Prop. 1 S (2015–2016)

FOR BUDSJETTÅRET 2016 — Utgiftskapitler: 1800–1840, 2440 og 2490 Inntektskapitler: 4800–4840, 5440, 5490, 5582, 5680 og 5685

Til innholdsfortegnelse

Del 3
Omtale av særskilde tema

5 Prosjekt under utbygging

Alle større prosjekt på norsk sokkel må levere ein plan for utbygging og drift (PUD) eller plan for anlegg og drift (PAD) til godkjenning hos styresmaktene før høvesvis utbygging av ein petroleumsførekomst eller bygging av eit anlegg for transport og utnytting av petroleum finn stad. I dette kapitlet er det gitt ei samla omtale av kostnadsutviklinga for dei prosjekta der PUD/PAD er godkjent av styresmaktene, men der prosjekta framleis er under utbygging eller har komme i produksjon etter 1. august 2014. Som bakgrunn for omtala har departementet innhenta opplysningar frå operatørselskapa for dei ulike prosjekta i juni 2015. Prosjekta er under utbygging og investeringsanslaga kan følgjeleg endre seg etter dette.

I Oljedirektoratets rapport «Vurdering av gjennomførte prosjekter på norsk sokkel» utgitt i 2013, er det konkludert med at dei fleste prosjekta på norsk sokkel endar opp med utbyggingskostnader innanfor usikkerheitsspennet som er oppgitt i PUD. På trass av dette er det store kostnadsoverskridingar frå utbyggingsprosjekta samla sett. Dette skuldast hovudsakleg nokre få prosjekt med store overskridingar. For desse prosjekta peiker direktoratet på manglar i ein tidleg fase av arbeidet og i sjølve prosjektoppfølginga som hovudårsaker til tids- og kostnadsoverskridingane.

Kostnadsanslaga i PUD/PAD har eit usikkerheitsspenn på +/- 20 prosent. Det betyr at til trass for at operatørane rapporterer inn avvik, så er det ikkje nødvendigvis avvik frå det estimerte kostnadsintervallet for prosjektet. Auka investeringsnivå sidan framlegging av PUD treng heller ikkje å vere negativt for lønnsemda i eit prosjekt. I den grad det høgare investeringsnivået resulterer i auka verdiskaping, vil det medverke til høgare lønnsemd i prosjekta.

Utviklinga i prisane på varer og tenester som inngår under utbyggingar på norsk sokkel er i stor grad påverka av internasjonale forhold. I likskap med utviklinga internasjonalt har òg kostnadsnivået på norsk sokkel vore prega av ein sterk vekst dei seinare åra. Kostnadene på norsk sokkel har meir enn dobla seg sida år 2000. Denne trenden er no broten for sentrale kostnadskomponentar. Internasjonalt er det observert fall i prisar innanfor dei fleste hovudsegmenta av varer og tenester til bruk i petroleumssektoren. Endringa har vore mest markert innanfor riggsegmentet, der ratane er reduserte med opptil 50 prosent. Som følgje av auka fokus på kostnadskontroll og effektivisering i næringa er det observert lågare investeringsanslag på enkelte prosjekt under utbygging.

Tabell 5.1 og 5.2 viser ei oversikt over differansen mellom operatørane sine investeringsoverslag på PUD/PAD-tidspunktet og overslaga deira per juni 2015, og endringa i investeringsanslaget sidan i fjor.

Tabell 5.1 Investeringsanslag, prosjekt under utbygging

(i mill. 2015-kroner)

PUD/PAD- godkjent

PUD/PAD-estimat

Nye anslag

Endring frå i fjor1

Totalendring

Totalendring i prosent

Rutil i Gullfaks Rimfaksdalen

2015

4 758

4 267

-

-491

-10

Johan Sverdrup byggetrinn I

2015

117 368

117 368

-

-

-

Maria

2015

15 300

15 300

-

-

-

Edvard Grieg oljerøyrleidning

2014

2 112

1 698

-249

-414

-20

Flyndre

2014

3 529

3 670

141

141

4

Utsirahøgda gassrøyrleidning

2014

1 446

1 447

-24

1

0

Aasta Hansteen

2013

32 130

32 780

560

650

2

Gina Krog

2013

30 428

30 822

747

394

1

Ivar Aasen

2013

26 366

26 114

-29

-252

-1

Polarled

2013

25 725

22 444

-163

-3 281

-13

Edvard Grieg1

2012

22 821

24 798

517

1 977

9

Martin Linge

2012

27 591

34 816

3 656

7 225

26

Åsgard undervasskompresjon

2012

16 976

20 199

1 990

3 223

19

Goliat

2009

31 921

48 557

820

16 636

52

Sum

358 471

384 280

7 966

25 809

7

1 Eksportrøyr for olje og gass frå Edvard Grieg har eigne rettshavargrupper og er tiltenkt tredjepartsbruk frå oppstart. Røyra er skilte ut som eigne prosjekt etter framlegging av PUD for Edvard Grieg. Desse investeringane er derfor i sin heilskap trekte frå prosjektet.

Tabell 5.2 Investeringsanslag, prosjekt som er ferdigstilte og har starta produksjon etter 1. august 2014

(i mill. 2015-kroner)

PUD/PAD- godkjent

PUD/PAD-estimat

Nye anslag

Endring frå i fjor

Totalendring

Totalendring i prosent

Oseberg Delta 2

2013

7 551

7 542

62

-9

0

Bøyla

2012

5 229

5 709

293

480

9

Brynhild

2011

4 449

7 745

698

3 296

74

Eldfisk II

2011

39 399

40 057

19

658

2

Knarr

2011

12 196

14 089

-2 483

1 893

16

Valemon

2011

20 045

22 298

-706

2 253

11

Sum

88 869

97 440

-2 117

8 571

10

For prosjekt som framleis er under utbygging på norsk sokkel er samla investeringar berekna til om lag 384,4 mrd. kroner. Dette utgjer samla sett ein auke på om lag 7 prosent frå det som var skissert ved dei ulike PUD/PAD-tidspunkta. Investeringsanslaget i år er om lag 8 mrd. kroner høgare for desse prosjekta samanlikna med fjorårets anslag.

For prosjekta som er ferdigstilte og har starta produksjon etter 1. august 2014 er samla investeringar berekna til om lag 97,4 mrd. kroner. Dette utgjer ein auke på om lag 10 prosent frå det som var skissert ved PUD/PAD-tidspunkta. Investeringsanslaget i år er om lag 2,1 mrd. kroner lågare enn det samla anslaget i fjor for desse prosjekta.

For 17 av dei 20 omtalte prosjekta er avviket såleis innanfor eit +/- 20 prosent usikkerheitsspenn, som normalt er lagt til grunn for investeringsanslaget.

Det er samla sett god lønnsemd i prosjekta. Summert noverdi for prosjekta er berekna til om lag 520 mrd. kroner.1 Noverdi for infrastrukturprosjekta Edvard Grieg røyrleidning, Polarled og Utsira gassrøyrleidning er ikkje berekna. Desse prosjekta har regulert avkastning.

Kostnadsendringar på enkeltprosjekt

Prosjekt under utbygging

For Ivar Aasen og Utsirahøgda gassrøyrleidning er det ingen eller små endringar i investeringsanslaget samanlikna med overslaga i PUD/PAD. Tilsvarande gjeld for Johan Sverdrup og Maria som nyleg er blitt godkjente.

Aasta Hansteen

I Aasta Hansteen-prosjektet er det rapportert om ein auke i investeringsanslaget på om lag 650 mill. kroner sidan PUD. Auken frå same rapportering i fjor er på 560 mill. kroner. Auken skuldast forlenga byggjeperiode i Sør-Korea. Etter innrapporteringa av kostnadsendringar for prosjektet i juni 2015 har operatøren informert departementet om ytterlegare forseinkingar ved bygginga av plattforma. Dette medfører at oppstart av produksjonen vil kunne forskyvast til 2018. Det blir arbeidd med å stadfeste dei økonomiske konsekvensane av dette. Departementet vil komme tilbake med oppdateringar av prosjektet i proposisjon om ny saldering av budsjettet for 2015.

Edvard Grieg

Edvard Grieg har auka investeringsanslaget med om lag 2 mrd. kroner sidan PUD. Om lag halvparten av denne auken kjem av at kontraktleveransar vart gjennomførte på eit tidspunkt der marknadsprisane på utstyrskomponentar auka betydeleg meir enn kva som vart anslått ved PUD-innlevering. 600 mill. kroner skuldast auka prosjekteringskostnader. Resten kjem frå auka konstruksjonskostnader, og forseinka framkome av løftefartøy med påfølgjande forseinka installasjon. Frå same rapportering i fjor er overslaget auka med i overkant av 0,5 mrd. kroner. Det skuldast primært ekstra timar til prosjektering og utbygging.

Edvard Grieg røyrleidning

For Edvard Grieg oljerøyrleidning er investeringsanslaget redusert med 414 mill. kroner sidan PAD. Årsaka er ein reduksjon i estimerte kostnader for marine operasjonar.

Flyndre

I Flyndre-prosjektet er det rapportert om ein auke i investeringsanslaget på 141 mill. kroner sidan PUD. Flyndre-feltet og det britiske feltet Cawdor blir utvikla saman som ein subsea tieback til Clyde-plattforma. Auken skuldast i all hovudsak ei ny fordeling av kostnader knytt til undervassinstallasjon mellom Flyndre og det britiske feltet Cawdor etter at alle relevante avtaler er ferdigstilte.

Gina Krog

Dei totale investeringskostnadene for Gina Krog-feltet har auka med 394 mill. kroner sidan PUD. Sidan same rapportering i fjor er anslaget auka med 747 mill. kroner. Auken skuldast hovudsakleg auka prosjekteringskostnader for plattformdekket og pris for utstyrspakkar. Auken i investeringar er noko redusert av at alle kostnader for lagerskip er bokførte som driftsutgifter. I tillegg er venta kostnader for modifikasjon av Sleipner, røyrleidningskostnader og brønnkostnader reduserte.

Goliat

Investeringsanslaget for Goliat viser ein auke på om lag 820 mill. kroner frå 2014 til 2015. Auken i investeringane frå det som vart estimert i PUD i 2009 er på om lag 16,6 mrd. kroner. Kostnadsauken er i hovudsak knytt til marknadsprisar, lengre leveringstid for utstyrspakkar og høgare råvarekostnadar grunna sterkt press i leverandørmarknaden. Dette har påverka kostnadsrammene for fabrikasjon og installasjon av undervassutstyr og røyrleidningar, boring og komplettering av brønnar og ulike utstyrspakkar. Produksjonseininga har blitt fordyra med årsak i teknologiske utfordringar, meir omfattande engineering, diverse designendringar, akselerasjonskostnadar og større arbeidsmengde enn føresett, noko som har ført til utsett leveringstidspunkt av eininga frå leverandøren og følgjeleg utsett produksjonsstart. Kostnadsauken frå sist rapport er forårsaka av svekka kronekurs i forhold til vekslingskursar antekne ved PUD.

Rutil i Gullfaks Rimfaksdalen

Rutil i Gullfaks Rimfaksdalen har ein reduksjon i investeringsanslaget på 491 mill. kroner sidan PUD. Reduksjonen skuldast meir effektiv boring enn venta og optimalisering av modifikasjonar på Gullfaks A-plattforma.

Martin Linge

Investeringsanslaget for Martin Linge-prosjektet har auka med om lag 7,2 mrd. kroner sidan PUD. Sidan førre rapportering i fjor er anslaget auka med 3,7 mrd. kroner. Rettshavarane har bestemt å utsetje produksjonsstart med eitt år til januar 2018. Årsaka er forseinka detaljprosjektering av plattformoverbygget. Innløfting offshore og vidare samanstilling blir dermed forskyvd frå tredje kvartal 2016 til andre kvartal 2017. Utsetjinga har følgjekostnader knytte til å oppretthalde prosjektteamet og gjenforhandle kontraktar som får endra oppstart. Prosjektkostnaden aukar òg som følgje av svekka kronekurs i forhold til annan valuta, hovudsakleg mot amerikanske dollar og euro.

