Del 3
Omtale av særlege tema
6 Klima- og miljøprofil
Regjeringa sin klima- og miljøpolitikk bygger på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å legge miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at ein kan nå dei nasjonale klima- og miljømåla. For omtale av regjeringa sine samla klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementet sin fagproposisjon.
Fleire viktige verkemiddel og verktøy for å ta omsyn til klima og miljø ligg i Kommunal- og distriktsdepartementet. Departementet har mellom anna ansvar for plan- og bygningslova, samelova, kommuneøkonomi, lokalforvalting og regional- og distriktspolitikken. Gjennom vidareutvikling av desse verkemidla arbeider departementet, i samarbeid med andre departement, for ein heilskapleg og effektiv klima- og miljøpolitikk.
Areal- og samfunnsplanlegging
Areal- og samfunnsplanlegginga legg rammene for bruk av areala i Noreg, og har gjennom det stor innverknad på korleis naturen blir ivareteke og kor mykje klimagassar som blir slept ut. Som planmyndigheit har kommunane ei viktig rolle i å bidra til at Noreg når dei nasjonale natur- og klimamåla, samstundes som ulike sektorar, oppgåver og interesser blir sett i samanheng. Samfunnssikkerheit og beredskap, forsvarsformål, samfunnskritisk digital infrastruktur og behovet for næringsutvikling, bustadbygging, fornybar energi og nett skal vektleggast i samfunns- og arealplanlegginga.
Utbygging av næring, bustader, fritidsbustader og infrastruktur kan føre til inngrep i naturen. Nokre av omsyna som må takast i arealplanlegginga er verknaden av foreslått arealbruk på naturmangfald, landskap, jordvern, friluftslivsinteresser, og samisk natur- og kulturgrunnlag. I regionale planar, kommuneplanar og reguleringsplanar som kan få vesentlege verknadar for miljø og samfunn, skal verknadar utgreiast i tråd med regelverket om konsekvensutgreiingar. Konsekvensutgreiingar skal sikre at planmyndigheitene har eit godt og dekkande kunnskapsgrunnlag når planar blir vedtatt. Der planane får følgjer for naturmangfald eller vassmiljø, skal dei òg vurderast etter naturmangfaldlova og vassforskrifta. Klima- og miljødepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet arbeider med å revidere forskrift om konsekvensutgreiingar.
Areal- og samfunnsplanlegging og byggesaksbehandling etter plan- og bygningslova kan vere med å avgrense utslepp av klimagassar frå transport, arealbruksendringar, bygg og energibruk. Planar etter plan- og bygningslova skal ta klimaomsyn, slik det mellom anna går fram av føremålsparagrafen, § 3-1. Regjeringa har starta ei utgreiing av korleis omsynet til klima i plan- og bygningslova kan styrkjast. Nærare omtale av dette går fram av Meld. St. 25 (2024–2025) Klimamelding 2035 – på vei mot lavutslippssamfunnet. Forslag til lovendringar vil bli sendt på høyring hausten 2026.
Regjeringa sine nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging gir kommunane og fylkeskommunane oversikt over dei viktigaste føringane frå staten, og skal vektleggast i all planlegging etter plan- og bygningslova. I dokumentet som gjeld for perioden 2023–2027 legg regjeringa mellom anna vekt på at planlegginga skal bygge opp under berekraftsmåla og dei nasjonale klima- og miljømåla. Grøn omstilling, jordvern og samfunnssikkerheit og beredskap er òg framheva som viktige tema. Det er lagt vekt på at planlegginga skal tilpassast regionale og lokale forhold. Departementet startar hausten 2026 opp arbeidet med ein ny versjon av nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging for perioden 2027–2031.
Dei konkrete føringane for korleis klimaomsynet skal ivaretakast i planar går mellom anna fram av statlege planretningslinjer for klima og energi. Eit av føremåla med retningslinjene er å sørgje for at klimagassreduksjon, klimatilpassing, energi og natur sjåast i samanheng.
Vidare skal statlege retningslinjer for arealbruk og mobilitet fremje eit samfunn med låge utslepp gjennom utvikling av berekraftige, kompakte og attraktive byar og tettstader. Retningslinjene skal bidra til at vi planlegg slik at vi tar vare på kulturmiljø, og hindrar at dyrka mark, natur-, villrein- og friluftsområde og karbonrike areal blir bygd ned.
Arealplanlegginga er òg avgjerande for å førebygge framtidige skadar forårsaka av klimaendringar. Kommunane som planmyndigheit må ta klimaomsyn gjennom tilpassing til framtidige klimaendringar, og legge klimaframskrivingane til grunn når dei vurderer korleis eit planområde vil bli påverka.
Departementet arbeider målretta med å forbetre rettleiinga for å styrkje planlegginga i kommunane. Rettleiingsarbeidet gjeld alle delar av planlegginga, med vekt på heilskapleg og berekraftig arealplanlegging der òg omsyn til miljø og klima blir ivaretatt. Miljødirektoratet og Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har i 2026 publisert rettleiing til kommunane om oppfølging av dei statlege planretningslinjene om klima og energi.
Departementet har òg gitt ut ein rettleiar om arealrekneskap i kommuneplan. Dette skal legge grunnlaget for felles metodikk for bruk av arealrekneskap i kommuneplanprosessar, som òg omfattar tema som natur og klima, og for lettare tilgang til relevante data om arealutvikling. Planar skal vere realistiske og gjennomførlege, og arealrekneskap er eit verktøy som er nyttig for å kunne gjere vurderingar rundt disponering av areal og omsyn til klima og natur i kommuneplan. Det skjer mykje rundt bruk av ulike typar arealrekneskap i planprosessar, og dette er første versjon av rettleiaren, som vil oppdaterast. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Miljødirektoratet har i 2026 lansert ein kartbasert klimagasskalkulator for å berekne utslepp og opptak av klimagassar frå arealbruk og arealbruksendringar.
