitetsutfordringar. Dei melder at dette har fleire årsaker, mellom anna at fleire tar kontakt eller blir tilviste frå andre tenester og at sakene er meir komplekse. Det er òg utfordringar knytte til endring av timar og manglande oppmøte. Det er behov for tiltak som kan bidra til betre frammøte og til at timar som blir ledige, kan brukast til andre som har behov for tenesta. I Prop. 1 S (2025–2026) vart det varsla eit arbeid med å innføre gebyr i familievernet for ikkje å møte til avtalte timar eller sein flytting, for å betre insentiva til å avbestille timar i tide og for å betre oppmøte. Departementet vil etter ei nærare vurdering likevel ikkje gå vidare med dette no. Bufdir ser på andre tiltak for å sikre at kapasiteten i tenesta blir brukt godt.

Det noverande sakshandsamingssystemet for familievernet (FADO) byggjer på utdatert teknologi. Det er høg risiko for driftsstans, og systemet verkar seint og på ein måte som gir redusert effektivitet for tilsette og kan gå ut over sakshandsaminga, informasjonstryggleiken og personvernet til brukarane. Dagens system er basert på ei utdatert teknisk løysing som er sårbar for endringar og vidare utvikling. I 2027 er det naudsynt å prioritere midlar til modernisering av sakshandsamingssystemet, slik at risikoen for informasjonstryggleiksbrot, driftsavbrot og systemfeil blir redusert. Prosjektet starta i 2026 og er planlagt å halde fram over tre år. Moderniseringa vil gjere at tenestene får høgare kvalitet og blir meir likeverdige. Med ei meir effektiv og brukarvennleg teknologisk plattform vil dei tilsette i familievernet også kunne bruke meir tid på direkte arbeid med barn, unge og familiar. Eit modernisert sakshandsamingssystem vil på sikt kunne gi betre statistikk om familievernet, som òg vil gi grunnlag for betre styringsinformasjon, dimensjonering og utvikling av tenesta og forsking. Eit modernisert sakshandsamingssystem vil støtte opp om god implementering av den nye barnelova, med forskrifter.

Ekteskapslova

Innstramming i reglar i ekteskapslova om anerkjenning av ekteskap inngått etter utanlandsk rett og om forbod mot ekteskap mellom nære slektningar (søskenbarnekteskap) tok til å gjelde 1. januar 2025. Ni par søkte statsforvaltaren om samtykke til å gifte seg med ein nærståande i 2025. Ein søknad vart innvilga og åtte avslåtte. I tillegg vart to søknader om anerkjenning av ekteskap inngått etter utanlandsk rett, som var ugyldig fordi partane er søskenbarn, innvilga.

Adopsjon

Dei overordna måla med adopsjonsprosessane er å sikre at adopsjonar er trygge og går føre seg på ein forsvarleg måte, og at adopterte og familiane deira får god oppfølging både før og etter adopsjonen.

Bufdir skal sørge for at praksis etter adopsjonslova er godt i samsvar med konvensjonsforpliktingar og menneskerettane, og at det er lik handsaming ved vurdering av løyve og enkeltsaker. Det er no berre mogleg å adoptere frå eitt land. I 2025 vart fem barn adopterte til Noreg. Hausten 2025 tok Bufdir over oppgåva med å godkjenne alle nye tildelingar til Noreg og kontrollere dokumentasjonen i desse sakene. Bufdir har styrkt dokumentasjonskontrollen i adopsjonssaker for å sørgje for rettstryggleiken til barna det gjeld og dei biologiske foreldra.

22. juni 2026 la Granskingsutvalet for utanlandsadopsjonar fram sin endelege rapport, NOU 2026: 7 Forsvarlighet, risiko og tillit. Føremålet med arbeidet var å få svar på om det har vore ulovlege eller uetiske tilhøve i samband med adopsjonar frå utlandet til Noreg. I rapporten viser utvalet til at norske styresmakter har undervurdert risikofaktorane ved utanlandsadopsjonar, og hatt for liten kontroll på feltet. Utvalet meiner at det har vore klare manglar ved adopsjonssystemet i Noreg gjennom heile formidlingsperioden fram til utvalet byrja arbeidet sitt, men meiner òg at systemet på fleire punkt har blitt styrkt over tid. Utvalet tek til orde for betre oppfølging av adopterte og familiane deira. NOU-en er sendt på høyring, og departementet vil følgje opp saka.

Bufdir og Bufetat skal sørgje for tilgjengelege og eigna etteradopsjonstilbod. Tilboda er utvikla for å møte dei særskilde utfordringane som adopterte og familiane deira kan ha.

Vald og overgrep

Om lag 10 prosent av barn og unge har opplevd vald eller overgrep i ei eller anna form, eit tal som har vore stabilt over tid.16 NOVA sin omfangsstudie UngVold 2023 viser ein stor auke i seksuelle krenkingar blant unge. 26 prosent av jenter på vidaregåande skule har opplevd minst ei grov seksuell krenking. Studien viser òg at digitale plattformer spelar ei sentral rolle i seksuelle krenkingar blant barn og unge. 36 prosent av jentene og 10 prosent av gutane har opplevd minst ei form for digital seksuell krenking.17 Statistikken teiknar eit bekymringsfullt bilete av omfanget av vald og overgrep. I mange tilfelle blir vald og overgrep mot barn og personar i nære relasjonar avdekte seint, og i ytste tilfelle, for seint. Ein fjerdedel av alle drap i Noreg er partnardrap, og langt dei fleste som blir drepne er kvinner.

Regjeringa er uroleg over at omfanget av vald og overgrep i samfunnet er vedvarande høgt. Statlege styresmakter har eit ansvar for å førebyggje vald og overgrep, og å hjelpe dei som blir utsette for dette. Arbeidet omfattar ansvaret til fleire departement. Barne- og familiedepartementet har ansvar for å koordinere innsatsen mot vald og overgrep mot barn, men har òg eit overordna ansvar for fleire av hjelpetiltaka retta mot både vaksne og barn, som til dømes krisesentera. Familieverntenesta er også viktig for å avdekkje vald, og tenesta møter foreldre og barn i samband med mekling eller terapi.

Regjeringa følgjer opp Prop. 36 S (2023–2024) Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) – Trygghet for alle, og handlingsplanen Sjef i eget liv – styrket innsats mot negativ sosial kontroll og æresmotivert vold (2025–2028). Oppfølging av tiltak i opptrappingsplanen står sentralt i direktoratssamarbeidet som er etablert på valdsfeltet.

Foreldrestøttande arbeid i regi av helsetenestene, barnevernet og familievernet er viktig førebyggjande arbeid mot vald. God førebygging handlar òg om å gi barn frå tidleg alder kompetanse om eigen og andre sin kropp, grenser og seksualitet. Fafo har på oppdrag frå Bufdir gjennomført ein effektstudie av opplæringsverktøyet «Jeg vet» i 2025–2026. Studien viser at bruk av verktøyet aukar den samla kunnskapen til elevane om vald i heimen, seksuelle overgrep og om kva barn kan gjere for å få hjelp, særleg blant dei yngste barna. Bruk av «Jeg vet» har òg dokumenterte positive effektar på lærarane sin motivasjon og tryggleik i å undervise om vald og overgrep.18 Samstundes viser tidlegare følgjeevaluering at det er utfordrande å få tilsette i skular og barnehagar til å ta i bruk opplæringsressursar som «Jeg vet» og «Snakkemedbarn.no». Utdanningsdirektoratet vurderer no, på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, korleis barn og elevar, tilsette, leiarar og eigarar i barnehage og skule lett kan få tilgang til pedagogiske ressursar om vald og overgrep.

Den nye «samtykkelova» tok til å gjelde 1. juli 2025, og innførte prinsippet om at berre ja betyr ja. Våren 2026 lanserte Bufdir ein haldningskampanje om sex og samtykke blant unge. Målet med kampanjen er å bidra til auka kunnskap og refleksjon rundt grensene mellom frivillig sex, krenkjande eller skadeleg åtferd og seksuelle overgrep blant unge mellom 15 og 18 år.

Vald og overgrep mot barn og unge har i dag ofte ein sterk digital dimensjon. Samstundes er digitale arenaer ein integrert del av barn og unge sin oppvekst. Arbeidet med trygge oppvekstvilkår må derfor omfatte både dei fysiske og dei digitale arenaene der barn og unge lever liva sine.

Regjeringa har etablert ein partnardrapskommisjon som går gjennom alle partnardrap for å lære av feil og forbetre det førebyggjande arbeidet. Hausten 2026 legg kommisjonen fram sin første rapport.

Regjeringa etablerte i 2025 ei undersøkingsordning i Statens helsetilsyn om drap, vald, overgrep og omsorgssvikt mot barn. Stortinget vedtok våren 2026 barnevoldsundersøkelsesloven, som tok til å gjelde frå 1. juli 2026. Føremålet med ordninga er å bidra til å identifisere systemsvikt og lærings- og forbetringspunkt i arbeidet til offentlege verksemder for å førebyggje drap, vald, overgrep og omsorgssvikt mot barn gjennom undersøkingar av arbeidet til offentlege verksemder i slike saker. Departementet føreslår å auke løyvinga til Statens helsetilsyn med 2,5 mill. kroner i 2027 til drift av undersøkingsordninga.

Arbeidet med oppfølginga av opptrappingsplanen og andre handlingsplanar på feltet held fram. Tiltak for å auke kompetansen om vald og overgrep og om avverjeplikta i tenester BFD har ansvar for, vil bli prioritert i 2027. Regjeringa vil hausten 2026 starte arbeidet med ein ny handlingsplan for å førebyggje valdtekt.

Krisesentertilbodet

Alle kommunar har ei lovfesta plikt til å sørgje for eit krisesentertilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. Krisesentera er eit hjelpetilbod med særleg kompetanse på vern og tryggleik, og gir råd og rettleiing til personar som er utsette for vald i nære relasjonar. Det finst 41 krisesentertilbod i Noreg. Det er kommunane som finansierer drifta av sentera.

I løpet av 2025 hadde til saman 2 278 vaksne opphald på krisesentera, 2 052 kvinner og 226 menn. Dette er ein nedgang på om lag 3 prosent frå 2024. Det vart registrert 3 845 dagbrukarar i 2025. Dette er ein auke på 3 prosent samanlikna med 2024. 1 531 barn hadde opphald på sentera i løpet av 2025. Dette er ein nedgang på 10 prosent samanlikna med 2024. 298 barn var dagbrukarar i 2025. Dette er ein auke på 8 prosent samanlikna med 2024. Barna var i snitt 7 år, og eit opphald varte i snitt i 28 døgn. 11 prosent av barna hadde budd på krisesenter ein eller fleire gongar før. Ved 62 prosent av opphalda var det i framkant oppretta kontakt med minst ein annan instans, normalt barnevernet.

I samband med implementeringa av endringane i krisesenterlova, som tok til å gjelde frå 1. januar 2026, har Bufdir utarbeidd eit nytt rundskriv til krisesenterlova, jf. Rundskriv 20/2026. Bufdir har òg oppdatert den faglege rettleiaren for innhaldet i krisesentertilbodet og vil vidare i 2026 oppdatere rettleiaren for statsforvaltaren sitt tilsyn med krisesentertilbodet.

Romerike krisesenter har fått forlenga sitt forsøk med felles krisesentertilbod for kvinner og menn ut 2027. Forsøket blir evaluert. Det vil gi auka kunnskap om denne måten å organisere tilbodet på.

Krisesentertilbodet er eit av dei viktigaste vernetilboda for dei som er utsette for vald i nære relasjonar. Arbeidet med å leggje til rette for ei god fagleg utvikling av krisesentertilbodet, og for at kommunane har eit aktivt eigarskap til krisesentertilbodet, vil halde fram.

Tilskot til oppgradering av krisesenterbygg

Det vart i 2025 etablert ei tilskotsordning for å stimulere kommunar til å oppgradere, fornye eller utvide krisesentera sine. Tilskotet kan òg brukast til nybygg. Departementet føreslår at ein kan gi tilskot for inntil tre år, med atterhald om løyving frå Stortinget. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet forvaltar ordninga. I 2025 fekk åtte kommunar støtte, og det blei løyvd totalt 20 mill. kroner. I 2026 er ordninga på 20,7 mill. kroner. Ordninga vil bidra til å gi eit betre og meir tilpassa krisesentertilbod til innbyggjarane i kommunane. Ordninga blir vidareført i 2027.

Tilskot til tiltak mot vald og overgrep

Departementet gir tilskot til drift av sentera mot incest og seksuelle overgrep / NOK.-sentera. Dette er eit lågterskeltilbod, der personar som er utsette for seksuelle overgrep, og pårørande, kan få råd, støtte og rettleiing. Det er til saman 21 senter og eitt ressurssenter mot valdtekt. I 2025 var det 3 738 personar som brukte sentera, som er ein nedgang frå 3 824 personar i 2024.

Departementet gir tilskot til stiftelsen Alternativ til Vold (ATV) til drift av eksisterande ATV-kontor. Målet for tilskotet er å drifte eit behandlingstilbod til utøvarar av vald i nære relasjonar og familiane deira. Det er 15 ATV-tilbod i Noreg. Til saman 2 445 klientar fekk behandling i 2025, inkludert 233 valdsutsette barn som fekk behandling eller informasjonssamtalar. Brukarundersøkingar syner at brukarane er godt nøgde med tilbodet dei får.

Vidare gir departementet tilskot til drift av Stine Sofie Senteret, eit nasjonalt kurs- og meistringssenter for valds- og overgrepsutsette barn og unge mellom 0 og 18 år, deira trygge omsorgspersonar og søsken. I 2025 har 509 barn og 411 omsorgspersonar hatt eit opphald ved senteret. Tilbakemeldingane frå brukarane av tilbodet er gode.

Departementet gir i tillegg tilskot til ei rekkje hjelpetelefonar for valdsutsette og deira pårørande. Agenda Kaupang har på oppdrag frå Bufdir i 2025 og 2026 kartlagt omfanget av hjelpetelefonar og chattilbod for valdsutsette vaksne, unge og barn19. Kartlegginga viser at omfanget av hjelpetelefonar og chattilbod er stort, og at det er potensial for betre å samordne det samla tilbodet. Sjå òg postomtalen for nærare omtale av hjelpetelefonar BFD gir tilskot til.

Barne- og familiedepartementet gir òg tilskot til fleire kunnskaps- og kompetansesenter på feltet. Dette gjeld til dømes tilskot til Nasjonalt samisk kompetansesenter (NASAK), Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) og dei regionale sentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane).

Bufdir forvaltar tilskotsordninga Tilskot til tiltak mot vald og overgrep. Målet med ordninga er å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og å styrkje meistringsevna og livskvaliteten til barn og unge som er, eller har vore, utsette for vald eller seksuelle overgrep. Frivillige organisasjonar, samt kommunar og interkommunale samarbeid, kan søkje om tilskot for inntil tre år.

I 2025 vart det gitt tilskot på om lag 14,3 mill. kroner gjennom den søkbare ordninga. Landsforeningen mot seksuelle overgrep (LMSO), Utsattmann, Foreningen mot psykisk vold og Nok.Norge fekk driftstilskot gjennom ordninga. Fleire krisesenter, kommunar og nokre frivillige organisasjonar fekk prosjekttilskot gjennom denne utlysinga. Krisesentersekretariatet fekk eit øyremerkt tilskot. I 2026 er det lyst ut 13 mill. kroner i søkbare midlar gjennom ordninga.

Rapporteringane syner at eitt eller fleire av måla for ordninga er nådd. Mellom anna har tilskotsordninga i 2025 støtta aktivitetar for å vidareutvikle krisesentertilbodet for utsette grupper, tiltak for å auke meistringsevne og livskvalitet for barn og unge som er eller har vore utsette for vald eller seksuelle overgrep, og tiltak innretta mot familievald og sinnemeistring.

Fleire organisasjonar får i 2026 namngitte driftstilskot over same kapittel og post, mellom anna nokre tiltak mot tvangsekteskap. I tillegg er det gitt tilskot til Valds- og overgrepslinja (VO-linja), til Foreldresupport, hjelpetelefonen til Mental Helse og andre ulike hjelpetelefonar.

Løyvinga, både til tilskotsordninga og dei namngitte driftstilskota, blir i hovudsak ført vidare i 2027. Regjeringa føreslår å styrkje tilskotet til VO-linja i 2027 for å bidra til at chatten kan ha lengre opningstid.

Barnet sine rettar og ordningar for medverknad

Barn har særskilde rettar etter Grunnlova og barnekonvensjonen. Barn har rett til å bli høyrt i alt som gjeld dei, og er avhengige av at andre varetek interessene deira utan eigennytte. I alle handlingar og avgjerder som gjeld barn, skal omsynet til kva som er det beste for barnet vurderast særskilt og vere eit grunnleggjande omsyn. Det offentlege pliktar å vurdere om tiltak gjeld eller kan få konsekvensar for barn, og ansvarleg instans må syte for at barn sine rettar blir vurderte som ein del av sakshandsaminga.

I 2025 hadde departementet eit eige mål for barn sine rettar om at «Barn får medverke, og barn sine rettar blir betre varetekne.»

Den nye barnelova inneheld eit eige innleiande kapittel om barn sine grunnleggjande rettar. Kapittelet omfattar barnet sitt beste, retten til medverknad, samt rett til omsorg, utvikling, vern mot vald, ikkje-diskriminering og familieliv.

Bufdir har eit særskilt ansvar for å auke medvitet om barnekonvensjonen og styrkje medverknaden til barn og unge på tvers av sektorar og forvaltingsnivå. Regjeringa tydeleggjorde i 2025 Bufdir si rolle som nasjonalt kompetansemiljø for barn og unge sin medverknad på systemnivå. Dette oppdraget er vidareutvikla i 2026. Bufdir har arbeidd vidare med å leggje til rette for medverknad i kommunane, mellom anna gjennom ungdomsråd, nettverk og nasjonale møteplassar. Bufdir lagar òg verktøy og metodar for medverknad, som skal hjelpe offentlege verksemder å vareta medverknad frå barn og unge.

Barne- og familiedepartementet koordinerer oppfølginga av barnekonvensjonen og tilrådingane frå FN sin barnekomité. Noreg leverte sin sjuande rapport til komiteen i 2024, og i mai 2025 vart Noreg høyrt om oppfølginga av konvensjonen. Komiteen har i etterkant gitt nye tilrådingar, som departementa no vurderer korleis skal følgjast opp.

I 2026 arbeider Bufdir med å utvikle rettleiing spesielt tilpassa statlege verksemder, som direktorat og departement, om korleis barn og unge kan medverke i statleg politikkutvikling. Arbeidet med erfaringsdeling skjer òg internasjonalt gjennom Bufdir si deltaking i ulike faglege forum.

Barneperspektivet skal bli varetatt, også i førebuing til kriser og i krisehandtering. Det er viktig å vurdere korleis barn og unge kan sikrast tilgang til tilpassa informasjon og reell medverknad i planlegging og handtering av kriser. Departementet har mellom anna sett i gang arbeid med å vurdere beredskapsheimlar for tenester departementet har ansvar for.

Departementet vil i 2027 halde fram med å utvikle vidare ordningar for at barn får medverke, mellom anna i samarbeid med andre departement og direktorat.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Endring i pst.

840

Tiltak mot vald og overgrep

371 088

392 157

399 688

1,9

841

Samliv og konfliktløysing

28 059

31 153

8 278

-73,4

842

Familievern og mekling

723 214

761 946

805 554

5,7

843

Adopsjonsstønad

1 648

4 300

1 411

-67,2

844

Kontantstøtte

750 941

724 600

739 000

2,0

845

Barnetrygd

28 749 548

30 309 000

30 060 000

-0,8

846

Familie- og oppveksttiltak

1 185 361

1 742 419

1 966 168

12,8

847

EUs ungdomsprogram

19 982

18 023

18 614

3,3

848

Barneombodet

24 849

25 843

28 053

8,6

Sum kategori 11.10

31 854 690

34 009 441

34 026 766

0,1

Inntekter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Endring i pst.

3841

Samliv og konfliktløysing

27 705

28 240

29 285

3,7

3842

Familievern

410

930

964

3,7

3847

EUs ungdomsprogram

7 372

5 964

5 964

0,0

Sum kategori 11.10

35 487

35 134

36 213

3,1

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

620 226

651 371

674 637

3,6

50–89

Overføringar til andre

31 234 464

33 358 070

33 352 129

0,0

Sum kategori 11.10

31 854 690

34 009 441

34 026 766

0,1

Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62

22 744

30 518

31 957

60

Tilskot til oppgradering av krisesenterbygg

20 000

20 740

21 528

61

Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

127 052

132 795

137 841

70

Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21 og post 61 og kap. 858, post 01

160 569

165 915

164 612

73

Tilskot til senter for valdsutsette barn

40 723

42 189

43 750

Sum kap. 840

371 088

392 157

399 688

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70 og kap. 846, post 62

Midlane på posten blir brukte til å finansiere prosjekt og tiltak i arbeidet mot vald og overgrep. Løyvinga blir mellom anna brukt til å finansiere tiltak under Barne- og familiedepartementet sitt ansvarsområde i Prop. 36 S (2023–2024) Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) – Trygghet for alle.

For å sikre korrekt postbruk føreslår BFD å auke posten med 4,3 mill. kroner til tre av dei regionale sentera mot vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane), mot tilsvarande nedjustering på kap. 840, post 70. Midlane skal gå til valdsførebyggjande tiltak og kompetanseheving for tilsette på krisesentera og sentera mot incest og seksuelle overgrep. Sjå omtale under kap. 840, post 70.

Posten dekkjer òg midlar til Statens helsetilsyn til arbeidet med undersøking av saker om drap, vald, overgrep og omsorgssvikt mot barn. Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 1,5 mill. kroner for å delfinansiere ein auke på 2,5 mill. kroner til undersøkingsordninga.

Departementet føreslår å redusere posten med 5,5 mill. kroner for å samle midlane Bufdir forvaltar til foreldrestøtte på ein post. Kap. 846, post 21 blir auka tilsvarande, sjå omtale under den posten.

Departementet føreslår på bakgrunn av dette ei løyving på 32 mill. kroner i 2027.

Post 60 Tilskot til oppgradering av krisesenterbygg

Tilskotsordning til oppgradering av krisesenterbygg vart etablert i 2025 for å stimulere kommunar til å oppgradere, fornye eller utvide krisesentera sine. Tilskotet kan òg brukast til nybygg. Tilskot blir utmålt på bakgrunn av søknad. Frå 2027 blir det gjort framlegg om at det kan givast tilskot for ein periode på inntil tre år, med atterhald om løyving frå Stortinget. Ein meir utfyllande omtale av ordninga finst i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet.

Budsjettforslaget byggjer på ei vidareføring av tilskotsordninga. Departementet føreslår ei løyving på 21,5 mill. kroner i 2027.

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer tilskot til 21 incestsenter og eitt valdtektssenter.

Målet med tilskotsordninga er å gi utsette for incest, seksuelle overgrep og valdtekt, og pårørande til utsette barn og vaksne, eit tilbod om hjelp og støtte av god kvalitet og som er godt tilgjengeleg. Ein meir utfyllande omtale av ordninga finst i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet. Budsjettforslaget byggjer på ei vidareføring av tilskotsordninga.

Departementet føreslår ei løyving på 137,8 mill. kroner i 2027.

Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak m.m., kan nyttast under post 21, post 61, og kap. 858, post 01

Løyvinga dekkjer tilskot til stiftelsen Alternativ til Vold (ATV) til drift av eksisterande ATV-kontor. Målet for tilskotet er å drifte eit behandlingstilbod til utøvarar av vald i nære relasjonar og familiane deira. Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til ATV også i 2027.

Løyvinga dekkjer vidare tilskot til Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) og til dei regionale sentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane). Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til NKVTS og RVTS også i 2027. Målet for tilskotet til NKVTS er å styrkje forsking, utviklingsarbeid, kunnskapsformidling og kompetanseutvikling på valds- og traumefeltet. Målet for tilskotet til RVTS-ane er å bidra til førebygging av vald og seksuelle overgrep og auke kompetansen for tilsette på krisesentera og sentera mot incest og seksuelle overgrep. I samband med handsaming av statsbudsjettet for 2026 vart det vedteke at tre av dei fem RVTS-ane (Nord, Midt og Vest) som ligg under Helseføretak, skal forankrast i ei nasjonal eining under Helsedirektoratet frå 2027. Departementet føreslår derfor å flytte 4,3 mill. kroner frå kap. 840, post 70 til kap. 840, post 21 for å sikre rett postbruk. Departementet føreslår vidare å redusere løyvinga til RVTS-ane med 1,6 mill. kroner. Arbeidet med å implementere opplæringsressursane Jeg Vet og Snakke sammen har hatt lågare behov enn forutsett.

Departementet føreslår vidare å gi tilskot til Krisesentersekretariatet til drift av Valds- og overgrepslinja (VO-linja), til Incestsenteret i Vestfold til drift av Hjelpetelefonen for seksuelt misbrukte, til Oslo Røde Kors til telefonen om negativ sosial kontroll og æresrelatert vald og til Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF). Målet for tilskota er å gi informasjon, rettleiing og eventuell oppfølging til dei som er utsette for ulike former for vald og overgrep. Tilskotet til SEIF vart auka med 2 mill. kroner i 2026, departementet føreslår å ikkje føre vidare auken i 2027. Vidare føreslår departementet å auke løyvinga til VO-linja med 0,6 mill. kroner for å gjenopne chattilbodet på ettermiddagstid.

Departementet føreslår å gi tilskot til Foreldresupport, telefon- og chattetenesta Mental Helse tilbyr for foreldre. Målet med tilskotet er å gi støtte, informasjon og rettleiing til foreldre og omsorgspersonar som treng det.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota over i Prop. 1 S (2025–2026). Alle tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Løyvinga blir òg brukt til tilskotsordninga Tilskot til tiltak mot vald og overgrep. Målet med ordninga er å bidra til å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar, og å styrkje meistringsevna og livskvaliteten til barn og unge som er eller har vore utsette for vald eller seksuelle overgrep. Krisesentera kan òg søkje om midlar til å vidareutvikle tilbodet til særleg utsette grupper. Midlane på posten dekkjer i tillegg utgifter til personalressursar i samband med handsaminga av tilskotsordninga, jf. stikkordet «kan brukast under kap. 858, post 01». Ein del av tilskotsordninga går òg til kommunane, jf. stikkordet «kan brukast under post 61». Ein meir utfyllande omtale av ordninga finst i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 164,6 mill. kroner i 2027.

Post 73 Tilskot til senter for valdsutsette barn

Posten dekkjer driftstilskot til senter for valdsutsette barn. Løyvinga er brukt til å gi tilskot til Stine Sofies Stiftelse til drift av Stine Sofie Senteret, jf. Innst. 14 S (2017–2018). Midlane dekkjer også ettervern for barn som har hatt opphald på senteret.

Stine Sofie Senteret er eit nasjonalt kurs- og meistringssenter for valds- og overgrepsutsette barn og unge mellom 0 og 18 år, deira trygge omsorgspersonar og søsken. Senteret tilbyr eit gratis opphald på seks dagar, og gjeld alle uansett kvar ein bur i landet.

Målet er at deltakarane i eit trygt miljø skal få oppleve glede og få ny kunnskap. Barna skal oppleve meistring, og relasjonar mellom barn og omsorgspersonane deira skal styrkjast. Dei skal oppleve positive møte med andre barn med like erfaringar. Målet er òg at omsorgspersonane skal bli ei meir aktiv støtte for barnet. Sjå ein meir utfyllande omtale av tilskotet i Prop. 1 S (2025–2026). Tilskot må vurderast på bakgrunn av søknader frå Stine Sofies Stiftelse.

Departementet føreslår ei løyving på 43,8 mill. kroner i 2027.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

21

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

18 728

17 761

22

Opplæring, forsking, utvikling m.m.

5 693

6 939

4 086

23

Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

3 638

6 453

4 192

Sum kap. 841

28 059

31 153

8 278

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Posten har omfatta godtgjersle til meklarar utanom familievernet, dekking av reiseutgifter til foreldre i særlege tilfelle og utgifter til tolk når slike utgifter fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta.

Departementet føreslår å avvikle posten og flytte midlane til føremålet med tilhøyrande stikkord til kap. 842, ny post 22. Føremålet er å samle løyvinga til familievern og mekling på kap. 842, slik at det blir enklare å sjå løyvingane i samanheng.

Departementet føreslår inga løyving i 2027.

Post 22 Opplæring, forsking, utvikling m.m.

Posten har vore brukt til opplæring av nye meklarar, til kompetanseheving i meklarkorpset og til Bufdir og familievernet sitt arbeid med kurs til foreldre. Departementet føreslår å redusere løyvinga til dette med 5,6 mill. kroner, mot ein auke på 4,9 mill. kroner på kap. 842, post 21 og 0,8 mill. kroner på kap. 846, post 21. Føremålet er å samle løyvinga til familievern og mekling, slik at det blir enklare å sjå løyvingane i samanheng. Jf. omtale under kap. 842, post 21 og kap. 846, post 21.

Midlane som er att på posten kan brukast til økonomisk støtte til Domstoladministrasjonen for å auke kompetansen ved domstolane i foreldretvistar etter barnelova og til arbeid med å få meir og betre kunnskap om desse sakene i domstolen, irekna kunnskap om kva foreldre reiser sak om, korleis sakene blir handsama, og kva som er resultatet i sakene. Midlane kan vidare brukast til kompetanseheving ved domstolane når det gjeld betre praksis og samhandling med familievernet og andre tenester i slike saker etter føresegnene i barnelova.

Løyvinga kan òg brukast til andre tiltak knytte til samliv og konfliktløysing.

Departementet føreslår å auke posten med 2,5 mill. kroner til arbeid med implementering av ny barnelov, mellom anna oppfølging av oppmodingsvedtak.

Departementet føreslår ei løyving på 4,1 mill. kroner i 2027.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Posten omfattar refusjon av utgifter til DNA-analysar som utanriksstasjonane, domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet har rekvirert ved fastsetjing av farskap. Departementet refunderer utgiftene dette fører med seg. Utgiftene til DNA-analysar følgjer av reglane i barnelova om fastsetjing og endring av farskap. Analysane blir gjennomførte ved Oslo universitetssjukehus.

Dei seinare åra har utgiftene til DNA-analysar vore lågare enn lagt til grunn i budsjetta for dei enkelte åra. Departementet føreslår derfor å redusere løyvinga med 2,5 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 4,2 mill. kroner i 2027.

Kap. 3841 Samliv og konfliktløysing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Gebyrinntekter for fastsetjing av bidrag

27 705

28 240

29 285

Sum kap. 3841

27 705

28 240

29 285

Post 01 Gebyrinntekter for fastsetjing bidrag

Partane i bidragssaker skal betale gebyr ved offentleg fastsetjing og endring av barnebidrag når inntekta deira overstig ei fastsett grense. Gebyret utgjer eit rettsgebyr for kvar av partane. Rettsgebyret blir regulert årleg. Stortinget bestemmer satsen etter forslag frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 29,3 mill. kroner i 2027.

Kap. 842 Familievern og mekling

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

448 637

437 625

446 860

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

19 705

38 927

42 144

22

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

20 596

70

Tilskot til kyrkja si familievernteneste m.m., kan nyttast under post 01

254 872

285 394

295 954

Sum kap. 842

723 214

761 946

805 554

Bufetat har forvaltingsansvaret for familieverntenesta i dei fem regionane. Bufdir forvaltar den faglege og administrative leiinga og drifta av familievernet, som består av både statlege og ikkje-statlege familievernkontor. Familieverntenesta har familierelaterte problem som fagfelt. Kjerneoppgåvene er behandling og rådgiving ved vanskar, konfliktar eller kriser i familien og mekling etter ekteskapslova § 26 og barnelova § 51. Familievernkontora driv førebyggjande arbeid og utoverretta verksemd om familieretta tema, medrekna rettleiing, informasjon og undervising retta mot hjelpeapparatet og publikum. Familievernkontora skal òg samarbeide med andre tenesteytarar i einskildsaker dersom samarbeid er naudsynt for å gi eit heilskapleg og samordna tilbod.

Departementet føreslår å samle løyvinga til familievernet og mekling på kap. 842. Departementet føreslår samstundes å endre namnet på kapittelet frå «Familievernet» til «Familievern og mekling». I tillegg kjem ny post 22 på kapittelet.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten dekkjer lønn til tilsette og utgifter til varer og tenester knytte til dei offentleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar oppgåvene dei offentlege familievernkontora utfører i samband med samlivstiltak og administrasjonsutgifter knytte til familievernet ved regionkontora i Bufetat. Løyvinga dekkjer òg nasjonale utviklingsoppgåver knytte til familievernet.

Vidare dekkjer løyvinga drifta av og utviklingsoppgåver knytte til Nasjonalt samisk kompetansesenter (NASAK) for det kommunale og statlege barnevernet, familievernet og krisesenter.

Midlar til foreldrekurset Kva med oss? er i dag finansiert over kap. 858, post 01. Departementet føreslår å redusere løyvinga til dette kurset på kap. 858, post 01 med 3,2 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 842, post 01 for å samle løyvingane til familievernet på eitt kapittel.

Bufdir har frå 1. januar 2026 gjennomført ei endring i kompetansestrukturen i verksemda. Oppgåver til fagutvikling i familievernet blir flytta til Bufdir. Departementet føreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 8,4 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 858, post 01. Jf. omtale under kap. 858, post 01. Stillingane som er flytta har vore knytte til spisskompetansemiljøa i familievernet, og desse har i svært avgrensa grad jobba med kliniske saker. Endringa er slik vurdert å ikkje påverke kapasiteten i familieverntenesta negativt. Tilsvarande endring er gjort i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2026.

Departementet føreslår ei løyving på 446,9 mill. kroner i 2027.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer utgifter til forsking, evaluering, kunnskaps- og utviklingsarbeid og kompetanseheving i familievernet, irekna utvikling av sakshandsamingssystemet for familievernet (FADO). I 2027 vil ein stor del av midlane på posten gå til utvikling av FADO, som er prosjektert for ein periode på tre år (2026–2028). Posten kan òg brukast til andre tiltak for å utvikle tilbodet til familieverntenesta og samarbeid med andre tenester mv.

Departementet føreslår å redusere løyvinga med 3,1 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak.

Departementet føreslår vidare å auke løyvinga med 4,9 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 841, post 22 til opplæring av nye meklarar og til kompetanseheving i meklarkorpset. Føremålet er å samle løyvinga til familievern og mekling på kap. 842, slik at det blir enklare å sjå løyvingane i samanheng. Jf. omtale under kap. 841, post 22.

Departementet føreslår ei løyving på 42,1 mill. kroner i 2027.

NY Post 22 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Sjå omtale under kap. 841, post 21. Departementet føreslår å avvikle kap. 841, post 22 og flytte løyvinga til ny kap. 842, post 22. Føremålet er å samle løyvinga til familievern og mekling på kap. 842, slik at det blir enklare å sjå løyvingane i samanheng.

Løyvinga på posten skal gå til godtgjersle til meklarar utanom familievernet, dekking av reiseutgifter til foreldre i særlege tilfelle og utgifter til tolk når slike utgifter fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta. Godtgjersle til meklarar utanom familievernet blir gitt etter dei same satsane som for fri rettshjelp. Stortinget avgjer satsen etter forslag frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Familievernkontora opplever stor pågang som gjer at fleire blir viste til meklarar utanom familievernet. Som følgje av dette føreslår departementet å auke løyvinga med ytterlegare 2,1 mill. kroner.

Stikkordet «overslagsløyving» blir ført vidare på den nye posten.

Departementet føreslår ei løyving på 20,6 mill. kroner i 2027.

Post 70 Tilskot til familieverntenesta til kyrkja m.m., kan nyttast under post 01

Midlane blir brukte til å finansiere drifta av dei kyrkjeleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar òg tilskot til oppgåvene dei kyrkjeleg eigde familievernkontora utfører i samband med samlivstiltak.

Posten blir òg brukt til å gi tilskot til Stiftelsen Kirkens Familievern. Tilskotet skal bidra til administrasjon, utvikling og leiing sentralt i Stiftelsen Kirkens Familievern. Sjå ein meir utfyllande omtale av tilskotet i Prop. 1 S (2025–2026). Tilskot til Stiftelsen Kirkens Familievern blir utmålt på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår ei løyving på 296 mill. kroner i 2027.

Kap. 3842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Diverse inntekter

410

930

964

Sum kap. 3842

410

930

964

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene er diverse kursinntekter med meir. Departementet føreslår ei løyving på 1 mill. kroner i 2027.

Kap. 843 Adopsjonsstønad

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

1 648

4 300

1 411

Sum kap. 843

1 648

4 300

1 411

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Stønad til adopsjon av barn frå utlandet blir gitt til adoptivforeldre som på førehand har fått samtykke av norske adopsjonsstyresmakter til å adoptere barn frå utlandet. Adopsjonen må vere registrert i det sentrale adopsjonsregisteret i Bufdir.

Eit vilkår for stønad er at adoptivforeldra faktisk var busette i Noreg då dei fekk omsorga for barnet, og då adopsjonen vart gjennomført eller registrert i Noreg. I spesielle tilfelle vil det på bakgrunn av tilhøve i opphavslandet ta lang tid å få adopsjonen registrert i Noreg. Foreldra kan likevel få stønad dersom barnet er kome til Noreg med sikte på adopsjon, og adoptivforeldra faktisk var busette her i landet då dei fekk omsorga for barnet.

Adopsjonsstønaden er sett tilsvarande grunnbeløpet i folketrygda som gjeld frå 1. mai 2026. Den nye satsen for stønaden skal gjelde for adoptivbarn som kjem til Noreg frå og med 1. januar 2027, og gjeld for heile kalenderåret. Talet på adopsjonar som ligg til grunn for løyvinga er usikkert, og lågare enn tidlegare. Departementet føreslår å redusere løyvinga på posten med 3 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 1,4 mill. kroner i 2027.

Kap. 844 Kontantstøtte

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

70

Tilskot, overslagsløyving

750 941

724 600

739 000

Sum kap. 844

750 941

724 600

739 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Kontantstøtteordninga er heimla i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte for småbarnsforeldre. Arbeids- og velferdsetaten forvaltar kontantstøtta.

Målet med ordninga er å bidra til at familiane får meir tid til sjølve å ta omsorga for eigne barn medan dei er små. Ordninga gir familiane auka økonomisk handlingsrom til å velje alternative omsorgsformer til barnehage.

Tildelingskriteria er nærare omtalte i lova, men kontantstøtte blir som hovudregel ytt for barn mellom 13 og 19 månader som er busette i Noreg, og som ikkje eller berre delvis gjer bruk av barnehageplass det blir ytt offentleg driftstilskot til.

Budsjettforslaget byggjer på prognosar for talet på mottakarer, og er føreslått redusert med 1 mill. kroner som følgje av vidareføring av redusert makspris i barnehage i 2027. Departementet føreslår å føre vidare satsane for kontantstøtte med uendra nivå. Forslag til satsar for 2027 står i tabell 1.1.

Departementet føreslår ei løyving på 739 mill. kroner i 2027.

Tabell 4.1 Forslag til satsar for kontantstøtte i 2027 (kroner)

Avtalt opphaldstid i barnehage (timar per veke)

Kontantstøtte i prosent av full sats

Kontantstøtte per barn per månad

Ikkje bruk av barnehageplass

100

7 500

Til og med 8 timar

80

6 000

Frå 9 til og med 16 timar

60

4 500

Frå 17 til og med 24 timar

40

3 000

Frå 25 til og med 32 timar

20

1 500

33 timar eller meir

0

0

Kap. 845 Barnetrygd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

70

Tilskot, overslagsløyving

28 749 548

30 309 000

30 060 000

Sum kap. 845

28 749 548

30 309 000

30 060 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Barnetrygda skal bidra til å dekkje utgifter til å forsørgje barn, og er heimla i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd. Arbeids- og velferdsetaten forvaltar barnetrygda.

Tildelingskriteria er nærare omtalte i lova, men barnetrygd blir som hovudregel ytt for barn under 18 år som er busette i Noreg.

Budsjettforslaget byggjer på nye prognosar for talet på barn med rett til barnetrygd, talet på stønadsmottakarar med rett til utvida stønad (barnetrygd for eitt barn meir enn det faktiske barnetalet), talet på barn med rett til Finnmarks- og Svalbardtillegg, og talet på småbarnstillegg for einslege forsørgjarar med barn på null til tre år. Prognosane byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga frå SSB.

Departementet føreslår å føre vidare satsane i barnetrygda med uendra nivå. Forslaget til satsar for 2027 står i tabell 1.2.

Departementet føreslår ei løyving på 30 060 mill. kroner i 2027.

Tabell 4.2 Forslag til satsar for barnetrygd (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

Ordinær barnetrygd til barn 0–18 år

2012

24 144

Utvida barnetrygd til einsleg mor eller far for barn 0–18 år

2 572

30 864

Småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

712

8 544

Tillegg til stønadsmottakarar i Finnmark, Svalbard og Nord-Troms (Karlsøy, Kvænangen, Kåfjord, Lyngen, Nordreisa, Skjervøy og Storfjord)

512

6 144

Tabell 4.3 Talet på barn med barnetrygd i 2025. Prognosar for 2026 og 2027

Gjennomsnitt 2025

Gjennomsnitt 2026

Gjennomsnitt 2027

Barn med barnetrygd

1 102 476

1 093 716

1 083 175

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Tabell 4.4 Talet på stønadsmottakarar i 2025. Prognosar for 2026 og 2027

Gjennomsnitt 2025

Gjennomsnitt 2026

Gjennomsnitt 2027

Stønadsmottakarar med barnetrygd for

– eitt barn

306 880

304 442

301 508

– to barn

274 231

272 052

269 430

– tre barn

75 414

74 815

74 094

– fire barn

11 278

11 188

11 081

– fem eller fleire barn

2 666

2 645

2 619

Sum stønadsmottakarar

670 469

665 142

658 731

Stønadsmottakarar med utvida stønad

128 837

132 225

135 702

Stønadsmottakarar med småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

945

843

573

Talet på stønadsmottakarar etter kor mange barn dei får utbetalt barnetrygd for, er eksklusiv stønadsmottakarar som får ekstra barnetrygd (utvida stønad). For nokre av barna blir det utbetalt delt barnetrygd – mor og far får ei halv barnetrygd kvar.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Kap. 846 Familie- og oppveksttiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 62 og post 71

51 171

52 483

56 669

22

Forsking, kan overførast

5 079

16 799

21 466

61

Tilskot til å inkludere barn og unge, kan nyttast under post 71

256 519

758 356

62

Utvikling i kommunane

91 547

153 020

111 337

63

Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge

519 796

1 024 709

70

Barne- og ungdomsorganisasjonar

209 420

220 959

236 134

71

Utviklings- og opplysingsarbeid m.m., kan nyttast under post 21 og 62

559 141

8 229

8 533

72

Tilskot til å inkludere barn og unge

494 256

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m.

12 484

12 777

13 064

Sum kap. 846

1 185 361

1 742 419

1 966 168

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 62 og post 71

Posten dekkjer utgifter til førebyggjande tiltak og forskings- og utviklingstiltak på familie- og oppvekstområdet. Posten blir òg brukt til evaluering og oppfølging av tilskotsordningane på familie- og oppvekstområdet, til arbeidet med barn og unge sin medverknad og til arbeidet med digital ungdomsportal. Posten dekkjer òg midlar til etteradopsjonstiltak. Løyvinga kan òg brukast til andre tiltak på familie- og oppvekstområdet.

Departementet føreslår å vidareføre løyvinga på 5,2 mill. kroner til fagleg bistand til kommunane i samband med ein-til-ein-oppfølging. Bufdir koordinerer den faglege bistanden saman med ei arbeidsgruppe under etatssamarbeidet for utsette barn og unge, og mottek innspel frå kommunane i arbeidet. Midlane skal mellom anna gå til RVTS-ane til etablering og drift av eit læringsnettverk om tiltak for å førebyggje barne- og ungdomskriminalitet. Sjå nærare omtale av ordninga under kap. 846, post 62.

