3 Programområde 03 Internasjonal bistand
Kap. 144 Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec)
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Norec har eit mindreforbruk knytt til evaluering av norsk bistand i år, etter at evalueringsfunksjonen vart overført frå Norad i Oslo til Norec i Førde. Dette skuldast i hovudsak at evalueringsfunksjonen framleis er under oppbygging, og at enkelte utbetalingar kan bli forseinka og først kome til utbetaling i 2027.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 4 mill. kroner.
Kap. 150 Humanitær bistand
Post 70 Naudhjelp og humanitær bistand, kan overførast
Humanitær bistand
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga til naudhjelp og humanitær bistand med 207,8 mill. kroner for å bidra til rask og effektiv respons på aukande humanitære behov i ei tid med historisk høge behov og omfattande underfinansiering av humanitære kriser. Midlane skal nyttast til akutte og underfinansierte kriser, mellom anna respons på ebolautbrot, klimarelaterte katastrofar og naudsynte fellestenester. Auken vil gjere det mogleg å setje inn livreddande hjelp raskt ved nye kriser og styrkje innsatsen der behova er størst, også i kriser som får avgrensa internasjonal merksemd.
Midlane vil mellom anna kunne bli kanaliserte gjennom etablerte internasjonale responsmekanismar med dokumentert evne til å levere rask og effektiv naudhjelp, som FNs naudhjelpsfond (CERF). Dette bidreg til at livreddande hjelp kan nå raskt fram ved nye og forverra kriser, samstundes som innsatsen blir fordelt etter behov og i tråd med dei humanitære prinsippa.
Skogbrannhelikopterberedskap
Utgifter til skogbrannhelikopterberedskapen i Noreg blir administrerte av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). I 2026 har det vore store skogbrannar fleire stader i Europa og DSB hjelpte òg Belgia med skogbrannhelikopter under den omfattande skogbrannen i landet i august. Regjeringa gjer framlegg om at meirutgifter knytte til bistanden til Belgia i 2026 blir dekte av budsjettet for humanitær bistand. Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på kap. 451 Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, post 21 Særskilde driftsutgifter med 3,97 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 150, post 70 Naudhjelp og humanitær bistand.
Samla blir det gjort framlegg om å auke løyvinga med 203,8 mill. kroner.
Kap. 151 Fred, tryggleik og globalt samarbeid
Post 73 FNs innsats for reform og fredsbygging, kan overførast
FN sin spesialrepresentant for seksuell vald i konfliktar har fått kutta all støtte frå USA, som har vore den viktigaste givaren. Spesialrepresentanten har no ikkje midlar til å utarbeide den årlege rapporten sin, som er verdssamfunnet sitt viktigaste verktøy for dokumentasjon av konfliktrelatert seksuell vald. Rapporten er eit viktig referansedokument, mellom anna for Tryggingsrådet. Eit støttebeløp på 5 mill. kroner er tilstrekkeleg til å sikre at rapporten kan givast ut òg i 2027.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 5 mill. kroner.
Post 74 Pliktige bidrag til FN-organisasjonar m.m.
Utbetalingane til FNs fredsbevarande operasjonar blir om lag 15 mill. kroner lågare enn i revidert nasjonalbudsjett for 2026. Det er òg venta lågare bidrag til mellom anna Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) og Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO). Andre bidrag blir justerte noko, mellom anna som følgje av valutaendringar.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 19,8 mill. kroner.
Kap. 152 Menneskerettar
Post 70 Menneskerettar, kan overførast
Jobbskaping er ei viktig prioritering for regjeringa, og anstendig arbeid står sentralt i denne satsinga. Eit auka bidrag til Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) på 20 mill. kroner vil bidra til å fremje arbeidstakarrettar gjennom trepartssamarbeid og gjennomføring av internasjonale arbeidsstandardar.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 20 mill. kroner.
