Prop. 61 S (2021–2022)

Bypakke Bodø fase 2 i Nordland – forlenga innkrevjingsperiode og auka gjennomsnittstakst

Til innhaldsliste

1 Innleiing

Samferdselsdepartementet legg i denne proposisjonen fram forslag om delvis bompengefinansiering av fase 2 av Bypakke Bodø, med bakgrunn i vedtak frå lokale styresmakter. Bypakke Bodø fase 2 er ein revisjon av eksisterande bypakke i Bodø, og inneber ein auke i gjennomsnittstaksten med om lag tre kroner per passering og forlenga innkrevjingsperiode med inntil fem år, til 2035.

Fase 2 vil bidra til at flest mogleg av dei opphavlege prosjekta i Bypakke Bodø blir gjennomført. Dei auka inntektene frå fase 2 vil òg bidra til å realisere fleire tiltak for gåande og syklande, trafikktryggleik, kollektivtrafikk og miljø.

Bakgrunn – frå fase 1 til fase 2

Bypakke Bodø vart handsama av Stortinget i 2014, jf. Prop. 131 S (2013–2014) Utbygging og finansiering av vegprosjekt og tiltak i Bodø kommune (Bypakke Bodø) og endra takst- og rabattopplegg for rv. 80 Løding – Vikan (Tverlandsbrua) og Innst. 27 S (2014–2015). Føremålet med Bypakke Bodø er å byggje ein ny og trafikksikker innfartsveg til Bodø, og samtidig leggje til rette for gåande, syklande og reisande med kollektivtransport. Utbygginga av bypakka har vore i gang sidan april 2015, og skal etter planen vere ferdigstilt i 2027. Bompengeinnkrevjinga starta opp 15. oktober 2015.

Det er lagt opp til porteføljestyring av Bypakke Bodø med unntak av prosjektet rv. 80 Hunstadmoen–Thallekrysset. Utbygginga er i utgangspunktet tilpassa den økonomiske ramma i Prop. 131 S (2013–2014) på om lag 3 430 mill. kr, rekna om til 2022-prisnivå.

Enkelte prosjekt og tiltak i Bypakke Bodø er meir omfattande og kostnadskrevjande enn tidlegare anslått. Bompengeinntektene i bypakka har i tillegg vore lågare enn lagt til grunn i Prop. 131 S (2013–2014). For at flest mogleg av dei opphavlege prosjekta skal kunne gjennomførast, har Bodø kommune og Nordland fylkeskommune fatta vedtak om å revidere finansieringsopplegget for Bypakke Bodø. Det er lokalpolitisk semje om å auke bomtakstane og forlenge innkrevjingsperioden med fem år, frå 15 til 20 år totalt. Det reviderte finansieringsopplegget vil òg bidra til å realisere fleire tiltak for gåande og syklande, trafikktryggleik, kollektivtrafikk og miljø.

Fase 2 av Bypakke Bodø har ei økonomisk ramme på om lag 1 100 mill. 2022-kr. Finansieringa av fase 2 er basert på bompengar og fylkeskommunale midlar. I tillegg kjem all meirverdiavgift som staten refunderer til Bodø kommune og Nordland fylkeskommune for prosjekt og tiltak i bypakka.

Bompengeordninga i fase 2 er basert på innkrevjingsordninga frå fase 1 av Bypakke Bodø. Det er føresett at innkrevjinga skal skje i dei eksisterande bomstasjonane i Bodø. Det er ikkje lagt opp til etablering av nye bomstasjonar. Takst- og rabattsystemet er i all hovudsak tilsvarande som i fase 1. Gjennomsnittstaksten for passeringar blir auka med om lag tre kroner.

Ved overgang frå fase 1 til fase 2 av Bypakke Bodø leggjast det til grunn at eventuelle ubrukte midlar frå fase 1 av bypakka skal disponerast i fase 2, og kjem i tillegg til rammene for fase 2. Forpliktingar knytt til fase 1 skal følgjast opp i fase 2.