Prop. 121 L (2021–2022)

Endringar i lovgjevinga som følgje av innføring av ny kjønnsnøytral tittel på Sivilombodsmannen

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justis- og beredskapsdepartementet legg med dette fram eit framlegg til endringar i lovgjevinga som følgje av at tittelen «sivilombodsmann» har vorte endra til det kjønnsnøytrale «sivilombod». Framlegget omfattar endringar frå namnet «sivilombudsmann», «ombudsmann» og ulike varianter av dette til det nye «sivilombudet», «ombudet» osv. i 11 lover. Det nye namnet gjeld både for stillinga og verksemda. I tillegg blir dei generelle nemningane «ombudsmann» og «ombudsmenn» føreslege endra til «ombud» i tre lover.

Endringane er av teknisk karakter og kjem som ei følgje av at namnet på verksemda Sivilombodsmannen har vorte endra til Sivilombodet (med stor s) og stillinga sivilombodsmannen til sivilombodet (med liten s). Etter framlegget blir nemningane «Stortingets ombudsmann for forvaltningen», «Stortingets ombodsmann for forvaltninga», «Sivilombudsmannen» og «Sivilombodsmannen» endra til «Sivilombudet» på bokmål og «Sivilombodet» på nynorsk. Der det er tale om stillinga, skal det heite «sivilombudet» eller «sivilombodet». Det blir føreslege tilsvarande endringar der variantar som «ombudsmann», «ombudsmannens», «ombodsmann» og liknande er brukt. Framlegget inneber ingen materielle endringar.

Departementet føreslår at endringslova skal ta til å gjelde straks.