Det blir føreslått å auke posten med 5,5 mill. kroner for å samle midlane Bufdir forvaltar til tiltak om foreldrestøtte på éin post. Kap. 840, post 21 reduserast tilsvarande, jf. omtale under kap. 840, post 21. Departementet føreslår i tillegg å auke løyvinga med 0,8 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 841, post 22. Midlane skal gå til Bufdir og familievernet sitt arbeid med kurs til foreldre. Jf. omtale under kap. 841, post 22. Departementet føreslår vidare å auke løyvinga med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 846, post 61. Midlane skal brukast til ei følgjeevaluering av Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge.

Grunna reduserte behov, føreslår departementet å redusere løyvinga med 6 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak.

Til saman føreslår departementet ei løyving på 56,7 mill. kroner i 2027.

Post 22 Forsking, kan overførast

Løyvinga under denne posten skal brukast til forsking innanfor familie, oppvekst og levekår for barn og unge. Posten dekkjer mellom anna midlar til gjennomføring av EU Kids Online-undersøkinga i regi av Universitetet i Oslo. Føremålet med undersøkinga er å auke kunnskapen om barn og foreldre sin bruk av internett og ny nettbasert teknologi. Posten dekkjer òg midlar til forskingsprosjektet Growing up in Digital Europe i regi av NTNU, som er ein longitudinell studie om oppvekstvilkåra i Noreg.

Departementet føreslår å auke posten med 2,5 mill. kroner. 0,5 mill. kroner av auken går til forskingsprosjektet Growing up in Digital Europe. 2 mill. kroner går til eit forskingsprogram om barne- og ungdomskriminalitet. Vidare føreslår JD og BFD å flytte 1,5 mill. kroner frå kap. 400, post 21 til kap. 846, post 22, slik at justissektoren sine forskingsmidlar til temaet kan brukast inn i forskingsprogrammet. Forskingsprogrammet skal gi oppdatert, sektorovergripande og mindre fragmentert forsking om kriminalitet blant barn og unge. I tillegg er det sett av midlar til ei følgjeevaluering av ein-til-ein-oppfølging av barn og unge som har auka risiko for kriminalitet. Samla er det sett av 11,9 mill. kroner til forsking om barne- og ungdomskriminalitet i 2027.

Departementet føreslår ei løyving på 21,5 mill. kroner i 2027.

Post 61 Tilskot til å inkludere barn og unge, kan nyttast under post 71

Løyvinga har vore brukt til tilskotsordninga Tilskot til å inkludere barn og unge og fleire einskildståande tilskot.

Som tidlegare varsla føreslår departementet å gjere fleire endringar i ordninga i 2027. Løyvinga på posten blir føreslått flytta. Delen av ordninga som går til frivillige organisasjonar og private aktørar, blir føreslått flytta til ny post 72. Samtidig blir forskrifta til ordninga revidert og berre retta mot frivillige organisasjonar og andre aktørar som er registrerte i Frivilligregisteret. Post 72 blir føreslått auka med 484,3 mill. kroner grunna flyttinga. Sjå omtale under den posten. Delen av ordninga som går til kommunar blir føreslått flytta til post 63 under Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge. Post 63 blir føreslått auka med 272,1 mill. kroner. Kommunar og andre aktørar som allereie har fått vedtak om fleirårige tilskot gjennom ordninga Tilskot til å inkludere barn og unge, vil framleis få tilskot i samsvar med vedtaket og forskrifta som gjaldt på vedtakstidspunktet. Sjå omtale under den posten.

Departementet føreslår vidare å redusere posten med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 846, post 21. Midlane skal brukast til evaluering av Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge.

Departementet føreslår inga løyving på posten i 2027.

Post 62 Utvikling i kommunane

Løyvinga på posten skal dekkje tilskot til prosjekt og program på familie- og oppvekstområdet i kommunal sektor.

Løyvinga dekkjer tilskot til kriminalitetsførebyggjande foreldrestøttande arbeid og tilskot til ein-til-ein-oppfølging i samband med innsatsen mot barne- og ungdomskriminalitet.

Løyvinga har og dekt tilskotsordninga Foreldrestøttande tiltak i kommunane. Som tidlegare varsla føreslår departementet å avvikle ordninga og flytte midlane til kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge. Kommunar som allereie har fått tilsegn om fleirårige tilskot til foreldrestøttande tiltak, vil framleis få tilskot til dette i 2027. Målet med å innlemme midlane i førebyggingsprogrammet er å leggje til rette for at kommunane kan sjå ulike førebyggjande tiltak, inkludert foreldrestøttande tiltak, i betre samanheng og tilpasse innsatsen til lokale behov. Departementet føreslår derfor å redusere posten med 57 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 846, post 63. Sjå nærare omtale under denne posten.

Gjenståande løyving dekkjer mellom anna tilskot til kriminalitetsførebyggjande foreldrestøttande arbeid. Målet er å gi støtte til foreldre med ungdom som viser teikn til risikofylt åtferd, slik at dei kan ta hand om foreldreansvaret sitt og gi god omsorg. Tilskotet skal gå til Oslo, Bergen, Kristiansand, Trondheim og Drammen, som er kommunar med særlege utfordringar med barne- og ungdomskriminalitet. Ein meir utfyllande omtale av tilskotet finst i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet.

Løyvinga dekkjer vidare Tilskot til ein-til-ein-oppfølging av barn og unge som skal bidra til ein forsterka innsats og tiltak retta mot barn og unge og familiane deira i kommunar med særskilde utfordringar med barne- og ungdomskriminalitet. Ein meir utfyllande omtale av tilskota finst i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet. I 2026 vart det løyvd 77 mill. kroner til utvalde kommunar. Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 9,3 mill. kroner til ein-til-ein-oppfølging i kommunane. Auken skal brukast til å styrkje innsatsen til kommunar som har fått tildelt midlar i 2026: Oslo, Bergen, Kristiansand, Trondheim, Stavanger, Skien, Drammen, Sandefjord, Lørenskog og Lillestrøm. Tilskot blir utmålt på bakgrunn av søknad og kriminalitetsutfordringane i kommunane og gitt for inntil tre år, med atterhald om løyving frå Stortinget.

Ein-til-ein-oppfølging skal bidra til tett individuell oppfølging både i skule og på fritida og til at kommunale tenester som barnevern, Nav, flyktningtenesta, psykiske helsetenester og skule med meir kan setje inn naudsynte individuelle tiltak. Den totale ramma for tiltaket er 106,6 mill. kronar, der 89,5 mill. kroner blir fordelte til dei elleve kommunane. 5,2 mill. kroner skal gå til fagleg bistand til å implementere og vidareutvikle ordninga. 11,9 mill. kroner skal gå til følgjeevaluering av ein-til-ein-oppfølging og forsking om barne- og ungdomskriminalitet og verkemiddel som er effektive for å førebyggje slik kriminalitet, sjå omtale kap. 846, postane 21 og 22.

Vidare føreslår departementet å auke løyvinga med 0,25 mill. kroner til prisen Årets ungdomskommune i 2027 på posten.

Departementet føreslår ei samla løyving på 111,3 mill. kroner i 2027.

Post 63 Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge

Departementet føreslår å endre namnet på Kap. 846, post 63 frå «Tverrsektorielt tilskot til førebyggjande tiltak for barn og unge» til «Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge», for at namnet på posten skal samsvare med namnet på tilskotsordninga.

Målet med ordninga er å gi barn og unge gode oppvekstvilkår og førebyggje at barn og unge fell utanfor, ved å støtte kommunane i det førebyggjande arbeidet deira retta mot barn og unge på tvers av ulike sektorar og tenesteområde. Ein meir utfyllande omtale av ordninga finst i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet. I 2027 vil kommunane kunne få eittårige tilskot. På sikt skal kommunane kunne få tilsegn for inntil tre år om gongen, med atterhald om årlege budsjettvedtak i Stortinget. Ordninga blir evaluert i perioden 2026–2028.

I 2026 vart 75,4 mill. kroner av Tilskot til tiltak for å styrkje språkutviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage overførte frå Kunnskapsdepartementets kap. 231, post 63 til Barne- og familiedepartementet. Dette utgjer 1/3 av tilskotet. Kunnskapsdepartementet og BFD føreslår no at heile det resterande tilskotet på 150,3 mill. kroner blir flytta over i 2027.

I 2026 vart 4 mill. kroner overførte i sektorbidrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet til tilskotsordninga. Sektorbidraget frå AID blir føreslått auka med 1 mill. kroner i 2027.

I 2026 vart midlar frå Styrking av helsestasjons- og skulehelsetenesta under Helse- og omsorgsdepartementet overførte til Barne- og familiedepartementet sitt budsjett. Som ein del av evalueringa av ordninga vil regjeringa følgje utviklinga i ressursane til helsestasjons- og skulehelsetenesta. Universitetssjukehuset i Nord-Noreg (UNN) har tidlegare kunne søkje om å få tilskot over Helse- og omsorgsdepartementet si ordning til helsestasjons- og skulehelsetenesta på Svalbard. For å halde oppe finansieringa av desse tenestene på Svalbard, føreslår HOD og BFD å overføre 1 mill. kroner til HOD sitt kap. 760, post 70. Tilsvarande endring er gjort i samband med det reviderte nasjonalbudsjettet for 2026.

Som tidlegare varsla, føreslår departementet å flytte ordninga foreldrestøttande tiltak i kommunane til posten i 2027. Departementet føreslår å auke posten med 57 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 846, post 62. Av desse vil 38,6 mill. kroner gå til kommunar som har fått vedtak om fleirårige tilskot gjennom foreldrestøttande tiltak i kommunane i 2025 og 2026 i tråd med gjeldande forskrift for desse åra. 18,4 mill. kroner vil gå til Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge i 2027. Dei resterande 38,6 mill. kronene skal etter planen gå til førebyggingsprogrammet frå 2028.

Som tidlegare varsla føreslår departementet å flytte delen av ordninga Tilskot til å inkludere barn og unge som går til kommunar til posten i 2027. Departementet føreslår å auke posten med 272,1 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på post 61. Av midlane vil 231,8 mill. kroner gå til å dekkje restutbetalingar knytte til fleirårige tilskot gjennom Tilskot til å inkludere barn og unge i 2025 og 2026, i tråd med gjeldande forskrift for desse åra. 40,3 mill. kroner vil gå til Kommunalt førebyggingsprogram for barn og unge i 2027. Dei resterande 231,8 mill. kronene skal etter planen gå til førebyggingsprogrammet frå 2028.

Departementet føreslår ei samla løyving på 1 025 mill. kroner i 2027.

Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar

Løyvinga under posten blir brukt til tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar.

Tilskotsordninga til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar er regulert i ei forskrift som er fastsett av BFD. Midlane blir forvalta av Fordelingsutvalget, eit eige forvaltningsorgan med sekretariat i Bufdir. BFD er klageinstans for vedtak som Fordelingsutvalet har gjort. Ein meir utfyllande omtale av ordninga finst i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet. Departementet føreslår å auke tilskotsordninga med 7 mill. kroner til nasjonal grunnstønad. Satsinga vil bidra til at fleire barn og unge kan delta i barne- og ungdomsorganisasjonar og stimulere til auka aktivitet i organisasjonane.

LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om tilskot til drift av nasjonalt arbeid. Tilskota skal leggje til rette for barn og ungdom si deltaking i barne- og ungdomsorganisasjonar og fritidsklubbar. Organisasjonane skal òg jobbe for at barn og unge engasjerer seg, og bidra til organisasjonane og fritidsklubbane som arena for medverknad og demokrati. Ein meir utfyllande omtale av ordninga finst i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet. Tilskot blir utmålt på bakgrunn av søknad.

Midlar til tilskotet Mangfald og inkludering inngår i posten. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) er mottakar av tilskotet. LNU får tilskotet med den føresetnaden at dei fordeler det vidare til ulike prosjekt. Tilskotet skal stimulere barne- og ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar, ungdomshus og lokale ungdomsmiljø til å setje søkjelys på mangfald, haldningar og deltaking. Målet med tilskotet er å gi barn og ungdom høve til å vise at mangfald er eit positivt element i samfunnet. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Løyvinga på posten har vidare vore brukt til drift og vidareutvikling av portalen LNU har for utlån av lokale som skal gi barne- og ungdomsorganisasjonar enklare tilgang på lokale til aktiviteten sin. Departementet føreslår å fjerne ordninga med å gi direkte tilskot til dette frå og med 2027. Tilskotet til portalen vil leggjast til potten som fordelast i nasjonalt driftstilskot til paraplyane på same post.

Departementet føreslår totalt ei løyving på 236,1 mill. kroner i 2027.

Post 71 Utviklings- og opplysingsarbeid m.m., kan nyttast under post 21 og post 62

Posten blir brukt til å støtte utviklings- og opplysingsarbeid som kan auke kunnskapen om og medverke til å styrkje oppvekstmiljøet og rettane til barn og ungdom.

Det er i 2026 gitt tilskot til Ungdom mot Vold, Norges Røde Kors-tiltaket Kors På Halsen, Barnevakten og Blå Kors-tiltaket SnakkOmPsyken.

Det er i 2026 òg gitt tilskot til driftsstøtte for adopsjonsorganisasjonen Adopsjonsforum. Målet med tilskotet er å gi driftsstøtte og midlar til informasjons- og etterarbeid.

Vidare er det gitt tilskot til den internasjonale ressursorganisasjonen for adopsjon, International Social Service (ISS), på posten. Det er og gitt tilskot til Technical Assistance Program, i regi av Haagkonferansen for internasjonal privatrett (ICATAP), som eit bidrag til internasjonalt arbeid på adopsjonsfeltet. Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet.

Departementet føreslår at det også blir gitt tilskot til desse organisasjonane i 2027. Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår ei løyving på 8,5 mill. kroner i 2027.

Post 72 Tilskot til å inkludere barn og unge

Departementet føreslår å auke posten med 484,3 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 846, post 61. Posten skal brukast til revidert tilskotsordning for å inkludere barn og unge. Frivillige organisasjonar og andre aktørar som er registrerte i Frivilligregisteret, kan søkje om midlar gjennom ordninga. Hovudelementa i ordninga er omtalte nedanfor.

Tilskotsordninga skal bidra til at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Målgruppa er barn og unge i alderen 0 til og med 24 år, som av ulike grunnar står i fare for å hamne i utanforskap. Ordninga skal medverke til utvikling av opne møteplassar, deltaking i ferie- og fritidsaktivitetar og tilbod om sommar- og deltidsjobb.

Det kan givast tilskot til prosjekt innanfor følgjande aktivitetstypar: fritids- og ferieaktivitetar, jobbtilbod, utstyrssentralar, lokal fritidskasse, aktivitetsguide, opne møteplassar, utprøving av arbeidsmodellar og aktivitetar i regi av sentralledd med aktivitet og rekruttering i minst ti kommunar. Innanfor einskilde av aktivitetstypane er det høve til å gi tilskot til tiltak om leksehjelp. Det kan givast tilskot for ein periode på inntil tre år, med atterhald om løyving frå Stortinget.

Mål og kriterium for måloppnåing

Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Måloppnåing skal vurderast ut frå om, eller i kva grad, tilskotsmottakarane har gjennomført tiltak som støttar opp under målet med ordninga. Kriteria for måloppnåing omfattar mellom anna om fleire i målgruppa deltek på opne møteplassar, i fritids- og ferieaktivitetar og jobbprosjekt, om fleire låner utstyr til fritidsaktivitetar, får økonomisk støtte til organiserte fritidsaktivitetar eller brukar aktivitetsguide, og om samarbeidet mellom aktørar som arbeider med målgruppa er styrkt.

Tildelingskriterium

Bufdir forvaltar ordninga, og gjer vedtak om tildeling av tilskot. Ved den overordna fordelinga av midlar skal direktoratet leggje vekt på omfanget av utanforskap blant barn og unge i kommunane, talet på barn og unge, geografisk spreiing og fordeling mellom aktivitetstypane. For fleire av aktivitetstypane er det eit krav at søknaden er knytt til ein kommune (eller bydel i Oslo kommune) som har stadfesta deltaking og oppfyller vilkåra for deltaking i ordninga. Ved behandling av den enkelte søknaden skal Bufdir vurdere kvalitet og forventa måloppnåing, leggje vekt på kommunal rangering der dette er relevant, og vurdere søknadsbeløpet opp mot forventa måloppnåing. Frivillige organisasjonar og andre aktørar som er registrerte i Frivilligregisteret, kan søkje om midlar gjennom ordninga. Dei må ha hatt aktivitet og vore registrerte i Einingsregisteret i minst to år før søknadstidspunktet. Det er krav om eigenfinansiering på minst 5 pst. av tilskotsbeløpet per år.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane skal rapportere til Bufdir om bruken av tilskotet og oppnådde resultat, og leggje fram prosjektrekneskap. Bufdir skal følgje opp måloppnåinga i ordninga på grunnlag av rapportering frå tilskotsmottakarane og andre tilgjengelege kjelder.

Bufdir og Riksrevisjonen kan føre kontroll med at midlane blir brukte i samsvar med føresetnadene. Dersom tilskotsmidlar ikkje blir brukte i samsvar med regelverket eller vilkåra for tilskotet, kan tilskot heilt eller delvis krevjast tilbakebetalt, haldast tilbake eller falle bort.

Budsjettforslag for 2027

Den tidlegare løyvinga på post 61 har i 2026 vore brukt til namngitte tilskot til Blå Kors-tiltaket Barnas Stasjon, Norges Røde Kors-tiltaket Ferie for alle, ferietiltak i regi av Den Norske Turistforening (DNT) og pilotprosjektet FRI, som Kirkens Bymisjon driv. Det er òg gitt driftstilskot til organisasjonen MOT og stiftelsen BUA, som i dag tilbyr fleire tenester som utstyrssentralar kan bruke mot at dei betalar ei årsavgift til stiftinga. Departementet føreslår å føre vidare ordninga med å gi direkte tilskot til desse tiltaka i 2027 på denne posten. Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota under kap. 846, post 61 i Prop. 1 S (2025–2026). Tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

I tillegg til dei 484,3 mill. kronene som departementet føreslår å flytte frå kap. 846, post 61, føreslår departementet å auke tilskotsordninga med 10 mill. kroner i 2027. Dette vil gjere det mogleg å gi støtte til fleire prosjekt som fremjar meistring og samfunnsdeltaking blant barn og unge i fare for utanforskap. Tilskotsmottakarar som har fått vedtak om fleirårige tilskot gjennom Tilskot til å inkludere barn og unge i 2025 og 2026 kan framleis få tilskot i tråd med gjeldande forskrift for desse åra.

Departementet føreslår ei løyving på 494,3 mill. kroner i 2027.

Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.m.

Posten skal dekkje tiltak som stimulerer til internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet.

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane kan søkje om grunnstønad til internasjonalt arbeid gjennom tilskotsordninga til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar. Det er Fordelingsutvalet som forvaltar tilskotet. Målet for ordninga er å støtte og fremje internasjonalt ungdomsarbeid og internasjonalt samarbeid på ungdomsfeltet. Ein meir utfyllande omtale av ordninga finst i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet.

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan vidare søkje om tilskot til internasjonalt samarbeid og idéutveksling. Tilskota skal leggje til rette for at barn og ungdom kan delta i internasjonalt samarbeid, engasjement og idéutveksling.

Posten dekkjer òg det norske bidraget til Det europeiske ungdomsfondet i Europarådet (EYF). Målet for tilskotet er å bidra til å støtte opp om arbeidet Europarådet gjer for ungdom.

Posten dekkjer vidare kostnader til barne- og ungdomssamarbeid i Barentsrådet. Det norske Barentssekretariatet får tilskot for å fremje fleirnasjonalt ungdomssamarbeid i Barentsregionen. Målgruppa for tilskotet er ungdom i Barentsregionen.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota under kap. 846, post 79 i Prop. 1 S (2025–2026). Felles for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er at tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Posten kan òg brukast til at departementet deltek i mellomstatleg samarbeid om barne- og ungdomspolitikken.

Departementet føreslår å redusere løyvinga med 0,2 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 13,1 mill. kroner i 2027.

Kap. 847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Driftsutgifter, kan overførast

19 982

18 023

18 614

Sum kap. 847

19 982

18 023

18 614

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer lønn og andre driftsutgifter ved det nasjonale kontoret som forvaltar ungdomsdelen av EU-programmet for ungdom, utdanning og opplæring, Erasmus+. Ein må sjå løyvinga i samanheng med kap. 3847, som omhandlar bidraget frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret og Eurodesk. Det nasjonale kontoret har ansvaret for handsaminga av dei desentraliserte delane av dei ungdomspolitiske tiltaka i Erasmus+.

Departementet føreslår ei løyving på 18,6 mill. kroner i 2027.

Kap. 3847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Tilskot frå Europakommisjonen

7 372

5 964

5 964

Sum kap. 3847

7 372

5 964

5 964

Post 01 Tilskot frå Europakommisjonen

Posten gjeld tilskot frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret for gjennomføring av tiltak innanfor ungdomspolitisk samarbeid i programmet Erasmus+. Sjå nærare omtale på kap. 847, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 6 mill. kroner i 2027.

Kap. 848 Barneombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Driftsutgifter

24 849

25 843

28 053

Sum kap. 848

24 849

25 843

28 053

Status og hovudoppgåver for verksemda

Barneombodet er det nasjonale overvakingsorganet for barnerettane. Kontoret har som oppgåve å fremje interessene til barn overfor det offentlege og det private, og skal følgje med på utviklinga i oppvekstkåra til barn.

Barneombodet skal særleg følgje med på at lovgivinga som skal verne om interessene til barn blir følgd, og at norsk rett samsvarar med pliktene Noreg har etter FN sin konvensjon om barnerettane. Ombodet skal på eige initiativ, eller som høyringsinstans, sikre interessene til barn i samband med planlegging og utgreiing på alle område, føreslå tiltak som kan styrkje rettstryggleiken til barna, og følgje med på om endringane er gode for barn.

Barneombodet skal òg fremje forslag til tiltak som kan løyse eller førebyggje konfliktar mellom barn og samfunn. Vidare skal ombodet følgje med på at det blir gitt tilstrekkeleg informasjon til det offentlege og det private om barnerettane og tiltaka barn har behov for.

Barneombodslova ligg til grunn for arbeidet deira. Barneombodet er administrativt underlagt Barne- og familiedepartementet og er fagleg uavhengig.

Resultatrapport

Gjennom Barneombodet sin strategi med søkjelys på førebygging og tidleg innsats, søkjer ombodet å rette særleg merksemd mot å avdekkje og hindre risiko og sårbarheit i barn sine liv. Tre særlege satsingar er vald mot dei yngste, det beste for barnet i kommunane og trygg digital oppvekst. Barneombodet følgjer vidare opp mandatet sitt gjennom omfattande møte- og føredragsverksemd, og dessutan bidrag inn i høyringsprosessar.

I 2025 blei det første Barnebarometeret lansert. Dette er den breie undersøkinga til ombodet for å få fram barn sine perspektiv i sentrale spørsmål. Barnebarometeret for 2026 er grunna totalforsvarsåret 2026 dedikert til temaet barn og beredskap. 1 500 fjortenåringar har delteke i undersøkinga.

I samband med totalforsvarsåret har Barneombodet følgt opp varetakinga av barn og unge i lovverket som regulerer norsk beredskap, og dessutan nasjonale, regionale og kommunale beredskapsplanar og følgt opp med råd til relevante styresmakter. Det norske ombodet har òg teke initiativ til ei fellesnordisk prinsipperklæring frå seks nordiske ombod om barn si rolle i beredskapen.

Det var ombodet i Noreg som for 30 år sidan tok initiativ til å etablere den europeiske organisasjonen for barneombod, ENOC. I samband med ENOC sitt 30-årsjubileum samla Barneombodet nesten 40 barneombod frå heile Europa i Oslo i 2026, for å styrkje det faglege samarbeidet rundt rettane til barn.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i Barneombodet. Løyvinga bli føreslått auka med 1,5 mill. kroner, slik at Barneombodet betre kan vareta oppgåvene sine.

Departementet føreslår ei løyving på 28,1 mill. kroner i 2027.

Programkategori 11.20 Barnevern

Hovudinnhald og prioriteringar

Hovudoppgåva til barnevernet er å sikre at barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, får naudsynt hjelp, omsorg og vern. I samhandling med andre offentlege tenester, som helsetenester, sosiale tenester, barnehage og skule, skal barnevernet bidra til trygge oppvekstvilkår for barn og unge. Barnevernet har plikt til å støtte opp om retten barn og foreldre har til familieliv med kvarandre, og skal gi hjelp og støtte til foreldre slik at dei kan yte god omsorg for barna sine. Samstundes har barnevernet eit ansvar for å gripe inn når hjelpetiltak ikkje er tilstrekkelege, eller når barn blir utsette for alvorleg omsorgssvikt og har behov for naudsynt vern og omsorg utanfor heimen.

Den kommunale barnevernstenesta har ansvar for å gå gjennom bekymringsmeldingar, gjere undersøkingar, gjere vedtak om frivillige tiltak og akuttvedtak, førebu saker for handsaming i Barneverns- og helsenemnda og dessutan følgje opp barn som bur utanfor heimen, og foreldra deira. Barneverns- og helsenemnda gjer vedtak om tvang etter barnevernslova, etter at barnevernstenesta har lagt saka fram for nemnda.

Det statlege barnevernet ved Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) skal gi hjelp til kommunar dersom eit barn treng eit omsorgstilbod utanfor heimen og kommunen ikkje finn ein eigna fosterheim i slekta eller i det nære nettverket til barnet. I tillegg har Bufetat ansvar for å etablere og drifte barnevernsinstitusjonar og tilby spesialiserte hjelpetiltak som kommunane kan bruke for spesifikke målgrupper barn. Bufetat hjelper kommunane med ulike tenestestøttetilbod knytte til fosterheimar, frå rekruttering til oppfølging. Barne- og familieetaten i Oslo har eit tilsvarande ansvar i Oslo kommune som Bufetat har elles i landet. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er fagdirektorat for kommunalt og statleg barnevern.

Mange barn og foreldre seier at dei er nøgde med hjelpa dei får frå barnevernet. Samstundes har fleire rapportar og utgreiingar dei siste åra dokumentert tilstanden og utfordringane i barnevernet, t.d. NOU 2023: 7 Trygg barndom, sikker fremtid – Gjennomgang av rettssikkerheten for barn og foreldre i barnevernet og NOU 2023: 24 Med barnet hele vegen – Barnevernsinstitusjoner som har barnas tillit. Stortinget vedtok ei lang rekkje lovendringar ved handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025) Endringer i barnevernsloven mv. (kvalitetsløftet i barnevernet) som ei oppfølging av desse kunnskapsgrunnlaga. I tillegg blir det gjennomført tiltak i oppfølginga av områdegjennomgangen av det statlege institusjonsbarnevernet og ekspertutvalet for styring og organisering av statleg barnevern. Departementet vil følgje opp allereie påbyrja endringsprosessar og tiltak i kommunalt og statleg barnevern. Tiltaka har som mål å forbetre kvaliteten på arbeidet og tiltaka, slik at barn, unge og familien deira får rett hjelp til rett tid. For omtale av hovudprioriteringar på barnevernsområdet, sjå del I.

Barne- og familiedepartementet har desse måla på barnevernsområdet for 2027:

Mål

  • Kommunale barnevernstenester skal arbeide med høg fagleg kvalitet og byggje gode relasjonar i møte med barn, familiar og andre tenester.

  • Barn som treng tiltak utanfor heimen, skal få eit tilbod som møter behova til barnet og fremjar positiv utvikling.

  • Rettstryggleiken til barn og foreldre blir ivareteken i alle fasar av barnevernssaka.

  • Effektive tiltak for førebygging og handtering av barne- og ungdomskriminalitet.

Barnevernstenesta i kommunane

Barnevernstenesta i kommunane har ansvaret for dei fleste oppgåvene etter barnevernslova. Ved utgangen av 2025 var det om lag 230 barnevernstenester i Noreg. Over 200 kommunar, om lag 60 prosent, var del av ei interkommunal barnevernsteneste. Det er likevel store forskjellar i storleik. Dei største tenestene har over 160 årsverk, medan knapt 30 tenester har færre enn fem. Små tenester er ofte meir sårbare når det gjeld tilgang på kvalifisert personell, høve til spesialisering og moglegheit til å sikre nok breidde i kompetanse og tiltak. Det er utfordrande å sikre likeverdige og tilpassa tenester i alle delar av landet.

I 2025 hadde barnevernstenestene om lag 7 000 årsverk, tilsvarande rundt seks årsverk per 1 000 barn i alderen 0–17 år. Sidan 2010 er talet på årsverk i det kommunale barnevernet nesten dobla, medan veksten i saker har vore lågare. Dette har over tid gitt betre kapasitet og større stabilitet. Delen tilsette som sluttar frå eitt år til det neste har lenge vore rundt 20 prosent, men tal frå KS tyder på ein nedgang til om lag 15 prosent i 2024 og 2025. Samstundes peikar mange tilsette framleis på utfordringar knytte til høg gjennomstrøyming og arbeidsbelasting, og fleire melder at barn og familiar som søkjer hjelp har meir samansette og alvorlege utfordringar enn tidlegare.

Tal frå Bufdir viser at det har vore ein svak auke i talet på meldingar og undersøkingar, etter ein periode (2016–2022) med nedgang. Auken har likevel ikkje ført til fleire undersøkingar som endar med tiltak. Fleire undersøkingar går derimot direkte til krav i nemnda. Det er ein tendens til stabilisering av bruken av kommunale hjelpetiltak i heimen etter fleire år med nedgang. Det var i 2025 òg ein auke i akuttvedtak og omsorgsovertakingar, men bruken av tvangsvedtak er framleis lågare enn den var i perioden 2016–2019.

God førebygging og riktig bruk av hjelpetiltak kan redusere behovet for meir inngripande tiltak. Barnevernsreforma, som tok til å gjelde i 2022, har bidratt til auka medvit om heilskapleg oppvekstpolitikk i kommunane. Mange kommunar rapporterer om betre strukturar for tverretatleg samarbeid. Samstundes er det krevjande for mange kommunar å prioritere opp førebygging. Barnevernstenestene peikar òg på behov for betre tilgang på tiltak som kan møte dei ulike behova til barn og familiar.

Evna til å byggje tillit og gode relasjonar med barn og foreldre er avgjerande for å gi rett hjelp og redusere risikoen for feilvurderingar. Mange barnevernstenester arbeider systematisk med dette, men det kan vere særleg krevjande i møte med familiar som har anna språk og kulturbakgrunn enn dei tilsette. Undersøkingar viser òg at delar av befolkninga, og særleg personar med etnisk minoritetsbakgrunn, har låg tillit til barnevernet.20

Departementet har fastsett dette målet:

  • Kommunale barnevernstenester skal arbeide med høg fagleg kvalitet og byggje gode relasjonar i møte med barn, familiar og andre tenester.

Under gjer departementet greie for oppnådde resultat i 2025, fyrste halvdel av 2026 og for strategiar og planlagde tiltak i 2027 som medverkar til måloppnåing.

Bemanning, fagmiljø og oppfølging av lovkrav

Departementet vil halde fram innsatsen for å stimulere til meir kommunesamarbeid for å medverke til sterkare fagmiljø. Statsforvaltarane forvaltar midlar til utviklingsarbeid i læringsnettverk der kommunane samarbeider om kompetanse- og tenesteutvikling i barnevernet. Evaluering av kompetansetiltak i barnevernet har vist at læringsnettverk er eit godt tiltak. Det er i perioden fram til 2025 estimert at om lag 95 prosent av dei kommunale barnevernstenestene har delteke i fagfellesskap gjennom ordninga. Samstundes krev ordninga stor innsats frå både kommunane og statsforvaltaren. For mindre kommunar kan det vere krevjande å delta, grunna mangel på kapasitet og at ein er sårbare ved fråvær.

Frå 2027 blir det lagt opp til at kommunar kan søkje tilskot til lokal teneste- og kompetanseutvikling. Tilskotsordninga har tidlegare vore avgrensa til utviklingsprosjekt i læringsnettverk der fleire kommunar samarbeider. Den nye innrettinga av ordninga får eit breiare føremål og skal møte behovet for større fleksibilitet. Interkommunale læringsnettverk og kommunesamarbeid blir vidareførte som viktige verkemiddel i tilskotsordninga, samstundes som at tilskotet òg skal kunne brukast til andre utviklings- og implementeringsløp, deltaking i opplærings- og etterutdanningstilbod, tverr-etatlege prosjekt og interne forbetringstiltak i kommunane. Departementet føreslår òg å styrkje arbeidet til statsforvaltaren med å følgje opp forbetrings- og utviklingsarbeidet i kommunane. Barnevernstenester som statsforvaltaren vurderer har størst behov for støtte, skal prioriterast i tilskotsordninga.

Statsforvaltarane skal i tillegg gjennomføre dialogmøte med leiinga i kommunen og barnevernet for å styrkje merksemda på styring, kapasitet og kompetanse i tenesta. Dialogmøta blir gjennomførte på bakgrunn av statsforvaltaren si risiko- og sårbarheitsvurdering. Kommunar med særlege utfordringar kan òg få tilbod om oppfølging frå eigne rettleiingsteam. Dette er eit toårig tilbod, som gir kommunen ekstern støtte til å utvikle og forbetre praksis. Evalueringa av tiltaka viser gode resultat i mange kommunar, mellom anna gjennom meir stabilitet, betre bemanning og færre lovbrot. Dialogmøte og rettleiingsteam blir vidareførte i 2027. Samstundes arbeider Bufdir for å vurdere moglege endringar i tilbodet om rettleiingsteam på lengre sikt.

Tidleg og samordna hjelp til utsette barn og familiar

Tidlegare delrapportar frå evalueringa av barnevernsreforma har vist til uvisse og usemje i ulike tenester og kommunar om kva som inngår i førebyggingsomgrepet. Dei 13 direktorata som er omfatta av KUBU-samarbeidet – departementa si kjernegruppe for utsette barn og unge – har derfor fått i oppdrag å utvikle betre fagleg støtte til kommunane for å styrkje arbeidet med førebygging. Dette arbeidet blir nærare omtalt i programkategori 11.10 under Betre samarbeid for utsette barn og unge.

Saman på veg er døme på eit førebyggjande tiltak retta mot fyrstegongsfødande med særskilde utfordringar, som omfattar målretta og intensiv oppfølging frå tidleg i svangerskapet og fram til barnet fyller to år. Om lag ein tredel av deltakarane i utprøvinga av tiltaket i Noreg har sjølv hatt barnevernserfaring. Tiltaket blir prøvd ut i 39 kommunar, inkludert fem bydelar i Oslo kommune, og 953 personar var inkluderte ved utgangen av 2025. Fleire deltakarar rapporterer om auka tryggleik i foreldrerolla gjennom tiltaket. Relasjonen og kompetansen til den faste familiesjukepleiaren ser ut til å vere ein sentral suksessfaktor. Det blir gjennomført ein randomisert kontrollert studie av programmet i perioden 2021–2028, kalla «Mor i Norge-studien» (MiNS). Studien blir gjennomført av OsloMet/AFI.

Hjelpetiltak er det mest brukte tiltaket i barnevernet. Fleire rapportar har dokumentert manglar ved barnevernstenestene sitt hjelpetiltaksarbeid. Fleire tenester har for dårleg tilgang på hjelpetiltak, svak kartlegging av hjelpebehov, for lite systematikk i arbeidet og for svak tilrettelegging for medverknad. Departementet har hatt som mål at barn og foreldre skal få hjelpetiltak som bidreg til positiv endring og som er tilpassa deira behov. Tilbodet skal vere likeverdig i heile landet. Bufdir har derfor i samarbeid med NUBU, RKBU Vest, RBUP Øst og Sør og utvalde kommunar utvikla ein grunnmodell for hjelpetiltaksarbeidet. Modellen vart ferdig i 2025, og inneheld faglege verktøy for å kartleggje hjelpebehov og for å gjennomføre gode samtalar med barn, foreldre og nettverk. Den einskilde tenesta vurderer sjølv korleis dei vil ta i bruk kunnskapen frå grunnmodellen. Bufdir vil gjere faglege tilrådingar og anna kvalitetsstøtte tilgjengeleg for alle. Det blir òg utvikla eit tilbod med opplæring, rettleiing og oppfølging for kommunar som ønskjer å ta i bruk heile modellen.

Frå 2027 blir det lagt opp til at kommunane kan søkje tilskot til å ta i bruk kunnskap frå grunnmodellen for hjelpetiltak, gjennom tilskotsordninga for teneste- og kompetanseutvikling i det kommunale barnevernet. Sjå nærare omtale av tilskotsordninga under Bemanning, fagmiljø og oppfølging av lovkrav.

Bufetat gir støtte til kommunar som ønskjer å ta i bruk det kunnskapsbaserte hjelpetiltaket Parent Management Training – Oregon (PMTO). Bruken av tiltaket har auka, frå 154 kommunar i 2023 til 199 kommunar i 2025. Fleirtalet av desse kommunane har teke i bruk PMTO gjennom førebyggingsprogrammet Tidleg innsats for barn i risiko (TIBIR).

Heilskapleg hjelp føreset ofte samarbeid med andre tenester. Nav, barnehagar, skular og helsetenestene er viktige samarbeidspartnarar. Det vart innført nye samarbeidsreglar for velferdstenestene i 2022, og det er utvikla ei rettleiing for tenestene. NTNU Samfunnsforskning vil fram mot 2027 evaluere korleis dei nye samarbeidsreglane blir følgde opp.

Nasjonalt forløp for barnevern er eit forløp som er utvikla for å betre samarbeidet mellom barnevernet og helsetenesta. Målet er at barn blir kartlagde og utgreidde ved behov, slik at dei både får naudsynt helsehjelp og riktige tiltak frå barnevernstenesta. Bufdir og Helsedirektoratet samarbeider om iverksetjing av forløpet. Det er utarbeidd rettleiing til tenestene, og direktorata samarbeidde i 2026 om ein informasjonskampanje retta mot helsesektoren. I Barnevernsbarometeret for 2025 svarte 40 prosent av barnevernleiarane at forløpet er teke i bruk. To tredjedelar av desse har gjennomført minst eitt forløp det siste året. Direktorata vil halde fram arbeidet med å støtte opp om iverksetjinga.

Departementet legg opp til å setje i gang eit forsøk for å utforske modellar for tverrfagleg samarbeid i undersøkingfasen i barnevernet. Modellane skal bidra til tverrfaglege og heilskaplege vurderingar av ressursar og hjelpebehov i familien. Målet er både å førebyggje behovet for meir inngripande tiltak frå barnevernet, og sørgje for at barn og foreldre får raskare og meir samordna hjelp. Forsøket skal gjennomførast i utvalde kommunar, vere praksisretta og ta utgangspunkt i lokale strukturar. Kommunane kan utvikle nye modellar eller byggje på eksisterande samarbeid. Forsøket skal vare ut 2029. Bufdir følgjer opp forsøket og sørgjer for følgjeevaluering.

Regjeringa har sett i gang fleire tiltak med mål om meir openheit, betre dialog og inkluderande prosessar i barnevernet. Det er lagt vekt på utfordringane med låg tillit i delar av minoritetsbefolkninga. Bufdir skal utvikle fagstøtte for bruk av brubyggjarar, som kan bidra i kontakten mellom barnevernet og familiar med minoritetsbakgrunn. Direktoratet skal vidare greie ut verkemiddel for betre bruk av tolk i barnevernet. Bufdir skal òg gi råd til korleis kommunane kan hente inn erfaringar frå barn og foreldre til lokal utvikling av barnevernet, og det blir arbeidd med å skaffe meir kunnskap om korleis ein betre kan involvere barn og foreldre i undersøkingsfasen. Oppdraga vart gitte i 2025 og 2026.

Tiltak for å styrkje kompetansen i barnevernstenestene

Regjeringa varsla i Prop. 83 L (2024–2025) Endringer i barnevernsloven mv. (kvalitetsløftet i barnevernet) ein ny overordna kompetansemodell for barnevernstenestene. Kravet om mastergrad for tilsette i barnevernet vart avgrensa til å gjelde for leiarar. Samstundes kan ein større del av kompetanseutviklinga skje etter at ein har starta i jobben. Målet er å styrkje koplinga mellom utdanning og praksis, og gi betre høve til å spisse innsatsen mot lokale kompetansebehov.

Departementet vil i løpet av hausten 2026 leggje fram ein ny plan for kompetanseutvikling for det kommunale barnevernet. Planen skal konkretisere nasjonale mål, skildre verkemiddel og klargjere roller og ansvar for ulike aktørar. Arbeidet blir gjennomført i tett samarbeid med universitets- og høgskulesektoren og dei viktigaste arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane i det kommunale barnevernet. Målet er å bidra til ei felles forståing av kompetansebehovet, tydelegare forventingar til kompetansen og at aktørane støttar opp om kompetansearbeidet.

Det er sett i gang ei utprøving av rettleia fyrsteår i utvalde kommunar, for å styrkje oppfølginga av og kompetansen til nytilsette med ingen eller lite erfaring frå barnevernet. I ei undersøking blant tilsette, gjennomført av Bufdir i 2022, svarte 56 prosent at ei sentral årsak til gjennomstrøyming i tenestene er at nyutdanna er for dårleg førebudde på kva jobben inneber. Rettleiingsmodellen som blir prøvd ut, er utvikla i samarbeid mellom Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU) Vest og forsøkskommunane. Bufdir leiar forsøket, som blir avslutta i løpet av 2026. Erfaringar frå utprøvinga vil gi grunnlag for vidare innsats for å styrkje oppfølginga av nytilsette. Dette inkluderer å vurdere ei forskrift om rettleiing av tilsette i barnevernet. Bufdir har òg utvikla ein nasjonal rettleiar og digitale ressursar for å dele kunnskap om gode rutinar for rettleiing av tilsette.

Rambøll har, på oppdrag frå Bufdir, gjennomført ei kartlegging i 2025 av opplevd kompetansebehov hos leiarar og tilsette. Tilsette i barnevernstenestene vurderer eigen kompetanse som god på fleire område, men det er variasjonar mellom tenester og faglege tema. Det blir særleg etterlyst meir kompetanse innan tverrfagleg samarbeid, rusproblematikk, kjønn og seksualitet og i arbeidet med å avdekkje vald. Barnevernsleiarar peikar i tillegg på behov for meir analytisk kompetanse og kompetanse innan kultursensitivitet og kriminalitet. Leiarane ønskjer òg tydelegare forventingar og meir nasjonal tilrettelegging for kompetanseheving.

Bufdir har vidare sett i gang arbeid med å utvikle ein breiare portefølje av etterutdanningstilbod innan fagområde der tilsette etterspør meir kompetanse. Nye tilbod vil vere klare i 2027. Det er eit mål at opplæring og kompetansetiltak skal knytast tettare til utvikling av konkrete tenester og tiltak i barnevernstenestene. Bufdir arbeider òg med å utvikle eit betre fagleg grunnlag for arbeidet i saker som gjeld vald.

Bufdir vil vidare halde fram satsinga på barnevernsleiing, som består av samlingsbaserte etterutdanningstilbod, vidareutdanningar og interkommunale barnevernsleiarnettverk som arena for kollegastøtte og kunnskapsdeling. Tiltaka har hatt høg deltaking, og tilbakemeldingane på innhaldet er positive. Fleire direktorat samarbeider òg om å utvikle eit opplæringsprogram for å styrkje tverrsektoriell leiing på oppvekstfeltet i kommunane. Programmet starta opp våren 2026.

Det er framleis eit mål å styrkje det formelle kompetansenivået. Om lag halvparten av dei tilsette i barnevernstenestene har ei relevant vidareutdanning eller masterutdanning. Dei andre har i hovudsak utdanning på bachelornivå. Det er store regionale variasjonar. Tal frå utdanningsinstitusjonane og Bufdir viste færre søkjarar til vidareutdanning og masterutdanning i 2025 samanlikna med tidlegare. Løyvinga til tilskot for å dekkje vikarutgifter og andre kostnader ved vidareutdanning vart derfor styrkte i 2026, for å kunne gi støtte til fleire typar utdanningsløp. Dette inkluderer vidareutdanning i barnevernsleiing og barnevernsfaglege masterutdanningar. Styrkinga skal òg gjere det enklare for tilsette å frigjere tid til utdanning. Regelverket for ordninga er oppdatert i tråd med dette. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har i tillegg starta ei utgreiing for å vurdere meir fleksible studieløp i dei barnevernsfaglege masterutdanningane. Tilrådingar frå dette arbeidet vil vere klare i 2027.