Polarled

For Polarled er det ein reduksjon i investeringsanslaget på om lag 3,3 mrd. kroner sidan PAD. Det er ingen store endringar i investeringsanslaget sidan same rapportering i fjor. Noko av reduksjonen i anslaget sidan PAD skuldast at ein del av prosjektet (Kristin gasseksportprosjekt) har blitt terminert. Vidare er det betydelege sprik i kostnadsutvikling mellom modifikasjonane på Nyhamna og sjølve Polarled-røyrleidningen av prosjektet. Kostnadsanslaget for modifikasjonane på Nyhamna har auka betydeleg fordi arbeidet har fått større omfang og vekt. Dette skuldast i hovudsak manglande modning av teknisk underlag ved investeringsavgjerd, som igjen har fått følgjer for prosjekteringsanskaffingar og konstruksjonsarbeid. Kostnadsanslaget for røyrleidningen har likevel falt meir, slik at prosjektet totalt sett har hatt ei betydeleg innsparing. Dette skuldast at prosjektet har oppnådd lågare leverandørprisar og positive synergiar med andre røyrprosjekt.

Åsgard undervasskompresjon

For Åsgard undervasskompresjon har investeringsanslaget auka med om lag 3,2 mrd. kroner sidan godkjenning av endra PUD. Sidan same rapportering i fjor er anslaget auka med om lag 2 mrd. kroner. Auken i investeringane skuldast generelt auka kompleksitet. Det har gitt auke i prosjekteringstimar for havbotnutstyr inkl. kontrollsystem og meir omfattande arbeid med tilpassing av installasjonsfartøy. Prosjektet har òg erfart store kostnadsaukar på grunn av ein meir pressa leverandørmarknad siden PUD-innlevering.

Prosjekt som har start produksjon etter 1. august 2014

Oseberg Delta 2 har ingen endring i investeringsanslag frå anslaga i PUD.

Brynhild

Brynhild har ein auke i investeringsanslaget på om lag 3,3 mrd. kroner sidan PUD. Endringa frå same rapportering i fjor er ein auke på om lag 0,7 mrd. kroner. Auken frå PUD skuldast både auka kostnader med det flytande produksjonsskipet på Pierce-feltet som ligg på britisk sokkel og forseinka framdrift på bore- og kompletteringsoperasjonane. Siste års auke skuldast ytterlegare forseinkingar med boring og komplettering av produksjonsbrønnane og meirkostnader på produksjonsskipet. Feltet er no i produksjon og brønnane er ferdigstilte.

Bøyla

Bøyla har ein auke i investeringsanslaget på 480 mill. kroner i forhold til anslaget ved PUD. Sidan førre rapportering i fjor er anslaget auka med 293 mill. kroner. Auken skuldast hovudsakleg auka kostnader knytte til boring og komplettering av brønnar og kostnader knytte til undervassanlegget. Det er òg auka kostnader som følgje av forlenga prosjektoppfølging og kostnader knytte til modifikasjonar på Alvheim produksjonsskip.

Eldfisk II

Eldfisk II har ein auke i investeringsanslaget på 658 mill. kroner sidan PUD. Auken skyldast i all hovudsak auka borekostnader. Det er ingen store endringar i investeringsanslaget sidan same rapportering i fjor.

Knarr

Knarr har ein auke i investeringsanslaget på om lag 1,9 mrd. kroner sidan PUD. Sidan same rapportering i fjor er anslaget redusert med om lag 2,5 mrd. kroner. Avviket frå PUD skuldast hovudsakleg endra design av produksjons- og lagereininga og høgare marknadsprisar. Reduksjonen sidan førre rapportering skuldast mindre komplikasjonar enn venta i ferdigstilling og oppkopling av produksjons- og lagereininga.

Valemon

Valemon har ein auke i investeringsanslaget på 2,3 mrd. kroner sidan PUD. Sidan same rapportering i fjor er anslaget redusert med 706 mill. kroner. Auken frå PUD skuldast hovudsakleg auka kostnader for å sikre forlenga levetid for Heimdal-plattforma, kompensasjon til Huldra for tilgang på røyrleidningskapasitet, og auka kostnader til leige av rigg og flotell. Reduksjonen skuldast at vederlag til Huldra-lisensen er redusert, som følgje av skatteeffektar.

Andre saker

Utbygging av Johan Sverdrup-feltet og oppfølging av Prop. 114 S og Innst 382 S (2014–2015)

Departementet har godkjent planane for Johan Sverdrup-feltets første byggjetrinn, jf. Prop. 114 S og Innst. 382 S (2014–2015). Rettshavarane i Sverdrup ser på ei endring av delar av oljerøyrtraseen, blant anna den delen som går over land, samanlikna med planane som departementet har godkjent. Operatøren sende konsekvensutgreiing av den moglege traseendringa på høyring i midten av september 2015. Dersom rettshavarane ønskjer å endre traseen må dei søkje departementet om godkjenning.

Ved departementets godkjenning av planane vart det blant anna sett som vilkår at: «rettighetshaverne på Johan Sverdrup-feltet skal senest i 2022 etablere en områdeløsning for kraft fra land som skal dekke hele kraftbehovet til feltene Johan Sverdrup, Edvard Grieg, Ivar Aasen og Gina Krog».

Departementet vil årleg orientere Stortinget om status og framdrift for arbeidet med seinast i 2022 å etablere ei områdeløysning for kraft frå land til Sverdrup, Grieg, Aasen og Krog.

Oljedirektoratets vurdering er at det er mest føremålstenleg å sjå etableringa av områdeløysinga for kraft frå land i samanheng med utvikling av det andre byggjetrinnet på Sverdrup. Konseptval for Sverdrup sitt andre byggjetrinn er planlagt i fjerde kvartal 2015 og ei avgjerd om vidareføring er venta 2016. Etter timeplanen for etableringa av områdeløysinga, vil deling av kraftprofilar og tekniske data mellom dei involverte felta skje frå tredje kvartal 2015. Detaljerte kommersielle forhandlingar vil begynne i midten av 2016.

Kraftbehovet på Grieg-innretninga skal dekkjast med kraft frå land. Operatøren for Grieg-feltet er i gang med å utgreie alternative løysingar for å dekkje varmebehovet på innretninga etter at løysinga med kraft frå land er på plass. Stortinget vil bli orientert på eigna måte om departementets vidare behandling av den langsiktige løysinga for Grieg-innretningas varmebehov.

Eit delelement i Sverdrup-eigarane sitt arbeid med andre byggjetrinn er korleis dette byggjetrinnet sitt varmebehov bør dekkjast. Dette spørsmålet vil bli følgt opp gjennom konseptval og det påfølgjande arbeidet med planane for byggje-trinn 2. Departementet vil, fram mot innlevering av utbyggingsplanane, årleg orientere Stortinget om status for dette arbeidet.

6 Omtale av klima- og miljørelevante saker

Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan bli nådde. Vidare har sektorstyresmaktene ansvar for å gjennomføre tiltak innanfor eigne område som trengst for å kunne nå måla i klima- og miljøpolitikken. For ei samla omtale av regjeringas klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementet sin fagproposisjon.

Klima- og miljøutfordringar i olje- og gassutvinning er utslepp til luft og til sjø. Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar kan føre med seg inngrep i natur- og kulturmiljø. Omsynet til miljø og berekraftig utvikling er og har alltid vore ein integrert del av den norske petroleums- og energiverksemda. Ei rekkje reguleringar medverkar til at det blir teke omsyn til miljøet i alle fasar av petroleumsverksemda og ved utbygging av fornybar energi. Det har gjennom fleire år blitt gjennomført omfattande tiltak.

Olje- og energidepartementet vil i 2016 følgje opp innsatsområde i klimapolitikken og halde fram arbeidet for å følgje opp og forsterke klimaforliket gjennom teknologiutvikling, uttesting, FoU og energiomlegging på olje- og energiområdet.

6.1 Klima- og miljørelevante satsingar i budsjettet

Regjeringa vil at Noreg skal vere ein føregangsnasjon innan miljøvennleg produksjon og bruk av energi. For å styrkje utviklinga av miljøvennleg produksjon og bruk av energi er det grunnleggjande å ha langsiktige og stabile rammevilkår. Satsinga gjennom Enova er eit sentralt element i regjeringa sin miljø- og klimapolitikk på energiområdet. Enovas formål er å fremje ei miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon og utvikling av energi- og klimateknologi. Verksemda skal bidra til å styrkje forsyningssikkerheita og redusere utsleppa av klimagassar. Enova tilbyr blant anna investeringsstøtte og rådgjeving og driv informasjonsverksemd for å stimulere aktørar til å investere i energi- og klimatiltak.

Regjeringa har styrka satsinga gjennom Enova ved å auke kapitalen i Fond for klima, fornybar energi og energiomlegging. Det er foreslått at fondet blir tilført 14,25 mrd. kroner i 2016. Dette vil gjere at fondet blir tilført 17,75 mrd. kroner meir enn ambisjonen i klimaforliket og vil bringe fondet opp på 67,75 mrd. kroner.

Regjeringa satsar breitt på å utvikle kostnadseffektiv teknologi for fangst og lagring av CO2 og har ambisjon om å bidra til å realisere minst eit fullskala demonstrasjonsanlegg for CO2-fangst innan 2020, jf. regjeringas strategi for CO2-handtering som vart lagt fram i Prop. 1 S (2014–2015) for Olje- og energidepartementet.

Regjeringa aukar løyvingane til forsking og teknologiutvikling innanfor energisektoren, mellom anna for å stimulere til auka investeringar i forsking og innovasjon i næringslivet og medverke til utvikling av miljøvennleg energiteknologi.

6.2 Klima- og miljøutfordringar

Klima- og miljøutfordringar i olje- og gassutvinning er utslepp til luft og til sjø. Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar kan føre med seg inngrep i natur- og kulturmiljø.

Utslepp til luft

Stasjonær forbrenning, inklusive olje- og gassutvinning, står for ein monaleg del av dei norske utsleppa til luft av karbondioksid (CO2), nitrogenoksid (NOx), flyktige organiske sambindingar utan metan (nmVOC), partiklar (PM) og polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH) 2.

Noreg skil seg frå andre land ved at ein stor del av det innanlandske stasjonære energiforbruket blir dekt av elektrisitet, og heile det innanlandske elektrisitetsforbruket er basert på vasskraft. Elektrisitet frå vasskraft medverkar til låge luftutslepp frå den innanlandske stasjonære energibruken. Dette inneber òg at Noreg har eit snevrare grunnlag for å redusere utsleppa frå elektrisitetsproduksjon enn andre land. Utslepp frå innanlandsk energiforsyning og energi brukt til oppvarming av bygningar i 2014 var i underkant av 2,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Samla utgjer utslepp frå energisektoren innanlands og energi brukt til oppvarming av bygningar 5,4 prosent av dei totale utsleppa i Noreg.

Produksjon og bruk av elektrisk kraft kan variere mykje frå år til år som følgje av variasjonar i tilsig og temperatur. I år med lågt tilsig og relativt høge prisar på elektrisk kraft vil normalt bruken av alternative energiberarar, som fyringsolje, gass og biomasse, auke. Dette er ei viktig årsak til at utsleppa frå innanlands stasjonær energibruk varierer frå år til år.