Strandsona langs sjøen og langs vatn og vassdrag er viktig for naturmangfald, friluftsliv, næringsliv og busetnad. At miljøverdiar og allmenne interesser blir tatt vare på, er eit viktig nasjonalt omsyn som dei statlege planretningslinjer for differensiert forvalting av strandsona langs sjøen skal bidra til. I delar av landet er strandsona langs sjøen under stort utbyggingspress, og store delar av strandsona er lite tilgjengeleg. Her må det førast ein restriktiv praksis når det gjeld ny utbygging. Mange enkeltinngrep i strandsona påverkar naturen og landskapet over tid, og reduserer kvalitetane til områda. Arealbruken må i størst mogleg grad avklarast gjennom planlegging, og ikkje gjennom dispensasjonar.
Regjeringa sendte i juni 2026 forslag til revidert tiltaksplan for Oslofjorden på høyring. Her vurderer regjeringa fleire innstrammingar knytt til arealplanlegginga, særleg i dei grunne sjøareala som er særleg viktige for naturmangfaldet i fjorden.
I samsvar med Havbruksmeldinga som Stortinget slutta seg til våren 2025, har departementet starta opp arbeidet med å utarbeide statlege planretningslinjer for planlegging i kystnære sjøområde, jf. Meld. St. 24 (2024–2025) Fremtidens havbruk – Berekraftig vekst og mat til verden. Det er eit mål at dei nye statlege planretningslinjene skal bidra til meir einskapleg og heilskapleg planlegging av sjøområda, og semje om felles føringar for kommunal og regional planlegging og arealforvalting av sjøområda på tvers av departementa. Dette skal gi auka føreseielegheit for næringar, kommunar og andre aktørar, og betre samordning av planar og vedtak etter plan- og bygningslova og andre lover.
Departementet samarbeider med Klima- og miljødepartementet om bruk av plan- og bygningslova for å ta vare på naturmangfald. Dette omfattar mellom anna oppfølging av tiltaksplanen for Oslofjorden og dei regionale vassforvaltingsplanane etter vassforskrifta, samt dei regionale planane for villreinfjella. Nesten heile den europeiske villreinbestanden held til i Noreg, og er ein viktig del av norsk natur og kultur. Stortingsmeldinga om villrein vart lagt fram i april 2024 og departementet deltar i oppfølginga mellom anna gjennom evaluering av regionale og kommunale planar, jf. Meld. St. 18 (2023–2024) Ein forbetra tilstand for villrein. Evalueringa skal gi råd om betre bruk av arealplanar. Departementet samarbeider òg med Klima- og miljødepartementet om oppfølginga av Stortingsmeldinga om natur, jf. Meld. St. 35 (2023–2024) Berekraftig bruk og bevaring av natur.
Fritidsbustader og reiseliv er viktig for verdiskaping og økonomisk berekraft i mange distriktskommunar, men kan òg kome i konflikt med eksisterande næringar som reindrift og landbruk. Slike inngrep kan òg få negative konsekvensar for friluftsliv, landskap og naturmangfald. Derfor er det viktig at planlegginga blir vurdert i eit regionalt perspektiv. Potensialet for fortetting eller utviding av eksisterande fritidsbustadområde bør vurderast før det blir lagt til rette for utbygging i nye område, særleg der det er utbyggingspress, for å redusere inngrep i urørt natur og sikre ei meir heilskapleg arealforvalting.
Bustad- og bygningspolitikk
Bygge-, anleggs- og eigedomsnæringa står direkte og indirekte for ein stor del av klimagassutsleppa i Noreg, og er òg den største enkeltkjelda til avfall. Byggenæringa har eit stort potensial for å kutte utsleppa, mellom anna ved å bruke klimavenlege materiale og ombruk av byggevarer.
For å styrkje bustad- og bygningspolitikken, opprettar regjeringa frå 1. januar 2027 eit nytt bustad- og bygningsdirektorat, ved å slå saman Husbanken og Direktoratet for byggkvalitet (DiBK). Det nye direktoratet får namnet Husbanken – Bustad- og bygningsdirektoratet. Direktoratet skal bidra til bustader, bygg, og bumiljø til det beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar i heile landet.
Bygningsregelverket skal sørgje for at bustader og bygg er sikre, energieffektive og miljøvenlege. Regjeringa er opptatt av at bygging skal bli meir klimavenleg. Samstundes er det viktig å halde byggekostnadane så låge som mogleg. Forslag til krav i byggteknisk forskrift som kan redusere klimafotavtrykket frå bygging og legge til rette for auka energieffektivitet, energifleksibilitet og lokal energiproduksjon, var på høyring våren 2026. Husbanken – Bustad- og bygningsdirektoratet arbeider med å gå gjennom høyringsinnspela.
Lån frå Bustad- og bygningsdirektoratet bidrar til bygging av bustader som samfunnet treng. Lån til bustadkvalitet blir gitt til bygging av miljøvenlege bustader, livsløpsbustader og til oppgradering av eksisterande bustader for å gjere dei meir energieffektive og tilpassa ei aldrande befolkning. Forslag til endringar i kriteria for lån til bustadkvalitet som kan bidra til utvikling av bustader med lågare klimaavtrykk, stimulerer til oppgradering av eksisterande bustader og opnar for å gi lån til å transformere ulike bygg til bustader vart sendt på høyring før sommaren 2026.
Regjeringa, ved kommunal- og distriktsministeren og klima- og miljøministeren, inngjekk i 2024 eit klimapartnarskap med byggenæringa for ein periode på to år. Med klimapartnarskapsavtalen er det etablert eit trepartssamarbeid, med ein arena for dialog om grøn omstilling mellom staten og byggenæringa. Gjennom avtalen er det prøvd ut nye måtar å samarbeide med næringa på, med mål om å skape konkrete og varige resultat til lågast mogleg kostnad. Klimapartnarskapsavtalen med byggenæringa synleggjer korleis klimaavtrykket frå bygging kan reduserast, og kva som må til for at verdikjeda i næringa som heilskap skal lykkast med grøn omstilling. Med avtalen har staten involvert byggenæringa i arbeidet med klima- og energikrav til bygg og digitalisering. I samband med klimapartnarskapet bidrar regjeringa med finansiering til næringa si kunnskaps- og kompetanseutvikling om redusert klimafotavtrykk frå bygging. Klimapartnarskapsavtalen varer ut 2026. Departementet er i dialog med næringa om korleis klimasamarbeidet kan bli vidareført, og ønskjer å forsterke eit breiare samarbeid om bustad- og bygningspolitikken.
