Del 3
Omtale av særlege tema
5 Kompetansebudsjettet
Innleiing og regjeringa sin hovudbodskap
Det kjem til å bli knappleik på arbeidskraft i åra framover. Noreg står i ei tid prega av store endringar og aukande uvisse, driven mellom anna av demografiske endringar, ei meir uroleg internasjonal utvikling og klimaendringar. For å møte desse endringane understrekar Regjeringens plan for Norge (2025–2029) at framtida krev høgare omstillingsevne, tilgang på relevant kompetanse, auka konkurransekraft og fornying av offentleg sektor.
Humankapital er den viktigaste ressursen Noreg har, og gitt knappleik på arbeidskraft bør vi prioritere utdanningane som samfunnet treng mest. Det er nødvendig å gi tydelegare føringar til utdanningsinstitusjonane, fylkeskommunane og andre relevante aktørar om kva slags kompetanse det er eller blir særlege behov for. Det betyr ikkje at nokre utdanningar ikkje er viktige, men at vi må få ein betre balanse mellom tilboda og prioritere dei viktigaste høgare.
Det er òg eit stort paradoks at samstundes som det er stor etterspurnad etter arbeidskraft på fleire viktige samfunnsområde både i offentleg og privat sektor, står nærare 700 000 utanfor arbeid og utdanning. 100 000 av desse er unge under 30 år. Det er utfordrande for den enkelte å stå utanfor og det er eit tap for samfunnet når gode krefter ikkje blir nytta. Det er ei viktig oppgåve framover å sørge for at kvalifisering og kompetanse òg gir moglegheiter for dei som i dag står utanfor, eller i fare for å kome utanfor, arbeidslivet. Det er eit mål for regjeringa at rekrutteringa til utdanning skal famne breiare enn i dag.
Kompetansebudsjettet tek for seg høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. Det omfattar dei ordinære utdanningsløpa som gir ein grad og fleksible tilbod, inkludert etter- og vidareutdanning, for menneske i ulike livssituasjonar. Begge delar er viktige for å svare på kompetansebehova i samfunnet. Samstundes er det òg eit stort behov for arbeidskraft med fag- og sveinebrev frå vidaregåande opplæring, særleg i industri, bygg og anlegg og helse og omsorg. Regjeringa vil ha merksemd på samanhengen og balansen mellom vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning når tilboda skal vidareutviklast i åra framover.
Kompetansebudsjettet skal vere eit verktøy for å sikre kompetansen Noreg treng, gjennom å:
-
Vidareutvikle, systematisere og bruke kunnskapsgrunnlaget vi har på ein betre måte.
-
Prioritere opp dei utdanningane det er størst behov for og som det er eller vil bli mangel på, gjennom langsiktig planlegging, budsjettprioriteringar og tydelegare samarbeid og arbeidsdeling mellom institusjonane.
-
Måle effekt og justere politikk mellom anna ved å utvikle eit sett med indikatorar for å vurdere måloppnåing. Styringsverkemidla skal brukast i samanheng for å støtte opp om ønskt utvikling i sektoren og jobbe langsiktig med kompetansepolitikken.
Figur 5.1 Kompetansebudsjett – verktøy
Kompetansebudsjettet skal utviklast dei neste fire åra og skal gjere det lettare for universitet, høgskular, fagskular og fylkeskommunar å jobbe aktivt med dimensjonering av studietilboda, gjennom mellom anna arbeidsdeling og omprioriteringar. Regjeringa har følgande hovudbodskap i kompetansebudsjettet:
-
Universitet, høgskular, fylkeskommunar og fagskular må tydelegare prioritere utdanningstilbod i realfag og teknologi og helsefag. Det er nødvendig for å løyse oppgåver mellom anna innanfor helse og omsorg, forsvar, tryggleik og beredskap, konkurransekraft og omstilling, inkludert for det grøne skiftet.
-
Å prioritere dei nemnde områda vil seie å uteksaminere fleire og betre kvalifiserte kandidatar. Det kan institusjonane gjere på fleire måtar: omdisponere studieplassar, betre gjennomføring og betre kvalitet og relevans på innhaldet i utdanningane.
-
Utdanningsinstitusjonane må styrke si eiga evne til utvikling og omstilling. Det inneber å aktivt bruke handlingsrommet dei har til å omdisponere innanfor rammeløyvinga til dei prioriterte fagområda og å skalere ned eller oppretthalde dei andre fagområda.
-
Universiteta og høgskulane må vurdere om det er utdanningstilbod som det kan og bør bli gitt tilbod om ved færre institusjonar enn i dag. Til det høyrer å vurdere samarbeid og arbeidsdeling om små fag og fagmiljø for å styrke kvaliteten og bruke ressursane godt.
-
Utviklingsavtalane vil for statlege universitet og høgskular vere eit viktig verktøy i dette arbeidet. Utviklingsavtalane skal synleggjere koplinga til kompetansebudsjettet og korleis avtalane kan nyttast for å understøtte arbeidet med omprioriteringar og samarbeid og arbeidsdeling.
-
Departementet vil sjå dei ulike styringsverkemidla i samanheng og bruke dei for å understøtte institusjonane sitt arbeid med omstilling og prioriteringar. Departementet vil følge utviklinga og sette inn tiltak dersom det blir nødvendig.
-
I samsvar med prioriteringane i kompetansebudsjettet foreslår regjeringa i statsbudsjettet for 2027 å løyve midlar til kapasitetsauke i høgare utdanning i helsefaglege utdanningar, ingeniørutdanning, maritim utdanning og kvanteteknologi.
Dette kapittelet inneheld fem delar. Kapittelet gjer først greie for korleis regjeringa vil vidareutvikle kompetansebudsjettet og legge til rette for involvering av relevante aktørar. Deretter blir kunnskapsgrunnlaget for framtidige kompetansebehov presentert. Som utgangspunkt for ei vurdering av forholdet mellom dagens tilbod og framtidige behov blir det vidare gjort kort greie for dagens samansetning av utdanningstilbodet og korleis utviklinga har vore. Basert på det omtalar kapittelet fagområda regjeringa vurderer som særleg prioriterte framover. Avslutningsvis blir sentrale føresetnader for å kunne lykkast med å møte samfunnet sine framtidige kompetansebehov på ein formålstenleg måte gjort greie for.
Utvikling og vidare arbeid med kompetanse budsjettet
Involvering og samarbeid er nødvendig for å lykkast med kompetansebudsjettet. I arbeidet med kompetansebudsjettet vil Kunnskapsdepartementet legge til rette for god involvering av relevante aktørar. Kompetansebudsjettet skal utviklast over fleire år og leggast fram i den årlege budsjettproposisjonen. Arbeidet vil derfor vere tilpassa prosessen for arbeidet med statsbudsjettet.
Kunnskapsdepartementet vil bruke eksisterande samarbeids- og innspelsarenaer i arbeidet med kunnskapsgrunnlag og prioriteringar. Innspel frå fylkeskommunar, utdanningsinstitusjonar, arbeidslivsaktørar og sektordepartement vil saman med kunnskapsgrunnlaget danne grunnlag for politiske vurderingar og prioriteringar i kompetansebudsjettet. Dialogen om kunnskapsgrunnlag og prioriteringar vil skje gjennom skriftlege innspel til statsbudsjettet, etatsstyringsmøte, dialogarenaer, med partane i arbeidslivet i Kompetansepolitisk råd og faste møte med sektordepartement. Prosessen for arbeidet med kompetansebudsjettet er illustrert i tabell 5.1.
Tabell 5.1 Arbeidsprosess
|
Fase |
Periode |
Aktivitet |
|---|---|---|
|
Oppstart av arbeid med nytt budsjettår |
Oktober–november |
Relevante aktørar sender innspel om sine prioriteringar til statsbudsjettet til Kunnskapsdepartementet Møte i departementa sin samarbeidsarena for kompetansebehov, leia av Kunnskaps departementet |
|
Arbeid med innspel, prioriteringar og kunnskapsgrunnlag |
Desember–mars |
Kunnskapsdepartementet vurderer innspel og fremjar forslag til prioriteringar til neste års statsbudsjett |
|
Første budsjettkonferanse |
Mars |
Regjeringa behandlar hovudprioriteringar og førebelse økonomiske rammer for departementa i det vidare budsjettarbeidet |
|
Arbeid med kapittel om kompetansebudsjett |
April–september |
Kunnskapsdepartementet skriv eit nytt kapittel om kompetansebudsjett i budsjettproposisjonen Møte med partane i arbeidslivet i Kompetansepolitisk råd Møte i departementa sin samarbeidsarena for kompetansebehov, leia av Kunnskapsdepartementet |
|
Etatsstyring og dialogmøte |
Mai–juni |
Kunnskapsdepartementet gjennomfører etatsstyring med statlege universitet og høgskular og underliggande verksemder, og dialogmøte med fylkeskommunane. I denne dialogen følger departementet opp prioriteringar ved verksemdene og forvaltingsinstitusjonar |
|
Andre budsjettkonferanse |
August |
Regjeringa fastset endelege økonomiske rammer for departementa |
|
Regjeringa legg fram sitt forslag til statsbudsjett |
Oktober |
Kompetansebudsjettet blir lagt fram |
|
Stortinget vedtek statsbudsjettet |
Desember |
Budsjettrammene blir vedtekne |
|
Tildelingsbrev |
Desember/januar |
Departementa sender ut årlege tildelingsbrev til underliggande verksemder med budsjettrammer og prioriteringar for budsjettåret |
Måle effekt og justere politikk
Målet med kompetansebudsjettet er å sikre tilstrekkeleg tilgang på arbeidskraft med rett kompetanse både på kort sikt og framover i tid. Kompetansebudsjettet skal bidra til at utdanningstilbod og kompetansebehov heng betre saman. Departementet vil i det vidare arbeidet med kompetansebudsjettet sjå nærare på korleis ein kan utvikle kunnskapsgrunnlaget og måle effekten av tiltak som blir sette inn.
Dashbord
For å systematisere og samle informasjon om framtidige kompetansebehov, vil departementet vurdere å utvikle eit dashbord eller liknande digital løysing som samlar informasjon om framtidige kompetansebehov, politiske prioriteringar og strategiar og utvikling i utdanningstilbodet. Eit slikt dashbord kan gi styresmakter, universitet, høgskular og fagskular betre tilgang til oppdatert kunnskap om nasjonale og regionale kompetansebehov og såleis styrke grunnlaget for å dimensjonere studieporteføljen. Det vil òg gi betre oversikt over behovet for praksisplassar og planlegging for det. Dashbordet kan på éin stad synleggjere kompetanseområde som er prioriterte, og samle informasjon om til dømes arbeidsmarknad, studiekapasitet og kandidatproduksjon.
Figur 5.2 Døme på kva eit dashbord kan innehalde
Indikatorar
For å følge med på om tiltaka som blir sette inn har effekt, vil departementet sjå nærare på korleis ein kan bruke indikatorar for å måle om tiltak verkar. Indikatorar er viktige for å prioritere og utvikle politikk og vurdere effekten av tiltak for å dekke kompetansebehova. Indikatorane kan vere varsellamper for styresmaktene sine behov for å sette inn tiltak. Det er særleg tre typar informasjon som kan vere nyttige for å lage indikatorar:
-
Kunnskapsgrunnlag om befolkninga: Informasjon om forventa fødslar, tal på barn og unge, alderssamansetting og inn- og utflytting gir viktig informasjon for å dimensjonere utdanning.
-
Utdanningstilbod: Informasjon som gir oversikt over studentar som er tekne opp, uteksaminerte kandidatar og kor lang tid dei bruker på utdanninga vil gi svar på om utdanningssystemet leverer tilstrekkeleg kompetanse innanfor dei prioriterte fagområda.
-
Etterspurnad i samfunnet og arbeidsmarknaden: Informasjon om sysselsetjing, arbeidsløyse, rekrutteringsutfordringar og tida det tek å få ein relevant jobb, bidreg til å vise kva slags etterspurnad det er etter ulike ferdigheiter eller yrke. Sett i samanheng med næringsutvikling, samfunnstrendar, politiske satsingar eller regelverksendringar kan ein få eit bilde av heilskapen.
Framtidige kompetansebehov
Det blir store demografiske endringar framover som vil påverke både tilbodet og etterspurnaden etter arbeidskraft. Medan befolkninga i aldersgruppa 20–66 år har auka i gjennomsnitt med i underkant av 30 000 personar årleg sidan 2000, er veksten venta å bli mykje lågare framover. Og mot slutten av neste tiår vil veksten i den yrkesaktive delen av befolkninga nesten stoppe opp. Samtidig vil det bli ein kraftig auke i aldersgruppa over 75 år.
Demografiske endringar får betydning både for etterspurnaden etter og tilgangen på arbeidskraft. Det betyr ikkje at samanhengen nødvendigvis er enkel å føreseie. På etterspurnadssida kan ny teknologi og betre arbeidsdeling, til dømes i helsesektoren, bidra til å dempe etterspurnaden noko. Når det gjeld tilbodssida, er rekrutteringa framleis prega av sosiale skilnader. Ei breiare rekruttering kan bidra til å auke tilgangen på arbeidskraft.
Figur 5.3 viser utviklinga i befolkninga som samsvarer med typisk alder for deltaking i barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring og høgare utdanning i perioden 2016–2040. Det samla folketalet aukar gjennom heile perioden, frå om lag 5,2 mill. i 2016 til om lag 6 mill. i 2040. Veksten kjem i hovudsak blant dei eldste aldersgruppene. Talet på personar over 70 år aukar kraftig gjennom perioden, medan aldersgruppa 30 til 69 år òg veks betydeleg. Samstundes er utviklinga meir stabil i dei yngre aldersgruppene. Talet på personar i alderen 0 til 5 år er relativt konstant, medan gruppene 6 til 15 år, 16 til 19 år og 20 til 29 år viser små endringar eller svak nedgang.
Figur 5.3 Befolkning fordelt på aldergrupper
Kjelde: Statistisk sentralbyrå, tabell 10211 og 14740. Framskriving basert på middels føresetnader for fruktbarheit, levealder og innvandring (MMM). Samansett av Kunnskapsdepartementet
Regjeringa ønsker betre forståing av kva slags arbeidskraft og kompetanse det blir større behov for, og kva kompetanse det ikkje er behov for å prioritere like høgt. Kompetansebehova varierer lokalt, regionalt og nasjonalt og frå næring til næring. Kompetansepolitikken skal bidra til å løyse manglar på kort sikt, men òg planlegge for ei utvikling for samfunnet og arbeidslivet som svarar på dei meir langsiktige utfordringane. Dei framtidige kompetansebehova blir forma i eit samspel mellom politikk, teknologi, næringsutvikling og endringar i arbeidsmarknaden, demografien og samfunnet som ikkje er kjende i dag, og som derfor er usikre. I tillegg til å sørge for tilstrekkeleg tilgang på kompetanse det er stor etterspurnad etter, er det avgjerande å sikre kvalitet og eit langsiktig perspektiv for å ivareta mindre fag. I lys av dette kan det bli nødvendig å forsterke samarbeid og arbeidsdeling mellom institusjonar.
Vidare utvikling og bruk av kunstig intelligens (KI) bidreg særleg til at framtidige kompetansebehov er usikre. Kompetansebehovsutvalet viser i Temarapport 2025 at etterspurnaden etter KI-kompetanse er aukande i arbeidslivet, men at det er store variasjonar mellom næringar og verksemder når det gjeld systematisk bruk av KI-verktøy. Fleire undersøkingar tyder på at utrulling av KI i norsk arbeidsliv framleis er i ein tidleg fase. Utvalet meiner at digital omstilling på sikt truleg vil minke arbeidskraftbehovet i nokre næringar og yrke, noko som frigjer arbeidskraft som kan fylle behov andre stadar. KI-teknologi kan til dømes bli spesielt viktig i helsesektoren. Framtidige kompetansebudsjett vil følge utviklinga for å sjå på korleis KI påverkar etterspurnaden etter ulike utdanningar og yrke.
Kva seier kunnskapsgrunnlaget om kompetansebehov?
Det vi veit om mangel på arbeidskraft og framtidige kompetansebehov bygger i hovudsak på datakjelder som spørjeundersøkingar og framskrivingar. Spørjeundersøkingar, som Nav si bedriftsundersøking, gir eit kortsiktig bilde på kva slags kompetanse verksemdene ser behov for, medan Statistisk sentralbyrå (SSB) sine framskrivingar gir eit bilde på kva slags kompetanse det kan bli behov for på lengre sikt.
Ein kan ikkje bruke spørjeundersøkingar og framskrivingar om kompetansebehov aleine til å dimensjonere utdanningstilbod, dei må sjåast i samanheng med politiske mål og prioriteringar for utdanningssektoren. Til saman utgjer desse kjeldene kunnskapsgrunnlaget for kompetansebudsjettet.
Arbeidslivs- og kandidatundersøkingar gir informasjon om kompetansebehov på kort sikt
I 2026 blei det estimert i Navs bedriftsundersøkelse 2026: vedvarende mangel på helsepersonell at om lag 18 pst. av verksemdene i Noreg hadde rekrutteringsutfordringar. Dette er tre prosenteiningar lågare enn i 2025. Den estimerte mangelen på arbeidskraft har falle kvart år sidan 2022.
Undersøkinga estimerer ein samla mangel på over 11 000 personar med helse- og sosialfagutdanningar i 2025. Over 9 000 av desse er innanfor pleie- og omsorgsfag, særleg sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.
Undersøkinga viser at verksemdene òg har hatt utfordringar med å rekruttere tilsette med ein del andre utdanningsbakgrunnar. Etter helse- og sosialfagutdanningar er det estimert størst mangel på arbeidskraft med utdanningsbakgrunn frå mekaniske fag, byggfag og elektrofag i vidaregåande opplæring, tekniske fag i høgare yrkesfagleg utdanning og ingeniørutdanningar og lærarutdanningar i høgare utdanning.
Rekrutteringsutfordringane varierer mellom regionar, og verksemder har hatt størst problem med å få tak i kvalifisert arbeidskraft i Troms, Nordland og Vestland.
For andre utdanningsbakgrunnar finner ikkje bedriftsundersøkinga store manglar på arbeidskraft. Hovedrapport frå kandidatundersøkelsen 2025 (2026:10) frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) viser òg at enkelte masterkandidatar bruker noko lengre tid på å skaffe seg arbeid enn tidlegare. Undersøkinga gir ikkje grunnlag for å slå fast kva som er årsakene til det, men konjunktursvingingar, eit aukande tal kandidatar og utviklinga innanfor KI kan vere medverkande forklaringsfaktorar. Det er likevel slik at etter seks månader har 90,5 pst. av dei nyutdanna fått jobb, som gir ei langt lågare arbeidsløyse enn for befolkninga generelt.
Informasjon frå Nav si bedriftsundersøking og NIFUs kandidatundersøking er surveyundersøkingar og må tolkast med atterhald. Kompetansebehovsutvalet sin Temarapport 2025 viser mellom anna til at undersøkingar av arbeidsgivarane sine kompetansebehov viser at verksemder har vanskar med å føreseie bemanningsbehova sine nokre år framover. Dei legg som oftast til grunn at dagens situasjon vil halde fram. For private verksemder blir vurderingane enda meir komplekse når etterspurnaden etter varer og tenester blir påverka av tilhøve dei ikkje har kontroll over, noko som igjen påverkar behovet for arbeidskraft.
Verksemder i offentleg sektor er mindre utsette for konjunkturar. Dei har òg mindre variasjon i bemanninga. Rammene deira blir avgjorde av årlege budsjett, og tenestene blir i stor grad dimensjonerte av regelverk og brukarane sine lovfesta rettar. Nasjonale styresmakter kan derfor gjennom dei årlege budsjetta til ein viss grad styre etterspurnaden etter arbeidskraft i for eksempel helse- og sosialtenestene og i utdannings systemet.
På lengre sikt bidreg både framskrivingar og politiske prioriteringar til kunnskapsgrunnlaget om kompetansebehov
SSB har langsiktige framskrivingar av tilbod og etterspurnad etter arbeidskraft på nasjonalt nivå for ulike utdanningar fram til 2050.
I dei siste framskrivingane frå SSB, Framskriving av tilbod og etterspørsel etter utdanning mot 2050, er etterspurnaden høgare enn tilbodet for arbeidskraft med vidaregåande fagutdanning i helse- og sosialfag, elektrofag, maskinfag og mekaniske fag, bygg- og anleggsfag, andre naturvitskaplege fag, tekniske fag og handverksfag.
I framskrivingane vil etterspurnaden etter høgt utdanna arbeidskraft auke fram mot 2050, men ikkje like mykje som tilbodet. Framskrivingane viser dermed eit tilbodsoverskot av høgt utdanna arbeidskraft samla sett. HK-dir skriv i rapporten Samfunnets kompetansebehov og dimensjonering av høyere utdanning at dette ikkje skal tolkast som eit varsel om framtidig arbeidsløyse blant høgt utdanna. Dei skriv vidare at «(…) økt tilbud av høyt utdannet arbeidskraft har ofte en tendens til å øke etterspørselen etter denne arbeidskraften i arbeidslivet. En slik tilpasning er likevel ikke nødvendigvis en ønskelig utvikling sett fra et samfunnsperspektiv. Den demografiske utviklingen skaper en knapphet på arbeidskraft i deler av samfunnet, og det blir viktigere framover å prioritere slik at samlede samfunnsbehov dekkes best mulig».
Meld. St. 11 (2025–2026) Helsepersonellplan 2040, som baserer seg på SSB sin framskrivingsmodell, Helsemod, anslår at underskotet for dei framskrivne helsepersonellgruppene i modellen vil vere om lag 42 400 helsepersonell frå alle utdanningsnivå i 2040 dersom utviklinga held fram som i dag. Samtidig gir ikkje dette talet aleine eit fullstendig bilde av bemanningsutfordringane, fordi tenestene òg er avhengige av andre personellgrupper som ikkje inngår i Helsemod-modellen. Planen viser korleis ein kan oppretthalde høg kvalitet i helse- og omsorgstenestene utan å auke talet på tilsette like mykje som behova tilseier. Dette skal løysast gjennom to hovudgrep: å auke tilbodet på arbeidskraft, og å dempe etterspurnaden etter arbeidskraft.
Framskrivingane gir eit bilde av korleis arbeidsmarknaden kan utvikle seg dersom dagens utviklingstrekk held fram, utan endringar i til dømes arbeidsmåtar, auka produktivitet med bruk av nye teknologiske løysingar, eller som følger av politiske vedtak. Framskrivingane fangar heller ikkje opp tilbodsdriven etterspurnad, som kjem når tilgjengeleg høgt utdanna arbeidskraft blir sysselsett i staden for lågare utdanna arbeidskraft som blei brukt til slikt arbeid tidlegare.
For å få best mogleg oversikt over kompetansebehov på lengre sikt må ein derfor òg sjå på dei store drivarane for kompetansebehov, og på politiske mål og strategiar.
I rapporten frå 2026 peiker HK-dir til dømes på at sjølv om framskrivingane ikkje viser underskot på arbeidstakarar med naturvitskapleg utdanning, viser det samla kunnskapsgrunnlaget at teknologi- og realfaglege utdanningar vil spele ei sentral rolle i åra som kjem. Sentrale drivarar for kompetansebehov, som det grøne skiftet, digital omstilling, demografisk utvikling og den geopolitiske situasjonen, vil auke behovet for teknologi- og realfagskompetanse. For å nå måla i Regjeringens plan for Norge (2025–2029) er det derfor behov for fleire med utdanning innanfor realfag og teknologi. I Meld. St. 33 (2024–2025) Status, fremdrift, utfordringer og risiko i gjennomføring av langtidsplanen for forsvarssektoren 2025–2036 framgår det at nokre av dei mest kritiske kompetansemanglane er ingeniørar, teknikarar og arbeidskraft med IKT-fagleg kompetanse. Regjeringas digitaliseringsstrategi, Fremtidens digitale Norge, stadfestar at det er behov for fleire med spesialisert digital kompetanse.
Då kan det synest som eit paradoks at uteksaminerte masterkandidatar frå natur- og realfag våren 2025 har hatt større vanskar enn tidlegare med å få relevant arbeid. NIFU viser i sin Hovedrapport frå kandidatundersøkelsen 2025 (2026:10) at kandidatar frå tekniske ingeniørfag har gode arbeidsmarknadsutfall, medan særleg kandidatar frå disiplinfag som kjemi og fysikk møter større utfordringar. Tidlegare kandidat undersøkingar har vist at teknologanes overgang til arbeidsmarknaden er følsam for konjunktursvingingar. Teknologane er ofte kandidatar til privat sektor og kan merke ein meir avventande arbeidsmarknad. Overgangsutfordringane som desse arbeidstakarane står i nett no, illustrerer at det ikkje alltid er samsvar mellom kortsiktige og langsiktige kompetansebehov.
Boks 5.1 Lærarkompetanse i barnehage og skule
På grunn av mangel på kvalifiserte lærarar er det fleire stadar i Noreg tilsett personar mellombels som underviser i grunnskulen utan relevant lærarutdanning. SSBs framskrivingar av tilbod og etterspurnad av lærarar (LÆRARMOD) viser at grunnskulelærarar med relevant lærarutdanning i aukande grad kan erstatte personar utan relevant lærarutdanning. Det er viktig å presisere at sjølv om ein reduserer underskotet av personar, vil ein framleis mangle kvalifiserte grunnskulelærarar i 2060. SSB framskriv òg at det kan bli eit underskot av barnehagelærarar, yrkesfag lærar og lærarar i praktiske og estetiske fag.
Ein må balansere ulike omsyn og tidsperspektiv for å møte kompetansebehova
Innanfor enkelte næringar kan ein berekne arbeidskraftsbehovet ganske presist. I andre næringar er det meir usikkert både kva slags utdanningar og kompetansar som blir etterspurde, og kor mange sysselsette ein treng.
Dersom ein ser tilbake i tid, har behova for kompetent arbeidskraft i enkelte høve endra seg raskt. Historia har vist at det er vanskeleg å førebu seg på store endringar i tilbod av eller etterspurnaden etter ulike grupper kandidatar som er forårsaka av politiske eller økonomiske kriser, konjunkturar, endringar i arbeidsoppgåver eller teknologiske og digitale moglegheiter. Slike hendingar kan raskt endre kompetansebehova. Å bygge opp kapasiteten og talet på kandidatar innanfor eit fagområde tek fleire år, og tilbodet vil gjerne kome saktare enn den aukande etterspurnaden.
I åra før tusenårsskiftet var etterspurnaden etter IKT-kompetanse høg, men etter år 2000 fall behovet plutseleg. Nav si bedriftsundersøking viste null registrerte manglande IKT-spesialistar i 2014, og mange med slik kompetanse var arbeidslause. Seinare blei teknologi- og digitaliseringsutviklinga sterkare enn venta, og behova for IKT-utdanna auka kraftig, og meir enn tilbodet.
Dei siste ti åra har programmerarar og systemutviklarar igjen stått høgt på lista i bedriftsundersøkinga over yrke det er mangel på. I same periode har talet på studieplassar auka kraftig, og kandidatproduksjonen frå IKT-fag har blitt dobla. Såleis har òg det udekte behovet for slik arbeidskraft blitt mindre. I dei aller seinaste åra har igjen mangelen på IKT-spesialistar falle, og arbeidsløysa har auka. Med raskt vekslande behov og tregleik i kandidatproduksjonen viser dette kor vanskeleg det er å balansere tilbod og etterspurnad etter denne typen arbeidskraft.
Medan utviklinga innanfor IKT illustrerer korleis raske skift kan gjere det vanskeleg å balansere tilbod og etterspurnad, viser utviklinga innanfor økonomi og administrasjon at òg meir langsiktige endringar kan vere vanskelege å fange opp. SSB har lenge framskrive eit framtidig overskot av kandidatar innanfor fagområdet. Samstundes har kandidattalet auka, utan at arbeidsløysa har vore særleg høg. Dette tyder på at etterspurnaden etter slik kompetanse har vore sterkare enn framskrivingane la til grunn, og at fleire arbeidsgivarar har gitt jobb til denne typen arbeidskraft enn dei gjorde då framskrivingane blei gjorde.
I økonomisk tronge tider kan det vere krevjande for nyutdanna kandidatar å få jobb, sjølv i yrke og næringar som vanlegvis har behov for arbeidskraft. Det er altså ingen som veit nøyaktig kva slags næringar, verksemder og oppgåver samfunnet treng i framtida. Dei tilgjengelege analysane og undersøkingane er usikre, og bildet må fyllast ut med politiske prioriteringar og fagleg refleksjon om mogleg, sannsynleg eller ønskeleg utvikling for arbeidskraft- og kompetansebehov.
For å redusere risiko må styresmaktene førebu seg på fleire moglege utviklingsbanar. Kva for utdanning som folk vel, vil òg påverke korleis ulike næringar kan utvikle seg, og nye næringar kan oppstå. Tilbodet av kompetent arbeidskraft vil såleis òg over tid påverke etterspurnaden frå næringslivet.
Høgare utdanning er tidkrevande. Til dømes tek det minst fem år å ta ein mastergrad. Dimensjonering av slike studietilbod må gjerast for eit langsiktig perspektiv. Andre formar for høgare utdanning, som fleksible tilbod og kortare utdanningsløp, og høgare yrkesfagleg utdanning, har kortare varigheit, og er såleis betre eigna til å møte raske endringar i konkrete kompetansebehov.
Folk skal ha nytte av utdanninga si gjennom eit arbeidsliv som kan vare i over 40 år, og treng relevant kompetanse heile livet. Den enkelte sitt behov for tryggleik og eit langsiktig perspektiv kan stå i motsetnad til kortsiktige kompetansebehov i arbeidsmarknaden. Utdanningstilboda bør derfor møte arbeidslivet sine behov på kortare og mellomlang sikt og gi eit kompetansegrunnlag som er mest mogleg relevant òg på lang sikt. Spesielt meir akutte kompetansebehov kan løysast raskast av uformelle former for læring på jobben eller ikkje-formell læring som kurs og liknande.
Oppsummering av kunnskapsgrunnlaget om kompetansebehov
Kunnskapsgrunnlaget om framtidige kompetansebehov er ikkje ein eksakt vitskap, men om ein ser ulike undersøkingar, framskrivingar, samfunnsendringar og politiske mål i samanheng, er det nokre behov vi kan føreseie med høgare grad av sikkerheit.
På kort sikt veit vi at nesten ein av fem norske verksemder hadde rekrutteringsutfordringar i 2026. Det er størst mangel på folk med helseutdanningar på alle nivå, frå fagbrev til doktorgrad.
Det er ikkje berre folk med helseutdanningar som verksemdene har utfordringar med å rekruttere. På vidaregåande nivå er det, etter helse, størst mangel på personar med utdanning i mekaniske fag og maskinfag, bygg og anlegg og elektrofag. På bachelor- og masternivå manglar arbeidslivet personar med ingeniørutdanningar og lærarutdanningar. Det er variasjon mellom ulike regionar.
Kompetansebehov på lang sikt samsvarar i stort med kompetansebehova på kort sikt. Den demografiske utviklinga, med fleire eldre, aukar behovet for helsefagarbeidarar, sjukepleiarar og andre typar helseutdanna arbeidstakarar som vernepleiarar og helsesekretærar. I tillegg er det framskrive behov for fleire fagarbeidarar med elektrofag, maskinfag og mekaniske fag, bygg- og anleggsfag, andre naturvitskaplege fag, tekniske fag og handverksfag.
For andre utdanningar på universitets- og høgskulenivå er det ikkje framskrive manglar, men heller at tilbodet kan bli større enn etterspurnaden. Kandidatundersøkinga og sysselsetjingsstatistikk for masterutdanna viser òg at arbeidsmarknaden har blitt noko treigare dei siste åra, sjølv om delen som er sysselsett framleis er svært høg.
Kunnskapsgrunnlaget for kompetansebudsjettet består ikkje berre av statistikk, men òg kunnskap om kva for slags kompetanse som trengst for å nå politiske mål og prioriteringar. For å bidra til produktivitetsvekst, innovasjon, omstilling, tryggleik og beredskap treng vi fleire med realfags- og teknologiutdanningar frå vidaregåande opplæring, fagskular, universitet og høgskular. Dette er eit tema som den kommande realfag- og teknologistrategien vil gå nærare inn på.
Som stadfesta mellom anna i Meld. St. 31 (2023–2024) Perspektivmeldingen vil den demografiske utviklinga med relativt sett færre i arbeidsdyktig alder truleg føre til mangel på arbeidskraft framover. Det gjer det nødvendig å utdanne fleire der behovet er størst. Økonomi og administrasjon og samfunnsfag og juridiske fag er døme på fagområde som er populære blant søkarar og som dei fleste institusjonar tilbyr. Kandidatane innanfor desse faga får som regel relevante jobbar, og det er god søkning til tilgjengelege studieplassar. Mange søkarar ser på dei som verdifulle allmennutdanningar som kan brukast i mange ulike næringar og yrker. Samstundes er det ingen tydeleg mangel på arbeidskraft innanfor desse fagområda. Med venteleg knappleik på arbeidskraft er det derfor ønskeleg å auke delen som blir utdanna innanfor faga der mangelen er størst. Det er då viktigast å prioritere teknologi, realfag og helsefag.
Dagens samansetting av utdanningstilboda
Denne delen av kapittelet viser korleis samansettinga av utdanningstilboda ved fagskulane, høgskulane og universiteta har utvikla seg, og korleis politikk og prioriteringar har bidrege til dette dei seinare åra.
Samansettinga av utdanningstilbodet i universitets- og høgskulesektoren i Noreg er prega av både historiske prioriteringar, arbeidsmarknadsbehov og studentane sine utdanningsval. Sektoren har over tid hatt eit omfattande tilbod innanfor helse- og sosialfag, lærarutdanning, samfunnsfag og humaniora, som har bidrege til å dekke kompetansebehov i sentrale delar av velferdsstaten.
Samstundes viser internasjonale samanlikningar at Noreg har ein lågare del av befolkninga med utdanning innanfor naturvitskap, teknologi, ingeniørfag og matematikk (STEM-fag) enn mange land det er naturleg å samanlikne seg med. Dette kan indikere ei utfordring knytt til den framtidige tilgangen på kompetanse som er viktig for digitalisering, teknologiutvikling, produktivitetsvekst og omstilling til eit lågutsleppssamfunn.
Figur 5.4 Fordeling på fagområde blant personar med høgare utdanning. Alder 25–64 år. 2024
Fagskule 2 år (ICED 5) eller høgare utdanning på minst 2 års fulltidsutdanning (ICED 6+7+8). STEM står for Science, Technology, Engineering and Mathematics. Datagrunnlaget dekker 41 pst. av fagskulestudentane i 2024.
Kjelde: OECD (2025) Education at a Glance
Utviklinga i kandidatproduksjonen tyder på at samansettinga av utdanningane har endra seg over tid, jf. figur 5.5, 5.6 og 5.7. Samla kan utviklinga tyde på at utdanningssystemet til dels har tilpassa seg endringar i etterspurnaden etter kompetanse og politiske prioriteringar. Særleg gjeld dette veksten innanfor teknologiske fag i høgare utdanning og veksten innanfor helsefag i høgare yrkesfagleg utdanning. Figurane viser at endringane i samansettinga av kandidatproduksjonen har vore relativt moderate, men det kan ha samanheng med at det tek fleire år før kandidatane som er tekne opp, er ferdige. Figurane gir derfor grunnlag for å konkludere med at utdanningstilbodet er i endring, men ikkje nødvendigvis at utviklinga er tilstrekkeleg til å møte alle framtidige kompetansebehov.
Utvikling av talet på kandidatar i høgare utdanning
Figur 5.5 viser kor stor del av kandidatane som har fullført utdanning innanfor dei ulike fagområda i perioden 2016–2025. Helse- og sosialfag har den høgaste delen gjennom heile perioden, sjølv om det er ein svak nedgang mot slutten av perioden. Naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag ligg relativt stabilt på 20 pst., medan økonomiske og administrative fag held seg på eit nokså jamt nivå mellom 17 og 19 pst. Omlegging frå fireårig til femårig grunnskulelærarutdanning i 2017 forklarar den kraftige auken i lærar og pedagogikkutdanningar i 2022.
Figur 5.5 Delen kandidatar med bachelor, integrert master (5-årig) eller profesjonsutdanning (6-årig). 2016–2025
Kjelde: Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Figur 5.6 viser utviklinga i delen kandidatar med masterutdanning av alle uteksaminerte kandidatar i høgare utdanning for seks utvalde fagområde. Økonomiske og administrative fag har den høgaste delen gjennom heile perioden, men viser ein nedgang frå om lag 29 pst. i 2016 til 26 pst. i 2025. Naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag ligg stabilt rundt 20 til 24 pst. Helse- og sosialfag skil seg ut ved å ha den sterkaste veksten i tiårsperioden, og aukar frå om lag 9 pst. til 18 pst. Samfunnsvitskaplege fag ligg relativt stabilt rundt 11 pst., medan humanistiske og estetiske fag går noko tilbake.
Figur 5.6 Delen kandidatar med 2-årig masterutdanning eller kortare fordelt på fagområde. 2016–2025
Auken i talet på kandidatar i helse- og sosialfag i 2024 og 2025 heng saman med at fleire vidareutdanningar i sjukepleie har blitt endra, slik at det er mogleg å ta dei som mastergrad.
Kjelde: Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Utvikling av kandidatar i høgare yrkesfagleg utdanning
Figur 5.7 viser at delen uteksaminerte kandidatar innanfor helse- og velferdsfag frå fagskular har auka markant frå 15 til 27 pst., medan tekniske fag framleis er det største fagområdet i 2025, trass i ein nedgang frå starten av perioden frå 32 til 28 pst. Økonomiske og administrative fag har òg auka gjennom store delar av perioden, men har gått noko tilbake dei siste åra. Samstundes har IT-fag vakse, medan kreative fag og samferdselsfag har fått ein mindre del av kandidatane.
Fagskuleutdanningar varierer i både omfang og form mellom fagområda. I dei tekniske faga er det lang tradisjon for å tilby toårige fagskuleutdanningar på 120 studiepoeng, både på heiltid og deltid, men dei siste åra har kortare studietilbod under 30 studiepoeng blitt stadig meir aktuelt. I helse- og velferdsfag er flest utdanningstilbod på 60 studiepoeng, og vanlegvis på deltid. I dei økonomiske og administrative faga er halvparten av fagskuleutdanningane på 60 studiepoeng, ofte på deltid, medan dei fleste andre er kortare tilbod. I samferdselsfaga og dei kreative faga er det ei tydeleg overvekt av dei toårige utdanningane, og i desse faga tek fagskulestudentar utdanningane stort sett på heiltid.
Regjeringa sine tidlegare prioriteringar og tiltak
Politiske val og prioriteringar har bidrege til utviklinga slik omtalt over. Regjeringa har sidan 2022 teke fleire grep for å møte kompetansebehova ved hjelp av universitets-, høgskule- og fagskuleutdanning. Det er lagt fram fleire meldingar til Stortinget der hovudbodskapen er behovet for ei tett kopling mellom utdanning og arbeidsliv, og at ein treng fleire med praktisk og profesjonsretta kompetanse innanfor helse, teknologi og i læraryrket, og betre utnytting av ressursane i befolkninga. Desse meldingane har vore grunnlaget for dei prioriteringane som er gjorde og dei tiltaka som er innførte.
Både høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning tilbyr i dag eit breitt spekter av utdanningar, frå tradisjonelle heiltidsstudium til fleksible og arbeidslivsretta tilbod. Veksten har dei siste åra vore særleg sterk i nettbaserte og modulbaserte utdanningar. Dette reflekterer aukande behov for kompetansepåfyll og omstilling gjennom heile yrkeslivet, samstundes som utdanningane blir gjort meir tilgjengelege for vaksne studentar og personar i arbeid.