På grunn av den særeigne samansetninga av norsk økonomi og at kraftproduksjonen på fastlandet er nær berre vasskraft, står verksemda på kontinentalsokkelen for ein vesentleg del av dei norske utsleppa av klimagassar. I 2014 sleppte petroleumsverksemda ut klimagassar tilsvarande 14,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar, inkludert utslepp frå brenning og prosessar på offshore- og landanlegg. Dette var ein auke på 6,5 prosent frå 2013. Auken har samanheng med auken i talet på boredøgn på felt i produksjon og i leitefasen. Ein reknar med at utslepp av klimagassar frå petroleumsverksemda vil auke fram til rundt 2017 for deretter gradvis å minke.

Utslepp av CO2 er den største kjelda til klimagassutslepp frå petroleumsverksemda. I 2014 var utsleppa av CO2 om lag 13,8 mill. tonn. Av andre klimagassar blei det sloppe ut om lag 34 500 tonn metan (CH4).

Petroleumsverksemda sleppte i 2014 ut 49 500 tonn NOx (nitrogenoksid), ein reduksjon på om lag 2 700 tonn, det vil si over 5 prosent frå 2013. Utsleppa av NOx frå petroleumsverksemda tilsvara om lag 33,5 prosent av dei totale NOx-utsleppa i Noreg. Gassbrenning i turbinar, fakling av gass og dieselbruk på innretningane på kontinentalsokkelen er sentrale utsleppskjelder for NOx.

Olje- og gassutvinning står for 31,3 prosent av dei samla norske nmVOC-utsleppa (flyktige organiske sambindingar utan metan), med utslepp i 2014 på 43 700 tonn. Sidan starten av 2000-talet er utsleppa av nmVOC frå petroleumsverksemda sterkt reduserte. Utsleppsreduksjonane er oppnådde som følgje av installering av anlegg for fjerning og gjenvinning av oljedamp på lagerskip og skytteltankarar.

Utsleppa av CO2 frå olje- og gassutvinning tilsvara i 2014 om lag 11 200 tonn, ein auke på 200 tonn frå 2013. Det blei i 2014 sloppe ut om lag 800 tonn SO2.

Utslepp til sjø

Dei siste åra har petroleumsverksemda gjennomført omfattande tiltak for å redusere utsleppa til sjø. Petroleumsindustrien har investert milliardar og har gjennomført tiltak som har redusert utsleppa betydeleg. Utslepp av tilsette miljøfarlege kjemikaliar frå norsk sokkel er reduserte med over 99 prosent dei siste ti åra. Nullutsleppsmålet blir rekna som oppnådd for tilsette kjemikaliar.

Utsleppa til sjø frå petroleumsverksemda stammar i hovudsak frå den regulære drifta. Produsert vatn følgjer med oljen opp frå reservoaret og inneheld naturleg førekommande stoff frå reservoaret og restar av tilsette stoff. Det produserte vatnet blir reinsa før utslepp til sjø eller injisert igjen i undergrunnen. Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følgje av utslepp av produsert vatn på norsk sokkel. Borekaks som inneheld olje og borevæske stod tidlegare for ein vesentleg del av oljeutsleppa frå aktiviteten. Den blir no injisert i eigna reservoar, eller teken til land for vidare behandling. Ein sideeffekt av å injisere produsert vatn og oljehaldig borekaks/-væske er auka energibruk og dermed utslepp til luft. Ilandføring av borekaks/-væske aukar transportbehovet og omfanget av avfallsbehandlinga på land.

Det er venta at voluma av produsert vatn vil auke fram mot 2020. Dette fordi dei store felta på norsk sokkel produserer meir vatn når dei blir eldre.

Akutte utslepp til sjø

Petroleumsverksemda har, i dei 50 åra med verksemd på norsk sokkel, ikkje ført til store akutte utslepp av olje som har nådd land, og talet på utslepp på over 1 kubikkmeter (m3) er avgrensa.

Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følgje av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda på norsk sokkel.

Inngrep ved utbygging av fornybar energi og nett

Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar kan føre med seg inngrep i natur- og kulturmiljø. Om lag ein tredel av vassdraga i Noreg er påverka av kraftproduksjon. Dei siste åra har ein større del av auken i produksjonen av fornybar energi kome frå små vasskraftverk (opp til 10 MW).

Ved utnytting av fornybare energikjelder, og ved bygging av kraftleidningar, står ein overfor viktige avvegingar. Vegar, kraftleidningar og andre installasjonar i tilknyting til vind- og vasskraftverk vil påverke økosystem, naturverdiar og naturopplevingar. Ved utbygging av ny produksjon og nye kraftoverføringar er det viktig å finne dei beste løysingane ut frå ei heilskapleg avveging av miljø- og samfunnsomsyn.

6.3 Verkemiddel som har ein klima- og miljøeffekt

Regjeringa fører ein ambisiøs nasjonal klimapolitikk med ei langsiktig omstilling av Noreg til eit samfunn med låge utslepp innan 2050. Regjeringa sin miljøpolitikk på petroleums- og energiområdet er ambisiøs med omfattande bruk av verkemiddel. Ein ambisiøs politikk nasjonalt må bidra til å redusere utslippene globalt.

Noreg har stor vasskraftproduksjon og er blant verdas største eksportørar av olje og gass. Regjeringa vil foreine Noreg si rolle som stor petroleumsprodusent med ambisjonen om å vere ein leiande miljø- og klimanasjon. Noreg skal vere ein føregangsnasjon på miljø- og klimavennleg energibruk og produksjon.

Det er mogleg å auke miljø- og klimavennleg energiproduksjon, og energien kan brukast meir effektivt. For å styrkje utviklinga av fornybar kraftproduksjon og effektiv bruk av energi er det grunnleggjande å ha langsiktige og stabile rammevilkår.

Regjeringa vil fremje effektiv, klima- og miljøvennleg energiproduksjon, og samtidig sikre ei berekraftig forvalting av kyst- og vassdragsnaturen. Det er eit viktig mål å syte for at den auka utbygginga av fornybar kraft skjer utan at naturmangfald eller store landskapsverdiar går tapt.

Forsking og utvikling knytta til fornybare energikjelder, miljø- og klimavenlege energiteknologiar og energieffektivisering er viktig for å nå måla. Forsking og teknologiutvikling medverkar òg til å gjere petroleumsverksemda meir miljøvenleg. Ny kunnskap og kompetanse i petroleums- og energisektoren vert brukt til å utvikle teknologi og løysingar som reduserer naturinngrep og utslepp av klimagassar.

Kostnadseffektiv verkemiddelbruk er eit berande prinsipp for forvaltinga av petroleumsressursane i Noreg. Derfor har petroleumssektoren i Noreg betalt CO2-avgift sidan 1991 og i tillegg vore ein del av det europeiske kvotesystemet for CO2 sidan 2008. Sidan 1996 har kraft frå land vore vurdert i samband med alle nye eller reviderte utbyggingsplanar.

6.3.1 CO2-handtering

Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å utvikle teknologiar og løysingar som kan medverke til å redusere klimagassutsleppa. Arbeidet med å utvikle kostnadseffektive løysingar for fangst og lagring av CO2 er ein viktig del av denne satsinga.

Regjeringas tiltak omfattar eit breitt spekter av aktivitetar. Regjeringa sin strategi for CO2-handtering, som vart presentert i statsbudsjettet for 2015, inkluderer forsking, utvikling og demonstrasjon, arbeidet med å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg, transport, lagring og alternativ bruk av CO2 og internasjonalt arbeid for å fremje CO2-handtering.

Teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad (TCM) står sentralt i denne satsinga. Målet med teknologisenteret er å skape ein arena for målretta utvikling, testing og kvalifisering av teknologi for CO2-fangst. I tillegg er det eit mål å medverke til å spreie kunnskap og erfaringar internasjonalt slik at kostnader og risiko for fullskala CO2-fangst kan reduserast, og å medverke til å auke aksepten for CO2-handtering som eit viktig klimatiltak. TCM vart offisielt opna i mai 2012 og det har vorte gjennomført kontinuerlege testaktivitetar ved anlegget sidan. Gassnova arbeider med planar for korleis ein kan nytte og vidareutvikle TCM på ein best mogleg måte.

CLIMIT-programmet for forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologi for CO2-handtering og ordninga med forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) vil òg spele viktige roller i statens arbeid med CO2-handtering.

Regjeringa har ein ambisjon om å realisere minst eitt fullskalaanlegg for fangst og lagring av CO2 innan 2020. I 2015 er det gjennomført ei kartlegging av moglegheitene for fullskala CO2-handtering i Noreg. Studien syner at Norcem, Yara og Energigjenvinningsetaten i Oslo kan vere interesserte i å gjennomføre vidare studiar. Regjeringa har bestemt å setje i gang arbeidet med meir detaljerte moglegheitsstudiar av fullskala demonstrasjonsanlegg for CO2-handtering i Noreg. Arbeidet inneber å studere løysingar for fangst, transport og lagring av CO2.

Olje- og energidepartementet har sidan 2008 leia arbeidet med oppfølginga av handlingsplanen for å fremje utvikling og bruk av CO2-handtering internasjonalt. Målsetjinga for arbeidet er å få aksept for fangst og lagring av CO2 som eit viktig klimatiltak, å etablere ei brei forståing for reduksjonspotensialet som følgjer av teknologien og å medverke til at teknologien blir teken i bruk utanfor Noreg.

Det er oppretta ei rekkje regionale og internasjonale samarbeid der Noreg ved Olje- og energidepartementet deltek. Mellom anna deltek departementet i North Sea Basin Task Force og Carbon Sequestration Leadership Forum. Vidare samarbeider Noreg tett med EU og deltek i ei rekkje av EUs organ og fora, retta mot mellom anna utvikling av rammer og regelverk for sikker fangst og lagring av CO2 i tillegg til generelt å fremje CO2-handtering som eit klimatiltak.

6.3.2 Energi og vannressursar

Energiomlegging, energi- og klimateknologisatsing

Enova og Energifondet har sidan etableringa i 2001 vore ein viktig del av arbeidet for ei langsiktig og miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon. Formålet til Enova er å fremje ei miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon og utvikling av energi- og klimateknologi, og å styrkje forsyningssikkerheita og redusere utsleppa av klimagassar.

Enova tilbyr blant anna investeringsstøtte og rådgiving og driv informasjonsverksemd for å stimulere aktørar til å investere i energi- og klimatiltak. Mellom anna skal Enova forvalte ei satsing på klimateknologi. Målet med satsinga er å redusere klimagassutslepp og støtte opp under utviklinga av energiomlegging på lang sikt gjennom å utvikle og ta i bruk teknologiar som kan medverke til dette. Det er lagt til grunn at satsinga blir retta inn mot utvikling av ny teknologi og støtte til teknologiar nær marknadsintroduksjon. Mellom anna skal Enova kunne gi støtte til investeringar i fullskala produksjonslinjer i industrien. Enova sitt mandat blei i 2015 gjennom eit tillegg til avtala med departementet utvida til å omfatte transportsektoren. Gjennom denne utvidinga omfattar Enova si verksemd aktivitetar som står for over tre fjerdedelar av energibruken og utslepp av klimagassar i Noreg. Enova har i den samanhengen fått eit nytt sjuande hovudmål som seier at Enova skal medverke til å redusere klimagassutsleppa i transportsektoren.

Det er fleire tiltak som, saman med satsinga gjennom Enova, er med på å byggje opp under ei miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon og utvikling av energi- og klimateknologi. Kvotesystemet og CO2-avgiftene er viktige. Fleire andre miljøavgifter og særavgifter knytte til energi medverkar òg til å påverke energibruken. Det er innført energistandardar og energimerkeordningar for ei rekkje produkt. Det er òg innført strenge forskrifter med krav til energibruken i nye bygg og ved større rehabiliteringar, og det er innført krav om energimerking ved sal, utleige og nyoppføring av bygningar. Enova si verksemd grensar opp mot og kompletterer dei andre delane av verkemiddelapparatet. Enova samarbeider med blant anna NVE, Statnett SF, Miljødirektoratet, Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd for å sikre ei god koordinering av verkemiddelapparatet.