7 Oppfølging av berekraftsmåla
Berekraftsmåla vart vedtatt av FN sine medlemsland i 2015. Det er til saman 17 mål og 169 delmål. Måla handlar om vekst og velstand, helse og utdanning, miljø og klima, fred, sikkerheit og samarbeid. Alle land har eit ansvar for å oppfylle berekraftsmåla innan 2030. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvar for koordineringa av det nasjonale arbeidet med berekraftsmåla. I juni 2021 vart Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening. Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030 lagt fram. I juli 2021 presenterte Noreg sin andre rapport om nasjonal implementering av Agenda 2030 i FN. Kommunal- og distriktsdepartementet er koordinerande departement for berekraftsmål 11. Kapittelet omtalar innsatsen for å nå berekraftsmåla som er finansierte over budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet.
Delmål 1.2) Innan 2030 minst halvere prosentandelen av menn, kvinner og barn i alle aldrar som lever i fattigdom, i samsvar med nasjonale definisjonar. Ein liten del av befolkninga har låg inntekt og dårlege levekår. Noreg har inga offisiell fattigdomsgrense, men det er vanleg å nytte eit mål på vedvarande låginntekt. Delen med vedvarande låg inntekt har vore relativt stabil, men har auka noko etter 2010. I treårsperioden 2022–2024 hadde 9,5 prosent av befolkninga (utanom studentar) vedvarande låginntekt. Etter å ha auka frå 2000 og med ein topp i 2018–2020, har delen barn i familiar med vedvarande låginntekt gått ned. I perioden 2022–2024 var talet 10,2 prosent, noko som var ein liten auke frå perioden før.
I enkelte byar og område med konsentrasjon av levekårsutfordringar, som ofte har ein høgare del innbyggarar med låg inntekt, har staten og kommunane avtalebaserte samarbeid om ekstra innsats, kalla områdesatsingar. Frå 2027 er det eit nytt mål for områdesatsingar, som er å bidra til auka sysselsetting, gode oppvekst- og nærmiljø og varige tenesteforbetringar. Sidan 2022 er talet på kommunar med avtale med staten om områdesatsing auka frå 4 til 14. Regjeringa vil inngå nye avtaler om områdesatsingar med kommunane Oslo og Bergen gjeldande frå 2027, når eksisterande avtaler går ut. At fleire kommunar får støtte til å gjennomføre slike satsingar, er eit steg i arbeidet med å styrkje deltakinga i samfunnet blant innbyggarar i levekårsutsette område.
Delmål 1.3) Innføre nasjonalt tilpassa sosiale velferdsordningar og tiltak for alle, inkludert minstestandardar, og innan 2030 oppnå ei vesentleg dekning av fattige og sårbare
Regjeringa har sett i verk ei rekke tiltak for å motverke effekten av auken i levekostnadar. Den statlege bustøtta skal sikre at husstandar med låge inntekter og høge buutgifter kan bu i ein trygg og god bustad. Regjeringa har styrkt bustøtta i fleire omgangar. Frå januar 2025 er det òg innført ei skjermingsordning som hindrar at dei som har inntekt frå arbeidsavklaringspengar og dagpengar får mindre eller mistar bustøtta når dei får tre utbetalingar i same kalendermånad. Regjeringa har òg sett ned eit utval som skal vurdere føremålet og rolla til bustøtta, både for hushalda og som del av bustad- og sosialpolitikken. Utvalet skal levere ein rapport innan 31. desember 2026.
Delmål 1.4) Innan 2030 sikre at alle menn og kvinner, særleg fattige og sårbare, har lik rett til økonomiske ressursar og tilgang til grunnleggande tenester, til å eige og kontrollere jord og andre former for eigedom, og til arv, naturressursar, ny teknologi og finansielle tenester, inkludert mikrofinansiering
Offentlege velferdstenester skal bidra til at alle får nødvendig bistand, slik at dei kan delta i arbeidslivet og på andre arenaer i samfunnet. Universelle og gode velferdsordningar bidrar til like moglegheiter og til å redusere forskjellar i levekår.
Trygge og gode buforhold er viktig for å jamne ut forskjellar i levekår og sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge. Den sosiale bustadpolitikken skal førebygge at folk får utfordringar på bustadmarknaden, og skal gi hjelp til dei som ikkje sjølve klarar å skaffe seg og behalde ein eigna bustad. Bustøtte, startlån og lån til utleigebustader er viktige bustadsosiale verkemiddel.
Om lag tre fjerdedelar av befolkninga i Noreg bur i ein bustad dei eig. Startlån frå Husbanken – Bustad- og bygningsdirektoratet gjer at fleire kan kjøpe eigen bustad, og lån til utleigebustader gjer at det blir tilgang på fleire eigna utleigebustader. Regjeringa har foreslått at låneramma til Bustad- og bygningsdirektoratet blir 34 mrd. kroner for 2027. Startlån og lån til utleigebustader er prioriterte føremål innanfor låneramma. Regjeringa gjer òg eit forsøk der kommunane kan gi startlån til førstegangsetablerarar som er noko betre økonomisk stilte enn dei som får startlån i dag.
Regjeringa la våren 2024 fram ei melding til Stortinget om ein heilskapleg bustadpolitikk. Meldinga tar mellom anna for seg eige- og leigemarknadane, bustadutfordringar i distrikts- og pressområde og arbeidet for særskilt sårbare grupper. I meldinga legg regjeringa fram fire innsatsområde for bustadpolitikken: 1) Fleire skal få høve til å eige eigen bustad; 2) Leigemarknaden skal vere trygg og føreseieleg; 3) Ta vare på bustadene vi har, og bygge dei vi treng og 4) Forsterka innsats for dei som ikkje sjølve klarer å skaffe seg og behalde ein eigna bustad.