Boks 5.2 Tidlegare meldingar om kompetansebehov
-
I Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2023–2032 peikar regjeringa på fleire tematiske satsingsområde, mellom anna tryggleik og beredskap og teknologi.
-
I Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge er det ei tydeleg prioritering av kompetanse som er nødvendig for eit høgproduktivt og konkurransedyktig næringsliv, for å ha gode velferdstenester i heile landet og for å gjennomføre det grøne skiftet. Universiteta og høgskulane blir bedne om å prioritere helsefag, IKT og fag for det grøne skiftet. I meldinga la regjeringa òg fram det endra finansieringssystemet for universitet og høgskular som støttar opp under desse prioriteringane. Meldinga viser òg til at utviklingsavtalane skal vere det viktigaste verktøyet for ei dialogbasert og differensiert styring av statlege universitet og høgskular.
-
I Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar i heile landet understrekar regjeringa at lærarar, ingeniørar og helse- og sosialfagleg personell har nøkkelroller for velferd og verdiskaping, og at Noreg treng fleire som utdannar seg til desse profesjonane.
-
I Meld. St. 31 (2023–2024) Perspektivmeldingen 2024 legg regjeringa vekt på betydninga av ei god dimensjonering av utdanning og kompetanse i åra framover. Dette er særleg viktig i ein situasjon med store demografiendringar der Noreg vil mangle arbeidskraft.
-
I Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning understrekar regjeringa at fylkeskommunane bør prioritere tekniske fag, helse- og velferdsfag og område som er viktige for det grøne skiftet, forsvar og sivil beredskap. Regjeringa la òg fram justert finansieringssystem for fagskular. Dette gir mellom anna fagskulane betre handlingsrom til å planlegge og dimensjonere utdanningstilbodet etter arbeidslivets behov og etterspurnaden frå studentane, og fylkeskommunane kan få meir midlar til høgare yrkesfagleg utdanning gjennom auka sats for resultatbasert utteljing.
Figur 5.7 Delen studentar som har gjennomført ei fagskuleutdanning fordelt på fagområde. 2016–2025
Kjelde: Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Prioriteringar i universitets- og høgskulesektoren
Sidan midten av 2000-talet har talet på studieplassar i universitets- og høgskulesektoren vakse mykje. Ein stor del av kapasitetsveksten er finansiert med nye midlar til rammeløyvinga i dei årlege statsbudsjetta. Under pandemien i 2020, 2021 og 2022 fekk sektoren òg ein ekstraordinær kapasitetsauke gjennom mellombelse og varige studieplassar for å møte auka etterspurnad etter utdanning og framtidige kompetansebehov. Nye studieplassar har i stor grad vore retta mot prioriterte fagområde der samfunnet har særlege behov for kompetanse. Dette gjeld først og fremst helse- og sosialfag, lærarutdanningar og matematiske fag, naturvitskaplege og teknologiske fag (MNT-fag), inkludert ingeniørutdanningar og IKT. I tillegg har det over tid vore ei målretta satsing på enkelte profesjonsutdanningar, som medisin og sjukepleie, for å møte framtidige behov i arbeidslivet og offentleg sektor.
Regjeringa er oppteken av at ei tydeleg prioritering av kompetanse er nødvendig for å utvikle og omstille næringslivet og samfunnet. Under denne regjeringa er det prioritert kapasitet til nærare 1 800 nye studieplassar innanfor særskilde fagområde. Av desse er 365 plassar prioriterte til teknologiske og naturvitskaplege fag, og 1 330 plassar har gått til helse- og sosialfag. Dette inkluderer ei vidareføring av 80 studieplassar i medisin og 300 studieplassar i barnevern frå Utdanningsløftet 2020, og ei føring til institusjonane om å auke opptaket med 200 plassar i sjukepleiarutdanning innanfor gjeldande løyving.
Når institusjonane opprettar fleire studieplassar, tek det fleire år før kandidatane faktisk er ferdige med utdanninga. Regjeringa si satsing på auka utdanningskapasitet i perioden 2022–2026 vil gi fleire ferdigutdanna kandidatar kvart år i åra framover. Frå og med 2032 vil den auka utdanningskapasiteten føre til at institusjonane uteksaminerer nær 1 300 fleire kandidatar innanfor dei prioriterte fagområda kvart år, samanlikna med 2025. Det inkluderer 365 fleire kandidatar årleg innanfor realfag og teknologi og 830 fleire innanfor helse- og sosialfag. Når ein vurderer vidare tiltak og omprioriteringar framover, er det viktig å rekne inn konsekvensane av tidlegare tildelingar, slik at ikkje for mange utdannar seg innanfor eit fag, som gjer det vanskeleg å få relevant jobb.
Prioriteringar i fagskulesektoren
Fagskulesektoren har vakse betydeleg sidan midten av 2010-talet, samstundes som sektoren har blitt meir konsolidert gjennom samanslåingar av fagskular. Styresmaktene har gjennom fleire satsingar auka kapasiteten i sektoren og oppretta nye studieplassar for å møte etterspurnaden etter fagarbeidarar med høgare yrkesfagleg utdanning. Styrken til fagskulane ligg mellom anna i evna til å reagere raskt på endringar i kompetansebehovet i arbeidslivet. Når ny teknologi, omstilling i næringslivet eller mangel på kvalifisert arbeidskraft skaper behov for ny kompetanse, kan fagskulane utvikle og tilpasse utdanningstilbod raskt. Dei korte utdanningsløpa, den tette kontakten med arbeidslivet og den praksisnære innretninga gjer at fagskulane raskt kan utdanne kandidatar med kompetansen verksemdene etterspør. For dei om lag 660 000 sysselsette med yrkesfagleg kompetanse vil høgare yrkesfagleg utdanning vere den mest tilgjengelege arenaen for livslang læring og meir yrkesrelevant utdanning.
Under denne regjeringa er det tildelt midlar til 2 900 nye studieplassar ved fagskular. Dette har ført til vekst i talet på fagskulestudentar innanfor særleg prioriterte fagområde som tekniske fag og helse- og velferdsfag. I 2025 tok tre av fire fagskulestudentar utdanninga på deltid. Sidan så mange studentar tek utdanninga på deltid, og ein del av utdanningane er på mindre enn 60 studiepoeng, inneber det at det er fleire studentar som deler på éin studieplass. Dette betyr at midlar til nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning har ført til ein endå større auke i talet på fagskulestudentar enn kva talet nye studieplassar tilseier. Regjeringa har styrkt finansieringa av fagskulane, mellom anna for å gi meir handlingsrom til å tilpasse tilboda gjennom rammefinansiering av driftstilskotet.
Høgare yrkesfagleg utdanning har spissa seg endå meir mot å dekke behova arbeidslivet har for høg kompetanse og samstundes fleksible utdanningsløp som kan kombinerast med arbeid. I 2025 var fire av fem studentar registrerte på utdanningar på 60 studiepoeng eller meir. Litt fleire var registrerte på utdanningar som leiar til høgare fagskulegrad (120 studiepoeng) enn dei som var registrerte på utdanningar som leiar til fagskulegrad (60–119 studiepoeng). Dette stadfestar at høgare yrkesfagleg utdanning i hovudsak dekker eit behov for samanhengande utdanningsløp.
Departementet jobbar med å revidere og endre Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) på nivå 5–8. Ein sentral del av arbeidet er å innføre ei yrkesfagleg søyle og opne for høgare yrkesfagleg utdanning på nivå 6 og 7. I tillegg skal læringsutbyttet på nivå 6–8 for høgare utdanning bli revidert. Innføringa av ei yrkesfagleg søyle vil bidra til å skape tydelegare karrierevegar for fagarbeidarar og fleire moglegheiter for praksisnær og arbeidslivsretta vidareutdanning. Ved å bygge vidare på denne utviklinga kan fylkeskommunane og fagskulane halde fram med å imøtekome skiftande kompetansebehov i arbeidslivet.
Prioriterte fagområde framover
Kunnskapsgrunnlaget viser behov for arbeidskraft med kompetanse innanfor helsefag, realfag og teknologi i åra som kjem. Helsefag, realfag og teknologi er òg fagområde som er nødvendige for at regjeringa skal nå dei politiske ambisjonane om auka vekst og velferd. Regjeringa meiner derfor desse fagområda bør styrkast framover.
Det er nødvendig å følge med på om marknaden for kandidatar med anna høgare utdanning er i ferd med å bli metta. Fleire undersøkingar viser til dømes at det tek litt lengre tid for masterkandidatar frå nokre fagfelt å få jobb. Det kan likevel vere grunn til å oppretthalde eit mangfald av utdanningstilbod og tilstrekkeleg kapasitet innanfor til dømes humaniora, samfunnsfag og handverksfag.
Teknologiske endringar er til dømes avhengige av kunnskap om språk, kultur, historie, etikk og demokratiske prosessar. Vi er òg nøydde til å oppretthalde små og sårbare fagmiljø som kan gi stor samfunnsmessig verdi. Det vil likevel ikkje vere behov for å auke kapasiteten på mange av desse fagområda. Når institusjonane skal prioritere noko opp innanfor budsjetta sine, kan det bli nødvendig å prioritere noko anna ned. Innanfor til dømes økonomiske og administrative fag og samfunnsfag og juridiske fag meiner regjeringa at institusjonane må vurdere om dei bør redusere studiekapasiteten for å prioritere andre utdanningar som samfunnet treng meir, gitt mangel på arbeidskraft framover. Auka kvalitet er derimot viktig i alle utdanningar – for å sikre at fleire har raskare gjennomstrøyming, større fullføringsgrad, gode resultat og høg kompetanse blant kandidatane. I mange av dei smale faga vil ein føresetnad for tilstrekkeleg sterke fagmiljø og høg kvalitet vere konsolidering og arbeidsdeling.
Regjeringa sine prioriteringar i kompetanse budsjettet
Realfag og teknologi
Teknologisk og realfagleg kompetanse vil vere avgjerande for å møte sentrale samfunnsutfordringar i framtida. Kompetansen er nødvendig for å handtere utfordringar og bidra til utvikling og omstilling innanfor område som teknologi, klima, helse, forsvar, tryggleik og beredskap. I Noreg blir det utdanna færre kandidatar på desse områda enn i mange andre OECD-land, jf. figur 5.4.
Det er viktig å sjå på kva slags realfags- og teknologikompetanse som ein treng mest, og kvar. Medan det er estimert mangel på teknisk- og ingeniørfagleg arbeidskraft, viser kandidatundersøkinga frå NIFU at masterkandidatar innanfor nokre matematiske og naturvitskaplege fag bruker lengre tid på å få relevant jobb enn mange andre kandidatar, noko som tilseier at dei kortsiktige behova ikkje er like store innanfor alle område.
Det er ønskeleg at utdanningsinstitusjonane prioriterer dei real- og teknologifaga som i størst mogleg grad legg til rette for politiske mål og strategiar, utvikling og omstilling, og som kan gi verdifull kompetanse til verksemdene som satsar på næringsutvikling. Samstundes er det enkeltfag innanfor fagområdet som arbeidsmarknaden ikkje etterspør i særleg stor grad, som institusjonane kan prioritere ned. I 2027 skal regjeringa legge fram ein strategi for realfag og teknologi der kompetansebehova blir eit tema.
Kvanteteknologi
Kvanteteknologi er eitt av teknologiområda regjeringa løftar fram som viktig for framtida. Noreg må utvikle nok kompetanse til å kunne utnytte teknologien og samtidig unngå moglege skadeverknader av teknologien. Regjeringa arbeider med ein nasjonal strategi for kvanteteknologi, som skal omfatte forsking, innovasjon, næringsutvikling, internasjonalt samarbeid og tryggleik. Strategien kjem ved årsskiftet 2026–2027.
Maritim utdanning
Maritim utdanning er eitt av dei prioriterte fagområda for det grøne skiftet, og viktig for norsk konkurransekraft. Tilgang til maritim kompetanse er ein føresetnad for denne konkurranseevna. Digital kompetanse og operasjonell erfaring frå sjøen er særleg etterspurd. Regjeringa tek sikte på å legge fram ein ny maritim strategi og vil i den samanhengen vurdere rekruttering og kompetanse i maritim sektor.
Forsvar
Realfag og teknologi gir òg kompetanse som trengst for styrkinga av forsvarssektoren. Forsvaret er i gang med eit stort personell- og kompetanseløft. Fleire vernepliktige, auka kapasitet i det militære utdanningssystemet og store investeringar i forsvarsmateriell aukar behovet for personell og særskilte kompetanseområde. Prop. 87 S (2023–2024) Langtidsplanen for forsvarssektoren (2025–2036) og tilhøyrande analysar frå Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) peikar på at Forsvaret vil trenge eit breitt spekter av kompetanse framover. Hovudbildet er at det er behov for både fleire tilsette og meir spesialisert kompetanse innanfor ei rekke område som til dømes cybertryggleik, datateknologi, romteknologi, flytekniske og maritime fag. Fleire av desse kompetanseområda finst i sivil sektor. Regjeringa vil legge fram ein strategi for korleis Forsvarets behov for teknisk og teknologisk kompetanse kan dekkast gjennom tettare samvirke mellom sivile og militære aktørar.
Samfunnstryggleik og beredskap
I alvorlege krisesituasjonar er det av stor betydning for tryggleiken i samfunnet og vernet av sivilbefolkninga at styresmakter, verksemder og innbyggarar har god kunnskap om samfunnstryggleik og beredskap, og forståing for korleis ein møter krisesituasjonar som eit robust samfunn. Realfag og teknologi er òg nødvendig for å sikre god kompetanse innanfor krisehandtering, risiko- og sårbarheitsanalysar, beredskapsplanar og sikringstiltak. Totalberedskap omfattar alle sider ved samfunnet si evne til å handtere kriser, frå naturkatastrofar, ulykker og pandemiar til menneskeskapte hendingar som terroråtak og cybertruslar.
Helsefag
Sjølv om Noreg er det landet i Europa med høgast del helsepersonell av alle sysselsette, viser kunnskapsgrunnlaget og den demografiske utviklinga at behovet for arbeidskraft i helse- og omsorgssektoren vil auke i åra som kjem. Det er særleg kommunane som har utfordringar med å rekruttere kompetent helsepersonell.
Regjeringa la fram Meld. St. 11 (2025–2026) Helsepersonellplan 2040 i juni 2026. Planen bygger på framskrivingar og analysar som viser ein aukande ubalanse mellom behovet for og tilgangen på arbeidskraft fram mot 2040. Framskrivingane viser særleg stor mangel på helsefagarbeidarar og sjukepleiarar fram mot 2040, men òg mangel innanfor andre profesjonar, som jordmødrer, vernepleiarar og bioingeniørar. For å møte utfordringa legg planen opp til både å styrke tilgangen på helsepersonell og å redusere veksten i arbeidskraftbehovet. Eitt av tiltaka for å betre tilgangen på helsepersonell omhandlar utdanning. Planen legg opp til at kompetansebudsjettet skal bli brukt til å planlegge utdanningskapasiteten i helseutdanningane i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning i åra framover, i lys av behova i arbeidsmarknaden, søkargrunnlag, samla kapasitet, kvalitet i utdanningane, og tilgang til praksisplassar.
Praksis er ein integrert del av helseutdanningane. Praksis skal gi studentane førstehandserfaring med utøving av yrket og nødvendig kompetanse til å møte utfordringar i arbeidslivet etter fullført utdanning. Det er utfordringar med å skaffe nok praksisplassar av god kvalitet i både spesialisthelsetenesta og i kommunane. Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet jobbar i fellesskap opp mot helseføretaka og kommunane for å få nok praksisplassar med god fagleg oppfølging.
Boks 5.3 Auka kapasitet i sjukepleiarutdanninga
Sjukepleiarutdanninga er eit godt døme på korleis prioriteringar kan gi resultat. Opptakstala har auka kraftig dei siste to åra, og i 2025 blei det registrert fleire studentar som var tekne opp enn nokon gong tidlegare. Dette kjem mellom anna av at sjukepleiarutdanningane har fått 655 nye studieplassar sidan 2022 på bachelor- og masternivå. Dette vil gi fleire uteksaminerte kandidatar i åra framover, og ein betre balanse mellom tilbod og etterspurnad etter sjukepleiarar.
I Meld. St. 11 (2025–2026) Helsepersonellplan 2040 er det foreslått følgande tiltak for å auke tilgangen på praksisplassar i viktige helseutdanningar:
-
Ei tverrsektoriell arbeidsgruppe skal vurdere kvalitet og kapasitet for praksis i grunnutdanningane.
-
Nye modellar for praksisundervisning skal prøvast ut, til dømes to studentar per rettleiar, grupperettleiing, simulering, differensiering av tidspunkt for praksisundervisning, og meir bruk av mentorar og utdanning av rettleiarar.
-
Vurdere korleis nye avtalar mellom offentlege helse- og omsorgstenester og private leverandørar kan innrettast for å bidra til fleire praksisplassar av god kvalitet.
Ein kan ikkje løyse dei store behova i helse- og omsorgssektoren framover gjennom vekst i utdanning åleine. Tiltak for å dempe etterspurnaden etter arbeidskraft må òg vere ein del av løysinga, slik som beskrive i regjeringas helsepersonellplan. Det omfattar tiltak innanfor områda ansvars- og oppgåvedeling, digitalisering og KI, effektiv ressursbruk og prioritering og bygg. Dette arbeidet er i gang, og det er allereie teikn til at behova for enkelte typar helseutdanningar er blitt reduserte den siste tida.
Teknologisk utvikling, digitalisering og auka bruk av KI kan bidra til å redusere behovet for arbeidskraft samanlikna med dagens måtar å organisere tenestene på. Teknologien kan frigjere tid, effektivisere arbeidsprosessar og gjere det mogleg for helsepersonell å følge opp fleire pasientar. Saman med meir oppgåvedeling mellom ulike yrkesgrupper kan dette dempe behovet for å utdanne fleire helsearbeidarar. Figur 5.8 illustrerer korleis dei ulike tiltaka på etterspurnadssida kan redusere endringar i behovet for helsepersonell og utdanning av helsepersonell.
Figur 5.8 Tiltak som påverkar behovet for personell og utdanning
Tiltak frå regjeringa i 2027
I tillegg til dei fire komande strategiane for realfag og teknologi, kvante, maritim og forsvar, foreslår regjeringa fleire tiltak i 2027-budsjettet som skal styrke dei prioriterte fagområda.
Dei nye tiltaka innanfor høgare utdanning og forsking er i hovudsak finansierte gjennom å omdisponere midlar innanfor rammeløyvinga til universiteta og høgskulane. Reduksjonen er fordelt pro rata ut frå rammeløyvinga. Sjølv om alle institusjonane bidreg med like stor del av rammeløyvinga til å frigjere midlar, er ikkje alle prioriterte med nye satsingar. Det vil seie at regjeringa i budsjettet omprioriterar mellom institusjonane innanfor den samla rammeløyvinga for å styrke prioriteringane i kompetansebudsjettet.
Regjeringa vil styrke løyvinga til universitet og høgskular som tilbyr treårig ingeniørutdanning med 120 mill. kroner. Midlane skal brukast til alternative vegar for opptak og styrkt kvalitet og relevans i utdanningane. Dette skal bidra til raskare fullføring og fleire ingeniørkandidatar.
Regjeringa vil òg styrke det maritime utdanningstilbodet med midlar til nye studieplassar ved Høgskulen på Vestlandet. Vidare foreslår regjeringa midlar til nye studieplassar i kvanteteknologi til Universitetet i Bergen (UiB). Regjeringa foreslår òg midlar til forsking og innovasjon innanfor romteknologi og til å trappe opp ei forskingssatsing på framveksande teknologiar.
Maritime fagskular kan søke om midlar gjennom tilskotsordninga for utviklingsmidlar til høgare yrkesfagleg utdanning. Utviklingsmidlane i 2027 skal gå til prosjekt som bidreg til å utvikle utdanningar, kompetanseheving for lærarar, eingongsinvesteringar i utstyr og infrastruktur, eller utvikling av internasjonalisering. Søknader frå fagskular med fagområdeakkreditering skal prioriterast. I tillegg til prioritering av søknader innanfor maritime fag skal òg søknader knytte til helse- og velferdsfag og tekniske fag prioriterast.
I tillegg til oppfølging av Meld. St. 11 (2025–2026) Helsepersonellplan 2040, vil regjeringa prioritere studieplassar til helsefaga innanfor bioingeniør-, vernepleiar-, sjukepleiar- og jordmorutdanningane.
I løpet av hausten 2026 skal rapporten frå avklaringsfasen for bygga på Realfagshøgda ved UiB leverast til Kunnskapsdepartementet. I 2027 foreslår regjeringa å løyve 80 mill. kroner til vidare framdrift i prosjektet. Regjeringa foreslår òg 90 mill. kroner til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) sin del av forprosjekt og bygging av Senter for psykisk helse i Trondheim. Begge prosjekta er viktig for å gi betre vilkår for utdannings- og forskingsaktivitet innanfor dei prioriterte fagområda i kompetansebudsjettet.
Forslaga er nærare omtala under Del II, programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring og programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, kap. 260.
Inkludert budsjettforslaget for 2027 har regjeringa sidan 2022 gjennom nye tildelte studieplassar over statsbudsjettet lagt til rette for ein auke i årleg opptakskapasitet innanfor dei prioriterte fagområda, jf. tabell 5.2. Studieplassane til fagskulane er ikkje tildelte til bestemte fagområde, det har vore opp til fylkeskommunane å gjere det.
Tabell 5.2 Nye tildelte studieplassar
|
År |
Høgare utdanning |
Høgare yrkesfagleg utdanning |
|
|---|---|---|---|
|
Helsefag |
Realfag og teknologi |
||
|
2022 |
515 |
||
|
2023 |
110 |
40 |
500 |
|
2024 |
110 |
125 |
500 |
|
2025 |
60 |
100 |
1000 |
|
2026 |
235 |
100 |
900 |
|
2027 |
95 |
55 |
|
|
Auka årleg kapasitet frå 2027 |
1 125 |
420 |
2 900 |
Kva som skal til for å møte kompetansebehova
Skal ein lykkast med å sikre tilstrekkeleg og relevant arbeidskraft til norsk samfunn og arbeidsliv må fagskular, høgskular og universitet prioritere studietilboda i tråd med føringane i kompetansebudsjettet, samarbeide tett og sørge for ei formålstenleg arbeidsdeling. Vidare må dei arbeide målretta med rekruttering og kvalitet, slik at studieplassar blir fylte og flest mogleg studentar fullfører utdanninga si med kompetanse som ivaretek behova i samfunnet. Figur 5.9 viser tre faktorar som er avgjerande for å møte framtidige kompetansebehov. Dimensjonering handlar om kapasitet medan god kvalitet, høg rekruttering og god gjennomføring er avgjerande for at kapasiteten faktisk skal gi fleire ferdige kandidatar. Samarbeid og arbeidsdeling mellom institusjonar og sektorar kan på si side styrke både kvaliteten i utdanningane og gi grunnlag for ei meir treffsikker dimensjonering.
Figur 5.9 Dei viktigaste faktorane som bidreg til å dekke kompetansebehova
Vidare er det viktig at styringa av sektoren er god og heng saman på ein måte som støtter opp om arbeidet til utdanningstilbydarane og bidreg til ønska utvikling.
Denne delen gjer først greie for behovet for å arbeide vidare med å vurdere ei god arbeidsdeling mellom høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning. Vidare korleis fagskular, høgskular og universitet må arbeide for å lykkast for å møte prioriteringane i kompetansebudsjettet. Til slutt blir det gjort greie for korleis regjeringa vil bruke styringsverkemidla i samanheng for å sikre ønska utvikling.
Vidareutvikle god arbeidsdeling mellom høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning
Høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning skal sikre arbeidslivet tilgang på kandidatar med kompetanse som utfyller kvarandre. I 2025 var det 36 000 studentar i fagskulane og 308 000 studentar i høgare utdanning. Frå 2016 til 2025 auka talet på fagskulestudentar med 140 pst., mellom anna som eit resultat av politiske satsingar, medan veksten i universitets- og høgskulesektoren var 14 pst. Fagskulesektoren har relativt sett hatt ein markant sterkare vekst dei siste ti åra, men er framleis mindre enn universitets- og høgskulesektoren. Talet på uteksaminerte frå fagskulane auka frå 2022 til 2025 med nær 40 pst., frå 10 000 til 14 000. Uteksaminerte i høgare utdanning auka med 11 pst., frå 51 000 til 57 000.
Universitet og høgskular har eit breitt mandat for utdanning, forsking og formidling, og rommar eit stort mangfald av fagdisiplinar og profesjonsutdanningar. Fagskulane tilbyr utdanningar som er godt tilpassa behovet for operativ kompetanse til verksemdene. Fagskuleutdanningane er satsa på for å gi yrkesretta og praksisnær kompetanse som kan brukast direkte inn i arbeidslivet. Dei skal kvalifisere studentane til å løyse konkrete arbeidsoppgåver, handtere teknologiar, arbeidsprosessar og faglege utfordringar innanfor bestemte yrke og bransjar. Utdanningane blir ofte utvikla i tett samarbeid med arbeidslivet. Fagskuleutdanning bygger i stor grad på erfaringsbasert og yrkesfagleg kunnskap, medan utdanningane ved universitet og høgskular òg skal bygge på forsking og skal gi studentane eit grunnlag for å forstå, vurdere og vidareutvikle fag, profesjonar og samfunn. Arbeidsdelinga mellom høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning speglar skilnader i kven som blir tekne opp som studentar, kva yrke og oppgåver dei blir utdanna til, og kva kompetanse dei tilsette ved utdanningsinstitusjonane har. I tillegg skil utdanningstypane seg frå kvarandre utover sjølve utdanningsverksemda. Universiteta og høgskulane har til dømes ansvar for forsking, ei oppgåve fagskulane ikkje har.
Eit godt kunnskapsgrunnlag er avgjerande for å kunne sjå kandidatane frå dei to sektorane i samanheng, og for å legge til rette for mest mogleg treffsikre prioriteringar. Det er viktig at utdanningstilboda utfyller kvarandre, og at fagmiljøa spelar på lag, heller enn å konkurrere om framtidige studentar og utdanne til dei same oppgåvene i arbeidslivet. Det kan ein løyse gjennom god rolleforståing og meir samarbeid og arbeidsdeling, både mellom utdanningstilbydarar og mellom utdanningstilbydarar og arbeidslivet. Fylkeskommunane, kommunane og arbeidslivet har ei sentral kompetansepolitisk rolle i samarbeidet med utdanningsinstitusjonane.
Departementet vil halde fram den gode dialogen med fylkeskommunane om kompetansepolitikk og høgare yrkesfagleg utdanning, og vidareutvikle kunnskapen om kompetansebehov og styring og forvaltning av fagskulesektoren.
Som ansvarlege for den regionale kompetansepolitikken leiar fylkeskommunane dei regionale samarbeidsforuma med deltaking frå næringslivet, partane i arbeidslivet, Nav, utdanningsaktørar og offentleg sektor. Dei kartlegg og analyserer framtidige kompetansebehov, og skal bidra til at innbyggarane, næringslivet og offentleg sektor har tilgang til den kompetansen som arbeidslivet treng, både i dag og i framtida. For å lykkast med det må fylkeskommunane ha oppdatert kunnskap om korleis arbeidsmarknaden utviklar seg, kva kompetanse næringslivet etterspør og kvar det finst kompetansegap. Fylkeskommunane har òg eit ansvar for å sjå kompetanse og næringsutvikling i samanheng og samarbeid om små og viktige fag.
Figur 5.10 Delen studentar i fagskular og universitet og høgskular i 2016 og 2025
Arbeidsdelinga mellom høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning vil kome endå tydelegare fram gjennom arbeidet med Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR).
Utdanningsinstitusjonane og fylkeskommunane sitt ansvar for dimensjonering
Regjeringa forventar at utdanningsinstitusjonane og fylkeskommunane er bevisste på ansvaret sitt og tilpassar seg eit samfunn i endring. Utdanningsinstitusjonane har eit stort handlingsrom til å utvikle og tilpasse studietilbodet innanfor den årlege rammeløyvinga. Dei skal forvalte ressursane sine på ein måte som tek omsyn til behova for kompetanse i dag og i framtida, og må løpande vurdere korleis studietilbodet best kan møte forventningar frå studentar, arbeidsliv og styresmakter.
Å utvikle studieporteføljen er eit langsiktig arbeid. Det tek tid å trappe opp og ned utdanningar, og å omstille, auke eller redusere fagmiljø. Dei fleste institusjonane med breie fagprofilar har gjennomført eller sett i gang arbeid med å endre eller justere studieporteføljen. Det omfattar grep som rutinar for arbeidet med dimensjonering, kva prinsipp som skal vektleggast i vurderingane, og tersklar for tilbod som skal vurderast særskilt. Endringar i studieporteføljen kan få økonomiske konsekvensar og påverke ressursfordelinga ved institusjonane. Dei fleste institusjonane arbeider systematisk med å utvikle studietilboda og bruke ressursane meir målretta. Sjølv om mindre og meir spesialiserte institusjonar har eit meir avgrensa handlingsrom, forventar regjeringa at alle institusjonar bidreg til å møte dei prioriterte kompetansebehova gjennom utvikling av studieporteføljen.
Tidlegare tildelingar av studieplassar er ikkje meint å binde universiteta og høgskulane til bestemte prioriteringar over lang tid, men kan brukast til å omdisponere og gjere tilpassingar i takt med endringar i samfunns- og kompetansebehov. Det vil seie at det ikkje er ei forventing om at eit fagområde eller eit utdanningstilbod som har fått midlar til eit visst tal studieplassar tilbake i tid, skal ligge fast, dersom dei ikkje lenger er i tråd med føringane for kva for kompetansebehov som skal prioriterast framover.
Det er viktig at fagskulane, universiteta og høgskulane sjølve har god evne til utvikling og omstilling. Regjeringa har gjennomført tiltak for å gi universiteta og høgskulane meir tillit og ansvar for å sjølve prioritere og dimensjonere innanfor rammeløyvinga si for å nå måla for sektoren og den enkelte verksemda. Det nye og forenkla finansieringssystemet frå 2025 og flyttinga av midlar frå tilskotsordningar til rammeløyvinga til universiteta og høgskulane, gir institusjonane styrkt moglegheit til sjølve å prioritere og dimensjonere aktivitet på tvers i institusjonen. Endringar i finansieringssystemet for fagskulane skal gi fylkeskommunane meir handlingsrom til å dimensjonere etter kompetansebehova. Fagskulane som får tilskot frå fylkeskommunane skal ha ein betydeleg fridom til å drifte fagskuleutdanning i tråd med behova arbeidslivet har for kompetanse og dei overordna føringane frå den aktuelle fylkeskommunen. Regjeringa forventar at institusjonane tek i bruk dette handlingsrommet på ein god måte.
Boks 5.4 Interne omprioriteringar
Høgskulen på Vestlandet har ein pågåande prosess om strategisk dimensjonering av studieporteføljen. Det inneber å greie ut moglegheitene og konsekvensane av å flytte studieplassar frå Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett til Fakultet for helse- og sosialvitskap og Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap. Forslaga bygger ifølge saksframlegget til styret på kunnskapsgrunnlag om kompetansebehov, utvikling knytt til studentrekruttering og studiepoengproduksjon i høve til finansierte plassar. Eit viktig mål med arbeidet er å utnytte dei samla ressursane betre i møte med regionale og nasjonale kompetansebehov. Ei slik mogleg omdisponering er knytt til nedgang i rekruttering og søking innanfor det samla studietilbodet ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, samtidig som det er auka og god rekruttering til dei to andre fakulteta, som òg tilbyr viktige utdanningar samfunnet har behov for. Dette er eitt eksempel på korleis institusjonane arbeider med dimensjonering for å utnytte utdanningskapasiteten.
Boks 5.5 Eksempel på samarbeid og arbeidsdeling
Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT), Nord universitet og Samisk høgskule har eit samarbeid og ei arbeidsdeling om det samiskspråklege utdanningstilbodet.
UiT og Samisk høgskule samarbeider om samisk sjukepleiarutdanning.
Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo (AHO) og UiT har eit samarbeid om masterutdanning i landskapsarkitektur, der dei tre første åra gjennomførast ved AHO og dei to siste ved UiT, kor ein får spesialisering i arktiske/subarktiske tilhøve.
Høgskulen i Molde, Høgskulen i Volda og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet har ein fellesgrad i helseleiing med felles studieplan, og fagmiljø ved institusjonane bidreg med sin kompetanse gjennom ansvar for dei ulike emna i utdanninga. Høgskulen i Volda og Høgskulen i Molde har òg eit felles doktorgradsprogram i helse- og sosialfag.
Fagskulen Viken og Universitetet i Søraust-Noreg (USN) deler infrastruktur fleire stadar i regionen, slik at utdanning kan tilbydast nærare arbeidslivet og studentane. Når Fagskolen Viken utvidar tilbodet innanfor helsefag og eta blerer ein ny studiestad i Drammen får dei tilgang til moderne undervisningsrom ved USN og fleire fagarbeidarar kan ta utdanning der dei bur og jobbar, noko som igjen styrkjer kvaliteten i helsetenestene for innbyggjarane.
Arbeidsdeling for kvalitet og effektivitet i høgare utdanning
Eit mangfald av utdanningsinstitusjonar med ulik storleik, fagleg profil og ulike roller skal samla sett gi god måloppnåing og effektiv bruk av staten sine ressursar og ivareta kunnskapsbehova i samfunnet. Til det treng ein samarbeid og arbeidsdeling.
Arbeidsdeling handlar òg om at institusjonane må vurdere om enkelte studietilbod bør bli tilbydde ved færre institusjonar enn i dag, om det er grunnlag for å opprette nye studietilbod, eller om eksisterande tilbod ved andre institusjonar allereie dekker samfunnet sitt kompetansebehov. Ei god arbeidsdeling kan vere å samle og styrke fagmiljø som elles ville vore sårbare. Sterke fagmiljø bidreg til høg kvalitet i utdanningane og er nødvendige for å utdanne kompetente kandidatar.
Nokre studietilbod med små fag- og studiemiljø finst ved ei rekke institusjonar. For slike små fag bør institusjonane vurdere om kvaliteten og ressursbruken kan bli enda betre ved å samarbeide eller slå saman fagmiljøa. Det kan òg vere aktuelt med meir samarbeid og arbeidsdeling innanfor eit utdanningsområde, kor samarbeid og arbeidsdeling om ulike tilbod innanfor fagområde kan gi betre kvalitet og betre ressursutnytting. Eit eksempel på det er lærarutdanningane. Eit anna eksempel på små fag som finst fleire stadar, er framandspråk. Til dømes er det tilbod om spansk, fransk og tysk ved mange institusjonar (seks til ti), medan ein del fag som arabisk, kinesisk og italiensk blir tilbode ved to institusjonar. Nokre språkfag finst berre ved éin institusjon. Det vil vere formålstenleg at institusjonane som tilbyr små fag, i fellesskap vurderer å redusere talet på studietilbod og konsentrere utdanningane til nokre få institusjonar. Dette kan bidra til sterkare fagmiljø og høgare kvalitet i utdanningane.
Universitet og høgskular samarbeider allereie gjennom mellom anna Universitets- og høgskulerådet og VINST-alliansen, men det er behov for ytterlegare samarbeid om utdanningstilbod og studieporteføljen for å sikre at tilboda samla sett møter samfunnet sitt kompetansebehov på ein ressurseffektiv måte. Institusjonane er derfor bedne om å vurdere kvar det er behov for sterkare samarbeid og ei tydelegare arbeidsdeling.
Departementet vil følge med på utviklinga og sette inn tiltak dersom institusjonane ikkje følger dette godt nok opp. Små fag kan vere ekstra utsette når ein må prioritere stramt. Små fagmiljø har ofte unik kompetanse som er samla ved éin institusjon. Dersom utdanninga forsvinn, kan landet bli avhengig av utdanning og arbeidskraft frå utlandet for å dekke viktige behov. I tildelingsbrevet til universitet og høgskular for 2026 står det at institusjonar som vurderer å legge ned små fag av nasjonal betydning, må informere Kunnskapsdepartementet i god tid før dei vedtek nedlegging.
Dersom departementet vurderer at eit studietilbod som det berre er tilbod om på éin eller få institusjonar eller stadar, tener eit betydeleg samfunnsbehov, skal departementet, i dialog med sektordepartement og relevante fagmiljø, finne ei løysing for korleis studietilbodet kan oppretthaldast.
Boks 5.6 Tannteknikk
Eit døme på arbeid for å oppretthalde små fag er at Kunnskapsdepartementet avgjorde å oppretthalde og flytte tannteknikarutdanninga frå OsloMet – storbyuniversitetet til Universitetet i Oslo i 2024 for å hindre at fagmiljøet skulle forsvinne, og for å sikre utdanning av ei viktig yrkesgruppe i Noreg. Fagmiljøet ved OsloMet var lite og sårbart. Ved å flytte miljøet til Universitetet i Oslo, etter tett og god dialog med begge institusjonar, fekk utdanninga og fagmiljøet ei plassering saman med andre utdanningar og fagmiljø innanfor tannhelse.
Kvalitet, rekruttering og gjennomføring i utdanningane
I tillegg til prioriteringar og dimensjonering av studieporteføljen er det viktig at institusjonane sørger for å følge opp studentane i studieløpet gjennom høg kvalitet i utdanningane, slik at dei gjennomfører utdanninga dei har starta på.
For utdanningar med praksis er det viktig med god relevans og kvalitet i praksis. Praksis gir òg studentane eit innblikk i yrket dei skal ut i, og dårlege erfaringar frå praksis kan gjere at studentane begynner å tvile på valet av utdanning. Det er òg viktig at institusjonane og arbeidslivet samarbeider om å auke praksiskapasiteten. Det er ikkje mogleg å tildele fleire studieplassar eller omprioritere studieplassar til utdanningar med praksis dersom det ikkje er tilstrekkeleg med praksisplassar av god kvalitet. Dersom fleire studentar fell frå undervegs, eller kandidatane ikkje får den kompetansen samfunnet treng, vil gevinsten av fleire studieplassar bli redusert.
Det er òg viktig at institusjonane arbeider med rekruttering slik at det ikkje står tomme studieplassar ved utdanningar som samfunnet har stort behov for. Utdanning har ein høg verdi i seg sjølv, fordi studentane utviklar kunnskap, kompetanse og ferdigheiter som har nytte utover arbeidsmarknaden. Samtidig kan utdanning bidra til samfunnsdeltaking og sikre behovet arbeidslivet har for kompetent arbeidskraft. Det er derfor eit mål å rekruttere breiare frå fleire befolkningsgrupper og sosiale lag.
Høg kvalitet i utdanningane bidreg til betre læringsutbytte, høgare motivasjon og sterkare tilknyting til studiet. God fagleg oppfølging, relevante praksisarenaar og eit inkluderande læringsmiljø kan vere avgjerande for at studentane blir verande og fullfører utdanninga.
Utdanningane må òg vere relevante og innretta mot den kompetansen arbeidslivet etterspør. Det kan gjere overgangen frå utdanning til arbeid enklare og styrke tilgangen på kompetent arbeidskraft. Høg relevans i utdanningane gjer dessutan studentane betre rusta til omstilling og vidare utvikling gjennom arbeidslivet.
Det har vore ein auke dei siste fire åra i delen studentar som gjennomfører utdanningane ved universitet og høgskular på normert tid, men delen er framleis for låg. Gjennomføringsgraden i høgare utdanning varierer mellom ulike studium, men ligg hovudsakleg mellom 40 og 60 pst. når ein ser på fullføring innanfor normert tid pluss to år. Profesjonsutdanningar skil seg generelt ut ved å ha høgare gjennomføringsgrad enn mange andre studium. Dette heng truleg saman med tydelege yrkesmål, tett oppfølging og ein meir strukturert studiekvardag enn i mange andre utdanningar.