Betre tilgang på fagleg støtte til barnevernstenestene

Gode digitale løysingar gjer det enklare å samle, analysere og dele informasjon, noko som kan bidra til betre og meir effektive tenester. Barnevernsfagleg kvalitetssystem (BFK) er utvikla som ein sentral del av det kommunal-statlege samarbeidsprosjektet DigiBarnevern. BFK gir tilsette støtte i arbeidsprosessar, tilgang til oppdaterte juridiske tekstar og fagleg rettleiing. I løpet av 2026 har alle kommunar teke i bruk fagsystem som gir tilgang til BFK. Bufdir skal evaluere bruken av BFK, brukarerfaringar og behova for vidare utvikling.

Bufetat kan hjelpe kommunane i saker som gjeld sped- og småbarn der kommunen er usikker på om omsorga er god nok. Tilbodet blir gitt gjennom senter for foreldre og barn. Sentera hjelper kommunane med utgreiing av omsorgssituasjonen til barna. Dei kan òg tilby omsorgsendrande hjelpetiltak til familiar. Tal frå 2025 viser at fleire barn får eit tilbod, og at utgreiingstida er kortare. Bufetat tilbyr òg kommunane spesialiserte statlege hjelpetiltak. Tiltaka omfattar primært multisystemisk terapi (MST) og relasjonsfokusert familieterapi (RFT), retta mot ungdom med normbrytande åtferd og foreldra deira. Tiltaka blir nærare omtalte under overskrifta Barne- og ungdomskriminalitet, som handlar om førebygging og handtering av barne- og ungdomskriminalitet.

Departementet har sett i gang arbeid for å styrkje kommunane sin tilgang på fagleg støtte i einskilde saker som krev særskild kompetanse. Bufetat har etablert kompetansestøttetilbod i alle regionar for å hjelpe kommunane med å gi fosterheimar naudsynt oppfølging (sjå nærare omtale i avsnittet om fosterheimar). Bufdir skal vidare kartleggje og synleggjere kompetansemiljø som har spesialisert kunnskap om målgrupper og sakstypar som mange tenester strevar med. Målet er at tilsette i barnevernet skal få lett tilgjengeleg informasjon om relevante miljø og kven dei kan kontakte ved behov for rettleiing. Informasjon til kommunane skal vere klar i 2027. Bufdir greier òg ut ei ordning som kan gi kommunar konkret fagleg hjelp i krevjande barnevernssaker, for å sikre meir kvalifiserte vurderingar av barn sin omsorgssituasjon og hjelpebehov.

Tiltak for betre kunnskapsgrunnlag frå kommunane

Relevant og påliteleg informasjon er naudsynt for å kunne vurdere kvaliteten og tilstanden i tenestene. Det er viktig å leggje til rette for eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag om aktiviteten i barnevernet, og om korleis det går med barn og familiar som tek imot tiltak.

Bufdir har gjennomgått kommunane si rapportering på barnevernsområdet, i samarbeid med SSB og representantar frå barnevernstenestene, KS, statsforvaltarane, Norsk barnevernleiarorganisasjon (NOBO) og fagsystemleverandørane. Gjennomgangen viste at nokre krav kunne fjernast fordi dei var utdaterte og ikkje lenger reflekterte praksisen i barnevernstenestene, medan det på andre område var behov for nye rapporteringskrav. Blant desse er rapportering om barn sin medverknad, årsaker til skrinlegging av barnevernssaker, bruk av politi og samvær med foreldre. Rapporteringa blir gjennomført automatisk etter overgangen til nye fagsystem (sjå nærare omtale i avsnitt om Betre tilgang på fagleg støtte til barnevernstenestene).

Blant dei viktigaste tiltaka for betre styringsinformasjon er koplinga mellom statistikk frå det statlege fagsystemet BiRK og data frå barnevernstenestene. Stortinget har vedteke ein lovheimel for eit nasjonalt barnevernsregister. Registeret skal samle og gjere tilgjengeleg opplysningar om tenester og tiltak i barnevernet på tvers av kommunalt og statleg nivå. Dette vil styrkje kunnskapsgrunnlaget for analyse, styring, tenesteutvikling og politikkutforming i barnevernssektoren. Eit nasjonalt register stiller strenge krav til trygg handsaming av personopplysingar. Departementet vil sende forslag til forskrift om barnevernsregister på høyring.

Kunnskapsgrunnlaget blir òg styrkt gjennom jamlege spørjeundersøkingar til sektoren, for å få fram synspunkt og vurderingar frå dei som arbeider i tenestene eller som mottek tiltak frå barnevernet. Barnevernsbarometeret er faste, periodiske spørjeundersøkingar til leiarar og tilsette i barnevernet. I 2026 vil det òg bli sendt ut undersøkingar til barn, foreldre og fosterforeldre. Svara vil liggje føre i løpet av 2027.

Tiltak utanfor heimen

Når hjelpetiltak i heimen ikkje er tilstrekkelege, kan barn ha behov for eit tilbod utanfor heimen i ein kortare eller lengre periode. I dag er fosterheim og barnevernsinstitusjon dei mest aktuelle alternativa. Bufetat skal, på oppmoding frå kommunen, hjelpe barnevernstenesta med å finne eit eigna tilbod når barnet må flytte ut av heimen. Det kan vere ein plass i fosterheim, beredskapsheim eller institusjon. I 2027 blir det òg innført lovendringar som opnar for bruk av døgnbemanna kommunale butiltak som eit frivillig barnevernstiltak for barn som må flytte frå heimen. I tillegg har departementet hatt på høyring nye lovforslag om kommunale butiltak ved omsorgsovertakingar og akuttvedtak.

Det har lenge vore politisk semje om at barn som ikkje kan bu heime, som hovudregel bør få eit tilbod om fosterheim, slik at dei kan vekse opp i ein familie. Hovudmålet er at barn skal ha ein trygg og stabil heim som gir høve til utvikling, tilhøyrsle, ro, føreseielege rammer og oppleving av god omsorg. Nær ni av ti barn som bur utanfor heimen i regi av barnevernet, bur i ein fosterheim.

Det er krevjande å rekruttere nok eigna fosterheimar. Dette bidreg til at nokre barn blir buande i ein uavklart situasjon lenger enn det som er ønskjeleg. Mange av barna som ventar på ein fosterheim, har ei stor og samansett problembelasting, og fleire har allereie ein lang historikk i barnevernet. Det er òg ei utfordring at mange fosterheimsopphald endar i utilsikta brot. Ved utgangen av 2025 venta 336 barn på fosterheim etter ønskt dato for innflytting. Ved utgangen av fyrste tertial 2026 venta 339 barn på fosterheim etter ønskt dato for innflytting. Talet har auka over fleire år, frå 198 barn i same periode i 2023. Dette er ein auke på 71 prosent sidan same periode i 2023.

Samstundes har det vore ein nedgang i talet på barn som bur i fosterheimar totalt, medan talet på førespurnader frå kommunane til Bufetat om hjelp til å finne fosterheimar har vore nokså stabilt. Det vil seie at utviklinga ikkje handlar om eit auka behov for fosterheimar, men i hovudsak at rekrutteringa har blitt vanskelegare.

Denne utviklinga legg òg auka press på beredskapsheimane. I 2025 var det 22 tilfelle av brot på bistandsplikta for beredskapsheimar, og i løpet av fyrste tertial 2026 var det åtte tilfelle.

Barnevernsinstitusjonane skal gi omsorg, utviklingsstøtte og vern tilpassa behova og ressursane til det einskilde barnet. Målgruppa er barn og unge som har samansette og omfattande utfordringar. Talet på barn og unge i institusjon gjekk ned i åra fram til 2022, men sidan hausten 2022 har talet auka igjen. Ved utgangen av 2025 budde om lag 950 barn og unge i barnevernsinstitusjon. Dette inkluderer om lag 60 barn som fekk tilbod gjennom Barne- og familieetaten i Oslo (BFE). I det statlege barnevernet har talet på barn i institusjon halde fram med å auke, og per fyrste halvår 2026 har det i gjennomsnitt vore 913 barn i institusjon i regi av Bufetat. Samstundes har talet på barn i institusjon i Oslo fram til 2025 halde seg på eit relativt lågt nivå.

Mange barn får god hjelp i barnevernsinstitusjonar, og har dyktige fagpersonar rundt seg. Samstundes har fleire rapportar dei siste åra peikt på utfordringar. Mange barn har behov for eit meir heilskapleg, føreseieleg og tilpassa omsorgs- og hjelpetilbod enn dei får i dag. Institusjonane må rustast betre til å møte hjelpebehova til barna. Kapasiteten i institusjonstilbodet har vore under press dei siste åra, og Bufetat har hatt utfordringar med å oppfylle bistandsplikta.

Arbeidet med å styrkje tilbodet til barn i barnevernet som må flytte frå heimen sin har høg prioritet. Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Barn som treng tiltak utanfor heimen, skal få eit tilbod som møter behova til barnet og fremjar positiv utvikling.

Under greier departementet ut om oppnådde resultat i 2025 og fyrste halvdel av 2026, og om strategiar og planlagde tiltak i 2027 som medverkar til å nå målet.

Helsehjelp til barn med tiltak utanfor heimen

I kvalitetsløftet i barnevernet vart ein ny modell for tverrfagleg helsekartlegging lansert. Målet er at alle barn som flyttar ut av heimen, får ei tverrfagleg kartlegging, som omfattar både barnevernsfagleg og helsefagleg kartlegging. Kartlegginga skal gi tilstrekkeleg kunnskap om barnet sine behov, og sikre tilpassa omsorg og naudsynt helsehjelp. Det er òg ein sentral føresetnad for den nye, meir fleksible institusjonsmodellen. Sjå meir om den nye innrettinga av institusjonstilbodet under overskrifta Institusjonar. Det skal innførast eit nytt stopp-punkt for kartlegginga når barn flyttar til institusjon, kalla inntakskartlegging. Bufetat har ansvar for barnevernsfagleg kartlegging og risikokartlegging, medan helsesektoren har ansvar for helsekartlegginga.

Bufdir og Helsedirektoratet la fram forslag til ein konkretisert modell for tverrfagleg kartlegging 30. juni. Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet samarbeider no om å følgje opp dette.

Fleire rapportar viser at barn i barnevernsinstitusjonar har større helsebehov enn andre barn, ofte utan at dei får den helsehjelpa dei treng. Det er eit mål at barn som bur på institusjon, skal få god helsehjelp. Det er derfor varsla at alle institusjonar skal knytast til ambulante helseteam frå spesialisthelsetenesta, som skal gi helsehjelp til barna og rettleie tilsette på institusjonane. I 2026 fekk dei regionale helseføretaka (RHF) i oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet å opprette slike team, knytte til alle barnevernsinstitusjonar. Mange stader er teama allereie etablerte og i gang, men det er framleis behov for å avklare kva tenester teama skal tilby. Helsedirektoratet skal i samarbeid med Bufdir og RHF-ane konkretisere dette innan utgangen av mars 2027.

Stortinget har gjennom kvalitetsløftet slutta seg til at ansvaret for spesialisert rusbehandling for barn og unge skal samlast i spesialisthelsetenesta. Dei regionale helseføretaka fekk i 2025 i oppdrag å utarbeide og setje i verk ein nasjonal plan for utbygging av tenestetilbodet.

Barn som har behov for både spesialisert rusbehandling og eit institusjonstilbod som gir omsorg, utviklingsstøtte og vern, skal kunne få eit institusjonstilbod i regi av barnevernet.

I 2026 vart det oppnemnt eit ekspertpanel, og det vart gjennomført ein konsensuskonferanse, som samla utarbeidde eit felles tverrfagleg kunnskapsgrunnlag for god behandling, omsorg og vern for barn med rusmiddelproblem. Kunnskapsgrunnlaget skal brukast i det vidare arbeidet med utvikling av tenestetilbod, kvalitetsprinsipp og retningslinjer, samt i regelverksarbeidet innanfor dei to sektorane.

Bufetat har i dag ein praksis der det krevjast ein kommunal refusjon for forsterkingstiltak på institusjon. Bufetat sitt ansvar etter barnevernslova er avgrensa til utgifter som følgjer av tiltak retta mot omsorgssvikt eller åtferda til barnet. Refusjonsordninga gjeld utgifter til forsterkingar i institusjon der barn har helseutfordringar som krev særskild oppfølging.

Det har over tid vore ei utvikling der barn som bur på barnevernsinstitusjon, har større og meir samansette utfordringar enn tidlegare, og dei aller fleste har òg utfordringar knytte til psykisk og/eller fysisk helse. Det kan vere krevjande å skilje mellom kva som er ungdommane sitt behov for hjelp etter helselovgivinga, og kva som er behovet deira for omsorg og vern etter barnevernslova. Refusjonsordninga er komplisert, og har skapt meirarbeid og konflikt på tvers av forvaltningsnivå. Det har vore ulike synspunkt på kor langt heimelsgrunnlaget rekk. Regjeringa legg opp til at dagens refusjonsordning blir avvikla 1. januar 2027. Hensikta er å forenkle, og forhindre uklårleik og konflikt mellom forvaltningsnivåa. Det blir føreslått å redusere rammetilskotet til kommunane med 70 mill. kroner grunna omlegginga, sjå omtale i Prop. 1 S (2026–2027) under Kommunal- og distriktsdepartementet. Det er sett i gang fleire initiativ i grenseflata mellom helse og barnevern som på lengre sikt kan påverke behovet for forsterkingar ved barnevernsinstitusjonar. Regjeringa vil vurdere tiltak for å motverke uheldige insentiv og bidra til at barn i barnevernet får riktig og forsvarleg helsehjelp og omsorg.

Fosterheimar

Med fosterheimsmeldinga, Meld. St. 29 (2023–2024), varsla regjeringa ei rekkje tiltak for å auke kvaliteten i fosterheimsomsorga. Lovendringar som blei varsla i meldinga, blei følgde opp i Prop. 83 L (2024–2025), og tok til å gjelde 1. januar 2026. Regjeringa har styrkt rammevilkåra for fosterheimar, både gjennom forslag til lovendringar som Stortinget har vedteke, gjennom ei styrking av Bufetat som andrelinjetenesta i fosterheimsarbeidet, og gjennom auka løyvingar til kommunane. Lovendringane skal mellom anna gi fosterforeldre større handlingsrom i kvardagen og meir heilskapleg oppfølging av barna. Målet er å leggje til rette for meir stabile omsorgssituasjonar, og ein kvardag som liknar meir på det andre barn og familiar har.

Regjeringa arbeider vidare med å leggje til rette for tilgang til digitale tenester for fosterforeldre på vegner av barn dei har omsorga for. Ei løysing for å gi fosterforeldre tilgang til relevante tenester, er planlagt å vere på plass i 2028. Løysinga byggjer på at opplysningar om fosterheimsrelasjonen blir registrerte i Folkeregisteret og kan delast med verksemder som kan gi fosterforeldre tilgang til digitale tenester, til dømes helsenorge.no.

I statsbudsjettet for 2025 vart det løyvd til saman 50 mill. kroner til å styrkje fag- og tiltaksstøtta til kommunane i fosterheimsarbeidet. Midlane blir mellom anna brukte til å styrkje Bufetat som andrelinjetenesta i fosterheimsarbeidet, slik at etaten kan støtte kommunane i større grad enn tidlegare. I 2025 har ulike regionar i Bufetat hatt ansvar for å reindyrke særskilde tiltak på fosterheimsfeltet som dei har gode erfaringar med, og gjere dei tilgjengelege i alle regionar. Som ein del av dette er eit styrkt kompetansestøttetilbod tilgjengeleg i alle regionar frå 1. januar 2026. Bufetat skal hjelpe kommunane i einskilde saker, identifisere ressursar og risikofaktorar, og tilrå stabiliserande tiltak rundt barnet og fosterheimen. Slik kan fosterforeldra få naudsynt støtte i sitt oppdrag, og ein kan førebyggje brot i fosterheim. Erfaringane så langt tyder på at tilbodet blir brukt, og at det medverkar til eit meir systematisk og målretta samarbeid mellom kommunane og Bufetat.

Det er i tillegg sett i gang fleire tiltak for å styrkje rekrutteringa av fosterheimar. Det blir lagt til rette for at kommunane og Bufetat skal samarbeide tettare og meir strategisk om å finne eigna fosterheimar og forbetre rekrutteringsinnsatsen lokalt. Familieråd er ein effektiv metode for å rekruttere fosterheimar i familie og nære nettverk. For å auke bruken av metoden har Bufetat etablert digitale kurs i familieråd for tilsette i barnevernstenesta. Bufetat har òg gjort systematiske forbetringar i arbeidet med oppfølging av familiar som har vist interesse for å bli fosterheim. Hensikta er at fosterheimstenesta i Bufetat ikkje skal miste interesserte fordi oppfølginga blir for stivbeint eller byråkratisk.

Bufdir og Bufetat har vidareutvikla opplæringsprogrammet til fosterforeldre, som har fått namnet Solid. Proba har på oppdrag frå Bufdir gjennomført ei evaluering av Solid. Rapporten konkluderte med at Solid er eit fagleg sterkt program, som i stor grad bidreg til å førebu fosterforeldre på oppdraget. Det blir òg peikt på forbetringspunkt, slik som behov for tilpassing av opplæringa til fosterforeldre med avgrensa norskferdigheiter, styrking av bestemte tema i opplæringa og betre digitale løysingar. Evalueringa skal brukast i den vidare utviklinga av programmet, og skal inngå som ein del av kunnskapsgrunnlaget for Bufdir sitt arbeid med den faglege innrettinga av fosterheimstilbodet i Noreg.

I 2025 har Bufdir og Bufetat utarbeidd eit kunnskapsbasert rettleiingsprogram som er meint for tilsette i barnevernstenestene og i Bufetat som jobbar med fosterheimar, som blir kalla Solid veiledning. Vidare skal Bufdir og Bufetat i samarbeid med NUBU utvikle eit rettleiingsprogram retta mot fosterfamiliar der barna har store og samansette behov, og der det er høg risiko for uønskte flyttingar, i tillegg til ein opplæringsmodul for dei som skal rettleie fosterheimane. NUBU har òg fått i oppdrag å tilpasse eksisterande spesialiserte hjelpetiltak til ein fosterheimskontekst, slik at ein kan auke bruken av spesialiserte hjelpetiltak til barn i fosterheimar. Dette er viktig for å førebyggje uønskte brot i fosterheimar.

Regjeringa har òg satsa vidare på kommunale læringsnettverk som ein arena for læring og samarbeid mellom kommunar i fosterheimsarbeidet. Det er etablert ein nasjonal koordinerande støttefunksjon på fosterheimsområdet ved statsforvaltaren i Vestland.

Samla inneber desse tiltaka eit løft for fosterheimsomsorga i Noreg. Like fullt er utfordringane på området samansette. Regjeringa vil derfor vurdere ytterlegare tiltak. Som eit ledd i dette har departementet sett i gang ein ekstern gjennomgang av arbeidet med rekruttering av fosterheimar og beredskapsheimar. Bufdir har òg fått i oppgåve å kartleggje kommunane sine tilbod til fosterheimane deira, både når det gjeld økonomiske vilkår og når det gjeld rettleiing og oppfølging.

Spesialiserte fosterheimar er tiltak for barn med særskilte hjelpebehov. I 2023 vart det gitt ei auka løyving til nye spesialiserte statlege fosterheimar. Det har likevel vore vanskeleg for Bufetat å rekruttere nok nye, eigna spesialiserte fosterheimar. Dette gjeld både ved eiga rekruttering i regi av Bufetat, og ved kjøp frå private leverandørar. I statsbudsjettet for 2026 vart det prioritert 9 mill. kroner til eit statleg-kommunalt pilotprosjekt, der kommunar og Bufetat inngår eit samarbeid om ei særskild ordning for nokre kommunale fosterheimar tiltenkte barn med omfattande og komplekse behov, som treng langvarig og tilpassa omsorg og oppfølging. Pilotarbeidet starta opp i 2026, og blir prøvd ut i alle regionane til Bufetat.

Institusjonar

Ei ny retning for institusjonstilbodet

Regjeringa la i 2024 fram strategien Vårt felles ansvar – ny retning for barnevernets institusjonstilbud, som la grunnlaget for det vidare arbeidet med å gi god og samordna hjelp til dei barna som treng eit institusjonstilbod. Strategien vart følgd opp i Prop. 83 L (2024–2025) Endringer i barnevernsloven mv. (kvalitetsløftet i barnevernet). Kvalitetsløftet varsla ei gradvis omstilling til meir fleksible institusjonar som kan motverke at barn må flytte når behova deira endrar seg. Dette er eit langsiktig arbeid som vil gå over fleire år. Målet er at større einingar, med fleire ulike avdelingar, skal gi rom for at kvar institusjon skal kunne ta hand om barn med større breidde i behov. Tverrfagleg kartlegging skal gjere at tilbodet blir tilpassa kvart barn, og at gruppesamansetjinga blir forsvarleg. Personalgruppene må ha samla kompetanse til å dekkje ulike behov. Lokaliseringa av nye institusjonar må ta omsyn til regionale behov, tilgang på kompetent personell og hjelpetilbod frå andre tenester. Den nye innretninga for institusjonstilbodet skal gjelde uavhengig av eigarskap.

På kort sikt vil element frå den nye innrettinga bli tekne i bruk der det ligg til rette for det innanfor gjeldande rammer, til dømes der institusjonane kan sikre god kartlegging, har eigna bygningsmasse, fleksibilitet i bemanning og tilgang på ambulant helsehjelp.

I ei tolkingsfråsegn om krav om definert målgruppe i barnevernsinstitusjonar har Bufdir slått fast at regelverket ikkje er til hinder for at barn med ulikt opphaldsgrunnlag kan bu på same institusjonsavdeling, dersom dei ut frå ei fagleg vurdering blir rekna å ha behov for den same faglege innretninga på tiltaket. Det konkrete tilbodet skal tilpassast behova til det einskilde barnet.

Stortinget løyvde i 2025 midlar til pilotering av den nye innretninga av institusjonstilbodet. Det er etablert fire pilotar i fire av regionane til Bufetat, med til saman 66 plassar. Målet er å prøve ut institusjonar som på ulike vis kan gi fleksible og tilpassa tilbod til alle barn i målgruppa for barnevernsinstitusjon, slik at barna i større grad får vere i ro og sleppe flyttingar. Pilotane skal gi ny kunnskap om korleis ei meir fleksibel innretning kan gi betre stabilitet for barna, betre helsehjelp og større breidde i kompetansen hos dei tilsette. Pilotane blir evaluerte. Dei fyrste erfaringane vil bli klare i andre halvdel av 2027, og vil vere viktige for det nasjonale arbeidet med å utvikle institusjonane. Parallelt med piloteringa føreslår regjeringa 200 mill. kroner i 2027 til auka grunnkapasitet og omstilling til ei ny innretning av institusjonstilbodet.

Bufdir jobbar med å klargjere rammene for det faglege innhaldet i institusjonstilbodet. Ein fyrste versjon av rammeverket for arbeid med barn og unge i barnevernsinstitusjon og omsorgssenter vart teken i bruk frå januar 2026. Rammeverket blir vidareutvikla fortløpande i samarbeid med institusjonane, brukarorganisasjonar og andre relevante fagmiljø. Bufdir har fått i oppdrag å beskrive kjenneteikn ved barn og unge som bør få hjelp frå institusjonsbarnevernet og konkretisere føremål og innhald i ulike institusjonstilbod. Arbeidet skal bidra i arbeidet med langsiktig planlegging og tydeleggjering av sektoransvaret. Bufdir vurderer òg tiltak som kan bidra til at barna får ein betre overgang til eit kommunalt tiltak etter opphald i institusjon.

Digitalisering og styringsinformasjon i institusjonar

Det blir gjennomført ei rekkje tiltak for digitalisering og betre styringsinformasjon i barnevernet, som mellom anna følgjer opp tilrådingane frå områdegjennomgangen av det statlege institusjonsbarnevernet. I 2025 løyvde Stortinget midlar til å modernisere fagsystemet i statleg barnevern og for å etablere digital samhandling mellom kommunar, Bufetat og private leverandørar. Tiltaket skal òg gi betre kvalitetsstøtte for andrelinjebarnevernet og betre analysedata og styringsinformasjon. I tråd med digitaliseringsstrategien til regjeringa, er hovudtilnærminga eit felles digitalt økosystem mellom aktørane i barnevernet, kommunar, Bufetat og private leverandørar.

Bufdir har sett i gang arbeid med å byggje vidare på dei digitale løysingane som er utvikla for det kommunale barnevernet, til bruk i det statlege barnevernet. I 2025 er det utvikla ei digital løysing for tilvisingar frå kommunar til Bufetat. Det er lagt opp til ei utrulling av løysinga til alle kommunar i løpet av 2026.

Endringar i reglane om rettar og bruk av inngrep

Regjeringa har styrkt rammene for omsorg og vern av barn på institusjon, samstundes som rettstryggleiken er vidareutvikla. Gjennom handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025) vedtok Stortinget fleire viktige lovendringar for betre omsorg og vern av barn på institusjon som tok til å gjelde 1. januar 2026.

Stortinget har vidare slutta seg til lovforslaga i Prop. 86 L (2025–2026) Endringer i barnevernsloven (bedre beskyttelse av barn på institusjon), jf. Innst. 362 L (2025–2026). Lovendringane skal leggje til rette for betre omsorg og vern av barn som utset utviklinga si for alvorleg fare, til dømes barn som har kriminalitet som del av sitt handlingsmønster eller som står i fare for å bli rekrutterte til kriminalitet, samstundes som rettstryggleiken blir teken hand om. Sjå nærare omtale under Barne- og ungdomskriminalitet. Det er teke sikte på at lovendringane tek til å gjelde 1. januar 2027. Til saman føreslår regjeringa å løyve 45,6 mill. kroner i 2027 til å finansiere lovendringane. Dei varige årlege meirutgiftene er berekna til 58 mill. kroner.

Varetaking av bistandsplikta, kostnadskontroll og kapasitet i tilbodet

Ein auke i talet på barn med behov for institusjonsplass, og at mange av barna hadde meir samansette behov enn tidlegare, gjorde at kapasiteten i institusjonsbarnevernet var særskilt pressa i 2023–2025. Det gjorde det spesielt utfordrande for Bufetat å oppfylle bistandsplikta i perioden, og kommunar fekk ikkje alltid det tilbodet dei etterspurde og som barna trong.

Sjølv om situasjonen framleis er utfordrande, og det framleis er behov for eit meir fleksibelt institusjonstilbod med høgare kapasitet, var det ei klar betring i situasjonen i 2025 og i fyrste halvdel av 2026. I 2024 var det 151 tilfelle der regionane i Bufetat vurderte at dei ikkje gav kommunane eit tilbod om plass innan rimeleg tid. I 2025 vart dette redusert med nærare to tredjedelar, til 54 tilfelle. I fyrste halvår 2026 har det til saman vore 18 slike tilfelle. Dei fleste tilfella per no er knytte til akuttplasseringar i beredskapsheimar.

Fleire plassar og betre utnytting av eksisterande kapasitet har vore tilnærminga for å handtere utfordringane med å ta hand om bistandsplikta. Det er naudsynt å fortsetje arbeidet med dette framover. Som omtalt under Ei ny retning for institusjonstilbodet over, føreslår regjeringa derfor 200 mill. kroner til å styrkje tilbodet i form av auka grunnkapasitet. Den auka kapasiteten skal vere plassar i tråd med omtalen i kvalitetsløftet som handlar om ei ny og meir fleksibel innretning av tilbodet.

Kostnadane i institusjonsbarnevernet har òg auka monaleg dei siste åra, og det er derfor naudsynt med effektiv ressursbruk og god kostnadskontroll. På bakgrunn av dette skal Bufdir innrette innkjøpa sine på fagleg grunnlag for å oppnå mest mogleg føremålstenlege og kostnadseffektive tenester. Vidare oppbygging av statleg kapasitet skal prioriterast. Regjeringa ønskjer eit langsiktig og betydeleg innslag av ideelle aktørar. Det er òg behov for seriøse kommersielle aktørar i statleg barnevern framover, og det skal leggjast til rette for at aktørane kan byggje langsiktig kapasitet.

Det er løyvd om lag 1,3 mrd. kroner varig til Bufetat i perioden 2022–2026, for å dekkje utgiftsvekst, i hovudsak grunna auka kostnader, fleire einskilde kjøp og auka løyving til private rammeavtalar, for å ta hand om bistandsplikta. Aktivitetsauken vi har sett dei siste åra ser ut til å halde fram, og for 2027 føreslår regjeringa å auke løyvinga med 507 mill. kroner, i hovudsak som følgje av fleire barn, i tillegg til 200 mill. kroner til auka grunnkapasitet. I perioden 2022–2026 er det òg løyvd nærare 450 mill. kroner til å styrkje og omstille institusjonstilbodet og auke grunnkapasiteten, inkludert plassar leverte av dei ideelle leverandørane. Dette har gitt både fleire plassar og betre utnytting av kapasiteten. Grunnkapasiteten, det vil seie talet på statlege plassar og private plassar med garantiar, er auka med 15 prosent sidan 2021.

Gjennomgang av styring og organisering av det statlege institusjonsbarnevernet

Det vart i 2024 gjennomført ein områdegjennomgang av det statlege institusjonsbarnevernet. Rapporten gir eit kunnskapsgrunnlag for det vidare arbeidet med innrettinga, finansieringa og organiseringa av det statlege institusjonstilbodet. Bufdir har sett i verk tiltak for å følgje opp tilrådingar frå områdegjennomgangen, og regjeringa prioriterer arbeidet høgt. Tiltaka inkluderer mellom anna fagleg og økonomisk normering, betre styring og styringsinformasjon, og langsiktig, føreseieleg og føremålstenleg bruk av private leverandørar.

Ekspertutvalet sin rapport om organiseringa av det statlege barnevernet (Omsorg og ansvar – styring og organisering til barnas beste) vart levert 1. oktober 2025. Utvalet meiner dagens organisering gir utilstrekkeleg kontroll på kvalitet, kapasitet og kostnader, og at Bufdir sine roller som fagdirektorat for barnevernet og etatsstyrar av Bufetat skapar uklare prioriteringar og svekkjer sjølvstendet til fagdirektoratet. Utvalet tilrår ei trinnvis omstilling, som på sikt endar i ei deling av Bufdir og Bufetat i to verksemder, samt fleire faglege og strukturelle tiltak. Ekspertutvalet tilrår vidare å avvikle særordninga for barnevernet i Oslo kommune. Utvalet understrekar at avviklinga krev videre utgreiing. Bufdir er i gang med eit arbeid om framtidig oppgåveløysing i og organisering av Bufdir og Bufetat. Ei vurdering av organiseringa av Bufdir/Bufetat vil byggje på resultat og erfaringar frå igangverande utviklingsprosessar og Bufdir sin oppgåve- og organisasjonsgjennomgang. Regjeringa vil òg i samråd med Oslo starte ei utgreiing av særordninga for Oslo kommune sitt andrelinjebarnevern.

Kommunalt butiltak med døgnbemanning

Lovreglar som opnar for bruk av døgnbemanna kommunale butiltak som eit frivillig barnevernstiltak for barn som må flytte frå heimen, tek til å gjelde 1. januar 2027. Slike tiltak kan i nokre tilfelle vere eit godt alternativ til fosterheim eller barnevernsinstitusjon. Fleire tiltak i kommunal regi vil gi fleire ungdommar høve til å vekse opp i nærmiljøet sitt. Departementet har sett i gang arbeid med å utvikle rettleiing til kommunane om målgruppe for, og utforming av, kommunale butiltak.

Departementet har òg sendt på høyring nye lovforslag som inneber bruk av kommunale butiltak ved omsorgsovertakingar og akuttvedtak.

Barne- og ungdomskriminalitet

Å motverke barne- og ungdomskriminalitet er eit høgt prioritert område for regjeringa. Frå 2016 til 2023 var det ein jamn auke i talet på sikta personar under 18 år, og særleg blant barn under 15 år. Statistikk for 2020–2024, viser at i snitt 8 100 barn og ungdommar årleg har blitt sikta for minst eitt lovbrot. SSB-statistikk frå 2024, støtta av statistikk frå kriminalomsorga, viser likevel at frå 2023–2024 har kriminaliteten gått noko ned, særleg blant dei yngste. Tida vil vise om dette er ein vedvarande trend.

Sjølv om det er snakk om eit avgrensa antal barn, er det urovekkjande at barn under 15 år står bak alvorlege lovbrot. Det gir barna dårlege livsutsikter, og dei skapar utryggleik for andre – ofte andre barn – og for nærmiljøet. Særleg urovekkjande er utviklinga hos ei lita gruppe ungdommar, som over tid står bak gjentekne og til dels svært alvorlege lovbrot, og som i nokre tilfelle har tilknyting til kriminelle miljø.

Barnevernet har ei sentral rolle i oppfølginga av barn og unge som gjer alvorleg eller gjenteken kriminalitet, eller som står i risiko for å gjere det. Dette heng saman med ansvaret til barnevernet om å gi barn og unge naudsynt hjelp, omsorg og vern til rett tid, når dei lever under omstende som kan skade helsa og utviklinga deira. Mange i denne gruppa er samstundes sjølv utsette for omsorgssvikt, vald, overgrep eller andre alvorlege påkjenningar. Oppfølginga må derfor både bidra til å stanse kriminaliteten og sikre barnet vern, omsorg, behandling og trygge rammer.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Effektive tiltak for førebygging og handtering av barne- og ungdomskriminalitet.

Under greier departementet ut om oppnådde resultat i 2025 og fyrste halvdel av 2026, og for strategiar og planlagde tiltak i 2027 som medverkar til å nå målet. Sjå òg omtale under programkategori 11.10 Samarbeid om tiltak retta mot barne- og ungdomskriminalitet.

Betre samarbeid – utvikling og utprøving av effektive samarbeidsstrukturar

Førebygging av barne- og ungdomskriminalitet er eit ansvar for fleire tenester og sektorar. Barnevernstenesta skal medverke i dette arbeidet og samstundes avdekkje og følgje opp skadelege omsorgstilhøve rundt barnet. For ein del av barna er vald i heimen, omsorgssvikt, overgrep, manglande omsorg eller andre alvorlege påkjenningar ein del av utfordringsbiletet. Barna må ikkje berre møtast som aktørar i eigne handlingar, men også som barn med behov for vern. Skal ein lykkast med å hjelpe barnet bort frå kriminalitet, må ein også arbeide med dei underliggjande tilhøva som påverkar barnet si utvikling og livssituasjon. Dette krev ein brei og koordinert innsats på tvers av sektorar, både for å førebyggje kriminalitet og for å hjelpe barn og unge bort frå kriminalitet.

For barn som gjer gjenteken eller alvorleg kriminalitet, er behova ofte samansette. Dette aukar krava til kapasitet, koordinering og samarbeid i det kommunale barnevernet, og mellom barnevernet og andre tenester. Kommunane sitt ansvar for å styrkje det førebyggjande arbeidet vart tydeleggjort etter barnevernsreforma, ved at kommunane har plikt gjennom barnevernslova til å utarbeide ein plan for å førebyggje omsorgssvikt og utvikling av åtferd som utset barnets utvikling for alvorleg fare. Kommunestyret skal vedta planen. Planen skal bidra til overordna forankring av det førebyggjande arbeidet og av kommunen sin ressursbruk. Den skal vidare leggje til rette for ein heilskapleg, koordinert og målretta innsats overfor barn og unge med auka risiko for ei negativ utvikling. For barn som står i fare for å bli involverte i kriminalitet, eller som allereie har gjort lovbrot, føreset dette at kommunen identifiserer behova tidleg og sørgjer for at relevante tenester arbeider saman om tilpassa og samanhengande tiltak.

Svar frå respondentkommunane i evalueringa av barnevernsreforma, viser at delen kommunar med ein slik plan har auka frå om lag halvparten i 2024, til over 80 prosent i den tredje statusrapporten levert i desember 2025. Litt over 12 prosent svarar at planen framleis er under arbeid. Etatssamarbeidet under Kjernegruppe for utsette barn og unge har fått i oppdrag å utarbeide rettleiing om kommunane sitt førebyggjande ansvar på oppvekstfeltet. Dei skal òg vurdere korleis eksisterande strukturar kan bidra til kommunane sitt kriminalitetsførebyggjande arbeid. Vidare skal etatssamarbeidet utarbeide rettleiing og kompetansestøtte til kommunane knytt til arbeidet med barn og unge som står i fare for, eller som gjer kriminelle handlingar. I tillegg har etatssamarbeidet for utsette barn og unge fått i oppdrag å greie ut roller, ansvar og verkemiddel på statleg, kommunalt og fylkeskommunalt nivå knytt til barn og unge som står i fare for å gjere, bli utnytta til eller har gjort kriminelle handlingar. Utgreiinga skal avdekkje uklarheiter, overlapp og manglar i oppfølginga av barn og unge i risikosona, vurdere behov for endringar i regelverket og føreslå tiltak som styrkjer koordinering og det kriminalitetsførebyggjande arbeidet. Oppdraget skal leverast i juni 2027.

Justis- og beredskapsdepartementet har i 2026 motteke NOU 2026: 8 Samarbeid og informasjonsdeling for å forebygge kriminalitet. Utvalet føreslår både ei ny lov om deling av personopplysningar og teiepliktige opplysningar, og at det blir utarbeidd nye nasjonale føringar for betre og meir heilskapleg samarbeid. Gruppa meiner at ansvaret bør leggjast til eitt statleg organ med eit tydeleg mandat. Rapporten har vore på offentleg høyring, med frist 1. oktober 2026. Justis- og beredskapsdepartementet vurderer no innspela frå høyringa.

Betre og forsterka institusjonstilbod for barn og unge som gjer gjenteken og alvorleg kriminalitet

Når utfordringane er så alvorlege eller samansette at kommunale tiltak og hjelpetiltak i heimen ikkje strekkjer til, blir institusjonsbarnevernet ein viktig del av tiltaksapparatet. Dei siste åra er det peikt på aukande kompleksitet blant barna frå ein rekke aktørar. Bufdir viser til at fleire barn har omfattande og samansette utfordringar, som alvorleg kriminalitet i kombinasjon med psykisk uhelse, ustabile relasjonar og rusproblem, samt at dei utset helse og utvikling for alvorleg fare.

Regjeringa ser at det er behov for å styrkje innsatsen overfor barn og unge med slike store og samansette utfordringar. På institusjonsområdet kan dette krevje betre tilpassa bygg, tettare oppfølging, høgare kompetanse, meir robuste bemanningsløysingar og betre samarbeid mellom dei ulike tenestene rundt barnet.

I 2025 vart det løyvd 20 mill. kroner til å prøve ut ein pilot i ein eksisterande barnevernsinstitusjon som tek imot barn som utset utviklinga si for alvorleg fare, med eit større innslag av tverrfaglege team knytte til barna. Målgruppa er avgrensa til barn som har vedtak etter barnevernslova §§ 4-4, 6-2 eller 6-1, og skårar innanfor kategorien høg risiko for vidare negativ utvikling på «Youth Level of Service»-kartlegginga (YLS). Avdeling Sole opna 1. april 2025. Institusjonsavdelingane har forsterka bemanning i form av fleire tilsette per barn, tilpassingar i bygg og ei systematisk satsing på tverretatleg samarbeid rundt barna. Ved utgangen av 2025 budde tre ungdommar ved avdelinga, noko som inneber fullt belegg. Totalt har seks ungdommar hatt eit tilbod ved Sole sidan oppstart.

Regjeringa sitt arbeid med å tydeleggjere og utvide institusjonane sine handlingsrom for bruk av inngrep og høve til å setje grenser for barna, er òg viktig for barn som gjer eller står i fare for å gjere kriminelle handlingar. Lovendringane om høve til å setje grenser og inngrep i institusjon følgjer av Prop. 83 L (2024–2025) og Prop. 86 L (2025–2026), jf. omtalen under avsnitt om endringar i reglane om rettar og bruk av inngrep. Endringa inneheld fleire tiltak som skal gjere institusjonane betre rusta til å ta hand om barn som er eller står i fare for å bli involverte i kriminalitet. Desse tiltaka, som Stortinget òg har slutta seg til, er viktige grep i regjeringa sin samla innsats mot barne- og ungdomskriminalitet. I Prop. 86 L (2025–2026) varsla regjeringa vidare at departementet vil greie ut ytterlegare behov for endringar i reglane om grensesetjing og inngrep på institusjon.

MST og MST-CAN

I det førebyggjande arbeidet for barn og unge med alvorlege og samansette utfordringar, står forskingsbaserte hjelpetiltak sentralt. Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU) utviklar og evaluerer slike tiltak, og hjelper kommunar og Bufetat i implementeringa av dei. Tiltaka er primært førebyggjande og blir utøvde i heimen til familien, men kan òg følgje opp ungdom i fosterheim og institusjonar. Særleg sentralt er Multisystemtisk terapi (MST) og relasjonsfokusert terapi (RFT), som er retta mot ungdom med normbrytande åtferd og foreldra deira.

Tilbodet med Multisystemisk terapi (MST) vart utvida og styrkt med 26 mill. kroner i 2025. Midlane gav rom for ei dobling av kapasiteten på Romerike og i Oslo, i tillegg til ei styrking i Trøndelag og etablering av eit nytt team i Kristiansand. Bufetat har i dag 26 MST-team. Oslo kommune har to operative MST-team, det siste oppretta i 2026.

Bufetat rapporterer om stor pågang og gode resultat frå tiltaka. Dei fleste ungdommane som får MST eller RFT, bur heime, går på skule, er ikkje i konflikt med lova og har ikkje rus- eller valdsproblematikk ved avslutta behandling. Styrkinga av tilbodet dei siste åra er òg en del av satsinga mot barne- og ungdomskriminalitet. Etterspurnaden etter tiltaket er framleis større enn tilbodet. Regjeringa føreslår derfor midlar til ytterlegare eitt MST-team for å styrkje tilgangen til MST.

Dei siste åra har det òg vore ein auke i talet på interkommunale samarbeid om MST for familiar prega av vald og omsorgssvikt, kalla MST-CAN. Det er i dag fem MST-CAN-team i Noreg fordelte mellom ulike interkommunale/fleirkommunale samarbeid, med fleire team under planlegging. Teama er tilsette i kommunane, og mottek opplæring, rettleiing og anna kvalitetssikring frå kompetansesenteret NUBU og frå Bufetat. Ut frå rapporteringa frå kommunane går det fram at enkelte kommunar i éin-til-éin-oppfølginga har prioritert bruk av MST-CAN i 2026. Sjå nærare omtale av éin-til-éin-oppfølging under programkategori 11.10.

Rettstryggleik i barnevernssaker

Barnevernslova byggjer mellom anna på prinsippet om at barn og foreldre har rett til familieliv med kvarandre, og dei fleste barnevernstiltaka blir gitte som frivillige hjelpetiltak i heimen. Samstundes gir lova høve til inngripande tvangstiltak, noko som stiller høge krav til rettstryggleik og korrekte avgjerdsprosessar. For at rettstryggleiken skal bli teken hand om, er det avgjerande at barna får medverke i prosessen, at sakshandsaminga er basert på solid kunnskap, at avgjerdene er godt grunngitte, og at dei kan bli etterprøvde.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Rettstryggleiken til barn og foreldre blir ivareteken i alle fasar av barnevernssaka.

Under greier departementet ut om oppnådde resultat i 2025 og fyrste halvdel av 2026, og for strategiar og planlagde tiltak i 2027 som medverkar til å nå målet.

Implementering av lovendringar

Ved handsaminga av Prop. 83 L (2024–2025) om kvalitetsløftet i barnevernet, vedtok Stortinget ei rekkje lovforslag. Lovendringane tok til å gjelde 1. januar 2026, med unntak av reglane om kommunale butiltak som er planlagt å gjelde frå 1. januar 2027. Endringane gjeld tre hovudområde: auka kvalitet og handlingsrom i kommunalt barnevern, betre rettstryggleik for barn og foreldre når barn må flytte ut av heimen, og betre tilbod til barn på barnevernsinstitusjon.

