2 Programområde 02 Utanriksforvaltning

Kap. 100 Utanriksdepartementet

Post 90 Lån til norske borgarar i utlandet

Løyvinga dekker lån til nordmenn i utlandet forutsatt at kriteria for naudlån er til stades. Utanriksdepartementet har i 2025 hatt høgare utgifter enn forventa på posten.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 0,1 mill. kroner.

Kap. 3100 Utanriksdepartementet

Post 02 Gebyr for utlendingssaker ved utanriksstasjonane

Berekningsgruppa for utlendingsforvaltninga (BGU) anslår ein lågare vekst i ordinære søknader om Schengen-visum enn forventa. Samstundes har det berekna talet på søknader om opphaldsløyve for i år auka noko.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner.

Post 06 Tilbakebetaling ifm. avvikling av gjeldsbrevordninga

Som eit resultat av omlegginga frå gjeldsbrev til kontantbidrag for Noregs bidrag til Verdsbankens fond for dei fattigaste landa, IDA, samt bidrag til Afrikafondet og Asiafondet, vart det i 2025 gjennomført ein eingongsoperasjon med nedtrekk av tidlegare utstedte gjeldsbrev til dei tre fonda. I samband med dette tilfalt det Noreg ein «rabatt» sidan utviklingsbankane får tidlegare tilgong til midlane, jf. omtale i Prop. 146 S (2024–2025). Samla tilbakeført beløp vart 240,5 mill. kroner. Dette er ei auke samanlikna med løyva beløp i RNB 2025, som var basert på eit anslag og avhengig av mellom anna marknadsrente og tidspunkt for utbetaling.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 10,5 mill. kroner.

Kap. 103 Regjeringas representasjon

Post 01 Driftsutgifter

Utanriksdepartementet har i 2025 vore nøydd til å handtera fleire politisk høgt prioriterte besøk og arrangement som det ikkje var planlagd og budsjettert for. Den samla aktiviteten har dermed vorte høgare enn forventa. Dette gjeld mellom anna besøka av Frankrike sin president Macron og Ukraina sin president Zelenskyj. Betydeleg dyrare arrangementstenester har òg gjort at utgiftene vart høgare enn forventa. I siste kvartal planlegg ein for nye offisielle høgnivåbesøk. I tillegg kjem auka utgifter til drift av regjeringas representasjonsanlegg.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner.

Kap. 104 Kongefamiliens offisielle reiser til utlandet

Post 01 Driftsutgifter

Den offisielle reiseaktiviteten til kongefamilien har vore lågare enn forventa i 2025. Sjølv om det blir gjennomført to større besøk for kongefamilien i haust går det mot eit mindreforbruk på posten.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner.

Kap. 116 Internasjonale organisasjonar

Post 70 Pliktige bidrag

Det er eit mindrebehov på posten på 18,8 mill. kroner.

Utbetalingane til EFTA og EFTAs organ blir 21 mill. kroner lågare enn budsjettert fordi eit mindreforbruk frå 2023 blir trekt frå innbetalinga for 2025. Det pliktige bidraget til Nordisk ministerråd blir òg om lag 10 mill. kroner lågare enn forventa, og Noregs bidrag til FNs internasjonale operasjonar reduserast med 6,5 mill. kroner samanlikna med RNB 2025.

Noregs bidrag til NATO sitt sivile budsjett aukar med om lag 17 mill. kroner, mellom anna fordi pensjonsutgifter for 2024 ved ein feil ikkje vart utbetalt før i 2025. I tillegg er det mindre justeringar i andre kontingenter mellom anna grunna valuta.

Samla blir det gjort framlegg om å redusere løyvinga med 18,8 mill. kroner.

Kap. 117 EØS-finansieringsordningane

Post 77 EØS-finansieringsordninga 2014-2021, kan overførast

Post 78 Den norske finansieringsordninga 2014-2021, kan overførast

Det er ei nedgang i behova til mottakarlanda mot avslutninga av finansieringsperioden, mellom anna grunna lågare valutakurs på utbetalingstidspunkta enn det som var lagt til grunn i RNB 2025.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 19 mill. kroner på post 77 og 14 mill. kroner på post 78.

Post 79 EØS-finansieringsordninga 2021-2028, kan overførast

Post 80 Den norske finansieringsordninga 2021-2028, kan overførast

Det er behov for å auke løyvinga på begge postane for å dekkje inn dei utbetalingane som er gjennomførte innanfor fullmakt til å overskride gjevne løyvingar, jf. romartalsvedtak II Prop. 146 S (2024–2025) og Innst. 540 S (2024–2025).

Det var stor usikkerheit i prognosane som låg til grunn i RNB 2025. Meirbehovet skuldast mellom anna at enkelte av dei internasjonale partnarorganisasjonane har rett på 10 pst. forskot i samsvar med regelverket for finansieringsordningane. I tillegg har administrative utgifter i mottakarlanda blitt høgare enn forventa som følgje av at fleire rammeavtaler har blitt underteikna i 2025.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 85 mill. kroner på post 79 og 53 mill. kroner på post 80.

Auken er innanfor den samla avtalte ramma for EØS-finansieringsordningane.