Delmål 4.1) Innan 2030 sikre at alle jenter og gutar fullfører gratis og likeverdig grunnskule og vidaregåande opplæring av høg kvalitet som kan gi dei eit relevant og reelt læringsutbytte
Romane er éin av fem nasjonale minoritetar i Noreg. Departementet finansierer skulelosordninga som blir drifta av Oslo kommune. Skulelosane følgjer opp romske elevar som bur i Oslo, Lørenskog og andre nærliggande kommunar. Skulelosane arbeider for å styrkje læringsutbyttet for elevane, redusere fråvær og auke talet på elevar som fullfører grunnopplæringa. Skulelosane hjelper mellom anna til i koordineringa mellom skulen, eleven og heimen.
Delmål 5.5) Sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like moglegheiter til leiande stillingar på alle nivå der det blir teke avgjerder, i det politiske, det økonomiske og det offentlege livet
Regjeringa arbeider kontinuerleg med å oppnå likestilling i det politiske livet generelt og i leiande stillingar og verv spesielt. Som eit av dei første landa i verda, innførte Noreg stemmerett og rett til å stille til val ved kommunestyreval for kvinner. Det var ein viktig milepæl for å bli eit fullverdig demokrati.
Etter lokalvalet i 2019 var delen kvinner i kommunestyra for første gang på 40 pst. i landsgjennomsnitt, og 35 pst. av ordførarane i landet var kvinner. Etter lokalvalet i 2023 var det i gjennomsnitt 41 pst. kvinner i kommunestyra, og 37 pst. av ordførarane var kvinner. Utviklinga går rett veg, og Noreg har kome langt òg når det gjeld å bruke dei formelle rettane i praksis. Vi er likevel ikkje i mål når det gjeld kjønnsbalanse i politiske verv i lokalpolitikken, og det er store variasjonar mellom kommunane.
Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at ved lokalvalet i 2023 var 42 pst. av alle kandidatane kvinner, mot 43 pst. i 2019. Blant kandidatane som fekk stemmetillegg av partiet, var 43 pst. kvinner, medan 33 pst. av kandidatane på førsteplass på listene var kvinner. Det er store variasjonar mellom partia når det gjeld kvinner både på listene som heilskap og på dei øvste plassane med stemmetillegg.
Delmål 8.3) Fremje ein utviklingsretta politikk som støttar produktive aktivitetar, oppretting av anstendige arbeidsplassar, entreprenørskap, kreativitet og innovasjon, og stimulere til formalisering av og vekst i talet på svært små, små og mellomstore bedrifter, mellom anna ved å gi dei tilgang til finansielle tenester
Under berekraftsmål 8 har departementet fleire næringspolitiske verkemiddel retta mot utvikling av verksemder, innovasjon og sysselsetting over heile landet. Verkemidla gir verksemdene tilgang på kapital, rådgiving og nettverk, med mål om vekst i sysselsetting, lønnsemd og produktivitet. Fleire av ordningane har òg som mål å bidra til å realisere det grøne skiftet. Ordningane kan vise til gode resultat for økonomisk utvikling, innovasjon og sysselsetting.
Delmål 9.1) Utvikle påliteleg, berekraftig og solid infrastruktur av høg kvalitet, inkludert regional og grensekryssande infrastruktur, for å støtte økonomisk utvikling og livskvalitet med vekt på overkomeleg pris og likeverdig tilgang for alle
Regelverket på bygningsområdet, byggteknisk forskrift (TEK17) og byggesakforskrifta (SAK10), skal vere enkelt å forstå og bruke. Digitalisering av plan- og byggesakprosessar er med på å legge til rette for meir effektive prosessar. God flyt av digital data i verdikjeda er sentralt. Gjennom digitalisering og vidareutvikling av regelverket, har Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) bidratt til å omstille næringslivet til å bli meir berekraftig, med meir effektiv bruk av ressursar.
Delmål 10.3) Sikre like moglegheiter og redusere skilnadar i levekår, mellom anna ved å avskaffe diskriminerande lover, politikk og praksis og ved å fremje lovgiving, politikk og tiltak som er eigna til å nå dette målet
Berekraftsmål 10 har som mål å redusere ulikskap i og mellom land. Gjennom tilskot til fylkeskommunane ønsker regjeringa å auke kompetansen hos fylkeskommunane og kommunane til å planlegge for eit universelt utforma samfunn som ikkje diskriminerer fysisk og kognitiv funksjonshemming. Kartverket får årleg tilskot til kartlegging av tilgjengelegheit i kommunesentra og friområde for å gjere desse tilgjengelege for alle.
Trygge og gode buforhold er viktig for å jamne ut skilnadar i levekår. Den statlege bustøtta skal sikre husstandar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. I 2025 fekk i snitt 99 800 husstandar bustøtte kvar månad. Startlån skal bidra til at personar med langvarige bustadfinansieringsproblem kan skaffe seg ein eigna bustad og behalde han. Husbanken – Bustad- og bygningsdirektoratet formidlar startlån til kommunane, og i 2025 vidareformidla kommunane startlån til om lag 7 430 husstandar. Barnefamiliar og personar med funksjonshemming er prioriterte grupper for startlån. Fleire studiar har dokumentert diskriminering på leigemarknaden og i bustadmarknaden. Diskriminering er ifølgje husleigelova forbode. Husleigelovutvalet drøfta i NOU 2024: 19 Ny boligleielov tiltak som kan bidra til å redusere diskriminering på leigemarknaden. Departementet arbeider med å følgje opp NOU-en. Kommunale bustader er eit verkemiddel for hushald som ikkje klarer å skaffe seg ein bustad på eiga hand, til dømes på grunn av diskriminering. Kommunane disponerte totalt 116 819 leigebustader per 1. januar 2025.
