2 Programområde 02 Utanriksforvaltning

Statsgravferda for Kong Harald V

Etter H.M. Kong Harald V sin bortgang 28. august 2026 vart det arrangert ei statsgravferd 9. september 2026. Utanriksdepartementet var ansvarleg for å koordinere gjennomføringa av statsgravferda, i tett samarbeid med mellom anna Justis- og beredskapsdepartementet, Forsvarsdepartementet, tryggingstenestene og Oslo kommune. Statsgravferda var ein ekstraordinær og omfattande protokollær, tryggings- og logistikkoperasjon. Godt over 9 000 personar frå offentlege og private aktørar arbeidde med planlegging, sikring og gjennomføring av statsgravferda, mellom anna frå politiet, Forsvaret, Utanriksdepartementet, Oslo kommune, Avinor, fleire hotell og andre leverandørar.

Gravferda hadde deltaking frå 87 land. Blant dei utanlandske gjestane var 17 presidentar, fem statsministrar eller regjeringssjefar, 42 medlemmer av utanlandske kongehus og 35 ambassadørar eller tilsvarande diplomatiske representantar. 860 gjestar deltok på seremonien i Oslo domkyrkje. Regjeringa si mottaking i Oslo rådhus etter gravferdsseremonien samla om lag 400 utanlandske gjestar og representantar frå det offisielle Noreg. Samla sett var dette ei av dei største samlingane av utanlandske statsoverhovud, regjeringssjefar og kongelege gjester ved éi einskild hending i Noregs historie.

Det var i tillegg stor nasjonal og internasjonal medieinteresse. Utanriksdepartementet tok imot om lag 650 søknadar frå pressefolk frå 19 land om å dekkje gravferda.

Utgiftene for statsgravferda er berekna til 279,3 mill. kroner ekskl. meirverdiavgift. Gjennomføringa omfatta svært mange leveransar og aktørar, og for nokre av desse ligg det enno ikkje føre endeleg faktura. Eventuelle ekstra utgifter som ikkje er medrekna i det samla beløpet på 279,3 mill. kroner, vil måtte dekkjast innanfor dei relevante løyvingene. Av totalbeløpet gjeld 123,5 mill. kroner politiet og Politiets tryggingsteneste. Totalt 3 000 tilsatte deltok i operasjonen og det måtte hentast inn ekstra ressursar frå andre politidistrikt for å bistå Oslo politidistrikt, jf. proposisjon om endringar i statsbudsjettet 2026 under Justis- og beredskapsdepartementet. 74,9 mill. kroner gjeld i hovudsak Forsvaret sine utgifter for over 3 500 personell, jf. proposisjon om endringar i statsbudsjettet 2026 under Forsvarsdepartementet. 1,4 mill. kroner gjeld Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa, jf. proposisjon om endringar i statsbudsjettet 2026 under Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

Utgiftene under Utanriksdepartementet er berekna til 79,7 mill. kroner ekskl. meirverdiavgift. Enkelte av utgiftene gjeld fellesleveransar som støtta opp under den samla gjennomføringa, og som Utanriksdepartementet dekkjer på vegne av fleire av aktørane. Tryggingskrava var ein gjennomgåande kostnadsdrivar. Størsteparten av dei samla utgiftene er knytte til tryggingstiltak, både som direkte utgifter til vakthald og tryggingskontrollar og som ein del av andre utigfter, mellom anna til hotell, transport, flyplasshandtering og bruk av Oslo rådhus.

Det store talet på utanlandske delegasjonar medførte ein omfattande mottaks- og transportoperasjon. Det vart etablert eit eige mottakssenter på Gardermoen, som eit kontrollert og sikkert mellomledd mellom flyplassområdet og vidare transport til og frå Oslo. Mottakssenteret var sentralt for at flyplassen kunne oppretthalde normal drift samstundes som tryggleiken vart vareteken. Tryggingsomsyna gjorde det naudsynt å transportere utanlandske og norske gjestar til gravferda mellom dei ulike stadane. Til saman vart 108 køyretøy nytta til transport av gjestar og delegasjonar, inkludert 35 bussar. Utgiftene til mottak, transport og deltakarhandtering utgjorde om lag 29,8 mill. kroner.