Kap. 159 Regionløyvingar
Post 70 Midtausten, kan overførast
Løyvinga vil for ein stor del gå til tiltak i Palestina. Situasjonen, både i Gaza og på Vestbreidda, er framleis svært alvorleg, med store, udekte behov. Støtta vil i første rekkje gå gjennom Palestinian Fund for Reconstruction and Development (PFRD). Dette verdsbankfondet er eit fleksibelt fond som kan bidra både til å støtte palestinske styresmakter, og etter planen er viktig for gjenoppbygginga av Gaza. Auka norsk bidrag til fondet kan òg gjera at fleire land gir meir.
Det blir òg gjort framlegg om å auke kjernestøtta til FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA) grunna den vanskelege økonomiske situasjonen til organisasjonen og den viktige rolla organisasjonen spelar for palestinske flyktningar i Midtausten. Avgrensa støtte vil òg gå til andre land med gjenoppbyggingsbehov i regionen, mellom anna Syria.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 150 mill. kroner.
Post 76 Asia, kan overførast
Ein stor del av ei auka løyving i 2026 vil gå til å styrkje den eksisterande avtalen med Den asiatiske utviklingsbanken (ADB) om utbygging av straumforsyning i den fattige Karnali-provinsen i Nepal. Avtalen bidreg til økonomisk utvikling og jobbskaping i landet. Dette er særleg viktig i ein krevjande periode etter den nylege katastrofeflaumen. Den auka løyvinga vil vidare nyttast til å styrkje innsatsen for grunnleggjande helsetenester, mattryggleik og jobbskaping i Myanmar gjennom to lokale fleirgivarfond.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 32 mill. kroner.
Post 77 Latin-Amerika og Karibia, kan overførast
Løyvinga vil nyttast til tiltak for å bremse den kraftige auken i rekrutteringa av mindreårige til væpna grupper i Colombia. Jordskjelvet i august har gjort trongen for tiltak mot rekruttering av barn meir akutt. Nær 4 000 skulebygg vart skadde. Barn som blir ståande utanfor skulen er særleg utsette for rekruttering, særleg i område prega av konflikt med svakt statleg nærvær og få alternativ for barn og unge. Rekruttering gjennom sosiale medium gjer utfordringa endå meir krevjande. Ei auka norsk løyving kan bidra til å få barn tilbake til trygge skular, styrkje lokale tiltak og gi unge reelle alternativ til væpna grupper og ulovlege økonomiar.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 10 mill. kroner.
Kap. 161 Utdanning, forsking og offentlege institusjonar
Post 70 Utdanning, kan overførast
Auka løyving vil mellom anna bli nytta til finansiering av FN sitt barnefond (UNICEF) sitt arbeid for utdanning i krise- og konfliktsituasjonar, og i andre land med store behov innan utdanning. Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 50 mill. kroner.
Post 74 Noregs forskingsråd – utviklingsområdet
Som følgje av nye anslag frå Noregs forskingsråd er det eit mindreforbruk på posten. Mindreforbruket er i hovudsak knytt til forseinkingar i utbetalingar til finansierte prosjekt som følgje av overgang til etterskotsvis fakturering. Sjå ytterlegare omtale i proposisjon om endringar i statsbudsjettet 2026 under Kunnskapsdepartementet.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 40 mill. kroner. Samstundes blir det gjort framlegg om å justere tilsegnsfullmakta på posten med 40 mill. kroner, frå 767,1 til 807,1 mill. kroner, jf. forslag til romartalsvedtak II.
Kap. 162 Næringsutvikling, matsystemer og fornybar energi
Post 71 Mattryggleik, fisk og landbruk, kan overførast
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 40 mill. kroner. Midlane skal mellom anna støtte Integrated Food Security Phase Classification (IPC), eit globalt klassifiseringssystem for analyse av akutt matvareutryggleik og underernæring. IPC-skalaen er eit verktøy for å betre analysar for mattryggleik. Skalaen samanstiller informasjon om mattryggleik, ernæring og livsgrunnlag til ei vurdering av arten og alvorsgraden til ei krise og kva dette inneber for den strategiske responsen. Mellom anna Verdas matvareprogram (WFP) og FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) spelar sentrale roller i IPC sine analysar. Analysane blir nytta av både humanitære aktørar og utviklingsaktørar til å førebyggje og handtere akutte svoltkriser.