Mykje tyder på at levekåra for den nasjonale minoriteten romar er langt dårlegare enn i befolkninga elles. Departementet finansierer Romano Khers ressurssenter, som mellom anna skal bidra til at romar får likeverdige tenester gjennom helse- og sosialfagleg innsats.
Departementet finansierer òg tiltak i Lørenskog kommune for å redusere utfordringane som romar opplever i møte med det kommunale tenesteapparatet og i nærmiljøet. I 2025 har kommunen, som tidlegare år, vore opptatt av inkluderande tiltak for barn og unge og då særleg skuledeltaking.
Delmål 11.1) Innan 2030 sikre at alle har tilgang til tilfredsstillande og trygge bustader og grunnleggande tenester til ein overkomeleg pris, og betre forholda i slumområde
Berekraftsmål 11 handlar om å gjere byar og lokalsamfunn trygge, robuste og berekraftige, og delmål 11.1 går ut på å sikre at alle har tilgang til tilfredsstillande og trygge bustader til ein overkommeleg pris. Regjeringa vil at folk skal kunne bu i ein eigna bustad i heile landet, og har eit mål om 130 000 igangsette bustader innan 2030. I arbeidet med målet vil regjeringa legge til rette for bustadbygging, ta betre i bruk eksisterande bygg og legge til rette for ein meir velfungerande leigemarknad.
For å styrkje bustad- og bygningspolitikken, opprettar regjeringa frå 1. januar 2027 eit nytt bustad- og bygningsdirektorat, ved å slå saman Husbanken og Direktoratet for byggkvalitet (DiBK). Det nye direktoratet får namnet Husbanken – Bustad- og bygningsdirektoratet. Direktoratet skal bidra til bustader, bygg, og bumiljø til det beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar i heile landet.
Gjennom bustadpolitikken vil regjeringa legge til rette for velfungerande bustadmarknadar slik at terskelen for å kunne skaffe seg ein eigna bustad ikkje blir for høg. Bustøtteordninga skal sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. Startlån frå Bustad- og bygningsdirektoratet gjer at fleire kan kjøpe ein eigna bustad, og direktoratet forvaltar òg lån til utleigebustader som bidrar til fleire eigna utleigebustader. Husleigetvistutvalet (HTU) bidrar til ein tryggare og meir velfungerande leigemarknad gjennom informasjon og rettleiing om rettar og plikter til leigetakarar og utleigarar. Direktoratet har ein innsats for bustadutvikling i distriktskommunar, og har i 2026 styrka innsatsen overfor kommunane i nord. Bustad- og bygningsdirektoratet skal òg medverke til å skaffe fleire eigna bustader til eldre, og har personar med nedsett funksjonsevne og utviklingshemming som ei prioritert målgruppe. For å samle og styrkje verkemidla på leigemarknaden, slo regjeringa saman HTU og dåverande Husbanken med verknad 1. januar 2026. Det vil bidra til gjere sakshandsaminga av husleigetvistar meir robust, og at ein saman kan bruke fleire ressursar på å førebygge konfliktar.
Ein av dei nasjonale indikatorane er talet på personar i førebelse butilbod. Det har vore ein klar auke i folk som bur i mellombelse butilbod i meir enn tre månadar.
Det er ingen slumområde i Noreg, men nokre byar har område med opphoping av dårlege levekår. I 2026 har staten avtaler med 14 kommunar om ein ekstra innsats for levekårsutsette område gjennom områdesatsingar.
Delmål 11.2) Innan 2030 sørgje for at alle har tilgang til trygge, tilgjengelege og berekraftige transportsystem til ein overkomeleg pris og betre tryggleiken på vegane, særleg ved å legge til rette for kollektivtransport og med særleg vekt på behova til personar i utsette situasjonar, kvinner, barn, personar med nedsett funksjonsevne og eldre
Gjennom arbeidet med byvekstavtalane vil regjeringa framleis satse på kollektivtransport, sykling og gonge i dei store byområda. Kommunal og regional arealplanlegging må sikre ein effektiv arealbruk og tilstrekkeleg bustadbygging i tråd med nullvekstmålet, og bidra til god by- og stadutvikling. Regjeringa vil derfor arbeide med å få areal- og parkeringspolitikken betre integrert med anna verkemiddelbruk i byvekstavtalane. Areal- og parkeringspolitikken er derfor ein integrert del av byutgreiingane. Resultat frå utgreiingane vil danne eit betre kunnskapsgrunnlag for reforhandlingar og oppfølging av avtalane.
Delmål 11.3) Innan 2030 styrkje inkluderande og berekraftig urbanisering og legge til rette for deltakande, integrert og berekraftig samfunnsplanlegging og forvalting i alle land
Byar og lokalsamfunn skal vere for alle og gi grunnlag for at òg barn, eldre og personar med funksjonshemming kan delta. Medverknad er integrert i all planlegging og sikra i plan- og bygningslova.
Delmål 11.5) Innan 2030 oppnå ein vesentleg reduksjon i talet på dødsfall og talet på personar som blir ramma av katastrofar, inkludert vassrelaterte katastrofar, og i vesentleg grad minske dei direkte økonomiske tapa i det samla bruttonasjonalproduktet i verda som følgje av slike katastrofar, med vekt på vern av fattige og personar i utsette situasjonar
Klimaendringar fører til stigande temperaturar, meir nedbør og havnivåstiging, og aukar risikoen for naturfarar som flaum og skred, overfløymingar ved stormflo og overvatn ved ekstremnedbør. Sjølv om det er svært få dødsfall i Noreg som følgje av naturkatastrofar, forårsakar naturhendingar som ras og flaum betydelege samfunnsøkonomiske tap kvart år. Klimaendringane vil føre til at konsekvensane ved naturfarar som flaum og skred vil auke i alvor framover, og det er behov for å gjere kommunane betre rusta til å ta omsyn til naturfarar i arealplanlegging og byggesak.
