2 Forslag til endringar av løyvingane under dei enkelte kapittel

Kap. 701 Digitalisering i helse- og omsorgstjenesten

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 701, post 21 med 10 mill. kroner, kor 8,5 mill. kroner flyttast frå kap. 2755, post 70 og 1,5 mill. kroner frå kap. 2755, post 71, knytt til desse endringane.

Etter takstforhandlingane med Legeforeningen og fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund, er det for avtaleåret 2025–2026 avsett midlar frå båe partar til utvikling av elektronisk pasientjournal (EPJ). Midlane skal nyttas til å utvikle EPJ-system som blant anna gjer det mogleg å hente ut data til styring, lokalt forbetringsarbeid og forsking og lette kommunikasjonen med andre.

Statens del utgjer 8,5 mill. kroner til utvikling av leganes EPJ, og 1,5 mill. kroner til utvikling av fysioterapeutanes EPJ for inneverande avtaleår. Legane og fysioterapeutanes del vart ved takstforhandlingane trekt frå rammeaukingane inneverande avtaleår.

Departementet foreslår vidare å flytte 11,4 mill. kroner til kap. 701, post 60, sjå omtale der. Til saman foreslår departementet å redusere løyvinga med 1,4 mill. kroner.

Post 60 Tilskudd til helseteknologi i kommunal helse- og omsorgstjeneste

Departementet foreslår å flytte 11,4 mill. kroner frå kap. 701, post 21 knytt til tilskot for å ta i bruk teknologi i den kommunale helse- og omsorgstenesta. Ordninga skal bidra til at kommunane tek i bruk personellbesparande teknologi.

Kap. 702 Beredskap

Post 72 Kompensasjon til legemiddelgrossister

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 13,2 mill. kroner knytt til oppdatert prognose for kompensasjon til legemiddelgrossistane under forskriftsfesta beredskapslager for legemiddel.

Kap. 703 Internasjonalt samarbeid

Post 71 Internasjonale organisasjoner

Departementet foreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner knytt til endringar i utgifter til kontingentinnbetalingar for Noregs deltaking i programmer og byrå i EU under EØS-avtalen.

Dette er i hovudsak knytt til auke i eurokursen, som gir noko høgare kontingentar enn det som vart lagt til grunn i revidert budsjett for 2025.

Kap. 710 Vaksiner mv.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Helse- og omsorgsdepartementet har fullmakt til å gjere bestillingar under post 21 utover gitte løyvingar, men slik at samla ramme for nye bestillingar og gammalt ansvar ikkje overstig 255 mill. kroner. Oppdatert prognose gir eit auka behov for fullmakt og er knytt til nye beredskapsavtaler for pandemisk influensa. På bakgrunn av oppdatert prognose blir det foreslått at bestillingsfullmakta på kapittel 710 post 21 blir auka med 33 mill. kroner til 288 mill. kroner.

Post 22 Salgs- og beredskapsprodukter m.m., kan overførast

Departementet føreslår å redusere løyvinga med 10,2 mill. kroner knytt til endra prognoser for utgifter til vaksinekjøp.

Posten blir justert årleg med bakgrunn i oppdaterte prognosar for venta innkjøp og sal av vaksiner. Dette for å kunne ta høgde for behov knytt til lagerhald og uventa variasjonar i kostnadsnivå, med årsak i endra vilkår i vaksinemarknaden utanfor nasjonal kontroll. Utgifter og inntekter knytt til sals- og beredskapsprodukt blir påverka av endringar i valutakurs, tilgang i marknaden, lagerhald, leveringstidspunkt, etterspurnad og sal. I tillegg fører eventuelle sal til grossistar til endringar i innkjøps- og salsprognosar.

Endringa i prognosen heng saman med redusert etterspurnad etter vaksine mot difteri, kikhoste, stivkrampe og polio, redusert etterspurnad etter gulfebervaksine og nye vurderingar knytt til omsetting av andre vaksiner som inngår i post 22.

Post 23 Vaksinasjonsprogram for voksne og risikogrupper, kan overførast

Departementet foreslår å redusere løyvinga med til saman 43 mill. kroner knytt til endra prognoser for utgifter til vaksinekjøp.

Folkehelseinstituttet endra i juli 2025 tilrådinga om koronavaksinering frå 65 til 75 år dersom ein ikkje høyrer til risikogruppene. Personar over 75 år blir framleis oppmoda til vaksinasjon. På bakgrunn av oppdaterte tilrådingar og målgrupper blir behovet for kjøp av vaksinar redusert med om lag 40 mill. kroner. Vidare har innkjøp av pneumokokkvaksinen Prevenar 20 blitt rimelegare enn venta.

Kap. 3710 Vaksiner mv.

Post 03 Vaksinesalg

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 21,8 mill. kroner, sjå omtale under kap. 710, post 22.