Hotellutgiftene på om lag 25,6 mill. kroner må òg sjåast i samanheng med tryggingskrava. To hotell i Oslo sentrum, Radisson Blu Plaza Hotel og Grand Hotel, måtte kjøpast ut og disponerast over fleire dagar for tryggingssøk og for å sikre områda for gjestane. På Plaza vart òg andre delar av hotellet og garasjen nytta av politiet i gjennomføringa av operasjonen, mellom anna til operasjonskommandoen.

Utgiftene til seremonien i Oslo domkyrkje, inkludert mellom anna vakthald og kulturelle innslag, bruken av Oslo rådhus med tryggingskontroll for om lag 700 gjestar, regjeringa si samling på ettermiddagen, pynting og flagging i byen, samt handtering av kommunikasjon og presse, var på om lag 22,4 mill. kroner. I tillegg er det berekna om lag 1,9 mill. kroner i ekstraordinære overtidskostnader for tilsette i Utanriksdepartementet, med rundt 80 personar knytte til gjennomføringa.

Dekking av Utanriksdepartementet sine utgifter

Utanriksdepartementet har eit samla driftsbudsjett på om lag 5 mrd. kroner, og om lag 40 pst. av dette går til å dekkje utgifter ved dei 90 utanriksstasjonane til Noreg. Desse utgiftene blir i dei fleste tilfelle betalte i lokal valuta. Den norske krona har gjennom 2026 styrkt seg markant mot dei fleste valutaene utanrikstenesta er eksponert mot, mellom anna euro og amerikanske dollar. Dette har ført til lågare utgifter målt i norske kroner enn det som elles ville vore tilfelle.

Mindreutgiftene som følgje av valutakursutviklinga gir i 2026 rom for å dekkje dei ekstraordinære utgiftene Utanriksdepartementet har hatt i samband med statsgravferda på 79,7 mill. kroner innanfor gjeldande løyving. Det blir derfor ikkje gjort framlegg om å auke departementets budsjett til dette formålet.

Kap. 100 Utanriksdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Som følgje av innflyttinga i det nye regjeringskvartalet blir husleige- og felleskostnader til Utanriksdepartementet for bygg departementet har flytta ut av, reduserte med 21,9 mill. kroner i 2026. Midlane blir førte tilbake til statskassa.

Klima- og miljødepartementet sin stilling som spesialutsending for klima og skog i Peru vart avvikla frå august 2026. Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 1,3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke under Klima- og miljødepartementet sitt kap. 1482 Internasjonale klima- og utviklingstiltak, post 01 Driftsutgifter.

Som følgje av at ansvaret for bilaterale handelsavtalar og EFTA sine forhandlingar med tredjeland vart overført frå Nærings- og fiskeridepartementet til Utanriksdepartementet i juni 2026, blir det gjort framlegg om ei overføring på 5,4 mill. kroner frå Nærings- og fiskeridepartementet sitt kap. 900, post 01 Driftsutgifter, til denne posten. Dette skal dekkje løn og driftsutgifter for dei tilsette som vart overførte i 2026.

Samla blir det gjort framlegg om å redusere løyvinga med 17,8 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 1 mill. kroner mot tilsvarande auke av kap. 118, post 74 Forsking, dialog og menneskerettar m.m. for å gi eit tilskot til Utsyn – Senter for sikkerhet og totalforsvar i samband med prosjektet Rebuilding Trust. Sjå omtale på kap. 118, post 74.

Kap. 3100 Utanriksdepartementet

Post 02 Gebyr for utlendingssakar ved utanriksstasjonane

Det har kome færre ordinære søknadar om Schengen-visum enn venta ved utanriksstasjonane i 2026. Talet på søknadar om opphaldsløyve har og vore lågare enn venta i år.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 56,5 mill. kroner.

Kap. 103 Regjeringas representasjon

Post 01 Driftsutgifter

Utanriksdepartementet har hatt høgare utgifter enn venta på posten i år. Det skuldast at departementet i løpet av året har vore nøydd til å handtere fleire politisk høgt prioriterte besøk og arrangement som det ikkje var planlagd og budsjettert for.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 2 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon under kap. 104 Kongefamilien sine offisielle reiser til utlandet, post 01 Driftsutgifter.