Tilgang til oppdatert informasjon og geografiske data er avgjerande for å ta omsyn til naturfarar i arealplanlegging. Paragraf 2-4 i plan- og bygningslova set krav til innmelding av grunnundersøkingar og naturfareutgreiingar til Noregs geologiske undersøking og Noregs vassdrags- og energidirektorat. Lovendringa følgjer opp ei av tilrådingane frå Gjerdrumutvalet for å førebygge kvikkleireskred og vil gi betre kunnskap om grunnforhold og naturfarar.
Delmål 11.6) Innan 2030 redusere negativ påverknad på miljøet frå byar og lokalsamfunn (målt per innbyggar), med særleg vekt på luftkvalitet og avfallshandtering i offentleg eller privat regi
Ei samordna bustad-, areal- og transportplanlegging er eit tiltak for å redusere dei nasjonale klima- og miljøutfordringane. For å bidra til å nå målet om nullvekst i persontrafikken i byane og til å redusere utslepp av lokal forureining, støy og klimagassar, har regjeringa inngått byvekstavtalar. Ni byområde er omfatta av ordninga med byvekstavtalar. Det er i dag inngått avtalar for sju av desse: Oslo-området, Bergensområdet, Trondheimsområdet, Nord-Jæren, Tromsø, Nedre Glomma og Kristiansandsregionen. I tråd med Nasjonal transportplan 2025–2036 vil det på sikt òg vere aktuelt å invitere Buskerudbyen (Drammensområdet) og Grenland til forhandlingar. Den forventa vidare veksten i og rundt dei største byane vil krevje effektiv arealbruk. Kompakt byutvikling er ein viktig strategi for å redusere klimagassutsleppa og fremje gode livsvilkår for innbyggarane òg i små og mellomstore byar. Norske byar har i internasjonal samanheng relativt lite luftforureining, og Noreg er blant landa i Europa som har minst risiko for tidleg død på grunn av lokal luftforureining frå vegtrafikken.
Delmål 11.7) Innan 2030 sørgje for at alle, særleg kvinner og barn, eldre og personar med nedsett funksjonsevne, har tilgang til trygge, inkluderande og tilgjengelege grøntområde og offentlege rom
Tilgang til grøntområde i byen er viktig for helse, trivsel og livskvalitet. Gjennom tilskot frå departementet gir Kartverket kommunar, fylkeskommunar og frivillige organisasjonar opplæring i kartlegging av tilgjengelegheit i kommunale offentlege uterom, friområde, parkar og område i marka. Med denne kartlegginga blir manglar oppdaga og tiltak iverksett for å gjere alle desse områda tilgjengelege, og nokre òg universelt utforma. Denne kartlegginga blir vidareført.
Regjeringa la i juni 2025 fram ein nasjonal arkitekturstrategi, Rom for kvalitet. Strategien handlar om utforming av byar og nabolag, og framhevar tydinga av kvalitet i dei bygde omgivnadane for kvardagen til folk og for samfunnsutviklinga.
Regjeringa gir støtte til fylkeskommunane til opplæring i eigen organisasjon og i kommunane i universell utforming i planlegging, og bidrar slik til at samfunnet blir universelt utforma og får trygge, inkluderande og tilgjengelege grøntområde og offentlege rom.
Delmål 11.a) Støtte positive økonomiske, sosiale og miljømessige samband mellom byområde, omland og spreiddbygde område ved å styrkje nasjonale og regionale planar
Planlegging er det viktigaste verktøyet kommunen og fylkeskommunen har når dei skal prioritere oppgåver og fastsetje areal for utbygging i by og bygd. I Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2023–2027 blir det lagt vekt på at kommunane og fylkeskommunane legg berekraftsmåla til grunn for planlegginga. Regional planstrategi og kommuneplanen sin samfunnsdel er dei viktigaste dokumenta for å avklare korleis berekraftsmåla skal følgjast opp i vidare planarbeid.
Regional planlegging er viktig for at regionen som heilskap kan legge til rette for tilstrekkeleg bustadbygging og eit effektivt transportsystem, både i byar, tettstader og spreiddbygde område. Dei siste åra har Distriktssenteret arbeidd mykje med lokalt og regionalt planarbeid for berekraftig samfunnsutvikling. Distriktssenteret har utvikla målretta rettleiing opp mot planleggarar i små distriktskommunar. I prosjektet Opplæring i plan for politikarar i Møre og Romsdal testar Distriktssenteret saman med statsforvaltar og fylkeskommunen ut nye samarbeidsmåtar med distriktskommunar i fylket, for å gjere kommunane i betre stand til å utøve rolla som samfunnsutviklar i medhald av plan- og bygningslova.
Delmål 11.c) Støtte dei minst utvikla landa i å føre opp berekraftige og solide bygg ved bruk av lokale materiale, mellom anna gjennom økonomisk og fagleg støtte
Rask urbanisering bidrar til meir luftforureining, utilstrekkeleg infrastruktur og mangel på nødvendige tenester. Noreg gir støtte til å kutte utslepp i byar og tettstader gjennom Verdens handelsorganisasjon, Verdsbanken og Koalisjonen for klima og rein luft. Noreg arbeider for robuste og berekraftige byar i dei minst utvikla landa gjennom dei multilaterale utviklingsbankane og budsjetteringsprogramma. Noreg støtter òg tiltak for smarte byar, klimatilpassing og betre buforhold gjennom FN sitt busettingsprogram i Ghana og Mosambik.
Delmål 12.5) Innan 2030 redusere avfallsmengda vesentleg gjennom førebygging, reduksjon, attvinning av materiale og ombruk
Bygg og byggeverksemd spelar ei rolle i å gjere økonomien meir fornybar, sirkulær og berekraftig. Direktoratet for byggkvalitet (DiBK) har jobba aktivt med å utvikle regelverket i byggteknisk forskrift (TEK17) og informere om regelendringar som tillét meir ombruk. Bruk av byggemateriale på ein måte som reduserer avfall på byggeplassen, handtering av avfall og digitale avfallsplanar har òg vore sentralt i DiBK sitt arbeid. Frå 1. januar 2027 opprettar regjeringa eit nytt bustad- og bygningsdirektorat, ved å slå saman Husbanken og Direktoratet for byggkvalitet (DiBK). Direktoratet skal bidra til bustader, bygg, og bumiljø til det beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar i heile landet.