Kap. 714 Folkehelse

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 2,5 mill. kroner i tråd med prinsippet om realistisk budsjettering. Det er forventa eit mindreforbruk knytt til at planlegginga av prosjektet digital inkludering og opplæring av eldre ved Senteret for et aldersvennlig Norge i Helsedirektoratet har tatt noko lengre tid enn føresett. Bruken av midlane er difor noko forskyvd i tid, og senteret vil ha redusert behov for midlar i 2025, om lag 1,5 mill. kroner. Elles er mindreforbruket knytt til redusert behov for midlar til utgreiingsarbeid og andre spesielle driftsutgifter på folkehelseområdet.

Departementet foreslår vidare å flytte 0,2 mill. kroner til kap. 714, post 79, sjå omtale der. Til saman foreslår departementet å redusere løyvinga med 2,7 mill. kroner.

Post 22 Gebyrfinansierte ordninger

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 24,3 mill. kroner, jf. mindreinntekt over kap. 3714, post 04 og kap. 5572, post 74 og kap. 5572 post 75.

Det er forventa eit mindreforbruk på 0,4 mill. kroner som følgje av få nye søknader om løyve til import, eksport og produksjon av tobakkssvarar. Vidare har Helsedirektoratet eit mindreforbruk på 23,9 mill. kroner som følje av at ikraftsetjinga av tobakksdirektivet er forseinka.

Post 79 Andre tilskudd, kan overførast, kan nyttast under post 21

Departementet foreslår å flytte 0,2 mill. kroner frå kap. 714, post 21 knytt til eit enkeltståande tilskot på 200 000 kroner øyremerkt Folkehelseforeningen i 2025. Tilskotet skal støtte Folkehelseforeningen sitt arbeid med kunnskapsdeling om folkehelsearbeid, blant annet gjennom folkehelsekonferansen og anna nettverksarbeid. Målet er å styrke kunnskapsdeling og samarbeid mellom relevante forskingsmiljø, fagorganisasjonar, offentleg, privat og frivillig sektor på lokalt, nasjonalt og europeisk nivå. Nærmare tildelingskriterium, opplegg for oppfølging og kontroll samt evaluering vil gå fram av tilskotsbrev til Folkehelseforeningen.

Kap. 3714 Folkehelse

Post 04 Gebyrinntekter

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 21,3 mill. kroner, sjå omtale under kap. 714, post 22.

Kap. 717 Legemiddeltiltak

Post 70 Tilskudd

Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner knytt til høgare utbetaling av fraktrefusjon til apotek enn lagt til grunn i saldert budsjett.

Kap. 5572 Sektoravgifter under Helse- og omsorgsdepartementet

Post 74 Tilsynsavgift

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 3,8 mill. kroner i tilsynsavgift for e-sigarettar som følgje av at ikraftsetjinga av tobakksdirektivet er forseinka, sjå omtale under kap. 714, post 22.

Post 75 Sektoravgift tobakk

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 8,5 mill. kroner, sjå omtale under kap. 714, post 22.

Kap. 3700 Helse- og omsorgsdepartementet

Post 03 Refusjon av ODA-godkjente utgifter fra Utenriksdepartementet

Departementet foreslår å auke løyvinga med 64 mill. kroner knytt til Medevac-pasientar. Departementet viser til omtale under kap. 732, post 70. Helseføretaka sine ekstraordinære utgifter til behandling av Medevac-pasientar frå Ukraina kan bli rekna som utviklingshjelp (ODA).

Kap. 732 Regionale helseforetak

Post 70 Særskilte tilskudd, kan overførast, kan nyttast under postane 72, 73, 74 og 75

Medevac

Noreg deltek i det europeiske samarbeidet for medisinsk evakuering av pasientar frå Ukraina og også frå Gaza, såkalte Medevac-pasientar. Dei regionale helseføretaka skal få dekt kostnadene ved behandling av desse pasientane. Dei regionale helseføretaka har berekna at utgiftene blir om lag 64 mill. kroner høgare for 2024 og 2025 samla sett enn det som er budsjettert. Departementet foreslår å auke løyvinga med 64 mill. kroner knytt til Medevac-pasientar. Departementet viser til omtale under kap. 3700, post 03.

Post 72 Basisbevilgning Helse Sør-Øst RHF, kan overførast

Auka pensjonskostnader hos ideelle verksemder med langsiktige avtaler med RHF

Helse Sør-Aust RHF og Helse Vest RHF har langsiktige avtaler med private ideelle verksemder som årleg mottar oppdrags-/bestillerdokument frå dei regionale helseføretaka. Endringar i desse institusjonanes pensjonskostnader som følgje av forhold dei sjølv i liten grad kan påverke, blir handtert av de regionale helseføretaka som hovudregel på linje med egne helseføretak. Teknikken for handtering av kostnader til pensjon er ulik i dei statlege verksemdene og dei private ideelle verksemdene. For dei private ideelle verksemdene blir dette handtert gjennom dei langsiktige avtalene med dei regionale helseføretaka. Frå staten si side vil den ordinære basisløyvinga til Helse Sør-Aust RHF og Helse Vest RHF i utgangspunktet dekke den årlege pensjonskostnaden i dei private ideelle institusjonane. I inneverande år er det anslått at den ordinære basisløyvinga, som blir prisjustert årleg, dekker om lag 885 mill. kroner i pensjonskostnader i dei ideelle verksemdene.