Høgare yrkesfagleg utdanning er kjenneteikna av at dei fleste studentane kan kombinere utdanning med arbeid. Trass i ein stor del deltidsstudentar og fleksible studieformer, er studiepoengproduksjonen gjennomgåande høg. Studiepoengproduksjonen er høgast i kreative fag, tekniske fag og helse- og velferdsfag.
Kvalitet, rekruttering og gjennomføring, praksisplassar og samarbeid og arbeidsdeling er tre gjensidig avhengige faktorar som påverkar kvarandre. God kvalitet i utdanningane bidreg til å rekruttere fleire studentar og til at fleire fullfører studia. For å sikre høg kvalitet er utdanningane avhengige av tilstrekkeleg tilgang på praksisplassar og eit godt samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane og arbeidslivet. Tilgangen på praksisplassar er avgjerande både for kvaliteten i utdanningane og for kor mange studentar det er mogleg å ta opp. Samstundes kan godt samarbeid og tydeleg arbeidsdeling mellom aktørane gjere det enklare å etablere og utnytte praksisplassane på ein effektiv måte. Samarbeid og arbeidsdeling kan òg bidra til sterkare fagmiljø, betre ressursutnytting og meir robuste utdanningstilbod. Dette kan styrke kvaliteten, legge til rette for betre gjennomføring og gjere utdanningane meir attraktive for søkarane.
Styring for å møte kompetansebehova
Departementet har fleire verkemiddel for å styre utviklinga i utdanningssystemet og legge til rette for nødvendige endringar og prioriteringar. Gjennom meldingar til Stortinget og forslag til statsbudsjettet legg regjeringa fram for Stortinget sine ambisjonar og prioriteringar. Desse legg føringar for kva styringssignal departementet gir til dei underliggande verksemdene.
Boks 5.7 Lærarutdanningane er eit døme på at arbeid med kvalitet og gjennomføring er viktig
Utviklinga i lærarutdanningane er eit tydeleg døme på eit fagområde der det må prioriterast å fylle studieplassane som finst framfor å auke kapasiteten, samstundes som institusjonane må halde fram arbeidet med å få fleire studentar til å fullføre utdanninga. Lærarutdanningsinstitusjonane jobbar systematisk med studiekvaliteten i utdanningane for både å rekruttere nye studentar og få fleire til å gjennomføre utdanninga.
Fordi det har vore nedgang i søkinga til lærarutdanningane, har regjeringa sett i verk den nasjonale strategien Strategi for rekruttering til lærerutdanningene og læreryrket (2024–2030). Strategien sitt hovudbodskap er at Noreg treng både fleire som vel lærarutdanning, fleire som fullfører utdanninga, og fleire som blir verande i læraryrket. For å lykkast må lærarutdanningane vere attraktive og relevante, nyutdanna lærarar må få god oppfølging, og skular og barnehagar må vere gode og attraktive arbeidsplassar.
Figur 5.11 Styring av universitet og høgskular
Figur 5.11 viser dei viktigaste verkemidla for styring av universitets- og høgskulesektoren. Politiske tiltak og prioriteringar set dei overordna måla og retninga for sektoren, medan lover og forskrifter fastset dei juridiske rammene for verksemda. Finansiering påverkar institusjonane sine prioriteringar og handlingsrom gjennom løyvingar og finansieringsordningar. Gjennom styringsdialogen får departementet og institusjonane høve til å drøfte mål, resultat og utfordringar. Tildelingsbrev, utviklingsavtalar og verksemds- og økonomiinstruksar konkretiserer forventningar, mål og krav til den enkelte institusjonen. Til saman utgjer desse verkemidla eit samla styringssystem der dei ulike faktorane verkar i samspel for å påverke utviklinga, prioriteringane og resultata i universitets- og høgskulesektoren.
Utviklingsavtalane har institusjonsvise mål for statlege universitet og høgskular og er ein sentral del av styringsdialogen mellom departementet og den enkelte institusjonen. Avtalane skal bidra til tydelegare strategisk dialog mellom departementet og institusjonane om nasjonale prioriteringar, kunnskapsbehova i samfunnet og ambisjonane og behova til institusjonane. Dei skal òg bidra til styrkt mangfald, samarbeid og arbeidsdeling i sektoren, og til vidare utvikling og god omstilling av institusjonane og sektoren. Gjennom 2026 har Kunnskapsdepartementet dialog med dei statlege universiteta og høgskulane om nye utviklingsavtalar. Utviklingsavtalane skal gjelde for perioden 2027–2030, blir fulgt opp i dei årlege etatsstyringsmøta og kan reviderast i perioden ved behov.
Avtalane blir eit viktig verkemiddel i åra framover for å sikre at vi utdannar personar som har den kompetansen som vi treng mest. I dei nye utviklingsavtalane blir det særleg lagt vekt på styrka prioriteringar i utdanningstilbodet for å møte behova i samfunnet, i tråd med prioriteringane i kompetansebudsjettet. Universiteta og høgskulane med ei brei utdanningsportefølje skal alle ha eit mål og tilhøyrande styringsparameter som samla kan bidra til betre samsvar mellom utdanningskapasiteten og kompetansebehova i samfunnet. Målet skal gi ei tydeleg retning for dette arbeidet ved institusjonane. Styrka samarbeid og arbeidsdeling mellom institusjonane står òg sentralt i arbeidet med dei nye avtalane, for å sikre kvalitet, god ressursutnytting og for å ivareta kunnskapsberedskap. Vidare er det behov for å rekruttere fleire grupper til høgare utdanning, mellom anna personar som i dag står utanfor arbeidslivet. Vidareutvikling av utdanningskvaliteten og bruk av KI på ein god måte er òg sentralt i avtalane. Arbeidet vil bli følgt opp gjennom etatsstyringa og andre relevante prosessar.
Dei seinare åra har regjeringa omdisponert midlar mellom institusjonane innanfor den samla rammeløyvinga til universiteta og høgskulane. Som nemnd over foreslår regjeringa slike omprioriteringar òg i 2027, for å styrke prioriteringane i kompetansebudsjettet. Regjeringa vil òg i åra framover vurdere behovet for slike omprioriteringar og korleis dei på best mogleg måte kan understøtte arbeidet med kompetansebudsjettet.
Regjeringa har vore tydeleg på at ein ikkje kan forvente auka løyvingar til universitet og høgskular i åra framover, men lagt vekt på å vidareføre ei samla rammeløyving til universitet og høgskular på det høge nivået vi har i dag. Budsjettforslaget for 2027 inneber eit framleis høgt nivå, og tilsvarer ein realauke på 0,6 pst. frå 2026. Desse rammevilkåra framover inneber at sektoren må ta større ansvar for å gjere gode prioriteringar innanfor det handlingsrommet dei har. Det inneber mellom anna evne til utvikling og omstilling, slik omtalt over, og at omstillinga skjer i tråd med føringane i kompetansebudsjettet.
Regjeringa vil følge opp føringane for kva som skal prioriterast framover, og sette inn tiltak viss ikkje utviklinga går i retninga som regjeringa peiker ut. Det inneber mellom anna at det kan bli aktuelt å vidareføre og eventuelt forsterke arbeidet med omprioriteringar innanfor den samla rammeløyvinga i dei årlege statsbudsjetta. Det inneber vidare at departementet, når dei nye utviklingsavtalane med dei statlege universiteta og høgskulane er fastsette, vil ha merksemd om gjennomføring og måloppnåing av desse og behovet for å justere desse eller supplere med andre prosessar knytt til å vidareutvikle samarbeid og arbeidsdeling i sektoren.
Departementet har ei meir indirekte styring av fagskulane. Departementet fastset dei overordna rammene gjennom lovverk, finansiering og nasjonale mål, medan fylkeskommunane har ansvar for å forvalte og fordele driftstilskotet til fagskulane. I tråd med det som er varsla i Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning og Prop. 1 S (2025–2026) for Kunnskapsdepartementet, vil regjeringa auke satsen for resultatbasert utteljing i høgare yrkesfagleg utdanning. Dette gir fylkeskommunane meir handlingsrom til å dimensjonere etter kompetansebehova, jf. omtale under Del II, programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning, kap. 240. I tillegg skal fagskulane få meir handlingsrom gjennom rammefinansiering av driftstilskotet frå 2027.
Fylkeskommunane skal vurdere regionale kompetansebehov og prioritere utdanningstilbod i dialog med arbeidslivet og fagskulane. Forskings- og høgare utdanningsministeren har oppretta ein dialogarena på strategisk nivå med fylkeskommunane om kompetansepolitikk generelt og høgare yrkesfagleg utdanning spesielt. Dialogarenaen støttar opp om den kompetansepolitiske rolla og ansvaret fylkeskommunane har for høgare yrkesfagleg utdanning og følger opp Meld. St. 11 (2024–2025) Fagfolk for en ny tid – med høyere yrkesfaglig utdanning. Formålet er å bli kjent med kvarandre sine perspektiv, styrke samarbeidet om kompetansepolitikken, og saman sikre best mogleg forvaltning og styring av fagskulesektoren. I dette arbeidet er kompetansebudsjettet eit sentralt verktøy, og Kunnskapsdepartementet arbeider vidare med å samordne det sentrale kunnskapsgrunnlaget og analysar og statistikk frå fylkeskommunane.
6 Forsking og utvikling i statsbudsjettet
Regjeringa har høge ambisjonar for forsking og høgare utdanning. Dette er uttrykt i Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning (2023–2032) og i forslaget til statsbudsjett for 2027. Langtidsplanen inneheld regjeringa sine overordna mål og prioriteringar for tiårsperioden. Oppfølginga av planen er nærare omtala i dette kapittelet. Regjeringa har sett i gang arbeidet med ei ny langtidsplan for forsking og innovasjon, med mål om å legge den fram rundt årsskiftet 2027–2028.
Det er viktig å utnytte samspelet mellom nasjonale prioriteringar og internasjonale satsingar. Noreg har eit utstrekt internasjonalt samarbeid innanfor forsking og høgare utdanning, jf. Strategi for norsk deltagelse i Horisont Europa og det europeiske forskningsområdet (2021–2027), Erasmus+ og det europeiske utdanningsområdet (2021–2027) og Panorama – strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA (2021–2027).
FoU-innsatsen i statsbudsjettet og utviklinga i FoU-innsatsen
Løyvingar til FoU i statsbudsjettet for 2027
Eit førebels overslag viser at dei samla løyvingane til forsking og utvikling (FoU) i budsjettforslaget til regjeringa for 2027 er på om lag 51,5 mrd. kroner. Det utgjer 0,88 pst. av overslaget for bruttonasjonalprodukt (BNP) i 2027. Dette er ein nominell auke på om lag 1,2 mrd. kroner frå Saldert budsjett 2026, og det er ein realnedgang på 1,1 pst. Overslaget er gjort med utgangspunkt i statsbudsjettanalysen for 2026 frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Dersom ein inkluderer provenyeffekten av Skattefunnordninga, blir den offentlege FoU-innsatsen på om lag 55,6 mrd. kroner i 2027. Inkludert Skattefunn utgjer FoU-innsatsen 0,95 pst. av overslaget for BNP i 2027. Tabell 6.1 viser løyvingane til FoU over statsbudsjettet fordelte på departement. Overføringar til folketrygda, Statens pensjonsfond utland og brutto låne- og avdragstransaksjonar er haldne utanfor. Tala er svært usikre, og endelege tal for FoU-løyvingane vil bli lagde fram sommaren 2027.
Tabell 6.1 Overslag over løyvingane til FoU over statsbudsjettet for 2027
|
(i mill. kroner) |
||||
|---|---|---|---|---|
|
Departement |
Saldert budsjett 2026 |
Forslag 2027 |
Nominell endring 2026–2027 |
Reell endring 2026–2027 |
|
Arbeids- og inkluderingsdepartementet |
442 |
469 |
27 |
11 |
|
Barne- og familiedepartementet |
271 |
282 |
11 |
1 |
|
Digitaliserings- og forvaltnings departementet |
2 676 |
2 092 |
–584 |
–681 |
|
Energidepartementet |
1 074 |
1 105 |
31 |
–8 |
|
Finansdepartementet |
176 |
180 |
4 |
–2 |
|
Forsvarsdepartementet |
1 998 |
2 047 |
49 |
–23 |
|
Helse- og omsorgsdepartementet |
7 037 |
7 309 |
272 |
18 |
|
Justis- og beredskapsdepartementet |
255 |
258 |
3 |
–6 |
|
Klima- og miljødepartementet |
1 588 |
1 598 |
10 |
–48 |
|
Kommunal- og distriktsdepartementet |
354 |
307 |
–47 |
–60 |
|
Kultur- og likestillingsdepartementet |
449 |
461 |
12 |
–4 |
|
Kunnskapsdepartementet |
25 699 |
26 706 |
1 007 |
79 |
|
Landbruks- og matdepartementet |
1 012 |
1 048 |
36 |
–1 |
|
Nærings- og fiskeridepartementet |
4 832 |
5 021 |
189 |
15 |
|
Samferdselsdepartementet |
422 |
431 |
9 |
–6 |
|
Statsbankane |
588 |
558 |
–30 |
–52 |
|
Utanriksdepartementet |
1 403 |
1 634 |
231 |
180 |
|
Sum |
50 276 |
51 505 |
1 229 |
–586 |
Veksten i FoU-løyvingane over Kunnskaps departementets budsjett skriv seg i hovudsak frå ein auke i løyvingsbehovet over departementets tilskotspostar til Noregs forskingsråd i tråd med framdrifta i forplikta prosjekter.
Nedgangen i FoU-løyvingane over Digitaliserings- og forvaltningsdepartementets budsjett skriv seg i hovudsak frå reduksjon i løyvingsbehova til byggeprosjekt i tråd med framdrifta i prosjekta.
Nedgangen i FoU-løyvingane over kommunal- og distriktsdepartementets budsjett skriv seg i hovudsak frå reduksjon i regional- og distriktspolitiske tilskot.
Nedgangen i FoU-løyvingane i statsbankane skriv seg frå reduksjon i verkemiddelapparatet.
Veksten i FoU-løyvingane over Utanriksdepartementets budsjett kjem i hovudsak av ein auke i løyvingsbehovet til EØS-finansieringsordningane.
Utvikling i dei offentlege løyvingane til FoU
Tabell 6.2 viser utviklinga i løyvingane til FoU i statsbudsjettet frå 2013 til 2027. Overslaga for 2027 er usikre. FoU er berekna til 0,88 pst. av anslått BNP. Dette er ein oppgang samanlikna med siste overslag for 2026.
Tabell 6.2 Overslag over løyvingane til FoU i statsbudsjettet i perioden 2013–2027
|
År |
Totalt, løpande prisar, i mill. kroner |
Nominell vekst, i mill. kroner |
Prosentvis vekst, løpande prisar |
Prosentvis vekst, faste prisar |
Prosentdel av BNP |
Prosentdel av BNP, inkl. Skattefunn |
|---|---|---|---|---|---|---|
|
2013 |
26 375 |
1 886 |
7,7 |
4,3 |
0,83 |
0,88 |
|
2014 |
28 311 |
1 936 |
7,3 |
4,7 |
0,87 |
0,94 |
|
2015 |
30 769 |
2 458 |
8,7 |
5,9 |
0,95 |
1,05 |
|
2016 |
32 979 |
2 210 |
7,2 |
4,9 |
1,02 |
1,14 |
|
2017 |
35 848 |
2 869 |
8,7 |
6,7 |
1,04 |
1,16 |
|
2018 |
36 612 |
764 |
2,1 |
–0,8 |
0,99 |
1,10 |
|
2019 |
38 180 |
1 568 |
4,3 |
1,3 |
1,02 |
1,13 |
|
2020 |
39 194 |
1 014 |
2,7 |
1,1 |
1,09 |
1,19 |
|
2021 |
40 772 |
1 578 |
4,0 |
2,1 |
0,91 |
1,00 |
|
2022 |
42 430 |
1 658 |
4,1 |
–0,3 |
0,71 |
0,78 |
|
2023 |
43 496 |
1 066 |
2,5 |
–4,5 |
0,82 |
0,89 |
|
2024 |
47 445 |
3 949 |
9,1 |
3,9 |
0,88 |
0,95 |
|
2025 |
47 869 |
424 |
0,9 |
–2,7 |
0,87 |
0,93 |
|
2026 |
50 276 |
2 407 |
5,0 |
0,8 |
0,85 |
0,92 |
|
2027 |
51 505 |
1 229 |
2,4 |
–1,1 |
0,88 |
0,95 |
Figur 6.1 samanliknar tal frå FoU-statistikken og tal frå statsbudsjettanalysen frå SSB. Sidan statsbudsjettanalysen tek utgangspunkt i formålet med løyvingane, kan analysen settast opp tidlegare enn FoU-statistikken. SSB har anslått FoU-løyvingane i statsbudsjettet for 2026 til 50,3 mrd. kroner. Det er 0,85 pst. av prognosen for BNP for 2026. I tillegg kjem støtta til FoU gjennom Skattefunnordninga, berekna til 4,0 mrd. kroner i 2026. FoU-løyvingane i statsbudsjettet er viste i faste prisar i det grå feltet i figur 6.1. Den heiltrekte linja i figuren viser FoU-løyvingane i pst. av BNP.
Figur 6.1 Utvikling i FoU-løyvingar i statsbudsjettet og offentleg finansierte FoU-utgifter
Kjelde: NIFU, Statistisk sentralbyrå (FoU-statistikk og statsbudsjettanalyse)
Dei samla investeringane i FoU i Noreg
I norsk forskingspolitikk er det eit prosentmål om ressursinnsats til FoU. Nivået på FoU-investeringar målt som prosentdel av BNP, er ein indikator på graden av kunnskapsintensitet i økonomien. Regjeringa har som mål at den totale utførte FoU-innsatsen i Noreg skal utgjere 3 pst. av BNP innan 2030, der det offentlege skal finansiere 1 pst. og næringslivet 2 pst. Dette er eit mål ein må vurdere over tid.
Figur 6.2 viser utviklinga i dei samla FoU-utgiftene, BNP og FoU-utgiftene som del av BNP. Dei samla FoU-investeringane i Noreg har hatt tilnærma kontinuerleg vekst gjennom dei siste 50 åra. Som del av BNP har FoU-utgiftene lege relativt stabilt på rundt 1,5 pst. sidan 1990-åra. Det var ein god auke i prosentdelen mellom 2014 og 2020. FoU av BNP nådde det førebels høgaste nivået i 2020. Dette skriv seg frå ein nedgang i BNP-overslaga på grunn av pandemien. Dei samla FoU-utgiftene i Noreg i 2024 var på totalt 94,4 mrd. kroner. Dette er ein realnedgang på 2,5 pst. frå 2023. I 2024 utgjorde dei samla FoU-utgiftene 1,75 pst. av BNP, ein nedgang frå 1,78 pst. i 2023.
Figur 6.2 Utvikling i FoU-utgifter, BNP og FoU-intensitet
Kjelde: NIFU, Statistisk sentralbyrå
FoU-statistikken er basert på oppgåver frå dei sektorane som faktisk utførte FoU i Noreg. Neste samla statistikkoppdatering kjem hausten 2026.
Noregs forskingsråd
Noregs forskingsråd spelar ei sentral rolle i det norske forskings- og innovasjonssystemet. Forskingsrådet har ei omfattande verksemd når det gjeld finansiering, rådgiving og møteplassfunksjon. Kunnskapsdepartementet har etatsstyringsansvaret for Forskingsrådet og ansvaret for at rådet når dei måla som er sette for heile verksemda. For nærare omtale av rådet si verksemd, sjå Del II, programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, under kap. 285.
Noregs forskingsråd får løyvingar frå alle departementa. Tildelingane frå departementa omfattar både generelle faglege tildelingar, institut tildelingar og særskilde midlar til enkelte program eller aktivitetar. Frå og med 2025 er tilskotspostar frå departementa til Forskingsrådet budsjettert med årleg løyving og ei tilsegnsramme, med tilhøyrande tilsegnsfullmakt. Løyvinga viser forventa utbetalingar av tilsegner i det gjeldande budsjettåret som Forskingsrådet har gitt i tidlegare år, og nye tilsegner som kjem til utbetaling i budsjettåret. Tilsegnsramma set ramma for nye forpliktingar som Forsk ingsrådet kan inngå i 2027. Tilsegnsfullmakta viser staten sine uteståande forpliktingar. Det vil seie den delen av gitte tilsegner som enno ikkje er utbetalte, ved utgangen av budsjettåret.
Tabell 6.3 viser ei oversikt over forslaga til løyving og tilsegnsramme i 2027. Løyvingane i tabellen inneheld tilskot frå departementa til Noregs forskingsråd. Gjennomstrøymingsmidlar til forskingsinstitutta er ikkje inkluderte i tala i tabellen. For ei meir detaljert framstilling av løyvingane, sjå budsjettproposisjonane for dei ulike departementa.
Tabell 6.3 Løyvingar og tilsegnsramme for tilskota frå departementa til Noregs forskingsråd i 2027
|
(i mill. kroner) |
||
|---|---|---|
|
Departement |
Løyvingsforslag 2027 |
Tilsegnsramme 2027 |
|
Arbeids- og inkluderingsdepartementet |
184,6 |
209,1 |
|
Barne- og familiedepartementet |
53,4 |
63,4 |
|
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet |
111,9 |
121,6 |
|
Finansdepartementet |
43,3 |
44,7 |
|
Forsvarsdepartementet |
66,4 |
54,4 |
|
Helse- og omsorgsdepartementet |
421,3 |
430,6 |
|
Justis- og beredskapsdepartementet |
96,4 |
94,5 |
|
Klima- og miljødepartementet |
465,5 |
521,6 |
|
Kommunal- og distriktsdepartementet |
83,5 |
161,6 |
|
Kultur- og likestillingsdepartementet |
34,3 |
34,3 |
|
Kunnskapsdepartementet |
5 995,2 |
8 826,6 |
|
Kunnskapsdepartementet, driftsutgifter |
909,9 |
- |
|
Landbruks- og matdepartementet |
190,5 |
256,7 |
|
Nærings- og fiskeridepartementet |
1 654,1 |
2 052,6 |
|
Energidepartementet |
1 120,0 |
1 310,0 |
|
Samferdselsdepartementet |
140,2 |
190,6 |
|
Utanriksdepartementet |
254,3 |
392,2 |
|
Sum |
10 914,8 |
14 507,8 |
Langtidsplan for forsking og høgare utdanning 2023–2032
Langtidsplanen for forskning og høyere utdanning (2023–2032) er det sentrale og retningsgivande dokumentet for regjeringa sitt arbeid med forsking og høgare utdanning. Stortinget har slutta seg til planen, jf. Innst. 170 S (2022–2023). Tre overordna mål og seks tematiske prioriteringar i planen gjeld for norsk forsking og høgare utdanning i perioden 2023–2032.
Dei tre overordna måla, er
-
styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne
-
miljømessig, sosial og økonomisk berekraft
-
høg kvalitet og tilgjengelegheit i forsking og høgare utdanning
Dei seks tematiske prioriteringane, er
-
hav og kyst
-
helse
-
klima, miljø og energi
-
mogleggjerande og industrielle teknologiar
-
samfunnstryggleik og beredskap
-
tillit og fellesskap
Dei forskingspolitiske og forskingsutførande aktørane, som til dømes Forskingsrådet, universitet og høgskular, helseføretak og instituttsektoren, følger opp planen. Oppfølgingsarbeidet blir òg gjort med løyvingar frå andre departement og av verksemder under desse. Sjå Del II, programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking for nærare omtale av løyvingsforslag under Kunnskapsdepartementet som følger opp planen. I denne delen blir det gitt ein omtale av regjeringa sitt samla arbeid med å følge opp måla og prioriteringane.
Overordna mål
Måla er formulerte på eit overordna nivå, og dei er langsiktige.
Styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne
FoU er avgjerande innsatsfaktorar for å framstille og omsette kunnskap til innovasjon og høgare produktivitet.
Norsk næringsliv har hatt ein generell vekst i FoU-investeringane over det siste tiåret. Derfor er det bekymringsfullt at næringslivet sine FoU-investeringar har gått ned med 0,9 pst. i løpande kroner frå 2023 til 2024. Nedgangen i årsverk bekreftar storleiken på fallet i realinvesteringar i FoU. Det er særleg nyetablerte og mindre føretak som har rapportert mindre FoU, med ein realnedgang på 30 pst. Fall i FoU-investeringane betyr at det blir lågare forskingsbasert kunnskap i åra som kjem, og kan innebere at føretaka si evne til å tillegne seg ny kunnskap og lære frå dei beste i Noreg og i utlandet, avtek.
Den næringsrelevante FoU-støtta skal fremje auka FoU-investeringar i næringslivet. Nylege analysar frå SSB og Samfunnsøkonomisk analyse viser at støtta bidreg til realisering av prosjekt som elles ikkje ville blitt gjennomførte, og har ein positiv effekt på kompetanse, samarbeidsrelasjonar og innovasjonsevne.
Regjeringa meiner at ei styrking av FoU i næringslivet er heilt sentralt for å betre omstillingsevna og auke verdiskapinga framover. Derfor arbeider regjeringa med aktuelle tiltak for å effektivisere dei offentlege verkemidla for å fremje FoU i næringslivet, mellom anna gjennom eit betre samspel mellom næringslivet og forskingsmiljøa i Skattefunn-prosjekt.
Skattefunn er det mest brukte verkemiddelet for å stimulere til meir FoU i næringslivet, særleg i små og mellomstore bedrifter. Finansdepartementet anslår det samla skattefrådraget for 2025 til 3,5 mrd. kroner. Regjeringa vil greie ut endringar i Skattefunn-ordninga, med formål om at ordninga i større grad kan stimulere til auka FoU-innsats i næringslivet, mellom anna gjennom samarbeid mellom næringslivet og forskingsmiljøa. Departementa vil hente inn innspel frå nærings livet og andre partar om dei eventuelle endringane, og tek sikte på å sende moglege forslag på høyring våren 2027. Sjå nærare omtale av Skattefunn i Finansdepartementet sin Prop. 1 LS (2025–2026).
Den næringsrelevante porteføljen i Forskingsrådet har dei seinare åra dreidd frå å ha tyngde innanfor ressursbaserte næringar til å ha ein meir generell industri- og teknologiprofil. I 2025 utgjorde denne porteføljen 5,3 mrd. kroner, der 1,3 mrd. kroner var prosjekt som er leia av næringslivet (Innovasjonsprosjekt i næringslivet – IPN). Tilsvarande tal i 2024 var høvesvis 4,7 mrd. kroner og 1,1 mrd. kroner. I 2025 blei det gjort endringar i IPN-ordninga, mellom anna gjennom løpande utlysing, noko som har gitt kortare tid frå søknad til vedtak, lågare søknadsinngang og såleis auka tildelingsprosent.
Nærings-ph.d.-ordninga skal styrke forskingsdriven innovasjon og bidra til langsiktig kompetansebygging i norsk næringsliv, gjennom rekruttering av doktorgradskandidatar i verksemder. Det er midlar til 40 nærings-ph.d.-prosjekt utan tematiske føringar i årets utlysing. I tillegg er det sett av øyremerkte midlar til å finansiere ytterlegare inntil 23 prosjekt dersom dei tilfredsstiller særskilde føringar. Dei øyremerkte midlane er under følgande tema: forsvarsevne, tryggleik og beredskap, djupe teknologiar, kvanteteknologi, sirkulærøkonomi og maritim forsking.
Regjeringa vil gjere det enklare for nærings livet å samarbeide med forskingsmiljø. Frå hausten 2026 kan verksemder få dekt kostnadene for inntil 150 timar med forskarar gjennom ordninga Koplingsboks, utan krav om eit konkret prosjekt eller ei ferdig formulert problemstilling. Ordninga skal senke terskelen for samarbeid mellom næringslivet og forskingssektoren, og legge til rette for auka bruk av forskingsbasert kunnskap i verksemdene. Målet er å styrke innovasjonsevna og konkurransekrafta i norsk næringsliv.
Deltaking i EU sitt rammeprogram for forsking og innovasjon er den største enkeltsatsinga frå norske myndigheiter innanfor internasjonalt forskings- og innovasjonssamarbeid, og det gir tilgang på ny kunnskap, teknologi, nettverk, marknader og infrastruktur for norske bedrifter. Per juni 2026 ligg norsk returdel i Horisont Europa på 2,96 pst., som framleis er godt over målet på 2,8 pst. Næringslivsreturen fram til oktober 2025 er totalt 0,55 pst. og har, som for suksessraten samla sett, falle på grunn av aukande konkurranse frå Storbritannia. Forskingsrådet og Innovasjon Noreg vil halde fram arbeidet for å mobilisere norske deltakarar og få eit godt samspel mellom nasjonale verkemiddel og EU-verkemiddel.
Miljømessig, sosial og økonomisk berekraft
Berekraftsmåla spelar ei stadig viktigare rolle i det norske forskings- og innovasjonssystemet. I ein krevande geopolitisk situasjon, der verda er prega av samanvovne kriser som klimaendringar, aukande forskjellar og politisk ustabilitet, er berekraftsmåla ei viktig felles plattform og omstillingsagenda. Ny kunnskap frå ulike forskingsmiljø bidreg til at vi som samfunn kan etterkome behova for miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Ei rekke nasjonale og internasjonale verkemiddel på tvers av departementa bidreg til ei heilskapleg tilnærming til kunnskapsbehova.
I juni 2025 la regjeringa fram Meld. St. 35 (2024–2025) Noregs arbeid med berekraftsmåla. Status, utfordringar og vegen vidare, og Stortinget slutta seg til denne i mars 2026. Stortingsmeldinga gjer greie for status, utfordringar og vegen vidare i arbeidet med berekraftsmåla. Meldinga vektlegg berekraftsmål som er særleg utfordrande for Noreg, og ser desse i samanheng med sentrale samfunnsutfordringar. Noreg ligg godt an til å nå fleire av berekraftsmåla, mellom anna SDG 4: God utdanning. Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge (utsynsmeldinga) slår fast at regjeringa framover mellom anna vil prioritere kompetanse som er nødvendig for å gjennomføre det grøne skiftet, og universitets- og høgskulelova slår fast at universitet og høgskular skal «bidra til ei miljømessig, sosialt og økonomisk berekraftig utvikling». Universiteta og høgskulane har ansvar for at utdanningstilbodet og ressursbruken bidreg til å nå desse målsetjingane. Fleirtalet av institusjonane formulerer eigne mål for berekraft i utviklingsavtalane sine, og bidreg gjennom den daglege verksemda med å få fram ny kunnskap og utdanne kandidatar som gjer Noreg betre rusta til å løyse berekraftsutfordringane nasjonalt og internasjonalt. Ei rekke universitet har òg gått saman og danna Berekraftkomitéen for høgare utdanning.
Internasjonalt kunnskapssamarbeid står sentralt i arbeidet med miljømessig, sosial og økonomisk berekraft. Regjeringa har som mål at samarbeid med Panoramalanda skal bidra med forskingsbasert kunnskap, utdanning og innovasjon som vil fremje berekraftige løysingar. Noreg deltek aktivt i Det europeiske forskingsområdet og i Horisont Europa, som mellom anna er med på å sikre norsk deltaking i EU sine kunnskapssatsingar for den grøne og digitale omstillinga. Kunnskapssamarbeid gjennom Erasmus+ og Det europeiske utdanningsområdet er med på å fremje sosial inkludering og grøn omstilling.
Høg kvalitet og tilgjengelegheit i forsking og høgare utdanning
Norsk forsking og høgare utdanning skal ha høg kvalitet. Gjennom solid grunnløyving og stor grad av autonomi, legg regjeringa til rette for institusjonane sitt arbeid med kvalitet i fagmiljøa. Vidare stimulerer regjeringa til utvikling av særskild framifrå forskingsmiljø. Det er dei enkelte institusjonane innanfor forsking og høgare utdanning sjølve som har ansvaret for kvaliteten.
Det er sentralt for forsking av høg kvalitet at institusjonane har gode rammevilkår og gode ramme løyvingar som sikrar institusjonane handlingsrom og fagleg fridom til å utvikle forskingsmiljøa sine. Sjå nærare omtale i Del II, programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, under kap. 260, post 50 og 70. Forskingsrådet fremjar høg kvalitet i forskinga mellom anna gjennom konkurranse, kvalitetssikring av forskingsprosjekt, brukarstøtte for søkarar til EU sitt rammeprogram og gjennom fagevalueringar.
Som ein del av kvalitetsarbeidet gjennomfører Forskingsrådet fagevalueringar jamleg, og set i verk forbetringar når det er nødvendig. Mellom anna har dei prioritert tiltak innanfor kjemi, etter at fagevalueringa av dei naturvitskaplege faga viste at delar av norsk kjemiforsking låg godt under internasjonale standardar på organisering, produktivitet og kvalitet.
I 2025 lanserte Forskingsrådet eit sett med nye verkemiddel for banebrytande forsking med potensial for store vitskaplege gjennombrot og innovasjonar. Dette er eit viktig steg i arbeidet med å fremje dristig og nyskapande forsking og bygger på tilrådingar frå fagevalueringane.
Sentera for framifrå forsking (SFF) gir langsiktig og føreseieleg finansiering til dei fremste vitskaplege miljøa i Noreg. Dei har moglegheiter til å nå ambisiøse mål og bidreg til å styrke kvaliteten i norsk forsking. Hausten 2025 blei den sjette runden med SFF (SFF-VI) lyst ut, og 11 nye senter vil få tildeling i 2027.
Relevant doktorgradskompetanse i breidda av arbeidslivet vil spele ei viktig rolle for at samfunnet skal lykkast med nødvendig omstilling, og møte utfordringane vi står overfor. Regjeringa utnemnde derfor ei ekspertgruppe vinteren 2026, som skal vurdere korleis framtidas doktorgradsutdanning best kan møte behova i samfunnet. Ekspertgruppa skal etter planen legge fram ein rapport innan 1. mars 2027.
Tilgjengeleg utdanning er avgjerande for at den enkelte og samfunnet skal oppnå kompetansen vi treng for å løyse utfordringane som samfunnet står overfor. Hausten 2025 var det om lag 308 000 registrerte studentar ved norske universitet og høgskular, med finansiering frå Kunnskapsdepartementet. Det er ein liten auke frå 2024.
Det er òg viktig at utdanning er tilgjengeleg for dei som ikkje kan studere ved ein fast campus. Om lag 36 000 studentar var registrerte på nettbaserte eller desentraliserte studietilbod i 2025, mot 17 000 i 2014. Talet på studentar på deltidstilbod har stige frå 42 800 i 2015 til om lag 47 000 i 2025. Sjå nærare omtale i Del II, programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, under kap. 260, post 50 og 70.
I perioden 2022–2025 har regjeringa tildelt midlar til meir studiekapasitet innanfor prioriterte område. Hovudvekta av plassane har blitt fordelte på utdanningar innanfor helse- og sosialfag, inkludert sjukepleie og medisin, og IKT. Auken i studieplassar på desse områda er i tråd med dei tematiske prioriteringane i langtidsplanen og prioriteringane uttalte i utsynsmeldinga.
Våren 2024 la regjeringa fram dei to stortingsmeldingane Meld. St. 20 (2023–2024) Opptak til høgare utdanning og Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet. Regjeringa følger opp tiltaka i meldingane for å få fleire raskare i gang med høgare utdanning og raskare ut i jobb, og såleis medverke til betre rekruttering til viktige profesjonar.
Tematiske prioriteringar
Dei tematiske prioriteringane er utvalde område der regjeringa meiner det er særleg viktig at Noreg satsar på forsking og høgare utdanning i åra som kjem. Alle departementa bidreg gjennom sine løyvingar til oppfølging av prioriteringane. Forskingsrådet, som får tilskotsmidlar frå alle departementa, er ein sentral aktør i dette arbeidet. Sjå årsrapporten for 2025 frå Noregs forskingsråd for ei samla oversikt over forskingsinnsats gjennom deira verksemd i 2025, fordelt på dei seks prioriteringane.
Hav og kyst
Det er lagt fram ei rekke stortingsmeldingar som har relevans for forskingsprioriteringa hav og kyst dei siste åra. Meldingar om heilskaplege havforvaltningsplanar, havvind, klimatilpassing, mineralutvinning på havbotnen, fiskekvotar, havbruk, dyrevelferd, natur og klima blir følgde opp.
Vekst i havnæringar, klimaendringar og økosystem i rask endring styrker behova for kartlegging, overvaking og FoU. Den siste statistikken (SSB 2026/20) viser ein samla FoU-innsats på totalt 11,5 mrd. kroner for dei blå næringane havbruk, maritimt, fiskeri og marine økosystem i 2023. Dette gjeld driftskostnader. I 2025 var innsatsen gjennom Noregs forskingsråd på temaet hav og kyst 1,8 mrd. kroner. Det er ein liten auke frå 2024, men lågare enn i perioden frå 2021 til 2023. I tillegg blir det gjennomført mykje statleg FoU-innsats som ikkje går gjennom Forskingsrådet, mellom anna finansiering av kjerneoppgåvene til Havforskingsinstituttet, ulike kartleggingar og temasatsingar. Døme på dette er MAREANO-programmet, som kartlegg havbotnen i norske havområde, SEAPOP-programmet, som kartlegg og overvakar sjøfuglbestand, og Fram-senteret, som driv forsking for forvaltning av nordområda.
Regjeringa la hausten 2025 fram nordområdestrategien Norge i Nord. Strategien peikar mellom anna på at FoU er viktig for å utvikle arbeids- og næringslivet og for å sikre gode helse- og velferdstenester i nordområda. I strategien blei det lansert eit nytt Kystkartleggingsprogram for kartlegging av sjøbotnen og økosystem, med oppstart i Varangerfjorden i 2026.
Noreg held fram med å delta aktivt i europeisk havsamarbeid. I tillegg til å delta i Horisont Europa, er Noreg ein pådrivar i Det mellomstatlege europeiske forskingssamarbeidet JPI Healthy and Productive Seas and Oceans, leiar EU sitt partnarskap for ein berekraftig blå havøkonomi saman med Italia og deltek i EU sitt samfunnsoppdrag Sunne hav og vatn.
Norske kunnskapsmiljø innanfor hav og kyst har svært god utteljing i relevante program under Horisont Europa. Norsk hav- og kystportefølje tilhøyrer først og fremst Klima, energi og mobilitet (klynge 5) og Mat, bioøkonomi, naturressursar, landbruk og miljø (klynge 6) i Horisont Europa. Returdelen på dei målretta maritime utlysingane under klynge 5 er på 17 pst. så langt i perioden, mot ein gjennomsnittleg returdel på 4,2 pst. totalt i klynge 5. EU-partnarskapet Sustainable Blue Economy (SBEP) er ein sentral arena for europeisk havforsking. Den andre fellesutlysinga til partnarskapet blei gjennomført i mars 2025, der norske aktørar deltek i 15 av 24 prosjekt. Noreg bidrog med 34 mill. kroner, og norske søkarar mottok 9,3 pst. av dei tilgjengelege midlane.
Norske forskings- og havmiljø deltek aktivt i FN sitt tiår for havforsking for berekraftig utvikling (2021–2030), som er det største globale havforskingsinitiativet nokon gong. Noregs nasjonalkomité for tiåret har foreslått ni prioriteringar for andre halvdel av tiåret, jf. statusrapporten Midtveis – men halvveis? frå Noregs forskingsråd frå september 2025. Noreg ligg saman med Canada på ein solid fjerdeplass når det gjeld godkjente prosjekt i havforskingstiåret.