Bruken av fyringsolje har minka dei siste åra og resultert i reduserte utslepp. Dei viktigaste elementa i politikken for å avgrense bruken av olje i stasjonær energiforsyning generelt, og for å redusere utslepp av CO2 spesielt, er avgifter og kvotar på bruk av fossile brensel. Grunnavgifta på mineralolje blei auka med over 50 prosent frå og med 1. januar 2015. I tillegg er støtteordningar i regi av Enova viktige. Enova støttar utbygging av fjernvarme og lokale energisentralar, som både erstattar eksisterande oppvarmingsbehov og dekkjer nytt behov som oppstår ved nybygg. I nokre tilfelle kan varmen erstatte oppvarming frå olje, i andre tilfelle frå elektrisitet og andre energiberarar. Enova har estimert at dei samla direkte utsleppsreduksjonane knytte til alle prosjekta kontraktfesta i 2014 var 106 000 tonn CO2-ekvivalentar, der 19 00 tonn CO2-ekvivalentar av reduksjonen kom frå bedrifter i kvotepliktig sektor.

Straumkundar skal få installert nye avanserte måle- og styringssystem (AMS) i åra framover. Nettselskapa skal ha avslutta utrullinga av AMS innan 1. januar 2019. Dei nye straummålarane registrerer straumforbruket kvar time og sender automatisk informasjon om forbruket til nettselskapet. Dette gir ei meir nøyaktig avrekning av forbruket og er dessutan venta å gjere kundane meir merksame på sitt eige straumforbruk. AMS kan òg gi straumkundane betre høve til å styre eige bruk og tilpasse straumbruket til variasjonar i straumprisen. AMS vil gjere det mogleg for nettselskap, kraftleverandørar og andre å tilby ulike tilleggstenester som utnyttar AMS-målarane. Det kan vere snakk om avtaler som inneber automatisk avgrensing av effektuttak, til dømes avtale om å kople ut tank for varmtvatn eller varmekablar i topplasttimar. AMS vil gi nettselskapa betre datagrunnlag slik at dei kan optimalisere drifta og investeringane i nettet.

Målet i EU er etter fornybardirektivet 20 prosent fornybar energi i 2020. Noreg har teke på seg ei plikt til å auke til 67,5 prosent fornybar energi i 2020. Dette er den klart høgaste fornybargraden i Europa. SSB har rekna ut at Noreg hadde 64,5 prosent fornybar energi i 2012. Direktivet pålegg alle land å leggje fram ein nasjonal handlingsplan som viser korleis dei skal nå dei nasjonale mål sine. Den norske handlingsplanen blei sendt til ESA i juni 2012.

Eit viktig verkemiddel for å nå det norske målet på 67,5 prosent under fornybardirektivet er den sams norsksvenske marknaden for elsertifikat. Ordninga med elsertifikat starta opp 1. januar 2012. Det samla målet for ny fornybar elektrisitet i den sams elsertifikatmarknaden er 28,4 TWh i år 2020. Noreg og Sverige er ansvarlege for å finansiere halvparten av målet kvar, uavhengig av kor produksjonen kjem. Av produksjonen som inngår i målet på 28,4 TWh er det pr. 1. juli 2014 godkjent anlegg med ein normalårsproduksjon tilsvarande 7,9 TWh. Av dette er anlegg med ein normalårsproduksjon på 1,2 TWh bygde i Noreg og anlegg med ein normalårsproduksjon på 6,7 TWh bygde i Sverige. I Noreg er det i tillegg godkjent anlegg under overgangsordninga med ein normalårsproduksjon på 0,7 TWh.

Departementet har gitt konsesjon til Statnett for tilrettelegging av kraftutveksling med Tyskland og Storbritannia. Nye utanlandssamband skal etablerast i den grad dei er samfunnsøkonomisk lønnsame. På lik linje med andre kraftoverføringsanlegg krev utanlandssamband viktige avvegingar med omsyn til miljøet. Sambanda har òg ein verknad på kraftsystema i landa vi knyter oss til.

Miljøomsyn ved vassdrags- og energiverksemd

Miljøomsyn i samband med vassdrags- og energiverksemda er teke vare på gjennom sektorlovgivinga, plan- og bygningslova, forureiningslova, naturmangfaldlova og vassforskrifta.

Kapasiteten i konsesjonsbehandlinga i NVE er styrkt monaleg dei siste åra. Det er viktig å sjå prosjekta i samanheng for å finne dei totalt sett beste løysingane. Det blir derfor søkt å få til ei mest mogleg samordna behandling av prosjekt i same område, og mellom nett og produksjon.

NVE sitt miljøtilsyn kontrollerer at miljøkrav som er fastsette i konsesjonar blir etterlevde, både i anleggs- og driftsfasen. Ei viktig oppgåve er òg godkjenning og oppfølging av detaljplanar for vassdrags- og energianlegg.

Verneplan for vassdrag er viktig for å sikre eit representativt utval av vassdragsnaturen i landet. Vernet gjeld først og fremst mot kraftutbygging, men verneverdiane skal òg takast omsyn til ved andre inngrep. Ved den avsluttande suppleringa av Verneplanen, jf. St.prp. nr. 53 (2008–2009), blei det som ledd i vern av Vefsna fastsett at det skulle etablerast eit planprosjekt i vassdraget. Den regionale planen for Vefsna blei vedteken av fylkestinget i Nordland i 2014. Prosjektet har sett på moglegheitene for mindre, skånsam kraftproduksjon i sidevassdrag, der dette ikkje er i strid med verneverdiane. OED har medverka med om lag 3 mill. kroner i planmidlar fordelt over planperioden frå 2011 til 2014.

Kunnskap og systematisk oversyn over viktige område for truga arter og naturtypar er ein føresetnad for å stanse tapet av norsk naturmangfald. OED og NVE medverka i arbeidet med Nasjonalt program for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald og Artsdatabanken. Føremålet med programmet er å tette hol i kunnskapen og medverke til at data over naturmangfald blir samla i nasjonale databasar.

Gjennomføringa av EUs vassdirektiv med tilhøyrande forvaltingsplanar er viktig for å fremje ei heilskapleg forvaltning av vassressursane, og OED vil saman med NVE medverke aktivt til dette. NVE har gitt innspel til forvaltningsplanane. Vidare har NVE ei rolle i oppfølging av godkjente forvaltningsplanar og utvikling av nasjonalt verktøy og rettleiing. NVE har delteke med kunnskap om vassdraga, relevante miljøtiltak, hydrologisk overvaking og oversikt over konsesjonsvilkår. Departementet har i 2014 medverka til forsking innan miljøkonsekvensar og miljøtiltak i vassdrag påverka av vasskraft.

OED og KLD har gitt nasjonale føringar for korleis miljømåla skal setjast i regulerte vassdrag. Ved eventuelle framtidige miljøpålegg må den samfunnsmessige verdien av miljøomsyn vere større enn det samfunnsmessige tapet knytt til redusert energiproduksjon.

6.3.3 Petroleumsverksemda

Omsyn til miljø er ein integrert del av forvaltinga av dei norske petroleumsressursane. Miljøreguleringar skjer på alle stadium av verksemda; frå vurdering av om eit område skal opnast for petroleumsverksemd, ved leiting, ved vurdering av korleis eit felt skal byggjast ut, ved spesifikke løyve knytte til drifta av feltet, ved årlege endringar av desse og fram til avslutting av produksjon og disponering av innretningane. Dette sikrar eit omfattande system der alle relevante styresmakter er med.

Utsleppa frå petroleumsverksemda i Noreg blir regulert gjennom fleire lover, mellom anna petroleumslova, CO2-avgiftslova, særavgiftslova, klimakvotelova og forureiningslova. Oppdateringar av forvaltingsplanar og nye konsekvensutgreiingar med oppdatert kunnskap, gjer at ei avgjerd kan treffast på eit best mogleg faktagrunnlag. Høyringsrundar gir alle aktørar høve til å bli høyrde. I tillegg har styresmaktene høve til å treffe enkeltvedtak, til dømes ved godkjenning av utbyggingsplanar.

Utsleppa frå petroleumssektoren til luft er stort sett avgassar frå brenning av gass i turbinar, fakling av gass og brenning av diesel. Desse avgassane inneheld mellom anna CO2 og NOx. Andre stoff som blir sleppte ut er nmVOC, metan (CH4), karbonmonoksid (CO) og svoveldioksid (SO2).

I samsvar med dei overordna prinsippa for klimapolitikken i Noreg, er petroleumssektoren omfatta av sterke økonomiske verkemiddel, som CO2-avgift og EU sitt klimakvotesystem (EU ETS). Samla gjer desse at næringa betaler ein høg pris på utslepp som legg til rette for kostnadseffektive utsleppsreduksjonar. Vidare må selskapa betale avgift for sine utslepp av NOx eller slutte seg til miljøavtala mellom den norske stat og næringsorganisasjonane.

Verkemidla overfor petroleumsverksemda har resultert i at det er gjennomført omfattande tiltak som direkte eller indirekte har gitt lågare utslepp av klimagassar. Avbrenning av overskotsgass har aldri vore tillate på norsk sokkel, og brenning av gass i fakkel er berre tillate når det er nødvendig av tryggleiksgrunnar. Tillating til slik brenning blir gitt etter løyve frå Olje- og energidepartementet. Fakkel stod i 2013 for om lag 12 prosent av CO2-utsleppa frå petroleumsverksemda.

Utnytting av stordriftsfordelar som legg til rette for energieffektiv drift, har alltid vore eit viktig omsyn for aktiviteten på sokkelen. Nye utbyggingar baserer seg på best tilgjengeleg teknologi.

Kombinasjonen av både CO2-avgift og kvoteplikt betyr at sektoren står overfor ein høg pris på utslepp, noko som gir næringa ei sterk eigeninteresse i å redusere CO2-utsleppa sine. CO2-avgifta vart auka til om lag 400 kroner per tonn som følgje av klimaforliket, jf. Innst. 390 S (2011–2012). Prisen på klimagassutslepp på sokkelen er, med dagens kvotepris og avgiftssats, om lag 490 kroner per tonn CO2. Prisinga av utslepp har gitt store resultat i form av reduserte utslepp frå norsk sokkel, anslått til 5 mill. tonn CO2-ekvivalenter årleg.

Ved behandlinga av Innst. S. nr. 114 (1995–1996) vedtok Stortinget at det ved alle nye feltutbyggingar skal leggjast fram ei oversikt over energibehov og kostnadene ved å nytte kraft frå land framfor gassturbinar. Kraft frå land skal vurderast av operatøren og følgjast opp av myndigheitene i samanheng med behandling av kvar enkelt ny plan for utbygging og drift. Ein føresetnad for ei løysing med kraft frå land er at det er sikra utbygging av tilstrekkeleg ny kraft eller at det blir ført fram tilstrekkeleg nytt nett slik at det ikkje oppstår regionale ubalansar på utbyggingstidspunktet. Samtidig må ein ta vare på naturmangfaldet og omsynet til tiltakskostnadene.

Det er for fleire felt vedteke å dekkje energibehovet med kraft frå land. Felta Ormen lange, Snøhvit, Troll, Gjøa, Valhall og Goliat får alle kraft frå land i dag. I tillegg vil Martin Linge få kraft frå land når dette feltet kjem i produksjon. I 2012 kom om lag 48 prosent av den norske gasseksporten frå felt med kraftforsyning frå land. Johan Sverdup-feltet vil bli forsynt med kraft frå land frå produksjonsstart. Ei områdeløysing for kraft frå land til felta Johan Sverdrup, Edvard Grieg, Ivar Aasen og Gina Krog på Utsirahøgda vil bli etablert innan 2022.

