Prop. 164 S (2016–2017)

Finansiering av Nordhordlandspakken i Hordaland

Til innholdsfortegnelse

4 Trafikk- og inntektsgrunnlag

Trafikken som er lagt til grunn for Nordhordlandspakken, er rekna ut på grunnlag av den regionale trafikkmodellen (RTM) og ein tilleggsanalyse. Tilleggsanalysen tek utgangspunkt i teljingar av trafikken på dagens vegnett der dei fem bomstasjonane vil stå, jf. kapittel 5. I 2012 vart det registrert ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på 49 405 køyretøy. Med føresett timesregel er det rekna med at om lag 48 pst. av trafikken er betalande trafikk. Vidare er det rekna med ein reduksjon i trafikken som følgje av bompengeinnkrevjinga på om lag 10 pst. Etter dette er det lagt til grunn ein betalande ÅDT på 21 550 køyretøy i 2012.

I fylkesprognosane som vart utarbeidde for Hordaland i samband med Nasjonal transportplan 2014-2023, er det lagt til grunn ein årleg trafikkvekst på 1,5 pst. i perioden 2013–2020, 1,4 pst. i perioden 2020–2030 og deretter 0,95 pst. vekst fram til 2040. På dei mest trafikkerte vegstrekningane i Nordhordland var trafikkveksten i 2013 og 2014 på 2-3 pst. Innføring av bompengar og føresetnad om nullvekst i personbiltrafikken i Bergen vil bidra til å redusere trafikkveksten. I finansieringsanalysen er det derfor lagt til grunn ein årleg vekst i trafikken på 2 pst. i 2013, 1,5 pst. i 2014 og deretter 1 pst.