I ei tid der finansieringa av internasjonale havprogram er under press, er styrkt samarbeid mellom likesinna viktig. Noreg har derfor takka ja til å delta i EU sin havobservasjonsallianse OceanEye, som skal bidra til å styrke og sikre det globale havobservasjonssystemet (GOOS). Noreg sitt bidrag vil i hovudsak bygge på eksisterande innsats og investeringar i nasjonale og internasjonale observasjonssystem, utan å redusere den nasjonale satsinga. Deltakinga vil òg gi norske fagmiljø høve til å bidra vidare i utviklinga av europeisk havobservasjonssamarbeid. Norske forskarar bidreg òg med sin kompetanse i ei rekke andre program og aktivitetar i regi av IOC (UNESCO sin havforskingskommisjon).
I 2026 er det gjennomført naturkartlegging av område som er aktuelle for utbygging av havvind. Undersøkingane dekker naturmangfald over vatn, på sjøbotnen og i vasskolonnen. Regjeringa foreslår at kartlegginga held fram i 2027.
Ei forskingssatsing på havbotnmineral administrert av Noregs Forskingsråd blei oppretta i 2025. I februar 2026 publiserte Forskingsrådet ei utlysing av kompetanse- og samarbeidsprosjekt (KSP) med ei totalramme på 50 mill. kroner, med planlagt tildeling hausten 2026. I mai 2026 publiserte Forskingsrådet nok ei utlysing av eit stort samarbeidsprosjekt knytt til mogleg framtidig mineralverksemd på norsk sokkel, med ei totalramme på 60 mill. kroner. Tildeling er planlagd hausten 2026.
Helse
Helse er eit breitt forskings- og innovasjonsfelt, og inngår i fleire av porteføljane i Forskingsrådet. I 2025 utgjorde løyvinga frå Helse- og omsorgsdepartementet over kap. 780, post 70, 446,7 mill. kroner. Dei andre midlane blir i hovudsak finansierte av Kunnskapsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Den tverrdepartementale finansieringa legg til rette for ei heilskapleg, langsiktig og målretta satsing på helseforsking og -innovasjon. Den totale helseporteføljen i Forskingsrådet var på om lag 1,6 mrd. kroner i 2025. Det øyremerkte tilskotet til forsking i dei regionale helseføretaka var i 2025 på om lag 973 mill. kroner. Dette inkluderer om lag 224 mill. kroner til program for klinisk behandlingsforsking i spesialisthelsetenesta og om lag 24 mill. kroner til NorTrials.
I 2026 la regjeringa fram ein handlingsplan for kliniske studiar og klinisk forsking. Regjeringa ønsker at klinisk forsking skal vere ein integrert del av all pasientbehandling og klinisk praksis, og at Noreg skal vere eitt av dei mest attraktive landa i Europa for gjennomføring av industristudiar. Regjeringa har òg lagt fram ein kreftstrategi og ein hjernehelsestrategi som vektlegg forsking, og som begge understrekar samarbeid mellom teneste, akademia og næringsliv.
Samarbeid mellom helse- og omsorgstenestene og helsenæringa er viktig for å møte utfordringane innanfor helse framover. Derfor la regjeringa fram eit vegkart for helsenæringa i 2023 og ei eksportsatsing innanfor helse i februar 2024. Satsinga på 4 mill. kroner til eit akseleratorprogram i Innovasjon Noreg er vidareført. I 2026 har regjeringa lagt fram Helsepersonellplan 2040, strategiar og planar som understrekar betydninga av eit samarbeid.
Helse er eit prioritert forskingsområde i Horisont Europa. Resultata frå Horisont Europa per mai 2026 viser at norske aktørar har motteke 251 mill. euro (4,4 pst.) innanfor helse. Utan Coalition for Epidemic Preparedness Innovations (CEPI) er norsk returdel 2,2 pst. Det er omtrent som året før, men framleis høgare enn i Horisont 2020, der returdelen låg på 1,7 pst.
Forskingsrådet har følgt opp regjeringa sin kvinnehelsestrategi med ei utlysing i 2026 på 90 mill. kroner til forsking på kvinner sin overgangsalder og livsfasar, og til ei nettverksutlysing.
Helse- og omsorgsdepartementet har saman med Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljø departementet gitt ei felles føring til Forskings rådet om å legge til rette for forsking på tvers av sektorar og fagområde innanfor mat, sjømat, ernæring, helse og miljø, der perspektivet på éi helse blir ivareteke. Forskingsrådet har i 2024 og 2025 følgt opp føringa med to nasjonale fellesutlysingar. Satsingane skal bidra til ny kunnskap om korleis klima- og miljøendringar påverkar folkehelsa, og om korleis matsystema kan omstillast i retning av større berekraft, robustheit og betre helseutfall. I tillegg deltek Noreg i Horisont Europa sitt partnarskap for det berekraftige matsystemet for framtida (FutureFoodS). Partnarskapet femnar mat frå både grøn og blå sektor. I første utlysing under FutureFoodS har norske forskingsmiljø hatt gode gjennomslag, med finansiering av heile 11 prosjekt med norsk deltaking, og fem av desse hadde norsk koordinator.
Frå og med statsbudsjettet for 2024 har Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgs departe mentet til saman øyremerkt om lag 10 mill. kroner årleg til vidareutvikling av Kommunane sin samarbeidsarena for forsking (KSF) i KS. I 2026 var det ei større utlysing for etablering av nasjonale forskings- og innovasjonssenter, innanfor berekraftig utvikling i dei kommunale helse- og omsorgstenestene i møte med endra demografi, samanhengande helse- og omsorgstenester med heilskaplege primærhelsetenester, inkludert ei velfungerande allmennlegeteneste og inkluderande og helsefremjande tiltak for barn og unge (0–29 år).
Klima, miljø og energi
Prioriteringa klima, miljø og energi blir i stor grad følgd opp gjennom regjeringa sine løyvingar til Forskingsrådet og i tildelingsbrev og styringssignal frå Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Energidepartementet, Samferdselsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. I 2025 var den totale innsatsen i Forskingsrådet innanfor klima, miljø og energi på om lag 3,7 mrd. kroner.
Regjeringa vidareførte òg arbeidet med nye teknologiar og utsleppsfrie løysingar i transportsektoren i 2025, mellom anna gjennom Pilot-T.
Gjennom Transport 2050 tildelte Forskingsrådet i 2025 midlar til tre forskingssenter, som skal bidra med kunnskap om korleis transportsektoren bør utviklast for at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Ordninga skal vare i åtte år.
Forskingsrådet utlyste midlar til forskingssenter for berekraftig areal- og naturbruk i 2025. Ordninga skal gå over åtte år, og blei lyst ut med midlar frå Klima- og miljødepartementet, Energi departementet, Nærings- og fiskeridepartemen tet, Landbruks- og matdepartementet og forsk ingsmidlane for jordbruk og matindustri. Fire senter fekk slik tildeling våren 2026. Forskinga i sentera skal bidra til å møte felles utfordringar på areal- og naturområdet og styrke kunnskap og innovasjon med sikte på samfunnsnytte. Sentera skal òg levere utgreiingar til departementet i forkant av ny transportplan. For å bidra til kunnskapsbasert klima- og energiomstilling er det stadig viktigare å løyse tverrfaglege problemstillingar.
Energidepartementet har vedteke å utvikle ein samla FoU-I-strategi kalla Energi2050. Strategien omfattar energisystemet, petroleumsverksemda, CO2-handtering og mineralverksemd på havbotnen. Energidepartementet har utarbeidd eit mandat for eit nytt strategistyre som blei etablert i april 2025. Energi2050 skal erstatte Energi21 og OG21. Fram til den nye Energi2050-strategien er etablert, vil tilrådingane og prioriteringane i Energi21 og OG21 ligge til grunn. Energi21 gir råd om tematisk og finansiell satsing på forsking og innovasjon innanfor fornybar energi og klimavennlege energiteknologiar, medan OG21 gir råd om prioriterte teknologiområde for den vidare utviklinga av petroleumsverksemda.
-
Åtte nye forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) starta opp i 2024–2025 etter at åtte andre senter blei avslutta. Det er no elleve teknologisk retta FME-ar som samla dekker ei brei fagleg satsing innanfor energiomstilling, energiteknologi og industriell utvikling. I tillegg er det to samfunnsvitskaplege FME-ar, som skal forske på energiomstilling, energipolitikk og samfunnsendringar knytte til omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Det er òg tre aktive PETROSENTER som støttar langsiktig forsking og teknologiutvikling for petroleumsverksemda på norsk sokkel.
-
Forskingsrådet har planlagt nye utlysingar for både samfunnsvitskaplege FME-ar og PETROSENTER i 2026. Utlysinga av PETROSENTER skal bidra til langsiktig kompetansebygging, teknologiutvikling og berekraftig utnytting av petroleumsressursane på norsk sokkel, og støttar samtidig opp om energiforsyningstryggleiken i Europa.
FME- og PETROSENTER-ordningane, som ligg under Noregs forskingsråd, er blant dei viktigaste berebjelkane i den norske satsinga på forsking, utvikling og innovasjon innanfor energiområdet. I 2025 blei studien av effektane av energiforskinga og FME-ordninga for forskingssentera for miljøvennleg energi ferdigstilt. Studien konkluderte med at energiforsking er samfunnsøkonomisk lønnsamt. Ein tilsvarande effektstudie har blitt planlagd for petroleumsretta FoU med mål om gjennomføring i 2026.
Klima- og miljødepartementet sitt tilskot til Framsenteret skal gi tverrfagleg, forvaltingsrelevant klima- og miljøforsking av høg kvalitet, for nordområda. I 2026 skal det etablerast to nye program for Framsenteret, eit om rettferdig og berekraftig grøn omstilling i nord, og eit om berekraftig kystutvikling i nordområda. I tillegg skal det etablerast sju nye forskingsprosjekt. Dei nye programma og prosjekta vil starte opp i 2027.
Regjeringa arbeider med å vidareutvikle eit effektivt og tilgjengeleg miljødatasystem for forsking og forvaltning. Det blir òg gjennomført eit forprosjekt for oppgradering av Troll-stasjonen i Dronning Maud Land, med mål om å vidareføre stasjonen som plattform for norsk forsking og nærvær i Antarktis. Forprosjektet skal vere klart tidleg i 2027.
Dei to polare forskingsprosjekta Arven etter Nansen og GoNorth blei avslutta med dei siste tokta i høvesvis 2024 og 2025. Begge prosjekta har lagt fram heilt nye funn for vitskapen og viktig kunnskap for forvaltning og næringsliv. Erfaringane frå desse to prosjekta har vore utgangspunkt for det nye programmet Polhavet 2050, som hadde oppstart i 2026. Programmet blir finansiert med 1 mrd. kroner over ti år, og løyvinga går gjennom Forskingsrådet, finansiert over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Midlane blir fordelte med 750 mill. kroner til eit kjerneprosjekt og 250 mill. kroner til to store utlysingar. Dette vil ivareta både omsynet til langsiktig, føreseieleg planlegging og til konkurranse og dynamikk i løpet av perioden.
Polhavet 2050 samlar eit landslag av dei fremste polarforskarane frå 18 norske universitet og institutt i eit konsortium, og femnar ei rekke fagområde og sektorar. Dei deltakande institusjonane vil bidra med tilsvarande ressursar i form av mellom anna tokt-tid, forskarårsverk og stipendiatar. Programmet vil særleg femne dei store utfordringane knytte til endringar i klima og miljø, auka ferdsel og den geopolitiske situasjonen. Isbrytaren FF Kronprins Haakon er ein sentral infrastruktur, i kombinasjon med satellittar, observasjonsbøyer, fly, autonome plattformer og sensorar. Programmet vil òg utvikle ny teknologi og metodikk. Konsortiet vil samarbeide med forskingsinstitusjonar frå Storbritannia og Tyskland, og dei søker ytterlegare internasjonalt samarbeid. Polhavet 2050 vil bli eit viktig norsk bidrag til det femte internasjonale polaråret (IPY5) i 2032–2033.
Mogleggjerande og industrielle teknologiar
Prioriteringa vektlegg grunnforsking på fagområde som er nødvendige for å utvikle mogleg gjerande og industrielle teknologiar. Innsatsen legg grunnlaget for bruk av teknologiane på dei andre prioriterte områda i langtidsplanen. Prioriteringa blir i stor grad følgd opp gjennom løyvingar til Forskingsrådet frå ei rekke ulike departement.
Regjeringa har frå og med 2026 etablert ei ny satsing på kvanteteknologi i næringslivet, kvantespranget. Kvantespranget inneber 750 mill. kroner over fem år, frå og med 2026, til ei offentleg og privat satsing på kvanteteknologi retta mot næringslivet. Målet er å bygge nokre utvalde teknologifellesskap for å utvikle ny næring innanfor kvanteteknologi. Teknologifellesskapet skal bestå av forskings- og innovasjonsmiljø i bedrifter, forskingsinstitutt og universitet og høgskular.
For å styrke utvikling og bruk av kvanteteknologi, foreslår regjeringa frå 2027 å styrke satsinga på kvanteteknologi ytterlegare. Regjeringa foreslår 295 mill. kroner til forskingsinfrastruktur og testfasilitetar for kvanteteknologi. Sjå nærare omtale i Del II, programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, under kap. 285, post 71.
Noreg har sterke forskingsmiljø innanfor livsvitskap, bioteknologi og nevroteknologi, men fagevalueringar peikar på behov for sterkare forskingskvalitet, betre koplingar mellom forsking, innovasjon og næringsliv, og auka kapasitet innanfor sentrale grunnfag. Regjeringa foreslår derfor 333 mill. kroner til ei satsing på livsvitskap, inkludert bioteknologi, nevroteknologi og styrking av norsk kjemiforsking frå 2027. Livsvitskap, inkludert bioteknologi, nevroteknologi og kjemi, er viktig for å møte samfunnsutfordringar innanfor helse, berekraft, matproduksjon og industriell utvikling. Satsinga skal styrke det vitskaplege grunnlaget for framtidig helse-, industri- og næringsutvikling og bidra til å bygge opp forskingsmiljø av høg internasjonal kvalitet. Delar av midlane skal følge opp fagevalueringa av naturvitskaplege fag frå 2024 og styrke norsk kjemiforsking.
Regjeringa starta i 2026 arbeidet med etablering av ein nasjonal infrastruktur for tungrekning med utgangspunkt i vidareutvikling av Sigma2 AS. Infrastrukturen skal byggast opp stegvis. For Steg 1 (2026–2027), har Stortinget løyvd totalt 380 mill. kroner. Dette var i tillegg til vidareføring av tidlegare års løyvingar på 50 mill. kroner årleg i basisløyving til Sigma2 og 20,7 mill. kroner årleg for arbeidet med norske og samiske språkmodellar. Sjå nærare omtale i Del II, programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, under kap. 273, post 70. I budsjettet for 2028 vil regjeringa kome tilbake til vidare utvikling av denne infrastrukturen.
I 2025 fekk Nasjonalbiblioteket i oppgåve å trene norske og samiske språkmodellar, og gjere desse tilgjengelege for bruk i det norske samfunnet. Som hovudregel skal Nasjonalbiblioteket tilby grunnmodellar som aktørar i offentleg sektor eller i næringslivet kan bruke for å utvikle verktøy og tenester basert på kunstig intelligens (KI). Reknekraft til trening av språkmodellar vert levert gjennom Sigma2. I 2026 vart det løyvd midlar til ei vederlagsordning som gir Nasjonalbiblioteket tilgang til å trene språkmodellar på aviser under opphavsrett. Ordninga legg til rette for at mediebedrifter og journalistar kan få betalt for at deira materiale vert brukt i trening av språkmodellar. Dei første språkmodellane som er trente på avismateriale vart lanserte i august 2026. Modellane inngår i Borealis-serien, som er Nasjonalbiblioteket sine opne språkmodellar. Satsinga på norske og samiske språkmodellar er ein del av arbeidet med å etablere ein nasjonal infrastruktur for KI.
Regjeringa har i 2026 lansert eit dialogforum for næringslivet, som ei oppfølging av regjeringa sitt vegkart for det teknologibaserte næringslivet frå 2025. Noregs forskingsråd deltek i forumet, gitt deira rolle i det næringsretta verkemiddelapparatet. Vegkartet legg vekt på såkalla «djupe teknologiar» – eit omgrep som KI, kvanteteknologi og nevroteknologi fell inn under. Vegkartet skal medverke til å beskrive det nye terrenget som veks fram, og korleis næringslivet, FoU-institusjonar og det offentlege saman kan navigere for å finne vegar til omstilling og verdiskaping.
På bakgrunn av NOU 2023: 18 Genteknologi i en bærekraftig fremtid fremja Klima- og miljødepartementet i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet forslag om endringar i genteknologilova, jf. Prop. 69 L (2024–2025). Forslaga er vedtekne av Stortinget, jf. Innst. 299 L (2024–2025). Endringane vil mellom anna gjere det enklare å gjennomføre klinisk utprøving, jf. omtalen av handlingsplan for kliniske studiar og klinisk forsking under omtala av Helse.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet sende i juni 2025 på høyring eit forslag til ny lov om KI, som gjennomfører EU si forordning om KI (AI Act) i norsk rett, og mottok om lag 150 høyringssvar. I tillegg til å gjere forordninga til ein del av norsk rett, omfattar lovutkastet nasjonale reglar om mellom anna nasjonal forvaltningsstruktur, tvangsmulkt, mishaldsgebyr og klagebehandling, og bidreg til harmonisering av regulering av KI i Noreg og EU. Som følge av EU sitt forslag til forenklingspakke (omnibus) vedtok EU sommaren 2026 enkelte endringar i KI-forordninga. Endringane er ein del av forordninga som regjeringa arbeider med å gjennomføre i norsk rett, og eit forslag om eventuelle endringar i den norske reguleringa vil bli sendt på ny høyring hausten 2026.
Regjeringa lanserte KI-Noreg den 12. juni 2026. KI-Noreg er ein del av Digitaliserings direktoratet og skal vere den nasjonale arenaen for ansvarleg innovasjon, utvikling og bruk av KI. Eininga skal styrke rettleiingsarbeidet og fremje ansvarleg og innovativ bruk av KI i offentleg og privat sektor. Direktoratet skal arbeide vidare med etableringa av den regulatoriske KI-sandkassa, saman med Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og Datatilsynet.
Effektiv deling og bruk av data er viktig for vellykka digitalisering av samfunnet. Ny lov om datadeling og dataforvaltning (dataforvaltningslova) blei vedtatt av Stortinget i juni 2026. Lova fremjar vidarebruk av data frå offentleg sektor og bidreg til forsking, innovasjon og utvikling av produkt og tenester. Det nasjonale prioriteringsrådet for datadeling blei etablert hausten 2025, og skal levere ei endeleg tilråding i slutten av 2026. Tilrådinga skal peike på område der rådet meiner at deling av data til vidarebruk vil gi stor verdi.
Samfunnstryggleik og beredskap
Prioriteringa famnar breitt over fagsektorar og handlar mellom anna om kunnskapsbehova knytte til globale helsetruslar og klimaendringar, mattryggleik, vatn, avløp, forsyningsrisiko, trygg energiforsyning, alvorlege naturhendingar, atomtryggleik og -beredskap, nedkjemping av kriminalitet, tryggingspolitikk, ansvarleg internasjonalt kunnskapssamarbeid, teknologi og digital tryggleik og kunnskap i kriser.
Kompetanseheving og forsking på samfunnstryggleik, nasjonal tryggleik og digital tryggleik har hatt høg prioritet i fleire år. Utviklinga i Noreg sine tryggingspolitiske omgivnader dei siste åra har likevel ført til eit styrkt behov for forsking med relevans for forsvar, tryggleik og beredskap, godt vern av sivilbefolkninga og å betre samfunnet si motstandsevne gjennom robuste sivile infrastrukturar og samfunnsfunksjonar. Dette er særleg forankra i langtidsplanen for forsvarssektoren og Meld. St. 9 (2024–2025) Totalberedskapsmeldingen.
For å møte eit meir samansett trusselbilde, legg regjeringa opp til eit FoU-løft med tydeleg forankra prioriteringar. Der vil investering i infrastruktur og strukturelle tiltak for å styrke totalforsvaret, det vil seie styrking av samarbeidet mellom sivil og militær sektor, vere sentralt. Regjeringa tek grep for å styrke utdanninga av doktorgradskandidatar som kan bli tryggingsklarerte.
I Meld. St. 14 (2024–2025) Sikker kunnskap i en usikker verden kom regjeringa med ei rekke forslag til endringar i forskingssystemet for å samordne FoU-systema på sivil og militær side, og for å legge til rette for at fleire sivile forskingsmiljø kan bidra til skjerma og gradert FoU. Målet er betre samordning og meir effektiv bruk av FoU på tvers av samfunnsområde og skjermingsbehov. Forskingsrådet har fått ei utvida rolle som koplingsmekanisme for å samordne den opne, skjerma og graderte forskinga i eitt felles system. Frå 1. januar 2026 oppretta Forskingsrådet ein ny portefølje for forsvarsevne, tryggleik og beredskap. Porteføljen bidreg til målretta kunnskapsutvikling som styrker nasjonal evne til å førebygge og handtere truslar. Frå og med statsbudsjettet for 2026 er det sett av 132 mill. kroner årleg i fem år til ei forskingssatsing på forsvarsevne, tryggleik og beredskap. Satsinga går over fem år, med moglegheit for tre års forlenging. Forskingsrådet vil mellom anna bruke midlane på ei større senterutlysing som skal tildelast i 2027. Regjeringa foreslår å sette av midlar i 2027 til investering i og drift av eit system for data og innsikt om FoU-innsats på tvers av sivil og militær sektor, i eit samarbeid mellom Forskingsrådet og Forsvarets forskingsinstitutt. I tillegg foreslår regjeringa investeringar til eit digitalt bibliotek for forsvarssektoren hos Forsvarets forskningsinstitutt, over budsjettet til Forsvarsdepartementet.
I 2023 sette Kunnskapsdepartementet i gang eit samarbeid mellom fleire departement for å greie nærare ut kva fag- og teknologiområde som har strategisk betydning for økonomisk konkurransekraft, nasjonal tryggleik og forsvarsrelevans. Noregs forskingsråd, Nasjonalt tryggingsorgan og Forsvarets forskingsinstitutt fekk i oppdrag å utvikle eit kunnskapsgrunnlag for vurdering av sensitive teknologiar (KVAST). Kunnskapsgrunnlaget blei levert i januar 2026, og arbeidet med ein plan for vidare drift av KVAST held fram i 2026.
Sjå òg omtale under kap. 1700, post 72 og kap. 1760, post 45 i Prop. 1 S (2026–2027) for Forsvarsdepartementet, og Del II, programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, under kap. 285, post 21.
Tillit og fellesskap
Forskingsrådet bidreg til oppfølginga av denne tematiske prioriteringa ved å fremje forsking og forskingsbasert innovasjon for eit godt og tilgjengeleg utdanningssystem, eit omstillingsdyktig arbeidsliv, eit berekraftig velferdssystem, gode levekår og eit robust og demokratisk samfunn. Satsingane omfattar også forskings- og innovasjonsinnsatsen for samfunnsoppdraget Ingen barn og unge utanfor!
Den samla innsatsen på dette breitt oppbygde feltet var om lag éin mrd. kroner i 2025, og Forsk ingsrådet tildelte rundt 560 mill. kroner gjennom nasjonale utlysingar. Norske miljø har mobilisert godt til Horisont Europa på området.
I tillegg til løyvingane frå Forskingsrådet har mange av universiteta og høgskulane eigne satsingar på dette området. Både Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Bergen (UiB) og OsloMet har til dømes større forskingssatsingar på demokrati. Når det gjeld høgare utdanning, peikar langtidsplanen på at det er behov for å styrke profesjonsutdanningar innanfor relevante område, særleg barnevern, lærarar i distrikta og lærarar med samisk språk. Regjeringa hadde ei omfattande behandling av profesjonsutdanningane i Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet, som blei lagd fram våren 2024. For lærarutdanningane blei det i 2024 lagt fram ein eigen rekrutteringsstrategi i samarbeid med aktørane på feltet, og det blir no arbeidd med nye rammeplanar. Det er dessutan sett i verk særlege tiltak for å kvalifisere fleire samisklærarar, jf. Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv.
Regjeringa har sett i verk tiltak for å snu rekrutteringssituasjonen i lærar- og sjukepleiarutdanningane. I 2025 og 2026 har det vore ei viss betring for fleire av utdanningane.
Det er sett i gang ein målretta og heilskapleg innsats for forsking og innovasjon på likestillings- og diskrimineringsfeltet, på tvers av samfunnssektorar og diskrimineringsgrunnlag. Forskingsrådet har i 2026 levert eit kunnskapsgrunnlag om forskingsinnsatsen på området. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har fått i oppdrag å greie ut tiltak for å styrke forsking om likestilling og diskriminering, inkludert konkrete verkemiddel og strukturar som kan medverke til å fremje strategisk kunnskapsutvikling på tvers av sektorane. Utgreiinga skal leverast Kultur- og likestillings departementet i 2026. Departementet vurderer korleis rapportane kan følgast opp, mellom anna i departementet sin FoU-strategi, som er under utarbeiding.
Hausten 2024 lyste Forskingsrådet ut 10 mill. kroner til doktorgradsstipend i offentleg sektor (OFFPHD) innanfor likestilling og diskriminering. Formålet er å auke kompetansen på desse områda i offentleg verksemd. Det blei innvilga tre stipend i 2025, og det er rom for å lyse ut ytterlegare to stipend i 2026.
Dei siste åra har Justis- og beredskapsdepartementet løyvd midlar til Forskingsrådet til styrking av forsking på vald, overgrep og hatkriminalitet. Frå 2025 har departementet dessutan gitt Forskingsrådet i oppdrag å styrke forskinga på vald i nære relasjonar, som ei oppfølging av Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028): Trygghet for alle. Sjå meir i Prop. 1 S (2026–2027) for Justis- og beredskapsdepartementet.
Frå 2026 ber Justis- og beredskapsdepartementet Forskingsrådet òg om å sikre at forsking på førebygging og nedkjemping av organisert kriminalitet og barne- og ungdomskriminalitet blir inkludert i utlysingar. Dette vil bli følgt opp vidare i 2027.
I 2025 la regjeringa fram Strategi for å styrke motstandskrafta mot desinformasjon (2025–2030). Strategien understrekar at vitskapleg metode og kritisk tenking er sentrale verktøy for å styrke motstandskrafta i samfunnet mot desinformasjon, og framhevar kor viktig det er at forskinga blir offentleg formidla. Hausten 2025 blei Nasjonal strategi for ein open og opplyst offentleg samtale lagt fram. Eit viktig tiltak i strategiane er oppretting av Senter for forsking på det offentlege ordskiftet. Senteret blir etablert hausten 2026.
Ei av hovudproriteringane til regjeringa er å styrke innsatsen retta mot unge. Som ein del av ungdomsløftet har regjeringa varsla fleire forsøk for å prøve ut nye verkemiddel og få meir kunnskap om kva som verkar for å få fleire unge i arbeid, jf. Prop. 1 S (2025–2026) for Kunnskapsdepartementet og Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje. Frå august 2025 er det sett i gang forsøk med eit arbeidsretta ungdomsprogram med ei eiga ungdoms-yting ved sju Nav-kontor. Vidare tek regjeringa sikte på å starte opp forsøk med aktivitetspengar for unge i november 2026. Oslo Economics skal evaluere forsøka, i samarbeid med Frischsenteret. I løpet av hausten 2026 vil det òg bli sett i gang eit forsøk med fire årig lønnstilskot for unge. I tillegg er det i 2026 sett i verk eit rekrutteringsprogram til helse- og omsorgssektoren. Desse tiltaka vil òg bli evaluerte. Gjennom systematisk utprøving, effektevaluering og følgeforsking blir det bygd kunnskap om kva for tiltak som verkar for unge. Dette styrker grunnlaget for prioriteringar og utvikling av berekraftige tenester, i tråd med mål og prioriteringar i langtidsplanen.
Kunnskapssystemet
Eit forskingssystem for ei verd i endring
Etterprøvbar kunnskap og forsking er grunnleggande for eit ope og demokratisk samfunn der gode prosessar ligg til grunn for dei avgjerdene som blir tekne. I Langtidsplanen for forskning og høyere utdanning 2023–2032 varsla regjeringa at ho vil legge fram ei melding til Stortinget om forskingssystemet våren 2025. Etter at arbeidet med meldinga tok til, har det skjedd store endringar i verda, med auka global spenning som resultat. Vitskap, forsking og sanning blir sett under press og utfordra i stadig fleire land, medan store aktørar driv aktiv påverking og desinformasjon. Utfordringane knytte til forskingstryggleik og eigarskap til eigne data er meir akutte. Meld. St. 14 (2024–2025) Sikker kunnskap i en usikker verden blei lagd fram i mars 2025, og gjennomgår aktuelle tiltak som er sette i verk for å ruste norske høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar til å handtere stadig meir komplekse tryggingsmessige og etiske utfordringar.
Samfunnsoppdraga
Noreg deltek aktivt i EU sine fem samfunnsoppdrag. Dei fem oppdraga er tilpassing til klimaendringar, inkludert samfunnsendringar, kreft, sunne hav, kystområde og vassdrag, klimanøytrale og smarte byar og jordhelse. Alle har mål ein skal nå innan 2030.
Samfunnsoppdrag som nasjonalt verkemiddel blei lansert i Noreg i langtidsplanen, i form av to målretta nasjonale samfunnsoppdrag: Berekraftig fôr og Ingen barn og unge utanfor! I behandlinga av planen ba Stortinget i ein fleirtalsmerknad regjeringa sette i gang eit tredje samfunnsoppdrag retta mot sirkulære løysingar og meir berekraftig bruk av naturen, jf. Innst. 170 S (2022–2023).
Målretta samfunnsoppdrag er nyskapande og ambisiøse prosjekt der forsking blir kopla saman med andre verkemiddel for å løyse konkrete problem innan ein gitt tidsfrist, gjennom tverrsektoriell og målretta innsats. Dei nasjonale samfunnsoppdraga skal medverke til meir praktisk bruk av forskingsbasert kunnskap for å løyse krevjande og konkrete samfunnsutfordringar. Samfunnsoppdraga tek utgangspunkt i område som har høg prioritet for regjeringa, og der forskingsbasert kunnskap og kompetanse er nødvendige for å nå dei konkrete måla.
Arbeidet med samfunnsoppdraget Berekraftig fôr er godt i gang, og held fram. I november 2025 leverte styringsgruppa for samfunnsoppdraget ein rapport med forslag til tiltak som dei meiner vil bidra til å nå måla som regjeringa har sett for samfunnsoppdraget. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Nærings- og fiskeridepartementet og Prop. 1 S (2026–2027) for Landbruks- og matdepartementet.
Samfunnsoppdraget Ingen barn og unge utanfor! blei etablert i 2025. Satsinga er eit samarbeid mellom Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Kultur- og likestillingsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet. I Meld. St. 28 (2024–2025) Tro på framtida – uansett bakgrunn lanserte regjeringa det overordna målet om at utanforskap blant barn og unge skal vere betydeleg redusert i 2035. I 2026 blei mandata til det nasjonale partnarskapet og den operative innsatsgruppa ferdigstilte. Kommunar, fylkeskommunar, frivillig sektor, næringsliv, forskingsinstitusjonar og andre samfunnsaktørar er godt i gang med å vidareutvikle samarbeid for å auke barn og unge si deltaking og skape varige systemendringar for inkludering. I 2026 og 2027 skal ein konkretisere prioriteringane i samfunnsoppdraget og fastsette mål- og resultatindikatorar for å følge med på måloppnåing.
I 2025 etablerte regjeringa samfunnsoppdrag om Sirkulær økonomi og fastsette hovudmål, delmål og organisering. Hovudmålet er at Noreg skal ha oppnådd ein betydeleg auke i ombruk, reparasjonar og deling av knappe ressursar i 2035. Forskingsrådet er vertskap for innsatsgruppa for samfunnsoppdraget, som har ansvaret for dagleg drift av oppdraget på vegner av partnarskapet. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Klima- og miljødepartementet.
Høgare utdanning og kompetansebehov
Høgare utdanning av god kvalitet er ein grunnleggande føresetnad for å vidareutvikle Noreg som eit demokratisk og berekraftig kunnskapssamfunn. Høgare utdanning har òg stor innverknad på eigenutviklinga til den enkelte. Regjeringas prioriteringar for høgare utdanning blir lagt fram i kompetansebudsjetett, jf. kap. 5 Kompetansebudsjettet.
Open forsking og verdien av data
Forskingsresultat må ha høg kvalitet. Funna må vere robuste, og resultata må vere tilgjengelege for alle som treng dei. Det er framleis mange i forsking og nærings- og samfunnsliv som ikkje har open tilgang til offentleg finansierte vitskaplege artiklar. Regjeringa har sett som mål at alle vitskaplege artiklar som er finansierte med offentlege midlar, skal vere opne tilgjengelege innan 2024. Målet er ikkje fullt nådd, men over 80 pst. av artiklane er no opne, og Noreg ligg godt an internasjonalt. Utviklinga har likevel flata ut, mellom anna på grunn av utfordringar med rettar og arkivering av versjonar som ikkje kan gjerast tilgjengelege.
Meld. St. 14 (2024–2025) Sikker kunnskap i ei usikker verd understrekar at målet om full open tilgang står fast. Som varsla i Meld. St. 14 (2024–2025) har regjeringa styrkt støtteordninga for opne norskspråklege vitskaplege tidsskrift. I tillegg til humaniora og samfunnsfag, er ordninga no open for fagområda medisin og helsefag, realfag og teknologi. Namnet til ordninga er derfor endra frå Støtteordning for opne norskspråklege tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap til Støtteordning for opne norskspråklege tidsskrift. Departementet foreslår å styrke ordninga med 3,5 mill. kroner, til 15,5 mill. kroner årleg frå 2027. Frå 2026 vil òg norske forskingsmiljø få tilgang til open publisering gjennom den opne avgiftsfrie publiseringsplattforma Open Research Europe (ORE). ORE blei etablert av Europakommisjonen i 2021, og går no inn i ein ny fase driven av eit konsortium av europeiske forskingsfinansiørar, inkludert Forskingsrådet.
Forskingsdata frå offentleg finansiert forsking må i all hovudsak reknast som offentleg informasjon på linje med data frå anna offentleg verksemd. Forskingsdata skal vere så opne som mogleg og så lukka som nødvendig. Omsyn til personvern, tryggleik eller forretningsløyndommar gjer at ikkje alle forskingsdata kan vere opne, men dei kan likevel gjerast moglege å finne, tilgjengelege, kompatible og moglege å gjenbruke (i tråd med FAIR-prinsippa) for aktørar som har lov til å bruke dei.
Som varsla i Meld. St. 14 (2024–2025) vedtok regjeringa i 2025 å samle løysingar for behandling av sensitive helsedata som ein har i dag, i éin nasjonal infrastruktur. Med sikre analyserom og betre samhandling på tvers av sektorar, skal det leggast til rette for trygg og effektiv bruk av helsedata til beste for pasientar, forsking og samfunn. Infrastrukturen for behandling av personsensitive data bygger på eksisterande løysingar ved UiO, UiB og NTNU, som allereie har etablert eit tett samarbeid. Frå 2027 foreslår regjeringa å å auke løyvinga med totalt 10 mill. kroner årleg for å vidareutvikle Nasjonal infrastruktur for sensitive data (NORTRE), med 5 mill. kroner frå Helse- og omsorgsdepartementet og 5 mill. kroner frå Kunnskapsdepartementet. Vidareutviklinga skal bidra til at infrastrukturen oppfyller nye krav til tryggleik og dokumentasjon i det europeiske helsedataområdet – European Health Data Space (EHDS), og legge til rette for nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid.
7 Nøkkeltal for grunnopplæringa
Kapittelet gir informasjon om utviklinga i talet på elevar, lærlingar, lærarar og ressursbruken i grunnopplæringa.
Kommunane og fylkeskommunane er ansvarlege for drifta av høvesvis grunnskulen og vidaregåande opplæring. Grunnskulen og den vidaregåande opplæringa blir i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane. Både i kommunane og i fylkeskommunane er opplæring ein stor og viktig sektor. I 2025 var samla brutto driftsutgifter til grunnskuleopplæring 115,3 mrd. kroner. Tilsvarande var samla brutto driftsutgifter til vidaregåande opplæring 48,8 mrd. kroner i 2025.
Ressursbruken i grunnopplæringa i Noreg har auka noko dei siste åra. Det gjeld både totale ressursar og ressursar per elev.
Elevar og lærlingar i grunnopplæringa
Tabell 7.1 viser at talet på elevar i grunnskulen har gått ned noko samanlikna med førre skuleår.
Tabell 7.1 Talet på elevar i ordinære grunnskular, frå skuleåret 2016–17 til 2025–26
|
Skuleår |
Barnetrinnet (1.–7. trinn) |
Ungdomstrinnet (8.–10. trinn) |
Sum |
|---|---|---|---|
|
2016–17 |
444 638 |
184 637 |
629 275 |
|
2017–18 |
447 355 |
185 674 |
633 029 |
|
2018–19 |
448 655 |
187 695 |
636 350 |
|
2019–20 |
446 218 |
190 032 |
636 250 |
|
2020–21 |
443 967 |
191 530 |
635 497 |
|
2021–22 |
439 644 |
195 030 |
634 674 |
|
2022–23 |
437 855 |
199 079 |
636 934 |
|
2023–24 |
434 422 |
202 629 |
637 051 |
|
2024–25 |
429 723 |
201 646 |
631 369 |
|
2025–26 |
423 163 |
198 798 |
621 961 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
96,8 pst. av 16-åringane som avslutta grunnskulen våren 2025, var i vidaregåande opplæring same år. 52,6 pst. av elevane som starta vg1 hausten 2025, begynte på eit yrkesfagleg program. Dette er om lag ei prosenteining høgare enn året før. 47,4 pst. av elevane som starta vg1 hausten 2025 begynte på eit studieførebuande program.
Tabell 7.2 Fordeling på utdanningsprogram i vidaregåande opplæring, frå skuleåret 2016–17 til 2025–26
|
Skuleår |
Elevar på studieførebuande program |
Elevar på yrkesfag |
Lærlingar, elevar i fagopplæring i skule og lærekandidatar |
Kandidatar til Fagbrev på jobb |
Sum |
|---|---|---|---|---|---|
|
2016–17 |
121 409 |
69 644 |
42 777 |
- |
233 830 |
|
2017–18 |
123 095 |
66 562 |
44 637 |
- |
234 294 |
|
2018–19 |
121 390 |
67 092 |
46 316 |
- |
234 798 |
|
2019–20 |
119 141 |
67 854 |
48 281 |
- |
235 276 |
|
2020–21 |
119 244 |
68 970 |
47 287 |
725 |
236 226 |
|
2021–22 |
117 990 |
68 195 |
48 959 |
1 022 |
236 166 |
|
2022–23 |
116 789 |
68 627 |
50 414 |
1 058 |
236 888 |
|
2023–24 |
116 279 |
69 795 |
49 717 |
1 376 |
237 167 |
|
2024–25 |
117 187 |
72 162 |
49 654 |
1 817 |
240 820 |
|
2025–26 |
117 823 |
75 986 |
52 417 |
2 141 |
248 367 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Det har vore ein auke i det samla talet på elevar i vidaregåande opplæring dei siste fem åra. I skuleåret 2025–26 ser vi ein klar auke frå året før. Antal elevar på yrkesfag, lærlingar, elevar i fagopplæring i skule og kandidatar til Fagbrev på jobb har auka. Det har vore ein svak auke i antal elevar på studieførebuande program.
Lærarårsverk
Årsverk til undervisningspersonale blir rekna ut på bakgrunn av registrerte timar per skuleår. I skuleåret 2025–26 er det berekna talet på årsverk til undervisning og andre oppgåver i grunnskulen 62 249, ein reduksjon på 1 014 årsverk frå året før. Årsaka til nedgangen er reduksjon i elevtalet frå skuleåret 2024–25 til 2025–26.