Endringar i løyvinga til Helse Sør-Aust RHF og Helse Vest RHF knytt til pensjonskostnader i dei private ideelle institusjonane, vil kun bli vurdert ved større planendringar, det vil si ved regelverksendringar som påverkar pensjonsforpliktelsene til verksemdene, og ved andre ekstraordinære forhold.

Dei private ideelle verksemdene fekk behalde ein positiv rekneskapseffekt i 2014, da levealdersjustering vart innført for offentlege tenestepensjonsordningar for personar født i 1954 eller seinare. Årlege endringar i pensjonskostnaden til dei private ideelle verksemdene i åra etter 2014 er blitt sett i samanheng med den positive effekten i rekneskapen frå 2014. Det blir no lagt til grunn at denne praksisen med avrekning mot effekten frå 2014 er opphøyrt.

Stortinget har vedtatt ny offentleg avtalefesta pensjon (AFP) og nye pensjonsregler for tilsette med særaldersgrenser. Regelendringane for særaldersgrenser er kostnadsreduserande mens ny offentleg AFP er ein klart dyrare ordning enn tidlegare AFP. I sum utgjer dette ein betydeleg kostnadsauke som eingongseffekt som må bli tatt omsyn til i årsrekneskapane for 2025. For dei ideelle institusjonane med langsiktige driftsavtaler med Helse Sør-Aust RHF og Helse Vest RHF inneberer dette at deira pensjonskostnader for 2025 blir på 1 752 mill. kroner mens det er anslått at det er dekket 885 mill. kroner gjennom ordinær basisramme til de regionale helseføretaka (kap. 732, post 72–75). Departementet foreslår difor å løyve 867 mill. kroner til kompensasjon for den udekte kostnadsauken. Det blir lagt til grunn at løyvinga blir nytta av Helse Sør-Aust RHF og Helse Vest RHF til å dekke pensjonskostnader hos dei ideelle avtalepartane med langsiktige driftsavtaler. Basert på kostnadsdata blir løyvinga fordelt med 70 pst. til Helse Sør-Aust RHF og 30 pst. til Helse Vest RHF.

Det blir på denne bakgrunn foreslått å auke løyvinga til Helse Sør-Aust RHF med 607 mill. kroner. Det vises til omtalen under post 73 for sakens budsjettmessige konsekvensar for Helse Vest RHF.

Auka pensjonskostnader hos helseføretak og regionale helseføretak

Stortinget har vedtatt ny offentleg avtalefesta pensjon (AFP) og nye pensjonsregler for tilsette med særaldersgrenser. Regelendringane for særaldersgrenser er kostnadsreduserande medan ny offentleg AFP er ein klart dyrare ordning enn tidlegare AFP. I sum utgjere dette ein betydeleg eingongseffekt (kostnadsauke) som må bli tatt omsyn til i årsrekneskapen til helseføretaka for 2025. Som følge av desse endringane viser oppdaterte berekningar ein samla pensjonskostnad på 30 905 mill. kroner for helseføretaka i 2025. Dette er ein auke på 12 855 mill. kroner i forhold til det som var lagt til grunn i Saldert budsjett for 2025. Departementet foreslår difor å auke basisløyvinga til dei regionale helseføretaka over kap. 732, postane 72–75 med til saman 12 855 mill. kroner, tilsvarande det auka anslaget for helseføretaka sine pensjonskostnader.

Helse Sør-Aust RHF sin del av forslaget utgjer 7 010 mill. kroner.

I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2025 vart det vedtatt å endre helseforetaksloven slik at Helse- og omsorgsdepartementet kan fastsette egne regler for regnskapsføring av pensjon i helseføretaka. Det vises til Prop. 145 LS (2024–2025) for forslag til lovendring. Forskrift med reglar som kan utfylle eller fråvike føresegna i regnskapsloven når det gjeld helseføretaka sine pensjonsforhold vil bli utarbeidd i samråd med dei regionale helseføretaka og lagt fram i forbindelse med Revidert nasjonalbudsjett 2026. Handtering av helseføretakas samla pensjonskostnader for 2025 baserer seg difor på ein vidareføring av etablert modell.

Gjennom Stortingets behandling av Prop. 1 S (2025–2026) er det lagt til grunn at helseføretaka skal kunne bruke 2 mrd. kroner frå premiefond dei har hos sine pensjonsleverandørar til betaling av pensjonspremiar i 2026. Ettersom helseføretaka ved utgangen av 2025 har tilgjengelege midlar utover den vedtatte bruken for 2026, kombinert med at helseføretaka har omfattande renteberande driftskredittgjeld som følge av høgare betalbare pensjonspremiar over tid, foreslår departementet at helseføretaka i 2026 skal få bruke ytterlegare 5 mrd. kroner frå premiefond til betaling av pensjonspremiar i 2026. Departementet foreslår at denne auken blir kommunisert i ordinære føretaksmøte med dei regionale helseføretaka i januar 2026 slik at den auka bruken kan bli effektuera raskast mogleg. Auka premiefondsbruk blir reflektert i tilsvarande reduserte driftskredittrammer for 2026. Endeleg bruk av midlar frå premiefond og endra driftskredittrammer som følge av dette blir vedtatt gjennom Stortingets behandling av revidert nasjonalbudsjett 2026.

