Prop. 112 L (2017–2018)

Endringar i stiftelseslova (tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I denne proposisjonen vert det lagt fram forslag til endringar i lov 15. juni 2001 nr. 59 om stiftelser (stiftelseslova). Lova vert føreslått endra slik at Stiftelsestilsynet får heimel i lov til framleis å kunne hente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikt når det er naudsynt for utøving av oppgåver etter stiftelseslova, arvelova og dekningslova, jf. folkeregisterlova § 10-2. Det vert i samband med dette føreslått endringar i stiftelseslova § 7.

Stiftelsestilsynet har sidan 2009 hatt løyve frå Skattedirektoratet til å hente desse opplysningane med heimel i folkeregisterlova 16. januar 1970 § 14. Lovendringane inneber soleis ikkje endringar i den faktiske rettstilstanden. Etter folkeregisterlova av 2016 § 10-2 er det krav om at heimel for utlevering av opplysningar frå Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt, må stå i regelverket som gjeld for dei ulike saksområda. Skal Stiftelsestilsynet framleis ha tilgang til dette, må heimelen soleis stå i stiftelseslova.