Prop. 164 S (2016–2017)

Finansiering av Nordhordlandspakken i Hordaland

Til innholdsfortegnelse

8 Samferdselsdepartementet si vurdering

Samferdselsdepartementet viser til at det er lokalpolitisk tilslutning til Nordhordlandspakken med prosjekt og tiltak både på statleg og fylkeskommunalt vegnett. Departementet meiner at dei økonomiske føresetnadane som er lagt til grunn for pakken er realistiske, og tilrår det lokale forslaget til utbyggings- og finansieringsopplegg.

Departementet har merka seg at det er lagt til grunn ei rekneteknisk rente på 4,5 pst. Dei lokalpolitiske vedtaket vart fatta i medhald av Prop. 97 S (2013–2014) der det vart lagt opp til ei overgangsordning der lokale styresmakter fekk større fridom til å fastsetje rekneteknisk rente ut frå venta rente i marknaden og eigen vurdering av risiko. I ettertid er føringane endra slik at rekneteknisk rente skal setjast til 5,5 pst. dei første 10 åra og deretter til 6,5 pst. Nordhordlandspakken er ein bompengepakke der omfanget av utbygginga må tilpassast den økonomiske ramma til pakken. All kostnadsauke må følgjeleg løysast innafor den økonomiske ramma til pakken. Pakken omfattar mange mindre prosjekt, noko som gjer det enklare å tilpasse omfanget av utbygginga til den økonomiske ramma for pakken. På bakgrunn av dette og at den eksterne gjennomgangen av prosjektet konkluderer med at økonomien i prosjektet er robust, finn ikkje Samferdselsdepartementet det naudsynt å gjere endringar i den rekneteknisk renta.

Som for andre bompengepakker er det føresett at omfanget av utbygginga blir tilpassa den økonomiske ramma på om lag 1,5 mrd. kr. Pakken skal styrast gjennom porteføljestyring. Dersom kostnadene for nokre av prosjekta/tiltaka aukar, vil det innebere at andre prosjekt ikkje blir gjennomførte. Dersom enkelte prosjekt/tiltak blir rimelegare enn føresett, blir det plass til fleire prosjekt/tiltak, eller innkrevjingstida kan reduserast. Føreliggande kostnadsoverslag inneber at pakken ikkje er fullfinansiert. Dette krev derfor god porteføljestyring av innhaldet i pakken.