Reglar om utreiseforbod ved fare for skadelege utanlandsopphald tok til å gjelde frå 23. januar 2026. Føremålet er å førebyggje negativ sosial kontroll og æresmotivert vald, og skal hindre at barn blir utsette for alvorlege og skadelege handlingar i utlandet. Desse reglane vart vedtekne ved Stortinget si handsaming av Prop. 159 L (2024–2025).

Departementet har gjennomført naudsynt forskriftsarbeid og fortset å implementere regelendringane. Mellom anna har Bufdir gjort eit omfattande arbeid for å sikre at rundskriv er oppdaterte i tråd med gjeldande lov og forskrift.

Medverknad i barnevernet

Regjeringa vil styrkje retten barn har til medverknad, og rettsstillinga deira i barnevernssaker. Barn sin rett til å klage på vedtak om flytting tok til å gjelde 1. januar 2026. I Prop. 83 L (2024–2025) er det varsla ei evaluering av reglane ein har i dag for medverknad frå barn, og vurdering av tiltak for meir barnevennlege prosessar i barnevernssaker. Departementet fører vidare ordningane tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet og tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barnevernet i 2027. Desse ordningane skal mellom anna føre til auka medverknad for barn og unge og familiane deira som er, eller kan komme, i kontakt med barnevernet. I 2026 vart det gitt tilskot til 8 organisasjonar med totalt 22,4 mill. kroner gjennom tilskotsordninga til organisasjonar på barnevernsområdet. Det vart òg gitt tilskot til 24 prosjekter med totalt 15 mill. kroner gjennom tilskotsordninga til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barnevernet.

Saker for Den europeiske menneskerettsdomstolen

Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) har sidan 2016 handsama og avgjort om lag 70 barnevernssaker mot Noreg. I nærare 50 av desse sakene har EMD konkludert med at menneskerettane til dei involverte familiane har blitt tatt hand om. Samstundes har Noreg blitt dømt for brot på retten til familieliv etter Den europeiske menneskerettskonvensjonens (EMK) artikkel 8 i 24 saker. Rett praksis knytt til målsetjinga om gjenforeining mellom barn og foreldre og samvær etter ei omsorgsovertaking står sentralt i dommane frå EMD, og Høgsterett har tolka føringane frå EMD.

I sakene der EMD ikkje har konstatert krenking av EMK artikkel 8 eller avvist saka som openbert grunnlaus, legg EMD til grunn at avgjerdsgrunnlaget har vore godt, og at nasjonale styresmakter har avvege interessene til barnet sett opp mot omsynet til gjenforeining og interessene til dei biologiske foreldra, og med konkrete grunngivingar. EMD har og godteke svært lågt samvær til samanlikning med nokon av dei tidlegaste dommane.

EMD ser ut til å ha akseptert endringa i kurs som Høgsterett sette frå 2020. Noreg har òg sett inn ei rekkje tiltak for å informere barnevernssektoren om rett praksis etter føringane frå Høgsterett og EMD. Noreg har i tillegg levert handlingsplanar til Ministerkomiteen i Europarådet om oppfølginga av dommane frå EMD. Siste gongen var i juni 2025. I september 2025 avslutta komiteen si oppfølging av Noreg, då komiteen var nøgd med Noreg si oppfølging av dommane.

Samvær i barnevernssaker har etter klagane for EMD fått stor merksemd. Den nye barnevernslova og nye retningslinjer frå Bufdir om fastsetjing og gjennomføring av samvær i barnevernssaker, har òg klargjort rammene og bidreg til rett praksis. Både statistikk over samvær og nyare forsking tyder på at det er eit aukande medvit når det gjeld å vurdere samvær etter ei omsorgsovertaking og å arbeide for at barn og foreldre blir førte saman att. Samværet og arbeidet med gjenforeining må likevel alltid ta utgangspunkt i omsynet til det beste for barnet, og må vurderast konkret i kvart tilfelle. Det er frå ulike hald, mellom anna frå Barnevernsutvalget, uttrykt ei uro over om endringane i samvær i nokon grad kan føre til at barn har samvær som ikkje er bra for dei. Nye reglar om rett for barnevernstenesta til å stanse samvær mellombels der samværet vil vere til skade for barnet, tok til å gjelde 1. januar 2026 i samsvar med Stortinget si handsaming av Prop. 83 L (2024–2025). I tillegg varslar departementet i lovproposisjonen ei utgreiing av ei ordning for å ta hand om barn som har sterk motstand mot samvær.

Sakkunnige i barnevernssaker

Eksterne sakkunnige skal gi forvaltinga og domstolane eit godt fagleg grunnlag for avgjerdene sine i einskilde saker. Regjeringa varsla i Prop. 83 L (2024–2025) at ho vil leggje til rette for gode sakkunnige vurderingar ved å vidareutvikle utdanningsprogram for sakkunnige i barnesaker. I 2026 starta det opp eit nytt utdanningsprogram for sakkunnige i barnesaker ved Universitetet i Oslo ved Psykologisk institutt. Dei driftar programmet på oppdrag frå Bufdir. Tilbodet erstattar det tidlegare utdanningsprogrammet til Norsk psykologforening. Bufdir har frå og med 2026 fått i oppdrag å forvalte utdanningsprogrammet og ei oversikt over barnefaglege sakkunnige.

Departementet er i ferd med å utarbeide eit forslag til forskrift om oversikt over sakkunnige i barnesaker, jf. barnevernslova § 12-7 andre ledd. Forslaget skal etter planen på høyring hausten 2026. Forskrifta skal regulere innhaldet i og forvaltinga av oversikta, og skal mellom anna fastsetje vilkår for oppføring i oversikta.

Barneverns- og helsenemnda

At barn skal få delta og medverke i saker i barneverns- og helsenemndene, har vore prioritert i 2025 og 2026. Det har vore særleg merksemd om korleis leggje til rette for prosessar som gir barn reell medverknad, og meir einsarta sakshandsaming. Arbeidet med barnevennlege prosessar har hatt god framdrift, og nemndene har starta pilot for barnevennlege nemndslokale. Arbeidet med medverknad frå barn og med barnevennlege prosessar blir ført vidare i 2027.

Det har vore ein jamn auke i saker frå 2021 fram til 2026. Det har òg vore ein jamn auke i sakshandsamingstida for dei fleste behandlingstypane. Barneverns- og helsenemnda har i 2025 og i fyrste halvår i 2026 arbeidd for å leggje til rette for meir effektiv saksavvikling og saksstyring. Det er mellom anna etablert ei ordning med samhandlingsnemnder, der tre og tre nemnder samarbeider om å løyse administrative oppgåver mest mogleg likt og for å utnytte samla ressursar. Dette arbeidet held fram. Det vil òg bli vurdert korleis verksemda betre kan handtere ei varierande saksmengd og ein aukande kompleksitet i sakene.

Frå 1. januar 2026 er det høve for nemnda til å ta avgjerd om opne dører i eit møte, i likskap med reglane som gjeld for domstolane. Hovudregelen er framleis at møta i nemnda skal haldast for lukka dører. Departementet tek sikte på å evaluere endringa for å finne ut om ho gir riktig balanse mellom meir openheit i nemndene og omsynet til det beste for barnet.

Departementet fekk i desember 2025 ei ekstern evaluering av ordninga med samtaleprosess med utgangspunkt i samtaleprosessforskrifta. Denne forskrifta tok til å gjelde 1. mars 2023. Rapporten viser at samtaleprosess i perioden 2021–2024 vart brukt i snautt halvparten av alle sakene, særleg i saker om omsorgsovertaking og samvær. Evalueringa finn at prosessforma blir opplevd som mindre belastande for barn og foreldre, og kan bidra til betre samarbeid mellom foreldre og barnevernstenesta, auka foreldremedverknad og løysingar som blir vurderte å vere til det beste for barnet. Samstundes peikar evalueringa på utfordringar knytte til risiko for press til å samtykke, behov for å styrkje informasjonen til foreldre og barn – særleg til barn utan partsrettar – og store regionale forskjellar i bruken av samtaleprosess. Barneverns- og helsenemnda har laga ein toårig plan for oppfølging av evalueringa.

Barn i barnevernet med særleg behov for vern

I Prop. 83 L (2024–2025) varsla departementet at det ville vere aktuelt å sjå nærare på systemet for adressesperre for barn i barnevernet, blant anna i lys av rapporten frå NOVA Adressesperre (kode 6 og 7). En evaluering av beskyttelsestiltaket adressesperre i saker om vold i nære relasjoner» (2024). Ein gjennomgang av regelverk og praksis er òg lova i Prop. 36 S (2023–2024) Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) – Trygghet for alle (tiltak 95).

Bufdir publiserte ein nasjonal rettleiar, Veileder for barnevernstjenestens tiltak og oppfølging av barn med særlig beskyttelsesbehov, i mars 2026. Rettleiinga skal styrkje barnevernstenesta si varetaking av barn som ikkje kan bu heime som følgje av eit vedtak etter barnevernslova, og som har eit særleg behov for vern. Ho gir barnevernstenesta konkret fagstøtte i saker der flytting ut av heimen ikkje er tilstrekkeleg for å verne barnet, og det er risiko for at foreldre, nettverk eller andre kan finne barnet og utsetje det for vald, alvorleg skade, bortføring, drap e.l. Det gjeld mellom anna der det er gjort vedtak om skjult adresse etter barnevernslova og gradering av adresseopplysningar etter folkeregisterlova (adressesperre). Med den nye rettleiinga får barnevernstenesta konkrete råd for korleis ein skal planleggje, gjennomføre og følgje opp tiltak på ein trygg og heilskapleg måte.

Departementet arbeider vidare med eit oppdrag til Bufdir og Politidirektoratet om ein heilskapleg gjennomgang av regelverket med sikte på forbetringar, både når det gjeld vedtak om skjult adresse og vedtak om adressesperre.

Tiltaka i Nasjonal strategi mot menneskehandel (2025–2030) blir følgd opp løpande. Strategien skal følgjeevaluerast. Oppdraget er tildelt Fafo.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Endring i pst.

853

Barneverns- og helsenemndene

264 070

272 602

285 917

4,9

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

490 348

562 832

588 648

4,6

855

Statleg forvalting av barnevernet

9 793 140

9 932 250

10 993 711

10,7

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

529 316

453 873

393 680

-13,3

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

690 813

721 559

752 602

4,3

Sum kategori 11.20

11 767 687

11 943 116

13 014 558

9,0

Inntekter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Endring i pst.

3853

Barneverns- og helsenemndene

679

881

707

-19,8

3855

Statleg forvalting av barnevernet

3 000 124

3 088 617

3 350 300

8,5

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

268 895

236 558

185 981

-21,4

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

9 792

611

634

3,8

Sum kategori 11.20

3 279 490

3 326 667

3 537 622

6,3

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

11 385 569

11 516 341

12 569 257

9,1

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

11 327

31 320

35 416

13,1

50–89

Overføringar til andre

370 791

395 455

409 885

3,6

Sum kategori 11.20

11 767 687

11 943 116

13 014 558

9,0

Inntekter under programkategori 11.20 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Endring i pst.

01–29

Sal av varer og tenester

287 403

242 908

190 400

-21,6

50–89

Overføringar frå andre

2 992 087

3 083 759

3 347 222

8,5

Sum kategori 11.20

3 279 490

3 326 667

3 537 622

6,3

Kap. 853 Barneverns- og helsenemndene

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Driftsutgifter

264 070

272 602

285 917

Sum kap. 853

264 070

272 602

285 917

Ansvarsområdet til verksemda

Barneverns- og helsenemnda er eit statleg forvaltningsorgan som består av Sentraleininga for Barneverns- og helsenemnda og tolv barneverns- og helsenemnder. Dei tolv nemndene er i behandlinga av den enkelte saka uavhengige, upartiske avgjerdsorgan, som er heimla i barnevernslova. Over 90 prosent av sakene i nemndene er tvangssaker etter barnevernslova. Etter helse- og omsorgstenestelova gjer nemndene tvangsvedtak for vaksne rusavhengige og for gravide rusavhengige. Nemndene avgjer òg klagar på kommunale vedtak om bruk av tvang overfor personar med psykisk utviklingshemming. Vidare avgjer nemndene spørsmål om tvangsundersøking og tvangsisolering av personar med smittsame sjukdommar etter smittevernlova.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer driftsutgifter i nemndene og Sentraleininga for Barneverns- og helsenemnda og sakskostnader ved handsaming av saker.

Som følgje av lovendringane i Prop. 86 L (2025–2026) som skal gi betre vern for barn i institusjon, føreslår departementet å auke løyvinga med 5,9 mill. kroner i 2027 til å dekkje ein auke i talet på saker, mellom anna hyppigare rettsleg kontroll av tvangsvedtak.

Som følgje av lågare venta inntekter, i hovudsak frå konferansar, til Barneverns- og helsenemnda på kap. 3853, post 01, føreslår departementet også å redusere utgiftsposten med 0,2 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 285,9 mill. kroner i 2027.

Kap. 3853 Barneverns- og helsenemndene

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Diverse inntekter

679

881

707

Sum kap. 3853

679

881

707

Post 01 Diverse inntekter

Løyvinga på posten er i hovudsak knytt til tilfeldige inntekter, til dømes inntekter frå konferansar og refusjon frå fylkeskommunar for arbeid utført i samband med eksamensgjennomføring.

Som følgje av lågare venta inntekter til Barneverns- og helsenemnda, i hovudsak frå konferansar, føreslår departementet å redusere posten med 0,2 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 0,7 mill. kroner i 2027.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

21

Spesielle driftsutgifter

42 547

56 448

56 793

22

Barnesakkunnig kommisjon

13 714

14 354

14 885

23

Kompetansehevingstiltak i barnevernet, kan nyttast under post 72

51 969

65 255

71 669

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

11 327

31 320

35 416

61

Utvikling i kommunane, kan nyttast under post 72

130 334

203 719

200 760

62

Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 23

27 724

71

Utvikling og opplysingsarbeid m.m.

42 469

40 477

41 469

72

Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 23

170 264

151 259

167 656

Sum kap. 854

490 348

562 832

588 648

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til utviklingstiltak, i hovudsak tidsavgrensa prosjekt på barnevernsområdet.

Løyvinga på posten blir òg brukt til drift av tvisteløysingsnemnda for barnevernet, arbeidet til statsforvaltaren med fosterheimsrekruttering og refusjon av barnevernsutgifter Svalbard har for tiltak på fastlandet.

For å samle driftstilskot og andre øyremerkte tilskot til Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU), Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU) og Regionsenter for barn og unges psykiske helse Helseregion Aust og Sør (RBUP Aust og Sør), føreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 4,1 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 854, post 72. Midlane er knytte til grunnmodell for hjelpetiltak.

Departementet føreslår å auke løyvinga med 2,6 mill. kroner til etablering av ei meldingsformidlingsteneste knytt til programmet om digitale tenester for fosterforeldre.

Det er òg sett av midlar på posten til å greie ut om særordninga for barnevernet i Oslo kommune bør avviklast.

Departementet føreslår ei løyving på 56,8 mill. kroner i 2027.

Post 22 Barnesakkunnig kommisjon

Løyvinga på posten skal dekkje drifta av Barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen skal vurdere kvaliteten på rapportar frå sakkunnige i foreldretvistsaker og barnevernssaker, enten det er barnevernstenesta, Barneverns- og helsenemnda, domstolane eller dei private partane som har bestilt dei.

Departementet føreslår ei løyving på 14,9 mill. kroner i 2027.

Post 23 Kompetansehevingstiltak i barnevernet, kan nyttast under post 72

Posten dekkjer utgifter til tiltaksutvikling, rettleiingstiltak og kompetansehevingstiltak for barnevernet. Posten dekkjer mellom anna utgifter til vidareutdanningar, opplæringsprogram, kommunale rettleiingsteam og dialogmøte statsforvaltaren har med kommunane om utfordringane i barnevernet.

Posten blir føreslått auka med 6 mill. kroner for å styrkje statsforvaltarane sitt arbeid med å følgje opp og forvalte tilskot til kompetanse- og tenesteutvikling i det kommunale barnevernet, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 854, post 72, jf. omtale under kap. 854, post 61.

Departementet føreslår òg å redusere løyvinga på posten med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 854, post 61 for å styrkje tilskotsordninga til kompetanse- og tenesteutvikling i det kommunale barnevernet i det kommunale barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 71,7 mill. kroner i 2027.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Posten dekkjer utgifter til digitaliseringsprosjekt i det statlege barnevernet. Løyvinga blir i hovudsak brukt til innkjøp av IKT-løysingar og -utstyr og til innleige av eksterne ressursar, men kan òg bli brukt til arbeid Bufdir gjer sjølv i prosjekta.

Løyvinga dekkjer utgifter til eit prosjekt for å modernisere fagsystemet for det statlege barnevernet. Dette inneber òg å utvikle løysingane frå DigiBarnevern til bruk i statleg barnevern, etablere eit trygt digitalt system for samhandling mellom aktørane i barnevernet og utvikle system for betre tilgang på styringsinformasjon og analysedata.

Departementet føreslår å samle midlar til Digibarnevern på kap. 854, post 45. Posten blir derfor føreslått auka med 3 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 858, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 35,4 mill. kroner i 2027.

Post 61 Utvikling i kommunane, kan nyttast under post 72

Posten dekkjer tilskot til utviklingsprosjekt, kompetanseheving og andre tiltak i kommunane.

Departementet føreslår at det òg i 2027 blir gitt tilskot til Alarmtelefonen for barn og unge, driven av Kristiansand kommune. Målet for tilskotet er at Alarmtelefonen for barn og unge skal vere ein døgnopen, gratis alarmtelefon for barn og unge som er utsette for ulike former for vald, overgrep eller omsorgssvikt. Tilbodet er ein del av akuttilbodet til kommunane for utsette barn og unge.

Departementet føreslår vidare at det blir gitt tilskot til å organisere den årlege landskonferansen mellom barnevernsvakter og politi i 2027. Målet for tilskotet er at konferansen skal fremje samarbeid mellom politi og barnevernsvakter. Landsnettverket for barnevernsvaktene og politidistrikta er saman ansvarlege for arrangementet. Løyvinga dekkjer òg tilskot til Oslo kommune til tverrfagleg helsekartlegging av barn i barnevernet.

Det er sett i gang eit pilotprosjekt for samarbeid mellom Bufetat og kommunar om nokre fosterheimar for barn med omfattande og komplekse behov, som treng langvarig og tilpassa omsorg og oppfølging. Kommunar som deltek i pilotprosjektet får prosjektstøtte for å delta. Det gjeld følgjande kommunar: Trondheim, Midtre-Namdal barnevernteneste (Namsos, Overhalla og Flatanger), Søre Sunnmøre barnevernteneste (Hareid, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta), Stavanger, Sunnhordland interkommunale barnevernteneste (Stord, Fitjar og Bømlo), Drammen, Larvik, Sarpsborg, Fredrikstad, Tromsø og Vefsn.

Departementet fører òg vidare midlar til Sammen på vei – eit forskingsbasert, spesialisert tilbod for sårbare familiar, som rettar seg mot fyrstegongsmødrer i ein sårbar livssituasjon. Løyvinga dekkjer utgifter til vertskommunane/bydelane som deltek, i dei fem utprøvingsområda: Sandnes, Kristiansand, Bergen, Trondheim og bydelane Søndre Nordstrand og Gamle Oslo. Av midlane til programmet går ein del til Regionsenter for barn og unge si psykiske helse (RBUP) Aust og Sør, som har det faglege ansvaret for opplæring og kvalitetssikring av programmet. For å sikre korrekt postbruk, føreslår departementet at midlane til RBUP Aust og Sør på 12,7 mill. kroner blir flytta frå posten til kap. 854, post 72.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngjevne tilskota over i Prop. 1 S (2025–2026).

Løyvinga på posten dekkjer tilskot til den nye tilskotsordninga kompetanse- og tenesteutvikling i det kommunale barnevernet. Ordninga erstattar tilskot til utviklingsprosjekt i kommunale læringsnettverk og implementering av grunnmodell for hjelpetiltak i barnevernet. Posten blir føreslått auka med 2 mill. kroner for å styrkje tilskotsordninga, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 854, post 23. Hovudelementa i tilskotsordninga til kompetanse- og tenesteutvikling i kommunalt barnevernet er omtalte under:

Mål og kriterium for måloppnåing

Ordninga skal stimulere til kompetanse- og tenesteutvikling i dei kommunale barnevernstenestene, med sikte på sterkare fagmiljø og betre tilbod til barn og familiar.

Ordninga skal medverke til at kompetanseheving blir sett i samanheng med systematisk utviklingsarbeid i tenestene. Kommunane skal planleggje og gjennomføre målretta kompetanse- og tenesteutvikling, basert på lokale behov og føresetnader.

Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaka i tråd med føresetnadene i tilskotsbrevet, og i kva grad tiltaka har bidrege til varige endringar i praksis. Vurderinga blir òg gjort opp mot dei overordna måla for ordninga.

Kriterium for tildeling av tilskot

Tilskotsordninga blir forvalta av statsforvaltarane. Tilskot blir tildelt kommunar.

Midlane skal brukast til tiltak som fremjar kompetanse- og tenesteutvikling i det kommunale barnevernet, mellom anna deltaking i opplæringstiltak, utviklingsprosessar og utvikling av nye eller forbetra tenester og tiltak for barn og familiar.

Ved tildeling skal det leggjast vekt på at tiltaket er forankra i kommunal leiing, at søkjaren har gjort greie for behov og prioriteringar i eiga teneste, og at det er lagt til rette for varige praksisendringar. Kommunale barnevernstenester som statsforvaltaren vurderer har størst behov for støtte, og tenester som samarbeider med andre kommunar, andre tenester eller relevante kompetansemiljø, kan prioriterast. Det kan òg leggjast vekt på om tiltaka er i tråd med nasjonale prioriteringar.

Kommunar kan få tilskot for eit til tre år, med atterhald om løyving frå Stortinget. Midlane kan også nyttast til prosjektleiing og frikjøp av tid.

Oppfølging og kontroll

Statsforvaltarane forvaltar ordninga og følgjer opp kommunane i planlegging og gjennomføring av tiltaka. Dei skal òg gi fagleg støtte og rettleiing. Bruken av midlane blir følgd opp gjennom rapportering frå kommunane, basert på nasjonale malar og indikatorar for måloppnåing og praksisendring. Rapporteringa skal vere kortfatta og tilpassa føremålet. Statsforvaltarane skal kontrollere at midlane blir brukte i samsvar med føresetnadene for tilskotet. Bufdir og Riksrevisjonen kan føre kontroll med ordninga.

I 2025 vart det sett i gang eit toårig forsøk med rettleidd fyrsteår i det kommunale barnevernet. Forsøket har sitt siste år i 2026. Departementet føreslår at 0,4 mill. kroner av den frigjorde løyvinga til forsøket blir brukt til den nye tilskotsordninga som blir omtalt over. Departementet føreslår vidare at det resterande beløpet på 0,9 mill. kroner blir brukt på eit nytt forsøk med tverrfaglege samarbeidsmodellar i undersøkingsfasen i barnevernet. Bufdir vil gi tilskot til barnevernstenestene Stranda og Fjord, Moss, Kongsberg, Lørenskog, Froland, Nome og Midt-Telemark, og Setesdal for å utforske modellar som kan bidra til ei tverrfagleg og heilskapleg vurdering av familiane sine ressursar og hjelpebehov.

Posten dekkjer òg tilskotsordninga til barnevernsfagleg vidareutdanning. Kommunale arbeidsgivarar kan søkje om tilskot for tilsette som tek relevante vidare- og masterutdanningar for å dekkje kostnader og frigjere kapasitet til kompetanseutvikling. Ein meir utfyllande omtale av tilskotsordninga står i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 200,8 mill. kroner i 2027.

Post 71 Utvikling og opplysingsarbeid mv.

Posten dekkjer i hovudsak tilskotsordningane Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet og Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet. Ordningane skal samla bidra til brukarmedverknad og til at alle partar på barnevernsfeltet skal bli høyrde. Hovudelementa i ordningane er omtalte i Prop. 1 S (2025–2026) for Barne- og familiedepartementet. Tilskota er regulerte i forskrifter fastsette av BFD i 2022. Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet skal bidra til å utvikle barnevernsfeltet gjennom å stimulere brukar- og interesseorganisasjonar på feltet til å styrkje engasjementet sitt og å vise medansvar for utsette barn og unge, og familiane deira. Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet skal bidra til å utvikle barnevernsfeltet gjennom førebygging av problemutvikling og ved at utsette barn og unge får betre hjelp til livsmeistring og utvikling i trygge omgivnader.

Departementet føreslår at det innanfor ordningane blir gitt tilskot på 6,3 mill. kroner til Landsforeningen for barnevernsbarn i 2027, ein auke på 1 mill. kroner. Målet for tilskotet er at foreininga skal bidra til brukarmedverknad i barnevernet. Auken i tilskotet må ein mellom anna sjå i samanheng med at organisasjonen har styrkt brukarrepresentantordninga si.

Departementet føreslår vidare at det blir gitt tilskot til barneeininga i Østersjørådet, Children at Risk (CAR) i 2027. Føremålet med tilskotet er å styrkje det regionale samarbeidet om barnerettane.

Alle tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad.

Departementet føreslår ei løyving på 41,5 mill. kroner i 2027.

Post 72 Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 23

Løyvinga på posten går til langsiktig utviklingsarbeid for å auke kompetansen og kunnskapsnivået i barnevernet i Noreg.

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge (NUBU). Målet for tilskotet er at NUBU skal medverke til at barn og unge som utset utviklinga si for alvorleg fare, familiane deira og skular får hjelp som er forskingsbasert, relevant og individuelt tilpassa. NUBU skal vidare drive tenestestøtte, med bakgrunn i behovet tenestene har. Dette inneber mellom anna støtte til implementering av tiltak, inkludert kvalitetssikring, opplæring, rettleiing og rådgiving. NUBU har òg eit nasjonalt ansvar for å gjere kunnskapen tilgjengeleg for praksisfeltet og for forskings- og utviklingsarbeid. Bufdir forvaltar tilskotet.

Departementet føreslår vidare at det blir gitt tilskot til dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge (RKBU Nord, RKBU Vest og RKBU Midt-Noreg) og driftstilskot til RBUP Aust og Sør. Kunnskapssentera skal utvikle, kvalitetssikre, forvalte og gjere tilgjengeleg vitskapleg, praksisnær og tverrfagleg kunnskap og kompetanse innanfor arbeidet med barnevern og psykisk helse hos barn og unge. Helse- og omsorgsdepartementet og Barne- og familiedepartementet finansierer dei fire fagmiljøa.

Posten dekkjer i tillegg tilskot til RKBU Vest, RKBU Nord, RKBU Midt-Noreg, RBUP Aust og Sør og Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging Sør (RVTS Sør) samt NUBU, for at sentera skal tilby opplæringstiltak og tenestestøtte til barnevernstenestene som del av kompetansetilbodet til kommunalt barnevern. Departementet føreslår å redusere løyvinga til dette arbeidet med 6 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 854, post 23, for å styrkje statsforvaltarane sitt arbeid med å følgje opp og forvalte tilskot til kompetanseheving og tenesteutvikling i barnevernstenestene. For å samle driftstilskot og andre øyremerkte tilskot til NUBU og dei regionale kunnskaps- og kompetansesentera, føreslår departementet å auke posten med 4,1 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 854, post 21. Øyremerkte tilskot omhandlar tilbod til barnevernstenester innfor kunnskapsbasert og systematisk arbeid med melding, undersøking og hjelpetiltak.

Posten dekkjer òg tilskot til RKBU Midt-Noreg og RKBU Nord for drift av vidareutdanningar retta mot kommunalt og statleg barnevern. Sentera tilbyr vidareutdanning innan høvesvis barnevernsleiing og barnevernsfagleg rettleiing.

For å sikre korrekt postbruk, føreslår departementet at løyvinga blir auka med 12,7 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 854, post 61. Midlane skal utbetalast til RBUP Aust og Sør, som har ansvar for nasjonalt kontor og implementering av Sammen på vei – Nurse family partnership.

Posten dekkjer òg tilskot til statlege universitets- og høgskuleinstitusjonar og VID vitenskapelige høgskole. Midlane kan brukast som kompensasjon til barnevernstenester og barnevernsinstitusjonar som tek imot praksisstudentar frå bachelor i barnevern og andre sosialfaglege utdanningar. Målet er å sørgje for at studentar innanfor relevante utdanningar får praksis i barnevernet.

Delar av løyvinga dekkjer tilskot til utvalde statlege høgskular/universitet som tilbyr mentorordninga Nattergalen. Målgruppa er barn med minoritetsbakgrunn og studentar på sosialfaglege bachelorutdanningar. Ordninga skal medverke til at fleire av barna fullfører vidaregåande utdanning og tek høgare utdanning, samstundes som studentane utviklar kultursensitivitet. Midlane går til sju høgskular/universitet som tilbyr mentorordninga. Desse er Universitetet i Innlandet, Høgskulen i Østfold, Universitetet i Søraust-Noreg, Universitetet i Agder, NTNU Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Nord Universitet og Høgskulen på Vestlandet.

Departementet føreslår ei løyving på 167,7 mill. kroner i 2027.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22

4 958 898

5 068 777

5 463 290

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

28 928

34 173

35 437

22

Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

4 805 314

4 829 300

5 494 984

Sum kap. 855

9 793 140

9 932 250

10 993 711

Utgiftene til det statlege barnevernet har auka mykje dei siste åra. Dette kjem av fleire barn, auka kostnader og større og meir samansette behov hos barna.

Det er venta at utgiftene til det statlege barnevernet vil auke vidare i 2027. Auken er i hovudsak grunna i fleire barn. Delar av auken i aktivitet blir handtert innanfor grunnkapasiteten i Bufetat, det vil seie statlege plassar og private plassar med garantiar. Det er krevjande å skalere grunnkapasiteten til endringar i aktivitet på kort sikt. Dei fleste plasseringane må derfor bli skaffa hos private når aktiviteten aukar, noko som i hovudsak inneber fleire einskilde kjøp.

Regjeringa føreslår òg å auke grunnkapasiteten i institusjonsbarnevernet med fleire plassar, både for å betre ta hand om bistandsplikta og for å betre kostnadskontrollen. Styrkinga skal vere i tråd med ny innretning av institusjonstilbodet i kvalitetsløftet i barnevernet, og vil rundt rekna innebere etablering av om lag 17 statlege plassar og 7 rammeavtaleplassar med private leverandørar.

Departementet føreslår å auke løyvinga på post 01 og post 22 med samla 707 mill. kroner for å kunne oppfylle bistandsplikta og sikre eit forsvarleg tilbod i det statlege barnevernet. Av dette er 507 mill. kroner knytte til fleire barn og auka kostnader, medan 200 mill. kroner er knytte til å auke grunnkapasiteten.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22

Løyvinga på posten dekkjer lønn og sosiale kostnader til tilsette i Bufetat. Dette gjeld tilsette ved regionkontor, barnevernsinstitusjonar og fosterheimstenester med meir. Det gjeld også oppgåver i regionane knytte til adopsjon. Andre vesentlege utgifter er utgifter til leige og drift av barnevernsinstitusjonar, til opplæring og til varer og tenester.

Regjeringa føreslår å auke løyvinga med 140 mill. kroner til å etablere fleire statlege plassar for å auke grunnkapasiteten og bidra til ny innretting av institusjonstilbodet. Auka grunnkapasitet vil over tid innebere ein reduksjon i utgifter til einskilde kjøp. Det blir lagt opp til at desse innsparingane skal reinvesterast i ytterlegare auke av grunnkapasiteten. I tillegg er det etablert nokre nye statlege plassar med ei føreslått meirutgift på 35 mill. kroner, som følgje av auka aktivitetsvekst. Løyvinga til Bufetat blir òg føreslått auka med 45 mill. kroner grunna ressurssituasjonen i Bufetat.

Bufdir har frå 1. januar 2026 gjennomført ei endring i kompetansestrukturen i verksemda. Oppgåver knytte til fagutvikling i statleg barnevern blir flytta frå Bufetat til Bufdir. Departementet føreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 6 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 858, post 01.

Departementet føreslår vidare ein auke på 8,5 mill. kroner til å opprette eitt nytt MST-team. Delar av midlane vil i ein oppstartsfase bli brukte til ein kost-/nytte-studie, kvalitetssikring og utvikling av tilbodet.

MST er eit kunnskapsbasert behandlingstiltak som skjer i heimen og nærmiljøet for barn og unge med alvorlege utfordringar. Bufdir rapporterer om høgare etterspurnad etter tiltaket enn det Bufetat greier å dekkje.

Som følgje av lovendringane i Prop. 86 L (2025–2026) som skal gi betre vern for barn i institusjon, føreslår departementet ein auke på 3,8 mill. kroner for opplæring av tilsette.

Departementet føreslår ei løyving på 5 463,3 mill. kroner i 2027.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking- og utviklingsprosjekt, og anna innsamling av kunnskap, i hovudsak for å heve kvaliteten i arbeidet til det statlege og det kommunale barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 35,4 mill. kroner i 2027.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer kjøp av private barnevernstiltak.

Departementet føreslår at løyvinga på posten blir auka med 427 mill. kroner for å dekkje eit auka behov for tiltak utanfor heimen. Auken er i hovudsak grunna i at fleire barn har behov for eit institusjonstilbod. Så langt det er mogleg vil Bufdir søkje å dekkje behova ved å inngå rammeavtalar om fleire plassar. Samstundes må kortsiktige svingingar i behova i hovudsak dekkjast gjennom fleire einskilde kjøp.

Overslaget over den auka løyvinga er usikker, både når det gjeld utviklinga i kostnader og aktivitet.

Regjeringa føreslår òg å auke løyvinga med 60 mill. kroner til å etablere fleire rammeavtaleplassar for å auke grunnkapasiteten, sjå omtale over. Auka grunnkapasitet vil over tid innebere ein reduksjon i utgifter til einskilde kjøp. Det blir lagt opp til at desse innsparingane skal reinvesterast i ytterlegare auke av grunnkapasiteten.

Departementet føreslår ei løyving på 5 495 mill. kroner i 2027.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Diverse inntekter

5 814

3 808

3 949

02

Barnetrygd

4 112

3 959

3 959

60

Kommunale eigendelar

2 990 198

3 080 850

3 342 392

Sum kap. 3855

3 000 124

3 088 617

3 350 300

Post 01 Diverse inntekter

Løyvinga på posten er i hovudsak knytt til tilfeldige inntekter, til dømes inntekter frå sal av driftsmiddel og kursinntekter.

Departementet føreslår ei løyving på 3,9 mill. kroner i 2027.

Post 02 Barnetrygd

På posten er det budsjettert med barnetrygd for barn under omsorg av barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 4 mill. kroner i 2027.

Post 60 Kommunale eigendelar

På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjon eller fosterheim og ved tiltak i heimen.

Departementet føreslår å auke løyvinga med 142 mill. kroner, ut over prisjustering. 125 mill. kroner er knytte til fleire barn i institusjon og fleire barn i beredskapsheimar, sjå nærare omtale under kap. 855. Det er også auka inntekter knytte til at overgangsordninga for spesialiserte fosterheimar vart avslutta frå 2026. At overgangsordninga er avslutta, inneber at kommunane betalar dei same eigendelane for alle tiltak i spesialiserte fosterheimar, òg for opphald frå før 2022. Dette gir høgare inntekter for Bufetat. 2027 er fyrste året avslutninga av overgangsordninga får full effekt. Dette fører isolert sett til at inntektene aukar med 17 mill. kroner.

Eigendelane per månad per barn i institusjonstiltak og spesialiserte fosterheimar (omfattar òg beredskapsheimar) er føreslått til høvesvis 204 720 kroner og 102 360 kroner i 2027. Eigendelen per månad per barn for spesialiserte hjelpetiltak er føreslått til 18 135 kroner. Eigendelen per månad per barn i senter for foreldre og barn er føreslått til 85 395 kroner. For heimebaserte/polikliniske tilbod, som er mindre kostnadskrevjande enn tiltaka i sentera, er eigendelen til kommunane per månad føreslått til 14 660 kroner. Eigendelane vil stå i rundskrivet om satsar for kommunal eigenbetaling for barnevernstiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 3 342,4 mill. kroner i 2027.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22

174 582

181 439

187 490

22

Kjøp av plasser i private omsorgssentre, kan nyttast under post 01

354 734

272 434

206 190

Sum kap. 856

529 316

453 873

393 680

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22

Bufetat har eit lovfesta ansvar for å gi barn under 15 år som har komme til landet utan foreldre eller andre med foreldreansvar og søkjer om vern etter utlendingslova, eit tilbod om opphald på eit omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Posten dekkjer utgifter til drift av statlege omsorgsplassar og arbeid med godkjenning av senter, opplæring og oppfølging, anskaffingar, administrasjon og busetjing av einslege mindreårige frå omsorgssentera.

Løyvinga er lagd til rette for å dekkje drift av 50 plassar.

Departementet føreslår ei løyving på 187,5 mill. kroner i 2027.

Post 22 Kjøp av plassar i private omsorgssenter, kan nyttast under post 01

Løyvinga på posten skal gå til kjøp av private omsorgsplassar til einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år. Det er venta å vere eit behov for kjøp av 61 plassar i private omsorgssenter i 2027. Dette er om lag 20 færre plassar enn i saldert budsjett 2026. Departementet føreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 76,3 mill. kroner. I nokre tilfelle vil det vere behov for forsterkingar knytte til einskilde barn. Dette kan føre til at eitt barn tek opp to plassar. Det har òg vore tilfelle der det blir sett inn ekstra bemanning på ein plass for å ta seg av einskilde barn særleg.

Departementet føreslår ei løyving på 206,2 mill. kroner i 2027.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

267 006

233 649

181 151

60

Kommunale eigendelar

1 889

2 909

4 830

Sum kap. 3856

268 895

236 558

185 981

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter som er knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar, kan ifølgje statistikkdirektivet til OECD/DAC (Development Assistance Centre) godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Ifølgje retningslinjene frå OECD/DAC er det berre utgifter det fyrste året som kan ODA-godkjennast. Det er venta at 49 prosent av barna i omsorgssenter i 2027 vil ha ei butid under eitt år, som er ein reduksjon frå 54 prosent i Saldert budsjett 2026.

Departementet føreslår at 181,1 mill. kroner av utgiftene på kap. 856, post 01 og post 22, blir rapporterte inn som utviklingshjelp og refunderte over kap. 167, post 21, under Utanriksdepartementet. Departementet føreslår derfor å redusere inntektene på posten med 61,1 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 181,2 mill. kroner i 2027.

Post 60 Kommunale eigendelar

Det er i utgangspunktet einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år som får tilbod om å bu i omsorgssenter. I visse tilfelle er det òg mogleg å plassere andre barn i omsorgssenter. Dette gjeld barn som etter busetjing har liknande behov for tiltak. Løyvinga blir brukt til å føre inntekter frå kommunale eigendelar for barn som blir plasserte i omsorgssenter som barnevernstiltak. Løyvinga blir føreslått auka med 1,8 mill. kroner, grunna ein auke i talet på plasseringar.

Departementet føreslår ei løyving på 4,8 mill. kroner i 2027.

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Driftsutgifter

669 069

698 067

728 241

21

Spesielle driftsutgifter

21 744

23 492

24 361

Sum kap. 858

690 813

721 559

752 602

Ansvarsområdet til verksemda

Bufdir skal styrkje høvet det einskilde mennesket har til meistring og utvikling, gjennom å fremje ein trygg barndom, gode oppvekstvilkår, likestilling og ikkje-diskriminering.

Bufdir er etatsstyrar for Bufetat. Hovudoppgåva til etaten er å gi hjelp, støtte og tiltak til barn, unge og familiar som treng det. Kvaliteten på tenestene Bufetat tilbyr, skal vere rett og høg i heile landet.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer lønn og andre driftsutgifter i Bufdir. Dette inkluderer opplæring, leige og drift av lokale i tillegg til kjøp av varer og tenester.

Bufdir kan òg bruke midlane på posten til å finansiere og bestille forsking, kunnskapssamandrag og ulike IKT-prosjekt. Direktoratet skal formidle kunnskap frå forsking og statistikk, og utarbeide faglege dokument og tilrådingar til støtte for å utøve praksis i ulike delar av arbeidet til barnevernet. I tillegg skal Bufdir levere fellesfunksjonar til Bufetat-regionane.

Løyvinga blir vidare brukt til at Bufdir deltek i kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald.

BFD føreslår å samle midlar til Digibarnevern på ein budsjettpost. Posten blir derfor føreslått redusert med 3 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 854, post 45.

Posten har dekt midlar til foreldrekurset Hva med oss? Departementet føreslår å redusere løyvinga med 3,2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 842, post 01 for å samle løyvingane til familievernet på eitt kapittel. Sjå omtale under kap. 842, post 01.

Bufdir har frå 1. januar 2026 gjennomført ei endring i kompetansestrukturen i verksemda. Oppgåver knytte til fagutvikling i familievernet og statleg barnevern (Bufetat) blir flytta til Bufdir. Departementet føreslår derfor å auke løyvinga på posten med 14,4 mill. kroner, mot reduksjonar på kap. 842, post 01 og kap. 855, post 01.

Departementet føreslår ei rammeoverføring til Finansdepartementet, for å finansiere meirutgifter hos Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) knytte til IT-tenester og -infrastruktur som blir brukte for å levere økonomitenester til statsforvaltninga. Departementet føreslår derfor at posten blir redusert med 0,7 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 1605, post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 728,2 mill. kroner i 2027.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak, inkludert vidare utvikling av IKT og digitalisering i Bufdir. Løyvinga dekkjer òg utbetalingar av godtgjersle til medlemmene i fordelingsutvalet, som har som hovudoppgåve å tildele tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar.

Departementet føreslår ei løyving på 24,4 mill. kroner i 2027.

Kap. 3858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Diverse inntekter

9 792

611

634

Sum kap. 3858

9 792

611

634

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak på områda til direktoratet.

Departementet føreslår ei løyving på 0,6 mill. kroner i 2027.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikk

Hovudinnhald og prioriteringar

Vi tek val som forbrukarar kvar dag. Desse vala har mykje å seie, både for oss sjølve og for samfunnet. I Forbrukaragenda 2030, som vart lagd fram hausten 2026, presenterer regjeringa retninga og innsatsområda for forbrukarpolitikken dei kommande åra. Målet er ein forbrukarkvardag som fungerer til det beste for både den einskilde og samfunnet som heilskap.

Tidlegare var det enklare å vere forbrukar. Alle handla i fysiske butikkar med kontantar, og hadde direkte kontakt med seljaren. Marknadene var meir oversiktlege, og det var enklare å følgje opp forbrukarrettane. Ansvarstilhøva i marknadene var tydelegare, og låg oftast hos nasjonale aktørar som både forbrukarane og styresmaktene kunne forhalde seg til. Sjølv om forbrukarkvardagen har endra seg radikalt i takt med digitalisering og globalisering, har mykje av forbrukarpolitikken vore bygd på førestillinga om at informerte og aktive forbrukarar tek gode val, berre dei får tydeleg informasjon.

Utviklinga har gitt fleire valmoglegheiter for forbrukarane, men har òg gitt utfordringar. Teknologiske nyvinningar som er gode for forbrukarane, skapar òg store utfordringar som digital kriminalitet, overlessing av informasjon og manipulasjon. Utfordringane er særleg bekymringsfulle når det gjeld barn. Globale plattformer og teknologi utfordrar forbrukarvernet og handlingsrommet styresmaktene har til å regulere og handheve regelverk.

Auka netthandel gir forbrukarane fleire valmoglegheiter. Samstundes gjer import av billege varer frå utlandet at risikoen aukar for at varene forbrukarane tek imot kan vere skadelege, ha dårleg kvalitet eller vere produserte med låge etiske standardar. Dårlege produkt gir òg konsekvensar for miljø og klima. Nye løysingar for kreditt, som «kjøp-no-betal-seinare», er integrerte i kjøpsprosessar. Det gjer det enkelt å handle på nett, men kan òg medverke til høgare forbruk og risiko for digitale gjeldsfeller.