Delmål 13.2) Innarbeide tiltak mot klimaendringar i politikk, strategiar og planlegging på nasjonalt nivå
Regjeringa la våren 2025 fram ei stortingsmelding om klima, jf. Meld. St. 25 (2024–2025) Klimamelding 2035 – på vei mot lavutslippssamfunnet. I stortingsmeldinga blir det lagt fram klimatiltak på fleire av departementet sine ansvarsområde. Mellom anna er kommunane si rolle i klimaomstillinga og arealpolitikk viktige delar av meldinga.
Regjeringa fastsette i 2024/2025 reviderte statlege planretningslinjer for areal og mobilitet, og for klima og energi. I dei reviderte planretningslinjene om klima og energi går det tydelegare fram korleis klimaomsynet skal ivaretakast i planlegging og anna verksemd i kommunane, og ansvarsdelinga mellom forvaltingsnivå. Retningslinjene om arealbruk og mobilitet skal mellom anna fremje eit samfunn med låge utslepp gjennom utvikling av berekraftige, kompakte og attraktive byar og tettstader, og skal bidra til å redusere tapet av dyrka mark, natur og karbonrike areal.
Å fremje berekraftig byggeverksemd har vore ei prioritert oppgåve for Direktoratet for byggkvalitet (DiBK). Forslag til krav i byggteknisk forskrift som kan bidra til at klimaavtrykket frå bygging blir redusert, var på høyring våren 2026. Gjennom klimapartnarskap med byggenæringa er det etablert dialog om redusert klimafotavtrykk frå bygging. Vidare gir Husbanken – Bustad- og bygningsdirektoratet lån til å oppgradere og bygge miljøvenlege bustader. Kriteria for desse låna skal fornyast for å sikre at ordninga bidrar til å nå bustadpolitiske mål som elles ikkje ville blitt nådd. Reviderte kriterium vart sendt på høyring før sommaren 2026.
For næringspolitiske verkemiddel har regjeringa innført prinsippet om at all støtte skal bidra til at Noreg blir eit lågutsleppssamfunn innan 2050. Prinsippet er implementert hos verkemiddelaktørane. Departementet sine verkemiddel hos Innovasjon Noreg er omfatta av prinsippet, og Innovasjon Noreg rapporter på prosjekt som blir klassifisert som miljøretta.
Delmål 16.7) Sikre lydhøyre, inkluderande, deltakingsbaserte og representative avgjerdsprosessar på alle nivå
Moglegheita til å medverke i planprosessar styrkjer og utviklar lokaldemokratiet. Det sikrar at viktige omsyn kjem fram og gir den enkelte moglegheit til å påverke avgjerder om samfunnsutviklinga og arealbruken. Planprosessar som er opne og kan etterprøvast er dessutan viktig for tilliten mellom innbyggarar og planmyndigheitene. Medverknad gir såleis betre planar, færre konfliktar og ei meir effektiv gjennomføring av planar som er vedtatt.
For spørsmål som kan påverke samiske interesser, er det eigne reglar om konsultasjonar. Stortinget vedtok våren 2021 å lovfeste plikta til å konsultere Sametinget og samiske interesser i saker som gjeld dei. Lova, som vart sett i kraft 1. juli 2021, forankrar konsultasjonsplikta for alle forvaltingsnivå, inkludert kommunar og fylkeskommunar. Lova legg til rette for gode demokratiske prosessar og skal sikre at samiske interesser kjem tidleg inn i prosessane, slik at dei har moglegheit til å påverke avgjerdene. Departementet reviderer no rettleiaren for kommunane for å sikre at dette blir gjennomført på ein god og effektiv måte.
Myndigheitene bidrar til å styrkje organisasjonane til nasjonale minoritetar, mellom anna gjennom drifts- og prosjekttilskot, slik at dei sjølve kan delta og påverke i saker som angår dei. Departementet legg til rette for kontakt med aktuelle myndigheiter i konkrete spørsmål som organisasjonane er opptatt av.
Delmål 17.17) Stimulere til og fremje velfungerande partnarskap i det offentlege, mellom det offentlege og private og i det sivile samfunn som bygger på partnarskapane sine erfaringar og ressursstrategiar
Husbanken – Bustad- og bygningsdirektoratet bidrar til mål 17, som handlar om å stimulere til og fremje velfungerande partnarskap i det offentlege, mellom det offentlege og det private og i det sivile samfunnet gjennom sitt samarbeid med mellom anna kommunar, brukar- og interesseorganisasjonar, bustadbyggelag, utbyggarar og andre velferdsdirektorat. Tverrsektorielt samarbeid på direktoratsnivå sikrar at kommunane får god informasjon og opplæring på det bustadsosiale feltet. Samarbeidet gjeld mellom anna innsatsen retta mot ulike utsette grupper på bustadmarknaden.
Gjennom avtaler med kommunar om områdesatsingar om ekstra innsats i levekårsutsette område bidrar departementet til partnarskap i det offentlege og mellom det offentlege, sivilsamfunn og private.
Med klimapartnarskapsavtalen for byggenæringa er det etablert eit trepartssamarbeid, med ein arena for dialog om grøn omstilling mellom staten og byggenæringa. Gjennom partnarskapet har staten og partane i arbeidslivet ei felles interesse i å medverke til at klimafotavtrykket frå bygging blir redusert så raskt som mogleg, samstundes som byggekostnadane blir haldne så låge som mogleg.
8 Lønsvilkår o.a. til leiarar i heileigde statlege verksemder
Electronic Chart Centre AS
Lønskostnaden for administrerande direktør utgjorde 1 426 726 kroner i 2025. Andre ytingar utgjorde 17 105 kroner medan pensjonskostnaden var 179 767 kroner. Pensjonsordninga er sikra gjennom Statens Pensjonskasse. Det er ikkje avtalt noko etterlønsordning for administrerande direktør.