Dei teknologiske og økonomiske konsekvensane av ei kraft frå land-løysing varierer sterkt frå utbygging til utbygging. Kraft frå land krev store investeringar og vil som oftast berre vere realistisk ved enkelte større, sjølvstendige utbyggingar eller større ombyggingar av store felt. Kraft frå land til eksisterande innretningar generelt er svært kostbart. Gitt variasjonen i konsekvensar, er det avgjerande å ta stilling til spørsmålet om bruk av kraft frå land ved behandlinga av den enkelte utbygging.

6.3.4 Forsking og utvikling

Regjeringa si satsing på forsking og utvikling (FoU) i energi- og petroleumssektoren er eit sentralt element i ambisjonen om at Noreg skal vere ein føregangsnasjon innan miljøvenleg energibruk og -produksjon. Satsinga medverkar til å utvikle og ta i bruk nye teknologiar og løysingar og til ei effektiv og berekraftig utnytting av dei norske energi- og petroleumsressursane. Samtidig skal støtte til FoU auke moglegheitene for norsk næringsliv og kompetanse til å konkurrere i ein internasjonal marknad innan miljø- og klimavenlege energiløysingar.

OED er den største bidragsytaren når det gjeld finansiering av miljø- og klimarelevant forsking og utvikling gjennom Noregs forskingsråd.

Energiforsking

Offentleg støtte til energiforsking skal medverke til ei effektiv utnytting av nasjonale energiressursar og til ei effektiv, robust og miljøvenleg kraft- og energiforsyning i Noreg. Satsinga skal medverke til å utvikle miljøvenlege produkt, tenester og prosessar, mellom anna nye teknologiar for fornybar energi, energieffektivisering og CO2-handtering. Den offentlege satsinga på energiforsking skal òg medverke til å byggje opp kunnskap av samfunnsfagleg karakter, eksempelvis om effektar av klimaendringar på energiområdet (auka nedbør, flaum, redusert oppvarmingsbehov, etc.). Energi21 er styresmaktene og næringa sin strategi for FoU i energisektoren. Miljøvenleg energiproduksjon og energieffektivisering står sentralt i mandatet for strategien. Ein revidert Energi21-strategi blei lagt fram hausten 2014. Vasskraft og fleksible energisystem er løfta fram som to viktige tilrådde satsingsområde. Vidare vert solkraft, havvind, energieffektivisering og CO2-handtering tilrådde som prioriterte innsatsområde.

I 2016 foreslår Regjeringa å styrkje Forskingssentra for miljøvenleg energi (FME) med 40 mill. kroner. FME-ordninga har som føremål å samle dei beste forskingsmiljøa i landet om ei felles satsing på utvalde tema på energiområdet. Senter er etablerte innan fangst og lagring av CO2, vindkraft til havs, meir effektiv energibruk i bygningar, solceller, bioenergi og miljøriktig utvikling av fornybar energi og energipolitikk. Den styrka satsinga, fell saman med at dei åtte første FME-ane blir avslutta i 2016/2017 og at Forskingsrådet har utlyst midlar til etablering av nye senter.

ENERGIX er Forskingsrådet sitt store, målretta program innan fornybar energi, effektiv energibruk, energisystem og energipolitikk, og miljø- og klimavenleg transport. Programmet skal medverke til utviklinga av eit heilskapleg energisystem som tek omsyn til berekraft og naturmiljøet. Om lag to tredelar, 234 mill. kroner, av det samla budsjettet i 2014 blei finansierte av OED. Programmet mottek løyvingar frå i alt seks departement.

Noreg har, blant anna gjennom arbeidet med teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad, teke ei internasjonal leiarrolle i utviklinga av teknologi for CO2-handtering. CLIMIT er det offentlege støtteprogrammet for FoU og demonstrasjon av teknologiar for fangst og lagring av CO2 frå fossilt basert kraftproduksjon og industri. Programmet er administrert av Gassnova SF i samarbeid med Noregs forskingsråd. CO2-handtering har potensial til å bli eit av dei viktigaste globale klimatiltaka, men det er mange spørsmål som må løysast. På kort sikt er CLIMIT retta mot å kvalifisere og få ned kostnader knytte til CO2-handtering og etablere metodar for sikker geologisk lagring av CO2. På sikt vil det vere viktig å kunne betre eller utvikle teknologiar med potensial for høgare verknadsgrad og lønsemd.

Boks 6.1 Prosjekteksempel miljøvennleg energiforsking

I Noreg finst det i dag fleire tusen høgspenningsbrytarar med SF6-gass. SF6 (svovelhexafluorid) er ein syntetisk framstilt, svært stabil og tung gass, med særleg gode elektrisk isolerande og brannhemmande eigenskapar. SF6-gass er samtidig den sterkaste klimagassen ein kjenner til, med ein klimaeffekt som er 23 900 gonger sterkare enn CO2. Sidan 2006 har gassen vore forboden i EU, bortsett frå til bruk i høgspenningsbrytarar. EU har difor sett fabrikantane av slikt utstyr under press, for å få utvikla alternativ. Utfordringa er å gjere brytarane like kompakte og sikre som ein SF6-brytar.

ABB er ein av produsentane som har gjort store framsteg, men som framleis har eit stykke att før eit fullverdig alternativt er klart. Teknologisenteret til ABB PP MV i Skien er global leiar i teknologiutvikling for brytaranlegg. Med støtte frå ENERGIX studerer ein dei fysiske prosessane og materialteknologiske moglegheitene. Målet er å utvikle modellar som er så kompakte at ein enkelt kan byte ut innmaten til dagens SF6-brytere, samtidig som brytaranlegga skal vere like effektive, sikre og rimelege som dei som blir erstatta.

Petroleumsforsking

Offentleg støtte til FoU og kompetansebygging i petroleumssektoren er viktig for å sikre ei effektiv og miljøvenleg utnytting av petroleumsressursane og samtidig medverke til utvikling av den norske petroleumsnæringa som vår fremste høgteknologiske kunnskapsindustri. Satsinga medverkar til å byggje opp kunnskap og utvikle nye, meir miljøvenlege teknologiar og løysingar. Redusert miljøpåverknad og reduserte klimagassutslepp er viktig målsetjingar i petroleumsforskingsprogramma PETROMAKS 2, DEMO 2000 og PETROSAM 2. Den nasjonale teknologistrategien for petroleumsverksemda i Noreg, OG21, vart etablert i 2001. Fire teknologiområde er trekte fram: Energieffektiv og miljøvenleg teknologi, leiting og auka utvinning, kostnadseffektiv boring og intervensjon, og framtidas teknologi for produksjon, prosessering og transport. Strategien vil bli revidert i 2016. Den reviderte strategien vil framleis ha betydeleg merksemd mot klima, energieffektive og utsleppsreduserande løysingar i den nasjonale petroleumsforskinga.

Regjeringa foreslår å styrkje petroleumsteknologiprogrammet DEMO 2000 med 100 mill. kroner i 2016. Satsinga på utvikling og demonstrasjon av nye petroleumsteknologiar er viktig for å sikre ei effektiv og miljøvennleg utnytting av petroleumsressursane. Ei undersøking frå 2015 viser at om lag 60 prosent av prosjekta i programma PETROMAKS 2 og DEMO 2000 har potensial for meir energieffektive løysingar og reduserte utslepp til luft. I tillegg har nesten 50 prosent av alle prosjekta andre miljøgevinstar, som til dømes reduserte utslepp til sjø. Undersøkinga tek føre seg prosjekt som blei starta i perioden 2012–2014.

2014 var det første heile driftsåret for dei nye forskings- og kompetansesentra ARCEx og National IOR Centre. ARCEx har som eit hovudmål å utvikle meir miljøvennleg teknologi for leiting etter olje og gass i Arktis. Det vert òg lagt vekt på å skaffe fram ny kunnskap om økosystema for å analysere miljøpåverknad og miljørisiko. IOR-senteret utviklar metodikk for å kunne velje dei beste og mest energieffektive og miljøvennlege injeksjonsmetodane for ulike felt. OED løyvde òg i 2014 midlar til programmet PROOFNY, som ser på langtidsverknader av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda, og til SEAPOP, som skaffar fram grunnleggjande kunnskap om norsk sjøfugl og kartlegg og overvakar sjøfuglbestandar i Noreg.

Boks 6.2 Prosjekteksempel petroleumsforsking

Eit prosjekt som har forska fram meir klimavennleg teknologi med støtte frå Forskingsrådet er Resonator. Resonator er ei gründerbedrift med fem tilsette som har sitt utspring frå forskingsmiljøa ved NTNU. Resonator har motteke midlar frå programma PETROMAKS og DEMO 2000 for å utvikle teknologi som gjer boreprosessen og med det sjølve utvinninga av olje og gass meir energieffektiv. Raskare boring reduserer energibruken og gir lågare kostnader. Vidare er dette ein elektrisk prosess som reduserer utsleppa. Teknologien Resonator har utvikla kan òg nyttast til å utvikle geotermisk energi. Dette viser det store potensialet for å overføre kunnskap frå petroleumssektoren til den fornybare energinæringa.

7 Olje- og energidepartementets beredskapsarbeid

Olje- og energidepartementet (OED) har det overordna ansvaret for viktige samfunnsfunksjonar og beredskapsområde knytte til kraftforsyninga. OED har ansvar og oppgåver knytte til å førebyggje skade som følgje av brot på dammar, flaum og skred. Departementet har sektoransvar for olje- og gassaktivitetane på kontinentalsokkelen og på land. Arbeids- og sosialdepartementet har regelverks- og tilsynsansvar for HMS, inkludert beredskap, i petroleumsverksemda. OED har òg ansvar for departementets eigen beredskap og for å vere budd på å ta del i sentral handtering ved nasjonale kriser.

7.1 Forsyningstryggleik for elektrisitet

Stabil og effektiv kraftforsyning er rekna som ein sentral del av Noregs kritiske infrastruktur. Tilgang på elektrisk kraft blir stadig viktigare for å kunne halde ved lag normal aktivitet i samfunnet. Stabil og sikker elektrisitetsforsyning er òg av stor verdi for å sikre kritiske samfunnsfunksjonar i krisesituasjonar, og for å halde ved lag landet si forsvarsevne under beredskap og i krig.

Det operative ansvaret for kraftforsyningsberedskapen er delegert til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som er beredskapsstyresmakt etter energilova kapittel 9. NVE leier Kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO), der alle einingane i kraftforsyninga deltek.

Ved problem over kortare tid med å balansere forbruk og tilgjengeleg forsyning (effektmangel) har Statnett som systemansvarleg fullmakt til å treffe nødvendige tiltak.

Statnett har vidare ansvaret for å greie ut og utvikle nødvendige verkemiddel for å sikre momentan balanse gjennom ein svært vanskeleg kraftsituasjon (SAKS) i nær kontakt med energistyresmaktene. Forslag til tiltak skal leggjast fram for NVE for godkjenning. Statnetts tiltak er mobile gasskraftverk og energiopsjonar. Tiltaka skal berre brukast i svært vanskelege kraftsituasjonar der faren for rasjonering er stor.

Ved langvarig mangel på evne til å dekkje behovet for elektrisk kraft, kan styresmaktene innføre rasjonering, det vil seie å tvangsutkople forbruk og rekvirere produksjon. Rasjonering blir eventuelt vedteke av OED etter råd frå NVE.

7.2 Forsyningstryggleik for drivstoff

Ved eventuell svikt i tilførslene til OECD-området, blir det ytt bidrag til eventuelle krisehandteringsplanar initiert av IEA for å dempe skadeverknadene av underskotet. Aktuelt tiltak for krisehandtering nedstraums er trekk i beredskapslager av petroleumsprodukt. Oljeselskap som produserer (raffinerer) eller importerer petroleumsprodukt, er lovpålagte å halde beredskapslager tilsvarande 20 dagars normalforbruk. Ved behov, det vil seie ved ein svikt i leveransane til den norske marknaden eller på verdsmarknaden, kan styresmaktene påleggje selskapa å selje frå desse lagra.

