Prop. 36 L (2018–2019)

Endringar i eigarseksjonslova mv. (korttidsutleige, skjerpa ervervsavgrensing og eigarskiftegebyr)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet fremjar i denne proposisjonen to forslag som både kvar for seg og samla tek sikte på å hindre at profesjonelle aktørar driv «leilegheitshotell» i bustadsameige. Forslaga vil kunne forhindre «store» eigarar som driv med korttidsutleige, i å leige ut ein stor del av bustadseksjonane i eit sameige til skiftande gjester. Departementet føreslår, for det første, å skjerpe den såkalla «ervervsavgrensinga» i eigarseksjonslova § 23. Føresegna inneheld, med nokre unntak, forbod mot å erverve fleire enn to bustadseksjonar i det same sameiget. Departementet føreslår at indirekte kjøp av ein bustadseksjon skal bli ramma av ervervsavgrensinga, og å regulere kva som skal reknast som indirekte kjøp. Føremålet med forslaget er å gjere det vanskelegare å omgå intensjonen med regelen. Personar og selskap som vil investere i bustader, vil i større grad enn i dag måtte investere i fleire sameige framfor samla i eitt sameige.

Departementet føreslår, for det andre, å lovregulere tilgangen til å drive med korttidsutleige i eigarseksjonssameige. Departementet føreslår at det ikkje skal vere høve til å korttidsutleige ein bustad i meir enn 90 dagar i løpet av eitt år. Forslaget gjeld ikkje utleige i meir enn 30 dagar samanhengande. Forslaget gjeld heller ikkje utleige av delar av bustaden (til dømes eitt rom) og vederlagsfritt utlån. Departementet føreslår at kvart enkelt sameige kan vedtektsfeste eit anna tak innanfor eit intervall på 60–120 dagar. Ei slik avgjerd krev at to tredjedelar stemmer for dette på årsmøtet. Føremålet med forslaget er å leggje til rette for eit godt bumiljø ved å hindre den intensive korttidsutleiga som er til særleg stor sjenanse for naboane.

Proposisjonen inneheld også eit forslag om å regulere tilgangen til å drive med korttidsutleige i burettslag. Departementet føreslår at den enkelte andelseigaren skal ha rett til å korttidsutleige eigen bustad i inntil 30 dagar per år. Forslaget utgjer ei utviding av tilgangen til å drive med korttidsutleige samanlikna med dagens regulering. Føremålet med forslaget er å gje dei enkelte andelseigarene større fridom til å drive med korttidsutleige i tråd med samfunnsutviklinga utan å måtte søkje styret om godkjenning i forkant.

Vidare inneheld proposisjonen eit forslag om å ta inn ein heimel for å krevje eigarskiftegebyr i eigarseksjonslova. Forslaget vil fjerne tvil om tilgangen til å krevje gebyr og fører også til at reguleringa av tilgangen til å ta gebyr i burettslag og sameige blir lik. Det vil mellom anna seie at den praksisen forretningsførarane har med å krevje gebyr av kjøparen, blir endra.

Departementet føreslår å påleggje små sameige registreringsplikt i Føretaksregisteret dersom dei har ei vedtektsføresegn om byteordning for parkeringsplassar. I det same kapittelet er det føreslått nokre mindre endringar i eigarseksjonslova, burettslagslova og bustadbyggjelagslova. Endringsforslaga er ein direkte konsekvens av at «små foretak» etter ei endring i rekneskapslova ikkje lenger har plikt til å føre rekneskap.

Til slutt føreslår departementet å rette opp nokre inkuriar, utdaterte tilvisingar og liknande. Desse blir berre omtalte i merknadene til dei enkelte føresegnene, jf. kapittel 8.

Til forsida