Post 73 Basisbevilgning Helse Vest RHF, kan overførast

Departementet foreslår å auke løyvinga med 260 mill. kroner til dekking av auka pensjonskostnader hos ideelle verksemder med langsiktige avtaler med Helse Vest og 2 471 mill. kroner til dekking av auka pensjonskostnader i føretaksgruppa til Helse Vest, sjå omtale under kap. 732, post 72.

Post 74 Basisbevilgning Helse Midt-Norge RHF, kan overførast

Departementet foreslår å auke løyvinga med 1 824 mill. kroner, sjå omtale under kap. 732, post 72.

Post 75 Basisbevilgning Helse Nord RHF, kan overførast

Departementet foreslår å auke løyvinga med 1 550 mill. kroner, sjå omtale under kap. 732, post 72.

Post 76 Innsatsstyrt finansiering overslagsløyving

Saldert budsjett 2025 legg til rette for ein aktivitetsvekst på om lag 1,8 pst. Faktisk aktivitet i 2024 vart lågare enn anslått, og budsjettet for 2025 gir dermed rom for ein aktivitetsvekst på om lag 2,3 pst. frå aktivitetsnivået i 2024. Oppdatert prognose for 2025, basert på aktivitetstal per andre tertial 2025, indikerer ein samla aktivitet i 2025 som er om lag 0,4 pst. høgare enn føresett. Dette svarer til ein auke på 125,6 mill. kroner samanlikna budsjett etter Stortingets behandling av Prop. 146 S (2024–2025), der løyvinga ble økt med 5 mill. kroner.

Kvalitetssikring av endeleg grunnlag for avrekning for 2024 syner at det blir utbetalt 95 mill. kroner for mykje i akontoutbetalingar i 2024. Dette blir handtert i samanheng med utbetalingane til dei regionale helseføretaka i desember 2025, og løyvinga for 2025 blir redusert med 95 mill. kroner.

Til saman foreslår departementet å auke løyvinga med 30,6 mill. kroner.

Post 77 Laboratorie- og radiologiske undersøkelser, overslagsløyving

I samband med at abortloven tok til å gjelde frå 1. juni 2025 kan kvinner ha to eigendelsfrie oppfølgingssamtalar ved gjennomført abort. Dette inneber meirutbetalingar på posten i 2025 tilsvarande 0,2 mill. kroner. Sjå omtale under kap. 2755, post 70 for omtale av saka sine budsjettmessige konsekvensar for folketrygda. Sjå Prop. 1 S (2025–2026) for forslag til handtering av dei budsjettmessige konsekvensane av saka i 2026.

Aktivitetstal per september 2025 gir eit anslag for utbetalingar i 2025 på 5 010 mill. kroner. Anslaget er 299,9 mill. kroner lågare enn budsjett etter Stortingets behandling av Prop. 146 S (2024–2025), der løyvinga vart satt opp med 847 mill. kroner.

Departementet foreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga med 299,7 mill. kroner.

Post 80 Kompensasjon for merverdiavgift, overslagsløyving

Løyvinga dekker kompensasjon for meirverdiavgift til dei regionale helseføretaka som følgje av ordninga med nøytral meirverdiavgift. Departementet foreslår å auke løyvinga med 170 mill. kroner som følgje av høgare anslag for kompensasjon i 2025 enn lagt til grunn i saldert budsjett.

Post 83 Byggelånsrenter, overslagsløyving

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 393,5 mill. kroner knytt til korrigering av tidlegare berekningar og endra tidspunkt for konvertering av lån, enn lagt til grunn i saldert budsjett. Dei regionale helseføretaka betalar renter på byggjelån fram til prosjekta er ferdige. Då blir byggjelånet tillagt renter og gjort om til eit langsiktig lån.

Post 86 Driftskreditter

Departementet foreslår å redusere driftskredittramma til dei regionale helseføretaka med til saman 9 935 mill. kroner samanlikna med nivået lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2025. Av dette blir 78 mill. kroner ført som reduksjon under kap. 732, post 86. For justering av driftskredittramma visar departementet til samla omtale under kap. 3732, post 86.

Kap. 734 Særskilte tilskudd til psykisk helse og rustiltak

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår 24,4 mill. kroner i auka løyving til kontrollkommisjonane knytt til auka saksmengd.

Post 71 Driftsutgifter

Utgiftene til ordninga for dømde til tvungen omsorg blir anslått å vera lågare enn føresett for 2025. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 25 mill. kroner.

Kap. 737 Historiske pensjonskostnader

Post 70 Tilskudd, overslagsløyving

Departementet foreslår å sette ned løyvinga med 30 mill. kroner knytt til lågare utbetaling av tilskot enn lagt til grunn i saldert budsjett. Løyvinga dekker tilskot til ideelle og andre verksemder sine historiske pensjonskostnader knytt til offentleg tenestepensjonsordning.