7.3 Forsyningstryggleik for gass

Norsk petroleumsverksemd er viktig for ei påliteleg energiforsyning til Europa. Norsk gass dekkjer om lag 20 prosent av det totale europeiske gassforbruket. Departementet er på si side ansvarleg for å utforme eit ressursforvaltningssystem (rammeverk) som skal syte for ei best mogeleg forvaltning av olje- og gassressursane på norsk sokkel. Rettshavarane er gitt ansvar for utvikling, produksjon og sal av norsk olje og gass. Rammeverket er utforma for å sikre at aktørane har best mogeleg evne til å oppfylle dette.

Det er oljeselskapa og Gassco AS som har det operative ansvaret for leveransetryggleik for gass. Oljeselskapa si evne til å yte leveransetryggleik knyter seg både til enkeltfelt på sokkelen, den samla feltporteføljen til selskapa og evna deira til å sikre seg nedstraums ved kommersielle arrangement, gasslager med meir.

Gassco er som operatør for transport- og behandlingsanlegga for gass på vegner av eigarane i Gassled, underlagt petroleumslovgivinga. Forsyningstryggleik er ein integrert del av drifta deira, og risikostyring og beredskapsarbeid ein naturleg del av operatørrolla. Arbeidet er regulert av lov- og forskriftsverk, avtaler med interessentskapet Gassled og avtaler med skiparane i systemet, og Gassco si koordinerande rolle i leveransane for gass. Gassco er ansvarleg for kvaliteten på transportnettet og utfører inspeksjonar og vedlikehald.

Ved ei hending med konsekvensar for helse, miljø eller tryggleik (HMS) rapporterer operatøren til Petroleumstilsynet. Petroleumstilsynet rapporterer vidare til blant anna Oljedirektoratet (OD).

7.4 Skred og vassdrag

Det operative ansvaret og gjennomføringa av statlege oppgåver knytte til å førebyggje skade som følgje av brot på dammar, flaum og skred, er delegert til NVE.

NVE har ansvar for å sjå til at tiltakshavarar planlegg, byggjer og driv vassdragsanlegg slik at tryggleiken for menneske, miljø og eigedom blir teken vare på, og at det blir utarbeidd beredskapsplanar for å handtere større hendingar. NVE kan gi pålegg til eigar av vassdragsanlegg om å gjennomføre tiltak for å avgrense skadar. NVE kan også sjølv setje i verk tiltak når det er særskilt fare for alvorleg skade.

NVE gir hjelp og rettleier kommunane med å førebyggje skadar frå flaum, erosjon og skred. Oppgåvene inneber å kartleggje og informere om fareområde, gi faglege råd og retningsliner for kommunal arealplanlegging, gi kommunar fagleg og økonomisk hjelp til planlegging og gjennomføring av sikringstiltak, overvake og varsle flaum og skredfare. I tillegg gir NVE råd til kommunar og politi under beredskaps- og krisesituasjonar.

7.5 Sentral krisehandtering og departementets eigen beredskap

I «Kgl.res 15. juni 2012 – Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet og beredskap, Justis- og beredskapsdepartementets samordningsrolle, tilsynsfunksjon og sentral krisehåndtering (samordningsresolusjonen)» kap. IV, er det stilt krav til departementa sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap.

For å medverke til eit godt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, i både førebygging og handtering, skal departementet gjennom godt eigna beredskapsplanverk, robust organisering og hyppige og relevante øvingar, vere førebudd på å:

  • møte alle typar kriser i eigen sektor effektivt og profesjonelt

  • yte bistand til andre departement når det trengst

  • ta rolla som leiardepartement

OEDs planverk for krisehandtering skal dekkje ulike typar kriser som OED kan bli involvert i både i sektor og ved kriser som gjeld departementet sjølv.

OED har gjennomført og planlagt for relevante beredskapsøvingar i 2015, det vart blant anna gjennomført ei nasjonal øving på IKT-hendinger. Departementet vil føre vidare dette arbeidet i 2016.

8 Utgreiing om likestilling og oppfølging av IA-avtala

Likestillingslova pålegg offentlege styresmakter skjerpa aktivitetsplikt for å fremje likestilling mellom kjønna på alle samfunnsområde. Olje- og energidepartementet har tidlegare gått gjennom alle budsjettområda i departementet, og utført ei vurdering av likestillinga innanfor departementet sine budsjettområde. Departementet har ikkje funne løyvingar som eignar seg for spesielle kjønns- og likestillingsanalysar.

Olje- og energidepartementet

Likestillingsperspektivet blir frå departementet si side jamleg fokusert i personalpolitikk, lønnspolitikk og tilpassingsavtale. Arbeidet for likestilling er ein integrert del av verksemda.

  • Den enkelte leiaren i departementet skal medverke til at kvinner og menn får likeverdige arbeidsoppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling i departementet.

  • Kompetansegivande oppgåver og tiltak skal fordelast slik at det medverkar til likestilling mellom kvinner og menn.

  • Departementet skal ha en lønnspolitikk som medverkar til å fjerne eventuelle kjønnsrelaterte lønnsforskjellar på alle nivå.

  • Omsynet til likestilling skal vere eitt av kriteria som blir lagt til grunn ved rekruttering til ledige stillingar.

  • Årleg personalstatistikk skal gi oversikt over aktuelle likestillingsrelaterte spørsmål i departementet.

Oljedirektoratet

Likestillingsperspektivet blir frå Oljedirektoratet (OD) si side jamleg fokusert i personalpolitikk, lønnspolitikk og tilpassingsavtale. Arbeidet for likestilling er ein integrert del av verksemda.

Rekruttering: Det skal i tilsetjingsprosessar rettast merksemd mot å halde ved lag ei jamn fordeling mellom kvinner og menn ved rekruttering til OD. Det skal rettast merksemd mot søkjarar med annan etnisk bakgrunn og kandidatar med nedsett funksjonsevne.

Forfremjing: Etatsleiar skal oppmode kvinner til å melde si interesse for direktørfunksjonar.

Utvikling: Leiinga skal ha fokus på den einskilde sin faglege utviklingsplan ved bemanning av lag. Leiinga skal i aktuelle tilfelle oppmode kandidatar til å melde interessa si for å gå inn i aktuelle lag i tråd med den faglege utviklingsplanen. Leiinga og fagkoordinatorar skal fokusere likestillingsaspektet ved bruk av opplæringsmidlar. Leiinga har temaet likestilling som årleg fokus.

Lønn og arbeidstilhøve: Kollektiv leiing skal ha fokus på å finne årsaker til dokumenterte lønnsforskjellar mellom kvinne/mann med tanke på å justere lønsnivået der det finst grunnlag for å gjere det.

Trakassering og vern: Det blir gjennomført jamlege arbeidsmiljøundersøkingar og medarbeidarsamtalar der dette kan takast opp.

Noregs vassdrags- og energidirektorat

Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVE) arbeid med likestilling og mangfald er forankra i NVEs interne regelverk. Det er NVEs mål å ha eit arbeidsmiljø som sikrar at NVE held på dei beste tilsette uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering eller alder.

NVE har tiltak for å sikre likestilling og hindre diskriminering; ved rekruttering, ved tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne, ved tilrettelegging ved graviditet, foreldrefråvær og andre omsorgsoppgåver, ved seniorpolitikk og ved lønnsforhold.

Leiarar får opplæring av HR-eininga i arbeidet for likestilling og mot diskriminering. Tiltak og retningslinjer er forankra i NVEs leiing og blir jamleg reviderte og følgde opp av HR-eininga, som blant anna utfører kontrollar og målingar, og i nært samarbeid med tenestemannsorganisasjonane.

8.1 Status i departementet og underliggjande etatar

Det er i tabellane nedanfor presentert ein kjønnsdelt statistikk på sentrale personalområde.

Tabell 8.1 Tilstandsrapportering (kjønn) i Olje- og energidepartementet per 1. oktober 2014

Kjønnsbalanse

Månadslønn

Menn

Kvinner

Total

Menn

Kvinner

Prosent

Prosent

(N)

Kroner

Kroner

Totalt i OED

2014

49,1

50,9

163

56 788

46 958

2013

47,1

52,9

157

55 104

45 409

Leiing1

2014

75,0

25,0

4

88 561

84 519

2013

75,0

25,0

4

86 707

78 231

Avdelingsdirektør

2014

85,0

15,0

20

75 877

76 310

2013

78,3

21,7

23

72 500

72 402

Underdirektør

2014

48,0

52,0

25

57 926

57 364

2013

50,0

50,0

24

54 182

55 931

Seniorrådgivar

2014

52,9

47,1

51

50 154

49 419

2013

47,8

52,2

44

49 670

46 950

Rådgivar

2014

27,3

72,7

44

40 978

40 371

2013

28,6

71,4

49

39 242

38 136

Førstekonsulent

2014

37,5

62,5

16

35 783

36 043

2013

36,4

63,6

11

34 856

34 707

Deltid

2014

1,2

4,3

5,5 pst.

2013

3,1

2,6

5,8 pst.

Mellombels tilsetjing

2014

5,5

5,5

11,0 pst.

2013

3,2

2,6

5,8 pst.

Sjukefråværsstatistikk (legemeldt)

2014

2,0

6,0

3,9 pst.

2013

2,4

4,0

3,2 pst.

Kilde: Statens sentrale tenestemannsregister, bemanningsoversikt per 1. oktober 2014. Kategoriar med berre ein tilsett er ikkje med i oversikta. Det er fem tilsette på leiarlønskontrakt som ikkje er med i denne oversikta.

Tabell 8.2 Tilstandsrapportering (kjønn) i Oljedirektoratet per 1. oktober 2014

Kjønnsbalanse

Månadslønn

Menn

Kvinner

Total

Menn

Kvinner

Prosent

Prosent

(N)

Kroner

Kroner

Totalt i OD

2014

54,9

45,1

226

65 245

57 611

2013

56,6

43,4

221

61 552

52 707

Toppleiing

2014

70,0

30,0

10

96 519

107 146

2013

61,8

38,2

6

78 047

76 081

Sjefingeniør

2014

59,9

40,1

152

69 639

64 689

2013

61,8

38,2

144

68 553

60 726

Rådgivar

2014

26,3

73,7

19

41 928

42 899

2013

31,6

68,4

19

39 165

40 578

Overingeniør

2014

50,0

50,0

30

44 213

44 293

2013

52,9

47,1

34

43 125

42 996

Avdelingsingeniør

2014

25,0

75,0

4

38 875

39 326

2013

25,0

75,0

4

36 987

37 216

Førstekonsulent

2014

16,7

83,3

6

38 328

39 525

2013

16,7

83,3

6

36 593

37 817

Konsulent

2014

100,0

0,0

3

33 740

0

2013

100,0

0,0

4

31 416

0

Deltid

2014

2,2

5,8

8,0 pst.

2013

3,2

6,8

9,9 pst.

Mellombels tilsetjing

2014

0,4

1,3

1,8 pst.

2013

0,9

6,8

3,2 pst.

Sjukefråværsstatistikk (legemeldt)

2014

1,8

3,5

3,9 pst.

2013

2,0

2,8

2,3 pst.