Det private forbruket utgjer omtrent halvparten av bruttonasjonalproduktet for Fastlands-Noreg. Vala vi tek som forbrukarar, har derfor stor påverknad på utviklinga av samfunnet. Forbrukarpolitikken må derfor ta omsyn til sentrale utviklingstrekk i tida framover. Forbrukarvernet må oppretthaldast i ei meir uføreseieleg verd. Forbrukarane skal takast vare på samstundes som vi byggjer opp under grønare og meir sosialt forbruk og samarbeider internasjonalt og særleg i EU/EØS om ein forbrukarpolitikk som òg medverkar til gode rammevilkår for næringslivet.

Framover blir innebygd forbrukarvern og strukturelle grep viktigare. Ein kan ikkje forvente at forbrukarane åleine skal forstå, vurdere og stå imot stadig meir avansert marknadsføring og teknologi. Effektiv tvisteløysing er viktig, men samstundes må regelverket vere presist, og handhevast effektivt for å førebyggje tvistar og sikre tillit i marknadene. Ein må flytte ansvar frå berre å gjelde den einskilde seljaren til å òg omfatte digitale plattformer, mellomledd og marknadsstrukturar.

Forbrukarpolitikken må òg i større grad ta utgangspunkt i korleis det samla forbruket påverkar miljøet, økonomien og samfunnet, samstundes som rettane til forbrukarane blir varetekne. Politikkområde og verkemiddel som påverkar forbrukarane er fordelte på fleire departement, og BFD har derfor tett kontakt med dei andre departementa om forbrukarrelevante saker på deira område.

BFD vil i 2027 følgje opp fleire naudsynte tiltak for å sikre eit sterkt forbrukarvern. Arbeidet med å leie innsatsgruppa for utfordringar knytte til auka netthandel (etablert hausten 2025) vil halde fram, der mellom anna implementering av viktig EU-regelverk vil bli følgd opp. I tillegg skal mellom anna nytt regelverk om styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet og vidare arbeid med Forbrukarrådet sin miljørettleiar medverke til at den einskilde kan ta berekraftige forbruksval.

Treffsikkert regelverk og effektiv handheving er ei viktig prioritering for å styrkje forbrukarvernet til barn i digitale medium. I 2027 vil BFD medverke i EU sitt lovgivingsarbeid for å styrkje det digitale forbrukarvernet. Samstundes vil BFD ha særskild merksemd på å utvikle Forbrukartilsynet sitt høve til å føre effektivt tilsyn vidare, med satsinga på digitale tilsynsverktøy som eit viktig tiltak for å styrkje forbrukarvernet til barn i digitale medium. BFD vil òg følgje opp høyringsforslag som skal gjere handhevingsordninga i marknadsføringslova meir slagkraftig. Anna regelverksarbeid som vil bli prioritert, er betring i klagehandsamingssystemet gjennom arbeid med å gjennomføre direktivet om utanrettsleg klagehandsaming, forbetringar i kollektiv tvisteløysning gjennom direktivet om vern av dei kollektive forbrukarinteressene, og oppfølging av evalueringa av openheitslova.

Mål

BFD har for 2027 desse måla på forbrukarområdet:

Mål

  • Ein trygg forbrukarkvardag

  • Berekraftige forbruksval

  • Velfungerande marknader

Måla og bakgrunnen for desse er nærare omtalte under overskriftene nedanfor.

Resultatrapport og strategiar

Trygge forbrukarar

Nedanfor blir mål og ymse tiltak som skal tryggje og styrkje situasjonen for forbrukarane omtalte, inkludert det utanrettslege systemet som for klagehandsaming, regelverksarbeid og opplæring i forbrukaremne. Det blir gjort greie for gjennomførte tiltak og resultat som er oppnådde i 2025 og i fyrste halvåret i 2026, og for planlagde tiltak i 2027.

Utfordringar og moglegheiter i den digitale forbrukarkvardagen

Digitaliseringa gir teknologiske nyvinningar som er gode for forbrukarane, men som òg skapar store utfordringar knytte til digital kriminalitet, svindel og risiko for digitalt utanforskap. Algoritmar og kunstig intelligens påverkar korleis forbrukarane finn informasjon og tek val. Forbrukarane kan bli overlessa med informasjon, og er sårbare for målretta reklame, manipulerande design i digitale tenester og reklame frå influensarar. Marknadsføring basert på personopplysningar kan gi meir relevant informasjon, men aukar sårbarheita til forbrukarane. Dei kan miste kontrollen, bli manipulerte eller lurte.

Det er naudsynt å setje rammer og stille krav til innebygd forbrukarvern i digitale tenester. Forbrukarar har ulike behov og ønske, på bakgrunn av til dømes alder, digital modenheit, språk eller personleg økonomi. Vi må ta vare på forbrukarane i sårbare situasjonar og mellom anna arbeide for eit sterkt og aktivt vern i kredittmarknaden for å motverke digitale gjeldsfeller. Forbrukarane skal kunne ha tillit til at forbrukarkvardagen er trygg. Misbruk av personopplysningar, digital svindel og kriminalitet må førebyggjast og handterast effektivt. Påstandar i marknadsføring om sikkerheit eller helse skal vere riktige, og forbrukarane skal kunne stole på at varer dei kjøper på nett, er trygge og følgjer gjeldande krav og standardar. Når noko går gale, skal forbrukarane kunne vente seg god kundeservice. Om problema ikkje lèt seg løyse direkte, skal forbrukarane ha tilgang til god rettleiing og effektive ordningar for klagehandsaming og tvisteløysing.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Ein trygg forbrukarkvardag

Over tid vil talet på og typar klagar som blir melde inn og handsama i det utanrettslege systemet for klagehandsaming vere viktige indikatorar for graden av tryggleik som forbrukarane opplever i kvardagen. Samstundes kan informasjon om utfordringar for forbrukarane hentast frå Forbrukartilsynet sitt tilsynsarbeid, Forbrukarrådet sine undersøkingar, og undersøkingar om tilhøva for forbrukarane frå til dømes EU-kommisjonen og OECD.

Aktivitetar og resultat som særleg er knytte til målet blir omtalte under overskriftene «Forbrukarvernet til barn i digitale medium», «Handsaminga av forbrukarklagar» og «Forslag til endringar i EU-regelverk om utanrettsleg klagehandsaming» nedanfor (den siste under overskrifta «Regelverksarbeid»). Delar av verksemda til Forbrukarrådet, omtalte under overskrifta «Velfungerande marknader og styrkt konkurransekraft» lenger ned, er òg relevante for målet.

Aktivitetar og resultat under overskriftene «Forbrukarvernet til barn i digitale medium» og «Forslag til endringar i EU-regelverk om utanrettsleg klagehandsaming» dekkjer òg rapporteringar på det tidlegare målet «Ei sterkare stilling for forbrukarane i møte med digitaliseringa», jf. Prop. 1 S (2025–2026). Det same gjeld delar av omtalen av verksemda til Forbrukartilsynet under overskrifta «Tilsynet med forbrukarvernreglane» lenger ned. Dette er frå og med 2027 ikkje formulert som eit eige mål.

Forbrukarvernet til barn i digitale medium

Forbrukarvernet til barn i digitale medium er i endring, og krev tett oppfølging. EU-regelverk som Digital Services Act (DSA) og Digital Fairness Act (DFA) vil leggje viktige føringar for arbeidet på området framover. DFA er eit varsla EU-regelverk som skal medverke til å styrkje det digitale forbrukarvernet. I september 2025 sende regjeringa innspel til EU-kommisjonen om at forbrukarvernet til barn bør prioriterast særskilt i det vidare arbeidet med DFA. Dei norske innspela peikar på behovet for å motverke manipulerande og avhengnadsskapande design, strengare regulering av pengespelliknande element i dataspel, tydeleg merking av reklame og betre vern mot marknadsføring av produkt og ytringar som er ueigna for barn, og krav som legg til rette for effektiv handheving. Det er venta at eit forslag til DFA blir lagt fram i løpet av hausten 2026, og departementet vil følgje opp arbeidet vidare.

Dataspel er ein viktig del av kvardagen til mange barn og unge. Problemstillingar knytte til pengespelliknande element i dataspel og andre kommersielle spelmekanismar, er derfor òg aktuelle nasjonalt. Departementet arbeider breitt for å styrkje forbrukarvernet i dataspel, mellom anna ved å følgje opp relevante utgreiingar. Kunnskapsdepartementet har gitt Lotteritilsynet i oppdrag å greie ut regulering av pengespelliknande element i dataspel. Forbrukartilsynet har medverka i arbeidet.

For at regelverket som vernar barn som forbrukarar skal bli etterlevd, er det avgjerande med eit velfungerande handhevingsapparat. Forbrukartilsynet har i 2025 laga ei rettleiing om reglar som vernar barn mot marknadsføring. Rettleiinga skal gjere det lettare for næringsdrivande og andre aktørar å forstå kva krav som gjeld. Rettleiinga inneheld òg innspel frå andre tilsynsstyresmakter om regelverka deira. Dette legg til rette for betre og meir føreseieleg oppfølging av regelverket. Forbrukartilsynet har vidare utarbeidd ein rutine for samarbeid mellom styresmakter på området for å klargjere roller og ansvar. Dette medverkar saman med ny heimel frå 1. juli 2025 til å ileggje lovbrotsgebyr ved brot på god marknadsføringsskikk overfor barn, til at arbeidet med å verne barn sitt digitale forbrukarvern kan følgjast opp meir effektivt i tida framover.

Digitaliseringa pregar i aukande grad utfordringane barn møter som forbrukarar, og kunstig intelligens kan auke risikoen for at barn blir eksponerte for ulovleg eller uønskt marknadsføring. Denne utviklinga stiller samstundes nye krav til Forbrukartilsynet sitt arbeid med kontroll. Arbeidet med betre digitale tilsynsverktøy blir følgt opp vidare gjennom den auka tildelinga til Forbrukartilsynet på 15 mill. kroner i 2026. Å ta i bruk meir effektive tilsynsverktøy for å avdekkje og handtere ulovleg marknadsføring retta mot barn vil vere eit særskilt satsingsområde for Forbrukartilsynet framover. Satsinga inneber òg utvikling av naudsynt kompetanse og digital infrastruktur hos Forbrukartilsynet.

Handsaminga av forbrukarklager

Tvistar knytte til handel mellom forbrukarar og næringsdrivande, og mellom privatpersonar, gjeld ofte beløp som er for små til at domstolshandsaming er rekningssvarande. Det er derfor etablert eit system for handsaming av slike tvistar utanfor domstolane, som Forbrukartilsynet og Forbrukarklageutvalet er sentrale delar av. Forbrukar Europa, som er ei eining i Forbrukartilsynet, medverkar til å løyse tvistar på tvers av landegrensene innanfor EØS-området. I tillegg har Forbrukarrådet ei viktig oppgåve med å rettleie forbrukarar som lurar på noko eller opplever problem i samband med kjøp. Forbrukarrådet representerer òg forbrukarane i fleire bransjevise klagenemnder, som Elklagenemnda og Finansklagenemnda.

Gode ordningar for klagehandsaming er viktige for å ta hand om både rettane til forbrukarane og ansvaret til dei næringsdrivande. Det er i alle si interesse at ein kan løyse tvistar raskt og rimeleg. Skal systemet for klagehandsaming bli brukt, må det vere godt kjent, og handsamingstida må ikkje opplevast som for lang.

I tillegg til å seie noko om utfordringane og graden av tryggleiken for forbrukarane, er talet på saker som er handsama og tida det tek å handsame sakene viktige indikatorar for kor godt systemet for klagehandsaming fungerer. Talet på innkomne saker kan òg seie noko om kor godt kjent systemet for klagehandsaming er.

Nedanfor blir fyrst arbeidet med klagesaker til Forbrukartilsynet, Forbrukarklageutvalet og Forbrukar Europa omtalte. Deretter blir arbeidet som Forbrukarrådet utfører med å representere forbrukarane i bransjevise klagenemnder omtalt.

Aktivitetar og resultat under overskrifta «Handsaminga av forbrukarklager» dekkjer òg rapportering på det tidlegare målet «Eit godt system for klagehandsaming som er kjent for forbrukarane», jf. Prop. 1 S (2025–2026). Dette er frå og med 2027 ikkje formulert som eit eige mål, fordi det blir dekt av målet «Ein trygg forbrukarkvardag».

Klagesakene til Forbrukartilsynet og Forbrukarklageutvalet

Forbrukartilsynet meklar både i tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande, og mellom privatpersonar.

I 2025 fekk Forbrukartilsynet inn 6 148 saker til mekling, ein nedgang på 26 prosent frå 2024. Dei fleste sakene handla om bilar og andre transportmiddel, følgt av saker om elektroniske produkt, varer til bustad, handverkartenester og klede og fritidsartiklar. Forbrukartilsynet ser nedgangen i talet på saker i samanheng med at det frå 1. juli 2024 vart innført eit mindre gebyr for å få meklingssaker handsama. I tillegg kan lang ventetid i delar av perioden ha gjort det mindre attraktivt å sende inn saker (sjå òg omtale av evaluering av ordninga med gebyr nedanfor). Totalt handsama tilsynet 4 270 saker i 2025, som er i underkant av 4 prosent fleire enn i 2024.

Ventetida frå meklingssakene kom inn og til dei vart fordelte til meklar, var ved utgangen av 2025 om lag seks månader. Dette er ein nedgang på rundt 37 prosent frå 2024, då ventetida var på mellom ni og ti månader. Restansane vart reduserte med 36 prosent, frå 4 408 saker ved utgangen av 2024 til 2 839 ved utgangen av 2025. Den totale handsamingstida, rekna frå sakene kom inn til dei vart løyste eller avslutta, vart likevel i snitt 311 dagar i 2025, fordi ventetida var lengre for sakene som vart handsama i første halvår. Handsamingstida etter oppstarten av mekling var i hovudsak innanfor fristen på 90 dagar. Talet på saker som ikkje vart handsama innanfor fristen, vart redusert med 93 prosent, frå 285 saker i 2024 til 21 saker i 2025.

Klagesaker om varer, handverkartenester og angrerett som ikkje blir løyste ved mekling, kan førast vidare til Forbrukarklageutvalet. Utvalet fekk i 2025 inn 713 saker, ein nedgang på 32 prosent frå 2024. I 479 saker vart det gjort vedtak, og 543 saker vart formelt avslutta, ein nedgang på høvesvis 33 og 37 prosent. Restansane auka med 36 prosent, frå 627 til 851 saker. Forbrukartilsynet ser nedgangen i talet på vedtak og auken i restansane i samanheng med at det i 2025 vart brukt betydelege interne ressursar på å overføre saker til eit nytt sakshandsamingssystem. I ein periode vart det derfor førebudd få nye saker for utvalet. For å auke talet på vedtak og betre restanssituasjonen valde Forbrukartilsynet hausten 2025 mellom anna å omdisponere fleire sakshandsamarar frå mekling til vedtaksskriving.

På grunn av overgangen til nytt sakshandsamingssystem finst det ikkje pålitelege tal for sakshandsamingstida i Forbrukarklageutvalet i 2025, rekna frå tidspunkta då klagane og vedtaka vart forkynte.

Handsamingstida for forbrukarklagesakene har over tid vore for lang. Det er derfor viktig å få handsamingstida ned og halde ho låg over tid.

For å halde handsamingstida nede og sørgje for at ressursane kan brukast på sakene som har mest å seie for forbrukarane, vart det frå 1. juli 2024 innført handsamingsgebyr for sakene til mekling i Forbrukartilsynet og sakene til handsaming i Forbrukarklageutvalet. Gebyret svarar til 0,2 rettsgebyr (269 kroner) for saker til mekling, og eitt rettsgebyr (1 345 kroner) for saker til handsaming i Forbrukarklageutvalet.

BFD gjennomførte i 2026 ei førebels evaluering av erfaringane med gebyra. Sidan Forbrukartilsynet har innført eit nytt sakshandsamingssystem, og gebyrordninga har verka i relativt kort tid, kom ein i evalueringa til at datagrunnlaget for å trekkje sikre konklusjonar ikkje var godt nok. BFD vil derfor følgje utviklinga i sakstilgangen, restansane og sakshandsamingstida over tid, og halde fram med evaluering når ordninga har verka lenger og datagrunnlaget er betre.

Klagehandsaminga til Forbrukar Europa

Forbrukar Europa er ei eining i Forbrukartilsynet og ein del av eit nettverk av forbrukarkontor som EU-kommisjonen har etablert i europeiske land. Kontora i nettverket skal medverke til tillit i marknadene, mellom anna ved å gjere det enklare for forbrukarar å klage på kjøp over landegrensene innanfor EØS-området. EU-kommisjonen gir tilskot til drifta av Forbrukar Europa, som i 2025 disponerte litt over fire årsverk.

Forbrukar Europa fekk i 2025 inn 2 808 saker, ein auke på 39 prosent frå 2024. Som i 2024 handla mange av sakene om flyreiser, hotellovernattingar, leige av bilar og nettkjøp. Mange saker handla òg om «abonnementsfeller», det vil seie betalingskrav der forbrukarar ikkje har oppfatta at dei har bunde seg til ein avtale eller har fått opplyst at dei har inngått eit abonnement. Forbrukar Europa registrerte i 2025 ein klar auke i talet på saker som gjaldt klager på bestillingsplattformer og saker frå mindreårige knytte til netthandel.

50 prosent av sakene som Forbrukar Europa handsama i 2025, vart løyste til fordel for forbrukarane. Gjennom meklinga til Forbrukar Europa fekk forbrukarane i 2025 tilbake om lag 2 mill. kroner frå næringsdrivande (beløpet omfattar òg krav forbrukarane slapp å betale).

Representasjonen frå Forbrukarrådet i bransjevise klagenemnder

I Noreg finst det ei rekkje godkjende, bransjevise klagenemnder for handsaming av forbrukartvistar, mellom andre Elklagenemnda og Finansklagenemnda. Klagenemndene skal fylle krava som er fastsette i godkjenningslova. Lova gjennomfører EU-direktivet om alternativ tvisteløysing i norsk rett. BFD har det overordna ansvaret for at Noreg har eit heildekkjande system for klagehandsaming i tråd med direktivet.

Forbrukarrådet representerer forbrukarsida i fleire av dei bransjevise klagenemndene. Over tid har saksinngangen til mange av nemndene auka monaleg, og sakene har blitt meir komplekse. Dette legg eit aukande press på kapasiteten Forbrukarrådet har til å stille med representantar i nemndene. For å styrkje kapasiteten Forbrukarrådet har til å delta i nemndene, vart basisløyva til Forbrukarrådet auka i 2026.

Regelverksarbeid

Forslag til endringar i EU-regelverk om utanrettsleg klagehandsaming

Direktivet om alternativ tvisteløysing (2013/11/EU) gir rammer for det norske systemet for utanrettsleg klagehandsaming, og inneber at forbrukarar skal ha tilgang til eit tilnærma heildekkjande klagehandsamingstilbod. I desember 2025 blei endringar i direktivet vedtekne av EU. Det reviderte direktivet (direktiv (EU) 2025/2647) utvidar verkeområdet for kva tvistar som kan handsamast i det utanrettslege systemet for klagehandsaming, og klargjer at tvistar om digitale tenester og digitalt innhald er omfatta, òg der forbrukaren ikkje betalar med pengar, men gir frå seg personopplysingar. Regelverket opnar òg for meir effektiv handsaming av like saker og skjerpar enkelte plikter for næringsdrivande. Endringane medfører behov for tilpassingar i norsk regelverk, mellom anna i godkjenningslova og forskrifta om klageorgan for forbrukarsaker. Desse må seinast vere gjennomførte våren 2028.

Pakkereiser og reisegaranti

EU sitt pakkereisedirektiv regulerer rettar og plikter mellom kjøparar og seljarar av pakkereiser og inneheld òg reglar om reisegaranti. Direktivet er gjennomført i norsk rett gjennom pakkereiselova. I april 2026 vart endringar i pakkereisedirektivet vedtekne av EU. Føremålet med endringane er å klargjere reglane mellom anna i lys av utfordringane pakkereisande og pakkereisearrangørane opplevde under koronapandemien. BFD vil gå i gang med å innlemme direktivet i EØS-avtalen, og arbeidet med eit høyringsnotat for å gjennomføre direktivet i norsk rett. BFD vil samstundes sjå nærare på tilrådingane i rapporten frå Reisegarantiutvalet som vart overlevert til BFD i 2021.

Reisegarantiutvalet fekk i 2021 i oppdrag å vurdere det norske reisegarantisystemet og føreslå forbetringar. I rapporten sin føreslår utvalet mellom anna ein modell med lågare individuelle garantiar og eit kollektivt fond som sekundærgaranti. Føremålet med Reisegarantiutvalet si tilråding er å redusere kostnadene for reisenæringa, samstundes som vernet til dei reisande ved konkurs blir oppretthalde. BFD lyste våren 2026 ut eit eksternt oppdrag for å innhente oppdaterte berekningar som byggjer vidare på talgrunnlaget frå Reisegarantiutvalet. Oppdraget skal vere ferdig i desember 2026, og vil inngå i departementet sitt vidare arbeid med å vurdere endringar i reisegarantisystemet.

Gjeldsinformasjonslova og ordninga for gjeldsinformasjon

Våren 2025 sende BFD på høyring eit forslag om å utvide ordninga med gjeldsinformasjon (gjeldsregistra) til òg å omfatte bustadgjeld og anna pantesikra gjeld. Føremålet er å gi långivarar eit meir fullstendig bilete av den totale gjelda til kunden, og såleis styrkje grunnlaget for ansvarleg kredittvurdering. BFD arbeider framleis med å greie ut kompliserte personvernspørsmål knytte til ei utviding av gjeldsregistera med nye former for gjeld. Samstundes blir det vurdert om ordninga med såkalla samtykkebasert innsyn skal regulerast.

Opplæring i forbrukaremne

Regjeringa vil at elevar i skulen skal få god opplæring i sentrale forbrukaremne, slik at dei blir kompetente og medvitne forbrukarar. Forbrukaremna er tverrfaglege og spenner frå personleg økonomi og forbrukarrettar til berekraftig forbruk, digital dømmekraft og kritisk mediebruk. Elevane skal få praktisk og relevant kunnskap som gjer dei i stand til å forstå konsekvensane av eigne val – både for seg sjølve, samfunnet og miljøet. Opplæringa skal òg medverke til å utvikle digital kompetanse og evne til å handtere komplekse dilemma i ei stadig meir digital og global verd.

Samarbeidet med Universitetet i Innlandet

BFD har i mange år samarbeidd med Senter for samarbeidslæring (CCL) ved Universitetet i Innlandet om opplæring i forbrukaremne. I 2025 utvikla CCL mellom anna nye videoar som støtte for undervisningshefte21 og deltok med workshop og stand på ulike arrangement. Det vart òg gitt rettleiing og informasjon om forbrukarundervising. I tillegg fekk CCL omsett, trykt opp og distribuert eksisterande undervisningsmateriell. Undervisningsmateriellet blei gjort tilgjengeleg gjennom både fysisk og digital distribusjon, og gjennom sosiale medium.

CCL samarbeidde i 2025 med mange ulike aktørar og på fleire ulike arenaer, som Nasjonalt forskarnettverk for berekraft og utdanning (NABU), Universitetet i Stavanger, Sirkula og Naturskolen. Ein annan arena var nettverket «Skolemeny», som arbeider med opplæring i personleg økonomi. I tillegg har CCL etablert «Lokalt nettverk for Agenda 2023»22, som er ei vidareutvikling av ei tidlegare nasjonal rådgivingsgruppe for CCL. Føremålet med nettverket er mellom anna å dele erfaringar, initiativ og kunnskap på tvers av sektorar.

BFD har ført vidare samarbeidet med CCL i 2026, og vil halde fram med det i 2027.

Samarbeidet med Ungt Entreprenørskap

BFD førte i 2025 vidare samarbeidet med Ungt Entreprenørskap (UE) om undervisingsprosjektet «Grønt og Genialt!», som mellom anna skal fremje forståing blant skuleelevar for berekraftig forbruk og medverke til større engasjement om løysingar som kan føre til meir berekraftige forbruksmønster. UE har som mål å fortsetje å spreie erfaringane i prosjektet knytte til berekraftig utvikling som tverrfagleg tema på ungdomstrinnet. Totalt gjennomførte 6 500 elevar «Grønt og Genialt!» i 2025. Dette er ein auke på 23 prosent frå 2024. UE sitt måltal for deltaking i 2025 var 3 600 elevar.

BFD har ført vidare samarbeidet med UE i 2026, og vil halde fram med det i 2027.

Verktøy for opplæring om reklame («Reklameskolen»)

Reklameskolen er eit digitalt verktøy for opplæring om reklame som Forbrukartilsynet har utvikla. Verktøyet er tilpassa for bruk i både barneskulen, ungdomsskulen og den vidaregåande skulen, med tema og oppgåver tilpassa alderstrinna, men er fritt tilgjengeleg for alle. Totalt hadde Reklameskolen 75 505 unike sidevisingar i 2025. Forbrukartilsynet har prioritert å gjere verktøyet kjent i den vidaregåande skulen, fordi den nyaste versjonen er tilpassa elevar her. Opphaveleg var verktøyet tilpassa elevar i barne- og ungdomsskulen. Forbrukartilsynet utviklar Reklameskolen vidare for å halde verktøyet oppdatert, mellom anna i samarbeid med DigiUng23.

Eit berekraftig og motstandsdyktig samfunn

Ofte kan det vere vanskeleg å få oversikt over konsekvensane som produksjonen og bruken av eit produkt har – til dømes for miljø, klima, helse og arbeidstilhøve. Nokre gongar har ein ikkje kunnskapen som trengst for å ta berekraftige forbruksval. Andre gongar kan grønvasking, der produkt blir marknadsførte som berekraftige utan at det kan dokumenterast, eller mangel på gode alternativ gjere det vanskeleg å ta omsyn til berekraft i valsituasjonane ein står i.

Nedanfor blir det gjort greie for ulike tiltak som skal leggje til rette for meir berekraftige val. Det blir gjort greie for utviklingstrekk, gjennomførte tiltak og resultat som er oppnådde i 2025 og i fyrste halvåret i 2026, og for planlagde tiltak i 2027.

Forbruk og berekraft

Forbruket vi har i dag samsvarar ikkje med planeten sine tolegrenser. Det er derfor behov for å leggje til rette for at forbrukarane kan ta meir berekraftige val. Det kan vere uklart for den einskilde forbrukaren kva konsekvensar eit forbruksval har for berekraft. Samstundes gjer grønvasking, der produkt blir marknadsførte som berekraftige utan at det kan dokumenterast, det utfordrande å velje berekraftig. Det er derfor ikkje nok å leggje til rette for berekraftige val berre gjennom betre informasjon til forbrukarane.

Forbrukarpolitikken må i tillegg leggje betre til rette for meir ressurseffektive og berekraftige forbruksmønster. Det trengst betre og meir berekraftige produkt, meir ombruk og reparasjon, mindre matsvinn og betre delingsløysingar. Ei omstilling til meir effektiv og berekraftig ressursbruk kan gjere samfunnet meir motstandsdyktig og medverke til at forbrukarmarknadene òg fungerer i kriser.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Berekraftige forbruksval

Over tid kan tala for miljømerkte produkt, produkt med Fairtrade-merke, utviklinga i matsvinnet og bruken av tenester som Forbrukarrådet sin miljørettleiar tene som indikatorar for kor berekraftige forbruksvala er. Tala for kjennskapen til merke som Svana, EU Ecolabel og Fairtrade kan òg gi viktig informasjon om stoda.

Tiltak og resultat knytte til målet blir omtalte under overskriftene «Miljømerka Svana og EU Ecolabel», «Fairtrade», «Forbrukarrådet sin miljørettleiar», og «Matsvinnarbeid» nedanfor. Aktivitetar og resultat under desse overskriftene dekkjer òg rapportering på det tidlegare målet «Betre føresetnader for eit berekraftig forbruk», jf. Prop. 1 S (2025–2026). Dette er frå og med 2027 erstatta av målet over.

Tiltaka omtalte under overskriftene «Utfordringar knytte til netthandel» òg «EU-regelverket for styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet» (det siste under overskrifta «Regelverksarbeid») er òg relevante for målet om berekraftige forbruksval. Det same er nokre av tiltaka knytte til opplæringa i forbrukaremne, omtalte under overskrifta «Trygge forbrukarar» lenger framme.

Miljømerka Svana og EU Ecolabel

Dei offisielle miljømerka, den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel), formidlar standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Begge merka er verkemiddel som gjer det enkelt for forbrukarane å ta meir miljømedvitne og berekraftige val. Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) forvaltar merka. Miljømerking arbeider for å auke talet på produkt med miljømerke i Noreg, og informerer om at desse er blant dei minst miljøskadelege på marknaden.

Utvalet av svanemerkte produkt på den norske marknaden auka innanfor fleire produktgrupper i 2025. Samla auka talet på slike produkt med 11 prosent til 32 240 produkt – frå 29 134 produkt i 2024.

Årleg undersøkjer Miljømerking kjennskapen til Svana og EU Ecolabel. For Svana auka kjennskapen frå 96 prosent i 2024 til 97 prosent i 2025. 22 prosent gav opp at dei hadde kjennskap til EU Ecolabel, mot 24 prosent i 2024. Den breie kjennskapen tyder på at mange er klare over at miljømerka gir god rettleiing om forbruksval som er mindre miljøbelastande og meir berekraftige.

Miljømerking vil i 2027 halde fram med å arbeide for å auke talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden. Verksemda vil òg halde fram med å informere både forbrukarar og profesjonelle innkjøparar om at miljømerkte produkt er enkle og trygge miljøval. Dei strenge krava for å miljømerkje varer og tenester tek omsyn til miljøpåverknaden gjennom heile livssyklusen. I tråd med dette skal Miljømerking halde fram med å synleggjere Svana som verktøy for ein meir sirkulær og berekraftig økonomi. Regjeringa vil framleis støtte opp om arbeidet til Miljømerking med ei løyving over budsjettet til BFD.

Fairtrade

BFD har i 2026 gitt tilskot til drifta av Fairtrade Norge. Fairtrade Norge arbeider for å gjere det enklare for forbrukarar og verksemder å ta berekraftige val som tek omsyn til klima og miljø, grunnleggjande menneskerettar og arbeidstilhøve. I Noreg arbeider Fairtrade for at norske importørar, merkevareeigarar, distribusjonskanalar og næringsliv skal handle med Fairtrade-sertifiserte råvarer, og tilby fleire Fairtrade-merkte produkt. Fleire Fairtrade-merkte produkt vil gi betre føresetnader for eit berekraftig forbruk. BFD legg i 2027 opp til å halde fram med å gi Fairtrade Norge eit tilskot som kan støtte opp om dette.

Forbrukarrådet sin miljørettleiar

Nettstaden Forbrukarrådet sin miljørettleiar (tidlegare Kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet) er utvikla for å hjelpe forbrukarar med å ta berekraftige val og redusere miljøpåverknaden. Tenesta gir informasjon om produkt, framhevar relevante testar og deler idear og metodar som fremjar sirkulær økonomi. Frå januar 2025 kunne forbrukarar på nettstaden òg rekne ut sitt eige klimaavtrykk med Klimatesten (klimatesten.no). Klimatesten gir tilpassa råd om korleis brukarane kan redusere eigne utslepp, og viser klimaeffekten av ulike forbruksval. Ved utgangen av 2025 var testen teken over 51 000 gongar, og nærare 9 000 forbrukarar hadde ved hjelp av han lagt eigne planar for å redusere utsleppa sine.

I vente på ein offentleg nettstad med forbrukarretta informasjon om kjemikaliar blei miljørettleiaren i 2025 i tillegg utvida med ei informasjonsside om kjemikaliar. På denne kan brukarane mellom anna få tips om korleis dei kan unngå uønskte kjemikaliar. I 2027 blir det viktig å arbeide vidare med å gjere miljørettleiaren godt kjend og mykje brukt.

Matsvinnarbeid

BFD har sidan 2017 delteke i ein bransjeavtale om matsvinn saman med Landbruks- og matdepartementet (LMD), Klima- og miljødepartementet (KLD), Helse- og omsorgsdepartementet (HOD), Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og tolv bransjeorganisasjonar. Målet er at svinnet i heile verdikjeda for mat innan 2030 skal halverast samanlikna med 2015, i samsvar med FN sitt berekraftsmål 12.3 om matsvinn.

LMD leiar arbeidet med å redusere matsvinnet. Ei ny matsvinnlov vart vedteken i juni 202524. Mattilsynet utarbeider no ei forskrift til lova. Lova og forskrifta vil ta til å gjelde samstundes. Forbrukartilsynet har medverka med forslag til forskriftsreglar om plikt til nedprising og aktiv marknadsføring av varer med kort haldbarheit. LMD leidde i 2025 og 2026 òg arbeidet med å revidere bransjeavtalen. Den reviderte bransjeavtalen vil ta til å gjelde samstundes med matsvinnlova og forskrifta.

I 2025 støtta BFD utviklinga av ein kartleggingsrapport som Norsk institutt for bærekraftsforskning (NORSUS) gjennomførte.25 Rapporten syner at sidan 2018 er matsvinnet på forbrukarleddet redusert med 18 prosent. Matsvinnet var i 2025 stabilt samanlikna med 2024. Tala i rapporten syner òg at om lag 40 prosent av matsvinnet kjem frå private hushald. BFD har i mange år gitt tilskot til organisasjonen Matvett AS, som arbeider for å redusere matsvinn. BFD vil i 2027 halde fram med å støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane får større medvit om å redusere matsvinnet.

Utfordringar knytte til netthandel

Dei siste åra har det vore ein kraftig auke i importen av lågkostvarer (varesendingar med verdi under 150 euro) frå tredjeland, som blir kjøpte via internett og sende direkte til forbrukarar i Europa. Tal frå EU-kommisjonen viser at det i 2025 vart importert 5,9 milliardar slike sendingar til Europa. Den stadige auken i denne typen netthandel fører med seg fleire utfordringar for både forbrukarane, næringslivet, klimaet og miljøet. Auken inneber ein høgare risiko for import av produkt som ikkje oppfyller gjeldande EU-krav. Varene det dreier seg om, kan òg innebere ein tryggleiksrisiko eller vere helseskadelege. I tillegg kan dei ha store negative verknader på klima og miljø.

Regjeringa er oppteken av at forbrukarane skal kunne stole på at produkta dei kjøper er trygge, og at forbrukarrettane blir tekne vare på – uavhengig av om eit produkt er kjøpt i ein fysisk butikk eller på internett. Hausten 2025 sette regjeringa derfor ned ei innsatsgruppe med deltaking frå fleire departement for å medverke til at forbrukarane kan handle trygt på internett.

Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet har i 2026 på oppdrag frå BFD undersøkt handlemønstra til forbrukarane på netthandelsplattformer som Temu, Shein og Wish. I rapporten frå SIFO blir pris trekt fram som den klart viktigaste drivaren bak netthandelen, følgd av faktorar som stort utval og enkle handleopplevingar26. Rapporten vil bli brukt som grunnlag for å vurdere tiltak mot utfordringane som knyter seg til netthandel.

Frå 1. juli 2026 innførte EU ei tollavgift på 3 euro per varelinje i sendingar med verdi til og med 150 euro. Tollavgifta er mellombels, og skal etter planen bli erstatta av eit meir finmaska system for innkrevjing av tollavgift i 2028. I samband med handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2026 vart det vedteke at regjeringa skal greie ut liknande tiltak i Noreg. Finansdepartementet har ansvaret for oppfølginga av vedtaket. Sjå òg omtale av oppmodingsvedtak nr. 1158 av 18. juni 2026 om utgreiing av regelverk for returar i netthandel i del I.

Regelverksarbeid

EU-regelverk for styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet

Direktivet om styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet vart formelt vedteke i EU i februar 2024. Føremålet med direktivet er å gjere det enklare for forbrukarane å ta meir berekraftige kjøpsval. Det inneber endringar i det gjeldande direktivet om urimeleg handelspraksis (direktiv 2005/29/EU), og direktivet om forbrukarrettar (direktiv 2011/83/EU). Direktivet stiller strenge krav til dokumentasjon ved bruk av miljøpåstandar i marknadsføring. Det inneheld reglar om bruk av standardiserte etikettar og meldingar som skal gi forbrukarane tydeleg informasjon om kommersielle garantiar – altså garantiar som produsenten gir, og som går lenger enn dei lovpålagde krava til varer og tenester.

BFD sende før påske 2026 eit lovforslag til Stortinget om å gjennomføre direktivet i norsk rett, sjå Prop. 38 LS (2025–2026) Endringer i markedsføringsloven mv. (gjennomføring av direktivet om styrket forbrukervern i det grønne skiftet) og samtykke til deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv (EU) 2024/825. Stortinget slutta seg til forslaget i juni 2026. Førebels er det ikkje avklart kva tid reglane vil ta til å gjelde.

Forslag til EU-regelverk om miljøpåstandar og miljømerke (oppfølginga av forslag til Green Claims Directive)

EU-kommisjonen la våren 2023 fram forslag til eit direktiv om miljøpåstandar og miljømerke (grønvaskingsdirektivet), som skulle utfylle direktivet om styrkt forbrukarvern i det grøne skiftet (sjå omtale over). Det synte seg vanskeleg å finne gode løysingar, og forhandlingane mellom EU-institusjonane vart derfor sette på pause i juni 2025. Det er lite truleg at forhandlingane vil starte igjen, og EU-kommisjonen vil venteleg trekkje forslaget formelt når kommisjonen sitt arbeidsprogram for 2027 blir lagt fram i oktober 2026.

Velfungerande marknader og styrkt konkurransekraft

I tillegg til å verne forbrukarane og ta vare på rettane deira, skal forbrukarpolitikken medverke til konkurranse på like vilkår og til å styrkje konkurransekrafta til norske bedrifter. Når forbrukarane enkelt kan ta gode val mellom fleire tilbydarar, aukar presset til å levere betre kvalitet til lågare prisar. Dette kan i sin tur fremje innovasjon og effektiv utnytting av ressursar. Forbrukarane må kunne orientere seg enkelt og velje mellom næringsdrivande som følgjer regelverket. Forbrukarpolitikken kan slik støtte opp om konkurransepolitikken, og omvendt.

Nedanfor blir det gjort greie for aktivitetar og tiltak som skal medverke til velfungerande marknader og styrkt konkurransekraft for norske verksemder. Fyrst blir arbeidet Forbrukartilsynet gjer med å føre tilsyn med at forbrukarvernreglane blir følgde omtalt saman med arbeidet til Marknadsrådet. Deretter blir delar av informasjonsverksemda til Forbrukarrådet omtalt. Til slutt blir andre tiltak som direkte og indirekte skal medverke til gode tilhøve og velfungerande marknader for forbrukarane omtalte, som regelverksarbeid, forskings- og utgreiingsarbeid, opplæring i forbrukaremne og standardiseringsarbeid. Det blir gjort greie for utviklingstrekk, gjennomførte tiltak og resultat som er oppnådde i 2025 og i fyrste halvåret i 2026, og for planlagde tiltak i 2027.

Marknader som er trygge og rettferdige for forbrukarane

Forbrukarpolitikken skal styrkje stillinga til forbrukarane, som er den svakare parten i marknaden. Tydeleg og treffsikker regulering må brukast der det trengst for å ta vare på forbrukarar, miljø og samfunn. Samstundes skal ikkje regulering gå lenger enn naudsynt. Det er ønskjeleg å redusere kostnader og etableringsbarrierar for næringslivet som ikkje er naudsynte, og leggje til rette for rettferdig konkurranse for norske og europeiske bedrifter.

I nokre marknader kan det vere behov for kvalitetssikra og treffsikker offentleg informasjon, samanlikningstenester og målretta merke- og opplysingskrav for å styrkje stillinga til forbrukarane. I andre høve er det naudsynt med meir effektiv og treffsikker regulering for å gjenopprette maktbalansen, slik som i globale marknader der ansvaret til plattformer og mellomledd må gjerast tydelegare. Teknologi- og marknadsutviklinga gjer det naudsynt med løpande arbeid for å sikre at marknadene fungerer godt for forbrukarane. Utan ein oppdatert forbrukarpolitikk kan forbrukarane sine høve til å gjere informerte og trygge val bli svekte over tid.

Komplekse digitale marknader og handel på tvers av landegrenser gir behov for både oppdatert regulering og handheving. Regelverket må svare på utfordringar vi har i dag, og tilsynsstyresmaktene må kunne stoppe regelbrot effektivt. Noreg må derfor samarbeide internasjonalt, særleg innanfor EØS, for å sikre effektivt forbrukarvern over landegrensene, like konkurransevilkår og reelle høve for styresmaktene til å bruke sanksjonar for å medverke til at marknadene fungerer godt.

Departementet har derfor fastsett dette målet:

  • Velfungerande marknader

Over tid vil det Forbrukartilsynet avdekkjer gjennom tilsynsarbeidet sitt vere viktige indikatorar for tilstanden i ulike marknader, jf. overskrifta «Tilsynet med forbrukarvernreglane» nedanfor. Det same gjeld talet på og typar førespurnader til Forbrukarrådet, jf. overskrifta «Informasjonsverksemda til Forbrukarrådet» lenger ned. Andre aktivitetar og resultat særleg relevante for målet blir nedanfor omtalte under overskriftene «Revisjon av CPC-forordninga», «Revisjon av openheitslova, gjennomføring av aktsemdsdirektivet og høyring om eksportkontroll», «Høyring om forhandlingsmodellen i Forbrukartilsynet» og «Direktiv om vern av dei kollektive forbrukarinteressene» (alle under overskrifta «Regelverksarbeid»).

Tilsynet med forbrukarvernreglane

Marknadsføringslova stiller krav om god marknadsføringsskikk og forbyr urimeleg handelspraksis eller urimelege avtalevilkår. Forbrukartilsynet brukar informasjon, rettleiing, tilsyn, forhandlingar og vedtak for å få næringsdrivande til å følgje reglane i marknadsføringslova og andre forbrukarvernlover. Effektivt tilsyn og handheving er avgjerande for forbrukarvernet. Den teknologiske utviklinga og forbrukarutfordringar på tvers av sektorar gjer det naudsynt å vidareutvikle tilsynsmetodikk og samarbeidet med fleire tilsynsstyresmakter.

Forbrukartilsynet er fagleg uavhengig i utføringa av tilsynsoppgåvene. Dei overordna prioriteringane blir fastsette av BFD i samråd med tilsynet.

Aktivitetar og resultat under overskrifta «Tilsynet med Forbrukarvernreglane» dekkjer òg rapporteringar på det tidlegare målet «Eit effektivt tilsyn på prioriterte område», jf. Prop. 1 S (2025–2026). Dette er frå og med 2027 ikkje formulert som eit eige mål.

I 2025 mottok Forbrukartilsynet 6 429 tips. Tilsynet opna 170 tilsynssaker mot næringsdrivande, utarbeidde totalt 309 orienteringsbrev og rettleiingar, og varsla eller gjorde 11 vedtak med økonomiske sanksjonar. Det vart gjennomført aktivitetar og tilsyn på alle områda som var prioriterte i tildelingsbrevet (sjå omtale av utvalde aktivitetar under overskriftene nedanfor). I tillegg hadde tilsynet aktivitetar knytte til einskilde andre område, som prismarknadsføring, marknadsføring av bustader og informasjon om abonnement.

Digitale medium og ytingar, med særleg vekt på vern av barn

I tillegg til å vidareutvikle handhevinga av reglar om forbrukarvernet til barn (sjå omtale over under overskrifta «Forbrukarvernet til barn i digitale medium»), har Forbrukartilsynet følgt opp forbrukarvernet i konkrete saker. I april 2025 varsla Forbrukartilsynet forbodsvedtak med tvangsmulkt mot tre kosmetiske klinikkar for brot på god marknadsføringsskikk overfor barn. Klinikkane innretta seg ved å fjerne marknadsføringa eller gjere ho utilgjengeleg for barn. Frå juli 2025 har Forbrukartilsynet heimel til å bruke lovbrotsgebyr i tilsvarande saker, og kan såleis ileggje økonomiske sanksjonar direkte dersom det blir vurdert som naudsynt for å sikre innretting etter regelverket.