Kap. 3732 Regionale helseforetak

Post 80 Renter på investeringslån

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 468,8 mill. kroner knytt til endra tidspunkt for konvertering av lån og korrigering av tidlegare berekning. Dei regionale helseføretaka betalar renter på investeringslån som er gjort om til langsiktige lån.

Post 85 Avdrag på investeringslån f.o.m. 2008

Departementet foreslår å auke løyvinga med 137,2 mill. kroner knytt til endringar ifrå forutsetningane som har vært lagt til grunn.

Post 86 (Ny) Driftskreditter

Dei regionale helseføretaka har anledning til å ta opp driftskreditt for til ein kvar tid å ha tilstrekkeleg likviditet til å handtere betaling av pensjonspremiar til pensjonsleverandørane. Helse- og omsorgsdepartementet har ansvar for å fordele ramma mellom dei regionale helseføretaka. Ved behandlinga av Prop. 146 S Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2025 i Stortinget vart det lagt til grunn at dei regionale helseføretaka si driftskredittramme ved utgangen av 2025 ville være 25 321 mill. kroner.

Oppdatert informasjon frå pensjonsleverandørane gir eit nytt samla tal på pensjonspremie for 2025 på 29 720 mill. kroner. Det er 2 920 mill. kroner høgare enn nivået Stortinget vedtok ved behandling av Prop. 1 S (2024–2025) og Prop. 146 S (2024–2025). Samstundes har berekna pensjonskostnader auka med 12 855 mill. kroner samanlikna med nivået lagt til grunn i dei sama proposisjonane. Det er foreslått å løyve midlar svarande til dekning av dette over kap. 732 post 72–75, sjå kap. 732, post 72 for ei omtale av saka. I sum gir dette eit redusert driftskredittbehov på 9 935 mill. kroner. Departementet foreslår at det reduserte likviditetsbehovet som følgje av dette blir behandla gjennom å redusere ramma for driftskreditt med 9 935 mill. kroner samanlikna med det som blei lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett.

Av dette blir 78 mill. kroner foreslått ført som reduksjon under kap. 732, post 86, medan 9 857 mill. kroner blir foreslått som reduksjon av kap. 3732, post 86. Den samla driftskredittramma ved utgangen av 2025 vil dermed være 15 386 mill. kroner.

Post 87 Avdrag på tilskudd til Helseplattformen

Ved Stortinget si behandling av Prop. 1 S (2018–2019) vart det oppretta eit tilskot til kommunar og fastlegar for kostnader knytt til innføring av Helseplattforma. Målsetjinga med tilskotet var at Helse Midt-Noreg RHF og kommunane som går inn i prosjektet, vart avlasta risiko knytt til manglande deltaking. Tilskotet utgjorde 601 mill. 2019-kroner i Prop. 117 S (2019–2020) på kap. 732, post 70. Siste del av tilskotet vart utbetalt i 2023. Tilskotet skal betalast tilbake med renter etter kvart som kommunar og fastlegar tar i bruk løysinga. Helse Midt-Noreg RHF administrerer tilskotet og tilbakebetalinga. Helse Midt-Noreg RHF har berekna at nedbetaling av tilskotet for 2025 utgjer 47,4 mill. kroner. Departementet foreslår dermed å redusere løyvinga med 43,6 mill. kroner.

Kap. 740 Helsedirektoratet

Departementet foreslår endringar i innretninga for lagerhold og distribusjon av vaksiner frå 2027 for å sikre fleksibilitet, god forsyningssikkerheit og beredskap, samt at innretninga gir god ressursbruk og er framtidsretta.

Endringane inneber at ansvaret for lager og distribusjon av vaksiner i program og beredskapsvaksinar blir flytta frå Folkehelseinstituttet til Helsedirektoratet, medan ansvaret for lager og distribusjon av salsvaksinar med beredskap og reine salsvaksinar vert flytta frå Folkehelseinstituttet til legemiddelgrossistane. Endringane blir varsla no for å gje aktørane nok tid til førebuing. Departementet vil gje Direktoratet for medisinske produkter, Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet i oppdrag å greie ut eit konkret og detaljert forslag til innretning.

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å flytte 17 mill. kroner frå kap. 740, post 21 til kap. 740, post 01 for å finansiere kostnader knytt til e-helseprosjekta for fast tilsette som får lønn over kap. 740, post 01. Tilsvarande flytting er foreslått i 2026-budsjettet.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Departementet foreslår å flytte 17 mill. kroner til kap. 740, post 01, sjå omtale der.

Post 62 Oppgjørsordning for vaksinasjonsprogram for voksne og risikogrupper

Departementet foreslår å opprette ein nasjonal oppgjersordning for handtering av oppgjer mellom vaksinatør og kommune i vaksinasjonsprogrammet for vaksne. Dette for å legge til rette for ei enklare og meir effektiv administrasjon for både kommune og vaksinatør. Oppgjersordninga vil vere eit tilbod til kommunar som inngår avtale med éin eller fleire private vaksinatørar (næringsdrivande fastlegar, apotek mv.) for gjennomføring av vaksinasjon i programmet. Kommunar som berre nyttar eigne tilsette til å utføre vaksinering, vil ikkje ha behov for ei slik oppgjersordning.