Kap. 164 Likestilling
Post 70 Likestilling, kan overførast
Kvinners rettar og likestilling mellom kjønna er avgjerande for økonomisk og sosial utvikling og for å nå berekraftsmåla. Auka løyving vil mellom anna kunne gå til å styrkje arbeidet mot kjønnslemlesting, vald mot kvinner og barneekteskap.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 35 mill. kroner.
Post 71 FNs organisasjon for kvinners rettar og likestilling (UN Women)
Det er behov for å auke UN Women sine globale og nasjonale tiltak for styrkt likestilling mellom kjønna, gjennom normativ regelverksutvikling og innsatsar i land.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 40 mill. kroner.
Kap. 172 Multilaterale finansinstitusjonar og gjeldslette
Post 70 Verdsbanken, kan overførast
Det er eit mindrebehov på posten grunna at det endelege årlege beløpet i avtalen med Verdsbanken vart litt lågare enn estimert.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 0,2 mill. kroner.
Post 71 Regionale bankar og fond, kan overførast
Det er utbetalt eit lågare beløp enn lagt til grunn i saldert budsjett for 2026 grunna valutakurs på utbetalingstidspunkt for IDB Invest (privatsektordelen av den interamerikanske utviklingsbanken) og det nordiske utviklingsfondet (NDF).
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 3,7 mill. kroner.
Kap. 179 Flyktningtiltak i Noreg
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Regelverket til Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) sin utviklingskomité (DAC) inneber at visse utgifter til flyktningar og asylsøkjarar sine opphald i løpet av det første året i Noreg kan klassifiserast som offisiell utviklingshjelp (ODA). Nye overslag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kunnskapsdepartementet tilseier at flyktningutgiftene i Noreg under desse departementa som kan godkjennast som ODA til saman blir lågare i år enn budsjettert etter revidert nasjonalbudsjett for 2026.
Løyvinga i revidert nasjonalbudsjett var basert på eit planleggingstal på 14 900 flyktningar og asylsøkjarar i 2026, inkludert 9 600 frå Ukraina under ordninga om mellombels kollektivt vern. Utlendingsdirektoratet sine planleggingstal er no reduserte til at det vil kome 11 100 til Noreg i år, der 8 200 kjem inn under ordninga for mellombels kollektivt vern. Det blir i denne samanheng vist til nærmare omtale i dei respektive departementa sine proposisjonar.
Det kjem også færre pasientar som er medisinsk evakuerte frå Ukraina (medevac) for behandling i Noreg enn estimert for 2026. Refusjon for dei ekstraordinære utgiftene helseføretaka har til desse medevac-pasientane kan derfor reduserast. Det var i utgangspunktet lagt til grunn at medevac-pasientane i hovudsak ville vere soldatar som vart skadde på slagmarka. Over tid har det vist seg at fleire av pasientane som blir evakuerte til Noreg er sivile med sjukdommar som er krevjande å behandle i eit land i krig, til dømes kreftpasientar. Nokre av desse pasientane treng behandling i meir enn 12 månader. Helseføretaka har blitt kompenserte for desse utgiftene over kap. 3700 Helse- og omsorgsdepartementet, post 03 Refusjon av ODA-godkjente utgifter frå Utanriksdepartementet, sjølv om grensa for ODA-godkjenning av flyktningutgifter i utgangspunktet er eitt år. Det er vanskeleg for helseføretaka å fordele kostnadene for dei enkelte pasientane innan og etter eit år i dei årlege kostnadsoverslaga, og overslaga er svært usikre. Det er derfor vanskeleg å seie kor stor del av dei estimerte medevac-kostnadene for i år på om lag 196 mill. kroner som kan vise seg ikkje å være ODA-godkjende.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 580,2 mill. kroner som i hovudsak omprioriterast til annan bistand under Utanriksdepartementet. 58 mill. kroner av reduksjonen omprioriterast til Klima- og miljødepartementets kap. 1482 Internasjonale klima- og utviklingstiltak, post 73 Klima- og skoginitiativet.