Hausten 2025 kontrollerte Forbrukartilsynet aktørar i sosiale medium for å avdekkje skjult reklame for produkt og tenester som influensarar marknadsfører på eigne vegner. Forbrukartilsynet rettleia annonsørar og influensarar om merking av reklame i sosiale medium og forbodet mot direkte kjøpsoppmodingar til barn. I etterkant av kontrollen fann Forbrukartilsynet det naudsynt å følgje opp med formell sakshandsaming om lovbrot overfor to aktørar.

Kommersielt press i dataspel blir følgt opp i fleire samarbeidsprosjekt, både internasjonalt og i Noreg. Etter å ha teke ei leiande rolle i å utarbeide felleseuropeiske prinsipp for virtuell valuta og følgje opp saker med spelselskap gjennom det europeiske nettverket av forbrukarstyresmakter, held Forbrukartilsynet fram arbeidet med bransjeorganisasjonar og eit konkret utanlandsk spelselskap om innretting etter regelverket. Samstundes held Forbrukartilsynet fram eit forsterka samarbeid med Lotteri- og stiftingstilsynet og Medietilsynet om pengespel og spel om pengar i dataspel.

Forbrukartilsynet har òg teke opp tilsynssaker med tilbydarar av digitale tenester som breiband og strøymetenester i Noreg, og vil lansere ein ny rettleiar om lova om digitale ytingar i 2026.

Finansielle tenester med særleg vekt på tilbod om kreditt og lovlegheita av storleiken på fakturagebyr

Marknadsrådet oppheva tre vedtak frå Forbrukartilsynet om lovlegheita av storleiken på fakturagebyr i 2025. Forbrukartilsynet vurderer at dette set grenser for oppfølginga av tematikken framover. Samstundes har Forbrukartilsynet følgt opp fleire spørsmål knytte til finansielle tenester.

Ein kontrollaksjon av aktørar som tilbyr «kjøp no, betal seinare»-løysingar følgde opp tidlegare rettleiing, og Forbrukartilsynet har vidare oppfølging av kontrollen til vurdering. Forbrukartilsynet har følgt opp tidlegare vedtak mot eigedomsutviklarar som blei finansierte gjennom private innlånarar, der selskapa ikkje gav god nok informasjon om risikoen for å tape pengane dersom selskapa skulle gå konkurs.

Forbrukartilsynet bidrog òg i samarbeid med Finanstilsynet til å stanse ein aktør som braut lova i samband med forsikringsverksemd.

Kommersielt press overfor russ

Forbrukartilsynet har delteke i den nasjonale samarbeidsgruppa for ny avgangsmarkering. Forbrukartilsynet tok i 2025 opp saker med to leverandørar av russeklede og -utstyr. Desse fekk rettleiing om at det er forbode å sende marknadsføring gjennom direktemeldingar i sosiale medium til russe- og bussgrupper, og om forbodet mot å rette direkte oppmodingar om å kjøpe noko til barn. Dei fekk òg beskjed om at det er behov for rutinar og kontroll og oppfølging av tilsette, for å medverke til å dempe kommersielt press mot russen. Begge aktørane innretta seg etter rettleiingane og innspela frå tilsynet.

Marknadsføring og avtalevilkår på straummarknaden

Basert på kartlegging av behova i bransjen og Forbrukartilsynet sine tidlegare funn om dårleg etterleving av regelverket, lanserte Forbrukartilsynet i 2025 ein ny rettleiar som skal redusere risikoen for lovbrot i samband med marknadsføring og sal av straumavtalar. Forbrukartilsynet har òg rettleia eigedomsmeklarbransjen og straumleverandørane om reglane for sal av straumavtalar i samband med overtaking av bustader. Etter at Forbrukartilsynet fekk mange tips om ulovleg telefonsal i løpet av 2025, fekk eitt selskap rettleiing om forbodet mot telefonsal til forbrukarar som har reservert seg mot slike førespurnader.

Tilsyn med openheitslova

Rettleiing og informasjonsverksemd overfor næringslivet er framleis sentralt i Forbrukartilsynet si oppfølging av openheitslova. Rettleiinga har vore utvikla vidare, både på nettstaden til Forbrukartilsynet og gjennom kurs. Kursa får gode tilbakemeldingar og gir høve til både rettleiing frå Forbrukartilsynet og erfaringsutveksling mellom dei som er underlagde krava i openheitslova. Etter kontroll av om verksemdene følgde plikta dei etter lova har til å gjere greie for aktsemdvurderingane sine, har Forbrukartilsynet følgt opp fleire konkrete saker for å syte for innretting etter lova og oppdatert rettleiaren. Forbrukartilsynet har elles medverka i arbeidet med evaluering av openheitslova og EU sitt aktsemdsdirektiv, og lagt vekt på samarbeid med ulike miljø i Noreg og utlandet som følgjer opp tematikken.

Prisar, kampanjar og prismarknadsføring i daglegvaremarknaden

I motsetnad til dei andre prioriterte områda fekk Forbrukartilsynet i oppdrag å prioritere daglegvaremarknaden først i juni 2025. Det innleiande arbeidet har vore konsentrert om å analysere alle relevante tips tilsynet har motteke på området. Forbrukartilsynet vil følgje opp med konkrete tiltak basert på tipsa dei har motteke og eigne observasjonar.

Tilsynsarbeidet i 2027

BFD legg vekt på å ikkje fastsetje for mange prioriterte tilsynsområde for Forbrukartilsynet. Det er viktig at tilsynet sjølv har rom til å ta opp saker der det er grunngitt i det faglege omsynet til forbrukarane. For mange prioriterte område vil gå ut over høvet til å følgje opp forbrukarproblem som oppstår gjennom året.

Saker som ein tidlegare ofte kunne løyse med uformell rettleiing og dialog, krev i aukande grad omfattande juridisk utgreiing og eventuelt vedtak om sanksjonar. Det må vere rom til å følgje opp omfattande saker over tid, og å bruke vedtak med sanksjonar som eit reelt avskrekkande verkemiddel mot lovbrot.

Tilsynsarbeidet er ofte langsiktig, med utgreiing av nye problemstillingar i skiftande marknader, rettleiing og deretter eventuell sanksjonsbruk. I tillegg er det naudsynt for Forbrukartilsynet å samarbeide med tilsynsstyresmakter i utlandet for å verne norske forbrukarar mot lovbrot frå utanlandske aktørar. Dette tilseier ein langsiktig horisont i prioriteringane til Forbrukartilsynet. Fleire av områda som har vore prioriterte i 2025 og 2026 er det derfor aktuelt å vidareføre i 2027. Dei endelege prioriteringane for 2027 blir fastsette i tildelingsbrev etter fagleg dialog med Forbrukartilsynet.

Sakene til Marknadsrådet

Marknadsrådet er klageinstans for vedtaka Forbrukartilsynet gjer etter marknadsføringslova, openheitslova, digitalytingslova, pakkereiselova og angrerettlova. I tillegg handsamar Marknadsrådet klagar på vedtak Helsedirektoratet har gjort etter alkohollova og tobakkskadelova.

I 2025 mottok Marknadsrådet 16 saker, mot 13 i 2024. 15 saker blei avgjorde, mot 9 i 2024. Fire klagar førte fram. Måla sette for handsamingstida (under 180 dagar for sanksjonssakene og under 90 dagar for andre saker) vart oppfylte.

Informasjonsverksemda til Forbrukarrådet

Det følgjer av rolla Forbrukarrådet har som interesseorganisasjon, at rådet skal gi forbrukarane rettleiing og råd som dei kan bruke både før og etter kjøp.

Gjennom 2025 registrerte Forbrukarrådet 42 862 førespurnader via telefon og kontaktskjema på internett, mot 49 134 i 2024. Forbrukarrådet trur nedgangen mellom anna kan ha samanheng med auka bruk av KI (kunstig intelligens) til å få svar på spørsmål. Som i tidlegare år var «bruktbilar» og «handverkartenester» kategoriane som Forbrukarrådet fekk flest førespurnader om.

Nettsida forbrukarradet.no hadde om lag 7,5 millioner unike sidevisingar i 2025. Via nettsida har brukarane tilgang til ei rekkje sjølvhjelpsverktøy og informasjonstenester. Mange var innom produkttestane til Forbrukarrådet.

Forbrukarrådet driftar dei to marknadsportalane finansportalen (finansportalen.no) og straumprisportalen (strømpris.no). Medan finansportalen per no gir informasjon om prisane på og vilkåra for banktenester, pensjonsprodukt og fond, gir straumprisportalen informasjon om prisane og vilkåra for straumavtalar. Målet er at informasjonen frå desse tenestene skal vere oppdatert og hjelpe brukarane med å ta informerte val og utøve forbrukarmakt.

Bank-, fonds- og pensjonsdelen av finansportalen hadde i 2025 til saman nær 2 millioner unike sidevisingar, som er i underkant av 350 000 færre enn i 2024. Flest visingar hadde banktenesta.

Straumpristenesta hadde i 2025 om lag 1,1 millioner unike sidevisingar, ein auke på nær 40 000 frå 2024. Auken ser Forbrukarrådet i samanheng med at rådet i september lanserte Noregspris-kalkulatoren, som hjelper forbrukarane med å ta stilling til om dei bør velje ordninga med noregspris på straum.

Forsikringstenesta, som var ein del av finansportalen, vart våren 2024 mellombels teken ned fordi ho vart vurdert til ikkje å gi forbrukarane god nok informasjon. Som ein del av arbeidet med å lage ei ny forsikringsteneste lanserte Forbrukarrådet i juni 2026 ei første ny løysing for samanlikning av bilforsikringar.

Flykalkulatoren til Forbrukarrådet, som skal gjere det enklare for forbrukarane å kjenne rettane sine når fly er forseinka eller innstilte, hadde i 2025 over 61 000 unike norske sidevisingar. Togkalkulatoren, som skal gjere det enklare for togpassasjerar å få informasjon om kva dei har krav på når tog er forseinka eller innstilte, hadde nesten 48 000 unike sidevisingar.

Gjennom 2025 og inn i 2026 har Forbrukarrådet arbeidd vidare med å utvikle og forbetre dei ulike eksisterande informasjonstenestene sine. Mellom anna vart den nye Finansportalen Bank lansert hausten 2025 med betre brukartilpassing og nytt design. I tillegg til prisane på og vilkåra for banktenester, gir denne tenesta no brukarane oversikt over mellom anna banklån som blir tilbydde i ulike kommunar.

Delar av informasjonsverksemda til Forbrukarrådet blir òg omtalte under overskrifta «Forbrukarrådet sin miljørettleiar» ovanfor.

Som følgje av at arbeidet med å utvikle forbrukarretta plattformer for å samanlikne prisar no er over i ein driftsfase, føreslår regjeringa for 2027 å samle heile løyvinga i basisløyvinga til Forbrukarrådet. Sjå nærare omtale under kap. 860, post 50 og post 51.

Regelverksarbeid

Revisjon av CPC-forordninga

EU har varsla at det i fjerde kvartal 2026 vil bli lagt fram eit forslag til revisjon av forordninga om samarbeid mellom styresmaktene som fører tilsyn med og handhevar forbrukarvernregelverket (forbrukarsamarbeidsforordninga/CPC-forordninga). I Noreg gjeld dette ei rekkje tilsynsorgan, mellom anna Forbrukartilsynet. Bakgrunnen for revisjonen er behovet for meir effektiv og rask handheving av forbrukarvernreglane. Regjeringa følgjer saka nøye, mellom anna gjennom deltaking i ulike forum, som Consumer Policy Network og EFTA si arbeidsgruppe for forbrukarspørsmål.

Revisjon av openheitslova, gjennomføring av aktsemdsdirektivet og høyring om eksportkontroll

Openheitslova skal fremje respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i verksemder, og gi allmenta tilgang til informasjon om kva verksemdene gjer med dette. BFD sende våren 2026 på høyring eit forslag om endringar i openheitslova for å tydeleggjere tilhøvet mellom denne lova og eksportkontrollregelverket. Føremålet er å bøte på utfordringar verksemder i forsvarssektoren opplever knytte til handsaming av informasjonsførespurnader etter openheitslova. I høyringsnotatet føreslår departementet å gjere unntak frå plikta til å svare på informasjonsførespurnader når det gjeld varer, teknologi og tenester med godkjend eksportlisens etter eksportkontrollregelverket.

Aktsemdsdirektivet (direktiv (EU) 2024/1760) vart formelt vedteke i mai 2024. Direktivet byggjer på dei same internasjonalt anerkjende prinsippa og retningslinjene som openheitslova, og krev at verksemder utfører aktsemdsvurderingar knytte til menneskerettar, anstendige arbeidstilhøve og miljø. I februar 2026 vart endringar i aktsemdsdirektivet vedtekne av EU gjennom direktiv (EU) 2026/470 (Omnibus I). Føremålet med endringane er å styrkje konkurransekrafta til verksemdene i den indre marknaden i EU.

BFD er i gang med å utarbeide eit høyringsnotat med forslag til endringar i openheitslova, både som følgje av evaluering av lova og som følgje av gjennomføringa av aktsemdsdirektivet i norsk rett. I samband med dette arbeidet er det utlyst eit eksternt oppdrag om å gjennomføre ein samfunnsøkonomisk analyse av verknadene av openheitslova. Denne skal gje betre grunnlag for å vurdere endringar.

Høyring om forhandlingsmodellen i Forbrukartilsynet

Den såkalla forhandlingsmodellen inneber at Forbrukartilsynet skal søkje å påverke næringsdrivande til å innrette seg etter reglar som Forbrukartilsynet skal føre tilsyn med, mellom anna ved å føre forhandlingar med dei næringsdrivande eller organisasjonane deira. Modellen har skapt uklarheit i praksis som kan gjere det vanskeleg for Forbrukartilsynet å handle raskt i saker der det er viktig å gjere vedtak. I juni 2026 sende BFD derfor på høyring eit lovforslag om å fjerne eller redusere forhandlingsmodellen i marknadsføringslova og openheitslova. Føremålet er å styrkje handhevinga av forbrukarvernreglane, særleg ved alvorlege lovbrot.

Direktiv om vern av dei kollektive forbrukarinteressene

EU-direktivet om vern av dei kollektive forbrukarinteressene (vedteke i 2020) inneber mellom anna at interesseorganisasjonar som Forbrukarrådet skal kunne gå til ein domstol eller eit handhevingsorgan for å få vedtak om stans i brot på forbrukarvernreglar. Det skal òg vere mogleg å få vedtak om til dømes erstatning til forbrukarar som er skadelidne. Departementet er i gang med arbeidet med å ta direktivet inn i EØS-avtalen og gjennomføre det i norsk rett.

Forskings- og utgreiingsarbeid

Forbrukarpolitikken skal byggje på fakta og gode kunnskapar om situasjonen til forbrukarane. Forskingsmidlane BFD har på forbrukarsektoren, går i hovudsak til Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet (SIFO), som er ein sentral kunnskapsleverandør på forbrukarområdet.

I 2025 bestilte BFD seks ulike oppdrag frå SIFO. Hittil i 2026 har departementet bestilt fem oppdrag. Alle oppdraga har vore innanfor temaa «forbrukarane sin økonomiske situasjon», «den digitale kvardagen til forbrukarane» og «berekraftig forbruk».

Forbrukarrådet og Forbrukartilsynet har både vore inviterte med på bestillingsprosessen om forskingsprosjekt og til presentasjonar av forskinga. Målet er å få oppdatert kunnskap om utvalde problemstillingar i aktuelle forbrukartema som gjeld heile forbrukarsektoren.

I ein av rapportane har SIFO studert faktiske endringar i hushaldningane sine opptak og nedbetaling av usikra gjeld i perioden 2021–202527. Dette er ei oppfølging av to tidlegare forskingsrapportar om gjeldsregistera. Prosjektet er relevant for å få kunnskap om korleis marknaden for usikra kreditt utspelar seg i ulike lag av befolkninga, og om gjeldsregistera medverkar til å oppfylle politiske mål. Rapporten viser mellom anna at utviklinga i andelen av renteberande usikra kreditt syner ein svak nedgang. Hovudbiletet er likevel er prega av stabilitet. Samstundes er det eit mindretal av låntakarar som har svært høg usikra kreditt, noko som aukar risikoen for betalingsproblem og utleggstrekk betydeleg i denne gruppa.

God informasjon om prisar er ein viktig føresetnad for at forbrukarane skal kunne ta informerte val i daglegvaremarknaden. Informerte forbrukarar spelar òg ei viktig rolle i å medverke til at konkurransen i daglegvaremarknaden skal fungere godt. Som eit ledd i regjeringa sine tiltak for å betre konkurransen i daglegvaremarknaden, lyste BFD og Nærings- og fiskeridepartementet i 2025 ut eit oppdrag om kundeprogramma i daglegvaremarknaden. Rambøll og SIFO fekk oppdraget, og leverte i januar og mars 2026 to rapportar som har kartlagt korleis kundeprogramma til aktørane i daglegvaremarknaden påverkar evna forbrukarane har til å orientere seg og få prisinformasjon28. Rapportane gir eit heilskapleg og oppdatert bilete av dagens praksis, forbrukarane sine erfaringar og dei samla konsekvensane av prisinga i daglegvaremarknaden. Hovudfunna var at fordelsprogram og fordelsappar kan gi lågare prisar, og at dei fleste forbrukarar er med i slike program. Om lag halvparten meinte det var vanskeleg å vite kva for butikk som har dei lågaste prisane, medan mange opplever at dei sparar pengar. Rapportane gir eit viktig kunnskapsgrunnlag for vidare arbeid med tiltak i denne marknaden.

I 2027 vil BFD føre vidare samarbeidet med SIFO om forvaltningsrelaterte forskingsoppgåver på forbrukarområdet. I tillegg vil BFD halde fram med å hente inn kunnskap om forbruk og forbrukarutfordringar frå andre kjelder, som Forbrukarrådet, Forbrukartilsynet og EU-kommisjonen.

Forbrukardeltaking i standardiseringsarbeid

Standardar for produkt og tenester blir utvikla i samarbeid mellom ulike aktørar i marknaden – både nasjonalt, på europeisk nivå og internasjonalt gjennom den internasjonale standardiseringsorganisasjonen (ISO). For at standardane skal bli gode og balanserte, er det viktig at representantar for forbrukarinteresser deltek i arbeidet. Rapportering frå Standard Norge viser at talet på slike representantar heldt seg stabilt i 2025.

Forbrukarpåverknad i standardiseringsarbeid er eit langsiktig arbeid som krev kontinuitet. Samarbeidet mellom Forbrukarrådet og Standard Norge vart derfor ført vidare i 2025 og inn i 2026. Målet for samarbeidet er mellom anna å ta del i utviklinga av standardar gjennom informasjon og nettverksarbeid.

Standard Norge og Forbrukarrådet har gått inn for å auke deltakinga i forbrukarrelevante standardiseringskomitear gjennom å omorganisere arbeidet. Det dåverande Fagrådet for standardisering vart derfor frå januar 2024 omdanna til eit fagråd for brukarinteresser. Styret i Standard Norge vedtok i 2025 å endre namnet til Standardiseringens forbruker- og arbeidstakerråd (SFA-rådet). I tillegg til Forbrukarrådet og Standard Norge deltek Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved OsloMet, Landsorganisasjonen i Norge (LO), Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Framtiden i våre hender (FIVH) i SFA-rådet.

BFD vil i 2027 halde fram med å støtte samarbeidet med Forbrukarrådet og Standard Norge om å ta hand om forbrukarinteresser i standardiseringsarbeid.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Endring i pst.

860

Forbrukarrådet

128 976

135 106

139 588

3,3

862

Stiftinga Miljømerking i Noreg

17 210

17 830

18 490

3,7

865

Forbrukarpolitiske tiltak

22 796

23 911

23 895

-0,1

868

Forbrukartilsynet

149 044

157 250

161 541

2,7

Sum kategori 11.30

318 026

334 097

343 514

2,8

Inntekter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Endring i pst.

3868

Forbrukartilsynet

7 392

5 024

5 210

3,7

Sum kategori 11.30

7 392

5 024

5 210

3,7

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

152 173

160 214

163 407

2,0

50–89

Overføringar til andre

165 853

173 883

180 107

3,6

Sum kategori 11.30

318 026

334 097

343 514

2,8

Kap. 860 Forbrukarrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

50

Basisløyving

95 553

100 483

139 588

51

Marknadsportalar

33 423

34 623

Sum kap. 860

128 976

135 106

139 588

Ansvarsområdet til verksemda

Forbrukarrådet er oppretta for å ta hand om interessene til forbrukarane. Som uavhengig interesseorgan skal Forbrukarrådet informere forbrukarane og påverke styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande til å opptre forbrukarvennleg. I tillegg skal Forbrukarrådet hjelpe forbrukarar som har fått problem i samband med kjøp, og som til dømes treng hjelp til å fremje ei klage.

Forbrukarrådet er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter til bruttoføring av inntekter og utgifter utanfor statsbudsjettet og med eigne vedtekter og eit styre.

Post 50 Basisløyving

Posten dekkjer lønnsutgifter, godtgjersle til styremedlemmene, utgifter til kontordrift, husleige og interessepolitiske aktivitetar i Forbrukarrådet. Posten dekkjer òg utgifter til Forbrukarrådet sin miljørettleiar (tidlegare Kontaktpunkt for forbrukarmakt i det grøne skiftet). Vidare dekkjer posten utgifter til utgreiing av aktuelle problemstillingar som er viktige for forbrukarane, kampanjar, informasjonstiltak, profilering av eigne tenester og kostnader ved å leggje fram prinsipielle spørsmål om gjeldande forbrukarrett for domstolane. Over posten gir Forbrukarrådet òg tilskot til drifta av Standardiseringens forbruker- og arbeidstakerråd (SFA-rådet) (tidlegare sekretariatet for brukarinteresser i standardisering) i Standard Norge.

Med verknad frå og med 2027 føreslår departementet at posten i tillegg skal dekkje kostnadene til drift og utvikling av tenestene som er del av finansportalen (finansportalen.no) og straumprisportalen (strømpris.no). Forslaget inneber ei auka løyving på denne posten med 35,4 mill. kroner, og blir omtalt nærare under «Post 51 Marknadsportalar» nedanfor.

Vidare blir det føreslått å overføre 0,1 mill. kroner til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) på kap. 1605, post 01 for levering av tenester.

Departementet føreslår ei løyving på 139,6 mill. kroner i 2027.

Post 51 Marknadsportalar

Posten dekkjer kostnadene til drift og utvikling av tenestene som er del av finansportalen (finansportalen.no) og straumprisportalen (strømpris.no).

Som følgje av at arbeidet med å utvikle forbrukarretta plattformer for å samanlikne prisar no er over i ein driftsfase, føreslår regjeringa å samle rådet si løyving på kap. 860, post 50. Heile løyvinga på posten blir med det overført til kap. 860, post 50. Endringa inneber at utgiftene til drift og utvikling av marknadsportalane framover blir dekte over basisløyvinga til Forbrukarrådet.

Departementet føreslår derfor inga løyving på denne posten.

Kap. 862 Stiftinga Miljømerking i Noreg

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

70

Driftstilskot

17 210

17 830

18 490

Sum kap. 862

17 210

17 830

18 490

Ansvarsområdet til verksemda

Føremålet med miljømerking er å stimulere til meir miljøtilpassa produktutvikling og mindre miljøbelastande forbruk. Arbeidet går ut på å utvikle kriterium for miljømerking av varer og tenester, godkjenne produkt for lisensiering og rettleie forbrukarar og innkjøparar.

Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svana, den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er òg ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel).

Miljømerking blir leia av eit styre der medlemmene er oppnemnde av BFD, Forbrukarrådet, miljøvernstyresmaktene, Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Virke, Landsorganisasjonen (LO), handelskjedene og miljøorganisasjonane.

I 2025 fekk Miljømerking 17,2 mill. kroner i driftstilskot frå BFD. Av dette beløpet vart om lag 3,3 mill. kroner brukte til å dekkje kostnader som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU. Dei samla driftsinntektene var på om lag 63,3 mill. kroner. Hovuddelen av inntektene var knytte til lisensiering av Svana.

Post 70 Driftstilskot

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til Miljømerking i 2027. Målet med tilskotet er å støtte opp om arbeidet til Miljømerking med å administrere den nordiske miljømerkeordninga (Svana) og dekkje utgifter som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel). Målgrupper for ordninga er produsentar av varer og tenester, forbrukarar og profesjonelle innkjøparar. Sjå ein meir utfyllande omtale av tilskotet i Prop. 1 S (2025–2026).

Departementet føreslår ei løyving på 18,5 mill. kroner i 2027.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

3 129

2 964

1 866

50

Forsking og undervising, kan nyttast under post 21

8 865

8 866

9 194

70

Tilskot, kan nyttast under post 21

1 770

3 965

4 419

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

9 032

8 116

8 416

Sum kap. 865

22 796

23 911

23 895

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

Posten blir brukt til å finansiere prosjekt, utgreiingar og tiltak med særleg relevans for forbrukarområdet. Departementet føreslår å overføre 0,9 mill. kroner frå posten til kap. 912 Klagenemndsekretariatet, post 01 Driftsutgifter hos Nærings- og fiskeridepartementet, for utgifter til sakshandsaming som Klagenemndsekretariatet har for sakene til Marknadsrådet. Vidare blir det føreslått å overføre 0,3 mill. kroner til post 70 for å sikre korrekt postbruk. Midlane skal gå til OECD, og må derfor bli gitt som tilskot. Sjå kap. 865, post 70 for meir utfyllande omtale.

Departementet føreslår ei løyving på 1,9 mill. kroner i 2027.

Post 50 Forsking og undervising, kan nyttast under post 21

Posten blir brukt til forsking, undervising, prosjekt og utgreiingar med særleg relevans for forbrukarområdet.

Midlane til forskingsoppdrag som Forbruksforskningsinstituttet SIFO ved OsloMet – storbyuniversitetet utfører, blir dekte over denne posten. Posten dekkjer òg utgifter SIFO har med å vidareutvikle referansebudsjettet for hushaldsutgifter.

Posten blir vidare brukt til arbeidet med å styrkje undervisinga i forbrukaremne i skulen. BFD vil i 2027 føre vidare samarbeidet med Høgskolen i Innlandet, som utviklar undervisningsmateriell til bruk i skulen, har eit fagleg tilbod til lærarar og studentar og leiar ei rådgivande gruppe for arbeidet med forbrukarundervising.

Departementet føreslår ei løyving på 9,2 mill. kroner i 2027.

Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 21

Posten blir brukt til tiltak og einskildprosjekt som fremjar måla for forbrukarpolitikken til regjeringa. Departementet føreslår å føre vidare tilskota til fem særskilde tiltak i 2027:

  • Tilskot til å delfinansiere drifta av Standardiseringens forbruker- og arbeidstakerråd (SFA-rådet) (tidlegare sekretariatet for brukarinteresser i standardisering) i Standard Norge. Målet med tilskotet er å fremje forbrukarinteresser i standardiseringsarbeid slik at dei endelege standardane òg tek omsyn til forbrukarane sine behov.

  • Tilskot til organisasjonen Ungt Entreprenørskap til undervisingsopplegg for ungdomsskulen om berekraftig forbruk. Målet for tilskotet er å støtte opp om undervisingsopplegget «Grønt og Genialt!» om berekraftig forbruk, som har elevar i ungdomsskulen som målgruppe.

  • Tilskot til arbeidet Matvett AS utfører for å redusere matsvinnet i hushald. Målet med tilskotet er å støtte opp om arbeidet organisasjonen gjer med å redusere matsvinn. Målgrupper for arbeidet er forbrukarar og private hushald.

  • Tilskot til stiftinga Fairtrade Norge. Målet med tilskotet er å støtte opp om arbeidet Fairtrade Norge gjer for at norske importørar, merkevareeigarar, distribusjonskanalar og næringsliv i større grad skal handle med Fairtrade-sertifiserte råvarer og tilby fleire Fairtrade-merkte produkt til norske forbrukarar.

  • Tilskot til OECD sitt arbeid med forbrukarpolitikk og ansvarleg næringsliv. Målet med tilskota er å støtte opp om OECD sitt Global Forum on Consumer Policy og OECD Centre for Responsible Business Conduct, som mellom anna arbeider med forbrukarane si rolle i det grøne skiftet og den digitale omstillinga, og internasjonale standardar for aktsemd og ansvarleg næringsliv.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota i Prop. 1 S (2025–2026).

Løyvinga på posten blir føreslått auka med 0,3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under post 21. Auken skal sikre korrekt postbruk for tilskot til OECD omtalt over, jf. omtale under post 21. Departementet føreslår ei løyving på 4,4 mill. kroner i 2027.

Post 79 Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

Løyvinga dekkjer den norske deltakinga i forbrukarprogrammet til EU, som i perioden 2021–2027 inngår som ein del av program for den indre marknaden. Storleiken på dei årlege bidraga varierer med ulike faktorar, mellom anna aktiviteten under programma og valutautviklinga. Det er derfor vanskeleg å talfeste utgiftene på posten.

Departementet føreslår ei løyving på 8,4 mill. kroner i 2027.

Kap. 868 Forbrukartilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Driftsutgifter

149 044

157 250

146 541

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

15 000

Sum kap. 868

149 044

157 250

161 541

Ansvarsområdet til verksemda

Forbrukartilsynet er ei offentleg styresmakt som arbeider for å gjere marknadene enklare og tryggare for forbrukarane. Eit sentralt mål for Forbrukartilsynet er å førebyggje og stoppe ulovleg marknadsføring, urimelege vilkår i kontraktar og andre former for urimeleg handelspraksis retta mot forbrukarar. Dette blir gjort gjennom dialog og forhandlingar med dei næringsdrivande, ved bruk av tilgjengelege sanksjonar og ved å gi rettleiing og informasjon. Tilsynet skal gjennom verksemda si medverke til at rettane forbrukarane har, blir tekne hand om, og til at forbrukarane kan ta informerte val. Marknadsføringslova regulerer tilsynsverksemda til Forbrukartilsynet.

Forbrukartilsynet har i tillegg ansvar for å drive ei nøytral meklingsteneste for forbrukarar og næringsdrivande i saker som ikkje er omfatta av andre klageorgan, og for å førebu saker til Forbrukarklageutvalet. Oppgåvene knytte til mekling og førebuing av saker til Forbrukarklageutvalet blir regulerte av forbrukarklagelova.

Forbrukartilsynet er vidare vertsorganisasjon for Forbrukar Europa.

Forbrukartilsynet har òg ansvar for å føre tilsyn med og gi rettleiing om openheitslova, som skal fremje meir respekt hos verksemder for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidstilhøve i vareproduksjon og levering av tenester.

I tillegg har Forbrukartilsynet ansvar for å føre tilsyn med forbodet pengespellova har mot pyramidespel.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter hos Forbrukartilsynet i tillegg til godtgjersle m.m. til medlemmene av Forbrukarklageutvalet. Departementet føreslår å flytte 15 mill. kroner til utvikling av digitale tilsynsverktøy til ny post 21 for å leggje til rette for betre prosjektstyring.

Departementet føreslår ei løyving på 146,5 mill. kroner i 2027.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga skal dekkje utgifter Forbrukartilsynet har til prosjekt- og utviklingsoppgåver, mellom anna av digitale tilsynsverktøy. Denne typen prosjekt krev fleirårige investeringar der det er uvisse om utbetalingstakten. BFD føreslår derfor at post 21 får stikkordet «kan overførast».

Departementet føreslår ei løyving på 15 mill. kroner i 2027, mot ein tilsvarande reduksjon på post 01.

Kap. 3868 Forbrukartilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Gebyrinntekter

2 553

2 072

2 149

02

Tilskot

4 839

2 952

3 061

Sum kap. 3868

7 392

5 024

5 210

Post 01 Gebyrinntekter

Departementet føreslår ei løyving på 2,1 mill. kroner i 2027. Løyvinga svarar til dei pårekna inntektene i 2027 som følgjer av at det frå og med 1. juli 2024 vart innført handsamingsgebyr for saker til mekling i Forbrukartilsynet og saker til handsaming i Forbrukarklageutvalet.

Post 02 Tilskot

Departementet føreslår ei løyving på 3,1 mill. kroner i 2027. Løyvinga svarar til det pårekna tilskotet frå EU til Forbrukar Europa.

Programkategori 11.50 Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn

Hovudinnhald og prioriteringar

Trus- og livssynsfridommen er ein grunnleggjande verdi og menneskerett i eit demokratisk samfunn. Staten skal verne om denne fridommen og leggje til rette for at alle innbyggjarane kan praktisere trua si eller livssynet sitt.

Grunnlaget for trus- og livssynspolitikken er Grunnlova § 16:

Alle innbyggjarane i riket har fri religionsutøving. Den norske kyrkja, ei evangelisk-luthersk kyrkje, står ved lag som den norske folkekyrkja og blir stødd som det av staten. Nærare føresegner om kyrkjeskipnaden blir fastsette i lov. Alle trus- og livssynssamfunn skal bli stødde på lik line.

Grunnlova § 16 tydeleggjer slik ansvaret staten har for å føre ein aktivt støttande trus- og livssynspolitikk, gjennom finansiering og lovgiving. Den aktivt støttande politikken legg vidare grunnlaget for eit livssynsope samfunn, der trus- og livssynssamfunna har ein naturleg plass.

Plikta staten har til å støtte Den norske kyrkja som evangelisk-luthersk folkekyrkje, inneber fyrst og fremst å leggje økonomisk, rettsleg og organisatorisk til rette for at Den norske kyrkja «står ved lag» som folkekyrkje. Føresegna om at alle trus- og livssynssamfunn skal bli «stødde på lik line», må ein mellom anna sjå i samanheng med pliktene staten har overfor folkekyrkja. Dette inneber til dømes ei plikt til materielt å støtte trus- og livssynssamfunna, også i form av tilskot.

Som følgje av dette er reglane i trussamfunnslova utforma slik at trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja kan krevje eit årleg statstilskot som om lag svarar til dei offentlege tilskota som Den norske kyrkja får, rekna per medlem. Under «Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja» kap. 881, post 70, er det gjort nærare greie for dette og for tilskotsordninga.

Dei offentlege tilskota som Den norske kyrkja får, kjem delvis frå staten og delvis frå kommunen. Staten finansierer prestetenesta og dei sentrale og regionale kyrkjelege organa, medan kommunane har ansvaret for å finansiere kyrkjebygga og den kyrkjelege verksemda lokalt. Samla skal finansieringa leggje til rette for at kyrkja held fram som ei landsdekkjande folkekyrkje med ei sterk lokal forankring, slik at medlemmer av kyrkja kan gå til gudsteneste og ta del i andre kyrkjelege tenester der dei bur. Under overskrifta «Den norske kyrkja» er det gjort nærare greie for dette.

Trus- og livssynsmangfaldet i Noreg har auka dei siste tiåra. Mangfaldet er ein styrke for det norske samfunnet, men gjer det òg naudsynt med meir kunnskap om tru og livssyn. Regjeringa har utarbeidd ein strategi for det livssynsopne samfunn der kunnskap og kompetanse er eit av satsingsområda, saman med dialog, brubygging og samarbeid. Dialog mellom ulike trus- og livssynssamfunn og tradisjonar byggjer fellesskap, men bidreg òg til kunnskap. Departementet ser støtta til dialog- og paraplyorganisasjonane og andre tiltak som kan styrkje trus- og livssynsdialogen, som viktig for å leggje til rette for eit livssynsope samfunn.

Bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg og tilskotsforskrifta som er utarbeidd på grunnlag av denne, gjeld for dei om lag 1 000 kyrkjebygga som er freda eller listeførte av Riksantikvaren, uavhengig av eigarskap. Kyrkjebevaringsfondet, som forvaltar strategien, har vore i drift i snart to år. Perioden har vore prega av både oppbygging av verksemda, høg aktivitet og viktige leveransar.

Dei offentlege gravplassane er for alle. Det er kommunane som har det økonomiske ansvaret for gravplassane, medan fellesråda i Den norske kyrkja står for forvaltinga lokalt, bortsett frå i dei seks kommunane som til no har teke over oppgåva. I takt med samfunnsutviklinga, utviklinga i folketal, auken i kremasjonsprosenten, større mangfald og endra forventingar frå innbyggjarane, er det viktig å sjå på behovet for å revidere regelverket for korleis gravplassane og krematoria blir drifta og forvalta. Eit anna viktig tiltak er utviklinga av ei innbyggjarretta digital teneste, der ein kan gjere nokre av dei fyrste og mest sentrale vala for gravferda.

Mål

Departementet har for 2027 desse måla på trus- og livssynsområdet:

Mål

  • Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje.

  • Eit livssynsope samfunn med eit mangfald av trus- og livssynssamfunn.

  • Kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand, i tråd med bevaringsstrategien.

  • Dei offentlege gravplassane skal vere for alle.

Måla og bakgrunnen for desse er nærare omtalte nedanfor under «Resultatrapport og strategiar».

Resultatrapport og strategiar

Den norske kyrkja

Den norske kyrkja har, etter grunnlovsendringar i 2012 og lovendringar i 2017, fått mynde til å ta avgjerder på eige og fritt grunnlag. Læregrunnlaget går fram av kyrkjeordninga og er vedteke av Kyrkjemøtet.

Staten og kommunane finansierer Den norske kyrkja. Dei offentlege løyvingane til kyrkja over statsbudsjettet og kommunebudsjetta blir ikkje fastsette etter medlemstalet i kyrkja, men er til vurdering kvart år i Stortinget og i kommunestyra. Staten finansierer prestetenesta og den regionale og sentrale kyrkjeadministrasjonen (Kyrkjerådet og bispedømmeråda), tilskot til trusopplæringa og diakonale tiltak i kyrkjelydane. Kommunane har det økonomiske ansvaret for mellom anna drifta og vedlikehaldet av kyrkjebygga og dei offentlege gravplassane. Dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygga er staten med på å finansiere, sjå kap. 883.

Finansieringa av Den norske kyrkja skal leggje til rette for at kyrkja framleis kan vere ei folkekyrkje med ei sterk lokal forankring. Dei som er medlemmer av kyrkja, skal kunne ta del i gudstenester og kyrkjelege handlingar der dei bur. Ei folkekyrkje er kjenneteikna av at folk sluttar opp om kyrkja, og at ho er synleg i lokalsamfunna, både som trussamfunn og som kulturberar. Ved å vere til stades i alle lokalsamfunn er kyrkja ein viktig bidragsytar til det frivillige arbeidet blant barn og ungdom, ikkje minst innanfor trusopplæringa, diakonien og det lokale musikk- og kulturlivet. Skal kyrkja vere ei lokalt forankra folkekyrkje i alle delar av landet, må prestetenesta ha gode rammevilkår og dei mange kyrkjebygga haldast ved like.

Det er òg viktig at dei kyrkjelege organa har legitimitet og forankring hos medlemmene. Då er det ein føresetnad at det blir gjennomført demokratiske val i kyrkja.

Oppgåva til staten er å gi kyrkja føreseielege økonomiske og rettslege rammer for arbeidet sitt, slik at kyrkja kan halde fram som ei demokratisk folkekyrkje. Strategiar og tiltak for å nå målet må kyrkja sjølv lage til.

På bakgrunn av dette har departementet sett dette målet for løyvingane til Den norske kyrkja:

  • Den norske kyrkja skal vere ei landsdekkjande, sjølvstendig og demokratisk folkekyrkje.

Den norske kyrkja er organisert i 1 146 sokn. Det blir regelmessig halde gudstenester i dei om lag 1 630 kyrkjebygga som høyrer til Den norske kyrkja. Talet på årsverk i prestetenesta var 1 291 ved utgangen av 2025, ein nedgang frå 1 307 i 2024.

I 2025 var dei samla offentlege tilskota til Den norske kyrkja på om lag 7,45 mrd. kroner. Over statsbudsjettet vart det løyvd om lag 2,66 mrd. kroner, medan kommunane løyvde om lag 4,79 mrd. kroner til drift og dekking av investeringsutgiftene til fellesråda.

Dei kommunale løyvingane til Den norske kyrkja blir disponerte av det kyrkjelege fellesrådet i kommunen, som er eit fellesorgan for kyrkjelydane (sokna). Fellesråda har òg andre inntekter, mellom anna frå utleige av kyrkjebygga og avgifter dei kan krevje etter gravplasslova. Tabellen nedanfor viser utviklinga i inntektene og utgiftene til fellesråda frå 2024 til 2025.

Tabell 4.5 Inntektene og utgiftene til dei kyrkjelege fellesråda 2024–2025

(i mill. kroner)

2024

2025

Endring frå 2024 i pst.

Driftsinntekter

5 876

6 127

4,3

Driftsutgifter

5 709

5 865

2,7

Investeringsinntekter

1 190

1 102

-7,4

Investeringsutgifter

1 377

1 360

-1,2

Kjelde: Rekneskapstal som fellesråda har rapportert til Statistisk sentralbyrå ved publisering i juni

Driftsinntektene til dei kyrkjelege fellesråda auka med 251 mill. kroner frå 2024 til 2025, medan driftsutgiftene auka med 156 mill. kroner. Netto driftsresultat etter at renter og avdrag er betalte, var for fellesråda samla på 198 mill. kroner i 2025, mot 197 mill. kroner i 2024.

Av driftsinntektene til fellesråda var dei kommunale overføringane på 3,97 mrd. kroner i 2025, noko som utgjorde 65 prosent av dei totale driftsinntektene til fellesråda. 3,8 mrd. kroner var reine tilskot frå kommunane, og 154 mill. kroner var berekna inntekter frå kommunal tenesteyting. Dei kommunale overføringane auka med 4,9 prosent frå 2024 til 2025. Dette er høgare enn lønns- og prisveksten i kommunesektoren, som for same perioden var på 4,7 prosent.

Det vart overført 819 mill. kroner, i hovudsak frå kommunane, til å dekkje investeringsutgiftene til fellesråda i 2025, mot 864 mill. kroner i 2024. Av desse var 510 mill. kroner tilskot til investeringar knytte til kyrkjer, og 215 mill. kroner til gravplassar.

Dei mest brukte måltala for tilslutnaden til Den norske kyrkja som folkekyrkje er utviklinga i talet på medlemmer, oppslutnaden om kyrkjelege handlingar (dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferd) og talet på gudstenester og gudstenestedeltaking.

Tabellen under viser tal for 2025 og utviklinga frå 2024 til 2025.

Tabell 4.6 Nøkkeltal for oppslutnaden om Den norske kyrkja i 2025

2025

Endring frå 2024

Medlemmer

3 427 657

-21 356

Del av befolkninga (pst.)

60,9

-0,8

Innmelde

4 450

+664

Utmelde

14 778

-80

Døypte

28 622

+1 263

Døypte av talet på fødde (pst.)

51,7

+1,0

Konfirmerte

33 419

+236

Konfirmerte av alle 15-åringar (pst.)

48,8

+1,0

Konfirmerte av 15-åringar som er medlem av kyrkja (pst.)

82,0

+2,0

Vigslar

7 080

+284

Gravferder

36 096

-23

Del av alle gravferder totalt (pst.)

82

-0,1

Deltakarar på alle gudstenester (digitale gudstenester er ikkje inkluderte)

4 605 506

+102 951

Tala i tabellen er frå publiseringa på SSB i juni for året før. Dei blir ikkje oppdaterte i etterkant i denne tabellen.

Talet på medlemmer i Den norske kyrkja minka med 0,6 prosent mellom 2024 og 2025. Hovudårsaka til nedgangen i medlemmer er at tala på døypte er lågare blant barn no enn i tidlegare generasjonar, og at eldre medlemmer døyr. Tala på døypte og vigslar har ein oppgang frå 2024, men sett over tid er tala nokså stabile. Ei mangeårig satsing på dåp har motverka nedgangen i dåpstala, og ser ut til å ha snudd trenden. Delen døypte av talet på fødde var på 51,7 prosent i 2025, etter ein auke på eitt prosentpoeng frå 2024.

Kyrkjelege seremoniar ved gravferder har halde seg nokså stabilt det siste året. Talet på unge kyrkjemedlemmer som konfirmerer seg, er stabilt med ein liten oppgang både i absolutte tal og i delen av alle 15-åringar som vel å konfirmere seg i kyrkja. Talet på innmeldte auka med 664 personar, medan det var ein reduksjon på 80 i talet på utmeldte frå 2024 til 2025. Talet på innmeldte blei 4 450 og talet på utmeldte var på 14 778 personar i 2025.