Etableringa av ei nasjonal oppgjersordning vil medføre at Helfo handterer oppgjer mellom private vaksinatørar og kommunar, utan at dette representerer ei statleg aktivitet. Det er tidlegare bestemt at slike nulloppgjersordningar skal nettoførast i statsbudsjettet, og det blir derfor foreslått å innføre ein eigen budsjettpost for dette.

Kap. 3740 Helsedirektoratet

Post 05 Helsetjenester til utenlandsboende mv.

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2025. Inntektene for 2025 blir talfesta til 130 mill. kroner, som er noko høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 17 mill. kroner.

Kap. 3746 Direktoratet for medisinske produkter

Post 04 Registreringsgebyr

Departementet foreslår å redusere inntektskravet med 7,3 mill. kroner på kap 3746, post 04. Direktoratet for medisinske produkter viser til prognose for 2025 på 75,9 mill. kroner, som er 1,7 mill. kroner høgare enn rekneskapstal for 2024 og 7,3 mill. kroner lågare enn saldert budsjett 2025.

Kap. 741 Norsk pasientskadeerstatning

Post 70 Advokatutgifter

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 12 mill. kroner på kap. 741, post 70. Norsk pasientskadeerstatning rapporterer at utgiftene til posten er noko uføreseieleg, men at årsprognosen indikerer eit underforbruk på om lag 12 mill. kroner. Underforbruket skuldast ein nedgang i forventa utgifter til advokatbistand.

Kap. 742 Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten

Post 01 Driftsutgifter

Departementet foreslår å auke løyvinga med 4 mill. på kap. 742, post 01. Nasjonalt klageorgan for helsetenesta rapporterer at behovet skuldast ein 6 pst. auking i total saksmengd, samtidig som at det pågåande prosjektet for eit nytt saksbehandlingssystem har kravd arbeidskapasiteten til fleire saksbehandlarar.

Kap. 747 Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga foreslås redusert med 8,8 mill. kroner mot tilsvarande mindreinntekt over kap. 3747, post 02 knytt til at direktoratet har hatt mindre eksternfinansierte prosjektar enn venta.

Kap. 3747 Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet

Post 02 Diverse inntekter

Løyvinga foreslås redusert med 8,8 mill. kroner jf. omtale under kap. 747, post 01.

Kap. 748 Statens helsetilsyn

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga foreslås redusert med 0,1 mill. kroner mot tilsvarande mindreinntekt over kap. 3748, post 02 knytt til feilaktig prisjustering, jf. nærmere omtale under kap 3748, post 02.

Kap. 3748 Statens helsetilsyn

Post 02 Diverse inntekter

Løyvinga foreslås redusert med 0,1 mill. kroner knytt til feilaktig prisjustering på posten. Grunnlaget for inntektskravet er ei årleg avtale med Forsvaret som er avtalefesta til 1 mill. kroner.

Kap. 760 Kommunale helse- og omsorgstjenester

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under postene 70 og 71

Departementet foreslår å redusere løyvinga på posten med til saman 38,3 mill. kroner.

Departementet forslår å redusere løyvinga med 13,3 mill. kroner som følgje av mindreutgift til ei rekke tiltak innanfor løyvinga på posten:

  • 4 mill. kroner knytt til løyvinga til oppfølginga av stortingsmelding om allmennlegetenesta.

  • 1,6 mill. kroner knytt til at det ikkje har vore nok deltakarar på kurs til kortare utdanning for allmennlegar, som følgje av liten interesse.

  • 0,5 mill. kroner knytt til overførte midlar til oppdrag om koordinerte tenester til personar med samansette behov, kor det ikkje har vore kapasitet til å setje i gang alle tiltaka.

  • 3,2 mill. kroner knytt til midlar avsett til utval og utgreiingar som av ulike årsaker har lågare utbetaling enn venta, eller som ikkje har blitt oppretta eller gjennomført i 2025.

  • 4 mill. kroner knytt til at utprøvinga av nettlege har blitt noko forsinka, dette gjeld både rekrutteringa av deltakarkommunar og oppstarten i Arendal og Oslo. Det gjer at kostnadene for både aktiviteten i forsøket og administrasjon og evaluering er lågare enn forventa inneverande år.

Nettlege

Departementet foreslår å flytte 25 mill. kroner av løyvinga til nettlege, kor 24 mill. kroner flyttast til kap. 760, post 60 for finansiering av tilskot til kommunane, 0,3 mill. kroner til kap. 2752, post 72 for refunderte eigenandelar og 0,7 mill. kroner til kap. 2755, post 70 for utbetaling av refusjonar.

Post 60 Kompetanse, rekruttering og innovasjon

Departementet foreslår å flytte 24 mill. kroner til posten frå kap. 760, post 21 for finansiering av tilskott til deltakande kommunar til utprøving av kommunal nettlege. Sjå omtale under kap. 760, post 21.