Tabell 7.3 Berekna årsverk utførte av undervisningspersonale til undervisning og andre oppgåver i grunnskulen, frå skuleåret 2010–11 til 2025–26
|
Skuleår |
Berekna årsverk til undervisning og andre oppgåver, sum årsverk |
Av dette andre oppgåver |
Assistent-årsverk |
|---|---|---|---|
|
2010–11 |
57 704 |
7 072 |
8 432 |
|
2011–12 |
57 447 |
6 855 |
8 515 |
|
2012–13 |
57 458 |
6 965 |
8 141 |
|
2013–14 |
57 615 |
6 979 |
8 234 |
|
2014–15 |
57 331 |
6 518 |
8 167 |
|
2015-16 |
57 612 |
6 407 |
8 417 |
|
2016–17 |
58 421 |
6 480 |
8 868 |
|
2017–18 |
59 357 |
6 459 |
9 389 |
|
2018–19 |
60 372 |
6 430 |
9 849 |
|
2019–20 |
61 425 |
6 411 |
10 020 |
|
2020–21 |
61 705 |
6 240 |
10 658 |
|
2021–22 |
62 226 |
6 146 |
11 032 |
|
2022–23 |
62 819 |
6 253 |
11 491 |
|
2023–24 |
63 430 |
6 345 |
12 286 |
|
2024–25 |
63 263 |
6 463 |
12 418 |
|
2025–26 |
62 249 |
6 422 |
12 281 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Det har vore ein auke i avtalte årsverk blant lærarar i vidaregåande opplæring frå skuleåret 2024–25 til 2025–26. Ein del av auken kan ein forklare med at frå og med 2025 er alle årsverk til personar med fleire arbeidsforhold inkluderte, og ikkje berre hovudarbeidstilhøvet.
Tabell 7.4 Utvikling i talet på lærarårsverk i vidaregåande opplæring, frå skuleåret 2016–17 til 2025–26
|
Skuleår |
Lærarårsverk i vidaregåande opplæring, avtalte årsverk |
|---|---|
|
2016–17 |
23 300 |
|
2017–18 |
23 188 |
|
2018–19 |
23 259 |
|
2019–20 |
23 491 |
|
2020–21 |
23 500 |
|
2021–22 |
23 870 |
|
2022–23 |
23 978 |
|
2023–24 |
24 334 |
|
2024–25 |
24 806 |
|
2025–26 |
25 507 |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Gruppestorleik
Gjennomsnittleg gruppestorleik kjem fram når ein ser på tilhøvet mellom elevtimar og lærartimar. Elevtimar er det samla talet på ordinære timar til undervisning som elevane får kvart år. Lærartimar er summen av alle timane lærarane gir i undervisning per år. Gjennomsnittleg gruppestorleik viser kor mange elevar ein lærar har i gjennomsnitt per undervisningstime. Den gjennomsnittlege gruppestorleiken bør ein sjå på som ein indikator, og ikkje som eit absolutt mål. Tabell 7.5 inneheld to ulike typar gruppestorleik.
Gruppestorleik 1 omfattar timar til spesialundervisning og særskild norskopplæring for språklege minoritetar. Sidan desse timane blir inkluderte, kan det føre til at gruppestorleiken verkar lågare enn det han faktisk er.
Gruppestorleik 2 er ein annan måte å rekne ut gruppestorleiken på. Her er timar til spesialundervisning og særskild norskopplæring for språklege minoritetar tekne ut av både lærartimar og elevtimar i berekninga. Gruppestorleik 2 gir eit bilete av ressursinnsatsen for dei elevane som ikkje får særskilde individretta styrkingstiltak. Denne indikatoren er ikkje i same grad som gruppestorleik 1 eigna til å måle endringar i ressursinnsats over tid, fordi endringar knytte til spesialundervisning og særskild norskopplæring vil kunne påverke indikatoren.
Tabell 7.5 Gjennomsnittleg gruppestorleik på 1.–10. trinn1, frå skuleåret 2015–16 til 2025–26
|
Skuleår |
Gruppestorleik 1 |
Gruppestorleik 2 |
|---|---|---|
|
2015–16 |
13,5 |
16,8 |
|
2016–17 |
13,5 |
16,8 |
|
2017–18 |
13,3 |
16,6 |
|
2018–19 |
13,1 |
16,3 |
|
2019–20 |
12,9 |
15,8 |
|
2020–21 |
12,8 |
15,7 |
|
2021–22 |
12,6 |
15,5 |
|
2022–23 |
12,6 |
15,6 |
|
2023–24 |
12,5 |
15,6 |
|
2024–25 |
12,5 |
15,6 |
|
2025–26 |
12,5 |
15,5 |
1 Offentlege og private grunnskular utanom spesialskular og utanlandsskular.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Hausten 2018 blei det innført ei norm for lærartettleik på skulenivå for 1.–10. trinn i offentlege skular. I skuleåret 2018–19 skulle gruppestorleik 2 maksimalt vere 16 på 1.–4. trinn og 21 på 5.–7. og 8.–10. trinn. Frå hausten 2019 blei norma skjerpa, og gruppestorleik 2 skal maksimalt vere 15 på 1.–4. trinn og 20 på 5.–7. og 8.–10. trinn. Det har vore ein stor auke i prosentdelen grunnskular som oppfyller kravet på 1.–4. trinn sidan norma vart innført. Skuleåret 2025–26 oppfylte 92 pst. av skulane lærarnorma på 1.–4. trinn. 95 pst. av skulane oppfylte norma på 5.–7. trinn, og 88 pst. av skulane oppfylte norma på 8.–10. trinn. Figur 7.1 viser utviklinga i gruppestorleik 2 fordelt på dei ulike hovudtrinna. Lærartettleiken har vore stabil dei siste fem åra. I skuleåret 2025–26 var gruppestorleiken på 13,5 på 1.–4. trinn, 16,2 på 5.–7. trinn og 17,5 på 8.–10. trinn. Det vil seie at lærarnorma i gjennomsnitt var oppfylt på alle hovudtrinn.
Figur 7.1 Gjennomsnittleg gruppestorleik 2 på hovudtrinna i grunnskulen1, frå skuleåret 2007–08 til 2025–26
1 Offentlege og private grunnskular utanom spesialskular og utanlandsskular.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
For vidaregåande opplæring er det ikkje mogleg å lage eit godt mål på forholdstalet mellom lærarar og elevar ved hjelp av administrative data. Departementet har derfor tinga ei kartlegging av gruppestorleik i vidaregåande opplæring. Resultata kjem hausten 2026.
Skulestruktur
I skuleåret 2025–26 var det 2 663 grunnskular i Noreg. Av desse var 2 379 offentlege grunnskular, og 284 private grunnskular. 5,2 pst. av elevane i grunnskulen gjekk på ein privat grunnskule.
Storleiken på grunnskulane i Noreg varierer frå nokre få elevar på dei minste skulane til over 1 000 elevar på dei største skulane. Figur 7.2 illustrerer fordelinga av små, mellomstore og store skular. Det har over tid vore ei utvikling i retning av fleire store og færre små skular.
Figur 7.2 Prosentdel grunnskular fordelte etter talet på elevar, 2000–2025
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
I skuleåret 2025–26 gjekk 6 pst. av elevane i grunnskulen på skular med færre enn 100 elevar, 34 pst. gjekk på skular med mellom 100 og 299 elevar, og 60 pst. gjekk på skular med 300 eller fleire elevar. Sidan skuleåret 2002–03 har meir enn 50 pst. av elevane gått på store skular (over 300 elevar).
I skuleåret 2025–26 er det 365 færre grunnskular enn for 15 år sidan. 623 av skulene som eksisterte i skuleåret 2010–11 er no lagde ned, og det har kome 258 nye skular. Dei siste 15 åra er det lagt ned 46 skular i året i gjennomsnitt. Samtidig er det 6 000 fleire grunnskuleelevar i 2025–26. Det har såleis blitt færre og større skular. Ein grunnskule har i 2025–26 i gjennomsnitt omkring 233 elevar. Det er 30 fleire elevar per skule enn for 15 år sidan.
Mange av grunnskulene som blir lagde ned er små skular med få elevar. Omkring 3 av 4 av grunnskulane som blei lagde ned dei siste 15 årene hadde færre enn 100 elevar det siste driftsåret. Halvparten av skulane hadde 37 eller færre elevar. Små og usentrale kommunar blir særleg råka av skulenedleggingar. Tidlegare kartleggingar av skulenedleggingar har vist at den viktigaste årsaka til at skular blei lagde ned var lågt elevtal. Andre viktige faktorar var kommuneøkonomi og problem med å rekruttere kvalifiserte lærarar. I dei fleste tilfella der kommuneøkonomi blei rapportert som årsak, var dette i kombinasjon med få elevar.
Skuleåret 2025–26 var det 418 vidaregåande skular i landet. Det er same tal som året før. Av desse var 102 private.
Skuleresultat
Nasjonale prøvar
Nasjonale prøvar skal gi kunnskap om ferdigheitene til elevane i lesing og rekning, og i delar av engelskfaget. Resultatet skal gi skuleeigaren og skulen eit grunnlag for kvalitetsutvikling i opplæringa. Elevar på 5., 8. og 9. trinn deltek på nasjonale prøvar. Resultata frå nasjonale prøvar er delte inn i tre nivå på 5. trinn, og fem nivå på 8. og 9. trinn.
Ifølge analysar gjennomførte av Utdanningsdirektoratet, viser dei nasjonale prøvane i 2025 at 5. trinn presterte litt svakare i lesing og engelsk, og omtrent likt i rekning, sammenlikna med i 2024. Elevane på 8. trinn gjer det noko betre i 2025 samanlikna med 2024 i rekning og engelsk, medan prestasjonane har endra seg lite i lesing. Gutane presterer litt betre enn jenter i rekning på alle trinn, medan det er motsett i lesing. På 5. trinn presterer gutane litt betre enn jentene i engelsk, medan engelskresultata er meir jamne på 8.trinn. Forskjellane mellom kjønna har blitt mindre i rekning for 5. trinn sammenlikna med 2024, medan kjønnsforskjellane i lesing og rekning på ungdomstrinnet er større i 2025 enn i 2024.
Til nasjonale prøvar er det utvikla ein eigen skala. Resultata frå nasjonale prøvar vises på ein skala der 50 skalapoeng tilsvarer gjennomsnittet i 2022. Frå 2022 starta målinga av utvikling over tid på nytt for alle prøvane. Alle prøveresultat blir rekna om til denne skalaen. Sidan prøvane måler utvikling over tid, kan dette gjennomsnittet endre seg etter kvart som ferdigheitene til elevane endrar seg.
Figur 7.3 Gjennomsnittleg skalapoeng i nasjonale prøvar for 5. trinn, frå skuleåret 2022–23 til 2025–26
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Figur 7.4 Gjennomsnittleg skalapoeng i nasjonale prøvar for 8. trinn, frå skuleåret 2022–23 til 2025–26
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
PISA-undersøkinga 2025
Den internasjonale undersøkinga Programme for International Student Assessment (PISA) måler kompetanse i lesing, matematikk og naturfag hos eit utval av 15-åringar. Undersøkinga har blitt gjennomført kvart tredje år mellom 2000 og 2025, med unntak av covid-19-pandemien då gjennomføringa vart utsett til 2022. PISA-undersøkinga for 2025 viser ein tydeleg nedgang i resultata i både lesing og matematikk blant 15-åringane, samanlikna med undersøkinga frå 2022. Det siste tiåret har tilbakegangen i gjennomsnittsresultata i både lesing, matematikk og naturfag vore betydeleg. Sjølv om den negative utviklinga etter 2015 gjeld svært mange land, skil Noreg og dei andre nordiske landa seg ut med stor tilbakegang over tid. Medan norske elevar i 2015 presterte over OECD-gjennomsnittet i både lesing, matematikk og naturfag, viser 2025-undersøkinga at elevane presterer under OECD-snittet i alle dei tre fagområda. Særleg alvorleg er den betydelege auken i delen lågtpresterande elevar i alle tre fagområda. Dei nasjonale resultata i PISA-undersøkinga frå 2025 viser at 34 pst. av elevane presterte på det lågaste meistringsnivået i lesing, noko som er meir enn ei dobling på ti år. I matematikk og naturfag er delen elevar på det lågaste meistringsnivået høvesvis 38 pst. og 29 pst. Ifølge OECD vil elevar på det lågaste meistringsnivået ha for lite kompetanse til å vere godt nok førebudde på vidare utdanning og arbeidsliv.
Figur 7.5 Norske elevars prestasjonar i naturfag, lesing og matematikk i PISA, 2000–2025
Kjelde: OECD
Skulebidragsindikatorane
Kvar elev har med seg føresetnader som påverkar skuleresultata. Skulebidragsindikatorane skal vise kor mykje skulen bidreg med i resultata til elevane, og kan tolkast som forskjellen mellom dei faktiske skuleresultata til elevane og det som kan ventast ut frå føresetnadene deira. Skulebidragsindikatorane gir inga forklaring på kvifor bidraget er som det er. Ein må sjå dei i samanheng med lokalt kunnskapsgrunnlag og annan tilgjengeleg informasjon, som læringsresultat og læringsmiljø.
Indikatorane er rekna ut for to og to samanslåtte år. Årsaka er at skulane sine bidrag for enkeltår er meir utsette for tilfeldig variasjon enn bidraga for to samanslåtte årskull. For 1.–4. trinn blir det berre kontrollert for bakgrunn (utdanninga til foreldra, hushaldsinntekt og innvandringsbakgrunn), sidan det ikkje er faktiske elevresultat å kontrollere mot. På 5.–7. trinn blir det i tillegg til indikatorane for bakgrunn, kontrollert for dei tidlegare resultata til elevane på nasjonale prøvar på 5. trinn. På 8.–10. trinn blir det kontollert for indikatorane for bakgrunn og dei tidlegare resultata til elevane på nasjonale prøvar på 8. trinn.
For 65 pst. av dei offentlege skulane i landet kan ein ikkje statistisk sikkert seie at elevane presterer høgare eller lågare på nasjonale prøvar på 5. trinn enn forventa ut frå kjønn, innvandringsbakgrunn og kva inntekts- og utdanningsbakgrunn foreldra har. 16 pst. av skulane har elevar som i snitt presterer signifikant høgare enn forventa, og på 19 pst. av skulane presterer elevane signifikant lågare enn forventa. Når det gjeld resultata på nasjonale prøvar på 8. trinn, kan ein for 65 pst. av skulane ikkje sikkert seie at elevane presterer høgare eller lågare enn forventa på nasjonale prøvar, gitt bakgrunnen deira og prestasjonar på nasjonale prøvar på 5. trinn. På 15 pst. av skulane presterer elevane signifikant høgare enn forventa, og på 20 pst. av skulane presterer elevane signifikant lågare enn forventa. Ut frå resultata på skriftlig eksamen på 10. trinn, kan ein for 63 pst. av skulane ikkje sikkert seie at elevane presterer høgare eller lågare enn forventa på skriftleg eksamen, gitt bakgrunnen deira og prestasjonar på nasjonale prøvar på 8. trinn. På 16 pst. av skulane presterer elevane signifikant høgare enn forventa, og på 21 pst. av skulane presterer elevane signifikant lågare enn forventa.
Skulebidragsindikatorane er eit supplement til eksisterande informasjon om kvalitetsskilnader mellom fylke, kommunar og skular. Dei gir ein indikasjon på kor mykje den enkelte skulen bidreg med, men dei gir ikkje nødvendigvis eit heilskapleg bilete, sidan fleire tilhøve som kan påverke elevresultata ikkje lèt seg måle.
Karakterar og grunnskulepoeng
Elevane som gjekk ut av grunnskulen våren 2026, har i snitt 42,4 grunnskulepoeng. Det er 0,2 poeng høgare enn for avgangskullet i 2025, og 1,5 poeng meir enn før pandemiåra (2019–20 til 2021–22). På grunn av covid-19-pandemien blei det i 2020, 2021 og 2022 ikkje gjennomført eksamen i grunnskulen. Jenter har i snitt 3,8 grunnskulepoeng meir enn gutane i 2026, hvilket er same forskjell som i 2025.
Samanlikna med i fjor er det svært små endringar i dei gjennomsnittlege standpunktkarakterane i ulike fag. Jentene får i snitt høgare standpunktkarakterar enn gutane i de fleste fag. Eit unntak er kroppsøving, der gutane i snitt har 0,2 karakterpoeng høgare enn jentene. Kjønnsskilnaden er óg liten i matematikk.
Nokre elevar får ikkje standpunktkarakter i eitt eller fleire fag. Dei får i staden merknader om fritak, eller manglande vurderingsgrunnlag i det aktuelle faget. Norsk sidemål er det faget der flest elevar er fritekne for standpunktkarakter. 24,9 pst. av avgangselevane hadde fritak i skuleåret 2025–26, noko som er ein auke på 0,7 prosenteiningar frå skuleåret 2024–25. Det har vore ein auke i talet på elevar som er fritekne frå karakter i norsk sidemål dei siste åra. I 2019 og 2020 hadde i underkant av 17 pst. fritak. Delen har gått opp 6,7 prosenteiningar siden 2019. Ei årsak er truleg auken i talet på minoritetsspråklege elevar, sidan Noreg i 2022 og 2023 tok imot eit høgt tal fordrivne frå Ukraina.
Delen elevar som ikkje har vurderingsgrunnlag (IV) i eit fag, har gått litt ned frå skuleåret 2024–25 til 2025–26, etter fleire år med auking. Delen elevar som mangler grunnlag for vurdering er høgast i norsk hovudmål. I skuleåret 2025–26 hadde 2,8 pst. av elevane ikkje vurderingsgrunnlag i norsk hovudmål, ein nedgang på 0,4 prosenteiningar frå skuleåret 2024–25.
Dersom ein elev manglar karakter i meir enn halvparten av faga får ein ikkje berekna grunnskulepoeng ved utgangen av 10. klasse. Delen elevar utan grunnskulepoeng var 7,4 pst. i 2026. Dette er ein nedgang på 1,4 prosenteiningar frå 2025. Dette er første gong dei siste ti åra at delen elevar som manglar grunnskulepoeng, har gått ned. Nedgangen er særleg stor blant innvandrarar. Samstundes er talet på delen elevar utan grunnskulepoeng høgare enn i 2015, då delen var 4,2 pst. Noko av veksten sidan 2015 kjem av innvandring, men også blant elevar som er fødde i Noreg, er veksten betydeleg. Ifølge Statistisk sentralbyrå (SSB) ser dei sosiale forskjellane ut til å ha auka det siste tiåret. Veksten i del utan grunnkulepoeng er størst blant elevar frå låginntektsfamiliar, elevar med lågt utdanna foreldre og elevar med svake resultat på nasjonale prøvar. SSB peikar på auka fråvær som ei sannsynleg forklaring på veksten i delen elevar utan vurderingsgrunnlag, og såleis også på auken i delen utan grunnskulepoeng. Ein høgare del gutar enn jenter avsluttar grunnskulen utan grunnskulepoeng.
Figur 7.6 Delen elevar som fullfører grunnskulen utan grunnskulepoeng i perioden 2015–2026
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Skulemiljø og trivsel
Undersøkingar som Elevundersøkinga 2025 og Ungdata 2025 viser at dei fleste barn og unge har gode oppvekstvilkår og høg livskvalitet, og at dei opplever trivsel både på skulen og i nærmiljøet. Dei fleste er nøgde med lærarane, foreldra og vennene sine, og rapporterer om eit godt læringsmiljø med faglege utfordringar og støtte frå lærarane. Undersøkingane viser samstundes at det framleis er ein betydeleg del elevar som ikkje opplever å ha eit trygt og godt skulemiljø. I Ungdata-undersøkinga var det i 2025 inga endring i skuletrivsel etter fleire år med negativ utvikling,
Etter fleire år med negativ utvikling viser Elevundersøkinga 2025 for andre år på rad at delen elevar som opplever mobbing går noko ned, sjølv om tala framleis er høge. Fleire elevar enn i 2024 svarar òg at dei er motiverte, trivst godt på skulen og er nøgde med støtta frå lærarane. Undersøkingane gir likevel ikkje svar på kva som er årsak til utviklinga.
Figur 7.7 viser resultat frå Elevundersøkinga 2025.
Figur 7.7 Delen elevar som i Elevundersøkinga 2025 rapporterer å ha opplevd mobbing på skulen to–tre gongar i månaden eller oftare i perioden 2017–2025
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Skulefråværet har stige dei siste åra. Tala for fråvær på 10. trinn frå skuleåret 2024–25 viser at elevane er borte vesentleg fleire dagar og timar enn før pandemien. Medianfråværet på 10. trinn var ni dagar og åtte enkelttimar. Dette er ein auke på éin dag og éin time frå skuleåret 2023–24, og ein auke på tre dagar og tre timar frå skuleåret 2018–19. Det er særleg bekymringsfullt at fleire elevar enn tidlegare har svært mykje fråvær. Prosentdelen elevar på 10. trinn med meir enn 20 dagar fråvær har auka frå 9 pst. i skuleåret 2018–19 til 18 pst. i 2024–25. Det finst ikkje nasjonal statistikk over fråvær på 1.–9. trinn i skulen, men fleire undersøkingar tyder på at fråværet har auka i heile skuleløpet. Høgare skulefråvær er ein trend i fleire andre land, både i og utanfor Norden.
Figur 7.8 Delen elevar på 10. trinn fordelte på kor mange fråværsdagar dei var borte frå skulen frå skuleåret 2018–19 til skuleåret 2024–25. Pandemiåra er ikkje inkluderte fordi regjeringa innførte unntak frå reglane for fråværsføring.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Vald i grunnskulen
Statistisk sentralbyrå gjennomfører kvart tredje år ei levekårsundersøking om arbeidsmiljø blant sysselsette i Noreg. Undersøkinga for 2025 viser at 28 pst. av grunnskulelærarane vart utsette for vald, og at 25,6 pst. vart utsette for hets eller truslar. Av dei som svarte at dei hadde vore utsette for vald dei siste 12 månadene, var det 11 pst. som svarte at dei hadde opplevd dette kvar månad eller oftare, og 5,9 pst som svara at valden hadde ført til fysiske eller psykiske skadar. Tala viser ein auke frå undersøkinga for 2022 der 22 pst. svara at dei hadde opplevd vald og 24 pst. hets og truslar.
Det er mange ulike kjelder til informasjon om omfanget av vald og truslar mot tilsette i skulen. Ulike rapportar viser at mange tilsette i skulen opplever vald og truslar som svært belastande. Omfanget av både vald og truslar fell kraftig når elevane blir eldre, og det er eit fåtal elevar som står for hendingane. Elevar i tilrettelagde opplæringstilbod er overrepresenterte, og utageringa heng ofte saman med manglande meistring, stress og frustrasjon.
Auka sosiale forskjellar i elevfråvær i vidare gåande skule
Etter pandemien har fråværet for elevar i vidaregåande skule auka mykje, og er no høgare enn før fråværsgrensa blei innført hausten 2016. Fråværet er høgast blant elevar frå familiar med låg inntekt og låg utdanning, elevar med innvandrarbakgrunn og blant elevar med svake karakterar frå grunnskulen. Fråværet har auka i alle elevgrupper sidan før pandemien, men mest i desse gruppene. Figur 7.9 viser at fråværet har auka mest blant elevar frå familiar med lågast inntekt. Dei sosiale forskjellane i fråvær har såleis auka.
Figur 7.9 Elevfråvær etter inntekta til foreldra, frå skuleåret 2017–18 til 2024–25
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre er fråværet høgast på yrkesfag, medan det er høgast på studieførebuande blant elevar i resten av befolkninga (figur 7.10).
Figur 7.10 Elevfråvær etter innvandringskategori og todelt utdanningsprogram for skuleåret 2024–25
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Bruk av undervisningspersonale utan godkjend utdanning
Kompetansekrava for tilsetjing i grunnskulen tilseier at ein må ha lærarutdanning eller anna relevant utdanning for å bli fast tilsett. Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at 4,8 pst. av årsverka til undervisning ikkje oppfylte kompetansekrava for tilsetjing i skuleåret 2025–26. Årsverka kan vere mellombels tilsette, eller tilsette under føresetnad av at dei fullfører utdanninga dei har begynt på.
Figur 7.11 viser utviklinga i prosentdelen av berekna årsverk til undervisning i grunnskulen som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetting. Talet har lege på i overkant av 4 pst. dei siste åra, noko som kan kome av meir vikarbruk som følge av den statlege satsinga på vidareutdanning av lærarar og innføringa av lærarnorma.
Figur 7.11 Prosentdelen av årsverk i grunnskulen som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing frå skuleåret 1992–93 til 2025–26
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
6,4 pst. av lærarane i vidaregåande skular hadde vidaregåande utdanning eller lågare i skuleåret 2025–26, medan 4,5 pst. hadde universitets-/høgskuleutdanning på lågare nivå, men ikkje pedagogisk utdanning. 4,0 pst. hadde universitets-/høgskuleutdanning på høgare nivå, men ikkje pedagogisk utdanning.
Lærarar som underviser i norsk, matematikk, norsk teiknspråk, samisk og engelsk på 1.–7. trinn, skal ha minst 30 studiepoeng i faget. På 8.–10. trinn skal lærarar som underviser i norsk, matematikk, engelsk, norsk teiknspråk, samisk og engelsk, ha minst 60 studiepoeng i undervisningsfaget. Lærarar utdanna før 2014 har dispensasjon frå dette kravet. Dei siste åra har det vore ein tydeleg nedgang i delen lærarar som manglar fordjuping i norsk, matematikk og engelsk. I skuleåret 2025–26 oppfyller ikkje 12 pst. av norsklærarane, 15 pst. av matematikklærarane og 28 pst. av engelsklærarane kompetansekravet for faga dei underviser i. Samanliknar ein med skuleåret 2021–22, har det vore ein nedgang på 858 lærarar som manglar fordjuping i norsk, 1 335 lærarar som manglar fordjuping i matematikk og 606 lærarar som manglar fordjuping i engelsk.
Tilsette med innvandrarbakgrunn
Det har vore ein svak auke i prosentdelen tilsette med innvandrarbakgrunn i kommunale grunnskular dei siste tre åra. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjer ein liten del.
Figur 7.12 Prosentdelen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant undervisnings personalet1 i grunnskular og i vidaregåande skular, 2023–2025
1 Tala inkluderer både hovud- og biarbeidstilhøve.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Av studentar som utdanna seg til å bli lærar i skulen i 2025, hadde 12,1 pst. innvandrarbakgrunn. Delen med innvandrarbakgrunn som går på slike utdanningar, har auka litt dei siste tre åra.
Figur 7.13 Delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant studentar under utdanning for å bli lærar1, 2023–2025
1 Allmenn-/grunnskulelærarutdanning inkludert masterutdanning for grunnskulelærarar, fag- og yrkesfaglærarutdanning, integrert masterutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Noreg har motteke mange fordrivne frå Ukraina. Tal frå Utlendingsdirektoratet viser at per 3. august 2025 har 80 280 ukrainarar gyldig løyve om mellombels kollektivt vern. Tal frå SSB for fjerde kvartal i 2024 viser at nesten 1 500 personar frå Ukraina med kortare butid enn fire år hadde arbeid i ein barnehage eller skule.
Figur 7.14 Arbeidstilhøve for innvandrarar med landbakgrunn frå Ukraina og butid mindre enn fire år. Tal for 4. kvartal 2024
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Kommunal ressursbruk
Korrigerte brutto driftsutgifter viser utgiftene kommunane har til undervisning, inkludert drift av skulelokale og skyss. Korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskulen var 166 837 kroner i 2025, ein nominell auke på 3,3 pst. frå 2024. Den kommunale pris- og lønnsauken (deflatoren) var i 2025 på 4,1 pst., som vil seie at det i snitt har vore ein realnedgang i utgifter per elev i grunnskulen sidan 2024. I 2025 var korrigerte brutto driftsutgifter per elev i vidaregåande opplæring 182 991 kroner på studieførebuande program, og 221 103 kroner på yrkesfaglege program.
I 2025 var brutto driftsutgifter til grunnskule i kommunesektoren 17,5 pst. av totale brutto driftsutgifter. Prosentdelen av utgifter til grunnskule har gått noko ned dei siste ti åra. Lønnsutgiftene er den klart største driftskostnaden både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Det er store kommunale skilnader i ressursbruk i skulen. I kommunar med spreidd busetnad er det fleire mindre skular. Ulik kostnadsstruktur kan forklare mykje av variasjonen mellom kommunane i kor mykje pengar dei bruker på skule. Frie inntekter i form av eigedomsskatt og kraftinntekter innverkar òg på utgiftsnivået. Kommunar med store inntekter bruker meir pengar på skule. Den resterande variasjonen mellom kommunar kan mellom anna kome av variasjonar i elevsamansettinga. Spesielt for små kommunar kan elevar med behov for ekstrainnsats vere utslagsgivande. Ulikskapar kan òg kome av ulik politisk prioritering mellom kommunar.
Tal frå OECD (Education at a Glance 2025: OECD Indicators) viser at Noreg bruker mykje ressursar på utdanning samanlikna med andre land. Noreg har blant dei høgaste utgiftene til grunnskulen og vidaregåande opplæring blant OECD-landa, både om ein ser på utgiftene per elev og om ein ser på utgifter som del av fastlands-BNP. Om ein i staden ser på utgifter som del av samla BNP, inkludert petroleumssektoren, ligger Noreg under gjennomsnittet for OECD-landa.
Individuelt tilrettelagd opplæring
Elevar som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har krav på individuelt tilrettelagd opplæring. Prosentdelen elevar med individuelt tilrettelagd opplæring i grunnskular og spesialskular har dei siste ti åra stabilisert seg på om lag 8 pst. I skuleåret 2025–26 låg delen som fekk individuelt tilrettelagd opplæring på 7,6 pst. av alle elevar i grunnskulen, litt lågare enn skuleåret før. 66 pst. av alle elevar som får individuelt tilrettelagd opplæring i skuleåret 2025–26 er gutar.
I løpet av barnetrinnet og utover på ungdomstrinnet aukar prosentdelen av elevar med individuelt tilrettelagd opplæring, som figur 7.15 viser. I skuleåret 2025–26 hadde 3,3 pst. av elevane på 1. trinn enkeltvedtak om individuelt tilrettelagd opplæring. På 10. trinn var prosentdelen av elevar med individuelt tilrettelagd opplæring 10,7 pst. 47 000 elevar fekk vedtak om individuelt tilrettelagd opplæring med undervisningspersonale i skuleåret 2025–26.
Figur 7.15 Prosentdel av elevar med enkeltvedtak om individuelt tilrettelagd opplæring, fordelte på årstrinn for skuleåret 2025–26
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Elevar med innvandrarbakgrunn
Delen elevar med innvandrarbakgrunn aukar kvart år. Auken kjem hovudsakleg av at det er fleire elevar som er fødde i Noreg av innvandrarforeldre. I skuleåret 2025–26 har 24 pst. av elevane i norsk grunnskule innvandrarbakgrunn.
Figur 7.16 Delen av elevar i grunnskule som har innvandrarbakgrunn1, frå skuleåret 2012-13 til 2025-26
1 Delen er berekna ved å ta talet på barn med innvandrarbakgrunn i alderen 6–15 år delt på elevtalet i norsk grunnskule.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Særskild språkopplæring
I opplæringslova § 3-6 (for grunnskulen) og § 6-5 (for vidaregåande opplæring) heiter det at elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk, har rett på forsterka opplæring i norsk til dei har tilstrekkeleg ferdigheit i norsk til å følge den vanlege opplæringa i skulen.
I skuleåret 2025–26 fekk 46 356 elevar i grunnskulen forsterka opplæring i norsk, noko som er 2 699 færre enn året før. Dette utgjer 7,5 pst. av elevane. 4 234 elevar på 1. trinn fekk forsterka opplæring i norsk skuleåret 2025–26, og det er 7,4 pst. av alle førsteklassingane. Elevar som har rett til forsterka opplæring i norsk, har òg, etter behov, rett til morsmålsopplæring og/eller tospråkleg opplæring i fag. Av elevane som får forsterka opplæring i norsk, får 24 pst. anna særskild språkopplæring i tillegg. Dette utgjer 11 300 elevar.
Resultat i grunnskulen
Figur 7.17 Grunnskulepoeng etter innvandringskategori og kjønn, 2023–2025
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Det er små forskjellar mellom grunnskulepoenga til norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar. Berre 1,9 poeng skilde desse i 2025. Avstanden mellom innvandrarar (dei som sjølve har innvandra) og andre elevar er noko større. 5,0 poeng skilde desse i 2025. Det er vanskeleg å vurdere resultata til innvandrarelevar. Mange av dei kan ikkje vurderast ut frå ordinære læreplanar, fordi dei treng tid til å tileigne seg eit nytt språk. 22 pst. av innvandrarelevane fekk ikkje berekna grunnskulepoeng i 2025.
Av dei med 0–2 års butid har 65 pst. ikkje fått berekna grunnskulepoeng. Til samanlikning har 20 pst. av dei med 3–4 års butid og 16 pst. av dei med 5–6 års butid ikkje fått berekna grunnskulepoeng.
Butida har stor innverknad på kor mange grunnskulepoeng innvandrarar har ved utgangen av 10. trinn. Det er først blant dei med meir enn 9–10 års butid at talet på grunnskulepoeng er på same nivå som talet på grunnskulepoeng for norskfødde med innvandrarforeldre.
Jenter får i gjennomsnitt 3,8 grunnskulepoeng meir enn gutane. Norskfødde jenter med innvandrarforeldre får fleire grunnskulepoeng enn gutar utan innvandrarbakgrunn.
Det er ein større del av innvandrarane som er fritekne frå nasjonale prøvar, enn norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar. På 8. trinn er 19 pst. av innvandrarane fritekne frå nasjonale prøvar i lesing. I engelsk og rekning er 14–15 pst. fritekne. Det er små forskjellar mellom norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar i delen som er fritekne. Omkring 3 pst. av både norskfødde med innvandrarforeldre og andre elevar er fritekne i kvart enkelt av faga engelsk, lesing og rekning.
Prosentdelen elevar på dei to lågaste meistringsnivåa er høgare blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre enn blant andre elevar. Det er størst forskjellar i lesing, og minst forskjellar i regning. Ein må tolke tala i lys av at delen som er fritekne er høgare for innvandrarar enn for norskfødde med innvandrarforeldre og andre.
I lesing gjer jentene det betre enn gutane. I rekning gjer gutane det betre enn jentene. Desse forskjellane gjer seg gjeldande både mellom gutar og jenter med innvandrarbakgrunn og mellom andre gutar og jenter. Det er små forskjellar mellom gutar og jenter i engelsk.
Butida har mykje å seie for meistringsnivået til elevane. Dei som har budd i Noreg i 9–10 år, nærmar seg nivået til dei norskfødde med innvandrarforeldre i lesing.
Figur 7.18 Prosentdelen elevar på dei to lågaste meistringsnivåa (1 og 2) i nasjonale prøvar i faga engelsk, lesing og rekning på 8. trinn, etter innvandringskategori, 2025
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
PISA-undersøkinga frå 2025 viser at elevar med innvandringsbakgrunn i gjennomsnitt presterer lågare enn elevar utan innvandringsbakgrunn. Samanlikna med PISA-undersøkinga frå 2015 er forskjellen mellom gjennomsnittsresultata til elevgruppene omtrent uendra i lesing og naturfag, medan forskjellen i matematikk har blitt mindre over tid. Når det blir kontrollert for elevanes sosioøkonomiske status, blir forskjellane mykje mindre, og i matematikk er det ingen forskjell i gjennomsnittsresultata mellom elevar med og utan innvandringsbakgrunn. Den norske PISA-rapporten viser at det er lite som tyder på at nedgangen i Noregs gjennomsnittlege resultat i PISA-undersøkinga det siste tiåret kan forklarast med at gruppa av elevar med innvandrarbakgrunn har vorte større i den same perioden.
Gjennomføring av vidaregåande opplæring
Dei norskfødde jentene med innvandrarforeldre fullfører og består vidaregåande opplæring i løpet av fem eller seks år i om lag same grad som dei andre jentene. Målepunktet er fem år for elevar på studieførebuande, og seks år for elevar på yrkesfag.
65 pst. av innvandrarane som begynte i vidaregåande opplæring i skuleåret 2019–20 (2019-kullet), fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem eller seks år. Denne prosentdelen er betydeleg lågare enn delen norskfødde med innvandrarforeldre og andre. Kor lenge ein har budd i Noreg, har mykje å seie for fullføringsprosenten.
Figur 7.19 Prosentdelen som starta i vidaregåande opplæring i skuleåret 2017–18 (2017-kullet) til 2019–20 (2019-kullet), og som fullførte og bestod vidaregåande opplæring i løpet av fem (studieførebuande) eller seks (yrkesfag) år, etter innvandringskategori og kjønn
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Læreplassar og kontraktar
Figur 7.20 Prosentdelen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre med læreplass som første ønske som har fått godkjend lærekontrakt eller plass som lærekandidat, 2023–2025
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Av 22 800 søkarar med ungdomsrett og læreplass som førsteønske i skuleåret 2025–26, fekk 18 700 ein godkjend lærekontrakt per 31. desember 2025. I tillegg var det meir enn 1000 lærekandidatar.
Delen som ikkje er i utdanning eller arbeid eller har gjennomført vidaregåande opplæring
Figur 7.21 Delen i alderen 16-25 år som verken er i utdanning eller arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring, etter innvandringskategori og kjønn 2023–2025. Dei med ukjend utdanning er ikkje talde med.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
I 2025 er 13 pst. av innvandrarar i alderen 16–25 år verken i utdanning eller arbeid eller har fullført vidaregåande opplæring. Til samanlikning gjeld dette 6 pst. av norskfødde med innvandrarforeldre og 5 pst. av andre i same aldersgruppe.
Vaksne i grunnopplæringa
Vaksne som treng førebuande opplæring for vaksne (tidlegare grunnskuleopplæring for vaksne), har rett til slik opplæring dersom dei ønsker det, jf. opplæringslova § 18-2. Tal frå GSI viser at det i skuleåret 2025–26 var 10 239 vaksne som fekk førebuande opplæring for vaksne. Dette er om lag 300 færre enn i skuleåret 2024–25. Av dei som fekk slik opplæring, fekk 7 588 opplæring utan individuell opplæring, og 2 651 fekk opplæring der alt eller delar av undervisninga var individuelt tilrettelagd.
Tabell 7.6 Talet på vaksne i grunnopplæringa frå skuleåret 2020–21 til 2025–26
|
2020–21 |
2021–22 |
2022–23 |
2023–2024 |
2024–25 |
2025–26 |
|
|---|---|---|---|---|---|---|
|
Vaksne i grunnopplæringa sum |
12 945 |
11 805 |
10 767 |
10 161 |
10 525 |
10 239 |
|
Vaksne i grunnopplæringa som mottek ordinær undervisning |
9 603 |
8 753 |
7 955 |
7 386 |
7 699 |
7 588 |
|
Del |
74,2 |
74,1 |
73,9 |
72,7 |
73,1 |
74,1 |
|
Vaksne i grunnopplæringa som mottek undervisning der alt eller delar av undervisninga blir gitt som spesialundervisning |
3 342 |
3 052 |
2 812 |
2 775 |
2 826 |
2 651 |
|
Del |
25,8 |
25,9 |
26,1 |
27,3 |
26,9 |
25,9 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Dei som har fullført grunnskuleopplæring eller tilsvarande opplæring, men som ikkje har studiekompetanse eller yrkeskompetanse frå vidaregåande opplæring, har rett til vidaregåande opplæring frå det skuleåret som tek til det året dei fyller 19 år. Dette gjeld òg dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjend opplæringa i Noreg, jf. opplæringslova § 18-3. Opplæringa skal vere tilpassa behova og livssituasjonen til den enkelte. Dei fleste vaksne får opplæring gjennom vaksenopplæringstilbod.
Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at om lag 16 000 personar over 25 år deltok i vaksenopplæring eller i vidaregåande skular skuleåret 2024–25. 13 400 av desse fekk opplæring etter ordinære læreplanar, medan 2 600 fekk opplæring etter modulstrukturerte læreplanar.
Nesten 10 000 personar over 25 år gjekk yrkesfaglege utdanningsprogram. To av tre av desse gjekk helse- og oppvekstfag. 6 100 personar over 25 år gjekk studieførebuande utdanningsprogram. Om lag 1 900 personar under 25 år fekk vidaregåande opplæring for vaksne.
Skulefritidsordninga
Kommunar må ha eit tilbod om skulefritidsordning før og etter skuletid for 1.–4. trinn, og for barn med særskilde behov på 5.–7. trinn. Skuleåret 2025–26 gjekk 187 042 barn i SFO. Dette er ein auke på 17 prosenteiningar frå skuleåret 2021–22. Den store auken i antal elevar i SFO er eit resultat av redusert foreldrebetaling og gratis 12 timar SFO for 1.–3. trinn som har kome dei siste åra.
I skuleåret 2025–26 gjekk 78 pst. av barna på 1.–4. trinn i SFO. På 1.–3. trinn gjekk 93 pst. av barna i SFO. Dette er ein auke på 21 prosenteiningar samanlikna med skuleåret 2019–20. Tabell 7.7 viser at deltaking i SFO varierer mellom dei ulike klassetrinna og er høgast blant dei yngste barna. Samstundes ser ein ein tydelig auke i dekningsgraden dei åra det blei innført gratis 12 timar SFO, i skuleåra 2022–23, 2023–24 og 2024–25 for respektive 1., 2. og 3. trinn. I skuleåret 2025–26 var 2 422 av elevane i SFO elevar på 5.–7. trinn.
Kommunen kan krevje kostnadene til SFO dekte gjennom foreldrebetaling. Dette bidreg til at det er stor variasjon i foreldrebetaling i SFO mellom kommunar. Frå hausten 2022 fekk alle elevar på 1. trinn tilbod om 12 timar gratis SFO per veke, og frå hausten 2023 fekk alle elevar på 2. trinn tilbod om det same. Frå august 2024 gjaldt ordninga òg for 3. trinn. I skuleåret 2025–26 er gjennomsnittleg foreldrebetaling per månad for ein heltidsplass i SFO for 1.–3. trinn 1 544 kroner, ein deltidsplass i SFO for 4. trinn 1 809 kroner og ein heltidsplass i SFO for 4. trinn 3 101 kroner.
Hausten 2020 blei det innført ei nasjonal ordning med redusert foreldrebetaling i SFO for barn frå låginntektsfamiliar på 1.–2. trinn og gratis SFO for barn med behov for særskild tilrettelegging på 5.–7. trinn. Hausten 2021 blei den nasjonale ordninga med redusert foreldrebetaling i SFO utvida til å gjelde 3.–4. trinn òg. Kommunar kan i tillegg velje å tilby ytterlegare inntektsgraderte satsar, friplassar og søskenmoderasjon i SFO.
Tabell 7.7 Deltaking i skulefritidsordninga (SFO), frå skuleåret 2018–19 til 2025–26
|
Skuleår |
2018–19 |
2019–20 |
2020–21 |
2021–22 |
2022–23 |
2023–2024 |
2024–25 |
2025–26 |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
|
Talet på barn i SFO |
158 318 |
156 597 |
147 749 |
152 955 |
165 045 |
174 404 |
187 169 |
187 042 |
|
Prosentdel av barna i SFO med heiltidsplass |
56 |
57 |
58 |
58 |
58 |
57 |
54 |
53 |
|
Dekningsgrad 1.–4. trinn (pst.) |
61 |
62 |
59 |
62 |
67 |
71 |
77 |
78 |
|
Dekningsgrad 1. trinn (pst.) |
82 |
82 |
82 |
83 |
92 |
94 |
95 |
95 |
|
Dekningsgrad 2. trinn (pst.) |
76 |
76 |
73 |
77 |
79 |
92 |
93 |
94 |
|
Dekningsgrad 3. trinn (pst.) |
59 |
59 |
54 |
58 |
62 |
63 |
86 |
88 |
|
Dekningsgrad 4. trinn (pst.) |
30 |
31 |
28 |
30 |
34 |
37 |
37 |
39 |
|
Prosentdel av SFO-ar som tilbyr søskenmoderasjon |
67 |
68 |
69 |
72 |
73 |
70 |
68 |
64 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
I skuleåret 2025–26 er det 21 635 tilsette i skulefritidsordninga. Bemanninga har auka med 2 759 tilsette sidan skuleåret 2021–22. Det er ingen krav til kompetanse for tilsette i SFO. Av dei tilsette i SFO har 8 pst. ei godkjend lærar- eller førskulelærarutdanning, 44 pst. har fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, og 48 pst. hadde annan bakgrunn.
8 Nøkkeltal for barnehagesektoren
Kapittelet gir informasjon om utviklinga i talet på barn og tilsette, og om ressursbruken i barne hagesektoren.
Barnehagane blir i all hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunane og foreldrebetalinga. Barnehagesektoren er eit av dei største tenesteområda i kommunane. Samla brutto driftsutgifter til barnehagar i 2025 var 73,2 mrd. kroner, og utgjorde 11,1 pst. av driftsutgiftene i kommunane.
Barn i barnehage
Tabell 8.1 Barn i barnehage, dekningsgrad og gjennomsnittleg opphaldstid, 2009–2025
|
2009 |
2014 |
2022 |
2023 |
2024 |
2025 |
|
|---|---|---|---|---|---|---|
|
Barn i barnehage |
270 174 |
286 414 |
268 730 |
266 916 |
266 014 |
264 210 |
|
Dekningsgrad 1–5 år (pst.) |
88,5 |
90,2 |
93,4 |
93,8 |
94,3 |
94,5 |
|
Dekningsgrad 0 år (pst.) |
4,5 |
3,6 |
4,6 |
4,8 |
5,5 |
4,8 |
|
Dekningsgrad 1 år (pst.) |
68,6 |
68,5 |
81,0 |
81,8 |
83,4 |
84,0 |
|
Dekningsgrad 2 år (pst.) |
85,9 |
91,3 |
94,7 |
94,8 |
95,3 |
95,5 |
|
Dekningsgrad 3 år (pst.) |
94,5 |
95,5 |
96,8 |
96,7 |
97,1 |
97,3 |
|
Dekningsgrad 4 år (pst.) |
96,9 |
97,0 |
97,2 |
97,3 |
97,4 |
97,5 |
|
Dekningsgrad 5 år (pst.) |
97,3 |
97,5 |
97,4 |
97,5 |
97,7 |
97,6 |
|
Gjennomsnittleg avtala opphaldstimar per veke1 |
42,8 |
44,1 |
44,7 |
44,8 |
44,8 |
44,8 |
|
Prosentdel av barn med heiltidsplass |
85,2 |
93,3 |
97,6 |
98,1 |
98,5 |
98,8 |
1 Ny reknemåte for opphaldstimar frå 2024 på grunn av brot i rapporteringa av opphaldstid.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet, Statistisk sentralbyrå, Kunnskapsdepartementet
Ved utgangen av 2025 gjekk 264 210 barn i ein ordinær barnehage eller ein familiebarnehage. Dette inkluderer barn som av ulike årsaker har fått barnehageplass før eittårsalderen, og barn som har fått utsett skulestart til det året dei fyller sju år. I tillegg hadde 99 opne barnehagar kapasitet til å ta imot 2 897 barn i 2025. Departementet har ikkje statistikk for deltakinga i opne barnehagar.
Talet på barn i barnehagen gjekk ned med 1 804 barn frå 2024 til 2025. Det var også ein reduksjon i talet barn i barnehage på 902 frå 2023 til 2024. Nedgangen heng saman med låge fødselstal og færre barn i barnehagealder. Hovudtyngda av reduksjonen har vore i private barnehagar. Sidan 2021 har det vore ein auke på 855 barn med plass i offentlege barnehagar, og ein nedgang på 5 110 barn med plass i private barnehagar.
I 2025 hadde 98,8 pst. av barna heiltidsplass i barnehagen, mot 69,6 pst. i 2005. Heiltidsplass vil seie avtala opphaldstid på 41 timar i veka, eller meir. Gjennomsnittleg avtala opphaldstid for barn i barnehage har i same periode auka frå 39 til 45 timar per veke. I 2025 var dekningsgraden for barn i alderen 1–5 år på 94,5 pst., mot 76,2 pst. i 2005. Dekningsgraden har vore stabil for dei eldre barna dei siste åra, og har auka for dei yngste barna. Barn under 3 år utgjorde 37,7 pst. av alle barn i barnehage i 2025.
I 2025 hadde 51,2 pst. av alle barnehagebarn plass i ein offentleg barnehage, og 48,8 pst. i ein privat barnehage. Ved utgangen av 2025 var det 5 114 barnehagar i Noreg, inkludert familiebarnehagar og opne barnehagar. Av desse var 2 507 kommunale, 12 fylkeskommunale/statlege og 2 595 private barnehagar. Frå 2008 har det vore ein stabil nedgang i talet på barnehagar, og frå 2024 til 2025 har det vore ein reduksjon på 53 private og 55 offentlege barnehagar.
Tabell 8.2 Barn i barnehage etter eigartilhøve, offentleg og privat, 2021–2025
|
2021 |
2022 |
2023 |
2024 |
2025 |
|
|---|---|---|---|---|---|
|
Offentlege |
135 074 |
136 989 |
137 067 |
137 195 |
135 929 |
|
– kommunale |
134 360 |
136 282 |
136 360 |
136 493 |
135 225 |
|
– fylkeskommunale/statlege |
714 |
707 |
707 |
702 |
704 |
|
Private |
133 391 |
131 741 |
129 849 |
128 819 |
128 281 |
|
– kyrkjelyd/trussamfunn |
6 118 |
5 985 |
5 810 |
4 453 |
3 965 |
|
– foreldreeigde |
29 206 |
29 094 |
28 842 |
28 454 |
28 026 |
|
– kvinne- og familieforbund /sanitetsforeining |
776 |
790 |
788 |
655 |
616 |
|
– bedrift |
2 639 |
2 055 |
2 010 |
982 |
810 |
|
– pedagogisk/ideologisk org. |
4 332 |
4 062 |
3 965 |
1 647 |
1 618 |
|
– enkeltpersonar |
7 217 |
6 529 |
5 333 |
5 142 |
4 097 |
|
– konsern/aksjeselskap |
71 696 |
71 962 |
72 089 |
74 212 |
75 457 |
|
– stifting |
8 959 |
8 852 |
8 703 |
11 088 |
11 499 |
|
– studentsamskipnad |
2 448 |
2 412 |
2 309 |
2 186 |
2 193 |
|
Sum |
268 465 |
268 730 |
266 916 |
266 014 |
264 210 |
Barn som går i opne barnehagar er ikkje med i tabellen, medan barn i familiebarnehagar er inkluderte. I 2025 gjekk ingen barn i offentlege familiebarnehagar, og 2 101 barn gjekk i private familiebarnehagar.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet, Statistisk sentralbyrå
Tabell 8.3 Opne barnehagar, offentlege og private, 2018–2025
|
2018 |
2019 |
2020 |
2021 |
2022 |
2023 |
2024 |
2025 |
|
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
|
Kommunale |
43 |
43 |
36 |
30 |
33 |
34 |
35 |
30 |
|
Private |
74 |
73 |
74 |
75 |
74 |
73 |
72 |
69 |
|
Sum |
117 |
116 |
110 |
105 |
107 |
107 |
107 |
99 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Tabell 8.4 Prosentdel barn i barnehage blant minoritetsspråklege barn og andre barn, 2023–2025
|
2023 |
2024 |
2025 |
||||
|---|---|---|---|---|---|---|
|
Minoritetsspråklege |
Andre |
Minoritetsspråklege |
Andre |
Minoritetsspråklege |
Andre |
|
|
1-åringar |
61,3 |
87,0 |
65,8 |
87,0 |
69,4 |
87,5 |
|
2-åringar |
87,2 |
96,9 |
90,6 |
96,6 |
93,1 |
96,2 |
|
3-åringar |
94,0 |
97,6 |
95,0 |
97,7 |
97,5 |
97,3 |
|
4-åringar |
95,4 |
97,9 |
96,1 |
97,8 |
96,6 |
97,8 |
|
5-åringar |
94,7 |
98,4 |
96,1 |
98,3 |
97,3 |
97,8 |
|
1–2-åringar |
75,0 |
92,1 |
78,5 |
92,2 |
81,4 |
91,8 |
|
3–5-åringar |
94,7 |
98,0 |
95,7 |
97,9 |
97,1 |
97,6 |
|
1–5-åringar |
87,4 |
95,6 |
89,5 |
95,7 |
91,4 |
95,3 |
Prosentdel barn i barnehage er rekna ut som talet på minoritetsspråklege barn i barnehage delt på talet på barn som har innvandra til Noreg, eller som har to foreldre som har innvandra til Noreg.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet, Statistisk sentralbyrå
Minoritetsspråklege barn er definerte ved at både barnet og dei føresette til barnet har eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk, dansk eller engelsk. I 2025 gjekk 91,4 pst. av minoritetsspråklege barn i alderen 1–5 år i barnehage. Det er ein auke på 1,9 prosenteiningar frå 2023. Prosentdelen barn som går i barnehage aukar med alderen til barna. For minoritetsspråklege barn er skil naden mellom ulike aldersgrupper større enn for andre barn. For 3–5-åringar er prosentdelen minoritets språklege barn som går i barnehage nesten like høg som for andre barn. For 1–2-åringar er denne delen mykje lågare enn for andre barn, særleg er prosentdelen minoritetsspråklege barn som går i barnehage låg for 1-åringane. Minoritetsspråklege barn startar altså seinare i barnehage og har såleis i gjennomsnitt gått færre år i barnehage før dei begynner på skulen. Det store fleirtalet av minoritetsspråklege barn har gått i barnehage før skulestart.
Tabell 8.5 Barn i barnehagar med samisk tilbod, fordelte etter type tilbod, 2020–2025
|
2020 |
2021 |
2022 |
2023 |
2024 |
2025 |
|
|---|---|---|---|---|---|---|
|
Samisk barnehage |
588 |
565 |
571 |
476 |
555 |
560 |
|
Barnehage med samisk avdeling |
123 |
137 |
183 |
121 |
112 |
108 |
|
Barnehage med samisk språktilbod |
88 |
76 |
139 |
143 |
137 |
134 |
|
Sum |
799 |
778 |
893 |
740 |
804 |
802 |
Kjelde: Sametinget
Tabell 8.6 Barn i barnehagar med samisk tilbod, fordelte etter språkbakgrunn, 2020–2025
|
2020 |
2021 |
2022 |
2023 |
2024 |
2025 |
|
|---|---|---|---|---|---|---|
|
Nordsamisk |
714 |
696 |
802 |
639 |
716 |
710 |
|
Sørsamisk |
53 |
54 |
54 |
62 |
48 |
53 |
|
Lulesamisk |
32 |
28 |
37 |
39 |
40 |
39 |
|
Sum |
799 |
778 |
893 |
740 |
804 |
802 |
Kjelde: Sametinget
I 2025 var det 802 barn som gjekk i ein barnehage med samisk tilbod. Talet har vore relativt stabilt sidan 2020. Eit samisk tilbod kan vere enten ein samisk barnehage, ei samisk avdeling eller eit samisk språktilbod. Det har vore ein auke i talet på barn som får samisk språktilbod i ein ordinær barnehage. Samstundes er det nokon færre som får eit samisk tilbod i ei eiga samisk avdeling eller i ein samisk barnehage. Den mest vanlege språkbakgrunnen blant barna som får eit samisk tilbod, er nordsamisk.
Figur 8.1 Prosentvis fordeling av barn i barnehagar etter barnehagestorleik, 2008–2025
Opne barnehagar er ikkje inkluderte i talet på barnehagar.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet, Statistisk sentralbyrå
I 2008 gjekk 35 pst. av barn i barnehage i ein barnehage med 51–75 barn. Barnehagar med 51–75 barn var den mest vanlege barnehagestor leiken. I 2025 er den mest vanlege barnehagestorleiken barnehagar med 76 barn eller fleire, og 38 pst. av barn i barnehage gjekk i ein barnehage med 76 barn eller fleire. Denne endringa kjem primært av at delen barn som går i barnehagar med 50 barn eller færre har gått ned. Frå 2008 til 2025 har delen barn i barnehagar med 26–50 barn gått frå 26 pst. til 22 pst., medan delen barn i barnehagar med 1–25 barn har gått frå 12 pst. til 5 pst. i same periode.
Personalet i barnehagen
Tabell 8.7 Personalet i barnehagen, 2021–2025
|
2021 |
2022 |
2023 |
2024 |
2025 |
|
|---|---|---|---|---|---|
|
Talet på tilsette |
95 201 |
95 706 |
95 592 |
97 457 |
97 585 |
|
Talet på årsverk |
77 447 |
78 100 |
78 223 |
77 371 |
76 973 |
|
Årsverk i grunnbemanninga |
63 926 |
64 507 |
64 436 |
63 934 |
63 868 |
|
Styrarar (årsverk) |
4 705 |
4 647 |
4 636 |
4 629 |
4 561 |
|
Årsverk i grunnbemanninga med barnehage lærarutdanning eller pedagogisk utdanning som tilsvarer utdanningskravet til pedagogisk leiar |
27 694 |
27 587 |
27 175 |
26 887 |
26 846 |
|
– i pst. av grunnbemanninga |
43,4 |
42,8 |
42,2 |
42,1 |
42,0 |
|
Årsverk i grunnbemanninga med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar |
14 171 |
14 558 |
14 726 |
14 440 |
14 503 |
|
– i pst. av grunnbemanninga |
22,2 |
22,6 |
22,9 |
22,6 |
22,7 |
|
Personale som gir særskild språkstimulering til minoritetsspråklege barn (årsverk i parentes) |
927 (286) |
779 (267) |
855 (330) |
1 174 (384) |
1 078 (352) |
|
– prosentdel som har barnehagelærarutdanning |
22,3 |
22,9 |
25,4 |
28,3 |
28,5 |
|
Personale som jobbar med barn/barnegrupper som krev ekstra ressursinnsats (årsverk i parentes) |
8 922 (5 443) |
9 260 (5 658) |
9 412 (5 790) |
9 888 (5 609) |
9 642 (5 288) |
|
– prosentdel som har barnehagelærarutdanning |
27,2 |
25,9 |
25,5 |
26,1 |
25,9 |
Grunnbemanninga er dei tilsette i barnehagen som jobbar direkte med heile barnegruppa. Det omfattar pedagogiske leiarar, andre pedagogar, fagarbeidarar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget og assistentar.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet, Statistisk sentralbyrå
Ved utgangen av 2025 var det 97 585 tilsette som utførte 76 973 årsverk i barnehagane. Skilnaden mellom talet på tilsette og talet på årsverk viser at det er mange tilsette som jobbar deltid. I 2025 er denne skilnaden høgare, samanlikna med tidlegare år.
I 2025 var det 63 868 årsverk i grunnbemanninga i barnehagen. Grunnbemanning utgjer dei tilsette som jobbar direkte med heile barnegruppa. 42,0 pst. av årsverka i grunnbemanninga har barnehagelærarutdanning (eller tilsvarande), medan 22,7 pst. av årsverka i grunnbemanninga har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
Bemanningsnorma for barnehagen tok til å gjelde frå 1. august 2018. Norma inneber at barnehagen skal ha minst éin tilsett per tre barn under 3 år, og éin tilsett per seks barn over 3 år. Frå same tidspunkt blei også pedagognorma i barnehagen skjerpa, slik at barnehagen skal ha minst éin pedagogisk leiar per sju barn under 3 år, og éin pedagogisk leiar per 14 barn over 3 år.
Per desember 2025 var grunnbemanninga i barnehagane på nasjonalt nivå i gjennomsnitt 5,7 barn per vaksen dersom ein korrigerer for alder og opphaldstid. Vaksne er målt i årsverka til grunnbemanning i barnehagane. Då bemanningsnorma blei innført gjekk talet på barn per vaksen ned frå 6,0 i 2017 til 5,8 i 2018. Siden 2019 har talet vore stabilt på 5,7 barn per vaksen. I 2025 oppfylte 99 pst. av barnehagane bemanningsnorma, noko som er på same nivå som i 2024.
Per desember 2025 oppfylte 65 pst. av barnehagane pedagognorma utan bruk av dispensasjon. Det er på same nivå som i 2024. Prosentdelen pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet var 7,1 pst. i 2025, ein nedgang på 0,3 prosenteiningar frå 2024. Denne prosentdelen gjekk òg ned med 0,2 prosenteiningar frå 2023 til 2024. Totalt manglar det 2 595 årsverk for å oppfylle pedagognorma i alle barnehagar utan bruk av dispensasjon, ein nedgang på 107 årsverk frå 2024.
Tabell 8.8 Bemanningstettleik og pedagogtettleik, 2020–2025
|
2020 |
2021 |
2022 |
2023 |
2024 |
2025 |
|
|---|---|---|---|---|---|---|
|
Talet på barn per årsverk i grunnbemanninga, korrigert for alder og opphaldstid (bemanningstettleik) |
5,7 |
5,7 |
5,7 |
5,7 |
5,7 |
5,7 |
|
Prosentdel av barnehagar som oppfyller bemanningsnorma (bemanningstettleik på 6 eller lågare) |
99 |
99 |
99 |
99 |
99 |
99 |
|
Prosentdel av barnehagar som oppfyller pedagognorma utan dispensasjon |
69 |
71 |
67 |
65 |
65 |
65 |
|
Prosentdel av pedagogiske leiarar med dispensasjon frå utdanningskravet |
6,8 |
5,9 |
6,7 |
7,6 |
7,4 |
7,1 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Det har tidlegare vore stor skilnad mellom barnehagane i dei målbare faktorane som utgjer ramma rundt barnehagekvardagen, mellom anna barn per årsverk i grunnbemanninga og barn per årsverk pedagogiske leiarar med godkjend utdanning. Etter at bemanningsnorma blei innført og pedagognorma skjerpa i 2018, har ulikskapen mellom barnehagar blitt mindre.
Figur 8.2 Personalsamansetting i kommunale og private barnehagar, 2025
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
I 2025 var det lite skilnad mellom kommunale og private barnehagar i prosentdelen tilsette som hadde barnehagelærararutdanning eller tilsvarande. Prosentdelen barne- og ungdomsarbeidarar var 12,8 prosenteiningar høgare for dei kommunale enn dei private barnehagane, medan private barnehagar hadde 11,1 prosenteiningar høgare prosentdel tilsette med annan bakgrunn i grunnbemanninga enn kommunale barnehagar.
Av alle tilsette i grunnbemanninga i barnehagane i 2025, var 11,2 pst. menn. Frå 2020 til 2025 har prosentdelen menn i grunnbemanninga auka med 1,3 prosenteiningar.
Tabell 8.9 Tilsette menn i barnehagane, 2020–2025
|
2020 |
2021 |
2022 |
2023 |
2024 |
2025 |
|
|---|---|---|---|---|---|---|
|
Prosentdel mannlege tilsette i grunn bemanninga |
9,9 |
10,1 |
10,2 |
10,5 |
11,0 |
11,2 |
|
Prosentdel mannlege pedagogiske leiarar |
9,8 |
10,1 |
10,2 |
10,4 |
10,7 |
10,9 |
|
Prosentdel mannlege tilsette i anna grunn bemanning1 |
10,0 |
10,1 |
10,3 |
10,5 |
11,1 |
11,3 |
1 I tidlegare år har anna grunnbemanning blitt omtala som assistentar.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Figur 8.3 Prosentdelen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant dei tilsette i barnehagane, 2023–2025
Kjelde: Statistisk Sentralbyrå
I 2025 utgjorde tilsette med innvandrarbakgrunn 21,3 pst. av personalet som arbeider direkte med barna i barnehagane, og dei aller fleste av desse har sjølv innvandra. Norskfødde med innvandrarforeldre utgjorde 1,7 pst. av dei tilsette. Delen tilsette med innvandrarbakgrunn har dei siste tre åra auka frå 18,9 pst. i 2023 til 21,3 pst. i 2025. Auken gjeld både kvinner og menn.
Tabell 8.10 Utdanning av barnehagelærarar ved statlege og private høgskular og universitet, 2020–2025
|
2020 |
2021 |
2022 |
2023 |
2024 |
2025 |
|
|---|---|---|---|---|---|---|
|
Opptak til barnehagelærarutdanning |
3 145 |
3 010 |
2 405 |
1 930 |
1 985 |
1 745 |
|
– prosentdel menn |
18,6 |
18,9 |
21,2 |
18,4 |
17,1 |
15,8 |
|
Uteksaminerte barnehagelærarar |
2 190 |
2 270 |
2 100 |
2 240 |
1 945 |
1 655 |
|
– prosentdel menn |
15,1 |
16,7 |
15,5 |
14,7 |
15,9 |
16,6 |
Tala er avrunda til næraste heile 5.
Kjelde: Database for statistikk om høgare utdanning
Både talet på opptekne og uteksaminerte studentar til barnehagelærarutdanninga har falle dei siste åra. I 2025 omfatta opptaket på barnehagelærarutdanninga 1 745 studentar, ein nedgang på 240 studentar frå 2024. Dette inkluderer både dei som er tekne opp gjennom Samordna opptak og dei som er tekne opp i lokale opptak. Talet på ferdig uteksaminerte barnehagelærarar har gått ned med 290 samanlikna med 2024, og 585 samanlikna med 2023. Prosentdelen menn i opptaket gjekk ned med 1,3 pst frå 2024 til 2025. Prosentdelen menn av dei uteksaminerte auka frå 2024 til 2025 med 0,7 pst.
Figur 8.4 Prosentdelen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant studentane i barnehagelærarutdanninga, 2023–2025
Kjelde: Statistisk Sentralbyrå
Av 5 200 studentar som utdanna seg til å bli barnehagelærar i 2025, utgjorde dei med innvandrarbakgrunn 21 pst., høvesvis 17 pst. som sjølve har innvandra, og 4 pst. norskfødde med innvandrarforeldre.
Foreldrebetaling og moderasjonsordningar i barnehagen
Regjeringa har frå 1. august 2025 redusert maksimalprisen i barnehage til 1 200 kroner per månad nasjonalt, og til 700 kroner i kommunar i sentralitetssone 5 og 6 i sentralitetsindeksen til Statistisk sentralbyrå, med unntak av kommunar alt omfatta av den eksisterande ordninga i innsatssona. Sjå meir om regjeringa sin politikk i Del II, programkategori 07.30 Barnehagar.
Det er innført to nasjonale moderasjonsordningar i barnehagen for familiar med låg inntekt. Minstekrav til redusert foreldrebetaling gjer at ingen familiar må betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksprisen som ei øvre grense. Ordninga med gratis kjernetid gjer at barn frå familiar med inntekt under ei gitt grense har rett til 20 timar gratis opphald i barnehagen i veka. Denne ordninga gjeld for 2–5-åringar. Familiar med meir enn eitt barn i barnehage har òg rett til søskenmoderasjon.
Frå 1. august 2026 har barn frå familiar med inntekt under 692 465 kroner rett til gratis kjernetid i barnehagen. Tal frå rapporteringssystemet til kommunane viser at 17 666 barn fekk innvilga gratis kjernetid i barnehage i 2025. Dette er ein nedgang på 4 591 barn frå 2024. Ein må sjå nedgangen i samanheng med reduksjon i maksimal foreldrebetaling.
I 2025 fekk 22 084 barn lågare opphaldsbetaling på grunn av låg inntekt, medan 18 326 hushald fekk redusert opphaldsbetaling på grunn av låg inntekt.
Dersom ein familie har meir enn eitt barn i barnehage i same kommune, har familien rett til søskenmoderasjon i foreldrebetalinga. Denne ordninga gjeld uavhengig av inntekt. Reduksjonen for det andre barnet er minimum 30 pst. Frå 2023 blei det innført gratis barnehageplass frå det tredje barnet. I 2025 fekk 50 360 barn søskenmoderasjon.
Figur 8.5 Maksimalpris for foreldrebetaling i barnehage utanfor sentralitetssone 5 og 6 og innsatssona, 2004–2026
Kjelde: Kunnskapsdepartementet
Tabell 8.11 Moderasjonsordningar i barnehagen, 2021–2025
|
2021 |
2022 |
2023 |
2024 |
2025 |
|
|---|---|---|---|---|---|
|
Inntektsgrense for gratis kjernetid |
583 650 |
598 825 |
615 590 |
642 700 |
669 050 |
|
Hushald som har fått reduksjon i foreldre betaling på grunn av låg inntekt1 |
35 136 |
33 434 |
30 328 |
23 615 |
18 326 |
|
Barn som har fått innvilga lågare opphalds betaling fordi foreldra har låg inntekt1 |
42 758 |
39 673 |
36 668 |
28 513 |
22 084 |
|
Barn som har fått innvilga gratis kjernetid fordi foreldra har låg inntekt1 |
34 382 |
32 095 |
28 858 |
22 257 |
17 666 |
|
Barn som får søskenmoderasjon |
47 265 |
50 747 |
48 730 |
50 637 |
50 360 |
1 Omfattar òg lokale ordningar med inntektsgrenser som er lågare enn dei nasjonale minstekrava.
Kjelde: Utdanningsdirektoratet, Statistisk sentralbyrå, Kunnskapsdepartementet
Barn med behov for særskild tilrettelegging
Barn under opplæringspliktig alder som har eit særleg behov for spesialpedagogisk hjelp, har rett til slik hjelp etter § 31 i barnehagelova. Retten gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage eller ikkje. Barn med behov for særskild tilrettelegging er ei samansett gruppe. Mange av desse barna har nedsett funksjonsevne, som kan omfatte fysiske funksjonsnedsetjingar, psykiske funksjonsnedsetjingar, språk- og talevanskar, åtferdsvanskar og psykiske lidingar.
Prosentdelen barn i barnehage som får spesialpedagogisk hjelp etter § 31 i barnehagelova har vore stabil dei siste åra. I 2025 fekk 3,4 pst. av barna i barnehage spesialpedagogisk hjelp. 65 pst. av desse er gutar. Den spesialpedagogiske hjelpa i barnehagen heng ofte saman med utfordrande språkutvikling og åtferdsvanskar.
Tabell 8.12 Barn i barnehage som får spesialpedagogisk hjelp, 2020–2025
|
2020 |
2021 |
2022 |
2023 |
2024 |
2025 |
|
|---|---|---|---|---|---|---|
|
Tal |
9 255 |
9 725 |
9 759 |
9 733 |
9 534 |
8 884 |
|
Prosentdel |
3,4 |
3,6 |
3,6 |
3,6 |
3,6 |
3,4 |
Kjelde: Utdanningsdirektoratet
Barn i asylmottak som går i barnehage
Barn i asylmottak har ikkje rett til barnehageplass, men det er lagt økonomisk til rette for at dei kan få eit tilbod. Staten har finansiert heiltidsplassar for 4- og 5-åringane sidan 2011, og for 1-, 2- og 3-åringane sidan 2020. I og med at barnefamiliar i asylmottak er prioriterte for busetting, og busettingar kan skje året rundt, er det variasjon i tala for deltaking i barnehage i kommunar som har asylmottak. Utlendingsdirektoratet har ikkje registreringar som viser nøyaktig prosentdel barn som bruker plassane.
Kostnader i og finansiering av barnehagar
Barnehagesektoren består av om lag halvparten kommunale og halvparten private barnehagar. Private barnehagar får driftstilskot per heiltidsplass, rekna ut frå gjennomsnittlege ordinære driftsutgifter i tilsvarande kommunale barnehagar i same kommune.
Tabell 8.13 Driftsutgifter til barnehage i kommunane, 2020–2025
|
2020 |
2021 |
2022 |
2023 |
2024 |
2025 |
|
|---|---|---|---|---|---|---|
|
Brutto driftsutgifter til barnehage (i mill. kroner)1 |
54 860 |
58 500 |
60 777 |
67 185 |
68 554 |
73 161 |
|
Prosentdel av brutto driftsutgifter til barnehage |
11,2 |
11,2 |
11,0 |
11,3 |
10,8 |
11,1 |
|
Korrigerte brutto driftsutgifter2 per barn3 i kommunal barnehage (i kroner) |
225 639 |
251 928 |
267 008 |
295 618 |
292 579 |
310 411 |
Løpande prisar.
1 Brutto driftsutgifter er driftsutgifter til kommunen sin eigen tenesteproduksjon og kjøp av tenester frå andre.
2 Korrigerte brutto driftsutgifter er driftsutgifter til kommunen sin eigen tenesteproduksjon.
3 Korrigert for alder og opphaldstid.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Frå 2024 til 2025 har det vore ein nominell auke i dei korrigerte brutto driftsutgiftene per barn i kommunale barnehagar på om lag 6,5 pst. Figur 8.6 viser spreiinga mellom kommunar i korrigerte brutto driftsutgifter per barn i kommunale barnehagar, og korrigerte brutto driftsutgifter per elev i grunnskulen og skulefritidsordninga. Figuren viser at det er skilnader på kor mykje dei ulike kommunane bruker på dei ulike tenestene. Skilnadene mellom kommunar kan til dømes kome av geografiske skilnader, ulikt økonomisk handlingsrom eller skilnader i prioritering av barnehagar, skule og SFO framfor andre tenestetilbod. At kostnadsnivået kan tilpassast på lokalt nivå, er eit av formåla med rammefinansiering av kommunesektoren. Figuren viser òg at variasjonen i kommunale driftsutgifter ikkje er unik for barnehagesektoren.
Figur 8.6 Forskjellar mellom kommunar, korrigerte brutto driftsutgiftar per barn/elev i kommunale barnehagar, grunnskular og skulefritidsordninga, 2025
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Barnehagane er delvis finansierte gjennom foreldrebetaling, men dei er hovudsakleg finansierte av det offentlege. 94,6 pst. av drifta i dei kommunale barnehagane var i 2025 finansiert av det offentlege, ein auke på 3,2 prosenteiningar samanlikna med 2024.
Tabell 8.14 Finansiering av kommunale barnehagar, 2019–2025
|
2019 |
2020 |
2021 |
2022 |
2023 |
2024 |
2025 |
|
|---|---|---|---|---|---|---|---|
|
Prosentdel av driftsmidlar finansierte gjennom foreldrebetaling |
12,9 |
11,9 |
12,2 |
11,7 |
9,9 |
8,6 |
5,4 |
|
Prosentdel av driftsmidlar finansierte av det offentlege |
87,1 |
88,1 |
87,8 |
88,3 |
90,1 |
91,4 |
94,6 |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå
Figur 8.7 viser at det over tid har vore stor spreiing i lønnsemda til ulike private aktørar. Driftsmarginen til private barnehagar var på 1,5 pst. i 2024, ein nedgang frå 1,8 pst. i 2023.
Figur 8.7 Driftsmarginar i private ordinære barnehagar, 2015–2024
Kjelde: Telemarksforsking
9 Likestilling og arbeid mot diskriminering
Kunnskapsdepartementet sitt arbeid med likestilling og mot diskriminering er eit systematisk og langsiktig haldningsarbeid som startar i barnehagen, blir vidareført i skulen og som ligg til grunn i fagskulane, på universiteta og høgskulane og i forskinga. Målet er at alle skal ha like moglegheiter uavhengig av kjønn, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, funksjonsevne, etnisk bakgrunn og religion. Som offentleg myndigheit er departementa forplikta til å vurdere likestillingskonsekvensar i alt arbeidet sitt, jf. likestillings- og diskrimineringslova § 24.
Arbeid for likestilling og mot diskriminering i barnehage og skule
Barnehage
Formålsparagrafen for barnehagen seier mellom anna at barnehagen skal bygge på grunnleggande verdiar som respekt for menneskeverdet, åndsfridom og likeverd og at verksemda skal fremje demokrati og likestilling, og motarbeide alle former for diskriminering.
Forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver seier mellom anna at barnehagen skal fremje likeverd og likestilling uavhengig av kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, etnisitet, kultur, sosial status, språk, religion og livssyn.
Barnehagen skal motverke diskriminering, fordommar, stereotypiar og rasisme, fremje nestekjærleik, medverke til at kulturelt mangfald blir til glede for heile barnegruppa, synleggjere eit mangfald av familieformer og sørge for at alle barn får spegla familien sin i barnehagen. Barnehagen skal bygge verksemda på prinsippet om likestilling og ikkje-diskriminering, og bidra til at barna møter og skaper eit likestilt samfunn. Alle skal ha like sjansar til å bli sett, høyrt og oppmuntra til å delta i fellesskap i alle aktivitetar i barnehagen. Personalet må reflektere over sine eigne haldningar for best mogleg å kunne formidle og fremje likeverd og likestilling.
Barnehagane skal jobbe for at alle barn har det trygt og godt i barnehagen, og alle tilsette har plikt til å følge med på korleis barna i barnehagen har det. Dersom eit barn opplever at det ikkje er trygt og godt å vere i barnehagen, skal det gjerast noko med det. Dette gjeld mellom anna dersom barnet opplever krenkingar som til dømes utestenging, vald, mobbing, diskriminering eller trakassering, jf. barnehagelova kap. VIII.
Skule
Det følger av opplæringslova kap. 12 at alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Skulen skal ha nulltoleranse for krenkingar som mobbing, vald, diskriminering og trakassering, og har plikt til å arbeide kontinuerleg for å sikre elevane eit trygt og godt skulemiljø.
Formålsparagrafen i opplæringslova slår mellom anna fast at opplæringa skal bygge på grunnleggande verdiar som respekt for menneskeverdet, åndsfridom og likeverd. Opplæringa skal fremje demokrati og likestilling, gi innsikt i kulturelt mangfald og vise respekt for den enkelte si overtyding. Vidare skal opplæringa bidra til å motarbeide alle former for diskriminering. Den overordna delen av læreplanverket utdjupar verdigrunnlaget i formålsparagrafen og dei overordna prinsippa for grunnopplæringa. Han klargjer òg det breie samfunnsoppdraget skulen har, som omfattar både danning og utdanning. Den overordna delen gir retning for opplæringa i alle fag, og alle fag bidreg til å realisere formålet med opplæringa. Skulen skal formidle kunnskap og fremje haldningar som sikrar verdiar som det ukrenkelege menneskeverdet, likestilling og likeverd.
Læreplanane for faga gir rammer for innhald og mål. Læreplanane i samfunnsfag, historie, samfunnskunnskap, norsk, musikk og kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) har kompetansemål som bidreg til at elevane gjennom heile skuleløpet får heilskapleg kunnskap om likestilling, diskriminering, trakassering og rasisme. Heilskapen bidreg òg til at dei får innsikt i demokratiske verdiar og spelereglar. Gjennom skulegangen skal elevane utvikle forståing for og lære å leve i eit fellesskap prega av ulike perspektiv, haldningar og livssyn. Elevane skal øve seg på å tenke kritisk, ta ulike perspektiv og handtere meiningsbryting gjennom refleksjon, dialog og diskusjon. I samfunnsfag fastsett kompetansemåla mellom anna at elevane skal drøfte kva betydning likeverd og likestilling har for demokratiet, og at elevane skal utvikle forslag til tiltak mot fordommar, rasisme og diskriminering.
Skulen skal vere eit inkluderande fellesskap, der elevane får støtte til fagleg og sosial utvikling, både når elevane arbeider med dei ulike faga og i skulekvardagen elles. Skulen er ein stad der alle barn og unge møtest, og derfor har skulen eit stort ansvar både for livet til elevane her og no, og for dei verdiane dei tek med seg vidare i livet og ut i samfunnet.
