Prop. 155 L (2016–2017)
Endringar i yrkestransportlova (samkøyring mv.)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)
Tilråding frå Samferdselsdepartementet 16. juni 2017, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)
Proposisjonen omhandlar endringar i yrkestransportlova. Lovframlegget opnar for samkøyring mot deling av transportkostnadene dersom sjåføren og passasjerane har eit samanfallande transportbehov. Framlegget inneber òg ei heving av den øvre aldersgrensa for drosjeløyve frå 70 til 75 år.