Kilde: Statens sentrale tenestemannsregister, bemanningsoversikt per 1. oktober 2014. Kategoriar med berre ein tilsett er ikkje med i oversikta. Det er ein tilsett på leiarlønskontrakt som ikkje er med i denne oversikta

Tabell 8.3 Tilstandsrapportering (kjønn) i Noregs vassdrags- og energidirektorat per 1. oktober 2014

Kjønnsbalanse

Månadslønn

Menn

Kvinner

Total

Menn

Kvinner

Prosent

Prosent

(N)

Kroner

Kroner

Totalt i NVE

2014

60,0

40,0

582

50 546

46 731

2013

60,0

40,0

573

49 288

45 663

Avdelingsdirektør

2014

37,5

62,5

8

93 211

92 727

2013

37,5

62,5

8

91 403

89 920

Seksjonssjef

2014

70,3

29,7

37

66 860

65 544

2013

68,6

31,4

35

65 064

63 973

Sjefingeniør

2014

90,0

10,0

30

63 249

68 064

2013

90,6

9,4

32

61 185

66 742

Forskar

2014

58,8

41,2

17

51 006

51 388

2013

61,1

38,9

18

53 054

52 935

Senioringeniør

2014

58,9

27,1

140

51 661

49 613

2013

72,0

28,0

132

50 054

48 277

Seniorrådgivar

2014

58,1

41,9

93

55 274

50 900

2013

60,4

39,6

96

54 336

50 032

Overingeniør

2014

58,8

41,0

68

44 644

44 003

2013

54,7

45,3

75

43 076

42 363

Rådgivar

2014

45,1

54,9

51

43 471

41 133

2013

50,0

50,0

46

42 339

40 309

Førstekonsulent

2014

25,8

74,2

31

37 471

38 048

2013

27,6

72,4

29

36 640

36 688

Avdelingsingeniør

2014

50,0

50,0

30

33 618

37 893

2013

44,0

56,0

25

36 713

36 838

Seniorkonsulent

2014

13,8

86,2

29

37 371

38 216

2013

13,8

86,2

29

36 494

37 600

Konsulent

2014

12,5

87,5

8

36 974

33 607

2013

0,0

100,0

7

0

32 576

Formann

2014

100,0

0,0

9

38 717

0

2013

100,0

0,0

10

36 822

0

Fagarbeidar

2014

100,0

0,0

21

34 817

0

2013

100,0

0,0

21

33 878

0

Deltid

2014

4,1

5,3

9,5 pst.

2013

3,3

5,1

8,4 pst.

Mellombels tilsetjing

2014

3,4

2,7

6,2 pst.

2013

3,5

2,1

5,6 pst.

Sjukefråværsstatistikk (legemeldt)

2014

2,3

4,8

3,3 pst.

2013

3,3

3,7

3,5 pst.

Kilde: Statens sentrale tenestemannsregister, bemanningsoversikt per 1. oktober 2014. Kategoriar med berre ein tilsett er ikkje med i oversikta. Det er ein tilsett på leiarlønskontrakt som ikkje er med i denne oversikta.

8.2 Vurdering og utgreiing av likestillingstiltak på grunnlag av kjønn, etnisk bakgrunn, religion og nedsett funksjonsevne

8.2.1 Olje- og energidepartementet

Rekruttering

Målsetjinga er å halde ved lag kjønnsbalansen, og rekruttere fleire kvalifiserte kandidatar med innvandrarbakgrunn og med nedsett funksjonsevne.

Resultatet er at departementet held ved lag ein god kjønnsbalanse, men opplever for få fagleg kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.

Lønns- og arbeidsvilkår

Målsetjinga er å sikre ei kjønnsnøytral lønn og lik lønn for same arbeid eller arbeid av lik verdi.

Lønnsstatistikken syner at menn har høgare snittløn enn kvinner. Årsakene er samansette, men alderssamansetjing og ansiennitet er noko av forklaringa.

Tiltak for å sikre likeløn er nedfelte i departementets personalpolitikk, lønnspolitikk og tilpassingsavtale. Det blir gjort likelønnsvurderingar før dei årlege lokale lønnsforhandlingane baserte på kjønnsdelt lønnsstatistikk.

Forfremjing

Målsetjinga er å få ei kjønnsfordeling på leiarnivå meir i tråd med kjønnsfordelinga i departementet.

Personalstatistikken syner at departementet har få kvinner som avdelingsdirektørar, men har ein god balanse for underdirektørar.

Likestillingstillitsvalt får høve til å uttale seg i alle tilsetjingssaker og i den årlege personalstatistikken om situasjonen i departementet når det gjeld likestillingsspørsmål.

Høve til utvikling

Målsetjinga er å sikre ei god utvikling for alle tilsette.

Den enkelte leiar har hovudansvaret for at tilsette får nødvendig kompetanse for å utføre arbeidsoppgåver på ein tilfredsstillande måte. Den årlege medarbeidarsamtala er ein viktig arena for drøfting av kompetansehevande tiltak.

Leiarar på alle nivå har eit særleg ansvar for å fremje medarbeidarane si faglege og personlege utvikling. Den faglege og personlege kompetansen til kvar enkelt medarbeidar skal vere best mogeleg tilpassa departement sine mål og oppgåver.

Vern mot trakassering

Arbeidsmiljøundersøking blir gjennomført jamleg, og medarbeidarsamtaler blir gjennomførte årleg.

Departementet har eigne varslingsrutinar i medhald av Arbeidsmiljølova, og følgjer lov- og avtaleverk knytt til verneombod, helseteneste o.a.

8.2.2 Oljedirektoratet

Rekruttering

Oljedirektoratet (OD) skal i tilsetjingsprosessar ha fokus på å halde ved lag ei jamn fordeling mellom kvinner og menn ved rekruttering til OD. Det skal rettast merksemd mot søkjarar med annan etnisk bakgrunn og kandidatar med nedsett funksjonsevne.

Målsetjinga er å motverke at det oppstår eller blir ført vidare utilsikta mønster ved rekrutteringsprosessar.

Det er ingen funn no når det gjeld likestilling som tilseier spesielle tiltak knytte til rekruttering. Det blei tidlegare sett mål om at talet på tilsette i faste stillingar frå landgruppe 2 skulle aukast med 100 prosent innan 1. mai 2015, og dette målet er allereie nådd.

Det er ikkje rekruttert inn ny kompetanse med redusert funksjonsevne i 2014.

Lønns- og arbeidsvilkår

Leiinga skal ha fokus på å finne årsaker til dokumenterte lønnsskilnader mellom kjønna med tanke på å justere lønsnivået der det er grunnlag for det.

Dette har vore eit spesielt fokus ved lokale lønnsoppgjer dei siste åra.

Talmateriale i rapport for OD dei siste åra har vist høgare snittløn for menn enn for kvinner, og forskjellen har vore aukande inntil 2013 då den vart noko redusert. Tal for 2014 syner at forskjellen er ytterlegare redusert, og er på 12 prosentpoeng. Målsetjinga er å ytterlegare sikre ei kjønnsnøytral lønn i OD, jf. utdanning, kvalifikasjonar, alder, ansvar, oppgåver og avtalte kriterium.

Forfremjing

Forfremjing er i OD definert som rotasjon til mellombelse leiingsfunksjonar. Vurderingar knytte til eventuelle barrierar for forfremjing er, ut frå OD sine tilhøve, i hovudsak gjort i høve til kjønn. Kvinner har dei siste åra vore underrepresenterte i direktørsjiktet, men ved utgangen av 2014 er det balanse mellom kvinner og menn i direktørfunksjonane.

Etatsleiar skal oppmode kvinner til å melde si interesse for direktørfunksjonar.

Målsetjinga er å få ei balansert kjønnsfordeling i direktørsjiktet.

Høve til utvikling

Leiinga skal ha fokus på den enkelte medarbeidar sin faglege utviklingsplan ved bemanning av lag. Leiinga skal i aktuelle høve oppmode kandidatar til å melde si interesse for å gå inn i aktuelle lag i tråd med den faglege utviklingsplanen. Leiinga og fagkoordinatorar skal fokusere likestillingsaspektet ved bruk av opplæringsmidlar. Vidare har leiinga har temaet likestilling som årleg fokus.

Behov for bemanning av lag blir lyst ledig på intranettet, og ressursstyringa blir konkludert i leiarmøte mellom anna etter råd frå fagkoordinatorar. Den enkelte medarbeidaren sin faglege utviklingsplan inngår som element. For å sikre ei god utvikling for den enkelte, skal OD i praksis fokusere ytterlegare på at den enkelte sin faglege utviklingsplan blir teken vare på ved bemanning av lag.

Målsetjinga er ytterlegare å sikre ei god utvikling for alle.

Vern mot trakassering

Arbeidsmiljøundersøking og medarbeidarsamtaler er tiltak for å avdekkje trakassering og vern mot dette. Det er gjort tiltak mot funn frå den sist gjennomførte arbeidsmiljøundersøkinga.

Målsetjinga er å syte for at alle har eit godt arbeidsmiljø.

Arbeidsmiljøundersøking blir gjennomført jamleg, og medarbeidarsamtaler blir gjennomførte årleg.

8.2.3 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Rekruttering

Det er eit personalpolitisk mål å spegle samfunnets samansetjing i alder, kjønn og kulturell bakgrunn. NVE er tilknytt avtala om inkluderande arbeidsliv og legg forholda til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

NVE har samla annonsemidlane ved HR-eininga med målsetjing om betre ressursutnytting, meir heilskapleg profilering av NVE og å kunne setje inn tiltak for å få ekstra merksemd på område der vi har vanskar med å rekruttere.

NVE opplever at det er få eller ingen fagleg kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne til NVEs ledige stillingar. Kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn har ofte mangelfulle norskkunnskapar (skriftleg), noko som er nødvendig for ein offentleg saksbehandlar. NVE har i nokre tilfelle lagt til rette for norskundervisning. NVE legg ut alle utlysingar på jobbressurs.no så sant stillinga ikkje stiller krav til 100 prosent funksjonsevne.

Lønns- og arbeidsvilkår

Det er foreløpig ikkje avdekt utilsikta og ikkje forklarlege lønnsforskjellar mellom kvinner og menn under elles like vilkår i NVE. Målsetjinga er at dette helt fram. NVE overvakar derfor likelønnssituasjonen kontinuerleg og kartlegg jamleg for å kunne oppdage eventuelle utilsikta lønnsforskjellar.

NVEs nye personalhandbok vart implementert våren 2013. Det er òg utarbeidd ei ny leiarhandbok som skal hjelpe NVEs leiarar i forhold til oppfølginga av sine medarbeidarar. Lett tilgjengeleg og alltid oppdatert informasjon er føreseieleg og trygt, medverkar til lik behandling av dei tilsette og synleggjer NVEs personalpolitikk. Arbeidet med vedlikehald og oppdatering av handbøkene held fram. Ny HMS-handbok vart implementert i 2015.

NVE utfører jamlege arbeidsmiljøundersøkingar. Seinaste måling vart gjennomført hausten 2013 og viser stabile og gode resultat. Resultata av undersøkinga peiker på visse utviklingsområde, som vart følgt opp i 2014.

Høve til utvikling

NVEs tilsette har alle dei same høva til forfremjing og utvikling, uavhengig av kjønn, etnisitet, funksjonsevne osv. Det er ikkje avdekt noko som tilseier at dette bør utgreiast nærare i NVE.

NVE er ei tradisjonelt mannsdominert bedrift. Det er eit uttalt mål å auke delen kvinnelege leiarar. Under elles like vilkår har NVE derfor prioritert kvinner til ledige leiarstillingar. Delen aukar jamt. I 2014 var 35,3 pst. av NVEs leiarar kvinner. Talet for 2015 er 36,5 prosent. I NVEs toppleiing er 4 av 7 avdelingsdirektørar kvinner.

Vern mot trakassering

NVE har ei klar haldning mot trakassering/diskriminering, og eventuelt diskriminerande språk og oppførsel vil bli slått ned på straks. Alle tilsette har krav på rettferd og lik behandling. NVEs retningslinjer mot trakassering/diskriminering er forankra i våre personalpolitiske retningslinjer, i etiske retningslinjer, i lønnspolitikken og i tryggleiksinstruksen for IKT.

