3 Programområde 03 Internasjonal bistand

Kap. 144 Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec)

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Arbeidet med evaluering av norsk utviklingssamarbeid vart flytta frå Norad til Norec 1. januar 2025. Det har vore redusert forbruk til innkjøp av evalueringstenester i ein oppstartsfase.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 8 mill. kroner.

Kap. 150 Humanitær bistand

Post 70 Naudhjelp og humanitær bistand, kan overførast

Humanitær bistand til Gaza/Palestina

Grunna den alvorlege situasjonen med store humanitære behov i Palestina, som kjem på toppen av allereie store behov i ei rekke andre humanitære krisar, gjer regjeringa framlegg om å auke løyvinga til akutt humanitær kriserespons ut 2025 med 150 mill. kroner. Dette vil bidra til meir humanitær innsats i Gaza og på Vestbredden. Saman med krisebidrag til palestinske myndigheiter under kap. 159 Regionløyvingar, post 70 Midtausten er dette eit viktig bidrag i 2025 for å støtte den hardt ramma palestinske befolkninga og bidra i oppfølginga av våpenkvileavtala.

Norsk-indisk forsking- og næringslivskonferanse

I Prop. 146 S (2024–2025) vart det rammeoverført 2 mill. kroner frå kap. 161 Utdanning, forsking og offentlege institusjonar, post 74 Noregs forskingsråd - utviklingsområdet til Kunnskapsdepartementet sitt kap. 285 Noregs forskingsråd, post 21 Særskilde driftsutgifter, til ein norsk-indisk forskings- og næringslivskonferanse i 2025 som så vart avlyst. Det blir difor gjort framlegg om å flytte ubrukte midlar på 1,7 mill. kroner frå kap. 285, post 21 til humanitær bistand til Gaza/Palestina på denne posten.

Samla blir det gjort framlegg om å auke løyvinga med 151,7 mill. kroner.

Kap. 151 Fred, tryggleik og globalt samarbeid

Post 74 Pliktige bidrag til FN-organisasjonar m.m.

Det er enkelte endringar i kontingentutgiftene for 2025, i hovudsak grunna endra valutakurs. Dette gjeld mellom anna utgifter for FN sine fredsbevarande operasjonar og FN sitt miljøprogram (UNEP).

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 3 mill. kroner.

Kap. 159 Regionløyvingar

Post 70 Midtausten, kan overførast

Det blir gjort framlegg om å auke Noregs krisebidrag til Palestina og dei palestinske myndigheitene, som står i fare for å kollapse økonomisk. For Noreg er det viktig å oppretthalde dei palestinske institusjonane i gjenoppbygginga etter krigen og i oppfølginga av president Trumps 20-punktsplan om ei fredeleg løysing på konflikten mellom Israel og Palestina. Auken sjåast i samanheng med forslag om auke i den humanitære bistanden til Gaza/Palestina, jf. kap. 150 Humanitær bistand, post 70 Naudhjelp og humanitær bistand.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 100 mill. kroner.

Kap. 161 Utdanning, forsking og offentlege institusjonar

Post 74 Noregs forskingsråd – utviklingsområdet, kan overførast

Som følgje av nye anslag frå Noregs forskingsråd blir det gjort framlegg om å justere ned tilsegnsfullmakta på posten med 8,5 mill. kroner, frå 709,9 mill. kroner til 701,4 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak II, punkt 1.

Kap. 172 Multilaterale finansinstitusjonar og gjeldslette

Post 70 Verdsbanken, kan overførast

Det er samla sett eit mindrebehov på posten. Det er utbetalt eit høgare beløp til Det internasjonale finansieringsinstituttet (International Finance Corporation – IFC) enn i saldert budsjett grunna valutakurs på utbetalingstidspunkt. Overskridinga er det gjeve fullmakt til i romartal III, punkt 3 i Prop. 1 S (2024–2025). Det er samstundes utbetalt eit lågare beløp enn i saldert budsjett til den tjuande påfyllinga til Verdsbankens fond for dei fattigaste landa, IDA20, grunna overgång frå gjeldsbrev til kontantbidrag.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 4,8 mill. kroner.

Post 71 Regionale bankar og fond, kan overførast

Det er samla sett eit meirbehov på posten grunna valutaendringar for utbetalingane til Afrikabanken, IDB Invest (privatsektor-delen av den inter-amerikanske utviklingsbanken) og det nordiske utviklingsfondet (NDF). Overskridinga er det gjeve fullmakt til i romartal III, punkt 4 i Prop. 1 S (2024–2025). Samstundes er det utbetalt eit lågare beløp til ny påfylling til Asiafondet enn i saldert budsjett grunna omleggjing frå gjeldsbrev til kontantbidrag.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 5,2 mill. kroner.

Kap. 179 Flyktningtiltak i Noreg

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Nye overslag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kunnskapsdepartementet tilseier at flyktningutgiftene i Noreg under desse departementa som kan godkjennast som internasjonal bistand (ODA) til saman blir lågare i år enn budsjettert etter RNB 2025.

Løyvinga i RNB 2025 var basert på eit planleggingstal på 18 200 flyktningar og asylsøkjarar til Noreg i 2025, inkludert 12 000 frå Ukraina under ordninga om mellombels kollektivt vern. Utlendingsdirektoratets planleggingstal er no redusert til at det vil kome 15 200 til Noreg i år, der 11 500 kjem inn under ordninga for mellombels kollektivt vern. Det blir i denne samanhengen vist til nærmare omtale i dei respektive departementa sine budsjettproposisjonar.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 259,3 mill. kroner som i hovudsak omprioriterast til anna bistand.