Post 64 Kompensasjon for renter og avdrag

Departementet foreslår å sette ned løyvinga med 7,3 mill. kroner knytt til oppdaterte prognosar frå Husbanken.

Post 70 Tilskudd, kan nyttast under post 21

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,6 mill. kroner knytt til tilskottsordninga frivilling informasjons- og kontaktskapende arbeid for å styrke andre tiltak.

Videre foreslås det å redusere løyvinga med 7,3 mill. kroner som om følgje av mindreforbruk innafor fleire tilskotsordningar:

  • 5,5 mill. kroner knytt til grupperettleiing som følgje av at Legeforeningen hadde eit mindreforbruk på tildelt tilskott i 2024. Mindreforbruket er tilbakebetalt på kap. 760, post 70 i 2025.

  • 1,3 mill. kroner knytt til lindrande einingar. Helsedirektoratet har ferdigstilt forvaltninga av tilskotsordninga med eit mindreforbruk.

  • 0,5 mill. kroner knytt til opphald i institusjonar for eldre med særskilte behov. Tilskotet er øyremerkt til drift av Mosserødhjemmet drevet av Syvendedags Adventistkirken og Jødisk bo- og seniorsenter. Det er eit mindreforbruk på ordninga som følgje av at tilskot i 2025 er avkorta mot overføring av mindreforbruk frå 2024.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med til saman 7,9 mill. kroner.

Kap. 765 Psykisk helse, rus og vold

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 72

Departementet foreslår å sette ned løyvinga med 4,7 mill. kroner som følgje av mindreforbruk på løyvinga til nasjonal registreringsordning for rask psykisk helsehjelp. Mindreforbruket skuldast forsinka oppstart.

Post 71 Brukere og pårørende

Departementet foreslår å redusere løyvinga med til saman 0,7 mill. kroner som følgje av mindreforbruk på løyvinga til tilskotsordninga Erfaringskompetanse med 0,4 mill. kroner og Driftstilskudd til bruker- og pårørendeorganisasjon med 0,3 mill. kroner.

Post 72 Frivillig arbeid mv.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,2 mill. kroner som følgje av mindreforbruk på tilskotsordninga Aktivitetstilbud for personer med rusmiddelproblemer, psykiske helseproblemer og/eller erfaring fra salg og bytte av seksuelle handlinger.

Post 73 Utviklingstiltak mv.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med til saman 2 mill. kroner grunna forventa mindreforbruk i tilskotsordninga til fontenehus. Mindreforbruket skuldast høgare andel ubrukte midlar frå 2024 enn søkt overført, og reduksjon i kommunal finansiering for nokon fontenehus.

Kap. 770 Tannhelsetjenester

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,3 mill. kroner som følgje av forventa mindreutgift på posten.

Post 70 Tilskudd, kan overførast, kan nyttast under post 21

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 1,7 mill. kroner som følgje av mindreforbruk knytt til fleire tilskotsordningar.

Kap. 2711 Spesialisthelsetjeneste mv.

Post 70 Spesialisthjelp

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2025. Utgiftene for 2025 blir anslått til 3 150 mill. kroner. Dette er 3,5 mill. kroner høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår å auke løyvinga med 3,5 mill. kroner.

Post 71 Psykologhjelp

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2025. Utgiftene for 2025 blir anslått til 440 mill. kroner. Dette er 13,5 mill. kroner lågare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 13,5 mill. kroner.

Post 72 Tannbehandling

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2025. Utgiftene for 2025 blir talfesta til 3 030 mill. kroner, som er 1,5 mill. kroner høgare enn tidlegare grunnlag.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner til avsetning til fellesformål til tannlegar, knytt til avsetning til tannleganes fond (sjukepengefond og etterutdanningsfond). Stortinget vedtok i samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett å avvikle avsetninga til fellesformål til tannlegar. Avsetninga til fellesformål var forskriftsfesta, og det har vært naudsynt å følgje utgreiingsinstruksen i arbeidet med å avvikle avsetninga. Forskriftsendringane som avviklar avsetninga vart iverksett frå 1. november 2025. Meirkostnaden ved forsinka iverksetting er 10 mill. kroner.

Departementet foreslår difor å auke løyvinga med til saman 11,5 mill. kroner.

Post 76 Private laboratorier og røntgeninstitutt

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2025. Utgiftene for 2025 blir talfesta til 1 555 mill. kroner. Dette er 107 mill. kroner lågare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 107 mill. kroner.

Kap. 2751 Legemidler mv.

Post 70 Legemidler

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2025. Utgiftene for 2025 blir talfesta til 13 950 mill. kroner, som er 370 mill. kroner lågare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å redusere løyvinga med 370 mill. kroner.

Post 71 Legeerklæringer

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2025. Utgiftene for 2025 blir talfesta til 25 mill. kroner, som er 7 mill. kroner lågare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å redusere løyvinga med 7 mill. kroner.

