Prop. 56 S (2016–2017)

Finansiering av prosjektet fv 17 / fv 720 Dyrstad – Sprova – Malm i Nord-Trøndelag, justert innkrevjingsopplegg E16 Kongsvinger – Slomarka og auka kostnadsramme E6 Helgeland nord

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om finansiering av prosjektet fv 17 / fv 720 Dyrstad – Sprova – Malm i Steinkjer og Verran kommunar i Nord-Trøndelag.

Fv 17 er hovudvegen mellom Steinkjer og Namsos. Saman med fv 720 knyter fv 17 saman Innherredskommunane og kommunane på Fosen og i Namdalen. Dei to fylkesvegane er derfor viktige for utvikling og verdiskaping i regionen.

Etter initiativ frå lokale styresmakter er det utarbeidd forslag til utbetring av fv 17 mellom Steinkjer og Namsos og omlegging av fv 720 i ny trasé frå krysset med fv 17 til Malm i Verran kommune. Det er lagt opp til etappevis utbygging med utbetring og ombygging av fv 17 på strekninga Dyrstad – Sprova og omlegging av fv 720 til Malm som første trinn. Trinn 2 vil omfatte tiltak på fv 17 vidare nordover frå Sprova til Namsos. Denne proposisjonen gjeld trinn 1.

Finansieringa av trinn 1 er basert på fylkeskommunale midlar og bompengar. Det blir lagt opp til anleggsstart i 2017, med opning for trafikk hausten 2019.