Den norske kyrkja opplever at fleire unge søkjer til kyrkja. I aldersgruppa 25–34 år var det rekordmange innmeldingar, med 914 nye medlemmer og i tillegg 1 800 ungdommar som vart døypte i samband med konfirmasjonen.

Talet på deltakarar på gudstenester har auka med 102 951 frå 2024 til 2025.

Barn og unge er eit prioritert område for Den norske kyrkja. Gjennom året er det ulike aktivitetar som babysong, kvardagssamlingar med middag for familiar, kor, klubbar og ungdomssamlingar. Den norske kyrkja samarbeider òg med ei rekkje skular og barnehagar. Skulen og kyrkja kan mellom anna samarbeide om skulegudstenester, KRLE-undervising, kunst, kultur og musikk.

Statistikken til Den norske kyrkja viser ein stor del tilsette over 50 år. Den norske kyrkja jobbar derfor kontinuerleg for å auke rekruttering til kyrkjeleg utdanning og jobb, inkludert kyrkjemusikarar. For å styrkje arbeidet er det etablert eit rekrutteringsteam, som også har dialog med utdanningsinstitusjonane. Framover vil Den norske kyrkja særleg styrkje arbeidet sitt blant unge, unge vaksne og menneske som opplever avstand til tradisjonelle kyrkjearenaer, og vere ein inkluderande møteplass. Det er Kyrkjemøtet som har ansvaret for å lage til strategiar og tiltak for å nå måla departementet set for løyvinga.

Sjømannskirken

Sjømannskirken er ein frivillig organisasjon som arbeider breitt for nordmenn i utlandet. Organisasjonen har 28 faste lokasjonar i 17 land, og saman med dei ambulerande sjømannsprestane og studentprestane dekkjer Sjømannskirken om lag 80 land, er til stades på alle kontinent og på norsk kontinentalsokkel. Målet er å gi nordmenn i utlandet sosiale, kulturelle og kyrkjelege møteplassar.

I tillegg er Sjømannskirken ein beredskapsorganisasjon som gir psykososial og praktisk støtte til nordmenn som kjem ut for ulykker og kriser i utlandet, i den grad det er kapasitet. Sjømannskirken betener nordmenn med gudstenester og gjennomfører kyrkjelege handlingar som dåp, konfirmasjon og vigsel. Organisasjonen har eit omfattande diakonalt arbeid, og hjelper nordmenn som av ulike grunnar har komme i ein sårbar situasjon. Organisasjonen er særleg oppteken av å vere ei støtte for norske barn, og har mellom anna eit frivillig familierådgivingstilbod for familiar i Spania som heiter Familieveiviseren. I 2025 handsama Familieveiviseren 152 saker, ein auke frå 129 saker i 2024. Dette er saker som kan handle om rus, vald i nære relasjonar eller problematiske oppvekstvilkår for barn. Familieveiviseren hjelper familiane og samarbeider med lokale og norske styresmakter.

Beredskapsarbeidet til Sjømannskirken gir ein tryggleik for dei som ferdast i utlandet. Sjømannskirken har ein nødnummerapp og ein døgnopen beredskapstelefon ein kan ta kontakt med dersom ein blir råka av ei ulykke eller ein krise. Organisasjonen har eit nært samarbeid med utanrikstenesta i beredskapssituasjonar, og øver regelmessig på krisehandtering med Utanriksdepartementet, ambassadane og næringslivet i inn- og utland. Då krigen i Midtausten braut ut i februar 2026 og Dubai vart angripen med dronar og missil, stilte Sjømannskirken opp for nordmenn som opplevde ein akutt og uoversiktleg situasjon. Sjømannskirken gav informasjon, støtte og koordinering, og samarbeidde tett med norske styresmakter for å ta vare på nordmenn i utlandet.

Dei siste åra har organisasjonen intensivert arbeidet med å besøkje nordmenn som sonar i utanlandske fengsel. Denne satsinga held fram. Soningstilhøva i utanlandske fengsel er ofte særs krevjande, og dei innsette er ofte avhengige av besøka og støtta frå ambassadane og sjømannskyrkjene.

Verksemda hadde 148 tilsette i 2025. I tillegg engasjerer mange nordmenn seg som frivillige i Sjømannskirken, og det frivillige arbeidet utgjorde om lag 66 årsverk i 2025, fordelte på lokale frivillige og utsende frivillige sesongmedarbeidarar. Sjømannskirken har dei siste åra endra organisering slik at dei ulike sjømannskyrkjene no dekkjer større område gjennom oppsøkjande arbeid. I tillegg er dei ambulerande tenestene styrkte. Gjennom det oppsøkjande arbeidet blir det rom for einskildmøte og samlingar utanfor sjømannskyrkjene, og fleire får støtte i sårbare situasjonar.

I tillegg til overføring frå staten, finansierer Sjømannskirken arbeidet sitt ved hjelp av støtte frå næringslivet, private givarar og kyrkjeoffer.

Departementet føreslår å føre vidare tilskotet til Sjømannskirken i 2027.

Trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja

Det religiøse livet i Noreg er i dag prega av ein sterk kristen kulturarv på den eine sida, og eit større trus- og livssynsmangfald og meir sekularisering på den andre sida. I lys av denne utviklinga er det viktig med ein heilskapleg og aktivt støttande trus- og livssynspolitikk som støttar opp under eit livssynsope samfunn. Dei rettslege og økonomiske rammene skal, så langt det er mogleg og innanfor dei rammene som menneskerettane og Grunnlova § 16 set, leggje til rette for at alle kan utøve trua si eller livssynet sitt.

Departementet har sett dette målet for trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja:

  • Eit livssynsope samfunn med eit mangfald av trus- og livssynssamfunn.

Trussamfunnslova som tok til å gjelde 1. januar 2021, har medverka til å forenkle tilskotsforvaltinga, mellom anna ved at staten har teke over dei kommunale utbetalingane. Lovgivinga og tilskotsordninga er no i større grad i takt med utviklinga og mangfaldet av trusretningar og livssyn i Noreg. Trussamfunnslova gir registrerte trus- og livssynssamfunn ein rett til å krevje årlege statstilskot. Grunnlaget for tilskotsordninga er at alle trus- og livssynssamfunn skal støttast på lik linje og få offentleg støtte dersom dei fyller visse vilkår. Eit viktig mål for den offentlege støtta til samfunna er å støtte opp under det livssynsopne samfunnet.

Regjeringa la sommaren 2025 fram ein strategi for eit livssynsope samfunn. I strategien er det lagt fram sju prinsipp for trus- og livssynspolitikken og eit livssynsope samfunn:

  1. Tru og livssyn er viktige aspekt ved menneskeleg livsutfalding, som fritt skal kunne komme til uttrykk på linje med andre kulturelle uttrykk.

  2. Alle innbyggjarar skal trygt kunne leve med si tru, sitt livssyn eller si ikkje-tru, utan å risikere diskriminering eller hatefulle ytringar.

  3. Alle bør akseptere å bli eksponerte for andre sin trus- og livssynspraksis i det offentlege rom, men trus- og livssynspraksisen til den einskilde skal ikkje krenkje andre sine rettar og fridommar.

  4. Både Den norske kyrkja og dei andre trus- og livssynssamfunna er ein sentral del av sivilsamfunnet og den frivillige sektoren og ein ressurs for samfunnet.

  5. Organisert trus- og livssynsutøving som får statleg støtte, må kunne forventast å vise vilje til openheit og vise anna trus- og livssynsutøving den same respekten som ein sjølv forventar og nyt godt av.

  6. Trus- og livssynspolitikken skal ta vare på sentrale felles verdiar som demokrati, rettsstat, menneskerettar, ikkje-diskriminering og likestilling.

  7. Trus- og livssynspolitikken skal vere aktivt støttande, sikre lik handsaming av alle trus- og livssynssamfunn, og anerkjenne den særlege stillinga Den norske kyrkja har som folkekyrkje etter Grunnlova.

Strategien har fem område som skal medverke til å auke kunnskapen og kompetansen om kva det vil seie å vere eit livssynsope samfunn, og betre samarbeidet mellom sektorane og dei ulike nivåa i forvaltinga:

  1. Brubygging, dialog og samarbeid

  2. Tilgang på tenester og lokale

  3. Kunnskap og kompetanse

  4. Beredskap og krisehandtering

  5. Diskriminering, rasisme og hatytringar

Satsingsområda støttar gjensidig opp under kvarandre. Under satsingsområda er det tilordna til saman 21 tiltak. Prioritering og oppfølging av desse vil bli gjort i samarbeid med sektoren, og departementet er godt i gang med dette arbeidet. Strategien vil vare fram til 2030.

I 2025 vart det utbetalt 1,19 mrd. kroner i statleg tilskot til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja, utrekna etter ein sats på 1 554 kroner per medlem. Til samanlikning var det samla tilskotet frå staten i 2024 på 1,08 mrd. kroner. Auken på 106,9 mill. kroner nominelt kjem av eit høgare tilskotsbeløp per medlem i 2025 enn i 2024, og at det samla talet på tilskotsteljande medlemmer auka med nesten 18 000 frå 2024 til 2025. Talet på trus- og livssynssamfunn som søkte om registrering og/eller fremja krav om tilskot, gjekk også opp, frå 758 til 776 samfunn. Dei 776 samfunna hadde i alt 775 307 tilskotsteljande medlemmer.

Departementet har innhenta ei oversikt frå Statsforvaltaren sine fellestenester, som viser at 24 av 745 samfunn som har sendt inn årsrapport for 2025 per 7. juli 2026, opplyser at dei har fått til saman 50 000 kroner eller meir i bidrag frå ein eller fleire givarar i eit anna land enn Noreg. Desse tala er usikre. Av dei 24 samfunna er 14 kristne, fem muslimske og tre buddhistiske. Etter det opplyste i årsrapportane har bidraga komme frå følgjande land: Canada, Frankrike, Island, Israel, Kina, Spania, Storbritannia, Sveits, Sverige, Thailand, Tyrkia, Tyskland og USA. Oversikta seier ikkje noko om givarane er private eller statlege. Har bidrag komme frå eit land der staten ikkje respekterer retten til trus- og livssynsfridom, kan statsforvaltaren krevje at samfunnet informerer om kven givarane er, og storleiken på det respektive bidraget.

Den digitale løysinga som trus- og livssynssamfunn skal bruke ved innsending av krav om tilskot, registreringssøknader med meir, har blitt vidareutvikla og forbetra, men det er behov for å halde fram med dette arbeidet.

Fleire av endringane i trussamfunnslova Stortinget vedtok i 2025, tok til å gjelde frå 1. januar 2026, jf. Prop. 116 L (2023–2024) Endringer i trossamfunnsloven (aktivitets- og antallskrav) og Innst. 111 L (2024–2025). Nødvendige forskriftsendringar som følgje av lovendringane, tok til å gjelde frå same dato.

Trus- og livssynssamfunn som krev tilskot, må no stadfeste at dei vil arbeide for å oppnå minst 40 prosent kvinner og 40 prosent menn i styrande organ som forvaltar tilskotet. Frå og med 2027 må dei i årsrapporten dei sender til statsforvaltaren, opplyse om tiltak som er planlagde eller sette i verk. Denne aktivitetsplikta inneber at samfunn som ikkje kan dokumentere at dei har tiltak, kan bli nekta tilskot (men ikkje registrering). Stillingar og verv som etter likestillings- og diskrimineringslova oppfyller vilkåra for lovleg å gjere skilnad på grunn av kjønn, er unnatekne frå aktivitetsplikta.

Frå og med 2026 må trus- og livssynssamfunn ha minst 100 teljande medlemmer for å kunne bli registrerte og krevje tilskot etter trussamfunnslova. Tidlegare var det eit krav om minst 50 teljande medlemmer. Trus- og livssynssamfunn som er registrerte og har minst 100 medlemmer per 1. januar 2026, kan behalde registreringa og motta tilskot så lenge dei har minst 85 medlemmer.

Departementet har dei siste to åra arbeidd med reguleringa av teieplikta i trus- og livssynssamfunn. Prop. 102 L (2025–2026) vart lagd fram for Stortinget før sommaren 2026. Forslaga i proposisjonen inneber at den lovregulerte teieplikta for prestar og forstandarar i Den norske kyrkja og registrerte trussamfunn, blir flytta frå straffelova § 211 til ei ny føresegn i trussamfunnslova. Framlegget inneber i hovudsak ei vidareføring av gjeldande rett, men departementet gjer framlegg om nokre endringar for å tydeleggjere teieplikta og innføre to unntak frå teieplikta. I situasjonar som nemnde i barnevernslova § 13-2 første ledd bokstav a til e, blir det i forslaget gitt høve til å melde til barnevernet. Det blir også gitt ei moglegheit til å dele opplysningar for å unngå fare for liv og helse. Ingen av unntaka innfører ei meldeplikt, men gir personkrinsen som er omfatta av teieplikta, ein rett til å melde opplysningar vidare.

I desember 2024 utnemnde regjeringa eit ekspertutval om tilskotsordning for Den norske kyrkja og andre trus- og livssynssamfunn. Utvalet skulle greie ut ulike tilskotsordningar for ei berekraftig og føreseieleg finansiering for sektoren. Rapporten frå ekspertutvalet var ferdig i august 2025 og teiknar opp tre moglege endringar i tilskotsordningane. Utvalet peikar også på fleire omsyn som kan inngå i ei vurdering dersom tilskotsordningane skal endrast. Rapporten har vore på høyring, og vidare oppfølging er til vurdering i departementet.

Tabell 4.7 Medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja, fordelte på religion/livssyn1

2010

2020

2025

Medlemstal

Pst.

Medlemstal

Pst.

Medlemstal

Pst.

Buddhisme

13 376

3,0

21 555

3,1

22 176

2,9

Hinduisme

5 175

1,2

12 153

1,7

14 320

1,8

Islam

98 953

22,0

182 826

26,2

197 390

25,5

Kristendom

245 664

54,6

372 651

53,4

384 324

49,6

Andre religionar

3 817

0,8

8 604

1,2

10 279

1,3

Livssyn

82 890

18,4

99 468

14,3

146 818

18,9

I alt

449 875

100,0

697 257

100,0

775 307

100,0

1 Tabellen gjeld talet på tilskotsteljande medlemmer i trus- og livssynssamfunn.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Som det går fram av tabellen ovanfor, har det vore ein stor auke i talet på medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja frå 2010 til 2025. Om lag 75 prosent av befolkninga er enten medlem av Den norske kyrkja eller teljande medlem i eit anna trus- eller livssynssamfunn. Om lag 14 prosent av befolkninga var teljande medlem i eit trus- eller livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja i 2025. Den delen av befolkninga som ikkje er medlem av noko samfunn, er aukande.

Hinduistiske trussamfunn hadde den største prosentvise auken i perioden 2010–2025, etterfølgt av dei muslimske trussamfunna, livssynssamfunna og dei buddhistiske trussamfunna. I medlemstal utgjer dei kristne trussamfunna den største gruppa av samfunn utanom Den norske kyrkja, med nær halvparten av dei tilskotsteljande medlemmene. Talet på medlemmer i dei kristne trussamfunna har auka med om lag 55 pst. i perioden 2010–2025. Dei muslimske trussamfunna hadde i alt 197 390 tilskotsteljande medlemmer i 2025, og islam er med dette den nest største religionen eller livssynet i Norge. Blant livssynssamfunna er Human-Etisk Forbund (HEF) det største. Forbundet har hatt ein sterk auke i medlemstalet i seinare år. Frå 2020 til 2025 auka talet på teljande medlemmer i HEF frå 93 276 til 139 719, ein auke på 50 prosent.

Eit særtrekk ved den norske trus- og livssynsdialogen er at han femnar om både religiøse og sekulære livssyn. I strategien for eit livssynsope samfunn som regjeringa lanserte sommaren 2025, er brubygging, dialog og samarbeid løfta fram som eige satsingsområde.

Dei organisasjonane som er etablerte som paraplyorganisasjonar for trus- og livssynssamfunna, har ei viktig oppgåve med å auke kunnskapen om dei ulike religionane og livssyna, både i samfunna og i sivilsamfunnet. Dei er òg viktige dialogpartnarar for offentlege styresmakter i ulike spørsmål. Departementet ser det som viktig å gi støtte til det brubyggjararbeidet som desse organisasjonane driv, og til andre tiltak som kan styrkje trus- og livssynsdialogen.

Departementet gir driftstilskot til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL), Norges Kristne Råd og Muslimsk Dialognettverk. Desse organisasjonane fekk ein auke i driftstilskotet frå 2026, som er ført vidare i 2027. Sjå omtale under kap. 881, post 78.

STL fekk òg tilskot for å leggje til rette for dialog mellom trus- og livssynssamfunn, LHBT+-organisasjonar og organisasjonar for skeive religiøse som opplever utfordringar i trus- og livssynssamfunn. Tilskotet er gitt til oppfølging av regjeringa sin handlingsplan for kjønns- og seksualitetsmangfald (2023–2026).

Det samla tilskotet til dialogtiltak, som blir tildelt etter søknad, var på 3,5 mill. kroner i 2025, fordelte på 21 søkjarar. Fleire av søknadene omfatta fleire prosjekt, og var eit samarbeid mellom ulike organisasjonar og trussamfunn. Dei fleste prosjekta handla om dialog og kunnskapsutvikling, men òg sosiale tiltak og undersøkingar fekk tilskot. Ordninga blir ført vidare i 2027.

Det teologiske fakultetet ved Universitetet i Oslo (UiO) får tilskot til kurstilbodet Å være religiøs leder i det norske samfunn. Kurset er retta mot religiøse leiarar med utanlandsk bakgrunn i Noreg, og kan takast med og utan studiepoeng. Forskingsstiftinga Fafo har utført eit forskings- og utgreiingsoppdrag om kva som kan bidra til at fleire religiøse leiarar og nøkkelpersonar i trus- og livssynssamfunn tar tilleggsutdanning knytt til rolla som trus- og livssynsleiar i Noreg. Departementet har på bakgrunn av rapport frå Fafo og i dialog med Det teologiske fakultet, UiO, vurdert moglege endringar i eksisterande kurstilbod og andre tiltak for å bidra til at fleire leiarar i trus- og livssynssamfunn fullfører tilleggsutdanning. Omtalen av målgruppa vil bli endra slik at kurset vil bli oppfatta som relevant for fleire. Det er også behov for å auke talet på studieplassar frå 20 til 25 plasser per studieemne. På sikt kan det vere aktuelt å greie ut behovet for å utvide kurstilbodet med regionale samlingar og kurs, jf. omtale av oppmodingsvedtak nr. 142, 12. desember 2023 i del I.

Kyrkjebygga

Kyrkjene er ein viktig del av den norske kulturarven. Dei fortel om opptil 1 000 års kulturhistorie og viser noko av det fremste nasjonen har produsert innan arkitektur, kunst og handverk. Saman med gravplassane rundt, er dei kjelder til oppleving og kunnskap. Dei fortel om religiøst liv som er levd, om stilhistorie, handverkstradisjonar og materialbruk opp gjennom tidene. Samstundes er dei fleste kyrkjene framleis i aktiv bruk av kyrkjelyden og som samlingsstad rundt høgtider i livet, men også som konsertarena, øvingslokale for lokale kor, møteplass for organisasjonar m.m. For mange er kyrkja eit signalbygg i lokalsamfunnet og ein stad der ein kan søkje trøyst eller samhald etter store ulykker og andre kriser som råkar samfunnet eller den einskilde.

Av dei om lag 1 630 kyrkjebygga vi har her i landet, tilhøyrer nær 1 000 kategorien kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg. Dette er kyrkjebygg som Riksantikvaren har freda eller listeført. Dei fleste er det sokna i Den norske kyrkja som eig. I tillegg er nokre i privat eige, eller dei er eigde av stiftingar, museum, staten eller dei høyrer til eit anna trussamfunn.

Forvaltinga av dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygga må ta høgde både for kyrkjelege behov og interesser og for nasjonale og lokale kulturmiljøomsyn. Dette er det teke omsyn til i både Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg frå 21. februar 2024 og rundskriv Q-06/2020 som gir nærare reglar og rettleiing om forvalting av kulturmiljøverdiane i og rundt kyrkjene. Begge er utarbeidde i samarbeid med Klima- og miljødepartementet (KLD). Kyrkjene er også ein del av bevaringsstrategien for kulturmiljøet i bygder og byar, og vil vere viktige å ta omsyn til i arbeidet med ny kulturmiljølov og endringar i tilskotsordningane Riksantikvaren elles forvaltar, sjå nærare omtale i budsjettproposisjonen frå KLD.

Det er kommunen som har det økonomiske ansvaret for drifta og vedlikehaldet av alle kyrkjebygga som sokna i Den norske kyrkja eig. Den daglege forvaltinga er det dei kyrkjelege fellesråda som har ansvaret for.

Det har lenge vore ei utfordring at mange av kyrkjene har eit stort etterslep i vedlikehaldet, og ikkje er godt nok sikra mot brann. I samband med delinga av verdiane i Opplysningsvesenets fond (no Allstad AS) vart det derfor vedteke at staten må ta eit større ansvar for å sikre dei kyrkjene som har størst kulturminneverdi, jf. handsaminga av Meld. St. 29 (2018–2019) Opplysningsvesenets fond, og Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål for kulturmiljøpolitikken. Dette er følgt opp i bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg, som saman med Forskrift om tilskudd til kulturhistorisk verdifulle kirkebygg gir rammer for ein forsterka statleg innsats for dei kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygga gjennom Kyrkjebevaringsfondet, jf. omtale under.

Departementet har på bakgrunn av dette sett dette målet for kyrkjebygga:

  • Kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg skal vere i forsvarleg stand, i tråd med bevaringsstrategien.

Dei årlege investeringsutgiftene i kyrkjebygga har lenge lege på rundt 600–700 mill. kroner, men har dei siste åra auka jamt. Ifølgje tal frå SSB per juni 2026 låg investeringsutgiftene i 2025 tett opp under 1 mrd. kroner. Auken kan ha samanheng med tiltakande aktivitet i bevaringsarbeidet. I perioden 2019–2023 vart det løyvd om lag 240 mill. kroner til kyrkjebevaring gjennom tilskotsordninga departementet hadde på kap. 882, post 61, medan det i 2024 og 2025 er samla utbetalt nærare 180 mill. kroner frå kap. 883 Kyrkjebevaringsfondet, post 60. Tilskotsløyvingane på kap. 882, post 61, er no avvikla og erstatta av tre bevaringsprogram for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg, som er etablerte innanfor ramma av bevaringsstrategien, sjå kap. 883 Kyrkjebevaringsfondet. Dei siste utbetalingane på kap. 882, post 61, vart gitte i 2025. Begge desse ordningane har kravd og krev kommunal eigendel.

I tillegg har staten i fleire år òg gitt tilskot til å setje i stand kyrkjebygg gjennom rentekompensasjonsordninga for kyrkjebygg over kap. 882, post 60. Sidan 2019 har det ikkje vore noka ny investeringsramme i rentekompensasjonsordninga. I 2025 vart det utbetalt rentekompensasjon på 117,6 mill. kroner, ein nedgang på 10,7 mill. kroner frå 2024 som følgje av nedgang i netto berekningsgrunnlag.

Bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg – Kyrkjebevaringsfondet

Bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg og tilskotsforskrifta som er utarbeidd på grunnlag av denne, gjeld for dei om lag 1 000 kyrkjebygga som er freda eller listeførte av Riksantikvaren, uavhengig av eigarskap.

Etter ei opptrapping dei fyrste åra kan det løyvast inntil 500 mill. 2024-kroner årleg til bevaring av kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg, inkludert kostnader til forvalting. Tempoet i opptrappinga er avhengig av talet og storleiken på godkjende søknader og kapasiteten i marknaden til denne typen prosjekt. Ei tilsegnsfullmakt gjer at tilskotsordninga blir føreseieleg for kyrkja og kommunane. For 2027 er det på bakgrunn av innmeldt behov frå programstyret for Kyrkjebevaringsfondet føreslått ei løyving på 527,4 mill. kroner, sjå omtale under kap. 883, post 60.

Utbetalingar gjennom tilskotsordninga er basert på behova i dei einskilde prosjekta. Tilskotsmottakar får tilsegn om tilskot til gjennomføring av prosjektet i sin heilskap, basert på godkjent kostnadsramme og utbetalingsplanar fordelte på år.

Etter tre tilskotsrundar er det ein tydeleg vekst i nye søknader og i talet på prosjekt som har fått tilsegn om tilskot. Kyrkjebevaringsfondet melder om at det er aukande merksemd om bevaringsstrategien og moglegheitene denne ber med seg. Innanfor innsatsområde 1, som er hovudprosjekt eller forprosjekt for sjølve istandsetjinga, vart det gitt tilsegn om tilskot til 44 prosjekt i 2024, 140 i 2025, og 418 så langt i 2026. I 2025 vart det også gitt tilsegn om tilskot til 14 prosjekt innanfor innsatsområde 2 (kunnskap og kompetanse), medan det i 2026 er gitt tilsegn om tilskot til 23 prosjekt innanfor innsatsområde 2, og 44 prosjekt innanfor innsatsområda 3 og 4 (oppleving/formidling og engasjement/deltaking). Det er fyrste gongen det er lyst ut og tildelt midlar innanfor innsatsområda 3 og 4. Etter siste utlysing i 2026 har totalt 322 kyrkjer fått tilsegn om tilskot til eit eller fleire istandsetjingsprosjekt. Av desse er 97 mellomalderkyrkjer i stein.

I 2024 vart det utbetalt nærare 72 mill. kroner i tilskot. I 2025 vart det utbetalt 106 mill. kroner i tilskot.

Avviket mellom løyvinga det enkelte år og faktiske utbetalingar skyldast i hovudsak forseinkingar i prosjekta. Kyrkjebevaringsfondet har på oppdrag frå departementet sett på moglegheitene for å justere på tidspunkt for utlysingar og tildelingar, slik at kyrkjeeigar får betre tid til å planleggje prosjekta og komme i gang i tråd med planen. Prosjekt Digital saksflyt, som etter planen skal gjennomførast i 2026 og vere klart for bruk i 2027, vil også medverke til å gjere planlegging enklare for både tilskotsmottakar og tilskotsforvaltar.

Programstyret har etablert eit fagråd for Kyrkjebevaringsfondet, som gjennom året har hatt tre møte og har komme med verdifulle innspel til arbeidet.

Gravplassane

Gravplassar og gravskikkar seier mykje om verdiane og kulturen som har prega landet vårt, og om korleis samfunnet endrar seg over tid. Gravplassane som kulturmiljø fortel historier om heile lokalsamfunn, slekter og einskildmenneske.

Norsk gravferdstradisjon har vore prega av kristen kulturhistorie, med ei sterk nasjonal kyrkje. Etter kvart som det kom andre trusretningar til, vart medlemmer av desse òg gravlagde på dei offentlege gravplassane. I Noreg har vi derfor berre nokre få eigne gravplassar for ulike trusretningar. Det at alle kan bli gravlagde på dei offentlege gravplassane, uavhengig av tru eller livssyn, er ein sentral verdi på dette området, og stiller krav til regelverket og til drifta av dei offentlege gravplassane.

At dei offentlege gravplassane blir haldne ved like og forvalta i samsvar med eigenarten dei har, inneber mellom anna at dei etterlatne og innbyggjarane generelt skal vere godt nøgde med den offentlege tenesteytinga, og at gravplassane blir skjøtte med omsut og blir tekne vare på som kulturlandskap og kulturmiljø. Gravplassane frå mellomalderen har særskild høg kulturmiljøverdi og er automatisk freda, saman med samiske gravplassar frå 1917 eller tidlegare. Utvalde graver og gravfelt frå ulike tidsperiodar bør bevarast for å synleggjere utviklingstrekk og ulik praksis gjennom tidene. Vern bør likevel, så langt det lèt seg gjere, ikkje hindre bruk.

Departementet har med bakgrunn i dette fastsett dette målet for forvaltinga av dei offentlege gravplassane:

  • Dei offentlege gravplassane skal vere for alle.

Det er Den norske kyrkja lokalt som etter lova har forvaltingsansvaret for gravplassane. Om lag 30 kommunar står for drifta av gravplassane i staden for dei kyrkjelege fellesråda i dei kommunane. Av desse har seks kommunar også overteke ansvaret som gravplass-styresmakt. Det er inngått lokale tenesteytingsavtalar om driftsoppgåver i om lag 20 prosent av kommunane.

Hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har ein bygd opp eit kompetansemiljø, som i tillegg til å gjere vedtak etter lov og forskrift, skal rettleie lokale styresmakter og støtte departementet i arbeidet med kunnskapsinnhenting, statistikk og regelverksutvikling for gravplass-sektoren. I 2027 blir det lagt opp til å styrkje arbeidet hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark med å rettleie gravplass-styresmaktene og kommunane om beredskap knytt til gravplassar og krematorium på ulike delar av krisespekteret. Statsforvaltarane har allereie generelle beredskapsoppgåver og kompetanse dei kan bruke for å løyse desse nye oppgåvene på gravplassområdet. Framlegget om å auke løyvinga følgjer opp Totalberedskapsåret og Nasjonal sikkerhetsstrategi.

Gravplassane blir finansierte gjennom kommunale løyvingar og ved brukarbetaling. I 2025 hadde fellesråda 1 223 mill. kroner i driftsutgifter til gravplassforvaltinga, mot 1 165 mill. kroner i 2024. Investeringsutgiftene var på 443 mill. kroner, mot 431 mill. kroner i 2024. Investeringsutgiftene går mellom anna til å utbetre og utvide gravplassane. I tillegg kjem utgifter til gravplassforvalting i dei kommunane som har teke over drifts- og/eller forvaltingsansvaret. Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå var dei samla utgiftene til drift av gravplassane på 1 526 mill. kroner i 2025, mot 1 420 mill. kroner i 2024. Dette utgjer i snitt 33 870 kroner i driftsutgifter per gravlegging i 2025. Driftsutgiftene per gravlegging har dei siste ti åra auka med 31,9 prosent, frå 23 073 kroner i 2015. 44,4 prosent av utgiftene i 2025 vart finansierte gjennom betaling frå brukarane (mellom anna i form av festeavgift). Dette er ein marginal auke frå 2024, då brukarbetalinga låg på 43,7 prosent.

I 2025 vart 53,4 pst. av kistene kremerte. Dette er ein auke på to prosentpoeng frå 2024. Kremasjon aukar òg i mindre sentrale kommunar. Urnenedsetjing er framleis den mest vanlege gravleggingsforma etter kremasjon, men statsforvaltarane rapporterer om ein auke i talet på søknader om oskespreiing.

I 2025 og 2026 er det arbeidd vidare med å digitalisere prosessen rundt livshendinga dødsfall og arv. Eit av måla er at vala og oppgåvene etterlatne må gjere etter gravplasslova, kan skje digitalt og ikkje som i dag ved å fylle ut eit skjema på papir. Digitaliseringa av informasjonsstraumen frå innbyggjarane via gravferdsbyråa til gravplass-styresmaktene lokalt og krematoria vil styrkje informasjonstryggleiken og personvernet samanlikna med å sende skanna papirskjema på e-post. Ein fyrste versjon av tenesta Digital gravferdsmelding har blitt teken i bruk av nokre innbyggjarar, gravplass-styresmakter, krematorium og gravferdsbyrå. Digital gravferdsmelding har to hovudelement. Det eine er ei innbyggjarløysing der etterlatne kan gjere val for gravferda. Det andre er ein kanal for deling av data slik at aktørane i gravferda (som gravplass-styresmakta, krematorium og gravferdsbyrå) har same, verifiserte og korrekte informasjon om vala som er tekne, slik at dei kan gjere sin del av jobben.

Utrullinga av Digital gravferdsmelding er avhengig av samspelet med fagsystema til gravplass-styresmaktene, krematoria og gravferdsbyråa. I staden for å rette merksemda mot landsdekkjande utrulling av Digital gravferdsmelding, har ein valt å prioritere å forbetre samspelet mellom fagsystema. Utrullinga i 2026 og 2027 vil med andre ord skje parallelt med forbetring av måten Digital gravferdsmelding fungerer på for dei profesjonelle aktørane. Etter kvart vil det bli utvikla nye funksjonar i Digital gravferdsmelding som gjer at innbyggjarane kan ta fleire val og løyse fleire oppgåver etter eit dødsfall digitalt.

Tenesta Digital gravferdsmelding er del av livshendinga dødsfall og arv, og blir utvikla av Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark i samarbeid med Digitaliseringsdirektoratet. Statsforvaltaren har trekt inn ulike organisasjonar og representantar for aktørane i arbeidet med utrullinga og vidareutviklinga av tenesta. Løyvinga skal i hovudsak brukast til prosjektleiing, brukartesting, design og programmering av løysinga, personvernvurderingar, utgreiing av juridiske spørsmål og utvikling av tilleggsfunksjonar i tenesta.

Noreg i tusen år – Nasjonaljubileet 2030

Regjeringa ønskjer at 1 000-årsjubileet for slaget på Stiklestad blir ei nasjonal markering, der Museene Arven AS er navet i jubileet. Museene Arven AS har sekretariatsoppgåver for jubileet og for den nasjonale komitéen for Nasjonaljubileet 2030. Komiteen er sett saman på ein måte som dekkjer viktige delar av norsk samfunnsliv, og med personar som har kunnskap og evne til å bidra til at Nasjonaljubileet blir ei nasjonal markering.

I åra fram mot 2030 vil det vere ein jubileumsstafett med ulike tema og markeringar. Tusenårsmarkeringane skal skape engasjement, debatt og interesse for norsk historie og kulturarv i åra fram mot 2030.

I 2025 var temaet «Migrasjon og identitet» og dette vart blant anna markert gjennom det nasjonale utvandrarjubileet «Crossings 200», som markerte 200-årsjubileet for starten av den organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika.

I 2026 er jubileumstemaet «Slekt og samfunn», og mottakarane av tilskot er Nordenfjeldske kunstindustrimuseum: kunstprosjektet Tusenårsteppet, Museene for Kystkultur og gjenreisinga av Finnmark IKS, Finnmark fylkeskommune, Pilegrimsfellesskapet Sandefjord, Norges Kristne Råd, Fortidsminneforeningen, Nordmørsmusea AS, Nordic Voices, Sanden Media AS, Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn, Nidaros Bispedømmeråd, og Sarpsborg kommune. For 2027 er temaet «Tilhørighet».

I tillegg til dei årlege temaa i jubileumsstafetten, har det utvikla seg satsingsområde, såkalla Tusenårstema, som inneber fleirårige temasatsingar. Desse er «Tru i 1000 år», «Pilegrim i 1000 år», «Kunst og handverk i 1000 år», «Musikk i 1000 år», «Mat og drikke i 1000 år» og «Ung i 1000 år».

For oversikt over markeringane regjeringa føreslår tilskot til i 2027, sjå omtale under kap. 881, post 77. Auka løyving frå budsjettforliket for 2026, blir ført vidare i 2027.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Endring i pst.

880

Den norske kyrkja

2 788 264

2 885 609

2 989 376

3,6

881

Tilskot til trussamfunn m.m.

1 222 408

1 339 096

1 428 166

6,7

882

Kyrkjebygg og gravplassar

156 507

111 531

99 608

-10,7

883

Kyrkjebevaringsfondet

124 831

426 162

554 332

30,1

Sum kategori 11.50

4 292 010

4 762 398

5 071 482

6,5

Utgifter under programkategori 11.50 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

22 312

35 629

40 295

13,1

50–89

Overføringar til andre

4 269 698

4 726 769

5 031 187

6,4

Sum kategori 11.50

4 292 010

4 762 398

5 071 482

6,5

Kap. 880 Den norske kyrkja

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

70

Rammetilskot til Den norske kyrkja

2 663 556

2 756 412

2 855 399

71

Tilskot til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet

124 708

129 197

133 977

Sum kap. 880

2 788 264

2 885 609

2 989 376

Post 70 Rammetilskot til Den norske kyrkja

Frå posten blir det løyvd eit rammetilskot til Den norske kyrkja.

Tilskotet skal dekkje driftsutgifter og femnar i hovudsak om prestetenesta og dei regionale og nasjonale organa til kyrkja. Tilskotet inkluderer mellom anna støtte til opplæring innan tru og diakonien i kyrkjelydane. Frå og med 2026 inkluderer tilskotet òg refusjon av utgifter til kommunal prestebustad som overstig kontraktsfesta husleige for dei prestane som hadde buplikt med subsidiert leige før buplikta vart oppheva i 2015.

Det er Kyrkjemøtet som rår over midlane og vedtek korleis tilskotet skal brukast. Tilskotet skal ikkje brukast til å avlaste kommunane for utgiftene dei er pålagde etter trussamfunnslova § 14.

Departementet føreslår å redusere løyvinga med 3 mill. kroner for å finansiere arbeid hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark med å rettleie gravplass-styresmaktene og kommunane om beredskap knytt til gravplassar og krematorium. Sjå tilsvarande auke på kap. 881, post 21.

Departementet føreslår ei løyving på om lag 2,9 mrd. kroner i 2027.

Post 71 Tilskot til Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet

Frå denne posten blir det gitt tilskot til Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet. Målet med tilskotet er å leggje til rette for at dei kan ta seg av den kyrkjelege beteninga av nordmenn i utlandet i samsvar med særpreget til organisasjonen som åndeleg, sosial og kulturell samlingsstad og dessutan beredskapsorganisasjon. Sjå nærare omtale av tilskotet i Prop. 1 S (2025–2026).

I tillegg til statstilskotet verksemda får, blir ho finansiert gjennom gåver frå private og tilskot frå norsk internasjonalt næringsliv. Resultatrekneskapen for Sjømannskirken (konsernrekneskapen), som inkluderer alle personalutgifter, viste i 2025 samla utgifter på 285,2 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 134 mill. kroner i 2027.

Kap. 881 Tilskot til trussamfunn m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

21

Spesielle driftsutgifter

8 466

17 754

21 411

70

Tilskot til trus- og livssynssamfunn, overslagsløyving

1 186 845

1 284 542

1 368 704

77

Nasjonaljubileet 2030

8 687

12 000

12 333

78

Ymse faste tiltak

18 410

24 800

25 718

Sum kap. 881

1 222 408

1 339 096

1 428 166

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten skal dekkje utgifter til forsking og utviklingstiltak på trus- og livssynsområdet og innanfor feltet gravplassar, kremasjon og gravferd. Posten skal vidare dekkje kontingentar og utgifter som følgje av avtalar som departementet har forplikta seg til innanfor programkategorien. Frå posten blir det òg løyvd midlar til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark for arbeidet deira med prosjektet Digital gravferdsmelding, som inngår i arbeidet med å digitalisere delane av livshendinga dødsfall og arv departementet har ansvar for.

Departementet føreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner i 2027 til arbeid hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark med å rettleie gravplass-styresmaktene og kommunane om beredskap knytt til gravplassar og krematorium.

Samla føreslår departementet ei løyving på 21,4 mill. kroner på posten i 2027.

Post 70 Tilskot til trus- og livssynssamfunn, overslagsløyving

Tilskota til trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja er heimla i lov om tros- og livssynssamfunn (trussamfunnslova). Trus- og livssynssamfunna får eit tilskot frå staten som svarar om lag til det staten og kommunane gir i tilskot til Den norske kyrkja, rekna per medlem, jf. trussamfunnslova § 5.

Løyvinga på posten følgjer av fire faktorar: utgifter til Den norske kyrkja over statsbudsjettet, utgiftene kommunane har til Den norske kyrkja, talet på medlemmer i Den norske kyrkja og talet på medlemmer i trus- og livssynssamfunna utanom Den norske kyrkja. I kapittel 3 i trussamfunnsforskrifta er det forklart korleis tilskota blir rekna ut.

Hovudelementa i ordninga er nærare omtalte i Prop. 1 S (2025–2026).

Departementet føreslår ei løyving på til saman 1,4 mrd. kroner i 2027.

Post 77 Nasjonaljubileet 2030

Løyvinga på posten går til tiltak i samband med Nasjonaljubileet 2030. Av løyvinga på posten føreslår departementet tilskot til jubileumstiltak, fordelte med:

  • 3,13 mill. kroner til Museene Arven AS til å dekkje sekretariatsoppgåver til jubileet og for den nasjonale komitéen for Nasjonaljubileet 2030. Museene Arven AS blir òg løyvd 2,73 mill. kroner til forskingskoodinator og forskingsnettverk for Nasjonaljubileet 2030.

  • 2 mill. kroner til Stiftelsen Saemien Sitje, som er hovudaktør i jubileumsstafetten i 2027, med ei koordinerande rolle og samarbeid om mange tiltak knytte til jubileumstemaet «Tilhørighet».

  • 200 000 kroner til Fortidsminneforeningen for markeringar på den sjøsamiske garden Elvebakken i Balsfjord i Troms.

  • 300 000 kroner til Hole kommune til markeringar knytte til historia om Olav den Heilage.

  • 50 000 kroner til Sjiraffen Kultur- og Kompetansesenter for førestillinga «Idiotenes historie».

  • 300 000 kroner til Norske Kveners forbund til prosjekt «Kväänin näkkyyvyys: Met kuuluma– Kvensk synlighet: Vi høyrer til».

  • 200 000 kroner til Institutt for kirke og oppvekst til å utvikle pilegrimsmateriale for barn og unge knytt til prosjektet «Tusen år med kristen tro».

  • 100 000 kroner til Saenmien Åålmege til arrangement under Samisk veke og under Saemien Åålmege si årlege familiesamling.

  • 200 000 kroner til Demokratifestival Trondheim til arrangementet Demokratifestivalen 2027.

  • 100 000 kroner til Fjord kommune til arrangement knytte til formidling av Olavsarven.

  • 400 000 kroner til Nidaros bispedømmeråd til ulike arrangement knytte til jubileumstemaet «Tilhørighet».

  • 150 000 kroner til EvolveHub til prosjektet «Kvadranten».

  • 300 000 kroner til Samarbeidsrådet for tro- og livssynssamfunn til ein nasjonal konferanse og eit lokalt seminar knytt til jubileumstemaet «Tilhørighet».

  • 50 000 kroner til Bizarra AS til teaterstykket «Migranten».

  • 300 000 kroner til Norges Kristne Råd til seminar, foredrag og fagsamtalar knytte til tema «Kristendom i 1000 år» og «Tro i 1000 år».

  • 100 000 kroner til Pilegrimsfellesskapet Sandefjord til ulike aktivitetar for å formidle forteljinga om Olav den Heilage.

  • 50 000 kroner til Seminarplassens Venner til temautstilling om sørsamisk handverk og folkeliv på garden Seminarplassen.

  • 100 000 kroner til Astrid Hansen Juvik til scenekunstprosjektet «Meningen med livet».

  • 120 000 kroner til Pilegrimsforbundet i Norge til ulike arrangement knytte til jubileumstemaet «Tilhørighet» og Olav den Heilage.

  • 300 000 kroner til Fredrikstad kommune til ulike arrangement knytte til jubileumstemaet «Tilhørighet».

  • 50 000 kroner til Kulturgården Bjerkem til prosjektet «Primstavens merkedager».

  • 150 000 kroner til Stiftelsen Hilmar Alexandersen til prosjektet «Arv på reise».

  • 150 000 kroner til Kirkens bymisjon / Romano Kher kultursenter til prosjekt knytte til jubileumstemaet «Tilhørighet».

  • 100 000 kroner til Nordmørsmusea, Regionalt pilegrimssenter Smøla til gjennomføring av tiltak langs nordlegaste delen av Kystpilegrimsleia.

  • 700 000 kroner til Museene i Sør-Trøndelag ved Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum til kunstprosjektet «Tusenårsteppet».

Målet med desse tilskota er å bidra til at 1 000-årsmarkeringar skal skape engasjement, debatt og interesse for norsk historie og kulturarv i åra fram mot 2030. Kriterium for måloppnåing for dei namngitte tilskotsmottakarane omtalte ovanfor er om tildelinga er brukt i samsvar med føremålet for tilskota. Departementet og Riksrevisjonen kan setje i verk kontroll med at midlane blir brukte etter føresetnadene. Auken på 3 mill. kroner frå Saldert budsjett 2026 er ført vidare.