Post 72 Medisinsk forbruksmateriell

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2025. Utgiftene for 2025 blir talfesta til 2 430 mill. kroner, som er 30 mill. kroner lågare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å redusere løyvinga med 30 mill. kroner.

Kap. 2752 Refusjon av egenbetaling

Post 72 Egenandelstak

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2025. Utgiftene for 2025 blir talfesta til 8 640 mill. kroner, som er 170 mill. kroner lågare enn tidlegare grunnlag.

Departementet foreslår å flytte 0,3 mill. kroner frå kap. 760, post 21 for refunderte eigenandelar knytt til nettlege, sjå omtale der.

Departementet foreslår difor å redusere løyvinga med til saman 169,7 mill. kroner.

Kap. 2755 Helsetjenester i kommunene mv.

Post 62 Fastlønnsordning fysioterapeuter, kan nyttast under post 71

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2025. Fastlønnstilskotet er auka med 4,1 pst. for 2025 som er i samsvar med resultatet av takstforhandlingane med fysioterapeutane. Utgiftene for 2025 blir talfesta til 600 mill. kroner, som er 12 mill. kroner høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga med 12 mill. kroner.

Post 70 Allmennlegehjelp

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2025. Utgiftene for 2025 blir talfesta til 7 619,4 mill. kroner, som er 31,6 mill. kroner lågare enn tidlegare grunnlag.

Departementet foreslår å flytte 0,7 mill. kroner frå kap. 760, post 21 for utbetaling av refusjonar til nettlege, sjå omtale der.

Departementet foreslår at 8,5 mill. kroner flyttast til kap. 701, post 21 til EPJ-løft for legar, sjå omtale der.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,6 mill. kroner for å dekke kostnader knytt til forskriftsendringar som følgje av ny abortlov, som gir personar som har gjennomgått abort rett til to oppfølgingssamtaler utan eigenandel. Endringa trådde i kraft 1. juni 2025. Endringa inneber òg 0,2 mill. kroner i meirutgifter som budsjetterast på kap. 732, post 77. Samla løyving til endringane er til saman 0,8 mill. kroner i 2025. Endringane er anslått til å medføre om lag 1,3 mill. kroner i årlege auka utgifter, sjå Prop. 1 S (2025–2026) for forslag til handtering av dei budsjettmessige konsekvensane frå og med 2026.

Departementet foreslår på denne bakgrunn å redusere løyvinga på posten med til saman 38,8 mill. kroner.

Post 71 Fysioterapi, kan nyttast under post 62

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2025. Utgiftene for 2025 blir talfesta til 1 791 mill. kroner, som er 15,5 mill. kroner lågare enn tidlegare grunnlag.

Frå 1. januar 2025 overtok Helsedirektoratet forvaltaransvaret for takst A2k som er ein kompetansetakst for fysioterapeutar med klinisk masterutdanning. Det vart gjort endringar i krava for å utløyse taksten, noko som medfører meirutgifter på om lag 4 mill. kroner. Takst A2k inngår frå 1. juli 2025 i ny takst A7a. Departementet foreslår å auke løyvinga med 4 mill. kroner.

Departementet foreslår at 1,5 mill. kroner flyttast til kap. 701, post 21 til EPJ-løft for fysioterapeutar, sjå omtale der.

Departementet foreslår difor å redusere løyvinga med til saman 13 mill. kroner.

Post 72 Jordmorhjelp

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2025. Takstane er auka med 5,6 pst. frå 1. juli 2025 som er i samsvar med resultatet av takstforhandlingane med fysioterapeutane. Utgiftene for 2025 blir talfesta til 103 mill. kroner, som er 2 mill. kroner høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga på posten med 2 mill. kroner.

Post 73 Kiropraktorbehandling

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2025. Utgiftene for 2025 blir talfesta til 14 mill. kroner, som er 6,8 mill. kroner lågare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å redusere løyvinga på posten med 6,8 mill. kroner.

Post 75 Logopedisk og ortoptisk behandling

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2025. Takstane er auka med 5,6 pst. frå 1. juli 2025 som er i samsvar med resultatet av takstforhandlingane med fysioterapeutane. Utgiftene for 2025 blir talfesta til 393 mill. kroner, som er 3 mill. kroner høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga på posten med 3 mill. kroner.

Kap. 2756 Andre helsetjenester

Post 71 Helsetjenester i utlandet mv.

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2025. Utgiftene for 2025 blir talfesta til 625 mill. kroner, som er 10 mill. kroner høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga på posten med 10 mill. kroner.

Post 72 Helsetjenester i utenlandsboende mv.

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2025. Utgiftene for 2025 blir talfesta til 425 mill. kroner, som er 30 mill. kroner høgare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å auke løyvinga på posten med 30 mill. kroner.

Kap. 2790 Andre helsetiltak

Post 70 Bidrag

Folketrygda sine utgifter og inntekter er gjennomgått på nytt basert på rekneskapstal per september 2025. Utgiftene for 2025 blir talfesta til 265 mill. kroner, som er 5 mill. kroner lågare enn tidlegare grunnlag. Departementet foreslår difor å redusere løyvinga med 5 mill. kroner.