Dei tre tverrfaglege temaa i læreplanverket er folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling. Dei tek utgangspunkt i aktuelle samfunnsutfordringar. Gjennom arbeidet med temaet demokrati og medborgarskap skal elevane få kunnskapar og ferdigheiter til å møte utfordringar i tråd med demokratiske prinsipp. Elevane skal utvikle evna til kritisk tenking, lære å handtere meiningsbrytingar og vise respekt for usemje. Folkehelse og livsmeistring tek for seg tema som verdival, mellommenneskelege relasjonar, seksualitet, det å kunne setje grenser og å respektere grensene til andre. Berekraftig utvikling omfattar problemstillingar knytte til miljø og klima, fattigdom og fordeling av ressursar, konfliktar, helse, likestilling, demografi og utdanning.
Det er ein nær samanheng mellom arbeidet mot hat, rasisme og diskriminering, og arbeidet med å skape trygge og gode barnehage- og skulemiljø der alle er inkluderte. Det er allereie fleire tiltak som kan hjelpe barnehagane og skulane med dette viktige arbeidet. Døme på dette er Læringsmiljøprosjektet, skulemiljøteam, beredskapsteam og ulike nettbaserte tilbod. For meir omtale, sjå Del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa og programkategori 07.30 Barnehagar.
Støtteressursar og kompetanseheving for lærarar
Regjeringa vil bidra til at lærarar får betre kunnskap om kjønns- og seksualitetsmangfald. Utdanningsdirektoratet har, i samarbeid med Helsedirektoratet, utvikla ein støtteressurs for lærarar om seksualitet og kjønn. Utdanningsdirektoratet tilbyr òg fleire ressursar for barnehagar og skular som skal fremje likestilling, motverke diskriminering og bidra til eit trygt og inkluderande miljø. Ressursane er forankra i regelverket og verdigrunnlaget i læreplanverket. Det er mellom anna utvikla ei kompetansepakke med tema som verdiløftet i læreplanverket i praksis og tverrfaglege tema.
Handlingsplanar og strategiar
Det finst fleire handlingsplanar og strategiar som har relevans for det heilskaplege arbeidet for likestilling og mot diskriminering i barnehagar og grunnopplæringa.
I desember 2024 la regjeringa fram strategien Strategi for likestilling mellom kvinner og menn 2025–2030. Gjennom strategien legg regjeringa rammene for ei styrking av likestillingspolitikken.
Regjeringa ved Kultur- og likestillingsdepartementet er i gang med ei stortingsmelding om gutar og menn sine likestillingsutfordringar, og etter planen skal meldinga leggast fram hausten 2026. Meldinga skal bygge på tilrådingane frå Mannsutvalet sin NOU 2024: 8 Likestillingens neste steg, og vil ta for seg likestillingsutfordringar på område som oppvekst og utdanning, arbeidsliv, vald og overgrep, næringsliv, helse og internasjonal likestillingspolitikk.
Tiltak for barn og unge med funksjonsnedsetjingar
Barn og unge med funksjonsnedsetjingar har rett til eit tilpassa tilbod i barnehage og skule, jf. barnehagelova kap. VII og opplæringslova kap. 11. Statped er ei statleg spesialpedagogisk støtte teneste for kommunar og fylkeskommunar i arbeidet for at barn, unge og vaksne som har varige og omfattande behov for særskild tilrettelegging, får gode, tilpassa barnehage- og opplæringstilbod i eit inkluderande fellesskap, jf. omtale i Del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa, under kap. 230.
Opplæringslova, som gjeld frå 1. august 2024, vidarefører retten til opplæring i og på norsk teikn språk. Vilkåret er at eleven har ei høyrselsnedsetjing. Reglane opnar for større fleksibilitet og inneber ei forenkling av tidlegare reglar. I 2025 gav regjeringa Utdanningsdirektoratet i oppdrag å utarbeide ein læreplan i teiknspråk som valfag på ungdomstrinnet. Eit slikt valfag kan gi auka teiknspråkkompetanse hos høyrande elevar som går på same skule som elevar med høyrselsnedsetjing, og på den måten bidra til auka inkludering. Forslag til læreplan blei sendt på høyring våren 2026.
Regjeringa har mål om at vidaregåande opplæring skal gi alle elevar den kompetansen dei treng i arbeidslivet, vidare utdanning og legge grunnlag for deltaking i samfunnet.
Fullføringsreforma skal sikre eit likeverdig tilbod til alle, uavhengig av kva funksjonsevne dei har. Det er derfor viktig at alle tiltaka i reforma blir utforma på ein slik måte at dei treffer behova til elevar med funksjonsnedsetjingar. Tett dialog med brukarorganisasjonane for personar med funksjonsnedsetjingar er nødvendig om ein skal løyse utfordringane elevane opplever i dag, og slik gjere tilbodet i vidaregåande opplæring betre. Utdanningsdirektoratet har derfor tett og systematisk dialog med brukarorganisasjonane.
Som ein del av arbeidet med å betre tilbodet til elevar med funksjonsnedsetjingar, har Utdanningsdirektoratet styrka informasjonen og rettleiinga om lærekandidatordninga. Målet er å gjere det tydelegare at ordninga òg gjeld for personar med stort behov for tilrettelegging. I tillegg bidreg rettleiaren til ein meir lik praksis mellom fylkeskommunane.
Arbeid for likestilling og mot diskriminering i høgare utdanning
Kjønnskvoter for opptak til studium
I mange år har det blitt gitt tilleggspoeng (kjønnspoeng) ved opptak til enkelte studium ved universitet og høgskular. I NOU 2022: 17 Veier inn – ny modell for opptak til universiteter og høyskoler, foreslo Opptaksutvalet å avvikle kjønnspoeng og i staden innføre kjønnskvoter ved opptak til studium. I Meld. St. 20 (2023–2024) Opptak til høgare utdanning og i Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet foreslo regjeringa å avvikle ordninga med kjønnspoeng og innføre bruk av kjønnsnøytrale kvotar på aktuelle studium med stor kjønnsubalanse. Stortinget har slutta seg til forslaga i meldingane, jf. Innst. 378 S (2023–2024) og Innst. 330 S (2023–2024). Det er presisert at kvotane normalt ikkje skal settast høgare enn at kvart kjønn skal vere representert med minst 20 pst. på studiet. 11. september 2025 fastsette departementet ei ny forskrift for opptak til høgare utdanning. Forskrifta opnar for bruk av kjønnsnøytrale kvotar frå og med opptak til studieåret 2027–28, på studium der det er stor kjønns ubalanse. Bruk av kjønnspoeng blir avvikla same år. Hausten 2026 vil Kunnskapsdepartementet behandle søknader om å ta i bruk kvotar for kjønn frå studieåret 2027–28.
Studieåret 2026–27 får menn tilleggspoeng ved opptak på desse studia:
-
profesjonsutdanning i veterinærmedisin- og dyrepleie ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet
-
toll, vareførsel og grensekontroll ved Universitetet i Stavanger
-
bioingeniør ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT) og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)
-
sjukepleie ved Lovisenberg diakonale høgskole og Universitetet i Agder
-
barnevernspedagogutdanning ved OsloMet – storbyuniversitetet
-
profesjonsstudium i psykologi ved UiT, NTNU, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo
Studieåret 2026–27 får kvinner tilleggspoeng ved opptak på desse studia ved NTNU:
-
tolv treårige ingeniørgradar
-
femårig integrerte masterstudium i elektronisk systemdesign og innovasjon, Trondheim
-
femårig integrerte masterstudium i maskin- og energiteknologi, Trondheim
-
femårig integrerte masterstudium i kybernetikk og robotikk, Trondheim
-
bachelorstudium i programmering, Gjøvik
-
bachelorstudium i digital infrastruktur og cybertryggleik, Gjøvik
-
bachelorstudium i musikkteknologi,
Trondheim
-
bachelorstudium i fysikk, Trondheim.
Likestilling blant tilsette i høgare utdanning og forsking
I 2025 stod kvinner for 56 pst. og menn for 44 pst. av alle årsverk ved universitet og høgskular. Kvinne delen auka jamt frå 47 pst. i 2016, til 52 pst. i 2023. Ifølge rapporten frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Tilstandsrapport for høyere utdanning 2026, har fordelinga mellom kjønna vore uendra etter det. Kvinner utgjer fleirtalet i fleire av dei faglege stillingskategoriane. I 2024 var kvinnedelen høgast blant universitets- og høgskulelektorar (65 pst.) og førstelektorar (60 pst.). Kvinner var òg i fleirtal blant stipendiatar (56 pst.) og førsteamanuensar (53 pst.). I postdoktorstillingar er kjønnsfordelinga nær jamn, med ei svak overvekt av menn (52 pst.). Blant professorar er menn framleis i klart fleirtal, med 61 pst. I 2016 var delen 72 pst. Blant teknisk-administrative stillingar utgjorde kvinner i underkant av 70 pst. i heile tiårsperioden. Ved alle institusjonane er kvinnedelen lågare enn i studentmassen, men differansen varierer mykje mellom institusjonane.
Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking og høgare utdanning (Kif-komitéen) fekk utvida mandatet sitt til òg å omfatte høgare utdanning, gjeldande frå 2026. Endringa var varsla i Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet. Komitéen skal støtte opp om og gi råd om tiltak som bidreg til å integrere arbeidet med kjønnsbalanse og mangfald ved universiteta, høgskulane og forskingsinstitutta. Arbeidet skal medverke til betre kjønnsbalanse og meir mangfald blant dei tilsette og i forskinga.
Arbeid mot rasisme, antisemittisme og hatefulle ytringar
Det er ein nær samanheng mellom arbeidet mot hat, rasisme og diskriminering, og arbeidet med å skape trygge og gode barnehage- og skulemiljø der alle er inkluderte. Det er allereie fleire tiltak som kan hjelpe barnehagane og skulane med dette viktige arbeidet. For meir omtale, sjå Del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
Freds- og menneskerettssentera skal dokumentere, forske på og formidle kunnskap om demokrati, fred og menneskerettar, fangehistorie og folkemord. Gjennom utstillingar, undervisning og andre pedagogiske opplegg skal 22. juli-senteret forvalte minnet om terrorangrepet i regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011, og sette handlingane inn i både ein historisk og ein dagsaktuell samfunnskontekst. Aktiviteten ved sentera er òg retta mot grunnopplæringa. For meir omtale, sjå Del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa, kap. 224 og kap. 229.
Demokratisk beredskap mot rasisme, antisemittisme og udemokratiske haldningar (Dembra) er eit nasjonalt kompetansetilbod for lærarstudentar (Dembra LU), lærarar, skuleleiarar og andre tilsette i grunnopplæringa. Dembra dekker barne skulen, ungdomsskulen, vidaregåande opplæring og lærarutdanningane. Læringsressursane dekker områda hatefulle ytringar, antisemittisme, rasisme, ekstremisme, diskriminering av minoritetar og gruppefiendtlege og udemokratiske haldningar. Desse læringsressursane blir brukte i lærarutdanningane, i etterutdanningane og til skulebasert kompetanseheving. Dembra engasjerer òg dei nasjonale freds- og menneskerettssentera i arbeidet. Det er etablert regionale knutepunkt for Dembra-arbeidet over heile landet, og materiell er òg tilgjengeleg på nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk.
Dembra blir koordinert av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret). I 2025 var løyvinga til Dembra på 16,5 mill. kroner, inkludert ei styrking på 2 mill. kroner. Av dette er 0,6 mill. kroner sett av til ei evaluering av Dembra i tidsrommet 2025–2027. Utdannings direktoratet har ansvaret for evalueringa, og sluttrapport og direktoratet sine vurderingar er venta på nyåret 2028. Sjå omtale av rapporten om bruken av midlar i 2025 og forslag til løyving til Dembra for 2027 i Del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa, kap. 226 post 21.
Regjeringa har ei rekke strategiar og handlingsplanar som gjeld arbeidet mot rasisme, antisemittisme og hatefulle ytringar:
-
I november 2023 la regjeringa fram Handlingsplan mot rasisme og diskriminering – ny innsats 2024–2027. Handlingsplanen skal bidra til regjeringa sitt mål om å bygge eit samfunn med sterke fellesskap og like moglegheiter for alle. Sjå omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Kommunal- og distriktsdepartementet.
-
I november 2025 la regjeringa fram Handlingsplan mot antisemittisme (2025–2030). Planen er den tredje i rekka, og ein del av regjeringa sitt arbeid med å forsterke og fornye innsatsen mot rasisme, hets og diskriminering på grunn av etnisitet og religion. Sjå omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Kommunal- og distriktsdepartementet.
-
I desember 2024 la regjeringa fram Handlingsplan mot muslimfiendtlighet (2025–2030). Planen er ein del av regjeringa sitt arbeid med å forsterke og fornye innsatsen mot rasisme, hets og diskriminering på grunn av etnisitet og religion. Sjå omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Kultur- og likestillingsdepartementet.
-
I januar 2025 la regjeringa fram Handlingsplan mot hets og diskriminering av samer 2025–2030. Sjå omtale i Prop. 1 S (2025–2026) for Kommunal- og distriktsdepartementet.
-
I mai 2026 la regjeringa fram Handlingsplan for kvensk språk 2026–2031. Handlingsplanen skal legge til rette for at fleire barn skal få høve til å møte kvensk språk i barnehagen, fleire elevar skal få språkopplæring i kvensk, kvenar/norskfinnar i alle aldrar skal ha arenaer for å bruke språket og for at tilbodet på kvensk språk, både skriftleg og munnleg, skal styrkast.
-
I mars 2025 la regjeringa fram Meld. St. 13 (2024–2025) Forebygging av ekstremisme – trygghet, tillit, samarbeid og demokratisk motstandskraft. Meldinga følger opp NOU 2024: 3 Felles innsats mot ekstremisme: Betre vilkår for det forebyggende arbeidet og har 45 tiltak som saman skal bidra til å motverke og førebygge ekstremisme. Sjå òg Innst. 490 S (2024–2025) og omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Kultur- og likestillingsdepartementet.
-
I april 2025 la regjeringa fram Meld. St. 17 (2024–2025) Samisk språk, kultur og samfunnsliv. Kommunalt tjenestetilbud til samiske innbyggere, jf. Innst. 408 S (2024–2025). Meldinga tek for seg det kommunale ansvaret for å gi gode og likeverdige tenester til den samiske befolkninga. Regjeringa legg årleg fram ei framoverskodande melding om samisk språk, kultur og samfunnsliv der temaet varierer frå år til år. I april 2026 la regjeringa fram Meld. St. 8 (2025–2026) Samisk språk, kultur og samfunnsliv som gir ei oversikt over rammevilkåra som ligg til grunn for samepolitikken på tvers av sektorar. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2026–2027) for Kommunal- og distriktsdepartementet.
Likestilling og mangfald i Kunnskapsdepartementet
Etter likestillings- og diskrimineringslova § 26 har alle arbeidsgivarar plikt til å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremje likestilling og førebygge diskriminering i eiga verksemd (aktivitets- og meldeplikta). Kunnskapsdepartementet gjer her greie for tilstanden i departementet. Plikta gjeld òg verksemder og etatar under departementet. Arbeidet med likestilling og mangfald i desse verksemdene og etatane er omtalt nærare i deira eigne årsrapportar.
Tilstanden for likestilling mellom kjønna
Tabell 9.1 viser kjønnsbalansen i Kunnskaps departementet, og lønna til kvinner som prosentdel av lønna til menn. Tala er baserte på grunnlønnsnivå, både samla sett og fordelte på dei ulike stillingskategoriane. Totaltalet omfattar alle tilsette, med unntak av timelønte, lærlingar og personar som utfører arbeid på pensjonistvilkår. Grunnlønn er her omrekna til heiltidsekvivalentar, og utrekningane er baserte på gjennomsnittstal for kvinner og menn. Ved utgangen av 2025 var kjønnsfordelinga 68 pst. kvinner og 32 pst. menn. Dette er ei svak endring frå 2024, då tala var 67 pst. kvinner og 33 pst. menn. Òg i toppleiinga speglar fordelinga dette biletet. Av 36 leiarar med personalansvar var 21 kvinner og 15 menn, noko som svarar til 58,3 pst. kvinnelege leiarar.
Tabell 9.1 Tilstandsrapport om kjønnsbalanse og lønn i Kunnskapsdepartementet i 2025
|
Kjønn |
Kvinner si lønn i pst. av lønna til menn |
|||
|---|---|---|---|---|
|
Kvinner (pst.) |
Menn (pst.) |
Totalt (N) |
||
|
Alle tilsette |
68 |
32 |
304 |
95,4 |
|
Toppleiing, ikkje omfatta av Hovudtariffavtalen i staten: departementsråd, ekspedisjonssjef |
57 |
43 |
7 |
90,8 |
|
Tilsette i Kunnskapsdepartementet omfatta av Hovudtariffavtalen i staten, totalt |
68 |
32 |
297 |
96,7 |
|
Mellomleiarar |
||||
|
Avdelingsdirektør med personalansvar, kommunikasjonssjef, kontorsjef |
59 |
41 |
29 |
101,8 |
|
Saksbehandling og administrativt personale |
||||
|
Avdelingsdirektør utan personalansvar, fagdirektør, spesialrådgivar |
54 |
46 |
41 |
95,0 |
|
Utgreiingsleiar, underdirektør, prosjektleiar |
77 |
23 |
60 |
100,5 |
|
Seniorrådgivar |
72 |
28 |
115 |
99,7 |
|
Rådgivar, seniorkonsulent |
71 |
29 |
34 |
103,3 |
|
Førstekonsulent, konsulent |
56 |
44 |
18 |
98,6 |
Tal frå eige lønns- og personalsystem per 31. desember 2025. Timelønte, lærlingar og tilsette som utfører arbeid som pensjonist, er ikkje inkluderte i oversikta.
Tabell 9.2 Tilsetjingstilhøve, deltid, foreldrepermisjon og legemeldt sjukefråvær for kvinner og menn i Kunnskapsdepartementet per 31. desember 2025
|
Mellombels tilsette1(antal) |
Deltid1 (antal) |
Uttak av foreldrepermisjon2 |
Legemeldt sjukefråvær (pst.) |
|||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
|
K |
M |
K |
M |
K |
M |
K |
M |
|
|
Totalt i verksemda |
9 |
6 |
2 |
2 |
19,2 |
7,6 |
3,7 |
1,0 |
Tal frå eige lønns- og personalsystem per 31. desember 2025.
1 Antal innanfor kvart kjønn. Timelønte og lærlingar er ikkje inkluderte i tala over mellombels tilsette. Tilsette som utfører arbeid som pensjonist, er ikkje inkluderte i oversikta.
2 Uttak av foreldrepermisjon i gjennomsnitt av talet på veker.
Departementet evaluerer årleg bruken av mellombelse stillingar. Frå 2024 til 2025 har talet på mellombels tilsette auka. Dette kjem av at fleire har vore i permisjon, og at det har vore fleire prosjekt som har kravd bruk av mellombelse stillingar.
Ufrivillig deltid handlar om at medarbeidarar er tilsette i deltidsstilling sjølv om dei ønsker å jobbe heiltid. Departementet kunngjer som regel berre stillingar på heiltid. Heller ikkje i 2025 er det identifisert tilsette som har arbeidd ufrivillig deltid.
I 2025 er det samla sett ein mindre nedgang i uttak av foreldrepermisjon samanlikna med 2024. Det er ein større auke frå 2024 til 2025 i uttaket av foreldrepermisjon for kvinner, og ein større nedgang i det same for menn. Det har òg vore ein mindre nedgang i det legemelde sjukefråværet for kvinner. I 2025 er det legemelde sjukefråværet for menn det same talet som i 2024.
Om arbeidet med å oppfylle aktivitetsplikta
Kunnskapsdepartementet sine strategiar, handlingsplanar og regelverk utgjer saman med aktivitets- og meldeplikta, fundamentet for departementet sitt arbeid med likestilling og ikkje-diskriminering. Departementet er oppteke av likestillings- og ikkje-diskrimineringsperspektivet i eiga verksemd, og vidarefører arbeidet med å innarbeide dette perspektivet som ein naturleg del av sine prosessar. Dette skjer mellom anna innanfor personal- og lønnspolitikken.
Kunnskapsdepartementet har ei partssamansett arbeidsgruppe som arbeider med å analysere og gjennomgå tiltak for å fremje likestilling og hindre diskriminering.
Rekruttering
I 2025 tilsette Kunnskapsdepartementet 39 personar. Av desse var 25 kvinner og 14 menn, som gir ei kjønnsfordeling på 64 pst. kvinner og 36 pst. menn. Menn utgjorde ein større del av dei nytilsette i 2025 enn i 2024. Frå 2024 til 2025 auka det gjennomsnittlege talet på søkarar per stilling frå 62 til 111. Dette betyr ikkje nødvendigvis at talet på kvalifiserte søkarar har auka. Det kan likevel fortelje noko om arbeidsmarknadssituasjonen og departementet sine moglegheiter til å rekruttere ønskt kompetanse. Departementet følger tett med på korleis stillingsutlysingar treffer målgruppa, og i 2025 var det ingen rekrutteringsprosessar der det ikkje var kvalifiserte søkarar.
Delen kvinnelege søkarar som var inviterte til intervju har hatt ein nedgang frå 66 pst. i 2024 til 59 pst. i 2025. Det er vedvarande merksemd på kjønnsbalansen i departementet. Ein av ambisjonane er å få jamnare kjønnsbalanse i søkarmassen, mellom anna gjennom profileringsarbeidet og arbeid med stillingsutlysingstekstane. Departementet ser her ein positiv trend.
Departementet har dei siste åra målretta kunngjort ei rekkje stillingar på lågare stillingsnivå som førstekonsulent og rådgivar. I 2025 utgjorde nyutdanna vel 28 pst. av dei nytilsette i departementet, noko som bidreg til mangfald både i alder og kompetanse.
Årleg blir det gjennomført analysar av ulike rekrutteringsdata for å gi eit betre grunnlag for arbeidet med målretta rekruttering. Departementet ser ein stor variasjon i søkartilfanget på dei ulike stillingane, der stillingar som blir lyste ut på lågare stillingsnivå generelt får eit høgare tilfang av søkarar og ofte jamnare kjønnsbalanse. Det er statsvitskap som er den fagbakgrunnen dei fleste nytilsette i Kunnskapsdepartementet har. Samtidig har fleire leiarar ønskt å rekruttere breitt, og har opna opp for ulike studieretningar i stillingsutlysingane sine. Dette har mellom anna ført til at departementet har rekruttert fleire med til dømes naturvitskapleg bakgrunn og ulike humaniorafag.
I samarbeid med leiarane held departementet fram arbeidet med fellesføringa for inkludering frå regjeringa, og jobbar aktivt med å invitere søkarar i målgruppa for fellesføringa som er personar med funksjonsnedsetjing og/eller fråvær frå arbeid, utdanning eller opplæring. Departementet er forplikta til å invitere søkarar i målgruppa i kvar rekrutteringsprosess, dersom det er søkarar som oppfyller kvalifikasjonskrava i desse kategoriane.
I dialog med organisasjonane hadde departementet ein ambisjon om å ha minimum tre tilsetjingar i målgruppa i 2025, fast eller mellombels. I 2025 ble det tilsett tre personar, tilsvarande 7,7 pst. i målgruppa for fellesføringa for inkludering, noko som gir ein positiv auke i tilsetjingar i målgruppa for fellesføringa samanlikna med 2024. Desse personane blei tilsette gjennom ordinære rekrutteringsprosessar. Departementet har òg høve til å ta i bruk andre verkemiddel som praktikantprogrammet til staten og ein samarbeids avtale med Nav St. Hanshaugen, noko departementet har brukt fleire gongar.
Sidan hausten 2025 har departementet testa ut bruk av screeningspørsmål i staden for tradisjonelt søknadsbrev i rekrutteringsprosessar. Basert på erfaringane som andre statlege verksemder har gjort seg, vurderer departementet at bruk av screeningspørsmål kan bidra til større grad av likebehandling, mangfald, objektivitet og rettferd tidleg i prosessen. Innan utgangen av 2025 hadde departementet brukt screeningspørsmål i seks rekrutteringsprosessar. Erfaringane tilseier at konkrete spørsmål om eigen kompetanse og erfaringar gjer det enklare å samanlikne søkarar enn meir generelle spørsmål, der departementet har erfart at søkarane bruker kunstig intelligens (KI).
Departementet skal halde fram med å bruke screeningspørsmål i rekrutteringsprosessar, samanlikne søkarmasse med tilsvarande tidlegare prosessar der søknadsbrev er brukte, og dessutan sjå nærare på rekrutteringsdata frå desse. Fleire prosessar vil gi eit betre samanlikningsgrunnlag. Utover hausten 2026 planlegg departementet å sjå nærare på kva kompetanse departementet har, og kva dei har behov for framover. Departementet held òg fram arbeidet med å betre kjønnsbalanse og mangfaldet gjennom profileringsaktivitetar, for å sikre breidde i rekrutteringsgrunnlaget. Departementet har arbeidd målretta med å synleggjere breidda av tilsette på karrieredagar og andre profileringsarenaer.
Lønns- og arbeidsvilkår
Departementet har som mål at lønn og karrieremoglegheiter ikkje skal vere påverka av kjønn, alder eller etnisk og kulturell bakgrunn. For å redusere risikoen for diskriminering er det utarbeidd eigne retningslinjer for lønnsplassering. I 2025 utgjorde gjennomsnittslønna for kvinner 95,4 pst. av lønna til menn, ein svak auke frå 95 pst. i 2024. Nivået er om lag det same som i 2023 (95,3 pst.). Lønnsutviklinga frå 2024 til 2025 var i gjennomsnitt 5,9 pst. for kvinner og 5,3 pst. for menn.
Statistikken for 2025 viser at kvinner og menn i stor grad har lik lønn innanfor dei fleste stillingskategoriane. Kvinner har høgare gjennomsnittslønn enn menn i mellomleiargruppene og i stillings kategoriane utgreiingsleiar og rådgivar, medan lønnsnivået er om lag likt i kategorien senior rådgivar. Dette er samtidig blant dei største stillingsgruppene i departementet. Det er ikkje vesentlege lønsskilnader mellom kvinner og menn i førstekonsulentgruppa.
I 2025 gjennomførte departementet ei utvida lønnskartlegging etter kjønn. Gjennomgangen, der det òg er teke omsyn til median- og gjennomsnittsalder, avdekker ikkje vesentlege lønnsforskjellar mellom kvinner og menn. Samtidig er det fleire kvinner i dei lågast lønte stillingskategoriane, noko som påverkar det samla lønnsnivået for kvinner.
Bruken av overtid har variert noko over tid, men har hatt ein tydeleg nedgang dei siste åra, òg i 2025. Det er berre mindre skilnader mellom kvinner og menn når det gjeld omfanget av overtid og bruk av fleksitid.
Forfremjing- og utviklingsmoglegheiter
Grunnlaget for forfremjingar blir omtala i lønnspolitikken. I 2025 har departementet styrkt arbeidet med forfremjings- og utviklingsmoglegheiter gjennom auka satsing på mobilitet og kompetansebygging. Mobilitet gjennom hospitering kan styrke departementet si evne til å bruke ressursane på ein meir fleksibel og heilskapleg måte. Mobilitet gir òg den enkelte moglegheita til å få innsikt, kompetanse og nettverk i ulike delar av departementet. Departementet har òg utvida tilbodet til alle tilsette om fagleg påfyll gjennom kurs, seminar og moglegheiter for vidareutdanning.
I 2025 gjennomførte departementet ei intern hospiteringsordning, der alle tilsette kunne søke seg til ein seksjon i opptil seks månader. Tre kvinnelege tilsette hospiterte gjennom denne ordninga. I tillegg hospiterte ein mannleg tilsett i Europakommisjonen gjennom ordninga National Experts in Professional Training. Frå midten av 2025 blei det innført at alle faste nytilsette skal hospitere i to ulike avdelingar. På denne måten vil alle tilsette, uavhengig av alder, kjønn eller fagbakgrunn, få moglegheit til fagleg utvikling og nye perspektiv.
Tilrettelegging
I Kunnskapsdepartementet er det framleis praksis for å legge til rette arbeidet og arbeidstida når tilsette har behov for det. I 2025 blei det sett som mål å sjå nærare på korleis departementet kan arbeide med førebygging og tilrettelegging, både ved sjukdom og i eit livsfaseperspektiv. Departementet ønskte òg ved kapasitet å utvikle arbeidet med nærvær og oppfølging av sjukefråvær. Kunnskapsdepartementet har ikkje hatt kapasitet til ytterlegare å utvikle arbeidet sitt med nærvær- og sjukefråværsoppfølging slik departementet ønskte, men har i 2025 gjort ei enkel kartlegging i arbeidet med å utvikle og gjere informasjon om førebygging og tilrettelegging enkelt tilgjengeleg for tilsette. Arbeidet med dette held fram i 2026. Informasjon for tilsette om førebygging og tilrettelegging i ulike fasar av livet, skal etter planen ferdigstillast i løpet av 2026.
Moglegheit for å kombinere arbeid og familieliv
Kunnskapsdepartementet arbeider for å legge til rette for fleksible løysingar i ulike livsfasar, for både kvinner og menn. Målet er å sikre gode rammer for å kombinere arbeid og familieliv. Nedgangen i overtidsbruk dei siste åra har òg bidrege til dette. I 2026 planlegg departementet å gjere informasjon om overtidsarbeid og omsynet til privatliv og arbeidspåkjenning betre tilgjengeleg for alle tilsette.
Arbeidsmiljø
Medarbeidarundersøkingar er viktige verktøy i arbeidet med å vidareutvikle det systematiske arbeidet med arbeidsmiljøet i departementet. I 2025 har departementet brukt ein kortare versjon av medarbeidarundersøkinga i staten (MUST), i arbeidet med å kartlegge tilhøve som kan ha noko å seie for trivsel og motivasjon blant tilsette, men òg for helse og sjukefråvær. Oppfølginga held fram i 2026. Departementet planlegg å gjennomføre ei medarbeidarundersøking i 2027.
Departementet held òg fram med å sjå på rutinen for varsling om kritikkverdige tilhøve ved verksemder i utdanningssektoren, som er ei oppgåve som er ført vidare frå 2025.
Likestilling i kunnskapssektoren
I Statens personalhandbok er det nedfelt i pkt. 1.2:
Staten skal speile mangfoldet i befolkningen når det gjelder kjønn, alder, funksjonsevne, etnisk bakgrunn, seksuell orientering mv. Mangfold i den statlige personalstyrken støtter opp under mulighetene for god måloppnåelse og bidrar til at staten kan yte gode tjenester til alle samfunnsborgere uansett bakgrunn og livserfaring.
Oversikter over prosentdelen tilsette etter kjønn og landbakgrunn fortel noko om tilstanden for likestillinga i sektoren Kunnskapsdepartementet har ansvar for.
Tabell 9.3 Prosentdelen menn og kvinner i forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet i 2025
|
Verksemd |
Tilsette |
Prosentdel menn |
Prosentdel kvinner |
Kvinner si lønn i pst. av menn si lønn |
|---|---|---|---|---|
|
22. juli-senteret |
23 |
30,4 |
69,6 |
108,9 |
|
Sekretariatet for Foreldreutvalet for grunnopplæringa og Foreldreutvalet for barnehagane |
9 |
44,4 |
55,6 |
107,0 |
|
Dei samiske vidaregåande skulane, Karasjok og Kautokeino |
112 |
33,9 |
66,1 |
97,7 |
|
Statleg spesialpedagogisk støtteteneste (Statped) |
594 |
19,2 |
80,8 |
94,5 |
|
Noregs grøne fagskule – Vea |
37 |
35,1 |
64,9 |
96,7 |
|
Utdanningsdirektoratet |
373 |
33,2 |
66,8 |
98,2 |
|
Statens lånekasse for utdanning |
373 |
42,9 |
57,1 |
93,3 |
|
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) |
516 |
32,4 |
67,6 |
96,2 |
|
Kunnskapssektorens tenesteleverandør (Sikt) |
401 |
57,4 |
42,6 |
96,2 |
|
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) |
96 |
33,3 |
66,7 |
92,1 |
|
Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) |
13 |
15,4 |
84,6 |
89,6 |
|
Sørsamisk kunnskapspark |
35 |
20,0 |
80,0 |
93,7 |
|
Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) |
85 |
48,2 |
51,8 |
87,0 |
Tilsette etter departementsområde inkludert etatar. Talmaterialet er basert på lønnsopplysningar som blir innhenta frå a-ordninga. Talmaterialet frå a-ordninga blir overført frå Statistisk sentralbyrå til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, som utarbeidde talgrunnlag/statistikkrapportar for tilsette i staten (tariffområdet) 1. oktober 2025. Medarbeidarar med leiarlønn, med leiarlønnsavtale, timelønte og honorarlønte er ikkje med.
I 11 av 13 forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet tener menn meir enn kvinner. Skilnaden er størst hos Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) (87 pst.), Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) (89,6 pst.) og Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) (92,1 pst.).
Tabell 9.4 viser kor mange innvandrarar som er tilsette i verksemder i kunnskapssektoren i 2024 og 2025, fordelte på landgruppe 1 og 2. Landgruppe 1 omfattar Norden utanom Noreg, EU/EFTA, Storbritannia, USA, Canada, Australia og New Zealand. Landgruppe 2 omfattar Europa utanom EU/EFTA og Storbritannia, Afrika, Asia, Amerika utanom USA og Canada, Oseania utanom Australia og New Zealand og polare område. Resten av dei tilsette er nordmenn utan innvandrarbakgrunn.
Tabell 9.4 Prosentdelen tilsette (årsgjennomsnitt) i verksemder i kunnskapssektoren etter landbakgrunn i 2024 og 2025
|
2024 |
2025 |
|||
|---|---|---|---|---|
|
Verksemd |
Gruppe 1 |
Gruppe 2 |
Gruppe 1 |
Gruppe 2 |
|
Universitetet i Stavanger |
14,9 |
17,0 |
15,0 |
15,9 |
|
Noregs handelshøgskole |
20,2 |
15,1 |
20,1 |
15,8 |
|
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet |
14,6 |
14,9 |
14,9 |
14,8 |
|
Universitetet i Oslo |
18,7 |
15,1 |
18,6 |
15,0 |
|
Noregs miljø- og biovitskaplege universitet |
15,5 |
14,8 |
15,0 |
15,1 |
|
Høgskolen i Molde, vitskapleg høgskole i logistikk |
6,5 |
15,0 |
5,7 |
16,0 |
|
Universitetet i Agder |
12,3 |
12,6 |
12,4 |
12,8 |
|
Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet |
16,3 |
12,4 |
16,5 |
12,1 |
|
Universitetet i Bergen |
19,0 |
12,9 |
19,3 |
13,2 |
|
Kunsthøgskolen i Oslo |
18,3 |
11,3 |
18,2 |
10,7 |
|
OsloMet – storbyuniversitetet |
10,3 |
13,0 |
10,5 |
13,7 |
|
Høgskolen i Østfold |
10,0 |
12,7 |
10,3 |
12,7 |
|
Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) |
14,1 |
8,2 |
13,8 |
8,0 |
|
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) |
8,6 |
12,9 |
7,2 |
12,4 |
|
Universitetet i Søraust-Noreg |
9,9 |
10,6 |
9,5 |
10,4 |
|
Nord universitet |
10,4 |
10,5 |
10,7 |
10,7 |
|
Lånekassen (Statens lånekasse for utdanning) |
3,7 |
9,0 |
4,0 |
8,8 |
|
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo |
20,9 |
9,8 |
21,1 |
8,6 |
|
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) |
5,9 |
8,9 |
6,5 |
9,4 |
|
Noregs idrettshøgskole |
10,2 |
9,0 |
10,3 |
9,7 |
|
Universitetet i Innlandet |
10,3 |
7,5 |
10,1 |
7,8 |
|
Høgskulen på Vestlandet |
8,8 |
7,7 |
9,0 |
7,8 |
|
Sikt – kunnskapssektorens tenesteleverandør |
7,5 |
6,8 |
8,2 |
7,5 |
|
Utdanningsdirektoratet |
3,5 |
4,6 |
3,7 |
5,2 |
|
Statped – statleg pedagogisk teneste |
4,8 |
4,3 |
4,9 |
4,2 |
|
Kunnskapsdepartementet |
3,0 |
4,7 |
2,7 |
4,3 |
|
Høgskulen i Volda |
6,3 |
3,9 |
6,7 |
4,3 |
|
Dei samiske vidaregåande skulane, Karasjok og Kautokeino |
6,7 |
5,0 |
6,8 |
4,2 |
|
Noregs forskingsråd |
7,4 |
4,4 |
8,0 |
5,6 |
|
Samisk høgskole |
17,4 |
2,5 |
17,6 |
2,4 |
|
Noregs musikkhøgskole |
14,6 |
2,5 |
14,6 |
2,7 |
Kjelde: Statistisk sentralbyrå, tabell 12625
10 Oppfølging av berekraftsmåla til FN
Generalforsamlinga i FN vedtok 25. september 2015 resolusjonen Transforming our World: The 2030 Agenda for Sustainable Development. Alle medlemslanda i FN er forplikta til å følge opp dei 17 berekraftsmåla i agendaen. Noreg har forplikta seg til å jobbe målretta for å nå berekraftsmåla innan 2030. Meld. St. 35 (2024–2025) Norges arbeid med bærekraftsmålene – Status, utfordringer og veien videre blei lagd fram 20. juni 2025. Meldinga blei behandla i Stortinget i mars 2026. I meldinga rapporterer regjeringa om status for Noreg si oppfølging av berekraftsmåla. I Noreg har Kunnskapsdepartementet eit koordineringsansvar for berekraftsmål 4, og bidreg i tillegg til fleire delmål under andre berekraftsmål. Desse er 9.5, 12.8 og 14 a. Hovudinnsatsen til Kunnskapsdepartementet er omtala under dei ulike måla. Omtale av oppfølginga av andre berekraftsmål finst i proposisjonane til andre departement.
Berekraftsmål 4
Sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje moglegheiter for livslang læring for alle.
Målet har 7 delmål og 3 gjennomføringsmål som dekker alle utdanningsnivåa. Noreg kan vise til gode resultat og framgang på fleire mål under berekraftsmål 4. Hovudinnsatsen til Kunnskapsdepartementet er omtala under dei ulike del- og gjennomføringsmåla. Meir omtale finst i proposisjonane til andre departement, og ein samla omtale av status finst i Meld. St. 35 (2025–2026).
Utdanninga i Noreg er av god kvalitet, og tilgjengeleg for alle uavhengig av sosial bakgrunn. I 2026 er Noreg rangert som nummer 4 blant 169 land på ein uoffisiell SDG-indeks som viser utviklinga i verda på tvers av alle dei 17 berekraftsmåla.
Kunnskap og utdanning skal legge grunnlag for demokrati, velferd, omstilling og berekraft. Utdanning medverkar til høgare deltaking i samfunns- og arbeidslivet, og utdanning er derfor ein nøkkel til å løyse utfordringane samfunnet står framfor. Ein sterkare fellesskule for alle skaper likeverdige moglegheiter for barn og unge, uavhengig av bakgrunn. Det er ei hovudprioritering for regjeringa å få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring, og kome seg over i vidare utdanning og arbeid. Vidare er regjeringa oppteken av å sikre god tilgang til utdanning, forsking og kompetanse i heile landet.
Kunnskapsdepartementet sine tilhøyrande verksemder er sentrale i arbeidet med å nå norske målsettingar på berekraftsmål 4 og dei andre berekraftsmåla. Gjennom det daglege arbeidet i verksemdene jobbar sektoren målretta på ulike nivå med å få fram ny kunnskap og utdanne kandidatar som gjer Noreg betre rusta til å løyse berekraftsutfordringane nasjonalt og internasjonalt.