Departementet føreslår ei løyving på 12,3 mill. kroner i 2027.

Post 78 Ymse faste tiltak

Løyvinga på posten går til tiltak på trus- og livssynsområdet, som tilskotsordninga til dialogføremål, kurstilbodet Å være religiøs leder i det norske samfunn ved Universitetet i Oslo, til Hjelpekilden Norge og driftstilskot til dialog- og paraplyorganisasjonar på trus- og livssynsfeltet.

Arbeidet som dialog- og paraplyorganisasjonane gjer, er eit viktig fundament for eit livssynsope samfunn. Målet med driftstilskotet er særleg å styrkje aktivitetane desse organisasjonane har som brubyggjarar mellom ulike trus- og livssynssamfunn og som kontaktledd til det offentlege. Dialog- og paraplyorganisasjonane må oppfylle kravet om å vere brubyggjarar mellom trus- og livssynssamfunn. Dei må ha god kontakt seg i mellom, med trus- og livssynssamfunna dei representerer, og styresmaktene. Organisasjonane bidreg også til å auke kunnskapen om tru og livssyn i samfunnet og i dei offentlege tenestene.

Til Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) er det sett av eit driftstilskot på 11,7 mill. kroner. I 2026 ble løyvinga til STL auka med 5 mill. kroner. Driftstilskotet blei auka mellom anna sidan det trengst ei styrking av arbeidet med trus- og livssynsdialog for unge, arbeidet med negativ sosial kontroll og dialog om LHBT+ i trus- og livssynssamfunn.

Til Norges Kristne Råd er det sett av 5,8 mill. kroner, og til Muslimsk Dialognettverk er det sett av 3 mill. kroner i driftstilskot i 2027.

Til Hjelpekilden Norge er løyvinga på tilskotet på 0,8 mill. kroner til arbeid med negativ sosial kontroll i trus- og livssynssamfunn i samarbeid med Bufdir.

Det er lagt opp til å føre vidare tilskotet til kurstilbodet Å være religiøs leder i det norske samfunn ved Det teologiske fakultetet (TF) ved Universitetet i Oslo. Kurset er retta mot religiøse leiarar i Noreg, og kan takast med og utan studiepoeng. Som ein del av oppfølginga av vedtak 142, 12. desember 2023 (sjå omtale under del I) vil kurset frå og med oppstart hausten 2027 få auka talet på studieplassar frå 20 til 25 på kvart av emna på studiet og målgruppa utvidast ved at «utanlandsk bakgrunn» blir fjerna frå omtalen av kurset. Tilskotet til TF blir auka i tråd med auka tal på studieplassar.

Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota over i Prop. 1 S (2025–2026).

På posten er det vidare sett av midlar til tilskotsordninga til dialogføremål, offentleg debatt og kunnskapsutvikling på trus- og livssynsfeltet. Ordninga vart regulert i forskrift frå 2022. Det blir gitt tilskot på mellom 50 000 og 400 000 kroner per prosjekt. Hovudelementa i ordninga er nærmare omtalte i Prop. 1 S (2025–2026).

Departementet føreslår ei løyving på 25,7 mill. kroner i 2027.

Kap. 882 Kyrkjebygg og gravplassar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

60

Rentekompensasjon – kyrkjebygg

117 641

96 625

84 150

61

Tilskot til freda og verneverdige kyrkjebygg, kan overførast

24 116

70

Tilskot til sentrale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar

14 750

14 906

15 458

Sum kap. 882

156 507

111 531

99 608

Post 60 Rentekompensasjon – kyrkjebygg

Rentekompensasjonsordninga for istandsetjing av kyrkjebygg skal stimulere til sikring av kyrkjebygga og av utsmykkinga og inventaret i kyrkjene. Ordninga gjeld alle kyrkjebygga i Den norske kyrkja.

Løyvinga på posten skal dekkje beløp tilsvarande renteutgiftene for dei investeringskostnadene som det er gitt tilsegner om kompensasjon for i perioden 2005–2019. Det har ikkje vore gitt ny investeringsramme sidan 2019, og det er heller ikkje føreslått ny investeringsramme i 2027. Husbanken forvaltar rentekompensasjonsordninga. Utrekningsgrunnlaget for rentekompensasjonen er kostnadene til prosjektet, som Husbanken godkjenner ved søknad om utbetaling.

Hovudelementa i ordninga er nærare omtalte i Prop. 1 S (2025–2026).

Ut frå oppdaterte overslag for rentenivået og investeringsramma i ordninga, føreslår departementet ei løyving på 84,2 mill. kroner i 2027.

Post 70 Tilskot til sentrale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til Hovedorganisasjonen KA frå posten i 2027 òg. Midlane skal gå til oppgåvene KA har på kyrkjebyggfeltet, og til rådgiving og særlege prosjekt retta mot dei lokale gravplass-styresmaktene. Målet med tilskotet er at KA skal halde fram med arbeidet med å dokumentere tilstanden til kyrkjebygga, drifte Ordna eiendom (tidlegare kyrkjebyggdatabasen), syte for kurs og rettleiingsmateriell innanfor brann- og innbrotsførebyggjande tiltak, energibruk og andre miljøtiltak.

Departementet føreslår òg å delfinansiere ei undervisningsstilling ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Målet for tilskotet er at landskapsarkitektstudentar skal få undervising i særlege krav som er knytte til gravplassar og utforminga av desse.

Alle tilskota blir utmålte på bakgrunn av søknad. Sjå ein meir utfyllande omtale av dei namngitte tilskota over i Prop. 1 S (2025–2026).

Departementet føreslår ei løyving på 15,5 mill. kroner i 2027.

Kap. 883 Kyrkjebevaringsfondet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

01

Driftsutgifter

13 846

17 875

18 884

60

Tilskot til kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg, kan overførast

105 795

400 000

527 354

70

Driftstilskot bevaringsstrategi

5 190

8 287

8 094

Sum kap. 883

124 831

426 162

554 332

Post 01 Driftsutgifter

For å forvalte bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg og tilhøyrande tilskotsordning er det oppretta eit programsekretariat i Trondheim, som er administrativt lagt til Kulturminneavdelinga hos Riksantikvaren. I tillegg er det oppretta eit programstyre for ordninga og eit Nasjonalt fagråd for Kyrkjebevaringsfondet.

Løyvinga på posten skal brukast til drift av programsekretariatet, programstyret og fagrådet med vidare. Løyvinga kan òg brukast til kompetanseutviklingstiltak i kyrkjebevaringsarbeidet. Driftsutgifter for deltakinga i programsekretariatet frå Hovudorganisasjonen KA og Kyrkjerådet blir dekte på post 70. Departementet føreslår å auke løyvinga med 0,5 mill. kroner til arbeidet med prosjektet Digital saksflyt, mot tilsvarande nedjustering på post 70.

Departementet føreslår ei løyving på 18,9 mill. kroner i 2027, sjå òg omtale under post 70.

Post 60 Tilskot til kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg, kan overførast

Løyvinga på posten dekkjer utgifter til tilskotsordninga forskrift om tilskudd til kulturhistorisk verdifulle kirkebygg knytt til Bevaringsstrategi for kulturhistorisk verdifulle kirkebygg. Løyvinga dekkjer òg utgifter knytte til kompetansehevingstiltak for tilskotsmottakarane i tråd med føringane som går fram av innsatsområde 2, kunnskap og kompetanse, i bevaringsstrategien, som skjer i regi av programsekretariatet.

Hovudelementa i ordninga er nærare omtalte i Prop. 1 S (2025–2026). Tabellen under er grunnlag for utrekninga av tilsegnsfullmakta i arbeidet.

Tabell 4.8 Status per budsjettår for forplikting til istandsetjing av kyrkjebygg, løyvingar og gjenståande forplikting ved utgangen av året (tal i mill. kroner).

År

Forplikting inngang år

Prisvekst1

Utgifter2

Forplikting utgang år

2024

10 000,0

85,8

9 914,3

2025

9 914,3

406,5

124,8

10 195,9

20263

10 195,9

356,9

509,8

10 042,9

20273

10 042,9

381,6

558,9

9 865,7

1 Deflator: 2025 (4,1 pst), 2026 (3,5 pst), 2027 (3,8 pst)

2 Gjeld kap. 883, post 01, 60 og 70 og kap. 1429, post 01 (nominelle tal).

3 Budsjettal. Forpliktinga ved utgangen av 2027 er samla tilsegnsramme for bevaringsstrategien etter 2027, jf. romartalsvedtak IV.

Budsjettforslag for 2027

Departementet legg til grunn eit behov knytt til tilskotsordninga for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg som baserer seg på råd og kartleggingsarbeid gjennomført av programsekretariatet og programstyret for Kyrkjebevaringsfondet. Dette er delvis behov knytte til vidareføring og ferdigstilling av prosjekt som fekk tilsegner om tilskot i perioden 2024–2026, og delvis nye for- og hovudprosjekt som får støtte frå 2027.

Departementet føreslår på bakgrunn av dette ei løyving på 527,4 mill. kroner i 2027.

I tillegg kjem utgifter til bevaringsstrategien under post 01 og post 70. Sjå òg omtale under kap. 3883, post 50, og forslag til romartalsvedtak. Den samla ramma for kva ein kan nytte til kyrkjebevaring over tid og årlege utbetalingar, inkluderer både tilskota til kyrkjebygg og utgifter til forvalting.

Post 70 Driftstilskot bevaringsstrategi

Løyvinga på posten dekkjer driftstilskot for å stille fagressursar til rådvelde for programsekretariatet for Kyrkjebevaringsfondet tilsvarande 3,5 årsverk for Hovudorganisasjonen KA og 1,5 årsverk for Kyrkjerådet. Departementet føreslår å redusere løyvinga med 0,5 mill. kroner, mot tilsvarande auke på post 01. Flyttinga gjeld midlar til arbeidet med prosjektet Digital saksflyt.

Departementet føreslår ei løyving på 8,1 mill. kroner i 2027.

Kap. 3883 Kyrkjebevaringsfondet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

50

Overført frå Kyrkjebevaringsfondet

113 000

24 000

Sum kap. 3883

113 000

24 000

Post 50 Overført frå Kyrkjebevaringsfondet

Utbytte og uttak frå Allstad AS skal vere øyremerkte bevaringsstrategien for kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg, jf. Prop. 82 L (2023–2024). Utbyttet blir overført til ein fondskonto oppretta i Noregs Bank, kalla «Kyrkjebevaringsfondet». Når tilgjengelege midlar på fondet skal brukast, blir desse førte som inntekt på kap. 3883, post 50. Inntekta skal bidra til å finansiere utgifter til bevaringsprogramma i kyrkjebevaringsstrategien som blir løyvde over kap. 883 Kyrkjebevaringsfondet, post 60 Tilskot til kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg.

For 2027 er det budsjettert med 24 mill. kroner i innbetaling frå Allstad AS.

Løyvinga blir føreslått auka med 24 mill. kroner i 2027.

Programområde 28

Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel, adopsjon og bidragsforskott

Hovudinnhald og prioriteringar

Dei økonomiske ordningane retta mot barnefamiliane er omfattande, og påverkar korleis barnefamiliar innrettar kvardagen sin. Regjeringa vil ha tryggleik for familiane sin økonomi, og ordningane skal vere i tråd med samfunnsutviklinga og tilpassa den kvardagen familiar har med skule, barnehage, fritidsaktivitetar og jobb. Arbeidsdeltaking er avgjerande for økonomien til barnefamiliane, men òg ein føresetnad for tilgang til arbeidskraft i samfunnet, høg verdiskaping samt høve til å halde ved lag gode velferdsordningar over tid.

Meld. St. 31 (2023–2024) Perspektivmeldingen 2024, peikar på at ei hovudutfordring i åra framover er tilgangen på arbeidskraft. Ordningane som er retta mot familiar, vert ofte nytta relativt tidleg i vaksenlivet og er med på å forme familielivet, men òg arbeidslivet. Ordningane bør derfor gi gode insentiv til å vere i arbeid og så langt som mogleg bidra til at den enkelte er i stand til å arbeide, samstundes som dei kan ta vare på seg sjølve og eigne barn.

Foreldrepengar og svangerskapspengar skal kompensere for tapt arbeidsinntekt knytt til svangerskap, fødsel eller adopsjon når foreldra må vere heime med små barn. Eingongsstønad er ei eingongsutbetaling til mødrer utan opptent rett til foreldrepengar, og er meint å bidra til å dekke nokre av utgiftene i samband med å få barn. Ordninga med bidragsforskott sikrar midlar til forsørginga av barnet når den forelderen som ikkje bur saman med barnet, av ulike grunnar ikkje betaler barnebidrag.

Det samla fruktbarheitstalet i Noreg har falle nesten kvart år sidan 2009, og nådde det historisk lågaste nivået i 2023 med 1,40 barn per kvinne. I 2025 såg vi 1 400 fleire fødslar enn året før og samstundes ein auke i det samla fruktbarheitstalet til 1,48. Regjeringa meinte det var naudsynt å få meir kunnskap om årsakene til utviklinga i fødselstala og kva for konsekvensar det kan få for samfunnet. Regjeringa sette ned eit utval som skulle gi ei samla framstilling av moglege årsaker til utviklinga i fødselstala og greie ut korleis det kan komme til å påverke samfunnet. Utvalet leverte utgreiinga si i februar 2026, NOU 2026: 2 Politikk for nye generasjoner, som har vore på høyring. Departementet arbeider no med ei stortingsmelding om tematikken, jf. oppmodingsvedtak 1212 av 20. juni 2025.

Mål

Arbeidsdeltaking er avgjerande for økonomien til barnefamiliane. Familieordningane treffer ofte foreldre relativt tidleg i yrkeslivet og vil slik vere formgivande for deira tilknyting til arbeidslivet og til korleis dei rettar inn kvardagen for å kunne kombinere arbeid med omsorg for barn. Familieordningane er over tid endra, både i innretting og nivå. Endringane er gjennomført enkeltvis, utan at nødvendigvis heilskap og måloppnåing er vurdert. Regjeringa vil jobbe vidare med å utvikle og tilpasse velferdsordningane for barnefamiliane.

BFD har for 2027 dette målet på området stønad ved graviditet, fødsel, adopsjon og bidragsforskott:

Mål

  • Ytingar som gir rom for å kombinere familieliv og arbeidsliv.

Foreldre generelt har høg sysselsetting, og blant foreldrepar i alderen 30–49 år er om lag 9 av 10 sysselsett.29 Samstundes varierer yrkesdeltakinga mellom ulike grupper. Mellom anna er litt under 7 av 10 blant dei som bur aleine med barn sysselsett, og sysselsettinga er jamt over lågare for mødrer enn for fedrar og for personar med innvandrarbakgrunn enn resten av befolkninga. Sjølv om sysselsettinga blant foreldre generelt er høg, er det framleis for mange som står utanfor arbeidsmarknaden. Til dømes var det i 2024 om lag 630 000 mellom 20–66 år utanfor arbeid og utdanning. Av desse var det særleg mange med helseutfordringar eller innvandrarbakgrunn.

Arbeids- og velferdsdirektoratet gjer i 2026 fleire undersøkingar og analyser av familieordningane. Dei gjennomfører ei ny foreldrepengeundersøking som vil gi kunnskap om foreldre sine preferansar, og dei gjer ein analyse av kva for konsekvensar ein redusert stønadsperiode for kontantstøtte har hatt mellom anna for foreldre si arbeidsdeltaking. Vidare gjer dei ein analyse av kva for konsekvensar innføringa av eit butidskrav for mottak av eingongsstønad har hatt, og kva som kjenneteiknar dei som mottar eingongsstønad og deira partnar.

Resultatrapport og strategiar

I denne delen blir det gjort greie for gjennomførte tiltak og resultat som er oppnådd i 2025 og fyrste halvåret i 2026, og for planlagde tiltak i 2027.

Foreldrepengar

Foreldrepengeordninga er ein viktig del av velferdstilbodet til småbarnsforeldre, og legg til rette for foreldrebasert omsorg medan barna er heilt små. Foreldrepengar kan ytast til mor og far til barnet ved fødsel og ved adopsjon av barn under 15 år. Retten til foreldrepengar blir tent opp gjennom yrkesaktivitet. Ordninga kompenserer for bortfall av arbeidsinntekt når ein av foreldra er heime og har omsorga for barnet. Det gjer det mogleg for foreldre å sjølve ta seg av barnet det fyrste leveåret og halde på tilknytinga til arbeidslivet. Regjeringa har ført vidare tredelinga av foreldrepengeordninga, men har gjort endringar som gir auka fleksibilitet for familiar og forlenga foreldrepengeperioden med 11 stønadsdagar ved redusert inntektsdekning (80 prosent). Endringa gir familiar større fleksibilitet og høve til å vere lenger heime med barnet med foreldrepengar, og er betre tilpassa barnehagestart. Det er òg gjort endringar som gir far fleire dagar med foreldrepengar, uavhengig av aktiviteten til mor.

Bruk av foreldrepengeordninga

Erfaringstal viser at lengda på fedrekvoten i stor grad er førande for kor stor del av foreldrepengane fedrar tek ut. Fellesdelen blir som oftast nytta av mor. Når fedrekvoten har auka, har fedrar auka uttaket sitt – og omvendt. Tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet syner at fedrar i 2025 i snitt tok 31,2 prosent av dei samla foreldrepengedagane. Dette er 11,7 prosentpoeng høgare enn tilsvarande tal for fedrar i 2018, det vil seie før innføringa av ein tredelt foreldrepengeperiode.

Dei siste tilgjengelege tala for fedrar som er garantert å vere ferdige med uttaket av foreldrepengar, er frå fyrste halvår 2023: 61 prosent av fedrane tok ut akkurat fedrekvoten, 23,4 prosent tok ut meir enn lengda på fedrekvoten, medan 15,6 prosent tok ut mindre enn fedrekvoten. Frå 1. august 2024 vart stønadsperioden for dei som vel 80 prosent dekningsgrad, 11 dagar lengre. Dette har ført til at betydeleg fleire vel redusert kompensasjon og lengre stønadsperiode. I løpet av fyrste halvår 2026 var det 48 prosent som valde 80 prosent dekningsgrad. Dette er meir enn ei dobling samanlikna med same periode i 2024, då delen var 18,6 prosent. Dette tyder på at endringa gjorde det mogleg for fleire foreldre å tilpasse foreldrepengeperioda til familiens behov. Ei ny foreldrepengeundersøking er sendt ut, og vi vil her få oppdatert kunnskap om bruken av ulønt permisjon og foreldrepengar.

Figurane under syner høvesvis utviklinga i uttak av dagar med foreldrepengar for mor og far/medmor og korleis fedrar/medmødrer gjer foreldrepengeuttak sett opp mot fedrekvoten.

Figur 4.3 Gjennomsnittleg tal på dagar med foreldrepengar for mødrer og fedrar

Figur 4.3 Gjennomsnittleg tal på dagar med foreldrepengar for mødrer og fedrar

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Figur 4.4 Fedrane sin bruk av foreldrepengeperioden, del som bruker mindre, akkurat eller meir enn lengda på fedrekvoten

Figur 4.4 Fedrane sin bruk av foreldrepengeperioden, del som bruker mindre, akkurat eller meir enn lengda på fedrekvoten

Merk: Fedrar som fekk barn i perioden etter fyrste halvåret 2023, kan framleis ha uttak av foreldrepengar til gode, noko som kan endre dei endelege tala frå etter fyrste halvåret 2023.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Tabell 4.9 Fødslar og bruk av foreldrepengeordninga 2019–2025

2019

2020

2021

2022

2023

2024

2025

2024–2025

Talet på levandefødde barn (SSB)

54 495

52 979

56 060

51 480

51 980

54 013

55401

1 388

Uttak av foreldrepengedagar fordelt på kjønn (fødsel og adopsjon)

Kvinner, prosent

74,5

68,4

69,3

67,3

68,1

68,2

68,8

0,6

Menn, prosent

25,5

31,6

30,7

32,7

31,9

31,8

31,2

-0,6

Talet på kvinner med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

82 010

77 208

79 574

77 591

75 493

78 571

81 711

3 140

Del av desse med 100 prosent lønskompensasjon, prosent

73,8

77,6

79,1

79,8

81,3

76,9

61,8

-15

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

56 852

59 068

60 412

62 838

60 739

64 190

68 274

4 084

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for kvinner ved fødsel (kroner)

441 289

475 226

492 957

515 294

546 647

590 870

647 667

45 796

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for menn ved fødsel (kroner)

509 836

542 614

563 491

591 260

622 535

653 712

699 508

45 796

Delen kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel, prosent

4,6

4,7

4,6

4,9

4,8

4,8

4,7

-0,1

Delen menn med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel, prosent

21,9

21,7

20,5

20,1

19,7

19,2

18,2

-1,0

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel utan rett til fedrekvote (mor har hatt eingongsstønad)

1 641

1 765

2 076

2 335

3 320

5268

4 087

-1 181

Talet på personar med eingongsstønad ved fødsel

10 411

9 675

9 671

7 865

8 440

7 481

7 723

242

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon vert gitt til mødrer (og i nokre tilfelle fedrar) utan opptent rett til foreldrepengar eller til dei som vel eingongsstønad sjølv om dei har opptent rett til foreldrepengar. Eingongsstønaden er ei særnorsk yting som gir mor ei eingongsutbetaling som kan nyttast til å dekkje utgifter i samband med å få barn. Ytinga er ikkje avhengig av tidlegare inntekt, slik som foreldrepengeordninga.

I 2025 var det om lag 7 700 som mottok stønaden. Tal frå 2023 viser at om lag 65 prosent av mottakarar av eingongsstønad er fødde i utlandet, mot 21 prosent av mottakarane av foreldrepengar. Dei er overrepresentert i låginntektshushald og om lag 10 prosent bur aleine med barn. Vidare er mottakarar av eingongsstønad i snitt yngre enn dei som får foreldrepengar.

Eingongsstønaden er meint å kompensere for utgifter ein har når barn kjem til, og sidan det er ei eingongsutbetaling er den ikkje meint å skulle forsørgje barnet eller familien over tid. Ytinga kan utbetalast frå veke 22 i svangerskapet. Arbeids- og velferdsdirektoratet har tidlegare opplyst om at fleire Nav-kontor erfarer at ein del mottakarar har utfordringar knytt til disponering av ei høg eingongsutbetaling, og at ytinga kan være brukt opp ei god stund før barnet vert født.

Stønaden er auka frå 35 263 kroner i 2013 til dagens sats på 92 648 kroner, som har vore den same sidan 2023. Mottakarar av eingongsstønad får også, som alle andre med barn, barnetrygd på over 24 000 kroner i året. Samla gir dette ei utbetaling i barnets fyrste år på nærare 117 000 kroner. Dette er høgare enn det som er vurdert å vere kostnader ved å ha barn det fyrste året. Forbruksforskningsinstituttet SIFO ved OsloMet, publiserer kvart år eit referansebudsjett der dei vurderer kva som er vanlege forbruksutgifter for ulike typar hushald. Dei reknar dei individspesifikke kostnadene til barn det fyrste året i 2025 til litt under 69 000 kroner. Det finst òg andre mål for hushalda sine kostnader. Statistisk sentralbyrå gjennomfører ei forbruksundersøking som gir eit innblikk i gjennomsnittleg forbruk i norske hushald. Ved å samanlikne dei forbruksområda som blir fanga opp i både forbruksundersøkinga og referansebudsjettet, finn vi at nivået i referansebudsjettet for par med to barn og einslege forsørgjarar med barn ligg ein del høgare enn gjennomsnittleg forbruk i hushalda.

Det blir ofte vist til foreldrepengeordninga og kompensasjonen foreldre med arbeidsinntekt får. Departementet viser til at foreldrepengeordninga kompenserer for at denne gruppa mistar inntekt medan dei er heime i foreldrepermisjon. Nokre mottakarar av eingongsstønad er mottakarar av livsopphaldsytingar og får eingongsstønaden i tillegg. Nokre grupper kan vere utan eller ha svært låg inntekt eller vere mellom ulike livsfasar. Av dei som fekk eingongsstønad i 2023, fekk til dømes rundt 21 prosent også studiestipend frå Lånekassa. Studentar som har eller får barn har i tillegg rett på eigne ordningar i Lånekassa. Mellom anna kan studentar som får barn få basislån gjort om til stipend for 49 veker, og dei kan få eit eige barnestipend som blir utbetalt månadleg. Regjeringa har auka basislånet og barnestipendet med 10 prosent ut over prisveksten dei siste åra. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Kunnskapsdepartementet.

Det har vore ein reduksjon i talet mottakarar av eingongsstønad på 26 prosent frå 2016 til 2025. Det har samstundes vore ein generell nedgang i talet på fødslar, noko som kan ha betydning for nedgangen i mottakarar. Generelt kan høge kontantoverføringar frå det offentlege påverke insentiva til og behovet for å ta seg arbeid, og eingongsstønaden blir gitt i ein periode i livet der det ofte vil være særskilt viktig å opparbeide seg ei tilknyting til arbeidslivet. Eingongsstønaden er ikkje eigna som eit låginntektstiltak, fordi han ikkje betrar situasjonen til familiane over tid. Offentlege ytingar bør ha ei klar grunngiving og vere godt og effektivt innretta. Ein meir prinsipiell eingongsstønad bør ligge nærare utgiftene familiar har til barnet det fyrste året, ta omsyn til det samla stønadsnivået familiar mottar og ikkje svekke insentiv til arbeid. Departementet føreslår derfor å redusere satsen for eingongsstønaden til 67 100 kroner frå 1. juli 2027. Eit slikt stønadsnivå vil kunne dekkje utgiftene familiar har til barnet det fyrste året og kome i tillegg til barnetrygda.

Bidragsforskott

Foreldre har ansvar for å forsørgje barna sine etter den økonomiske evna si. Dette ansvaret gjeld uavhengig av om foreldra bur saman med barnet eller ikkje. Barnebidrag er eit økonomisk bidrag frå den eine forelderen når foreldra ikkje bur saman, og er eit verkemiddel for å sikre barnets rett til å bli økonomisk forsørgt. Dersom barnebidrag av ulike årsaker ikkje blir betalt, eller blir betalt for seint, kan det offentlege forskottere eit månadleg underhaldsbidrag til barnet (bidragsforskott). Føremålet med bidragsforskottet er å sikre at barnet får eit minste månadleg underhaldsbidrag. Det offentlege har krav på refusjon for utlagt bidragsforskott og trer inn i retten til barnebidrag for det same beløpet som er utbetalt.

Bidragsforskott blir ytt for barn under 18 år, og blir utbetalt til den forelderen barnet bur saman med (forskottsmottakaren). Ytinga blir utbetalt per barn etter tre satsar: «redusert forskott», «ordinært forskott» eller «auka forskott». Ytinga er behovsprøvd, og kva for sats ein eventuelt kan få avheng av inntekta til forskottsmottakaren, talet på eigne barn i eigen husstand og om forskottsmottakaren er einsleg eller gift/sambuande. Forskottsmottakarane med dei lågaste inntektene vil òg kunne få eit tillegg på ein tredjedel av ordinær forskottssats dersom barnet er over 11 år. I juni 2026 var talet på barn med vedtak om bidragsforskott 52 935, noko som er ein reduksjon på over 25 prosent prosent dei siste 10 åra.

Tabell 4.10 Talet på barn med bidragsforskott i 2024 og 2025

Gjennomsnitt 2024

Gjennomsnitt 2025

Endring i prosent 2024–2025

Barn med bidragsforskott

51 878

52 444

1,1

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Departementet har sett i gang ein gjennomgang av regelverket for barnebidrag, medrekna regelverket for bidragsforskott, der innrettinga av ordningane vil bli vurdert.

Fødselstal og fertilitet

Utviklinga i talet på barn per kvinne kan målast på to måtar: samla fruktbarheit eller kohortfruktbarheit. Det samla fruktbarheitstalet er eit mål på kor mange barn kvinner i gjennomsnitt vil få i løpet av livet basert på talet fødslar det kalenderåret. Kohortfruktbarheit viser kor mange barn ein kohort (eit årskull) kvinner har fått gjennom livsløpet, målt ved talet barn dei har fått ved fylte 45 år. Utviklinga i kohortfruktbarheita er meir stabil over tid ettersom ho ikkje blir påverka av når i livet kvinner får barn eller alderssamansetjinga i befolkninga.

Fødselstalsutvalet leverte NOU 2026: 2 Politikk for nye generasjonar i februar 2026. Utgreiinga blei gjort på bakgrunn av at nordmenn ser ut til å få færre barn enn tidlegare. Utvalet peikte mellom anna på sein familieetablering og knapp tid i småbarnsfasen som drivkrefter bak nedgangen i fødselstala. Utvalet føreslo ei rekkje tiltak som skal bidra til ein meir fleksibel og smidig overgang frå foreldrepengar til barnehage, mindre utanforskap og ein betre balanse mellom arbeidstid og familietid for foreldre med yngre barn. Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om tematikken, jf. oppmodingsvedtak 1212.

Utviklinga med lågare fødselstal vil ha stor innverknad på samfunnsutviklinga i Noreg, både på kort og lang sikt. Det mest markerte fallet i fødselstala har vore blant unge vaksne i aldersgruppene 20–24 år og 25–29 år. I dag er nesten seks av ti 30-åringar utan barn. Utsetjing av familieetablering er ofte planlagd og kan vere positivt for den einskilde sin økonomi, utdanning og livsutfalding. Samstundes ser det ut til at stadig fleire vil få færre barn enn dei ønskjer, og vil få barn seinare enn dei ønsker. Ufrivillig barnløyse er forbunde med dårlegare psykisk helse, og heng i stadig større grad saman med andre indikatorar på utanforskap.

Låge fødselstal kan isolert sett gi betre offentlege finansar og mindre behov for arbeidskraft på kort sikt, ved at det blir færre utgifter til barn og unge. Verknaden for offentlege finansar på lengre sikt er usikker. Låge fødselstal har dei siste tiåra blitt motverka av innvandring. Med nedgang i fødselstala er det mogleg at vi i tida framover vil oppleve auka ubalanse mellom storleiken på generasjonane. Færre barn og unge og ei aldrande befolkning vil ha stor innverknad på alle delar av samfunnet, og fødselstalsutvalet meinte at ein bør søke å unngå kohortfruktbarheit under 1,5. Det samla fruktbarheitstalet i Noreg har falle frå toppunktet i 2009 på 1,98 barn per kvinne til 1,48 barn per kvinne i 2025. Kvinnene ved slutten av sin fertile alder hadde i 2025 ei kohortfruktbarheit på 1,89 barn. Det er uvisst kva kohortfruktbarheita for dei yngre generasjonane vil bli.

Figur 4.5 Samla fruktbarheitstal, kvinner, etter år og statistikkvariabel

Figur 4.5 Samla fruktbarheitstal, kvinner, etter år og statistikkvariabel

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Nærare om budsjettforslaget

Kap. 2530 Foreldrepengar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

70

Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

28 265 179

29 269 000

33 742 000

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

730 558

730 000

612 000

72

Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

726 729

770 000

910 000

73

Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

16 163

18 000

11 000

Sum kap. 2530

29 738 629

30 787 000

35 275 000

Stønadene under kap. 14 i folketrygdlova skal sikre inntekt i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon og gi støtte til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar.

Måloppnåinga for ordningane blir mellom anna vurdert ut frå om dei blir forvalta i samsvar med lova, og sakshandsamingstida i forvaltinga.

Tildelingskriteria er omtalt under dei einskilde budsjettpostane nedanfor og går òg fram av folketrygdlova kap. 14.

Arbeids- og velferdsetaten forvaltar stønadene under kap. 14 i folketrygdlova.

Budsjettforslaga under kap. 2530 byggjer i hovudsak på befolkningsframskrivinga til Statistisk sentralbyrå og lønsutviklinga.

Departementet føreslår ei løyving på 35 275 mill. kroner under kap. 2530, postane 70–73. Sjå tabellen ovanfor for forslag til løyving på dei ulike postane.

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Foreldrepengar ved fødsel blir betalt ut etter reglane i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16. Eit vilkår for rett til foreldrepengar er at stønadsmottakaren har vore yrkesaktiv med pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei ti siste månadene før stønadsperioden startar.

Stønadsperioden ved fødsel er 49 veker med full sats (100 prosent lønskompensasjon). Stønadsperioden med 80 prosent lønskompensasjon er 306 dagar (61,2 veker). Valet av kompensasjonsnivå gjeld for begge foreldra og for heile stønadsperioden. Inntekt over seks gongar grunnbeløpet i folketrygda (6 G) gir ikkje grunnlag for foreldrepengar. Per 1. mai 2026 er grunnbeløpet 136 549 kroner. Når stønadsperioden med 100 prosent lønskompensasjon er avgrensa til 49 veker, vil det høgast moglege beløpet per stønadstilfelle vere 772 027 kroner. Inntektsgrensa følgjer den til kvar tid gjeldande G-verdien.

Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar og 100 prosent lønskompensasjon er vald, er 15 stønadsveker øyremerkte kvar forelder (mødrekvote og fedrekvote), og 16 veker kan dei dele mellom seg (fellesdelen). Dersom foreldra har valt 80 prosent lønskompensasjon, er mødrekvoten og fedrekvoten 19 veker og fellesdelen 20,2 veker. Stønadsperioden for mor startar med permisjonen tre veker før fødselen, og desse vekene kjem i tillegg til mødrekvoten.

Foreldrepengar kan takast ut gradert i samsvar med ein skriftleg avtale med arbeidsgivaren om delvis arbeid. Foreldrepengar kan fritt utsetjast, men uttaket av foreldrepengar må vere avslutta seinast innan barnet fyller tre år.

Under post 70 høyrer òg svangerskapspengar som blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-4. Svangerskapspengar blir gitt til friske gravide kvinner som ikkje kan halde fram i arbeid under svangerskapet fordi arbeidet kan føre til risiko for skade på det ufødde barnet. I 2025 fekk 8 511 kvinner svangerskapspengar.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon blir ytt til kvinner (og i nokre tilfelle fedrar) som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-17. I 2025 var det 7 723 personar som mottok eingongsstønad. Det er ein auke frå 2024.

Departementet meiner at eingongsstønaden bør gjerast meir prinsipiell. Departementet føreslår å endre satsen frå 1. juli 2027 frå 92 648 kroner til 67 100 kroner. Eit slikt stønadsnivå ligg nærare utgiftene familiar har til barnet det fyrste året. I 2027 er endringa rekna å gi ei innsparing på 108 mill. kroner i utgiftene til eingongsstønad og ei meirutgift på 2 mill. kroner i utgiftene til foreldrepengar. Netto er endringa rekna å gi ei innsparing på 106 mill. kroner i 2027, 202 mill. kroner i 2028 og 200 mill. kroner i året frå 2029. Sjå nærare omtale over.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Feriepengar av foreldrepengar blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-8. Folketrygda yter feriepengar til arbeidstakarar med 10,2 prosent av utbetalte foreldrepengar for dei fyrste 12 vekene av kvar stønadsperiode, alternativt for 15 veker dersom det er valt 80 prosent lønskompensasjon.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Foreldrepengar ved adopsjon blir gitt etter vilkåra i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16 ved adopsjon av barn under 15 år. Ved adopsjon er stønadsperioden 46 veker med 100 prosent lønskompensasjon eller 58,2 veker med 80 prosent lønskompensasjon. Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 15 veker øyremerkte til seg (fedrekvoten og mødrekvoten). Ved 80 prosent lønskompensasjon er mødrekvoten og fedrekvoten på 19 veker, medan fellesperioden er 20,2 veker.

Sjå elles omtalen under post 70.

Kap. 2531 Bidragsforskott

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

70

Forskott til utbetaling, overslagsløyving

731 041

735 000

820 000

Sum kap. 2531

731 041

735 000

820 000

Post 70 Forskott til utbetaling, overslagsløyving

Forskotteringsordninga er regulert i lov 17. februar 1989 nr. 2 om bidragsforskott (forskotteringslova). Bidragsforskottet er inntektsprøvd ut frå inntekta til mottakaren, talet på barn i husstanden og om vedkommande bur åleine med barnet/barna eller ikkje. Stønaden blir i dag ytt etter tre satsar, som blir indeksregulerte kvart år per 1. juli. Satsane frå 1. juli 2026 er: redusert forskott 1 040 kroner per barn per månad, ordinært forskott 1 560 kroner per barn per månad og auka forskott 2 080 kroner per barn under 11 år per månad og 2 600 kroner per barn over 11 år per månad. Retten til forskott fell bort ved ei inntekt over 686 400 kroner. Arbeids- og velferdsetaten forvaltar forskotteringsordninga.

Budsjettoverslaget blir fastsett på bakgrunn av venta tal på barn med bidragsforskott og utbetaling per barn. Tilstått forskott kan utbetalast dersom barnebidraget ikkje er innbetalt innan fristen. Dersom fastsett bidrag er lågare enn tilstått forskott, blir differansen utbetalt. Om lag 70 prosent av tilstått forskott kjem til utbetaling. Når eit forskott er utbetalt, blir innbetaling frå bidragspliktige ført som refusjon av bidragsforskott på kap. 5706, post 70, jf. omtale under.

Departementet føreslår at posten får stikkordet «overslagsløyving».

Departementet føreslår ei løyving på 820 mill. kroner i 2027.

Kap. 5706 Bidragsforskott

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2025

Saldert budsjett 2026

Forslag 2027

70

Refusjon frå bidragspliktige

172 635

192 000

193 000

Sum kap. 5706

172 635

192 000

193 000

Post 70 Refusjon frå bidragspliktige

Nav krev refusjon for utbetalt bidragsforskott i barnebidraget frå dei bidragspliktige, sjå omtale under kap. 2531, post 70. Innbetalingane blir ført på denne posten.

Dei siste åra har innbetalinga frå dei bidragspliktige vore på om lag 24 prosent av det som blir utbetalt i forskott i den same perioden. Venteleg vil nivået halde seg likt i 2027.

Departementet føreslår ei løyving på 193 mill. kroner i 2027.

Fotnotar

1

Sjå SSB-artikkelen «Lavere andel barn med vedvarende lavinntekt i 2023» av Normann ved SSB frå 2025 og SSB-rapporten Drivere bak utviklingen i fattigdom blant barn av Eika og Langørgen frå 2025.

2

NAV (2021) Hvem mottar kontantstøtte og hvordan bruker de den: https://www.nav.no/no/nav-og-samfunn/kunnskap/analyser-fra-nav/arbeid-og-velferd/arbeid-og-velferd/hvem-mottar-kontantstotte-og-hvordan-bruker-de-den

3

Medietilsynet (2026) Fanget i feeden 1: Barn og ungdommers bruksmønstre i sosiale medier.

4

Oslo Economics. (2021). Samfunnsøkonomisk vurdering av marginalisering og utenforskap (nummer 2021-42).

5

Folkehelseinstituttet (2026) Folkehelserapporten 2021–2026. https://www.fhi.no/he/fr/folkehelserapporten/samfunn/barn-oppvekst/

6

Folkehelseinstituttet (2026). Kjennetegn ved barn som vokser opp i fattigdom – oppvekstvilkår, helse og skoleforhold. https://www.fhi.no/publ/2026/kjennetegn-ved-barn-som-vokser-opp-i-fattigdom--oppvekstsvilkar-helse--og-skoleforhold/

7

Markussen, S. & Røed, K. (2019). «Economic Mobility Under Pressure», Journal of the European Economic Association, 18(4), s. 1844–1885

8

Eika. L og Langørgen, A. (2025). Drivere bak utviklingen i fattigdom blant barn. Statistisk sentralbyrå (rapporter 2025/6), 28. mars 2025

9

Folkehelseinstituttet (2026). Kjennetegn ved barn som vokser opp i fattigdom – oppvekstvilkår, helse og skoleforhold. https://www.fhi.no/publ/2026/kjennetegn-ved-barn-som-vokser-opp-i-fattigdom--oppvekstsvilkar-helse--og-skoleforhold/

10

Statistisk sentralbyrå (2026). Tiltak for å redusere og forebygge at barn vokser opp i vedvarende lavinntekt. https://www.ssb.no/inntekt-og-forbruk/inntekt-og-formue/artikler/tiltak-for-a-redusere-og-forebygge-at-barn-vokser-opp-i-vedvarende-lavinntekt

11

Indikatoren på økonomisk og materiell deprivasjon er basert på tal frå Levekårsundersøkinga, og viser til mangel på ressursar som er naudsynte for å oppretthalde ein akseptabel levestandard og sosial deltaking i samfunnet.

12

Folkehelseinstituttet (2025). Risiko- og beskyttelsesfaktorer for gode oppvekstsvilkår og forebygging av kriminalitet blant barn og unge. Utarbeidd på oppdrag frå Bufdir. https://www.bufdir.no/rapporter/dokumentside/buf00005923/

13

Arnesen. D. og Hansen, V.W. (2024). Kunnskapsoppsummering om barn og unges deltakelse i fritidsaktiviteter. Dimensjoner i deltakelse, barrierer, behov og tiltak (Rapport 2024:04). Bergen/Oslo: Senter for forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor.

14

Ekspertgruppen for barn i fattige familier, En barndom for livet. Økt tilhørighet, mestring og læring for barn i fattige familier, Barne- og familiedepartementet 2023.

15

https://www.bufdir.no/fagstotte/barnevern-oppvekst/foreldrestotte/

16

Hafstad, G.S og Augusti, E.M red. (2019): Ungdoms erfaringer med vold og overgrep i oppveksten, NKVTS Rapport nr. 4/2019

17

Frøyland, L.R, Lid, S., Schwencke, E.O. & Stefansen, K. (2023 ). Vold og overgrep mot barn og unge. Omfang og utviklingstrekk 2007–2023. NOVA Rapport 11/23

18

Flatø, H., Zang, H., Strand, A. H., & Weiss, N. (2026) Effekter av digitalt læringsverktøy på elevers kunnskap om vold, overgrep og barnevernet. Fafo-rapport 2026: 05

19

Agenda Kaupang (2026) Kartlegging av telefon- og chattjenester for voldsutsatte barn, unge og voksne

20

Ipsos (2017). Tillit til barnevernet blant personer med innvandrerbakgrunn; Dalen m.fl. (2022). Hverdagsintegrering. En pilotundersøkelse om tillit, tilhørighet, deltakelse og diskriminering i innvandrerbefolkningen. Fafo-rapport 2022:15.

21

Verktøykasse 14: Skape effektive læringsmiljøer for bærekraft i barnehagen.

22

Aktørane i Lokal agenda 2030 er Hamar naturskole, Hamarregionen utvikling, Ungt Entreprenørskap, Ajer ungdomsskole, Klimapartner Innlandet, VR Innovasjon – VRINN, Geitmyra matkultursenter, Hamar kommune og Hamar Creative City of Media Arts, FN-sambandet, Sparebank 1 Østlandet og Universitetet i Innlandet.

23

Samarbeid mellom offentlege etatar og verksemder som samlar kvalitetssikra informasjon og tenester for ungdom på ein stad – nettstaden ung.no

24

Prop. 130 L (2024–2025) Lov om forebygging og reduksjon av matsvinn (matsvinnloven)

25

Matsvinn i norske husholdninger – selvrapportert matsvinn og forbrukernes vurdering av tiltak (Norsus 2025).

26

Steinnes, K.K., Bakkeli N.Z., Slettemeås, D. og Haugrønning, V. (2026) Grenseløs netthandel. Forbrukernes handlemønstre på netthandelsplattformer. SIFO-rapport 13-2026.

27

Gjeldsregistrenes betydning 3.0. Rentebærende usikret kreditt 2021–2026 (SIFO-rapport 3-2026).

28

Kunnskapsgrunnlag om kundeprogrammene i dagligvaremarkedet. Del 1: Appanalyse og litteraturgjennomgang (SIFO-rapport 1- 2026) og Kunnskapsgrunnlag om kundeprogrammene i dagligvaremarkedet Del 2: Empirisk studie og anbefalinger (SIFO-rapport 5-2026).

29

https://www.ssb.no/arbeid-og-lonn/sysselsetting/artikler/foreldre-har-hog-sysselsetting