8.3 Oppfølging av IA-avtala

Olje- og energidepartementet

Olje- og energidepartementet har utarbeidd ein handlingsplan for arbeid med eit meir inkluderande arbeidsliv 2014–2018. Det er sett delmål for sjukefråvær (ikkje overstige 4 prosent), for arbeidstakarar med redusert funksjonsevne og for å få arbeidstakarar til å bli lengre i jobben.

Oljedirektoratet

Samla sjukefråvær er gått ned frå 4,3 prosent i 2013 til 3,9 i 2014.

Målet om å motivere seniormedarbeidarar til å utsetje tidspunktet for pensjon er vanskeleg å måle. Erfaringane er at dei aller fleste vel å arbeide utover 62 års alder, og etter ei evaluering av personalpolitikken i OD i 2012 vart det derfor ikkje innført eigne tiltak for seniormedarbeidarar.

Målet om å auke talet fast tilsette frå landgruppe 2 med 100 prosent innan 1. mai 2015 blei nådd allereie i 2012 ved at talet blei auka frå fire til åtte. Ingen nye frå landgruppe 2 er tilsett seinare. Det er ikkje rekruttert medarbeidarar med nedsett funksjonsevne I 2014.

Noregs vassdrags- og energidirektorat

NVE har utarbeidd ein eigen mål- og aktivitetsplan i samarbeid med tenestemannsorganisasjonane. NVE har fokus på førebygging, tilrettelegging og oppfølging og å finne gode løysingar på ein konstruktiv og føremålstenleg måte.

I NVEs handlingsplan for IA-arbeid er eitt av måla å medverke til at menneske med utfordringar i arbeidslivet får høve til reell arbeidspraksis, med tanke på at dei skal ut i ordinært/tilbake i arbeid. NVE legg vekt på å ha ei bevisst haldning på å inkludere menneske med redusert funksjonsnivå og har kontinuerleg personar inne på arbeidspraksis/arbeidstrening.

Sjukefråværet i NVE er stabilt lågt. Det totale sjukefråværet i 2014 var på 3,3 prosent.

9 Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft

I lys av Regjeringas ambisjon om forenkling, modernisering og betre gjennomføringskraft er det planlagt og gjennomført ulike prosjekt og tiltak under Olje- og energidepartementets ansvarsområde.

Noregs vassdrags- og energidirektorat

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) gjennomfører for tida ressursgjennomgangar knytte til blant anna effektivisering av administrative funksjonar, beredskapsarbeidet, energimodellgjennomgang, og kartproduksjon. Det er òg sett i gang eit prosjekt for å vurdere den hydrologiske oppdragsverksemda som blir utført av NVE, og eit prosjekt for å vurdere føremålstenleg organisering av IKT-funksjonane. Departementet har òg nyleg sett i gang ei brei evaluering av NVE som skal ferdigstillast i starten av 2016. Hovudformålet med evalueringa vil vere å gi eit grunnlag for å vurdere eventuelle tiltak for effektiv måloppnåing og ressursbruk i NVE.

Eit sentralt strukturpolitisk tiltak som medverkar til effektivisering og auka konkurranse i elmarknaden er forslaget om krav til eit selskapsmessig og funksjonelt skilje mellom nettverksemd og anna verksemd for alle nettselskap, som Olje- og energidepartementet sende på høyring med frist 27. mai 2015. NVEs endringar i regulering av bransjen vil gjere det meir attraktivt med strukturendringar som over tid vil medføre lågare nettleige for straumkundane enn elles.

Etableringa av det nasjonale IKT-systemet, Elhub, er òg eit sentralt tiltak for å modernisere kraftbransjen og som medverkar til effektiv kommunikasjon mellom aktørane i kraftmarknaden. Elhuben vil leggje til rette for betre utnytting av smarte straummålarar (AMS) gjennom effektiv og sikker utveksling av målarverdiar mellom nettselskap, kraftleverandørar og andre tenestetilbydarar. Elhuben medverkar òg til eit tydlegare skilje mellom monopol- og marknadsaktørar, og dermed til auka konkurranse og innovasjon i kraftbransjen.

Det er gjennomført fleire andre tiltak for å medverke til auka konkurranse og meir effektive monopol. Eksempel på dette er forskriftsendringar knytte til konkurranseutsetjing av anskaffingar som blir belasta nettverksemda (kryssubsidiering), éi rekning, gjennomfakturering, felles regulerkraftavrekning i Norden (NBS) og kraftprisportalen. I tillegg er det forslått endringar i metode for å rekne ut inntektstap ved fusjonar (harmonieffekt) for å leggje til rette for strukturendringar.

Elmarknadstilsynet i NVE har forutan innføringa av smarte straummålarar (AMS) og Elhub foreslått endringar i avrekningsforskrifta, som inneber at ein plusskunde ikkje treng å installere ein eigen målar for å måle brutto produksjon. Føremålet er å effektivisere og forenkle marknaden. Det er foreslått endringar i kontrollforskrifta som fører til nokre forenklingar i den årlege økonomiske og tekniske rapporteringa til NVE for nettselskapa. Avvikling av lokale energiutgreiingar og oppheving av kompetanseforskrifta er andre forenklingstiltak som er sett i gang innanfor denne sektoren.

NVE, Statens vegvesen og Jernbaneverket har dei siste åra utvikla samarbeidet om handtering av flaum- og skredfare, gjennom prosjektet NIFS. Samarbeidet omfattar både forsking og utvikling, utvikling av felles standardar og rettleiarar og gjensidig bistand spesielt ved handtering av hendingar. Det er potensial for vidare utvikling av samarbeidet med sikte på meir effektiv utnytting av ressursar og kompetanse på tvers av etatane.

NVE satsar på ei effektivisering og auka framdrift i arbeidet med kartlegging av fareområde, med sikte på betre grunnlag for arealplanlegging og utbygging og for prioritering av sikringstiltak. Eit sentralt ledd i dette er å syte for at private konsulentar har god og lik kvalitet på gjennomføring og rapportering. Eit ledd i effektiviseringa er òg å inngå langsiktige rammeavtaler med konsulentar. Tiltaket er godt motteke i bransjen.

Oljedirektoratet

Oljedirektoratet har over fleire år hatt fokus på digitaliseringsprosessar for å forenkle arbeidet i direktoratet. Dette inneber arbeid med konsesjonssøknader, innrapporteringsformat, elektroniske samhandlingsløysingar på intranett, elektroniske anskaffingsprosessar med meir. Vidare er det utvikla ein første versjon av ein felles nettbasert portal (SMIL) for styresmakter og næringa for søknader, innrapportering og saksbehandling. Denne blir lansert i 2015. Arbeidet held fram i 2016.

OD testar òg ut ein modell for prosjektgjennomføring basert på Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) sin modell, Prosjektrettleiaren. Dette skal sikre god prosjektgjennomføring med særleg fokus på gevinstrealisering/effektoppnåing.

Vidare er Oljedirektoratet ein pådrivar for at petroleumsnæringa skal samordne aktivitetar som for eksempel seismikkinnsamling og feltutbyggingar. Direktoratet har vore ein pådrivar for at næringa har gjennomført felles datainnsamling i Barentshavet. Statoil ASA koordinerer innsamlingane på vegner av fleire selskap.

Olje- og energidepartementet

I samband med arbeidet med statsbudsjettet 2014 og 2015 gjennomførte Olje- og energidepartementet eit styringsprosjekt knytt til oppfølginga av underliggjande verksemder. Føremålet var blant anna å gjere forenklingar og tydeleggjere mål og rapporteringskrav i Prop. 1 S og i tildelingsbrev. Departementet vil føre vidare dette i arbeidet i framtidige budsjett.

Departementet har òg vurdert og sett i gang interne tidstjuvprosjekt som vil bli førte vidare i tida som kjem med sikte på å utvikle og effektivisere arbeidsprosessar, blant anna gjennom digitalisering.

Vidare vil departementet gjennomføre ressursgjennomgangar med sikte på blant anna effektivisering av administrative funksjonar i departementet på kort og mellomlang sikt. Denne gjennomgåinga vil bli sett i samanheng med arbeidet med å vidareutvikle og effektivisere dei administrative fellesfunksjonane i departementsfellesskapet.

10 Omtale av lønnsvilkåra o.a. til leiarar i heileigde statlege verksemdar under Olje- og energidepartementet

10.1 Enova SF

Administrerande direktør i Enova SF fekk i 2014 lønn på kroner 1 524 983. I tillegg fekk han anna godtgjersle på kroner 102 792. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var kroner 127 474.

Administrerande direktørs pensjonsordning er basert på Statens pensjonskasses til ei kvar tid gjeldande reglar for pensjonsalder og aldersgrense, og samla kompensasjonsgrad skal ikkje overstige 66 prosent av lønna, og då avgrensa til 12 G.

I medhald av tilsetjingsavtala gjeld ei gjensidig oppseiingstid på seks månader. Han har inga avtale om etterlønn, bonusar eller aksjar og opsjonar.

10.2 Gassnova SF

Administrerande direktør i Gassnova SF fekk i 2014 lønn på kroner 2 236 042. I tillegg fekk han anna godtgjersle på kroner 94 523. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var kroner 198 617.

Administrerande direktørs pensjonsordning er basert på Statens pensjonskasses til ei kvar tid gjeldande reglar for pensjonsalder og aldersgrense, og samla kompensasjonsgrad skal ikkje overstige 66 prosent av lønna, og då avgrensa til 12 G.

Administrerande direktør har krav på eit sluttvederlag tilsvarande full kompensasjon i tolv månader utover oppseiingstida på seks månader dersom han etter dialog med styret fråtrer stillinga si før avtaleperioden går ut og ikkje blir tilbydd anna relevant stilling i selskapet. Eit sluttvederlag tilseier eit fråfall frå reglane om eit oppseiingsvern i arbeidsmiljølova. Tilsetjing i ny stilling tilseier ein høvesvis reduksjon av sluttvederlaget (utover oppseiingstida).

10.3 Statnett SF

Konsernsjef i Statnett SF fekk i 2014 lønn på kroner 2 742 276. I tillegg fekk han anna godtgjersle på kroner 188 277. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var kroner 2 283 475.

Konsernsjef har inga avtale om bonus eller liknande. Pensjonsalder er 65 år for konsernsjef og pensjonen utgjer 66 prosent av pensjonsgrunnlaget. Konsernsjef har avtale om tolv måneders etterlønn ved oppseiing frå selskapet si side.

10.4 Petoro AS

Administrerande direktør i Petoro AS fekk i 2014 lønn på kroner 3 231 000. I tillegg fekk ho anna godtgjersle på kroner 187 000. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var kroner 1 961 000.

Pensjonsalder er 67 år for administrerande direktør. Pensjonsytinga er berekna til om lag 66 prosent av pensjonsgrunnlaget fråtrekt ei berekna yting frå folketrygda. Gjensidig oppseiingstid er seks månader. Det er inngått avtale om etterlønn i tolv månader ut over oppseiingstid.

10.5 Gassco AS

Administrerande direktør i Gassco AS fekk i 2014 lønn på kroner 3 251 000. I tillegg fekk han bonus og anna godtgjering på kroner 284 000. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var kroner 4 783 000.

Administrerande direktør har ei bonusordning som kan gi inntil 10 prosent av grunnlønna i bonus. Gjennom si tilsetjingsavtale har administrerande direktør rett til avgang med 66 prosent av pensjonsgrunnlaget frå fylte 62 år. Gjensidig oppseiingstid er seks månader. Han har inga avtale om etterlønn.

Fotnoter

1.

Dette er berekna på bakgrunn av olje- og gassprisføresetnader frå Nasjonalbudsjettet 2016.

2.

Alle utsleppstal er frå SSBs førebelse tal for utslepp til luft, 7. mai 2015

Til forsiden