Kunnskapsdepartementet vil halde fram samarbeidet med Utanriksdepartementet om Noreg si oppfølging av berekraftsmål 4 i internasjonale organisasjonar. Som ein del av oppfølginga har Noreg ratifisert UNESCO sin globale konvensjon for godkjenning av høgare utdanning, som er eit viktig verkemiddel for auka mobilitet av studentar og arbeidssøkande på tvers av kontinent.
Nedanfor følger ein kort gjennomgang av status og viktige tiltak i nasjonal oppfølging av dei ulike delmåla og gjennomføringsmåla.
Delmål 4.1
Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskule og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gi dei relevant og reelt læringsutbyte.
I Noreg har alle barn rett og plikt til tiårig grunnskuleopplæring frå det året dei fyller seks år. I 2025 gjekk nær 97 pst. av elevane direkte til vidaregåande opplæring etter å ha fullført 10. trinn.
I 2026 har Kunnskapsdepartementet halde fram med å følge opp tiltaka som blei fremja i Meld. St. 34 (2023–2024) En mer praktisk skole – Bedre læring, motivasjon og trivsel på 5.–10. trinn. Å gjere skulen meir praktisk, utforskande og variert gjennom heile skuleløpet er avgjerande for å snu den negative utviklinga i skulen. Departementet har følgt opp hovudgrepet i meldinga og har oppretta eit nasjonalt program for praktisk læring. Programmet består allereie av økonomiske, pedagogiske og kompetansebyggande ressursar som kjem skulane til gode, og det blir stadig utvida. I 2026 starta arbeidet med å opprette lokale utviklingsprosjekt som skal stimulere til ein meir praktisk skulekvardag, meir fysisk aktivitet eller arbeidslivsretta opplæring. Det inngår i prosjekta å rekruttere pilotskular som i samarbeid med utvalde nasjonale senter skal bidra til kompetanseutvikling, erfaringsdeling og spreiing av inspirasjon.
Kunnskapsdepartementet held òg fram med å ta nødvendige grep som skal bidra til mindre skjerm, meir leik, auka konsentrasjon og større tryggleik for dei yngste elevane. Regjeringa meiner det er viktig å ha ei føre-var-haldning til bruk av digitale verktøy, særleg for dei yngste elevane, og departementet har fastsett ei endring i læreplanverket frå hausten 2026 som inneber at digital teknologi skal brukast varsamt og balansert på 1.–4. trinn.
Når elevane startar på skulen, må dei først få bli trygge på læraren sin og medelevane sine og få ein aktiv skulekvardag. I tillegg må dei tidleg få konsentrere seg om ferdigheitene som er grunnleggande for all læring – lesing, skriving og rekning. Hausten 2026 er det sendt på høyring forslag om retningsval for nytt innhald og struktur for 1.–2. trinn.
Skulen er ein viktig stad for å skape felles rammer, verdiar og referansar for den oppveksande generasjonen. Skulen skal i større grad bidra til at elevane får innsikt i, får felles erfaringar med og får ta del i det som sameinar oss, slik at fleire kan oppleve å vere inkluderte. Departementet har derfor gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å lage innhaldslister som lærarar kan hente inspirasjon frå. Listene i samfunnsfag og musikk var klare til sommaren 2026. Listene i norsk og samisk skal vere klare til sommaren 2027.
Det er sett i gang fleire tiltak som skal bidra til eit meir inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod til alle barn og elevar og eit betre samarbeid mellom barnehagane, skulane, skulefritidsordninga (SFO) og tenestene rundt. Frå 2026 blir kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis for barnehagar og skular, PP-tenesta og andre relevante tenester i kommunen ivareteke i det nye heilskaplege systemet for kompetanse- og karriereutvikling for alle tilsette i barnehage og grunnopplæring. Systemet har mål om at alle barn og elevar skal få eit best mogleg grunnlag for læring, utvikling og trivsel i barnehagen og grunnopplæringa. I det nye systemet får også andre tilsette i laget rundt barna og elevane i barnehage, SFO og skule moglegheit til å delta i vidareutdanning på same vilkår som lærarar, gjennom den nye vidareutdanningsordninga. Sjå meir omtale i Del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Det har òg vore gjennomført pilot- og forskingsoppdrag som no er avslutta, og som har bidrege med meir kunnskap om inkluderande praksis i barnehage og skule.
Frå hausten 2022 innførte departementet ei ordning med finansiering av 12 timar gratis SFO per veke for elevar på første trinn. Frå hausten 2023 blei òg elevar på andre trinn inkluderte i ordninga, og frå hausten 2024 tok ho til å gjelde for tredje trinn. Frå 1. august 2026 har elevane på 1.–3. trinn fått rett til 12 timar gratis SFO i veka, jf. opplæringslova § 4-5. Frå 1. august 2026 er det innført eit tilskot til gratis 12 timar SFO for elevar på 4. trinn i område med levekårsutfordringar.
Lesing er inngang til læring i alle fag. Regjeringa har sett i gang eit leseløft frå 2026 for å styrke leseferdigheiter og leselysta til barn og unge. Sjå meir omtale i Del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
Det er ei hovudprioritering for regjeringa å få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring og kome seg over i vidare utdanning og arbeid. 81,8 pst. av elevane som starta i vidaregåande opplæring i 2019, hadde fullført og bestått opplæringa i løpet av fem (studieførebuande utdanningsprogram) eller seks år (yrkesfaglege utdanningsprogram). Jenter fullfører i større grad enn gutar, høvesvis 85,6 pst. og 78,3 pst.
Sjå nærare omtale i Del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
Delmål 4.2
Innan 2030 sikre alle jenter og gutar høve til god og tidleg utvikling og omsorg og tilgang til førskule, slik at dei er førebudde på å begynne i grunnskulen.
Barnehagedekninga i Noreg er god. I 2025 gjekk 264 210 av barna i barnehage, og dekningsgraden for barn i alderen 1–5 år var 94,5 pst.
Frå 1. august 2026 er maksimalprisen i barnehage 1 200 kroner per månad nasjonalt og 700 kroner i kommunar i sentralitetssone 5 og 6. Departementet foreslår å nominelt vidareføre maksimalprisen i 2027. Frå hausten 2023 blei det innført gratis barnehage for tredje barn i familien som går i barnehage samstundes. Ei nasjonal moderasjonsordning har sikra at ingen familiar skal betale meir enn 6 pst. av inntekta for ein barnehageplass, avgrensa av ein nasjonalt fastsett maksimalpris for foreldrebetaling. I tillegg får barn i alderen 2–5 år frå låginntektsfamiliar 20 timar gratis barnehagetilbod per veke. Inntektsgrensa for ordninga med gratis kjernetid blir foreslått til 718 780 kroner frå 1. august 2027.
Regjeringa har frå 1. august 2023 innført gratis barnehage for alle 1–5-åringar i innsatssona i Finnmark og Nord-Troms. Sametinget har frå 1. august 2023 innført gratis samiskspråkleg barnehagetilbod for barn i resten av landet.
Trass i viktige reformer i barnehagesektoren som har gitt maksimalpris, rett til plass og høg barnehagedekning, viser eit oppdatert kunnskapsgrunnlag at det framleis er skilnader både i barnehagedeltakinga og i kvaliteten på og tilrettelegginga av tilbodet. Barnehagen for en ny tid er regjeringa sin strategi for kvalitet i barnehagesektoren fram mot 2030. Strategien har mål om at barnehagane skal vere inkluderande og tilgjengelege, og at barnehagane har god og relevant kompetanse og ei bemanning som medverkar til at alle barn, uavhengig av føresetnader og kvar dei bur, opplever høg og likeverdig kvalitet i barnehagetilbodet.
Sjå nærare omtale under Del II, programkategori 07.30 Barnehagar.
Delmål 4.3
Innan 2030 sikre kvinner og menn lik tilgang til god teknisk og yrkesfagleg opplæring og høgare utdanning, medrekna universitetsutdanning, til ein overkomeleg pris.
47 pst. av jentene som søkte vg1 skuleåret 2026–27, søkte seg til eit yrkesfagleg utdanningsprogram, mot 62 pst. av gutane. Elevane på yrkesfag vel framleis kjønnstradisjonelt, men skilnadene har blitt litt mindre dei siste ti åra. I 2015 var 5 pst. av søkarane på vg1 bygg- og anleggsteknikk jenter, og 13 pst. av elevane på vg1 teknologi- og industrifag var jenter. I 2026 er prosentdelen jenter høvesvis 10 og 17 pst. Delen gutar som søker vg1 helse og oppvekstfag har gått ned frå 16 pst. i 2015 til 13 pst. i 2026.
Kjønnsfordelinga på universitet og høgskular har vore stabil dei siste 20 åra, med om lag 40 pst. menn og 60 pst. kvinner. Det er store kjønnsskilnader mellom dei ulike fagområda. Kvinnedelen er særleg stor innanfor helse-, sosial- og idrettsfag, der om lag fire av fem studentar er kvinner. Også lærar- og pedagogikkutdanningar har høg kvinnedel (73 pst.). Lågast er kvinnedelen i naturvitskaplege og tekniske fag (37 pst.).
For å betre balansen i utdanningar med svært ujamn kjønnsfordeling er det i dagens regelverk for opptak til høgare utdanning mogleg å gi ekstra poeng til søkarar av det underrepresenterte kjønnet. I Meld. St. 20 (2023–2024) Opptak til høgare utdanning foreslo regjeringa å erstatte desse poenga med kjønnsnøytrale kvotar, og Stortinget slutta seg til dette i behandlinga av meldinga. På studium med stor kjønnsubalanse vil det då kunne innførast kjønnsnøytrale kvotar for å sikre at begge kjønn blir representerte opp til eit visst nivå. Bruken av kjønnsnøytrale kvotar skal vere forholdsmessig og ikkje gi for stor forskjell i karaktergrunnlaget mellom dei som kjem inn på kvote, og dei beste som ikkje kjem inn på studiet. Forslaget har vore på høyring, og ny forskrift er kunngjord. Kjønnsnøytrale kvotar vil erstatte kjønnspoeng frå og med studieåret 2028–29. Institusjonar som ønsker slike kvotar kan søke om dette frå og med 2027.
Sjå omtale i kap. 9 Likestilling og arbeid mot diskriminering.
Delmål 4.4
Innan 2030 oppnå ein stor auke i talet på unge og vaksne med kompetanse, mellom anna i tekniske fag og yrkesfag, som er relevant for sysselsetting, anstendig arbeid og entreprenørskap.
Utdanning er viktig for å kunne delta aktivt i samfunnet gjennom heile livet. Fleire i arbeid og høgare kompetanse i arbeidsstyrken gir økonomisk vekst og meir velferd, og kan òg gi lågare trygdeutgifter. Utvidinga av retten til vidaregåande opplæring er eit av dei viktigaste grepa i fullføringsreforma. Når alle har rett til å få opplæring til dei har bestått vidaregåande opplæring, vil også fleire kunne få opplæring som samsvarar med behova deira, og fleire vil bli kvalifiserte til læreplass og vidare utdanning og arbeid.
I skuleåret 2024–25 blei det oppnådd 30 800 fagbrev, ein auke på rundt 1 000 frå skuleåret 2023–24. Samtidig blei det teikna 24 900 nye lærekontraktar, rundt 700 fleire enn i skuleåret 2023–24, og fleire enn før pandemien. Det er framleis mange søkarar som ikkje får læreplass. Blant gutar får både innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i mindre grad læreplass enn i den øvrige befolkninga. I Samfunnskontrakten for fleire læreplassar (2022–2026) har partane forplikta seg til å motarbeide all diskriminering i rekrutteringa av lærlingar.
I Noreg var det i 2025 registrert om lag 308 000 studentar i høgare utdanning. Det er mellom anna lagt til rette for ein auke i studiekapasiteten i teknologi, IKT og kvanteteknologi dei seinare åra. Regjeringa ventar at universitet og høgskular held fram med å styrke tilbodet på dette området i tråd med kompetansebudsjettet. Det er framleis utfordringar med rekruttering til realfag og teknologi. Regjeringa har derfor sett i gang arbeidet med ein ny nasjonal strategi for realfag og teknologi som skal leggast fram i 2027. I strategien skal regjeringa gjere ei vurdering av framtidig behov for kompetanse innanfor realfag og teknologi. Det skal vurderast tiltak i heile utdanningsløpet som kan bidra til realfagleg og teknologisk kompetanse i tråd med behovet i samfunnet. Kunnskapsdepartementet vidarefører satsinga på Nasjonalt senter for realfagsrekruttering, som ligg under Noregs teknisk-vitskaplege universitet. Senteret skal samle, auke og spreie kunnskap om tiltak som kan styrke rekrutteringa til dei matematiske, naturvitskaplege og teknologiske faga (STEM-faga) i høgare utdanning. Senteret skal mellom anna arbeide for å auke kvinnedelen til slike studium.
Delmål 4.5
Innan 2030 avskaffe kjønnsskilnader i utdanning og opplæring og sikre lik tilgang til alle nivå innanfor utdanning og yrkesfagleg opplæring for sårbare grupper, inkludert personar med nedsett funksjonsevne, urfolk og barn i utsette situasjonar.
Likeverd og likestilling er verdiar som ligg til grunn for den norske grunnopplæringa. Skular og lærebedrifter skal formidle kunnskap og fremje haldningar som sikrar desse verdiane. Elevane skal få likeverdige moglegheiter, slik at dei kan ta sjølvstendige val. Skulen skal ta omsyn til mangfaldet av elevar og legge til rette for at alle får oppleve tilhøyrsel i skule og samfunn. Den norske skulen er òg prega av at ein stor del av elevane går saman i den offentlege fellesskulen, og at barn og unge møtest på tvers av ulik bakgrunn. Kommunane har ansvaret for at barn og elevar har det barnehage- og opplæringstilbodet dei har krav på. Statped er ei statleg spesialpedagogisk verksemd som gir støtte og rådgiving til kommunar og fylkeskommunar når det gjeld barn og elevar med varige og omfattande behov for tilrettelegging i barnehage og skule.
Opplærings- og utdanningssektoren er underlagd krava om universell utforming av IKT i likestillings- og diskrimineringslova. I forskrift om universell utforming av IKT er desse krava utdjupa. Regjeringa har frå 1. januar 2026 etablert støttetenesta Tryggere digital læring som gir skule- og barnehageeigarane støtte til å vurdere digitale løysingar opp mot krav til informasjonstryggleik, personvern og universell utforming av læremiddel. Statped utviklar, legg til rette og produserer læremiddel for teiknspråklege og blinde/sterkt synsnedsette elevar.
Oppfølginga av fullføringsreforma skal mellom anna sørge for at tilbodet til elevar med funksjonsnedsetjingar i vidaregåande opplæring skal bli betre og meir likeverdig tilbodet til andre elevar.
I styringsdialogen om styringa av dei offentlege universiteta og høgskulane i 2025 var universell utforming ei orienteringssak. Departementet informerte i tilbakemeldingsbreva om at dei forventar at institusjonane arbeider aktivt for å oppfylle dei lovkrava som gjeld universell utforming.
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) rettleiar universitet og høgskular om dei lovpålagde krava til universell utforming, individuell tilrettelegging for studentar med funksjonsnedsetjingar, og om å sikre forsvarlege læringsmiljø for studentar.
Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv. Kompetanse og rekruttering i barnehage, grunnopplæring og høyere utdanning presenterte ei rekke innsatsområde for å styrke fagmiljø og rekruttering på alle nivå i samisk utdanning. Regjeringa ønsker å styrke og samle kompetansemiljøa som arbeider med lokal kompetanseutvikling for samisk språk og kultur i barnehage og skule, og Kunnskapsdepartementet etablerte i 2025 eit nasjonalt forum for samisk språk og kultur. Etter forslag frå og i samråd med Sametinget har regjeringa våren 2026 sett ned ei ekspertgruppe som skal vurdere korleis barnehagetilbodet til samiske barn kan bli betre. Målet er å sikre eit betre og meir tilgjengeleg tilbod til alle samiske barn, uavhengig av kvar i landet dei bur. Ekspertgruppa skal levere rapporten sin sommaren 2027.
Sjå Del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak for omtale av vedtak nr. 18, nr. 20 og nr. 21 frå 12. november 2024 om samisk språkopplæring.
Delmål 4.6
Innan 2030 sikre at all ungdom og ein vesentleg prosentdel av vaksne, både kvinner og menn, lærer å lese, skrive og rekne.
Lesing, skriving og rekning er tre av dei fem grunnleggande ferdigheitene i skulen. Grunn leggande ferdigheiter er viktige føresetnader for læring og utvikling i skule, arbeid og samfunnsliv. Skulen skal legge til rette for, og trygge utviklinga av, dei grunnleggande ferdigheitene gjennom heile opplæringsløpet.
Resultata frå PISA-undersøkinga (Programme for International Student Assessment) 2025 blei lagde fram i september 2026. Undersøkinga viser ein betydeleg nedgang i leseferdigheitene sidan undersøkinga i 2022 og stadfestar ei negativ utvikling i leseferdigheitene til norske 15-åringar dei siste ti åra. Òg i matematikk har tilbakegangen i gjennomsnittsresultata vore betydeleg. Særleg alvorleg er auken i delen lågtpresterande elevar, som samanlikna med undersøkinga i 2022 har auka med sju prosenteiningar i både lesing og matematikk, til høvesvis 34 pst. i lesing og 38 pst. i matematikk. PISA-undersøkinga frå 2025 viser at elevane presterer under OECD-snittet for både lesing og matematikk.
PIAAC-undersøkinga (2022–2023) viser at den norske vaksenbefolkninga har gode ferdigheiter samanlikna med 30 andre land som deltok i undersøkinga. Noreg er blant dei fem landa som skårar høgast på alle dei tre ferdigheitsområda som blir målte i PIAAC: leseforståing, talforståing og adaptiv problemløysing. Kvinner har i gjennomsnitt noko betre leseferdigheiter enn menn. I den førre PIAAC-undersøkinga i 2012 hadde menn noko betre leseferdigheiter enn kvinner. Menn har i gjennomsnitt betre talforståing enn kvinner, på nivå med kjønnsskilnadene i OECD. Rundt 10 pst. av den norske vaksenbefolkninga presterer svakt i alle dei tre ferdigheitene som blir målte (nivå 0 og 1 av 6 nivå), mot 18 pst. i OECD.
Delmål 4.7
Innan 2030 sikre at alle elevar og studentar tileignar seg den kompetansen som er nødvendig for å fremje berekraftig utvikling, mellom anna gjennom utdanning i berekraftig utvikling og livsstil, menneskerettar, likestilling, fremjing av freds- og ikkjevaldskultur, globalt borgarskap og verdsetjing av kulturelt mangfald og det bidraget kulturen gir til berekraftig utvikling.
Berekraftig utvikling er ein del av verdigrunnlaget i barnehagen og ein del av innhaldet og oppgåvene til barnehagane. I skulen er respekt for naturen og miljømedvit ein del av verdigrunnlaget, og berekraftig utvikling er prioritert som eitt av tre tverrfaglege tema i læreplanverket, saman med demokrati og medborgarskap og folkehelse og livsmeistring.
Skulen har eit breitt samfunnsmandat. I overordna del av læreplanverket står det at skulen skal sørge for at menneskeverdet og verdiane som støttar opp om det, blir lagde til grunn for opplæringa og heile verksemda. Barnekonvensjonen er ein del av menneskerettane, og gir barn og unge eit særleg vern. Opplæringa må vere i samsvar med menneskerettane, og elevane skal tileigne seg kunnskap om menneskerettane. Skulen skal ta omsyn til mangfaldet av elevar og legge til rette for at alle får oppleve tilhøyrsel i skule og samfunn. Eit godt samfunn er tufta på eit inkluderande og mangfaldig fellesskap. Elevane skal få innsikt i korleis ein lever saman med ulike perspektiv, haldningar og syn på livet. Skulen skal støtte utviklinga av identiteten til den enkelte og gjere elevane trygge på eigen ståstad. Samstundes skal skulen formidle felles verdiar som ein treng for å møte og delta i mangfaldet, og opne dører mot verda og framtida.
Respektlause og hatefulle ytringar er ikkje aksepterte i skulen. Elevane må få øving i å opptre omsynsfullt og utvikle medvit om eigne haldningar. Skulen skal fremje demokratiske verdiar og haldningar som motvekt mot fordommar og diskriminering. Skulen skal òg fremje respekt for at menneske er ulike, og elevane skal lære å løyse konfliktar på ein fredeleg måte.
Gjennomføringsmål 4 a
Etablere og oppgradere utdanningstilbod som er barnevennlege, og som tek omsyn til kjønnsskilnader og til personar med nedsett funksjonsevne og sikrar trygge, ikkje-valdelege, inkluderande og effektive læringsmiljø for alle.
Kjernegrupper er ei organisering og ei arbeidsform for departementa med mål om å skape tverrdepartementale system for betre samarbeid på særleg utfordrande samfunnsområde. Det blei i 2021 oppretta ei kjernegruppe for utsette barn og unge (KUBU) der Kunnskapsdepartementet deltek saman med Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet, Kultur- og likestillings departementet og Barne- og familiedepartementet. Sistnemnde leiar arbeidet. Formålet er betre samordning av politikkutvikling og tenester til utsette barn og unge. Det er òg etablert ein tilsvarande struktur på direktoratsnivå der 13 underliggande etatar deltek i eit felles etatssamarbeid. Gjennom dette skal statlege aktørar i større grad sjå politikkområda i samanheng og støtte kommunane i arbeidet med å gi barn og unge tidleg, koordinert og tilpassa hjelp.
KUBU blei vidareført i 2026 og har peika ut to hovudprioriterte fagområde det skal jobbast særskilt med; psykisk helse og barne- og ungdomskriminalitet. For meir omtale, sjå Prop. 1 S (2026–2027) for Barne- og familiedepartementet.
I 2025 og 2026 har KUBU særleg arbeidd med å koordinere departementa sin innsats for å førebygge barne- og ungdomskriminalitet, mellom anna gjennom tiltaket ein-til-ein-oppfølging. Etatssamarbeidet har sidan 2024 arbeidd med Forebyggingsoppdraget. Som en del av oppdraget utviklar etatssamarbeidet ei tverrsektoriell oppvekstpakke for kommunane. Målet med oppvekstpakka er å bidra til meir heilskap og samanheng i kommunane sitt oppvekstarbeid på tvers av sektorar. I 2026 har direktorata mellom anna publisert eit tverrsektorielt rundskriv om kommunane sitt ansvar på oppvekstområdet. Forebyggingsoppdraget blir sluttført med dei siste leveransane i 2027.
I 2026 gav regjeringa etatssamarbeidet eit tilleggsoppdrag om å greie ut roller og ansvarstilhøve i førebygginga av barne- og ungdomskriminalitet og å foreslå tiltak som kan styrke koordineringa der det i dag finst manglar. Etatssamarbeidet vil levere forslaga sine til tiltak i 2027.
Trass i stor innsats for å førebygge utanforskap, har tala for unge som står utanfor arbeid, skule og fritidsaktivitetar, vore stabile i fleire år. Regjeringa har sett i gang samfunnsoppdraget for inkludering av barn og unge. Samfunnsoppdraget skal samordne innsatsen i samfunnet, slik at aktørane jobbar meir systematisk og forskingsbasert med inkludering. Det inneber at stat, fylkeskommunar, kommunar, næringsliv, frivillig sektor og forskingsmiljø aktivt arbeider saman for å nå det langsiktige målet om at utanforskap blant barn og unge er kraftig redusert i 2035. I 2026 har det vore arbeidd med fastsetting av mandat. For å få meir praksisnær kunnskap om verkemiddel som styrkar barn og unge sin tryggleik og deltaking på tvers av sentrale arenaer, blei det i 2025 tildelt 116 mill. kroner og i 2026 lyst ut 156 mill. kroner til forskingsprosjekt under samfunnsoppdraget. For meir omtale, sjå Prop. 1 S (2026–2027) for Barne- og familiedepartementet.
Regelverket på utdanningsområdet er eit viktig verkemiddel for å sikre barn og unge eit trygt og likeverdig tilbod av høg kvalitet, uavhengig av kven dei er eller kvar dei bur. Barnehagelova og opplæringslova inneheld reglar som skal sikre at alle barn og elevar har det trygt og godt i barnehagen og på skulen. Å skape inkluderande og trygge fellesskap for alle og å motarbeide alle former for diskriminering, er verdiar som finst både i læreplanverket for grunnopplæringa og i rammeplanane for barnehage og SFO. Dei vaksne skal gi tillit, tryggleik og omsorg, og mangfald skal verdsettast som ein ressurs.
Eit stort fleirtal av elevane rapporterer gjennom Elevundersøkinga at dei har eit godt læringsmiljø med høg trivsel, støtte frå lærarane, fagleg utfordring og meistring, men ikkje alle har det trygt og godt. Elevundersøkinga tyder på at utviklinga går i riktig retning, men ein større del elevar rapporterer om mobbing no enn i åra før den markerte auken etter 2021. Dei siste åra har det også vore ein stor auke i delen elevar med mykje skulefråvær. For meir omtale av temaet, sjå Del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa og kap. 7 Nøkkeltal for grunnopplæringa.
Barnehagelova omtalar det psykososiale barne hagemiljøet, og lovføresegnene inneber at alle barnehagar skal arbeide systematisk for eit trygt og godt barnehagemiljø som fremjar helse, trivsel og læring for alle barn, og som skal førebygge at barn opplever at dei ikkje har dette. Barne hagane skal ha nulltoleranse for mobbing, og ikkje godta krenkingar som til dømes utestenging, mobbing, vald, diskriminering og trakassering. Barnehagane har ei aktivitetsplikt som skal sikre at barnehagebarn har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø. Aktivitetsplikta inneber mellom anna at barnehagen skal følge med på korleis barna har det i barnehagen, og at barnehagen skal sette inn eigna tiltak når eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø.
Regjeringa følger opp Opptrappingsplan mot vold og overgrep mot barn og vold i nære relasjoner (2024–2028) «Trygghet for alle». Planen inneheld 122 tiltak som skal bidra til betre førebygging og vern, avdekking av fleire saker og betre ivaretaking av personar som har vore utsette for vald og overgrep.
Frå 1. juli 2026 tok barnevoldsundersøkelsesloven til å gjelde, noko som vil kunne ha relevans for barnehagar og skular. Nasjonal enhet for undersøkelse av svikt mot barn (NUBA) er ei uavhengig eining i Statens helsetilsyn som skal undersøke dei mest alvorlege sakene i samfunnet der barn har blitt drepne, forsøkt drepne eller utsette for alvorleg vald, seksuelle overgrep eller alvorleg omsorgssvikt. Etableringa av undersøkingsordninga er eitt av fleire tiltak i regjeringa sin opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar (2024–2028). Undersøkingane skal særleg avklare om det ligg føre svikt eller andre kritikkverdige tilhøve på systemnivå i ei eller fleire offentlege verksemder, eller i samhandlinga mellom offentlege verksemder. Ei av oppgåvene for NUBA er å undersøke kva barnehagen eller skulen visste, korleis dei vurderte barnet sin situasjon, korleis dei samarbeidde og om noko kunne ha vore gjort annleis for å beskytte eller hjelpe barnet tidlegare.
Regjeringa har mål om at vidaregåande opp læring skal gi alle elevar kompetansen dei treng i arbeidslivet og i vidare utdanning, og legge grunnlag for å delta i samfunnet. Fullføringsreforma skal sikre eit likeverdig tilbod til alle uavhengig av kva funksjonsevne dei har. Det er derfor viktig at alle tiltaka i reforma blir utforma på ein slik måte at dei treffer behova til elevar med funksjonsnedsetjingar. Tett dialog med brukarorganisasjonane for personar med funksjonsnedsetjingar er nødvendig om vi skal løyse utfordringane elevane opplever i dag, og slik gjere tilbodet i vidaregåande opplæring betre.
Kunnskapsdepartementet har gitt Utdanningsdirektoratet eit særleg ansvar for at brukarorganisasjonane for personar med funksjonsnedsetjingar blir involverte i arbeidet med å utvikle tiltaka i fullføringsreforma. Direktoratet skal ha tett og systematisk dialog med brukarorganisasjonane gjennom heile reformarbeidet. Elevar med funksjonsnedsetjingar er ei mangfaldig gruppe med ulike tilretteleggingsbehov. Det er derfor viktig at involveringa sikrar at ein får fram breidda i dei behova elevane har.
Gjennomføringsmål 4 b
Innan 2020 oppnå ein vesentleg auke globalt i talet på stipend som er tilgjengelege for studentar frå utviklingsland, særleg dei minst utvikla landa, små utviklingsøystatar og afrikanske land, for å gi dei tilgang til høgare utdanning, mellom anna yrkesfagleg opplæring og program for informasjons- og kommunikasjonsteknologi, teknikk, ingeniørfag og vitskap, både i andre utviklingsland og i utvikla land.
Det blir ikkje lyst ut nye stipend under stipendordninga NORSTIP, som vart etablert i 2024 for internasjonale studentar frå utviklingsland. Ordninga blir avvikla når studentane som allereie er tekne opp i stipendprogrammet har fullført studiet i 2027. Ordninga har vore finansiert av Utanriks departementet og forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
Gjennomføringsmål 4 c
Innan 2030 oppnå ein vesentleg auke i talet på kvalifiserte lærarar, mellom anna gjennom internasjonalt samarbeid om lærarutdanning i utviklingsland, særleg i dei minst utvikla landa og i små utviklingsøystatar.
Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at det i snitt er 13,5 barn per barnehagelærar. Samtidig oppfyller ikkje éin av tre barnehagar pedagognorma på 14 barn per barnehagelærar. Til saman manglar det 2 595 barnehagelærarårsverk for å oppfylle norma i dag.
Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at 3,9 pst. av årsverka til den planlagde undervisninga ikkje oppfylte kompetansekrava for tilsetjing i skuleåret 2025–26. Statistikk frå Statistisk sentralbyrå viser at lærarar utan lærarutdanning utgjorde 19,2 pst. av avtalte årsverk i vidaregåande skule i 2025. Merk at tala for grunnskulen og vidare gåande skule bygger på kjelder med ulike definisjonar og derfor ikkje kan samanliknast.
Søkartala til lærarutdanningane har vore låge i perioden 2023–2026 samanlikna med perioden 2019–2022. Regjeringa har ei brei tilnærming med fleire verkemiddel for å rekruttere, utvikle og behalde lærarar. Regjeringa har samla partane i sektoren til ein felles innsats for å snu den negative utviklinga, og la våren 2024 fram strategien Flere lærere i barnehage og skole – strategi for rekruttering til lærerutdanningene og læreryrket. Regjeringa følger opp tiltaka i rekrutteringsstrategien mellom anna ved å gjere lærarutdanningane meir fleksible og tilgjengelege, betre rammevilkåra for lærarar og styrke omdømmet til læraryrket. At barnehagar og skular er gode stadar å jobbe, er kanskje det som betyr mest. Regjeringa finansierer også eit nasjonalt prosjekt for lærarrekruttering. I 2026 har søkinga til lærarutdanningane samla sett gått opp med 2,6 pst. frå 2025 med 198 fleire førstevalsøkarar enn i fjor. Lektorutdanninga og yrkesfaglærarutdanninga har auka mest, og det er ein svak auke til barnehagelærarutdanninga. Talet til grunnskulelærarutdanningane er svakt ned frå i fjor, men høgare enn i 2024.
Kunnskapsdepartementet har gode ordningar for sletting av studiegjeld for dei som tek lærarutdanning og arbeider i skulen etterpå. Skuleeigarar kan søke Utdanningsdirektoratet om stipend for tilsette i grunnskulen, vidaregåande opplæring og kulturskulen som tek ei lærarutdanning (utdanningsstipend). Dei kan også søke om stipend til personar som ikkje er tilsette i skulen, men som dei ønsker å rekruttere (rekrutteringsstipend).
Regjeringa held fram arbeidet med å styre lærarutdanningane på ein betre måte. Styringa skal bli tydelegare og bidra til å styrke lærarprofesjonen og til å møte kompetansebehova i barnhagen, skulen og i samfunnet elles. Kunnskapsdepartementet har utarbeidd framlegg til éin felles rammeplan for lærarutdanningane og éin felles rammeplan for dei samiske lærarutdanningane, som er sende på høyring hausten 2026. Dei to rammeplanane erstattar dei elleve gjeldande rammeplanane for lærarutdanning. Dei nye rammeplanane følger opp tiltak i Meld. St. 19 (2023–2024) Profesjonsnære utdanningar over heile landet ved å legge til rette for nye organiseringar av lærarutdanningane og for at personar med ulike typar erfaring og kompetanse som er relevant for skulen, kan bli kvalifiserte som lærarar.
I 2024 fekk om lag 8 000 lærarar i barnehage og grunnopplæring godkjent søknaden sin om å ta vidareutdanning, medan det i 2025 blei godkjent om lag 7 700 søknader. Regjeringa har utvikla eit nytt heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling for tilsette i barnehage og skule som blir fasa inn i 2025 og 2026. Sjå nærare omtale tidligare i kapitlet og under Del II, programkategori 07.20 Grunnopplæringa.
Delmål 9.5
Styrke vitskapleg forsking og oppgradere teknologien i næringslivssektorane i alle land, særleg i utviklingsland, mellom anna ved – innan 2030 – å stimulere til innovasjon, auke talet på tilsette (per million innbyggarar) vesentleg innanfor forskings- og utviklingsverksemd og vesentleg auke løyvingane til offentleg og privat forsking og utvikling.
Berekraftsmåla spelar ei viktig rolle i det norske forskings- og innovasjonssystemet, og universiteta og høgskulane er sentrale i arbeidet med å nå berekraftsmåla. Noreg treng både verdsleiande fagmiljø og høg kvalitet i heile breidda av forsking og høgare utdanning for å utvikle og ta i bruk ny kunnskap for verdiskaping, omstilling og berekraft. Berekraftsagendaen er teken inn i måla i Langtidsplanen for forskning og høyere utdanning 2023–2032 og set tydeleg preg på dei tematiske prioriteringane, mellom anna klima, miljø og energi. Grøn omstilling er også eit viktig element i strategien Strategi for å øke næringslivets investeringer i forskning og utvikling frå 2024. Sjå nærare omtale av nøkkeltal for forsking og utvikling (FoU) og oppfølginga av langtidsplanen, i kap. 6 Forsking og utvikling i statsbudsjettet.
EU har auka satsinga på forsking og innovasjon som skal fremje rein omstilling og berekraft på bakgrunn av overordna politiske mål og strategien for grøn giv. Satsinga skjer både gjennom rammeprogrammet for forsking og innovasjon, Horisont Europa (2021–2027), og gjennom samarbeidet om politikkutvikling og koordinering av forskingsinnsatsen i EU og dei europeiske landa gjennom Det europeiske forskingsområdet (ERA). Norske forskings- og innovasjonsaktørar deltek i Horisont Europa på lik linje med aktørar frå EU sine medlemsland, og har så langt gjort det godt i utlysingar som gjeld rein omstilling og berekraft. EU har lansert fem samfunnsoppdrag i Europa, og fire av dei er tett knytte til ambisjonane om grøn giv. Norske aktørar deltek i alle desse, og har så langt fått god utteljing på område som hav, klima og landbruk.
Regjeringa har som mål at den totale innsatsen i FoU i Noreg skal utgjere 3 pst. av BNP innan 2030, 1 pst. finansiert av det offentlege og 2 pst. av næringslivet.
Som del av BNP har FoU-investeringane lege relativt stabilt på rundt 1,5 pst. sidan 1990-talet. Det var ein stor auke i prosentdelen i perioden 2014–2020, og FoU som del av BNP nådde det høgste nivået i 2020. I åra etter 2020 fall FoU som prosentdel av BNP betydeleg, sidan Noreg sitt BNP auka langt kraftigare enn investeringane i FoU.
Totalt brukte næringslivet, instituttsektoren, universitet og høgskular 94,4 mrd. kroner på FoU-aktivitet i 2024. Dette er ein realnedgang på 2,5 pst. frå 2023. FoU-kostnadene utgjorde 1,8 pst. av BNP i 2024. I Noreg samla blei det utført 52 400 FoU-årsverk i 2024, ein nedgang på 4 pst frå 2023.
Næringslivet stod for 49 pst. av Noreg sine samla FoU-utgiftar i 2024. Næringslivet brukte 46,6 mrd. kroner på FoU-arbeid i 2024. Dette er om lag 400 mill. kroner mindre enn i 2023, noko som svarar til ein realnedgang på 3,4 pst. Det blei utført nesten 25 600 FoU-årsverk i 2024, 4 pst. færre enn i 2023.
Delmål 12.8
Innan 2030 sikre at alle menneske i heile verda har relevant informasjon om og forståing av berekraftig utvikling og eit levesett som er i harmoni med naturen.
Skulen skal bidra til at elevane utviklar naturglede, respekt for naturen og klima- og miljømedvit. Elevane skal få oppleve naturen og sjå han som ei kjelde til nytte, glede, helse og læring. Berekraftig utvikling som tverrfagleg tema i skulen skal legge til rette for at elevane kan forstå grunnleggande dilemma og utviklingstrekk i samfunnet og korleis dei kan handterast. Berekraftig utvikling handlar om å verne om livet på jorda og sikre behova til menneske som lever i dag, utan å øydelegge moglegheitene framtidige generasjonar har til å dekke sine behov. Ei berekraftig utvikling bygger på forståinga av samanhengen mellom sosiale, økonomiske og miljømessige tilhøve. Levesettet og ressursbruken til menneska har konsekvensar lokalt, regionalt og globalt.
Gjennom arbeid med temaet skal elevane utvikle kompetanse som gjer dei i stand til å ta ansvarlege val og handle etisk og miljømedvite. Elevane skal få forståing for at handlingane og vala til den enkelte betyr noko. Temaet rommar problemstillingar knytte til miljø og klima, fattigdom og fordeling av ressursar, konfliktar, helse, likestilling, demografi og utdanning. Elevane skal lære om samanhengen mellom dei ulike aspekta ved berekraftig utvikling.
Delmål 14 a
Styrke vitskapleg kunnskap, bygge opp forskingskapasitet og overføre marin teknologi – og samtidig ta omsyn til kriterium og retningslinjer frå Den mellomstatlege oseanografiske kommisjonen for overføring av marin teknologi – med sikte på å betre tilstanden i havet og auke bidraget frå det marine artsmangfaldet til utviklinga i utviklingslanda, særleg i små utviklingsøystatar og dei minst utvikla landa.
Noreg er ein sterk havforskingsnasjon, og aktørar frå heile sektoren bidreg til å styrke den vitskaplege kunnskapen om havet og bygge opp forskingskapasitet på feltet. Kunnskapsdepartementet bidreg ikkje minst gjennom basisløyvinga til institusjonane. Kunnskapsdepartementet følger opp Noregs medlemskap i UNESCOs mellomstatlege havforskingskommisjon (IOC). Departementet bidreg med 1,5 mill. kroner årleg for å støtte IOC i koordineringa og gjennomføringa av FNs tiår for havforsking for ei berekraftig utvikling, noko som i stor grad kjem utviklingsland til gode.
Det tiårige forskingsprogrammet Polhavet 2050 har fått finansiering gjennom Forskingsrådet frå og med 2026. Programmet bygger mellom anna på resultat og erfaringar frå dei to prosjekta Arven etter Nansen og GoNorth, som hadde sine siste tokt i høvesvis 2024 og 2025. Polhavet 2050 vil få ei tildeling på 1 mrd. kroner over ti år, med eit snitt på 100 mill. kroner årleg. Løyvinga blir fordelt på eit kjerneprosjekt (om lag 75 pst.) og to store utlysingar (om lag 25 pst.) i løpet av tiårsperioden. Dei 18 deltakande institusjonane vil legge inn tilsvarande ressursar. Det første toktet i Polhavet 2050 blei gjennomført i august i 2026.