Kap. 104 Kongefamilien sine offisielle reiser til utlandet

Post 01 Driftsutgifter

Utanriksdepartementet har hatt lågare utgifter enn venta på posten i år. Medlemmene i kongefamilien har hatt lågare reiseaktivitet enn venta så langt i år. Mellom anna er besøk avlyste denne hausten etter Kong Haralds bortgang.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 2 mill. kroner mot tilsvarande auke under kap. 103 Regjeringas representasjon, post 01 Driftsutgifter.

Samla blir det gjort framlegg om å redusere løyvinga med 4 mill. kroner.

Kap. 115 Næringsfremme, kultur og informasjon

Post 71 Næringsfremme, kan overførast, kan nyttast under post 22

Utanriksdepartementet har hatt høgare utgifter enn venta på posten. Dette kjem av at den siste utbetalinga til prosjektet Arctic Ignite, med mål om å bidra til at unge gründerar i Nord-Noreg skal lukkast internasjonalt, vart belasta denne posten i år. Avtala for dette prosjektet var opphavleg inngått med tilskot frå kap. 118 Utanrikspolitiske satsingar, post 70 Nordområda og Antarktis, men denne posten vart avvikla i statsbudsjettet for 2026.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 1,95 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjon under kap. 118 Utanrikspolitiske satsingar, post 21 Spesielle driftsutgifter.

Kap. 116 Internasjonale organisasjonar

Post 70 Pliktige bidrag

Utbetalingane til FNs fredsbevarande operasjonar blir reduserte med om lag 37 mill. kroner samanlikna med anslaget etter revidert nasjonalbudsjett for 2026. Bidraget til EFTA-sekretariatet blir redusert med om lag 8 mill. kroner, i hovudsak som følge av styrka kronekurs. Det er òg mindre justeringar i andre kontingentar, mellom anna grunna valutaendringar.

Samla blir det gjort framlegg om å redusere løyvinga med 48 mill. kroner.

Kap. 117 EØS-finansieringsordningane

Post 79 EØS-finansieringsordninga 2021–2028, kan overførast

Post 80 Den norske finansieringsordninga 2021–2028, kan overførast

Det er behov for å auke løyvinga på begge postane for å dekkje utbetalingane som er gjennomførte innanfor fullmakt til å overskride gjevne løyvingar, jf. romertallsvedtak III, punkt 2 i Prop. 1 S (2025–2026) for Utanriksdepartementet og Innst. 7 S (2025–2026).

Meirbehovet skuldast mellom anna auke i utbetalingane til Polen og Slovakia innan programma for justis, grøn omstilling, kultur og sosiale tiltak. Det er òg ein auke i utbetalingane til Sivilsamfunnsfondet.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 38 mill. kroner under post 79 og 32 mill. kroner under post 80.

Auken er innanfor den samla avtalte ramma for EØS-finansieringsordningane.

Kap. 118 Utanrikspolitiske satsingar

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 71, 72, 73 og 76

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 1,95 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 115 Næringsfremme, kultur og informasjon, post 71 Næringsfremme. Sjå omtale under kap. 115, post 71.

Post 74 Forsking, dialog og menneskerettar m.m.

Det blir gjort framlegg om å gi eit tilskot til Utsyn – Senter for sikkerhet og totalforsvar i samband med prosjektet Rebuilding Trust. Utsyn er ein politisk uavhengig og ikkje-kommersiell organisasjon som mellom anna arbeider med rolla til sivilsamfunnet i demokratiet og eit berekraftig ordskifte. Prosjektet Rebuilding Trust har som formål å styrkje nettverksbygging mellom norske og israelske aktørar innanfor akademia og sivilsamfunn.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 1 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon under kap. 100, post 21 Spesielle driftsutgifter.

Post 77 Noregs forskingsråd – utanriksområdet

Som følgje av nye overslag frå Noregs forskingsråd er det eit mindreforbruk på posten. Mindreforbruket er i hovudsak knytt til forseinkingar i utbetalingar til finansierte prosjekt som følgje av overgang til etterskotsvis fakturering. Sjå ytterlegare omtale i proposisjon om endringar i statsbudsjettet 2026 under Kunnskapsdepartementet.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på posten med 5 mill. kroner.

Samstundes blir det gjort framlegg om å justere tilsegnsfullmakta på posten med 5 mill. kroner, frå 214,2 til 219,2 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak II.