Kommunalbanken AS
Administrerande direktør fekk utbetalt fastløn på 3 855 000 kroner i 2025, og fekk i tillegg 432 000 kroner i resultatbasert variabel løn. Andre ytingar utgjorde 93 000 kroner. Pensjonskostnaden var 228 000 kroner. Administrerande direktør har som andre tilsette ei innskotsbasert pensjonsordning inntil 12 G, og er omfatta av den same ordninga for resultatbasert variabel løn som andre tilsette. Ordninga er avgrensa til 1,5 månadsløner og føreset at styrefastsette måltal er nådd.
Administrerande direktør har ei etterlønsavtale tilsvarande eitt års fastløn som blir utløyst etter særskilde vilkår. Opplysningar om godtgjersle til administrerande direktør går fram av lønsrapport for leiande tilsette i Kommunalbanken for 2025. Rapporten er publisert på Kommunalbanken si nettside.
9 Likestilling og mangfald
Etter likestillings- og diskrimineringslova er arbeidsgivarar pålagde å arbeide aktivt, målretta og planmessig for å fremje likestilling og hindre diskriminering (aktivitets- og utgreiingsplikta). Kommunal- og distriktsdepartementet gjer her greie for tilstanden i departementet. Omtale av arbeidet med likestilling og mangfald i departementet sine underliggande verksemder er å finne i årsrapportane deira.
Likestilling i departementet
Tabell 9.1 Kjønnslikestilling per 31.12.2025
|
Stillingsgruppe |
Kvinner (N) |
Menn (N) |
Løn kvinner (i prosent av menn) |
|---|---|---|---|
|
Totalt |
152 |
78 |
96,7 |
|
Departementsråd |
- |
1 |
- |
|
Ekspedisjonssjef |
4 |
2 |
102,0 |
|
Avdelingsdirektør |
17 |
9 |
102,0 |
|
Kontorsjef |
1 |
- |
- |
|
Fagdirektør |
14 |
13 |
99,9 |
|
Utgreiingsleiar |
49 |
19 |
102,0 |
|
Seniorrådgivar |
38 |
27 |
101,4 |
|
Rådgivar |
20 |
3 |
103,3 |
|
Førstekonsulent |
5 |
4 |
97,5 |
|
Seniorkonsulent |
4 |
- |
- |
Tabell 9.2 Kjønnsbalanse og sjukefråvær per 31.12.2025
|
Kategori |
Kvinner (N) |
Menn (N) |
|---|---|---|
|
Kjønnsbalanse |
152 |
78 |
|
Mellombels tilsette |
4 |
3 |
|
Foreldrepermisjon |
5 |
1 |
|
Sjukefråvær (prosentdel av tilsette) |
4,02 |
1,20 |
Samla sett tyder tala på at departementet har god likestilling mellom kvinner og menn, både når det gjeld representasjon og lønn. Det samla sjukefråværet var på 3,86 prosent i 2025, mot 3,77 prosent i 2024.
Arbeidet med å oppfylle aktivitetsplikta
Rekruttering
Departementet arbeider for at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal spegle mangfaldet i samfunnet. Departementet oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, og inkluderer ei mangfaldserklæring i alle stillingsutlysingar.
Departementet legg vekt på å halde oppe ein god kjønnsbalanse på alle nivå, òg i leiinga. Ved tilsetjingar vurderer departementet alle kvalifiserte søkjarar på like vilkår og nyttar strukturerte intervju i rekrutteringsprosessane.
Tilrettelegging
Departementet legg til rette for medarbeidarar som har behov for individuell tilpassing av arbeidssituasjon. Departementet vurderer og gjennomfører tiltak knytte til arbeidsoppgåver, arbeidstid, arbeidsplass og tekniske hjelpemiddel etter behov. Leiarar og medarbeidarar avklarar behov for tilrettelegging gjennom dialog og oppfølging. Bedriftshelsetenesta hjelper ved behov.
Balanse mellom jobb og fritid
Departementet arbeider for at medarbeidarane skal ha ein god balanse mellom arbeid og fritid. Leiarane følgjer opp arbeidsbelastinga i dei einskilde einingane, og vurderer behov for prioritering og/eller omfordeling av oppgåver. Departementet gjennomgår overtids- og fleksitidsbruken jamleg og tar opp spørsmål om arbeidsbelasting i det systematiske arbeidsmiljøarbeidet og i leiargruppene i avdelingane.
Lønns- og arbeidsvilkår
Departementet arbeider for likelønn og likeverdige arbeidsvilkår for kvinner og menn. Departementet analyserer kjønnsdelt lønnsstatistikk og gjennomfører likelønnsvurderingar som grunnlag for dei lokale lønnsforhandlingane.
Departementet legg i stor grad objektive kriterium til grunn for lønnsvurderingane, og følgjer utviklinga i lønnsnivået mellom kvinner og menn. Dersom analysane avdekker uønskte eller systematiske skilnadar, vurderer departementet aktuelle tiltak.
Forfremming og utvikling
Departementet gir medarbeidarane høve til fagleg og personleg utvikling gjennom kompetansetiltak, prosjektarbeid, hospitering og andre utviklingsarenaer. Leiarane har ansvar for å følgje opp kompetansebehov og legge til rette for utvikling i den einskilde eininga.
Arbeidsmiljø
Departementet arbeider systematisk for eit trygt, inkluderande og godt arbeidsmiljø. Departementet kartlegg arbeidsmiljøet gjennom medarbeidarundersøkingar, medarbeidarsamtalar og i dialog med tillitsvalde og verneombod, og bruker resultata til oppfølging og forbetring.
Departementet har etablerte rutinar for varsling og handtering av kritikkverdige forhold, mellom anna trakassering og diskriminering. Gjennom samarbeid med arbeidsmiljøutvalet, verneomboda og bedriftshelsetenesta følgjer departementet opp helse, miljø- og tryggleiksarbeidet, og arbeider for eit arbeidsmiljø prega av respekt, likeverd og inkludering.